Otterstad

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Otterstad.


Gnr. 77 Otterstad


Innhaldsliste

Innleiing

Garden ligg ved inste enden av Mofjorden, tvers yver for Mo, på andre sida av Storelvi. Heimebøen er lang og smal og strekkjer seg frå sjøen og oppetter langs med elvi. På dei gamle hovudbruki er bøane flate og fine, men dei ligg liksom i to høgder med Grovi (Grovæ) til skilje millom Øvrebøen og Nedrebøen. Nedrebøen ligg ned mot sjøen, berre 2-3 meter yver vassmålet, og fyre 1743 låg han truleg for det meste under vatn, for då var Mofjorden ferskvatn og heitte Movatnet. Men den store flaumen då um hausten reiv med seg eit gruseide ved enden av Mo-vatnet, elvelægjet vart djupare, vatnet seig og sjøen trengde seg inn like til Otterstad. Det meste av det som no er Nedrebøen, vart etter kvart turrlagt. Jordsmonet her er for det meste uppøyra evja med djup moldjord opp-på, men noko av bøen hev eit underlag av sand og morene som er dekt av eit lag god moldjord. Øvste delen av bøen ligg noko høgare, og i nordste enden ligg den store haugen som heiter Heiane.

Namnet på garden hev vore skrive på ymse måtar fram gjenom tidene. I gamle bøker og dokument kan ein finna desse formene: Aadderstaidt, Aadderstadt, Odderstadir og Odderstadt. På 1700-talet tok skriveformi til å jamna seg ut litt etter kvart til Otterstad. I talemålet bygdefolket imillom vert det sagt Åtterstå. Både fyrste og siste bokstaven i namnet vert uttala som ein millom-ljod millom o og å. Kva som er opphavet til namnet er ikkje godt å vita. 0. Rygh nemner i Norske Gaardsnavne at det kan ha samanheng med mannsnamnet Ottar. Og det er vel ikkje utruleg at staden i gamalnorsk tid heitte noko slikt som Ottarsstadir, som skulle tyda Ottars bustad. Men Rygh nemner òg at namnet like snart kan koma av elvenamnet Ottra. (Sjå Norske Elvenavne s. 182). Han meiner at elvi i millomalderen kan ha heitt Ottra (det er Aadderelven), og syner til gardsnamnet Nummedal som g kan skriva seg frå eit elvenamn. Ser ein på garden der han ligg attmed elvi, og i eldre tider med ein smal odde ned til Movatnet, kan ein lett koma til å tenkja på «staden ved odden», og difor Aadderstadt som er den eldste skriveformi.

Grensa millom Otterstad og Mo tek til i Øvra Neset og fylgjer djupåli i Modalselvi til sjøen, går so langs strandi utetter fjorden til ho møter Beitlaelvi. Der møter ho grensa mot garden Mostraum. Denne grensa fylgjer fyrst Beitlaelvi til litt oppom Slottshola. Der tek ho av frå elvi og går opp i Beitlaskaret. Litt nedanfor Beitlaskaret møter ho garden Nottveit sin eigedom, svingar so av frå Beitlaskaret og går i nordleg lei og midt gjenom Søre Sødalsvatnet og møter der grensa mot Dyrkolbotn. Grensa fylgjer so elvi frå Søre Sødalsvatnet til Nordre Sødalsvatnet, og vidare langs elvi til Gobotsvatnet. Her møter ho grensa mot Masfjorden, og fylgjer so Haugsdalsvassdraget til ho møter grensa mot Nedre Helland, går so opp Djupagjelet, yver Kubotshamrane, ned Svalidi til Øvra Neset. Grensa millom Otterstad, Mostraum og Nottveit vart fastlagd ved grensesak reist 1831 og avgjord på sumartinget på Bernestangen 3. november 1832.

Dei nemnde grensone syner at mykje utmark og store fjellvidder høyrer Otterstadgarden til. Attmed Storelvi, 2-3 km ovanfor heimebøen ligg øvre og nedre Otterstadneset. Der er det flat mark som no er dyrka. I Bjorgynjar kalfskinn 60 er det nemnt to nedlagde gardar som etter alt å døma hev lege millom Otterstad og Nedre Helland. Det er Fitje, som låg nedst i Hellandsdalen, og Hognaland som låg lenger nede mot Otterstad. Desse gardane svara hyrekyr til messestaden «Krossen», som låg på andre sida av elvi, der garden Krossdal no ligg.

Det går segn om at i gamal tid var det ein gard i nedre Otterstadneset. Garden skulle heita Moland, og det er funne greie vister etter tuftene. I elvi tett attmed er det ein stor hyl som heiter Molandshylen. Garden Moland er ikkje nemnd i Bjorgynjar kalfskinn; men det hev sikkert lege ein gard i nedre Otterstadneset.

Då garden Otterstad vart oppteken og tunlagd der han no ligg, truleg ein gong på 1500-talet, var det naturleg at dei trong beitemark til buskapen. Og Nesjane hev vorte brukte til slåttemark og heimestøl like til 1907. Då vart det teke utskiftning på heimehagen. Nedre Helland hev på si sida tileigna seg øydegarden Fitje og noko av Hognaland og brukt det til beitemark. I lang tid var det strid millom Otterstad og Nedre Helland om skogsmerke og beiterett. Dette er elles nokso vanleg der øydejorder hev vorte oppatt tekne og lagde inn under andre gardar.

Fyrste gongen me finn Otterstad nemnd i skriftlege kjeldor, er i jorde-bok frå 1563, med «Leylendingskatt» 1 dr. I 1624 heiter det: «Lungegaardens jordegods, 4 albs. 1 Kalfsk.» Skriveformi er Aadderstadt. Garden hev frå fyrst av vore noko mindre. Mykje av det som no er bø, låg truleg under vatn. Mest alle husi var samla i ein krins nordst på bøen, og nokso nær elvi. Sørtunet var skilt frå det andre tunet med ein bekk Av teigamerki ser det ut til at kvar bonde hev hatt sin eigande vaskeplass nede ved elvi. Der henta dei og vatn. Kvart tun hadde sitt namn. Det var Oppetunet, eller Dei Oppe på bruk 1, Neretunet, eller Dei nere på bruk 4, Sørtunet på bruk 5 og Lars-luten (seinare Torbjørnsluten) på bruk 7.

Bøtunet var bygselbruk, utskilt frå bruk 4 ved bygselbrev dagsett 13/5-1837. Askjell Johannesson som då åtte bruket, gav bygselbrev til broren, Knut Johannesson, med rett til bygsel på livstid for Knut og kona. Dette bygselbruket fekk løpenr. 215 med skyld 3 ort 5 skilling. Gamal smørskyld var 9 1/2 mark smør. Bygslaren vart kalla Knut på Bøno, og huset hans låg eit godt stykke ifrå det andre tunet, ned på Bøno, som dei sa.

I 1885 fekk Olav Larsson f. Farestveit, skøyte frå Askjell Johannesson både på løpenr. 214 og 215 for 150 spd. og kår til seljaren. Men festebrevet til Knut Johannesson var på livstid, og det vart fyrst avlese ved dødsfall 1888. Då vart dei to partane slegne saman til bruksnr. 5 og kalla Sørluten.

1 1885 vart den off. utskifting og yverutskifting ferdige. No vart det gamle tunet skipla. To mann flytte til Nedrebøen som er den flataste og finaste. Bruk nr. 7 fekk sitt stykke i ein teig, og husi vart flytte ned til fossen. Bonden på bruk 4 flytte og sine hus til Nedrebøen, der han fekk den største teigen. Men han fekk og ein skrapateig i den andre enden av garden. Bonden på bruk 5 slapp å flytta, men han fekk sin gard i to teigar. Den sams løda på Nedrebøen ligg attmed Strandvegen som går langs elvi til nausti. Alle nausti vart bygde sida om sida, tett attmed kvarandre.

Åkerbruk og feal hev vore hovudnæringi for bøndene her til alle tider, med skogsdrift og litt elvefiske som attåtnæringar. Men teigblandingi på heimebøen var mykje til meins for ei skikkeleg utnytting av jordi fyre utskiftingi. Dessutan gjorde flaumvatnet frå elvi ofte stor skade på avlingi, og dette er det gjort merknad om i mest alle matriklar. Til samanlikning kan ein nemna at jordbruksteljingi frå 1863 gjev upp 850 våger høy frå utslåttone på dei største bruki, og kring 1000 våger enghøy frå heimebøen. Fyrst etter utskiftingi 1885 kom det fart i nydyrkingi. I 1907 vart heimehagen utskift og oppdyrka. Det var Øvra Neset, Nedra Neset og Trohaugen. Bruk 5 fekk alt sitt i ein teig, der Trohaugen ligg. Dei andre bruki fekk tri teigar kvar. Nesjane var god dyrkingsmark og gav rike avlingar både av høy og potetor. Det vart og avla korn på garden, opp til 20 tunnor på kvart bruk. I matrikkelen 1723 heiter det at garden har fire «flomkverner», men ved utskiftingi 1885 var det berre to. Bruk 1 og 4 hadde ei kvern i lag, og bruk 5 og 7 den andre. Kvernhusi låg ved fossen, og kvernhusvegen gjekk yver øvre luten av Nedrebøen.

Otterstad hadde eit heller lite heimebeite der kyrne gjekk nokre dagar eller ei veka med det same dei vart løyste. Der var ikkje vårflorar, so beisti måtte liggja ute om natti. Ein fin bakke utanfor bøgarden heitte Stølen, og der var mjølkeplassen. Om sumrane gjekk kalvane og hestane der. Men ved utskiftingi av heimehagen i 1907 vart jordi her delt millom alle eigarane og seinare oppdyrka.

Otterstad hev to stølar, Granheim og Leitet. Fyrr stølsvegen tek opp mot fjellet, går han eit stykke langs sjøen. Her var det nokre svaberg som var mykje til meins. I eldre tider buførde dei opp Kvernhusbotn og Granbotn, men dette var ein tung veg for beisti. Seinare jaga dei kyrne ned til sjøen, tok dei i båt og førde dei ut til Sanden og tok dei på land der. Dette vart bøndene leie av. Difor køyrde dei stein på isen ut til desse svabergi, fyllte opp til dei kom yver vassmålet, og so kunne beisti jagast heile vegen. Stølen Granheim ligg overlag fint til, i ein lun botn med mykje skog ikring. Her hev grani sått seg sjølv gjenom lange tider. Kvart bruk hadde sitt sel med mjølkebu, men stova var sams for alle. Rundt seli var det eit træde som vart slege og høyet frakta heim. Høgste sumaren buførde dei til Leite, som låg lenger oppe i same dalen. Det var gjerde millom stølane so beisti ikkje kunne koma frå den eine til den andre utan at dei vart jaga dit. På Leite stod det fire sel i rekkje og rad med gruve, soverom og mjølkerom. Dette var òg ein fin og god støl, men dei slutta å bruka han kring 1900. No er stølsdrifti slutt, her som på andre gardar i bygdi. Bøndene beiter kyrne heime.

Otterstad er ein god skogagard. Sal av famneved, bork og never hev gjeve bøndene ei god attåtnæring. Dessutan veks her fura, gran og eik, ja, jamvel lindeskog som i gamle dagar gav vyrke til bast-tog.

Lenge var det godt laksefiske i Modalselvi. Fyrr i tidi dreiv bøndene sjølve dette fisket, men i 1881 fekk skipsreiar Ellerhusen leigekontrakt for ti år på fiskerettane i elvi. Serleg store innkomor var det ikkje av dette. Otterstadgarden åtte fjerdeparten av fiskerettane i elvi. I 1891 vart det sett opp leigekontrakt med John Jakobsen Grøsvigen om rett til laksefiske i ti år på «en viss strekning av Sørstranden».

Endå so sentralt denne garden ligg, var det i eldre tider ofte tungvint å koma seg fram til handelsmann, post, telefon, kyrkja og skule. Alt dette låg på Mo. Då var det båten å triva til. Anten måtte dei ut til nausti og ro langs strandi, eller og kunne dei ha båten liggjande oppe ved elvi og ro yver der. Det finst enno merke etter steinbryggjor og båtstøde oppetter langs elvi. Verst var vanskane når det låg meinis i fjorden, eller når det var isgang i elvi. Fyrst i 1936 fekk dei skikkeleg bru yver elvi. Det er ei lang, god hengjebru. Då kunde Grønhaug og få vegsamband med Mo. Seinare er det bygt veg langs fjorden ut til Slottet, og der er no ferjekai.

Bøndene på Otterstad hev ned gjenom tidene vore dugande gardbrukarar. Til Otterstad kom fyrste slåmaskina i bygdi og fyrste seperatoren, og sanneleg var det ein Otterstadmann som bygde fyrste ljosverket i Modalen. Rett nok budde han ute på Grønhaugen og var fødd i Eksingedalen, men like fullt var det Otterstad bruk 2 som fyrst fekk elektrisk ljos i Modalen. Johannes Grønhaug bygde sitt eige elektrisitetsverk på 75 hk., og det var ferdigt kring 1910. I 1939 bygde Otterstad ljosverk i Kvernhusfossen saman med nabogarden Mo.

Det vart sagt om Otterstadbøndene at dei var arbeidsame og sparsame, og dei vart rekna for velstandsfolk.

Hausten 1975 gjekk det ei stor steinskreda ovanfor gamletunet på Otterstad. Høgt oppe gleid det ut store blokker frå fjellet, og på bratt fjellunderlag fekk desse stor fart nedover mot urda under. Øvste delen av urda vart sopa med i raset og trykt over neste delen - heilt ned til dyrka innmark.

Raset hadde mykje til felles med det som gjekk på Helland i 1953, men var noko mindre, og greidde ikkje å få heile urda under på gli, slik det gjorde på Helland.


Eigarar fram til 1694.

1624/25: I jordebok heiter det: Aadderstadt, Lungegaardens gods. Penger 4 Albums, 1 Kalfskind.

1626: I jordbok heiter det framleis: Lungegaardens gods, men då med skyld 1 L. smør 1/2 tønde malt.

1661: Landkommisj. fører no: Ellerich Johnsen's jordegods, 1/2 L. smør 1/2 tønde malt, skatt 2 1/2 rd.

1663: St.amts,rekneskapen fører då garden under Munkeliv Kloster, med skyld 1 L. smør 1 mele malt, men her er ført til: «Peder Hansen nu eier och bygsler». Frå då av ser det ut til at garden Otterstad er komen på handel, og rekneskapane er uklåre og stundom misvisande.

1660: I jordebok heiter det: Børge Juel eier och bygsler hele gaarden. 1663: I jordebok heiter det: Børge Juels arvinger eier og bygsler. 1673: Odelsmannt. hev då Arnoldus de Fines arvingar som eig og bygslar. 1678: Sørfren Arnoldusen de Fine eig og bygslar heile garden.

1689: Dette året er ført eit bygselbrev under gardnamnet Aadestad frå Niels Smidt til Ole Olsen på 1/2 L. smør 1/2 tunne malt. Det er uvisst om dette gjeld garden Otterstad, men truleg er det rett.

1691: Futereknesk. fører: Obriste Eiller Wisburg eier og bygsler hele gaarden 1 L. og 1 pd. smør.

1694: Eiller Wisburg og frue Anna Juel gjev kjøpebrev til Ole Andersen, Mons Andersen, Anne Ifwersdtr. og Brite Lawritsdtr.. Årleg skyld 4 pd. smør. Kvar brukar fekk 1 pd. smør. Heile garden hev då skyld 1 L. 1 pd. smør. Frå då av er bøndene på Otterstad sjølveigarar.


Matriklar, skyld og utreidslor.

Den tidi gardane hadde smørskyld, hadde Otterstad gnr. 86, og skyldi var 1 L. smør og 1 tunna malt. Då smørskyldi vart omgjord til pengeskyld i 1838, vart den samla skyldi 6 dalar 1 ort 4 skilling, og gardsnr. vart brigda til 56/86, og dei fire bruki var førde med løpenr. frå 212 -216. Då skyldi vart sett i mark, fekk Otterstad gnr. 77 med samla skyld 16 mark 84 øre. I 1563 betalar Iffuer leilendingsskatt med 1 dalar. Han brukar då heile garden. I jordebok 1624 heiter det: «Udgifter af Kronens og Stigtens Jordegods, Aadderstad, Lungegaardens Jordegods P(enge) 4 alb. 1 Kalf.skind». - 1661 er skatten førd med 2 1/2 rd.

I matrikkelen 1667: «Aadderstad gifver Aarlig Landskyld smør 1 Løb. Malt 1/2 tønde. Kand tiende 1 1/2 tønde. Ledning, Fredtold, Giengier, Wedpenge 5 ort 2 sk. Smaatiende 10 sk. 2 huide. Kand skatte af 1 Løb 1 ph(und) smør. Nogit ringe Tømmer och brende schoug till».


Fødnad, sånad og avling.

1657. Kvegskatten. 2 bruk. (bnr. 1 og bnr. 3) føder tilsaman 1 hest, 1 ukse, 1 kviga, 12 kyr, 10 geiter og 24 smalbeist.

1667. Matr. 4 bruk. føder tilsaman 26 naut og 2 hestar (Småfe er ikkje med). Sår 7 tunnor og avlar 15.

1723. Matr. 4 bruk. 28 kyr, 16 ungfe, 48 smalbeist, 2 hestar. Sår 7 tunnor korn og avlar 21.

1803. Jordavgiften. Br. 1 Olav Monsson: «Føder 10 kreaturer og 10 får, sår 2 1/2 t. og avler 12 t.
Br. 3. Nils Jonson: «Samme beskaf.».
Br. 5. Johannes Johannesson: «11 kreaturer og 12 får. Sår 3 t. avler 14 t.
Br. 7. Anders Knutson: «7 kreaturer, 8 får. Sår 2 t. og avler 9 t.

1835. Oppg. i samband med folketeljing: «Udsæd 20 tønder havre, 8 tønder poteter. Føder 5 hester, 50 storkvæg, 90 får, 1 svin».


1863. Jordbrugsbeskrivelsen:


Bruk 1. Aker, dyrk. eng: Godt 5 maal, middels 3 maal, slet 1 maal. Natur. eng: Godt 5 maal, middels 4 maal, slet 3 maal. Høi av utslåtter 820 vaager. Aarlig utsæd: 5 tønder korn, 4 tønder poteter. Avler: 20 tønder korn, 21 tønder poteter. Høi 1040 vaager, halm 140 vaager 27-17. Føder 13 kuer, 4 ungfe, 1 hest, 26 faar 157-10-18. Havnegang middels god, 1/2 mil til sæteret. Fradrag for stølsvei 6 dr. Brænde og husbrug: Indt. 10 spd. Til salg 10 favner ved, 10 spd. 4 kipper næver - 3 spd. Forskjellig 3 spd. Furumaterialer 4 spd. Surogatfoder til 1 kofoster, beit og skav. Jordskred, elvebrudd, oversvømmelser, fradrag 11 spd. Fradrag for sjøvei 3 spd. Forslag til skyldlægning: 2-1-22 . . . 800-80. Af Otterstadplasset er beregnet dette bruk til indtægt.


Bruk 3. Aker, dyrk. eng: Godt 5 maal, middels 3 maal, slet 1 maal. Natur.eng: Godt 5 maal, middels 4 maal, slet 3 maal. Høi av utslåtter 820 vaager. Aarlig utsæd: 5 tønder korn, 4 tønder poteter. Avler: 20 tønder korn, 21 tønder poteter. Høi 1040 vaager, halm 140 vaager 27-17. Føder 13 kuer, 4 ungfe, 1 hest, 25 faar 157-10-80. Havnegang middels god, 1/2 mil til sæteret, fradrag for stølsvei 6 spd. Brænde og husbrug: Indtægt 10 spd. Salg av 10 favner ved 10 spd. 4 kipper næver 3 spd. Furumaterialer 4 spd. Forskjellig 3 spd. Surogatfoder 1 kofoster beit og skav. Fradrag for sjøvei 3 spd. For tungbrukt 27 spd. For ubekvemt 12 spd. Beheftelse ved mangler: Jordskred -elveras - oversvømmelser - 11 spd. Forslag til skyldlægning: 2-1-23 . . . 800-80. Af Otterstadplasset er til dette bruk beregnet indt. 8 spd.


Bruk 4. Aker, dyrk. eng: Godt 5 maal, middels 2 maal, slet 1/2 maal. Natur.eng: Godt 5 maal, middels 3 maal, slet 3 1/2 maal. Høi fra utslåtter 620 vaager. Aarlig utsæd: 4 tønder havre, 4 tønder poteter. Avler: 18 tønder havre, 20 tønder poteter. Høi 850 vaager, halm 126 vaager . . . 23-14. Føder 10 kuer, 4 ungfe, 1 hest, 20 faar .. . 126-14. Havnegang middels god, 1/2 mil til sæteret. Fradrag for stølsvei 5 spd. Brænde og husbrug: Indt. 10 spd. Salg av 8 favner ved 8 spd. 4 kipper næver 3 spd. Forskjellig 2 spd. Surogatfoder 1 kofoster beit og skav. Fradrag for sjøvei 3 spd. For ubekvemt 8 spd. For tungbrukt 18 spd. Beheftelser ved mangler: Jordskred, elvebrudd, oversvømmelser, fradr. 11 spd. Forslag til skyldlægning: 2-1-23.
Likeledes er av dette bruk regnet indtægt av ovennevnte plass.


Bruk 5. Aker, dyrk. eng: Godt 2 maal, middels 2 maal, slet 1/2 maal. Natur. eng: Godt 3 maal, middels 2 maal, slet 1/2 maal. Høi fra utslåtter 240 vaager. Aarlig utsæd: 2 tønder korn, 2 tønder poteter. Avler: 8 tønder korn, 10 tønder poteter. Høi 450 vaager, halm 56 vaager 11-8. Føder 6 kuer, 1 hest, 10 faar 23-10-7. Havnegang middels god. Fradrag for sætervei 5 spd. Brænde 1/2 husbrug: Indt. 4 spd. Salg av 3 favner ved 3 spd. Surogatfogder 1/2 kofoster beit og skav. Veiforbindelse som ovenfor. Fradrag for sjøvei 8 spd. For ubekvemt 8 spd. For tungbrukt 17 spd. Beheftelser ved mangler: Jordskred, elveras, oversvømmelser, fradr. 10 spd. Forslag til skyldlægning: 0-4-3 . . . 280-28.


Bruk 7. Aker, dyrk. eng: Godt 3 1/2 maal, middels 2 maal, slet 1 maal. Natur. eng.: Godt 5 maal, middels 5 maal, slet 2 maal. Høi fra utslåtter 570 vaager. Aarlig utsæd: 4 tønder korn, 3 tønder poteter. Avler: 17 tønder korn, 16 tønder poteter. Høi 825 vaager, halm 120 vaager 23-13. Føder 10 kuer, 4 ungfe, 1 hest, 20 faar 126-14-10. Havnegang middels god. Fradrag for sætervei 5 spd. Brænde og husbrug: Indt. 8 spd. Salg av 5 favner ved 5 spd. Furumaterialer 2 spd. Forskjellig 1 spd. Surogatfoder 1 kofoster beit og skav. Fradrag for sjøvei 11 spd. For tungbrukt 20 spd. Fradrag for jordskred, elveras og oversvømmelse 10 spd. Af Otterstadplasset dette bruk til indtægt? Fiske eller andre indt. etter 1. av 17/8-1818: Ingen. Forslag til skyldlægning: 1-4-5 620-62.


Otterstadplasset, husmann med jord. Føder 2 kyr, 1 ungfe.


1865. Samla for heile garden: Sår 26 t. havre og 25 1/2 t. potetor.


1875. Fødnad:

Br. 1. Olav Jonson 11 kyr, 1 ungfe, 20 smalbeist. Jon Olavson: 4 kyr, 10 smalb. Tils. 15 kyr, 1 ungnaut, 30 smalb.

Br. 3. Askjell Johannesson: 14 kyr, 1 ungnaut, 20 smalb.

Br. 4. Knut Johannesson: 2 kyr, 6 smalb. Paktar Jakob Johannesson 6 kyr, 12 smalb. Tils. 8 kyr, 18 smalb.

Br. 5. Olav Larsson: 11 kyr, 1 stut, 33 smalb.

Br. 7. Torbjørn Larsson: 8 kyr, 1 ungbeist, 15 smalbeist. Lars Andersson 2 kyr, 6 smalb. Tils. 10 kyr, 1 ungnaut, 21 smalb. For heile garden 58 kyr, 1 ukse, 3 ungnaut og 122 smalb.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».

Bruk 1. Otterstad, skm. 3,83. Dyrka jord 45 da. mold- og morenejord. Anna jordbruksareal 25 da. Prodt. skogareal 500 da. Bustadhus bygde 1869, driftsbygning 1918. Hønsehus, smia, utløor. Brt. 69.000,- kr. Beiterett.


Bruk 3. Otterstad, skm. 3,77. Dyrka jord 46 da. mold- og morenejord. Anna jordbruksareal 10 da. Prodt. skog 500 da. Bustadhus bygde 1904, etter den eldre bygningen brann opp. Driftsbygningar frå 1956. Granheim seter. Brt. 110.000,- kr. Føder 1 hest, 8 kyr, 4 ungdyr, 1 gris, 23 smaler, 20 høns.


Bruk 5. Otterstad, skm. 3,07. Dyrka jord 30 da. mold- og morenejord. Anna jordbruksareal 14 da. Prodt. skog 400 da. Bustadhus bygde 1950, driftsbygning frå 1882, vølte 1961. Otterstad seter. Brt. 197.000,-kr. Beiterett. Føder 2 kyr, 20 sauer.


Bruk 7. Otterstad, skm. 2,99. Dyrka jord 35 da. mold- og morenejord. Anna jordbruksareal 15 da. Prodt. skog 300 da. Bustadhus bygde 1876. Brt. 70.800,- kr. Føder 1 hest, 6 kyr, 2 uksar, 6 ungdyr, 2 grisar, 14 sauer, 14 høns.


BUSITJARAR

Garden i eitt bruk.

1563: Dette er fyrste gongen me finn garden nemnd i skriftlege kjeldor. Då heiter det i rekneskapen for «ledningsskatt»: «Iffuer på Otterstaidt 1 dr.»


1590/91: Jordeboki hev Iffuer Otterstad, og sidan er han førd i skattemanntalet fram til 1610/11, og det er truleg same Ivaren heile tidi.


1603/04: Skattemanntalet hev Knud Otterstad 1 dr. og no er Ivar og Knud førde samstundes til 1610/11.


1610/11: No hev jordeboki berre Knud, og han er førd i rekneskapane til 1626.


1627: 1 Garnison-skatten heiter det: «Enchen skatter aff 1 Løb», og garden er då kalla 1/2 gard. 1 1628 er skyldi førd med 1 1/2 L. smør. Enchen må vera enkja etter Knud, og ho er førd i skattemanntalet fram til 1633. Om desse brukarane veit me ikkje meir enn det som er nemnt her.


1634: Garnisonskatten hev Erich, og han er sidan førd i skattemanntalet til 1668. I 1644 brukar han 1 L.sm. og 1/2 tunna malt, men i 1646 berre 1/2 L. sm. og 1 mæle malt, so då er garden skift i 2 bruk. Frå Erich kan me sidan fylgja brukarrekkja på bruk 3. Den andre brukaren er komen til i 1645 og heiter Anders Eiluffsen. Frå han kan me sidan fylgja brukarrekkja på bruk 1.


Bruk 1. Jo-Ola-luten.

1645: Dette året fører Kopskatten to brukarar på Otterstad. På bruk 3 sit Erich, som hev hatt heile garden åleine til no. Den nye brukaren som er komen til, heiter Anders Ellufsen, og den parten han sit med, er det som sidan får bruksnr. 1. I 1645 er det halve Otterstad, 1/2 L. smør 1 mele malt. Anders er førd i jordeboki 1647, og sidan i skattemanntalet heilt fram til 1660.


1665: Jordeb. fører Enchen, Eiluff, og det er nok enkja etter Anders og sonen Eiluff. Kvegskatten 1657 hev Enchen og 011uf. Siste namnet må vera feilskriving for Eiluff. Anders hev truleg døytt i 1654 eller 1655, og enkja Brita og sonen Eiluff sat att med bruket. Det er ikkje uvanleg at den gamle brukaren er førd i skattemanntallet etter han er avliden, men sjeldan so lenge som her.


1a. Anders Eilevson Otterstad, d. 1655, g. m.

Brita, f. 1602, d. 1682.

Born, kan henda frå 2 ektesk.

  1. Eilev f. 1623, næste brukar her.
  2. Anna, nemnd i Kopskatten 1645.
  3. Ivar f. 1641, g. m. Anna Simonsdtr. Steinsland, sjå Steinsland bnr. 2.
  4. Olav f. 1647, brukar på bruk 7 her.
  5. Mons f. 1652, brukar på bruk 5 her.


1b. Enkja Brita og sonen Eilev er førde i skattemannt. fram til 1663.


1663: Skattemanntalet fører no Eilev åleine, og han er førd i prestemanntalet 1667 og i skattemannt. til 1668. Han sat truleg med bruket til han døydde i 1684.


2. Eilev Andersson Otterstad, f. 1623, d. 1684, kan henda g. m.

Anna Ivarsdtr.

Born:

  1. Ivar f. 1663, d, 1749, g. 1687 m. Anna Askjellsdtr. Mo bnr. 1, busett Mo bnr. 4.
  2. Olav f. 1669, bonde her nr. 4.
  3. Anna f. 1669, d. 1709, g. 1691 m . Ivar Johannesson Mo,sjå Mo bnr. 2.
  4. Marta f. 1673, g. 1708 m. em. Lars Hansson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 1.
  5. Anders f. 1678, d. 1694.
  6. Brita f. 1678, d. 1752, g. 1707 m. Eirik Bårdson Otterstad bnr. 3, busett der.


1689: Bygselbrev frå Niels Smidt til Ole Olsen. Me finn ikkje at Niels Smidt hev ått Otterstad nokon gong, og heller ikkje veit me kven Ole Olsen er. Ein kan berre gissa på at den Anna Ivarsdtr. som i 1694 fekk kjøpebrev på dette bruket, er enkja etter Ellef Andersen, og at ho vart attgift med Ole Olsen då Ellef døydde, og at han då fekk bygsel på bruket. I so fall må ho vera enkja andre gongen då ho fekk kjøpa bruket i 1694. Dette er uklårt, og me kan ikkje vera visse på kva som er rett.


3a. Ole Olsen Otterstad, kan vera g. m.

Anna Ivarsdtr. Veit ikkje om born.


3b. Anna Ivarsdtr. får kjøpebrev frå Eilert Wisburg og frue Anna Juel i 1694, og ho sit med bruket til sonen Olav tek yver.


1701: Manntalet fører no Ole Ellevsen på dette bruket.


4. Olav Eilevson Otterstad, f. 1669, d. 1743, g. 1699 m.

Maria Andersdtr. Nåmdal, bnr. 1, f. 1682, d. 1765.

Born:

  1. Maria f. 1701, g. 1729 m. em. Anders Andersson Indre Eide, busett Totland, Hosanger.
  2. Eilev f. 1703, truleg d. barn.
  3. Marta f. 1707, g. 1. g. 1728 m. Mons Jonsen Romarheim, g. 2. g. 1761 m. em. Ole Larsen Romarheim. Hos. b. s. 215.
  4. Anders f. 1710, d. 1710.
  5. Olav f. 1714, næste bonde her.
  6. Anna f. 1717, d. 1717.
  7. Anna f. 1719, g. m. Ole Olsen Hemvig (i skøyte 1744).
  8. Eilev f. 1722, d. 1722.
  9. Ragnhild f. 1725, g. 1746 m. Johannes Magneson Nottveit, sjå Nottveit bnr. 3.


1743: I skifte etter Olav Eilevson er bruket utlagt med 12 mrk. smør til enkja Maria Andersdotter, 4 mrk. til sonen Olav og 2 mrk. til kvar av døtrene Maria, Marta, Anna og Ragnhild.


1744: Olav Olavson Otterstad får skøyte på heile bruket frå mori og syskini, i alt 1 pd. smør for 33-2 rd.


5. Olav Olavson Otterstad, f. 1714, d. 1748, g. 1746 m.

Marta Magnesdtr. Nottveit, bnr. 3 f. 1724, d. 1795.

Born:

  1. Marta f. 1747, g. 1777 m. Askjell Olsen Romarheim f. 1754, busett Askeland, Myking.
  2. Olav f. 1748, g. 1773 m. Kari Haldorsdtr. Fiskeseth f. 1746, d. 1821, busett Bjørge i Hosanger.


1749: Enkja Marta Magnesdtr. gifter seg att med Mons Olavson Gammersvik. I skifte etter fyrste mannen fekk enkja Marta halvparten av bruket, og dei to borni hennar, Marta og Olav, fekk andre halvparten.


1775: Skøyte til Mons Olavson Otterstad, f. Gammersvik, frå styksonen Olav Olavson Bjørge og formyndaren for systeri Marta på halvparten av dette bruket. Mons og Marta fekk dermed heimel til heile bruket.


6 .Mons Olavson Otterstad, f. Gammersvik 1730, d. 1812, g. 1749 m. enkja

Marta Magnesdtr. Otterstad, f. 1724, d. 1795.

Born:

  1. Olav f. 1750, næste bonde her.
  2. Ragnhild f. 1752, d. fyre 1795 (skifte etter mori).
  3. Magne f. 1753, d. 1811, g. m. e. Anna Helgesdtr. Veo, sjå Veo bnr.4.
  4. Knut f. 1755, d. fyre 1795.
  5. Barbro f. 1756, d. 1756.
  6. Olav f. 1758, d. 1806, ug. «ernæres av sin broder» i folketeljingi 1801
  7. Barbro f. 1760, g. 1795 m. plassm. Johannes Olavson Otterstad, busett plasset Sæteråen.
  8. Anna f. 1764, ug. 1795, d. på Mo 1836, og då kalla «lægdekone».
  9. Olav f. 1765, d. 1799, g. 179g. 1795 m. Brita Jakobsdtr., Fjellanger, f. 1759, d. 1837.
  10. Gudmund f. 1766, d. 1766.
  11. Anders f. 1768, d. 1768.
  12. Anders f. 1769, d. 1771.


1788: Skøyte frå Mons Olavson til sonen Olav Monsson på heile bruket, 16 1/2 mrk. smør 5 1/2 kannor malt for 120 rd. og kår til foreldri.


7. Olav Monsson Otterstad f. 1750, d. 1833, g. 1789 m.

Siri Johannesdtr. Eikefet, Hosanger f. 1758, d. 1846.

Born:

  1. Marta f. 1790, g. m. næste bonde her.
  2. Johannes f. 1796, d. 1796.


1809: Skøyte frå Olav Monsson til versonen Olav Jonson Hørland for 200 spd. og kår. Olav Jonson er skriven Hørland då han gifte seg i 1809. Då han vart attgift i 1834, vert det oppgjeve at han er fødd i Stensæterdalen, og at faren er Jon Olsen Stensæterdal. Det må vera denne Jon Olsen som i Ættebok for Hosanger er nr. 14 under garden Fjelle, med namnet Joen Stensetdalen, og vart kalla Jo i Steinedald. Sonen, Olav, kom i tenesta til Otterstad, og han skulle vera so trugen ein tenar og drivande arbeidskar at husmori, Siri Johannesdtr. ikkje hadde noko i mot det då ho skyna han hadde eit godt auga til dotteri Marta, som var jordagjenta på bruket. Det er fortalt at det ein gong kom ein storvoren gut frå Helland på friarfot til Marta. Då tok Siri skavstauren og jaga karen utatt om dørene. So sette ho stauren attom gangdøri og sa: «Her kan han no standa, om da skulde verta bruk fy han oftare». Olav dreiv nokso mykje i skogen, og det skulle vera han som hadde hogge og slite fram dei svære vippebommane som lenge var i bruk på Bryggja i Bergen.


8. Olav Jonson Otterstad, f. Hørland ell. Steinsetdalen, 1787, d. 1855, g.

1. 1809 m. Marta Olavsdtr. Otterstad, f. 1790, d. 1833.

2. 1834 m. Agata Olavsdtr. Otterstad, f. 1792, d. 1871, dotter til Olav Monsson d.y. og syskinbarn til Marta.

Born:

  1. Jon f. 1814, d. 1814.
  2. Jon f. 1815, d. 1884, næste bonde her.
  3. Siri f. 1818, g. 1852 m. Ivar Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr.4.
  4. Olav f. 1821, d. 1822.
  5. Kari f. 1823, g. 1849 m. Nils Johannesson Nottveit bnr. 3, busett Tellevik.
  6. Olav f. 1826, g. 1860 m. Ingeborg Larsdtr. Fladøen, flytte til Brudvig 1862.
  7. Brita f. 1830, d. 1843.
  8. Marta f. 1833, g. 1861 m. Mons Olavson Langedal bnr. 1 f. 1832, busett Langeland i Hamre.
  9. Marta f. 1836.


1833: I skifte etter Marta Olavsdtr. får eldste sonen Jon Olavson utl. bruket for takst 200 spd.


9. Jon Olavson Otterstad, f. 1815, d. 1884, g. 1840 m.

Brita Jakobsdtr. Otterstad, bnr. 3 f. 1818.

Born:

  1. Olav f. 1841, næste bonde her.
  2. Jakob f. 1844, d. 1844.
  3. Marta f. 1845, g. 1871 m. Knut Hansson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 1.
  4. Maria f. 1847, d. 1923, g. 1. g. m. Hans Olavson Mo bnr. 1, g. 2. g. m. Knut Ivarson Straume, busett Mo bnr. 1, sidan Hugnastad
  5. Jakob f. 1850, g. 1883 m. Anna Hansdtr. N. Helland bnr. 1, f. 1856, busette Vindal i Hamre.
  6. Nils f. 1853, d. 1854.
  7. Brita f. 1856.
  8. Nils f. 1859. Ikkje born. Han er gravvf. på Mo.
  9. Olav f. 1862 g. m. odelsgjenta Maria Brurås i Åsane f. 1872, busett der.


1873: Skøyte frå Jon Olavson til sonen Olav Jonsson for 400 spd. og kår til foreldri, verdsett til 210 spd. for 5 år.


10. Olav Jonsson Otterstad, f. 1841, d. 1912, g. 1868 m.

Agata Hansdtr. N. Helland, bnr. 1, f. 1846, d. 1923.

Born:

  1. Brita f. 1871, d. 1941, g. 1892 m. Ivar Ingebrigtson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 5.
  2. Johan f. 1873, næste bonde her.
  3. Hans f. 1876, d. 1957, lærar, lengste tidi i Tune, g. 1908 m. Kari Knutsdtr. Lillejord, f. 1877, d. 1973. 2 born: a. Knut f. 1909, disp. g. m. Else Iversen, f. 1914 i Tune. 3 born. b. Alvhild f. 1912 lærar, g. m. lærar Arne Simonstad f. 1910.
  4. Jakob f. 1879, døydde barn.
  5. Agata f. 1880, g. 1904 m. Knut Knutson Farestveit bnr. 1 f. 1875, handelstyrar og bonde, busett Dymbe Voss.
  6. Jakob f. 1884, ug., reiste til USA, d. ved ei ulukka i skogen der.


1905: Skøyte frå Olav Jonsson til sonen Johan Olavson for 2.400 kr.


11. Johan Olavson Otterstad, f. 1873, d. 1947, g. 1897 m.

Brita Knutsdtr. Lillejord, f. 1876., d. 1949.

Born:

  1. Oddmund f. 1904, d. 1940, brukar her saman med faren.
  2. Åsta f. 1906, d. 1971, g. 1933 m. Johannes Johannesson Steinsland f. 1898, sjå Nedre Helland bnr. 4.
  3. Knut f. 1910, lærar, d. 1944 i tysk fangelæger. Han var g. m. Jenny Marie Mjelde f. 1909, Bergen. Eit barn, Kristin f. 19**. Jenny Marie bur i John Collets Alle Ullevold Hageby.
  4. Johannes f. 1912, d. 1913.
  5. Kari f. 19**, ug. handarb. lærarinna i husmorskule. Stryn i Nordfjord.
  6. Harald f.1918 d. 1964. Tok utskiftningslina ved landbrukshøgsk. i Ås. Jordskiftedomar g. 1952 m. Oddrun Hansdtr. Yndestad f. 19** i Gaular. Born: Bjørg f. 19**, Vidar f. 19**, Hildegunn.


1934: Frå Oddmund Johanson gifte seg i 1934, dreiv han og faren garden i lag til 1940, då Oddmund døydde, men faren sat framleis med skøyte på bruket, og no vart det han og enkja etter Oddmund som dreiv garden i lag fram til 1946.


12. Oddmund Johanson Otterstad, f. 1904, d. 1940, fall i krigen ved Fluberg 22/4 1940, g. 1934 m.

Gudrun Olavsdtr. Vetlejord, bnr. 2, f. 1908 d. 2006.

Born:

  1. Jostein f. 19**. Næste bonde her.
  2. Bjørg f. 19**. Husstell-lærarinna, busett Mjølkeråen, 1 barn: Ingeborg f. 19**.
  3. Oddbjørg f. 19**, g. 1975 m. Eva Pedersen, Bergen, busett i Oslo. 2 born: Rannvig f. 19**, Torunn f. 19**.


1946: Skøyte frå Johan Olavson til sonesonen Jostein Oddmundson for 5.000 kr.


13. Jostein Oddmundson Otterstad, f. 19**, ug.


Bruk 2. Grønhaug.

Gamalt Løpenr. 212-216, skyld 1 ort 20 sk., rev. 2 ort 20 skilling og hadde då matr.nr. 56.

Dette bruket var frå fyrst av utskild plass under garden Otterstad, og brukarsoga frå den tidi er teki med under bolken Plassmenn og husmenn på Otterstad. Her tek me til med soga om fyrste sjølveigaren på Grønhaug.


1877: Dette året fekk Johannes Hallvardson Flatekvål festesetel frå Otterstadbøndene på plasset Grønhaug, og denne festesetelen syner at mannen hadde framtidsplanar: «14 april 1877. Festeseddel fra Ole Johnsen (m. fl.) til Johannes Halvarsen Flatekval og hustru for deres livstid på pladset Grønhaug med havnegang, samt ret til vandfald og de udslåtter Foslien, samt ret til industriell drift». Her sette han same våren opp florsbygning og løa og flytte inn og budde der. So bygde han «et lidet sagebrug først, så jeg kunde få skjære til de øvrige materialer til våningsbygningen, og fikk den ferdig til om høsten. Før mikeli flyttede jeg i den», fortel han sjølv. Ja, for endå so oppteken han var, so førde Grønhaugen dagbok i denne fyrste annsame tidi då han bygde og busette seg på den nye heimstaden sin.

I 1883 var det skylddeling, og Johannes fekk skøyte på Grønhaug, som då vart bnr.nr. 2 på Otterstad med skyld 96 øre.

I 1884 kosta han opp bru yver elvi til Sanden. I juli 1886 vart det eit flaumver utan like, og elvi føyste burt brui og øydela brukari og braut sund vassrenna. Ei veka etter «hadde vi fået bruen opigjen med egestaver og belagt den på bedste måde», skriv han. - Det må visst vera mykje i det hermet som enno lever etter gamle Grønhaugen: «Når da stundo he gje so adle låkaste, he eg røyst meg adle snaraste att». - Han la ny vassrenna, og sidan bygde han både myln og kornturka, ei stampa til å tøva vadmål, og so beinmyln eller beinknusar, som han kalla det. Seinare bygde han elektrisitetsverk som stod ferdigt i 1914. Det var det fyrste i Modalen og var på 75 hk.


1. Johannes Hallvardson Grønhaug, f. Flatekvål 1845, d. 1921, g. 1876 m.

Maria Ivarsdtr. Straume, bnr. 3 f. 1851, d. 1945.

Born:

  1. Maria f. 1877, d. 1970, g. 1905 m. Lars Torbjørnson Otterstad bnr. 7 f. 1872. Dei reiste til Amerika.
  2. Anna f. 1880, d. 1972, g. 1905 m. bygn.mann og småbrukar Anders Bergeson Langedal, busett Granheim, Mo bnr. 7.
  3. Hallvard f. 1882, d. 1960, næste bonde her.
  4. Kari f. 1884, d. 1970, g. m. gardbr. Johannes Fammestad, busett der.
  5. Ivar f. 1886, d. 1963, g. m. Anna Monsdtr. Lillejord f. 1879, d. 1963 (meir nedanfor).
  6. Maria f. 1886, tvillingb. m. Ivar, d. tidleg.
  7. Agata f. 1888, d. 1960, g. m. Ole Antonsen frå Arendal. Dei reiste til USA.
  8. Brita f. 1890, d. 1979, g. 1925 m. Knum. Knut Haldorson Hole, Hosanger f. 1890, d. 1979, g. 1925 m. Knut Haldorson Hole, Hosanger, f. 1886, d. 1955, barnlause. Knut dreiv nettingfabr. på Hosanger.
  9. Andri f. 1892, d. 1960, g. m. Karl Knutson, busett Florvågøy i Askøy.
  10. Knut f. 1894, d. 1981, ug., busett Grønhaug.

Om 1 e, Ivar, er elles å fortelja: Både Ivar og Anna var ei tid i Amerika, kom so heimatt og gifte seg. I 1932 kjøpte dei eit stykke utmark på Eikefet, tett med vegen gjenom Eksingedalen, bygde hus og budde der sidan. Ivar arbeidde for det meste i Eidsfjord møbelfabrikk, men han flytte stampa som stod på Grønhaug hit, og dreiv stamping her i mange år. Ivar og Anna var barnlause.


1921: Skøyte frå Johannes Grønhaug til sonen Hallvard Johannesson for 3.000 kr.


2. Hallvard Johannesson Grønhaug, f. 1882, d. 1960, g.

1. 1916 m. Inga Olavsdtr. Steinsland, bnr. 1. f. 1889, d. 1917.

2. 1922 m. Marta Rasmusdtr. Nåmdal, bnr. 1. f. 1892, d. 1951.

Born:

  1. Maria f. 19**, g. 1944 m. Asbjørn Olsen Tepstad, f. 19**, 2 søner. Maria er styrarinna på guteheim i Årstad.
  2. Johannes f. 19**, mekanikar, g. 1951 m. Ingeborg Fikjelsøy, busett Porsgrunn.
  3. Anna f. 19**, g. 1951 m. Trygve Andersson Steinsland, næste brukar her.
  4. Randi f. 19**, g. 1950 m. Georg Sørensen Skotfoss, Telemark, busett der.


1951: Skøyte frå Hallvard Johannesson til døtrene Anna og Randi for 2.500 kr. og kår til faren. Skøytet er utferda 30/5.


1951: Den 3/12 skøyter Randi Hallvardsdotter, med samtykkje frå mannen, sin part av Grønhaug til systen Anna for 2.000 kr. og kår.


3. Anna Hallvardsdtr. Grønhaug, f. 19**, g. 1951 m.

Trygve Andersson Steinsland, f. 19**.

Born:

  1. Harald f. 19**.
  2. Ivar f. 19**.
  3. Marit f. 19**.
  4. Astrid f. 19**.


Bruk 4 Elvika-luten.

1. Erich Olsen Otterstad, g. m.

Anna

Born:

  1. Torkjell.
  2. Anna. Truleg g. m. em. Askjell Olavson Mo bnr. 1.
  3. Baard. Truleg næste brukar her.


1667: Prestemanntalet hev Baard, som brukar 1 sp. sm. 1/2 mæle malt. Garden er no skift i 4 jamstore bruk. Baard er førd i rekneskapane fram til 1692.


2.a Baard Eirikson Otterstad, f. 1625, d. 1690, g. m. g. m.

Brita Larsdtr., f. 1635, d. 1729.

Born:

  1. Anna f. 1666, d. 1757, g. 1707 m. Simon Olavson Flatekvål, sjå Flatekval bnr. 6.
  2. Nils f. 1667, d. 1700, truleg ug.
  3. Eirik f. 1669, bonde her etter mori.
  4. Eilev f. 1672, d. 1736.
  5. Anders f. 1673, d. 1758.
  6. Maria f. 1678, d. 1694.
  7. Siri f. 1679, d. 1724, g. 1714 m. em. Askjell Andersson Nipen,sjå Nipen.


1694: «Kiøbebrev» frå Obriste Eilert Wisburg og frue Anna Juel til Brithe Lawritzdtr. på 1 pd. smør. Brithe er enkja etter Baard, og ho er førd i reknesk. og i manntal 1701, og sat truleg med bruket til sonen Eirik gifte seg i 1707.


2.b Brita Larsdotter, enkja etter Baard Eirikson. I 1701 er ho kalla odelseier.


1711: Skoskatten hev Erich Baardsen, som betalar skoskatt for seg og kona og to tenarar. Dei to tenarane er broren Anders og systeri Siri.


3. Eirik Baardson Otterstad, f. 1669, d. 1736, g. 1707 m.

Brita Eilevsdtr. Otterstad, bnr. 1 f. 1678, d. 1752.

Born:

  1. Baard f. 1708, d. 1757, g. 1731 m. Brita Sjursdtr. Romarheim f. 1699, busett der.
  2. Nils f. 1710, næste bonde her.
  3. Eilev f. 1713, d. 1713.
  4. Anna f. 1714, d. fyre 1737 (skifte etter faren).
  5. Anna f. 1717, d. 1791, g. m. Olav Monsson Otterstad bnr. 5 f. 1700, busett Nottveit bnr. 1.
  6. Eilev f. 1719, g. 1742 m. Anna Larsdtr. Romarheim, busett Heggernes.
  7. Askjell f. 1722, d. 1807, g. 1755 m. Guri Johannesdtr. Sætre, busett Sætre i Hosanger.
  8. Johannes f. 1724, d. 1795, g. m. Brita Johannesdtr. Grøsvik f. 1730, d. 1802, busett Romarheim.
  9. Ivar f. 1728, d. fyre 1737.


1754: Skifte etter enkja Brita Eilevsdtr.. Bruket, 12 mr. sm. 9 k. malt verdsett til 12 rd., vert utlagt på dei 5 sønene hennar, Baard, Nils, Eilev, Askjell og Johannes og dotteri Anna. Desse må ha site med heimel til kvar sin arvelut i bruket, men Nils må ha brukt garden, for han budde på Otterstad, og borni hans er døypte på Mo.


4. Nils Eirikson Otterstad, f. 1710, d. 1751, g. 1732 m.

Aase Joensdtr. Romarheim, f. 1702, d. 1758.

Born:

  1. Brita f. 1733, d. 1733.
  2. Jon f. 1734, d. 1734.
  3. Jon f. 1735, næste bonde her.
  4. Eirik f. 1738.
  5. Olav f. 1740, d. 1740.


Etter Nils Eirikson hev sonen Jon site på bruket her. Me finn ikkje noko heimelsbrev for han, men han må ha ervt den parten foreldri hans sat med, medan farsyskini hans framleis eig sine arveluter i bruket.


5. Jon Nilsson Otterstad, f. 1735, d. 1778, g. 1759 m.

Anna Johannesdtr. Flatekvål, bnr. 1 f. 1727, d. 1807.

Born:

  1. Baard f. 1759, d. fyre 1778 (skifte etter faren).
  2. Aase f. 1760, g. m. næste brukar her.
  3. Anna f. 1763, g. 1788 m. Ole Sjurson Romarheim f. 1766, busett Vetle-Urdal.
  4. Nils f. 1773, bonde her nr. 7.


1778: Skifte etter Jon Nilsson. Sonen Nils Jonson får utl. 4 mrk. smør 1 1/3 k. malt, som må vera arveparten far-faren Nils Erichsen fekk i skiftet 1737 etter Eirik Baardson.


1782: Eilev Eirikson Heggernes og dei andre som no sat med arve-partar i dette bruket, gjev bygselbrev til Gudmund Sjurson Romarheim, so han sat med bygselbrev på heile bruket, 18 mrk. sm. 6 k. malt.


6. Gudmund Sjurson Romarheim, f. 1759, g. 1780 m.

Aase Jonsdtr. Otterstad, f. 1760.

Born:

  1. Anna f. 1781.
  2. Maria f. 1782.
  3. Jon f. 1785.
  4. Jon f. 1788, d. 1788.
  5. Sjur f. 1793.


Gudmund Sjurson og lyden hans må ha flytt frå Otterstad då Nils Jonson vart vaksen og tok yver bruket i 1792, men me hev ikkje funne kvar det vart av dei.


1790: Nils Jonson får skøyte frå farbroren Eilev Heggernes på hans part i dette bruket, 4 mrk. sm. 1/2 k. malt, for 49 rd. 1792 får han bygselbrev frå den andre farbroren, Askjell Eirikson Sætre, på dei partane som Gudmund Sjurson Romarheim hadde bygsla.


1805: Nils Jonson får no skøyte frå alle dei andre som enno sat med arvepartar i bruket, på deira partar, og sit no med heimel til heile bruket.


7. Nils Jonson Otterstad, f. 1773, d. 1843, g.

1. 1795 m. ukjend,

2. 1796 m. Brita Olavsdtr. Almelid, bnr. 5, f. 1756, d. 1838.

Born:

  1. Anna f. 1796, d. 1796, 1 dag gamal (frå 1. ektesk.)
  2. Maria f. 1796, g. m. næste bonde her.
  3. Brita f. 1798, d. 1815.


Me hev ikkje funne fyrste giftarmålet til Nils, men då han gifter seg i 1796, er han kalla enkjemann. Fyrste kona hev truleg døytt på same tid som fyrste barnet.


1814: Skøyte frå Nils Jonson til versonen Jakob Hansson Almelid på halvparten av dette bruket.


1817: Jakob Hansson Almelid får og skøyte på andre halvparten av bruket.


8. Jakob Hansson Otterstad, f. Almelid bnr. 5, f. 1791, d. 1848, g. 1815 m.

Maria Nilsdtr. Otterstad, f. 1796, d. 1849.

Born:

  1. Brita f. 1818, g. 1840 m. Jon Olavson Otterstad bnr. 1.
  2. Marta f. 1820, g. 1845 m. Knut Larsson Farestveit bnr. 8, busett her.
  3. Nils f. 1823, næste bonde her.
  4. Maria f. 1826, g. 1846 m. Askjell Johannesson Nottveit bnr. 3, bonde her nr. 10.
  5. Hans f. 1829, g. 1849 m. Maria Nilsdtr. Elvik i Stamnes, sjå Elvik bnr. 2.
  6. Johannes f. 1832, g. 1856 m. Ragnhild Knutsdtr. Otterstad bnr. 5, f. 1830, utfl. 1863.
  7. Inga f. 1835, d. 1835.
  8. Olav f. 1837, g. 1861 m. m. Marta Gulleiksdtr. N. Helland f. 1836 på plasset Lyngen. Dei flytta til Sagstad, Meland 1862.
  9. Brita f. 1840, g. 1858 m. Torbjørn Larsson Otterstad bnr. 7, busett der.


Johannes Jabobson, f. 1832, hadde desse borni:

  1. Maria f. 1856, g. 1878 m. Lars Larsson Mo, handelsdreng, f. 1849 på bnr. 3. Dei hadde sonen Johannes Larsson, f. 1882, g. 1902 m. Brita Einarsdtr. Rongved, dotter til lensmann Rongved. Johannes var bakar.
  2. Jakob f. 1858. I 1874 bur han i Bergen. (Skifte etter Nils Jakobsen).
  3. Ingeborg f. 1860. I 1874 bur ho på Stien i Hamre.
  4. Knut f. 1863. I 1874 bur han på Otterstad.
  5. Inga f. 1865. I 1874 bur ho på Mo.


1849: Skifte etter Jakob Hansson. Bruket vert utlagt enkja Maria Nilsdtr. for takst 350 spd.


1850: Skifte etter enkja Maria Nilsdtr. Bruket vert utlagt sonen Nils.


9. Nils Jakobson Otterstad, f. 1823, d. 1874, visst ug.


1851: Nils Jakobsen gjev bygselbrev på bruket til systermannen Askjell Johannesson Nottveit. Sjølv får han kårbrev frå Askjell Johannesson.


10. Askjell Johannesson Otterstad, f. Nottveit bnr. 3, 1822, d. 1917, g.

1. 1846 m. Maria Jakobsdtr. Otterstad, f. 1826, d. 1876.

2. 1882 m. Maria Olavsdtr. Almelid, f. 1834, frå Skarvaplasset.

Born:

  1. Johannes f. 1847, g. 1873 m. Kari Olavsdtr. Høvik bnr. 1, busett Nottveit bnr. 3.
  2. Nils f. 1849, d. fyre 1865.
  3. Jakob f. 1851, ug., busett Otterstad, seinare Nottveit.
  4. Nils f. 1855, reiste til Amerika 1878.
  5. Johannes f. 1858, d. fyre 1865.
  6. Maria f. 1861, g. 1889 m. Ivar Larsson Husdal f. 1863.
  7. Johannes f. 1864.
  8. Anna f. 1871, g. 1891 m. bonde Karl Larsson Husdal, busett Håtuft, Meland.


1875: Skifte etter nr. 9, Nils Jakobson Otterstad. Bruket vert utlagt brorsonen Jakob Hansson Elvik, son til nr. 8 e, for 525 spd. og kår til Askjell Johannesson og til dei to yngste borni hans til dei fyller 16 år.


11. Jakob Hansson Otterstad, f. Elvik 1853, d. 1954, g. 1882 m.

Anna Larsdtr. Almelid, bnr. 1 f. 1857, d. 1938.

Born:

  1. Maria f. 1883, d. 1914, g. 1908 m. Alfred Johan Skulstad f. 1880, busett Bergen, d. 1949. Dei hadde 2 born.
  2. Anna f. 1885, d. 1901.
  3. Maria f. 1886, d. barn.
  4. Hans f. 1887, d. 1968, ug., busett Otterstad.
  5. Brita f. 1890, d. 1963, g. 1916 m. em. Alfred Johan Skulstad, Bergen. 3 born.
  6. Olav f. 1891, d. 1973, ug., busett Otterstad.
  7. Malena f. 1893, d. 1976, ug., busett Otterstad.
  8. Alida f. 1894, d. 1982, ug., busett Otterstad.
  9. Johannes f. 1896, d. 1945. Til USA i 1915.
  10. Anfinn f. 1901, d. 1901.
  11. Alfred Johan f. 1902, næste eigar her.


1924: Skøyte frå Jakob Hansson til yngste sonen Alfred Johan Jakobson.


12. Alfred Johan Jakobson Otterstad f. 1902, d. 1994, g. 1945 m.

Astrid Jensdtr. Hauge, i Haus, f. 1911, d. 2002.

Born:

  1. Alfred Johan f. 19**, tvilling.
  2. Anna Maria f. 19**, g. 1972 Svein Eriksen, f. 19**, Moelv, busett Ringsaker. 2 born.


Alfred Johan Jakobson Otterstad er lækjar, ei tid i Tysse i Samnanger, og siste åri skulelækjar i Fana. Han er busett i Fana, og det er dei fire ugifte syskini hans, Hans, Olav, Malena og Alida, som hev butt på bruket og drive det.


Bruk 5. Sør-luten.

1691: Futereknesk. fører Mogens med 1 pd. smør. Han er sidan skriven Mogens Andersen, og han må vera son til Anders Eiluffsen og kona Brita på bruk 1 her, og bror til Ole Andersen på bruk 7.


1694: Mogens Andersen får «kiøbebrev» frå Obriste Wisburg og frue Anna Juel på 1 pd smør, samstundes som broren Ole får kjøpa 1 pd.


1696: Mogens sel bruket sitt til broren Ole, men han er framleis brukar her. I 1701 er han kalla leiglending, medan dei tri andre brukarane er kalla odelseigarar, so han må ha bygsla bruket av broren. I 1718 er han framleis førd brukar med 1 pd. sm., og i 1720 får han bygsli oppattnya hjå Johannes Otterstad, son til Ole på bruk 7.


1. Mons Andersson Otterstad, f. 1652, d. 1737, g.

1. 1687 m. Inga Olavsdtr. Mostraumen, bnr. 3, f. 1662, d. 1690,

2. 1691 m. Randi Olavsdtr. Steinsland, bnr. 1, f. 1666, d. 1712,

3. 1714 m. Brita Nilsdtr. Flatekvål, bnr. 2, f. 1661, d. 1744.

Born:

  1. Brita f. 1689, d. 1721.
  2. Inga f. 1692, d. 1701.
  3. Anders f. 1694, næste brukar her.
  4. Marta f. 1697, d. 1750.
  5. Olav f. 1700, d. 1772, g. m. Anna Eiriksdtr. Otterstad, bnr. 3, f. 1717, d. 1791, busett Nottveit bnr. 1.
  6. Eilev f. 1703, d. 1704.
  7. Inga f. 1706, d. 1773, g. 1738 m. em. Knut Knutson Nygard, sjå Nygard bnr. 3.


1723: Matrikkelen fører Anders Monsen på dette bruket. Me finn korkje skøyte eller bygselbrev til han, men det ser ut til at han hev vore brukar her etter faren, truleg fram til 1743.


2. Anders Monsson Otterstad, f. 1694, d. 1767, g. 1724 m.

Kari Monsdtr. Stusdal, f. 1700.

Born:

  1. Eilev f. 1725.
  2. Knut f. 1729.
  3. Eilev f. 1732, tvilling.
  4. Randi, f. 1732, d. 1732.
  5. Ivar f. 1733, d. 1733.
  6. Inga f. 1734, d. 1734.
  7. Mons f. 1736, d. 1736.
  8. Mons f. 1738, g. 1765 m. Brita Askjellsdtr. Mo bnr. 1 f. 1736.


Mons Andersson var «skoleholder» på Mo i 10 år til han søkte og fekk avskil i 1769. I 1768 kjøpte han garden Eikefet i Stamnes og budde sidan der. Sjå Eikefet.

Då Ole Andersson på bruk 7 fekk kjøpa dette bruket av broren Mons, sat han med heimel til halve Otterstadgarden, 36 mrk. smør 12 k. malt, eller 2 pd. smør. Dei to sønene til Olav, Anders og Johannes, kom til å få kvar sin halvpart av dette, 18 mrk. sm. 6 k. malt kvar. Anders fekk bruk 7, og Johannes fekk bruk 5. Johannes fekk fyrst skøyte frå mor si i 1713 på 9 mrk. sm. 3 k. malt. Seinare må han ha fenge heimel på 9 mrk. smør 3 k. malt til, for i 1720 gav av han bygsel til farbroren Mons på 18 mrk. smør 6 k. malt.


Me finn ikkje noko dokument som syner om Johannes Olavson sjølv brukte garden sin her, eller om Anders Monsson sat med bygsel til Johannes døydde i 1743. Det ser mest ut til at det siste var tilfelle. Me set likevel Johannes Olavson inn i brukarrekkja, for han sit med heimel til bruket, og må ha butt her.


3. Johannes Olavson Otterstad, f. 1689, d. 1743, g.

1. 1714 m. Kari Knutsdtr. Farestveit, bnr. 5, f. 1694, d. 1736,

2. 1737 m. Maria Monsdtr. Straume, bnr. 4, f. 1714, d. 1738,

3. 1739 m. Agata Larsdtr. Romarheim, f. 1716, d. 1747.

Born:

  1. Olav, med i skifte etter mori 1737, men ikkje etter faren 1743.
  2. Johannes f. 1719, næste bonde her.
  3. Olav f. 1721, d. 1744, ug.
  4. Brita f. 1724, d. 1724.
  5. Knut f. 1728, d. 1755, ug.
  6. Kari f. 1731, d. 1750, ug.
  7. Utan namn, d. 1735.
  8. Lars f. 1740, d. 1740.
  9. Johannes f. 1743.


Næste bonde her vert Johannes Johannesson. I skifte etter mori, Kari Knutsdtr. 1737, får han utlagt 11 4/11 mrk. smør 3 26/33 k. malt i bruket. I skifte etter syskini sine får han sidan deira arvepartar etter kvart som dei døyr, og i 1755 sit han med heile bruket som då er ført med 20 5/11 mrk. smør 6 9/11 k. malt.


4. Johannes Johannesson Otterstad, f. 1719, d. 1771, g. m.

Anna Askjellsdtr. Mo, bnr. 1 f. 1722, d. 1759.

Born:

  1. Johannes f. 1746, næste bonde her.
  2. Kari f. 1748, g. 1767 m. Brynjel Johannesson Nese, sjå Nese bnr. 3.
  3. Kari f. 1749.
  4. Brita f. 1752, g. 1775 m. Gulleik Johannesson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 5.
  5. Knut f. 1756, g. 1779 m. Ingeborg Engelbrigtsdtr. Feste, busett Vabu i Lindås.


1772: Skifte etter Johannes Johannesson, og bruket vert skift på borni hans.


1776: Eldste sonen, Johannes Johannesson, får skøyte frå medervingane sine på deira partar i bruket for tilsaman 60 rd.. Han sit då med heile bruket, 20 5/11 mrk. sm. 6 9/11 k. malt.


5. Johannes Johannesson Otterstad, f. 1746, d. 1788, g.

1. 1772 m. Anna Ingebrigtsdtr. Kjeneset, f. 1746, d. 1787,

2. 1787 m. Kari Jakobsdtr. Fjellanger, f. 1762, d. 1795.

Born:

  1. Anna f. 1773, g. 1795 m. Olav Johannesson N. Helland bnr. 5, busett Kringlebotn bnr. 2.
  2. Johannes f. 1775, næste bonde her.
  3. Anna f. 1779, g. 1801 m. Jon Olavson Otterstad f. 1778. Sjå under Plassmenn.
  4. Johannes f. 1782, g. 1822 m. Inga Nilsdtr. Nottveit bnr. 2, busett Litlebergen.
  5. Ingebrigt f. 1785, ikkje med i skiftet 1787.
  6. Brita f. 1786, d. 1786.
  7. Anna f. 1787, g. 1809 m. Johannes Ivarson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 4.


1788: Skifte etter Johannes Johannesson. Bruket vert utlagt med halvparten til enkja og halvparten til borni.


1789: Enkja Kari Jakobsdtr. gifter seg att med «skoleholder»


Gulleik Jakobson N. Helland, og dei sit med bruket til 1795, då styksonen Johannes Johannesson får skøyte.


6. Gulleik Jakobson Otterstad, f. N. Helland bnr. 4 1762, g.

1. 1789 m. e. Kari Jakobsdtr. Otterstad, f. Fjellanger 1762, d. 1795,

2. 1796 m. Agata Knutsdtr. Nese, bnr. 3, f. 1766 i Lavikhaugen.

Born:

  1. Marta f. 1790, g. 1822 m. Ole Haukås, busett Espeland i Seim.
  2. Jakob f. 1792, g. 1825 m i Seim. .e. Marta Olsdtr. Berås, busett Berås i Seim
  3. Kari f. 1797, d. 1797.
  4. Jakob f. 1798, g. 1842 m. Johanna Ivarsdtr. Meland, budde Myksvoll etter faren.


Då Gulleik Jakobsen skøytte frå seg bruket her i 1795 til styksonen Johannes Johannesson, kjøpte han i 1798 eit bruk i øvre Myksvoll i Lygra sokn i Lindås og flytte dit med lyden sin. I Alenfitboki s. 349 finn me opplysningar om borni til Jakob. Etter han kom til Myksvoll fekk han desse: e. Knut, f. 1799, f. Kari, f. 1801, g. Anna, f. og d. 1804, h. Anna, f. 1810.


1795: Johannes Johannesson får skøyte frå stykfaren og medervingane sine på dette bruket, 20 5/11 mrk. sm. 6 9/11 k. malt.


7. Johannes Johannesson Otterstad, f. 1775, d. 1840, g. 1801 m.

Maria Knutsdtr. N. Helland, bnr. 1 f. 1783, d. 1868.

Born:

  1. Johannes f. 1802, d. 1819.
  2. Askjell f. 1804, næste bonde her.
  3. Knut f. 1805, får bygselbrev i 1835, tinglyst 1837, på ein del av bruket og bur her. Sjå nr. 8 b!
  4. Anna f. 1808, g. 1838 m. Anders Anderson Litlebergen.
  5. Ragnhild f. 1813, g. 1834 m. Johannes Andersson Langedal bnr. 2, busett Haus prgj.
  6. Kari f. 1817, g. 1839 m. Knut Rasmusson Nåmdal bnr. 1 f. 1812, busett Åsebø i Meland (no Askøy), 8 born.


1835: Skøyte frå Johannes Johannesson til sonen Askjell Johannesson på dette bruket for 200 spd.. Same året gjev Askjell Johannesson bygselbrev til broren Knut Johannesson på ein lut av bruket, og dette bruket er då ført under to løpenr., 214 og 215, til 1855, då Askjell skøyter frå seg heile bruket til versonen Olav Larsson Farestveit.


8 a. Askjell Johannesson Otterstad, f. 1804, d. 1868, g.

1. 1824 m. Brita Jonsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1794, d. 1825, dtr. til nr. 4 h der.

2. 1826 m. Anna Johannesdtr. Langedal, f. 1808, d. 1844, frå bnr. 2.

3. 1845 m. Inga Monsdtr. Mellesdal, f. f. 1783, f. Furnes.

Born:

  1. Johannes f. 1827, d. 1827.
  2. Johannes f. 1828, d. 1828.
  3. Brita f. 1830, d. 1830.
  4. Askild f. 1831, d. 1831.
  5. Maria f. 1833, d. 1833.
  6. Brita f. 1834, g. 1851 m. næste bonde her.
  7. Maria f. 1838, g. 1856 m. Olav Larm. Olav Larsson Farestveit d.y. f. 1831, bnr. 8.
  8. Marta f. 1841, g. 1867 m. Jakob Olavson Mo bnr. 2, attg. 1878 m. Knut Jakobson N. Helland, busett Straumsnes, Askøy.


8 b. Knut Johannesson Otterstad, f. 1805, d. 1888, g. 1826 m.

Ingeborg Andersdtr. Langedal bnr. 2 f. 1800, d. 1883.

Born:

  1. Marta f. 1826, g. 1846 m. Berge Rasmusson Nåmdal bnr. 1 f. 1820. I sk. 1889/90 er han skriven Solheim, Hammer.
  2. Maria f. 1828, d. 1886, g. 1861 m. Knut Sjurson Romarheim. Maria drukna i Mostraumen på kyrkjeveg. Hosangerb. s. 232.
  3. Anders f. 1829, d. 1829.
  4. Ragnhild f. 1830, g. 1856 m. Johannes Jakobson Otterstad bnr. 3, attg. 1871 m. Olav Johannesson Otterstad f. 1849, husm. på Otterstadplasset.
  5. Marta f. 1833, d. 1833.
  6. Anders f. 1835, d. 1928. Sjå Mostraum, Plassfolk og husm.!
  7. Johannes f. 1838, flytte til broren i Kringlebotn 1868.
  8. Marta f. 1841 g. 1873 m. Jakob Johannesson Otterstad bnr. 5 f. 1844 i Langedal. Dei pakta noko av bruket til Knut Johannesson Otterstad. I 1879 flytta dei til Vindalen i Hamre.


I folketeljingi 1875 hadde Jakob Johannesson ein fødnad på 1 hest, 6 kyr og 12 får, medan Knut hadde berre 2 kyr og 6 får. Sjå løpenr. 215.

Medan dei budde på Otterstad, hadde Jakob og Marta desse borni: Johannes, f. 1874, Anna, f. 1876 og Ingebjørg f. 1877. Denne huslyden flytte seinare til Vindalen i Hamre og budde der. I skifte etter verforeldri 1889-1890 er Jakob skriven Jakob Johannessen Vindalen.


1855: Askjell Johannesson gjev skøyte til versonen Olav Larsson Farestveit d.e. på heile dette bruket for 250 spd. og kår til Askjell og kona Inga.


9. Olav Larsson Otterstad, f. Farestveit bnr. 8, 1821, d. 1911, g. 1851 m.

Brita Askjellsdtr. Otterstad, f. 1834.

Born:

  1. Johannes f. 1852, næste bonde her.
  2. Lars f. 1855, g. 1883 m. Dordi Nilsdtr. Straume bnr. 1.
  3. Anna f. 1857, g. 1879 m. Nils Nilsson Straume, sjå Straume bnr. 1.
  4. Askjell f. 1859, g. m. Brita Johannesdtr. Ø. Helland, Balaplasset. Dei for til Amerika.
  5. Olav f. 1862, g. 1884 m. Gjertrud Nilsdtr. Straume bnr. 1. Dei for til Amerika.
  6. Nils f. 1865, for til Amerika, ug. 1901.
  7. Anna f. 1867, g. 1890 m. Ivar Johannesson N. Helland bnr. 4, busett Nipen bnr. 1, seinare Nedre Helland bnr. 4.
  8. Johannes f. 1869, d. 1888, drukna i Midvatnet på Nåmdal.
  9. Maria f. 1872, d. 1879.
  10. Inga f. 1873, d. 1955, g. 1895 m. Johannes Nilsson Romarheim, 10 born, Hb. s. 240.
  11. Anders f. 1876, d. 1878.
  12. Berta f. 1878, d. 1970, g. 1916 m. Andreas Hamarsland, busett i Fana.


1884: Skøyte frå Olav Larsson til sonen Johannes Olavson for 1.000,- kr.


10. Johannes Olavson Otterstad, f. 1852, d. 1932, g. 1877 m.

Karl Nilsdtr. Straume, bnr. 1 f. 1853, d. 1935.

Born:

  1. Olav, f. på Straume 1878, næste bonde her.
  2. Kari f. 1879, d. 1884.
  3. Anders f. 1881, d. 1884.
  4. Eilev f. 1883, bonde på bnr. 8, Trohaug.
  5. Kari f. 1885, d. 1973, g. 1906 m. lærar Ivar Johannesson N. Helland bnr. 4, busett Mo.
  6. Brita f. 1887, g. 1912 m. Olaf Jakobson Mo, sjå Mo bnr. 2.
  7. Andreas f. 1889, d. 1919, g. 1916 m. Lovisa Johannesdtr. Tvedt, Alversund. Han var bileigar og drosjesjåfør i Bergen. d. etter ei bilulukka, 1 dotter.
  8. Johannes f. 1892, d. 1952, lærar i Fredrikstad, g. 1920 m. Maria Andersdtr. Nygard bnr. 3, 2 born, Aslaug og Håkon.
  9. Anna f. 1896, g. 1917 m. Mons Ivarson Mo, sjå Mo bnr. 3.
  10. Elina f. 1896 (tvilling) døydde i barneåri.


1908: Det vert halde delings- og skylddelings-forretning på dette bruket, og det vert delt soleis:

Bruk nr. 5, Olav Johannesson med skyld 2 mrk. 13 øre.
Bruk nr. 8, Johannes Olavson med skyld 1 mrk. 16 øre med namnet Trohaug.


Same året gjev Johannes Olavson skøyte til sonen Olav Johannesson på bruk 5 for 2.000,- kr. og kår til foreldri. Johannes Olavson flytter no til Trohaugen og byggjer og rydjer seg ny gard der.


11. Olav Johannesson Otterstad, f. 1878, d. 1913, g. 1900 m.

Inga Olavsdtr. Ø. Helland, bnr. 1 f. 1878, d. 1949.

Born:

  1. Sigurd f. 1901, næste bonde her.
  2. Klara f. 1902, g. 1928 m. lærar Andreas Jakobson Mo, busett Mo. 2 born.
  3. Johannes f. 1904, d. 1974, g. 1949 m. diakonissa Borghild Martinsen, Bremnes, f. 1909, sjukesyster i Modalen.
  4. Eivind f. 1907, g. 1937 m. Maria Hansdtr. Mo bnr. 1. Han er bygn.arb., busett Mo, 3 born.
  5. Olav f. 1909, d. 1975, g. 1931 m. Maria Knutsdtr. Hesjedal,
  6. 1907. Han var snikkar, busett i Fana. 4 born.
  7. Astrid f. 1911, g. 1934 m. møbelsnikkar Jakob Jakobson Mo bnr. 2 f. 1904, busett Breistein, 4 born.
  8. Dagny f.1912, g. 1936 m. møbelsnikkar Jakob Andreasson N. Helland, busett Os.
  9. Olga f. 1913, g. m. Johannes Olsen Myrdal f. 1908, gardsstyrar, no pensjonist, bust. Prestestien i Åsane. Ikkje born.


1936: Skøyte frå enkja Inga Olavsdtr. til sonen Sigurd Olavson på dette bruket for 2.000,- kr. og kår verdsett til 400,- kr. for 5 år.


12. Sigurd Olavson Otterstad, f. 1901, d. 1943, g. 1925 m.

Anna Ivarsdtr. Straume, bnr. 4, f. 1898.

Born:

  1. Olav f. 19**, næste bonde her.
  2. Bjarne f. 19**, g. 1951 m. Edith Moen Klæbo, Sandnessjøen, busett Y. Arna, 2 born.
  3. Sverre Andreas f. 19**, g. 1956 m. Bjørg Løvås, Ringsaker, busett Nedre Vea, Moelv, 3 born.
  4. Øystein f. 19**, g., busett Östraby, Småland i Sverike, 1 barn.
  5. Trygve f. 1937, d. 1937.


1952: Skøyte frå enkja Anna Ivarsdtr. til sonen Olav Sigurdson for 18.000,- og kår.


13. Olav Sigurdson Otterstad, f. 19**, g. 1951 m.

Dorthea Malena Johannesdtr., Blomvågnes, Herdla, f. 19**.

Born:

  1. Sigfred Johan f. 19** g. 1975 m. Reidun Moberg, Bergen, 1. barn.
  2. Anne-Grete f. 19**.
  3. Øyvind f. 19**.


Bruk 7. Torbjørnsluten.

1660: Skattemanntalet hev Anders, som brukar 1/2 1. smør og 1 mele malt, og det er halve Otterstadgarden. Etter Anders sit enkja Brita fram til 1691, då bruket er skift millom henne og sonen Mogens med 1 pd. smør på kvar.


1691: Futeregnsk. fører no Mogens med 1 pd. smør.


1694: Eilert Wisburg og frue Anna Juel gjev «Kiøbebrev» til Mogens og Ole Anderssøner på kvar sitt pd. smør. Dermed er bruket etter Anders og Brita skift likt millom dei to sønene deira. Mogens held fram på sitt bruk, som seinare vert bruk 5, og Ole får bruket etter mori, og det vert bruk 7.


1696: Mogens Andersen gjev kjøpebrev til broren Ole på det bruket han sjølv fekk kjøpa i 1694, 18 mrk. smør 6 k. malt. Ole Andersen vert dermed eigar for båe bruki, men Mogens sit som leiglending på det bruket han selde.


1. Olav Andersson Otterstad, f. 1647, d. 1711, g. m.

Kari Andersdtr.

Born:

  1. Maria g. 1701 m. em. Sjur Askjellson Straume, sjå Straume bnr. 1.
  2. Anders f. 1680, næste bonde her.
  3. Brita f. 1682, d. 1763, g. 1715 m. Knut Jakobson Straume, sjå Straume bnr. 3.
  4. Vemund f. 1685, d. 1702.
  5. Marta f. 1688, d. 1688.
  6. Johannes f. 1689, bonde på Otterstad bruk 5.
  7. Brita f. 1692, døydde fyre 1712.
  8. Brita f. 1694, g. 1720 m. Nils Olavson Nottveit, sjå Nottveit bnr. 2.
  9. Olav f. 1695.


1705: Olav Andersson sel til sonen Anders Olavson 9 mrk. smør 3 k. malt.


2. Anders Olavson Otterstad, f. 1680, d. 1713, g. 1705 m.

Maria Johannesdtr. Straume, bnr. 4, f. 1684, d. 1712.

Born:

  1. Knut f. 1709, næste bonde her.
  2. Olav f. 1712, d. 1712.


1713: Den 28/6 er halde skifte etter enkjemann Anders Olavson, som då var bortkomen for 18 vekor sidan og ikkje attfunnen «trods ukers manngardsleting». Bruket, 9 mrk. sm. 3 k. malt, vart utlagt sonen Knut. Verjone for guten bygslar bruket bort til Johannes Olavson på bruk 5 i 1714.


1733: Knut Andersson gifter seg med Brita Jonsdtr. Vetle-Urdal. Med henne får han gard i Vetle-Urdal og flytter dit.


1744: Knut Andersson gjev bygselbrev til Johannes Johannesson Otterstad på 9 mrk. smør 3 k. malt.


3. Knut Andersson Otterstad, f. 1709, d. 1763, g. 1733 m.

Brita Jonsdtr. Vetle-Urdal, f. 1699, d. 1774.

Born:

  1. Olav f. 1735, d. 1736.
  2. Maria f. 1737, g. m. næste bonde her.
  3. Anders f. 1740, bonde på Vetle-Urdal etter faren.
  4. Kari f. 1743, g. 1769 m. em. Johannes Ivarson Nedre Eknes, busett der.
  5. Jon f. 1746, d. 1746.


Knut Andersson kom bort på sjøen. Det ser ikkje ut til at han hev drive garden på Otterstad sjølv. Alle borni hans er fødde på Vetle-Urdal, so han må ha flytta dit straks etter han gifte seg.


1763: Den 28/2 er halde skifte etter Knut Anderson, og då er bruket hans på Otterstad ført med 15 mrk. smør 5 k. malt, verdsett til 28 rd. Bruket hans på Vetle-Urdal er på 18 mrk. smør 12 k, malt, verds. til 36 rd. Denne skyldi på Otterstad-bruket syner at Knut Andersson sat med heimel til heile bruket, ikkje berre den luten som han bygsla bort i 1744. Den andre halvparten må vel då vera den som verjone hans bygsla bort i 1714. I skiftet etter Knut vart bruket hans her utlagt soleis: Enkja, Brita Jonsdtr. fekk 7 1/2 mrk. smør 2 1/2 k. malt, sonen Anders 3 3/4 mrk. sm. 1 1/4 k. malt, døtrene Maria og Kari 1 7/8 mrk. smør 5/8 k. malt på kvar.


1774: Anders Knutson Vetle-Urdal, son til Knut Andersson, skøyter sin part i Otterstad til verbrørne sine, Lars Ivarson Otterstad og Johannes Ivarsson Eknes. Enkja Brita Jonsdtr. skøyter sin part til Lars Ivarson Otterstad.


1776: Johannes Ivarson Eknes skøyter ogso sin part til Lars Ivarson, og dermed sit han no med heile bruket.


Me hev ikkje greidt å finna ut kven Lars Ivarson er. I Ættebok for Hosanger er han kalla Lars Ivarson Hognetvedt med spursmålsteikn etter gardsnamnet.


4. Lars Ivarson Otterstad, f. 1741, d. 1826, g.

1. m. Maria Knutsdtr. Vetle-Urdal, f. 1737, d. 1795.

2. 1795 m. e. Brita Nilsdtr. Grøsvik, f. Helle 1746, d. 1837.

Born:

  1. Ingeborg f. 1773, g. m. næste bonde her.
  2. Brita f. 1782, g. 1811 m. em. Olav Andersson Nedre Helland f. Grøsvik 1779. Etter Stamnesboki busett i Florvåg.


1799: Skøyte frå Lars Ivarson Otterstad til Anders Knutson Mellesdal, som gjev kårbrev til Lars og kona.


5. Anders Knutson Otterstad, f. Mellesdal 1769, d. 1842, g. 1793 m.

Ingeborg Larsdtr. Otterstad, f. 1773, d. 1842.

Born:

  1. Lars f. 1794, d. 1795.
  2. Lars f. 1795, næste bonde her.
  3. Knut f. 1797, g. 1824 m. Siri Knutsdtr. Farestveit bnr. 7 f. 1803.
  4. Ivar f. 1799, d. 1803.
  5. Johannes f. 1802, g. 1829 m. Helga Magnesdtr. Nottveit bnr. 3.
  6. Sjur f. 1804, d. 1804, tvill.
  7. Ivar f. 1804, d. 1805, tvill.
  8. Maria f. 1805, d. 1805.
  9. Ivar f. 1806, d. 1807.
  10. Sjur f. 1808.
  11. Maria f. 1812, g. 1836 m. Anders Andersson Straume, truleg son til Anders Olavson, nr. 2 e på bnr. 1 der.
  12. Anders f. 1813, d. 1813.
  13. Siri f. 1815, d. 1862, ug. Kalla «Todla-Siri».
  14. Olav f. 1819, utfl. til Hamre prgj. 1852, ug. då.


1815: Bygselbrev frå Anders Knutson til sonen Lars Andersson. 1817: Skøyte frå Anders Knutson til sonen Lars Andersson.


6. Lars Andersson Otterstad, f. 1795, d. 1885, g. 1819 m.

Ragnhild Torbjørnsdtr. Mellesdal, f. 1792, d. 1851.

Born:

  1. Anna f. 1820, g. 1844 m. Lars Olsen Helland f. Mjeldalen Haus, busett Grindheim, Radøy i 1851, 4 born.
  2. Ingeborg f. 1822, g. 1854 m. Johannes Johannesson Myking, Manger prgj. f. 1827, attg. m. Andreas Magneson Nordanger.
  3. Siri f. 1824, g. 1851 m. Sjur Olsen N. Mjelde, Haus, f. 1823, busett Løddingen i Nordland. Ei dotter Ragnhild f. 1851 på Otterstad. I sk. 1887 er han skriven Sjur Olsen Melkedal.
  4. Anders f. 1827, d. 1827.
  5. Anders f. 1828, d. 1842.
  6. Helga f. 1831, g. 1862 m. Johannes Olavson Langedal, f. 1831, sjå Langedal bnr. 1.
  7. Torbjørn f. 1835, næste bonde her.


Lars Andersson Otterstad pakta garden i Mellesdal nokre år då han vart gift med Ragnhild Torbjørnsdtr. og dei to fyrste borni deira er fødde der. Han må ha kome attende til Otterstad kring 1823.


1853: Skøyte frå Lars Andersson til sonen Torbjørn Larsson for 160 spd. og kår.


7. Torbjørn Larsson Otterstad, f. 1835, d. 1876, g. 1858 m.

Brita Jakobsdtr. Otterstad, bnr. 3, f. 1840, d. 1911.

Born:

  1. Anders f. 1859, d. 1881, ug.
  2. Jakob f. 1862, næste bonde her.
  3. Ragnhild f. 1864.
  4. Johannes f. 1867, d. 1868.
  5. Maria f. 1869, g. 1. g. 1892 m. Eilev Knutson Straume bnr. 3 f. 1869, d. 1893, g. 2. g. m. em. Ivar Ivarson Straume bnr. 3, busett Slettebakken, Salhus.
  6. Lars f. 1872, g. 1905 m. Maria Johannesdtr. Grønhaug f. 1877. Dei for til Amerika og døydde der.
  7. Ragnhild f. 1874, ug. og heime i folketelj. 1900.


1883: Skøyte frå enkja Brita Jakobsdtr. til sonen Jakob Torbjørnson for 1200 kr.


8. Jakob Torbjørnson Otterstad, f. 1862, d. 1932, g. 1888 m.

Brita Larsdtr. Almelid, bnr. 1 f. 1863, d. 1937.

Born:

  1. Brita f. 1890, d. 1920, g. 1916 m. Olav Johannesson Tunes-tveit, Haus, f. 1892, d. 1927? 2 born.
  2. Anders f. 1892, næste bonde her.
  3. Lars f. 1894, g. m. Inga Haldorsdtr. Eide f. 1901. Lars var møbelsnikkar, busett i på Eide bnr. 8.
  4. Anton f. 1896, d. 1965, ug., var i USA, kom heimatt, busett Bergen, d. der.
  5. Anna f. 1898, d. 1972, budde på Austlandet i mange år, døydde på Otterstad.
  6. Dagny f. 1899, d. 1899.
  7. Dagny f. 1902, d. 1960, ug., lærarinna.
  8. Ragna f. 1905, d. 1956, ug. lærarinna. Gravfest på Mo.


1926: Skøyte frå Jakob Torbjørnson til sonen Anders Jakobson for 3000 kr. og kår til foreldri.


9. Anders Jakobson Otterstad, f. 1892, d. 1966, g. 1933 m.

Margreta Knutsdtr. Dyrkolbotn, bnr. 2 f. 1898, d. 1964.

Born:

  1. Aslaug f. 19**, g. m. næste bonde her.
  2. Bjørghild Margunn f. 1937, d. 1937.
  3. Ragna f. 19**, g. m. Anders Fosse, Voss. 3 born.


10. Bjarne Olavson Eidsnes, f. 1931, d. 1986 g. 1957 m.

Aslaug Andersdtr. Otterstad, f. 19**.

Born:

  1. Audun f. 19**.
  2. Ove f. 19**.


Bruk 8. Trohaugen.

1908: Den 20/7 er halde delings- og skylddelingsforretning, og dette bruket vert utskilt frå Otterstad bruk 5 og får ei skyld på 1 mrk. 16 øre. Johannes Olavson sel bruk 5 til sonen Olav, og sjølv buset han seg her og byggjer og rydjer seg ny gard. Han var då 56 år gamal. Om giftarmål og born sjå nr. 11 på bruk 5.


1915: Skøyte frå Johannes Olavson til sonen Eilev Johannesson på dette bruket.


2. Eilev Johannesson Trohaug, f. 1883, d. 1961, g. 1911 m.

Kari Andersdtr. Nygard, bnr. 3 f. 1886, d. 1979.

Born:

  1. Håkon f. 1913, d. 1931, ug.
  2. Kari f. 19**, g. 1948 m. bilsakkunig Olav Ivarson Ø. Helland bnr. 5, f. 19**, busett i Bergen.
  3. Alvhild f. 19**, g. 1939 m. butikkmann Anders Johannesson Hjørnevik, Evanger, busett Nesttun i Fana. 1 barn.
  4. Asbjørn f. 1918, d. 1996, næste bonde her.
  5. Andlaug f. 1920, d. 2004, g. 1943 m. disponent Olav Johannesson Nåmdal f. 1914, d. 2004, busett Nesttun. 3 born.
  6. Johannes f. 19**, g. 1945 m. Gunnlaug Nilsdtr. Mostraum, bnr. 1, f. 19**, busett Dyngeland i Fana. 3 born.
  7. Inger f. 19**, g. 1948 m. Magnus Henrikson Matre, f. 1916, d. 1970, busett Haukeland. 3 born.
  8. Maria f. 1929, d. 1929.


1950: Skøyte frå Eilev Johannesson til sonen Asbjørn for 10.000,-kr. og kår.


3. Asbjørn Eilevson Trohaug, f. 1918, d. 1996, g. 1942 m.

Borgny Knutsdtr. Dale, Mo, bnr. 4, f. 1919, d. 1993.

Born:

  1. Gunnhild f. 19**, lærar, g. 1968 m. Bjarne Johannesson Steinsland, bonde Nedre Helland bnr. 4.
  2. Elin f. 19**, g. 1963 m. sjåfør Leif Sigmundson Nåmdal, Mo bnr. 5, f. 19**, busett Bergen. 5 born.
  3. Karstein f. 19**, g. 1972 m. Turid Rosseland, busette Ervik. 1 barn.
  4. Torgjørn f. 19**, g. 1969 m. Helga Hellesnes, Voss, f. 19**, 2 born.
  5. Håkon f. 19**, g. 1974 m. Sylvia Klausen, Bergen.
  6. Kjell Ove f. 19**.
  7. Terje f. 19**.


I Trohaugen tok dei til med sanddrift i 1936, etter at kontrakt om dette var underskrivi året fyrr. Etter kvart som Trohaugen vart utgraven, måtte eigaren sjå seg om etter eit anna bruk. I 1952 fekk han kjøpa garden Krossdal, Mo bruk 5, av Sigmund Nåmdal, og året etter flytte han dit og busette seg der. Kjøpesummen var 15.000,- kr. Seinare hev eigaren, Asbjørn Trohaug, fenge kjøpa jord av utmarki til Mogardane, so no hev han ein gard på 40 mål dyrka jord.

«Trohaug reknar eg med må avskrivast som gardsbruk», segjer eigaren.


Frå gr.nr. 77, bnr. 5, vart det i 1957 gjeve skøyte til Johannes Olavson Otterstad på ein parsell av innmarka på øvrebøen. Ved Frådelinga fekk parsellen bnr.nr. 22.

Johannes Olavson Otterstad døydde i 1974 og i 1975 gav enkja skøyte på bnr.nr. 22 med hus til Sigfred Olavson Otterstad for kr. 30.000,-.


Johannes Olavson Otterstad, f. 1904, d. 1974, g. 1949 m.

Borghild Martinsen, frå Bremnes, f. 1909. Sjukesyster i Modalen.


1975. Skøyte frå Borghild Martinsen Otterstad til Sigfred Olavson Otterstad.


Sigfred Olavson Otterstad, f. 19**, g. 1975 m.

Reidun Moberg, f. 19**.

Born:

  1. June Elisabeth f. 19**.


Sæteråen.

Dette plasset låg på nordsida av stølselvi på Otterstad, der Grønhaugen er no.

1785: Dette året er halde skifte etter plassmann Ole Johannesson Otterstad. Enkja er Kari Johannesdtr. Me finn ikkje dokument som syner at dei hadde Sæteråen eller onnor jord på Otterstad, og me hev heller ikkje greidt å finna ut kven dei er. Men det må vera eldste sonen deira som fekk festesetel på Sæteråen i 1795, so det er rimeleg å føra foreldri hans her.


Olav Johannesson Otterstad, f. 1743, d. 1785, g. 1768 m.

Kari Johannesdotter, f. 1750, d. 1810.

Born:

  1. Johannes f. 1769, plassmann på Sæteråen.
  2. Johannes f. 1772.
  3. Anna f. 1775.
  4. Jon f. 1778, g. 1801 m. Anna Johannesdtr. Otterstad bnr. 5 f. 1779.
  5. Ivar f. 1782.
  6. Olav f. 1785, d. 1785.


Om Jon Olavson, nr. d ovanfor, finn me dette: Då han gifte seg i 1801, er plasset kalla Otterstadelven. Då mori var gravfest i 1810, er det skrive Otterstadneset. I Hosangerboki finn me Jon Olsen og Anna som busitjarar nr. 42 på Romarheim. I skifte på Farestveit 1810 etter enkja Anna Askjellsdtr. er han skriven Remme, og i Alenfitboki finn me han på side 61, og då busett på Remme i Alversund. Der er kona kalla Ingeborg, men med merknad om at ho ein gong heitte Anna. Dei var paktarfolk på Remme, og der er ført 5 born.


1795: Bøndene på Otterstad gjev festesetel til Johannes Olavson Otterstad på plasset Sæteråen.


Johannes Olavson Otterstad, f. 1769, d. 1831, g. 1795 m.

Barbro Monsdtr. Otterstad, bnr. 1, f. 1760, d. 1839.

Born:

  1. Olav f. 1796, d. 1819 ved drukningsulukka.
  2. Marta f. 1798, g. 1824 m. Anders Knutson Nedre Helland bnr. 1.
  3. Kari f. 1800, g. 1827 m. Johannes Magneson Farestveit bnr. 8, plassfolk på Elveplasset Otterstad.
  4. Olav f. 1802, d. 1803.
  5. Johannes f. 1803, d. 1803.


Elveplasset.

(Truleg det same som Sæteråen)


1827: Festesetel frå dei fire bøndene på Otterstad til Johannes Magneson Farestveit på Elveplasset.


Johannes Magneson Farestveit f. 1787, d. 1867, g. 1827 m.

Kari Johannesdtr. Otterstadplasset, f. 1800, d. 1873.

Born:

  1. Magne f. 1827, d. 1828.
  2. Magne f. 1830, d. 1861, ug.
  3. Johannes f. 1833, d. 1833.
  4. Johannes f. 1834, g. 1865 m. Kari Brynjelsdtr. Almelidneset bnr. 6, busett Otterstadplasset.
  5. Olav f. 1838, d. 1838, tvill.
  6. Olav f. 1838, d. 1838, tvill.
  7. Olav f. 1842.


1865: Johannes Johannesson, nr. d framanfor, gifter seg med Kari Brynjeldtr.. Han er då skriven Johannes Johannesson Otterstadplasset. Truleg er dette atter eit nytt namn på same plasset. Johannes og Kari budde her dei fyrste åri etter dei var gifte. Me finn ikkje festesetel til dei, og det tyder ogso på at dei sit på same plasset som far til Johannes hadde festesetel på. I 1872 er dei flytta til Valsvik i Sogn.


Johannes Johannesson Otterstadplasset, f. 1834, d. 1883, g. 1865 m.

Kari Brynjelsdtr. Almelidnes, f. 1838, d.d. 1917. 2 born f. på Otterstadplasset.

Born:

  1. Martines f. 1867.
  2. Olina Karina f. 1869 d. 1887. (fekk stein over seg frå fjellet i Valsvik.)

I Valsvik fekk dei 3 søner og ei dotter. Alle 4 sønene reiste til U.S.A.


1875: Otterstadplasset. Folketeljingi fører no Olav Johannesson og kona Ragnhild Knutsdtr. på dette plasset. Olav er son til Johannes Johannesson Otterstadsanden, og Ragnhild er enkja etter Johannes Jacobson på Otterstad bnr. 3.


Olav Johannesson Otterstad, f. 1849, d. 1882, g. 1871 m. enkja

Ragnhild Knutsdtr. Otterstad, bnr. 5 f. 1830.

Born:

  1. Olav f. 1870, d. 1871.
  2. Berta f. 1871.
  3. Johannes f. 1874.


Otterstadsanden.

1865: Folketejingi fører plasset Otterstadsanden med desse folki: Johannes Johannesson, husmann med jord, 68 år, og kona Anna Monsdtr. 61 år. Dei hev sonen Olav 17 år. Me hev ikkje funne kven Johannes Johannesson er, men kona Anna Monsdtr. er dotter til Mons Knutson på bruk 1 i Langedalen.


Johannes Johannesson Otterstad, f. 1797, g. m.

Anna Monsdtr. Langedal, bnr. 1, f. 1803.

Born:

  1. Jakob f. 1844. Sjå Otterstad bnr. 5, bonde nr. 8 b, bokstav h.
  2. Olav f. 1849, d. 1882, g. 1871 m. e. Ragnhild Knutsdtr. Sjå Otterstadplasset.


Holmaplasset.

Her budde Olav Jakobson Otterstad, f. 1837, son til Jakob Hansson på bnr. 3 og kona Maria Nilsdtr. Me hev ikkje funne festesetel på plasset. Olav Jakobson og kona Marta Gulleiksdtr. flytte til Meland i 1862, året etter dei var gifte, og budde der nokre år. Dei eldste borni deira var fødde der.


Olav Jakobson Otterstad, f. 1837, d. 1913, g. 1861 m.


Marta Gulleiksdtr. N. Helland, f. 1836, d. 1882, frå plasset Lyngen.

Born:

  1. Anna f. 1864, g. 1889 m. Jakob Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 8.
  2. Brita f. 1868, g. 1892 m. Johannes Nilsson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 5.
  3. Olav f. 1877, busett bnr. 1 Nedre Helland.
  4. Gulleik f. 1879.


Dei hadde truleg fleire born. Då Brita, nr. b ovanfor, vert gift med Johannes Nilsson Farestveit, heiter det at ho er fødd på Bolstadøyri, og det kan tyda på at foreldri hev butt der på den tidi. Eilev Steinsland nemner og at på plasset Nøstebakken under Mo vart fødd to søner som truleg høyrer med i denne flokken. Det er Jakob, f. 1872, og Nils f. 1874.


Klubben. Plass under bruk 3.

1880: Festesetel frå Jakob Hansson Otterstad til Knut Andersson Nedre Helland og kona Inga Olavsdtr. på plasset Klubben og to utslåttor, Storebotn og Botnafjellet. Knut Andersson er son til Anders Olavson Sekkenes, bruk 9 under garden Mo.


Knut Andersson Sekkenes, f. 1855, g. 1878 m.

Inga Olavsdtr. Farestveit, bnr. 1, f. 1848, 2 born f. på Otterstad.

Born:

  1. Marta f. 1880.
  2. Anders f. 1882.


I folketeljingi 1875 heiter det at Knut er smed og bur på Vossevangen, men er «tilreisende søn» i Sekkeneset då teljingi gjekk fyre seg. Knut for til Amerika med lyden sin.


«Inderstfolk» som budde på Otterstad for ei tid.

Ole Andersen Nedre Helland, f. 1796, d. 1877, g. 1820 m.

Marta Pedersdtr. Gavle, f. 1790, d. 1938, frå Løkje, Vossestrand.


Dette er gamle «Skarven» og kona hans (den fyrste) som budde på Skarvaplasset under Almelid. Dei må ha butt på Otterstad ei tid etter giftarmålet, for i 1822 hev dei ei dotter, Guri, til dåpen herifrå. Sjå elles Skarvaplasset i Almelid.


Lars Olavson Otterstad, f. 1820, g. 1844 m.

Anna Larsdtr. Otterstad, f. 1820, frå bnr. 7.

Born:

  1. Anders f. 1845, d. 1846.
  2. Brita f. 1846, utvandra til Amerika.
  3. Ragnhild f. 1849, utvandra til Amerika.
  4. Lars Olai f. i Manger, busett Bergen 1887.
  5. Ingeborg f. i Manger, reiste til Amerika.


Då Lars og Anna gifte seg på Mo, er han skriven Helland, og det er sagt at han er fødd i Mjeldalen i Haus. Dei budde på Otterstad til 1851. Då flytte dei til Manger, truleg til garden Grindheim i Bø-sokni. Sonen Lars Olai er skriven Grindheim i skifte etter morfaren i 1887.


Granly.

I 1964 er det gjeve skøyte frå gardsnr. 77, bnr. nr. 1 til Bj. Jak. Nygard over ein parsell i Krakelid som har fått navn Granly og bnr. nr. 24.


Bjarne Jakobson Nygard, f. 19**, g. 1939 m.

Alvhild Olavsdtr. Helland, f. 1914, d. 1955.

Born:

  1. Jon f. 19**, g. 1972 m. Kari Marie Vevle, f. 19**. 4. born.
  2. Grete f. 19**, g. 1977 m. Olav Kvåle, Ulvik, f. 19**. 3 born.
  3. Bjørn f. 19**, g. m. Audhild Rigmor Bjørnevoll, f. 19**. 3 born.


Heiane.

Frå gr.nr. 77, bnr.nr. 1 vart det i 1975 selt eit stykke med namn Heiane til Modalen kommune. Dette området vart lagt ut til bustadtomter. Nokre husbyggjarar - som ved sitt arbeid var knytt til bygda - fekk kjøpa sine tomter og fekk då bruksnr. på desse.


Br. nr. 27

Olav Indvær, lærar, f. 19** av foreldre Lars Indvær, Bømlo, og Gunnhild f. Torsheim.

Gift 1968 med

Berit Oline Vae, f. 19** av foreldre Johs. K. Vae og Olina, f. Naterstad, Kvinnherad.

Born:

  1. Jan f. 19**.
  2. Line f. 19**.
  3. Bjørn Olav f. 19**.


Br.nr. 31 Heiane.

Harald Nottveit, f. 19**, g. 1957 m.

Anny Edvarda Tveit, f. 19** i Strandvik.

Born:

  1. Bjørg Åse f. 19**, g. 1980 m. Terje Hop.
  2. Knut Jarla f. 19**, g. m. Rigmor Faugstad, Dale.
  3. Arild Holger f. 19**.
  4. Jan Erik f. 19**.


Br.nr. 34. Heiane.

Svein Mo, f. 19**, g. 1969 m.

Jorun Straume,St.h. f. 19**.

Born:

  1. Marianne f. 19**.
  2. Gro Henny f. 19**.
  3. Endre f. 19**.


Br.nr. 28. Heiane.

Johannes Steinsland, f. 19**, g. 1968 m.

Gerd Mostraum, f. 19**.

Born:

  1. Sissel f. 19**.
  2. Tone f. 19**.
  3. Frank Stian f. 19**.
  4. An-Magret f. 19**.


Br.nr. 37. Heiane.

Per Opheim f. 19**, g. 1972 m.

Alette Eikemo, f. 19**.

Born:

  1. Steffen f. 19**.
  2. May f. 19**.


Br.nr. 42. Heiane.

Johan Bruvik, f. 19**, Dale, g. 1971, m.

Venche Fardal, f. 19**, Dale.

Born:

  1. Anette f. 19**.
  2. Janiche f. 19**.
  3. Camilla f. 19**.
  4. Joachim f. 19**.


Brnr. 41. Heiane.

Bjørg Åse Nottveit, f. 19**, g. 1980 m.

Terje Hop, f. 19**, Dale.


Br.nr. 35. Heiane.

Knut Dale, f. 1925, d. 2007. Sjå bnr.nr. 4, Mo.


Folketeljing. Samandrag.

1645. Kopskatten: 7 personar yver 15 år.

1667. Prestemanntalet: 7 mannspersonar og 2 enkjor med gard. 1701. Manntal: 11 mannspersonar og 1 enkja med gard.

1711. Skoskatten: 19 i alt, av dei 4 born og 6 tenarar.

1801. Folketeljing: 34 i alt, av dei 4 sjølveigarar, 1 husmann, 9 born, 13 tenarar.

1835. Folketeljing: På garden er 5 hushald med tils. 60 personar: av dei 4 sjølveigarar, 1 leiglending, 6 kårfolk, 9 tenarar, 24 born.

1865. Folketeljing: 51 i alt, av dei 28 menn og 23 kvinnor. 1875. Folketeljing: 48 i alt, 26 menn, 22 kvinnor.


1900:

Bruk 1: Olav Johnson med kona og ei dotter.
2 hushald: Johan Olavson og kona. Kari Knutsdtr. Lillejord, tenestgjenta. Jakob Olavson Otterstad, dreng. Hans Olavson Otterstad, lærar ug.


Bruk 2: Johannes Hallvardson Grønhaug med kona og 7 born.


Bruk 3: Jakob Hansson Otterstad med kona og 7 born. Maria Nilsdotter, enkje og kårkone. Askjell Johannesson og kona, kårfolk. Jakob Askjellson, dagarbeidar.


Bruk 5 - 6: Johannes Olavson Otterstad med kona og 7 born.
2 hushald: Olav Johannesson og kona.
Kårmann Olav Larsson Otterstad med kona og ei dotter, Brita.


Bruk 7: Jakob Torbjørnson Otterstad med kona og 6 born.
Marta Larsdtr. Almelid, tenestgjenta.
Brita Jakobsdtr. Otterstad, enkja og kårkona med dotteri Ragnhild Torbjørnsdtr.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy