Nipen

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 15:31, 9 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Nipen.



Gnr. 70 Nipen


No gnr. 246 i Lindås kommune

Innhaldsliste

Innleiing

Fjellgarden Nipen ligg i Romarheimsdalen, omlag 7,5 km frå Romarheim. Næraste grannegarden er Dyrkolbotn som ligg omlag 2,5 km lenger oppe, på austsida av dalen. Garden hev grensor mot Romarheim i sør, Dyrkolbotn i aust, Haukeland i Masfjorden i nord og nordvest, og Stusdal i vest.

Garden hev fenge namn etter ein liten fjelltopp som stikk opp og litt fram på austsida av dalen, eit lite stykke nordanfor heimebøen. Namnet hev vore skrive, Nibben, Niben, Nippen og i seinare tid Nipen, men i daglegtale segjer ein Nipo.

Dei fyrste husi var bygde på eit nes der Nordelvi frå dalen møter Storelvi frå Botnavatnet. Bunadshuset på bruk 1 var det eldste av desse husi. Det står der enno, men kva tid det var bygt, veit me ikkje. Husi på bruk 2 vart oppsette av Helge Brynjelsen Helland då han fekk skøyte på dette bruket i 1879. Båe husi stod i lengderetning etter dalen med berre nokre få meter millomrom. Dei var omlag likt innreidde, med stova i sørenden, ein open gang, døræ, i midten, og so ei mindre stova med bu attåt i nordenden. Frå midtgangen gjekk det tropp opp til døralemmen, og derifrå var det inngang til eit soverom i kvar ende av huset. På bruk 1 var det so stor kjellar under huset at der var plass til ei opi gruva med bakstehella og skjerdingar for grytone. Nedgangen til denne kjellaren gjekk gjenom ei luka i golvet ute i midtgangen. På bruk 2 var det berre ein jordkjellar under huset, med inngang utanfrå, og gruva med bakstehella var plassert oppe i døræ. I nordenden av kvart hus var det bygt attåt ei halvtekkja til skytja. Fjøs og løa stod litt aust for bunadshusi og var oppsette i eitt bygg for båe bruki. Fjøsi var skilde med heil vegg imillom, men høyløone ovanpå var berre skilde med nokre standarar med stenger tvers yver omlag som ei hes. Dei to bruki hadde dg eit sams kvernhus og vassdriven slipestein ved Storelvi aust for tunet.

Det var lite dyrka jord på desse bruki, berre nokre haugar og delder rundt husi på neset millom elvane. Her og der låg nokre åkerlappar med steinar og steinrøysar rundt. Heimebøen var liten, og høyavlingi ujamn og skral. Innmarki vart utskift kring 1880, og so godt hadde dei fenge det til at grensa millom bruki gjekk midt etter fjøsveggen som skilde uthusbygningen, men då grensa kom ut att av fjøsveggen i aust, bøygde ho av og gjekk nedetter langs ferdavegen til brui yver Storelvi. Dette var truleg gjort slik for at dei skulde sleppa å flytta fjøs- og løebygningen.

Markaslåttone låg for det meste opp etter liene på vestsida av dalen. Her var det so bratt at jordi lite kunde nyttast til hamnehage. Men slåtte-teigane var skrøpelege, med mykje stein og lite gras, men der var store vidder, og 4-5 markaløor på kvart bruk var fyllte kvar sumar. Dei beste slåttone låg nordpå dalen. Lengst nord låg Klype-slåtta på vestsida av elvi. Løa stod på austsida, for skredefåren. So var det slåtta på Stallane. Derfrå vart turrhøyet sendt på løypestreng yver dalen og til Olsbotn. Stallane var etter måten fin slåttemark, og løa i Olsbotn var finaste løa på garden. I liane under Nipo var to markaløor. Der var skrinn slåttemark og lang turrhøybering. Høyet frå alle desse løone nord på dalen drog dei heim på kjelke på vinterføre. So var det fire løor ut-i lii sør for heimebøen. Frå desse løone vart høyet sendt på sloar ned i dalen og køyrt heim på vinterføre. Dei finaste markaslåttone og finaste graset fekk ein frå fjellslåttone på Svaena og på Storsvåi. Dette var haustslåtte-teigar, og her kunne slåtten halda fram til slutten av september. Frå desse slåttone vart graset teke heim på løypestreng og hesja på bøen.

Garden hadde gode hamnehagar, både nedanfor bøen, ovanfor på grensa mot Dyrkolbotn og nord på dalen til grensa mot Masfjorden. Den siste hagen vart nytta midtsumarstid, og her kunde det vera yver ein time stølsgonga kvar veg. Garden hadde mange hamnekyr, og mjølkebøra leita ofte hardt på ryggen dei lange vegane. Det vanlege var at bøndene fekk halve avdråtten av leigekyrne. For ungfe og smale vart det betalt ei fast hageleiga for sumaren for kvart beist.

Skogen gav og ei god attåtnæring for bøndene. Fureskog var det lite av, men lauvskogen gav både never og bork og ved til sal kvart år. Veden vart køyrd til Romarheim på vinterføre, og kvart bruk selde 4-5 mål bjørkeved kvart år.

Det var to gangstigar som førde frå garden og til Gamlesetra på vegen til Romarheim. Den eine vegen gjekk opp Laksebrekka til Nysetervatnet og ned Langedalen. Denne vegen var den lengste, men han måtte alltid nyttast om ein skulle jaga sauer og kyr, eller om ein skulle kløvja varor til og frå garden. Den andre vegen gjekk gjenom Romarheimsdalen, helst kalla Nutledalen. Han var kortare og beinare og ikkje so bratt, men gjekk gjenom ur og blautmyr og til slutt yver ei stygg kleiv. Dette var snarvegen, og han vart helst nytta når byrda ikkje var altfor tung. Båe desse vegane møttest på Gamlesetra. Der hadde fjellgardane kvar sine buer. Der stod kjerror, og der hang hesteselar om sumaren, og so var det berre å skifta kløvsalen med hesteselen, lessa varone på kjerra og køyra resten av vegen. Vintervegen frå Nipen til Romarheim gjekk alltid gjennom Nutledalen so snart snøen var djup nok. Då vart det laga braut gjennom dalen, og dersom elveisen ikkje var sterk nok, måtte det byggjast provisorisk bru yver elvi sume stader. Då felte dei nokre bjørker, la stokkane yver til bruspenn, mindre stokkar tvers yver dei att, so eit tjukt lag med riskvister yver det heile, og til slutt ei mengd med snø oppå. Alt dette vart trakka godt saman. Såg det so ut til å verta klårver og frost, vart det gjerne slengt nokre byttor vatn yver. Dermed hadde dei bru som heldt om det var nokso store lass som skulde yver. På Gamlesetra, eller somme år på Rommarheim, vart strongane saga opp og veden kløyvd.

Gardane Nipen og Dyrkolbotn hadde omgangsskule so lenge barnetalet var stor nok. Dei siste åri var skuletidi 12 vekor samla skule for året. Med fire vekors millomrom kom læraren hit, ein tur til Nipen og ein til Dyrkolbotn, to vekor kvar gong, med ei veka på kvart bruk. Storstova på garden vart nytta til skulestova, og inventaret var eit langbord med benker på kvar sida. Hus og inventar, brensel, reinhald og oppvarming heldt bøndene gratis. Både vaksne og born tykte det var litt av ein fest kvar gong læraren kom.

Dei siste bøndene som budde i Nipen, vart samde om å gjerda inne kvar sin lut av hamnehagen nede ved Laksevatnet. Der var flate og fine marker som kunne dyrkast opp og brukast i staden for markaslåttone. Dette vart og gjort. Eigedomane vart inngjerde, noko av jordi vart om-broti og tilsådd, ei løa vart bygd på kvart bruk, og det var visstnok tanken å flytta bunadshusi ned der og. Men i 1921 vart bruk 2 selt, og tri år etter vart bruk 1 selt, og båe bruki vart fråflytta.

Sidan den tid er det kome brei og fin bilveg gjenom dalen. Han som no eig garden, Olai Dyrkolbotn, hev bygt nye hus på flatane nede ved Laksevatnet og bur no der, men han hev ikkje hatt gardsdrift til leveveg. Vegen gjenom dalen hev omskapt garden på mange måtar. Der ein fyrr sleit seg fram med tunge byrdor på ryggen, gjenom dike og blautmyr, gjenom glopurd og vassande elvefar, og gjerne brukte eit par timar på vegen, der susar ein no av stad i bilen og er framme på nokre få minutt. Garden hev fenge både telefon og elektrisk straum, so det kan vel enno vera von om at det vert buande folk her, og at gardsdrifti vert teki oppatt.


Matrikkel og fødnad.

Garden hadde frå fyrst av gnr. 79, skyld 9 mrk smør. Denne skyldi hadde han so lenge skyldi var rekna i smør. Då garden vart delt i 1879, var gnr. brigda til 63, og skyldi rekna i pengeskyld, 3 ort og 18 skilling på kvart bruk. Seinare vart gardsnummeret brigda til 70, og skyldi omgjord til markeskyld, med 1,27 skm. på bruk 1, og 1,22 skm. på bruk 2. Dette gjeld framleides. Me tek med her oppgåvor for nokre år:


1723: Eier: Søren de Fine. Ingen husmænd. Ingen sæter. Brænde og lidet furruskov til husbehov. Ingen Flomkvern. Ligger 1 mil fra søen. Uvisst for korn, sår 1/4 tønde, avler 1/2 tønde. Samler foder fra vanskelige fielde, føder 1 hest, 4 kiør og 9 faar.


1803: Eier: Nils Andersen Nippen. Utsæd 1 tønde korn, 3 tønder poteter. Føder 10 kreaturer og 9 faar. Gode havebeiter. Skov til husbehov. 100 rd. høieste beregning.


1863: Eier: Johannes Monsen. Aker, dyrket eng: middels 2 mål, slet 1 1/2 mål. Nat.eng godt 2 1/2 mål, middels 5 mål. Høi av utslåtter 250 våger. Årlig utsæd 1 1/2 tønne korn, 1 1/2 tønne poteter. Avler 5 tønner korn, 3 tønner poteter. Enghøi 440 våger. Halm 28 våger. Føder 1/2 hest, 6 kiør, 12 får. God havnegang. Brænde 1/2 husbrug. Surogatfoder 1 kofoster beit og skav. Ligger 3/4 mil fra søen.


1959: Eigar: Olai Dyrkolbotn. Her er garden tald saman med Dyrkolbotn bnr.nr. 1, og vert teken med i oppgåva der.


BUSITJARAR

Bruk nr. 1.

1686 er fyrste gongen me finn garden nemnd. Då heiter det: «Nibben Bundegods. 9 mrk.» Etter det må me tru at bonden i Nipo var sjølveigar. Det er ikkje nemnt brukar då. Men i 1684 hev Anders Niben barn til dåpen, og det er nok han som er bonden i Nipo då. I mtl. 1701 heiter han Anders Nielssøn, og hev sønene Ole og Askild heime, og han er sagd 52 år. Giftarmålet hans finn me på Nedre Helland, og etter det kan me vita at han er son til Nils Haldorson på bnr. 5 på N. Helland.

1. Anders Nilsson Nipen, f. kr. 1650 g. 1677 m.

Brita Askjellsdtr. Mo, bnr. 1, f. 1647 d. 1725.

Born:

  1. Nils f. 1676, g.l.g. m. Kari Andersdtr. Bernes, g. 2. g. m. Ingeborg Johannesdtr. Holme.
  2. Knut, f. 1678.
  3. Namnlaus f. 1682.
  4. Olav f. 1683. d. 1744, g.m. Ingeborg Ellingsdtr. Bysheim.
  5. Askjell f. 1686. Næste bonde her.
  6. Ragnhild g. m. Anders Johannesson Eikemo (Hosanger). Nr. 3 her.
  7. Johannes f. og d. 1693.


1713. Bygselbrev frå Søren de Fine til Askjell Andersson.


2. Askjell Andersson Nipen, f. 1686 d. 1719, g. 1714 m.

Siri Bårdsdtr. Otterstad, bnr. 3 f. 1680 d. 1724.

Born:

  1. Nils f. 1716.
  2. Anna f. 1717.


1720. Bygselbrev frå Søren de Fine til enkja Siri Bårdsdtr. Ho sit truleg med garden til ho døyr i 1724, og etter henne må Anders Johannesson ha site med bygsli til han fekk kjøpa Nipo i 1727.


3. Anders Johannesson Nipen, f. Eikemo (Hosanger) 1700, d. 1769, g. 1722 m.

Ragnhild Andersdtr. Nipen.

Born:

  1. Anders. Næste bonde her.
  2. Brita f. 1725, d. 1788, g. m. Magne Johannesson Stusdal, f. 1738 d. 1829.
  3. Askjell, g. m. Ingeborg Gudmundsdtr. Eidsnes.


1727. Skøyte frå Abel Catarine Munthe, salig Søren de Fine, til Anders Johannesson Nipen.


1762. Skøyte frå Anders Johannesson til sonen Anders på 9 1/2 mrk. smør for 20 rd.


4. Anders Andersson Nipen, d. 1782, g. m.

Synneva Askjellsdtr. Farestveit, bnr. 1, f. 1734, d. 1794.

Born:

  1. Nils f. 1757. Næste bonde her.
  2. Agata f. 1759 d. 1839, då legdslem på Farestveit.
  3. Brita f. 1763, g. m. Jakob Knutson Farestveit bnr. 3.
  4. Ragnhild f. 1766 d. 1826, pige og legdslem.
  5. Anders f. 1770.
  6. Askjell f. 1776, g. 1798 m. Helga Johannesdtr. Stor-Urdal.


1783. Skøyte frå enkja Synneva Askjellsdtr. til Anders Monsson Romarheim, som same året bygslar garden til Nils Andersson Nipen.


1792 lyser Nils Andersson på odelen i Nipen.


1793. Skøyte frå Anders Monsson Romarheim til Nils Andersson Nipen på 9 mrk. sm. for 90 rd.


5. Nils Andersson Nipen, f. 1757, d. 1812, g. 1792 m.

Brita Nilsdtr. Vetle Urdal, f. 1768 d. 1824.

Born:

  1. Synneva f. og d. 1799.
  2. Nils f. 1801. Næste eigar her.
  3. Synneva f. 1805.
  4. Agata f. 1809.


1814. Nils Nilsson gjev bygselbrev til Jon Larsson Romarheim.


6. Jon Larsson Romarheim, f. 1791 d. 1855 g.

1. 1813 m. enkja Brita Nilsdtr. Nipen, f. 1768 d. 1824. Inkje born.

2. m. Inga Andersdtr. Stusdal, f. 1790 d. 1866. Inkje born. Nils Nilsson budde i Nipen med lyden sin, men dreiv ikkje garden sjølv.


7. Nils Nilsson Nipen, f. 1801 d. 1846, g. 1823 m.

Gunnbjørg Olavsdtr. Grøsvik, f. 1798 cl. 1869.

Born:

  1. Brita f. 1824, g. m. næste bonde her.
  2. Marta f. og d. 1827.
  3. Marta f. 1828 d. 1912, g. 1856 m. Nils Velumson Drangevåg.
  4. Ragnhild f. og d. 1831.
  5. Ragnhild g. 1869 m. Olav Johannesson Romarheim. Til USA 1871.


1845. Skøyte frå Nils Nilsson til Johannes Monsson Stor-Urdal.


8. Johannes Monsson Nipen, f. Stor-Urdal 1819, g. m.

Brita Nilsdtr. Nipen, f. 1824.

Born:

  1. Maria f. 1846, g. m. næste bonde her.
  2. Gunnbjørg f. 1847, g. m. Rasmus Johannesson Nipen.
  3. Mons f. 1850, reiste til USA 1871.
  4. Nils f. 1852, reiste til USA 1872.
  5. Anna f. 1853, d. 1929, reiste til USA 1872.
  6. Ole f. 1854, veit ikkje meir om han.
  7. Olina f. 1856, reiste til USA 1872.
  8. Agata f. 1859, reiste til USA 1872.
  9. Marta f. 1862, reiste til USA 1872.
  10. Kari f. 1865, reiste til USA 1872.


1872: Skøyte frå Johannes Monsson Nipen til


9. Lars Andersson Nipen, f. Romarheim 1836, d. 1919, g. m.

Kari Johannesdtr. Mjøs, f. 1842, d. 1924, frå Bø sokn i Manger. Dei hadde ikkje born. Flytta til Rødland i Haus.


1875: Skøyte frå Lars Andersson Nipen til

Maria Johannesdtr. Nipen, f. 1846, g. m.


10. Vilhelm Nilsson Drangevåg, f. 1857, d. 1883.

Born:

  1. Bertin f. 1878.
  2. Nils f. 1880, d. 1954, g. m. Anna Malena Olavsdtr. Hanstveit.

1879. Garden vert no delt i to bruk, og me held her fram med bruk nr. 1.

1879: Skøyte frå Vilhelm Nilsson Drangevåg for 2.400 kr. til


11. Olav Olavson Mellesdal, f. 1835, g. m.

Kari Knutsdtr. Elvik, f. 1841, ikkje born.


1888: Skøyte frå Olav Olavson Mellesdal ved fullmektig Knut Romarheim for 2.700 kr. til


12. Knut Knutson Farestveit, frå bnr. 8, f. 1856, d. 1898, g. 1886 m.

Maria Knutsdtr. Farestveit, f. 1866, frå bnr. 7.

Born:

  1. Anna f. 1887, døydde 11 år gamal.
  2. Marta f. 1888, g. m. John Thomsen Romarheim, til USA. 3 born.
  3. Agata f. 1891, d. 1969, g. m. Pål Rå, Fana, 8 born.
  4. Kari f. 1889, d. 1922.
  5. Knut f. 1893, reiste til USA, g. 1 barn, d. i japansk fangenskap 1945.
  6. Knut d.y. f. 1894, reiste til USA, g. 1 barn.
  7. Andreas f. 1897, d. 1976, reiste til USA, g. der.

Meir om denne huslyden: Farestveit bnr. nr. 6.


1898: Skøyte frå enkja Maria Knutsdtr. Farestveit til


13. Ivar Johannesson Helland, bnr. 4, f. 1865, d. 1930, gift 1890 med

Anna Olavsdtr. Otterstad, bnr. 5, f. 1867, d. 1926. Medan dei budde i Nipen fekk dei desse borni:

  1. Helga f. 1900.
  2. Brita f. 1904.

Meir om denne huslyden: Nedre Helland bnr. nr. 4.


1906: Skøyte frå Ivar Johannesson, Nedre Helland for 3.000 kr. til


14. Helge Brynjelson Helland, f. Almelidneset 1843, g. 1868 m.

Anna Olavsdtr. Farestveit, bnr. 1 f. 1849.

Born:

  1. Olina f. 1870, g. m. Mons Øvsthus, Hosanger.
  2. Brita f. 1872.
  3. Brynjel f. 1875, g. m. Anna Jakobsdtr. Almelid, bust. Odda.
  4. Knut f. 1876, ugift, bust. Odda.
  5. Brita f. 1878, g. m. Lars Verpelstad, sjå ættesoge for Dale.
  6. Ingvald Gjertin f. 1882, nærte bonde her.
  7. Johannes Bertin f. 1883, g. m. Anna Nilsdtr. Almelid, bust. Askelandsvågen.
  8. Andreas f. 1885, g. m. Olina Johannesdtr. Almelid bnr. 1, bust. Askelandsvåg.
  9. Jakob f. 1887, d. 1887.
  10. Inga f. 1889, g. m. Øyvind Eliasson Breivik, Askøy, bust. Fana.
  11. Edvard f. 1892, d. 1892.
  12. Anna f. 1893, ug. bust. Salhus, seinare Askelandsvågen.


1913: Skøyte frå Helge Brynjelson Helland til


15. Ingvald Gjertin Helland, f. 1882, g. 1912 m.

Bertina Andersdtr. Stusdal, f. 1885.

Born:

  1. Helga 19**.
  2. Anders 19**.


1924: Skøyte frå Ingvald Helland til Modalen kommune ved heradskasserar 0. K. Moe. Ingvald flytte då til Askelandsvåg, Myking sokn, Lindås.


1951. Skøyte frå Modalen kommune til Olai Johannesson Dyrkolbotn. Han eig Dyrkolbotn bnr. nr. 1, og han er teken med der.


Bruk nr. 2.

1879: 1. Skøyte frå Vilhelm Nilsson Drangevåg til Helge Brynjelson Helland. Han er teken med på bnr. nr. 1 Nipen.


1884: Yverdraging av dette bruk frå Helge Brynjelson Helland til


2. Johannes Rasmusson Nåmdal. Skøyte er ikkje utferda og tinglyst. Han flytte attende til Nåmdal bnr. nr. 3, og han er teken med der.


1891: Skøyte frå Helge Brynjelson Helland til


3. Nils Olavson Farestveit, f. 1859, d. 1931, g. m.

Inga Olavsdtr. Straume, bnr. 2 f. 1867, d. 1955.

Born:

  1. Olav f. 1891, d. 1944, bonde, Langhelle bnr. 5, Vaksdal, g. m. Metta Olavsdtr. Skåthun. 5 born.
  2. Johannes f. 1893, d. 1966, bonde, Hetleflåt, Os, g. m. Kari Olavsdtr. Skåthun. 3 born.
  3. Olai f. 1896, d. 1896.
  4. Inga f. 1900, d. 1965, g. m. jernb.arb. Mons E. Langhelle, bust. Stavenes bnr. 14, Vaksdal.
  5. Oskar f. 1902, skulest. Strusshamn, Askøy, g. 1. g. m. Olina Olsdtr. Skåthun, 6 born, g. 2. g. m. lærar Brita Eri, Lærdal.
  6. Magnus f. 1905, d. 1968, g. m. Olina Risnes, Hyllestad. 1 barn.
  7. Sigurd f. 1907, d. 1907.
  8. Borghild f. 1909, g. m. fabr.arb. Ole 0. Hindenes, Myking, bust. Hindenes 3 born.
  9. Sigvald Johan f. 1912, d. 1996, jernbanearb. bust. Stavenes bnr. 10, Vaksdal, g. m. Brita Verpelstad, f. 1912, d. 2001. 3 born.


1921: Skøyte frå Nils Olavson Nipen til Eknesvåg beitelag.


1925: Skøyte frå Eknesvåg beitelag til Nils Olavson Nipen.


1931: Skøyte frå Inga Olavsdtr. Nipen til Olai Johannesson Dyrkolbotn.


Paktarar eller husfolk i Nipen.

Det ser ut til at garden hev vore pakta bort nokre gonger, utan at det finst tinglyste dokument om det. Me har funne fram til desse:


1867: Rasmus Johannesson Nipen, gbr. gift 27 år gamal med Gunnbjørg Johannesdtr. Nipen, 19 år. Brudgommens far er Johannes Rasmusson, og far til bruri er Johannes Monsson Nipen. I 1868 hev dei sonen Ivar til dåpen. Meir finn ein ikkje om dei.


1879: Gjert Anderson, forpaktar, og kona Brita Olavsdtr. hev sdotteri Kristina til dåpen i 1879. Meir veit me ikkje om dei heller.


Me tek her med eit lite utdrag av nokre folketeljingar på garden:


1701: Anders Nilsson Nipen og 2 born.


1800: Nils Andersson med kona og eitt barn.
Agathe Andersdotter, syster til husbonden, 43 år, ugift.
Ragnhild Andersdtr., syster til husbonden, 36 år, ugift.
Ole Olavson Otterstad, legdslem.


1845: Ein leiglending, to tenestfolk, ei kvinne.


1865: Johannes Monsson Nipen med kona og 9 born.


1875: Lars Andersson med kona og ein dreng, Ivar Nilsson frå Myking.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy