Nottveit

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 13:26, 15 desember 2008 by Rolferik (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Nottveit.

Fil:Nottveit 01.gif


NOTTVEIT
GARDSNR. 73.

Innhaldsliste

Innleiing

Nottveit er nemnd i kjeldeskriv frå millomalderen, Diplomatarium Norvegicum — D IV — XII.1, og klosterbrev frå 1382 og 1463. Der er garden nemnd saman med Romarheim. Båe gardane høyrde til Eikanger skipreida og Mo-sokn kapell. I 1382 vart det gjeve sju ma-matisbol (manamatabol) jord til Munkeliv kloster.

Avskrift av klosterbrevet: «That se ollum godhum kunnught at ek, Amundir Ivarsøn, kennest medh pessa mina brefue at ek hefiur fenget Klaustrenu Munkeliue VII — sjau — mata bol i Romareime er liggr i Moskirku sokn Eikangra skipreidtru frealst oc akeære firir huarium manne forsaghu Klaustre til enenlighar medt ollum lunnendom sem tel kan at falle oc tel hafda lighit fra fornu oc fra nyu oc tell sanninda her om sitte ek mith incigl firir detta bref ergort vari Biorgwin manadaghin nesta firir passionem domini MCCCLXXXII». Provent — sjælesorg og bøn. 31 Marti 1382.

I næste klosterbrev frå 1463 heiter det i samband med ein rekneskap: «Swa mangha iordir aegher Munkelif Kloster apa Lista Item aff Romareim Item aff Neuthuedt 1 Løb». Truleg må det vera 1 laup i kvar gard slik det er ført i seinare rekneskapar. Gardane Romarheim og Nottveit høyrde soleis til Munkeliv Kloster og stod under verja av kongemakti fram til kring 1663 då det vart selt jordpartar av klostergodset. I eit kongebrev frå 1408 heiter det soleis: «Kong Erich gifer Munchlivs Kloster i Bergen af St. Benediks Orden al Kongelig rettighet over deres gods Landboer og Tienere».

I eit nytt brev frå 1414 står det: «Kong Erich utstæder et Vern- og beskyttelsesbrev for Munchlivs Klosters Abbed och Konvent och tilstår Dem de samme friheter och privilegier som hans forgjenger havde givet Klosteret.

Kong Olaf (Magnusøn) stadfester, inntil han blir myndig, sine fem nærmeste forgjengeres brefe och privilegier for Munchelifs Kloster i Bergen. (P. A. Munchs brevbok p-10-12).

Namnet hev ned gjenom tidene vore skrive på ymse måtar. I skriftlege kjeldor frå 1332 er formi Neuteudt. I Diplomatarium Norvegicum frå 1463 heiter det Nøttwidt, og i 1480 Nødthuidt. Jordeb. 1590/91 brukar formi Nøtuedt. I 17-1800 åri er det for det meste skrive Nødtvedt, og stundom Nøttvedt, seinare Notveit, og i vår tid Nottveit. I talemålet heng vel enno att noko av den gamle dativformi, bundi form: «på Nottveitne». Siste lekken av namnet høver godt, for garden ligg på ei høg tveit. Kva fyrste lekken kan tyda, er det ikkje godt å ha nokor meining om.

Garden ligg ved sjøen på nordsida av Osterfjorden, litt utanfor Mo-straumen, og grensar til Otterstad innanfor straumen, til Eiterdalen i nord og vest, og til Romarheim som er næraste grannegard lenger ut i fjorden.

Husi ligg på ei høgd eit stykke opp frå sjøen, med godt utsyn både inn- og ut-etter fjorden. Kvart tun hev enno sitt namn etter den gamle tunskipnaden då alle tri husi stod tett saman på kvar sin vesle tunteig. Bruk 1 heiter enno Midt-i-tunet, bruk 2 Bortetunet og bruk 3 Heimatunet. Desse namni fylgde òg gjerne dei folki som budde der, t.d. Borte-Ola, Midt-i-Brita, Heima-Joans, o.s.b. På Heimatunet vart det bygt nye hus i 1888, og dei vart ståande etter utskiftingi 1890-92. Dette bruket hadde g kvernhus, smia og sumarfjøs. På Midti-tunet vart det bygt nye bustadhus i 1919/20. Ved sjøen hadde dei naust på kvart bruk.

Jordsmonet er forvitringsjord. Noko av heimebøen er brattlendt, serleg mot nordaust der det hallar ned mot sjøen. Frå gamalt hev jordbruket vore hovudnæringi. Millom gardane Nottveit, Mostraumen og Langedalen vart det gjort arbeidsbyte i våronni. Dei hjelpte kvarandre, tok fyrst til på Nottveit der våren kom fyrst, so på Mostraumen, og til sist i Langedalen som ligg lenger opp frå sjøen. Fyrr utskiftingi låg teigane spreidde om kvarandre yver heile innmarki, slik som skikken var i eldre tider. Fyrst i 1890 vart det halde utskifting, med yverutskifting etterpå, som ikkje gjorde noko brigde i fyrste utskiftingi. Innmarki vart då delt soleis:

Bruk 1, eigar Johannes Ivarson, fekk hovudteigen, kalla Langstykket.

Bruk 2, eigar Olav Knutson fekk Skarvastykket. Bruk 3, eigar Johannes Askjellson fekk Tverrstykket.

Det siste stykket vart kalla Bakkastykket, eigar Maria Andersdtr. Nottveit. I 1889 fekk ho kjøpekontrakt frå Johannes Ivarson Nottveit på plasset Stien, som seinare vart slege saman med Stølen og utskilt ved skøyte 7/4-1893 frå Johannes Ivarson til Maria Andersdtr. og mannen Lars Rasmusson. Ved skylddelingi fekk dette stykket bnr. 4 med skyldmark 0,29. Det fekk g ymse rettar både i utslåttone, skogen og i beitemarki, ja tilmed i sumarstølen, Nottveitsetri, som høyrde til dei tri andre bruki. Denne sumarstølen låg omlag ein times gonga frå garden. Dit buførde dei to vekor etter jonsok, støla der i sju vekor, og når barsok kom, førde dei beisti heim att til Storlifjellet, der dei hadde vår- og haustbeite. På Nottveitsetri hadde kvar bonde sitt eige stølshus med to rom. Dei laga ikkje ost og brim på stølen. Budeione gjekk heim annankvar dag. Surmjølk og rjome bar dei heim.

Skogsdrifti var ei god attåtnæring. Det var både lauvskog og barskog som høyrde garden til, og det vart hogge både famneved og tømmer, ja endåtil noko eik fanst det sume stader. I brattaste lidene måtte dei «streka» stokkane nedyver til sjøen. Dei ville elles få slik fart at dei slo seg sund på vegen, eller dei stogga ikkje fyrr dei hamna i sjøen. På plasset Kamulen, som låg millom heimegarden og Stølen, var det ei tid i gang eit sagbruk. Der fekk dei saga tømmeret sitt både frå Nottveitgarden og gardane omkring, når elvi gav drivkraft nok.

Garden hadde ikkje veg. Det var berre båten og fjorden å lita på, og fjorden var ofte stengd av meinis om vinteren. Derimot var der både dampbåt-stoppestad og postopneri ei tid. Båten la til ved eit naust, og postkontoret var i Midt-i-garden.

Dei siste åri hev det gjenge attende med Nottveitgarden. I 1924 selde Olav Olavson sitt bruk nr. 2 og flytta til Eidsnes. Sidan den tid hev den eine eigaren etter den andre flytta frå Nottveit, og når dette er skrive, er det, so vidt me veit, ingen fast busetnad på garden.


Eigarar.

I millomalderen høyrde Nottveit til Munkeliv kloster, so som det er nemnt framanfor. Då garden kjem framatt i rekneskapane kring 1600, høyrer han framleis til Munkelivsgodset. I 1660 heiter det soleis: «Munkeliv eier og bygger 1 L. sm. 1 m. m.». Men i 1663 er garden komen på private hender. Odelsmtl. fører då: «M. Arnoldus de Fine eier». Men for 2 av bruki er same året ført: «Peder Hansen nu eier og bygsler». I odelsmtl. 1673 er Arnoldus de Fines arvingar eigarar for alle bruki, og i 1691 er Søfren de Fine eigar. I 1694 er det Maren Sørensdotter, og i 1714 atter Søren de Fine. Elles går det fram av brukarsoga kva tid busitjarane fekk kjøpa bruki sine, so nær som for bruk 3, der hev me ikkje funne skøytet. Men Magne Olavson som bygsla i 1719, må ha fenge kjøpt bruket seinare, for i 1745 gjev han skøyte til sonen, so då må han eiga bruket.
I 1748 er kunngjort odelslysing for Christoffer Krogh «på de gårder Noetueden, Egemo, Sætre, Fjelde, Nipen, udi Romerheim 1/2 L. sm. 1 mæle malt, Stusdal, Dyrkolbotn og Egefeeten, og endelig i Arna skibrede som tilhørt hans sal. svigermor Abel Cathrine Munthe afgangne sal. husfar Søren de Fines kiereste datter og eneste barn, nemlig Marie Sørensdtr. de Fine».
Det ser ikkje ut til at dette odelssøksmålet førde fram, for Nottveitbøndene skøytte bruki til borni sine, og hev vore sjølveigarar både då og sidan. Og bøndene på Nottveit var millom dei fyrste i Modalen som åtte gardpartane sine.


Matriklar, skyld og utreidslor.

So lenge det var nytta smørskyld, hadde Nottveit gnr. 83. Då skyldi vart sett i pengar, vart gardsnummeret 60, og då skyldi vart sett i mark og øre, frå 1886, vart gardsnummeret 73.
1590/91 fører Jordeboki: «Landskyld Frelse 1 kalvsk». 1610/11 er Landskyldi 1 L. sm., og sameleis i 1633. I 1660: 1 L. sm. 1 m. malt. 1723 i matrikkelen er desse oppgåvone: «Gammel matrikkeltakst 1 L. sm., forhøyet 6 mrk.». Elles heiter det: «Ingen husmandspl. Sæter 1/4 mil fra gården. Brænde og fyrreskov til husbehof, 1 flomkvern, ligger ved søen 5 1/2 mile fra Bergen. Mådelig jordhold, tungvunden og ligger indfrossen hele vinteren. Lever af kvægavl og brændeved at sælge». I 1838 var skyldi på dei 3 bruki soleis: Br. 1: 1 dalar 2 ort 3 skill. Br. 2: 4 ort 18 sk. Br. 3: 1 d. 2 ort 3 sk. I 1886 omgjort til mark; Br. 1 og br. 3: 3 mark 51 øre på kvart. Br. 2: 2 mark 34 øre.


Fødnad, sånad og avling.

1657. Kvegskatten: 2 bruk føder tilsaman 2 hestar, 2 uksar, 12 kyr, 1 kviga, 16 geiter og 24 smalbeist. 1667. Matrikkelen: 18 naut og 2 hestar. (Småfe ikkje med). Sår 4 tun. korn og avlar 10. 1723. Matr.: 13 kyr, 7 ungfe, 24 smalb. og 2 hestar. Sår 4 tun. og avlar 12. 1803. Jordavgiften: Bruk i og 2, på kvart bruk: Fødnad 8 naut og 8 smalb. Sår 1 1/2 tunna og avlar 8. Bruk 3: Føder 11 naut og 16 smalb. Sår 3 1/2 tunna og avlar 14.


1863. Jordbrugsbeskrivelsen. Bruk 1: Åker og dyrka eng: 2 mål godt, 3 1/2 mål medels og 1 mål ringt. Natur.eng: 4 mål godt, 6 1/2 mål medels og 4 mål ringt. Sår 3 1/2 t. korn og 4 t. potetor, avlar 15 t. korn og 18 t. potetor. Høy av markaslått 490 våger, enghøy 750 v. og halm 150 våger. 1 kufor beit av skav. Føder 10 kyr, 2 ungfe, 1 hest og 26 smalb. Sel 3 famnar ved for 3 spd. og furematerialar for 3 spd. Framlegg til skyldsetjing: 2 dalar 8 skil.


Bruk 2. Åker og dyrka eng: 2 mål godt, 4 mål medels og 1 mål ringt. Natureng: 3 mål godt, 4 medels og 2 ringt. Sår 3 3/4 t. korn og 3 t. potetor. Avlar 9 t. korn og 14 t. potetor. Høy frå utslåttor 350 v., enghøy 550 v. Halm 63 v. 1 kufor beit og skav. Føder 6 kyr, 2 ungfe, 1 hest og 20 smalbeist. Sel 2 famnar ved for 2 spd. og furematerialar for 2 spd. Framlegg til skyldsetjing: 1 dalar 1 ort 20 skill.


Bruk 3. Åker og dyrka eng: 2 mål godt, 3 1/2 medels og 1 mål ringt. Natur.eng: 4 mål godt, 5 1/2 medels og 4 mål ringt. Høy frå utslåttor 490 våger, enghøy 750 v., halm 105 v. 1 kufor beit og skav. Sår 3 1/2 t. korn og 4 t. potetor. Avlar 15 t. korn og 18 t. potetor. Føder 10 kyr, 2 ungfe, 1 hest og 26 smalbeist. Sel ved for 3 spd. og furematerialar for 3 spd. Framlegg til skyldsetjing 2 dalar 8 skill.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».

Bruk 1 og 2. Dyrka jord 40 da., forvitringsjord. Produktiv skog 1000 da. Onnor utmark 500 da. Bustadhus bygde kring 1924. Nottveitstølen seter. Brt. 80.000 kr. Føder 1 hest, 5 kyr, 1 ukse, 3 griser, 12 geiter, 4 høns.


Bruk 3. Dyrka jord 40 da., forvitringsjord. Produktiv skog 2000 da. Bustadhus bygde 1888. Kvernhus, smia og naust. Sumarfjøs. Nottveit-stølen seter. Brt. 60.000 kr. Føder 1 hest, 4 kyr, 2 ungdyr, 1 gris og 18 smalbeist.


BUSITJARAR

Bruk 1.

I tidi fra 1463 til rekneskapane tek til att kring 1590/91, veit me ikkje noko om garden Nottveit. Me veit heller ikkje om garden var avfolka ei tid. Men sikkert må det vera at busetnaden hev gjenge mykje attende etter svartedauden. Fyrst i Jordebok 1590/91 kjem garden framatt med «Landskyld Frelse 1 kalvskind», men utan buande mann.


1603/04 i skattemanntal er fyrste gongen me finn namngjeven brukar på Nottveit. Han er skriven Hendrik Neuthuedt og brukar då heile garden med skyld 1 Laup.


1621. Skattemtl. fører no 2 brukarar, Hendrik og Mogens Mogensen. Hendrik vert buande på sitt bruk, som får bruk nr. 2, og Mogens vert fyrste busitjar her på bruk 1. Båe bruki var truleg jamstore.


1. Mons Monsson Nottveit, d. 1645, g. m.

Anna, f. 1593, d. 1687.


Born:

  1. Nils
  2. Anna
  3. Øystein (skrive Ydsten) f. 1640. Næste brukar her.


Då Mons døydde, sat enkja Anna med bruket i mange år, i alle fall i namnet. Truleg var det sonen Øystein som stod for gardsdrifti då han vart gamal nok til det. Det var i alle fall han som i 1663 yverlet halve bruket til ein Ole som er førd i skattemanntalet det året, og som må vera fyrste brukaren på bruk 3, Olav Jonson. Olav skulde svara halvparten av kåret til enkja Anna, det var eit av vilkåri då han tok yver sin part. Det må ha vore krangel om dette, for i 1680 må gamle Anna stemna sonen Øystein og Olav for retten fordi dei ikkje vilde «give hende sin underhold i hendes alderdom». I 1665 var båe grannane til Øystein, Olav Jonsson og Olav Mathisson stemnde for at «de formentlig havde huset kjeltringer som var kommet fra Voss og var fredløse». Sjølv var Øystein to gonger dømd for «leiermål». So det var nok ikkje berre idyll på Nottveit då ei tid.


2. Øystein Monsson Nottveit, f. 1640 d. 1729, g. m.

Ingeborg, d. 1712.

Born:

  1. Brita f. 1667, g. m. næste bonde her.
  2. Namnlaus f. 1678. Kan vera den Brita som i 1703 vart g. m. Knut Nilsson Lavik br. 1.
  3. Anders f. 1688 d. 1696.


1720: Bygselbrev frå Søren de Fine til Lars Johannesson på 18 mrk. sm. 1/4 mæle malt.


1728 får han skøyte på bruket frå Christoffer Krogh.


3. Lars Johannesson Nottveit, f. 1686 d. 1741, g.

1. 1709 m. Brita Øysteinsdtr. Nottveit, f. 1667 d. 1728.

2. 1728 m. Gunnhild Andersdtr. Padøy, f. 1678 d. 1756.
Båe ekteskapi var barnlause.


1741: Skøyte frå Gunnhild Andersdtr. ved laugverje Berge Nilsson Mostraum til Olav Monsson Otterstad.


4. Olav Monsson Nottveit, f. Otterstad 1700, d. 1772, g. m.

Anna Eriksdtr. Otterstad, br. 3, f. 1717, d. 1791.

Born:

  1. Lars f. 1742. Næste bonde her.
  2. Anna f. 1744.
  3. Mons f. og d. 1747.
  4. Knut f. 1749.
  5. Brita f. og d. 1753.


1771: Skøyte frå Olav Monsson til sonen Lars på 18 mrk sm. 3 k. malt for 40 rd.


5. Lars Olavson Nottveit, f. 1742 d. 1805, g. 1775 m.

Anna Johannesdtr. Nottveit, br. 3 f. 1748, d. 1826.

Born:

  1. Anna f. 1775, g. 1708 m. Johannes Olavson Eiterdalen og bur der.
  2. Ragnhild f. 1776, g. 1800 m. Hans Knutson Nedre Helland br. 1 og bur der.
  3. Olav f. og d. 1778.
  4. Gjertrud f. 1781, g. 1812 m. Sjur Larsson Romarheim. Bust. Flatøy.
  5. Marta f. 1783, g. 1809 m. Johannes Gulleikson nedre Helland br. 5 og bur der.
  6. Olav f. 1786. Bonde her frå 1805.


1790: Bygselbrev på dette bruket til Magne Johannesson Nottveit på bruk 3.


6. Magne Johannesson Nottveit. Sjå nr. 5 på bruk 3.


I skifte 27/5 1752 etter Ragnhild Olavsdtr. på br. 3 fekk Anna Johannesdotter, mor til Olav Larsson her på bruket, utlagt halve bruk 3, 9 mrk. sm. 1 1/2 k. malt, og det er truleg at dette fylgjer med når sonen no får skøyte på br. 1.


1805: Skøyte frå Lars Olavson Nottveit til sonen Olav Larsson på 1 pd. 3 mrk. sm. 4 1/2 k. malt. Kjøpes. 90 spd. og vilkår.


7. Olav Larsson Nottveit, f. 1786 d. 1871, g. 1812 m.

Brita Gulleiksdtr. Nedre Helland, br. 5 f. 1793, d. 1849.

Born:

  1. Anna f. 1813.
  2. Brita f. 1816. (I skifte 1849 heiter ho Anna).
  3. Brita f. 1819, g. m. lærar og klokkar Anders Florvåg.
  4. Anna f. 1822, g. 1854 m. Nils Knutson Bragstad. Inderst på Nottveit i 1854.
  5. Maria f. 1826.
  6. Lars f. 1829 d. 1837.
  7. Kari f. 1830.
  8. Anders f. 1832. Næste bonde her.


1854. Skøyte frå Olav Larsson Nottveit til sonen Anders på dette bruket 1 pd. 3 mrk sm. 4 1/4 k. malt for 225 spd. og kår, 5 års verd 105 spd.


8. Anders Olavson Nottveit, f. 1832, d. 1885, g.

1. 1854 m. Ingeborg Andersdtr. Mostraum, br. 3, f. 1831 d. 1865.

2. 1868 m. Anna Olavsdtr. Mo, br. 2, f. 1840.

Born:

  1. Brita f. 1855. Ikkje med i folketelj. 1875.
  2. Kari f. 1858. Ikkje med i folketelj. 1875.
  3. Brita f. 1860, g. m. næste bonde her.
  4. Anders f. og d. 1861.
  5. Ingeborg f. 1862.
  6. Larsina f. 1864, d. 1950, ug.
  7. Olav f. 1870. Bust. Kamulen på Nottveit.
  8. Karl f. og d. 1875.
  9. Andreas f. 1876, g. m. Guri Rambjørg. Bust. Bjørsvik.
  10. Jakob f. 1878, g. 1906 m. Signa Rasmusdtr. Mostraum br. 2. Bust. Eikanger. EEi sdotter Jenny f. 1907, g. Juvik, bust. Bergen.


1885. Skøyte frå Anders Olavson ved tilsynsverja sakførar Olsen, Bergen, til versonen Johannes Ivarson Straume for 6.400 kr.


9. Johannes Ivarson Nottveit, f. Straume, br. 3, 1853, d. 1939, g.

1. 1880 m. Marta Olavsdtr. Mo, br. 1, f. 1850 d. 1882.

2. 1884 m. Brita Andersdtr. Nottveit, f. 1860 d. 1926.

Born:

  1. Marta f. 1885, ugift.
  2. Ingebjørg f. 1886, lærar g. m. kjøpmann Ingolf Gunnarson Hjetland, bust. Høyanger.
  3. Anders f. 1888. Næste bonde her.
  4. Ivar f. 1892. Gift i USA. Ikkje born.
  5. Bernhard f. 1898, g. 1919 m. Klara Karlsdtr. Høyberg frå Bremnes. Busett i USA.


1919. Skøyte frå Johannes Ivarson til sonen Anders for 3.200 kr. og kår til foreldri.


10. Anders Johannesson Nottveit, f. 1888, d. 1953, g. 1925 m.

Kristi Pedersdtr. Nerhus, fra Kvinnherad, f. 1895.

Born:

  1. Bergljot f. og d. 1927.
  2. Margreta f. 1929, d. 1940.
  3. Nolevande f. 1932, g. m. Nolevande, frå Myking.


1953. Skøyte frå Anders Johannesson til Mons Andersson Solbakken på br. nr. 1 og br. nr. 2 i Nottveit for 4.500 kr. og kår til seljaren.


11. Mons Andersson Solbakken. Kona Anna. Om deim vantar alle opplysningar.


1956. Målfrid Andersdtr. tek garden att på odel. Deretter skøyte frå Mons Andersson Solbakken og kona Anna til Målfrid Andersdtr. Nottveit for takstsum 41.000 kr.


12. Nolevande, f. 1932 g. 1955 m.

Nolevande, f. 1925 i Lindås.

Born:

  1. Nolevande f. 1956.
  2. Nolevande f. 1958.
  3. Nolevande f. 1959.
  4. Nolevande f. 1962.
  5. Nolevande f. 1963.
  6. Nolevande f. 1965.
  7. Nolevande f. 1967.


I 1940 vart det utskilt og selt eit stykke av dette bruket til Marta Johannesdtr. Nottveit, f. 1885 her på bruket. Det fekk br. nr. 5 og namnet Høgtun med skyld 0,01 mark. Marta var postopnar på Nottveit og ugift. I 1965 skøytte ho stykket frå seg att til ervingane sine, borni til Målfrid Andersdtr. og Ragnvald Kikall, utan vederlag.


Bruk 2.

1603/04. Skattemanntalet fører Hendrik. Fram til 1621 brukar han heile garden, sidan sit han med halve garden til 1626, og etter han enkja til 1631. Me får ikkje vita kva enkja heitte og om dei hadde born.


1. Henrik Nottveit, g. m.

Ukjend.


1632. Jordeboki hev no Mattis. I kopskatten 1645 er han skriven Mathias Olsen og hev kona Karen. Han er førd i reknesk. til 1662.


2. Mattis Olavson Nottveit, g. m.

Kari (Karen).

Born:

  1. Olav. Næste busitjar her.


1663. Olav Mattisson er no førd i skmtl. og rekneskapar fram til 1690.


3. Olav Mattisson Nottveit, f. 1627, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Mattis f. 1645 d. 1740, då kalla fattig husdreng.
  2. Olav f. 1648. Næste busitjar her.


Etter 1667 hev det vorte ei utjamning millom bruki på Nottveit, for futereknesk. 1691 fører 3 bønder på garden med lik skyld, 1 pd. smør på kvar.


1691 hev futerekneskapen Olav på dette bruket, og han sat med bygsel til 1719.


4. Olav Olavson Nottveit, f. 1648, d. 1720, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Olav f. 1684, d. 1686.
  2. Olav f. 1690, d. 1691.
  3. Ivar f. og d. 1692.
  4. Olav f. 1693, d. 1694.
  5. Nils f. 1695. Næste busitjar her.
  6. Sjur f. 1698, d. 1699.


1719. Skattemtl. fører no Nils Olavson, og han sat truleg med bruket til 1751.


5. Nils Olavson Nottveit, f. 1695 d. 1765, g. 1720 m.

Brita Olavsdtr. Otterstad, br. 7 f. 1694 d. 1765.

Born:

  1. Olav f. 1721. Næste busitjar her.
  2. Knut f. 1723.
  3. Anna f. 1726.
  4. Olav f. 1726. Tvilling med Anna.


1727. Skøyte frå Abel Chatarine Munthe til Johannes Olavson


Otterstad på dette bruket, 18 mrk. sm. 1/4 mæle malt, for 50 rd. Han hev ikkje butt på Nottveit, men bygsla burt bruket, og det same hev eigarane etter han gjort, heilt fram til 1803. I skiftet etter Johannes Olavson Otterstad 1743 må dette bruket ha vorte delt ut i arvepartar, so som visi var hjå dei Otterstad, og desse partane går frå skifte til skifte, heilt til 1802, då Johannes Johannesson Otterstad får skøyte på heile bruket frå dei som åtte partar då: Kari Johannesdtr. Lavikhaugen, Knut Johannesson Wabøe og Gulleik Johannesson Nedre Helland, tilsaman 18 mrk. sm. 3 k. malt. Fyrst i 1803 får Nils Olavson Nottveit skøyte på bruket frå Johannes Johannesson Otterstad. Om Johannes Olavson Otterstad sjå nr. 3 på Otterstad br. 5.


1751. Bygselbrev finn me ikkje, men truleg fekk Olav Nilsson bygsel etter faren då Olav gifte seg i 1751.


6. Olav Nilsson Nottveit, f. 1721, d. 1765, g. 1751 m.

Inga Johannesdtr. Stor-Urdal, f. 1731 d. 1799.

Born:

  1. Brita f. og d. 1753.
  2. Mons f. 1754, d. ugift. Skifte 1781.
  3. Knut f. 1756, g. 1785 m. Maria Jonsdtr. Romarheim.
  4. Olav f. 1759, d. 1806, g. 1783 m. Ragnhild Johannesdtr. Nottveit, bust. Eikemo i Hosanger.
  5. Johannes f. 1760, g. 1783 m. Kari Johannesdtr. Mostraum br. 1 og bur der.
  6. Nils f. 1763. Bonde her, nr. 8.
  7. Olav f. 1765, d. 1787, ugift.


Då Olav Nilsson døydde, gifte enkja Inga Johannesdtr. seg att i 1767 m. Knut Larsson Eiterdalen, og dei sat med bruket til 1791.


7. Knut Larsson Eiterdalen, f. 1744, d. 1829, g. 1767 m.

enkja Inga Johannesdtr. Nottveit, f. 1731 d. 1799.

Born:

  1. Lars f. 1770, d. 1788.
  2. Anna f. 1774, d. 1779.


1791. Bygselbrev frå Johannes Johannesson Fammestad til Nils Olavson Nottveit, og i 1803 får Nils skøyte på bruket frå Johannes Johannesson Otterstad for 170 rbdr. (riksbankdalar).


8, Nils Olavson Nottveit, f. 1763, d. 1833, g. 1792 m.

Marta Johannesdtr. Nottveit, br. 3, f. 1763 d. 1836.

Born:

  1. Olav f. 1793. Næste bonde her.
  2. Inga f. 1796, g. 1822 m. Johannes Johannesson Otterstad br. 5, bust. Lillebergen.
  3. Maria f. 1799, d, 1815.
  4. Kari f. 1802, g. 1834 m. Olav Johannesson Eiterdalen.
  5. Ragnhild f. 1804, g. 1829 m. Anders Johannesson Mostraum br. 1. Bust. Langeland, sidan Haugstveit, Hosanger.
  6. Knut f. 1807, g. 1835 m. Kari Johannesdtr. Mostraum br. 1.
  7. Anna f. og d. 1812.


1822. Skøyte frå Nils Olavson til sonen Olav for 95 spd. og kår.


9. Olav Nilsson Nottveit, f. 1793, g. 1822 m.

Brita Johannesdtr. Mostraum, br. 1, f. 1792 d. 1874.

Born:

  1. Marta f. 1826, g. m. næste bonde her.


1846. Skøyte frå Olav Nilsson til versonen Knut Johannesson Mostraum br. 1.


10. Knut Johannesson Nottveit, f. Mostraum br. 1 i 1819, d. 1912, g. 1844 m.

Marta Olavsdtr. Nottveit, f. 1826 d. 1910.

Born:

  1. Brita f. 1847, g. m. Hallstein Johannesson Mostraum br. 1. Til USA.
  2. Brita f. 1850, g. m. Mons Magneson Nordanger, Manger prg.
  3. Olav f. 1854. Næste bonde her.
  4. Johannes f. 1858, g. m. Inga Andersdtr. Romarheim. Til USA 1876.
  5. Marta f. 1862, d. 1910, g. m. Knut Haldorson Dyrkolbotn br. 2.
  6. Nils f. 1865, g. 1887 m. Maria Johannesdtr. Mostraum br. 1.


11. Olav Knutson Nottveit, f. 1854, d. 1890, g. 1876 m.

Marta Johannesdtr. Romarheim, f. 1848, d. 1931.

Born:

  1. Knut f. 1876, d. 1893.
  2. Brita f. 1879, d. 1901, ugift.
  3. Johannes f. 1881, g. m. Nilsine Namtveit, til USA.
  4. Olav f, 1882, næste bonde her.
  5. Hans f. 1884, g. m. Sina Pedersdotter, Vik i Sogn. Til USA.
  6. Nils f. 1886, døydde barn.
  7. Marta Bertina f. 1888, døydde barn.
  8. Nils f. 1890, til USA.


1905: Skøyte frå Marta Johannesdtr. Nottveit til sonen Olav.


12. Olav Olavson Nottveit, f. 1882, g. 1903 m.

Anna Gurina Olavsdtr. Eidsnes, f. 1882.

Born:

  1. Olav f. 1904, d. 1957, g. m. Aslaug Andersdtr. Skår, Romarheim, bust. Eidsnes.
  2. Signy f. 1905, g. m. Elias Johannesson Dyrkolbotn f. 1897, d. 1962, bust. Eidsnes.
  3. Borghild f. 1907, bust. Åsane.
  4. Magnhild f. 1909, bust. Bergen.
  5. Nolevande f. 1912, bust. Bergen.


1924: Skøyte frå Olav Olavson Nottveit til Anders Johannesson Nottveit og Jon Knutson Hugnastad for 7.000 kr. Olav Olavson flytta til Eidsnes og busette seg der.


1928: Skøyte frå Jon Knutson Hugnastad på sin part i dette bruket til Anders Johannesson Nottveit for 1.200 kr.


Bruk 3.

1663. Skattemanntalet fører no 3 bruk på Nottveit, kvart på 1 sp. smør 6 k. malt. Bruket som enkja Anna sat med, er skift i to, og på denne luten, br. nr. 3, sit Olav Jonsson.


1. Olav Jonsson Nottveit.

Me veit ikkje om giftarmål og born, men det er rimeleg at næste brukar er hans son.


1694. Bygselbrev frå Madame Salig M. Arnoldus til Johannes Olavson på 1/2 L. sm. 1/2 mæle malt.


2. Johannes Olavson Nottveit, f. 1672 d. 1718, g. m.

Brita, f. 1662 d. 1741.
Finn ikkje at dei hadde born.


1719. Bygselbrev frå Søren de Fine til Magne Olavson på 1/2 L sm. 1/2 m. malt.


3. Magne Olavson Nottveit, f. 1700, d. 1751, g. 1719 m.

Barbra Jakobsdtr. Veland, f. 1694 d. 1754.

Born:

  1. Johannes f. 1720. Næste busitjar her.
  2. Marta f. 1724, g. 1. g. m. Olav Olavson Otterstad br. 1, 2. g. m. Mons Olavson Otterstad br. 1 og bur der.
  3. Olav f. 1726.
  4. Anna f. 1729, d. 1741.
  5. Haldor f. 1732, d. 1741.
  6. Magne f. og d. 1734.


1741. Magne Olavson skøyter halve bruket til sonen Johannes, og i skiftet etter Magne i 1752 vert resten utlagt enkja Barbra og sdotteri Marta, som då var g. m. Mons Olavson Otterstad. Då Barbra døyr i 1754, får Johannes utlagt hennar part, og same året får han skøyte frå systermannen Mons Otterstad på parten Marta åtte, og sit då med heile bruket, 18 mrk. sm. 3 k. malt.


4. Johannes Magneson Nottveit, f. 1720 d. 1796, g.

1. 1748 m. Ragnhild Olavsdtr. Otterstad, br. 1, f. 1725, d. 1752.

2. 1752 m. Maria Johannesdtr. Sætre, f. 1732 d. 1820.

Born:

  1. Anna f. 1747.
  2. Olav f. og d. 1750.
  3. Magne f. og d. 1751.
  4. Ragnhild f. 1753 d. 1754.
  5. Magne f. 1755. Næste bonde her.
  6. Ivar f. 1757, g. 1783 m. Kari Nilsdtr. Nedre Helland br. 4, og bur der
  7. Ragnhild f. 1760.
  8. Marta f. 1763.
  9. Johannes f. 1766.
  10. Johannes f. 1769, g. 1801 m. Anna Andersdtr. Flatekvål br. 2.
  11. Olav f. 1772, d. 1844, g. 1814 m. Helga Andersdtr. Romarheim f. 1789, d. 1858.


1790. Skøyte fra Johannes Magneson til sonen Magne for 90 spd. og vilkår.


5. Magne Johannesson Nottveit, f. 1755, d. 1843, g. 1784 m.

Anna Hansdtr. Langedalen, br. 2 f. 1754, d. 1847.

Born:

  1. Maria f. 1785, g. 1820 m. Ivar Johannesson Vike og bur der.
  2. Johannes f. 1787. Næste bonde her.
  3. Gudmund f. 1790, g. 1. g. m. Brita Bergesdtr. Mostraum br. 3, g. 2. g. 1836 m. enkja Kari Andersdtr. Flatekvål f. Stusdal, bur Tellevik.
  4. Helga f. 1794, g. 1829 m. Johannes Andersson Otterstad br. 7.
  5. Hans f. 1798, g. 1845 m. Anna Johannesdtr. Eiterdalen, Anna var sdotter til Olav Johannesson Eiterdalen og kona Anna LarsdAnna Larsdtr. Nottveit, men f. på Otterstad 1810. Hans og Anna var busette i Tellevik.


1808. Skøyte frå Magne Johannesson til sonen Johannes for 98 rd. og vilkår til foreldri.


6. Johannes Magneson Nottveit, f. 1787, d. 1882, g. 1813 m.

Guri Nilsdtr. Sætre, frå Hosanger f. 1795 d. 1884.

Born:

  1. Ingeborg f. 1815, g. 1843 m. Sjur Jonson Dyrkolbotn br. 1 og bur der.
  2. Ragnhild f. 1817, g. 1847 m. Anders Monsson Mostraum br. 2.
  3. Magne f. 1819. Næste bonde her.
  4. Anna f. 1821.
  5. Askjell f. 1822, g. 1846 m. Maria Jakobsdtr. Otterstad br. 3 og bur der.
  6. Nils, f. og d. 1824.
  7. Nils f. 1825, g. 1849 m. Kari Olavsdtr. Otterstad br. 1. Bur Tellevik.
  8. Johannes f. 1828, g. 1854 m. Marta Jakobsdtr. Mo br. 4. Bur Mostraum br. 2.
  9. Ingeborg f. 1831, d. 1834.
  10. Anna f. 1832, d. 1834.
  11. Ingeborg f. 1834.
  12. Johannes f. og d. 1835.
  13. Johannes f. og d. 1837.
  14. Johannes f. og d. 1842.
  15. Johannes f. 1844, g. 1872 m. Inga Andersdtr. Mostraum br. 3, f. 1842. Bur Langeland i Meland.


1850. Skøyte frå Johannes Magneson til sonen Magne for 200 spd. og kår til 5 års verd 165 spd.


7. Magne Johannesson Nottveit, f. 1819, d. 1900, g.

1. 1844 m. Brita Andersdtr. Mostraum, br. 3, f. 1827 d. 1876.

2. 1878 m. Agata Ivarsdtr. Mo, br. 1, f. 1845 d. 1898.
Båe ekteskapi var barnlause.


1879. Skøyte fra Magne Johannesson til brorsonen Johannes Askjellson Otterstad br. 3. for 200 kr.


8. Johannes Askjellson Nottveit, f. Otterstad 1847, g. 1873 m.

Kari Olavsdtr. Høvik, br. 1 f. 1852 d. 1930.

Born:

  1. Maria Agata f. 1874, g. m. næste bonde her.


1912. Skøyte frå Johannes Askjellson til dotten og mannen hennar, Gudmund Larsson Husdal, for 2.000 kr. og kår.


9. Gudmund Larsson Nottveit, f. Husdal 1874 g. 1890 m.

Maria Agata Johannesdtr. Nottveit, f. 1874 d. 1942.

Born:

  1. Johannes f. 1890. Næste bonde her.
  2. Lars f. 1892, g. 1913 m. Bergitta Bergesdtr. Birkeland. Bust. Tyssebotn. 7 born.
  3. Magnus f. 1894, g. 1919 m. Amalia Fredriksdtr. Helland, Manger. Bust. Bergen.
  4. Alfred f. 1896.
  5. Augusta f. 1898.
  6. Ingebjørg f. 1900, g. 1925 m. fotograf Harald Iversen frå Fana. Bust. Bergen.
  7. Kari f. 1902, g. m. Olaus Larsen. Bust. Askøy.
  8. Gerda.
  9. Nolevande f. 1912.
  10. Nolevande f. 1914, g. 1936 m. lærar Arnljot Andreasson Lillejord f. 1901. Bust. Indre Arna.
  11. Nolevande f. 1917, g. 1943 m. Nolevande f. 1922, d. 1944.
  12. Solveig f. 1922, d. 1944


1923: Skøyte frå Gudmund Larson Nottveit og kona til sonen Johannes for 2.000 kr.


10. Johannes Gudmundson Nottveit, f. 1890, d. 1973, g. 1922 m.

Ågot Knutsdtr. Meland, f. 1897 i Ullensvang. d. 1984.

Born:

  1. Nolevande f. 1923 Nolevande , Kvamme f. 1915. 2 born, Dalekvam.
  2. Nolevande f. 1925 g. 1945 mg. 1945 m. Linngren Hansen f. 1909. 3 born.
  3. Nolevande f. 1927. d. 1958 3 born, g. 2. g. m. Nolevande f. 1930.
  4. Nolevande f. 1928 g. 1948 Nolevande f. 1925. 3 born bust. Voss.
  5. Nolevande f. 1933 g. 19 Nolevande f. 1938, 4 born.


Det ser ut som Johannes Gudmundson hev skøytt bruket sitt til alle borni i fellesskap. I 1971 får sonen Harald den parten som fell på han for 400 kr.


Bruk 4.

Dette bruket, Stien, var frå fyrst av husmannsplass under dei tri bruki på Nottveit. I 1837 gav dei tri eigarane, Johannes Magneson, Olav Larsson og Olav Nilsson festesetel til Olav Olavson Nottveit på plasset, mot ei årleg festeavgift på tri arbeidsdagar til kvar av dei.

1837:

1. Olav Olavson Nottveit, f. 1783, d. 1863, då legdslem på Otterstad, g. m. g. m.

Marta Johannesdtr., f. 1789, d. 1859, då legdslem på Nottveit.

Born:

  1. Johannes f. 1829. Flytta til Erdal i Fjell 1857 med kona Brita Olavsdtr.
  2. Anna f. 1834, g. 1866 m. Ingebrigt Olavson Mostraum, bust. Sagstad i Meland.


1859: Festesetel frå dei tri bøndene på Nottveit til lærar Anders Olavson Florvåg. Avgifti var 6 arbeidsdagar om hausten og 6 om våren. Anders Olavson var lærar og klokkar på Mo.


2. Anders Olavson Florvåg, f. 1820, d. 1901, g. 1843 m.

Brita Olavsdtr. Nottveit, br. 1 f. 1819, d. 1900.

Born:

  1. Brita f. 1844, d. 1901, g. 1870 m. Simon Larsson Nygard, bnr. 1.
  2. Lars f. 1846, lærar og organist i Lillesand, g. m. g. m. Marie Flack, frå Lillesand, f. 1884.
  3. Ole f. 1848, d. 1879, lærar i Fotlandsvåg, g. 1871 m. Brita Askildsdtr. Løtveit f. 1847.
  4. Brita f. 1852, d. 1891, g. m. Askild Erikson Løtveit.
  5. Olav f. 1854, g. m. lærar Anna Middelton, bust. Stavanger.
  6. Gjertrud f. 1856, g. 1880 m. Berge Brynjelson Nygard, br. 2.
  7. Anders f. 1860.
  8. Maria f. 1862, d. 1919, g. m. næste brukar her.


I 1889 er tinglyst kjøpekontrakt frå Johannes Ivarson Nottveit (bnr. 1) til Maria Andersdtr. Florvåg på Stølen, som same året vart utskilt til eige bruk, skyld 0,29 mrk. og med bnr. 4, og i 1893 er tinglyst skøyte frå Johannes Ivarson og kona hans, Brita Andersdtr. til Lars Rasmusson Haukøy og kona Maria Andersdtr. f. Florvåg, for 2.200 kr.


3. Lars Rasmusson Nottveit, f. Haukøy 1869, d. 1941 (Lars på Stølen), g. 1890 m.

Maria Andersdtr. Florvåg, f. 1862, d. 1919.

Born:

  1. Lars f. 1891, d. 1891.
  2. Gerda f. 1892, d. 1892.
  3. Lars f. 1894, lærar og næste brukar her.
  4. Ragnvald f. 1896, lærar, g. m. Sofie Olavsdtr. Øye, bust. Askøy.
  5. Gerda f. 1899, g. 1920 m. lærar Bernhard Hansson Nevdal, bust. Sæbø.
  6. Borghild f. 1901, lærar Alversund, g. m. Nils Rasmusson Mostraum, bust. Alversund.


4. Lars Larsson Nødtvedt, f. 1894, d. 1944, g. 1922 m.

Marta Andreasdtr. Lillejord, f. 1895.
Lars var lærar i Nottveit-krinsen. I 1944 vart han arrestert av Gestapo, og døydde av mishandling nokre dagar etter.

Born:

  1. Nolevande f. 1923, bust. Sunde i Sunnhordl.
  2. Nolevande f. 1924, g. Nytun, bust. Leknestangen.
  3. Nolevande f. 1926, bust. Øystese, Hardanger.
  4. Nolevande f. 1928, g. Hauge, bust. Ask i Hordaland.
  5. Nolevande f. 1931, g. Saghaug, bust. Sunde i Sunnhordl.
  6. Nolevande f. 1935, bust. Sunde i Sunnhordl.


Det ser ikkje ut for at Lars Larsson Nottveit hadde skøyte på bruket, men han budde der og dreiv det etter at faren gifte seg att og flytte til Vikanes. Etter at Lars er død, skøyter syskini hans bruket yver til enkja Marta Andreasdtr. Nottveit i 1946. Kjøpesum: 3.000 kr.


1952: Skøyte frå Marta Andreasdtr. Nottveit for 10.000 kr. til


5. Vilken Larsson Offerdal, f. 1898, frå Årdal i Sogn, g. 1952 m. enkja.

Astrid Eriksdtr. Bjørkum, f. 1916. Ho var g. 1. g. m. bror til Vilken Offerdal.


1956: Skøyte frå Vilken Offerdal, for 11.000 kr., til


6. Magnus Mikkelsen, f. 1898, meister i reproduksj .faget, g. 1924 m.

Nelly Johnsen Tangerås, f. 1902, bust. Lyngbøv. 48, Laksevåg.

Born:

  1. Nolevande f. 1926, g. m. res. kap. Nolevande, Salhus. 3 born.
  2. Nolevande f. 1930, fullm. g. m. Nolevande, 3 born.
  3. Nolevande f. 1938, barnehagelærar, g. m. organist Nolevande, 4 born.


Etter hovudutskiftningen 1892 vart dei to plassi, Stien og Stølen, slegne saman til eitt bruk, bnr. 4 skyld 0,29 mrk. Til dette bruket høyrer skogteigen Ospestallen på kring 50 mål, og utslåttone Blomhjellane og Blombrekka. Bruket hev dessutan beiterett til 4 kyr, og so mange smalar som bruket kan føda. Ved utskifting av innmarki vart det fastsett at kastevågar, tangstrand, skjeltak og naustetufter skulle vera sams som tidlegare.


Husmenn og andre som hev butt på Nottveit.

På Nottveit finn me etter måten mange som er kalla husmenn, men det er ofte uklårt om dei hadde jord, eller om dei berre hadde husvære og budde på garden. Me har funne far etter desse.


Rasmus Eriksen Nottveit, f. 1604. Veit ikkje namn på kona. Han er nemnd i 1654, i 1656 og i prmtl. 1667.

Born:

  1. Christen f. 1646. Han er 21 år og Knecht i 1667.
  2. Erich f. 1653. 14 år i 1667.

Finn ikkje noko om dei seinare.


I prmt. 1667 finn me ein husmann med namn Niels Knudsen Nottveit, og ein dreng Mons Knudsen, dessutan ein husmann Mogens Mogensen, og ein husmann Niels Olsen Nøetvedt, f. 1644. Kona finn me ikkje, men han hev desse borni:

  1. Søren f. 1665.
  2. Anders f. 1682, g. 1707 m. Kari Johannesdtr. Langedal br. 2.


Frå plasset Kamulen som ligg millom Nottveit og Stølen, finn me desse:


Ole Kamulen, f. 1614, g. m.

Anna, f. 1632, d. 1696.

Born:

  1. Kari, g. 1688 m. Ivar Nilsson Flatekvål br. 2-3.
  2. Maria f. 1664, d. 1700.
  3. Marite g. 1704 m. Mogns Mognson Raknes. Truleg han som er kalla husm. i prmtl. 1667.


Anders Amundson Mulen, f. 1701, d. 1758, g.

1. 1738 m. Maria Eriksdtr. Heimvik

2. m. Helga Andersdtr. Vedå, f. 1709, d. 1760. Dei hadde 11 born.


Nr. 6 av dei var Rasmus Andersson Mulen, f. 1746, d. 1819, gift 4 gonger, m. Anna, Marta, Anna og sist m. Ingeborg, f. 1766, d. 1793. Dei var gifte i 1783.


Den siste plassmannen me finn på Kamulen er Olav Andersson Nottveit, f. 1870, g. m. Gjertrud Andersdotter, f. 1860. Dei hadde ikkje born.


Skøyte: Garden Nottveit.

Bnr. 5. Høgtun, eigar Maria Nottveit skm. 0,01.
Bnr. 6. Fagervik, eigar Dora Lægreid skm. 0,01.
Bnr. 7. Kleiva, eigar Johannes G. Nottveit skm. 0,01.
Bnr. 8. Sjøhaug, eigar Borghild Nottveit skm. 0,01.
Bnr. 9. Storhaug, eigar Anders Padøy skm. 0,05.
Bnr. 10. Solhaug, eigar Gunnar J. Nottveit skm. 0,01.

Folketeljingar — samandrag.

1645. Kopsk. 6 personar yver 15 år.

1667: Prestemtl. 3 vaksne, 2 born, 5 husmenn, 3 tenarar, i alt 14 mannspersonar.

1701: Manntal: 7 mannspers. yver 1 år.

1711: 3 brukarar med konor, 2 born, 4 tenarar, i alt 12 personar.


1801:

Bruk 1. Lars Olavson med kona og 3 born, i alt 5 personar.


Bruk 2. Nils Olavson med kona og 3 born, i alt 5 personar.


Bruk 3. Magne Johannesson med kona og 5 born, 2 tenarar, 1 kårkona.


1865:

Bruk 1. Anders Olavson Nottveit med 5 born, 3 tenarar, 1 kårmann.


Bruk 2. Knut Johannesson med kona og 6 born, 1 dreng, 2 kårfolk.


Bruk 3. Magne Johannesson med kona, 3 tenarar, 2 kårfolk.


1900:

Bruk 1. Johannes Ivarson med kona og 4 born, dessutan sygjenta Larsina Andersdtr. (syster til kona hans).


Bruk 2. Marta Johannesdtr. med 3 born, 1 tenar, 2 kårfolk.


Bruk 3. I hovudbygningen: Johannes Askjellson Nottveit med kona og to tenarar. I sidebygningen: Gudmund Larsson Nottveit med kona og 5 born. Dessutan desse: Magne Johannesson Nottveit, enkjemann. Agate Ivarsdtr. frå Voss, ug. pleiebarn. Andreas Andersson Nottveit, ug. skomakar. Sina Johannesdtr. Ravneberg, ug. husstell.


Bruk 4. Lars Rasmusson Nottveit med kona og 3 born.


Bruk 1b kalla Leitet: Anna Olavsdtr. Nottveit, enkja e. Anders Olavson Nottv. Olav Anderson Nottveit, seinare bust. Kamulen, g. m. Gjertrud Andersdtr. Nottveit. Jakob Andersson Nottveit, ug. skomakar.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy