Samferdsle og turisme, av Knut Rødland

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Samferdsla og turisme
Av Knut Rødland


Det er lite truleg at dei fyrste som busette seg i Bergsdalen kom frå vest, so ofseleg fjella stengjer her.

Nei, då var natura meir venleg og lokkande for ferdamannen som kom frå Vossebygdene over Hamlagrø og nedetter dalen. Eller over fjellet frå Bolstad, som var eit samferdsleknutepunkt for Vossebygdene.

Bergsdalen var avstengd, omkransa av høge fjell på mest alle kantar. Særleg på sørsida av dalen, der mykje snaufjell er mellom 900 til 1194 m.o.h.

På nordsida av dalen er fjellet meir grasvakse og avrunda, og høgda over havet er heller mindre på denne sida.

Sjølve dalbotnen er trong og krokut frå Fosse, som ligg på ca. 400 m.o.h., men opnar seg etter kvart frå Øye til Rødland, som er på 550 m.o.h. Framkomstvegen langsetter dalen mellom gardane var bra, litt opp og ned her og der var det, då gangevegen som oftast var lagd om gardstuna i grenda.

Bergsdalen høyrde til Evanger sokn i Voss frå gamalt, og folket sitt hopehav med grannebygder vart over fjellet til Evanger, der kyrkja og gravplassen var. Seinare kom gravplass på Bolstad, og då drog folket i Bergsdalen dit med sine døde.

Bolstad var den mest naturlege handelstaden for Bergsdalen, der selde dei varene sine, og kjøpte med seg heim att det som trongst. Det var ein kronglut veg frå Fosse ned mot Dalegarden, dei måtte kliva i stigar sume stader for å koma fram.

Etter at Dale Fabrikker tok til med byggearbeid i Kvammen, kom det ei krambu som han Torbjørn-Johans dreiv. Då hende det at folket på Fosse handla der til visse årstider, men dei måtte gå om ei bru på Dalegarden, fordi det var på sørsida vegen gjekk.

Gulleik Øye f. 1891 fortalde at ein mann frå Fosse, Helge f. 1842, og sonen Anders, som var svært ung, kom den vegen med ei halv tunna korn på ryggen. I Storebotnen glei han med den tunge børa og braut foten. Helge sende sonen heim med melding om kva som var hendt. Då kona kom til Storefossen, møtte ho mannen der. Då hadde han krope på alle fire dei bratte bakkane opp frå Botnen. Kona hjelpte mannen heim, spjelka foten, og etterpå henta ho kornbøra i Storebotnen.

Fjellvegen for Fosse og Øye var over Skårsdalen til Bolstad, og høgda over havet var 600 m på det høgste.

Den mest brukte fjellvegen for Brekke og Lid var om Husaleite og Brattefonna, og her kom dei inn i same ruta til Bolstad som Øye. Denne vegen var noko høgare til fjells enn om Skårsdalen.

Gardane frå Solbjørg til Rødland gjekk over Bergsskaret og om Bolstadstølen til Bolstad.

Sjå oversiktskart der fjellvegane er teikna inn.

Alt det folk i dalen hadde å venda, slikt som smør, kjøt, huder og skinn, rjuper og anna vart frakta på hesteryggen, eller bore på ryggen av kvinner og menn over fjellet. Med seg attende tok dei det dei trong kjøpa, som korn, salt, turrfisk og saltfisk. Og slikt som dei trong til emne i smia og reiskapslaging. Det vart frakta kvernesteinar og slipesteinar over fjellet, t, og dei var ikkje enkle å laga kløv av. Det går segner om sterke karar som tok kvernesteinen eller slipesteinen på ryggen og rusla over fjellet.

Når nye hus skulle byggjast på garden, måtte dette planleggjast i lang tid på førehand. Alle materialane måtte hoggast og fraktast frå Bolstadmarka eller frå Dalane vest for Bulken.

Når so materialtransporten over fjellet til byggeplassen tok til, vart dette gjort med krinsvis dugnad. Ofte kom dei ut for ruskever og uføre, og det vart eit slit for folk og hest.

Attfortalt frå Knut 0. Berge 1872.

Det tok frå 3 til 5 år å hogga og frakta tømmer til eit hus i Bergsdalen den tid. Det er framleis fleire bustadhus og driftsbygningar i grenda vår som er frakta over fjellet på denne måten. Tømmervegen frå Øye gjekk opp Leitet frå Øyabøen og innover Skårsdalen. Der er ein stad som heiter Vegaskiftet. Der kom Fossefolket til. I Brattefonnskaret kom vegen frå Brekke og Lid til. So bar det framom Gobsakrossen - Heiane - Timberdalen. På Furustadlen var det kvilestad. Etter dalen her kom elva frå Bolstadstølen, og her på desse kantar gjekk vegen saman med dei som kom frå oppedalen over Bergsskaret - Bolstadstølen. Vegen gjekk vidare over Laupet (bru) og heimover Brislingabotn. I Kleivabrekka var det so bratt at hestane ikkje kom fram med lass, dei måtte heisa stokkane opp ca. 150 til 170 m med talje. Vidare gjekk vegen om Freisføte-Kipejensflåten og heim på Flåten.


Bilete s. 287 Arbeidslag på militærvegen Moastølen.


Den andre tømmervegen som særleg vart nytta av folket i øvre dalen, var over Hamlagrøvatnet - Rastboro - Træn, til Dalane vest-sør vest for Bulken. Det kunne forteljast mangt om blodslitet med denne tømmertransporten, og om folk som kom bort på fjellovergangane våre.

Ein fjellveg som ofte vart nytta var over Hardingaskaret - Lien stølen ved Hamlagrø, over Vende - Fitjadalen til Øystese. Denne vegen er 3 mil, og vert nytta av stølsfolk og turfolk til denne dag. Men i gamle dagar fór bergsdølene denne vegen for å kjøpa ljå og andre bitjarn. Det var namnspurde ljåsmedar i Øystese.


For noko over 100 år sidan var Nils Arveson Rødland, f. 1845, på veg til Øystese for å kjøpa ljå. Det var fint skiføre på seinvinteren. Då han kom ned i Nilsabakkane, såg han ein skistav som stakk opp or snøen, han rota litt og fann ein neve som heldt fast i staven. Nils grov fram mannen, og tok han på aksla og bar han til Øystese. Det var ein rjupefangar der frå grenda, som kom bort i eit ofselegt styggever tidlegare om vinteren.

Ein annan fjellveg er frå Småbrekke framom Storelitjønn og Gullhorgaskaret og ned Klungerdalen til Kvittingen i Samnanger. Denne vegen er 2 mil og ca. 900 meter over havet.

I åra 1926-29 bygde dei militære ein svært enkel kløvveg etter denne ruta. Det står att nokre hundre meter på høgda, som ikkje vart gjort ferdig den gongen. Det var ei vakker og vill natur i dette området, som turfolk set pris på til alle årstider.

Men den alle eldste ferdslevegen gjennom Bergsdalen er truleg driftevegen frå Vossebygdene over Bergsdalen – Herfangen - Austmannabotn over Gullbotn, Unnelandsdalen til Haukelandsvatnet, og etter dalføret til Bergen. Attgjeve Festskrift for Voss herad 1837-1937. Side 34.


I lange tidbolkar hende lite som hadde innverknad på levekåra for folket i Bergsdalen. Men etter 1875 hende ymse som fekk mykje å seia for den vidare utvikling i dalen.

"Dette året løyvde Voss kommune kr. 200.000 til Vossebanen, som vart opna for drift i 1883". Attgjeve Festskrift for Voss 1837-1937. Side 40.


Dette førde til at Dale, som for hundre år sidan var ein kalvehage, vart bygt ut til landets største og mest moderne tekstilfabrikk. I slutten av 1960 åra hadde fabrikken ca. 1200 tilsette, og endå om det no er ringe tider for tekstil, er der framleis ca. 700 tilsette. Og der er større produksjon i volum og kroner enn nokosinne før. Men det som skapte den største snunaden for Bergsdalen, var veganlegget Dale - Fosse frå 1891 til 1895. Og etter ein pause nokre år vegbygget Fosse - Hamlagrø frå 1901 til 1910.

Straks vegen kom, vart sal og kjøp av produkt lagt til Dale. Det kom vossakjerra på kvar gard, og ein tur til Dale med hest vart rekna for berre moro, mot turen over fjellet med bør på ryggen. Men vinters dag var det hardt mang ein gong. I dei verste uversbolkane var det ikkje farande med hest. Då var det å taka skiene fatt og med tung bør på ryggen få fram det som måtte til og frå garden. Når uveret gav seg, for mann av huse for å brøyta vegen, slik at det vart farande med hest.

Det var vanleg å bruka trug på hesten, det var ikkje framkomande i laussnøen utan. I gamal tid var trugane laga av vidjer, og dei var ryre i bruk. Seinare vart materialet til trugene betre. Dei seinaste som var i bruk, var av jarn, med berre ei reim som låste trugen fast til hestehoven.


Turismen.

Omlag samstundes som vegen kom, byrja folk frå Bergen og Dale å taka helgaturar til Bergsdalen og Hamlagrø. Særleg vart dei vakre fjellviddene omtykte og nytta for påskeutfart.

Den tid var det hotell på Dale, og verten ordna med hesteskyss for gjestene eller andre reisefylgje til Hamlagrø. Det hende at 5 - 10 hestar kom gjennom dalen sume dagar. Bøndene tok del i denne turistkøyringa. Dei tente nokre kroner på det, men mange meinte at det var berre til hefte i slåttonna. Men trongen til kontantar auka på etter at vegen kom og det var lettare å koma på krambua. Det var den tid 2 turisthotell ved Hamlagrøvatn, og i 1920-30 åra var det motorbåtrute som frakta mjølk, varer og turistar over vatnet innan stølsgrenda.

Endå om det var lite av husrom, tok folket på gardane i mot påskegjester. Mange vart som stamgjester å rekna, dei kom att år etter år. Me har døme på at dei same kom att i 45 år.

På stølane kring Hamlagrøvatn var det årvisse påskegjester. Provianten til desse vart frakta frå Dale med hest dagane før påske. Det var bøndene i dalen som tok på seg denne transporten, som fall på ei årstid då føret ikkje var det beste, og denne transporten vart rekna for slitsam og krevjande.

Ved tunnelane i Storfjellet var det å skifta frå slede til vogn. Vogna var stasjonert der når det leid på vinteren. Soleis vart det omlessing til slede på heimveg, og Storefossen var dryg med tunge lass. Som oftast gjekk hesten på trug, serleg frå Rødland til Hamlagrø, der vintervegen var lite oppkøyrd.

Under normale føreforhold tok det ca. 10 - 12 timar tur-retur Dale Rødland. Skulle ein til Hamlagrø, tok det mellom 15 og 20 timar, alt etter korleis føre var. Det hende at det tok 1 døger med slit før lasset var på plass og mann og hest var ferdig med sitt oppdrag. Det var etter slike turar du lovde hesten og deg sjølv at noko slikt skulle ikkje gjerast oppatt.

Taksten for lasset var 20 kroner den tid.

Eg må fortelja ei hending frå ein slik tur:

Det var seinkvelds, eg kom med påskelass på isen under Grønestad. Brått for hesten gjennom isen, lasset vart ståande på iskanten som var stødig, men det truga på hesten, som hadde halsen inn over iskanten. Eg fekk lirka laus orepinnane og skuva lasset bakover so hesten vart fri.

Hesten som var spak av natur, heldt seg i ro, berre trødde vatnet. Det var 4 km til folk, so noko hjelp var ikkje å tenkja på. Det såg ikkje lovande ut for å berga hesten, som ikkje kunne greia seg lenge i det iskalde vatnet.

Eit instinkt sa at her måtte eg nytta oppdrifta. So tok eg eit godt tak i kverken på hesten og tvinga han ned i vatnet, og drog so brått til. Heldigvis var iskanten sterk, og i andre forsøket lukkast det, ned med hesten -- og eit kraftig rykk, og hesten låg på sida inn over iskanten, roleg som han var daud. So var det å lirka han inn over iskanten, til hesten med eit bråkast hjelpte til, og der sto han på trygg is.

Ein vert noko skjelven på nevane etter ei slik hending. Og seinare i mange år gjorde hesten ein sving utanom den staden der han datt igjennom.


Når det var ferietid i Dale Fabrikker, kom det mange der ifrå til Bergsdalen og budde på gardane. Det var ikkje alltid so romsleg, men folket var nøgde med det som var. Og ferien baud på avveksling som fisking i elvar og vatn, fjellturar, bærplukking, herlege turar kring på stølane der det vanka rjomekoller.

Frå Bergen kom fjellvane turfolk som overnatta på ein eller annan gard i dalen og gjekk dei gamle fjellvegane som sundagsturar. Seinare bygde Turlaget Høgabu, som er mykje nytta til alle årstider. Og i nyare tid Alexander Grieg hytta, som ligg lagleg til for val av turar.


Det var i 1930 åra at interessa for hyttetomter vart merkande i vår grend. Dei fyrste som leigde tomter var slektningar eller kjenningar. Leiga var på åremål, eller nokre kroner for året. Leiga var svært rimeleg, heilt ned til 5 kroner året til å byrja med.

Seinare vart pågangen etter hyttetomter større for kvart år, og snart viste det seg at ikkje alle hytter var rett plassert i lendet. Men etter at me fekk ein utmarksplan, vart hytteområda plassert med større omtanke. I 1977 var det 162 hytter i Bergsdalen, og leiga er i samsvar med prisane i distriktet.

Bortleiga av hyttetomter må vera med å styrkja næringsgrunnlaget, og dermed halda oppe busetnaden.

Folket i dalen har kan henda ikkje vore flinke nok til å nytta ut turismen i sitt næringsgrunnlag, som t.d. utleigehytter og turistheimar med meir. Grunnen er vel manglande kapital og tradisjon, og at det er vågalt å satsa på ei ny og kanhenda usikker næring. Men dei naturlege vilkåra skulle sikkert vera til stades.


Bilalderen.

Fyrste bilen kom til dalen i 1920. Det var handelsmann Knut Seim som saman med nokre andre skipa det fyrste billaget.

Dette var ei hending som på noko sikt endra levekåra til folket i Bergsdalen. Laget vart omskipa i 1927, dei store luteigarane drog seg attende, og lutmidelen kr. 15.500 vart spreidd i dalen, og noko lite på Dale. Laget fekk namnet Dale og Bergsdalen Billag. Grunnen for omskipinga var manglande lønsemd, då det etter kvart var fleire som kom med bilar og dreiv køyring i konkurranse med rutebillaget. Seinare vart det konsesjonsplikt på rutekøyring, men Vegkontoret var vel romslegt med løyve. Det nyskipa laget kjøpte ein drosje for å gje betre tilbod til dei reisande. Same året gjorde årsmøtet vedtak om ikkje å etla ut renta for lutmidelen, og det vart søkt om driftstilskot.

Det var berre i sumarhalvåret det vart køyrt ruter. Dei tok til når folket kom på stølane kring Hamlagrø ved jonsok, og tok slutt når dei buførde heim frå stølane kring 20. september.

Det var ei kombinert mjølke-, vare- og personruta.

Frakta på mjølk var 3 øre literen, og persontaksten var 10 øre pr. km pluss 50 øre i Storefosstillegg.

Det var ikkje trafikkgrunnlag for meir enn eitt rutebillag, difor kjøpte Dale og Bergsdalen Billag i 1935 rettar og materiell av dei som hadde løyve til rutekøyring, for kr. 10.000.

I lange tider hadde laget vanskar med dei private bileigarane, som tok dei lønsame helge-turane og let laget sitja att med pliktene.

Etter kvart vart rutesesongen utvida til frå snøen reiste om våren til han kom om hausten. I slutten av 1930 åra prøvde billaget å halda vegen open med snøplog, men det var for svakt bilmateriell, og det røynde hardt på økonomien til laget. Bøndene gjorde ein stor innsats for å halda vegen open for rutebilen. Dei rykte ut med spade og rydda skavlar og snøskreder.

Fordelane med dagleg rutesamband til Dale var store, slik som levering av mjølk, varesending og post.

Etter søknad tok Evanger kommune og fylket del i kostnaden med vinterbrøytinga. Og nokre år etter krigen fekk billaget i stand ei ordning der alle partar sytte for at Bergsdalen skulle få vinterbrøytt veg.

Billaget hadde stadig ein anstrengt økonomi, endå om me etter søknad fekk driftstilskot frå staten. Det var årevis laget ikkje betalte renta for lutmidelen. Når laget kjøpte nytt bilmateriell, vart dette finansiert med lån, og styret og andre skreiv på som kausjonistar. Under krigen 1940-45 vart det harde innskrenkningar i rutene, bensin vart det etter kvart uråd å få tak i. Og so vart det gassgeneratorar med karbid eller knott som drivstoff. Det var ei hard tid både for arbeidstakarane og for økonomien til laget.

Då krigen slutta, var materiellet nedslite, og det ville taka tid å få nytt materiell. Årsmeldinga for 1947 syner at laget har 6 bilar: 2 bussar, 1 kombinert, 1 drosje og 2 lastebilar. Tre av desse vognene var frå før krigen.

Under krigen vart det bygt ein garasje på Rødland, den kom vel med til oppbevaring av drivstoff og rekvisita. Elles hadde billaget planar og teikningar av eit garasje- og verkstadbygg bak jarnbanestasjonen på Dale, men tomtespørsmålet vart ikkje løyst av dei kommunale styresmaktene. Seinare vart det reint mellombels bygt der Shell stasjonen no er.

År 1949 den 18. juni vart Dale og Bergsdalen Billag omskipa til eit uansvarleg lutlag. Føremål: "Transportverksemd med bilar".

Lutmidelen var 21.200 kroner fordelt som før med luter å 100 kroner. Årsmeldinga for 1949 fortel om eit vanskelegt år for laget. A/S Dale Fabrikker køyrde med eigne bilar sine tilsette på laurdags- og sundagsturar til Hamlagrø for billegtakst. Dette reduserte trafikkgrunnlaget for rutelaget. Saka vart teken opp med direksjonen for Dale Fabrikker, og det heile ordna seg til eit samarbeid om fritidskøyring med helgane.

Vidare står det i årsmeldinga: "Nedslitne bilar, dårleg vegvedlikehald, høgare lønningar. Og bensinprisen opp med 37,3 øre frå 45,2 til 82,5 øre pr. 1. medan takstane auka med 7%".

Same året tok styret kontakt med Bruvik kommune for å få den til å gå inn i laget med aksjekapital og garantiar for lån. Kommunen skulle få 2 av 5 mann i styret.

Det var liten interessa for dette i heradstyret, men etter lange vurderingar vart det teikna for kr. 5.000 i luter i billaget. Og kommunen fekk 1 mann i styret. (Samla lutmidel kr. 26.200)

Det kom no planar om veg over Hamlagrø, og me høyrde om gjennomgangsveg Trengereid - Vaksdal - Dale.

Når desse vegplanene vart realisert, ville Bergsdalen få gjennomgangsveg Bergen - Voss.

Sjur Narheim som hadde rutekøyring Hodnaberg - Bulken, og styret i Dale og Bergsdalen Billag tok kontakt med N.S.B. ved distriktssjefen i Bergen, Poppe Jensen. Føremålet var å skipa eit rutebillag, Bergen - Voss.

Samstundes vart retta spørsmål til Eksingedalsruta, om dei var interessert i eit slikt samarbeid.

I årsmeldinga for 1956 heiter det m.a.: "Sjur Narheim og Dale og Bergsdalen Billag er samde å gå saman til eitt lag, men Eksingedalsruta meiner dette har lite for seg for dei".

Frå 1957 kom det i stand avtale mellom N.S.B. og D.B.B. om godssamkøyring (Bilbaneordning). Dette gav økonomiske fordelar for transport av kraftfor og handelsgjødsel m.m.

Hamlagrøvegen vart ferdig i 1959, og rutekøyringa der vart samordna mellombels, i påvente av ei avklaring i tingingane med N.S.B. Det var mange interesser som skulle samordnast i dette ruteområdet.

År 1965 vart Bergen - Dale - Voss billag skipa, med ruteområde Bergen - Voss. Lutmidelen var kr. 150.000 fordelt slik: N.S.B. 60%, D.B.B. 20%, V.S.G. billag 20%.

Disponenten i Bergen Hardanger Billag, Arne Myklestad, tok på seg å leia det nyskipa billaget.

Røynslene frå samarbeidet i det nye billaget desse åra har vore so gode at det kom tingingar igang om samanslåing av Bergen -Hardanger, Bergen - Dale - Voss, og Voss - Stalheim - Gudvangen Billag til eitt stort lag.

Tingingane har ført fram, og det nye laget Bergen - Hardanger -Voss Billag kan taka over i 1978.

Etter at det vart ubrote vegsamband Bergen - Voss over Bergsdalen har det auka monaleg med bilturisme og tungtransport gjennom dalen. No har me sikker vinterbrøytt veg, og kva dette har å seia for dei fastbuande og framtida for jordbruket i dalen, er lett å forstå.

Ved årsskiftet 1977 var det 3 hestar i Bergsdalen, medan talet på private bilar av ymse slag var 19. Sykkelen kom til dalen straks vegen kom og har vore eit mykje brukt framkomstmiddel.

Ser me attende 85 år, låg grenda avstengd, med ferdslevegar over fjell og finnar. Og kva slit var ikkje dette for folket!

So vart det ei gradvis utvikling med betre ordningar etter kvart, til me i dag har bussruta gjennom dalen med post, varer og folk.


Telefon i Bergsdalen.

Det var telefon til Hamlagrø hotell før århundreskiftet, men der var ope berre i sumarhalvåret. I denne tida vart telefonen nytta av folk frå øvre gardane om det var noko ekstra.

Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap bygde telefonlina gjennom dalen i 1928. Etter tingingar gav grunneigarane fri grunn for framføring av lina, og tok transporten av stolpane fram til linetraseen. Som vederlag for dette vart det lagt inn apparat på Fosse, Øye, Lid, Berge og Rødland. Telefonen kunne brukast fritt innan dalen, men når ein skulle utom dalen med ein samtale, var det vanlege takstar.

Seinare kom kravet om telefon på kvar gard, og jordbrukslaget tok saka opp med Televerket.

Televerket tok då over lina til B.K.K. Og alle i dalen som ynskte telefon teikna seg for gratisdagsverk, som svara til tilknytingsavgifta den gong. Arbeidet kom i gang i 1958. Seinare er telefonen automatisert, og det har det vore vanskar med særleg på den tekniske sida. Men no kan me ikkje tenkja oss å leva utan telefon.


Radio og fjernsyn.

Fyrste radioapparatet kom til dalen i 1925, men det gjekk 10 år før det vart vanleg med radio i heimane.

I 1962 kom fyrste fjernsyn-apparatet til dalen, men sjåartilhøva var ikkje gode. Jordbrukslaget tok saka opp med Televerket, og det vart søkt om utbygging av omformar.

Etter mange år med purringar til Televerket vart ein omformar bygd på Bakkegga, som fekk namnet: Bergsdal 1. Den kom i drift hausten 1976. Men Bergsdalen er ikkje dekka med denne, so truleg kjem det meir utbygging på den sektoren med det fyrste.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy