Nygard

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 18:02, 18 desember 2008 by Rolferik (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Nygard.

Fil:Nygard 01.gif


NYGARD
GARDSNR. 85.

Innhaldsliste

Innleiing

Nygard ligg 22 km frå sjøen og omlag 6 km frå næraste grannegardane, Øvre Helland og Nåmdal. Der dei to siste gardane ligg, tek ein sidedal av mot aust, vender so meir nordetter att til han endar ved eit lite vatn som ligg 373 meter yver havet. Dalen heiter Krossdalen, og litt ovanfor dette vatnet ligg garden Nygard, eller Krossen som han vart kalla i gamal tid. Nygard er den garden som ligg høgst til fjells av alle gardane i bygdi, og er ein sermerkt fjellgard med tungt snøfall om vinteren. Han ligg fint til under fjellnutar, åsar og skogkledde lier, men det opnar seg dalføre både mot aust og vest, difor kjem soli tidleg fram om morgonen og går seint ned om kvelden. Fjelli kring garden er ikkje sers høge. Det er Øvre-Hellands-åsen, oftast kalla berre Åsen, Moltemyrberget, Skrenipo, Blånipo, Daurmålshaugen og Leina. Her er eit vegstykke som vert kalla Harkarekkje. I aust stend Tverrfjellet og Sauefjellet. I nordaust står to kollar som båe er kalla Seglet. Det er Nora-Seglet og Indra-Seglet, og millom dei ligg Midtskarknolten med Øvstaskaret på eine sida og Midtskaret på andre. I nordvest ligg Okslafjellet, og mot vest Fjelltonæ og Nåmdalsåsen. Frå fjelltraktene i sør kjem Sørelvi, og frå aust kjem Stølselvi. Båe elvane renn ut i Krossvatnet som ligg nær inntil garden.

I bygdemålet hev garden alltid vore kalla Krossen, og i kyrkjebøkene frå 1677 og frametter heiter han og Krossen. Men frå 1700-talet vert det stundom skrive Krossen og stundom Nyegaard. Seinare hev namnet Nygaard vore bruka i alle skriftlege kjeldor, men i jordbøker, rekneskapar og matriklar heiter det stundom Nygaard og stundom Nyegaard. Då garden vart oppteken i Øvre-Hellandsmarki og rudd og bygd til eigen gard kring 1660, hev han truleg vorte nemnd nyegarden, og det kan vera grunnen til at gardsnamnet vart Nygaard. Etter at nynorsk skriveform vann fram i bygdi, hev namnet alltid vore skrive Nygard. Det er elles naturleg at garden frå gamal tid hev vore kalla Krossen, for dei fire dalane som møtest der, lagar ein kross, og i sentrum av denne krossen ligg heimebøen.

Øystein Nygard og Knut Liland hev gjeve opp grensone for garden soleis: Grensa mot Øvre Helland tek til ved Hylkjegrindi i Krossdalen og fylgjer Øvre-Hellands-åsen til Åsskaret, derfrå til Skrenipo, Tverrfjellet, Blånipo, Reinsnovi og vidare til Skjerjavatnet. Her vert det grensa mot Eksingedalen, som og er heradsgrensa mot Vaksdal kommune. Denne grensa fylgjer Skjerjavatnet inn til enden av vatnet, og deretter fylgjer ho Skjerjo ned til Fossen. Der tek grensa av og går opp til ein gamal varde som står kring 100 m frå elvi, og går derfrå til Askildsdalsfjellet. Derifrå går ho til ein stad vest for Holskarvatnet der Nygard får grensa mot Steinsland, går so til øvre Sødalskaret og fylgjer fjelltoppane vestetter mot Storfjellet, svingar deretter søretter og fylgjer Fitjabekken til han renn ut i Steinavatnet. På andre sida av vatnet tek grensa mot Nåmdal til, og ho fylgjer Svabekken opp i fjellet, går so etter toppane på Nåmdalsfjellet og svingar ned Skredgili til Krossdalselvi. Grensa mot Nåmdal er ikkje grei. Der hev vore grensestrid frå gamalt om slåttemark, skogteigar og beiterett. I 1797 vart det reist søksmål frå ein av partane, men det ser ikkje ut som dei kom til semja då. Fyrst ved «Forligelseskommisionen», avslutta 13. okt. 1807, kom det til skriftleg forlik millom partane om merke, skogteigar, slåttor og beiterettar.

Jordsmonet på garden er skiftande og lendet ujamt. I haugane er morenejord, og aurhella under grastorva, men på lågare lende er moldjord og sume stader myr. Kring 1890 vart det rudt ein plass nede ved vatnet. Han vart utskild frå dei andre bruki på garden og heimla av Johannes Brynjelson Nygard. Ved skyldskifte fekk dette bruket bnr. 4 og namnet Liland. Namnet tykkjest høva godt, for garden ligg under lidi med flatlend bø ned mot vatnet. Der er djup mold- og myrjord, og då garden vart rudd, fann dei store furestomnar i jordi.

På det gamle tunet stod husi tett saman som skikken var i eldre tid, med eit ope tun i midten. Ved eine enden av tunet stod den gamle Hauastova, låg under bjelkane, og med ein låg stovelem yver.

Romet utanfor, «døræ», var noko planke — og noko standarverk, hellelagt golv, skorstein, og dør på båe sidor, med sval på nordvest sida. Hauastova var kårstova på bruket. Attanfor denne, og ram i ram, stod bustadhuset til bruk 2, Berjestova, med ei halvtekkja i bakramen og kjellar under stova. På eine sida av tunet stod bustadhusi til bruk 3, Jakobstunet, med fjøs og løda eit stykke undan, og på andre sida stod bustadhusi til bruk 1, med ei stova i kvar ende og kjellar under kvar stova med luka i golvet for nedgang til kjellarane. Ved siste enden av tunet stod fjøs- og løebygningane til bruk 1 og 2, bygde saman under eitt tak, og med eit sauehus i den eine enden av bygget. Etter utskiftingi vart denne tunskipnaden brigda. Husi til bruk 1 vart flytta dit Storåkeren fyrr låg, og husi til bruk 2 vart flytte til Smiåkeren. Berre husi på Jakobstunet vart ståande som fyrr. Fyre utskiftingi hadde alle bruki sine åkrar og engstykke i små teigar som låg omeinannan kring heile bøen, som skikken var i eldre tider.

Hovudnæringi for denne garden hev alltid vore feal, og då var det mest markaslåttone å lita på. På Jakobluten var kring 15 markaslåttor med løa i kvar slåtta. I sume slåttor var fleire løor. Ved Steinavatnet var to, og i Kvanndalen fem. Heimste løa i Kvanndalen var svært stor. I Kvernhus-slåtta under Osbrekka var ei liti løa. Her var eit slipesteinstøde. Det syner enno merke etter det. På Simenluten hadde dei 7 markaslåttor med løor etter at bruket vart delt i 1855. På Brennhamaren og i Kvanndalen hadde dei fleire løor. Seinare flytte dei lamhuset sitt dit og brukte det òg til markaløa. På Berjeluten var og sju markaslåttor, og løa i dei aller fleste. I Seilæ var det flatteigslått og stakkstøde. Elles var det hesjaslått i Kvanndalen, Knoltane, Dyratonæ, Rinden ved Åsskaret, Åsskarslåtta og Hylkjeslåtta. Lilandbruket hadde ei løa i Øykjabotn og ei i Fjelltonæ. I Øykjabotn var og mykje flatteigslått, og høyet vart sett i stakk. Der var ikkje løa til alt.

På Krossen, som på dei fleste gardane i bygdi, la dei ned hesjane i markaslåttone om hausten, helst der dei ottast snøskredor. På heimebøen var det faste hesjar som stod ute heile året og vart ettersedde om våren. Tilfang til markahesjane fann dei på staden. I slåttonni var det vanleg at i markaslåttone gjekk mann og kona til kvar si hes. Kona fekk gjerne den som låg næraste løa. Ei hes var vanleg på 7-8 rom, og ein skulde fylla to, stundom tre, hesjar millom måli, og ei etter non. Når dei skulde i marki, reis dei opp klokka fem om morgonen, og det vart gjerne seint på kvelden fyrr dei kom heimalt. Matstellet i marki var nistemat i markakista og surmjølk i markabytte. Maten var graut, mjølk, flatbrød, sild, og kalde potetor so lenge dei varde frametter sumaren, og stundom litt spikekjøt.

Mest alt markahøyet vart teke heim på vintraføre. I brattaste lendet drog dei høyet i sloar elles brukte dei kjelke der ein ikkje kunne koma til med hest og slede.

Det skulle mykje vinterfor til på ein fjellgard som denne. Snøen låg lenge om våren, so kyrne kunne ikkje løysast or fjøset fyrr det leid til jonsok. Kring heimebøen var steingard, og utanfor den var fyrste hamnehagen om våren og den siste om hausten. Der var òg hestehage. Til heimehage rekna dei og Kvanndalen. Der var det faste mjølkeplassar, ein ved Mjølkesteinen og ein lenger inne i dalen. Der var gode hamnegangar, og ei tid var det vanleg at dei tok hyrekyr om sumaren. Dei kom mykje frå Askøy. Dei som åtte kyrne, fekk smøret, og dei som stelte beisti, fekk mjølki for arbeid og for hagaleiga. I Øvre-Hellandsåsen var hage åt kalvane. Dei gjekk der heile sumaren.

I Norddalen hev det i eldre tider vore ein støl. Han vart nedlagd so lenge sidan at ingen no minnest han, men tuftene syner godt enno, og seli hev stade tett attmed kvarandre. På fjellstølen, Kross-stølen, hadde brukarane kvar sitt sel. Frå fyrst av stod Jakobselet inntil ein stein, so at steinen var eine veggen i huset. Der var eit mjølkesel med skot, og budeia låg i skotet. Seinare bygde dei nytt sel.

På Simenluten hadde dei stova oppe og mjølki i kjellaren. Budeione låg på stølen om natti, men gjekk heim kvar dag. Rjomen bar dei heim, men dei ysta, laga gamalost og koka brim på stølen. Det er fleire år sidan stølen var i bruk. Buskapen beiter no i heimehagen, og noko er kulturbeite.

Det var ikkje alltid so greitt å vera budeia på stølane her i gamal tid. Det hende bjørnen var frampå og gjesta både budeione og feet. Heller ikkje i markaslåttone kjende dei seg trygge for bjørn. Gamle folk frå Nygard kan enno fortelja sogor om bjørn som gjesta folk både på stølane og i slåttemarki.

Veiding var ei god attåtnæring på Krossen, og då helst snarefangst. Her var bra med rjupa og anna småvilt. Av skogen hev dei og hatt noko innkoma med sal av bork og never. Garden hev bra med skog, men berre lauvskog, og so lenge dei ikkje hadde køyreveg, var det vanskeleg å få fram famneved som dei kunde selja. Fyre 1935 var det berre kløvveg og gangstig frå bygdi og fram til Nygard. Sumarsvegen gjekk yver Åsen og nedetter dalen, men om vinteren brøytte dei veg nærare elvi gjenom Hylkjet. Det var vanskeleg å leggja braut mange stader, og brøytingsarbeidet gjennom Krossdalen tok fleire dagar. Bøndene på Nygard stunda hardt etter veg. I 28 år hadde dei vore med og arbeidt pliktdagar på vegen oppetter Modalen. Den vegen vart ferdig kring 1900. Det skulle enno gå 35 år med endå fleire pliktdagar fyrr dei fekk ein nokolunde køyrande veg fram til Nygard. Vegen vert rekna for gardsveg, og vert no halden vedlike av kommunen.

Mange trur vel gjerne at det måtte vera fint vinters dag å bu på ein avsides fjellgard som denne. Det var berre å krypa i hus, lata seg snøa ned, og som bjørnen krypa fram att når våren kom. Fullt so lett var det no ikkje. Beisti måtte ha mat og stell seint og tidleg, og elles var det jamt nok å gjera. Ein god husfar måtte vera kunnig i alt. Han måtte vera husbyggjar, snikkar, smed, skomakar og meir til. Vinterkveldane vart nytta til å laga reidskapar, kjørel, innbu, ski og trugor og mangt 2anna.

Kvinnone laut vera like sjølvhjelpne med alt det dei hadde under hendene.

Det galdt å greida seg sjølve, og det fekk dei til fullnads læra seg på slike gardar. Borni lærde av foreldri, og dei greidde seg oftast svært godt, både dei som vart buande på garden og dei som for ut or bygdi. Det kan ein sjå når ein les soga åt folket på Krossen.


Eigarar.

1665. Abel Munthe eig 1 pd. sm., som er heile garden.

1682. Odelsmtl.: Lagmand Lilienschiold.

1691. «Hans Lilienchiold eier hele gården, 1 pd. sm».

1700 er det Vice lagmand Lange som eig.

1708. Assessor Willum Hansen.

1745 er Jean van der Velde førd eigar.

1756. Skøyte frå Jean van der Veldes dødsbu til Monsiur Jan Frøchen.

1764. 30/11 Auksjonsskøyte på Kongl. Maj. eigedomar til studiosus Herman Jansen Frøchen. Nygard var då innsett for 14 rtd. og vart oppboden til 16 rd.

Same dagen skøyter Herman Jansen Frøchen garden til dei to brukarane med 12 mrk. sm. til kvar for 22 rd. Sidan hev Nygard vore sjøjveigarbruk.


Matriklar, skyld og utreidslor.

Frå fyrst hadde Nygard gnr. 94, og skyldi var 1 pd. sm. Då skyldi vart sett i pengar, vart gnr. brigda til 85, og kvart av dei to bruki fekk ei skyld på 3 ort 9 sk. Då det vart markaskyld, frå 1886, var bruk 1 skift i to jamstore bruk, br. 1 og br. 2, som kvart fekk 1 mark 16 øre, og br. 3 fekk 2 mark 34 øre.

I matrikkelen 1723 finn me desse opplysningane om Nygard: «Landskyld 1 pd. sm. Tilhører ass. Hansen med bygsel. Ingen husmandspl. Seter 1/4 miil fra gården. Brendefang. 1 flomkvern. Ligger 2 1/2 miil fra søen høit i snefield,. afsols, tungvunden og ganske uvis til korn de fleste år. Lever af kvegavling. Gml. matr. takst 1 pd. Red. til hartkorn ny matr. 5 skepper. Ny leilend skat 1 rd. 24 sk. Odelsskat 20 sk. Leding 20 sk. Småtold 84 sk. Arlig tiende in natura 1 3/5 skj., i penge 16 sk. Småtiende 2 1/2 sk».


Fødnad, sånad og avling.

1667. Matr. «Føder 9 nød, såer 1 1/2 td. afler 2 1/2 td».

1723. Matr. Føder 1 hest, 6 kyr, 4 ungnaut og 12 smalbeist.

1803. Jordavgiften: 2 jamstore bruk, som kvart føder 11 storfe, og 10 smalbeist og sår 1 tunna og avlar 3 t.


1863. Jordbrugsbeskrivelsen: (Bruk 1 er no skift i 2 jamstore br., nr. 1 og nr. 2).


Bruk 1 og bruk 2 hev kvart: Åker og dyrka eng: 1 mål godt, 3 mål medels godt og 1 mål ringt. Natureng: 6 1/2 mål godt, 8 mål medels og 5 1/2 mål ringt. Høy av markaslått 200 våger. Sår 2 tun. korn og 3 tun. potetor, og avlar 8 tun. korn og 14 tun potet. Får 650 våger høy og 60 v. halm og nyttar 1 kufor beit og skav. Føder 1 hest, 7 kyr, 2 ungfe og 20 smalbeist. Framlegg til skyldsetjing: 3 ort 12 sk.


Bruk 3. Åker og dyrka eng: 2 mål godt, 6 mål medels og 1 mål ringt. Natureng: 13 mål godt, 10 medels og 11 mål ringt. Får 400 våger markahøy. Sår 4 tun. korn og 5 tun. potetor, avlar 13 t. korn og 15 t. potetor. Enghøy utegløymt. 1 kufor beit og skav. Fødnad: 1 hest, 13 kyr, 4 ungfe og 20 smalbeist. Framlegg til skyldsetjing: 1 dalar 1 ort 22 sk.
For Nygard er gjort denne merknaden: «Ligger høit tilfjelds så sæden enkelte år ikke modnes».


1875. I samb. med folketelj. er desse oppgåvone med:


Bruk 1. Husbonden Lars Simonson hev 6 kyr, 4 sauer, 8 lam, 1 hest og 1 fyl. Tenestedrengen hev 1 ku.


Bruk 2. Husbonden Brynjel Bergeson hev 8 kyr, 3 ungfe og 18 smalbeist.


Bruk 3. Husbonden Jakob Andersson hev 10 kyr, 4 ungfe og 27 smalb. Eldste sonen Anders: 2 kyr 1 smb. og andre sonen Olav 1 ku. Kårmannen Anders Olavson: 4 kyr, 1 ungfe og 8 smalb.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».

Bruk 1. Dyrka jord 10 da. Morenejord. Anna jordbr.areal 80 da. prod. skog 300 da. Bustadhus bygde 1883. Brandt. 38.000 kr. Føder 1 hest, 5 kyr, 1 ukse, 2 ungdyr, 1 gris, 10 smalb. og 10 høns.


Bruk 2. Dyrka jord 35 da. Myr og morenejord. Anna jordbr.areal 10 da. Utmark 600 da. Gamle bustadhus ombygde etter utskiftingi. Br.takst 51.000 kr. — Føder 2 kyr, 1 ukse, 1 ungdyr, 4 sauer.


Bruk 3. Dyrka jord 30 da. Morenejord. Anna jordbr.areal 140 da. Prod. skog 450 da. Bustadhus bygt 1877, florshus 1883. Eldhus, vedhus, smia. Brandt. 96.000 kr. Føder 1 hest, 10 kyr, 1 ukse, 4 ungdyr, 2 griser og 20 sauer.


Bruk 4. Liland vantar.


BUSITJARAR

Nygard eller Krossen. Busitjarane.

1655: Dette året er fyrste gongen me finn Nygard nemnd i Lensrekneskapane. Då heiter det: «Nyegaard er oppryddet under en Ko. Ma. (Kongens Maiest.) gaard Øffre Helleland, 1 ødegaard som Abel Munthe er solt, 1 pd. smør Land skyld som er bemelte Helleland uden schade. Bruges af 2de mend Knud och Siffuert». Det er noko uvisst kven av dei som sat på bruk 1 og kven på bruk 3, fram mot 1700, men det synest mest rimeleg at Siffuer hadde bruk 1 og Knut bruk 3.


Bruk I. Simen-luten.

1. Siffur (Sjur) er førd i rekneskapane 1666 — 68, og uvisst kor mykje lenger. Det er tomrom i rekneskapane 1668 — 1691. Fødselsår, dødsår og giftarmål er ikkje kjent, men desse må vera borni hans:

  1. Lars d. 1679.
  2. Lars f. 1660, truleg næste busitjar her.
  3. Brita g. 1701 m. Johannes Christensen Langedal br. 2.


1691: Futeregnsk. hev Lars, og det må vera den Lars Siursen som er førd i rekneskapane 1691 — 1694.


2. Lars Sjurson Krossen, f. 1660, d. 1712, g.

1. 1679 m. Magdeli Monsdtr. Straume, f. 1640, d. 1688.

2. 1689 m. Kari Johannesdtr. Farestveit, br. 3, d. 1724.

Born:

  1. Olav f. 1691. Ikkje med i skifte 1712.
  2. Magdeli f. 1693, d. 1693.
  3. Ellef f. 1694. Ikkje med i skifte 1712.
  4. Ingebret f. 1695, d. 1695, tvilling.
  5. Johannes f. 1695, d. 1695, tvilling.


Bilete s.389 Tunet på Nygard. Soleis såg det ut kring 1850.


1712: Skifte etter Lars Siurson. Systeri Brita Sjursdotter, g. m. Johannes Christensen, er då einaste erving, so alle borni til Lars må vera avlidne utan å ha ervingar etter seg.


1713: Bygselbrev frå Wilh. Hansen til Johannes Olsen på dette bruket, 12 mrk. smør. — Johannes Olsen kom og gifte seg med enkja etter Lars Sjursen, og me hev ikkje funne ut kven han er.


3. Johannes Olavson Krossen, g.

1. 1713 m. Kari Johannesdtr. Krossen, d. 1724.

2. 1725 m. Brita Knutsdtr. Helland, kan vera frå br. 4 N. Helland, men vantar i dåpslista.

Born:
Uvisst om Johannes hadde born i 1. ektesk. 1 1713 er gravfest «Johannes Kraassen's barn Guri, 8 dage», og ho kan gjerne vera dotter til Kari og Johannes. I andre ekteskapet hev han Kari f. 1726, d. 1751.


1726: Bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Hallvard Magneson Krossen på 12 mrk. smør. Oppattnya 1733 og 1739.


4. Hallvard Magneson Krossen, f. 1697, d. 1758, g. 1727 m.

Tora Ivarsdtr. Steinsland, f. 1690, d. 1786.

Born:

  1. Magne f. 1728, næste busitjar her.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Magne Hallvardson på 12 mrk. smør for 22 rd.


5. Magne Hallvardson Krossen, f. 1728, d. 1781, g.

1. 1754 m. Helga Simonsdtr. Nåmdal, br. 1, f. 1721, d. 1755.

2. 1755 m. Anna Gullaksdtr. Farestveit, br. 5, f. 1732.

Born:

  1. Hallvard f. 1757, d. 1758.
  2. Hallvard f. 1762, d. 1763.
  3. Gulleik f. 1764.


1768: Skøyte frå Magne Hallvardson til Knut Gulleikson Farestveit for 22 rd.


6. Knut Gulleikson Nygard, f. Farestveit br. 5 1738, d. 1809, g. 1768 m.

Ingeborg Johannesdtr. Steinsland, br. 2 f. 1743, d. 1796.

Born:

  1. Ragnhild f. 1774, g. 1813 m. em. Olav Johannesson Nedre Helland br. 5 f. 1765, d. 1843, busett Kringlebotn br. 2.
  2. Johannes f. 1780, næste busitjar her.


1798: Skøyte frå Knut Gulleikson og dotteri Ragnhild til Johannes Knutson Nygard. Med eigen arvelut etter mori eig Johannes då heile bruket.


7. Johannes Knutson Nygard, f. 1780, g.

1. 1801 m. Brita Ivarsdtr. Krossen, br. 3, f. 1775, d. 1801.

2. 1802 m. Torbjørg Ivarsdtr. Krossen, f. 1779.

Born:

  1. Brita f. 1803.
  2. Ingeborg f. 1805.
  3. Anna f. 1809.


1814: Makeskøyte frå Johannes Knutson Nygard til Lars Knutson Bragstad frå Herdla på dette bruket. Lars Knutson Bragstad var frå plasset Flyene under Sundve på Vossestrand. Foreldri var Knut Larsson Sundvesflyene og kona Dordi Andersdtr. f. Giljarhus.
Johannes Knutson flytte no til Bragstad med kona og born og busette seg der.


8. Lars Knutson Nygard, f. Bragstad 1781, g. 1813 m.

Ragnhild Knutsdtr. Fosse, frå Eksingedalen.

Born:

  1. Dordi f. 1815.
  2. Nils f. 1816.
  3. Ragnhild f. 1818.
  4. Knut f. 1820.
  5. Lars f. 1823.
  6. Guri f. 1825.


1825: Makeskøyte frå Lars Knutson Nygard til Simon Larsson Nesheim frå Eksingedalen på dette bruket. Lars Knutson flytter til Nesheim og buset seg der. Bruket i Nygard 12 mrk. verdsett til 300 spd. Bruket i Nesheim 9 mrk. verds. til 400 spd.


9. Simon Larsson Nygard, f. Nesheim 1790, d. 1867, g. 1814 m.

Brita Jakobsdtr. Trefall, f. 1794.

Born:

  1. Marta f. 1814, g. 1840 m. em. Anders Andersson Straume f. 1800.
  2. Lars f. 1816, næste bonde her.
  3. Brita f. 1819, d. 1835.
  4. Nils f. 1825, gardbr. Limmesand, Vik, sidan i Lee, g. 1846 m. Agata Olavsdtr. Straume br. 4 f. 1826. Dei for sidan til USA.
  5. Gjertrud f. 1826. Flytta til Voss prg. i 1864.
  6. Johannes f. 1829, g. 1856 m. m. Sesilia Olavsdtr. Ø. Helland f. 1834. Plassfolk, Balane Ø. Helland.
  7. Sigvor f. 1860, g. 1893 m. lærar Knut Helgeson Brunborg f. 1852, d. 1897.
  8. Ingeborg f. 1834. Flytta til Voss prg. i 1864.
  9. Lars f. 1836, d. 1909, g. 1870 m. e. Marghreta Sjursdtr. Midttun, Vossestr. f. 1835, d. 1918, busett Nataflorene, Hjelle, Voss.


Enkjemann Anders Anderson Straume, g. m. Marta Simonsdtr. (9 a ovanfor), hadde fyrr vore gift med Maria Andersdtr. Otterstad br. 7, f. 1812, g. 1836. I siste ekteskapet hadde han dotteri Marta, f. 1841, 1. g. m. Ole Magnesen Hennø. Manger prestegj., g. 2. g. m. los Erik Heggholmen, busett Heggholmen.


1825: Simon Larsson Nygard gjev kårbrev til foreldri sine, Lars Simonson Nesheim og Marta Olavsdtr. Dei flytte med sonen til Nygard og budde der sidan. Då Marta Olavsdtr. døydde i 1836, gifte Lars Simonson seg att 1837 m. Anna Andersdtr. Lavik br. 1, f. 1783. Ikkje born. Same året gjev Simon Larsson ogso kårbrev til henne.


1842: Skøyte frå Simon Larsson til sonen Lars Simonson på dette bruket for 100 spd. og kår til 5 års verd 50 spd.


10. Lars Simonson Nygard, f. 1816, d. 1858, g. 1842 m.

Kari Bergesdtr. Steinsland, f. 1820.

Born:

  1. Simon f. 1842, næste bonde her.
  2. Brita f. 1844, g. 1869 m. Rasmus Olavson Nåmdal br. 2 f. 1847, busett Valsvik br. 3, Vik i Sogn.
  3. Berge f. 1846, skreddar, fl. til Strandvik, d. der.
  4. Lars f. 1849, d. 1935, g. 1878 m. Siri Olavsdtr. Steinsland br. 2 f. 1851, d. 1939. Lars for til USA, kom att, kjøpte br. 1 på Lee, Arnafjord, Vik i Sogn, 5 born.
  5. Brita f. 1851, d. 1925, kalla Vetla-Brita, for til USA, g. der m. Olav Nilsson Ø. Helland br. 4 f. 1844.
  6. Brynjel f. 1855, for til USA og døydde der.
  7. Nils f. 1858, lærar i Hobøl, Austfold, g. 1883 m. Brita Olavsdtr. Høvik br. 1 f. 1857.


1855: Ved skylddelingsforretning 10/6-1855 vert dette bruket skift i to. Bruk 1 får ei skyld på 1 ort 17 skilling, og den fråskilde parten får ei skyld på 1 ort 16 skilling og bruksnr. 2, og vert seld til Berge Brynjelson Steinsland for 200 spd.
Lars Simonson døydde i 1858, og enkja gifte seg att i 1861 med Olav Andersson Nygard br. 3, f. 1834, son til Anders Olavson og Ragnhild Jakobsdtr. Olav og Kari fekk tvillingborni Lars og Ragnhild, f. 1861. Lars var lærar, lengste tidi i Sandnes i Rogaland. Etter han slutta i skulen, kjøpte han eit bruk på Bindingsbø i Eksingedalen og budde der nokre år. So selde han bruket og flytte til Voss. Ragnhild vart gift med bonde Helge Knutson Bergo og budde si tid der.


1861: I skifte etter Lars Simonson vart bruket utlagt sonen Simon, men mori og stykfaren styrde garden i nokre år fyrr Simon tok yver. Sidan flytte dei til Fosse i Eksingedalen og busette seg der.


11. Simon Larsson Nygard, f. 1842, d. 1930, g. 1870 m.

Brita Andersdtr. Nottveit, f. 1844, d. 1895, dotter til lærar Anders Olsen Florvåg.

Born:

  1. Lars f. 1871, næste bonde her.
  2. Anders f. 1881, d. 1913. 5 born i dette ekteskapet. G. 3. g. 1922 m. Ingrid Laskemoen, Sauherad f. 1886, d. 1974.
  3. Kari f. 1873, ug. budde sist på Voss aldersheim.
  4. Jakob f. 1875, lærar i Sarpsborg, sist i Gauterød ved Tunsberg, gift, 4 born.
  5. Brita f. 1877, d. 1900, ug.
  6. Anna f.1879, meierske i Hordabø. Faren budde hjå henne då han døydde. Gift 1947 m. bonde Nils Bergeson Gulbrå, f. 1879, busett der etter ho var gift.
  7. Arnfinn f. 1880, skulest. Dale i Bruvik, g. m. Inger Andersdtr. Kvale, 1 son, Sverre, som er sorenskrivar på Voss.
  8. Olav f. 1882, d. 1882.
  9. Olav f. 1884, d. 1924, diktar, hev vunne seg eit stort namn millom norske lyrikarar. G. 1912 m. Rakel Sjursdtr. Tvedt, Lindås, f. 1889, d. 1979, 1 son, Sigurd, f. 1916, d. 1935. Heimbygdi hev reist diktaren minnestein på Mo.
  10. Lars Marselius f. 1887, d. 1972, skodespelar, teaterstyrar ved Komediateatret i Bergen 1935-45. G. 1924 m. Marga Dobbitz, Kiel, Tyskland.


1888: Skøyte frå Simon Larsson til sonen Lars Simonson på dette bruket for 1200 kr. og kår til faren.


12. Lars Simonson Nygard, f. 1871, d. 1933, g. 1905 m.

Sigvor Larsdtr. Gullbrå, f. 1883, d. 1964, gravfest Gjerstad i Haus.

Born:

  1. Sigmund f. 1906, næste bonde her.
  2. Bertin f. 1907, d. 1984, frukthandlar Hop i Fana, g. 1956 m. Ingrid Lauritsdtr. Dyrdal, Lindås, 1 son, Nolevande f. 1956.
  3. Gudrun f. 1909, d. 1923, ug.
  4. Nolevande f. 1911 i Vik, Sogn, 1 son, Nolevande f. 1938.
  5. Olav f. 1913, d. 1960, gardbr. Dale i Gulen, g. 1946 m. Nolevande, Hosanger, f. 1923. 3 born.
  6. Nolevande f. 1915, portvakt Høyanger, g. 1951 m. Nolevande, f. 1923 i Ålesund. 2 born.
  7. Nolevande f. 1918, lærar, g. 1944 m. Nolevande, Huas, f. 1921. 1 barn.
  8. Nolevande f. 1920, ug., bonde her etter broren Sigmund.
  9. Solveig f. 1922, d. 1922.
  10. Nolevande f. 1923, ug., husmorvikar, busett Lonevåg.
  11. Nolevande f. 1926. ug., lagerarbeidar, busett Lonevåg.


1934: Skøyte frå enkja Sigvor Larsdtr. til sonen Sigmund for 1400 kr. og kår til mori.


13. Sigmund Larsson Nygard, f. 1906, g.

1. 1938 m. Ingeborg Andersdtr. Lone, frå Haus, f. 1897, d. 1961.

2. 1966 m. e. Olga Olefina Benjaminsdtr. Kallekleiv, f. Haug i Bergen, 1912.

Born:

  1. Nolevande f. 1941, sjukepleiar, Kysthospitalet Hagavik, g. 1968 m. gardsstyrar Johannes Ludvigsen Taule, Sæbø, busett Hagavik, 3. born.


1948: Skøyte frå Sigmund Larsson til broren Øystein for 1500 kr.


14. Øystein Larsson Nygard, f. 1920, ug.


Bruk 2. Berge-luten.

1855: Bruk 2 vert utskilt frå bruk 1 og selt til


1. Brynjel Bergeson Steinsland, br. 2, f. 1818, d. 1903, g. 1849 m.

Brita Olavsdtr. Nåmdal, br. 2, f. 1828, d. 1886.

Born:

  1. Berge f. 1851, d. 1851.
  2. Brita f. 1852, d. 1883, g. 1880 m. Johannes Rasmusson Nåmdal br. 3.
  3. Inga f. 1855, g. m. gardbr. Nils Andersen Brekke, frå Evanger, f. 1854.
  4. Berge f. 1858, næste bonde her.
  5. Ole f. 1862, g. 1890 m. Anna Ivarsdtr. Mo br. 4 f. 1852, busett Mo br. 6.
  6. Johannes f. 1864, busett Nygard br. 4.
  7. Haldor f. 1869, d. 1899, g. 2. g. 1906 m. Maria Johannesdtr. Almelid br. 1 f. 1882, d. 1968, busett Ø. Helland og Almelid br. 1.
  8. Brynjel f. 1871, utflytt til Voss. Gift 1892 m. Gjertrud Nilsdtr. Rasdal f. 1867 i Evanger.


Skøyte frå Brynjel Bergeson til sonen Berge Brynjelson for 600 kr. og kår.


2. Berge Brynjelson Nygard, f. 1858, d. 1936, g. 1880 m.

Gjertrud Andersdtr. Nottveit, f. 1856, d. 1925, dotter til lærar Anders Olsen Florvåg, Nottveit br. 4.

Born:

  1. Olav f. 1880, d. 1929, ug.
  2. Brita f. 1881, g. 1911 m. Olai Anderson Håtuft frå Alversund.
  3. Bertines f. 1883, fl. til Ørsta og g. der.
  4. Brita f. 1886, d. 1887.
  5. Berta Maria f. 1888, d. 1959, ug. pensjonist.
  6. Anders f. 1890, næste bonde her.
  7. Lars f. 1891, g. 1919 m. Kari Olavdtr. Flatekvål, bonde der.
  8. Inga f. 1894, g. m. Berge Espetveit, busett på Askøy.
  9. Birgitta f. 1896, g. m. Anders Vare, Fotlandsvåg.
  10. Gunnhild f. 1897, d. 1912.
  11. Johannes f. 1899, d. 1923, ug.


1936: Anders Bergeson får skøyte frå buet vi arvingar etter Berge Brynjelson og kona for kr. 812,11.


3. Anders Bergeson Nygard, f. 1890, d. 1954, g. 1923 m.

Anna Amalie Pedersdtr. Sundsteigen, Kvinnherad, f. 1890, d. 1977.

Born:

  1. Bjarne f. 1924, d. 1975, ug.
  2. Nolevande f. 1927, postopnar på Mo, g. 1958 m. Nolevande f. 1935. Frå 1975 sit Nolevande med skøyte på bruket, men ingen bur fast her no.


1975: Skøyte frå Anna Amalie Pedersdotter Nygard til sonen b.

4. Nolevande, f. 1927 g. 1958 m.

Nolevande, f. 1935.

Born:

  1. Nolevande , f. 1960.
  2. Nolevande , f. 1965.
  3. Nolevande , f. 1970.


Bruk 3. Jakob-luten.

1665: Lensreknesk. hev Knut på dette bruket, og han er førd i skattemanntal og rekneskapar fram til 1691. Han bygslar 12 mrk. smør, som er halve garden. Knut må ha vore gift to gonger, men me veit ikkje namn på fyrste kona hans. I andre giftarmålet er han skriven Knud Larsen.

1. Knut Larsson Krossen, f. 1627, d. 1692, g.

1. m. Ukjend.

2. 1683 m. Agata Larsdtr. Nese, br. 3, f. 1650, d. 1721.

Born:

  1. Marite g. 1688 m. Lars N. Helland. Ho må vera frå 1. ektesk.
  2. Knut f. 1683, truleg brukar her nr. 4.
  3. Kari f. 1685.
  4. Lars g. 1720 m. Marta Olavsdtr. Flatekvål br. 2, busett der.
  5. Peder f. 1689.

1691: Futeregnsk. fører Lars, og han sit med bruket i 1694 og, men ikkje i 1701.


2. Lars. Om han finn me ingi opplysningar, anna enn at han er kalla gamle Lars i 1694. Lars Sjurson på bruk 1 er då kalla unge Lars. Det kan tenkjast at han er den Lars Nedre Helland som i 1688 vart gift med Marta Knutsdotter, nr. 1 a.


1701: I manntalet dette året heiter dei to brukarane på garden Lars Sjurson og Magne Johannesson, og då må det vera Magne som hev dette bruket. Han er ikkje nemnd i reknesk. eller bygselbrev, men er kalla leiglending i 1701, og hev truleg site med bygsel til han døydde i 1709. Det synest rimeleg at han er den Magne Johannesson Mo, som i 1685 vart gift med Kari Johannesdtr. Farestveit.


3. Magne Johannesson Nygard, f. Mo 1658, d. 1709, g. 1685 m.

Kari Johannesdtr. Farestveit, br. 3, f. 1660, d. 1722.

Born:

  1. Olav f. 1689.
  2. Magne f. 1691, d. 1699.
  3. Hallvard f. 1697, brukar nr. 4 på bruk 1 her.
  4. Bård f. 1700.
  5. Maria f. 1704, d. 1704.
  6. Mathis f. 1706, d. 1736, g. 1730 m. Brita Ingebrigtsdtr. Bjørndal i Hosanger.


1711: Skoskatten hev no Knut som visst må vera 1 b på dette bruket. Han er førd i skattemanntalet og i reknesk. fram til 1729. I 1715 får han bygselbrev frå Wilhelm Hansen, og han får oppattnying i 1720, 1733 og 1739. Han er då skriven Knud Knudsen. Han sit med bruket til han døyr i 1743.


4. Knut Knutson Nygard, f. 1683, d. 1743, g.

1. m. Brita Larsdtr, d. 1737. Skifte er halde då.

2. 1738 m. Inga Monsdtr. Otterstad, br. 5, f. 1706, d. 1773.

Born:

  1. Maria f. 1710, d. fyre 1737. Ikkje med i skifte.
  2. Inga f. 1711, d. 1779, g. 1765 m. em. Ole Vik, Bruvik f. 1707, d. 1772.
  3. Lars f. 1714, d. fyre 1737.
  4. Kari g. 1739 m. em. Anders Knutson Njåtveit, Vossestrand.
  5. Marta f. 1720.
  6. Knut f. 1738, bonde nr. 7 her.
  7. Mons f. 1740, d. 1835, g. 1778 m. Brita Johannesdtr. Steinsland br. 1, busett der.
  8. Anders f. 1743, d. 1816, g. m. Gjertrud Knutsdtr. Mo br. 2 f. 1755, d. 1845, busett Stusdal.


Då Knut Knutson døyr, vert enkja Inga Monsdtr. attgift kring 1745 med Knut Olavson Dyrkolbotn, son til Olav Johannesson Dyrkolbotn.


1745: Bygselbrev frå Jean van der Velde til Knut Olavson Dyrkolbotn på dette bruket, 1/2 pd. smør.


5. Knut Olavson Dyrkolbotn, f. 1720, g. kr. 1745 m. enkja

Inga Monsdtr. Nygard, f. 1706, d. 1773.

Born:

  1. Knut f. 1747, d. 1830, tvilling. «Inderst» på Nåmdal.
  2. Brita f. 1747, tvilling. G. 1795 m. em. Hallvard Johannesson Flatekvål br. 1.


1757: Knut Olavson døyr, og enkja Inga Monsdtr. gifter seg att med enkjemann Nils Ingebrigtson Bindingsbø. For båe to er dette deira tridje ekteskap. Me finn ikkje noko nytt bygselbrev, men Inga og Nils må ha site med bygsel til 1764.


6. Nils Ingebrigtson Nygard, f. Bindingsbø 1707, d. 1795 på Nygard, g.

1. 1731 m. e. Kari Nilsdtr. Lavik, br. 1, f. 1696, d. 1749, 1 son.

2. 1750 m. Anna Olsdtr. Fosse, f. 1716, d. 1756.

3. 1757 m. e. Inga Monsdtr. Nygard, f. 1706, d. 1773 f. Otterstad.

Born:

  1. Ingebrigt f. 1732, busett Bindingsbø. Dessutan 4 born som d. same året dei var fødde.
  2. Olav f. 1753, d. 1773, ug., næste eigar her.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Olav Nilsson på dette bruket for 22 rd. Olav var son til Nils Ingebrigtson i andre ekteskapet. Han var no berre 11 år, og det var sjølvsagt faren og stykmori som framleis dreiv bruket. Olav døydde ugift berre 20 år gamal. Sjølv dreiv han vel ikkje bruket, og vert difor ikkje oppførd i brukar-rekkja her.


1773: Inga Monsdtr. døyr, og i skiftebrevet dagsett 7/5 — 1773 får enkjemann Nils Ingebrigtson utlagt halve bruket, 6 mrk. smør, og borni hennar frå dei to fyrste ekteskapi, Knut, Mons og Anders, og Knut og Brita får andre halvparten, med 1 1/3 mrk. smør til kvar av sønene, og 2/3 mrk. smør til dotteri Brita.
Same året døyr Olav Nilsson og, og i skiftebrev dagsett 20/7 — 1773 heiter det at faren, Nils Ingebrigtson, får tildelt heile bruket, 12 mrk. smør, verdsett til 22 rd. Dokumenti som fylgjer etter, syner no at borni etter Inga Monsdtr. likevel hev site med retten til sine arvepartar etter mori.


1774: Knut Knutson, eldste son til Inga Monsdotter, døyr, og i skiftebrev 27/5 — 1774 får enkja Dordi Nilsdtr. hans arvelut som er 1 1/3 mrk. smør. Den 28/5 — 1774 får ho skøyte frå syskini hans, Mons, Anders, og Knut og Brita, på deira arvepartar. Dermed sit Dordi med halve bruket, og Nils Ingebrigtson med det andre halve, 6 mrk. smør på kvar.


7. Knut Knutson Nygard, f. 1738, g. 1772 m.

Dordi Nilsdtr. Bergstad, f. 1741, d. 1815 på Vetlejord br. 1. Ikkje born.

Foreldri til Dordi var Nils Knutson Kjenes og kona Marta Tormodsdtr. Bergstad. Dei var busette Bergstad i Evanger.


1775: Enkja Dordi Nilsdtr. gifter seg att med Rasmus Rasmusson Ø. Helland br. 1. Same året får Rasmus bygselbrev frå Nils Ingebrigtson på hans halvpart av bruket, so no sit Rasmus og Dordi med heile bruket. Halvparten eig dei, og halvparten bygslar dei.


8. Rasmus Rasmusson Nygard, f. Øvre Helland br. 1 1747, d. 1822, g. 1775 m. enkja

Dordi Nilsdtr. Nygard, f. 1741, d. 1815.

Born:

  1. Knut f. 1777, busitjar Vetlejord br. 1.
  2. Olav f. 1781, busitjar Straume br. 4.
  3. Maria f. 1782, g. 1804 m. Johannes Olavson Nåmdal br. 2.


1790: Makeskøyte millom Rasmus Rasmusson Nygard og Ivar Torkjellson Vetlejord. Bruket på Nygard, 6 mrk. smør, vert verdsett til 40 rd., og bruket på Vetlejord, br. 1, 18 mrk. smør, vert verdsett til 100 rd. Dei to byter no bustad. Rasmus flytter til Vetlejord med sin huslyd, og Ivar til Nygard med sin.


9. Ivar Torkjellson Nygard, f. Vetlejord br. 1 1743, d. 1817, g. 1763 m.

Marta Eilevsdtr. Høvik, br. 1 f. 1740, d. 1809.

Born:

  1. Torkjell f. 1764, d. 1764.
  2. Torkjell f. 1766, d. 1767.
  3. Eilev f. 1768, g. 1793 m. Seselie Andersdtr. Odderås f. 1764, d. 1797.
  4. Brita f. 1770, d. 1771.
  5. Olav f. 1774, næste bonde her.
  6. Brita f. 1775, g. m. Johannes Knutson, br. 1 her.
  7. Torbjørg f. 1779, g. m. em. Johannes Knutson br. 1 her.

Då Ivar Torkjellson hadde bytt til seg det halve bruket som Rasmus Rasmusson åtte i Nygard, fekk han bygsla på 16 år den andre halvparten som Nils Ingebrigtsen åtte. Det vart no nokre år mykje skalting og valting med desse to halve bruki som hadde kvar sin eigar.
Me tek her fyrst den parten som Ivar Torkjellson åtte:

1798: Skøyte frå Ivar Torkjellson til sonen Olav Ivarson for 42 rd. og fritt hus til broren Eilev Ivarson so lenge han lever.

1802: Olav Ivarson skøyter bruket attende til faren.

1803: Ivar skøyter bruket attende til sonen Olav for 40 rd. og vilkår.


10. Olav Ivarson Nygard, f. 1774, d. fyre 1817, g. 1799 m.

Brita Davidsdtr. Lie, frå Manger prg. f. 1781.

Born:

  1. Inga f. 1801.
  2. Maria f. 1803, g. 1826 m. Olav Olavson Farestveit br. 3.
  3. Marta f. 1805.
  4. Inga f. 1808.


1805: Skøyte frå Olav Ivarson til Nils Ingebrigtson Bindingsbø, soneson til den fyrre Nils Ingebrigtson.
So hev me den halvparten Nils Ingebrigtson åtte:


1795: Då Nils Ingebrigtson døydde, må denne parten, 6 mrk. smør, ha gjenge yver til sonen, Ingebrigt Nilsson, som budde på Bindingsbø.


1800: Skøyte frå Ingebrigt Nilson Bindingsbø til Anders Simonson Nesheim. Mot dette skøyte er protokollført protest frå Ivar Torkjellson som sat med bygsel på parten, utan at det førde til noko.


1804: Skøyte frå Anders Simonson Nesheim til Nils Ingebrigtson Bindingsbø på denne parten, 6 mrk. smør.

1805: Dette året fekk Nils Ingebrigtson, som fyrr nemnt, ogso skøyte frå Olav Ivarson på den andre halvparten av bruket, og han sit no med heile bruket.


1806: 3/3. Makeskøyte frå Nils Ingebrigtson til Simon Olavson Nedre Aas på 12 mrk. smør. verdsett til 600 spd. Nils Ingebrigtson tek yver ein part i Nedre Aas på 1 pd. smør i m.m., for 300 spd. Simon Olavson gjev 300 spd. imillom.


1806: 1/11. Skøyte frå Simon Olavson Aas til Lars Knutson Gullbrå på 12 mrk. smør for 700 spd.


1806: 1/11. Makeskifte: «Lars Knudsen Nygaard og Jakob Pedersen Gullbrå indgår følgende kontrakt: Lars Knudsen overdrager til Jacob Pedersen Gullbrå det nys erhvervede brug for 600 spd. Da gården Nygaard er av større verdi enn Gullbrå, har Jakob Pedersen givet 270 spd. imellem».
Korkje Ingebrigt Nilsson, Anders Simonson, Nils Ingebrigtson (den siste), Simon Olavson eller Lars Knutson busette seg på Nygard, men Jakob Pederson flytte til Nygard og budde si tid der.


11. Jakob Pederson Nygard, f. Gullbrå 1760, d. 1835, g. m.

Ranveig Monsdtr. Evangerhaug, f. 1766, d. 1842.

Born:

  1. Ragnhild f. 1802, g. m. næste bonde her.
  2. Marta f. 1805, g. 1 g. 2. g. 1853 m. em. Knut Olavson Farestveit br. 4, g. 1827 m. Nils Nilsson Ø. Helland br. 4,
  3. Johannes f. 1810, d. 1810.
  4. Johannes f. 1813, d. 1829, drukna i Modalselvi.


1833: Skøyte frå Jakob Pederson til versonen Anders Olavson Nedre Mjelde.


12. Anders Olavson Nygard, f. 1797, d. 1880, f. i Lysekloster Os, g. 1827 m.

Ragnhild Jakobsdtr. Nygard, f. 1802 på Gullbrå, d. 1889.

Born:

  1. Jakob f. 1828, næste bonde her.
  2. Randi f. 1830, g. 1864 m. m. Johannes Nilsson Ø. Helland f. 1830, busett Præstteig, Vik i Sogn, 4 born i 1889.
  3. Kari f. 1832, g. 1854 m. Knut Nilsson Farestveit br. 7.
  4. Olav f. 1834, g. 1861 m. e. Kari Bergesdtr. Nygard br. 1 f. 1820. Olav styrde br. 1 nokre år, fl. so til Fosse, Eksingedalen. I skiftet 1889 er han skriven Næsheim, Evanger.
  5. Synneva f. 1836, g. 1860 m. Mons Knutson Steinsland br. 5.
  6. Johannes f. 1837, d. 1894.
  7. Lars f. 1839, g. 1864 m. Ragnhild Johannesdtr. N. Helland br. 5 f. 1833, busett Flatekvål br. 4, sidan Berge, Bergsdalen. Gravfest i Evanger.
  8. Marta f. 1841, g. 1869 m. Knut Knutson Steinsland br. 3 f. 1840. 1 son, Anders, då dei reiste til USA i 1870.
  9. Knut f. 1844, g. 1873 m. Anna Knutsdtr. Farestveit br. 8, busett Holo (Hauglum), Arnafj. Vik i Sogn.
  10. Anna f. 1848, med i folketelj. 1865, finn henne ikkje sidan.


Anders Olavson budde på Øvre Helland br. 4 i åri 1829 til 1834, og to av borni deira er fødde der. I same tidsromet budde bonden på Øvre Helland her på bruket, og tri av borni hans er fødde her. Han heitte Nils Nilsson og var verbror til Anders Olavson. Me finn ikkje noko dokument som syner grunnen til «gardabytet», eller kva vilkår kvar av dei to hadde på garden der dei budde.


1855: Skøyte frå Anders Olavson til sonen Jakob Andersson for 200 spd. og kår til foreldri og broren Johannes.


13. Jakob Andersson Nygard, f. 1828, d. 1910, g. 1852 m.

Maria Olavsdtr. Nåmdal, br. 2 f. 1827, d. 1885.

Born:

  1. Anders f. 1852, næste bonde her.
  2. Ragnhild f. 1854, d. 1930, ug.
  3. Olav f. 1855, g. 1879 m. Brita Hallvardsdtr. Ø. Helland br. 3 f. 1849, busett Fjelde i Hosanger, 3 born.
  4. Inga f. 1858, g. og busett på Askøy.
  5. Jakob f. 1860, d. 1882, ug.
  6. Maria f. 1862, g. 1. g. 1891 m. Johannes Olavson Straume br. 2, g. 2. g. 1901 m. Knut Monsson Steinsland br. 3, f. 1870, d. 1974., busett Straume br. 2.
  7. Johannes f. 1865, for til Amerika 1895.
  8. Olav f. 1867, skomakar, g. 1890 m. jordmor MarMaria Magnesdtr. N. Helland f. 1868, busett Stend i Fana.
  9. Knut f. 1869, for til Amerika 1895.
  10. Andreas f. 1871, g. og busett i Bergen, 2 døtrer.
  11. Jakob f. 1873, g. 1899 m. Agata Olavsdtr. Rasdal, Evanger, bonde der, 6 born.


1887: Skøyte frå Jakob Andersson til sonen Anders for 3000 kr. og kår til foreldri.


14. Anders Jakobson Nygard, f. 1852, d. 1935, g. 1876 m.

Helga Larsdtr. Ø. Helland, br. 1, f. 1850, d. 1930.

Born:

  1. Jakob f. 1877, næste bonde her.
  2. Lars f. 1879, d. 1882.
  3. Maria f. 1881, d. 1889.
  4. Kari f. 1886, d. 1979, g. 1911 m. Eilev Johannesson Otterstad br. 8. (Trohaug), f. 1883, d. 1961.
  5. Lars f. 1888, d. 1890.
  6. Maria f. 1890, d. 1972, g. m. lærar Johannes Johannesson Otterstad br. 5 f. 1892, busett Fredrikstad. 2 born.
  7. Brita f. 1893, d. 1966, jordmor, g. 1926 m. Hans Jakobson Mo br. 2, busett Nesheim, Mo br. 10.
  8. Marta f. 1898, g. 1923 m. Johannes Olavson Ø. Helland br. 3.


1913: Skøyte frå Anders Jakobson til sonen Jakob Andersson for 1300 kr. og kår til foreldri.


15. Jakob Andersson Nygard, f. 1877, d. 1959, g. 1908 m.

Gjertrud Bergesdtr. Steinsland, br. 2 f. 1881, d. 1942.

Born:

  1. Helga Maria f. 1909, g. m. næste bonde her.
  2. Nolevande f. 1911, ug. budde heime, d. 1978.
  3. Nolevande f. 1912, d. 1969, g. m. Nolevande, Hamre, busett i Modalen.
  4. Nolevande f. 1913, disponent i Modalen Betongindustri, g. 1939 m. Nolevande f. 1914, d. 1955. 3 born.
  5. Nolevande f. 1918, trelastarb., g. 1947 m. Nolevande, Ølen, 1922, bur Y. Arna.
  6. Nolevande f. 1916, d. 1923.
  7. Nolevande f. 1919, g. m. Nolevande, Ølen, busett Hylkje i Åsane.
  8. Nolevande f. 1922, d. 1923.
  9. Nolevande f. 1924, d. 1937.


1951: Skøyte frå Jakob Andersson til versonen Olav Knutson Steinsland for kr. 2.000,- og kår.


16. Olav Knutson Steinsland, br. 5, f. 1904, g. 1933 m.

Nolevande f. 1909.

Born:

  1. Nolevande f. 1933, d. 1971, g. 1956 m. Nolevande, f. Mo br. 1.
  2. Nolevande , f. 1936, næste bonde her.


Bruk 4, Liland.

1899: 4/7 vart det halde skylddelingsforretning og skilt ut frå dei tre bruki på Nygard eit stykke av innmarki som fekk bruksnr. 4 og namnet Liland med skyld 11 øre. Same året fekk Johannes Brynjelson Nygard skøyte på dette bruket.


1. Johannes Brynjelson Nygard, f. 1864, d. 1926, g. 1899 m.

Gunnbjerg Knutsdtr. Vetlejord, br. 1 f. 1864, d. 1962.

Born:

  1. Knut f. 1901, næste bonde her.


1936: Skøyte frå Johannes Brynjelson til sonen Knut Johannesson.


2. Knut Johannesson Liland, f. 1901, g. 1930 m.

Helga Knutsdtr. Steinsland, br. 5 f. 1907.

Born:

  1. Nolevande f. 1932, g. 1954 m.Nolevande, busett Nyborg i Åsane.
  2. Nolevande f. 1933, g. 1956 m. Nolevande, Øvre Helland br. 4, busett der.
  3. Nolevande f. 1938, g. 1969 m. Nolevande f. 1933. Han er heradsagronom, busett Stranda, Sunnmøre.
  4. Nolevande f. Nolevande f. 1972.


Husfolk og andre.

I 1682 er døypt eit barn frå Nygard utan at namnet er ført i kyrkjeboki, og faren er skriven Peder Krossen. Me finn ikkje fleire far etter denne Peder Krossen, men han må vel ha butt der på den tid barnet var døypt. Nr. 1 på bruk 3, Knut Krossen, døyper ein son Peder i 1689, og det kan vel tyda på skyldskap millom kona til Knut og Peder Krossen.


Den 2/7 — 1715 er det ført dette giftarmålet på Nese: Sterk Haldo-sen Næsse (Næssem?) og Anne Johannesdtr. Langedalen. I 1718 hev Sterk Haldorsen Kraassen til dåpen sonen Haldor, som er gravfest frå Krossen i 1721, 3 år gamal. Sterk må då ha butt på Nygard nokre år, men me hev ikkje funne kven han er. Det er ikkje råd å heimfesta han til Nese i Eksingedalen, for der er ingen Haldor so tidleg. I 1734 er Sterk Haldorsen Nødtvedt, husmand, 42 år, gravfest frå Nottveit. Dette er nok same mannen. Me hev ikkje funne noko meir om kona og born.


Då Ivar Torkjellson på Nygard br. 3 skøyter frå seg bruket til sonen Olav i 1798, er det teke undan at Eilev, bror til Olav, skal ha fritt husvære so lenge han lever.


Eilev Ivarson Nygard, f. 1768, g. 1793 m.

Siselia Andersdtr. Odderås, f. 1764, d. 1797.

Born:

  1. Gulleik f. 1794, d. 1797.
  2. Marta f. 1796, g. 1816 m. Olav Hallvardson Ø. Helland br. 3 f. 1782, d. 1836. Sjå Furnesplasset, Ø. Helland.

Siselia Andersdtr. Odderås var dotter til Anders Hemingsen Odderås og kona Helga Johannesdtr. Steinsland br. 2, f. 1740. (Alenfitb. I s. 449).


Folketal.

1701. Manntal: 5 mannspersonar yver 1 år.

1711. Skoskatten: 6 i alt.

1801. Folketeljing: 14 i alt. Av dei er 4 inderstfolk og 3 tenestfolk. 1865. Folketeljing: 34 i alt. Av dei er 4 kårfolk og 1 tenestgj. 1875. Folketeljing: 32 i alt. Av dei er 2 kårfolk og 2 tenarar.


Folketeljing 1900.

Bruk 1. Lars Simonson Nygard, husbonde, Olav Simonson, tenestdreng, Maria Hansdtr. Helland, tenestgjenta, Simon Larsson Nygard, kårmann, Anna Simonsdotter, bur hjå faren, Lars Marselius Simonson, dreng, Jakob Simonson, lærar.


Bruk 2. Berge Brynjelson Nygard med kona, Gjertrud Andersdotter, og 9 born, Brynjel Bergeson, kårmann.


Bruk 3. Anders Jakobson Nygard med kona, Helga Larsdtr, og 4 born, Jakob Andersson, kårmann.


Bruk 4. Johannes Brynjelson Nygard og kona Gunnbjørg Knutsdtr.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy