Mellesdal

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Mellesdal.


GNR. 32 MELLESDAL


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på fastlandet om lag 2 km nordaust for Elvik. Mellesdalstøa ligg vel 1 km aust-søraust for Elvik. Derfrå går det ein bratt og trong dal i nordleg og seinare i nordaustlig retning. Gamletunet ligg om lag 1 1/2 km oppe i dalen, 188 m.o.h.

1723 vert det i matrikkelen opplyst at Mellesdal «ligger 1/4 Mil fra Søen 3 3/4 Mil fra Bergen . . . Aarvand og tungvunden». I herredsbeskrivelsen 1863 står det om lægjet åt gården: «1/8 Mill til Søen og derfra 4 1/2 Miil til Bergen. Meniis omtr. 4 Mdr. . . . Frost og skindlændt.»

Der er no køyreveg frå sjøen til tunet. Han var ferdig 1957.

Der var tidlegare ein veg frå sjøen, som dei fekk i stand såleis: Ein skogteig, Palateigen, som går frå sjøen og opp til delegrensa mot Elvik, vart seld til uthogging. Som betaling skulle teigkjøparane byggja veg frå sjøen til garden og vidare til setra. Vegen var såpass at dei kunne bruka kjerre til køyring den gongen. Dei bygde og ei bru på vegen over elva. Brua er av stein og er eit utifrå fint arbeid.

Garden har ikkje vegsamband med andre gardar, og ferdsla må difor gå over fjorden.

Gardnamnet vart skrive: 1567 Melhusdall. 1610 Mieldisdall. 1620 Mellißdall 1667 og 1723 Millisdal. Etter 1886 Mellesdal. Bygdemålsuttalen er mæ'dlesdalen. Namnet kjem truleg av hankjønnsordet melder som tyder turka korn som skal malast. Ein liknande førelekk har ein i Milleshaug i Fana. Mellesdal grensar mot Elvik, Mostraumen, Eide, Brørvik og Simenes. Grensa mot Simenes vart skriftfest ved utskiftningsforretning i Simenes 1833. Ho tek til ved sjøen i Toelia. Der er det ein stad dei kalla Skrea, og der er det hogge x i ein stor stein. Grensa går mot nord til ein stein vest for Eikehola, der det og er kross. Vidare mot nordaust til kross i eit berg under Langrinden, derfrå mot aust til kross i ein stein i Langedalsvegen. Herfrå går grensa mot nordaust til kross i ein bergnatt på Storhaughelleren og vidare mot nord til kross i ein stein over Småtoa. Herfrå går grensa i same retning etter bekken i Gamlefelldalen til kross i ein stein under Salsfjellet. Vidare i same retning til kanten av Salsfjellet, der det er hogge kross i ein bergnatt. Sidan går grensa austover etter fjellkanten til kross i berg ved foten av Salsfjellet. I Midnakkjen på Salsfjellet kjem Eide, Mostraum, Brørvik og Mellesdal til møtes. Grensa mot Elvik, sjå under denne garden.

Gardsnamnet gjev ikkje noko haldepunkt for kva tid garden kan vera rudt. Det eldste skriftlege vitnemålet er frå 1567. Då låg garden øyde etter svartedauden. 1590 var det kome ein brukar der, og etter den tid kan ein vel rekna med samanhangande busetnad endå om garden i 1563 er oppførd mellom dei gardane som ligg øyde. Brukaren vert først på 1600-talet kalla øydejordsmann og er 1630 så forarma at han ikkje kan betala skatt. Brukaren Hans vart 1637 saman med ein mann frå Grøsvik, ein frå Eide og ein frå Myster dømd til å betala 1 rdl. — «for fourenschabffs Vlydighed emoed Fogdenns Fuldmegtig Bendix Hansenn».

1657 var her 2 brukarar. Dette brukartalet stod ved lag også i 1660-åra, men 1694 var her berre ein brukar. Frå 1833 til 1839 var her og 2 brukarar. Den eine var sjølveigar. Den andre bygsla 1/2 av garden. 1859 vart det halde delings- og skyldsetjingsforretning, og garden vart delt i 2 jamstore bruk. Dette tilhøvet har halde seg sidan. Delinga i 1859 førde til ein del teigblanding. Dei fleste åkrane vart delte etter midten. Bruk 1 åtte Flotåkeren, som låg inne i bøen til bruk 2. Løa var sams for båe bruk. Ho var svært lang og vart delt tvertover på midten med ein skiljevegg som dei kalla «orgaved». Der var ei lødør for kvar helvt i langveggen på oppsida. Florane var ein under kvar ende av løa med ein inngang i kvar av ramane. Kvernhuset og smia var sams. Det same var naustet, saga og heianaustet. Sæterhuset var og sams til ei tid før utskiftinga. Offentleg utskifting over innmarka vart tinglesen 1937. Bruk 2 fekk då heile innmarka i ein teig, og bruk 1 har to teigar, ein heime på innmarka, og ein lang smal teig ned til sjøen langs med elva. Båe bruka måtte flytta husa sine etter utskiftinga, men bruk 2 bur i det gamle tunet. Bruk 1 flytte ned til ein flate som heiter Nygjerdet. Her låg det i 1850 eit husmannsplass. Eit anna plass, Veastølen, vart teke opp 1815. Det plasset der det lengst budde folk heitte Tohellerhaugen eller Heio og låg nokså nær sjøen på austsida av elva opp for Tohellerneset. Den fyrste festesetelen på dette plasset vart tinglyst 1848. Her budde same ætta til kring 1924. 1694 var det 5 dødsfall i Mellesdal. Det er rimeleg å tru at det var ein smittsam sjukdom som var årsak til dette. 1863 var åkervidda 7 1/2 mål. 1 1/2 mål var god åker, 4 mål middels god, og resten var ring. Bøen var på vel 60 måt 6,2 mål var god bø, 8 mål middels god, resten ring. Det var sagt at garden var lett å onna og vanleg godt dyrka. I tillegg til innmarka heime kom plasset Tohellerhaugen med 4/5 mål ring åker, 4 mål middels god og 2 mål ring bø. Gamle bruksmatar har halde seg nokså lenge på denne garden. På bruk 2 fekk dei hest om lag 1917. Før spadde dei åkrane. Ved hundreårsskiftet bruka dei hakar av tre med stålskoning. Seinare vart det stålspadar og sidan greip. Møka breidde dei ut over åkeren før dei spadde. Dei spadde åkrane i teigar som dei kalla ferar. Dei spadde ferdig heile åkeren før dei tok til å så. Det var kona som sådde, og husfaren milda. Når kornet var sådd, sette dei poteter. Før spadde dei potetene ned. Plassfolka på Heio var alltid med i våronna og haustarbeidet. Dei hadde 3 pliktdagar om våren og 3 om hausten, som vart delte på båe bruk. Dei gjorde det slik at kvart bruk fekk 2 dagar om våren og 1 om hausten, eller omvendt. Når spadinga var slutt, gjekk karane på gardagjerding og hesjabinding. Kvinnfolka dreiv å på med å rydja bøen. Hesjabinding dreiv dei med både på bøen og i fjellslåttene. Attåt kom og poteter dyrka dei litt kålrabi. Her veks kvann, men det ser ikkje ut til at dei har bruka denne planten serleg til mat. Dei skar seg fløyter av kvannjol, og stundom kunne dei bita litt i dei og.

I 1665 heiter det om garden: «Ingen Lunder till Uden Spere och Brendeschoug.»

1863 er der skog nok til ved og til hustømmer, og til husbruk. Dei kan selja ved for 8 spd. netto for året. Skogen er for det meste delt i teigar mellom bruka, men på nokre stader finst det hopaskog. Det er på Tohellerneset ved sjøen og eit område oppe ved sætra, Midtdalen og Rosseliæ, Gjerdsliæ og Hesjabotnen. Når dei høgg i hopaskogen, arbeider dei ilag og legg to dyngjer jamsides dersom dei skal nytta veden sjølv. Dersom veden eller tømmeret skal seljast, legg dei det i ei dyngje og deler etterpå.

Her er nokså mykje utmarksslått. 1863 vart høyet frå utmarka oppgjeve til 184 våger, men kommisjonen meinte at dei måtte kunna slå 500 våger høy. Slåttene er for det meste teigdelte, men på nokre stader er dei sams. Det var i Skjergrastonæ og i Glædna. Der var om lag ein dagsslått i kvar av desse slåttene, og ein breidsle-plass på kvar stad. Dei slo kvar si slåtte det eine året, og bytte om det neste. Ved Tungo hadde dei kvar si slåtte, men berre ei løe. Desse slåttene vart slegne berre annakvart år, og dei byttest om å nytta løa. Før hadde dei rodder på garden og rodda heim høyet der det var vanskeleg å føra det heim på annan måte. Ei løe i fjellslåtta som dei kalla Hyljamyr-løo var delt etter midten med ein orgaved, og kvart bruk hadde si helvt av løa. Dei kasta høyet inn frå kvar sin ende.

Dei logga bjørk og ask. Askelauvet braut dei av, raka det ihop med rive og bar det i kiper. Bjørka hogg dei ned når dei skulle logga. 1863 bruka dei så mykje lyng, beit og skav at det var nok til 2 kufor. Det var helst raun dei skava. Det var vanleg vinterarbeid om kveldane. Mork kalla dei kvist eller topp av raun. Beit var bjørkekvist. Lyngskjering gjorde dei om hausten. Det vart helst nytta til sauefor. Tang har vore lite brukt.

«Havnegang ved Gaarden af god Beskaffenhed. Sæterhavn ikke langt borte og tilsammen tilstrækkelig heiter det 1863.

Sætra ligg 1,5 km frå garden, på ein Hate mellom Salsfjellet og Geitsfjellet. Ei lid hadde dei sæterhus ilag. Kyrne beitte på Salsfjellet om sumaren. 1723 var her ikkje sæter. Derimot er kverna nemnd det året. Kvemhuset står ved elva på innmarka, og er sams for båe bruk. Sagbruk, drive med vasskraft, er sett opp 1920. Fiske vert aldri nemnt i matriklar eller andre kjelder. Det ser heller ikkje ut til å ha hatt stort å seia før dei tok til med laksefiske i sjøen. Laksefisket driv båe bruk i lag, men det er garden og skogen som er hovudnæring.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 19 i Hosanger skipreide, nytt 21. 1853 matr.nr. 147 i Haus tinglag. 1886 gnr. 43 i Bruvik.

Landskyld 1626: 1/2 laup (36 merker) smør. Dette skyldtalet var ubrigda til 1838, og galdt både som skatteskyld og landskyld. 1838 ny skyld 1 dalar 3 ort 6 sk. 1886: 4,12 skm. Leidang 1567 1 albis. Leidang og fredtoll 1590-91: 1 kalvskinn. Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1665: 1 mark 15 sk. Småtiend 4 sk. Kandtiend 1 1/2 mæle. Husdyrskatt 1657: 8 mark 12 sk. Folketal 1801: 10. 1875: 18. Fødnad 1657: 1 hest, 1 okse, 9 kyr, 1 kvige, 12 geiter, 12 sauer. 1665: 10 storfe, 1 hest. 1863: 2 hestar, 9 kyr, 4 ungfe, 69 småfe. Kommisjonen meiner at dei oppgjevne tala er for små. 1875 var fødnaden 1 hest, 1 okse, 9 kyr, 4 ungfe, 60 sauer, 38 geiter, 1 gris. 1665 sånad: 2 t. korn. Avling 3 1/2 t. 1863 sånad: 8 t. havre, 6 t. poteter. Avling 30 1/2 t. havre, 24 t. poteter. (Her er medrekna avlinga på plasset Tohellerhaugen, som det ikkje er oppgjeve sånad for.) 1042 våger høy, 196 våger halm. 182 våger høy frå slåttene. Frå eksaminasjonsprotokollen 1723: «Millisdal. 1 Mand. landskyld 1/2 løb Smør. Laugmand Knagenhielm tilhørende med Ingen Huusmands Pladser. Intet Sætter, lit furreskoug og Brendeved til Huusfornødenhed. 1 flomqvern. Ligger 1/4 Mil fra Søen, 4 3/4 Mil fra Bergen, Aarvandt og tungvunden. Saar havre 2 t. Afler 6 t. 6 Kiør, 2 Ungnød, 9 faar, 1 Hest. Lever mest af Qvægets avling.»

I 1959 hadde garden 70,2 mål innmark. Fødnaden var 1 hest, 4 kyr, 3 ungfe, 9 sauer, 1 svin.


EIGARAR

Kjeldene frå 1600-talet gjev noko ulike opplysningar om kven som åtte garden. 1626 er Allehelgensgodset sett opp som eigar, men 1648 heiter det at Gidskegodset eig og bygslar garden. 1661 skriv Landkommisjonen at garden høyrer til Apostelgodset. Ved slutten av 1600-talet kom garden på private hender. Den første kjende eigaren er amtmann von Ahn. Han åtte garden 1694 og først på 1700-talet, men 1718 er lagmann Nils Knagh oppførd som eigar. 1774 tilhøyrde garden fru Knagenhielm. Ho var kansellirådinne og budde på garden Kaupanger i Indre Sogn der Knagenhielmætta enno bur. Denne ætta har høyrt til mellom dei største godseigarane på Vestlandet. Jordegodset dei seinaste par hundre år låg for det meste i Sogn. Kring 1950 vart mykje av godset selt til brukarane som vart sjølveigarar. Mellesdal var ikkje i eiga åt Knagenhielmætta lenger enn til 1778. Amtmann Knagenhielm hadde fått garden utlagd i skiftet etter mora 1776, og 1777 vart det sett opp ei kjøpekontrakt mellom han og brukaren Knut Torbjørnsson som skulle få rett til å kjøpa garden. Han fekk skøyte 1778.


BRUKARAR

1590-91 heitte brukaren Johannes. Han var truleg den fyrste brukaren her etter at garden hadde lege øyde. 1603 heiter det framleis at garden er øyde. Torbjørn var brukar 1611-30. Han vart kalla øydejordsmann. Torbjørn og kona Anna hadde ein son, Hans, f. oml. 1603. Han var brukar her 1637-64. 1645 var dei fire vaksne menneske på garden. Det var Hans, kona Kari, mora Anna og ein tenestedreng som heitte Olav. 1657 var det kome ein brukar til. Hans fødde då 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 1 ungfe, 9 geiter og 4 sauer.

Born:

Torbjørn f. 1644. Brukar her.
Knut f. 1652. Brukar her.
Håvard f. 1654.


Heming Johannesson var den andre brukaren 1657. Bruket hans fødde 3 kyr, 3 geiter, 8 sauer. Heming døydde 1696. Han var f. om lag 1632.

Born:

Abelone g.m. Mikkjel Andersson Stamnes. Brukar Stamnes bnr. 10.
Hans d. 1694.


1666 var Torbjørn Hansson brukar. Torbjørn f. 1644 d. 1694 var g.m. Anna Johannesdtr. d. 1694.

Ei dotter deira, Kari, vart g.m. farbroren Knut Hansson, som var brukar her frå 1680-åra. Dei hadde ein son, Olav f. 1688. Knut døydde 1694 og Kari vart g. 2. g. m. Olav Simonsson Myster f. 1651 d. 1726.

Born:

4 born døydde små.
Simon f. 1700. Busett i Grøsvik, bnr. 2.
Anna f. 1705 g. 1733 m. enkjemann Lars Monsson Skår.
Torbjørn f. 1708. Brukar her.
Knut f. 1712 g. 1738 m. Agota Mikkjelsdtr. Romslo. Busett Romslo, Haus.
Karen f. 1715 g.m. Sjur N. Bjørndal, Hosanger.
Johannes f. 1717. Brita g.m. Ingvald Haukøy, busett på Haukøy i Hosanger.
Olav f. 1720. Busett Eidsnes.

Kari g. 3. g. m. Johannes Knutsson Simenes f. 1699. Kari døydde 1732, og Johannes vart g. 2. g. m. Marta Olsdtr. Leiro f. 1706. Dei flytte til Simenes og overlet garden her til styksonen Torbjørn.


Torbjørn Olsson f. 1708 d. 1761 vart g. 1737 m. Anna Knutsdtr. Simenes f. 1702 d. 1782. 2 søner døydde små, den 3., Knut f. 1745, vart brukar her.

Ved skiftet etter Torbjørn 1761 var nettoen i buet vel 75 rdl. som vart skift mellom sonen og enkja.


1778 skøyte til Knut Torbjørnsson for 90 rdl. Knut f. 1745 d. 1810 var gift med Siri Andersdtr. Grøsvik bnr. 3 f. 1741 d. 1818.

Born:

3 born døydde små.
Torbjørn f. 1763. Brukar her.
Marie f. 1764 g.m. Olav L. Gammersvik.
Olav f. 1765. Busett i Elvik, bnr. 2.
Anders f. 1769. Busett på Otterstad.
Nils f. 1771, g.m. Brita Knutsdtr. Myster bnr. 4. Busett på Revheim.
Marta f. 1773. Busett i Langedalen.
Johannes f. 1776. Sjå plasset Veastølen.
Anna f. 1779, g.m. Jakob 0. Toskheller.
Kari f. 1779, g. 1801 m. Mons K. Langedalen.
Ingeborg f. 1785, g. 1812 m. Ingebrigt O. Nordås.


1797 skøyte til Torbjørn Knutsson for 50 rdl. og kår til foreldra. Torbjørn f. 1763 d. 1825 var g.m. Anna Haldorsdtr. f. 1762 d. 1826.

Born:

Helga f. 1790 d. 1807.
Ragnhild f. 1792 g.m. neste brukar.
Knut f. 1797. Brukar her.
Haldor f. 1801 g.m. Marta Larsdtr. Eide. Husfolk på Eide.


Lars Andersson Otterstad f. 1795 vart 1819 g.m. Ragnhild Torbjørnsdtr. Mellesdal f. 1792. Dei var paktarfolk her ei tid, og fekk å 2 døtre: Anna f. 1820 og Ingeborg f. 1822.


1818 skøyte til Knut Torbjørnsson for 96 spd. og kår til foreldra. Knut f. 1797 d. 1853 var g.m. Anna Knutsdtr. Vik, St., f. 1791 d. 1852. Dei åtte eit bruk i Langedalen i Mo sokn. Sonen Knut fekk dette bruket.

Born:

4 born døydde små.
Brita f. 1823 g.m. Eirik N. Elvik. Brukar her på bnr. 1.
Torbjørn f. 1825. Brukar her.
Anna f. 1829. Sjå bnr. 2.
Knut f. 1830. Busett i Langedalen.
Marta f. 1830.
Knut f. 1834. Adjutant hjå generalen i Oslo. Var med til Stockholm å kong Oscar den 2. vart gift.
Gudmund f. 1837. Vaktmeister hjå magistraten i Oslo.


1833 bygsla Ivar Knutson Vik 1/3 av garden med skyld 12 merker smør. Dette bruket fekk løpenr. 34 b, og hadde 1838 ei skyld på 2 ort 18 sk. Ivar var skulehaldar i Stamnes. Han var fødd i Vik, St., 1803 g.m. Anna Andersdtr. Myster bnr. 1 f. 1801. 1839 kjøpte dei halve Mo, og budde visstnok der eit par år. 1848 flytte dei derfrå til Mele, der dei kjøpte gard og slo seg til for godt.

Born.

3 born døydde små.
Knut f. 1826 d. 1850.
Brita f. 1834 g. 1862 m. Nils Nilsson Mele.
Guri f. 1835. Busett i Hesjedal, Br.
Anders f. 1845. Busett på Mele.
Hans, busett i Sedalen, Fana.
Ågota f. 1831.
Marta f. 1832. Busett i Eidsvåg.


1854 skifteskøyte til Torbjørn Knutsson på heile garden for takst 500 spd. I tida 1835-52 hadde det vorte nokså stor skuld på garden. Torbjørn hadde garden berre 3 år. Ei tid var han busett i Bergen, der han handla med feitevarer.

Torbjørn f. 1825 var g. 1. g. 1853 m. Brita Askjelsdtr. Simenes f. 1831 d. 1854. Han var g. 2. g. m. Brita Isaksdtr. Botnen, eller Jarane, f. i Hardanger. Torbjørn vart arbeidsufør p.g.a. ein augnesjukdom som gjorde han blind i lang tid, og dei flytte frå Bergen og kjøpte eit bruk på Grimastad på Voss 1864. Brita var fødd i Kvam 1837. Brita selde 1869 bnr. 1 på Grimastad til Knut J. Gjerme for 800 spd. Dette gjorde ho utan Torbjørn sitt vitande, og han protesterte mot salet. Det vart ei langvarig sak. Denne saka gjorde Brita Grimastad, som ho no vart heitande, namngjeti langt utanfor Vossebygdene. Ho skreiv sjølv innlegga sine for retten, og vann saka til slutt. Brita må ha vore ei uvanleg gåverik kvinne. Ho heldt foredrag på Vaksdal om kvinnesak, og i Oslo i Calmeyergatens Misjonshus om rettssaka. Ho og Torbjørn bygde seg hus på Vossevangen å dei flytte frå Grimastad. Der dreiv Brita med sying av Vossehuer og visstnok klede.

Born:

Knut f. 1860, vaks opp i Mellesdal. Han reiste til Oslo i skomakarlære og dreiv seinare som skomakar der. Han var socialist og kommunalpolitikar. Kona var frå Eidsvoll. Dei hadde borna Margit, kontordame i Christiania Glassmagasin, Anna, kontordame i folkeregistret og Torbjørn, musikar og komponist. Dei bruka familienamnet Knutsen.
Brita f. 1864 g.m. brannkonstabel Ellingsen, busett i Bergen.
Anna f. 1871. Busett i U.S.A.
Isak f. 1877. Busett i U.S.A. Død for ein del år sidan ugift.


BRUK 1

Gamalt løpenr. 566. 1859 gamal smørskyld: 18 merker, ny skyld: 4 ort 2 sk. 1886: 2 og seinare 2,06 skm. 1863 var her 3 3/4 mål åker. Berre 3/4 mål var god åker, 2 mål middels god og 1 mål ring. Bøen var rekna til 30,2 mål. Av det var 3,2 mål god bø, 4 mål middels god og resten ring. Sånad: 4 t. havre, 3 t. poteter. Avling: 14 t. havre, 11 t. poteter. 521 våger høy, 98 våger halm. Høyet frå slåttene vart oppgjeve til 92 våger, men ein reknar med at det kunne slåast 250 våger. Der var ikkje dyrkingsjord. Fødnaden vart oppgjeven til 1 hest, 4 kyr, 2 ungfe, 33 småfe. — «men antagelig meget for lidtets» står det i herredsbeskrivelsen frå 1863. Der var lyng, beit og skav til 1 kufor, og bruket kunne selja ved for netto 4 spd. årleg. 1875 var fødnaden 1 hest, 4 kyr, 2 ungfe, 24 sauer, 16 geiter, og sånaden 4 t. havre og 3 t. poteter. 1956 var fødnaden 1 hest, 4 kyr, 12 sauer. 1959 var innmarka 16,2 mål og fødnaden var 1 hest, 2 kyr, 2 ungfe, 4 sauer.


1857 skøyte til Eirik Nilsson Elvik på heile garden for 600 spd. og kår til den gamle brukaren Torbjørn Knutsson. Då kåret var stort, vart Eirik Nilsson samd med verbroren Eirik Andersson om å dela garden. Dei løyste ut kåret til Torbjørn, truleg 1858, for 600 dalar. For å greia dette selde dei ein stor skogteig frå sjøen og oppover til på båe sider, for 600 dalar. I panteregistret er opplyst at post 1, 2 og 3 i kåret vart selt 1858 til Johannes Ivarsson Heltveit. Dette er truleg han som tok skogteigen, og som betaling må han ha overteke kåret. Som nemnt ovanfor vaks son til Torbjørn, Knut f. 1860, opp i Mellesdal. 1859 vart bruk 2 skilt frå, og Eirik sat å berre med dette bruket. Eirik var fødd i Elvik bnr. 2 1822 d. 1901, g.m. Brita Knutsdtr. Mellesdal f. 1823 d. 1879.

Born:

Marie f. 1849 g.m. Knut H. Vik, Simenes.
Ole f. 1852 d. 1942. Brukar her.
Marta f. 1852 d. 1861.
Anna f. 1856.
Marta f. 1859.
Inga f. 1862 d. 1931.


1882 skøyte til Ole Eirikson for kr. 1200,— og kår til faren. Ole f. 1852 vart g. 1. g. 1880 m. Ingeborg Ingebrigtsdtr. Stamnes bnr. 12 f. 1850 d. 1909. Ei dotter, Marie, var fødd 1880 og døydde same året. Ole g. 2. g. 1912 m. Marie Johannesdtr. Øye, frå Farestveit i Modalen, syster til Marta f. 1856, kona på bnr. 2. Marie var g. 1. g. til Øyene/Øye i Bergsdalen. Ole bygde nytt stovehus, som han tok unna å han selde garden. Systra Inga hadde rett til fritt hus, pleie og tilsyn etter dokument, tinglese 1912.


1917 skøyte til Anders Monsson Steinsland for kr. 3000,— og kår til seljaren og kona. Inga Eiriksdtr. skulle ha rett til fritt hus. Anders som var frå Steinsland i Modalen f. 1879 var g.m. Oline Nilsdtr. Flatekvål f. 1882 d. 1957.

Born:

Arne f. 1905. Fabrikkarb. Dale. G.m. Margit f. Herland.
Borghild f. 1907 g.m. banevaktar Anders Fadnes, Dale.
Sverre f. 1909. Brukar her.
Marie f. 1911. G.m. bonde Magnus Hopland, Seim.
Anna f. 1913. G.m. Nils Tyssebotn, Hosanger.
Hildur f. 19**. G.m. Magnus Elvik. Busett her.
Magnus f. 19**. Gardbr. på Steinsland bnr. 5, Modalen.
Klara f. 19**. G.m. gardbr. Ola Fyllingsnes, Eikangervåg.
Gunnhild f. 19**, g.m. Knut Villand, Hovet i Hallingdal.
Nora f. og d. 1929.

Anders har sett seg opp hus i dalen og bur der etter at han let garden frå seg. Der bur også dotra Hildur, g.m. Magnus Elvik.

Born:

Osvald f. 19**.
Arve f. 19**.


1941 skøyte til Sverre Steinsland for kr. 4000,— og kår til foreldra. Sverre f. 1909 er g.m. Marta f. 1906, dotter til smedformann Peder Mo, Laksevåg og kona Helga f. Gjertsen.

Born:

Turid f. 1943 d. 1946.
Arild f. 19**.


BRUK 2.

Løpenr. 567. Gamal skyld 18 merker smør. Skyld 1859: 4 ort 3 sk. 1886 og seinare 2,06 skm. 1863 er jordvidd, fødnad og avling o.s.v. oppgjeve til å vera heilt likt med bruk 1. 1875 var fødnaden 1 okse, 4 kyr, 2 ungfe, 24 sauer, 17 geiter, 1 gris. Sånad 4 t. havre, 4 t. poteter. 1959 hadde bruket 54 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 4 kyr, 3 ungfe, 9 sauer, 1 svin.


1859 skøyte til Eirik Andersson Myr for 300 spd. Eirik var f. i Lindås 1823 d. 1912. Foreldra var Anders Monsson Kalland og kona Ingeborg Eiriksdtr. Eide bnr. 1 f. 1800. Eirik var g. 1854 m. Anna Knutsdtr. Mellesdal f. 1829 d. 1887. 1854 fekk dei festebrev hjå Torbjørn, bror hennar, på eit plass kalla Nygjerdet som dei dreiv til dei overtok bnr. 2. Sjå nedanfor om Nygjerdet.

Born:

Knut f. 1854. Brukar her.
Ingeborg f. 1857 d. 1928 ug.
Anders f. 1860. Busett på Straume, bnr. 23.
Ivar f. 1862. Busett i Ulevikshaugen, Stamnes.
Mons f. 1866. Farmar. Gift 1922 m. Kari Johannesdtr.,

enkja etter Lars Gammersvik bnr. 1. Busett U.S.A.

Anna f. 1869 d. 1870.
Andreas f. 1871.


1888 skøyte til Knut Eiriksson for kr. 1200 og kår til faren og systra Ingeborg. Kåret var verdsett til kr. 400,- for 5 år. Knut f. 1854 d. 1925 var g.m. Marta Johannesdtr. Farestveit f. 1856 d. 1934.

Born:

Johannes f. 1881. Reiste til U.S.A. 1902.
Anna f. 1883 d. 1962, g. i Langedal, Modalen, 5 born.
Erik f. 1885. G. 1911 m. Marta Larsdtr. Gammersvik. Busett her.
Brita f. 1890 g.m. Erik 0. Elvik, bnr. 3.
Knut f. og d. 1892.
Knut f. 1894. Brukar her.
Olav f. 1896 d. 1897.
Olav f. 1897. Død ved drukningsulukke i Eidsfjord 1923.
Inga f. 1898. G. 1916 m. Anders A. Nesse, Myster bnr. 18.
Erik Martin f. 1899. Busett U.S.A.
Marie f. 1903, g.m. Johannes Bauge, Busett Manger. 3 born.


1929 skøyte til Knut Knutsson for kr. 2250,- og kår til mora. Knut var bygningsmann før han tok over garden. Han er g.m. Anna f. 1883, dotter åt Knut Høvik og kona Kari Gudmundsdtr. Eikefet f. 1848 d. 1904.

Born:

Åsmund f. 19**. Fiskar og gardsarb. Busett her.
Kjell f. 19**. Handelsmann i Rubbestadneset. G.m. Marta f. Svoldal.
Kari f. 19**. Barnehagelærarinne, g.m. Olav Moen f. 19**. Busett Vik, Grimstad.
Olav f. 19**. Ekspeditør. Busett Evanger. Gift.

Jordvidda på bruket var 1956 om lag 50 mål innmark. Fødnaden 5 kyr, 1 hest, 12 sauer.


PLASSET TOHELLERHAUGEN

Dette plasset som i daglegtale ofte vert kalla Heiæ låg aust for elva eit stykke opp frå sjøen. 1846 fekk Olav O. Grøsvik og kona Ingeborg festesetel på plasset som vart kalla «eit stykke utmark». 1863 hadde dei dyrka opp og hadde 4/5 mål ring åker, 4 mål middels god bø og 2 mål ring bø. Dei avla 2 1/2 t. korn, 2 t. poteter, og fødde 1 ku, 3 sauer. Bygselsumen var 5 spd., og dei svara 6 dagsverk årleg. 1875 fødde dei 1 ku, 12 sauer, 5 geiter og sånaden var 3/4 t. havre og 1 t. poteter. Plasset hadde eige kvernhus. Olav O. Grøsvik bnr. 1 f. 1805 d. 1895 og Ingeborg Monsdtr. Stamneshagen f. 1818 d. 1888.

Born:

Olav f. 1835 g. 1869 m. Kari Knutsdtr. Elvik, bnr. 1. Kjøpte gard i Bygstad, Sunnfjord, der slekta framleis bur.
Mons f. 1845. Sjå nedanfor.
Marta f. 1850. Sjå nedanfor.


1897 festesetel til Mons Olsson Mellesdal og systra Marta. Dei var ugifte og dreiv plasset i lag. Stova dei budde i var nokså lita med eitt vinduga som vende mot sjøen. I nordre enden av stova var det ein kleve der dei hadde klede og ymse slag kjørel. Der førde ikkje dør frå stova inn i kleven. Kleven hadde dør frå tunet. Framfor stova var det eit rom med ei stor open gruve av gråstein. Frå tunet førde ei todelt dør inn i dette romet. I stova var det ein kokeomn med to hol, 2 senger og eit langbord med ein bordhjell under. Mons var bygningsmann i sin ungdom og for noko omkring på slikt arbeid. Ei tid fødde dei 2 kyr og 3-4 smalar. Dei slo mykje i markane. Ein gamal handelskar, Helge M. Berge, sjå Stamnes bnr. 2 og 13, budde her på sine gamle dagar. Han og Mons døydde 1923. Marta budde så åleine på plasset eitt års tid. Sidan tok forsorgsstellet seg av henne. Ho budde på Stamnes hjå Maria As, «Stavanger-Marjo», dei siste åra ho levde. Maria As åtte hus og grunn på Stamneshella.


PLASSET VEASTØLEN

1815 bygsla Johannes Knutsson dette plasset som låg i utmark. Kvar det var, veit me ikkje visst. Det kan kanskje vera nær ein stad dei kalla Veatonæ, oppmed stølsvegen. Der stod tidlegare to geithus.

Johannes f. 1776 d. 1844 var g. 1. g.m. Brita Haldorsdtr. f. 1764 d. 1816. Johannes vart g. 2. g. m. Inga Monsdtr. Fumes bnr. 2 f. 1783.

Born:

Knut f. 1818 g. 1844 m. Guri Davidsdtr. Bukkstein bnr. 2 f. 1807. Busett Rivenes, Haus.


PLASSET NYEGJERDET

1854 festesetel til Eirik Andersson Myr og kona Anna f. Mellesdal. Den årlege avgifta var 1 spd. 60 sk. og 12 arbeidsdagar. Dei budde her truleg berre nokre få år, for 1859 fekk dei skøyte på bnr. 2. Nygjerdet låg der bnr. 1 no har tunet sitt. Der er restar av grunnmuren rett bak stova.

HUSFOLK

Fyrst på 1700-talet budde Olav Nilsson og kona Marta Nilsdtr. her.

Born:

3 born døydde små.
Gjertrud f. 1717.
Anna f. 1719.
Ivar f. 1723.
Nils f. 1724. Busett på Veo, husfolk.
Marie g. 1748 m. enkjemann Sjur Nilsson Bjørndal.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy