Med i fyrste verdskrigen, av Åsmund Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Med i fyrste verdskrigen
Av Åsmund Hatlestad


Gulleik Pederson Øye er fødd 1891 (Sjå Øye). Han utvandra til Amerika 1910, og var på ymse arbeid der borte. Han tok seg "homestead" i Montana, men tok aldri opp farm der.

Då Amerika kom med i verdskrigen 1917, melde Gulleik seg frivillig. Han kom i komp. I, 18. infanteriregiment, 1. div.

Etter 4 månader hard eksersis i Amerika, kom dei til Frankrike i desember same året og var på plass i skyttargravene nyårsdagen 1918. I fyrste lina i skyttargravene var det hardt å vera, med 8 timar vakt og arbeid og 4 timar fri, døgret rundt. I andre lina var 8 timar vakt og 8 timar fri. I tredje lina var det fyrst og fremst kvild, men klevask og avlusing med meir måtte òg gjerast.

Slik skifte det mellom desse tre linene kvar 8. dag. Dei kom ikkje i hus, og roma dei trong, vart gravne inn i jordveggen i skyttargravene. Senga var ei treråma med netting og to ullteppe. Det var då liten framgang for nokon av frontane.

1. mars fekk dei tysk storåtak på seg med sprenggranatar og gass. Då fall 28 mann av det kompaniet Gulleik var i.

Frå april var det so å seia slutt med skyttargravkrigen.

Amerika tok då til få fram tungt artilleri og gjekk til åtak. Ein tysk kile stod berre 30 km frå Paris, og kunne nå byen med dei største kanonane sine. Amerikanarane gjekk til åtak på denne kilen, og slaget varde i 11 døger før tyskarane gav opp.

Kompaniet Gulleik var med i, talde kring 180 mann då dei gjekk på. Berre 11 av desse kom uskadde frå slaget, mellom dei var Gulleik. Elles var han med i mange storslag, slik som ved Catigny, Soissons, St. Mihiel, Argona and Meuse, andre slaget om Marne og fleire stader.

5. november 1918 tok siste storslaget til, det varde til kl. 11 om kvelden 11. november. Då vart det våpenstillstand.

Gulleik hadde ikkje vore såra eller sjuk ein dag medan han var i krigen. På slutten var han korporal og tenestgjorde som ordonans. Han kom med i okkupasjonsarmeen og gjorde vaktteneste i Tyskland i 9 månader. I september 1919 mønstra han av i Amerika og fekk då tilbod om fast tilknyting til den amrikanske heren, men han sa nei takk til det.

Gulleik kom heim att til jol 1920. Ei tid hadde han farsgarden, men lengste tida fram til pensjonsalderen var han tilsett ved B.K.K. og er no busett på Dale.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy