Li øvre, tun 1

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gards og ættesoge for Li øvre, 1. tun .


Gnr. 76 Lid øvre, 1 tun

Tidlegare gnr. 75 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 450 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

1647-1652 Apostelkyrkja i Bergen1 pd. smør
og Kirsten Bolstad 1 pd. smør
1653- Apostelkyrkja 2 pd.
1654-1669 Apostelkyrkja 1 pd. og Kirsten Bolstad 1 pd.


1686- Axel Lauritzens arvingar 1 pd. 12 mk.
Axel Lauritzen var son åt futen Lauritz Axelsen Heiberg på Lydvo, Voss. Axel var kjøpmann i Bergen og gift med Hilda Miltzow, dotter åt presten Henrik Miltzow og Kirsten Jakobsdtr.
1691-1695 Hans Axelsen, borgar i Bergen 1/2 laup.
Han var son åt Axel Lauritzen.
1696-1698 Hans Axelsens enkja 1 pd.
1699- 1705 Hans Axelsens arvingar.
1708-1710 Lars Miltzow

Bumerke:

Fil:Bumerke Askjell Lid.gif Askjell nedre Lid 1732
Fil:Bumerke Sjurd Lid.gif Sjurd Lid 1732.
Fil:Bumerke Odd Lid 1.gifOdd Lid 1742, Fil:Bumerke Odd Lid 2.gif1748, Fil:Bumerke Odd Lid 3.gif 1751.


BRUKARAR.

For den eldre tid er det vanskeleg å skilja mellom brukarne på Li 1. tun og 2, tun, eller som det ei tid heitte Øvre Li og Nedre Li.


1614 er første gongen ein finn garden nemnd. Då fører lensrekneskapen opp Anders i Lij som brukar, øydegardsmann.

1620 er Knut brukar, betalte 1/2 dalar i skatt. 11625 fører rekneskapen Daniel Lij som øydegardsmann (sjå Øye), men så kjem Knut att i åra 1628-35 som brukar av 2 pd. smør. I 1634 er han «forarmet, jorden delvis øde» og han slapp betala skatt. 11645 er Knut nemnd husmann, betalte kopskatt for seg og kona.

1642 er Gaute Mattiasson brukar, betalte unionsskatt med 1 1/2 ort. I 1644 er han brukar saman med Eirik Knutson. 1645 betalte Gaute kopskatt for seg og kona Eli, og Eirik for seg og kona Guri. Etter Eirik er død vart Guri oppattgift med Mattias Sjurson Hatlestad. 1647 fører kontribusjonsskatten Gaute opp som brukar av 1 pd. og Odd Laursson som brukar av 1 pd. smør. Kvar skattar 1/2 dalar og 16 skill. Gaute og Odd er brukarar fram til 1651 og i 1653-56.


1652 er Anders Larsson og Torgeir Larsson brukarar, 1657-60 av 1 pd. kvar. 1657 makebytte Gaute Mattiasson bruk med Torgeir Larsson på Hatlestad. Etter krøterskatten betalte Torgeir skatt for 1 hest, 3 oksar, 9 kyr, 1 kvige, 18 geiter og 18 sauer med 9 mk. og 10 skill. Anders betalte krøterskatt for 1 hest, 4 oksar, 10 kyr, 2 kviger, 8 geiter og 12 sauer med 9 mk. 14 skill. 1654 betalte Anders Li odelsskatt av 1 pd. smør i Rødland.

1664 er Li oppførd som øydegard. Brukarane er Anders Larsson og Sjur Knutson. Anders har ein son, Lars, 12 år gamal.

1691 er første gong ein kan sjå Li delt i 1. og 2. tun.


Bnr. 1.

Gl. matr.nr. 81, nytt 84. Skatteskyld 1 pd. 12 mk. smør, landskyld på 1 pd. smør. 1838: L.nr. 168a, skyld 18 mk. smør, omrekna til 4 ort 15 skill. 1886: Mk. 1.95. 1977: Mk. 1.70,

1691 fører skattemanntalet Johannes Olson opp som brukar av 1 laup smør.

Johannes var f. omkr. 1641, g. omkr. 1680, og har etter folketeljinga 1701

Born:

  1. Magne, f. 1689. Brukar på Li (øvre).
  2. Lars, f. 1694.

Johannes Olson betalte i 1695: Leiglendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rosteneste, 1 mrk. 70 skilling.

Johannes Olson får 1708 skøyte frå Lauritz Miltzow på 1 pd. smør, landskyld som han sjølv bur på. Etter militærrullen 1711 er Johannes då 70 år gamal, og skal ha 6 born.


1709 er Jakob Magneson leiglending. Han var f. omkr. 1691, g. 1708 m. Ranveig Johannesdtr., f. 1677, d. 1753.

Born:

  1. Ole, f. 1711, d. 1736.
  2. Lars, f. 1713. Neste brukar.

1711 betalte Jakob skoskatt for seg og kona og er einebruker på Li ø. Futerekneskapen 1714-30 fører opp Jakob Magneson og Magne Johannesson som brukarar. 1716 er Jakob sjølveigar til 1 pd. og 1717 til 12 mk.

Matr. 1723 seier om bruket: «80 Lii første thun 1 pd Sm. Apostels Gods Opsidderis Tal 2. Jakob. Proprietair og Bøxelraadig 1 pd. Sm. opsidderen Eyer. Huusmandspladser Ingen Ingen Sætter har lidt brendeved Skoug og ey widere 1 flomqærn Ligger 2 1/2 mil fra Siøen som oven melt Saar 1 1/2 td haufre aufler 3 td føder 12 Kiør 7 ung Nød 19 faar 1 hæst Taxt efter gl Matricul 1 pd Sm. Forhøyet 18 m Sm. Har ey heller anderledes end ovenmelt og ligger 8 1/2 mil fra byen».


I skifte etter Ranveig er buet verds. bto. 5 rdl.

Jakob giftar seg oppatt 1762 med enkja Magdeli Andersdtr. Horvei, f. 1715. Jakob d. 1773.


Magne Johannesson, f. 1689, d. 1739, g. 1716 Marita Johannesdtr. Øvre Rasdal, f. 1680, d. 1758.

Born:

  1. Barbrå, f. 1716, g. 1746 em. Ola Rørbakken, f. 1699, b. Rørbakken. Evangerboka b. II.
  2. Ragnhild, f. 1718, d. 1746.
  3. Johannes, f. 1720, g. 1764 ek. Sigrid Knutsdtr. Hosås, f. 1713, b. Hosås. Evangerboka b. II.
  4. Gjertrud, f. 1724.

I 1741 kjøpte Ola Brekke bruket av Marita Johannesdtr. som mannen hadde bygselkontrakt på. 1743 er det føre ei sak på tinget på Evanger om kåret Ola skulde gje Marita til livs opphald, m.a. skulde ho ha hus på Li, fødnad av 1 ku og årleg 1 rdl., slått, og 4 mk. i pengar. Ola Brekke hadde overlate bruken av Li til ein son, og då det var få og dårlege hus på bruket hadde Ola kasta ut lausøyre Marita hadde, og vilde gå frå kåravtalen, men Marita kunde vera til hus hjå han på Brekke. Partane vart samde om at Marita skulde flytta til Brekke og Ola skulde levere henne kåret der etter avtalen, og i tillegg skulde sonen på Li skaffe henne fri hest til og frå kyrkja kvar gong ho vilde til kyrkje.


1741. Skøyte frå Jakob Magneson til Knut Olson Brekke på 12 mk. smør for 36 rdl.

Knut Olson, f. 1718, g. 1742 Anna Olsdtr. Bjørgo, f. 1717, d. 1746.

Born:

  1. Mons, f. 1743, g. 1771 Kari Torkjelsdtr. Styve, f. 1733, b. Brekke, bnr. 1
  2. Jakob, f. 1745, g. 1771 Marita Nilsdtr. Berstad, f. 1749, b. Kjenes. Evangerboka b. I.

På skifte etter Anna 11/7 1746 blir buet sine 12 mk. smør landskyld verds. 91 rdl.

Knut Olson gifter seg oppatt 1747 med Ingeborg Johannesdotter, f. 1726, d. 1777. Ein veit ikkje kvar Ingeborg var frå.

Born:

  1. Knut, f. 1749, d. 1749.
  2. Peder, f. 1751, d. 1751.
  3. Peder, f. 1752, g. 1780 Kari Nilsdtr. Berstad, f. 1739, b. Forvåen, Brunborg 1801. Evangerboka b. I.
  4. Knut, f. 1754, d. før 1760.
  5. Johannes, f. 1756, d. 1783.
  6. Anders, f. 1759, g. 1790 ek. Anna Knutsdtr. Horvei, f. 1751, b. Rørbakken. Evangerboka b. II.

Knut Olson d. 1760. Buet var bto. 92 rdl. Jordegodset vart verds. 36 rdl., og utlagt med 1 1/3 mk. for 4 rdl. til Mons Knutson, 1 1/3 mk. for 4 rdl. til Jakob Knutson, og 9 1/2 mk. til Ola Monsson Brekke for 28 rdl.


1763 skøyter Ola Monsson Brekke og kona Marita Pedersdtr. 12 mk. smør til ungkar Lars Larson Øvre Li for 36 rdl.


1742 skøyter Jakob Magneson 12 mk. smør til sonen Lars for 30 rdl. Lars Jakobson, f. 1713, d. 1748, g. 1742 Ingeborg Nilsdtr. Øye, f. 1714.

Born:

  1. Anna, f. 1743, g. 1768 Sjur Arneson Vinsand, Voss. Sjå seinare.
  2. Ola, f. 1745, d. 1746.
  3. Lars, f. 1747. Neste brukar.

Ingeborg Nilsdtr. gifter seg oppatt 1748 med Ole Askjelson Bolstad, f. 1727.

Born:

  1. Lars, f. 1750, d. 1758.
  2. Nils, f. 1753.
  3. Askjell, f. 1755.
  4. Knut, f. 1758, g. 1782 Marita Sjursdtr. Lillevik, f. 1749. Budde ei tid på Øvre Li, seinare husmann på Bolstad 1789, 1801. Evangerboka b. II.
  5. Marita, f. 1761.


1749 får Lars Larsson skøyte på 12 mk. smør frå mora og systera og kreditor Jakob Sjurson Berge for 25 rdl.

Lars Larsson, f. 1747, g. 1771 Synneva Jonsdtr. Nedre Skjerven, 1740, d. 1795.

Born:

  1. Jon, f. 1775. Brukar seinare.
  2. Marita, f. 1779, d. 1799.
  3. Ingeborg, f. 1780, d. 1782.
  4. Ingeborg, f. 1784, g. 1810 Askjel Nilsson, Bolstad, f. 1783, b. Li, d. 1821, sjå husmenn.
  5. Jakob, f. 1788, d. 1788.
  6. Ivar, f. 1791, d. 1791.

d. Ingeborg har ei dotter, Marita, f. 1807, med Ole Knutson Hovland, Haus.


1764. Bygselbrev frå kanselliråd Fleischer til Knut Askjelson Bolstad på 12 mk.

Knut var f. 1724, d. 1770, g. 1751 Kari Olsdtr. Bolstad, f. 1723, d. i Horvik 1796.

Før Knut og Kari kom til Li hadde dei vore til hus på Bolstad der borna var fødde.

Born:

  1. Knut, f. 1752, g. 1780 g. 1780 ek. Synneva Knutsdtr. Bolstad, f. 1739, Bolstad.
  2. Brita, f. 1756, d. før 1771,
  3. Peder, f. 1760, g. 1795 Marta Andersdtr. Bolstad, f. 1766, bygselfolk på Mellingen i Lindås før 1801, kjøpte garden seinare. Knut Askjelson var son til Askjel Knutson frå Dymbe, Voss, f. 1700, g. 1723 Brita Knutsdtr. Bergstad f. 1693, som budde på Bolstad 1743.


1768. Bygselbrev frå Gulleik Storeviken til Sjur Arneson Vinsand, Voss, f. , g. 1768 Anna Larsdtr. Li, f. 1743.

Born:

  1. Arne, f. 1770.
  2. Lars, f. 1771.
  3. Ingeborg, f. 1773.
  4. Eirik, f. 1775.
  5. Lars, f. 1776.

Sjur var son til Arne Eirikson Vinsand og k. Marta Eiriksdotter, f. Fenne.


1796 vart det halde skifte etter Synneva Jonsdotter, og 12 mk. smør etter skøyte 1749, og 12 mk. etter skøyte 1761 frå Ola Monsson Brekke og kona vart verds. til 210 rdl., og utlagt til Gulleik Gulleikson Geitle med 13 1/2 mk. for gjeld 110 rdl., 5 5/11 mk. til enkjemannen Lars Larsson, 3 7/10 mk. til sonen Jon og 1 9/11 mk. til dottera Ingeborg. Lars Larsson gifter seg oppatt 1797 med Anna Endresdtr. «Hougaas», f. 1769. Ho var dotter til Endre Johannesson Bjørgo (f. 1731), som seinare budde på Haukås i Hamre.

1798 skøyter Gulleik Geitle 12 mk. til Jon Larsson og 1 1/11 mk. til faren Lars Larsson.


Etter jordavgiftsboka 1802 var fødnaden 18 krøter og 18 sauer. Sådde 2 td. avla 12 td. korn «eller intet», Bruket verds. 250 rdl. Avgift 1 rdl. 36 skill.

1803 skøyter Jon Larsson og systra Ingeborg 5 5/11 mk. til faren, som så set med bruket til han døyr 1809.

Lars og Anna Endresdtr. hadde desse born:

  1. Jakob, f. 1798, d. 1802.
  2. Endre, f. 1801.
  3. Synneva, f. 1804. Som enkja vart ho gift 20/5 1836 i Korskyrkja i Bergen med soldat Amund Olson Skulstad, Haus, f. 1804.
  4. Jakob, f. 1807, d. 1808.


På skifte etter Lars Larsson i 1809 vart jordgodset utlagt til kreditorane Ole Johannesson Dale med 6 55/85 mk. for 96 rdl., Thomas Olson Dale 1 70/85 mk. for 26 rdl., Ingeborg Larsdtr. 1 59/85 mk. for 24 rdl., og Jon Larsson 1 59/85 mk. for 24 rdl. Buet var verds. 469 rdl. 1810 skøyter Ole J. Dale m.fl. bruket til Jon Larsson. Jon låner 200 rdl. av Anders Danielson Waxdal mot pant i bruket og i 4 kyr. Anna Endresdtr. gifter seg oppatt 1811 med Knut Knutson Bolstad, f. 1785. Same året vart det tinglyst kontrakt mellom Jon Larsson og stykmora om at ho skal få styra med bruket i 12 år og deretter få kår. Knut og Anna Endresdtr. får ei dotter Synneva, f. 1811.

Anna Endresdtr. d. på Li 1837, og Knut flytter til Bolstad som husmann.

Jon Larsson, f. 1775, d. 1847, g. 1813 Inga Nilsdtr. Horvei, f. 1789, d. 1880.

Born:

  1. Synneva, f. 1814, d. 1858.
  2. Anna, f. 1817, g. 1844 Helge Askjelson Li, f. 1816, b. Li. Utv. til Amerika.
  3. Lars, f. 1820. Bnr. 2.
  4. Nils, f. 1823, g. 1854 Brita Knutsdtr. Rørbakken, f. 1826, b. Rørbakken. Evangerboka b. II.
  5. Knut, f. 1830.
  6. Ingeborg, f. 1832.


1822 paktar Jon Larsson 12 mk, smør til Nils Jakobson Bjørndalen i 20 år, og deretter skal han og kona få kår på garden.

Nils Jakobson var frå Kjenes, f. 1789, d. 1863, g. 1818 Brita Gulleiksdtr. Bjørndalen, f. 1794, d. 1871. Båe døydde på Li.

Born:

  1. Anna, f. 1820, g. 1841 Anved Torkjelson Fosse, f. 1816, b. Bolstad. Evangerboka b. II.
  2. Marita, f. 1823, g. 1845 Nils Larsson, Bolstad, f. 1824, lærar, b. Bolstad. Evangerboka b. II.
  3. Jakob, f. 1827, g. 1850 Gudve Pedersdtr. Rasdal, f. 1837, inderst Rasdal, og Bolstad. Han d. som kårmann på Li.
  4. Gulleik, f. 1831, g. 1855 Anna Nilsdtr. Nakka, f. 1834, b. Li, inderst og bonde på Nakka. Seinare bonde brn. 2. her.
  5. Anna, f. 1834, g. 1856 Brynjulv Nilsson Mugås, f. 1834, b. Mugås. Evangerboka b. II.

Jakob var krøterhandlar. Reiste til Kvam kring 1877. 1879 kjøpte han ei stova på auksjon etter Ingjald Soldal og budde der. Kona tok til med geitesti, leigde seg beite. Kring 1900 flytte dei attende til Bergsdalen.


1836. Skøyte frå Jon Larsson til Nils Nilsson Brekke for 300 spd. og kår.

Nils Nilsson, f. 1807, g. 1836 Kari Larsdtr. Bolstad, f. 1817.

Born:

  1. Lars, f. 1836.
  2. Kari, f. 1838.
  3. Nils, f. 1841, d. 1841.
  4. Sjur, f. 1842, d. 1843.
  5. Guri, f. 1844, d. 1846.
  6. Nils, f. 1847.
  7. Guri, f. 1849.
  8. Brita, f. 1852.
  9. Ole, f. 1855.

Nils, kona og borna utvandra til Amerika i 1859. (Sjå Brekke, bnr. 2). 1844 makeskifter Nils Nilsson med broren Ole Nilsson og får att hans bruk i Brekke. Bruka vart verds. 300 spd.

Ole Nilsson, f. 1802, d. 1845, g. 1830 Jorund Jakobsdtr. Rørgo, f. 1804, d. på Horvei 1884.

Born:

  1. Nils, f. 1830, g. 1857 Ingebjørg Nilsdtr. Vassenden, f. 1832, b. Vassenden. Evangerboka b. II.
  2. Jakob, f. 1833, g. 1865 Ingeleiv Ingeleiv Larsdtr. Stenjum, Lærdal, f. 1835, skomakar, husmann u/Nadlen på Dagestad, Voss.
  3. Berge, f. 1835. Utv. til Amerika 1857.
  4. Sjur, f. 1838, g. 1866 Anna Olsdtr. Rørgo, f. 1840. Utv. til Amerika 1866, farmar.
  5. Helge, f. 1841, d. 1841.
  6. Karen, f. 1842, d. ug. på Dagestad 1909.
  7. Ole, f. 1845, d. 1845.

Jorund Jakobsdtr. gifter seg oppatt 1855 med em. Peder Jakobson Horvei, f. 1795, husmann på Horvei. Evangerboka b. I.


1846 er det halde skifte etter Ole Nilsson og bruket blir utlagt med 12 mk. smør til sonen Nils Olson for 350 spd., 6 mk. til panthaveren Knut Nilsson Vaksdal for 110 spd., Evanger sogns fattigkasse for 50 spd. og Lars Nilsson Bolstad for 50 spd. Buet var i alt verds. 540 spd. 3 ort. og 6 skill.

1849 blir det etter rekvisisjon av Nils Olson med kurator Nils Nilsson Brekke halde auksjon over bruket og Lars Andersson Fosse og Jørgen Henrikson Brekke kjøper det for 300 spd. og skal yta Inger (Inga) Nilsdtr. for levetia foster av 1 ku, 1 1/2 sau, 7 1/2 aske korn og 1 kløv frå Bolstad og turvande tilsyn.

1850 er det tinglyst skøyte frå skifteretten i buet etter Jørgen Henrikson, og frå Steffen Monsson som fullmakt for Lars Andersson til Peder Olson Herfindal for 380 spd.

Peder Olson og kona Brita Andersdtr. får på Li ein son:

  1. Ola, f. 1854.

1855 skøyter Peder Olson til Lars Askjelson Li for 450 spd.

Lars Askjelson, f. 1818, d. 1877, g. 1855 Torbjørg Johannesdtr. Brekkhus, f. 1819, d. 1906.

Born:

  1. Ingeborg, f. 1856, g. 1875 Askjel Arveson Rødland, f. 1847, b. Røydland bnr 2.
  2. Synneva, f. 1857. Sjå nedanfor.
  3. Johannes, f. 1859. Neste brukar.

Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er 3 mål åker, 17 mål god, 14 mål middels og 20 mål dårleg naturleg eng. Det var 4 mål jord skikka til oppdyrking. Av utslåtter og fjellslåtter fekk dei 550 våger høy. Sådde 1 1/2 td. korn, 2 1/2 td. poteter, avla 8 td. korn og 15 td. poteter, 826 våger høy. Fødnaden var 8 kyr, 2 ungfe, 20 sauer og 1 hest. God og meir en tilstrekkeleg hamn, som låg lagleg til. Det var brenne og eindel never til sal, men ikkje skogsprodukt til sal eller forsurrogat. 1 mil vanskeleg veg til sjøen og 6 mil frå Bergen. Bruket var lettbrukt. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. Bruket var vanleg godt dyrka. For bortleigd hamn 1 spd. årleg.


I 1875 var fødnaden 1 hest, 7 kyr, 2 ungfe, 22 sauer og 1 gris. Kårkona fødde 1 ku og 2 sauer. Sånad 1 1/2 td. blandkorn og 3 td. poteter. 1883 får Johannes Larsson skøyte for kr. 1.200 og kår.

Johannes var f. 1859.

1886 skøyter Johannes Larsson til systra Synneva for kr. 1.400. Johannes flytter til Dale og gifter seg 1889 med Torbjørg Nilsdtr. Rødland, f. 1871. 8 born. Sjå ættesoge for Dale.


Synneva Larsdtr., f. 1857, d. 1925, g. 1894 Magne Larsson Li, f. 1869, d. 1951.

Born:

  1. Lars, f. 1894. Neste brukar.
  2. Torbjørg, f. 1896, g. 1920 Hermann M. Kaldestad, Kvam, f. 1894, lærar, klokkar og skuleinspektør Vossestrand.
  3. Ludvik, f. 1898. Bnr. 5.

Magne Larsson var gråsteinsmurar og mykje brukt til grunnmuring i dalen.

1925 får Lars Magneson skøyte for kr. 2.000 og kår til faren. Lars Magneson, f. 1894, d. 1984, g. 1925 Ragnhild Nilsdtr. Rødland, f. 1904, d. 1992. Ikkje born.

1965. Skøyte frå Lars Magneson til brorsonen Magne Sveinung Ludvikson for kr. 15.000 og kår.

Magne Sveinung, f. 1944, g. 1965 Lilly Åse Andersdtr. Straume, Vaksdal, f. 1945.

Born:

  1. Leif Arne, f. 1966.
  2. Liv Reidun, f. 1967.
  3. Anne Kristin, f. 1968.
  4. Kristbjørg, f. 1970.
  5. Synnøve, f. 1971.
  6. Knut Magne, f. 1972.


Bnr. 2.

L.nr. 168b. Gl. skyld 18 mk. smør. 1838: 4 ort 15 skill. 1886: Mk. 1.95. 1977: Mk. 1.85,


1843. Skøyte frå Jon Larsson til sonen Lars for 200 spd. I 1844 gjev han foreldra kår, m.a. foster av 1 ku, 3 sauer, 2 sold korn og bruken av den indre delen av åkeren «Fladageren» og slått til 3 sauer så lenge dei sjølv greidde og onna det og fri hest ein gong vår og haust til heimkøyring av varer frå Bolstad. Samstundes tek han på seg å svara kår til Nils Jakobson og kona Brita Gulleiksdtr. etter pantekontrakt og avtale av 1822.

Lars Jonson, f. 1820, g. 1845 Guri Andersdtr. Røte Voss, f. 1816, d.

Born:

  1. Anders, f. 1846, d. 1846.
  2. Inga, f. 1847.
  3. Anders, f. 1849, d. 1849,
  4. Marta, f. 1851.
  5. Jon, f. 1853.
  6. Johannes, f. 1859.


Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er likt med l.nr. 168.


1864. Skøyte frå Lars Jonson til Gulleik Nilsson Li for 500 spd. og overtaking av kåret til Inga Nilsdtr. og Brita Gulleiksdtr.

Gulleik Nilsson, f. 1831, g. 1855 Anna Nilsdtr. Nakka, f. 1834, d. 1892.

Born:

  1. Brita, f. 1856, g. 1875 Helge Larsson Hjørnevik, f. 1847, b. Hjørnevik. Evangerboka b. II.
  2. Tormod, f. 1858. Neste brukar.
  3. Anna, f. 1859, g. 1886 Lars Brynjulvson Styve, f. 1855, b. Styve. Evangerboka b. II.
  4. Nils, f. 1868, d. 1885.
  5. Marta, f. 1872, g. 1892 Lars Nilsson, Bolstad, f. 1868. Utv. til Amerika 1900, farmar, Hixton, Wis.

Gulleik Nilsson g. II 1894 ek. Anna Pedersdtr. g. Skorve, (Rasdal), 1836, d. 1932. Gulleik d. 1903.

1875 var fødnaden på bruket 1 hest over og I hest under 3 år, 7 kyr, 2 kviger, 22 sauer og 1 gris. Kårkona Inga Nilsdtr. fødde 1 ku og 1 sau. Sånad 1 1/2 td. blandkorn, 3 td. poteter.


1891. Skøyte frå Gulleik Nilsson til sonen Tormod for kr. 1.200 og kår.

Tormod Gulleikson f. 1859, d. 1906, g. 1887 Elisabet Jakobsdtr. Skorve, f. 1863, d. 1940,

Born:

  1. Anna, f. 1888, d. ug. 1956.
  2. Anna, f. 1890. d. 1895.
  3. Brita, f. 1892, d. 1897,
  4. Torbjørg, f. 1894, d. 1897.
  5. Anna Gulline, f. 1896, ug. heimev.
  6. Gulleik, f. 1898. Neste brukar.
  7. Jakob, f. 1899,g. 1933 Astrid Jakobsdtr. Hatlestad, f. 1910,d. 1965, bilførar, b. Dale.
  8. Berta Teodora, f. 1904, g. 1931 Trygve Jakobsen Hatlestad, f. 1901, b. Hatlestad, bnr. 4.
  9. Tormod, f. 1906, d. 2003, g. 1941 Jenny Amanda Nilsdtr. Rødland, f. 1913, d. 1994, tekstilarbeidar, Dale. Sjå ættesoge for Dale.

Tormod Lie, f. 1859 var medlem av Evanger heradstyre 3 bolkar.


1938. Skøyte frå Elisabet Jakobsdtr. i uskifte til sonen Gulleik for kr. 3.000 og kår.

Gulleik Tormodson, f. 1898, d. 1986, g. 1936 Ragna Jakobsdtr. Hatlestad, f. 1906, d. 1946,

Born:

  1. Lisbet, f. 1937, g. 1963 Kristian August Venås, Måndalen i Romsdalen f. 1932. Kristian er skulestyrar og lærar, og kona er lærar i Garmo i Lom.
  2. Åslaug, f. 1938, g. 1961 Rolf Bjarne Jakobson Møster, Vaksdal. f. 1937, bygningsteknikar, b. Morvik i Åsane.
  3. Tormod, f. 1940. Neste brukar.
  4. Gudrun, f. 1942, g. 1967 Per Trovik, Gøteborg, f. 1.940, sosialarbeidar, b. i Asker. Kona er stud. philol.

Gulleik Tormodson var ein sjølvlærd mann, han meistra dei fleste handverksfag med stor dugleik, og ein kan nemna stein- og tømrararbeid, snikkar- og smedarbeid o.a. Då han sette opp flor og våningshus, gjorde han det aller meste arbeidet sjølv. Elles var han god å ty til når folk trong ei handsrekning.


1959. Skøyte til Tormod Gulleikson for kr. 8.000.

Tormod Gulleikson, f. 1940, g. 1965 Herborg Holt, Kvam f. 1944.

Born:

  1. Gudleik, f. 1965.
  2. Ragna, f. 1966.
  3. Linda, f. 1971.


Jord, skog og driftsopplegg:

Omlag 2/3 av den dyrka jorda er myr. Resten er morene og forvitringsjord. Dyrka jord: 75 dekar. Kulturbeite: 25 dekar. Jordbruksareal i alt 100 dekar. Mest heile det dyrka arealet kan haustast med forhaustar. På resten vert det nytta slåmaskin. I dei siste 17 åra er det nydyrka omlag 25 dekar. I tillegg er det på bruket omlag 10 dekar dyrkingsjord. Bruket har del i sams dyrkingsjord slik det er oppgjeve for bnr. 1 og 5. Skogen vert rekna til omlag 200 dekar. Av dette er 40 dekar granplanting. Driftsopplegget byggjer i hovudsaka på grasdyrking. Elles vert det dyrka noko kålrot for sal og poteter til eige bruk. Fødnaden: 16 mjølkekyr, 3 ungdyr av storfe, 20 vinterfora sauer og 1 hest.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1937. Driftsbygningen er bygd i 1934, påbygd i 1972.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre.


Bnr. 3 Vassrett.

Sk. mk. 0.09. Utsk. frå bnr. 1 i 1899.

1899. Skøyte frå Magne Larsson til Brukseigar Konow for kr. 125. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr.3.


Bnr. 4 Vassrett.

Sk. mk. 0.09. Utsk. frå bnr. 2 1 1899.

1899. Skøyte frå Tormod G. Lid til brukseigar Konow for. kr. 125. Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 5 Nyheim.

Sk. mk. 0.15. Utsk. frå bnr. 1 i 1934.

1934. Skøyte frå Lars Magneson til Ludvik Magneson for. kr. 700. Ludvik Magneson f. 1898, d. 1987, g. 1929 Klara Kristina Knutsdtr. Berge f. 1907, d. 1987.

Born:

  1. Magne Sveinung, f. 1944. Sjå bnr. 1.

Bnr. 5 var eit utmarkstykke av garden som Ludvik og Klara rudde og bygde seg gardsbruk av. I 1953 fekk dei Ny Jord sitt diplom for bureising. Dei er dei første i Evanger som har fått denne utmerkinga.


1968. Skøyte frå Klara og Ludvik M. Lid til son Magne Sveinung Lid, f. 1944, på dette bruk og gnr. 77 bnr. 9 for kr. 12.000 og kår. Klara Knutsdtr. var medlem av Vaksdal heradstyre 1969-75.


Jord, skog og driftsopplegg:

Storparten av jordbruksarealet er myr. Areala ikring husa på Haugen er kupert og delvis brattlendt. Jorda er heller flat. Dyrka jord: 60 dekar. Natureng: 15 dekar. Jordbruksareal i alt: 75 dekar. Det kan nyttast forhaustar på omlag 55 dekar. Resten kan slåast med motorslåmaskin. Dei siste 10 åra er det nydyrka omlag 20 dekar. I sams utmark har bruket del i omlag 150 dekar dyrkingsjord. Arealet skal no skiftast ut. Skogen vert rekna til 150 dekar lauvvyrke og omlag 50 dekar gran planting. Driftsopplegget byggjer på einsidig grasdyrking. Fødnanden: 20 mjølkekyr, 4-5 avlspurker og oppforing av 80-100 slaktegrisar.


Bygningar:

Stovehuset, driftsbygningen og uthuset på bnr. 1 er bygde før 1900-talet. Stovehuset på bnr. 5 er bygd i 1934. Driftsbygningen på bnr. 5 er bygd i 1943 og 1972.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning sumarbeite til eigen fødnad og leiger hamn til andre.

Tomt nr. 1 av gnr. 76/1, 2 og gnr. 77/1, 2, 3 Lid.

1972. Leigekontrakt frå Magne Sveinung Lid, Tormod G. Lid, Sigurd G. Lid, Anders N. Lid og Johannes N. Lid til Helga Olsnes for 40 år mot årleg leiga kr. 25.


Bnr. 6 Høgheim.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1966,

1967, Skøyte til Tormod Th. Lid, f. 1906 utan vederlag.


Tomt nr. 1 av gnr. 76/2, 5, gnr. 77/1, 2, 3, 8, 11 Lid.

1977. Festekontrakt til Bergen Turlag for 80 år mot årleg festeavgift kr. 100.


HUSMENN OG HUSFOLK

Ola Nilsson Øye, f. 1730, d. på Øye 1806, g. 1770 Brita Rasmusdtr. Berstad, f. 1784, d. før 1801.

Born:

  1. Nils, f. 1770 på Øye, d. 1771.
  2. Nils, f. 1772 på Li.
  3. Marita, f. 1777 på Li, g. 1799 Knut Jonson Straume, Vaksdal, f. Budde på Straume, Stamnes, ei stund Lid.

I 1801 er Ola Nilsson inderst på Øye, enkjemann, «søger almisse».


Ingeborg Larsdtr. Li, f. 1784, g. 1801 med Askjel Nilsson Bolstad, f. 1783, d. fattig på Bolstad 1821.

Born:

  1. Guro, f. 1811. Reiste 1830 til Hamre.
  2. Synneva, f. 1814. Reiste 1850 til Amerika.
  3. Lars, f. 1818, g. 1855 Torbjørg Johannesdtr. Brekkhus, f. 1819, b. Li, bnr. 1.
  4. Torbjørg, f. 1820, husmann på Berstad. Utv. til Amerika 1846, farmar nær Cambridge.

Ingeborg Larsdtr. giftar seg oppatt 1846 med em. Johannes Sjurson Berstad, f. 1777, d. 1857, Ingeborg d. 1873.

Askjel Nilsson var son til Nils Askjelson Bolstad, f. 1749, g. 1773 Guri Gulleiksdtr. Brekkhus, f. 1745, d. 1783. Nils Askjellson drukna 1798.


Offentlege forretningar:

1833. Utskiftning mellom oppsitjarane.

1842. Do. mellom øvre og nedre Li.

1844. Do. på nedre Li.

1889. Kontrakt om veg gjennom Bergsdalen.

1896. Do. med Konow om Hamlagrøvatn.

1897. Do. om veg gjennom Bergsdalen.

1896. Avtale om bruk av pengane for Bergsdalselva.

1920. Utskiftning.

1975. Grensegangsforretning mellom Voss og eigedomane i Bergsdalsområdet.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy