Myster

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Myster.


GNR. 39 MYSTER


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg ved utlaupet av Eksingedalselva. Nede ved elva er der ei stor øyr, Mysterøyra. Frå denne øyra lyfter det seg opp fleire terrassar. Det gamle tunet ligg på ein slik terrasse, om lag 1 km aust for Eide, knapt 2 km sør for Eikefet. Mysterelva, som kjem frå Leirevatnet og Steinsedalen, renn gjennom søre luten av innmarksområdet og munnar ut i Storelva ved Mysterøyra. Garden er noko utsett for flaumskade, men det er lite nemnt i dei gamle dokumenta om dette. 1744 vart det halde avtaksforretning på garden, og skylda vart nedsett p.g.a. flaumskade.

Gardsnanmet vart skrive Mystir 1427, Mystri 1463 og 1490, af Mylstri 1490, Møgster 1563, 1610, 1667, 1723, Møster 1611, 1620. Bygdemålsuttalen er my'sster. Av dei som har gardsnamnet til familienamn, brukar sume forma Myster, andre Møster. I Norske Gaardnavne vert Mystr sett opp som den gamle namneforma, og namnet vert tolka på same måten som øynamnet Møkster i Austevoll: Mulig har Navnets opr. Form veret Myrstr, beslægtet med svenske Dialekters mor(d), smuldret Masse, Grus, oldnorsk morð. - Navnet kunde efter denne Forklaring have Hensyn til, at Jordbunden paa Øen er stærkt sandholdig.”

Magnus Olsen meiner såleis at gardsnamnet Myster, på same måten som øy- og gardsnamnet Møkster, har å gjera med jordsmonet på staden og at grunnlaget for gardsnamnet då er all sanden t.d. på Mysterøyra og i morenen gamletunet ligg på.

Lærar Johannes Leiro har sett fram ei onnor tolking. Over Mystermyrane legg det seg gjerne små tunne skoddedottar, og det la seg små vassdropar på hud og klede nr ein gjekk der. Damp som stig opp av tjørnar heiter m i s t år på islandsk og gamalnorsk, og Leiro meiner at ein her finn opphavet til gardsnamnet. Det eldste skriftlege vitnemålet om garden er frå 1427, men garden er truleg mykje eldre. I slutten av 1800-talet vart det gjort eit oldfunn i ein åker dei kallar ”Rudkallen”. Denne åkeren ligg på ein liten haug nede på myrane. Alle dei 3 hovudbruka, Oppeluten, Borteluten og Nereluten, hadde teigar her. Nereluten åtte ein del av åkeren. Oppeluten åtte både noko av åkeren og bøen ikring. Funnet vart gjort om våren medan dei heldt på med spoda på Rudkallen. Einar Myster frå plasset Munkabotnen var i arbeid hjå Lars Myster på Nereluten. Einar fann da eit sverd, og han tok det med heim til Lars som var dugande smed. Men Lars brydde seg ikkje mykje om sverdet. Han kasta det bort i ei krå i smia, der det låg noko anna skrammel, og han ville ikkje høyra tale om at dei skulle grava noko meir i åkeren. Sidan har det ikkje vore røkt etter meir på Rudkallen, og funnet er heller ikkje meldt frå til Bergens Museum. Sverdet vart funne i søre, eller sørvestre luten av åkeren.

Fleire ting tyder på at Myster er ein av dei eldste gardane i denne delen av heradet. Det er for det fyrste lægjet åt garden, og for det andre storleiken.

Myster grensar til Eikefet, Leiro, Stamnes, Hesjedal og Eide. Mellom Myster og Eide er det Storelva som er grense. Grensa mot grannegardane vart oppmerkt og skriftfest i samband med ei minneleg utskiftingsforretning på Myster 1837. Mellom Eikefet og Myster tek grensa til med Storelva ved Eikefetberget, og går derifrå mot søraust til ein nedsett merkestein på eit berg kalla Floget. Vidare i same line til ein stad dei kalla Krakalisåta, og derfrå mot aust til Storefjellkantane der det er hogge X i eit berg på Storefjellsåta. Her sluttar grensa mot Eikefet og tek til mot Leiro. Grensa går no mot søraust til Storefjellrusta der det er hogge X i berget, og vidare mot aust til Høghaugen der det og er X i berget. Vidare etter den kvassaste bergrust mot sør til elva som kjem frå Leirovatnet, der det vart hogge X tett attmed kvernhuset. No fylgjer grensa elva og vatnet til Svemmeneset, og går derfrå over vatnet mot søraust til Storhaugen. Herfrå går grensa til ei grøft under Langstallen, og vidare mot søraust til to store steinar på Fjellbruna, som ein kan sjå frå vatnet. Sidan fylgjer grensa Fjellbruna mot nordnordaust til Fjellfossen. Derfrå til Fjellfossbotnen, der grensa mot Leiro sluttar. Herfrå går grensa mot søraust etter eit nake og aude hell dei kallar Blåfjellet til Krakestølvatnet, der grensa mot Stamnes tek til. Ho held fyrst fram i same retning til nordenden av Langetjørnane, derfrå til Stordalsegga og til Flatefossane, der grensa mot Stamnes sluttar, og grensa mot Hesjedal tek til (sjå Hesjedal). Frå endepunktet av grensa mot Hesjedal fylgjer grensa sjøkanten og Storelva mot nord til det fyrste punktet i Eikefetberget.

Det er ikkje noko som tyder på at Myster har vorte liggjande øyde etter Svartedauden. Ved slutten av 1500-talet var der 2 bruk på garden, og 1626 vert det opplyst at brukartalet var 3. Den fyrste oppgåva over storleiken på bruka er frå 1648. Me finn då 3 jamstore bruk, og dette tilhøvet held seg til slutten av 1800-talet, endå om sume av bruka, i kortare eller lengre tid, var drivne av 2 brukarar. Etter 1897 har det gått føre seg ei sterk oppdeling av garden. Det er fråskilt fleire mindre bruk og dessutan ei rekkje hustufter. Namnet på dei 3 hovudbruka er Oppeluten, Borteluten og Nereluten. Nereluten vert også kalla Rinden, etter at husa vart flytte i samband med utskifting. Den gamle tunstaden vert kalla ”heima på garden”. Eit av dei eldste husa er truleg Nerestova. Etter utskiftinga 1915, då. Nereluten flytte ut or tunet, overtok Oppeluten husa som høyrde til dette bruket. I den gamle Nerestova var der i midten ei bu av svært tjukt, rundt tømmer. I den eine enden av bua vart det bygt til stove og gang 1837, og i den andre enden er der ei stove som truleg er frå kring 1860. Heile bygningen var tekt med nevertak.

Det vart halde minnelege utskiftingar på garden 1837 og 1915. Den siste utskiftinga står ved lag enno. Det var Lars Eide, Hans Brørvik og Johannes Leiro som stod for utskiftinga, og delinga vart godkjend av eigarane og tinglesen. Kvart bruk fekk no nokre få teigar. Tidlegare hadde der vore nokså mykje teigblanding. Aust for tunet ligg lutåkrane eller Storåkrane. Der hadde kvar av dei 3 hovudbruka sin part. Andre åkernamn var Bastuåkeren, Ækro, Nyåkeren, Smedåkeren, Strengjen, Bassåkrane, Haugåkeren, Ospebakkåkrane, Rudkallen og Torhaugen.

1863 var åkervidda 31 2/5 mål i alt. 13 1/2 mål var god åker, 12 2/3 mål var middels god, resten av åkeren var ring. Bøen var på vel 168 mål. 23 mål var god bø, 26 1/2 mål var middels god, og resten var ring bø. Garden var lettdriven, men hadde heist noko tung veg frå slåttene. Dyrkingsjorda rekna kommisjonen i 1863 til 14-18 mål. Mysterøyra er rudd og dyrka i seinare tid. Anna Olsdtr. frå plasset Myræ f. 1842 fortalde at der var heilt skogvakse på Mysterøyra i gamle dagar. Øyra vart bruka til beistehage. Når kyrne gjekk og beitte nede der som ungdomshuset er no, kunne dei ikkje sjå dei oppe frå tunet. Då dei tok til å skogrydja øyra, skifte dei visstnok grunnen mellom seg etter kvart som rydjinga skreid fram. På denne måten vart der teigdeling. 1959 var innmarka 305,9 mål.

Stadnamn på innmarka: Floten, Stølen, Geilabrekka, Eikjemoteigane, Stadlane, Myrgardsteigen, Brekkena, Vodlane, Storeteigane, Stutteteigane, Steinateigane, Gardteigane, Rauneteigane, Klapsrindteigane, Tangateigen, Tjødnateigen, Teinleteigane, Munkabotnen, Storesanden, Sandbingen, Norebøen, Træet, Vetlatræet, Hopastykket, Solskinsbrekko, Kvednhuslia, Holmen, Myræ, Holebrekko, Haugabrekko, Eldhusbrekko, Tjelldalen, Stylkabrotet, Stokkatødna.

I utmarka er beiteretten sams, men skog og slått er delt mellom bruka. I ei slåtte som heitte Tonæ, var der ei utløe som Nereluten og Borteluten åtte i lag. I Slåttebotnen åtte Oppeluten og Nereluten ei løe i lag. Båe løene var delte med ein skiljegard etter midten. Slåtteteiggrensene fylgde ikkje skogamerke. På sume slåtter var der byteslått. Då slo dei berre halve slåtta det eine året, og andre helvta året etter. På den måten fekk slåtta eit kvileår. Den gamle bøgarden gjekk frå tunet og ned åt Teinleet attmed brua. Der var det eit le i garden. Garden var mest risgard, og kvart bruk hadde sitt stykke å halda i stand. Vyrke tok dei der det var høvelegast. Frå tunet opp til bøgarden ved Floten gjekk der ei geil. Denne geila var inngjerd med skigard. Når beista gjekk i heimemarka, kunne dei gå heilt heim åt tunet sjølve gjennom geila. Seinare gjekk kyrne i dalen ei tid før dei flytte på stølen. Borteluten og Nereluten var i lag om sæterhuset. Det var eit tømra hus med kjøken i midten og eit mjølkerom i kvar ende. I mjølkeroma var der sengeplassar.

Kvernhuset er òg dei 3 hovudbruka saman om. Det er eit svært gamalt hus.

Om beitet heiter det 1863: ”Hjemmehavn ved Gaarden af god Beskaffenhed

Ogsaa Sæterhavn 1/4 Miil borte, tilsammen fuldt tilstrækkelig.” Beitet har vore såpass rikeleg at dei har kunna to leigekyr. Det var helst folk frå Manger som hadde kyr på beite her.

Fisket er ikkje nemnt i eldre kjelder, men laksefisket i Eksingedalselva har vel hatt sitt å seia, både den tid brukarane nytte fiskeretten sjølve og etter at han vart leigd vekk. Den eldste tinglesne leigekontrakta er frå 1881. Då vart elva bortleigd til engelskmannen H. T. Partridge i 10 år. Frå 1887 var det Charles Amesley Hamond som leigde elva for ei årleg leige på kr. 120,-. 1892 vart leigekontrakta nya oppatt for 8 år. Den årlege leiga var den same som før. 1918 vart vassrettane i Eksingedalselva selde til adv. Nicolay Wiig. Sjå bnr. 17.

Laksefisket i elva var vekkleigt til plantasjeeigaren Pettersen Lind frå Guatemala i åra 1922-46, vert det opplyst på Eide. Dette galdt vel Myster sine elverettar og.

I ei sideelv finn me stadnamnet Sløo. Ei sløe er eit slag fiskefelle laga av trevyrke. Skogen er nemnd fleire gonger i dei gamle kjeldene, såleis 1661: ”Ingen Lunder uden till Hiemb brug Scouff.” 1723 er der også skog til sal: ”12. Møgster. 3 Mænd. landskyld 1 løb Smør 1/2 t. Malt Fogeden Sr. Jens Lem med bøxel tilhørende. Jngen Huusmands Pladser. Sætter 1/4 Mil fra Gaarden liggende, lit furreskoug til Huusfornødenh(ed) og Brende Veed skoug. 3de flomqværne. Ligger ved Søen 5 1/2 Mil fra Bergen, meget aarvant til Korn, tungvunden. Saar havre 7 t. Afler 21 t. 15 Kiør 6 Ungnød 36 faar 3 Hester. Taxt efter gl. Matricul 1 Løb 18 m. Smør. Forhøyet 18 m. Smør. lever af Qvægets avling og at selge (lit) Brendeveed til Skatternes hielp.” 1863 var der skog nok til ved, hustømmer og til husbruk, og dei kunne selja ved for 15 spd. netto årleg.

Her har vore fleire husmannsplass. Det eldste av dei var Storneset eller Vommæ. Storneset er eit nes som stikk ut i Eidsfjorden lengst sør på gardsområdet, like ved grensa mot Hesjedal. Plasset er fyrste gongen nemnt i manntalet 1666, og var då nyleg oppteke, men det var nedlagt før 1723. Sjå nedanfor under husmannsplass. På 1800-talet vart det teke opp fleire plass. 1825 fekk Ola A. Kvåstad festesetel frå brukaren på bnr. 3 på nokre slåtteteigar og markestykke: Rogneteigen, Tjødnateigen og Midtteigen. Ola var flytta herifrå alt før 1831.


1833 fekk Nils K. Farestveit bygsla plasset Myregardsbakken under bnr. 1. 1834 skreiv brukaren på bnr. 3 ut bygselsetel på plasset Norebø til Jon Hansson Dalseid. Dette plasset vart og kalla ”under Reinane”.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 11 i Hosanger skipreide. 1838: matr.nr. 12. 1853: matr.nr. 154. 1886 til 1964 gnr. 39 i Bruvik. - Gamal landskyld 1 1. smør, 1/2 t. malt. Skatteskyld 1 1., 18 m. smør. 1747 vart det teke av i landskylda 2 2/5 m. smør, 4/5 k. malt, i skatteskylda 3 m. smør. 1838: 5 dl. 14 sk. 1886: 12,28 skm. Leidang 1567: 6 m. smør, 1 geitskinn, 1 kalvskinn. 1590-91: Leidang 1 geitskinn, 1 saueskinn, 1 kalvskinn. Fredtoll kvart 3. år. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 4 mrk. 13 sk. Småtiend 10 sk. Kandtiend 1 1/2 t. Fødnad 1657: 4 hestar, 23 kyr, 4 kviger, 23 geiter, 34 sauer. 1723: 3 hestar, 15 kyr, 6 ungfe. 36 småfe. 1863: 3 hestar, 26 kyr, 10 ungfe, 128 småfe. 1865: 3 hestar, 41 storfe, 92 sauer, 36 geiter, 3 svin. 1875: 3 hestar, 1 okse, 22 kyr, 8 ungfe, 80 sauer, 56 geiter. 1959: 4 hestar, 13 kyr, 13 ungfe, 70 sauer, 2 griser, 125 høns. Sånad 1665: 7 t., avling 15 t. 1723: Sånad 7 t., avling 21 t. havre. 1863: Sånad 19 1/2 t. havre, 15 t. poteter. Avling 76 t. havre, 93 t. poteter, 2933 våger høy, 483 våger halm. 295 våger høy i slåttene. Folketal 1801: 30. 1875: 43.


EIGARAR

I mellomalderen låg garden under Munkeliv kloster. I klostret si jordebok frå 1427 finn me fylgjande: ”XVI Mystir i Straumahuarue.” Talet 16 syner kor mange månadsmatbol klostret åtte i garden. Skyldtalet er så høgt at det ikkje synest vera tvil om at klostret åtte heile garden. Myster er også nemnt i klostret si jordebok frå 1463 og 1480-90. Siste gongen er også skyldtalet 16 månadsmatbol, som svarer til 16 lauper smør. 1590-91 var landskylda berre 1 1/2 laup smør. 1626 og 1648 er også Munkeliv oppført som eigar, men klostergodset var drege inn under kruna ved reformasjonen. Saman med mykje anna krungods vart det selt til private om lag år 1670. Eigar av Myster vart magister Arnoldus de Fine. Han åtte også Hesjedal, Leiro, Eikefet og Eikemo og ei heil mengd gardar elles. Omframt dei som her er nemnde åtte han 2 andre gardar i Hosanger, 5 på Voss, 10 i Eikanger skipreide, 3 i Alenfet skipreide, 1 i Lindå's, 3 i Arna og 2 i Sotra skipreide. 1676 var Arnoldus de Fine avliden, og arvingane hans står oppførde som eigarar. Gjertrud de Fine var truleg ein av dei. Ho måtte ha fått garden utlagd ved skifte, for ho er oppførd som einaste eigar 1694. Året før hadde ho skrive ut bygselsetel til ein av brukarane. 1700 er ho oppførd som eigar i futerekneskapen. Futerekneskapen frå 1692 fører opp Ludvig Lems enke som eigar. Om det er Gjertrud som har vore gift med han, er ikkje heilt visst.

På 1700-talet var i alle fall garden komen over i Lem-ætta. 1718 er Jens Lem eigar. Han hadde skrive ut ein bygselsetel 1714, og 1720 fekk alle 3 brukarane nye bygselsetlar utskrivne av han. Men 1734 var Jens Lem avliden, og det var enkja Anna Helene, seinare gift Thorop, som skreiv ut bygselsetlar. Den 18. oktober 1741 vart alle brukarane på Myster sjølveigarar. Det vart då skrive ut auksjonsskøyte frå futen Lems dødsbu til kvar av dei. Kvart skøyte lydde på 1 pund smør 8 kanner malt, og kjøpesummen var den same for alle, 26 rdl. 4 sk. 1746 let eldste son etter fut Jens Lem, Ludvik Lem, lysa odelsretten sin til gardar i Arne, Alenfet, Gulen og Hosanger skipreide. Myster var mellom desse gardane, men det ser ikkje ut til at det vart gjort noko meir for å løysa inn odelen i denne garden.


BRUKARAR FØR 1650

Den fyrste kjende brukaren er Olav på Myster. Me finn han i ei skattelista 1563. Han betalar då 1 dalar i skatt. Same året finn me mellom lauskarar og husmenn Gulleik på Myster. Han betalar 1/2 dalar i skatt. 1590-91 finn me i lensrekneskapen brukaren Ivar. Ein annan brukar Olav er nemnd same året saman med 25 menn frå Hosanger skipreide, som årleg betalte i fredtoll 2 nautslakt. Olav finn me også nemnd 1603 og 1611 og 1620. 1603 er der ein brukar som heiter Endre, 1611 ein annan som heiter Johannes. Han er også nemnd 1620. Same året finn me mellom husmenn, øydejordsmenn og drenger med full lønn, Knut Myster. Olav var stemnd for retten i ei lægermålssak 1622-23. ”Oluff Møgster som i hans Enckemandts sede for it Aarr sidenn haffde Leyermaaell med en Enche paa Gammersvig som Ved Døden er Affgangen afftinget for Penninge - 9 Daler.” 1630-31 er Rasmus Myster nemnd mellom halvegardsmenn, som betalar 1 dalar i skatt. Det er truleg den same Rasmus som 1637-38 vart stemnd for retten saman med Johannes Grøsvik, Hans Mellesdal og Olav Eide for ”fourenschabffs Vlydighed emoed Fogdenns Fuldmegtig Bendix Hansenn.” Dei Taut kvar betala 1 dalar i mulkt. Rasmus er også nemnd i landsskattelista over unionsskatt 1638, mellom halvegards- og øydejordmenn som betalte halv skatt, 1/2 ort kvar. Meir om Rasmus, sjå under bnr. 4.

I koppskattmanntalet 1645 finn me enkja Anna med borna Olav, Randi og Helga. Enkja er også nemnd 1648 og 1661. Ho er ikkje nemnd i husdyrmanntalet 1657, men der finn ein i staden 2 menn, Elling og Johannes. Elling hadde ein fødnad på 1 hest, 6 kyr, 1 ungfe, 5 geiter, 6 sauer. Johannes hadde ein fødnad på 1 hest, 6 kyr, 1 kvige, 6 geiter og 10 sauer. Han døydde 1696. (Sjå nedanfor.)

Simon var brukar her på 1600-talet. Han var død før 1701. Namnet åt kona er ikkje kjent.

Born:

Olav f. 1651, sjå Mellesdal.
Knut f. 1669, sjå Langhelle.
Marta g.m. Lars Flatekvål.
Agate g.m. Lars Hermundsdal.


BRUK 1-2.

Daglegnamn: Oppeluten. Gamalt løpenr. 25. Landskyld 1655: 1/2 pund smør, 8 kanner malt (skal vel vera 1 pund smør, 8 kanner malt). 1694: 1 pund 6 merker smør. 1747 (etter avtak) skatteskyld 29 merker smør, landskyld 23 1/5 mark smør, 7 11/15 kanner malt. 1833 vart halve bruket fråskilt. Det fekk løpenr. 25 b, med 14 1/2 mark smør i skatteskyld. Hi helvta, som hadde same eigar som før, fekk løpenr. 25 a. Landskylda for kvart bruk var 11 3/5 merker smør, 3 13/15 kanner malt. 1838: for kvart bruk 4 ort 6 sk. 1839 fekk båe bruk same eigar, og har seinare heile tida vore drive som eitt bruk. Løpenr. 1853: 576 og 577. 1886: bnr. 1 2,5 skm., bnr. 2 2,05 skm. 1956: bnr. 1 0,52 skm., bnr. 2 0,51 skm. 1863 (oppgåvene gjeld for båt bruk til saman): 8 4/5 mål åker. Av det var 4 mål god, 3 mål middels, resten ring. 43 2/3 mål eng. 7 2/3 mål var god, 4 mål middels og resten ring. 4-6 mål dyrkingsjord. Sånad: 6 1/2 t. havre, 5 t. poteter. Avling 22 t. havre, 26 t. poteter. 860 våger høy, 154 våger halm. 190 våger høy frå slåttene. Fødnad: 1 hest, 8 kyr, 2 ungfe, 36 småfe. Lyng, beit og skav for 2 ungfe. Kan selja ved for 5 spd. årleg netto. 1856 fødnad: 1 hest, 12 storfe, 27 sauer, 16 geiter, 1 svin. Sånad: 6 t. havre, 6 t. poteter. 1875 fødnad: 1 hest, 1 okse, 8 kyr, 3 ungfe, 22 sauer, 17 geiter, 1 svin. Sånad: 7 t. havre, 8 t. poteter. Folketal 1856: 7. Fødnad 1956: 1 hest, 2 kyr, 3 sauer. Folketal: 6. 1959 hadde bruket 32 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 2 kyr, 3 ungfe, 16 sauer.


1664 var Olav Pederson brukar her. Han var f. om lag 1638 og skulle vera son åt Peder Olson Flatekvål. Han hadde ein son, Ivar f. 1656. Olav var brukar så seint som 1694.


1701 var Anders Jonsson brukar. Han var f. om lag 1670, d. 1744, g. 1699 m. enkja Marjo Ellingsdtr. Myster d. 1710. Ho var fyrste gongen g.m. Johannes som var oppførd som brukar her 1657. Han skulle vera død 1696.

Johannes og Marie (Marjo?) hadde desse born:
Marta f. 1687 g. 1717 m. Rasmus Nilsson Rongved.
Anna.
Brita f. 1693 g. 1714 m. Mikkjel Olsson Brørvik.
Helga d. før 1710. G.m. Simon Fosse. 3 born:
Jakob,
Brita
Anna.

Det vart skift etter Marie 1710, og nettoen i buet var 30 rdl. 3 ort 2 sk.

Anders g. 2. g. 1711 m. Anna Nilsdtr. Myster bnr. 3. Anders var fleire gonger lagrettemann, og da han vart gravfest, skreiv presten ”En dannemand fra Møgster Anders Jonsen 70 aar”.

Born:

Marie f. 1712 g.m. neste brukar.
Brita f. 1714 d. 1723.
Brita f. 1715 d. 1737.
Nils f. 1717. Busett i Grøtå.
Anna f. 1721.


1734 bygsla Knut Nilsson Veo halve garden. Knut f. 1710 d. 1780 var g. 1733 m. Marie Andersdtr. Myster f. 1712 på dette bruk, d. 1789.


1741 fekk Knut skøyte på bruket og vart sjølveigar. Etter flaumskaden 1744 vart det halde avtaksforretning, og da vart det opplyst at avlinga på dette bruket var 7-8 t. korn i dei beste åringar, og at fødnaden var 1 hest, 4 kyr og 4-6 småfe. Men det let seg ikkje gjera å ha så stor fødnad ”uden at skave og bierge” som det står i dokumentet. Det vart halde skifte etter Knut 1780, og nettoen i buet var 33 rdl. 4 ort og 6 sk. Han hadde då late garden frå seg.

Berre 3 born, Jon, Nils og Anna er nemnde i skiftet, men etter Langhelle skal Knut og Marie ha hatt desse born:

Dordi f. og d. 1733.
Jon f. og d. 1734.
Jon f. 1736. Brukar her.
Nils f. 1738.
Brita f. og d. 1741.
Anna f. 1742.
Nils f. 1743 d. 1744.
Anna f. 1748 d. 1818 ug.
Anders f. og d. 1749.
Nils f. 1750. Brukar på Dalseid bnr. 1.
Brita f. 1757.
Anna f. og d. 1757.
Anders f. og d. 1759.


1760 skøyte til Jon Knutsson for 30 rdl. Foreldra fekk brev på at dei skulle ha kår på garden så lenge dei levde, og dersom sonen døydde før faren, skulle faren ha fyrsteretten til å kjøpa att bruket til same pris som sonen hadde betalt. Jon f. 1736 d. 1805 vart g. 1760 m. Anna Nilsdtr. Leiro, f. 1738 d. 1810.

Born:

Brita f. 1761 g. 1788 m. Johannes Larsson Lavik, sjå Lavik bnr. 2.
Marie f. 1765 g. 1793 m. Hans Jakobson Mo.
Jon f. 1767.
Marta f. 1768 d. 1775.
Anders f. 1770. Brukar her.
Knut f. og d. 1772.
Nils f. 1773. Brukar på Kalland bnr. 3.
Marta f. 1775 g. 1799 m. Jon Olson Kallestad.
Brita f. 1778 d. 1779.
Brita f. 1781 g. 1811 m. Olav Sjursson Straume.


1792 skøyte til Anders Jonsson for 60 rdl. og kår. Anders Jonsson var f. 1770 d. 1840 g. 1. g.m. Ågota Olsdtr. Lavik f. om lag 1775 d. 1806. I skiftet etter Ågota var jordegodset verdsett til 100 rdl. Bruttoen i buet var 274 rdl. 5 ort 8 sk.,, og nettoen 238 rdl. 3 ort 4 sk. Arven vart skift mellom enkjemannen og dei attlevande borna som var:

Jon f. 1797.
Anna f. 1801 g.m. Ivar K. Vik, sjå Mellesdal bnr. 2.
Inger f. 1803 g.m. Olav Knutsson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 7
Marie f. 1805 g.m. Olav J. Toskheller. Sjå plasset Toskheller under Gammersvik.

Anders g. 2. g. 1807 m. Inga Olsdtr. Lavik f. 1774 d. 1843.

Born:

Knut f. og d. 1808.
Olav f. 1810. Brukar her.
Ågota f. 1811. Sjå nedanfor under plasset Myregardsbakken.
Brita f. 1813.
Knut f. 1815. Busett her 1850.
Nils f. 1817. Sjå husfolk.
Hans f. 1819. Busett i Nordland 1852.
Marta f. 1821 d. 1822.
Marta f. 1823 g.m. Olav Nilsson Farestveit.

Ved skiftet 1807 vart halve bruket utlagt til enkjemannen og resten skift mellom sonen Jon og dei 3 døtrene.


1826 fekk Anders skøyte på heile garden att, medrekna det han sjølv åtte, for 50 spd. Same året vart tinglyst vilkårsbrev til sonen Jon på eit årleg kr av bruket.


1833 skøyte til Olav Andersson på halve bruket for 80 spd. og kår til foreldra. 1839 fekk Olav skøyte på hi helvta for 50 spd. Denne gongen vart det og tinglyst kkbrev til foreldra. Olav var g. 1834 m. Brita Magnesdtr. Hesjedal bnr. 3 f. 1811 d. 1882.

Born:

Anders f. 1835 d. 1842.
Kari f. 1836 g.m. Olav G. Helland, sjå Dalseid bnr. 3.
Magne f. 1837. Brukar her.
Inga f. 1839 g.m. Ingebrigt M. Eikefet.
Anna f. 1841 g.m. Olav J. Hylland, Gudvangen.
Brita f. 1845 g.m. Magne M. Kallestad. Paktar her. Sjå bnr. 5.
Anders f. 1846. Brukar i Hesjedal, Stamnes bnr. 1.
Marta f. 1848.
Brita f. 1853. D. ug. 1901.


1871 skøyte til Magne Olsson for 200 spd. og kår til foreldra. Magne f. 1837 d. ug. 1922, selde Oppeluten 1893, men kjøpte han att 1895 og sat med luten til 1913.


1893 auksjonsskøyte etter friviljug auksjon til Gudmund Larsson Eide og kona Inga Olsdtr. for kr. 5000,- og kår. 1895 gav Gudmund skøyte att til Magne Olsson, men 1913 fekk Gudmund kjøpa Oppeluten att for kr. 4.200 og kr til seljaren. Same året vart bnr. 12 skilt ifrå, og i dei fylgjande åra bruk 13-16.


1917 skøyte til Johannes Einarson Myster og kona Karoline Aksjeldtr. på bnr. 1 og 2 for kr. 11.500,-. Dei tok garden att på odel. Det var Karoline som hadde odelsrett. Karoline f. 1888 d. 1956 var dotter åt Aksjel Haugen frå plasset Hesjedalshaugen, og kona Anna f. Helland. Anna var dotter åt Kari Olsdtr. Myster f. på dette bruk 1836 g.m. Olav J. Helland, sjå Dalseid bnr. 3. Johannes f. 1885 er fødd og oppvaksen ”under Reinane”, eit plass under Borteluten på Myster. Sjå nedanfor. Johannes, som var maskinfabrikant, fekk fyrst kjøpa parsellen Fritun bnr. 16 i 1916.

Born.:

Klara f. 1913 d. 1997, g.m. Magnus Eikemo, sjå Eikemo bnr. 1.
Aslaug f. 1915 d. 1956, g.m. møbelsnikkar Arne Straume, Eidslandet.
Anna f. 1917 d. 2011, g.m. gardbr. Magne Vetlejord, sjå Vetlejord bnr. 2.
Ester f. 1918 d. 2004, g.m. gardbr. Nils Høvik, sjå Høvik bnr. 1.
Askild f. 1921 d. 2003, snikkar, busett på Myster, g.m. Ingrid Ivarsdtr. Mo.
Magnus f. 1925 d. 2008, snikkar, busett på Myster, g.m. Inga Knutsdtr. Fjellanger.
Arnljot f. 1929 d. 2011, sjåfør, busett Ulvik, g.m. Judith Magnusdtr. Eide.


BRUK 3, BORTELUTEN

Gamalt løpenr. 26. Nytt løpenr. 1853: 578. Gamal landskyld 1 pund smør, 8 kanner malt. Etter 1747: 23 1/2 mark smør, 7 11/15 kanner malt. Skatteskyld før 1747: 13 merker smør. 1747 til 1838: 29 merker smør. 1838: 1 dalar 3 ort 13 sk. Revidert til 2 dalar 3 ort 18 sk. 1886: 4,05 skm. 1906: 3,81 skm. 1956: 2,74 skm. 1863 var her 8 4/5 mil åker. 4 mål var god åker, 3 mål var middels god og resten var ring. Bøen var på 43 1/2 mil. 7 2/3 måi var god bø, 4 mål middels, resten ring. 5-6 mål dyrkingsjord. Sånad 6,5 t. havre, 5 t. poteter. Avling 22 t. havre, 26 t. poteter. 999 våger høy, 154 våger halm. 110 våger høy i slåttene. Fødnad: 1 hest, 8 kyr, 4 ungfe, 45 småfe. Kan selja ved for 5 spd. netto årleg. Beit, skav og lyng for 1 spd. (?). 1856 fødnad: 1 hest, 13 storfe, 31 sauer, 12 geiter, 1 svin. Sånad 6 t. havre, 6 t. poteter. 1657 fødnad: 1 hest, 4 kyr, 1 ungfe, 6 geiter, 9 sauer. 1959 hadde bruket 69,9 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 1 ku, 1 ungfe, 36 sauer.


Den fyrste brukaren som ein med nokolunde visse kan seia sat på dette bruket, var Eirik Knutsson f. 1609. Far hans, Knut, var også brukar her. Eirik og kona var brukarfolk, i alle fall frå 1645-1666, men sistnemnde år hadde dei overlete halve bruket til sonen Nils.

Born:

Brita f. 1632 d. 1708 ug.
Endre f. 1635. Husmann i Storneset, sjå nedanfor.
Nils f. 1638. Brukar her.
Knut f. 1647. Flytte frå bygda 18 år gamal.
Kari f. 1649 d. 1733 ug.
Johannes f. 1652. Brukar Kvamme (?).


1666 var Nils Eiriksson brukar. Frå fyrst av hadde han berre halve bruket, men seinare bygsla han truleg heile. Nils f. 1638 d. 1709. Kona, som ein ikkje kjenner namnet på, døydde 1706.

Born:

Eirik f. 1669. Brukar her.
Anna g. 1711 m. Anders Jonsson på bnr. 1-2.


1694 bygsla Eirik Nilsson halve bruket. Bygslesetelen, som var tinglyst dette året, var datert 1693 og lydde på 1/2 pund smør, 15 sk. leige. Dette var berre halve bruket, og Eirik og faren har truleg site med kvar si helvt nokre år. Dei er båe nemnde som brukarar 1701. Eirik f. 1669 d. 1741 vart g. 1697 m. Dordi Johannesdtr. Leiro.

Born:

Olav f. 1699. Brukar her.
Synneva f. og d. 1702.
Synneva f. 1703 d. 1706.
Johannes f. og d. 1706.
Johannes f. 1707.


1737 bygsla Olav Eiriksson heile bruket, og 1741 fekk han skøyte for 26 rdl. 4 sk. Olav f. 1699 d. 1763 vart g. 1. g. 1729 m. Anna Johannesdtr. Indre Arne, d. 1741 31. år gamal.

Born:

Nils f. 1729. Brukar på Eikemo, seinare brukar her.
Johannes f. og d. 1730.
Johannes f. 1731.
Brita f. 1733.
Kari f. 1734 g. 1769 m. Jens Olson Antun, Gjerstad.
Brita f. 1736 d. 1752.
Jens f. og d. 1738.
Siri f. 1739 d. 1740.
Synneva f. 1741 g.m. Nils T. Sæterdal, sjå Sedalen bnr. 1-3.

Olav g. 2. g. m. Kari Johannesdtr. Kallestad f. 1717. Ho gifte seg 2. g. 1763 m. Jon Andersson Mostraum, f. på Myster. Dei busette seg på Eikemo, bnr. 1.

Born:

Anna f. 1742 g.m. Nils J. Fylingslid, sjå Fylingslid brukarar.
Eirik f. og d. 1744.
Knut f. 1745. Busett på Høvik, Mo sokn.
Dordi f. 1747.
Marta f. 1748 d. 1762.
Johannes f. 1750.
Marie f. 1751 d. 1768 på Eikemo.
Marta f. 1754 d. 1756.
Brita f. og d. 1754.
Marta f. 1758.
Brita f. og d. 1760.
Synneva f. 1761.

1763 vart det halde skifte etter Olav, og jordegodset vart verdsett til 50 rdl. Enkja Kari fekk utlagt halve garden, og resten vart skift mellom sønene Nils og Knut, som kvar fekk 2 6/9 merker smør og 8/9 kanner malt, verdsett for 5 rdl. 3 ort 5 sk., og døtrene Kari, Anna, Marie, Marta og Synneva, som kvar fekk 1 13/45 merker smør og 58/135 kanner malt, for 2 rdl. 4 ort 10 2/3 sk.


1763 skøyte til Nils Olsson frå mora Kari ved hennar laugverje, Johannes Hesjedal og systrene Kari, Anna, Marie, Marta og Synneva ved deira formyndarar Mikkjel Johannesson Vevle, Mons Askjelson Hesjedal, Hans Matiasson Brørvik, Mons Knutsson Øyo og Magne Andersson Myster, på deira partar i garden. Parten åt broren Knut hadde Nils kjøpt tidlegare, slik at han no åtte heile Borteluten. Nils f. 1729 d. 1797 var g. 1756 m. Siri ell. Sigrid Johannesdtr. Eikemo f. 1739 d. 1801. Ho var jordegjente, og dei bygsla fyrst og fekk sidan skøyte på hennar farsgard, som dei selde da dei flytte hit. Av borna døydde 6 før dei var 2 år gamle.

Dei andre borna var:

Eirik f. 1757. Brukar her.
Brita f. 1758.
Synneva f. 1760.
Johannes f. 1763.
Olav f. 1764. Sjå husfolk.
Anna f. 1765 d. 1796 ug.
Synneva f. 1769.
Jakob f. 1772.

.Johannes f. 1777.

Johannes f. 1783. Busett i Fossdalen, plass under Fossmark.


1782 skøyte til Eirik Nilsson for 49 rdl. Eirik f. 1757 d. 1829 vart g. 1. g. 1784 m. Helga Johannesdtr. Hesjedal bnr. 1 1. 1755 d. 1785. Ved skifte etter Helga var jordegodset einaste aktiva i buet. Enkjemannen opplyste at han skulda heile kjøpesumen, 49 rdl., til faren, og der var attåt noko meir gjeld, i alt 53 rdl. 1 ort 14 sk. Jordegodset vart utlagt til Nils Olsson for gjeld. Eirik g. 2. g. 1788 m. Kari Monsdtr. Øyo f. 1758.

Born:

Helga f. 1795 d. 1796.
Jakob f. 1800. Brukar her.
Brita f. 1804 d. 1807.


1821 skøyte til Jakob Eiriksson for 96 sølv spd. og kr til foreldra. Jakob f. 1800 d. 1885 var g. 1. g. 1821 m. Kari Hansdtr. Dalseid bnr. 2 f. 1790 d. 1864.

Born:

Ingeborg f. 1821 g.m. Knut J. Simenes. Sjå husfolk.
Kari f. 1822 g. og busett på Høvik i Eksingedalen.
Brita f. og d. 1825.
Eirik f. 1826. Brukar her.
Helga f. 1828.
Hans f. 1831 d. 1834.
Nils f. og d. 1834.

Jakob g. seg 2. g. 1866 m. Dortea Jonsdtr. Dalseid bnr. 3 f. 1828 d. 1887.

Dei fekk desse born:

Jon f. 1866 g.m. Anna Olsdtr. Stamnesleiro. Busett der.
Kari f. 1867. Sjå Elvik, husfolk, g.m. Magne Johanneson, Salhus.
Ingeborg f. 1871 g.m. Nils Nilsson Øyo bnr. 2, b. Løno, Voss.


1832 vart det tinglyst eit bygselbrev til Jon Hansson Dalseid på halve dette bruket, men bygselbrevet vart avlyst alt 1835. Jon Hansson fekk i staden bygsla eit plass 1834. Han var bror til Kari, fyrste kona åt Jakob Eiriksson. Sjå nedanfar plasset Nordebø ell. ”under Reinane”.


1846 skøyte til Eirik Jakobsson for 96 spd. og kr til foreldra. Eirik f. 1826 d. ved vådeskot 1856 vart g. 1846 m. Gjertrud Ivarsdtr. Eide bnr. 3 f. 1825 d. 1915.

Born:

Jakob f. 1848. Brukar her.
Ivar f. 1851. Busett i U.S.A.
Nils f. 1854. Busett på Stamnes bnr. 8.
Kari f. 1856 g.m. Velom Johannesson Toskedal, sjå Toskedal bnr. 3.

Gjertrud g. 2. g. 1858 m. Johannes Knutsson Mo f. 1831 d. 1876. Dei dreiv bruket til neste brukar kunne overta det.

Born:

Eirik f. 1859. Busett i U.S.A.
Johannes f. 1861.
Martinus f. 1865 g. 1894 m. Guri Knutsdtr. Hesjedal, busett i U.S.A.
Synneva f. 1869 g. 1. g. m. Haldor K. Simenes f. 1862 d. 1907.

Synneva vart g. 2. g. 1909 m. enkjemann, skomakar Johannes Bertilsson Øyo, Evanger.


1856 skifteskøyte til Jakob Eiriksson for takst 325 spd. 1869 vart det tinglyst kårbrev til Johannes Knutson og Gjertrud Ivarsdtr. Jakob f. 1848 d. ved ulukke 1897. Han hadde vore på Hesjedalssaga etter material og rodde opp elva da båten kantra. Dei fann han morgonen etter. Jakob var g. 1869 m. Anna Johannesdtr. Kallestad bnr. 2 f. 1849. Han var roteforstandar 1880.

Born:

Eirik f. 1870, brukar her.
Johannes f. 1872. Sjå bnr. 9.
Gjertrud f. 1874. Sjå bnr. 8.
Brita f. 1877 d. før 1898.
Inga f. 1879 g. 1900 m. Johannes Olson Strømme.
Marta f. 1883 d. 1889.
Johannes f. 1885 d. 1889.
Magne f. 1887. Sjå Eide bnr. 12.
Brita f. 1888 d. 1889.
Birgitte Marie g. 1917 m. telegrafbod Knut E. Bolstad. Busett Bergen.


1898 skøyte til Eirik Jakobsson for kr. 2200,- og kr til mora. Eirik f. 1870 d. 1948 var g.m. Helga Monsdtr. Lillejord f. 1881.

Born:

Julius f. 1901. Emissær og småbrukar. Busett Frekhaug, g.m. Anna Kvale frå Rogaland.
Mons f. 1903 d. 1904.
Gjertrud f. 1905. Syerske. Busett Åsane.
Anna f. 1907 g.m. bilmekanikar Johannes Husdal, Åsane.
Mandius f. 1909. Sjå Eide bnr. 1.
Maria f. 1911 g.m. møbelsnikkar Jakob Ness. Sjå. bnr. 32.
Solveig f. 1913 g.m. skippar Lars Vik, Eikangervåg.
Erling f. 1917 d. 1941.
Harald f. 19**. Brukar her.
Ingvald f. 19**. Anl.arb. Busett Åsane.
Øystein f. 1924 d. 1939.


1941 skøyte til Harald Eiriksson for kr. 5000,- og kår til foreldra. Harald f. 1919 er g.m. Olga f. 1922, dotter til Gjert og Sofie Træland, Lindås.

Born:

Haldis Solveig f. 19**.
Erling f. 1944 d. 19**.
Jakob f. 19**.
Gunlaug f. 19**.
Trygve f. 19**.
Henrik f. 19**.


BRUK 4.

Daglegnamn: Nereluten eller Rinden. Gamalt løpenr. 27. Nytt 1853: 579. Gamal landskyld 1 pund smør, 8 kanner malt. Etter avtaksforretning 1747: 23 1/15 mark smør, 7 11/15 kanner malt. Skatteskyld 30 merker smør. Etter 1747: 29 merker smør. 1838: 1 dalar 3 ort 13 sk. 1886: 4,13 skm. 1956: 1,66 skm. I tillegg til dette kjem bnr. 23 og 30 som også høyrer inn under dette bruket. 1863 var her 10 3/10 mål åker. 4 mål var god åker, 4 1/2 mål middels, resten ring. Bøen var på 54 2/3 mål. 40 mål var ring bø, 7 mål middels, resten god. 5-6 mål dyrkingsjord. Sånad: 7 t. havre, 5 t. poteter. Avling 25 t. havre, 28 t. poteter. 1074 våger høy, 175 våger halm. 110 våger høy i slåttene. Fødnad: 1 hest, 9 kyr, 4 ungfe, 47 småfe. Beit, skav og lyng for 1 spd. Kan selja ved for 5 spd. årleg netto. 1865 fødnad: 1 hest, 12 storfe, 25 sauer, 10 geiter, 1 svin. Sånad: 6 t. havre, 6 t. poteter. 1875 fødnad: 1 hest, 8 kyr, 2 ungfe, 20 sauer, 12 geiter. Sånad: 7 t. havre, 7 1/2 t. poteter. 1956 var innmarka om lag 27 mål dyrka jord. Jordsmonnet er myrjord, sand- og grusjord. Fødnaden dette året var 4 kyr, 2 kviger, 6 sauer, 1 hest. Folketal: 4. 1959 hadde bruket 35,2 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 5 kyr, 1 ungfe.


1630 finn me fyrste gongen nemnd brukaren Rasmus Pederson. Han var f. om lag 1601, og kona heitte Anna. 1657 hadde dei ein fødnad på 1 hest, 7 kyr, 1 ungfe, 6 geiter, 9 saner. Rasmus var også brukar 1666.

Av borna kjenner me:

Jens f. 1646. Brukar her.
Sjur f. 1652.


1694 og 1701 er Jens Rasmusson f. 1646 d. 1708 nemnd som brukar (i manntalet 1701 er han kalla Jens Andersson). Enkja Karen sat med bruket 1711.

Born:

Rasmus f. 1689.
Anders f. 1690. Brukar her.
Brita g. 1705 m. Johannes Mikkjelson Indre-Boge.
Marie f. 1675 g.m. Nils M. Kallvik sjå Kallvik brukara.
Anna g. 1710 m. Haldor Ellingson Lavik, sjå Lavik bnr. 5.
Kari f. 1687 g.m. Jakob L. Leiro sjå Leiro brukarar.


Om lag 1714 bygsla Anders Jensson, f. 1690 d. 1763. 1741 fekk han skøyte på bruket for 26 rdl. 4 sk. Anders var g. 1. g. m. Siri Olsdtr. Eide bnr. 1 f. 1697 d. 1737. Ved skiftet etter mora ervde 5 søner kvar 4 rdl. 4 ort 8 sk. i lausøre.

Born:

Rasmus f. 1717. Sjå husfolk.
Jon f. 1719. Brukar på Eikemo.
Magne f. 1721 d. 1722.
Magne f. 1722. Brukar her.
Johannes f. og d. 1724.
Jon f. 1725 d. 1737.
Johannes f. og d. 1729.
Kari f. 1730 g.m. Mons A. Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 3.
Olav f. 1736.

Kari er ikkje nemnd i skiftet etter mora 1737 og kan kanskje difor vera dotter åt Anders Jonsson på bnr. 1-2.

Anders g. 2. g. m. enkje Marta Ingebrigtsdtr. Dale f. i Hesjedal, St. d. 1750. Dei fekk ei dotter:

Brita f. 1747. Anders vart g. 3. g. m. enkja Ragnhild Haldorsdtr. Eikemo f. 1712 d. 1788.


1747 skøyte til Magne Andersson for 26 rdl. 4 sk. Magne f. 1722 d. 1802 vart g. 1745 m. Marie Knutsdtr. Dale d. 1801. Mor åt Marie hadde nokre år tidlegare vorte g.m. far åt Magne, og eldste systra hennar vart g.m. bror hans. 1747 vart det opplyst at avling og fødnad på bruket var som på bnr. 1-2.

Born:

Siri f. 1745 d. 1833 ug.
Brita f. 1747 g.m. Mons A. Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 3.
Knut f. 1750. Brukar her.
Anders f. 1753 d. 1758.
Anna f. 1761 d. 1762.
Anna f. 1765.


1775 skøyte til Knut Magnesson for 40 rdl. og kår. Knut f. 1750 d. 1831 var g. 1. g. 1771 m. Anna Larsdtr. Sæterdal f. om lag 1744 d. 1780.

Born:

Marie f. 1772 g.m. Johannes K. Simenes, sjå sjå Simenes.
Brita f. 1774 d. 1775.
Brita f. 1777 g. 1799 m. Nils K. Mellesdal, Revheim.
Anders f. og d. 1779.
Anders f. 1780. Brukar her.

Ved skiftet etter Anna vart halve bruket utlagt til Magne Andersson for skuld, 1/3 vart utlagt til enkjemannen og resten til sonen Anders. Knut g. 2. g. m. Synneva Nilsdtr. f. 1753 d. 1837.

Born:

Nils f. 1782 d. 1802. Hadde ein son, Ole f. 1798. Mora var Marie Johannesdtr. Kvåstad.
Magne f. 1783.
Anna f. 1784 d. 1785.
Marta f. 1786 g. 1804 m. Jon I. Eide f. 1777, sjå Eide bnr. 3. Dei var busett i Fana.
Johannes f. 1788 d. 1789.
Anna f. 1790. Busett på Ask.
Ragnhild f. 1792 g. 1816 m. Jakob Johannesson Leiro. Busett Solheim i Hosanger.
Johannes f. 1795 d. 1802.


1802 skøyte til Anders Knutsson, som hadde fått utlagt 1/6 av bruket i skiftet 1781. 1805 vart det tinglyst kårbrev til faren og stykmora. Anders f. 1780 d. 1844 var g. 1803 m. Ingeborg Hansdtr. Brørvik f. 1769 d. 1844. Dei var barnlause. 1832 bygsla dei halve bruket bort til Nils Johannesson (sjå nedanfor). Denne bygsla vart avlyst 1854. Anders og Ingeborg var sers velståande. Ved skifte etter dei var nettosummen i buet 445 spd. 4 ort. Buet hadde ei inngjeld på 259 spd.


1832 bygsla Nils Johannesson Simenes halve dette bruket, og 1836 fekk han bygsla resten. Den fyrste bygselsetelen avlyst 1854, den siste 1851. Nils f. 1803 d. 1851 var g. 1828 m. Kari Knutsdtr. Lillejord f. 1806 d. 1854. Dei budde fyrst på Simenes.

Born:

Marie f. 1828 g.m. Olav E. Dale, sjå Dale bnr. 8.
Johannes.
Marie f. 1834 g.m. Knut J. Leiro.
Ingeborg f. 1837 g. 1860 m. Tolleiv Knutsson Ulshagen, Arne Fabrikker.
Brita f. 1841 g.m. Johannes J. Eide. Sjå plasset Fagerbø ell. Brotet under Eide.
Knut f. 1843. Busett i Hesjedal, Stamnes bnr. 2.

Anders f. 1846. Knut f. 1850 d. 1856.


1843 skøyte til Mons Magneson Simenes for 350 spd. Mons var frå Hesjedal, St. og g.m. jordegjenta Marie Knutsdtr. Simenes f. 1827. Ho var sonedotter åt Marie Knutsdtr. Myster frå dette bruket. Mons d. 1846, og ved skifte vart bruket utlagt for taksten 325 spd. til enkja Marie Knutsdtr. Ho vart g. 2. g. m. Mons Nilsson Kalland. Dei budde fyrst på Simenes, men 1856 bygsla dei bort den garden og flytte hit. 1851 gav dei kår til Kari Knutsdtr., enkja etter Nils Johannesson. Mons var med i Haus formannskap og skreiv 1856 under kjøpekontrakta for Stamnes kyrkje.

Mons Nilsson d. 1864 og ved skiftet etter han vart bruket taksert for 750 spd. og utlagt til enkja Marie.

Marie g. 3. g. 1865 m. Anders Hansson Brørvik f. 1836 d. 1872. Anders var smed. 1866 sette Anders og Marie opp gjensidig testamente, og 1869 vart det gjort eit tillegg til testamentet om at Anders skulle ha kår av dette bruket.

Maria vart g. 4. g. 1874 m. Lars Knutsson Langedal frå Mo i Hosanger f. 1839 d. 1927. Lars vart kalla glasmakar då dei gifte seg, men i folketeljinga året etter vart han kalla gardbrukar og smed. 1900 vart det sett opp testamente mellom Marie og Lars, der den lengstlevande fekk arveretten til heile buet.

Lars g. 2. g. 1907 m. Ingeborg f. 1871, dotter åt Gudmund Larsson Eide (bnr. 3) og kona Inga Olsdtr. f. Myster (sjå Myster bnr. 1-2). Ho var g. 1. g. m. Ingebrigt M. Eikefet (sjå Eikefet).


1900 skøyte til Johannes Johannesson Myster for kr. 7500,- og kår. Johannes var f. på bnr. 3 1861, g. 1885 m. Kari Knutsdtr. Hesjedal bnr. 2 f. 1864. 1889 hadde dei fått kjøpa ein del av dette bruket, Mysterøyra, bnr. 6, skyld 1 mark og 3 øre. Johannes dreiv garden godt opp. Han dreiv med snikkar- og målararbeid ved sida av gardsbruket. Nede på øyra bygde han kraftverk og snikkarverkstad og flytte også husa sine ned der. Etter utskiftinga fekk han det meste av bruket nede på øyra. Han dyrka ny jord og bygde nye hus. Snikkarverkstaden på øyra låg ulagleg til for båtferdsla, og verkstaden vart sidan flytt til Eidsøyra. Sjå Eide bnr. 9. Johannes gjorde opptaket til at det vart bygt bru over Storelva 1908. Han var ein føregangsmann både i gardsdrifta og elles. Han var den fyrste her i bygda som bygde fjøs med gjødselkjellar. Kona Kari hadde odelsrett til dette bruket. Ho var sonedotter åt Nils J. Simenes som bygsla her frå 1832. Hans mor Marie var fødd på dette bruket 1772.


1929 tinglese skøyte datert 1927 til Reinert J. Leiro for kr. 14.500,- med lausøyre. Med i salet fylgde fjøs og låvebygning, håhus, naust og 1/3 i kvernhuset med kvern. Br. 23 vart selt samstundes til den same. Han busette seg seinare på Voss, der han dreiv garden Gjerde bnr. 4. (Sjå Leiro bnr. 1.)


1931 skøyte til Johannes J. Myster på bnr. 4 og 23 for kr. 20.500,-. Med i salet fylgde gardsreidskap som ved salet 1927 og 1/3 i kvern.


1932 skøyte til Johannes Neset på dette bruket og bnr. 23 for kr. 9000,-. Johannes f. 1889 er son åt gardbrukar Johannes Neset og kona Brita. Kona Kari er dotter åt Jakob Mo, Modalen, frå Meland i Evanger og kona Guri f. Høvik.

Born:

Bergljot f. 19** g.m. handelsstyrar Johannes Nesse, busett Myster, bnr. 36.
Jakob f. 19**, brukar her.
Johan f. 19**, ekspeditør, Voss, g.m. Jorunn Opedal frå Lofthus, Hardanger.
Gunnar f. 19**, anl.arb. Veggli, Numedal, g.m. Kjersti Holtan.
Dagny f. 1930 d. 1932.


1956 skøyte til Jakob Neset på dette bnr. og bnr. 23 og 30 for kr. 5000,- og kr til seljaren. Jakob er medlem av heradstyret frå 1956. Han er g.m. Klara f. 1918, dotter åt snikkar Andreas Nesse, sjå Myster bnr. 18 og 26.

Born:

Johan f. 19**.


BRUK 5, TUNET.

Skm. 0,02, skilt frå bnr. 1-2 1896-97.

Magne Magnesson fekk gåvebrev på eigedomen frå verbror sin Magne Olsson bnr. 1-2, 1897. Magne Magnesson Kallestad bnr. 2 f. 1840 g.m. Brita Olsdtr. Myster bnr. 1-2 f. 1845 d. 1883 budde fyrst på Kallestad som innerstefolk. Sidan kom dei til Myster, og her var dei dels innerstefolk på bnr. 1-2, delvis paktarfolk. I kyrkjeboka 1872 er Magne kalla ”forpagter”.

Born:

Anna f. 1866 g.m. Rasmus A. Eikemo, brukar på Eikemo.
Magne f. 1869, emigrerte til USA.
Brita f. ca. 1870 g.m. Bernt Berntsen frå Bergen, sjå nedanfor.
Ole f. og d. 1872.
Oline f. 1872 g.m. Andreas J. Flatekvål, sjå Flatekvål 2-3.
Nils f. og d. 1876.
Anders f. 1877 d. 1945 g.m. Oline Jakobsdtr. Flatekvål, sjå Stamnes bnr. 41.
Nils f. 1879, emigrerte til U.S.A.
Johannes f. 1882 d. 1896.


Arbeidar Bernt Berntsen og Brita Magnesdtr. var busette m.a. i Mellesdal, seinare budde dei på Myster. Såleis er Myster nemnd som bustad 1897. Dei budde då truleg på dette bruket.

Born:

Bernhard f. 1893.
Magnus f. 1894, sjå nedanfor.
Johannes f. og d. 1897.
Edvard Johannes f. 1899 d. 1900.
Borghild g.m. Einar Henriksen, busett New York, U.S.A.


1920 skøyte til Magnus Berntsson for kr. 4500,- og kr til seljaren Magne Magnesson. Magnus B. Myster f. 1894 d. 1965 var møbelsnikkar, g.m. Ingebjørg f. Tyssen.

Born:

Bodhild f. 19**, gift, busett Vadheim.
Reidun f. 19**, sjukesyster, busett Bergen. Ugift.
Dagny f. 19**, gift, busett Velure, Hardanger.
Einar f. 19**, heradsskogmeister, busett Kvam, Hardanger.

Magnus B. Myster vart medlem av fabrikktilsynet i 1945.


BRUK 6, MYSTERØYRA.

Skm. 1,02, skilt frå bnr. 4 1898. Br. 6 hadde, då det var utskilt, 4 teigar: Mysterøyra, Ore del av ein holme i Storelva, Urabrotteigen på austsida av Storelva i utmark og Midtrinden ved Fosseelva. Det fråskilde stykket var 1/4 av bnr. 4. Seinare vart det også skilt noko i frå av bnr. 6, slik at skylda minka til 0,63 skm. ved neste skøyte. I 1959 hadde bruket 28 mil innmark.


1898 skøyte til Johannes J. Myster og kona Kari Knutsdtr. for kr. 1.000. Dei fekk år 1900 skøyte på bnr. 4.


1940 skøyte til Maria Wiik på dette bnr. og bnr. 28 for kr. 4000,-. Hus og gardsreidskap fylgde med i salet. Kår til seljaren verdsett for 5 år til kr. 800,-. Maria skulle ha eigedomen som si sereige. Kari var moster hennar.

Foreldra hennar var snikkar og maskinarbeidar Johannes Andersson Straume bnr. 4 f. 1875 og kona Marie Knutsdtr. Hesjedal bnr. 2 f. 1877.

Born:

Gunhild f. 1901.
Anders f. 1904 d. 1908 ved ulukke.
Marie Olava f. 1904. Sjå nedanfor.
Astrid f. 1910.

Marie Olava f. 1904 er g.m. fiskebåtreiar Johannes Wiik f. 1901, son åt Håvard Ivarson Wiik, Lindås.

Born:

Jorunn Karin f. 1938.


BRUK 7

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 4 år 1900. Lars Knutsson Myster heldt att denne eigedomen då han skøytte frå seg hovudbruket same år.

Lars som var g. 1. g. m. enkja Marie Knutsdtr. Myster, var g. 2. g. 1907 m. Ingeborg Gudmundsdtr. Eide bnr. 3. Lars d. 1927.


1950 skøyte til Halfdan O. Eikefet og Kaia Eikefet for kr. 2400,-. Sjå Eide bnr. 21.


1956 skøyte til Johannes E. Myster og kona Karoline for kr. 3000,-. Johannes var tidlegare brukar på bnr. 1 og 2.


BRUK 8, TEINLEET.

Skyld 12 øre, skilt frå bnr. 1-4 og 6 1902. Skøyte til snikkar Johannes Andersson Nesse f. 1877 g. 1900 m. Gjertrud Jakobsdtr. Myster bnr. 3 f. 1874.

Born:

Alfred f. 1901.
Jakob f. 1902, snikkar, g. 1927 m. Elisabet Johanna Slethaug f. 1903 frå Breistein i Hamre. Ved giftarmålet b. Breistein.  :Kari f. 1904.
Anna f. 1907.
Olav f. 1910.
Gunnar f. 1911.
Margit f. 1913.
Johannes f. 19**.
Signe f. 19**.


1931 skøyte til Alfred J. Nesse og kona Magda. Kår til Johannes og Gjertrud Nesse tinglese same år. Dei nye eigarane bygsla bort dette bruket og bnr. 10 1935 til Lars A. Nesse for levetida mot leiga ein gong for alle kr. 3000,-. Alfred var busett på Breistein. Lars A. Nesse var ugift og dreiv stykket i si levetid.


1946 skøyte til Erling Nesse og kona Margit Nesse på dette bruk og bnr. 10 for kr. 2000,-. Margit Johannesdtr. f. 1913 er syster til Alfred Nesse. Erling og Margit er barnlause. Erling er sandbruksarbeidar. I 1959 hadde bruket 10,5 mål innmark. Fødnaden var 1 ku.


BRUK 9, MYSTERØYRA.

Skyld 20 øre, skilt frå bnr. 3.


1904. Skøyte til målar Johannes Jakobson f. på bnr. 3 1872, g.m. Anna Margrete Jakobsdtr.

Born:

Joakim f. 1901.
Hilmar f. 1903.
Bernhard f. 1906.
Alf f. 1909.
Johan f. 1914.
Arthur f. 1914.
Gerda f. 19**.


1942 skøyte til Joakim Jakobsen for kr. 5000,- og kår til Johannes Jakobson og kona Anna Jakobsdtr. Joakim er disponent ved Elvestrand trevarefabrikk. Han er g.m. Dortea f. Raknes.

Born:

Albert,
Håkon,
Tordis,
Anna.


1957 tinglyst kontrakt mellom eigarane av bnr. 9, 42, 43 og 21 om sams vassverk.


BRUK 10, TEINLEET.

Skyld 6 øre, skilt frå bnr. 1-4 og 6.

1906. Skøyte til snikkar Johannes A. Nesse, den same som hadde bnr. 8, sjå elles bnr. 8.


BRUK 11, SAGELVA.

Skyld 12 øre, skilt frå bnr. 1-4 og 6

1911 og selt til A/S Eidsfjord Møbelfabrikk same år for kr. 900,-. 1913 vart det tinglyst eit dokument der eigarane av bnr. 1-4 og 6 fråfall kravet om trekkbane mot at A/S Eidsfjord Møbelfabrikk svara ei årleg avgift på kr. 15,-. Dersom vassrettane i Vetleelva vart selde, skulle det utbetalast kr. 1500,-. Same år tinglyst eit dokument som vedkom same sak, og galdt eigarane av bnr. 1 og 2. A/S Eidsfjord Møbelfabrikk skulle svara i årleg avgift kr. 50,-, og dersom vassrettane vart selde, skulle det utbetalast kr. 3000,-.


BRUK 12, FAGERVOLL.

Skyld 36 øre, skilt frå bnr. 1 og 2 1913.

Truleg var det denne parsellen som vart selt same år til Ingvald Monsson Leiro. Skylda ser ut til frå først å ha vore 50 øre. Ingvald som var fødd på Eikefet 1894 emigrerte til U.S.A., der han vart farmar. Han sat med denne eigedomen ein del år, men selde så til Lars Gudmundson Eide bnr. 3. Skøyte tinglese. Heimelen har no Einar Eide bnr. 3.


BRUK 13, NORDHEIM.

Skyld 60 øre. Dette bruket er slått saman av bnr. 13 (skilt frå bnr. 1 og 2), bnr. 14 (skilt frå bnr. 3) og bnr. 15 (skilt frå bnr. 6). Alle skyldskifte er tinglesne 1914. Kravet om samanslåing tinglese 1930. Skøyte same år på bnr. 13 til Johannes Olsson Leiro. Johannes O. Leiro, som før hadde vore handelsstyrar på Eidslandet, seinare brukar i Leiro, busette seg her då han gav frå seg garden i Leiro. Bruket er samansett av dei teigane som dei 3 hovudbruka hadde på Myræ. På teigen åt Oppeluten hadde det ei tid vore husmannsplass. Johannes sette opp nye hus og tok til å dyrka opp teigane. 1959 hadde bruket 47,8 mål innmark, og fødnaden var 2 kyr, 4 ungfe, 5 sauer, 1 svin, 30 høns.


1931 skøyte til Johannes A. Nesse for kr. 4000,- og kr til Johannes og Helga Leiro. Johs. A. Nesse åtte før bnr. 8.


1956 skøyte til sonesonen Arnold Nordheim for kr. 1500,- og kr til Johannes A. Nesse. Arnold Nordheim er son til Olav J. Nesse f. 1910 (sjå bnr. 8), som var g.m. Ingebjørg L. Eide frå Hosanger. Arnold er ugift.


BRUK 16, FRITUN.

Skyld 6 øre, skilt frå bnr. 1 og 2 1916. Skøyte til Johannes E. Myster. Han fekk året etter skøyte på bnr. 1 og 2.


1937 skøyte på dette bruket til Augustin Neset for kr. 1200.-. Augustin er frå Neset i Eksingedal, son til Olav Neset og Anna f. Neset. Augustin var møbelsnikkar, g.m. Gjertrud Olsdtr. Eide. Far hennar var bror til Karoline Einarsdtr. f. 1876 (sjå Eide bnr. 3).

Born:

Olga.
Oddbjørn.
Eldbjørg.
Atle, anleggsarbeidar, busett på bruket. Ugift.


BRUK 17, EKSINGEDALSVASSDRAGET III.

Skyld 1,50 skm. skilt frå bnr. 1-4 1918. Skøyte til h.r.adv. Nicolai Wiig tinglese 1919. Seljarane tok unna fiskeretten og dessutan rett til 24 hk elektrisk kraft fram til garden. Vederlag for skade og ulempe skal avgjerast etter semje eller skjøn.


1926 skøyte til Bergenshalvøens komm. kraftselskap.


BRUK 18, SOLBAKKEN.

Skyld 2 øre, skilt frå bnr. 3 1920 og selt til snikkar Andreas Andersson Nesse frå Eksingedalen g.m. Inga Knutsdtr. f. i Mellesdalen 1889.


1930 fekk han skøyte på bnr. 26 og 27. I 1959 var her 12 mål innmark, og fødnaden var 6 sauer, 125 høns.

Born:

Klara f. 19** g.m. Jakob Neset, Myster, sjå Myster bnr. 4.
Åsmund f. 19**. Brukar her.
Marta f. 19**.


1950 skøyte på dette bruk og bnr. 26 og 27 til Åsmund Andreasson Nesse for kr. 2300,- og kr til Inga Nesse. Åsmund er ugift. Han arbeider som snikkar.


BRUK 19, SOLGLIMT

Skyld 2 øre, skilt frå bnr. 3 1920 og selt 1926 til Hilmar Jakobsen for kr. 500,- (sjå bnr. 9). Stykket ligg no til bnr. 9, som bror til Hilmar, Joakim, bur på. Hilmar er no busett i Øystese. Han driv møbelforretning. Hilmar er g.m. Fransiska.

Born:

Jan.
Sigrun.


BRUK 20, NORDBØ

Skyld 0,50 skm., skilt frå bnr. 4 1920, og selt 1921 til Johannes Nilsson Hagen. I 1959 hadde bruket 21,2 mål innmark, og fødnaden var 1 ku, 2 ungfe, 2 sauer. Johannes er f. på Stamnes bnr. 8 1890, g. 1918 m. Kari Olsdtr.

Born:

Ragnhild f. 19**.
Aslaug f. 19**.
Kirsten Jenny f. 19**.


BRUK 21, BRUVOLL.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3 1924 og selt til Eidsfjord Mållag for kr. 360,-. Namnet på laget er seinare endra til Eidsfjord Ungdomslag. 1957 vart det tinglese kontrakt mellom dette laget og eigarane av bnr. 9, 42 og 43 om kostnad og vedlikehald av sams vassverk. Eidsfjord ungdomslag har bygt ungdomshus på eigedomen.


BRUK 22, LID,

Skyld 29 øre, skilt frå bnr. 4 1926. Heimel har Johannes Johannesson Myster.


BRUK 23, RENN.

Skyld 2 øre, skilt frå bnr. 6 1926. 1932 skøyte på dette bruk og bnr. 4 til Johannes Neset for kr. 9000,-. 1956 skøyte til sonen Jakob Neset på dette bruk, bnr. 4 og 30 for kr. 5000,- og kr til Johannes Neset.


BRUK 24, BØTUN.

Skyld 3 øre, skilt frå bnr. 4 1930 og selt til Magnus B. Myster for kr. 1000,-. Han eig også bnr. 5.


BRUK 25, OPPHEIM.

Skyld 1,01 skm., skilt frå bnr. 1 og 2 1930 og selt til Jakob K. Ekse for kr. 5000,-. Jakob fekk skøyte same år. 1959 hadde bruket 35 mål innmark, og fødnaden var 1 hest, 1 ku, 2 ungfe, 5 sauer, 1 svin. Jakob K. Ekse g. 1917 m. Marta Askjeldtr. Trettenes, Dalseid bnr. 3, f. 1892. Hennar morforeldre var Olav G. Helland og k. Kari Myster bnr. 1 f. 1836.

Born:

Signe 1918-1947.
Knut f. 1920-1947.
Arvid f. 19** g.m. Anna Håriksdtr. Flatekvål bnr. 1, f. 19**.

Born:

Asbjørn f. 19** g.m. Liv Leifsdtr. Brekkhus.
Kjellaug f. 19** g.m. Lars Leifsson Brekkhus.
Marianne f. 19**.



BRUK 26, SOLBAKKEN.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3 1930 og bnr. 27, Solbakken, skyld 7 øre, skilt frå bnr. 12 1930, selt til Andreas A. Nesse, som frå før åtte bnr. 18.


1950 skøyte på desse bruk og bnr. 18 til Åsmund A. Nesse for kr. 2300,- og kår til Inga Nesse.


BRUK 28, RINDEN.

Skyld 24 øre, skilt frå bnr. 12 1931, og selt til Johannes Johannesson Myster.

1940 skøyte på dette bruk og bnr. 6 til Maria Wilk, for kr. 3200,-.


BRUK 29, RENN.

Skyld 3 øre, skilt frå bnr. 4 1932. Grunnboksheimel til bruket har Johannes J. Myster.


BRUK 30, RENN.

Skyld 6 øre, skilt frå bnr. 6 1932 og selt til Johannes Neset for kr. 1500,-. 1956 skøyte på dette bnr. og bnr. 4 og 23 til Jakob Neset for kr. 5000,- og kr til seljaren.


BRUK 31, FREDLY.

skyld 13 øre, skilt frå bnr. 12 1933, og selt til Gunnar Eikefet for kr. 750,-. Gunnar er møbelsnikkar f. på Eikefet 1913, busett på Breistein og disponent for Breistein møbelfabrikk. Bruket er ubygt og pakta bort til Åsmund Nesse (sjå bnr. 18).


BRUK 32, SANDVOLL.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3 1934. 1946 skøyte til møbelsnikkar Jakob Victor Ness. Jakob er g.m. Maria f. på Myster bnr. 3 1911.

Born:

Elin.
Liv.


BRUK 33, FRIBORG.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1-3 1935. 1937 skøyte til Magne J. Møster for kr. 100,-. Sjå Eide bnr. 12.


BRUK 34, FRIBORG.

skyld 10 øre, skilt frå bnr. 3 1935, og selt til Magne J. Møster for kr. 1300,-.


BRUK 35

Skyld 2 øre, skilt frå bnr. 25 1936, og selt til Sigmund Neset for kr. 500,-. Sigmund f. 1903 er bror til Augustin (bnr. 16) og Olav (bnr. 4) Neset. Han er møbelsnikkar, g.m. Karen f. Kleiveland.


BRUK 36, NORDMARK.

Skyld 40 øre, skilt frå bnr. 13 1942, og selt til Johannes Johannesson Nesse for kr. 1000,-. Stykket vert nytta av bnr. 13 som beite. Nesse er handelsstyrar på Samyrkelaget, Eidslandet. Johannes f. 1916 (sjå bnr. 8) er g.m. Bergljot Neset f. 1916 (sjå bnr. 4).

Born:

Åse.
Dagny.
Reidun.
Bjørg.


BRUK 37, LILLENES.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3 1943 og selt til Maria Wiik for kr. 200,-. Ho eig også bnr. 6 og 28.


BRUK 38, ELVESTRAND.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 4 og 25 1945, og selt til Arvid J. Ekse (sjå bnr. 25) i 1947 for kr. 500,-. Han hadde eigedomen til 1949, då han vart seld til Elvestrand Trevarefabrikk for kr. 500,-.


BRUK 39, SANDBINGEN.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 4 1949, og selt til Johannes J. Nesse i 1950 for kr. 300,-. Johannes f. Nesse (sjå bnr. 36) har bygt hus på denne eigedomen.


BRUK 40

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3 1950, og selt til Arthur Jakobsen for kr. 1500,-. Han har bygt hus på eigedomen. Arthur f. 1914 (sjå bnr. 9) arbeider no som handelsbetjent. Han er g.m. Magda f. Farestveit.

Born:

Jon Magne f. 1946.
Kari f. 1949.
Ingvild f. 1957.


BRUK 41, SANDLY.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3 1950, og selt 1951 til Olav 0. Neset for kr. 1575,-. Olav f. 1905 er frå Neset i Eksingedal, bror til Augustin Neset (sjå bnr. 16) og Sigmund Neset (sjå bnr. 35). Han er møbelsnikkar, og eig bnr. 1 på gnr. 38 Leiro. Olav er g.m. Agnes Olsdtr. f. Lavik f. 1903.

Born:

Odd f. 19**, møbelsnikkar, ugift.


BRUK 42, LYNGTUN.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3 1953, og selt til Bernhard Jakobsen for kr. 1500,-. Han har bygt hus på eigedomen. Bernhard f. 1906 (sjå bnr. 9) er møbelsnikkar. Han er g.m. Johanna L. Eide frå Hosanger. Ho er syster til Ingebjørg Nesse (sjå bnr. 13).

Born:

Bjarne, bygningsteknikar, busett Bergen.
Steinar, f. 19**, bygningsmann, busett Eidsland, g.m. Magni Herdis Lilletvedt (sjå Kalland bnr. 10). 1 barn.
Anne Britt, busett Myster.


BRUK 43, ALVHEIM.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 28 1954, og selt til Ingolf og Alvhild Wiik for kr. 1500,-. 1957 vart det tinglyst kontrakt mellom eigarane av dette bruk og bnr. 9, 42 og 21 om kostnad og vedlikehald av sams vassverk. IngoIf er son til Ivar Wiik, som er bror til Johannes Wiik (sjå bnr. 6). Ingolf er møbelsnikkar, g.m. Alvhild f. Farestveit.

Born:

Arnstein.
Ottar.
Solgunn.


BRUK 44, EKSOBO.

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3 1958, og selt til M. A. Elvsås for kr. 3000,-. Elvsås har bygt fiskehytte på eigedomen.

HUSMANNSPLASS

STORNES.

Storneset ligg på sørsida av Eidsfjorden, tett ved grensa mot Hesjedal. Innanfor neset ligg Juvikjæ. Ovanfor er det ei stor urd som dei kalla Storajuvikuræ. Noko høgre oppi lia ligg Vommæ eller Vommaglyfso. Her syner det enno merke etter tufter. Fyrste gongen ein høyrer gjete at her budde folk var i manntalet 1666. Der str det: ”Stornæs Nylig optagen”. Mannen som hadde busett seg her heitte Endre Eirikson og var då 30 år gamal. I Brørvik, som ligg på hi sida av fjorden, har segna om han Endre halde seg heilt fram til vår tid. Dei kalla han Endre i Vommene og meinte at det var ein framandkar som hadde kome dit og slege seg til. Han hadde nausttuft i inste Juvikuræ og måtte gå på skrå tvers gjennom heile Storajuvikuræ når han skulle ned åt fjorden. Han var visst ikkje særleg godt lika av bygdefolket. Dei meinte at han stal beist, som han fanga med fotonglar. Segna seier at bygdefolket visst samla seg og jaga han derifrå til slutt.

I dei skriftlege kjeldene frå siste halvpart av 1600-talet og byrjinga av 1700-talet finst det noko meir opplysningar om Endre og huslyden hans. Det synest vera truleg at han ikkje var utabygding, men kom frå Myster bnr. 3. Kona, Brita Olsdtr. f. om lag 1643 d. 1715, var kanskje frå Eide.

Born:

Hans f. 1665.
Eirik f. 1684 d. ug. 1724.
Matias f. 1687 g. 1715 m. Gjertrud Askjelsdtr. Litland, husfolk på Gattland i Hosanger.
Ågota g. 1706 m. Mons Helgeson Bernes.
Kari g. 1726 m. Lars Haldorson Høvik, sjå Høvik bnr. 4.


I manntalet 1701 er Endre ikkje nemnd, men sonen Hans, 28 år gamal, er oppførd som leiglending, og broren Matias, 14 år gamal, som tenar. Eirik, som då var 18 år, tente på Kvamme. Matias fekk 1716 dom for at kona fekk barn med han 14 veker før dei var gifte.


I matrikkelen 1718 er Storneset ikkje nemnt, og truleg var plasset då nedlagt. Då Hans Endresen d. 1723 er han kalla ”ein gamal dreng”, og dette tyder på at han tente hjå andre dei siste åra han levde.


Frå bnr. 3 vart det skilt ut eit plass 1825, då brukaren gav festesetel på nokre slåtteteigar og markestykke kalla Rogneteigen, Tjørneteigen og Midtteigen. Han som fekk festesetel heitte Olav Andersson Kvåstad og var f. på plasset Kvåstadstølen 1797. Olav gifte seg 1826 m. Anna Larsdtr. Lavik.

Fekk ei dotter: Kari f. 1827.

1831 var dei flytte til Lavik, og 1832, då dei er nemnde i eit skifte i Sandvik, er dei kalla Tveit.


MYREGARDSBAKKEN.

Myregardsbakken var plass under bnr. 1. Det var oppteke kring 1830. Nils Knutson Farestveit fekk 1833 festesetel på plasset mot 4 arbeidsdagar årleg. Knut var g.m. Agota Andersdtr. Myster bnr. 1 f. 1811.

Born:

Knut f. og d. 1831.
Knut f. 1832.
Inga f. 1835.
Anders f. 1839.


NORDEBØ.

Nordebø heitte eit plass som var teke opp under bnr. 3 1834. Men til vanleg vart det kalla «under Reinane». Festesetelen som var utskriven 1834 var til Jon Hansson Dalseid bnr. 2 f. 1808 d. 1881. Jon hadde nokre år før fått bygsla halve bnr. 3. Av plasset skulle det svarast kår, 2 spd. og 4 arbeidsdagar årleg. Bygselsummen var 70 spd. 1863 var det på plasset 1 1/2 mål middels god åker, 10 4/5 mål middels god bø. Dei avla 4 t. korn, 8 t. poteter og i slåttene var det 40 våger høy. 1865 fødde dei 2 storfe, 6 sauer og 5 geiter. Sånaden var 1 t. havre og 2 t. poteter. 1875 var fødnaden 2 kyr, 1 ungfe, 13 sauer og 7 geiter. Sånaden var 1 1/2 t. havre og 2 t. poteter.

Jon var g.m. Marta Helgesdtr. Furnes bnr. 2 f. 1813 d. 1893.

Born:

Hans f. 1836. Fabr.arb. i Ytre-Arna, Haus.
Helga f. 1840 d. 1844.
Johannes f. 1842 d. 1843.
Helga f. 1844. Busett i U.S.A.
Einar f. 1847. Sjå nedanfor.
Ragnhild f. 1851 g.m. gardbr. Olav Øvre Fenno, sjå Vossaboki s. 544.
Johannes f. 1854 d. ug. 1882 v/drukningsulukke.
Ingeborg f. 1857 g.m. husmann Johannes Knutsson på Øvre Fenno, sjå Vossaboki s. 545.


Einar Jonsson f. på plasset under Reinane 1847 d. 1925 var skomakar. Han dreiv også litt som spelemann. 1899 fekk han bygsla plasset Munkebotsteigen ell. Munkabotnen under bnr. 4. Einar var g.m. Anna Davidsdtr. Hermundsdal d. 1915.

Born:

Johannes f. 1885. Sjå bnr. 1.
Anna Marie f. 1890 g.m. mylnearb. Ola Tyssebotnen, Hosanger.


STOREMYREN ell. MYRÆ.

Storemyren ell. Myræ, som det heist vart kalla, vart teke opp under bnr. 1 i 1840-ra. Olav Jakobsson Toskheller fekk festesetel på plasset 1844. Bygselsummen var 30 spd. og årleg svarelse 2 spd. 2 ort og 19 dagsverk. 1863 var her 1 1/3 mål god åker og 2/3 mål middels god. Av bøen var 15 mål ring, 2/3 må! middels god. Dei avla 3 t. korn, 5 t. poteter og fødde ei ku. 1865 fødde dei 2 kyr, 3 sauer og 3 geiter, og sånaden var 1 t. havre og 3 t. poteter. 1875 var fødnaden 2 kyr, 5 sauer, 4 geiter, og sånaden 1 t. havre og 1 t. poteter.

Olav var g.m. Marie Andersdtr. f. på bnr. 1 1805. Dei hadde butt på Mo, St., før dei kom hit.

Born:

Jon f. 1839.
Anna f. 1842.
Ågota f. 1844.

Olav og Marie flytte til Hesjedalsbotnen, Br., på sine eldre dagar. Sonen Jon fekk kjøpa bruk der. Då Jon d. ug. vart bruket selt, og systra Anna, som hadde stelt for han, flytte hit att til Myster, og budde på Oppeluten til ho døydde. Ågota d. ung.


HUSFOLK

Rasmus Andersson f. på bnr. 4 1717 vart g. 1740 m. Anna Knutsdtr. Dale f. 1719. Dei var ei stutt tid innerstfolk her, og fekk då sonen Anders f. 1740. Seinare busette dei seg på Nordås i Hosanger. Anders vart brukar på Eikemo.


Olav Nilsson f. 1764 på bnr. 3 var 1.g. 1794 m. Ragnhild Monsdtr. Øyo f. 1762 d. 1795. Dei hadde ei dotter Ragnhild f. 1795. Olav g. 2. g.1802 m. Anna Larsdtr. Fosse, Bergsdalen. Same år fekk han skøyte hjå hennar far på eit bruk i Fosse, og flytte dit. Olav selde bruket og flytte frå Fosse 1813. I 1817, då det vart skifte etter halvsystra, Anna Fylingslid, var Olav busett på Nore Ikeland i Alversund prestegjeld. Olav g.3.g. 1812 m. Herborg Larsdtr. 1769-1851, dotter til Lars Brynjulvson Mæland og Herborg Bergesdtr. Øvstedal, Evangerboka b. I. Sjå Fosse bnr. 2, Bergsdalen.


1865 var Hans Jonsson innerst her. Han var 29 år gamal, snikkar og ug.


Knut Johannesson Simenes f. 1810 d. 1858 vart g.m. Ingeborg Jakobsdtr. Myster bnr. 3 f. 1821. Dei budde fyrst i Simenes og sidan her.

Borna:

Marie f. 1843 d. 1844 og
Johannes f. 1845.

Seinare budde dei i Kleppestø og på Antun i Gjerstad. Ingeborg vart g. 2. g.m. Magne Monsson Halland.


Nils Andersson Myster bnr. 1 f. 1817 vart 1856 g.m. Marie Monsdtr. Vik, St., bnr. 1 f. 1822. Dei budde fyrst i Vik og kom seinare hit. Nils var da nemnd fabr.arbeidar.

Born:

Anders f. 1857.
Marta f. 1859 g.m. Jens Vold, Dale.


Ole Nilsson Tyssebotn og k. Marie Einarsdtr. budde her. Ole var mylnearb.

Born:

Einar f. 1929.

PAKTARFOLK

Nils Knutson og k. Gjertrud Olsdtr. var paktarfolk her, men ein veit ikkje kva for eit bruk dei pakta.

Born:

Gunhild f. 1876.
Knut f. 1879.
Ole f. 1881.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy