Matskikkar i eldre tid, av Helga Fosse

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Matskikkar i eldre tid
Av Helga Frøland


Levemåten til dei som frå fyrst busette seg i dalen har nok vore svært primitiv. Jakt og fiske må truleg ha vore eit godt tilskot til matforsyninga. I den urørde natura har det vore gode vilkår for viltet og godt med fisk i elvar og vatn.

Det er og truleg at alt frå dei fyrste bruk vart tekne opp, har husdyr som kyr, sau og geit vore ein viktig del av næringsgrunnlaget. Korndyrking går langt attende, det viser alle gamle kvernhustomter i dalen. Då Bergsdalen er ei fjellbygd, var det kornsortar med kort veksetid som vart dyrka. Fyrst og fremst havre, men og noko bygg, eller dei sådde desse to sortane i lag og kalla det blandakorn.

Det er klårt at det var den avdråtten dei fekk av buskapen om sumaren som var den største og avgjerande, då vinterforinga ofte var dårleg.

Av sauen fekk dei ikkje berre kjøt og ull, men òg mjølk. Ei tid om våren og forsumaren vart sauene mjølka. Då vart lamma stengde inne om natta i det som vart kalla lamhus, og sauene vart mjølka om morgonen før lamma vart slepte ut. Mjølka kunne ystast til ost, eller takast i lag med kumjølka, det skulle gje mykje smør, vart det sagt. Når endeleg potetdyrkinga slo gjennom, vart dette eit godt tilskot i kosthaldet. Med å bruka poteter, kunne ein spara mykje på mjølet. Potetkaker var ein mykje nytta rett, dei vart bakte til alle tider og med lite mjøl. Ved flatbrødbaking var det og vanleg å blanda i ein del poteter for å spara mjøl.

Den maten me kjenner best til frå eldre tider, er fyrst og fremst graut. Han vart kokt av vatn, kanskje iblanda saup eller surmjølk, om dei hadde det. Og mjølet kunne vera korn som var dyrka i dalen. Men det var vel sjeldan dei var sjølvberga med korn her i dalen, dei måtte nok kjøpa meir og mindre etter som åringane var. Flatbrød vart bakt opp haust og vår, det vart brukt i den kjende retten supasoppe. Supa vart laga av kraftbein kokt i vatn og ei jevning av mjøl. So braut dei flatbrød oppi dette, og attåt hadde dei kanskje ein bite korv eller mårpylsa. Soppa av surmjølk og flatbrød vart mykje brukt til sumarmat. Spikesild, poteter og flatbrød var òg mykje nytta.

Lutefisk vart jamt nytta i veitler. Fisken vart luta heime med oskelut, helst av bjørkeved. Potetene vart fyrst kokt mest ferdig, so vart fisken lagd oppå og kokt saman med potetene.

Når dei slakta kalv, vart hovud og innmat kokt. Dette mol dei saman og sette til salt, pepar og lauk. So tok dei svangane og sydde dette inni til ei stor pylsa, som vart kokt. Til denne retten bruka dei mjølkesupa og flatbrød.

Etter år 1900, då Bergsdalen hadde fått vegsamband med Dale, vart levemåten noko omlagd. Det vart då lettare å få selt og kjøpt varer hjå handelsmenn på Dale.

På alle bruk var det vanleg at dei hadde ein gris eller to. Dei måtte forast godt og vera ferdig til slakting like før jol. Slaktedagen måtte fastsetjast i god tid, og det måtte vera i veksande måne. Det var ikkje å tenkja på å slakta i minkande måne, for då ville dei ikkje få godt flesk. Det var ikkje mange som ville ta på seg å vera griseslaktar, so det var som oftast ein fast mann til dette. Elles måtte alle vera med og hjelpa til, so slaktet kunne verta godt nytta. Det vart kokt blodpylsa og smolt. Smoltet vart salta og brukt i staden for smør. So var det sylteflesk og syltelabbar, som var ekstra god jolemat. Flesket vart salta og røykt til bruk heile året.

Den vanlege tid for haustslakting var når dyra kom heim frå beite. Det var ofta kvinnfolka som stod for å ta ut slaktedyra, for det var dei som stelte i fjøsen og hadde best greia på kva dyr som gav minst avdrått. Og når det galdt sauen, var det kvinnfolka som hadde best greie på ull.

Ved slakting måtte alt nyttast, hovud, føter og innmat. Hovuda måtte sviast, saltast og røykjast. Føtene vart skolda, svidd og salta. Føtene vart brukte både til middagsmat og pålegg. Av innmaten vart vomma, lungene, velendet og skrærne etter talgsmeltinga nytta. Orskyljinga var dei svært nøye med, for å få ein god innmat. Det skulle og stå i vatn eit døger eller to for å få vel ut blodet. So vart det heile løypt (oppkoka) og avkjølt og hakka smått med øks. Når dei seinare fekk kjøtkvern, vart den brukt. Hjarta, midgarden og kjøtrestar vart male saman med innmaten og laga til mårpylsa. Blodet vart teke godt vare på, det vart nytta til blodpylsa og kaker. I blodpylsa vart det brukt grynmjøl og feitt av nyretalga, salt og sukker, nellik, allehånde og anis. Til ilåt for blodpylsa brukte dei huva, botlangen og vinstra. Pylsepinnane var alltid av tre og måtte vera fint avpussa.

Ei tid var det mykje brukt å kjøpa sauer frå kystdistrikta og sleppa på beite i Bergsdalen. I daglegtale vart det kalla Strilelandet, og sauene fekk namn etter det. Desse sauene vart frakta med båt til Stanghelle og drivne vidare til Bergsdalen. Den gamle driftevegen frå Samnanger over fjellet til Bergsdalen vart og stundom brukt. Med dei gode beita her i dalen vart det eit fint slakt om hausten. Kjøtet vart selt salta og røykt, men og noko ferskt.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy