Røydland

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gards og ættesoge for Røydland.


Gnr. 70 Røydland

Tidlegare gnr. 69 i Evanger kommune.

Dette er øvste garden i Bergsdalen. Høgd over havet er 550 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

1647 -1660 Anders Røidland 1 pd. smør
1661 -1669 Anders Lie
1680 - Apostelkyrkja i Bergen.
1686 - Claus Henrikson Miltzow fut, budde på Mossefinn, Voss, og var ei tid forvaltar av krongodset på Voss. Sjå Vossaboki b. IV, s. 488.
1691 -1692 Hans Axelsen, borgar i Bergen (sjå Li 1, tun)
1696 -1698 Hans Axelsens enkja.
1699 -1705 Hans Axelsens arvingar
1708 -1713 Boye Rafnsdorph.

Bumerke.

Fil:Bumerke Gulleik Røydland.gif Gulleik Røydland 1736
Fil:Bumerke Nils Rødland.gif Nils Rødland 1752
Fil:S_R_Rødland.gif Sjurd,Rødland 1768,1773, 1782,
Fil:Bumerke Arve Sjursen Rødland.gif Arve Sjursen Rødland 1782


BRUKARAR:

Bnr. 1.

Gl.matr.nr. 76, nytt 78. L.nr, 161. Skatteskyld 1 pd. smør, landskyld 1 pd. smør. Matr. 1838: 1 skylddalar 3 ort 2 skill. 1886: L.nr. 161 a, skyld 4 ort 1 skill., omrekna til mk. 1.48. 1977: Mk. 1.32.


1619-20 er Matias Røerland etter lensrekneskapen øydejordsmann, betalar 1/2 dalar i legdsskatt.


1624 fører ledingsboka Oluff Røeland opp som brukar. Han betalar 4 mk. smør i leding. Han er nemnd som brukar 1628-34. I 1634 er han «forarmet, gaarden delvis øde», og han kunde ikkje betala skatt.


1625 er etter skattemanntalet Mikkjel nemnd som «husmand», og 1626 er Henrik nemnd som «husmand».


1640-41 er Anders Karlson brukar. Han betalar unionsskatt «efter yderste evne» med 1 ort.


1642 heiter brukaren Arnbjørn. 1643 betalar han skatt med 1 1/2 ort.


1644 fører kontribusjonsskatten opp to brukarar, Arnbjørn og Berge. Dei betalte 1 rdl. i skatt.


1644-51 er Anders Karlson brukar att. 1645 betalar han og kona Ingebjørg koppskatt med 16 skill., og huskona Berette 6 skill. I 1646 er nemnt at ban eig garden sjølv, og betalar odelskatt, og 5 skill, 1 albus skatt for å få skyssplikta bortteken, og 1 ort og 8 skill. i kontribusjonsskatt. Anders er og nemnd som brukar 1653-56.


1657-64 er Peder Andersson brukar. Han må truleg vera son til Anders Karlson. Etter krøterskatten 1657 fødde han 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 8 geiter og 10 sauer, skatt 7 mk. 4 skill.


1664 heiter det at garden er «halv ødegaard».


1691 er Sjur Pederson bygselmann. Han må vera son til Peder Andersson. Han var f. 1657, d. 1735, g. 1689 m. Ingeborg Olsdtr. Horvik, f. 1659, d. 1725.

1695 betalar Sjur: Leilendingsskatt, proviantskatt, kjolepengar, fredtoll, odelsskatt og rosteneste, 1 mrk. 10 skilling.


1717 kjøpte han garden av eigaren Boye Rafnsdorph.

Born:

  1. Gulleik, f. 1690. Neste brukar.
  2. Peder, f. 1691. Han er ikkje nemnd i skifte 1747. 1711 er han tenar på Skjerven. Evangerbokboka b. II.
  3. Brita, f. 1695, g. 1730 Odd Nilsson Li, f. 1690, b. Li nedre, tun 2 bnr. 1.
  4. Ole, f. 1698, g. 1735 Marita Oddsdtr. Li, f. 1718, b. Nedre Rasdal. Evangerbokboka b. II.
  5. Jakob, f. 1705, g. 1736 ek. Kari Larsdtr. Berge, f. 1690, b. Berge bnr. 1


Etter matrikkelen 1723 heiter det om garden: «75 Rødland Apostels Gods udj Bers dahlen. Opsidderis Tal 1. Proprietair og Bøxelraadig 1 pd Sm opsidderen Ejer self. Huusmands Pladser Ingen. Ingen Sætter har lidet brendeveg Skoug, og ey widere. Ingen quærn Intet Fischerie. Ligger 2 Mil fra siøen høyt i fieldet, mislig til Korn og tungvunden. Saar 1/4 td haufre aufler 1/2 td. føder 7 kiør 5 ung Nød 18 faar 1 hæst. Taxt efter gl. Matricul 1 pd Sm. Forhøyet 12 Mk Sm. Har ingen anden næring eller brug uden af Gaardens aufling, ligger 8 mil fra byen».


På skifte etter Ingeborg Olsdtr. i 1725 er bruket verds. 16 rdl., og Gulleik Sjurson får skøyte frå syskena på deira partar for 8 rdl. Gulleik Sjurson, f. 1690, d. 1738, g. 1729 Marita Andersdtr. Svanga, f. 1698, d.

Born:

  1. Knut, f. 1730, d. 1731.
  2. Ingeborg, f. 1732, g. 1756 Jon Olson Geitle, f. 1704, b. Geitle. Evangerbokboka b. II.
  3. Sjur, f. 1735, brukar seinare.
  4. Gulleik, f. 1738, d. 1802.


1734. Skøyte frå Sjur Pederson på 1/2 pd. smør landskyld til sonen Jakob. Jakob Sjurson, f. 1705, g. 1736 ek. Kari Larsdtr. Berge, f. 1690. Jakob Sjurson bur på Berge bnr. 1, og i 1736 skøyter han denne parten til broren Gulleik Sjurson.


1738 er det halde skifte etter Gulleik Sjurson og bruket, 1 pd. sm. vert utlagd enkja Marita Andersdtr. med 12 mk., borna Sjur, Gulleik og Ingeborg tils. 12 mk. Bruket verds. 24 rdl.


1739 får Sjur Gulleikson skøyte frå syskena på 12 mk. sm. irekna hans eigen arvepart. Sjur Gulleikson, f. 1735, g. 1758 Gjertrud Arvesdtr. Narheim, Voss, f. 1729, d. 1796.

Born:

  1. Arve, f. 1759, g. 1780 Kari Magnesdtr. Berge, f. 1758. Sjå nedanfor.
  2. Gulleik, f. 1761.
  3. Anders, f. 1762, g. 1787 ek. Elisabet Askjelsdtr. Væle, f. 1742, b. Væle. Evangerbokboka b. II.
  4. Knut, f. 1765, g. 1798 Marta Olsdtr. Fadnes, f. 1762, b. Rørbakken. Evangerbokboka b. II.
  5. Marita, f. 1767, g. 1790 Jon Torbjørnson Evanger, f. 1754, b. Evangerbokboka b. II.
  6. Mads, f. 1769, g. 1808 Marta Arnesdtr. Vassenden, f. 1776. Mads fall i svenskekrigen 1809.
  7. Kristi, f. 1772, d. 1773.
  8. Kristi, f. 1775, g. 1797 Tormod Ellingson Ukvitne, Voss, f. 1756, jordlaus husmann på Hatlestad.

Sjur er lagrettemann i 1767.

Sjur Gulleikson gifter seg oppatt 1797 med ek. Ingebjørg Halvardsdtr. Berge, f. 1729. Det er halde skifte etter Sjur 1816. Marita Andersdtr. f. 1698 gifter seg oppatt 1739 med Jon Johannesson Tyssen, f. 1712. Dei bur først på Røydland seinare på Skjerven. Evangerbokboka b. II.


1741 er det tinglyst bygselsetel frå Jon Johannesson til Nils Knutson Fyre på 12 mk. smør. Nils Knutson, f. 1703, g. 1732 Anna Jonsdtr. Nedre Skjerven, f. 1693, d. på Flage 1770. Nils d. på Rødland 1754. Ikkje born.


1741 bygslar Jakob Berge 12 mk. smør til Godskalk Olson. Godskalk var frå Lidsheim, Voss, f. , g. 1738 Eli Olsdtr. Mølsterteig.

Born:

  1. Ingjerd, f. , konf. 1757.
  2. Aasa, f. 1742,
  3. Brita, f. 1745, d. 1745.
  4. Kari, f. 1745, d. 1745, tv. med c.
  5. Kari, f. 1747.
  6. Knut, f. 1750, d. 1750.
  7. Jorunn, f. 1751.
  8. Knut, f. 1756.


1742 skøyter Jon Johannesson Nedre Skjerven 12 mk. smør til ungkar Sjur Gulleikson, f. 1735 for 12 rdl.

1779 skøyter Sjur Gulleikson 12 mk. smør til sonen Arve. Han skal m.a. svara kår til foreldra Sjur og Gjertrud. 1791 får Arve skøyte frå faren på dei andre 12 mk. i bruket.

Arve Sjurson, f. 1759, g. 1780 Kari Magnesdtr. Berge, f. 1758, d. 1836. Arve d. 1824.

Born:

  1. Sjur, f. 1780, drukna i elva 1798.
  2. Ingeleiv, f. 1782, d. 1782.
  3. Magne, f. 1783, drukna i elva 1798.
  4. Ingeleiv, f. 1785, g. 1827 Jørgen Haldorson Hernes, f. 1783, b. Hernes. Evangerbokboka b. II.
  5. Nils, f. 1788. Neste brukar.
  6. Gjertrud, f. 1790, g. 1809 Lars Larsson Fosse, f. 1785, b. Fosse bnr 1.
  7. Gulleik, f. 1793, g. 1838 Ingeborg Jørgensdtr. Finne, 29 år gl. Ingeborg var dtr. til Jørgen Kolbeinson Finnesteig. Sjå Vossaboki b. I, Finne, husmannsfolk Grjoteteigen s. 196.
  8. Brytteva, f. 1795, d. 1848.
  9. Sjur, f. 1798.
  10. Ingebjørg, f. 1800, g. 1834 em. Lars Andersson Solberg, f. 1793, b. Solberg/Solbjørg bnr. 1.
  11. Magne, f. 1804, g. 1826 Brita Larsdtr. Ullestad, f. 1802, husmann Rødland.

Etter jordavgiftsboka 1802 var fødnaden 18 krøter, 24 sauer. Sådde 1 1/2 td., avla 6 td. Bruket verds. 200 rdl. Avgift 1 rdl. 18 skill.


1810 skøyter Arve Sjurson 12 mk. smør til sonen Nils, og 12 mk. til Askjel Torbjørnson Evanger. Dei skulde svara kår til seljaren og kona. Same året overdrog Askjel Torbjørnson sine 12 mk. til Nils Arveson. Nils Arveson, f. 1788, g. 1814 Marta Mattiasdtr. Lunde, Voss, f. 1781

Born:

  1. Arve, f. 1816, neste brukar.
  2. Anna, f. 1818, d. 1821.
  3. Kari, f. 1821, d. 1822.
  4. Anna, f. 1823, døvstum, d. 1903.
  5. Mattias, f. 1826, d. på Liland, Voss, 1883.
  6. Brita, f. 1830, d. 1834.
  7. Ole, f. 1833, døvstum, d. 1899.
  8. På skifte etter Marta Mattiasdtr. i 1843 vart bruket for takst 290 spd. utlagt til sonen Arve Nilsson. Nils Arveson gifter seg oppatt 1847 med Anna Ellingsdtr. Småbrekke, f. 1819, d. 1914. Nils drukna i Bergsvatnet 1862.

    Born:

  9. Marta, f. 1848, g. 1874 Brynjulv Brynjulvson Vete, Voss, 39 år gl., utv. til Amerika.
  10. Anders, f. 1850, g. 1875 Synneva Johannesdtr. Bergstad, f. 1848, b. Volda.
  11. Kari, f. 1852, g. 1893 Godskalk Godskalkson Midttun, f. 1863, vevskeibindar. Han sette seg opp hus i Sundet. Sjå Vossaboki , Midttun s. 454.
  12. Brita, f. 1854 (mrs. Betzy St. John, USA).
  13. Marta, f. 1854, g. 1879 Ola Godskalkson Midttun, Voss, f. 1855, Utv. til Amerika.
  14. Elling, f. 1857, g. Petrine Tommesine Molnes, Vigra. Han tok Molnes til etternamn, b. Ålesund.
  15. Gjertrud, f. 1860, huseigar på Rogne, Voss, d. ug. 1945.

m) Elling hadde ein son, Nils, f. 1877, med Ingebjørg Helgesdtr. Evangerhaug. Nils utv. til Amerika 1894, farmar Granville Co., N. Dakota.

n) Gjertrud hadde ein son, Nils, f. 1895, med Kolbein Andersson Hovda, Voss. Nils utv. til Amerika og var med i første verdskrigen. Arve Nilsson, f. 1816, g. 1844 Torbjørg Askjelsdtr, Århus, f. 1820, d. 1896.

Arve døydde 1897, han datt ned lemstroppa og slo seg i hel. Det vart brand i huset, og så skulde han skunda seg.

Born:

  1. Nils, f. 1845. Neste brukar.
  2. Askjel, f. 1847, b. bnr. 2.
  3. Sjur, f. 1850, g. 1874 i Nykyrkja i Bergen med enkja Christophine Bergitte Torgersen, 33 år gl., kjøpmann i Bergen.
  4. Marta, f. 1853, g. 1877 Lars Helgeson Rasdal, f. 1850, b. Øvre Rasdal. Evangerbokboka b. II.
  5. Mattias, f. 1856, d. før 1904. 1875 slåttekar og rypejeger.
  6. Anders, f. 1859, d. 1859.
  7. Brytteva, f. 1861, g. i USA med Jon Larsson Kannikkeberg, Kvam f. 1851.
  8. Anders, f. 1864, omkom i snøstorm 1888.


Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er 4 mål åker, 33 mål god, 22 mål middels og 35 mål naturleg eng. Det var ikkje jord skikka til oppdyrking. Av utslåtter og fjellslåtter 866 våger høy. Sådde 1 3/4 td korn og 2 td poteter, avla 7 td korn og 8 td poteter, og fekk 1444 våger høy. Fødnaden var 14 kyr, 4 ungfe, 40 sauer og 1 hest. Det var meir enn nok hamn, som låg godt og lagleg til. Det var skog til brendsel, men ikkje til sal, og ikkje forsurrogater av noko slag. Det var 2 mil vanskeleg klyvjeveg til sjøen, og 6 mil til Bergen. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. Garden var elles lett og vanleg godt dreven. For bortleigd hamn 3 spd. årleg.


1874. Skøyte til Nils Arveson for 300 spd. og kår. Nils Arveson, f. 1845, d. 1936, g. 1869 Ingebjørg Brynjulfsdtr. Bolstad, f. 1844, d. 1903.

Born:

  1. Torbjørg, f. 1871, g. 1889 Johannes Larsson Li, f. 1859, sjå ættesoge for Dale.
  2. Arve, f. 1873, drukna under bading 1896.
  3. Brynjulv, f. 1876, drukna under bading 1896.
  4. Brita, f. 1881, g. med neste brukar.
  5. Ingeborg, f. 1883, d. 1902.
  6. Marta, f. 1886, g. 1908 Karl Gustav Bjørlo, f. 1885. Vegarbeidar, b. på Evanger og Hosås. Utv. til USA. Huslyden vart att i Evanger.


1875 var fødnaden 1 hest, 8 kyr, 3 ungfe, 14 sauer. Tenestjenta Barbrå Andersdtr. Evanger hadde 2 sauer. Kårmannen hadde 4 kyr og 10 sauer, og Anna Nilsdtr. f. 1823 hadde 1 sau. - 1886 får Anna og broren Ola Nilsson, f. 1833, kår på bruket.


1926 skøyter Nils .Arveson til versonen Torgeir Torbjørnson Kirketeig for kr. 5.000 og kår. Torgeir hadde drive garden siden 1917. Torgeir Kirketeig, f. i Granvin 1877, d. 1967, g. 1910 Brita Nilsdtr. f. 1881, d. 1968.

Born:

  1. Nils, f. 1911. Neste brukar.
  2. Thor, f. 1914, student NTH, Trondheim, fall i krigen i Valdres, 23/4 1940.
  3. Ingebjørg, f. 1916, g. 1961 Olav A. Heimdal, Modalen, f. 1910.
  4. Gjert, f. 1919, g. 1950 Ingebjørg Helgesdtr. Horvik, f. 1921, tekstilarb., sjå ættesoge for Dale.

Torgeir Kirketeig var i lang tid oppsynsmann på vegen frå Odda til Hardangervidda, ei lengd på 12 mil. Han var ein sers dugande vegbyggjar og gjorde mange arbeid som vert omtala med stor vyrdnad. Ved opninga av Fyksesundbrua i 1937 fekk han Kongens fortenestmedalje av kronprins Olav for sitt dugande arbeid som vegbyggjar.


1949. Skøyte til Nils Torgeirson, f. 1911, d. 1989, for kr. 2.000 og kår. Han er ugift.


Jord, skog og driftsopplegg:

Storparten av innmarka er bakkut og bratt med grunnlendte parti. Det meste er myr på fjell og skredjord. Dyrka jord og natureng: 45 dekar. I dei siste 10 åra er det nydyrka omlag 10 da. Bruket bar 40-50 dekar lagleg dyrkingsjord. Skogsarealet er omlag 100 dekar. Med unnatak av nokre mindre granplantinger er vyrket mest bjørk og anna lauvskog. Driftsopplegget byggjer på einsidig grasdyrking. Storparten av jordbruksarealet kan haustast med slåmaskin men ikkje forhaustar. Fødnaden: 12 ungfe av storfe og 20 vinterfora sauer.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1901. Driftsbygningen er eldre.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles utmark sumarbeite til eigen fødnad. Det vert leigd bort hamn til andre. Langs riksveg 13 vert det no utarbeidd plan for eit hyttefelt. Planen tek sikte på bortbygsling av tomter for å skaffa bruket framtidig attåtinnkome.


Bnr. 2.

Utsk, frå bnr. 1 i 1874.
L.nr. 161b. Skyld 4 ort 1 skill. 1886: Mk. 1.47. 1977: Mk. 1.32. 1874. Skøyte frå Arve Nilsson til sonen Askjel for 300 spd. og kår. Askjel Nilsson, f. 1847, d. 1911, g. 1873 Ingebjørg Larsdtr. Li, f. 1856, Askjel Rødland var flink gråsteinsmurar, smed og snikkar, og gjorde eit sermerkt fint og godt arbeid. Han likte handverk betre enn gardsarbeid, og difor gjorde han ofte bytearbeid med folk istaden for å ta betaling.
I 1875 var fødnaden 1 hest, 2 kyr, 2 ungfe, 9 sauer og 1 gris. Etter Ingebjørg var vorti enkja, var ho i mange år budeie på Flagestølen, ho døydde 1927 på Skjerven, Ikkje born.


1904. Skøyte frå Askjel Nilsson til Nils Knutson Brakestad for kr. 2.500 og kår. Kårfolka skulde m.a. ha ein del slåtteteigar, åkeren Langåkeren, foster til 2 kyr og 4 sauer, bruken av eit våningshus, fri transport av varer til og frå Dale, og hest og kjerre 3 gonger om året til kyrkjereis til Dale. Dei skulde og ha rett til beite i sumarhamna for 2 hyrekyr som dei sjølv skulde stia. Endeleg skulde dei ha fri rett til i skogen og på bøen å setja opp snarer til fangst av vilt og «fiske med stang i de elver og bækker paa gaarden hvori fisk gaar».


Nils Knutson, f. 1875, d. 1942, g. 1903 Brita Jakobsdtr. Nesheim, Eksingedalen, f. 1876, d. 1971.

Born:

  1. Ragnhild, f. 1904, g. 1925 Lars Magneson Li, f. 1894, b. Li øvre, tun 1 bnr. 1.
  2. Ingebjørg, f. 1906, g. 1926 Helge J. Furnes, Vaksdal, f. 1899, bonde Søfteland, Os.
  3. Guri, f. 1908, nattpleierske Domkirkehjemmet, Bergen, d. ug. 1971.
  4. Knut, f. 1910. Neste brukar.
  5. Jenny Amanda, f. 1913, d. 1994, g. 1941 Tormod Lid, f. 1906, d. 2003, tekstilarbeidar, sjå ættesoge for Dale.


Nils K. Rødland var medlem av Evanger heradstyre, skulestyre, likningsnemnd m.m.


1937. Skøyte til Knut Nilsson for kr. 3.500 og kår.

Knut Nilsson, f. 1910, d. 1998, g. 1932 Marta Alfredsdtr. Vaksdal, Vaksdal, f. 1909, d. 1997.

Born:

  1. Nils, f. 1932, g. 1958 Eva Hesjedal, Vaksdal, f. 1932, lensmannsbetjent i Vaksdal. Sjå ættesoge for Stanghelle.
  2. Kjell Alfred, f. 1934. Neste brukar.
  3. Bjørg, f. 1936, g. 1960 Amund Nilsson Borge, Voss, f. 1933, meieriarb., b. Palmafossen.
  4. Marit Kjellaug, f. 1939, d. 1942.
  5. Marit Kjellaug, f. 1943, g. 1962 Berhard Øye, f. 1946, Nesbyen. G II 1972 Finn Harald Hamre, f. 1940, heradsgartnarassistent i Ullensaker.


I 1949-53 dreiv Knut Rødland garden som prøvebruk for sau for Landbruksøkonomisk Institutt, og hadde opptil 150 vinterfødde sauer. I mange år dreiv han og foringsforsøk for Norges Landbrukshøgskule. Knut Rødland reiste mykje i fylka i Sør-Noreg som foredragshaldar for Norsk Sau- og geitalslag og held foredrag om foring og stell av sau. Han var medlem av Evanger heradstyre 1945-48 og 1960-63, medlem av skulestyret og var mange år formann i styret for Dale og Bergsdalen Billag, og var med i styret for ymse jordbruksorganisasjonar. Etter at han vart kårmann reiste han til sjøs som «førstereisgut» på båten «Taranger» og var ute i fleire år og var innom dei fleste større verdshamner. I omlag 20 månader var kona med.


I slutten av 1950-åra vart Knut Rødland tildelt Hordaland Landbruksselskaps diplom, og premie kr. 1.000 av Anton Mindes Legat for framifrå drift av gardsbruk.


1963. Skøyte til Kjell Alfred Knutson for kr. 29.000 og kår. Kjell Alfred, f. 1934, g. 1966 Lill Selmer, Trondheim, f. 1937.

Born:

  1. Kjetil, f. 1967.
  2. Askel, f. 1968.

Kjell Rødland er medlem av Vaksdal heradstyre og formannskap 1976-79. Kona er utdanna tekstilingeniør.


Jord, skog og driftsopplegg:

Omlag av den dyrka jorda er flatlendt myr og morene. Resten er bratt skredjord. Dyrka jord: 109 dekar. Kulturbeite: 30 dekar. Jordbruksareal i alt: 139 dekar. Mest heile det dyrka arealet er lettdrive og kan haustast med forhaustar. Det er nydyrka 40 dekar dei siste 15 åra. Det vert rekna med at bruket har 10-15 dekar lagleg dyrkingsjord. Skogsarealet er på omlag 110 dekar. Med unnatak av nokre mindre granplantingar med livdskog, er vyrket mest bjørk og annan lauvskog. Fødnaden: 90 vinterfora sauer, 15 ungfe (oksar) og 3-4 avlspurker med oppforing av kulla til slakt.


Bygningar:

Stovehuset er oppførd i 1875. Driftsbygningen er gamal men er reparert og påbygd fleire gonger i tida 1932-1950 og i 1969. Eldhuset er bygd i 1950-åra.


Fjell og utmark:

Bruket har sumarbeite i felles utmark til eigen fødnad og leiger bort hamn til andre. Mot Hamlagrøområdet er det lagt ut eit hyttefelt med stadfest plan. Bortbygsling av tomtegrunn gjev no og vil i framtida gje attåtinnkome på bruket.


Bnr. 3. Vassrett.

Sk.m. 0.15. Utsk. frå bnr. 1 i 1899.

1899. Skøyte frå Nils A. Rødland til brukseigar W. Konow for kr. 125. 1908. Skøyte frå Konow til Dale Fabrikker for kr. 175.

1918. Skøyte frå Dale Fabrikker til Bergen kommune på Bergsdalsvassdraget for kr. 950.000.

1935. Skøyte frå Bergen kommune til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap på d.m. fl. bruk. Bruket slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 4. Vassrett.

Sk.m. 0.15. Utsk. frå bnr. 2 i 1899.

1899. Skøyte frå Askjel Rødland til brukseigar W. Konow for kr. 125. Vidare som bnr. 3.


Bnr. 5. Hålebergstølen.

Sk.m. 0.12. Utsk. frå Skylje, gnr. 254 bnr. 2 i Voss i 1902 og overf. til matrikkelen for Evanger.

1800 er det tinglyst skøyte frå Arve Nilsson til Berge Olson Skylje på eit stykke utmark ved Svartetjørn for 65 rdl. Grensene for stykket «begynder ved Svartegroen og gaar derfra til Stagstøhederne, derfra til Holleberget og videre i Drøfteskaarvet og endeleg frå sidstmeldte Sted til høyeste Field».

Berge Olson Skylje var son til Ole Ivarson Skorve, bonde på Hosås. 1918. Skøyte frå Nils Knutson Skylje til sonen Ivar Nilsson. Ivar døydde ugift, og stølen fall attende til foreldra.

1935. Skøyte frå Nils Knutson til dtr. Oleanna. Oleanna Nilsdtr., f. 1902, g. 1939 Joseph Rydland, Seim, Alversund, f. 1904, d. 1964. Oleanna og Joseph arbeidde båe i hotellbransjen. Under siste krig og fram til 1950-åra var Joseph i den norske handelsflåten. Han var deretter vaktmeister på Seim skule i Alversund til han slutta i 1960 p.g.a. helsa.

1948. Skøyte frå Oleanna Rydland til bror Vilhelm Skylje for kr. 8.000.


Bnr. 6. Fossheim.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1934.

1935. Skøyte til Nils Johannesson Rødland for kr. 500.


Bnr. 7. Knausen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 5 i 1950.

1951. Skøyte frå Vilhelm Skylje til svogeren Joseph Rydland, f. 1904 utan vederlag.

1955. Skøyte til Johannes H. Rolland for kr. 2.500.


Bnr. 8. Fossheim.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1959. Heimelshavar Nils T. Kirketeig.


Bnr. 9. Fjellheim.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1960.

1960. Skøyte til Nils O Seterdal, f. 1884, for kr. 1.000.


Bnr. 10. Kosebu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1965. Heimelshavar Nils Kyrkjeteig.


Bnr. 12. Rinden.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1966.

1966. Skøyte til Nils Knutson Rødland utan vederlag.


Bnr. 13. Bjørkheim.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1966.

1966. Skøyte til Bjørg Knutsdtr. Borge, f. 19**, utan vederlag.


Bnr. 14. Marittun.

Skyld i øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1966.

1966. Skøyte til Marit Knutsdtr. Hamre, f. 19**, utan vederlag.


Bnr. 15. Mjølstølen.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1966.

1966. Skøyte til Knut Nilsson Rødland, f. 1910, utan vederlag.


Bnr. 16. Lynghaug.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1966.

1967. Skøyte til Bjørnvald Vatle, f. 1902, og Larsina Vatle, f. 1901, for kr. 2.800.

1967. Skøyte til Lilly og Arnold Vågen utan vederlag.


Bnr. 17. Ringbu.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 5 i 1966.

1967. Skøyte frå Vilhelm Skjoldli til systra Marta Eide utan vederlag.

1968. Skøyte frå Marta Eide til borna Nils Eide, Ivar Eide og Per Arne Eide for kr. 6.000.


Bnr. 18. Griegset.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1968.

1969. Skøyte til Bergen Turlag for kr. 11.000.


Bnr. 19. Teigatun.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1971.

1972. Leigekontrakt til Per Teigland i 25 år mot årleg avgift kr. 400.


Bnr. 20. Utsyn.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 2 i 1972.

1974. Feste til Rolf Christensen mot årleg avgift kr. 300.


Bnr. 21, Leitebua.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1.

1975. Feste til Olav Frøynes i 99 år mot årleg avgift kr. 100.


Bnr. 22. Nylendo.

Skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1. Heimelshavar Nils Kirketeig.


HUSMENN OG HUSFOLK

Kristian Karlson Rasdal, f. 1795 og kona Jorund Knutsdtr. var husmannsfolk på Rødland 1833. Det året har dei til dåpen dotteri Anna, f. 4/6 1833.

Kristian Karlson har ein son med gjenta Ragnhild Henriksdtr., Torkjel, f. 1/11 1816, døypt på Voss 19/1 1817.

Torkjel var f. i Raundalen, gift i Mo 2/7 1856 Brita Olavsdtr. Nese, Modalen f, 1830. Torkjel var ei tid plassmann på Nese, seinare bonde på Le, Vik i Sogn, heiter då Høvik.


Magne Arveson Rødland, f. 1804, g. 1826 Brita Larsdtr. Ullestad, f. 1802, d. 1842. Husmann på Rødland 1826-28, seinare på Liland, Vossaboki , s. 547

Born:

  1. Sjur, f. 1826 på Rødland.
  2. Arve, f. 1828 på Rødland.
  3. Kari, f. 1831, g. 1870 Olav Erikson Draugsvoll, 58 år gamal.
  4. Lars, f. 1833.
  5. Anna, f. 1836.
  6. Mads, f. 1838, g. Marta Velomsdtr. Dagestad, f. 1846, husmann på Dagestad og skreddar. Sjå Vossaboki , s. 476./li>
  7. Gjertrud, f. 1841, g. 1862 Odd Oddson Bø, f. 1827, husmann Nesthus, Vossaboki , s. 446.

4 av borna utvandra til Amerika.


Magne g. II 1843 gj. Torbjørg Vikingsdtr. Graue, 52 år gl.

Magne g.III 1853 gj. Ingeborg Mikkelsdtr. Gjerstad, 46 år gl. Magne d. 1884.


1790 bur Sjur Arveson på Rødland, og er vitne i ei rettssak. Han er omtala som blind og fattig. Sjur var son til lennsmannsdotri Kristi Madsdtr. Sæve, f. 1705, g. I 1722 med Arve Arveson Rene, bygselmann på Store Røte, Vossaboki , s. 130.


1823. Kontrakt frå Nils Arveson til Eirik Olson Skjeldal på eit husmannsplass på heimebøen i 18 år. Eirik var f. 1793, g.1 1819 Brita Mattisdtr. Lunde, f.

Born:

  1. Mattis, f. på Skjeldal 1822, husmann på Skjeldal. Vossaboki , s. 580.
  2. Ole, f. på Rødland 1827.


Offentlege forretningar o.l.

1880. Voldgiftskjennelse med Berge og Vik i Kvam om fjellstølen Lien.

1889. Kontrakt om veganlegget gjennom Bergsdalen.

1891. Kontrakt med Ivar Eide om ei bru til stølen Torvneset.

1896. Do. med Konow om Hamlagrøvatn. Avtale om bruk av pengane for Bergsdalselva.

1897. Kontrakt om vegen gjennom dalen.

1928. Ekspropriasjonsskjøn vedk. Hamlagrøvatn og Torfinnsvatn.

1943. Grenseregulering med Berge i Kvam.

1975. Grensegangsforretning mellom Voss og eigedomane i Bergsdalsområdet.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy