Mostraum

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 18:08, 15 desember 2008 by Kaare (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Mostraum.

Fil:Mostraum 01.gif


MOSTRAUM
GARDSNR. 74.

Innhaldsliste

Innleiing

Denne garden hev fenge namn etter straumen som renn framom her. Det kan difor høva godt å ta med litt av soga til sjølve straumen fyrst:

For vel 200 år sidan nådde ikkje Osterfjorden lenger inn enn til Mostraumen. Innanfor straumen var det eit stort og langt vatn som vart kalla Movatnet, og dette låg noko høgare enn fjorden utanfor, so det rann ei elv derifrå og ut i fjorden. Langs denne elvi var det rudt veg som vart nytta når dei drog båtane opp etter elvi til vatnet innanfor. I slutten av november 1743 kom det ein storflaum. Elvi voks ofseleg og reiv ut det gruseidet ho fyrr hadde runne yver, og dermed fann fjorden veg inn i Mo-vatnet når sjøen flødde. Seinare hjelpte flo og fjøra til med å grava renna djupare år for år, og litt oppreinskingsarbeid vart det og sett i gang attimillom, og snart kunne farkostar som lasta opp til 6 famnar ved, flyta gjenom på flo sjø. I 1870 freista eit dampskip å gå opp straumen for fyrste gong, men det nytta ikkje. Det gjekk på grunn midt i straumen.

I 1872 vart det so gjort eit mindre oppreinskingsarbeid, utan at det hjelpte stort. Fyrst i 1880 vart det sett i gang eit større arbeid. Det vart då grave ut ei 48 meter lang renna, 2,5 meter djup, og ein stein som låg midt i straumen, vart skoten bort. Der denne steinen låg, kalla dei Brekka, for der braut straumen alltid hardast. Etter den tid kunne rutebåten gå gjennom straumen, men berre på flo sjø, og med los ombord. Arbeidet som då var gjort, var ferdigt i 1885/86, og kosta 2.885,— kr. So gjekk det mange år med venting på rutebåten og posten. Båten måtte liggja på Nottveit, der han tok inn los, og venta til floi var høg nok. Frå Modalen kom det stadig krav til heradstyret om pengeløyving til oppmudring av straumen, men Modalen høyrde den tid til Hosanger, og då var det ikkje so lett å få slike løyvings-saker fremja. I 1908 var saki endeleg komi so langt at distriktsingeniøren la fram eit kostnadsyversyn yver arbeidet med å mudra ut straumen til ei djupn på 3,5 m under det faste sjømålet i Mofjorden. Arbeidet var kostnadsrekna til 117.000,— kr. Frå tid til onnor vart det avsett nokre småsummar til dette arbeidet, men noko større løyving vart det ikkje so lenge Modalen høyrde til Hosanger kommune. I 1910 vart Modalen skild ut som eige herad, og då gjekk det ikkje lang tid fyrr arbeidet vart sett i gang. I 1913 var det ferdigt, og sidan hev rutebåtane gjenge gjenom Mostraumen til alle tider av døgret, og utan los ombord.

Garden Mostraumen ligg like attmed straumen på sør-austsida av fjorden. Fyrr sjølve straumen tek til, vidar fjorden seg ut og lagar ei stor vik som deler garden i to, med serskilt namn på kvar stad. Det inste bruket som hev fenge bnr. 3, ligg innanfor viki, tett attmed straumen, og det hev fenge namnet Straumsbøen. Inst i viki ligg det siste bruket som vart utskilt, bnr. 4, og det hev fenge namnet Viki. Folk brukar gamal dativ-form og seier: «i Vikjene». Frå ei liti elv som renn ut i sjøen her, stig lendet nokso bratt opp til Mostraumshaugen, i dagleg tale kalla Haugen, og der hev bnr. 1 og 2 sine hus og tun.

Det er truleg at bnr. 3 er det eldste. Fyrste gongen me får høyra om garden er i Bjorgyngjar kalfskinn 60 A. Då er han kalla Strøms næsi og høyrde til kyrkjestaden «Krossen i Moir». Seinare vart namnet skrive Strømsnæs, truleg etter lendet garden hadde. Ved inngangen til straumen er eit langt nes som stikk ut i sjøen, og som no gjerne vert kalla Bøfeti. Under svartedauden må garden ha vorte avfolka. Han kjem ikkje fram att i rekneskapane fyrr i slutten av 1500-talet, og då utan buande mann. Fyrst på 1600-talet er garden rudd på nytt, og hev då namnet Strømmen. Frå 1700 og frametter var skriveformi Moestrømmen, og den formi vart nytta like til kring 1900 då formi Mostraum vart teki i bruk. I daglegtale heiter det no Mostraum, eller utpå Straumen som modalingane gjerne segjer.

I Mo sokn grensar garden til Langedalen, Mo, Otterstad og Nottveit. Desse grensone vart fastsette ved grensesak av 16/12 1832. Elles hev garden grensor til Eide, Simenes, Brørvik, Elvik og Mellesdal i Vaksdal herad.

So lenge garden var kyrkjegods, skulle han svara 5 laupar smør til presten og kyrkja. Etter dette skulle garden vera den næst rikaste i sokni. Etter svartedauden finn me ikkje garden nemnd med buande mann fyrr i rekneskapane frå 1645, og er då kalla Straumsbøen. Det må soleis vera dette bruket som frå fyrst av hev vore hovudbruket. I 1667 heiter det: «Oluff bruger all gaarden», og eigar er Hammer prestebol. Vidare heiter det: «Hans Stiffsøn Halsten hafer ryddet en plads der under». Den plassen kan ha vore der Haugen no ligg, og kan ha vorte opptaket til det andre bruket. I 1691 er der to bygslarar på garden, Haldor med 1 pd. smør, og Ydsten med 12 mark. Det største bruket, Straumsbøen hadde bnr. 1, og det andre bnr. 2. I 1831 fekk bøndene kongeleg skøyte på bruki og vart sjølveigarar. Johannes Olavson Mostraum på bnr. 2 skifte då sin gard millom dei to sønene sine, Mons og Olav. Då fekk Olav bnr. 1 og Mons bnr. 2, og garden inne på Straumsbøen bnr. 3. Men bnr. 3 fekk like stor skyld Meine som dei andre to, og dette førde til at brukarane her vart velståande bønder. Ein av dei vart kalla Rik-Anders. Han hadde eigen farkost som lasta fem famnar byved, som han siglde til byen med. Dette vart til stor hjelp for mange som selde ved frå gardane omkring.

Jordsmonet på desse bruki er svært ulikt. På Straumsbøen er det meste av eigedomen ein einaste stor morene som straumen har laga gjennom tidene. Heimebøen er flat og fin, truleg ein av dei finaste bøane som finst i Modalen kommune; i daglegtale vart oftast denne garden kalla for Bøen. Dette namnet vart og brukt som etternamn til bonden som budde der, t.d. Anders på Bøen. På dei to bruki i Haugen er jordi forvitringsjord. Øvst på haugen er det bra moldjord, men der garden hallar nedyver mot sjøen, er jordlaget heller tunt, og ligg på eit underlag av skorv og knaus, so der er skinlendt.

Anders Anderson som var bonde på Straumsbøen, fastsette ved testamente at hans bruk skulle delast millom dei to sønene hans, Anders og Knut, soleis at Anders skulle få 3/5 av eigedomen, og Knut 2/5. Dette vart gjort ved skyldskifteforretning den 16/11 1898. Knut fekk då eigedomen Viki, som vart bnr. 4. Skyldskiftedokumentet gjer nøye greida for det kvart bruk skal ha av heimeteigar, skogteigar, markaslåttor, beiterettar o.s.b.

På Straumsbøen bygde dei nytt bustadhus i 1900, og i 1926 bygde dei eitt til. Ny fjøs og løebygning sette dei opp i 1932.

I Haugen bygde dei nye bustadhus på båe bruki i 1903. Det var store, ljose og romslege hus, men grunnmuren til huset på bruk 2 var diverre tufta noko på leira og noko på fjell. Dette førde til at huset etter kvart truga med å detta ned. Difor selde dei det til fråflytting i 1956. Kårhuset på bruk 1 var frå 1879, og fjøs og løa frå 1825.

Frå gamal tid hev jordbruk og feal vore hovudnæringi for alle bruki på Mostraumen. Dei to bruki i Haugen hev dessutan søkt attåtnæring frå sjøen med notbruk og anna fiske. Bøndene her hadde og fenge eigedomsrett til kvar sine partar av inste enden av den store sandmorenen på Straumsbøen, og då dei kring 1900 tok til å taka ut sand her, vart dette i mange år den viktigaste næringskjelda for desse bruki. Frå 1925 tok dei og til med sylvreval; dette tente dei gode pengar på dei fyrste åri. Men fyrr denne «storjobbingi» tok til, hadde han Johannes Olavson på bruk 2 til ekstraarbeid å ro postruta frå Storholmen til Mo. Betalingi for dette slitarbeidet var vel ikkje so stor, men han Johannes var ein pålitande kar. Det er sagt om han at han batt postskreppa fast til bekk-bandet i båten, og han gjekk ikkje frå båten so lenge postskreppa hang der. Skulle so ulukka henda at båten gjekk rundt i eit stormkast, so skulle i alle fall postskreppa flyta med båten, sjølv om postføraren gjekk ned. Ein seinare eigar på denne garden, Johannes Rasmusson, var i mange år los på rutebåten kvar gong båten gjekk gjenom straumen.

All beitemark på Mostraumen var sams eiga. Heimehagen låg inntil eigedomane åt bruk 1 og 2 ute i Haugen. Millom Straumsbøen og Haugen er ikkje farande buførsveg. Difor må buskapen førast i båt frå Straumsbøen når dei skal sendast i hagen. I heimehagen beita dei omlag 3 vekor fyrr dei buførde til sumarstølen ved jonsoktider. På sumarstølen beita dei kring 11 vekor. Dei siste åri dei beita der, hadde bruki kvar sitt sel, men dei laga ikkje ost og smør på stølen, mjølki vart bori heim. Det var omlag 45 min. gangveg frå stølen og heim. Siste året stølen var i bruk, var 1948.

Garden hadde gode skogteigar, men mange av dei låg slik til at det var tungvint å få veden fram, so innkoma av skogen vart ikkje alltid so stor. Sume år kunne dei likevel få fram mange famnar bjørkeved frå kvart bruk. Bøndene i Langedalen kjøpte stundom skog på rot i teigane som låg innanfor straumen, og som høyrde Mostraumsgardane til.

Me tok til med soga om Mostraumen, og vil gjerne slutta med ei soga frå straumen. Ho er frå den tidi dei dreiv med oppmudringsarbeid der, og er fortald av Olav Nottveit:

Mudreprammen låg ankra opp midt i straumen, med lina fest i land på båe sidor. Ein sundag det var preik på Mo, var det folk frå Nipen og Romarheim til kyrkja. På heimvegen frå Mo rann straumen sterkt ut. Båten rende på eine lina, gjekk rundt, og alle kom i sjøen. Dei fleste fekk hekta seg fast i båten til dess det kom andre båtar til og fekk berga dei, men kona til Knut Auneset, Maria Knutsdtr. f. Otterstad, drukna. Dei fann henne ute ved Hauganeset. Det var kvithuva som synte der ho flaut i sjøen.


Eigarar.

So lenge Modalen høyrde til Hamre prestegjeld, var Mostraumen «benificeret» Hammer prestebol. Då Hosanger vart utskilt frå Hamre i 1750, kom garden under Hosanger prestebol. I 1831 fekk dei to bygslemennene, Olav Johannesson og Berge Johannesson kongeleg skøyte på bruki sine, so som det er nemnt under Busitjarar. Sidan hev garden vore sjølveigarbruk.


Matriklar, skyld og utreidslor.

Frå gamalt var det tvo gardsnr. på Mostraum. Straumsbøen hadde gnr. 83 med skyld 18 mrk. sm. og 3 våger never. Haugen hadde gnr. 82 med skyld 9 mrk. sm. og 3 v.never. Då skyldi vart sett i pengar, 1838, fekk bruki løpenr. soleis: Bruk 1 lnr. 223 med skyld 1 dalar 21 sk., br. 2 lnr. 224 med skyld 1 d. 22 sk., og br. 3 fekk lnr. 225 med skyld 2 d. 1 ort.

3 sk. Frå 1886 då skyldi vart sett i mark og øre, vart gardsnr. for heile garden nr. 74, og skyldi vart 2 mark 56 øre på br. 1, 2 mark 26 øre på br. 2, og 5 mark 7 øre på br. 3. Då br. 4 vart utskilt frå br. 3, fekk det nye bruket, Viki, skyld 2 mark 3 øre, og br. 3 hadde då att 3 mark 4 øre.

I Jordebog 1590 heiter det om Mostraum: «Strømsnæs, frelse 1 kalvsk.» Då er det ikkje buande mann på garden.

I matr. 1667: «Gifuer Landskyld 6 våger nefver eller 18 mrk. smør, sår 2 1/2 tønde afler 5 tdr. Føder 16 nød 1 hest. Kand tiende 1/2 tønde. Leding, fredfold, giengier, Wedpenge 1 mark 15 skilling. Små tiende

4 skill. Kand skatte af. 1 Løb smør. Nogit tømmer och brendeschoug sampt ringe sildekast til».

I matr. 1723 er skyldi på garden 18 mrk. sm. og 6 v. never, som svarar til 1/2 L. smør, og vert då auka med 12 mrk. sm. Elles heiter det då: «Beneficeret Hammers prestebol. Ingen husmandsplads, ingen sæter, ingen kvæm. Hold jord og meget årvandt til korn. Indfrossen hele vinteren og tungvunden. Lever af qvægets afling og lit brendeved at sælge».

Fødnad, sånad og avling.

1657. Garden i eitt bruk. Føder 1 hest, 1 ukse, 4 kyr, 1 kviga, 9 geiter og 15 smalbeist.

1667. Fødnad 16 naut og 1 hest. Sår 2 1/2 og avlar 5 tunnor havre. 1723. 2 bruk. Fødnad 2 hestar, 8 kyr, 8 ungfe og 12 smalbeist. Sår 2 1/2 og avlar 7 tun. havre.

1803. 2 bruk som kvart føder «9 kreaturer og 12 får» og sår 3 tunnor og avlar 9 tunnor.

1863 i «Jordbrugsbeskrivelsen».

Bruk 1. Åker og dyrka eng: 2 mål godt, 1 1/2 mål medels godt og 1 mål ringt. Naturleg eng: 6 mål godt, 8 1/2 medels, 11 mål ringt. Sår 2 1/4 tu. havre og avlar 10 tu., sår 2 1/4 tu. potetor og avlar 10. Får 350 våger høy av markaslått og 750 våger eng og 70 v. halm. Brukar beit og skav for 1/2 kufor. Føder 1 hest, 9 kyr, 2 ungfe og 24 smalbeist. Sel 6 famnar ved for 6 spd. og 3 kipper never for 2 spd. Framlegg til skyldsetjing: 1 dalar 2 ort 8 skilling.

Bruk 2. Åker og dyrka eng: 2 mål godt, 1 1/2 mål medels og 1 mål ringt. Naturleg eng: 6 mål godt, 8 1/2 medels og 11 mål ringt. Sår 2 3/4 tun. havre og avlar 10 tun., sår 2 1/4 tun. potetor og avlar 10 tun. Får 350 våger markahøy og 730 v.eng og 70 v. halm. Brukar beit og skav for 1/2 kufor. Sel 6 famn. ved for 6 spd. og 3 kipper never for 2 spd., og furematerialar for 2 spd. Framlegg til skyldsetjing 1 - 2 - 8.

Bruk 3. Åker og dyrka eng: 2 mål godt, 3 mål medels og 3 mål ringt. Naturleg eng: 7 1/2 mål godt, 16 mål medels og 32 ringt. Sår 5 tun. korn og avlar 20 tun., sår 4 tun. potetor og avlar 22 tun. Får 366 våger markahøy og 1100 våger høy av innmark, og 140 våger halm, og brukar beit og skav for 1 kufor. Føder 1 hest, 15 kyr, 3 ungfe og 30 smalbeist. Sel 15 famnar ved for 15 spd. og 7 kipper never for 6 spd. Framlegg til skyldsetjing 2 dalar 4 ort 16 skilling.

1959. Etter «Norske Gardsbruk».

Bruk 2. Dyrka jord 42 da. (Forvitringsjord). Anna jordbr.areal 10 da., prod.skog 900 da. Bustadhus bygt 1902, florshus 1825, kårhus 1879, stabbur 1920, hønsehus, vedhus, smia, naust. Brt. 65.000 kr. 1 hest, 5 kyr, 1 ukse, 2 ungdyr, 2 griser, 16 sauer, 45 høns.

Bruk 3. Dyrka jord 35 da. (Morenejord). Anna jordbr.areal 35 da., prod.skog 900 da., utmark oml. 2100 da. Bustadhus bygde 1900 og 1926, florsbygning 1932, vedhus, reidskapshus, arbeidsbrakka og naust. Brt. 141.500 kr. — 1 hest, 6 kyr, 1 ukse, 4 ungdyr, 2 griser, 18 sauer, 10 høns.

Bruk 4. Dyrka jord 20 da. Anna jordareal 5 da. Skogareal 900 da. Bustadhus bygde 1834, fjøs og lødebygn. 1920. Brt. 35.000 kr. Føder 1 hest, 3 kyr, 1 ukse, 1 ungfe, 1 gris, 9 sauer og 5 høns.

For bruk 1 vanta oppgåva.


BUSITJAR

Bruk I. Haugen.

Fyrste brukaren på dette bruket er den Halsteen som er nemnd i Preste-mtl. 1667. Sjå under bruk 3.

1. Hallstein Mostraum, f. 1638 d. 1696 g. m. Anna Ivarsdtr. Mo, d. 1712.

Born:

  1. Ivar g. m. Kari Jonsdtr. Ytre Hårvigen.
  2. Anna f. 1669 d. 1754 g. 1691 m. Ivar Askjellson Mo br. 1 og bur der.
  3. Namnlaus f. 1671 d. 1682. Drukna i elvi.
  4. Namnlaus d. 1680 utan oppgjeven alder.
  5. Helga f. 1678 d. 1698.
  6. Zidsele f. 1682. Med i skifte etter mori 1712.
  7. Marta f. og d. 1686.
  8. Olav f. 1690 g. 1716 m. Siri Eriksdtr. Heimvik.

Då Anna Ivarsdtr. vart enkja, gifte ho seg att i 1697 med Johannes Mognsen Næsse. Dei fekk ikkje born saman. Då Anna døydde, gifte Johannes seg att kring 1712. Me finn ikkje namn på denne kona.

2. Johannes Monsson Mostraum, f. Nese 1669, g. 2. g. m. Ukjend.

Born:

  1. Knut f. og d. 1713.
  2. Hallstein f. 1714. Næste bonde her.
  3. Olav f. 1716.
  4. Anna f. 1718 d. 1752.
  5. Askjell f. 1720.
  6. Mons f. 1724.

1737. Bygselbrev frå Reiter Steensen på 9 mrk. smør 3 våger never til Hallstein Johannesson.

3. Hallstein Johannesson Mostraum f. 1714 d. 1787 g. 1737 m. Kari Hansdtr. Langedal, br. 2 f. 1695 d. 1761.

Born:

  1. Kari f. 1738, g. m. næste bonde her.

Me finn ikkje bygselbrev til næste brukar, men då Kari Hallsteinsdtr. vert g. m. Olav Simonson Grøsvik, sit dei med bruket.

4. Olav Simonson Mostraum f. Grøsvik 1733 d. 1819, g. 1760 m. Kari Hallsteinsdtr. Mostraum f. 1738 d. 1820.

Born:

  1. Olav f. 1760.

Om Olav Simonson og Kari står denne merknaden i kyrkjeboki: «Levde sammen i ett ekteskab i 60 år».

1783. Bygselbrev frå sokneprest Berg til Johannes Olavson, som gjev vilkårsbrev til Olav Simonson og Kari Hallsteinsdtr.

5. Johannes Olavson Mostraum, f. Nottveit br. 2 i 1760 d. 1849, g.

1. 1783 m. Kari Johannesdtr. Mostraum, br. 3, f. 1761 d. 1801.

2. 1802 m. Brita Olavsdtr. Eiterdalen, f. 1777 d. 1871.

Born:

  1. Mons f. 1783. Næste bonde på halve bruket, br. 2.
  2. Hallstein f. 1785 d. 1785.
  3. Gjertrud f. 1787 d. 1787.
  4. Hallstein f. 1788 g. m. Gunnhild Johannesdtr. Husdal f. 1783 d. 1858. Bust. Husdal.
  5. Gjertrud f. 1791, g. 1824 m. Gulleik Knutson Straume br. 1 og bur der.
  6. Brita f. 1792, g. 1822 m. Olav Nilsson Nottveit br. 2 og bur der.
  7. Inga f. 1794, g. 1833 m. Anders Magneson Haukøy.
  8. Johannes f. og d. 1797.
  9. Ingeborg f. og d. 1798.
  10. Olav f. og d. 1800.
  11. Johannes f. og d. 1801.
  12. Olav f. 1803. Næste bonde på halve bruket, br. 1.
  13. Anders f. 1805, g. 1829 m. Ragnhild Nilsdtr. Nottveit br. 2. Bust. Haugstveit i Hosanger.
  14. Olav f. 1806, g. 1833 m. Brita Johannesdtr. Dale. Bust. Vetle Urdal.
  15. Olav f. 1808, d. fyre 1850 utan arvingar.
  16. Kari f. 1810, g. 1835 m. Knut Nilsson Nottveit br. 2.
  17. Magne f. 1815, g. 1843 m. Marta Jonsdtr. Romarheim. Bust. Nordanger i Manger pr.gjeld.
  18. Knut f. 1819, g. 1844 m. Marta Olavsdtr. Nottveit. Bust. Nottveit br. 2.
  19. Lars f. 1821, g. 1844 m. Brita Jonsdtr. Romarheim f. 1823. Bust. Kallekleiv.
  20. Johannes f. 1825, g. 1848 m. Brita Knutsdtr. Vetle Urdal.
  21. Anna f. 1812, g. 1839 m. Johannes Johannesson Pynten.

Johannes Olavson Mostraum var den fyrste bonden som vart sjølveigar her på br. 1 og 2. I 1831 fekk han kongeleg skøyte, utferda av Karl Johan. Nils Mostraum hev gjeve dette skøytet til Stend Jordbruksskule. Kjøpesummen var 125 sp. 5 skj. 1/2 fjerdingkar bygg i årleg jordavgift.

1831. Johannes Olavson skifter bruket sitt millom dei to sønene, Mons f. 1783, og Olav f. 1803, med halvparten til kvar. Olav får dette bruket, som hev br.nr. 1.

6. Olav Johannesson Mostraum f. 1803, d. 1875, g. 1829 m. Kari Johannesdtr. Gammersvik f. 1806 d. 1888.

Born:

  1. Johannes f. 1829. Næste bonde her.
  2. Anna f. 1831, g. m. Johannes Knutson Meland, Hammer.
  3. Brita f. 1833, g. m. Johannes Olavson Jordalen, Hammer.
  4. Johannes f. 1835, g. 1865 m. Kari Andersdtr. Haukøy.
  5. Olav f. 1836, g. 1857 m. Brita Gudmundsdtr. Mostraum.
  6. Knut f. 1838 d. 1925. Til USA 1867.
  7. Ingebrigt f. 1840, g. 1866 m. Anna Olavsdtr. Nottveit br. 4. Bust. Sagstad i Hammer.
  8. Maria f. 1842 d. 1845.
  9. Mons f. 1845, g. m. Inga Johannesdtr. Nåmdal br. 3 f. 1843. Bust. Straumsnes.
  10. Anders f. 1848.
  11. Hallstein f. 1851 d. 1941. Til USA i 1873.

Olav Johannesson var «Skoleholder».

1865. Skøyte frå Olav Johannesson til sonen Johannes.


7. Johannes Olavson Mostraum, f. 1829 d. 1922 g. 1859 m. Gjertrud Sjursdtr. Romarheim, f. 1830 d. 1922.

Bom:

  1. Maria f. 1861, g. m. nærte bonde her.
  2. Kari f. 1866, g. 1909 m. Jørgen Sevatson Kjetland f. 1862. Til USA.

1888. Skøyte frå Johannes Olavson til versonen Nils Knutson Nottveit for 1.600 kr. og kår til ver-foreldri.

8. Nils Knutson Nottveit, f. 1865 d. 1914, g. 1887 m. Maria Johannesdtr. Mostraum, f. 1861 d. 1915. Ikkje bom.

1917. Auksjonsskøyte ved lensmannen i Hosanger på dette bruket til kjøpmann Andreas Lillejord og Nils Rasmusson Mostraum for 36.000 kr.

1918: Husmannskontrakt frå Andreas Lillejord og Nils Rasmusson Mostraum på bnr. 1, og frå Johannes Rasmusson Mostraum på bnr. 2, til Jakob Andersson Nottveit og hustru på ein plass under desse bruki, tingl. 9/1 - 1918.

1924: Skøyte frå Andreas Lillejord på hans halvpart i dette bruket til

9. Nils Rasmusson Mostraum, f. 1888, g.

1. 1915 m. Brita Andreasdtr. Lillejord, f. 1893, d. 1937.

2. m. Borghild Larsdtr. Nottveit, br. 4, f. 1901.

Born:

  1. Nolevande f. 1916 g. 1945 m. Johannes Eilevson Trohaug, busette i Bergen. 3 born.
  2. Nolevande f. 1917 g. 1939 m. Alfred Juliusson Langeland frå Meland. 5 born.
  3. Nolevande f. 1919 g. 1951 m. Annfinn Pederson Fossdal, busette i Bjørsvik. 5 bom.
  4. Nolevande f. 1920 sjukesyster, g. 1952 m. Erling Hansen, busette i Skien. 1 barn.
  5. Nolevande f. 1922 g. 1944 m. Michal Martinusson Bjørndal, busette i Tysse i Osterøy. 3 born.
  6. Nolevande f. 1923 g. 1958 m. Ruth Hagen. Busette Stamnes.
  7. Nolevande f. 1925 g. 1950 m. Ingrid Olafsdtr. Mo. Busette Hjelmås. 3 born.
  8. Nolevande f. 1927 g. 1950 m. Leiv Markussen d. 1974. Busette i Bergen. 4 born.
  9. Nolevande f. 1928 g. 1953 m. Finn Holte. Busette Bergen. 3 born.
  10. Nolevande f. 1937. Styrmann.


1935: Selt frå dette bruket ein teig kalla Sandtaksteigen., skyld 1 øre til Anders Andersson Mostraum. Teigen fekk bnr. 11.

1935: «Begjæring» frå overrettsakførar Magnus med tilslutning frå Anders Andersson Mostraum om å slå saman bnr. 11 med bnr. 3.

1949: Utskilt og selt frå dette bruket eit stykke med namnet Strandtun, bnr. 12 skyld 1 øre til Kristian Johannesson Langedal.

1949: Med heimelsdokument i buet etter Brita Andreasdtr. Mostraum er dette bruket utlagt til em. Nils Rasmusson Mostraum for 9.000 kr. med påhefta panterett til arvingane med kr. 891,65 til kvar.

1963: Skøyte frå Nils Rasmusson Mostraum til eldste sonen Trygve.

10. Trygve Nilsson Mostraum, f. 1923, g. 1958 m. Ruth Ragnvaldsdtr. Hagen, f. 1923, bust. Stamnes. Han leiger bort bruket på Mostraum.

1971: Skøyte frå Nils R. Mostraum på bnr. 16, Bøneset til Nils Birger Mostraum.

1963: Skøyte frå Nils R. Mostraum på ein parsell til sdotteri Gunnvor Fossdal.

Bruk 2. Haugen.

Som fyrr nemnt delte Johannes Olavson garden i to bruk, og den fyrste bonden her på bnr. 2 var

1. Mons Johannesson Mostraum f. 1784, d. 1841, g. 1820 m. IngeboIngeborg Andersdtr. Vetle Urdal f. 1784, d. 1847.

Born:

  1. Kari f. 1826, g. m. Lars Knutson Bragstad, bust. Mostraum.
  2. Anders f. 1828, næste bonde her.

I skifte etter Mons Johannesson vart bruket utlagt sonen Anders Monsson for 175 spd. + årleg jordavgift 5 skj. + 2 fjerdingkar bygg til Hosanger prestebol, mot at han panterettsleg svarar mori 26 spd.

2. Anders Monsson Mostraum, f. 1828, d. 1905, g. 1847 m. Ragnhild Johannesdtr. Nottveit, br. 1, f. 1818. Ikkje born.

1862: Bygselbrev frå Anders Monsson Mostraum til Johannes Johannesson Nottveit, som gjev kårbrev til Anders Monsson og kona.


3. Johannes Johannesson Nottveit f. 1829, d. 1873, g. 1854 m. Marta Jakobsdtr. Mo, br. 4 f. 1832, d. 1925.

Born:

  1. Guri f. 1855, d. 1938 g. m. næste bonde her.
  2. Marta f. 1858, g. 1885 m. Johannes Monsson Molvik.
  3. Anna f. 1860, d. 1895, ugift, døvstum.
  4. Ragnhild f. 1862, g. 1884 m. Ivar Ivarson Straume br. 3.
  5. Kari f. 1864, g. 1888 m. Nils Hansson Almelid, br. 5.
  6. Ingebjørg f. 1865, g. m. Knut Andersson Mostraum, br. 4.
  7. Malena f. 1867, g. 1892 m. Sjur Haldorson Dyrkolbotn, br. 2.
  8. Jakob f. 1869.
  9. Johannes f. 1871, d. 1872.
  10. Jakob f. 1873, g. m. Sigrid Jakobsdtr. Dale, Mo, bust. Haukeland i Haus.

1879: Skøyte frå Anders Monsson Mostraum til Rasmus Sagstad for kr. 1.600 og kår, 5 års verd 800 kr.

4. Rasmus Jakobson Nedre Sagstad, f. 1853, d. 1920, g. 1877 m. Guri Johannesdtr. Mostraum, f. 1855, d. 1938.

Born:

  1. Johannes f. 1878. Næste bonde her.
  2. Jakob f. 1881 d. 18 år gamal.
  3. Marta f. 1882 g. m. Konrad Angel Hansen f. 1890 d. 1958. Busette i Bergen. 2 bom.
  4. Signa f. 1884 g. 1907 m. Jakob Andersson Nottveit. 1 barn.
  5. Andreas f. 1886 d. 1955. Skippar. g. 1917 m. Solveig Nilsdtr. Reigstad f. 1899 busett Reigstad. 4 born.
  6. Nils f. 1888 bonde på br. 1. Mostraum.
  7. Johan f. 1891 d. 1909.
  8. Martin f. 1893. Kaptein. g. m. Skjoldvor Alfredsdtr. Køhler. f. 1905 i Stjørdal. Busette i Drøbak. 2 bom.
  9. Ragna f. 1895 g. 1. g. m. Andreas Rasmusson Eikemo. g. 2. g. m. Olav Torbjørnson Hjartnes. 7 born.
  10. Anna f. 1898 d. 1959 g. 1936 m. Peder Basteson Isdal f. 1904 i Hamre. Busette Isdalstø. 2 bom.

1916: Skøyte frå Rasmus Jakobson Mostraum, f. Sagstad, til sonen Johannes for 8.000 kr. og kår.

5. Johannes Rasmusson Mostraum, f. 1878, d. 1966, g. 1902 m. Berta Andersdtr. Mostraum, f. 1876, d. 1966.

Born:

  1. Gunnhild f. 1903 g. 1928 m. lærar Karl Knutson Farestveit. Busette i Bamble. 1 barn.
  2. Margit f. 1905 g. m. sokneprest Åsmund Farestveit. Busette Hetleflåten, Os. 4 bom.
  3. Nolevande f. 1910. Næste bonde her.
  4. Alvhild f. 1907 g. m. Gunnar Olavson Nåmdal. Busette Breistein. 3 bom.
  5. Nolevande f. 1912 g. 1934 m. Einar Larsson Eide. Busette Eidsland. 3 bom.
  6. Nolevande f. 1917 g. 1947 m. Anna Olafsdtr. Mo, br. 2. Busette Hjelmås. 5 bom.

1942: Skøyte frå Johannes Rasmusson Mostraum på dette bruket og bnr. 10 til

6. Nolevande Mostraum, f. 1910, g. 1940 m. Nolevande f. 1916. Frå Strandebarm.

Born:

  1. Nolevande f. 1941, neste bonde her.
  2. Nolevande f. 1942 g. 1964 m. Knut Nolevande f. 1942. 3 born, busett i Matre.
  3. Nolevande f. 1945 g. 196 Nolevande f. 1947, 2 born busette Brattholmen.
  4. Nolevande f. 1948 g. 197 Nolevande f. 1957 2 born bust. Åsane.

1975. Skøyte frå Ragnar Mostraum til sonen Johan Mostraum.

Johan Mostraum, f. 1941, g. 1963 m Kari Fredriksdotter Haugsdal, f. 1940. Born:

  1. Nolevande f. 1966.
  2. Nolevande f. 1967.
  3. Nolevande f. 1970.
  4. Nolevande f. 1979.

Johan Mostraum bygde bustad på Hjelmås og flytte dit med familien i 1970-åri, men sit som eigar av bruk 2, Haugen.


Bruk 3. Bøen.

1644 er fyrste gongen me finn namngjeven brukar på Mostraumen. I Store kontribusjonsskatten, er han nemnd Joen Halvorsen, og er førd i skattemanntal so seint som 1662. I 1644 brukar han heile garden, som då hev ei skyld på 6 våger never. I Jordebok 1655 heiter brukaren Oluff, men Jon er framleis med i skmtl., og det synest rimeleg at dei to hev brukt garden i lag då, og at Oluff er son til Jon.

1. Jon Halvorson Mostraum, g. m. Anna.

Born:

  1. Olav f. kr. 1610. Næste busitjar her.
  2. Ragnhild.
  3. Marta.

1655. Oluff er no førd i jordeb., og sidan i skmtl. fram til 1668 og uvisst kor mykje lenger. I prestemtl. 1667 heiter det: «Ole bruger al gården. 57 år. Hans stifsøn Halsten haffr oprydet en pladtz derunder». Dette syner at Oluff hev vorte g. med ei enkja, som hadde sonen Halsten. Denne Hallstein hev butt på Mostraum med kona og born, og plassen han rudde, var nok opptaket til garden i Mostraumhaugen.

2. Olav Mostraum, f. kr. 1610, truleg g. m. Brita Strømmen, f. 1615 d. 1689.

Born:

  1. Inga f. 1662, g. m. Mons Andersson Otterstad br. 5.
  2. Halvor f. 1665. Næste busitjar her.

1691. Futereknesk. fører no Halvor, og skyldi på garden er 1 Laup smør.

3. Halvor Olavson Mostraum, f. 1665 d. 1730, g. m. Kari Johannesdotter, f. 1655 d. 1736.

Bom:

  1. Gjertrud f. 1686, g. m. næste busitjar her.
  2. Olav f. 1691, g. m. Brita Nilsdtr. Utland, Hosanger.
  3. Anna g. m. Haldor Bertelson Eikefet, Stamnes.
  4. Brita f. 1695.
  5. Anders f. 1700.
  6. Synneva f. 1702 d. 1777, då kalla Lægdekone.

1630. Næste brukar her er Børge Nilsson Feten frå Eikefet i Hosanger. Han vart g. i 1730 m. Gjertrud Halvorsdotter, og dei sat med bruket til han døydde i 1746. Han var g. fyrste gong 1702 m. Ingeborg Johannesdtr. Husdal og budde i Husdalen. Dei hadde 6 born der.

4. Børge Nilsson Feten f. 1680 d. 1746, g. 2. g. m. Gjertrud Halvorsdtr. Mostraum f. 1686 d. 1763.

Born:

  1. Ingeborg f. 1733, g. m. nr. 6 her.

Då Børge Nilsson døydde, gifte enkja Gjertrud seg att i 1746 med Jon Andersson Myster, og i 1747 fekk dei bygselbrev på bruket frå asessor Steensen ved Jens Bruun.

5. Jon Andersson Myster, f. 1719 g. 1746 m.

enkja Gjertrud Halvorsdtr. Mostraum. — Ikkje bom.

Jon vart sidan attg. m. enkja Kari Andersdtr. Myster, og dei budde på Eikemo i Stamnes.

I 1759 vart Ingeborg Børgesdtr. Mostraum g. m. Johannes Andersson Myster, og dei må ha fenge bygsel på bruket her, og sat med det til 1788, då sonen Berge fekk bygsel.

6. Johannes Andersson Mostraum, f. Myster kr. 1731, d. 1821, g. 1759 m. Ingeborg Børgesdtr. Mostraum, f. 1733 d. 1825.

Born:

  1. Kari f. 1761, g. m. Johannes Olavson Mostraum br. 1 og bur der.
  2. Berge f. 1764. Næste brukar her.
  3. Anders f. 1766 d. 1805, g. 1797 m. Marta Knutsdtr. Mellesdal
  4. 1733. Bust. Langedal br. 2.
  5. Ingebrigt g. 1810 m. enkja Brita Askjellsdtr. Bernes. Bust. Tysse i Hosanger.
  6. Johannes g. kr. 1795 m. enkja Maria Knutsdtr. Gammersvik, f. Mellesdal.

1788. Bygselbrev frå sokneprest Abel på dette bruket til Berge Johannesson. I 1831 får han kongeleg skøyte på bruket for 400 spd. og årleg jordavgift 1 tunna, 2 skjepper, 2 fjerdingkar bygg.

7. Berge Johannesson Mostraum, f. 1764 d. 1854 g.

1. 1792 m. Brita Johannesdtr. Husdal, f. 1765, d. 1792.

2. 1793 m. Ingeborg Johannesdtr. Husdal, f. 1767 d. 1830 (syster til Brita).

Born:

  1. Johannes f. 1795 d. 1796.
  2. Brita f. 1798, g. 1818 m. Gudmund Magneson Nottveit br. 3.
  3. Kari f. 1808, g. m. næste brukar.

1831: Skøyte frå Berge Johannesson Mostraum til versonen Anders Heimvik.

8. Anders Andersson Heimvik f. 1802, d. 1876, g. 1826 m. Kari Bergesdtr. Mostraum f. 1808.

Born:

  1. Brita f. 1827, g. 1844 m. Magne Johannesson Nottveit, br. 3.
  2. Anders f. 1829, d. 1898, næste bonde her.
  3. Ingeborg f. 1830, g. 1854 m. Anders Olavson Nottveit, br. 1.
  4. Berge f. 1833, g. 1858 m. Ingeborg Knutsdtr. Langedal og bur der.
  5. Lars f. 1835.
  6. Brita f. 1837, g. 1860 m. Askild Nilsson Vetle Urdal. Bur Langeland i Meland.
  7. Ingeborg f. 1840, g. 1869 m. Jakob Nilsson Vetle Urdal.
  8. Inga f. 1842, g. 1872 m. Johannes Johannesson Nottveit, br. 3.
  9. Johannes f. 1845.
  10. Gulena f. 1850.
  11. Rasmus f. 1853, g. m. Brita Andersdtr. Romarheim f. 1861, til USA 1882.

1868: Skøyte frå Anders Anderson Heimvik til sonen Anders for 400 spd. og kår.

9. Anders Andersson Mostraum, f. 1829, d. 1898, g. 1862 m. Marta Knutsdtr. Langedal, br. 2, f. 1841.

Born:

  1. Anders f. 1863, næste bonde her.
  2. Knut f. 1865, d. 1938, bonde på bnr. 4, Viki.
  3. Kari f. 1866.
  4. Berge f. 1867, til USA.
  5. Nils f. 1868, til USA.
  6. Gulina f. 1871.
  7. Ingeborg f. 1872, d. 1889.
  8. Magne f. 1875, til USA.
  9. Bertina f. 1881, tvillingbarn.
  10. Andreas Morten f. 1881, tvillingbarn.

Det er halde delings- og skylddelinga-forretning på dette bruket. Årstalet vantar, men det må vera fyre skiftet etter Anders Andersson i 1898, og då er det skift soleis: Bruk nr. 3 Strømbøen Anders Andersson Mostraum 3 mrk. 4 øre. Bruk nr. 4 Viken og Feten Knut Andersson Mostraum 2 mrk. 3 øre.

1898 i skifte etter Anders Andersson er bruk 3 selt til eldste sonen Anders for 1.400 kr. og kår til 5 års verd 1.000 kr., og br.nr. 4 er selt til næsteldste sonen Knut for 1.400 kr. «og lignende kårydelser». Heile buet var på 7.338,53 kr.

10. Anders Andersson Mostraum, f. 1863, d. 1936, g. m.

Ingebjørg Andersdtr. Otterstad, f. 1859, d. 1947.

Born:

  1. Malena f. 1896.
  2. Malena f. 1898, g. m. Johan Knutson Farestveit.
  3. Marta f. 1899, d. 1921.
  4. Andrea f. 1902, d. 1937.

1936: Ingebjørg Andersdtr, Mostraum, enkja etter Anders Andersson, skøyter dette bruket til sdottersonen, Anders Johanson Farestveit, f. 1924, for 7.000,— kr. Med i skøytet er parsellane bnr. 5 - 7 - 8 og 9.

1947: Skøyte frå Anders Johanson Farestveit til faren Johan Knutson Farestveit på dette bruket og bnr. 5 - 7 - 8 og 9 for 7.000,— kr. og kår til vermori Ingebjørg Andersdtr. Mostraum, f. Otterstad.

11. Johan Knutson Farestveit f. 1904, d. 1969 g. m. Malena Andersdtr. Mostraum f. 1898.

Born:

  1. Nolevande f. 1923, g. 1945 m. Arthur Jakobsen, busette Eidsland. 3 bom.
  2. Nolevande f. 1924, poitibetjent, g. m. Inger Anne Bjørnevik, busette i Oslo, 2 born.
  3. Nolevande f. 1925, næste bonde her.
  4. Nolevande f. 1927, g. m. Olav Hernes, busette Evanger. 3 bom.
  5. Nolevande f. 1928 g. m. Ingolf Vik, busette Eidsland. 3 born.
  6. Nolevande f. 1929, busett Skjoldtun, Fana.
  7. Nolevande f. 1931, g. m. Hagny Kulshamar, busette i USA. 2 born.
  8. Nolevande f. 1933, d. 1964 g. m. Ingrid Hundeland, busett Mandal. 2 born.
  9. Nolevande f. 1934, g. m. Arne Johannessen, busette i Bergen.
  10. Nolevande f. 1937, d. 1955.
  11. Nolevande f. 1941, d. 1941.

1969: Skøyte frå enkja Malena Andersdtr. Farestveit, f. Mostraum, til sonen Håkon på dette bruk og på bnr. 5 - 7 og 9 for 8.000,— kr. og kår.

12. Nolevande f. 1925, d. 1980, g. 1953 m. Nolevande f. 1928.

Born:

  1. Nolevande f. 1953, d. 1953.
  2. Nolevande f. 1955, g. 1982 m. Else Nolevande f. 1954. 1 barn. Busett Sola.
  3. Nolevande f. 1956, g. 19 Nolevande f. 1949. 1 barn. Busett Bergen.
  4. Nolevande f. 1957. Busett Mostraum.
  5. Nolevande f. 1958. Neste bonde her.

Torbjørg Farestveit skøyter garden til sonen Magne.

13. Nolevande Farestveit, f. 1958.

Bruk 4. Viki.

1898: Utskilt av bnr. 3, avgjort ved testamente, og skøytt til

1. Knut Andersson Mostraum, f. 1865, d. 1938, g. m. Ingebjørg Johannesdtr. Mostraum, br. 2, f. 1865.

Born:

  1. Marta f. 1891, g. 1914 m. Severin Rasmusson Keilen f. 1889, gardbrukar Kalandsjøen.
  2. Johannes f. 1893, g. 1925 m. Marta Simonsdtr. Havre f. 1903, bust. Votlo, Haus. 4 born.
  3. Ingvald f. 1895, næste bonde her.
  4. Margreta f. 1897, d. 1959, ug.
  5. Anton f. 1900, g. 1930 m. Josefine Olea Olufsdtr. Skotsvær, Tjøtta. Busett Hosanger.
  6. Magnus f. 1903, g. 1936 m. Valborg Marie Jensen f. 1904. Bustad Haus. 2 born.
  7. Maria f. 1906, g. 1933 m. Jens Pedersen Nerhus f. 1900 i Kvinnh., gardbrukar, 3 born.
  8. Bernhard f. 1908, møbelsnikkar. Bustad Indre Arna.

1935: Skøyte frå Knut Andersson Mostraum på dette bruket til sonen

2. Ingvald Knutson Mostraum, f. 1895, d. 1970, ug.

1958: Skøyte frå Ingvald Knutson Mostraum på dette bruket til systersonen

3. Kjell Jensson Nerhus f. 1940, g. 1982 m. Molly Karin Hodneland f 1948.Bonde og båtbyggjar.

4. Jens Pederson Nerhus f. 1900, d. 1964, brukar her 1948-64, g. m. Maria Knutsdtr. Mostraum f. 1906.

Born:

  1. Nolevande f. 1935.
  2. Nolevande f. 1940.
  3. Nolevande f. 1945.


Plassfolk og husfolk.

Bertina Mostraum, f. 1881, d. 1970, g. 1908 med Martin Steinshaug, f. 1875, d. 1918.

Born:

  1. Borghild f. 1909, g. 1945 med Monrad Gjeslvik. 2 born.
  2. Nolevande f. 1912, d. 1942. Kom bort frå robåt som vart funnen drivande. Uvist om dette var ei ulukka eller om han var med ei skøyte frå Masfjorden som vart søkt på veg til England.
  3. Nolevande f. 1914, g. 1943 med Nolevande f. 1917. 3 born.
  4. Nolevande , f. 1916, bur i Viki.
  5. Nolevande , f. 1919, bur i Viki.

Bertina Steinsthaug med familie budde i Samnanger til mannen døydde i 1918. Ho flytte då attende til Vike og budde der til ho døydde.

1879: Festesetel frå Johannes Olavson Mostraum på bnr. 1, og frå Rasmus Jakobson på bnr. 2, på plasset Bøfeten til Anders Knutson Otterstad, f. 1835, d. 1928, g. 1859 m. Marta Knutsdtr. Langedal, br. 2, f. 1836.

Born:

  1. Ingebjørg f. 1859, d. 1947, g. m. Anders Anderson Mostraum, br. 3.
  2. Johannes f. 1862, døypt i Mo, utfl. til USA.
  3. Knut f. 1864, døypt i Mo, utfl. til USA.
  4. Knut f. 1868, døypt i Strusshamn, utfl. til USA.
  5. Gurina f. 1870, g. m. Andreas Hansson Lillejord, br. 2 f. 1867.
  6. Anders f. 1873, tvilling, utfl. til USA.
  7. Nils f. 1873, tvilling, utfl. til USA.
  8. Berta f. 1876, g. 1902 m. Johannes Rasmusson Mostraum, br. 2.

Anders og Marta budde ymse stader fyrr dei kom til Mostraumen, fyrst på Otterstad, so ei stund i Strusshamn på Askøy. I 1865 flytta dei til Kringlebotn i Masfjorden. Seinare gjekk dei ofte under namnet Kringlebotn. I 1879 fekk dei festebrev på plasset Bøfeten på Mostraum, og der bygde dei seg hus og fødde ei ku og fire sauer. Elles sauma Anders rundsko, og var ei tid los for rutebåten i Mostraumen. For det hadde han to kroner for kvar tur.

1723: Matr. Her heiter det: «Ingen Husmandsplads».

1835: Knud Nilsen Nødtvedt, f. 1807, g. m. Kari Johannesdtr. Mostraum, f. 1810, på bnr. 1, truleg inderstfolk.

Born:

  1. Nils f. 1836.

1852: Døypt Jakob Nilsson Mostraum, foreldre: Nils Jakobson og Ragnhild Larsdtr.

1860: Askild Nilsen Vetle Urdal, inderst på Mostraum bnr. 3 og kalla bygningsmann, g. m. Brita Andersdtr. Mostraum

Born:

  1. Brita f. 1861.
  2. Anders f. 1862.
  3. Brita f. 1864.
  4. Ingeborg f. 1867.

Gudmund Magneson Nottveit, f. 1794, g.

1. m. Brita Bergesdtr. Mostraum, f. 1797, d. 1822

2. m. Ingeborg Johannesdotter, f. 1798, d. 1834. 2 born.

Born:

  1. Ingeborg f. 1819, g. 1838 m. Ivar Jakobson Mo f. 1812.
  2. Berge f. 1821, d. 1822.
  3. Berge f. 1824, d. 1824.
  4. Magne f. 1831.

1918: Kontrakt frå Andreas Lillejord og Nils Mostraum på bnr. 1, og Johannes R. Mostraum på bnr. 2, på ein plass under deira bruk til

Jakob Andersson Nottveit f. 1878, g. 1906 m. Signa Rasmusdtr. Mostraum br. 2 f. 1884.

Born:

  1. Jenny f. 1907, g. m. Nilmar Juvik frå Askøy. Busette Bergen.

Jakob Andersson Nottveit flytte frå Mostraum og busette seg i Eikangervåg. Han selde huset til fråflytting, og jordstykket selde han til Anders Andersson på bnr. 3.

Folketal.

1645. Kopskatten: 5 personar yver 15 år.

1667. Prestemtl.: 3 mannspersonar.

1701. Manntal: 4 mannspersonar.

1711. Skoskatten: 10 i alt.

1801. Folketeljing: 18 i alt, av dei 1 inderst med kona, og 3 tenestegj.

1875: Folketeljing: 40 i alt, av dei 3 kårfolk, 2 tenarar, og ei gjenta som «ernærer sig ved spinding».

1900. Folketeljing:

Bnr. 1. Nils Knutson Mostraum med kona, og kårmann Johannes Olavson med kona, dessutan Hans Olavson Nottveit, ug. dreng, f. 1884, og Ragnhild Karlsdtr. Helland, f. 1868, ug. budeia, og Kari Johannesdotter, f. 1866 på Mostraum, ug. skreddar.

Bnr. 2. Rasmus Jakobson Sagstad med kona og 8 born, dertil kårfolki Anders Monsson Mostraum med kona, og kårenkja Marta Jakobsdtr. f. 1832 på Mo, og Anders Johannesson Heimvik, «forsørges av gårdbrukeren».

Bnr. 3. Anders Andersson Mostraum med kona og to born, og dessutan: Anders Andersson, f. 1881 i Mo sokn, ug. gardsarbeidar. Brita Knutsdtr. Langedal, f. 1830, ug. husstell. Brita Hallvardsdtr. Øvre Helland, f. 1865, ug. budeia.

Bnr. 4. Knut Andersson Mostraum med kona og 5 born, og dessutan: Bertina Andersdtr. f. 1881, tenestgjenta, Marta Knutsdtr. f. 1841, kårenkja, bur i kårhuset. Kari Andersdtr. Mostraum, f. 1866, ug. sygjenta. Gunnhild Andersdtr. Mostraum, f. 1871, ug. sygjenta.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy