Nedre Helland

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Nedre Helland.



Gnr. 78 Nedre Helland


Innhaldsliste

Innleiing

Garden Nedre Helland ligg på ei høg, flat sandreina på nordsida av Modalselvi, 48 m yver havet og 5 km frå sjøen. Jordsmonet er morene, for det aller meste fin sand. Berre inn mot Eikebakken er noko myrlende. Heile heimebøen er ei einaste stor flata som når frå elvi og heilt inn under den skogkledde lidi mot vest. Yver lidi står det nakne, brattreiste Storfjellet som eit trugande varsel om skredfåre.

Næraste grannegardane er Almelid, som ligg på same sida av elvi, litt lenger oppe i dalen, og Krossdal som ligg på andre sida av elvi. Litt ovanfor heimebøen på Helland, velter Modalselvi seg utfor eit mest loddrett stup på 22 m. Det er den kjende Hellandsfossen som, serleg i flaumtider, er litt av eit syn, og ein stor turistattraksjon i bygdi. I 1953 vart fossen utbygd, og han skaffar no bygdi nok elektrisk straum både til ljos, varme og teknisk bruk.

Fyrste gongen me finn garden Helland nemnd, er i Bjorgynjar kalfskinn frå 1300-talet. Då er namnet skrive: Helgha land, i to ord. I Norske Regnskaber og Jordebøger er namnet Helgelandt. Og i 1563 og 1567 er garden kalla Helgeland.

I 1610 er det skrive Nedre Herland, men i kyrkjebøkene er det ofte skrive Nedre Helleland. Etter 1723 er formi Nedre Helland oftast brukt. Men i dagleg tale heiter det alltid berre: på Helland.

Helland grensar til Mo i sør, til Otterstad i vest, til Masfjorden i nordvest og til Almelid i aust. Grensa millom Helland og Otterstad tek til i djupåli i Modalselvi ved Øvra-Neset og går oppetter lidi til nedsett stein i Ospetørne, vidare i same leid til X i fjellnov og derfrå til loddrett fjell på høgt stup i Tonæ. Derfrå går grensa 92 m til X nr. 9 i jordfast stein litt aust for ei stor steinblokk, og vidare i same leid ca. 40 m til punkt 10 der grensa mot Otterstad sluttar. Vidare går grensa mot nord, gjenom beitemark og fjelltrakter, til ho møter grensa mot Masfjorden ved utlaupet til Svartevatnet, derfrå mot nord til ei stor vik i Smalevatnet, eller Longavatnet, der grensa mot Steinsland tek til. Derfrå går grensa mot sørvest etter Steinadalen til Seljedalen, og vidare mot sør til Kvitefjellsnovi. Grensa millom Helland og Almelid på vestsida av Modalselvi tek til i eit svaberg som vert kalla Verkane. Derfrå går ho opp gjenom Hestelidi til berghamar aust for Midtløa til Bleikurdi, og vidare nordaust for Storefjellsløa til fjellnov på Storfjellet, til X i den sokalla Solsteinen på Storfjellet, og derfrå til Kvitefjellsnovi som ovanfor nemnt. Grensa millom desse gardane vart fastsett ved grenseoppgang i 1834, etter krav frå bøndene i Almelid.

I Bjorgynjar kalfskinn 60 er Helland førd med utreidsla «Månada Matabol ein» til kyrkjestaden «Krossen i Moir», som då hadde 10 kyr. Til «Krossen» høyrde òg den nedlagde garden Fitje (Fitjum) som låg omlag 2 km inne i Hellandsdalen. Denne garden svara 4 kyrkjekyr til «Krossen», og i kalvskinnbrevet heiter det: «Fitjum høyrer til Krossenum». So kom Svartedauden og øydde gardane i bygdi, og frå den tidi hev me ikkje noko skriftlege kjeldor å henta opplysningar frå. Kva tid garden vart rudd, veit me ikkje; og noko fornfunn på Helland kjenner ein ikkje til.

Fra gamal tid var garden skift i to tun med to busitjarar i kvart tun. Det fyrste tunet var Hegabakkane (dei hitraste bakkane), der Hans-luten og Møs-luten hadde husi sine. Det andre tunet vart kalla Bortebakkane, og der hadde Magne-luten sine hus.

Etter utskiftingi 1926 vart den gamle tunskipnaden skipla. Bruk nr. 1 fekk heimebøen sin kring Lundalen, og husi vart flytta dit. På dette bruket, på Hegabakkane, stod i eldre tid ei gamal rotstova. Storstova var i søre enden av bygningen. So kom «døræ». Det var eit ope rom som gjekk tversyver huset med hellelagt golv. I dette romet var ein stor skorstein med plass for to tunnekjelar attmed kvarandre. Attmed «døræ» kom vetlestova under same tak. Ho var bygd av rundtømmer, og opp-på vetlestova var loft. Yver «døræ» var døralem. Stova var rotstova med ljore i taket og eit lite glas på vestsida. Bui var bygd tett attmed stova. Opp-på bui var kistelem og klelem. Om sumaren låg huslyden i bui, men om vinteren låg dei på fjøsloftet. Ved folketeljingi 1875 er det nemnt ein ny bygning på dette bruket. Han er kalla nyestova.

Den 14. august 1953 hende det som folket på Helland lenge hadde ottast. Ein berghamar i toppen av Storfjellet losna, fall ned i lidi og tok med seg urd, jord og skog og vart til ei stor skreda som gjorde mykje skade på hus og dyrka jord. Bonden på bruk 2, Ivar Jakobson, miste bustadhusi, halve fjøsbygningen og 7 mål dyrka mark. Han bygde då nye bustadhus og driftsbygningar nedanfor reina, på flaten mot Hellandsdalen. Bonden på bruk 4, Johannes Steinsland; miste 10 mål av sin heimebø. Skreda vart liggjande so nær inntil husi hans at han fann det rettast å flytta husi lenger mot aust.

Bonden på bruk 5, Andreas Knutson, fekk alle sine hus nedøyrde av skreda og miste 23 mål av heimebøen. Han hadde då att berre 17 mål dyrka mark, og visste ikkje betre råd enn at han reiste frå bygdi med huslyden sin. Bonden på bruk 6, Olai M. Helland, flytta og frå garden og bygdi fordi han tykte det var utrygt å bu her. Til all lukka kom skreda om dagen. Mest alle var ute på arbeid, so noko menneske kom ikkje til skade.

Jordbruket hev alltid vore hovudnæringi for busitjarane her til alle tider, med skogsdrift og noko elvefiske som attåtnæringar. Fra gamal tid var det mykje teigblanding på garden, og det auka berre på, både på heimebøen og i utmarki, etter kvart som garden vart oppdelt i fleire bruk. I 1924 vart det teke offentleg utskifting på innmarki. Ho vart ferdig i 1926, og fyrst då kom det fart i nydyrkingi på den flate og fine heimebøen. I 1928 kom den fyrste slåmaskina til garden. Det var Andreas Knutson på bruk 5 som kjøpte henne. Snart fekk dei andre bøndene òg slåmaskinor. Der var no endeleg slåttemark til dei.

Men i eldre tider var det markaslåttone å lita på, her som på andre gardar i bygdi, og desse slåttone vart haldne godt i hevd. Det er fortalt at garden sume tider fekk mest like stor høymengd frå utslåttone som frå heimebøen. Slåttonni tok vanleg til fyrste veka i juli, fyrst på heimebøen. Markaslåttone var noko seinare. Det var mest smågras som voks der, og sume av desse slåttone låg noko til fjells. 1 dei fleste slåttone var det hesjaslått med løa i kvar slåtta, men i dei slåttone som låg lengst undan, vart det og drive med flatslått, og høyet vart sett i stakk.

Garden hadde gode beitemarker. Sauene vart jaga av bøen fyrste dagane i mai. Buskapen vart løyst ut noko seinare. Heimehagen var sams beitemark, og han nådde frå heimste garden i Hellandsdalen og inn mot Tveradalstølen. Her beita kyrne til utgangen av juni. Då buførde dei til kvar sin fjellstøl, Hegabakkane til Bleidalstølen og Bortebakkane til Tveradalstølen. Til Bleidalstølen høyrde bruk 1, 2, 5 og 6. Bruk 5 og 6 hadde sel saman. Dei andre hadde kvar sitt sel, men stova hadde alle sams. På Tveradalstølen hadde Magneluten og Ivarluten kvar sitt sel, men dei og hadde stova sams. Stølane låg ei halv mil frå garden, og budeione gjekk heim kvar dag, so nær som fredag og sundag. Dei to dagane låg dei i ro på stølen. Rjomen bar dei heim, og kinna han der. I eldre tider laga dei gamalost og koka brim på stølen, men seinare vart det slutt med det. Buferdstidi heimatt frå stølen var kring 15 september. So beita dei i heimehagen eit par vekor fyrr dei sette kyrne på bås for vinteren. Heimehagen var og hestehage og kalvehage. Kring 1950 vart fjellstølane nedlagde, og sidan hev gardane hatt kulturbeite. Berre bruk 2 beitar framleis i heimehagen. I eldre tider hadde dei lamhus på garden og mjølka sauene.

Skogen hev alltid gjeve ei god attåtnæring for bøndene på Helland. I «Herredsbeskrivelse» frå 1863 heiter det millom anna: «Til salg 12 favner ved, 12 kipper never verdsatt til 15 spd. på hvert brug». Der var mykje god losteskog, og borken vart seld og bruka til garving. Fyrr bygdevegen vart ferdig kring 1875-1880, løypte dei strongane etter elvi til sjøen, og saga dei opp til famneved der. Skogteigane åt dei ymse bruki låg mykje om einannan, og i sume var det sameiga soleis at ein brukar kunne eiga bjørkeskogen, ein annan barskogen, og ein tridje olderskogen i same teigen. Det meste av fureskogen var elles hopaskog (sameiga). Til markaløor, hesjaved og til stølsbruk hadde kvar bonde rett til å hogga det han trong i hopaskogen, utan samtykke frå dei andre, men til heimehusi og til bruk elles, måtte han ha samtykkje frå dei andre fyrr han kunne hogga noko der. Det var mange bruer yver elvar og bekker, og både bygging og vedlikehaldsarbeid med bruene var sams arbeid. Materialane til dette vart tekne or hopaskogen. Fyrste brui yver Storelvi vart bygd på pelar, men ho vart nedskruva av isgang i elvi. Andre brui vart bygd i 1927, og ho stod til 1964. Då vart det bygt ei ny bru lenger nede, og denne gongen med stødnad frå Modalen kommune.

Garden hev rett til laksefiske i elvi, og bortleiga av fiskerettar hev gjeve noko inntekter til eigarane.


EIGARAR

1590/91 er det «Stigten» som eig og bygslar bort garden, som då er førd med 1 mrk. 1 L. sm. Sameleis 1597, men då er skyldi 2 L. Sidan ser det ut til at det er «Stigten» som eig og bygslar heilt fram til 1647.

1647. «Kongl. Majestæt eier og bygsler 2 L. sm.». Sameleis 1660. Men so kjem garden på private hender, og det vert ofte eigarskifte eit hundreår frametter.

1665. Abel Munthe er eigar.

1673. Abel Munthe Peder Lembs.

1682. Lagmand Peder Lilienschiold.

1691. Hans Lilienschiold.

1700. Vise Lagm. Lange.

1708. Asessor Wilh. Hansen. Han bygslar bort garden i 1733, og får 1 dr. 15 skilling i bygslepengar for kvar mrk. sm..

1739 er det auksjon på gardane som Wilh. Hansen eig i Modalen, og fogden Andreas Jesen hadde i «commision» å by 500 rd. for Jan van de Velde, og han fekk tilslaget.

1756 er det skøyte frå dødsbuet etter de Velde til monsiur Jan Frøchen. Skyldi er då nedsett til 1 L. 2 pd. sm.

1764. 30/11 er ført auksjonsskøyte på Kongl. Maj. eigedomar til studiosus Herman Jansen Frøchen. Nedre Helland er då førd med 1 L. 1 pd. 12 mrk sm. og var innsett for 117 rd. men vart oppboden til 140 rd.

Same dagen gjev Herman Jansen Frøchen skøyte til dei fire bygslarane, Johannes Andersson, Nils Andersson, Knut Larsson og Hans Larsson, 18 mrk. sm. 1 m. malt til kvar, og dei betalte kvar 52 rd.

Sidan hev bøndene på Helland vore sjølveigarar.


Matr., skyld, sånad, avling og fødnad.

Frå gamal tid hadde Helland gardsnr. 87, skyld 1 L. smør 1 tunna malt. Då smørskyldi vart omgjord til pengeskyld, vart gardsnummeret brigda til 55/87, og etter at markeskyldi vart innførd, hev gardsnummeret vore 78. Den tidi bruki vart førde med pengeskyld hadde dei ymse bruk løpenr. frå 207 - 211.

1657. Kvegskatten: Garden er skift i 4 bruk. Tilsaman føder dei: 3 hestar, 27 kyr, 3 ungnaut, 21 geiter og 29 smalbeist.

1661: I Landkommisj. heiter det: «Gnr. 87, Helleland Nedre, 1 Løb, malt 1 tønde. Saar 8 t. avler 20 t. Føder 30 nød, 2 hester. Kand Tiend 2 tønder. Leding Fritold, Giengier Vedpenge 5 - 12 sk. Smaa Tiend 1/2 dr. 2 sk. Kand skatte av 1 1/2 L. smør. Noget ringe tømmer og Brændeskov til».

1667: I Prestens manntal heiter det at kvar bonde bygslar 1 sp. smør og 1 mele malt. Det er då nemnt 1 husmann, Mathis Magnesen, 66 år.

1723: I matrikkelen heiter det: «Landskyld 1 L. smør 1 tønde malt. Ingen husmandsplads. Sæter 1/4 mil fra gaarden. Brænde og furuskov til husbehov. Ligger 1/2 mil fra sjøen. Fjeldjord, ringe til korn, 6 1/2 mil fra Bergen, tungvunden. Saar 8 t. avler 20 t. Føder 24 kiør, 8 ungfe, 48 faar og 2 hester. Gammel taxt 1 1/2 L. smør, forhøyet 12 merker. Lever av kvegavl».

1803: Jordavgift: Kvar av dei 4 brukarane bygslar 1 pd. 6 mrk. smør og sår 3 tunnor og avlar 10 tunnor korn.

1819 - 1845: Hovedmatr. Fire bønder med lik skyld, 1 pd. 3 mrk. smør på kvart bruk. Sams merknad: «Lidet furreschov, Brændeschof og næverschov endog til salg. Vandfald til eget brug. Middels havnegang.

1845: I samband med folketeljingi dette året finn me desse oppgåvone: Utsæd: Havre 14 tønder, poteter 6 tønder. Dette er fyrste gongen potetor er talde med. Kreaturhald: Hester 4, storkveg 32, får 48.


1863. Jordbrugsbeskrivelsen.

For bruk 1 finn me her desse oppgåvone: Åker og dyrka eng: 10 1/2 mål, av det er 4 mål godt, 4 mål medels godt og 2 1/2 mål ringt. Naturl. eng: 50 mål, av det 6 mål godt, 11 mål medels og 33 mål ringt. So er der 3 mål som høver til å dyrka. Dei haustar av bruket 1100 våger enghøy, 450 våger markahøy og 180 våger halm. Sår 5 1/2 tunna korn og 6 tunnor potetor og avlar 23 tun. korn og 30 tun. potetor. Dei sel 12 famnar ved for 10 spd. og 6 kippor never for 4 spd. Fødnaden er 13 kyr, 4 ungnaut, 1 hest og 30 smalbeist.

For bruk 3 og bruk 5 er det nokso nære same tali. Bruk 4 var då skift millom 2 brukarar. Reknar me tali saman for dei 2, får me nokso nær det same for dette bruket og.

For plasset Einbakken er ført desse tali: Åker og dyrka eng 1/2 mål medels godt. Naturl. eng 3 1/2 mål medels godt. Dei haustar 60 våger markahøy, sår 1 t. potetor og avlar 5 t. Fødnaden er 1 ku og 5 smalbeist.


1865: Ved folketeljingi dette året vart fødnad og sånad oppgjeve slik:

Br. 1. Fødnad: 19 storfe, 23 får, 1 hest, 1 gris. Sånad: 6 tunnor havre, 5 tunnor poteter.

Br. 3. Fødnad: 15 storfe, 27 får, 1 hest, 1 gris. Sånad: 5 tunnor havre, 5 tunnor poteter.

Br. 4. Fødnad: 1 hest, 14 storfe, 32 får. Sånad: 5 1/2 tunnor havre, 5 tunnor poteter.

Br. 5. Fødnad: 1 hest, 15 storfe, 27 får. Sånad: 5 tunnor havre, 5 tunnor poteter.


1875: Ved folketeljingi er oppgjeve same eigarane med same fødnad og sånad som i 1865.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».


Bruk 1. Dyrka jord 44 da. mold- og morenejord. Anna jordareal 46 da. Produktiv skog 300 da. Bustadhus bygde 1956. Bleidalstølen seter. Brt. 164.000,- kr.
Fødnad: 1 hest, 6 kyr, 4 ungfe, 1 gris, 8 sauer.


Bruk 2. Dyrka jord 35 da. myr- og sand-jord. Anna jordareal 30 da. Utmark og skog 200 da. Bustadhus bygde 1955. Bleidalstølen seter. Brt. 107.000,- kr.
Fødnad: 1 hest, 4 kyr, 3 ungfe, 6 sauer.


Bruk 3. Dyrka jord 75 da. sand og morenejord. Anna jordbruksareal 27 da. Prod. skog 600 da. Utmark 50 da. Gamle bustadhus ombygde 1927. Driftsbygning bygd 1912. Brt. 100.000,- kr.
Fødnad: 1 hest, 9 kyr, 2 uksar, 6 ungfe, 1 gris, 20 sauer, 10 høns.


Bruk 4. Dyrka jord 32 da. sand-, morene- og mold-jord. Anna jordareal 88 da. Prod. skog 600 da. Bustadhus og driftsbygningar bygde 1955. Tveradalstølen seter. Brt. 110.000,- kr.
Fødnad: 1 hest, 6 kyr, 1 ukse, 4 ungfe, 1 gris, 8 sauer.
Ved skredulukka 1953 miste eigaren 10 da. dyrka mark.


BUSITJARAR

Bruk 1. Hans-Knut-luten.

1563: Dette året er fyrste gongen me finn Nedre Helland nemnd i Skatteregnsk. for Bergenhus Lehn. Der heiter det:


Oluff på Helgelandt, 1 dalar
Niels på Helgelandt, 1 daler.


1590/91: Jordeboki hev Åmund og Niels Helleland, St. Landsk. 1 mark 1 L. smør. Der er då framleis to brukarar, og Åmund må ha kome på bruket etter Oluff, som no er borte.


1597: Dei same brukarane får tridje bygsel av 2 L. smør. Om desse tri fyrste brukarane på Nedre Helland hev me ingi opplysningar om alder, giftarmål eller om born.


1603: Skattemanntalet hev no nye brukarar, Mogens og Johannes, og ein kan ikkje vera viss på kven av dei som kjem på bruket etter Niels, og kven som kjem etter Åmund, men Mogens kom på det bruket som sidan fekk bruksnr. 1, og Johannes på det som fekk bruksnr. 3. Bruk 2 kjem seinare fram ved oppdeling. Me fører no kvart bruk for seg.


Bruk 1.

Både Skattemanntalet og Futeregnskapen fører Mogens Nedre Helland på dette bruket frå 1603 og fram til 1630. I 1624 er skyldi på heile garden 1 L. smør 1 tunna malt, og fram til 1621 var garden delt i to jamstore bruk.

1. Mons Nedre Helland, g. m.

Ukjend

Born:

  1. Mathis f. 1600, næste busitjar her.


1621: Mathis Mogensen får fyrste bygsel på 1 pd. smør «som hans fader for hannem oploed», og gav 7 dr. i bygsel. No sat far og son med kvar sin lut av bruket til 1631. Då får Mathis fyrste bygsel av «2 sk. leye udi Helleland som hans fader Mogens for hannem godvilligen oploed», og då gav Mathis 4 dr., og sat då med heile bruket.


2. Mathis Monsson N. Helland, f. 1600, d. 1694, g. m.

Guri

Born:

  1. Berite (Brita) i Kopsk. 1645.
  2. Hans f. 1632 i Kopsk. 1645, næste brukar her.


Mathis Mogensen er førd i Skattemanntalet fram til 1663, men i 1655 får sonen Hans bygsel på 18 mrk. smør og gjev 5 rd. i bygsel.


1663: Hans Mathisen får no bygsel på resten av bruket. I jordeboki heiter det: «1. bygsel: 18. aprill boexlet til Hans Mathiesen 1 melle korns leye udi den jord Helleland som hans fader for hannem godvilligen oploed gaff udi penge 3 rd. 1 ort». Frå då av sit Hans med heile bruket, og er førd i Skattemannt. fram til 1694. Han er med i prestemanntalet 1664 og 1667 og i Landkom. 1661. I prestemannt. 1667 er Helland skift på fire brukarar, som kvar er førd med 1 sp. smør og 1 m. m.

Me kan ikkje finna kven Hans var gift med, men i 1680 er ført eit giftarmål i kyrkjeboki med Hans Helland til brudgom, utan at bruri er nemnd. Dette er truleg Hans Mathisen, og då må det vera andre giftarmålet hans, for i prestemannt. 1667 hev han to søner.


3. Hans Mathison N. Helland, f. 1632, d. 1698, g. m.

Ukjend

Born:

  1. Lars f. 1661, næste busitjar her.
  2. Askjell f. 1666, d. 1693, ug.


1701: Manntalet hev Lars Hansen, og han må vera son til Hans Mathisen. Han er førd i Skoskatten 1711, og i 1720 får han oppattnya bygsel frå Wilhelm Hansen.


4. Lars Hansson N. Helland, f. 1661, d. 1732, g.

1. 1682 m. Brita Simonsdtr. Steinsland, bnr. 2, f. 1662, d. 1706,

2. 1708 m. Marta Eilevsdtr. Otterstad, bnr. 1, f. 1673, d. 1774.

Born:

  1. Tora f. 1684, d. 1684.
  2. Secilia f. 1685, g. 1729 m. Gregorius Johannesson Brudvig.
  3. Marta f. 1688, g. 1712 m. Lars Pederson Mo, sjå Mo bnr. 3.
  4. Kari f. 1693, g. 1713 m. Mons Johannesson Straume, sjå Straume bnr. 4.
  5. Brita f. 1696, g. 1. g. 1733 m. Erik Tommessen Træfald, husm. Vetlejord, g. 2. g. 1739 m. em. Simen Brynjelson Høvik, sjå Høvik bnr. 4.
  6. Guri f. 1699, g. 1722 m. Olav Knutson Ø. Helland bnr. 1, sjå Farestveit bnr. 3.
  7. Tora f. 1702, d. 1702.
  8. Hans f. 1704, d. 1704.
  9. Hans f. 1709, næste busitjar her.
  10. Eilev f. 1712, d. 1780, g. 1749 m. Helga Andersdtr. Nåmdal bnr. 2 f. 1724, d. 1788, busett Totland i Hosanger, 5 born.
  11. Askjell f. 1714.
  12. Olav f. 1717, d. 1770, g. m. Brita Simonsdtr. Almelid, sjå Almelid bnr. 1.


1733: Bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Hans Larsson, som betalar 1 rd. 15 sk. marken. Bygsli er oppattnya i 1739.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Hans Larsson for 52 rd.. Skyldi er 18 mrk. smør 1 mele malt.


5. Hans Larsson N. Helland, f. 1709, d. 1784, g.

1. 1736 m. Anna Simonsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1713, d. 1759,

2. 1761 m. Ragnhild Olavsdtr. Lavik, bnr. 4, f. 1727, d. 1777.

Born:

  1. Lars f. 1737, d. 1741.
  2. Kari f. 1738, g. 1764 m. Olav Simonson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 1.
  3. Anders f. 1742, d. 1742.
  4. Marta f. 1745, d. 1771, g. 1768 m. Haldor Olavson Lavik bnr. 5, ei dotter , Brita f. 1771, d. 1773. Haldor attg. 1772 m. e. Kari Olavsdtr. Steinsland, sjå Steinsland bnr. 2.
  5. Marta f. 1747, g. 1782 m. em. Ivar Jacobson Mo, sjå Mo bnr. 4.
  6. Brita f. 1752.
  7. Knut f. 1754, næste brukar her.
  8. Lars f. 1757, g. 1783 m. Gunnhild Sjursdtr. Romarheim f. 1756.


1784: Knut Hansson får skøyte frå medervingane sine på deira arvepartar i bruket, tils. 9 mrk. smør 6 k. malt. Med eigen arvepart sit han då med heile bruket, 18 mrk. smør 1 mele malt.


6. Knut Hansson N. Helland, f. 1754, d. 1817, g. 1778 m.

Marta Magnedtr. Myster, bnr. 4, f. 1756, d. 1839

Born:

  1. Hans f. 1779, næste bonde her.
  2. Anna f. 1781, g. 1805 m. Lars Knutson Langedal, sjå Langedal bnr. 1.
  3. Maria f. 1783, g. 1801 m. Johannes Johannesson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.
  4. Magne f. 1786.
  5. Anders f. 1788, g. 1824 m. Marta Johannesdtr. Otterstadplasset. Dei fl. til Hopsnes, Fana i 1831, 2 born då.
  6. Nils f. 1790, g. 1816 m. Marta Johannesdtr. Simenes, fl. til Nordås, Fana.
  7. Askjell f. 1792, d. 1802.
  8. Ragnhild f. 1795, d. 1802.
  9. Simon f. 1797, g. 1828 m. Brita Knutsdtr. Mo bnr. 2 f. 1794. I 1828 kjøpte dei gard i Landsvik, Herdla og fl. dit.


1806: Skøyte frå Knut Hansson til sonen Hans Knutson for 90 rd. og kår.


7. Hans Knutson N. Helland, f. 1779, d. 1879, g. 1800 m.

Ragnhild Larsdtr. Nottveit, bnr. 1, f. 1776, d. 1870.

Born:

  1. Knut f. 1801.
  2. Lars f. 1806, d. 1874, døvstum, hadde kår av bruket.
  3. Askjell f. 1809, d. 1835, ug.
  4. Knut f. 1811, «skoleholder», g. 1837 m. Anna Ivarsdtr. Mo bnr. 1 f. 1814, busett Laksevåg i 1875.
  5. Anna f. 1814, g. 1842 m. Olav Rasmusson Nåmdal bnr. 1 f. 1818. I 1843 fl. dei til Ask, Askøy med dotteri Inga, 1 år.
  6. Olav f. 1817, g. 1845 m. Brita Ivarsdtr. Mo, sjå Mo bnr. 1.
  7. Marta f. 1821, d. 1872, g. m. Knut Ivarson Skarpenes, busette Årstad, Bergen, seinare Florvåg, Askøy.


1822: Knut Hansson, nr. a. ovanfor, gifter seg med Agata Magnedtr. N. Helland. Knut var odelsgut, men faren skøytte ikkje frå seg medan Knut levde. Dei vart difor buande som «inderstar» på bruket til dei døydde, Agata i 1831 og Knut i 1832.


Knut Hansson N. Helland, f. 1801, d. 1832, g. 1822 m.

Agata Magnedtr. N. Helland, bnr. 3, f. 1800, d. 1831.

Born:

  1. Marta f. 1822.
  2. Hans f. 1824, brukar her etter farfaren.
  3. Magne f. 1826, d. 1826.
  4. Anna f. 1828, d. 1828.


1849: Skøyte frå Hans Knutson til sonesonen Hans Knutson.


8. Hans Knutson N. Helland, f. 1824, g. 1846 m.

Agata Jakobsdtr. Flatekvål, bnr. 2-3, f. 1819, d. 1878.

Born:

  1. Agata f. 1846, g. 1868 m. Olav Jonsson Otterstad,sjå Otterstad bnr. 1.
  2. Knut f. 1848, næste bonde her.
  3. Maria f. 1850, d. 1943, ug., busett N. Helland, hadde ei liti stova her saman med systeri Anna.
  4. Jakob f. 1853, bonde på bruk 2 her.
  5. Anna f. 1854, d. 1912, ug., busett N. Helland saman med systeri Maria.
  6. Anna f. 1857, g. 1883 m. Jakob Jonsson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 1.
  7. Magne f. 1861, lærar, g. 1889 m. Brita Simonsdtr. Mo bnr. 4 f. 1861, busette Ullensaker.


1882: Ved skylddelingsforretning vert dette bruket no skift i to jamstore bruk, løpenr. 207 a og 207 b. Løpenr. 207 a vart bruk 1 med skyld 4 ort 10 sk., og 207 b vart bruk 2 med skyld 4 ort 9 sk., seinare revidert til 1 dalar 1 ort 16 skilling på kvart bruk. Ved omgjering til markeskyld fekk bruk 1, 2 mark 26 øre, og bruk 2 fekk 2 mark 25 øre.


1882: Skøyte frå Hans Knutson til sonen Knut på dette bruket for 1.000 kr. og kår.


9. Knut Hansson N. Helland, f. 1848, d. 1932, g. 1871 m.

Marta JonsdJonsdtr. Otterstad., bnr. 1 f. 1845, d. 1914.

Born:

  1. Hans f. 1872, for til USA, døydde der ug.
  2. Agata f. 1873, g. m. næste bonde her.
  3. Jon f. 1875, ug.
  4. Jakob f. 1877.
  5. Nils f. 1881, for til USA, døydde der ug.
  6. Andreas f. 1884, for til USA, døydde der ug.
  7. Brita f. 1887, g. m. næste bonde her.


1900: Skøyte frå Knut Hansson til versonen Olav Olavson Otterstad, fødd på Holmaplasset, Otterstad. Kjøpesummen var 1.500,- kr. og kår verdsett til 500,- kr. for 5 år.


10. Olav Olavson N. Helland, f. Otterstad, f. 1877, d. 1973, g.

1. 1895 m Anna Johannesdtr. Farestveit, bnr. 2, f. 1863, d. 1900,

2. 1900 m. Agata Knutsdtr. N. Helland, bnr. 1, f. 1873, d. 1910,

3. 1914 m. Brita Knutsdtr. N. Helland, bnr. 1, f. 1887, d. 1958.
Syster til Agata.

Born:

  1. Johannes f. 1895, d. 1905.
  2. Olav f. 1899, d. 1900, gravlagd saman med mori.
  3. Knut f. 1901, d. 1902.
  4. Jakob f. 1902, d. 1925, vanfør, cerebral parese.
  5. Knut f. 1903, næste bonde her.
  6. Anna f. 1905, ug., busett i Salhus.
  7. Jenny f. 1906, døydde barn.
  8. Magnus f. 1907 sandarbeidar, g. 1937 m. Maria Ivarsdtr. Mo bnr. 3 f. 1908. sjå Mo bnr. 16.
  9. Margit f. 1910, d. 1987 g. m. Nils Hansen Søvik, f. 1908, d. 1976. Busett Fana. 1 barn.
  10. Alvhild f. 1914, d. 1955, g. m. disponent Bjarne Jakobson Nygard bnr. 3, busett Otterstad, Granly.
  11. Hildur f. 19**, g. 1942 m. Johannes Olafson Mo, sjå Mo bnr. 2.
  12. Gunnar f. 19**, bonde her etter broren, Knut.
  13. Olav f. 19**, g. 1950 m. Kari Åslaug Vergeland, f. 19**, busett i Fana. 2 born.
  14. Arne f. 19**, ug. busett i Oslo.


1912: Skøyte frå skifteforvaltaren i buet etter Agata Knutsdtr. til Attlevande mann Olav Olavson, for 3.000,- kr.


1950: Skøyte frå Olav Olavson til sonen Knut for 3.500,- kr.


11. Knut Olavson N. Helland, f. 1903, d. 1971. ug.


1957: Skøyte frå Knut Olavson til broren Gunnar for 3.500,- kr. Knut flytte til Bergen og busette seg der.


12. Gunnar Olavson Helland, f. 19**, g. 1946 m.

Anna Monsdtr. Mo, bnr. 3, f. 19**.

Born:

  1. Olav f. 19**, g. 1969 m. Oddny Folkestad, Volda.
  2. Brita f. 19**, g. 1970 m. Anders Stusdal.
  3. Anna f. 19**, g. 1969 m. Odd Haugsdal.
  4. Magne f. 19**.


Brukar nr. 12, Gunnar Olavson Helland døydde i 1976 og kona Anna Monsdtr. sit i uskift bu fram til 1979. Bruket vart då skøyt til yngste sonen Magne, for kr. 36.000,-.


13. Magne Gunnarson Helland, f. 19**, g. 1980 m.

Margun Odny Farestveit, f. 19** i Salhus.

Born:

  1. Trond f. 19**.


Bruk 2. Hans-Jakob-luten.

1882: Ved skylddelingsforretning den 14/6-1882, tinglese 26/5-1883, vart bruk 1 delt i to jamstore bruk. Det eine av desse bruki fekk bruksnr. 2, og eigaren, Hans Knutson, skøyter det yver på sonen Jakob for 1.000,- kr. og halvt kår til seljaren og syster hans, Maria, f. 1850.


1. Jakob Hansson N. Helland, f. 1853, d. 1939, g. 1882 m.

Anna Ivarsdtr. Straume, bnr. 3, f. 1859, d. 1935.

Born:

  1. Agata f. 1883, må ha døytt spebarn.
  2. Hans f. 1883, d. 1907, agronom, budde heime, ug.
  3. Agata f. 1887, g. 1911 m. handelsstyrar Andreas Knutson Farestveit bnr. 4, busett i Ulvik. 2 born.
  4. Ivar f. 1890, næste bonde her.
  5. Anna f. 1893, g. 1923 m. bygningsmann Johannes Larsson Vambheim, busett Ulvik.
  6. Maria f. 1897, d. 1973, ug.


1921: Skøyte frå Jakob Hansson til sonen Ivar for 1.000,- kr. og kår.


2. Ivar Jakobson N. Helland, f. 1890, d. 1972, g. 1925 m.

Anna Jakobsdtr. Mo, bnr. 2, f. 1899.

Born:

  1. Aslaug Halldis f. 19**, g. 1951 m. bygningsmann Hjalmar Andersson Steinsland bnr. 1, f. 19**, busett Ytre Arna.
  2. Jakob f. 19**, næste bonde her.
  3. Alvhild Gunnveig f. 19**, g. 1976 m. Peder Langnes f. 19**, busette i Lindås.


1960: Skøyte frå Ivar Jakobson til sonen Jakob.


3. Jakob Ivarson Helland, f. 19**, g. 1962 m.

Arnhild Johannesdtr. Steinsland, N Helland bnr. 4, f. 19**.


Bruk 3. Magne-luten.

1563: Nedre Helland er skift i to jamstore bruk, og brukarane heiter Oluff og Niels.


1590/91: Jordeboki fører Åmund og Niels, og Åmund må då vera komen på den parten Oluff hadde. Stigtens Landsk. er 1 mark 1 L. smør. I 1597 får desse brukarane 3. bygsel på 2 L. smør, so då er skyldi sett mykje opp.


1603: Skattemanntalet hev no nye brukarar på båe bruki, og det var truleg Johannes som kom på dette bruket, som vart bruk 3.


1. Johannes Nedre Helland.

Me veit ikkje noko visst om giftarmål og born, men truleg er den Mogens Johannessen, som i prestemanntalet 1667 er førd under «Knechter», son til Johannes. I 1609 får Johannes 3. bygsel på bruket sitt, og han sit truleg med det til 1628.


1629: Landsk.fører Enchen, og ho må vera enkja etter Johannes. Truleg heitte ho Inger (Inga).


1630: Futerekneskapen hev Oluff Halvorsen, som får fyrste bygsel på «1 Løbs leye i Nedre Helland som er en Field Jord gaff i første bygsel 20 dr.». Oluff Halvorsen er truleg gift med enkja etter Johannes, og han er førd i rekneskapar og skattemanntal fram til 1660/61. I Kopskatten 1645 hev han kona Inger og døtrene Sidzell, Marithe og Brithe.


1655: Jordeboki fører Halduor, og kvegskatten 1657 hev både Oluff og Halduor, og Oluff hev berre halvparten so stor fødnad som Halduor. Det tyder på at dei hev brukt garden i lag, og at dei er far og son.


2. Olav Halvorson N. Helland, g. m.

Inger (Inga).

Born:

  1. Sidzell.
  2. Marithe.
  3. Brithe.
  4. Halvor. Næste brukar.
  5. Lars f. 1662.


1667: Prestemanntalet fører Halduor, 38 år, og guten Mogens 1 år. Mogens er truleg son hans. Halduor er førd i futereknesk. 1668, og det er uvisst kor mykje lenger han sat med bruket.


3 a. Halvor Olavson N. Helland, f. 1629, g. m.

Brita Johannesdotter, f. 1625, d. 1712.

Born:

  1. Anna f. 1664.
  2. Mons f. 1666.
  3. Marta.


1691: Futereknesk. fører Enchen, som truleg er den Brita Johannesdtr. som er gravfest 1712, og då sagd 87 år.


3 b. Brita Johannesdotter, f. 1625, d. 1712.
Ho sat med bruket til 1699.


1699: Ole Olssøn får bygselbrev frå Peder Lilienskiold på 1 pd. 2 huider. I 1699 er Ole Olsen Brørvigen gift med Guri Magnedtr. Nedre Helland, og det synest rimeleg at det er han som får bygsel her no. Folketeljingi 1701 hev Ole Olsen, 26 år, og sonen Mogens, 1 år. Mogens er sikkert den Magne Olsen som får bygsel her i 1737. Me finn fleire døme på at same mannen er skriven både Mogns eller Mogens og Magne. Ole Olsen fekk oppattnya bygsel frå Wilhelm Hansen i 1720 og 1733.


4. Olav Olavson Nedre Helland, f. 1665, d. 1751, g. 1695 m.

Guri Magnedtr. N. Helland.

Born:

  1. Mogens (Magne) f. 1700, næste brukar her.
  2. Brita f. 1703, g. 1724 m. Johannes Brynjelson Lavikhaugen.
  3. Ole f. 1709, g. 1735 m. Brita Ivarsdtr. Steinsland bnr. 3-5.


1737: Bygselbrev frå Andreas Jesen til Magne Olsen på 12 mrk. smør. Dette må vera halve bruket. Då Wilhelm Hansen auksjonerte bort bygsli på garden i 1739, heiter det: «Først blev indsat Ole og Magnes brug. Magne Olsen høistbydende». Etter det må me tru at Ole og Magne hadde brukt kvar sin part til no, men no får Magne bygsla heile bruket.


5. Magne Olavson Nedre Helland, f. 1700, d. 1747, g. 1735 m.

Brita Ivarsdtr. Mo, bnr. 4, f. 1694.

Born:

  1. Johannes f. 1735, d. 1735.
  2. Guri f. 1736, g. m. brukar nr. 7 her.


1749: Enkja Brita Ivarsdtr. gifter seg att med Knut Larsson Flatekvål bnr. 2-3, og dei sit med bruket til han døyr i 1765.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Knut Larsson på dette bruket, 18 mrk. smør 1 mele malt, for 52 rd.


6. Knut Larsson N. Helland, f. Flatekvål bnr. 2-3, f. 1720, d. 1765, g. 1749 m. e.

Brita Ivarsdtr. N. Helland, f. 1694.
Dei var barnlause.


I skiftet etter Knut Larsson 1765 vart bruket utlagt soleis:

Enkja Brita Ivarsdtr. halvparten. Borni til fullbroren Nils Larsson, Marta og Maria, 1 13/14 mrk. sm. kvar. Den andre fullbroren, Olav Larsson, 3 6/7 mrk. smør. Dei tre systrene, Ragnhild, Marta og Maren Larsdtr. 1 13/14 mrk. sm. kvar.


1765: Ervingane skøyter sine partar til Ole Andersen Myster, «som tar enchen til ekte», står det. Men dersom enkja rekna med det, vart ho narra, for det var dotteri, Guri han gifte seg med, og dei sat no med bruket til 1791.


7. Olav Andersson N. Helland, f. Myster, bnr. 4, 1736, d. 1812, g. 1765 m.

Guri Magnedtr. N. Helland, f. 1736, d. 1813.

Born:

  1. Magne f. 1767, næste bonde her.
  2. Siri f. 1767, d. 1803, g. m. Nils Nilsson Leivestad f. Hagen, Voss. 1 giftarmålet er han skriven Wåge. Alenfitb. s. 701.
  3. Brita f. 1769, d. 1771.
  4. Ragnhild f. 1776, g. 1796 m. Helge Halvorson Stamnes. I sk. etter far hennar 1812, er han skriven Dommedahl.


1791: Skøyte frå Olav Andersson til sonen Magne for 50 rd. og kår til foreldri.


8. Magne Olavson N. Helland, f. 1767, d. 1829, g. 1793 m.

Anna Jakobsdtr. Mo, bnr. 4, f. 1766, d. 1832.

Born:

  1. Brita f. 1794, g. 1813 m. Gudmund Ivarson Mo bnr. 4, hadde 4 born: Ivar, Anna, Magne, Anna, Gudm. attg. 1829 m. e. Brita Monsdtr. Furnes, Stamnes.
  2. Jakob f. 1795, d. 1797.
  3. Guri f. 1797, g. 1824 m. «skoleholder» Hans Ivarson Mo bnr. 4 f. 1790. I sk. 1829 er han skriven Ask, i sk. 1833 Sædahl.
  4. Agata f. 1800, g. 1823 m. Knut Hansson N. Helland, sjå bnr. 1.
  5. Jakob f. 1802, næste bonde her.
  6. Olav f. 1804, g. 1829 m. Anna Knutsdtr. Mo bnr. 1. I 1831 bur dei på Nordre Hop, Fana, hadde då ei dotter, Brita.
  7. Hans f. 1812, g. 1835 m. Marta Nilsdtr. Almelid bnr. 2-5 f. 1815, busett Almelid bnr. 3.


1820: Skøyte frå Magne Olavson til sonen Jakob for 150 spd. og kår til 5 års verd 150 spd.


9. Jakob Magneson N. Helland, f. 1802, d. 1863, g. 1827 m.

Brita Knutsdtr. Steinsland, bnr. 1, f. 1806, d. 1879.

Born:

  1. Magne f. 1828, næste bonde her.
  2. Anna f. 1830, g. 1856 m. Johannes Nilsson Almelid bnr. 2-5, busett Dale, Vik, Sogn.
  3. Knut f. 1834, d. 1834.
  4. Anna f. 1835, g. i Vik m. Johannes Monsson Steinsland bnr. 1, bonde på Flete, Vik 1869, fl. til Nummedal 1872, 2 born.
  5. Marta f. 1837, g. 1870 m. Eilev Monsson Steinsland bnr. 1, f. 1842, busett Nese i Vik, 4 born. Sonen Mons fekk garden etter faren.
  6. Knut f. 1840, attg. 1878 m. e. Marta Askjellsdtr. Otterstad bnr. 5 f. 1841, busett Straumsnes Askøy, sidan Romarheim. Sonen Jakob Bertin var handelsm. på Romarheim.
  7. Jakob f. 1842, d. 1845.
  8. Hans f. 1845, lærar i Modalen.
  9. Jakob f. 1848, g. 1873 m. Inga Nilsdtr. Straume bnr. 3 f. 1852, busett Flete bnr. 4 i Vik, 7 born. Sonen Johannes fekk bruket etter faren 1910.
  10. Anders f. 1851, d. 1928, g. 1883 m. Anna Knutsdtr. Mo bnr. 1 f. 1855, d. 1902. Han pakta gard på Haugland i Åsane og var fabrikkarbeidar i Ytre Arna, 7 born.


1863: Skøyte frå Jakob Magneson, ved Hans Knutson N. Helland, til sonen Magne for 300 spd. og kår.


10. Magne Jakobson N. Helland, f. 1828, d. 1889, g. 1854 m.

Maria Rasmusdtr. Vetlejord, bnr. 1, f. 1828, d. 1901.

Born:

  1. Jakob f. 1857, næste bonde her.
  2. Maria f. 1868, jordmor, g. 1890 m. skomakar Olav Jakobson Nygard bnr. 3, busette Stend i Fana, barnlause.


1879: Skøyte frå Magne Jakobson til sonen Jakob for 1.200,- kr. og kår.


11. Jakob Magneson N. Helland, f. 1857, d. 1921, g. 1879 m.

Berta Helena Larsdtr. Mo, f. 1854, sjå Mo bnr. 3 nr. 9 c!

Born:

  1. Brita f. 1880, g. m. næste bonde her.
  2. Magne f. 1882, politimann, g. 1907 m. Synnevam. Synneva Larsdtr. Myrtveit, Meland f. 1882.
  3. Maria f. 1884, g. 1905 m. Knut Nilsson Høvik bnr. 1 f. 1876, busett Høvik.
  4. Brita f. 1886, g. m. Sivert Eikanger, lensmann i Hamre d. 1959. Busett Eikanger, Lindås, 8 born.
  5. Lars f. 1888, d. 1943. Politimann g. m. Anna Norheim, Norheimsund, d. 1958.
  6. Helga f. 1890, d. 1919.
  7. Jakob f. 1894, d. 1977. Bygningsmann, g. 1923 m. Anna Monsdtr. Lid f. 1893, d. 1959. Busett Eikanger i Lindås.
  8. Andreas f. 1900, g. 1. g. 1924 m. Helga Ivarsdtr. Mo, bnr. 3, f. 1899, d. 1931. Dei hadde 2 born, Leif Asbjørn og Gunnar. Andreas g. 2. g. m. sjukesyster Maria Lekven, Os. 1 barn. Andreas var sersjant, likningssekretær i Modalen, heradskasserar i Alversund, bur der.


1921: Skøyte frå ervingane etter Jakob Magneson på deira arvepartar i bruket til systermannen Andreas Johannesson Nåmdal for 5.100,- kr.


12. Andreas Johannesson Nåmdal, bnr. 2, f. 1878, d. 1971, g. 1902 m.

Brita Jakobsdtr. N. Helland, f. 1880, frå dette bruket, d. 1972.

Born:

  1. Johannes f. 1903, ug. telefonarb., busett på Voss.
  2. Bergitta Helena f. 1905, g. 1951 m. Ommund Olavson Selje, Voss, busett der.
  3. Anna f. 1907, g. 1933 m. Paul Gustav Paulson Juvik, bonde på Juvik, Askøy. 3 born.
  4. Jakob f. 1909, g. 1936 m. Dagny Olavsdtr. Dagny Olavsdtr. Otterstad, bnr. 5., f. 19**. Han er møbelsnikkar, busett i Os.
  5. Olaf f. 1912, d. 2004, næste bonde her.
  6. Maria f. 19**, g. m. Kolbein Arnatveit, Vossestrand. 3 born.
  7. Magnhild f. 1918, d. 2005, g. 1958 m. Bjarne Kartveit f. 1924, d. 2000, Manger, busett Bergen.


Andreas Johannesson pakta halvparten i Vetlejord bnr. 1 eit par år, visst 1905-06.


1952: Skøyte frå Andreas og Brita Nåmdal til sonen Olaf for 3.500,- kr. og kår verdsett til 100 kr. for 5 år.


13. Olaf Andreasson N. Helland, f. 1912, 2004, g. 1958 m.

Brita K. Århus, f. 19**, frå Evanger.

Born:

  1. Atle f. 19**.
  2. Knut f. 19**.
  3. Bjørn f. 19**.


1981. Olaf Andreasson Helland har overdrege bruket til sonen Atle Olafson for kr. 56.000,-.


Atle Olafson N. Helland, f. 19**, g. 1981 m.

Kari Ivarsdtr. Mo, f. 19**, Hylkje i Åsane.


Bruk 4. Ivar-Joans-luten.

1660/61: Skattemanntalet hev Oluff Halvorsen, som sit med halve Hellandsgarden, 1/2 L. smør 1/2 td. malt. I prestemanntalet 1667 hev Oluff og sonen Halduor kvar sin halvpart av dette, og Halduor sit med den luten som sidan får bruksnr. 3, og Oluff med denne som får bruksnr. 4.


1. Olav Halvorson N. Helland. Sjå nr. 2 på bnr. 3!


Kva år det kom ny mann på bruket etter Oluff, kan me ikkje vita, sidan det vantar rekneskapar frå 1668 til 1691.


1691: Lars er førd brukar her, og han er truleg den Lars Olsen som i prestemanntalet 1667 er sagd 4 år gamal, og må vera son til Oluff Halvorsen.


2. Lars Olavson N. Helland, f. 1659, d. 1719, g. 1690 m.

Magdeli Eilevsdtr. Ø. Helland, f. 1659, d. 1743.

Sjå elles nr. 2 a på Øvre Helland bruk 5!

Lars vart ikkje lenge brukar her. I 1696 finn me han att på Ø. Helland bruk 5, og der sit han brukar til han døyr i 1719.


1694: Futereknesk.fører Knut på dette bruket. I 1700 får han bygselbrev frå asessor Wilhelm Hansen, og er då skriven Knut Johannessen. Han sat truleg med bruket til 1732.


3. Knut Johannesson N. Helland, f. 1677, g.

1. 1700 m. Kari Larsdtr. N. Helland, f. 1681, d. 1714,

2. 1715 m. Anna Ivarsdtr. Mo, bnr. 1, f. 1692, d. 1752.

Born:

  1. Hans f. 1705, g. 1734 m. Ingeborg Simonsdtr. Almelid bnr. 1.
  2. Johannes f. 1710, g. 1733 m. Ingeborg Knutsdtr. Steinsland bnr. 2.
  3. Anna f. 1711, g. m. næste brukar her.
  4. Olav f. 1713, d. 1713.
  5. Kari f. 1713, d. 1714.
  6. Kari f. 1714, med i skifte etter mori 1715.
  7. Lars f. 1715.
  8. Olav f. 1719, d. 1719.
  9. Ivar f. 1720, d. 1720.
  10. Ivar f. 1722.
  11. Kari f. 1725, d. d. 1743.
  12. Vemund f. 1727, d. 1823, g. 1760 m. e. Brita Monsdtr. Farestveit, sjå Farestveit bnr. 1.


1732: Bygselbrev frå asessor Wilhelm Hansen til Jakob Knutson Steinsland på 10 mrk. smør 1/4 mele malt. Truleg sit Knut Johannesson framleis med resten av bruket.


1744: Bygselbrev frå Jan van de Velde til Olav Knutson på 12 mrk. smør, som må gjelda resten av bruket.


4 a. Jakob Knutson Steinsland, bnr. 2-4, f. 1704, d. 1764, g.

1. 1732 m. Anna Knutsdtr. N. Helland, f. 1711,

2. 1753 m. Marta Gulleiksdtr. Farestveit, bnr. 5, f. 1733.

Born:

  1. Agata f. 1733, d. 1733, tvil.
  2. Brita f. 1733, d. 1733, tvill.
  3. Knut f. 1756, d. 1757.
  4. Anna f. 1757, d. 1758.
  5. Anna f. 1759, g. 1786 m. Johannes Monsson Stor-Urdal, (Hos. b. s. 286).
  6. Gulleik f. 1762, g. 1789 m. e. Kari Jakobsdtr. Otterstad. Sjå Otterstad bnr. 5.


4 b. Olav Knutson. Denne brukaren finn me ingi opplysningar om.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Nils Andersson på dette bruket. Nils Andersson gjev kårbrev til enkja Marta Gulleiksdtr. I 1765 gifter Nils Andersson seg med kårkona si, og dei sit med bruket til 1782.


5. Nils Andersson N. Helland, f. Almelid bnr. 2-5, 1726, g. 1765 m. e.

Marta Gulleiksdtr. N. Helland, f. 1733.

Born:

  1. Kari f. 1766, g. m. næste bonde her.
  2. Brita f. 1768.
  3. Brita f. 1770.
  4. Ragnhild f. 1772.


1782: Skøyte frå Nils Andersson til versonen Ivar Johannesson Nottveit for 80 spd. og kår til Nils Andersson og kona.


6. Ivar Johannesson N. Helland, f. Nottveit bnr. 3, 1757, d. 1806, g. 1783 m.

Kari Nilsdtr. Nedre Helland, f. 1766, d. 1810.

Born:

  1. Johannes f. 1785, næste bonde her.
  2. Marta f. 1788, g. 1806 m. Jakob Ivarson Mo, sjå Mo bnr. 4.


1807: Skøyte frå enkja Kari Nilsdtr. og dotteri Marta til Johannes Ivarson på 12 mrk. smør 8 k. malt for 66 rd. og kår til mori og «hendes tilkommende mand, Ole Andersen». Med eigen arvelut frå skiftet etter faren i 1806, eig Johannes Ivarson no heile bruket, 18 mrk. smør 1 mele malt, takst 100 rd.

Same året bygslar Johannes Ivarson bort halve bruket for 16 år til Olav Andersson Grøsvik og mor si, som gifte seg i 1807.


7 a. Johannes Ivarson N. Helland, f. 1785, d. 1848, g. 1809 m.

Anna Johannesdtr. Otterstad, bnr. 5, f. 1787, d. 1848.

Born:

  1. Ivar f. 1810, næste bonde her.
  2. Kari f. 1814, g. 1835 m. Ivar Jakobson Mo, sjå Mo bnr. 4.
  3. Johannes f. 1820, d. 1821.
  4. Kari f. 1822, g. 1. g. 1844 m. Rasmus Olavson Straume bnr. 4, busett der, g. 2. g. 1847 m. Nils Nilsson Ø. Helland bnr. 4, f. 1820, d. 1910, b. Straume.
  5. Anna f. 1825, g. 1865 m. Olav Olavson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 1.
  6. Marta f. 1828, g. 1852 m. Knut Jakobson Flatekvål bnr. 2-3, fl. til Løddingen, Nordland 1852.


7 b. Olav Andersson N. Helland, f. Grøsvik 1779, d. 1842, g.

1. 1807 m. e. Kari Nilsdtr. N. Helland, f. 1766, d. 1810.

2. 1811 m. Brita Larsdtr. Otterstad, bnr. 7, f. 1782.

Born:

  1. Anders f. 1813, d. 1813.
  2. Lars f. 1814.
  3. Kari f. 1817, g. 1854 m. Johannes Olavson Farestveit, truleg son til Olav Andersson og Marta Pedersdtr. Gavle, kalla inderstar på Farestveit der Johannes er fødd, seinare busett Skarvaplasset, Almelid.
  4. Brita.
  5. Anders f. 1820, d. 1901, lærar og klokkar på Mo, «Florvågen», Nottveit bnr. 4.


Olav Andersson Grøsvik og kona budde på Helland til fram mot 1820. Dei fyrste borni deira er fødde her. So flytte dei til Langedalen og budde der ei stund, og sonen Anders, f. 1820, er døypt derifrå. Sidan flytte dei til Askøy og busette seg i Florvåg.


1844: Skøyte frå Johannes Ivarson til sonen Ivar for 90 spd. og kår til foreldri, verdsett til 150 spd. for 5 år.


8. Ivar Johannesson N. Helland, f. 1810, d. 1874, g. 1833 m.

Dordei Olavsdtr. Straume, bnr. 4, f. 1815, d. 1885.

Born:

  1. Anna f. 1834, g. 1860 m. Ingebrigt Gullaksen Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 5.
  2. Anna f. 1837, g. 1865 m. Olav Nilsson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 4.
  3. Johannes f. 1840, næste bonde her.
  4. Kari f. 1842, g. 1868 m. Nils Johannesson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 5.
  5. Agata f. 1846, d. 1869.
  6. Dordei f. 1849, g. 1. g. 1873 m. Olav Rasmusson Straume, sjå Straume bnr. 4, g. 2. g. 1889 m. Olav Hallvardson Ø. Helland bnr. 4 f. 1857.
  7. Olav f. 1852, g. 1872 m. Ragnhild Jonsdtr. Myster f. 1851 på plasset Nordebø. Dei vart bønder på Øvre Fenno, Voss.


1874: Skøyte frå Ivar Johannesson, ved Hans Knutson N. Helland, til eldste sonen Johannes for 400 spd. På skøytet er tilført at det skal gjelda for løpenr. 210 og, d.v.s. den halvparten av bruk 4 som Olav Andersson fekk bygsla i 1807. Frå den tid var dei to partane førde med kvar sitt løpenr. - 209 og 210 - til dei no vart førde saman att i eitt bruk.


9. Johannes Ivarson N. Helland, f. 1840, d. 1920, g.

1. 1862 m. Anna Ivarsdtr. Straume, bnr. 3, f. 1839, d. 1867,

2. 1872 m. Helga Ivarsdtr. Straume, bnr. 3, f. 1845, d. 1904,
syster til Anna.

Born:

  1. Ivar f. 1865, d. 1865.
  2. Ivar f. 1867, næste bonde her.
  3. Anna f. 1875, g. 1897 m. Johannes Andersson Steinsland bnr. 1 f. 1869. Dei var busette her. Han var snikkar og murar.
  4. Ivar f. 1879, d. 1924, lærar og klokkar på Mo, g. 1906 m. Kari Johannesdtr. Otterstad bnr. 5 f. 1885, d. 1973, busett Mo.


1906: Skøyte frå Johannes Ivarson til sonen Ivar d.e. for 3.188,35 kr. og kår til seljaren.


10. Ivar Johannesson N. Helland, f. 1867, d. 1930, g. 1890 m.

Anna Olavsdtr. Otterstad, bnr. 5, f. 1867, d. 1926. Frå sydluten.

Born:

  1. Anna f. 1891, d. 1908.
  2. Andreas f. 1895, nærte bonde her.
  3. Helga f. 1900, d. ug., 1964.
  4. Brita f. 1904, g. 1941 m. bonde og bygningsmann Håkon Knutson Tunes, f. 1905, busett Tunes, 2 døtre, Kjellaug f. 19**, Arnhild f. 19**.


Ivar Johannesson budde nokre år i Nipen bruk 1, (sjå meir om dette der), men selde bruket der i 1906, då han fekk skøyte på farsgarden her. Dei to døtrene, Helga og Brita, er fødde i Nipen.


1931: Skøyte frå Ivar Johannesson og dei andre ervingane hans til sonen Andreas for 7.500,- kr.


11. Andreas Ivarson N. Helland, f. 1895, d. 1970, ug.


1940: Skøyte frå Andreas Ivarson til Johannes Johannesson Steinsland og kona Åsta Johansdtr. for kr. 6.058,13 og kår til seljaren.


12. Johannes Johannesson Steinsland, f. 1898, g. 1933 m.

Åsta Johansdtr. Otterstad, bnr. 1, f. 1906, d. 1971.

Born:

  1. Arnhild f. 19**, g. 1962 m. Jakob Ivarson Helland, sjå sjå bnr. 2, busett der.
  2. Bjarne f. 19**, g. 1968 m. lærar Gunnhild Asbjørnsdtr. Trohaug f. 19**.
  3. Johannes f. 19**, g. 1968 m. Gerd Johansdtr. Mostraum, bnr. 2 f. 19**.
  4. Jostein f. 19**.


Johannes Johannesson Steinsland er son til Johannes Andersson Steinsland og kona Anna Johannesdotter, nr. 9 c på bruket her. Meir om dette under husfolk.


1975. Johannes Johannesson Steinsland skøyter bruket til eiste sonen, Bjarne for kr. 30.000,-.


Bjarne Johannesson Steinsland, f. 19**, g. 1968 m.

Gunnhild Asbjørnsdtr. Trohaug, f. 19**.

Born:

  1. Jan Arild Steinsland f. 19**.
  2. Øystein Steinsland f. 19**.


Bruk 5. Gulleik-luten.

1644: Dette året fører skattemanntalet 3 bruk på Helland. På det nye bruket sit enkja Ragnhild, som i Kopsk. 1645 er kalla Enchen Ranilde. På dei andre to bruki sit same brukarane som i 1640, Mathis og Oluff.

Det nye bruket er då utskilt millom 1640 og 1644, og det må vera mannen til Ragnhild som fekk bygsel på det, og so døytt fyre 1644. Kven han var, kan me ikkje vita, og heller ikkje om dei hadde born saman. Det er ikkje nemnt i Kopsk. at ho hev born. Bruket må vera utskilt frå bruk 1.


1. Ukjend, g. med Ranilde. Ho sat enkja med bruket 1644-1645.

1646: Skattemanntalet hev Niels Halduorsen her på bruket, og det er vel ikkje tvil om at han hev kome og gift seg med enkja Ragnhild. Dei sit no med bruket til ho døyr i 1680. Niels gifter seg att i 1681 med Brita Knutsdotter, og dei sit med bruket til han døyr i 1696. Sidan er enkja brukar, truleg til 1709.


2. Nils Halvorsson, f. 1620, d. 1696, g.

1. 1646 m. e. Ragnhild, d. 1680.

2. 1681 m. Brita Knutsdotter, f. 1646, d. 1720.

Born:

  1. Ivar f. 1655, g. 1683 m. e. Brita Johannesdtr. Botnen, busett Dyrkolbotn.
  2. Anders f. 1656, g. 1677 m. Brita Askjellsdtr. Mo bnr. 1. Dei er fyrste busitjarane i Nipen. Ho er skrivi Marta i giftarmålet, men Brita i skiftet etter systeri i 1712.
  3. Brita f. 1657, g. 1683 m. Hans Gulliksen Farestveit, sjå Farestveit bnr. 7.
  4. Guri f. 1654, d. 1735, g. 1695 m. em. Knut Larsson Lavik, sjå Lavik bnr. 4.
  5. Haldor f. 1682.
  6. Ragnhild f. 1683, g. 1714 m. Nils Hansson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 8.
  7. Namnlaus f. 1685.
  8. Olav f. 1687, d. 1750, g. 1719 m. Kari Olavsdtr. Lavik bnr. 5. Bonde i Lavik bnr. 4.
  9. Knut f. 1689, tvill.
  10. Johannes f. 1689, tvill.
  11. Mons f. 1691, g. 1717 m. Agata Ivarsdtr. Steinsland bnr. 3-5.
  12. Askjell f. 1694, d. 1738, g. 1. g. 1722 m. Anna Jonsdtr. Hesjedal bnr. 1, f. 1686, g. 2. g. 1730 m. Agata Ingebrigtsdtr. Hesjedal bnr. 3, d. 1734, g. 3. g. 1734 m. Anna Gullaksdotter, sjå Hesjedal bnr. 3.


1709: Bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Anders Johannesson på 1 pd. 3 mrk. sm.


3. Anders Johannesson N. Helland, f. 1675, g. 1704 m.

Brita Ivarsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1684, d. 1743.

Born:

  1. Johannes f. 1706, d. 1706.
  2. Ingeborg f. 1708, d. 1708.
  3. Ivar f. 1709, d. 1743.
  4. Johannes f. 1718, næste brukar her.
  5. Nils f. 1721, g. 1748 m. Ragnhild Gulleiksdtr. Farestveit, sjå Farestveit bnr. 5.


Anders Johannesson N. Helland var truleg bror til Knut Johannesson, bonde nr. 3 på bruk 4.


1743: Bygselbrev frå Jan van de Velde til Johannes Andersson N. Helland på 1 pd. 6 mrk. smør.

1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Johannes Andersson på dette bruket, 18 mrk. smør 1 mele malt, for 52 rd.


4. Johannes Andersson N. Helland, f. 1718, d. 1795, g. 1744 m.

Brita Johannesdotter, f. 1724.

Born:

  1. Brita f. 1744, d. 1744.
  2. Anders f. 1746.
  3. Gulleik f. 1749, d. 1749.
  4. Gulleik f. 1751, næste bonde her.
  5. Ragnhild f. 1756, d. 1757.
  6. Nils f. 1759.
  7. Olav f. 1765, d. 1843, g. 1. g. 1795 m. Anna Johannesdtr.Otterstad bnr. 5, g. 2. g. 1813 m. Ragnhild Knutsdtr. Nygard, bnr. 1, f. 1774, d. 1838. Olav kjøpte bnr. 2 i Kringlebotn, Masfjorden 1797 og budde der, 5 born, alle i 1. ektesk. Eldste sonen, Johannes,fekk bruket etter faren.


1774: Skøyte frå Johannes Andersson til sonen Gulleik for 60 rd.


5. Gulleik Johannesson N. Helland, f. 1751, d. 1827, g. 1775 m.

Brita Johannesdtr. Otterstad, bnr. 5, f. 1752, d. 1810.

Born:

  1. Johannes f. 1778, d. 1793.
  2. Johannes f. 1786, næste bonde her.
  3. Anders f. 1790, d. 1832, g. 1826 m. e. Kari Haldorsdtr. Steinsland bnr. 3-5, busett der. Frå 1816-1826 bygsla Anders halve bruket her. Broren Johannes hadde andre helvti.
  4. Brita f. 1793, g. 1812 m. Olav Larsson Nottveit, sjå Nottveit bnr. 1.


1812: Skøyte frå Gulleik Johannesson til sonen Johannes på dette bruket, 18 mrk. smør 12 k. malt. Johannes gjev kårbrev til faren.


6. Johannes Gulleikson N. Helland, f. 1786, d. 1854, g. 1809 m.

Marta Larsdtr. Nottveit, bnr. 1, f. 1783, d. 1867.

Born:

  1. Johannes f. 1809, næste bonde her.
  2. Brita f. 1811, g. 1834 m. Ole Andersen Høvik, ell. Bergstadneset, son til Anders Olsen Bergstadneset og kona Marta Knutsdtr. Ole f. på Høvik 1809.
  3. Gulleik f. 1813, får festesetel på plasset Lyngen i 1845. Sjå der!
  4. Anna f. 1815, g. 1865 m. Olav Olavson Ø. Helland, sjå sjå Øvre Helland bnr. 1.
  5. Kari f. 1817.
  6. Gjertrud f. 1819.
  7. Ragnhild f. 1821, g. 1846 m. Olav Olavson Straume bnr. 4, bygsla Enebakken N. Helland i 1861.
  8. Vemund f. 1823, g. 1853 m. Martam. Marta Larsdtr. Fadnes, Evanger f. 1817. Dei fl. til Manger pr. gj. 1853 ell. 1854.
  9. Maria f. 1827, d. 1827.
  10. Lars f. 1828. Utflytta til Berge bnr. 1, Bergsdalen.


Brita og Olav Andersen Høvik, nr. 6 b ovanfor, hadde eitt barn til dåpen frå Nedre Helland. Det var sonen Knut, f. 1834. Dei er då kalla tenestefolk på N. Helland. Sidan hev me ikkje meir far etter dei.


1845: Skøyte frå Johannes Gulleikson til sonen Johannes, som gjev vilkårsbrev til foreldri. Same dag gjev Johannes Johannesson festesetel til broren Gulleik på teigar og slåttor som seinare vart skilt frå hovudbruket og kalla Lyngen.


7. Johannes Johannesson N. Helland, f. 1809, d. 1881, g. 1829 m.

Inga Olavsdtr. Farestveit, bnr. 8, f. 1806, d. 1877.

Born:

  1. Maria f. 1831.
  2. Ragnhild f. 1833, g. 1864 m. Lars Andersson Nygard bnr. 3, busett Flatekvål bnr. 4 i 1864/65, sjå Berge bnr. 2, Bergsdalen.
  3. Johannes f. 1835, d. 1848.
  4. Marta f. 1838, g. 1862 m. Jon Nilsson Farestveit bnr. 7, busett Rasdal, Evanger. Marta og dotteri Agata drukna i Bolstadstraumen i 1868.
  5. Olav f. 1841, næste bonde her.
  6. Anders f. 1842, d. 1843.
  7. Anders f. 1844. Sjå Berge bnr. 1, Bergsdalen.


1863: Skøyte frå Johannes Johannesson til sonen Olav for 100 spd. og kår.


8. Olav Johannesson N. Helland, f. 1841, d. 1926 i Aurland, g. 1863 m.

Anna Olavsdtr. Myster, bnr. 1-2, f. 1842, d. 1915. 4 born f. i Modalen, 4 på Voss og 3 i Aurland.

Born:

  1. Inga f. 1863.
  2. Brita f. 1865.
  3. Marta f. 1867.
  4. Maria f. 1869.

Dei neste fire er fødde på Voss i tidi 1870-1875:

  1. Olina f.
  2. Johannes f.
  3. Malena f.
  4. Anders f.
  5. Anna f. 1877, i Aurland.
  6. Karolina f. 1879, i Aurland.
  7. Anders f. 1881, i Aurland.


I 1870 selde Olav Johannesson bruket her og kjøpte gard på Kinne på Voss og flytte dit. I 1875 selde han der og kjøpte gard på Hylland i Nærøydalen i Aurland og budde der sidan.


1870: Skøyte frå Olav Johannesson til Knut Olavson Nåmdal på dette bruket for 2.000,- kr.


Årstal vantar: Delings- og skyld-delingsforretning. Frå dette bruket vert utskilt ein teig med namnet Lyngen med skyld 15 skilling, revidert 23 sk. og med løpenr. 211 b. Bruk nr. 5, løpenr. 211 a, hev då att skyld 1 d. 3 ort 4 sk., rev. 2 d. 2 ort 9 sk. Ny skyld 2 mark 20 øre.


Årstal vantar: Skøyte frå Knut Olavson Nåmdal til Jon Nilsson Råsdal på løpenr. 211 b, Lyngen for 2.800,- kr., med ymse rettar og plikter. Millom anna skal kjøparen ha hamnerett for dei beisti han kan føda på bruket, saman med beisti på hovudbruket, og rett til å hogga hesjeved i Kollebotnen til dei hesjane han treng i den slåtta, der løpenr. 207 eig lauvskogen. Men han skal ikkje ha rett til fureskogen i den same teigen, og den er det seljaren som eig.

1882: Jon Nilsson Råsdal skøyter dette same bruket attende til Knut Olavson Nåmdal for 600 kr., og dermed kjem Lyngen attende til eigaren av hovudbruket. Knut Nåmdal dreiv mykje med handel, kjøpte og selde beist, bork og never og andre varor, og hadde eit merkeleg lag til å tena på alt det han handla med, difor vart han kalla «Rike-Nåmdalen».


9. Knut Olavson Nåmdal, bnr. 2, f. 1833, d. 1898, g. 1887 m.

Agata Hallvardsdtr. Ø. Helland, bnr. 4, f. 1866, d. 1913.

Born:

  1. Olav f. 1888, bonde her nr. 11.
  2. Hallvard f. 1892, bonde her etter broren Olav.
  3. Andreas f. 1895, bonde her etter broren Hallvard.
  4. Inga f. 1897, d. 1913.


1902: Skifte etter Knut Olavson Nåmdal, og bruket vert utlagt til eldste sonen Olav for 2.500,- kr. og kår til mori Agata. Same året gifter Agata seg att med Mons Monsson Ytre Eide frå Hosanger.

10. Mons Monsson Ytre Eide, f. 1875, d. 1946, g. 1902 m. enkja

Agata Hallvardsdtr. Nåmdal, f. 1866, d. 1913.

Born:

  1. Matilda f. 1904.
  2. Olai f. 1908.


Mons og Agata må vel ha butt på bruket her og drive garden fram til 1908. Då er det halde skylddeling, og bruket er skift soleis:
Bruk 5, Olav Knutson Nedre Helland med skyld 2,02 mark.
Bruk 6, Agata Hallvardsdtr. og Mons Monsson Eide med skyld 1,51 mark.

Om bruk 6, som er Lyngen, heiter det då: «Parsellen har beiterett samt eiendomsrett til muldtag i den felles havnegang efter skylddelingen 1/3 1908, og 1/3 av indtægter ved fiske og mulige salg av vand og elveretter».


11. Olav Knutson N. Helland, f. 1888, d. 1907, ug.


Han sat med heimel til bruket frå skiftet etter faren 1902 og til han døydde.


1912: I skifte etter Olav Knutson får broren Hallvard skøyte frå skifteretten på bruk 5 for 2.500,- kr.


12. Hallvard Knutson N. Helland, f. 1892, d. 1908, ug.


1912: I skifte etter Hallvard Knutson får broren Andreas Skøyte frå skifteretten for takst 4.000,- kr. med påhefte å svara panterettsleg til systeri. Inga 490 kr. 13 øre.


13. Andreas Knutson N. Helland, f. 1895, d. 1964, g.

1. 1921 m. Ingeline Johannesdtr. Bernes, f. 1893, d. 1927, ikkje born.

2. 1934 m. Inger Elida Holvik, f. 1904, frå Sør-Vågsøy.

Born:

  1. Kåre Olav f. 19**.
  2. Håkon f. 1936, d. 1936.
  3. Asbjørg Maria f. 19**.
  4. Oddny Hildur f. 19**.
  5. Håkon Andreas f. 19**.


Då den store steinskrida gjekk på Helland i 1953, tok ho husi på dette bruket og øyrde ned mesteparten av den dyrka jordi. Andreas Knutson flytte då med huslyden sin til Vestfold og kjøpte seg gard i Stokke.


I 1970-åra vert utmarka til dette bruket skøytt til garden Krossdal, gr.nr. 76, bnr.nr. 5.


Bruk 6. Lyngen.

Dette bruket var frå fyrst av eit plass under bruk 5, og den fyrste som fekk bygselbrev på dette plasset, var bror til bonde nr. 7 på bruk 5.

1845: Festesetel frå Johannes Johannesson til broren Gulleik på namngjevne slåttor og jordstykke. «Han og efterfølgende brukere svarer tre arbeidsdager om våren og tre om høsten. Ret til å havne de kreaturer som kan vinterfødes på plassen».


Gulleik Johannesson N. Helland, f. 1813, d. 1871, frå bnr. 5, g.

1. g. 1835 m. Anna Knutsdtr. Farestveit, bnr. 7, f. 1816, d. 1861,

2. 1862 m. Helga Olavsdtr. Ø. Helland, bnr. 1, f. 1824, d. 1901 på Ø. Helland.

Born:

  1. Johannes f. 1835.
  2. Marta f. 1836, g. 1861 m. Olav Jakobson Otterstad bnr. 3 f. 1837.
  3. Johannes f. 1838, busett Laksevåg i 1871. (skifte etter faren).
  4. Knut f. 1841, handelsdreng i Haugesund i 1871.
  5. Olav f. 1844, g. 1865 m. Kari Olavsdtr. Myster bnr. 1-2.
  6. Inga f. 1847, fl. til Litlebergen i 1865.
  7. Olav f. 1850, d. 1850.
  8. Gjertrud f. 1852, d. 1852.
  9. Gjertrud f. 1853, fl. til Hundvin i Lindås 1878.
  10. Maria, f. 1857, g. 1884 m. Helge Knutsen Trefall og busett Ekse bnr. 1.
  11. Kari f. 1860.
  12. Anna f. 1867, ugift, døydde på Lavik 1948.


Olav Gulleiksen, nr. e framanfor, og kona Kari hadde desse borni til dåpen frå Helland: a. Anna, f. 1865, b. Gulleik, f. og d. 1867, c. Brita, f. 1868, d. Marta, f. 1871. Eldste dotteri, Anna, var gift med Askjell Simonson, Dalseid bnr. 3.


1870: Då Knut Olavson Nåmdal kjøpte bruk 5 på N. Helland, skilde han Lyngen frå som eige bruk og selde det til Jon Nilsson Råsdal for 2.800,- kr.


1882: Jon Nilsen Råsdal skøyter Lyngen attende til Knut Olavson Nåmdal for 600 kr. Sjå elles under bruk 5.


1884: Knut Olavson Nåmdal gjev bygsel på Lyngen til Helge Brynjelson Almelidneset, og Helge sit som paktar her til 1906. Han hadde kjøpt bruk 2 i Nipen i 1879, men let bruket der yver til Johannes Rasmusson Nåmdal, og flytte sjølv med huslyden sin hit til Lyngen.


I 1891 selde han bruk 2 i Nipen til Nils Olavson Farestveit. I 1906 kjøpte han bruk 1 i Nipen av Ivar Johannesson N. Helland og flytte attende til Nipen. Helge bygsla Lyngen i 22 år, og frå den tidi tok han Helland som etternamn. Hans personalia er teke med på gardsnr. 70 Nipen bnr. 1.


1906: Anders Andersson Heimdal, f. Steinsland bnr. 2, paktar no Lyngen i to år, utan tinglyst kontrakt eller festebrev. Han bygde nytt fjøs og ny løda her. Meir om Anders er å finna i soga om Steinsland bnr. 2.


1908: Deling- og skylddelings-forretning på bruk 5. Lyngen vert atter skild frå hovudbruket, og denne gongen får bruket tillagt andre rettar enn fyrste gongen. Meir om dette er å finna under bruk 5. Denne gongen er det enkja etter Knut Olavson Nåmdal som saman med den nye mannen sin, Mons Monsson Ytre Eide, kjøper Lyngen og buset seg der. Deira personalia frå den tidi dei budde på hovudbruket er teke med der.


1913: Agata Hallvardsdtr. døyr, og Mons Monsson Ytre Eide gifter seg att med

Eli Olavsdtr. Finne, Voss, f. 1888, d. 1974.

Born:

  1. Mathilde f. 1922, d. 1930.
  2. Magnus f. 1924, d. 1937.
  3. Ågot Marie f. 1926, d. 1929.
  4. Harald Andreas f. 19**, g. m. Maria Børsli f. 19**. Sjåfør Hylkje.


1946: Skøyte frå Mons Monsson Ytre Eide til sonen Olai på dette bruket.


Olai Monsson N. Helland, f. 1908, g.

1. 1937 m. Petra Lovise Johannesdtr. Solbakken, f. 1910, d. 1970,

2. 1972 m. Gjertrude Beatrice Uglum, f. 1907, Luster.

Born:

  1. Agot f. 19**, g. 1963 m. Per Kvinesland, Kopervik.
  2. Astrid f. 19**, g. 1972 m. Atle Aalen, Eikefjorden.
  3. Jofrid f. 19**, g. 1967 m. Gunnar Hammerstad, Bergen.
  4. Magnar f. 19**, g. 1969 m. Inger Helene Kolstad, Bjørnevatn.
  5. Haldis f. 19**, g. m. Helge Nygård, Sannes.


1963: Skøyte frå Olai Monsson Helland til Jakob Ivarson N. Helland på skog og utmark for kjøpesum 10.000,- kr.


På grunn av otte for skredfåre flytta Olai med huslyden sin til Indre Arna.


Einbakken.

1861: Festesetel frå dei fire bøndene på Nedre Helland til Olav Olavson Straume på «pladset Enebakken». Festesetelen er avlyst 1881.


Olav Olavson Straume, bnr. 4, f. 1822, d. 1877, g. 1846 m.

Ragnhild Johannesdtr. N. Helland, bnr. 5, f. 1821.

Born:

  1. Olav f. 1849, d. 1946, g. 1877 m. Kari Sjursdtr. Straume bnr. 2,
  2. 1846, d. 1906.
  3. Johannes f. 1850, linjearb. i N.S.B., g. 1. g. m. Anna Johannesdtr. Tunes, g. 2. g. 1884 m. Margreta Maria Ingebrigtsdtr. Seim, Haus, f. 1862. Dei var busette i Bergen.
  4. Gjertrud f. 1853. I 1878 utflytta til Ask.
  5. Anders f. 1855, g. 1879 m. Gjertrud Hansdtr. Almelid bnr. 2-5 f. 1860, hev til dåpen frå Almelid sonen Hans i 1879.
  6. Gulleik f. 1858.
  7. Rasmus f. 1858, d. 1858, tvilling med Gulleik.
  8. Rasmus f. 1862.
  9. Kari f. 1867, g. 1887 m. Olav Andersson Sekkenes. Etter ho vart enkja budde ho på Mo.


Olav Olavson, nr. a ovanfor, og kona Kari budde på Søre Askeland i Haus frå 1879. Dei var gardbrukarar der og hadde sju born:

  1. Marta f. 1878, g. og busett på Rivenes. Far hennar budde der siste åri.
  2. Olav f. 1879, d. 1900, ug.
  3. Sivert f. 1881, reiste til USA.
  4. Rasmus Johan f. 1883, busett Hetland i Rogaland.
  5. Berta Helena f. 1885, busett ved Sandnes, Rogaland.
  6. Ingvald f. 1886, busett Søre Askeland.
  7. Ragnhild Maria f. 1890, flytta til Island.


Plassfolk, husfolk og andre.

1723: I matrikkelen heiter det: «Ingen husmandsplads».


1792: Knut Hansson på bruk 1 gjev bygselbrev til Helge Halvorsen på 12 mrk. smør 8 k. malt, og det skulle vera 2/3 av bruket. Helge vart gift i 1896 med Ragnhild Olavsdtr. N. Helland, dotter til Olav Andersson på bruk 3. Han er då skriven Helge Halvarsen Stamnes og er ungkar. I skiftet etter verfaren, Olav Andersson, i 1812, er han skriven Dommedahl. Elles hev me ikkje funne noko opplysningar om kven han er, eller kor lenge han budde på Helland. 1 1796 hadde Helge og Ragnhild sdotteri Anna til dåpen frå Helland. Sidan finn me ikkje meir far etter dei. Dei er ikkje med i folketeljingi 1801.


Helge Hallvardson Stamnes, g. 1796 m.

Ragnhild Olavsdtr. N. Helland, bnr. 3, f. 1776.

Born:

  1. Anna f. 1796.


1795: Festesetel frå Knut Hansson, nr. 6 på bruk 1, til Johannes Hansen «på en liden plads av engebøen for 24 år». - Det er uvisst kven Johannes Hansson er. Han kan vera bror til Knut, men me finn han korkje i dåps- eller konfirmant-lista for Helland. I folketeljingi 1801 er han med.


Johannes Hansson N. Helland, g. f. 1759, d. 1838, g. 1788 m.

Ingeborg Olavsdtr. Almelid, bnr. 1 f. 1765, d. 1837.

Born:

  1. Brita f. 1786, g. 1813 m. Hallvard Andersson Farestveit bnr. 5 f. 1784.
  2. Helga f. 1790, g. 1812 m. Lars Knutson Mo, sjå Mo bnr. 3.
  3. Anna f. 1794, d. 1802.
  4. Brita f. 1797, g. 1819 m. Lars Olavson Almelid, tenestfolk på N. Helland 1820, ei dotter Kari f. 1820.
  5. Sesilia f. 1800, g. 1821 m. Lars Knutson Mo bnr. 1 f. 1796.
  6. Anna f. 1803, g. 1831 m. Knut Knutson Mo bnr. 1.


1762: 21/6 er ført skifte på Nedre Helland etter Ole Pedersen. Ervingane er enkja Brita Olsdtr. og fem umyndige born. Me hev ikkje funne ut kven dette er. Det ser ikkje ut til at dei hev hatt bygsel eller festesetel på jord, so dei hev truleg vore husfolk eller tenestefolk på garden. To av borni deira, Maria og Per, er døypte frå Helland.


Olav Pederson, d. 1762, g. m.

Brita Olavsdtr.

Born:

  1. Olav f. 1745.
  2. Maria f. 1750. Kan vera ho som i 1801 er gift m. Johannes Olavson Flatekvål.
  3. Anna f. 1754.
  4. Per f. 1756.
  5. Anders f. 1759.


Den siste her, nr. e, var gift og busett på Nedre Helland ei tid.


Anders Olavson N. Helland, f. 1759, g. 1791 m.

Guri Knutsdtr. Farestveit, f. 1763.

Born døypte frå Helland:

  1. Knut f. 1792.
  2. Olav f. 1796, d. 1877, plassm. Skarvaplasset Almelid.
  3. Gulleik f. 1803.


1897: Johannes Andersson Steinsland vart gift med Anna Johannesdtr. N. Helland bnr. 4, og dei var busette her. Johannes var murar og snikkar og dreiv mykje med bygningsarbeid i bygdi.


Johannes Andersson Steinsland, bnr. 1, f. 1869, d. 1951, g. 1897 m.

Anna Johannesdtr. N. Helland, bnr. 4, f. 1875, d. 1904.

Born:

  1. Johannes f. 1898, bonde på bnr. 4 her.
  2. Andreas f. 1901, d. 1984. Busett i Modalen.
  3. Helga f. 1903, g. 1926 m. Johannes Ivarson Mo bnr. 3.


I 1980 vart det gjeve skøyte frå gr.nr. 78, bnr.nr. 2 til Jon Nygard over ein parsell til bustadtomt, med navn Einbakken, bnr.nr. 25.


Jon B. Nygard, f. 19**, g. 1972 m.

Kari Marie Vevle, f. 19**, Valestrandsfossen.

Born:

  1. Alvhild f. 19**.
  2. Audun f. 19**.
  3. Marit Kristin f. 19**.
  4. Bjørnar f. 19**.


Folketeljingar:

1645. Kopskatten: 9 personar yver 15 år.

1667. Prestemanntalet: 11 mannspersonar yver 1 år og 1 enkja med gard. Andre kvinnor vart ikkje medtalde.

1711. Skoskatten: 18 i alt, av dei 7 tenarar.

1801. Folketeljing: 42 i alt, av dei 5 tenestfolk og 1 legdelem.

1845. Folketeljing: 54 i alt, 28 menn og 26 kvinnor.

1865. Folketeljing: På dei fire bruki er til saman 42 personar, av dei er 10 husbondsfolk, 6 kårfolk og 9 tenestfolk.
Lyngen: 6 personar. Enebakken: 7 personar.

1875. Folketeljing: På dei fire bruki er til saman 41 personar. Enebakken: 4 personar.


1900:

Bruk 1: Olav Olavson med kona Agate Knutsdtr. og 1 barn. Kårmann Knut Hansson med kona Marta Johnsdtr. og 2 born.


Bruk 2: Jakob Hansson med kona Anna Ivarsdtr. og 5 born. Anna Hansdtr. N. Helland, f. 1857, ug. tenestegjenta.


Bruk 3: Jakob Magneson med kona Berta Larsdtr. og 8 born. Andreas Johannesson Nåmdal, f. 1878, ug. snikkar. Johannes Knutson Straume, f. 1879. Eilev Nilsson Straume, f. 1880, tenestedreng. Ole Jakobson Nygård, f. 1867, skomakar, g. m. jordmor. Maria Magnesdotter, f. 1868. Dei fl. til Stend i Fana.


Bruk 4: Ivar Johannesson med kona Helga Ivarsdtr. Anna Johannesdtr. Grønhaug, f. 1880, tenestegjenta. Johannes Helgeson N. Helland, f. 1883, tenestedreng. Johannes Anderson Steinsland med kona Anna Johannesdtr. og 1 son.


Bruk 5: Helge Brynjelson med kona Anna Olsdtr. og 7 born. I kårhuset: Enkja Agate Hallvardsdtr. med 4 born.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy