Minne frå hundreårsskiftet, av Åsmund Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Minne frå hundreårsskiftet
Av Åsmund Hatlestad


(Etter ein samtale med Ingebjørg Fortun på Evanger Gamleheim 1976).

Ingebjørg er fødd Småbrekke 1884 og er eldst av barnelaget til Marta og Jørgen. I dag er ho eldst av nolevande bergsdøler. Ho vart gift i 1907 med anleggsarbeidar Halvard Fortun frå Sogn. Dei hadde 11 born, budde mange år i Bergsdalen, seinare på Bolstad der dei hadde hus. (Ingebjørg d. 1978).

Ingebjørg kan fortelja etter mor si at ho tok henne med seg på Moastølen sumaren 1885, der mora stidde både eigne kyr og to bølingar hyrekyr. Farfaren, han Peder, var og med til hjelp.

"Ein skoddedag var ho mor nedhjå vatnet og vaska. Då kom oksen drivande frå Leitet og mot stølen med noko etter seg. Ho tenkte fyrst at det var folk som skulle ha tak i oksen, men då det kom nærmare, såg ho at det var ein bjørn som elte oksen. Ho sette i å skrika mot udyret og slo i bakken med banketreet. Bjørnen stogga litt og såg på henne før han tok åt motebakken og vart burte i skodda. Ho mor gjekk då med andre barnet, han Per, som kom til verda i november, og tenkte vel og på at det skal ikkje vera bra å møta bjørn i slik tilstand. Ho skunda seg åt selet og seig ned på ein krakk. Det heile verka so utruleg at ho fekk seg mest ikkje til å seia det med same. Men då han godfar fekk vita kva ho hadde sett, for han ut på selsbøen og gjorde opp eld til skremsel. Han la og turre nautruer på bålet for å få røyk og lukt. Buskapen kom straks etter setjande til støls og kringsette selet, med beljing og naseblåster, so det var ikkje tvil om kva dei hadde sett den dagen",

Denne hendinga hugsar sjølvsagt ikkje ho Ingebjørg noko om, men ei hending frå 5-6 års alderen står klårt i minnet hennar:
"Ein vår hadde me tri kviger, ei av dei hadde eg kanna meg som mi, måvita. Desse kvigene kom på vidvanke om sumaren og var ikkje å sjå på ei tid. So kom det bod or Hardingalia at der gjekk to framande kviger. Det viste seg å vera våre, men den tridje, kviga mi, var ikkje å sjå, trass i all leiting. Men etter dei var buførde derfrå, kom ein hardingamann opp att til støls eit ærend. Han støkte ein bjørn som stod og grov i ei myr, og ved nærmare ettersyn viste det seg vera kviga mi. Der hadde fanten gøymt maten sin. Etter den tid har eg aldri likt bjørn, eg forstår ikkje dei som vil freda og liva på slike udyr", sa ho.


Litt om mat og levemåte ved hundreårsskiftet:

"Om me tok eit måltid frå den tid og sette jamsides det dei no ber fram, so ville det sikkert sjå tarveleg ut. men eg veit ikkje av at me svalt eller lei naud på nokon måte. Me hadde heimelaga klede, nok brensel, og noko å metta oss på kvar dag. Han far var flink til å avla poteter, so det hadde me nok av. Og potetene vart brukte til so mangt, til middag, til potetkake, i brødet og til mangt anna. Matskikken kunne då som no ymsa noko frå stad til stad og frå tid til tid. På jamnen kunne det vera slik: Til bisk (frukost) var det oftast supasoppa, supa var gjerne kokt på korv eller rullepylsa, eller annan kjøtmat. So braut dei flatbrød oppi og hadde ein kjøtgrand attåt. Til middag var det oftast nykokt grynmjølsgraut og surmjølk. Resten av grauten gjekk gjerne til kveldsmat, kald med varm mjølk eller mysa over. Til non var ofte sild og poteter, flatbrød og surmjølk. Men ofte kom eit måltid med nyfiska aure på bordet, og det var stas. Straks det kom råk i isen om våren, var karane ut og fiska med troa. Agnmakk hadde dei samla seg i ein stamp i floren om hausten, so dei var budde på dette.

Karane var og flinke til veida rjuper i snara, men dei vart aldri brukt til mat heime. Dei måtte til handelsmannen, der var det matskuld å betala på. Men i gode fangstår vart det mang ei blank krona i neven. Veiding vart rekna for beste attåtnæring den tid.

Skulen var det me kalla omgangsskule i mi tid. I Bergsdalen var to skulekrinsar, og i Rasdalen var ein, i lag vart desse ein lærarpost. Skulehus eller vegar fanst ikkje nokonstad her då. Skulen vart halden i stover kring gardane, på omgang, slik at det då vart å gå i tre forskjellige stover kvart skuleår. Skulen var i to veker i kvar krins før han bytte om. Soleis hadde me to veker skule og fire veker fri skiftevis. Når læraren eller "skul'n" som me helst sa, bytte krins, hadde han alltid ein mann med seg til å bera skulekista, det var og plikt som gjekk på omgang. Var det då lærarar som var lite ski-vane, so heldt dei ikkje lenge ut, og lærarbyte var det tidt og ofte, opptil tre på eitt skuleår. Men i 1897 kom Hans Tyssen hit som lærar. Han var skimann og sportsmann og hadde 18 skuleår her før han flytta. Me skreiv oss for presten Warholm på Evanger tredje påskedag, og stod til konfirmasjon om hausten. So gjekk me og las to dagar i trekk annakvar vika. Då måtte me overnatta både to og tri netter på Evanger. Me var tre jenter herifrå som gjekk og las i lag, og alle hadde me same førenamnet. Dei to andre var Ingebjørg Rødland og Ingebjørg Kaldestad. So var det å gå Øvrafjellet, som me sa, det var gamle kyrkjevegen det, den tid. Me rekna oss kring fire timar kvar veg når ver og føre var bra. Den tid var det og påbod at alle millom 12 og 17 år skulle møta ein gong haust og vår og "lesa pao golvæ" som det heitte. Då møtte lærarane med klassane sine, og so var det presten som overhøyrde dei i kristendomskunnskap. Dette var lagt til ein preikesundag.

Etter kvart som køyrevegen åt seg oppover dalen, vart det meir og meir vanleg at bergsdølene gjekk og las og stod til konfirmasjon på Dale, endå om det var i eit anna herad og prestegjeld. Kring hundreårsskiftet tok dei til å emna på gravstad på Lid. Den fyrste som vart nedsett der, var Ingebjørg Nilsdtr. Rødland. Ho døydde i 1902, berre 18 år gamal. Gravstaden var so ny at han var ikkje innvigd, men presten Warholm møtte opp og vigsla staden og forretta ved grava.


Ei onnor syrjeleg hending må òg nemnast..Det var at to brør drukna i elva på Rødland. Dette hende ein fin sumardag, 16. juli 1896. Kong Oskar den andre var på Dale den dagen, der skulle han sjå Dale Fabrikker og den nye kyrkja, som nett var teke i bruk. Mange frå Bergsdalen for til Dale den dagen for å sjå kongen. Vegen frå Dale til Fosse var ferdig då, so det var lett å fara. Nils A. Rødland, far til dei to gutane, sala hesten og reid nedover. Han hadde brote foten om vetteren og var lite gangfør. Dei to sønene hans, Arve 23 år og Bryngjel 20 år, var att heime. Etter middag lauga dei seg i elva innom garden. Den eine kom i vanskar uti, og den andre sette til for å hjelpa. So gjekk det so gale at båe to omkom. Ein halvvaksen gut, Arne Kaldestad, stod på land og kunne ingenting gjera til hjelp. Ikkje var han sumd, og ikkje fanst det båt på garden. På Rødland var ikkje folk heime som kunne gjera noko med dette, og det vart sendt bod nedetter gardane. Fyrst på Hatlestad var vaksne mannfolk å finna. Haldor Hatlestad og dei to sønene, Nikolai og Olav, tok i veg oppover. Dei fekk seg båt i Småbrekke, drog han over haugane til Rødland og fekk opp dei omkomne.

Ei veka etter samlast folk og bar dei to kistene til gravstaden på Bolstad. Dette var einaste sønene Nils A. Rødland hadde.


Det går segner om at Småbrekkegarden stokk vekk ein gong i gamal tid, og øydde ut folka. Fyrst på 1800-talet heitte bonden i Småbrekke Elling. Han hadde ein son som heitte Mons, han for til Amerika. So veit me om fire døtrer. Gjertrud vart gift til Mestad i Teigdalen. Ranveig vart gift med Oddmund Hatlestad, dei var inderstar på Hatlestad. To av dei heitte Anna, ho stor-Anna vart gift med kårmannen på Rødland. Ho veta-Anna enda sine dagar på Nakka, der ho var på legd. Ho skulle i skogen ein dag om vettern og samla seg ved. Då ho ikkje kom att, vart det leita utan at dei fann henne. Om våren var det ein gut, heitte Sjur, som gjekk seg på henne, ho låg å gruve med vedbøra på seg.

Det skifte visst tidt med eigarar i Småbrekke ei tid. Ein gong var det ein dei kalla Jo gjætar som åtte. Han gjætte reinsdyrflokken til Hardanger & Voss Reinsdyrlag. Han var frå Øyfjord. Her i dalen hadde han ein hjelpegjæter som heitte Peder P. Øye, han var gift med Ingebjørg Brekke. Dette var mine besteforeldre. Dei kjøpte sidan Småbrekke og er stamfedrane til dei som no er på garden, og til mange mange fleire," slutta ho Ingebjørg.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy