Mo i Osterfjorden

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 06:26, 30 juni 2009 by 82.134.99.238 (Talk)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Mo.

Fil:Mo 01.gif


MO
GARDSNR. 76.


Innhaldsliste

Innleiing

Garden Mo ligg nede ved sjøen, berre nokre få meter yver havet og 5 mil frå Bergen.

Heile garden er ein einaste flat morene som elvi hev laga fram gjenom tidene. Inst på denne flata låg ein stor sandhaug som vart kalla Sæten. Han er no snart utgraven og seld. Av skriftlege kjeldor går det fram at fyrr 1743 var Mofjorden eit ferskvatn som låg noko høgare enn fjorden utanfor Mostraumen. Dette vatnet heitte då Movatnet. Det er rimeleg å tru at Storelvi som renn gjenom bygdi, hev runne noko rolegare enn no, og at elvi framme ved Sæten delte seg i to, med ein arm rennande bort under fjellet, og at Mogarden hev lege på ei øy i elvi. Eldre folk minnest godt dette elvefaret borte under urdi, men det er no attifyllt, utjamna og oppdyrka. Denne tvidelingi av elvefaret frå Mo-Sæten og nedyver gjorde vel vassføringi i elvefaret som no er, noko mindre, og i ei gamal segn heiter det at vest for Kyrkjegardsneset låg ein holme som hang mest saman med Mogarden, og denne holmen brukte bøndene på Mo til kalvehage om våren.

Men i 1743, straks fyre jol, hende det noko som fekk mykje å segja for både Mogarden og gardane lenger oppe i bygdi. Dette året kom det ein ofseleg elveflaum som reiv bort eit gruseide ute ved Mostraumen, slik at sjøen rann inn i Movatnet når det var flo. Denne hendingi er dokumentert av di skatteskylda vart nedsett for gardane Farestveit og Steinsland som då leid skade av flaumen. Etter at gruseidet ved Mostraumen vart utrive, vart Mofjorden liggjande noko lågare enn Movatnet fyrr hadde lege. Dermed fekk Storelvi større fart. Ho grov seg djupare ned, og avgreiningi framme ved Sæten turka inn. Dette førde og til at holmen ved Kyrkjegardsneset vart bortførd av elvi, og ein ny holme hev litt etter litt vorte oppøyra på andre sida av elvi ved Otterstadlandet.

Sudaust for garden stend Mofjellet. Det er so høgt at garden er avsola ei stund om vinteren.

Namnet Mo kjem naturleg av lendet der garden ligg, på ei stor moreneflate med same jordlaget yver heile garden.

Det er berre so underleg at ikkje garden frå fyrst av heitte Moøyri, men det eldste namnet me hev funne fram til, er Moo i Tysnin. Dette stend i Bjorgynjar kalfskinn 60 A, der Tys er tolka i gamal-norsk språkføring som «tvidelt». Dette peikar attende på tvidelingi av elvi. Tysnin femner truleg om eit større område som knyter seg til den heilage staden Krossen, omlag 5 km lenger oppe i dalen. Det er og truleg at Moo i Tysnin hev vore namnet på bygdi fyrr Svartedauden, liksom Modalen vart bygdenamn då gardane vart tekne oppatt seinare. Fyrste skriveformi ein finn i samanheng med busetnad på garden, er Mou. So kjem ein lang bolk frå 1677 der kyrkjebøkene brukar formi Moo. So glid det yver til formi Moe som vart bruka fram til kring 1800, og stundom seinare og. No er skriveformi Mo.

Garden Mo grensar til fleire gardar i bygdi, og til gardane Høvik og Eikemo i Eksingedalen.

På nordvestre sida av Storelvi ligg gardane Otterstad og Nedre Helland, og elvi er grensa millom desse gardane og Mo. Ved fossebruni i Hellandsfossen vert det grensa mot Almelid. Derfrå går grensa mot sud-aust oppetter lidi mot høgste fjellkammen til X i ein hamar midt for Høviktjørni. Der sluttar grensa millom Mo og Almelid. So går grensa mot Høvik i sudaust yver tjørni til stein med X ved vegen, og vidare til bekken som renn frå Hodnefjellsvatnet mot Høvik. Der sluttar grensa millom Mo og Høvik i ein stein med hoggen X, og grensa mot Eikemo tek til. Denne grensa fylgjer Hodnefjellsvatnet mot vest og vidare frå X til X etter oppmerkt lina fram til ein bekk i Bjødnabotn, der grensa mot Langedalen tek til. Grensa millom Mo og Langedalen fylgjer Bjødnabekken der han går i krokar fram til fjellkanten, og vidare utfor fjellet ned i Mofjorden.

Dei eldste skriftlege opplysningane om garden Mo, finn me i Bjørgynjar kalfskinn 60 A. Der er garden nemnd med ei utreidsla til kyrkjestaden Krossen i Moir. Der heiter det: «Præster tækuir a Moo j Tysnin: Imprimis a Moo atta» (åtte matabol). I kalfskinnbrevet er dg fleire andre gardar i bygdi nemnde og jordavgifti deira til presten og Krossen. Desse oppgåvone viser at Mo, med åtte månads-matabol til Krossen, må ha vore den største og rikaste garden i bygdi. Truleg var det ikkje berre storleiken av jordi som gjorde garden so verdfull, men det hev sikkert dg vore eit rikt laksefiske som høyrde til garden. Frå gamal tid hev nok jordbruk og feal likevel vore hovudnæringane for bøndene på Mo, med skogdrift og noko fiske til attåtnæringar. I siste hundreåret fekk sylv-reven noko å segja, men i mykje større mun gav sandgruvene eit nytt næringsgrunnlag.

Med dei fine, flate bøane, der jordsmonet er moldjord på eit underlag av morene, er det so heilt naturleg at jordbruket måtte verta hovudnæringi her. Likevel vart det lite dyrking og nyrydjing på heimebøane fyrr etter at utskiftingi var ferdig kring 1902. Derimot vart markaslåttone haldne i god stand i eldre tider. Dei fire bruki på garden hadde desse markaslåttone:


Bruk 1: Modalslåtta, løda med 12 byrder, Botnaslåtta 2 lødor på 8 og 25 byrder, Nedre Botn 1 løda på 80 byrder, Moneset 1 løda på 8-10 byrder. I Næra Neset, Røyrbotn og Moldfallet var haustteigar, og ute ved sjøen var farmslått i Bjødnatonæ. Derfrå vart graset ført heim og turka i bøhesjane.


Bruk 2: Modalslåtta løda med 20 byrder, Nærafjellet løda med 8 byrder, Øvrafjellet løda med 16 byrder, Botnslåtta løda med 12 byrder, Klettane løda med 12 byrder, Storehjellen, gamal løda med 12 byrder. Haust-teigar i Moldfallet, Røyrbotn, Øvraneset, Lammatødna og Motødna. Farmslått i Moneset.


Bruk 3: Furhaugane løda med 14 byrder, Øvra- og Næra-fjellet 2 lødor på 12 og 20 byrder, Tjødnaløda 12 byrder, Røyrløda 10-12 byrder, Nyløda 15 byrder, Skavlane i Grimneset løda med 8 byrder. Haustteigar i Røyrbotn, Moldfallet, Lammatødna og Motødna. Farmslått i Vetluri.


Bruk 4: Simentonæ løda med 14-16 byrder, Botnaløda kring 20 byrder, Klettane 2 lødor 14 og 16 byrder, Grimsnesbotn løda med 16 byrder, Nyløda kring 20-30 byrder, Vetlurbotn løda med 20 byrder, Novi sameleis.

Attåt dette var det haust-teigar og farmslått i Kjetone utanfor Moneset. Sjå elles jordbruksteljingane 1863 og 1959.

Etter utskiftingi minka det med markaslåtten, og det vart meir fart i dyrkingi heime. Det gamle elvefaret borte under urdi vart attifylt og køyrt jord yver, og heimebøane vart større og finare etter kvart. I 1901 avla dei omlag 12 tunnor korn på kvart bruk, men då fyrste heimekrigen kom, og dei vart pålagde tvangsdyrking, auka avlingane opp til 25 tunnor. I lange tider vart alt kornet dei avla, treskt med tust. Å treskja ei tunna for dagen vart rekna for eit vanleg dagsverk for ein mann, men mange greidde meir. I 1909 kom den fyrste treskjemaskina til bygdi. Ho var sameiga millom bøndene på Mo og nokre brukarar på Nedre Helland. Det var ein stor og tungdriven reidskap. Det måtte fire mann til å driva henne, to mann på kvar vinda. Bøndene på Mo kjøpte sidan ei lettare maskina, og den gamle vart gåande på omgang lenger oppe i dalen, like til Straume. Til slutt vart ho ståande på Nedre Helland.

Då Jakob Mæland tok yver bruket på Mo i 1892, hadde han med seg ei dryftemaskina. Ho òg var tungdrivi, men i 1906 kjøpte Olaf Mo og Smeden ei ny og mindre maskina saman.

I 1723 hadde ikkje Mogarden «flomkvern», men seinare fekk dei kjøpa seg kvernstøde i Otterstadfossen. Det var to bruk om kvar kvern. Bruk 2 og 3 var saman. Bruk 4 hadde fyrst kvern åleine, men i kjøpekontrakti frå 1864 heiter det: «Iver Iversen udgir til Hans Olsen Moo et selgeren tilhørende kvernstøde, kvernen samme steds, og de til kvernen tilhørende redskaper for 20 spd. Kvernen er beliggende ved Otterstadpladset». Dermed vart bøndene på Mo sjølvhjelpne når dei skulle mala kornet sitt.

Både Otterstad og Mo er flatlendte og fine gardar. Den fyrste slåmaskina i Modalen vart kjøpt av Johannes Otterstad i 1898. Den andre kom på Mælandsbruket på Mo i 1904. Snart fekk dei andre bruki og slåmaskinor. Olaf Mo kjøpte fyrste rakemaskina i Modalen i 1919, og Mons Mo kjøpte fyrste potethakka i Modalen i 1912.

Feal var ei viktig næring for Mobøndene i eldre tider og. Kyrne løyste dei ut i slutten av mai. Buskapen beita i Næra-Neset til det vart mat nok på Mostølen. Dette vart det slutt med kring 1900. Då vart Næra-Neset teke med i den offentlege utskiftingi på garden. Til vår- og haust-beite vart Mostølen brukt. Han ligg omlag 5 km oppe i dalen. Der hadde bøndene kvar sitt mjølkesel og kvar sitt fjøs. Der var og hus til yvernatting for budeione, men dei gjekk heim om dagane. Mjølk og rjome bar dei med seg. Til denne stølen buførde dei kring 6. juni, og beita der til slutten av månaden. Då vart buskapen førd til Øvrebotn, eller Botnen, som fjellstølen vart kalla. Der støla dei i åtte vikor. Bøndene hadde kvar sitt sel som stod i rekkja. Bruk 2 og 3 hadde sine sel under eitt tak, med eit sams skot millom seli. I skotet var restar etter ein gamal eldstad. Der var ein svingbar arm som dei kunne hengja grytone i. Budeione låg i skotet, men i 1900 vart det bygt ei ny, sams stova til å bu i. Denne stova er timbra. Ho vart bygd i Nærebotn og bori opp på stølen. Budeione gjekk heim fem dagar for veka, men fredag og sundag var dei i ro på stølen. Ofte måtte dei vera med og høya i dei slåttone som låg nær stølsmarki. I Nærebotn var ei hes som vart kalla «Tausahesæ», og den måtte budeione fylla. Buferdsvegen til stølen gjekk opp frå Urdahaugen, yver Øykjafjellet og ut i Botnen. Gangvegen elles gjekk opp Motødna, og han var både bratt og svalendt. Ei av desse svaene vart kalla Sleipasvåæ.

Det vert fortalt at i 1882 hadde kyrkjebyggjarane tenkt seg ein tur på stølen. Ho Marjo Mo vart ottesam for rjomen sin og strauk til støls etter han. På heimattvegen datt ho på Sleipasvåæ og knuste botnen i rjomebyttet sitt. Ein kan segja det slik at byrdi vart lettare, men sorgi for rjomen tyngre. Sume vil no elles ha det til at ho snudde byttet opp ned, håva rjomen innatt so godt det let seg gjera, og kinna han då ho kom heim att.

Etter åtte vekors stølsdrift vart buskapen førd attende til heimehagen, og der beita kyrne til dei vart sette på bås ved mikjelmesstid. Fjellstølen Botnen hev ikkje vore i bruk sidan 1936.

Fureskogen hev gjeve bønden på Mo nok vyrke både til opphysing og vedlikehald, og lauvskogen hev og gjeve gode attåtinnkomor. Det var soleis ikkje uvanleg at det frå kvart bruk vart selt 10 mål famneved for året, og dertil ikkje so lite bork og never. Av rauneskogen vart det i 1863 rekna eit kufoster med skav og beit for kvart bruk.

Til garden høyrer det lakseelv. I 1875 vart det tinglyst leigekontrakt om fiskerettar i Storelvi, og dette hev sidan gjeve faste innkomor.

Men alt dette var vel for småting å rekna mot den nye næringi som tok til i 1916. Dette året byrja Hans Mo å selja sand frå garden. Året etter byrja Olaf Mo og likeeins dei andre bøndene. Til å byrja med køyrde dei sanden med hest, lagra han i nausti sine, og trilla han ombord når det kom ei skøyta. Innkomone dei fyrste åri var no ikkje so mykje å skryta av, korkje for eigarane eller for arbeidsfolki i gruvone. Eigarane fekk kr. 0,75 for tunna, og Olaf Mo tente fyrste året 300 kr. Arbeidsfolki fekk 2 kr. dagen. Ein flink arbeidar som fekk akkord, kunne tena litt meir. Han kunne greida 80 tunnor for dagen og fekk kanskje kr. 0,30 for tunna. Arbeidsgjevaren heldt hest og reidskap. Den fyrste tidi køyrde dei stein frå gruvone og la han på elvekanten. I ein flaum i 1918 reiv elvi ut noko av elvegranden borte på Otterstadgarden, og for dette måtte gruveeigarane på Mo betala eit vederlag på 1000 kr. til Otterstadbøndene. Men slikt som dette var no berre å rekna som «fødselsveer» for den nye næringi som no tok seg opp i bygdi og snart kom i gang på fleire gardar i dalen.

Midt i denne «sandgaloppen» kom ogso sylvreven og feste bu i dalen. Olaf Mo, Anders Granheim, Knut Dale og Johan Otterstad kjøpte to par sylvrevar i 1927. Dei gav 6000 kr. for paret. Desse revane hadde dei på Granheim, og Idar Langedal stelte dei, men snart tok luteigarane kvar sine par og stelte dei sjølve. Sogningen og Olaf Mo kjøpte Simen-stova og innreidde ho til hus for revane. Dei gav 200 kr. for henne. Desse fyrste reveeigarane kom snøgt att til pengane. Det galdt berre å få selja revane.

Stundom gjorde dei langturar for å selja rev, ein gong like ut til Hålandsdalen. Heimdalane kjøpte rev stutt tid etter at desse fyrste kjøpte. Dei hadde sine på Sæten.

Interessa for rev breidde seg som ein farang opp gjenom dalen, og snart var det revegardar å sjå på dei fleste gardane i bygdi. Litt etter kvart gjekk prisane på sylvrevskinni so mykje ned at dei siste som vart med på denne reveleiken hadde helst tap.

Utskiftingskartet syner at vegen yver Mo gjekk noko onnorleis enn han gjer no. I Næraneset gjorde vegen ein liten sving nærare elvi, og i Øvraneset ein sving bort til huset til Hans Mo. I Kodlhaugen hev vegen truleg gjenge yver haugen. I Fossen gjekk han og noko høgare oppe enn no. Gamlevegen her syner enno. På Mo hadde dei veg fyre 1875. Derfrå vart so vegen litt etter kvart gjord ferdig fram til dei andre gardane i dalen. Kvar gard hadde si rote der dei hadde vedlikehaldsplikt. Gardane utanfor Mostraumen hadde si rota. Ho nådde frå Moldfallet og ned til sjøen. Fjellgardane Nipen og Dyrkolbotn hadde og sine rotor. Dette mislika dei sterkt, for vegen på Mo bruka dei aldri. Derimot bruka dei ofte vegen millom Gamlesetri og Romarheim i Hosanger herad. Der hadde dei og vedlikehaldsplikt. Bøndene på Otterstad hadde si rota. Dei tok kjerrone i båt, og hestane sumde yver når dei skulle på vegarbeid på Mo. Seinare vart det bygt skikkeleg bru yver elvi. I 1929 kom fyrste bilen til bygdi. Olaf Mo tok sertifikat og kjøpte seg ein Chevrolet, 1 1/2 tonn. «Skrekken» kalla dei han, og han kosta 4200 kr. Den fyrste tidi måtte han ha løyve frå lensmannen for kvar tur han skulle oppetter dalen.

I 1939 bygde Mo og Otterstad elektrisitetsverk i Kvernhusfossen. Til å byrja med var det ingi demma, men seinare sette dei opp to, ei i kvart vatn. Krafti kosta, framførd til husvegg, 550 kr. pr. kW.

Frå gamal tid hev Mo vore kyrkjestad for dalen og gardane utanfor Mostraumen. Av skriftlege kjeldor går det fram at det var kyrkja på Mo kring 1360. Ein viser her til E. Bendixen: Kirkene i Søndre Bergenhus Amt. I Dipl. N-XII-113 Regnskaber og besiktigelse heiter det: «Mo kirke nevnes i 1360, ligesom Krossen i Moo, og derefter i 1382».

Den kyrkja som står på Mo i dag, var bygd i 1882.

Ein kan ikkje godt slutta soga om Mo-garden utan å ta med litt om ymse tiltak og samarbeid fram gjenom tidi millom bøndene på Mo og dei som budde lenger oppe i dalen. Her var kyrkjestad, handelsstad og senter for styringsverket i heradet. Både frå Modalen og frå Eksingedalen kom folki til Mo, når dei skulle til kyrkja, til handelslaget eller til byen. Og dette fekk sitt å segja for alle på Mo. Når dalingane kom med veden sin nedetter elvi, måtte dei ta han i land på Mo og saga og kløyva han der. Kvar gard hadde sine faste plassar til dette. Farestveit hadde sin plass lengst bort under urdi. So kom teigafolket. Det var slike som kjøpte skogteigar og hogde dei ut. Deretter kom Almelid og Neset, og hitrast var plassen til dei frå Helland. Gardane ovanfor Farestveit fløytte ikkje ved, det kom for mykje bort på vegen. Grunneigarane fekk berre vedendar og avfall som vederlag for lagrings- og arbeidsplass. Stundom leigde dalingane plass i nausti på Mo til byveden sin, og då betalte dei bøndene for dette. Med lagrings- og arbeidsplassar og det som elles vedkom vedtransporten, gjekk det som oftast greitt. Verre kunne det stundom vera når dalingane kom til Mo med hestane sine, anten det no var på kyrkjeferd eller i andre ærend. At det i slike høve kunne verta litt ugreida millom dalingane og bøndene på Mo, syner eit tinglyst forlik dagsett 11/4 — 1892. «Forlik mellem gårdeierne på Mo og oppsidderne på de øvre gårder i Modalen og fire gårder i Eksingedalen udelukkende indrømmes beiterett til udmarkstykket Nedre Stølen». Denne staden vart kalla Hagastykket, og var beitemark for hestane til dalingane kyrkjesundagane og elles når det høvde. Men ved ei snarvenda til sjøen, og stundom kyrkjesundagane og, batt dalingane hestane sine i nausti til bøndene på Mo, og det var ikkje å undrast på at det ofte vart misnøye med dette. Kring 1900 vart det so bygt ein hestestall med 18 båsar på eigedomen til Ivar Monsson, bruk 3. Til årleg vederlag for grunnen, skulle grunneigaren ha gjødsli frå stallen. Ola Nåmdal, Nils Straume og Anders Nygard bygde seg stall på bruk 2 på same vilkår. Desse stallane vart ståande til 1939. Då måtte dei rivast, grunnen vart oreigna, og kommunen la han ut til snuplass for bilane som då kom til bygdi.

Fleire av dalingane hadde små, timbra buer med torvtak nede ved sjøen. Dei kunne vera frå 4 x 5 alner og oppyver. I desse buene hadde dei lager av ymse ting, soleis korn som kom i skutor frå Bergen, stundom eit anker brennevin, og elles mangt anna som dei måtte ta vare på til dei kunne få det med seg opp etter dalen. Gamle Nåmdalen si bu var størst. Frå denne bui kunne det stundom vera bra avsetnad på brennevin, serleg kyrkjesundagane. Ein gong hadde einkvan stole noko av lageret hans. «Harka handel, harka handel», hermde dei etter han då.

Elles vart desse små buene nytta som eit lite «krypinn» for kyrkjefolki oppe frå dalen om sundagane, fyrr klokka tok til å ringja frå tårnet. Det var serleg gjentor og konor som skulle retta på kledi sine etter ein lang kyrkjeveg, ta ein glytt i spegelen, greida håret og sjå etter at «skrydlane» stod fint fyrr dei steig inn i kyrkja. Vyrdelege og velstelte ville dei der møta Gud i ordet frå altar og preikestol. Gløymt var strid og strev, kav og kiv, medan høgtid og helgafred la seg signande yver trøytte sinn, og yver ei fager bygd.


Eigarar.

Det er uklårt med eigartilhøvi for garden Mo i millomalderen. Me veit berre at ein gong i 1300 åri svara garden åtte månads-matabol til kyrkjestaden Krossen i Moir. Fyrst i skattemanntalet 1618/19 heiter det at garden Moe er Hammer Prestebols Gods med svarelse 2 kalfskinn. Garden er då førd som «Ødegård».

I 1750 vart Hosanger utskilt frå Hamre, og vart eige prestegjeld med Mo og Flatekvål som annekskyrkjor. Garden Mo gjekk då yver til Hosanger prestebol som bygsla bort bruki, og det var sokneprestane som skreiv under bygselbrevi. I 1832 fekk bøndene kongeskøyte, men garden var framleis «Hosanger Prestebol Beneficert», og bygslarane svara årleg avgift til prestebolet på «1 tønde og 1 fjerdingkar bygg».

For bnr. 2 vart denne avgifti avlesi 6/6-1864, og bonden på bruket vart då sjølveigar. For dei andre tri bruki vart bygselavgifti avlesi 11/10 — 1881, og frå den tid hev alle bøndene på Mo vore sjølveigarar.


Matriklar, skyld og utreidslor.

Frå gamalt hadde Mo matr. nr. 85, seinare 57, og løpenr. for dei 4 bruki var 217-220. No hev Mo gardsnr. 76.

I 1563 betalar Arne på Mo 1 dalar i «leilendingsskatt». 1 jordebok 1590/91 er skyldi førd med 1 1/2 L. smør. I Matr. 1667 er det 1 L. sm. og 6 våger never, og sameleis i matr. 1718 og i 1723. I matr. 1723 heiter det elles:


1723: Matrkl. Moe 4 mend, 1 L. smør 6 våger never, benefisert Hammer Prestebol. Ingen husmandspladser, Sæter 1/4 mil fra gaarden, Lidet furreskov og fornøden brænde. Ingen Flomkværn, Ligger ved sjøen, 6 mile fra Bergen, Innefrosset om vinteren, aarvandt til korn, tungvunden. Saar 6 tønder havre, avler 18 tønder. Føder 20 kiør, 36 faar og 2 hester. Gammel takst 1 L. 12 mrk. smør.

Lever av kvegavl og brændeved til salg.


1724: Sakefald — Gaarden Moe i Echanger skibrede.

Suplikat av 25/10 — 1724 om nogen aars skattefrihed for Moe i Echanger skibrede, som er blitt hjemsøkt av brand 8 dager før Pinse 1724. De fleste av husene og alle eiendeler brant opp, men ikke Kveget. Suplikatet er underskreve av:

Ifver Ellefsen, Mons Ellefsen, Askild Iversen, Lars Pedersen.


Finnes det bilet av bumerker? Rolf Erik.


Skattefrihed for to aar innvilget, unntatt munderingspenger og Tiende av gaardens skyld, 1 L. 12 mrk. smør. Innvilget fra og med 1725, datert 10/2 — 1725.

Dei nye husi som vart bygde oppatt etter branden, vart truleg bygde på dei gamle tuftene.

Frå 1838 vart skyldi rekna i pengar, og samla skyld på garden vart sett til 4 dalar 40 skill., skift likt på dei 4 bruki med 1 dr. 10 skill. på kvart. Omgjort til mark og øre (kring 1870) fekk kvart bruk 2 mark 92 øre i skyld, tilsaman 11,68 mark for heile garden.


Om fødnad, sånad og avling.

Kvegskatten 1657: 2 bruk føder tilsaman 2 hestar, 12 kyr, 1 ukse, 2 kvigor, 12 geiter og 18 smalbeist. I 1667 er fødnaden 2 hestar og 20 naut (småfe ikkje oppgjeve), Då sår dei 5 tunnar korn og avlar 12 t. på dei to bruki. For 1723 sjå matrikkelen!


1803 i Jordavgiften er oppgjeve for bruk 1: «Sår 3 tønder, avler 9, føder 9 kreaturer og 10 får». Dei andre 3 bruki er «av samme beskaf», heiter det, so for heile garden skulde det verta 12 t. utråd og 39 t. avling, og fødnaden 36 kreaturer og 40 får.


1835. Oppgåva i samband med folketeljing: Sår 16 t. havre og 8 t. potetor, føder 4 hestar, 40 storfe, 80 smalbeist og 4 svin.


1863 hev me «Jordbrugsbeskivelsen». Det er eit omstendeleg dokument som verdset kvart bruk og gjev grunnlag for «skyldlægning». Oppgåvone for dei fire bruki er so like, og alle endar med same verde-talet, so me tek med berre eitt bruk til døme:


Bruk 1: «Aker, dyrket eng: Godt 3 mål, middels 5 1/2 mål, slet 1 mål. Naturl. eng: Godt 6 mål, middels 5 mål, slet 11 mål. Høy av markeslått 380 våger. Jord egnet til dyrking 2 mål. Årlig udsæd 5 tønder korn 4 tønder poteter. Avler 21 t. korn 20 tønder poteter. Høy 740 våger, halm 148 våger. Føder 9 kyr, 3 ungfe, 1 hest, 16 får. Havnegang middels god, 1/2 mil til sæteret, fradrag for vei 6 spd.

Brænde 1/2 husbrug. Indtegt 4 spd. Salg 6 favner ved 6 spd. Surogatfoder 1/2 kofoster beit og skav. Veiforbindelse, ligger ved sjøen. Fradrag for sjøvei 3 spd., for ubekvent 15 spd., for tungbrugt 22 spd. Forslag til skyldlægning: 1 — 3 — 11 — 570 — 57. Anmerkn,: 1 mål bjerg og sten». (1 — 3 — 11 må tyda skyld i dalar, ort og skilling. 570 — 57 må truleg vera eit samanlikningstal til jamføring med andre gardsbruk. Alle bruki på Mo får desse same tali).


1875. I samband med folketeljingi er her med oppgåvor yver fødnaden på kvart bruk, og då er nemnt serskilt kva som høyrer kårfolket til av beisti, og difor tek me med:

Bruk 1 hev 8 kyr 16 smalb. Av det er 2 kyr og 4 smalb. kår.
Bruk 2 hev 6 kyr 1 ungnaut og 7 smalb., av det 2 kyr 4 smalb. kår.
Bruk 3 hev 8 kyr 18 smalb., av det 3 kyr 6 smalb. kår.
Bruk 4 hev 10 kyr 18 smalb., av det 4 kyr 11 smalb. kår.
Og her hev son til kårfolket 1 ku.


På plasset Sekkeneset bur husmannen Anders Olavson og skreddaren Torbjørn Larsson. Anders føder 2 kyr og 4 smalbeist, og skreddaren 2 kyr, og det må vera bra påsett i Sekkeneset.


So er det ein lang tidbolk med store omskifte fram til 1959. Då finn me desse oppgåvone:


1959. Etter «Norske Gardsbruk».

Bruk 1. Dyrka jord 30 da. mold- og morene-jord. Anna jordbr.areal 20 da. Bustadhus bygde 1902 etter utskiftingi. Brt. 39.000 kr. Mostølen og Botnen seter. Prodt. skog 400 da. Føder 1 hest, 5 kyr, 2 uksar, 5 ungdyr, 1 gris, 15 smaler.


Bruk 2, skm. 2,17. Dyrka jord 47 da. mold og morenejord. Anna jordbr.areal 20 da. Prodt. skog 400 da. Bustadhus bygde i 1857. Driftsbygningar frå 1902. Brt. 80.000 kr. Garden føder 1 hest, 7 kyr, 5 ungfe, 4 griser, 12 smaler.


Bruk 3, skm. 2,20. Dyrka jord 35 da. mold og morenejord. Anna jordbr.areal 20 da. Prodt. skog 350 da. Bustadhus og driftsbygn. frå 1902. Føder 1 hest, 6 kyr, 1 ukse, 6 ungdyr, 2 griser, 10 smaler, 10 høns.


Bruk 4, skm. 2,35. Dyrka jord 55 da. mold og morenejord. Anna jordbr.areal 20 da. Prodt. skog 350 da. Bustadhus og driftsbygn. frå 1927. Brt. 150.000 kr. Føder 1 hest, 7 kyr, 2 uksar, 5 ungdyr, 1 gris, 20 smaler, 10 høns. Til garden høyrer sandgruva.


Bruk 6, skm. 0,31. Dyrka jord 10 da. forvitringsjord. Prodt. skog 60 da. Onnor utmark 60 da. Bustadhus og driftsbygn. frå 1897. Brt. 44.000 kr. Føder 1 gris, 4 geiter, 20 sauer, 15 høns.


BUSITJARAR

Garden i eitt bruk.

1563: Dette året er fyrste gongen me finn buande mann på garden. Då heiter det i Leilending skatt: «Arne på Moo 1 daler». Meir får me ikkje vita om han.


1590/91: I Jordeboki er førd Oluff Moe. Han brukar 1 1/2 L. smør, og det er heile garden.


1603/04: Skattemanntalet hev no Peder Mou som er åleine brukar fram til 1617/18. Då er garden skift i to bruk. Peder sit framleis på det eine, det som sidan vert bnr. 3. På det andre som vert bnr. 1, heiter brukaren Christen.


Bruk 1. Hans-luten.

1616/18: I skattemanntalet for desse åri er førd


1. Christen. Meir veit me ikkje om han.


1618/19: Skattemanntalet fører no ny brukar. Det er


2. Ivar, og han er førd fram til 1633. Heller ikkje han veit me meir om.


1636: Landsk. hev no ny brukar med 1/2 skatt. Han heiter


3. Olav, og han er førd i skattemanntalet 1638 og.


1644: Kontribusjonsskatten hev no Aschild. I 1646 heiter han Aschild Oelsen, og han er truleg son til nr. 3 ovanfor. Aschild brukar då 1/2 L. smør og 3 våger never, og det er halve garden. Han er førd i skattemanntalet fram til 1668, og hev truleg site med bygsel noko lenger, kan henda til han døydde i 1686.


4. Askjell Olavson Mo, f. 1611, d. 1686, g.

1. m Anna, 8 born.

2. m Anna Eiriksdtr. Otterstad, 6 born.

Born:

  1. Nils f. 1632.
  2. Olav, død fyrr 1712. Då hev han 4 born i skifte etter sylteri Anna. Det er Halvard Dyrdal, Erik Høiland, Mildrid Hatland, Ane Nerås.
  3. Johane død fyre 1712. Ho hev då dotteri Brite Totland, g. m. Niels Eriksen Totland. Hb. nr. 18 på Totland. Johane var truleg g. m. Johannes Tufte.
  4. Maria død fyre 1712. Ho var g. til Stalden, og hev sonen Ole Stalden.
  5. Ingeborg død fyre 1712, og hev då 3 born: Knud Rødland, Joen Smørdal og Ane Ascheland.
  6. Brita f. 1647, d. 1725, g. m. Anders Nilsen Nipen.
  7. Aase g. m. Bertel Magneson Eikefet, Stamnes. Stb. s. 179.
  8. Ane f. 1650, d. 1712, g. 1691 m. Lars Olavson Romarheim.
  9. Askjell.
  10. Ivar f. 1661, d. 1742, næste bonde her.
  11. Eirik f. 1666, d. 1694.
  12. Sjur g. 1687 m. Siri Knutsdtr. Straume, busett Straume br. 1
  13. Anna g. 1687 m. Ivar Eilevson Otterstad, busett Mo br. 4.
  14. Brita f. 1672, d. 1723, g. 1697 m. em. Sjur Michelsen Nordås, Gatland. Hb. Gatland 11.


1691: Futeregnsk. fører no 4 bruk på Mo. På bruk 3 sit Peder Larsson, som må ha fenge bruket etter faren, og er førd med 1 sp. 12 mrk. smør. På kvart av dei andre bruki sit ein Ivar, og det kan vera noko uvisst kva for bruk kvar av desse skal få, men det må vera rimeleg at Ivar Askjellson får bruket etter faren, so me set han her.


5. Ivar Askjellson Mo, f. 1661, d. 1742, g.

1. 1686 m. Anna Johannesdtr. Ø. Helland, br. 1, f. 1665, d. 1691, 3 born.

2. 1691 m. Anna Hallsteinsdtr. Mostraum, br. 1, f. 1669, d. 1754, 1 barn.

Born:

  1. Askjell f. 1687. Næste busitjar her.
  2. Anna g. 1706 m. Simon Olavson Nottveit.
  3. Brita f. 1691, d. 1691.
  4. Anna f. 1692, g. 1715 m. Knut Johannesson Nedre Helland br. 4.


1713: Bygselbrev frå Erich A. Møinichen til Askjell Ivarson på 18 mrk. smør 1 1/2 våger never. Oppattnya bygsel i 1720.


6. Askjell Ivarson Mo, f. 1687, d. 1761, g. 1713 m.

Gjertrud Eilevsdtr. Lavik, br. 2 f. 1690, d. 1766.

Born:

  1. Knut f. 1715, bonde nr. 3 på br. 2.
  2. Eilev f. 1717, busett Fyllingsnes, 4 døtrer som erver farsysteri Anna i 1810.
  3. Ivar f. 1719, næste busitjar her.
  4. Anna f. 1722, g. m. Johannes Johannesson Otterstad br. 5.
  5. Johannes f. 1725, g. m. e. Anna Simonsdtr. Høvik, busett Høvik br. 4.
  6. Anna f. 1728, d. 1810, g. 1774 m. em. Olav Olavson Farestveit br. 7.
  7. Lars f. 1731, g. 1766 m. Maria Jonsdtr. Høvik, br. 4, busett Eknes. Hb. Eknes nr. 15.
  8. Brita f. 1736, g. 1766 m. Mons Andersson Otterstad br. 5.


Næste busitjar her er Ivar Askjellson, nr. c framanfor. Me finn ikkje bygselbrev til han, so me kan ikkje vita kva år han fekk bruket.


7. Ivar Askjellson Mo, f. 1719, d. 1767, g. 1761 m.

Anna Jonsdtr. Høvik, br. 4 f. 1740.

Born:

  1. Anna f. 1762, d. 1762.
  2. Askjell f. 1764, d. 1764.
  3. Anna f. 1765, d. 1843, g. m. busitjar nr. 9 her.


1769: Enkja Anna Jonsdtr. Mo gifter seg att med

8. Lars Torbjørnson Yksendal, br. 1, f. 1735, d. 1808. Dei sit no med bruket til 1794. Dei hadde ikkje born.


1794: Bygselbrev frå sokneprest Lihme til Knut Knutson Mo br. 2. Knut gjev vilkårsbrev til Lars Torbjørnson og Anna Jonsdtr.


9. Knut Knutson Mo, f. 1759, d. 1841, g. 1788 m.

Anna Ivarsdtr. Mo, f. 1765, d. 1843.

Born:

  1. Ivar f. 1789, næste busitjar her.
  2. Knut f. 1791, d. 1791.
  3. Knut f. 1792, g. 1831 m. m. Anna Johannesdtr. N. Helland f. 1803, foreldre Johannes Hansson og Ingeborg Olavsdtr., plassfolk N. Helland. I 1832 flytta dei til Frekhaug.
  4. Lars f. 1796, g. 1821 m. Sesilia Johannesdtr. Nedre Helland. Ho er syster til Anna.
  5. Brita f. 1798, g. 1835 m. em. Jakob Knutson Mo, br. 2.
  6. Anna f. 1806, g. 1829 m. Olav Magneson N. Helland, br. 3.


1835: Ivar Knutson får skøyte på bruket, og gjev kårbrev til foreldri Knut Knutson og Anna Ivarsdotter, tinglyst 2/11 — 1835. Kjøparen skal svara ei årleg avgift på «1 tønde og 1 1/4 fjerdingkar bygg til Hosanger prestebord. Denne avgifti vart avlesi 11/11 — 1881.


10. Ivar Knutson Mo, f. 1789, g.

1. 1813 m. Maria Olavsdtr. Eikemo, f. 1791, d. 1832, frå Hosanger.

2. 1832 m. Ragnhild Helgesdtr. Øvre Helland, br. 5, f. 1798, d. 1872.

Born:

  1. Anna f. 1814, g. 1837 m. «skoleholder» Hans Knutson Nedre Helland, br. 1 f. 1811.
  2. Askjell f. 1815, d. 1825.
  3. Ragnhild f. 1817.
  4. Kari f. 1819, d. 1835 på Høvik, ug.
  5. Brita f. 1822, g. m. næste busitjar her.
  6. Inga f. 1824, g. 1851 m. Knut Olavson Ø. Helland, br. 3.
  7. Askjell f. 1826, d. 1826.
  8. Knut f. 1828.
  9. Olav f. 1830, g. 1855 m. Kari Larsdtr. Mo, br. 3. Flytta til Askøy 1856. Hadde då ei dotter Ragnhildkøy 1856. Hadde då ei dotter Ragnhild, f. 1856.
  10. Helge f. 1833, g. 1859 m. Inga Olavsdtr. Farestveit, br. 7 f. 1837. Frå 1863 busett i Sandbakken og Dale, Vik i Sogn. 6 born.
  11. Askjell, f. 1835, d. 1910, g. m. Marta Johannesdtr. Tennebekk, bustad Laksevåg, 6 born.
  12. Ivar f. 1838, g. 1869 m. Synneva Olavsdtr. Høvik, br. 1. Busett Turlingen, Voss, mange born.
  13. Maria f. 1842, fl. til Tellevik i Hamre.
  14. Agata f. 1844, d. 1898, g. 1878 m. em. Magne Johannesson Nottveit, br. 3.


1846: Skøyte frå Ivar Knutson Mo til versonen Olav Hansson Nedre Helland for 100 spd. og kår.


11. Olav Hansson Mo, f. Nedre Helland, br. 1 1817, d. 1854, g. 1845 m.

Brita Ivarsdtr. Mo, f. 1822.

Born:

  1. Maria f. 1845.
  2. Ragnhild f. 1847, g. 1876 m. Ivar Ivarson Mo, br. 4.
  3. Anna f. 1849, d. 1849.
  4. Marta f. 1850, g. 1880 m. Johannes Ivarson Straume, br. 3 f. 1853, busett Nottveit, br. 1.
  5. Hans f. 1852, busitjar nr. 13 her.


1854: Olav Hansson døyr, og enkja Brita Ivarsdtr. gifter seg att med

12. Knut Knutson Steinsland, br. 1, f. 1815.

Born:

  1. Anna f. 1855, g. 1883 m. Anders Jakobson Nedre Helland, br. 3, bust. Ytre Arna.
  2. Olav f. 1858, d. 1928, g. 1892 m. Marta Olavsdtr. Farestveit, br. 1 f. 1864, d. 1935, busett Mo.
  3. Kari f. 1861, d. 1953, g. 1890 m. Baste Olavson Haugland, frå Arna, f. 1865, busett Bergen.


1875: Skøyte frå Knut Knutson til styksonen Hans Olavson for 400 spd. og kår til mori og stykfaren.


13. Hans Olavson Mo, f. 1852, d. 1877 ved vådeskot, g. 1877 m.

Maria Jonsdtr. Otterstad, f. 1847, d. 1923.

Born:

  1. Hans f. 1878, busitjar her etter stykfaren Knut Ivarson.


1880: Enkja Maria Jonsdtr. gifter seg att med

14. Knut Ivarson Straume, br. 3, f. 1848, d. 1935.

Born:

  1. Anna f. 1881, g. 1906 m. lærar Anders Simonson Nygard, br. 1, 1872, lærar i Modalen, Tune og Sarpsborg.
  2. Marta f. 1883, d. 1938, g. 1906 m. Nils Bergeson Langedal, br. 2 f. 1870, busett Hjørnevik.
  3. Brita f. 1886, d. 1904.
  4. Maria f. 1888, g. 1. g. 1913 m. Knut Halleson Mosafinn, g. 2. g. 1919 m. Klaus Haldorson Lunde, Dalekvam.
  5. Jon f. 1891, busett Hugnastad, Mo, br. 8.


1904: Ved delings- og skyld-delings-forretning vert dette bruket delt soleis:

Bruk nr. 1, Hans Hansson med skyld 2 mrk. 29 øre.
Bruk nr. 8, Hugnastad, Knut Ivarson, med skyld 46 øre.
Odelservingen Hans Hansson Mo tok no yver bruk 1, og Knut Ivarson byggjer og buset seg på bruk 8.


15. Hans Hansson Mo, f. 1878, g. 1906 m.

Synneva Johannesdtr. Neset, f. 1880, d. 1946, frå Almelidneset, br. 6.

Born:

  1. Borghild f. 1906, g. m. næste busitjar her.
  2. Maria f. 1907, g. 1937 m. Eivind Olavson Otterstad, br. 5, busett Mo. 3 born.
  3. Brita f. 1910, d. 1994, g. 1944 m. Erling Birkeland f. 1909, d. 1989, busett i Os. 2 born.


1951: Skøyte frå Hans Hansson Mo til dotteri Borghild og mannen hennar Johannes Arneson Eknes på dette bruket for 9.000 kr. ÷ 1.000 kr. for lausøyre.


16. Johannes Arneson Eknes, f. 1899, g. 1929 m.

Borghild Hansdtr. Mo, f. 1906.

Born:

  1. Halldis Sigfrid, g. m. Arne Valderhaug, b. Valderøy.
  2. Aslaug, g. 1955 m. Per Skjoldal, bust. Bergen.
  3. Bjørg, g. 1956 m. Rolf Pedersen.
  4. Harald, g. 1963, bust. Sandeid, N. Rogaland.
  5. Dagny, g. 1956 m. Jakob Olavson Steinsland f. på Nygard, br. 3 i 1933, d. 1971.


Bruk 2. Melands-luten.

1691: Futeregnsk. hev dette året fire jamstore bruk på Mo, og 3 av brukarane heiter Ivar. Det vert difor noko uvisst kva bruk kvar av dei skal setjast på, men me finn det mest rimeleg at Iver Joensen kom på bruk 2. I kyrkjebøkene er han skriven Iver Johannessen, og me brukar det same her.


1. Ivar Johannesson Mo, f. 1662, d. 1720, g.

1. 1685 m. Ragnhild Johannesdtr. Ø. Helland, br. 1, f. 1661, d. 1691.

2. 1691 m. Anna Eilevsdtr. Otterstad, br. 1, f. 1669, d. 1709.

3. 1710 m. Kari Eilevsdtr. Ø. Helland, br. 4, f. 1670, d. 1754.

Born:

  1. Lars f. 1687, d. 1687.
  2. Kari f. 1688, d. 1689.
  3. Bård f. 1691, d. 1691.
  4. Kari f. 1692.
  5. Ingeborg. Erver broren Hallstein 1755. Ab. side 770.
  6. Ragnhild g. 1747 m. Mons Johannesson Straume, br. 4.
  7. Hallstein f. 1698, d. 1755, g. 1730 m. e. Brita Johannesdtr. Sætre f. Husdal. Ab. s. 770.
  8. Eilev f. 1700, d. 1700.
  9. Eilev f. 1702, d. 1780, g. m. e. Anna Jonsdtr. Vetle-Urdal, bust. Toskedal, Stb. s. 84. Ab. s. 770.
  10. Anna f. 1705, d. 1706.
  11. Daudfødd 1707.
  12. Anna f. 1712. Erver halvbroren Hallstein 1755. Ab. s. 770.
  13. Brita f. 1713.
  14. Anna f. 1715, g. 1736 m. Brynjel Andersson Lavikhaugen.


1720: Erich A. Møinichen gjev bygselbrev til Mons Eilevson på 1 sp. smør og 1 1/2 våg never. Mons er førd i matr. 1723 og i «Suplik.» 1724, då husi på Mo brann opp, og sat truleg med bygsel til han døydde i 1739. Mons Eilevson må vera frå Øvre Helland og bror til siste kona åt Ivar Johannesson Mo.


2. Mons Eilevson Mo, f. Øvre Helland, br. 4 1673, d. 1739, g. 1716 m.

Marta Ivarsdtr. Flatekvål, br. 2 f. 1692.

Born:

  1. Brita f. 1716, d. 1736.
  2. Ivar f. 1722.
  3. Maria f. 1724.
  4. Eilev f. 1728.
  5. Knut f. 1731, d. 1798, g. 1764 m. Kari Johannesdtr. Kleiveland, og bur der. Hb. s. 160.
  6. Anna g. 1750 m. Aslak Nevstad. Hb. s. 570.
  7. Knut f. 1733, d. 1809, g. 1769 m. e. Bodil AmundBodil Amundsdtr. Askvik f. 1727, d. 1784. Hb. Totland 24, 2.


1740: Bygselbrev frå Jonas Michelborg, på Steensens vegne, til Knut Askjellson Mo, på 18 mrk. smør 1 1/2 våg never. Knut Askjellson er eldste son til bonde nr. 6 på bruk 1.


3. Knut Askjellson Mo, f. 1715, d. 1766, g. 1741 m.

Brita Knutsdtr. Straume, br. 3 f. 1719, d. 1784.

Born:

  1. Siri f. 1743, d. 1784, g. 1779 m. em. Olav Olavson Farestveit, br. 7 f. 1752.
  2. Ivar f. 1745, g. 1774 m. Gjertrud Johannesdtr. Høvik, br. 4, busett Høvik.
  3. Ingeborg f. 1747, d. 1766, ug.
  4. Anna f. 1749, g. 1775 m. Olav Larsson Eiterdalen.
  5. Inga f. 1750, d. 1774, ug.
  6. Brita f. 1751, d. 1781, ug.
  7. Anna f. 1754, g. 1787 m. Simon Jonson Høvik, br. 4 f. 1752. Bust. Havrå i Haus.
  8. Gjertrud f. 1755, g. m. Anders Knutson Nygard, br. 3 f. 1743, d. 1816, busett Stusdal. Hb. Stusdal 8.
  9. Knut f. 1759.
  10. Brita f. 1762, d. 1848, g. 1788 m. Lars Torkjellson Vetlejord, f. 1757, d. 1841, busett Fossen i Masfjorden.


1767: Enkja Brita Knutsdtr. gifter seg att med


4. Knut Jakobson Mo, br. 4. f. 1742, d. 1821. Barnlause. Han g. seg att 1784 m.

Siselia Olavsdtr. Almelid, f. 1754, d. 1810.

Born:

  1. Brita f. 1786, d. fyre skifte etter faren 1822.
  2. Jakob f. 1787, næste busitjar her.
  3. Olav f. 1791, d. fyre 1822.
  4. Brita f. 1794, g. 1828 m. Simon Knutson Nedre Helland, br. 1.


1832: Kongeleg skøyte til Jakob Knutson på dette bruket, 16 5/7 mrk. smør 1 våg 1 bp. 4 2/7 mrk. never. Kjøpesum 180 spd. + årleg jordavgift 1 tunne 1 1/4 fj.kar bygg til Hosanger prestebord.


5. Jakob Knutson Mo, f. 1787, d. 1839, g. 1806 m.

Brita Knutsdtr. Flatekvål, br. 4 f. 1771, d. 1833.

Born:

  1. Sesilia f. 1807, g. 1842 m. Olav Knutson Farestveit, br. 7.
  2. Olav f. 1810, næste busitjar her.
  3. Jon f. 1814.
  4. Brita f. 1818, d. 1864, ug.


1833: Skøyte frå Jakob Knutson til sonen Olav Jakobson for 90 spd. og kår til foreldri.


6. Olav Jakobson Mo, f. 1810, d. 1869, g. 1834 m. enkja

Kari Haldorsdtr. Steinsland, f. 1796, d. 1882. Hennar 3. ekteskap.

Born:

  1. Anders f. 1834, næste bonde her.
  2. Brita f. 1837, g. 1861 m. Olav Olavson Nåmdal, br. 2, busett Meland i Evanger.
  3. Anna f. 1839, g. 1868 m. em. Anders Olavson Nottveit, br. 1.
  4. Jakob f. 1842, d. 1877, g. 1867 m. Marta Askjellsdtr. Otterstad, br. 5. Marta attg. 1878 m. Knut Jakobson N. Helland, br. 3, busett Romarheim.


1864: Skøyte frå Olav Jakobsen Mo til sonen Anders Olavson for 215 spd. og kår til foreldri.


7. Anders Olavson Mo, f. 1834, d. 1890, lærar i Modalen, g. 1863 m.

Anna Nilsdtr. Sætre, Hos., f. 1844, d. 1892. Ikkje born.


1892: Skifte etter Anders Olavson og Anna Nilsdtr. Bruket utlagt Jakob Olavson Meland for takst 4.200 kr. Jakob var son til Olav Olavson Meland, f. Nåmdal, og kona Brita Olavsdtr. Mo, nr. 6 b her på bruket. Brita var syster til Anders Olavson, og næraste odelsarving til bruket.


8. Jakob Olavson Mo, f. Meland 1861, d. 1904, g. m.

Guri Olavsdtr. Høvik, br. 1 f. 1859, d. 1953.

Born:

  1. Olav f. 1886, d. 1903, f. på Meland.
  2. Brita f. 1888, d. 1902, f. på Meland.
  3. Olaf f. 1890, d. 1969, næste bonde her.
  4. Kari f. 1892, g. 1915 m. Johannes Johannesson Neset f. 1889, busett Myster.
  5. Olina f. 1894, g. 1918 m. Knut Knutson Dale, busett Mo, br. 4.
  6. Hans f. 1897, d. 1969, g. 1926 m. jordmor Brita Andersdtr. Nygard, br. 3 f. 1893, d. 1966, busett Nesheim, Mo. 2 born.
  7. Anna f. 1899, g. 1925 m. Ivar Jakobson Nedre Helland, br. 2.
  8. Andreas f. 1902, d. 1939, lærar og klokkar på Mo, g. 1928 m. Klara Olavsdtr. Otterstad, br. 5.
  9. Jakob f. 1904, møbelsnikkar, g. 1934 m. Astrid Olavsdtr. Otterstad, bur Breistein. 4 born.


1915: Skøyte frå Guri Olavsdtr. Mo til sonen Olaf Jakobson for 3.000 kr. og kår.


9. Olaf Jakobson Mo, f. 1890, d. 1969, g. 1912 m.

Brita Johannesdtr. Trohaug, f. 1887. d. 1977.

Born:

  1. Jakob f. 1913, d. 2001, disp. i L/L Eksingedalsruta, g. 1942 m. Aslaug Klara Matre, Masfjorden, busett Eidslandet. 4 born.
  2. Gunnhil f. 1914, d. 1993, g. 1936, m. skreddar Håkon Olavson Nåmdal, br. 2 f. 1908, d. 1999, busett i Os, 3 born.
  3. Kari, g. 1942 m. likningssekretær Lars Olavson Nåmdal, br. 2, busett i Norheimsund. 3 born.
  4. Johannes f. 1922, næste bonde her.
  5. Nolevande f. 1924, g. 1950 m. Fartyeigar Nolevande f. 1925, busett Hjelmås. 3 born.
  6. Nolevande f. 1926, g. 1947 m. fartyførar Nolevande f. 1917. Busett Hjelmås. 5 born.


1955: Skøyte frå Olaf Jakobson Mo til sonen Johannes Olafson.


10. Johannes Olafson Mo, f. 1922, d. 1994, g. 1942 m.

Hildur Olavsdtr. Nedre Helland, br.1, f. 1916 d. 1986.

Born:

  1. Ottar, g. m. Åsa Åsmundsdtr. Almelid. 2 born.
  2. Reidun, g. 1963 m. Bjarne Neset. 2 born.
  3. Finn, g. 1975 m. Åshild Feste. Busette i Os.


Johannes Mo yverlet i 1979 drifti av bruket til dotteri Reidun og mannen, men sit sjølv med skøytet fyrebils (1981).


11. Reidun Johannesdtr. Mo, g. 1963 m.

Bjarne Hanson Neset.

Born:

  1. Jarle, i Laksevåg.
  2. Vidar, i Laksevåg.


Bruk 3. Smeluten.

Frå 1617/18 er Mo skift i to bruk. På dette bruket sit Peder, som fyrr hadde site med heile garden frå 1603/04. Han er førd i Skmtl. fram til 1621.


1. Peder Mou. Alderen og giftarmålet hans kjenner me ikkje, men me veit han hadde to søner.

Born:

  1. Joen.
  2. Lauritz f. 1600, næste busitjar her.


1624: Skattemannt. hev Lauritz. I Kopsk. 1645 heiter han Lauritz Pedersen, og hev kona Brite og sonen Iffuer. 1 Prestemanntalet 1667 er han sagd 62 år og brukar halve garden, 1/2 L. smør 3 våger never. Det er uklårt kor lenge han sat med bygsel, men det er rimeleg at sonen tok yver fyrr Lauritz døydde i 1687. Han er då sagd 87 1/2 år.


På vårtinget i 1634 fører Lauritz tingsvitne for at han er «forarmet» og ikkje kan betala landskatten for 1633/34.


2. Lars Pederson Mo, f. kr. 1600, d. 1687, g. m.

Brita, f. kr. 1602, d. 1691, då sagd 89 år.

Born:

  1. Ivar f. 1625. I Prmtl. 1667 er han kalla husm. 42 år og hev sonen Knut, 1 år.
  2. Peder f. 1641, næste busitjar her.
  3. Ingeborg f. 1649, d. 1707, g. 1677 m. Ivar Knutson Almelid, br. 1.


1691: Futeregnsk. fører no Peder Larsson (Lauritzen), som brukar 1 sp. 12 mrk. smør, og det er 12 mrk. meir enn kvar av dei andre tri brukarane. Peder sit truleg med bruket til han døyr i 1710.


3. Peder Larsson Mo, f. 1641, d. 1710, g. 1677 m.

Anna Knutsdtr. Almelid, br. 5.

Born:

  1. Brita f. 1683, truleg d. fyre 1710.
  2. Lars f. 1687, næste busitjar her.
  3. Bente (Brita), g. 1734 m. em. Olav Johannesson Dyrkolbotn.
  4. Bente. I skifte etter faren 1710 er ført Bente to gonger.
  5. Inga f. 1692. Ikkje med i skifte 1710.


1712: Bygselbrev frå Erich A. Møinichen til Lars Pederson på 1 sp. sm. 1 1/2 v. never. Oppattnya 1720.


4. Lars Pederson Mo, f. 1687, d. 1753, g. 1712 m.

Marta Larsdtr. Nedre Helland, br. 1, f. 1688, d. 1756.

Born:

  1. Per f. 1713, d. 1713.
  2. Brita f. 1715, d. 1768, visst ug.
  3. Per f. 1718, næste busitjar her.
  4. Hans f. 1721, d. 1723.
  5. Johannes f. 1724.
  6. Kari f. 1726, g. 1758 m. Olav Olavson Lavik, br. 4. Budde Myr i Lindås 1777.
  7. Hans f. 1731, d. 1752, tvilling.
  8. Kari f. 1731, tvilling.


Næste busitjar her er Per Larsson, men for han vantar bygselbrev, so me veit ikkje kva år han fekk bygsel.


5. Per Larsson Mo, f. 1718, d. 1785, g.

1. m. Anna Knutsdotter, f. 1723, d. 1759, etternamn vantar.

2. 1759 m. Anna Monsdtr. Steinsland, br. 3, f. 1726, d. 1800.

Born:

  1. Johannes f. 1747, d. 1836, g. 1784 m. Anna Knutsdtr. Farestveit, br. 5.
  2. Knut f. 1751, næste busitjar her.
  3. Hans f. 1753.
  4. Lars f. 1762, d. 1762.
  5. Mons f. 1763.
  6. Marithe f. 1765, g. 1801 m. Knut Hallvardson Øvre Helland, br. 3.
  7. Lars f. 1767, død fyre 1785.


1787: Bygselbrev frå Sokneprest Berg til Knut Perderson Mo på 18 mrk. smør 1 1/2 våger never.


6. Knut Pederson Mo, f. 1751, d. 1816, g. 1781 m.

Brita Hansdtr. Langedal, br. 2 f. 1753.

Born:

  1. Lars f. 1781, næste busitjar her.
  2. Anna f. 1783, g. 1814 m. Olav Hallvardson Ø. Helland, br. 3.
  3. Peder f. 1786, g. 1. g. m. Gjertrud Brynjelsdtr. Lavikhaugen, g. 2. g. m. Helga Olavsdtr. Høvik, plassmann på Høvik.
  4. Helga f. 1790, d. 1846, g. 1825 m. plassm. Knut Andersson Stusdal. Hb. Stusdal nr. 9.
  5. Anna f. 1794, g. 1816 m. Bonde Anders Andersson Stusdal f. 1792, d. 1875. Hb. Stusdal nr. 9.
  6. Hans f. 1798, d. 1815.


1832: Enkja Brita Hansdtr. får kongeleg skøyte på dette bruket. Årleg avg. til Hosanger presteb. 1 tunna 1 fjerdingkar bygg.


Etter Brita Hansdtr. er bruket utlagt til eldste sonen Lars Knutson.


7. Lars Knutson Mo, f. 1781, d. 1843, g. 1812 m.

Helga Johannesdtr. Nedre Helland, f. 1789, d. 1877, dotter til plassm. under br. 1.

Born:

  1. Brita f. 1815, g. 1848 m. Lars Knutson Farestveit, bonde nr. 9 på bruket her.
  2. Ingeborg f. 1822, d. 1822.
  3. Knut f. 1823, næste busitjar her.
  4. Kari f. 1826, g. 1855 m. Olav Ivarson Mo br. 1.
  5. Ingeborg f. 1829, g. 1859 m. Andreas Fredriksen frå Haugesund, busett Sandviken, Bergen.


1844: I skiftebrev etter Lars Knutson er bruket utlagt sonen mot at han panterettsleg svarar 100 spd. til Gudmund Olavson Eikefet.


Knut Larsson gjev vilkårsbrev til mori Helga Johannesdtr.


8. Knut Larsson Mo, f. 1823, g. 1862 m.

Anna Andersdtr. Langedal, f. 1831, d. 1904.

Born:

  1. Helga f. 1862, d. 1915, ug.
  2. Lars f. 1864, busitjar her nr. 10.
  3. Anna f. 1866, g. 1890 m. Ivar Monsson Molvik, busitjar her nr. 11.
  4. Gurina f. 1870, d. 1967, restauratrise på «Johan Jebsen».


Bygselbrev frå Knut Larsson Mo til verbroren Lars Knutson Farestveit på dette bruket. Årstal vantar. Bygselbrevet vart avlyst 30/6 — 1887.


9. Lars Knutson Farestveit, br. 1, f. 1826, g. 1848 m.

Brita Larsdtr. Mo, f. 1815, d. 1900.

Born:

  1. Lars f. 1849, g. 1878 m. Maria Johannesdtr. Otterstadplasset, 1856.
  2. Marta Karine f. 1852, g. 1872 m. Knut Ivarson Farestveit, br. 4.
  3. Berta Helene f. 1854, g. land, br. 3. 1879 m. Jakob Magneson Nedre Helland, br. 3.
  4. Knut f. 1856, d. 1924, g1896 m. Bergitte Christine Schadenberg, f. 1876, busett Bergen. Kona d. 1909.


Lars Knutson Farestveit og kona budde på Askøy frå 1849 til 1854, flytte so attende til Mo og budde på dette bruket. Dei kjøpte kår på Farestveit br. 4, Troppeluten.


1887: Skøyte frå enkja Anna Andersdtr. Mo, f. Langedal til sonen Lars Knutson Mo på dette bruket. Lars Knutson gjev kårbrev til mori.


10. Lars Knutson Mo, f. 1864, d. 1942, g. 1900 m.

Brita Johannesdtr. Neset, br. 6, f. 1876, d. 1959.

Born:

  1. Anna f. 1902, g. 1933 m. Sigmund Olavson Nåmdal br. 2 f. 1898, d. 1978, busette i farsheimen hennar, hadde telefonstasjonen der.
  2. Johannes f. 1904, g. 1934 m. Erna Karlsen, busett Sundvor i Fusa.
  3. Berta f. 1908, g. m. Nolevande f. 1915, busett Mønshaugen, Voss, 3 born.
  4. Nolevande f. Nolevande f. 1911, g. 1932 m. bonde Sigurd Andreasson Takvam, Haus, busett Skyggestrand, 4 born.


1894: Skøyte frå Lars Knutson Mo til systermannen Ivar Monsson Molvik på dette bruket for 3000 kr. og kår til seljaren.


11. Ivar Monsson Molvik, f. 1863, d. 1938, g. 1890 m.

Anna Knutsdtr. Mo, f. 1866, d. 1942.

Born:

  1. Knut f. 1891, d. 1891.
  2. Knut f. 1892 lærar, skulestyrar i Kragerø, g. m. Nikka Grimeland, 5 born.
  3. Mons f. 1893, næste busitjar her.
  4. Anna f. 1895, g. 1922 m. skipsførar Johannes Monsson Haugland, busett Hamreplass.
  5. Maria f. 1897, d. 1907.
  6. Helga f. 1899, d. 1931, g. 1924 m. Andreas Jakobson Helland br. 3, 2 born, Leif og Gunnar.
  7. Signy f. 1902, d. 1963, ug.
  8. Johannes f. 1931, Nolevande f. 1934, g.m. sjåfør Jon Magnusson Eide.
  9. Gunnar f. 1905 d. 1912.
  10. Maria f. 1908, g. 1937 m. Magnus Olavson HellHelland, br. nr. 1 f. 1907, busett Mo. Sjå nermare under br. nr. 16. Mo.


1931: Skøyte frå Ivar Monsson Mo, f. Molvik, til sonen Mons Ivarson for 4000 kr. og kår.


12. Mons Ivarson Mo, f. 1893, g. 1917 m.

Anna Johannesdtr. Otterstad, f. 1896, frå Trohaug, d. 1980.

Born:

  1. Erling, næste busitjar her.
  2. Anna, g. 1946 m. Gunnar Olavson N. Helland, br. 1.
  3. Ivar, g. 1. g. m Bjørg Einarsdtr. Alver f. i Åsane. Born: Bjørg, g. 2. g. 1958 m. Haldis Einarson Alver. 3 born. Busette Hylkje.
  4. Johannes, g. 1957 m. Gunnlaug Århus, Evanger, busett Stanghelle, Vaksdal. 2 born.


1958: Skøyte frå Mons Ivarson Mo til sonen Erling Monsson.


13. Erling Monsson Mo, g. 1943 m.

Hildur Olavsdtr. Høvik, br. 2.

Born:

  1. Aud Marit g. m. lærar Johan Gjørven, busette Stryn.
  2. Svein Magne, g. m. Jorunn Straume, busette Modalen.
  3. Torhild , g. m. Vegard Tofting, Alversund.
  4. NHelge, g. m. Reidun Pedersen, Eidsvåg. Busette Knarvik.


Bruk 4. Sognaluten.

1691. Futeregnsk. fører no fire jamstore bruk på Mo, kvart på 18 mrk. sm. Dette bruket er truleg skilt ut frå bruk 1, Askjellbruket, for brukaren her var gift med dotter til Askjell på br. 1. Han heiter Iver Ellefsen og er son til Ellef Andersen Otterstad på br. 1 der, og han fekk truleg bygsel her då han gifte seg, eller straks etter. Han sat med bruket til 1741, då sonen fekk bygsel.


1. Ivar Eilevson Mo, f. Otterstad, br. 1, 1663, d. 1749, g.

1. 1687 m. Anna Askjellsdtr. Mo, br. 1, f. 1666, d. 1711.

2. 1712 m. Marta Jakobsdtr. Steinsland, br. 2, f. 1686, d. 1756.

Born:

  1. Bård f. 1693, d. 1693.
  2. Brita f. 1694, g. 1735 m. Magne Olavson N. Helland br. 3.
  3. Johannes g. 1718 m. Brita Olavsdtr. Tepstad, Hamre.
  4. Hans f. 1698, g. 1716 m. Guri Johannesdtr. Fyllingsnes.
  5. Nils f. 1701, d. 1706.
  6. Askjell f. 1703, g. 1. g. 1726 m. Marta Nilsdtr. Sætre, busett Sætre i Hamre. G. 2. g. 1770 m. Ragnhild Larsdtr. Flatekvål br. 2 f. 1724.
  7. Nils f. 1706, d. 1706.
  8. Olav f. 1707.
  9. Anna f. 1710, g. 1740 m. em. Johannes Larsson Flatekvål, br. 1.
  10. Jakob f. 1713, næste busitjar her.
  11. Namnlaus f. 1719.
  12. Anna f. 1723.


1741: Bygselbrev frå Jonas Michelborg på Steensens vegne til Jakob Ivarson Mo på 18 mrk. sm. 1 1/2 våg never.


2. Jakob Ivarson Mo, f. 1713, d. 1778, g. 1741 m.

Marta Johannesdtr. Flatekvål, br. 4 f. 1720, d. 1810.

Born:

  1. Knut f. 1742, g. 1767 m. e. Brita Knutsdtr. Mo, br. 2 f. Straume 1719, busett Mo br. 2.
  2. Anna f. 1745, g. 1775 m. Hans Olavson Almelid, br. 5.
  3. Agata f. 1747, g. 1775 m. Anders Ivarson Flatekvål, br. 2 — 3.
  4. Brita f. 1750.
  5. Ivar f. 1753, næste bonde her.
  6. Marta f. 1756, g. 1788 m. Hans Nilsson Leiren, busett Almelid, br. 5.
  7. Hans f. 1760. I skifte i Almelid 1826 er han skriven Hølleland.
  8. Anna f. 1766, g. 1793 m. Magne Olavson N. Helland, br. 3.


Då Marta Johannesdtr. vart enkja, gifte ho seg att i 1782 med Johannes Askjellson Høvik br. 4. Han var son til Askjell Ivarson Mo på br. 3, og gifte seg til bruket på Høvik. No var han enkjemann. Det vart ikkje born i dette ekteskapet.


1778: Bygselbrev frå sokneprest Berg til Ivar Jakobson Mo.


3. Ivar Jakobson Mo, f. 1753, d. 1802, g.

1. m. Anna Olavsdtr. Almelid, br. 2 — 5, f. 1753, d. 1782.

2. 1782 m. Marta Hansdtr. N. Helland, br. 1, f. 1747, d. 1827.

Born:

  1. Brita f. 1780, g. 1803 m. Johannes Brynjelson Lavikhaugen f. på Nese 1774, busett Hesdal, Herdla.
  2. Marta f. 1782, d. 1782.
  3. Jakob f. 1783, næste busitjar her.
  4. Gudmund f. 1787, g. 1. g. 1813 m. Brita Magnesdtr. N. Helland br. 3, g. 2. g. 1829 m. e. Brita Monsdtr. Furnes. Ho var enkja etter Nils Olavson Vetlejord br. 2.
  5. Hans f. 1790, g. 1824 m. Guri Magnesdtr. N. Helland br. 3. Hans var «skoleholder».
  6. Anna f. 1794, d. 1803.


1807: Bygselbrev frå sokneprest Blichfeldt til Jakob Ivarson på dette bruket, 18 mrk. sm. 1 1/2 våg never.


1835: Kongeleg skøyte til Jakob Ivarson på bruket. Årleg avgift til Hosanger presteb. 1 tunne 1 fjerdingkar bygg. Avlese 1/10 — 1885.


4. Jakob Ivarson Mo, f. 1783, d. 1861, g. 1806 m.

Brita Ivarsdtr. Nedre Helland, br. 4 f. 1788.

Born:

  1. Ivar f. 1808, næste busitjar her.
  2. Ivar f. 1812, d. 1892, g. 1838 m. Ingeborg Gudmundsdtr. Mostraum f. 1819, busett Husdal.
  3. Knut f. 1815, d. 1815.
  4. Knut f. 1816, g. 1850 m. Marta Monsdtr. Steinsland br. 3 — 5. Flytta til Fana i 1851.
  5. Olav f. 1819, g. 1849 m. Anna Pedersdtr. Falkanger f. kr. 1818. Dei for til Bø prg. i Nordland i 1850.
  6. Marta f. 1822, d. 1822.
  7. Nils f. 1823, g. 1850 m. Ragnhild Larsdtr. Farestveit, br. 8.
  8. Jakob f. 1826, g. 1851 m. Kari Andersdtr. Steinsland, br. 3 — 5 f. 1830.
  9. Jakob f. 1829, bonde nr. 10 her. G. 1861 m. Marta Monsdtr. Steinsland br. 1, f. 1839.
  10. Marta f. 1832, g. 1854 m. Johannes Johannesson Nottveit, br. 3, busett Mostraum, br. 2.
  11. Anders f. 1834. Til Bergen i 1851.


1843: Skøyte frå Jakob Ivarson til sonen Ivar Jakobson, 16 3/7 mrk. sm. 1 våg 1 bp. 4 2/7 mrk. never.


5. Ivar Jakobson Mo, f. 1808, d. 1854, g. 1835 m.

Kari Johannesdtr. Nedre Helland, br. 4, f. 1814, d. 1864.

Born:

  1. Johannes f. 1836, d. 1836.
  2. Jakob f. 1837, d. 1837.
  3. Johannes f. 1839, busitjar nr. 7 her.
  4. Jakob f. 1842, d. 1843.
  5. Ivar f. 1843, busitjar nr. 8 her.
  6. Jakob f. 1848, d. 1849.
  7. Jakob f. 1851, d. 1851.
  8. Anna f. 1852, g. 1890 m. Ole Brynjelson Nygard, br. 2 f. 1862, busett Mo, br. 6.


1854: Ivar Jakobson døyr, og enkja gifter seg att i 1855 med Simon Olavson Straume, br. 2.


6. Simon Olavson Mo, f. Straume, 1820, d. 1908, g. 1855 m. enkja

Kari Johannesdtr. Mo, f. 1814, d. 1864.

Born:

  1. Ivar f. 1856, g. 1884 m. Gunnvor Nordbø, busett Siljan i Telemark, der han var lærar og kyrkjesongar.
  2. Brita f. 1861, g. 1889 m. lærar Magne Hansson N. Helland, busett i Glemmen.


1864: Skøyte frå Simon Olavson Mo, f. Straume, til styksonen Johannes Ivarson Mo på dette bruket for 250 spd.


7. Johannes Ivarson Mo, f. 1839, d. 1875, ug.


1875: Skifte etter Johannes Ivarson Mo. Bruket utlagt broren Ivar Ivarson etter takst 400 spd.


8. Ivar Ivarson Mo, f. 1843, d. 1931, g.

1. 1876 m. Ragnhild Olavsdtr. Mo, br. 1, f. 1847, d. 1883.

2. 1890 m. Gjertrud Knutsdtr. Fosse, frå Eksingedalen, f. 1860, d. 1938.

Born:

  1. Kari f. 1877, g. m. Bernt Fosse, Kvamsvåg, Alversund.
  2. Johannes f. 1879. Reiste til USA 1900, døydde der.
  3. Olav f. 1881. Reiste til USA 1900, døydde der.
  4. Knut f. 1896, verkstadeigar Askvik, Hosanger, g. 1931 m. Astrid Rolland f. 1900.


Ivar Ivarson Mo gjekk ut frå lærarskulen på Voss 1863, var lærar i Sund, i Fusa, og sist i Mostraum og Nottveit krins. Attåt dette var han gardbrukar.


1893: Skøyte frå Ivar Ivarson Mo til Johannes Knutson Farestveit og kona på dette bruket for 5000 kr. Ivar kjøpte då gard på Stor-Okse i Seim, budde der til 1900, flytte so til Eidsnes, og seinare til Askvik.


9. Johannes Knutson Farestveit, br. 8, f. 1864, g. 1890 m.

Torbjørg Nilsdtr. Sætre, Hosanger, f. 1866.

Born:

  1. Anna f. 1891, fødd på Farestveit.
  2. Anna f. 1892.
  3. Knut f. 1895, flytta til Bergen.


1896: Skøyte frå Johannes Knutson Farestveit og kona Torbjørg til Jakob Jakobson Dale, f. Mo 1829. Han tok garden her etter odel. Kjøpesummen var 4000 kr.


10. Jakob Jakobson Dale, f. Mo 1829, d. 1907, g. 1861 m.

Marta Monsdtr. Steinsland, br. 1, f. 1839, d. 1913.

Born:

  1. Marta f. 1862, d. 1928, g. m. bonde Sjur Bø, Vik i Sogn.
  2. Knut f. 1866, d. 1945, bur Dale i Arnafjord etter faren.
  3. Mons, f. 1870. Drukna i Dale-elvi 1884.
  4. Ivar f. 1874. Bonde her nr. 11.
  5. Sigrid f. 1879 d. 1921, g. 1908 m. Bonde Jakob Johannesson Mostraum, bust. Haukeland i Haus. 5 born.


1908: Skøyte frå enkja Marta Monsdtr. til sonen Ivar for 3.875 kroner.


11. Ivar Jakobson Dale, f. 1874, d. 1918 ug.


1917: Skøyte frå Ivar Jakobson Dale til broren Knut for 6.000 kr. og kår til seljaren.


12. Knut Jakobson Dale, f. 1866, d. 1945, g. 1892 m.

Brita Knutsdtr. Valsvik, f. 1869.

Born:

  1. Jakob f. 1893, d. 1972.
  2. Knut f. 1895. Bonde på Mo br. 4.
  3. Kristian f. 1896, d. 1977.
  4. Martin f. 1899, d. 1969. Butikksjef i Vestlandske Salslag, Bergen.
  5. Kari f. 1904.
  6. Klara.


Knut Jakobson og Brita Knutsdtr. budde ikkje på Mo.


1924: Skøyte frå Knut Jakobson Dale til sonen Knut for 6.000 kr. og kår til foreldri.


13. Knut Knutson Dale, f. 1895, d. 1955, g. 1918 m.

Olina Jakobsdtr. Mo, br. 2 f. 1894.

Born:

  1. Borgny f. 1919 d. 1993, g. 1942 m. Asbjørn Eilevson Trohaug, busett Krossdal.
  2. Gunnhild f. 1922, d. 1943.
  3. Knut, næste bonde her.


1955: Skøyte frå enkja Olina Jakobsdtr. Dale til sonen Knut for 10.000 kr. og kår til mori.


14. Knut Knutson Dale, g. 1963 m.

Signrun Malvinsdtr. Farestveit.

Born:

  1. Bjørnar.
  2. Hildegun.
  3. Elisabet.
  4. Kjerstin.


Tunet på Krossdal, gr. nr. 76, br. nr. 5.


Bruk 5 Krossdal.

1887: Delings- og skyldskifte-forretning. Utskilt frå alle bruki på Mo eit stykke utmark som er selt til kyrkjesongar Knut Olsen Lillejord. Stykket får namnet Krossdal.


1. Knut Olsen Lillejord f. på Vetlejord, br. 2 1851, d. 1899, g. 1875 m.

Kari LarsdLarsdtr. d.e. Øvre Helland, f. 1853, d. 1927.

Born:

  1. Brita f. 1876, d. 1949, g. 1897 m. Johan Olavson Otterstad, og bur der.
  2. Kari f. 1877, d. 1973, g. 1908 m. Hans Olavson Otterstad, 2 born.
  3. Helga f. 1880, d. 1914.
  4. Marta f. 1882, d. 1902.
  5. Anna f. 1884, d. 1901.
  6. Olav f. 1886, d. 1966, ug.
  7. Lars f. 1889, d. 1976, reiste til USA.
  8. Hans f. 1891, d. 1918, ug. Lærar i Modalen.
  9. Sigmund f. 1893, gardbr. Klingenberg, Askim, g. 1934 m1934 m. Paula Stenerud f. 1896 i Spydeberg, 1 son, Knut.


1919: Skøyte frå enkja Kari Larsdtr. Lillejord til sonen Sigmund for 3000 kr.


1922: Skøyte frå Sigmund Knutson Lillejord til broren Olav for 3000 kr.


2. Olav Knutson Lillejord, f. 1886, d. 1966, ug.


1933: Skøyte frå Olav Knutson Lillejord til Sigmund Olavson Nåmdal på dette bruket for 4000 kr.


3. Sigmund Olavson Nåmdal, br. 2, f. 1898, d. 1978, g. 1933 m.

Anna Larsdtr. Mo, br. 3, f. 1902.

Born:

  1. Dagnrun, g. 1958 m. Bernt Helge Lofthus Berntsen, f. i Bergen.
  2. Leif, g. 1963 m. Elin Asbjørnsdtr. Trohaug. 5 born.

Meir om Sigmund Olavson Nåmdal under Mo br. 3.


4. 1953, Asbjørn Eilefson Trohaug får skøyte frå Sigm. Nåmdal på br. nr. 5, Krossdal. Han flytte frå Trohaug til Krossdal med familien — ogso foreldra.


Noko seinare får Asbjørn Trohaug kjøpa utmarka til bruk 5, Helland, som då vart lagt til bruk 5, Krossdal.


I 1978 gjev Asbjørn Trohaug skøyte til sonen Torbjørn Trohaug.


5. Torbjørn Trohaug, g. 1969 m.

Helga Hellesnes, frå Voss.

Born:

  1. Oddbjørn.
  2. Jarl Rune.
  3. Signe Marie.
  4. Stein Helge.


Bruk 6.

1896: Dette bruket vart utskilt frå bruk 4 med ei skyld på 31 øre, og Olav Brynjelson Nygard fekk heimel på bruket. Han var gift med dotter til bonde nr. 5 på bruk 4.


1. Olav Brynjelson Nygard, f. 1862, d. 1917, g. 1890 m.

Anna Ivarsdtr. Mo, br. 4 f. 1852, d. 1930.

Born:

  1. Ivar f. 1891, g. m. Anna Olavsdtr. Steinsland f. 1893, busett Vinnesleiren, Fusa.
  2. Brita f. 1894, g. 1918 m. Jakob Andreas Bertinsen f. 1895 i Lindås.


Skøyte frå Olav Brynjelson Nygard til dotteri Brita på dette bruket.


2. Brita Olavsdtr. Bertinsen, f. 1894, d. 1964, g. 1918 m.

Jakob Andreas Bertinsen, f. 1895, d. 1962, frå Lindås.

Born:

  1. Nolevande f. 1918 d. 2007. Bur på bruket.
  2. Borgny, g. 1941 m. Anders Hjelle f. i Strandvik, busette Indre Arna. 9 born, 7 lever.
  3. Olga. Busett i Trondheim.
  4. Brynhild Johanna, g. 1940 m. Magnus Magnusson Boge f. i Bruvik, busette Vaksdal, 2 born.
  5. Solveig, g. 1951 m. Oskar Anton Edvardsen f. i Måløy, busette Ytre Arna, 5 born.
  6. Ingrid, busett i Oslo.


Bruk 7. Granheim

1904: Ved delings- og skyldskifte-forretning vart dette bruket utskilt frå bruk 3 på Mo, eigar Ivar Monsson, f. Molvik, og selt til Helge Brynjelson Nedre Helland. Stykket fekk namnet Granheim og bruksnr. 7, skyld 46 øre. Helge Brynjelsen hadde berre kjøpekontrakt på eigedomen, og budde ikkje her.


1905: Skøyte frå Ivar Monsson til Anders Bergeson Langedal på dette bruket for 2000 kr. Ved skyldskifte 8/9-1952 vedk. Hellands-fossen, vart det trekt 2 øre frå skyldi på dette bruket, slik at Granheim hev no ei skyld på 44 øre.


1. Anders Bergeson Langedal, f. 1873, d. 1966, g. 1903 m.

Anna Johannesdtr. Grønhaug, f. 1880, d. 1972.

Born:

  1. Idar f. 1905, næste bonde her.
  2. Johannes f. 1907, d. 1975, g. m. Sigrid Johannesdtr. Flatekvål, br. 1, busett Voss.
  3. Margit f. 1909, d. 1971. 1. barn, Hjørdis, farmasøyt.
  4. Bergljot, g. 1945 m. Lars Urheim, Voss. Bur der.


1939: Skøyte frå Anders Bergeson Langedal til sonen Idar for 500 kr. og kår til foreldri, 5 års verd 750 kr.


2. Idar Andersson Langedal, f. 1905, g. 1932 m.

Oliva Johannesdtr. Romarheim, f. 1899, d. 1984.

Born:

  1. Aslaug, ug. bokhaldar, Grensen 19. Oslo.
  2. Ingunn, g. 1962 m. pastor Kåre Jens Mestad, Fjaler.
  3. Jorunn Gudveig, g. 1963 m. Edin Kippersund, Bergen.
  4. Arvid. Neste brukar her.


1977: Skøyte frå Idar Andersson Langedal til sonen Arvid.


3. Arvid Andersson Langedal, g. 1966 m

Bente Bergh.

Born:

  1. Trude.
  2. Jan Iben.
  3. Kjartan.
  4. Camilla.


Bruk 8. Hugnastad.

1940: Dette bruket vart utskilt frå bruk 1 av garden Mo ved skyldskifteforretning tingl. 5/12 — 1904. Bruket som ligg i Øvraneset, fekk namnet Hugnastad, bnr. 8, skyld 46 øre. Då Knut Ivarson og kona let frå seg hovudbruket, på Mo til styksonen Hans Hansson, fekk dei skøyte på dette nye bruket og busette seg her. Alle borni deira vart fødde medan dei budde på hovudbruket. Sjå Mo bruk 1.


Skøyte frå Knut Ivarson Straume til sonen Jon på dette bruket.


2. Jon Knutson Hugnastad, f. 1891, d. 1968, g.

1. 1919 m. Synneva Johannesdtr. Hjørnevik, f. 1886, d. 1928.

2. 1933 m. Maria Larsdtr. Langedal, br. 1, f. 1893, d. 1971.

Born:

  1. Maria, g. 1943 m. Malvin Jakobson Farestveit, Farestveit br. 5,
  2. Knut, g. 1953 m. Dagny Johannesdtr. Nåmdal, f. 1930, busett Øvre Helland (Balane).
  3. Johannes, f. 1924, d. 1946, ug.
  4. Elisabeth, g. 1948 m. Håkon Bolstad.
  5. Synneva Anbjørg, sjukesyster.
  6. Olina, g. 1961 m. Peder Moldøy, Fedje. 4 born.


Skøyte frå Jon Hugnastad til dotteri Maria Jonsdtr. Hugnastad.


3. Malvin Johan Farestveit, g. 1943 m.

Maria Jonsdtr. Hugnastad.

Born:

  1. Sigrun, g. 1963 m. Knut Knutson Dale, Mo, br. 4.
  2. Inga Jorunn, g. m. Leiv Eilevson Nåmdal, br. 1. Busett Mo.
  3. Åse Johanne, sjukepleiesjef, g. 1975 Tor Jarleng, 1 barn.
  4. Jofrid, g. 1979 m. Bjarte Trohaug.
  5. Jan Morten, g. m. Lillian Hosteland, 2 born.


Bruk 9. Sekkeneset.

1857: Festesetel frå alle brukarane på Mo på plasset Sekkeneset til Anders Olavson Almelid, f. 1827, d. 1902, f. på Vetlejord, g.


1. m. Maria Johannesdtr. N. Helland, f. 1831, d. 1867.

2. 1868 m. Brita Olavsdtr. Velandsnes, f. 1823, d. 1875, frå Masfjorden.

3. m. Torbjørg Nilsdtr. Borgatræet, f. 1829, d. 1921, frå Evanger.

Born:

  1. Johannes f. 1849, smed, busett Voss 1875.
  2. Olav f. 1851, g. 1887 m. Kari Olavsdtr. Enebakken, busett Mo, ei dotter Maria f. 1888, d. 1922.
  3. Johannes f. 1852, d. 1890, g. m. Kari Almelid, br. 1.
  4. Knut f. 1855, g. 1878 m. Inga Olavsdtr. Farestveit, br. L Utv. til USA.
  5. Inga f. 1857. For 17 år gamal til Vik i Sogn, utvandra til Amerika i 1883.
  6. Anders f. 1859, g. 1878 m. Maria Johannesdtr. Kleiveland. 1 1878 flytta dei til Dale i Bruvik.
  7. Olav f. 1862.
  8. Martines f. 1864, d. 1864.
  9. Martines f. 1866. Reiste til USA, gift der.


Torbjørg, kona til Anders Olavson, var den siste som budde i Sekkeneset.


Bruk 10 Nesheim.

1915: Delings- og skyldskifte-forretning. Frå bruk 2 vert utskilt og selt til Hans Jakobson Mo eit stykke av Moneset. Dette stykket får namnet Nesheim, bnr. 10, skyld 50 øre.


Hans Jakobson Mo, br. 2, f. 1897, d. 1969, g. 1926 m. jordmor

Brita Andersdtr. Nygard, br. 3, f. 1893, d. 1966.

Born:

  1. Bjarne Johan f. 1927, d. 2005. Ug. og busett her.
  2. Håkon f. 1933, d. 2008. Ug. revisor og busett Bergen.

Storesteinstykket. Plass under Mo br. 2.

1875: Festsetel frå Anders Olavson Mo til Torbjørn Larsson Yksendal på plasset Storesteinstykket for levetidi for han og kona.


1. Torbjørn Larsson Yksendal, br. 1, f. 1850, skreddar, g. 1876 m.

Kristbjørg Olavsdtr. Lavik, br. 6, f. 1853.

Born f. på Mo: a. Lars f. 1877.


1880: Festesetel frå Anders Olavson Mo til Olav Nilsson Almelid, br. 2, Post-Ola, på dette plasset.


2. Olav Nilsson Almelid, f. 1840, d. 1914, g. 1879 m.

Gjertrud Jakobsdtr. Eide, Stamnes, f. 1848, d. 1925.

Born:

  1. Anna f. 1880, g. 1904 m. Peder Johan Nilsson Eknesf. 1880, g. 1904 m. Peder Johan Nilsson Eknes, f. 1880, d. 1946.
  2. Jakob f. 1881, reiste til USA.
  3. Helene f. 1886, g. m. Olav Bergeson Akselberg, busett Evanger, 10 born.
  4. Marie f. 1889, g. m. Rasmus Johannesson Nåmdal, busett Mo, Storesteinstykket.
  5. Nils f. 1884, d. 1955, g. 1913 m. Marie Tomasdtr. Tesdal f. 1881. Sjå under handverkarar.
  6. Brita f. 1891, g. 1917 m. Anders Jørgenson Småbrekke f. 1888, d. 1932, busett Bergsdalen.
  7. Johan f. 1892, d. 1904.


Etter Olav Nilsson Almelid vart Rasmus Johannesson Nåmdal buande på dette plasset.


3. Rasmus Johannesson Nåmdal, br. 3, f. 1882, d. 1966, g. 1909 m.

Marie Olavsdtr. Almelid, f. 1889, d. 1961, gravfest i Bruvik.

Born:

  1. Jenny f. 1909, g. 1932 m. Alfred Olavson Herfindal f. 1900, busett Vaksdal. 1 barn.
  2. Johannes, g. m. Gerda Tunes, busett Vaksdal. 1 barn.
  3. Gunnvor, g. m. Nils Bjørndal, busett Fotlandsvåg. 3 born.

Handverkarar, handelsmenn og andre.

Dei vert oppførde her, so langt mogeleg, etter bnr. på eigedomane. Bnr. 12, skyldm. 0.01, Mo Handelslag, utskilt frå bruk 1 Mo.


Bruk 13

Bnr. 13, skyldm. 0.01, Fredheim, Nils Olavson Mo, son til busitjar nr. 2 på Storesteinstykket.


Nils Olavson Mo, f. 1884, d. 1955, skomakar, g. 1913 m.

Maria Tomasdtr. Tesdal, f. 1891, frå Evanger, dtr. til Tomas Hansen Myrland.

Born:

  1. Trygve f. 1914, d. 1970.
  2. Gunnar, g. 1948 m. Anna Johansen, frå Tromsø. Busett Hønefoss. 2 born.
  3. Håkon, g. 1951 m. Johanna Nilsdtr. Olsnes. Busett i Bruvik. 2 born.
  4. Olga, g. m. Bjarne Helle, busett Laksevåg. 2 born.
  5. Agnes Kristina, g. m. Erling Helle, busett Laksevåg. 4 born.
  6. Sverre, g. m. Else Johannesen, busett Salhus. 4 born.
  7. Astrid, g. m. Nils Gudmundsen, busett Lonevåg. 2 born.

Bruk 14

Bnr.14, skyldm. 0,01, Heimtun, Lars Larsson Mo, son til Lars Knutson Farestveit, bygslar og busitjar nr. 9 på bruk 3 Mo.


1. Lars Larsson Mo, f. 1849 , d. 1934, handelsm. og postopnar, g. 1878 m.

Maria Johannesdtr. Otterstadplasset, f. 1856.

Born:

  1. Maria f. 1879, d. 1879.
  2. Johannes f. 1882, bakar, g. 1902 m. Brita Einarsdtr. Rongve f. 1877, dotter til lensm. Einar Rongve.


2. Knut Olsen Moe, f. 1896, d. 1975, handelsm. og heradskasserar, g. 1925 m.

Maria Johannesdtr. Mo, f. 1903, d. 1959.

Born:

  1. Johannes, siviling. professor ved N.T.H. g. 1952 m. Astrid Sigrun Christiansen, busett Trondheim. 3 born.
  2. Målfrid, g. 1949 m. handelsstyrar Leif Asbjørn Andreasson. Busett Haus. 4 born.
  3. Bjørg Marie. Busett Bergen.
  4. Olav f. 1931, d. 1934.
  5. Bjarne Karstein, g. 1958 m. Inger Anna Olsdtr. Sletteland. 4 born.
  6. Liv Olaug g. m. Reidar Andersson Nygard, Nygard br. 2 f. 1929. Postopnar på Mo. 3 born.
  7. Einar Johan, g. m. Mary-Ann Hansen, busett Oslo. 2 born.


1963 skøyte frå Knut Olsen Moe til versonen Reidar Nygard.


3. Reidar Nygard, g. 1958 m.

Liv Olaug Knutsdtr. Moe.

Sjå Nygard bruk 2.

Bruk nr. 15.

Då Lars K. Mo skøytte frå seg bruk nr. 3 til systermannen, tok han tuft til bustad som fekk bruk nr. 15, Solvang. Han var fyrste telefonstyraren i Modalen.

I 1948 fekk Anna og Sigmund Nåmdal skøyte på dette bruket og busette seg der. Sjå elles bruk 5, Krossdal.

I 1970-åri vart bruket yverført til borni deira, Leif og Dagrun.


Bnr. 16. Skyldm. 0,01, Sjøtun.

Magnus Olavson Helland, br. 1, f. 1907, d. 1980, g. 1937 m.

Maria Ivarsdtr. Mo, br. 3, f. 1908, d. 1981.

Born:

  1. Odd, g. 1967 m. Aud Ragna Straume, Sth. Born: Magnar, John. Eige hus på Straume, Stamnh.
  2. Ingolf, g. 1978 m. Magnhild Straume, Stamnesh.
  3. Solfrid, g. 1964 m. Sjur Herre. Bustad Mølsterteig, Voss. 3 born.


Bnr. 19, skyldm. 0,01, Modalen herad, Kommunehuset.
Bnr. 20, skyldm. 0,01, Dalastrand, hustuft skilt frå bruk 2.
Bnr. 21, skyldm. 0,01, Dalastrandvegen, utskilt frå bruk 3.

Det gamle kommunehuset med tomt, br.nr. 19, vart i 1969 overteke av Johs. O. Mo, br.nr. 2.

Denne overdraginga skjedde i samband med tomt til nytt samfundshus. I 1981 gav Johs. O. Mo skøyte på same huset med tomt til Leif Egil Nåmdal. Denne eigedomen har fått br.nr. 27.

Leif Egil Nåmdal, f. 1942, d. 2006 g. 1967 m.

Inga Jorunn Farestveit.

Born:

  1. Kristin.
  2. Erlend.
  3. Maria.

Den 14.08.1960 er det gjeve skøyte frå gr.nr. 76, br.nr. 2 til Modalen herad på tomt til nytt samfundshus. Denne tomta har fått br.nr. 32.

Busitjarar som ein ikkje hev bruksnr. for.

Ole Knutson Moe, f. 1858, d. 1928, son til bonde nr. 12 på bruk 1, g.1892 m.

Marta Olavsdtr. Farestveit, f. 1864, d. 1935, frå bruk 1.

Born:

  1. Anna f. 1893, d. 1957, g. 1925 m. Johannes Knutson Straume br. 2.
  2. Johan f. 1894, reiste til USA, Montana, og døydde der 1967.
  3. Knut f. 1896. d. 1975.


Ole Knutson Moe var utdana lærar. Han hadde fyrst skulepost i Nordland, seinare i Modalen. Deretter var han handelsstyrar i Mo Handelsforening, kjøpte so handelsbu på Øvre Helland og dreiv der til han døydde.


Knut Olsen Moe fekk skøyte på bruk nr. 29 i 1930-åri. Han hadde her landhandel og postopneri. I 1966 skøytte han bruket yver til sonen Bjarne.


Bjarne Karstein Moe, g. 1958 m.

Inger Anna Olsdtr. Sletteland, Dale i Sunnfjord.

Born:

  1. Britt Irene.
  2. Knut.
  3. Mariann Helene.
  4. Otto.


Ivar Johannesson Helland, f. 1879, d. 1924, g. 1906 m.

Kari Johannesdtr. Otterstad, br. 5, f. 1885, d. 1972. Dei var barnlause.


Ivar Helland var fyrst lærar i Nottveit og Mostraum skulekrins, seinare i Mo og Nygard krinsar, og klokkar i Mo kyrkja.


I slutten av 30-åri gav enkja Kari Johannesdtr. bruket til fostersonen Olav O. Otterstad. Han fekk i 70-åri kjøpa tufti og fekk då bruksnr. 33 og 34.


Olav O. Otterstad, f. 1909, d. 1975, g. 1931 m.

Maria Knutsdtr. Hesjedal, f. 1907.

Born:

  1. Dagfinn Ingemar.
  2. Kjellaug Mally.
  3. Ragna Maria.
  4. Gerd Oddrun.


Enkja Maria Knutsdtr. skøyter eigedomen frå seg i 1977 til dotteri Ragna Maria og mannen Jan Raknes.


Jan Raknes, g. 1957 m.

Ragna Maria Otterstad.

Born:

  1. Nina.
  2. Irene.
  3. Beathe.

Bruk 17.

Andreas Jakobson Mo, f. 1902, d. 1939, lærar og kyrkjesongar i Mo, g. 1928 m.

Klara Olavsdtr. Otterstad, f. 1902, d. 1979.

Born:

  1. Gunnveig, g. 1979 m. Daniel Unneland Tuft, busette Bergen.
  2. Ottar Johan, g. 1960 m. Emilie Fagersand. Bustad 3030 Konnerud. 4 born.

Bnr. 18 Heimtun.

Eivind Olavson Otterstad, f. 1907, g. 1937 m.

Maria Hansdtr. Mo, br. 1 f. 1907.

Born:

  1. Nolevande f. 1938, g. 1968 m. Nolevande f. 1946. 2. born. Bergen.
  2. Nolevande f. 1943, g. 1962 m. Nolevande f. 1928. 4 born, 3 lever. Bustad Askøy.
  3. Nolevande f. 1947.


Folketeljing. Samandrag.

1645. Kopskatten: 6 personar yver 15 år.

1667. Prestemanntalet: 12 mannspersonar.

1701. Manntalet: 9 mannspersonar yver 1 år.

1711. Skoskatten: 14 personar, av dei 8 bom.

1801. Folketeljing: 32 i alt, av dei 17 bom, 4 tenestfolk og 2 inderstfolk.

1835. Folketeljing: 22 menn og 20 kvinnor, av dei 4 sjølveigarar, 2 daglønarar og 9 tenarar.

1865. Folketeljing:

Bruk 1. 12 personar.
Bruk 2. 9 personar.
Bruk 3. 13 personar.
Bruk 4. 10 personar.


1875. Folketeljing. På dei 4 bruki var det 37 personar. På plasset Nøstebakken (plassmann utan jord) 6, og i Sekkeneset 7 personar. På heile Mogarden 50 menneske.

1900:

Bruk 1:
Hans Hansson Mo, ug. husbond med 2 tenarar:
Anna Knutsdotter, og Andreas Knutsen Nedre Helland.
Knut Ivarsen Mo, kårmann m/kona og 3 bom.


Bruk 2:
Jakob Olavson Meland med kona og 7 born.
Olav Bergeson Steinsland, dreng og
Maria Knutsdtr. Farestveit, tenestgjenta.


Bruk 3:
Ivar Monsson Molvik med kona og 5 born.
Anna Andersdtr. Mo, kårenkja.
Helga Knutsdotter, dotter hennar.
Lars Knutson Farestveit, dreng.
Olina Johannesdtr. Neset, tenestgjenta.


Bruk 4:
Jakob Jakobson Mo med kona og 2 born.
Olav Monsson Molvik, dreng.
Siri Andersdtr. Steinsland, millombels busett.
Simon Olavson Mo, f. Straume, m/kona.
Sekkeneset: Anders Olavson med kona Torbjørg.


Bruk 14:
Lars Larsen Mo med kona Maria.


Andre busette på Mo:
Ole Knutson Mo med kona Marta og 3 born.
Nils Olavson Farestveit, ug. skreddar.
Ingeborg Gudmundsdtr. Eide, skreddarlærling.
Maria Knutsdtr. Farestveit, skreddarlærling.
Anders Bergeson Langedal, snikkar.

Eilev Eilevson Nåmdal, hadde eige hus på Mo under bruk 2.

Enkja Kari Olavsdtr. Sekkenes budde saman med Maria, dotter si. Ho hadde eige hus på Mo.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy