Nåmdal

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 16:53, 9 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Nåmdal.



Gnr. 82 Nåmdal


Innhaldsliste

Innleiing

Garden Nåmdal ligg 15 1/2 km oppe i Modalen, og 118 m yver havet. Dei næraste grannegardane er Øvre Helland, litt lenger nede i dalen, og Straume, på andre sida av vassdraget, 1/2 km lenger oppe. Tunet ligg på ei reina som er bygd opp av morene, og lendet skrånar bratt ned mot Avbåtsvatnet. Rett opp for garden står fjellet Stibma som ei verdig såta og kløyver dalen i to, hovuddalen som går lenger nordetter mot Straume og Steinsland, og Krossdalen som skjer mot aust og går til garden Krossen, eller Nygard som han no heiter. Stibma er eit sermerkt fjell. Og folk hev grunda på kva dette namnet kjem av. Truleg heng det saman med verbet «stebma» (demma opp, setja stenge) og det kan høva godt, for folket på Straume hev ofte sett seg leide på Stibma, avdi fjellet stengjer for morgonsoli fram til klokka 8.30, jamvel jonsoktider. Nåmdal får soli mykje tidlegare om morgonen, for Krossdalen opnar for himmelrømdi mot aust. I bygdemålet vert ordi stebma eller debma ofte brukte i tydingi: å setja stenge for noko.

Når folk på Nåmdal i eldre tid skulle nordetter, laut dei fara i båt yver Midvatnet og Storvatnet. Frå garden og ned til Øvre Helland gjekk bygdevegen i eldre tider yver Balane, omlag der hovudvegen no går.

Namnet på garden hev vore skrive på ymse måtar fram gjennom tidi. I 1563 var skriveformi Nummedall, og det same i 1590. Seinare hev det skifta millom Nummedall og Numedall med tyddel yver. Det skulle tyda dobbel m. So vart det Numedal og Nummedal i ymse skrifter fram til 1723. Seinare kom òg skriveformi Nomdal. Eldre folk nytta fyrr i tidi ofte taleformi Numdal. I bygdemålet heiter det no Nåmdal, og etter 1917 hev det vore skriveformi. Kva som hev ført til at garden hev fenge dette namnet, er uklårt. Det kan hanga saman med elvenamn eller elvelægje. 0. Rygh: Norske Gårdsnavn, s. 338, ser namnet Naumudalr i samanheng med elvenamn som Numedalslågen og Namsen-elvi.

Han set namnet i samband med det islandske adjektivet naumr, som tyder trong. Dette kan høva for Nåmdalselvi der ho bryt seg fram mot garden i eit trongt sløkje millom to knausar. 0. Rygh meiner elles at på større og breidare elvar og kan eit namn med denne tydingi høva for sume elvestykke, og han meiner at Nauma kan ha vore namn på heile Moelvi ein gong i tidi. Det kan vel kanskje og tenkjast at fyrste stavingi i gardsnamnet kan hanga saman med kald trekk frå dei islagde vatni i nærleiken av garden, og dalasnoen frå dei to dalføri som møtest her. Dei gamle brukte ofte ordet nåmen når dei fraus fælt. At namnet hev endeformi dal, er heilt naturleg, slik garden ligg til ved enden av to dalføre som møtest.

Grensa mot grannegarden Straume tek til vestanfor Balaneset, og fylgjer vassføringi yver Midvatnet og Storvatnet nord til Kvølven like ved Merkjeskrånæ.

Der går grensa opp lidi mot aust til fjellkammen, ho vender so mot nord og fylgjer fjellkammen til Seilæ og møter der grensa mot Steinsland. Sidan går ho i same leid til kote 1108 i Skolbotsskaret, går so mot aust til kote 1162 i Sygnaskaret og møter grensa mot Nygard. Derifrå går grensa i same leid til kotane 1241 og 1259, yver Storfjedlet til kote 1160, ned Fitjelidi til Steinavatnet, til Pyttesteinen, der det er ein kross, og so til Vannsteinen, der det og er ein kross. Derifrå og til kote 329 ved Hylkjestjødnæ vart grensa fastsett ved forlik millom brukarane på Nåmdal og Nygard, om skog, slåttor og beitemark. Forliket vart avgjort 20. januar 1797, og innført i «Forligelsesprotokollen» 3. desember 1807.

Jordsmonet på garden er for det meste morene. Nordanfor husi er det ei bratt reina av morene. Men nedunder denne er noko flatlende som truleg er gamal elvagrande. Elles er det blanding av svartjord og noko myr. Ovanfor husi er det mykje skorv med eit tunt jordlag oppå, og det høver ikkje so vel til dyrking.

Det gamle tunet låg oppå reina. Husi var bygde tett saman og låg om kvarandre, med merke millom grannane på kross og tvers.

Etter utskiftingskartet frå 1906 er det vanskeleg å finna fram til korleis grannane åtte dei minste bygningane. Husi som no stend att på det gamle tunet, er flor og løda og eit eldhus på bruk 1. I denne løda er årstalet 1611 skore inn på eit sprøyseband. Kring 1876 vart gamlestova på bruk 2 rivi ned og flytta lenger mot nord. Der vart då ei lang husrekkja med storstova, dør, kårstova, buskot og bu under same tak. I 1906 vart det teke offentleg utskifting yver det gamle tunet og noko av heimebøen, men ikkje all dyrka jord vart teki med i utskiftingi. Då vart det bygt nye bustadhus på det andre bruket og. Utanom den innfløkte teigblandingi kring det gamle tunet, var teigblandingi på heimebøen som vanleg i eldre tider. Kvart bruk hadde minst 10-11 teigar. Det meste av den dyrka jordi vart nytta til åker. Ved folketeljingi 1875 er oppgjeve at det vart avla 20 tunnor korn på kvart bruk. Det kunne då ikkje verta mykje att på heimebøen til enghøy. Noko vektmål på enghøy og markahøy er ikkje oppgjeve, men eldre folk meiner at dei fekk meir fôr frå smågrasteigane og av markaslåttone enn dei fekk heima. Dertil kom attåtfor som beit, mork og skav gjennom heile vinteren. Potetor vart det avla lite av fyrr 1900.

Garden hadde gode markaslåttor, både nordmed vatnet, innetter Krossdalen og på Fjedle, som dei sa. Både Slåttemark og skogteigar var skifte teig om teig, for det meste likt millom brukarane. Å nemna namn på alle desse teigane, vil føra for langt. Ein kan berre nemna at nordmed vatnet var utskift 12 skogteigar og 27 slåtteteigar. Dertil kjem skog- og slåtteteigar austanfor Stibma, der det er nemnt namn på 16 teigar på bruk 1 og 2, og då bruk 3 vart fråskilt, er det nemnt namn på 5 skogteigar og 18 hesjaslåttor som høyrde til det bruket.

Både på heimebøen og i markaslåttone var faste hesjar som stod ute heile året, og dei vart ettersedde kvar vår fyrr slåttonni tok til. I dei fleste markaslåttone var løor, og høyet vart teke heim om vinteren. Nord med vatnet var det noko farmslått, og derfrå førde dei graset heim til båtstødet i Midvatnet og hesja det i nausthesjane. På Fjedle var og noko slåttemark. Der stekte dei høyet og drog det heim i sloe om vinteren.

Men garden hadde ikkje berre gode markaslåttor, her var og gode beitemarker, og feal hev vel alltid vore hovudnæringi for brukarane. I heimehagen låg beitemarki millom bøgarden og Urdagarden. Om sumaren, når dei andre beisti var på stølen, vart heimehagen nytta til kalve- og heste-hage. Kyrne vart slepte i hagen fyrste veka i juni, og då beita dei ei stund i heimehagen, fyrr dei vart buførde til Vårstølen. Denne stølen ligg innanfor Urdagarden, omlag 3 km lenger inne i Krossdalen. Der var stølshus, og brukarane hadde kvar sitt mjølkesel, men stova var sameiga for båe bruki. Budeione gjekk heim kvar dag. Ysting og brimkoking bala dei ikkje med på Vårstølen.

I eldre tider bruka dei ein støl som låg sørvest for Steinavatnet. Han var kalla Fjellstølen, og der beita dei buskapen omlag tri vekor. So buførde dei til Nystølen, som ligg noko høgare, på nordvest-sida av Svartavatnet. På den gamle Fjellstølen hadde brukarane kvar sitt sel, men stova var sams. Heller ikkje der vart det drive med ysting og brim koking.

Budeione gjekk heim kvar tridje dag. Denne stølen vart nedlagd kring 1860, og stølshusi vart flytta der ifrå. Det vert fortalt at TodlaSiri (Siri Olsdtr. Otterstad, f. 1810), var den siste budeia som stia på denne stølen. På Nystølen hadde og brukarane kvar sitt mjølkesel og sams stova. Dit buførde dei kring 6. juli, og beitetidi var kring 7 vekor. Der var det vanleg stølsdrift med ysting og brimkoking, og budeione gjekk heim berre kvar laurdag. Nystølen ligg oppe i dalen millom Kvølven og Storfjellet, med beitemark i Kvitevassdalen, Kvabmane, Kyrabotn og Ukristna. Stølen låg soleis til at snaraste vegen heim, var ned den stupbratte lidi som er kalla Kvølven. Der kom dei ned til Storvatnet omlag 3 km nord for garden, og so vart dei henta med båt når dei skulle heim. Nystølen vart nedlagd kring 1950, og dermed vart det slutt på all stølsdrift. Kulturbeite kom i staden.

Til Nystølen høyrde tri bra fiskevatn, Steinavatnet, Svartavatnet og Kvitavatnet.

Skogen hev vore ei god attåthjelp for brukarane på Nåmdal. I gamal tid gav bjørkeskogen never til taktekkjing og bork til sal. Etter at bygdevegen kom fram, vart det og selt mykje famneved. Av annan lauvskog kan ein nemna raun, osp og litt eik. Lindeskog var der og noko, og av lindeborken laga dei bast-tog, so dei var vel hjelpne med byratog i eldre tid. Fureskog hev det vore svært lite av på denne garden, og det som fanst, var sams eiga. Almeskog voks det og på garden, og almeborken var i tronge tider føda både for folk og krøter.

Garden Nåmdal vart rekna for ein noko tungdriven gard, men brukarane hev vore svært drivande bønder, og fødnaden på garden hev vore av dei største i bygdi.


EIGARAR.

1590: Jordeboki hev Stigten som eigar med 1/2 L. smør.

1647: K. M. (Kongel. Maj.) eig og bygslar 1/2 L. smør. Garden er då krongods.

1663: Landkommisjonen syner at K. M. eig og bygslar, men Abel Munte eig 1 melle malt.

1665: Odelsmanntalet hev Abel Munte og Peder Lembs som eigarar til 1673.

1682: Lagmann Lilienschiold er eigar.

1691: Hans Lilienschiold eig 2 1/2 pd. smør.

1700: Vice-lagm. Lange eig 2 1/2 pd. smør.

1708: Assessor Wilh. Hansen er eigar fram til 1720.

1720: Assessor Möinichen er eigar til 1740.

1740: Jean van der Velde eig Nåmdal til 1756.

1756: Skøyte frå Jean van der Veides dødsbu til monsiur Jan Fröchen.

1764: Skøyte frå Jan Frøchen til Herman Jansen Frøchen.

1764: Ved skøyte av 30/11 1764 selde Herm. Jeansen Fröchen til Ole Knudsen Nummedal 18 mrk. smør og 6 k. malt for 57 rd., og til Ellef Simonsen Nummedal 18 mrk. smør og 6 k. malt for 57 rd.
Frå den tid hev brukarane på Nåmdal vore sjølv-eigarar.


Matriklar, skyld og utreidslor.

Gamalt matr.nr. for Nåmdal var 91. Då dei gjekk yver frå smørskyld til pengeskyld i 1838, fekk garden nr. 51, og dei 2 bruki var då førde med løpenr. 191 og 192. Frå 1868, då skyldi vart sett i mark og øre, er gardsnummeret 82.

1590/91 fører Jordeboki Nåmdal med 1/2 L. smør landskyld.

1624, i futereknesk. er skyldi 1/2 L. sm. og 1 mele malt, og med det stod ho so lenge det vart nytta smørskyld.

1838, då skyldi vart sett i pengar, fekk Nåmdal 2 dalar 6 ort 6 skilling, med 1 dr. 3 ort 3 skill. på kvart bruk. I mark og øre, frå 1868, vart det 4 mark 5 øre på kvart bruk, tils. 8,10 mark.

1644, i Jordeboki er «leding og frelse» 3 kalvekinn.

1723 i matrikkelen finn me desse oppgåvone: «Gml.matr. takst 2 pd. 12 mrk. sm. Forhøiet 12 mrk. Gml. Leilendingskatt 3 rd. 12 sk. Ny leil.sk.

3 rd. 72 sk. Odelssk. 60 sk. Leding 60 sk. Småtoll 60 sk. Årlig tiende 6 2/5 skj. havre, i penge 64 sk. Småtiende 7. 1/2 sk. - Elles heiter det: «Sæter 1/2 mil frå gården. Skog som Ø. Helland, litt næver at selge.
1 flomkvern. Mislig til korn som forrige (Ø. H.), og noget tungvunden».


Fødnad, sånad og avling.

1657. Kvegskatten: 2 bruk som tilsaman føder 1 hest, 1 ukse, 10 kyr, 2 kvigor, 9 geiter og 12 smalbeist.

1667. Matr.: Føder 24 naut og 2 hestar (småfe ikkje med). Sår 4 tunnor korn og avlar 10.

1723. Matr.: Føder 14 kyr, 4 ungnaut, 2 hestar, 24 smalbeist. Sår 4 tun. havre og avlar 8 tunnor.

1803. Jordavgiften: Båe bruki er «af samme beskaf.», og kvart føder «10 kreaturer og 14 får, sår 3 tønder havre og afler 10 td.».

1863. Jordbrugsbeskrivelsen: Oppgåvone for dei 2 bruki er so å segja heilt like, og tali for kvart bruk er soleis: Åker og dyrka eng: 8 1/2 mål, av det 3 mål godt 4 1/2 mål medels og 1 mål ringt. Naturl. eng: 32 1/2 mål, av det 8 1/2 godt, 12 medels og 12 ringt. Dei sår 5 1/2 tun. korn og 5 tun. potetor og avlar 21 t. korn og 24 t. potetor. So haustar dei 1210 våger enghøy og 7000 v. høy frå markaslåtten og 124 v. halm. På bnr. 2 sankar dei attåt 1 kufor «surogatfoder» beit og skav. Fødnaden er 15 kyr, 4 ungfe, 1 hest og 30 smalbeist. Av skogen får dei 7 kippor never til 15 spd. - Framlegg til skyldsetjing er 2 dr. 1 ort 22 sk. for kvart bruk.

På plasset i Hauane (Stølaplasset) sådde dei 1 1/2 tunna korn og 3 tun. potetor, og avlingi var 5 og 14 tunnor. Dei hausta 70 våger markahøy og fødde 4 kyr, 1 ungnaut og 8 smalbeist.

1875. I samband med folketeljing: Bruk 1 føder 16 kyr, 3 ungfe og 8 smalbeist. Bruk 2: 18 kyr, 5 ungfe og 42 smalbeist. Hauaplasset: 4 kyr, 3 ungfe og 11 smalbeist.


1959. Etter Norske Gardsbruk.

Bruk 1: Dyrka jord 25 da morene-, forvitrings- og mold-jord. Anna jordareal 40 da. Skogareal 120 da. Bustadhus bygde 1913, etter utskiftingi. Fjøs og lødebygning frå 1890. Fødnad: 1 hest, 5 kyr, 2 oksar, 6 ungdyr, 1 gris, 15 sauer.


Bruk 2: Dyrka jord 25 da morene-, forvitrings- og moldjord. Anna jordareal 55 da. Skogareal 200 da. Bustadhus bygde 1874, fjøs og løda 1912, sauehus 1872. Eldhus, smia, vedhus og naust. Føder 1 hest, 6 kyr, 3 oksar, 7 ungfe, 1 gris, 25 sauer.


Bruk 3: Dyrka jord 8 da moldjord. Anna jordareal 20 da. Skogareal 100 da. Bustadhus bygde i 1890. Fjøs og løda ombygde 1920. Fødnad: 1 hest, 4 kyr, 1 okse, 10 sauer.


BUSITJARAR.

Garden i eitt bruk.

A. Johannes Nummedall. Han er nemnd i «Skatteregnskab for Berenhus Lehn» i 1563, og betalar 1 dalar.


B. Jakob Nummedall er førd i Jordebok 1590/91 med 1/2 Laup smør. Han får oppattnya bygsel i 1597, og er førd i skattemanntal og rekneskapar fram til 1614/15.


C. Oluff Joensen får bygsel på 1/2 L. smør i 1614 og betalar 10 dalar. I 1615 får han oppattnya bygsel og sit framleis med heile garden, 1/2 L. sm.


D 1. Jakob Nummedal får i 1616 bygsla «den halffue part aff Nummedal». Det er fyrste bygsel, og han gjev 5 dalar. No sit det 2 brukarar med kvar sin halvpart av garden nokre år.


D. 2. Niels Mogensen får i 1617/18 fyrstebygsel av 3 sk. leiga i Nåmdal og gjev 3 dalar for det. Dette må vera den halvparten som Oluff Joensen hadde site med til no. Oluff hev truleg døytt i 1616 eller 1617.
Um desse 5 fyrste busitjarane får me ikkje vita noko um giftarmål og born, eller um dei er skylde.


1618. Skattemanntalet fører no «Enchen» på parten etter Nils Mogensen, so då er Nils og avliden.


1619: I Futeregnsk. heiter det: «Johans Nielsen stedde 4 1/2 sk. i Nummedal Niels ibm. fra døde och vil echte Enchen gaff i første bøxel P. 6 dr.». Denne Johans Nilsen kan ikkje vera son til Niels Mogensen, sidan han skal gifta seg med enkja etter han.
No sit Johans Nielsen med denne parten, og Jakob sit framleis med sin part til 1621, då han døyr.

1621: I Futeregnsk. stend: «Johans aff 1 sp.sm. og 1 melle malt i 3. tage, noch i første bøxell aff 1 sp. sm. 1 melle malt Jacob fra døde P. 7 dr.». Dette viser at då Jakob døydde, fekk Johans Nielsen bygsla hans part og, so no sit han med heile garden, som då er førd med 2 sp. smør og 2 mælar malt. Frå 1624 er skyldi førd med 1/2 L. sm. 1 melle malt.
Johans Nielsen sit no åleine brukar på Nåmdal fram til 1657, og sidan med halve garden so seint som i 1668, og uvisst kor mykje lenger. Det var hans halvpart som sidan fekk bruksnr. 2.


Bruk 1, Eilevluten.

1657: Kvegskatten fører to brukarar på Nåmdal, og frå no av er garden skift i to jamstore bruk, kvart på 1/4 L. smør og 1/2 melle malt, eller 18 mrk smør og 1/2 melle malt. På andre bruket sit framleis Johans Nielsen, og her på bruk 1 kjem Anders Vemundsen. Anders er førd i Prestemanntalet 1664 og 1667, og i Futerekneskapen fram til 1668, og han sat truleg med bruket til kring 1685. Anders var gift 2 gonger, og me finn jordfesting på båe konone, men kan ikkje vita med vissa kvar dei var ifrå. Det synest likevel vera svært rimeleg at den fyrste var dotter til Johans Nielsen på bruk 2, og at dei fekk bygsla den halve garden like etter giftarmålet.


1. Anders Vemundson Nåmdal, f. 1625, d. 1700, g.

1. m. Marta (Johansdtr. Nåmdal?), f. 1621, d. 1684,

2. m. Ragnhild Torkjellsdotter, f. 1644, d. 1722.

Born:

  1. Vemund f. 1660, d. 1683.
  2. Truleg ei dotter som vart gift med næste brukar, og truleg ein son, Sjur, som vart brukar nr. 2 på bruk 2, men noko heilt sikkert om dette veit me ikkje.


1691: Futereknesk. fører no og Anders, og det må vera han som i kyrkjebøkene er kalla unge Anders, og i manntalet 1701 er skriven Anders Iversen. Me finn ikkje opplysningar om kven han er, men det ligg nær å tru at han var gift med dotter til fyrre brukaren, og at dei fekk bygsla her sidan Vemund, bror hennar, døydde ung.


2. Anders Ivarson Nåmdal, f. 1655, d. 1729, g. m.

ukjend.

Born:

  1. Maria f. 1682, g. 1699 m. Olav Eilevson Otterstad bnr. 1.
  2. Namnlaus f. 1683.
  3. Marta f. 1686, d. 1686.
  4. Marta f. 1690, g. m. næste brukar her.


Anders Ivarson fekk i 1720 oppattnya bygsel på dette bruket frå assessor Möinichen.


1721: Bygselbrev frå Wilh. Hansen til Simon Ellefsen. Simon var son til Ellef Mogensen på Øvre Helland bnr. 4. I 1717 fekk han bygsel på bruket på Øvre Helland etter faren, men no flyttar han til Nåmdal og buset seg der.


3. Simon Eilevson Nåmdal, f. Øvre Helland 1677, d. 1737, g. 1715 m.

Marta Andersdtr. Nåmdal, f. 1690, d. 1763, her frå bruket.

Born:

  1. Brita f. 1716.
  2. Anna f. 1718.
  3. Helga f. 1721, g. 1754 m. Magne Hallvardson Krossen, sjå Nygard bnr. 1
  4. Ragnhild f. 1724, d. fyre 1737.
  5. Eilev f. 1726, brukar her nr. 5.
  6. Anders f. 1730.
  7. Olav f. 1732, g. 1764 m. Kari Hansdtr. Nedre Helland bnr. 1.


Simon Eilevson døyr i 1737, og enkja gifter seg att i 1739 med Anders Sjurson Straume. I 1737 fekk han bygsel på bruk 2 på Straume frå fogden Andreas Jesen, men no flytter han til Nåmdal og buset seg her, og bror hans, Olav Sjurson d. y., får bygsli etter han på Straume.


4. Anders Sjursen Nåmdal, f. Straume bnr. 2 1704, d. 1761, g. 1739 m. enkja

Marta Andersdtr. Nåmdal, f. 1690, d. 1763. Dei hadde ikkje born.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Eilev Simonson på dette bruket, 18 mrk. smør 6 k. malt, for 57 rd.


5. Eilev Simonson Nåmdal, f. 1726, d. 1808, g. 1761 m.

Anna Rasmusdtr. Ø. Helland, bnr. 1 f. 1744, d. 1817.

Born:

  1. Helga f. 1762, d. 1823 på Flatekvål, truleg hjå ei av systrene sine der.
  2. Marta f. 1763, d. 1763.
  3. Marta f. 1764, d. 1827, var då tenestegjenta.
  4. Simon f. 1770, d. 1826, budde hjå broren Rasmus.
  5. Rasmus f. 1771, næste bonde her.
  6. Kari f. 1774, g. 1794 m. Johannes Hallvardson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 1.
  7. Johannes f. 1777, g. 1814 m. Helga Monsdtr. Steinsland bnr. 1 f. 1781. Johannes d. 1841 som inderst på Flatekvål.
  8. Maria f. 1780, g. 1806 m. Jakob Anderson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 2-3.
  9. Anders f. 1784, d. 1851, ug.


1800: Skøyte frå Eilev Simonson til sonen Rasmus Eilevson. Kjøpesummen er 90 rd. og kår til foreldri.


6. Rasmus Eilevson Nåmdal, f. 1771, d. 1833, g.m.

1. 1801 m. Anna Johannesdtr. Steinsland, bnr. 2, f., 1771, d. 1808,

2. 1809 m. Inga Monsdtr. Steinsland, bnr. 1, f. 1779, d. 1863.

Born:

  1. Eilev f. 1803, d. 1889, næste bonde her.
  2. Johannes f. 1805, d. 1875, plassm. i Nåmdalshaugane. Sjå bruk 3 her.
  3. Mons f. 1810, g. 1839 m. Marta Olavsdtr. Farestveit bnr. 3 f. 1810.
  4. Knut f. 1812, g. 1839 m. Kari Johannesdtr. Otterstad, bnr. 5 f. 1812, busett Åsebø i Askøy.
  5. Anna f. 1815, g. 1838 m. Hallvard Olavson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 3.
  6. Olav f. 1818, g. 1842 m. Anna Hansdtr. N. Helland bnr. 1 f. 1817. I 1843 flytta dei til Ask.
  7. Berge f. 1820, g. 1846 m. Marta Knutsdtr. Otterstad bnr. 5 f. 1826.
  8. Brita f. 1821, g. 1841 m. Hans Olavson Ø. Helland bnr. 3 f. 1817.


1808: Skiftebrev etter Anna Johannesdtr. Nåmdal. Bruket vert då utl. soleis:
Madam Catherine Elkier for gjæld 8 11/50 mrk. smør.
Enkemann Rasmus Ellefsen 4 89/100 mrk. smør.
Eldste søn Ellef Rasmussen 2 89/200 mrk. smør.
Anden søn Johannes Rasmussen 2 89/200 mrk. smør.


1810: Eilev Rasmusson får skøyte frå madam Elkier og medarvingane sine på deira partar, og med eigen arvepart eig han då halve bruket 9 mrk. sm. 3 k. malt.


1833: Skifte etter Rasmus Eilevson, og sonen Eilev får då utl. andre helvti av bruket for takst 100 spd.


7. Eilev Rasmusson Nåmdal, f. 1803, d. 1889, g. 1826 m.

Inga Larsdtr. Lavik, bnr. 2-3 f. 1803, d. 1885.

Born:

  1. Kari f. 1826, d. 1876, g. 1851 m. Nils Olavson Straume bnr. 4. Han kjøpte bnr. 1 på Straume 1852, sidan busett der.
  2. Rasmus f. 1827, næste bonde her.
  3. Magdeli f. 1829, g. 1854 m. Johannes Jonson Lavik, sjå Lavik bnr. 2.
  4. Lars f. 1831, g. 1854 m. Kari Gulleiksdtr. Ø. Helland bnr. 5 f. 1830, busett Valsvik bnr. 1, Vik i Sogn.
  5. Anna f. 1834, g. 1858 m. Knut Ivarson Straume, sjå Straume bnr. 3.
  6. Inga f. 1837, g. 1861 m. em. Knut Ivarson Straume, sjå Straume bnr. 3.
  7. Eilev f. 1840, d. 1920, ug., kalla Kår-Øylev. Kjøpte kår på Flete i Sogn, sidan i Øvstedal, Evanger. Budde siste tidi på Mo, der han kjøpte ei stova.
  8. Brita f. 1844, g. 1865 m. Olav Hallvardson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 3.


1835: Eilev Rasmusson gjev festesetel til broren Johannes Rasmusson på plasset Haugane. Sjå bruk 3 her.


1854: Skøyte frå Eilev Rasmusson til sonen Rasmus Eilevson for 80 spd. og kår til foreldri, verdsett til 218 spd. for 5 år. Same dagen gjev Rasmus Eilevson festesetel til Ingebrigt Gulleikson Ø. Helland og Lars Eilevson på eit markestykke «Fitjelien, udmerket fra den øvrige mark, på deres og deres koners livstid».


Årleg avgift 72 skilling.


8. Rasmus Eilevson Nåmdal, f. 1827, d. 1889, g. 1851 m.

Marta Rasmusdtr. Vetlejord, bnr. 1, f. 1826, d. 1894.

Born:

  1. Inga f. 1853, g. 1877 m. Berge Olavson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 4.
  2. Eilev f. 1855, næste bonde her.
  3. Rasmus f. 1858, bonde her etter broren Eilev.
  4. Johannes f. 1862, bonde på bnr. 3 her.
  5. Maria f. 1864, d. 1864.
  6. Maria f. 1865, g. 1888 m. Knut Johannesson Otterstad bnr. 3 f. 1863 på Hop, Askøy, plassm. på Sanden, Otterstad.


1878: Skøyte frå Rasmus Eilevson Nåmdal til sonen Eilev Rasmusson for 1400 kr., av det 800 kr. kontant, og kår til foreldri.


9. Eilev Rasmusson Nåmdal, f. 1855, d. 1884, g. 1877 m.

Marta Hallvardsdtr. Ø. Helland, bnr. 3, f. 1852, d. 1937. Dei var barnlause.

Då Eilev låg dødslega, vart det sett opp testamente, og kona skulle ha heile buet.


1885: Skøyte frå enkja Marta Hallvardsdtr. til Rasmus Rasmusson, bror til den avlidne mannen hennar, for 4.000,- kr. Marta gifte seg att 1889 med em. Nils Nilsson Straume bnr. 1 og budde sidan der.


10. Rasmus Rasmusson Nåmdal, f. 1858, d. 1910, g.

1. 1891 m. Anna Knutsdtr. Farestveit, bnr. 7, f. 1869, d. 1900.

2. 1900 m. Brita Olavsdtr. Straume, bnr. 2, f. 1865, d. 1933.

Born:

  1. Marta f. 1892, g. 1922 m. Hallvard Johannesson Grønhaug, sjå Otterstad bnr. 2.
  2. Kari f. 1893.
  3. Maria f. 1894, d. 1921, ug.
  4. Eilev f. 1896, d. 1898.
  5. Anna Karina f. 1899, d. 1913.
  6. Inga f. 1901, d. 1921, ug.
  7. Eilev f. 1902, næste bonde her.


1891: Ved skyld-deling vart dette bruket skift soleis:
Bruk 1: Rasmus Rasmusson Nåmdal med skyld 3 mark 4 øre.
Bruk 3: Johannes Rasmusson Nåmdal med skyld 1 mark 1 øre.


1900: Ved skifte etter Anna Knutsdtr. vart bruket utlagt enkjemannen mot å svara panterettsleg til døtrene, Marta, Maria og Anna Karina, kr. 887,70 til kvar, tilsaman kr. 2.663,10.


1924: Skøyte frå skifteforvaltaren i buet etter Rasmus Rasmusson og enkja Brita Olavsdtr. til sonen Eilev Rasmusson for 3.000,- kr.


11. Eilev Rasmusson Nåmdal, f. 1902, g. 1935 m.

Marta Elisa Larsdtr. Skålnes, f. 1907, frå Skånevik.

Born:

  1. Reidar f. 1936, d. 1936.
  2. Reidar f. 19**, busett i Modalen.
  3. Bjarnhild Maria f. 19**, arbeider på Rogaland radio.
  4. Marit Olaugv, g. 1960 m. Gunnar Lundal, bilseljar, busett i Haugesund. 3 born.
  5. Leiv Egil f. 1942, d. 2006, g. 1967 m. Inga Jorunn Malvinsdtr. Farestveit, f. 19** på Mo bnr. 8, Hugnastad. 1 barn.
  6. Arne Magne f. 19**, g. 1973 m. Astrid Konstanse Bruvik. Tilsett i NSB, busett Indre Arna. 1 barn.


Bruk 2. Joans-luten.

1621: Johans Nielsen fekk dette året bygsel på heile Nåmdalsgarden og sat åleine brukar til 1657, (sjå under «garden i eitt bruk»!). Sidan sat han med dette bruket so seint som 1668, og uvisst kor mykje lenger. Det synest rimeleg at Anders Vemundsen, som kom på bruk 1, var versonen hans.


1. Johannes Nilsson Nåmdal, f. 1593, g. kring 1619 m.

Maren, enkja etter fyrre brukaren Nils Mogensen.

Born:

  1. Olav frå 1. ektesk. til Maren.
  2. Jakob.
  3. Nils.
  4. Knut.
  5. Marite (Marta), truleg gift m. Anders Vemundson på bnr. 1.
  6. Maren (Maria).


Me veit ikkje meir kvar det vart av desse syskini. Om Johans Nilsson får me elles vita at i 1648/49 vart han dømd til å betala 1/2 dalar i bot for «stefnefald for hand møtte icke Jacob Rachnes», og i 1654/ 55 måtte han bøta 2 1/2 dr. for «brøllup misbrug offuer tiden». Han må no likevel ha vore ein vyrd mann, for i 1656 og i 1660 er han lagrettemann. I 1656 galdt saki ein Michell Mougensen frå Lindås, «som har gått omkring og spådd og hjulpet syke».


1691: Kva år det kom ny mann på bruket, kan me ikkje vita, men i Futeregnsk. 1691 er brukaren skriven Sifr, som vel er ei vanskaping av Sjur. Han må vera den Sjur Andersson Nåmdal som i 1684 vart gift med Anna Olavsdtr. Romarheim. Han er truleg son til Anders Vemundson på bruk 1 her, men me kan ikkje vita det visst.


2. Sjur Andersson Nåmdal, død fyre 1697, g. 1684 m.

Anna Olavsdtr. Romarheim, f. 1661, d.»1743.

Born:

  1. Vemund f. 1686.
  2. Olav f. 1687.
  3. Nils f. 1688.
  4. Marta f. 1691, g. 1708 m. Simon Ivarson Almelid, sjå Almelid bnr. 1.
  5. Rasmus f. 1693, g. 1713 m. e. Anna Knutsdtr. Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 1.
  6. Knut f. 1696, g. 1716 m. Ragnhild Knutsdtr. Ø. Helland bnr. 1.


1697: Enkja etter Sjur Andersson gifter seg att med Johannes Johannesson Øvre Helland, og dei sit med bruket til han døyr i 1724. Han fekk oppattnya bygsel frå asessor Møinichen i 1720.


3. Johannes Johannesson Nåmdal, f. Ø. Helland bnr. 1, d. 1727, g. 1697 m. enkja

Anna Olavsdtr. Nåmdal, f. 1661, d. 1743.

Born:

  1. Brita f. 1699, d. 1704.
  2. Maria f. 1701, g. 1721 m. corporal Olav Larsson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 4.
  3. Brita f. 1705, g. m. næste brukar her.
  4. Anna f. 1709, d. 1709.


1733: Wilhelm Hansen auksjonerar bort bygsli på gardane sine, og Anders Johannesson Straume bnr. 4 får tilslaget på dette bruket for «1-2-2- rd. marken». Det er uklårt om det var enkja Anna Olavsdtr. som sat med bygsli frå 1724 til 1733, eller om Anders Johannesson fekk bygsel då verfaren døydde i 1724.


4. Anders Johannesson Nåmdal, f. Straume bnr. 4 1694, d. 1749, g. 1723 m.

Brita Johannesdtr. Nåmdal, f. 1705, d. 1772.

Born:

  1. Helga f. 1725, g. 1749 m. Eilev Larsson Nedre Helland bnr. 1, busett Totland i Hosanger.
  2. Johannes f. 1727, g. 1751 m. Kari Knutsdtr. Straume, sjå Straume bnr. 3.
  3. Nils f. 1730, bonde her nr. 6.
  4. Vemund f. 1734, d. 1734.
  5. Vemund f. 1735, d. 1735.
  6. Anna f. 1736, g. 1759 m. Anders Olavson Lavik bnr. 4.
  7. Simon f. 1740, g. 1760 m. Guri Johannesdtr. Langedalen bnr. 2, busett Flatås i Hosanger, 4 born.
  8. Maria f. 1744, g. 1764 m. Anders Johannesson Lavik, sjå Lavik bnr. 1.
  9. Anna f. 1747, g. m. Anders Andersson Tirevoll i Hamre, busett der, 4 born.


1752: Anders Joihannesson døyr i 1749, og enkja gifter seg att i 1752 med Olav Knutson Straume bnr. 3. Dei sit då med bygsel til 1764.


1764: Olav Knutson får kjøpa dette bruket, 18 mrk. sm. 6 k. malt, for 57 rd.


5. Olav Knutson Nåmdal, f. Straume bnr. 3 1725, d. 1808, g.

1. 1752 m. e. Brita Johannesdtr. Nåmdal, f. 1705, d. 1772,

2. 1772 m. Marta Olavsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1748, d. 1808.

Born:

  1. Johannes f. 1774, næste bonde her.
  2. Brita f. 1775, g. 1808 m. em. Olav Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 3.
  3. Olav f. 1779.
  4. Knut f. 1782, d. 1808.
  5. Brita f. 1785, d. 1808.
  6. Anna f. 1789, g. 1818 m. Lars Olavson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 8.
  7. Kari f. 1794, g. 1820 Olav Knutson Straume bnr. 1.


1772: Skifte etter Brita Johannesdtr. Bruket vert utlagt med halvparten til enkjemannen, og andre halvparten til borni hennar frå 1. ekteskapet.


1774: Dei andre borni gjev skøyte på sine partar til broren og medervingen Nils Andersson. Han og stykfaren Olav Knutson sit no med kvar sin halvpart av bruket til 1793.


6. Nils Andersson Nåmdal, f. 1730, d. 1809, ug.


1793: Skøyte frå Nils Andersson til Johannes Olavson Nåmdal, for 50 rd. og kår. Skiftet etter Nils vart halde i Eknesvåg 16/11-1809, og det er syskini hans og deira etterkomarar som erver. Av syskini er det berre Maria, som var g. m. Anders Johannesson Lavik, som lever då.


1807: Skøyte frå Olav Knutson til eldste sonen Johannes Olavson på andre halvparten av bruket for 95 rd. og kår. Dermed er heile bruket kome attende til ein eigar.


7. Johannes Olavson Nåmdal, f. 1774, d. 1858, g.

1. 1804 m. Maria Rasmusdtr. Ø. Helland, f. Nygard bnr. 3 1782, d. 1808,

2. 1809 m. Anna Larsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1780, d. 1874.

Born:

  1. Olav f. 1805, næste bonde her.
  2. Marta f. 1807, g. 1828 m. Olav Nilsson Lavik, sjå Lavik bnr. 4.
  3. Olav f. 1810, d. 1826.
  4. Maria f. 1812, g. 1830 m. Olav Larsson Lavik, sjå Lavik bnr. 5, busett der ei tid. Sidan Jordalen i Hamre sokn.
  5. Lars f. 1815, d. 1817.
  6. Helga f. 1817, d. 1876, ug.
  7. Lars f. 1821, fl. til Bergstad, Voss, 1849.


1809: I skifte etter Maria Rasmusdtr. får Olav Johannesson skøyte frå kjøpm. Olay Mülllenport i Bergen på 4 1/2 mrk. smør for 25 spd. som var pant i garden, og frå syster si 2 1/2 mrk. sm. Sjølv ervde han 4 1/2 mrk.


1844: Skøyte frå Johannes Olavson til eldste sonen Olav Johannesson for 90 spd. og kår til foreldri og til systeri Helga so lenge ho er ugift, 5 års verd 250 spd. Ny skyld på bruket er no 1 d. 3 ort 3 skilling.


8. Olav Johannesson Nåmdal, f. 1805, d. 1892, g. 1826 m.

Inga Knutsdtr. Farestveit, bnr. 7 f. 1804, d. 1901.

Born:

  1. Maria f. 1827, g. 1852 m. Jacob Andersson Nygard, sjå Nygard bnr. 3.
  2. Brita f. 1828, g. 1849 m. Brynjel Bergeson Steinsland bnr. 4, busett Nygard bnr. 2.
  3. Johannes f. 1829, næste bonde her.
  4. Knut f. 1833, g. 1887 m. Agata Hallvardsdtr. Ø. Helland bnr. 4, busett Nedre Helland bnr. 5.
  5. Inga f. 1835, g. 1861 m. Olav Sjurson Straume, sjå Straume bnr. 2.
  6. Olav f. 1838, g. 1861 m. Brita Olavsdtr. Mo bnr. 2, busett Meland i Evanger. Sonen Jakob vart bonde på Mo bnr. 2.
  7. Knut f. 1841, d. 1916, g. 1866 m. Kari Olavsdtr. Steinsland bnr. 4 f. 1842, d. 1914, busett Valsvik, Sogn, 7 born.
  8. Anna f. 1844, g. 1869 m. em. Johannes Geilen, busett Geilen i Evanger. 5 born.
  9. Rasmus f. 1847, g. 1869 m. Brita Larsdtr. Nygard bnr. 1 f. 1844. Dei kjøpte Valsvik bnr. 3, busette seg der og hadde 6 born.
  10. Siri f. 1850, g. 1871 m. Olav Larsson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 1.


1866: Skøyte frå Olav Johannesson til eldste sonen Johannes Olavson for 200 spd. og kår til 5 års verd 235 spd.


9. Johannes Olavson Nåmdal, f. 1829, d. 1914, g. 1859 m.

Anna Olavsdtr. Steinsland, bnr. 2 f. 1837, d. 1915.

Born:

  1. Olav f. 1860, næste bonde her.
  2. Olav f. 1864, bonde på Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 3.
  3. Johannes f. 1866, d. 1866.
  4. Johannes f. 1867, g. 1896 m. Brita Nilsdtr. Øyo, Stamnes f. 1859, d. 1942, busett Meland i Evanger.
  5. Inga f. 1870, d. 1888, drukna i Midvatnet.
  6. Brita f. 1873, g. 1895 m. Ivar Olavson Straume, sjå Straume bnr. 4.
  7. Gjertrud f. 1876, d. 1964, g. 1896 m. Ivar Larsson Horvei f. 1868, d. 1955, busett Horvei, 13 born.
  8. Andreas f. 1878, d. 1973, bonde på Nedre Helland bnr. 3.
  9. Knut f. 1881, g. 1906 m. Maria Knutsdtr. Farestveit bnr. 1 f. 1880, busett Eikanger, Lid.


1893: Skøyte frå Johannes Olavson til eldste sonen Olav Johannesson for 1600 kr. og kår verdsett til 900 kr. 5 års verd.


10. Olav Johannesson Nåmdal, f. 1860, d. 1947, g. 1887 m.

Dordei Larsdtr. Ø. Helland, bnr. 1 f. 1866, d. 1960.

Born:

  1. Johannes f. 1888, næste bonde her.
  2. Anna f. 1890, d. 1895.
  3. Inga f. 1892, g. 1913 m. Knut Knutson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 4.
  4. Olav f. 1894, d. 1966, g. 1922 m. Andrina Ivarsdtr. Straume bnr. 3 f. 1898, busette på Vatne i Seim, 3 born.
  5. Andreas f. 1896, d. 1903, drukna i Midvatnet.
  6. Sigmund f. 1898, telefonstyrar på Mo, g. 1933 m. Anna Larsdtr. Mo f. 1902.
  7. Anna Kristina f. 1900, g. 1926 m. Nils Andreas Olavson Blom, bonde på Blom, Osterøy, 6 born.
  8. Gunnar f. 1903, g. 1932 m. Alvhild Johannesdtr. Mostraum bnr. 2 f. 1907, busett Breistein. Han er møbelsnikkar. 3 born.
  9. Lars f. 1905, likn.sekr. i Kvam, g. 1942 m. Kari Olafsdtr. Mo, busett i Norheimsund. 3 born.
  10. Håkon f. 1908, skreddar, g. 1936 m. Gunnhild Olafsdtr. Mo, busette i Os. 3 born.
  11. Dagny f. 1909, g. 1953 m. Paul Johannesson Flæte, Nord-Odal, busette i Horten.


1926: Skøyte frå Olav Johannesson til eldste sonen Johannes Olavson for 2000 kr. og kår til foreldri.


11. Johannes Olavson Nåmdal, f. 1888, d. 1982, g.

1. 1912 m. Brita Ivarsdtr. Straume, bnr. 3, f. 1894, d. 1917,

2. 1919 m. Anna Johannesdtr. Straume, bnr. 2, f. 1896, d. 1981.

Born:

  1. Aslaug f. 1912, g. 1935 m. Johan Knutson Steinsland bnr. 5 f. 1901, d. 1937, 1 barn. Aslaug attg. m. Arnfinn Misje Birkeland, 3 born, busett Bergen.
  2. Olav f. 19**, disponent ved Bergen og omland Samvirkelag, g. 1943 Annlaug Eilevsdtr. Trohaug, f. 19**, busett Nesttun, 3 born.
  3. Ivar f. 1916, d. 1941.
  4. Jenny f. 19**, g. 1945 m. Johannes Ivarson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 4.
  5. Maria f. 19**, g. 1951 m. vegvaktar Harald Hansson Neset, Almilid bnr. 3, f. 19**, 6 born, busett Eidsland.
  6. Bjarne f. 19**, næste bonde her.
  7. Dagny f. 19**, g. 1953 m. Knut Jonson Hugnastad, Mo bnr. 8, f. 19**, busett Øvre Helland, Solvang.
  8. Alvhild f. 19**, g. 1954 m. revisor Inge Jostein Ingebrigtson Vermdal, Tysnes, busett Bergen, 3 born.


1955: Skøyte frå Johannes Olavson til sonen Bjarne.

12. Bjarne Johannesson Nåmdal, f. 19**, g. 1955 m.

Olaug Halldis Hansdtr. Neset, f. 19**, frå Almelid bnr. 3.

Born:

  1. Ottar f. 19**.
  2. Jon f. 19**.
  3. Håkon f. 19**.
  4. Svanhild f. 19**.
  5. Randi f. 19**.


Bruk 3, Haugane eller Stelaplasset.

Dette bruket var frå fyrst av eit lite plass under bruk 1.


1835: Eilev Rasmusson gjev festesetel til broren Johannes på «Plasset Haugane tillige med et stykke kaldet Skreen. Husene som blir oppført blir hans. Avgift 6 arbeidsdager årlig». Festesetelen er avlyst 1878. Johannes Rasmusson budde på plasset til han døydde, og enkja nokre år etter, og dei ol opp ein stor barneflokk her.


1. Johannes Rasmusson Nåmdal, f. 1805, d. 1875, g.

1. 1833 m. Inga Olavsdtr. Farestveit, f. 1799, d. 1841, frå bnr. 8.

2. 1842 m. Ragnhild Johannesdtr. Gullbrå, f. 1814 på Kleiven i Askøy.

Born:

  1. Ragnhild f. 1832, d. 1922, ug. «Støla-Ragnella», busett Lavik, Eksingedalen.
  2. Olav f. 1835, d. 1860, ug.
  3. Rasmus f. 1837, d. 1889, g. 1877 m. Synnm. Synneva Knutsdtr. Styve, Evanger f. 1846.
  4. Anna f. 1838, ug. «Støl-Anna», tenestegj. sist hjå systeri Helga på Leiro, der ho døydde.
  5. Olav f. 1841, d. 1841.
  6. Johan f. 1842, d. 1842.
  7. Inga f. 1843, g. og busett på Erdal Askøy.
  8. Johannes f. 1847, g. 1872 m. m. Brita Ivarsdtr. Ø. Helland f. 1847. «Inderstfolk» på Nåmdal, fl. til USA 1877.
  9. Rannveig f. 1850, g. 1873 m. Anders Knutson Lavik, sjå Lavik bnr. 5.
  10. Helga f. 1853, d. 1949, g. m. Johannes Olavson Lavikhaugen f. 1853, d. 1939, busett Myster-Leiro.
  11. Simon f. 1857, til USA 1878, prest der, g. og mange born, berre døtre.
  12. Jakob f. 1860, for og til USA, var visst ug.


Om Rasmus, 1 c ovanfor, er å fortelja: Han og kona var «inderstfolk» på Styve i 1878, på Brekkhus 1880 og sidan husmannsfolk på Langeland i Teigdalen. Synneva, kona hans, var tenestgjenta i Bjørndalen innanfor Århus vinteren 1867/68, då husi der vart tekne av ei snøskreda. Dei fann gjenta attmed bakstehella - dei sat med baking då skreda kom - med broten fot. Synneva var halt sidan. Garden i Bjørndalen vart ikkje opopattbygd etter denne hendingi.

Om Ragnhild Johannesdotter, andre kona til Johannes Rasmussen, er å fortelja. Ho hadde namnet Nygård då dei vart gifte, men ho var dotter til Johannes Pedersen Gullbrå og kona Rannveig Andersdtr.

Johannes Pedersen var bror til Jakob Pedersen Gullbrå på bnr. 3 på Nygård, og han var ein omflakkande kar, massingsmed og hestehandlar. Han budde på Kleiv i Askøy (truleg Kleivi, millom Tveitevåg og Grønnevik), sidan i Lindås, og sist i Gulen, der han døydde. Det er fortalt at Rannveig, kona hans, drukna i eit vatn då ho gjekk yver isen og skulle handla. Det må truleg vera då dei to døtrene hans, Brita og Ragnhild, kom til Modalen, og dei hev vel kome til farbroren på Nygard og vakse opp der, for båe er skrivne Nygard då dei er gifte. Brita vart gift i 1843 med Haldor Bergeson Steinsland bnr. 4.

Om Ragnhild fortalde Maria Larsdtr. Vetlejord, f. Ø. Helland 1860: Ragnhild var ei dugande og gild kona. Han Joans, mannen, var både halt og skrøpeleg, men Ragnhild var flink både i arbeid og elles. Dei hadde ikkje låve, men ho tok kornet inn i stova og treskte det sjølv. Om hausten reiste ho til byen med sumarsdråtten og vende det dei hadde å selja. Ho hadde ein gul øyk som ho reidde på, og ho gjekk berrføtt heile Modalen. I byen kjøpte ho med seg heimatt det mest naudturvelege både av bitande og slitande. Ho var innom i systovor og fekk billege tyrestar som ho sydde til klede åt borni, og småbetar som berre vart kasta der, fekk ho til gjevandes og let smågjentone sine få dei til dokkeklede. Alt var so nett og fint gjort, og reint og velstelt var både hus og klede. - Maria fortalde at Ragnhild døydde på Askøy. Ho var hjå dotter si der.

Festesetelen på dette plasset vart avlyst i 1878, og det er rimeleg at det var då Ragnhild flytta til Askøy.


1891: Skylddeling på bruk 1 i Nåmdal, som då vert skift soleis:
Bruk 1, Rasmus Rasmusson med skyld 3 mark 4 øre.
Bruk 3, Johannes Rasmusson med skyld 1 mark 1 øre.

Same året gjev Rasmus Rasmusson skøyte til broren Johannes på det nye bruket for 2.500 kr. Haugane, eller Stølaplasset som det jamt vart kalla, kom med i det nye bruket.


2. Johannes Rasmusson Nåmdal, f. 1862, d. 1944, g.

1. 1880 m. Brita Brynjelsdtr. Nygard, bnr. 2, f. 1852, d. 1883, på Lid, Bergsdalen.

2. 1884 m. Agate Knutsdtr. Farestveit, bnr. 7, f. 1858, d. 1904,

3. 1906 m. Malena Knutsdtr. Farestveit, bnr. 1, f. 1877, d. 1969.

Born:

  1. Marta f. 1880, fl. til Hole, Arnefjord i Sogn.
  2. Rasmus f. 1882, d. 1966, g. 1909 m. Maria Olavsdtr. Mo f. 1889, dotter til skreddar Olav Nilsson Almelid bnr. 5, busett Mo.
  3. Andreas f. 1884, d. 1905, ug.
  4. Eilev f. 1891, d. 1923, drukningsulukka i Bergen. Han var då styrar i Mo Handelslag.
  5. Knut f. 1894, d. 1896.
  6. Knut f. 1906, næste bonde her, d. 1982.
  7. Alf f. 1916, bonde her etter broren Knut.


Johannes Rasmusson kjøpte fyrst gard på Lid i Bergsdalen, og dei to eldste borni hans er fødde der. Då fyrste kona døydde, selde han der og kjøpte bruk 1 i Nipo og budde der nokre år. Sonen Andreas er fødd der. 1 1891 får han so kjøpa bruket i Nåmdal og budde sidan her. Etter han kom att frå Nipo, vart han alltid kalla «Nipen» i Modalen.


1930: Skøyte frå Johannes Rasmusson til sonen Knut for kår som var verdsett til 500,- kr. for 5 år.


3. Knut Johannesson Nåmdal, f. 1906, d. 1982, g. 1930 m.

Inga Ivarsdtr. Straume, bnr. 4 f. 1907.

Born:

  1. Margit f. 19**, g. 1965 m. mekanikar Martin Drevsjø, busett Moss.
  2. Betty f. 19**, g. 1963 m. Finn Nilsen, f. 19**, busett Fyllingsdalen, 3 born.
  3. Dagfinn f. 19**, g. m. Astrid Augustinsen frå Arendal, f. 19**, 1 barn.


1948: Skøyte frå Knut Johannesson til broren Alf for 3.000,- kr. Same året kjøpte Knut att bruk nr. 3 på Farestveit for 6.000,- kr. og kår, og er seinare busett der. Sjå Farestveit bruk 3 og 6.


4. Alf Johannesson Nåmdal, f. 1916, d. 1984, g. 1934 m.

Agnes Ivarsdtr. Straume, bnr. 4, f. 1912, d. 1975.

Born:

  1. Aud f. 19**, g. 1. m. fotograf Jørgen Henrik Amund Henriksen, f. 19**, København. Skilde i 1960. G. 2. i 1967 m. kontorist Sigmund Fjose, f. 19**, Voss. Dei har 1. barn, Ruth Fjose f. 19**.
  2. Bjarne Ingemar f. 19**, sjømann.
  3. Reidun Marghrete f. 19**, g. m. Lars Ingvaldson Meland, busett Meland på Holsenøy.


Folketal.

1645 Kopskatten: 8 personar yver 15 år.

1667 Prestemanntalet: 4 mannspersonar, av deim 1 «knecht». 1701 Manntal: 8 mannspersonar yver 1 år.

1711 Skoskatten: 10 i alt, av deim 2 tenarar.

1801 Folketelj.: 18 i alt.

1865 Folketelj. 20 i alt.

1875 Folketelj.: 25 i alt, av deim 4 kårfolk og 2 tenestfolk.


1900 Folketeljing.

Bruk 1: Rasmus Rasmusson Nåmdal med kona og 3 born.
Marta Johannesdtr. Nåmdal, tenestgjente.


Bruk 2: Olav Johannesson Nåmdal med kona og 7 born.
Knut Johannesson Nåmdal, dreng.
Johannes Olavson Nåmdal og kona, kårfolk.
Inga Knutsdtr. Nåmdal, kår-enkja.
Andreas Johannesson, bygningsmann.


Bruk 3: Johannes Rasmusson med kona og 4 born.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy