Sandvik

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
Line 291: Line 291:
den førre brukaren her. Harald Martin f. 1929 er g.m. Ester f. 1936, dtr. åt Mons P. Langhelle. Sjå Stavenes bnr. 18.
den førre brukaren her. Harald Martin f. 1929 er g.m. Ester f. 1936, dtr. åt Mons P. Langhelle. Sjå Stavenes bnr. 18.
-
<center>BNR. 2</center>
+
<center>
 +
===BNR. 2===
 +
</center>
Utskilt frå bnr. 1 1808.
Utskilt frå bnr. 1 1808.

Versjonen frå 16:31, 8 april 2009

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Sandvik.

Fil:Rodberg 01.gif


GNR. 10 SANDVIK

Innhaldsliste

Innleiing

Denne garden ligg ved ei vik om lag 1/2 km søraust for Stavenes. Gardsnamnet er skrive Sanduig 1620, Sandvig med Øren 1667, Sandvig 1723, Sandvik 1886. Tydinga av namnet synest svært grei. Her må vera sandut jord, eller sandbotn i sjøen.

Den eldste busetnaden finst det lite kjeldetilfang om. Her er ikkje gjort fornfunn. Det eldste skriftlege vitnemålet er ein lensrekneskap frå 1590-91. Både i denne kjelda og i skattelistene for byrjinga av 1600- talet, vert Sandvik rekna som øydegard. Dette kan tyda at garden låg øyde ei tid etter Svartedauden. Men garden må ha vorte teken i bruk att på 1500-talet eller ved byrjinga av 1600-talet. Nemninga øydegard vart på 1600-talet brukt om gardar i den lægste skatteklassa. Landkommisjonen 1661 kallar også Sandvik for øydegard. Kommisjonen gjev elles desse opplysningane om garden: "Niels Harboess Arffuinger er og bøxler. Ingen Herligheed uden Ringe Brendeschoug." I matrikkelen 1723 finn me denne vurderinga av garden: "Ligger ved Søen, uvis paa Korn og god til Høe. Dog noget tung at vinde, ligger 3 3/4 Miil fra Bergen. Lever of quægetz avling og lit Brændeveed at selge."

Tunet i Sandvik ligg i ei bratt li 85 m. o. h. Ei tid på 1800-talet, frå 1808 til 1842, var det 2 brukarar på garden. Dei budde båe to i det gamle tunet. 1842 vart bruka slegne ihop att. Sjå bnr. 1 og 2.

1847 vart det skilt ut eit nytt bruk i utmarka ovanfor garden. Det nye bruket kalla dei Kjøndalen. Tunet i Kjøndalen ligg 330 m. o. h. Sjå bnr. 3.

1863 tok ein ny matrikkelkommisjon til med å samla opplysningar om gardane. I rapporten frå denne kommisjonen, Herredsbeskrivelsen av 1863, finn me desse opplysningane om Sandvik: Hovudbruket hadde 4 1/3 mål åker. 1 mål var middels god. Resten var ring. Bøen på hovudbruket var 38 2/3 mål. 12 mål var god bø. 10 2/3 mål var middels god. 16 mål var ring bø. I Kjøndalen var det 420 m2 ring åker og 32 mål bø. 1 mål var god bø. 1 mål var middels god. 30 mål var ring bø. Hovudbruket var særs tungbrukt. Kjøndalen var lettbrukt men utsett for frost.


Fil:Tunet i Sandvik 1979.jpg

Fig. 33. Tunet i Sandvik 1979. Foto Torbjørn Øvsttun, Dale.


I Herredsbeskrivelsen finn me også ei verdsetjing av laksefisket. Innkoma vart sett til 5 spd. for året. Her var fleire fiskeplassar der dei hadde laksegiljer. Den eine gilja stod på Laksaneset. Den eldste skriftlege opplysninga om laksefisket er frå 1768. Då vart det tinglyst bygselsetel på ein lakseplass i Sandvik til to menn frå Hosanger, Eirik Olsson Raknes og Sjur Bergesson Raknes. Dei skulle betala ei eingongsavgift på 4 rdl. og ei årleg avgift på 2 rdl. for lakseplassen. 1774 fekk Sjur Raknes ein ny bygselsetel. I denne bygselsetelen var årleg avgift sett til 1 rdl. 1791 fekk brukaren i Sandvik; Anders Eilifsson, tinglyst serskilt bygselsetel på laksefisket. 1799 let Anders gardsbruket frå seg og tok kår.. Men han heldt fram med å driva laksefisket. Brukarane dreiv for det meste laksefisket sjølve. Det var halde for å vera ein viktig del av næeringsgrunnlaget for denne garden. Fleire av brukarane var velstandsfolk. Inntektene frå laksefisket la ein del av grunnlaget for velstanden.

Laksefisket har vorte ringare dei siste 100 åra. Ein av grunnane til dette er truleg store sprengingsarbeid på jarnbaneanlegget.

Landkommisjonen 1661 nemner ikkje laksefisket. Men skogen tok dei omsyn til ved verdsetjinga av garden, både 1661 og seinare. 1863 hadde hovudbruket nok skog til hustømmer og ved. Dei hadde også ved til sal. Nettoinnkoma av vedsal vart sett til 6 spd. for året. I Kjøndalen


var det lite skog. Matrikkelkommisjonen 1863 meinte at Kjøndalen hadde knapt med ved og hustømmer. Likevel var vedsal ei viktig inntektskjelde for brukaren i Kjøndalen. I manuskriptet "Historien om gården Kjøndal", som bygdebokarkivet har fått kopi av, fortel Ole Kjøndal om dette: "For å skaffe seg kontanter var det å drive i skogen, det var å lage ved, men det var lang og tung transport. Først å bære den ned til sjøen, så lage den til målved. Men det var ingen steder å få solgt den før de kom til Ytre-Arna. Der var fabrikk og veden ble solgt til arbeiderne ved fabrikken. Men som oftest måtte de ro veden helt til Bergen, en reise på 3 til 4 døgn etter som været var lagligt.

Dette var et arbeid som ble drevet om vinteren, på den tid av året som været var mest omskiftende. Ofte ble de liggende værfaste og måtte søke havn i en vik og vente på at været skulle bli betre.

Salget av ved blev drevet som byttehandel med kjøpmannen i Bergen. Han kjøpte veden av bøndene og de kjøpte korn, mel og salt av ham. På den måten hadde de last begge veier. Som oftest var de 2-3 mann sammen på slike turer. De brukte robåt med 3 par årer til. Det hendte også at de fikk bruke seil. Mr de seilte, var det straks lettere. Slike turer gjorde de 2-3 ganger om året, vår, høst og til jul. Bonden i Kjøndal fikk som oftest være sammen med bønder fra Langhelle da han ikke hadde båt selv.

Tidene forandret seg på grunn av industrien og utviklingen i arbeidslivet ellers. Det kom landhandel med bakeri på Bruvik. Det var Anders N. Hetlevik som begynte denne forretningen, en meget snill og hjelpsom mann. Han tok mot all den ved som far kunne skaffe. Han brukte den i bakeriet. På den måten fikk far levere ved i bytte med korn, mel og nødvendige varer til husholdningen. Veien med transporten var dermed også blitt kortere da det bare var å ro den rett over fjorden fra Sandviksjøen. Turen kunne gjøres på en dag.

Det var sjelden det kunne avles så meget korn på gårdene at det var nok til en familie, og i Kjøndal som var en fjellgård slo ofte avlingen feil når det var dårlige år. Da var det salg av ved som var sikreste vei til kontanter til å kjøpe korn og mel for. Det blev heist kjøpt korn da det var billigere enn melet og så blev det malt på egen kvern.

Kvern måtte hver bonde ha for å være selvhjulpen, og i Kjøndal som

så langt fra andre gårder måtte det skaffes kvern. Bestefar fikk kjøpt seg en brukt kvern hos en bonde på Langhelle som skiftet sin kvern ut med en ny. Med hjelp av naboer på Langhelle blev denne kvernen transportert med kjelke på snøføre til Kjøndal, og der står den den dag i dag. På denne kvernen har det vært malt meget korn. Den var i bruk frem til 1910."

Hovudbruket i Sandvik hadde kvernstøe i Neset innom elva. Garden hadde flaumkvern 1723.

"Havnegang ved Gaarden men mest Fjeldhavn of middels Beskaffenhed og fuldt tilstrækkelig" står det i Herredsbeskrivelsen 1863. Garden


Fil:Kjøndalen 1955.jpg

Fig. 34. Kjøndalen 1955. Foto Philip Crowo.


hadde ikkje seter 1723. Ein slåtteteig med ei utløe oppe ved Kjøndalen kalla dei Setre. Men det finst ingen opplysningar om at det har vore seterhus, korkje der eller nokon annan stad i fjellbeitet. Så lenge folk minnest, mjølka dei kyrne ute nar dei gjekk på beite i utmarka.

Attåtarbeid utanfor garden var vanleg på 1800-talet. Brukaren på hovudbruket, Anders Johannesson Sandvik, var reservelensmann, forlikskommisær og heradskasserar. Han var ordførar i Haus 1860-61. Då Bruvik vart eigen kommune 1870, vart Anders Sandvik den fyrste ordføraren her. Han sat som ordførar til 1877. Han arbeidde ei tid som Iærar og klokkar. Brukaren i Kjøndalen dreiv med jord- og steinarbeid, mest på jarnbaneanlegget Trengereid-Stanghelle.

Då Staveneskrinsen fekk fastskule 1899, vart det bygt skulehus i Sandvik. Sjå bnr. 4. I tida etter 1913 er det skilt frå ein del hus- og hyttetomter. Sjå bnr. 5-28.


SKYLD, SKATT, AVLING, FØDNAD OG FOLKETAL


Gamalt matrikkelnr. 26 i Arna Skipreide. 1838 nytt matrikkelnr. 27. 1853 matrikkenr. 121. Frå 1886 til 1963 gnr. 21 i Bruvik herad.

Gamal landskyld 18 m. smør, skatteskyld 36 m. smør. 1838 ny skyld 2 dl. 4 ort 8 sk. 1886 3,46 skyldmark.

Leidang og fredtoll 1590-91 1 kalveskinn. 1665 1 m. 15 sk. i leidang, fredtoll, gjengjerd og vedpengar. Småtiend 4 sk. Korntiend 1 1/2 ml.

1692 matrikkeltakst 36 m. smør.

1665 sånad 1 t. korn. Avling 3 1/2 t. 1666 var kornavlinga 2 t. 1723 sånad 1 1/2 t. havre, avling 5 t.

1864 sånad 4 t. havre, 4 t. poteter, avling 11 t. havre, 15 t. poteter, 882 v. høy, 77 v. halm. I slåttene hausta dei på hovudbruka 500 v. høy. Dei hadde dessutan tilgang på beit som svara til 60 v. høy.

Fødnad 1657 1 okse, 6 kyr, 4 kviger, 18 geiter, 26 sauer. Fødnad 1665:8 storfe. 1723 9 kyr, 3 ungfe, 3 småfe. 1864 12 kyr, 2 ungfe, 34 småfe. Det står merknad i Herredsbeskrivelsen om at for å halda denne buskapen har dei på hovudbruket kjøpt 45 våger høy. 1875 1 okse, 10 kyr, 2 ungfe, 27 småfe.

Folketal 1801:7. 1875:9.

EIGARAR

Den fyrste kjende eigaren var futen i Nordhordland, Gudmund Eriksson Skaug. Han døydde 1619, og enkja Cecelia Madsdotter ervde garden.

Cecelia Madsdotter gifte seg 2. gong med dansken Niels Pedersen Harboe. Han var rådmann i Bergen. Dei hadde truleg ikkje born. 1647 sette dei opp eit gåvebrev, der det vart fastsett at Sandvik etter deira død skulle tilhøyra Nykyrkja i Bergen. Gjevarane hadde tinga seg gravstad der.


" Gave bref.

Ieg Niels Pedersen Harboe Raadmand udi Bergen giør vitterligt at eftersom intet er vissere end døden og intet uvissere end Dødens Time, da haver ieg og min kiære Hustru Cecelia Madsdatter, Gud Allermægtigste tilære, Den nye Kierke her sammestæds, givet og foræret, og hermed for vores bevilgede Gravsted derudi, undergive og forære til forbemeldte Nye Kierke en vores Jord Sandvigen kaldet beliggende i Arne Skiprede udi Nordhordlehn, som udi tolig Possession i mange Aar haver fulgt forbemeldte min kiære Hustru siden 1619, hvilken Jords Besiddelse, giver Aarlig i Stæden for 1 Spared smør - 1 rixdaler udi Landskyld, føder 1 Nøed og giør 2 dages Arbeide, dog med saadan Condition og Vilkaar, at ieg og fornævnte min itzige Hustru udik Vores Livs Tid selver følger Landskyld, Bøxel og anden Rettighed of fornævnte Jord, men efter Vores Død, skal bemeldte Sandvigen, uhindret for begge vores Arvinger og Creditorer, frit forud til fornævnte Ny Kierke hiemfalde og siden derefter, den følge med Landskyld, første og Tredje Bøxel samt al anden fornævnte rettighed, for hver Mands Tiltale som derpaa i nogen Maade kunde hænde at kjære. Og paa det at denne gave desto bedre holdes og efterkommes skal, da haver ieg forbemeldte min kiære Hustru hos mit Signete, dette med vores Hænders Undertegnelse bekræftet og venlig ombedet ærlige Velvise og Velfornemme Mand Jakob Hanson Laugmand og Severin Jenson Borgermester med Os til vitterlighed at forsegle og underskrive. Er og venligen av mine kiære Med-Brødre Borgermestere og Raad begiærede at dette Gave-Bref paa Raadstuen maa blive notifisert og til Bog ført, som skrevet og givet er udi Bergen den lode Sptbr. 1647. Niels Harboe. Jacob Hanson. Severin Jenson."

Nykyrkja åtte Sandvik til 1833. Då fekk dei 2 brukarane kongeskøyte. Men Nykyrkja hadde framleis krav på ei årleg jordavgift på 4 skjepper, 3 fjerdingkar bygg av kvart bruk. Denne jordavgifta vart visstnok innløyst kring 1930.


BRUKARAR FØR 1808

Den fyrste kjende brukaren heitte Arne. Han er nemnd i skattelistene 1611 og var då kalla øydejordsmann.

1620 var Lars brukar her.

1645 var Olav Johannesson brukar. Olav f. om lag 1615, og kona Barbra Sæbjørnsdtr. Langhelle f. om lag 1617, d. 1701 var særs velståande folk.

Born:

  1. Johannes 1655-, brukar på Indre
  2. Olav 1658-, brukar her.
  3. Barbra 1659-1731, ugift.
  4. Marta g.m. Jens Hundhamar, sjå Haus s. 239.

Ca. 1690 vart Olav Olsson brukar etter faren. Olav 1658-1734 var gift, men namnet åt kona er ikkje kjent.

Born:

  1. Brita 1686-, g.m. Johannes Nilsson Skaftå.
  2. Olav 1695-, brukar på Bukkstein bnr. 1. Sjå III s. 43.
  3. Tomas 1705-, brukar her.

1726 bygsla Tomas Olsson. Tomas 1705-1764 var fleire gonger lagrettemann i Arna Skipreide. Han var g.m. Synneva Larsdtr. Stokke 1688-1770.

Born:

  1. Magdeli 1728-, g.m. neste brukar.
  2. Barbra 1730-1751, ug.
  3. Jakob 1733-, brukar på Indre

1758 bygsla Anders Arnesson Steintveit. Anders var frå Samnanger. Han var gift med dotter åt den førr brukaren her. Sjå Samnanger I s. 385.

Anders 1726-1774 og kona Magdeli Tomasdtr. 1728-1807 hadde desse borna:

  1. Arne f. og d. 1758.
  2. Tomas 1759-, brukar på Havrå, g.1.m. Synneva Olsdtr. Fossmark, g.2.g.m. Gjertrud Larsdtr. Havrå. Sjå Haus s. 266.
  3. Anna 1761-, g.m. Tomas Mikkelsson Indre
  4. Barbra f. og d. 1763.
  5. Synneva 1764-, g.m. Olav Haldorsson Langhelle bnr. 5.
  6. Barbra 1767-1772.
  7. Magdeli 1771-1772.
  8. Barbra 1773-1791, ug.


Fil:Gamalt Sandvikfolk foto.jpg

Fig. 35. Anders Johannesson Sandvik 1812-1909 og kona Ingebjørg Jonsdtr. 1812-1907. Gamalt foto reprodusert 1977 av fotograf Westjordet, Elverum.


1774 bygsla Anders Eilifsson Kleiveland. Anders 1747-1809 var g. m. enkja etter den førre brukaren, Magdeli Tomasdtr. Dei hadde ikkje born. Sjå Hosanger I del 2 s. 158-159 og Gjerstad s. 321.

Anders og Magdeli let garden frå seg, og tok kår 1800. Men Anders dreiv framleis halve lakseplassen under garden. Lakseplassen hadde han bygsla særskilt 1791. Då Anders vart enkjemann 1807, ville han gifta seg att. Den nye kona kravde at han skulle ha jord. Anders fekk bygsla halve garden, som no vart delt i bnr. 1 ogbnr. 2. Sjå bnr. 1 og 2 nedanfor.

BNR. 1

Gamalt løp enummer 74. 1850 nytt løpenummer 476.

Gamal landskyld 18 m. smør. Ny skyld 1838 1 dl. 2 ort 4 sk. 1886 1,88 skyldmark. 1956 1,82 skyldmark.

1808 bygsla Anders Eilifsson Kleiveland. Han hadde før vore brukar på heile garden. Sjå ovanfor.

Anders var g.2.g.m. Siri Hansdtr. Småland 1773-1857. Sjå Gjerstad s. 11.

1810 var det halde skifte etter Anders. Opplysningane frå skifte syner at han var særs velståande. Nettoeiga var 558 rdl. Av det var 235 rdl. ute på Iån. Buskapen var verdsett til 64 rdl. Det var og ein del sylv i buet. Arven etter Anders vart skift likt mellom enkja og dottera.

Born:

  1. Magdeli 1809-, g.m. Olav Mikkelson Herfindalen bnr. 1.

1810 bygsla Johannes Monsson Vaksdal, son åt Mons Johannesson Vaksdal f. 1755 og enkja Barbru Bastesdtr. Veo. Sjå Gjerstad s. 250 og Vaksdal bnr. 24. Johannes 1778-1869 var g.m. enkja etter den førre brukaren her, Siri Hansdtr.

1833 fekk Johannes kongeskøyte på bruket, og vart sjølveigar.

Born:

  1. Barbra 1811-, g.m. Mons Monsson Stavenes. Sjå Stavenes bnr. 3.
  2. Anders 1812-, brukar her frå 1842.
  3. Hans 1815-, brukar her 1836.
  4. Dordi 1817-1838, ug.

1836 skøyte til Hans Johannesson for 180 spd. og jordavgift. Hans 1815-1888 selde dette bruket 1842 til broren Anders. Han fekk kår av bruket 1843. 1847 kjøpte Hans eit bruk på Langhelle og busette seg der. Sjå Langhelle bnr. 6.

1842 skøyte til Anders Johannesson for 60 spd., jordavgift og kårytingar. Kårytingane vart tinglesne særskilt. Dei galdt foreldra og broren som hadde hatt bruket frå 1836. 1833 fekk Anders skøyte på Sandvik bnr. 2. Han åtte såleis heile garden frå 1842. 1868 let han frå seg halve garden til ein verson.

Anders Johannesson 1812-1909 var g.m. Ingebjørg Jonsdtr. Sedalen bnr. 1 1812-1907. Anders var særs gåverik. Han arbeidde ei tid som lærar og klokkar, var den fyrste ordføraren i Bruvik og hadde mange andre tillitsverv. Sjå innleiingsbolken.

Born:

  1. Johannes f. og d. 1837.
  2. Dordi 1839-, g.m. Ingebrigt Haldorsson Dale bnr. 5. Sjå II s. 234.
  3. Johannes 1842-1864.
  4. Sigrid 1846-, g.m. neste brukar.
  5. Johannes f. og d. 1847.
  6. Anna 1848-1874, ugift.

1877 skøyte til Johannes Olsson Herfindalen for kår til brukaren Anders Johannesson og Ingebjørg Johnsdtr., verdsett til 344 kr. for 5 år. Johannes hadde fått skøyte på bnr. 2 1868.

Johannes 1837-1894 var frå Herfindal bnr. 9, g.m. Sigrid Andersdtr. Sandvik 1846-1935.

Born:

  1. Anna 1868-1891.
  2. Johannes f. og d. 1869.
  3. Johannes f. og d. 1871.
  4. Anders 1877-1878.
  5. Ingebjørg 1879-1881.
  6. Andreas 1881-1882.
  7. Ingebjørg 1885-, g.m. Sigurd Bruvik, brukar her.
  8. Anna Dortea 1886-1969, g.m. gardbrukar Håkon O. Sato Torpo i Hallingdal.
  9. Johanne 1888-1889.
  10. Johanne f. og d. 1890.

Fosterdotter:

  1. Maria Dale 1868-1927, dotter åt Ingebrigt Haldorsson Dale bnr. 5 og 1. kona Dordi f. Sandvik. Sjå II s. 234 og rettingsliste til bd. II.

Neste brukar var Sigurd Martin Bruvik 1885-1953, son åt Marta Marie og Sjur Andersson Bruvik. Sigurd var gift med dotter åt den førre brukaren, Ingebjørg Johannesdtr. Sandvik 1885-1960. Om lag 1911 tok dei Sandvik som familienamn. Kring 1920 flytte dei til Notodden og busette seg der.

Born:

  1. Sigrid Alvhild 1909-, b. Elverum, g.m. sokneprest Kåre Eide frå Notodden.
  2. Solveig Målfrid 1910-1920.
  3. Nolevande 1912-, b. Stavanger, journalist, g.m. Ninni Hansen frå Notodden.
  4. Nolevande 1914- skulesjef i Fredrikstad, g.m. Ragnhild Buen frå Botne i Vestfold.
  5. Sigmund Ingolf f. og d. 1917
  6. Nolevande 1923-, adjunkt, b. Notodden, g.m. ingeniør Ivar Tobro frå Gjøvik.

1921 skøyte på bnr. 1 og 2 til Mons Haldorsson Langhelle. Mons 1866-1938 var g.m. Anna Olsdtr. Langhelle 1859-1938. Dei hadde vore brukarfolk på Langhelle bnr. 5 før dei kom hit. Mons var frå Kjøndalen. Sjå bnr. 3 nfr.

Born:

  1. Ole Martin 1892-, brukar her.
  2. Haldor 1895-1923, ugift,

1938 tinglyst grunnboksheimel på bnr. 1 og 2 til Ole Martin Monsson Langhelle som einearving etter foreldra Mons Haldorsson og kona Anna Olsdtr.

Ole Martin Monsson 1892-1960 var g.m. Emma Andrea Josefine 1900--1956, dtr. åt Samueline og Johan Kulen, Davik ved Måløy.

Born:

  1. Nolevande 1927-.
  2. Nolevande 1929-, brukar her.
  3. Nolevande 1933-, ingeniør.
  4. Nolevande 1934-, sjå bnr. 24 og 28.
  5. Nolevande 1937-, g.m. Andreas Langhelle. Sjå Sandvik bnr. 9.

1960 skøyte på bnr. 1, 2 og 12 til Harald Martin Langhelle, son åt

den førre brukaren her. Harald Martin f. 1929 er g.m. Ester f. 1936, dtr. åt Mons P. Langhelle. Sjå Stavenes bnr. 18.

BNR. 2

Utskilt frå bnr. 1 1808.

Gamalt løpenummer 75. Nytt løpenummer 1850 477. Gamal landskyld 18 m. smør. Ny skyld 1838 1 dl. 2 ort 4 sk. 1886 1,42 skyldmark. 1956 1,41 skyldmark.


1808 bygsla Tomas Mikkelson Indre-Boge. Han hadde fått bygselsetel på heile Sandvik 1800, men laut gje frå seg att halve garden til ein eldre brukar. Sjå bnr. 1.

1833 fekk Tomas kongeskøyte på bnr. 2 for 180 spd. og årleg jordavgift til Nykyrkja 4 skjepper, 3 fjerdingkar bygg. Han let bruket frå seg same året og tok kår.

Tomas Mikkelson 1770-1842 var frå Indre Boge bnr. 1, g.1 .g.m. Anna Andersdtr. Sandvik 1761-1831. Far hennar var brukar her 1758- 1774. Sjå ovanfor.

Anna og Tomas hadde ikkje born. Dei var særs velståande. I skiftet etter Anna 1832 var nettoeiga 540 spd. Der var 77 spd. i kontantar. 356 spd. var ute på Iån. Dei fleste låntakarane var busette i Bruvik og Haus. Låna var gjevne mot pant i gardar. Lausøyret som var med i skiftet 1832 vart selt på auksjon for 162 spd. Arven vart skift likt mellom enkjemannen og skyldfolket åt Anna. Ein kjenner ikkje til noko anna skifte frå Bruvik som hadda så mange ervingar. Skiftet er eit svært viktig dokument for ættesoga. Dei fleste ervingane var etterkomarar etter morfar åt Anna, Olav Olsson Sandvik. Dei var busette på ei mengd gardar i Haus og Bruvik.

Tomas g.2. gong m. Anna Olsdtr. Jamne frå plasset Jamnebrekka 1782-1857. Dei hadde ikkje born.

I skiftet etter Tomas 1842 var nettoeiga 582 spd. 431 spd. var ute på lån. Arven vart skift likt mellom enkja Anna og syskena åt Tomas.

Anna Olsdtr. g.2.g.m. Olav Haldorsson Langhelle. Sjå Langhelle bnr. 5.

1833 skøyte til Anders Johannesson Sandvik for 180 spd., jordavgift til Nykyrkja og kår til den gamle brukaren og kona. Anders 1812-1909 var eldste son på bnr. 1. 1846 fekk han skøyte på farsjorda. Sjå bnr. 1.

1868 skøyte til Johannes Olsson Herfindalen for 100 spd. og kår, verdsett til 100 spd. for 5 år. 1877 fekk Johannes skøyte på bnr. 1. Bnr. 1 og 2 har seinare vore drivne som eitt bruk, og har skift eigar samstundes. Huslyd- og eigaropplysningar: Sjå bnr. 1.


BNR. 3 KJØNDALEN

Utskilt frå bnr. 2 1847.

Gamalt løpenummer 75 b. Nytt løpenummer 1850 478. Gamal landskyld 4 1/2 m. smør. Ny skyld 1 ort 18 sk. 1886 0,16 skyldmark. 1956 0,04 skyldmark.


Fil:Gamalt Sandvikfolk bilete 2.jpg

Fig. 36. Johannes Haldorsson Kjøndal 1859-1943 og kona Anna Olsdtr. 1854-1935. Fotograf Norland, Bergen.


1847 skøyte for 50 spd. til Haldor Mikkelson Langhelle 1819-1908, son åt Mikkel Haldorsson Langhelle og kona Ragnhild Monsdtr. Øye. Sjå Langhelle, leigebuarar.

Haldor hadde vore tenar i Sandvik 10 år då han fekk kjøpa denne parsellen i utmarka 1 times veg opp frå sjøen. Parsellen omfata ein bøteig kalla Setre og eit utmarkstykke som dei kalla Kjøndalen. Den fyrste tida Haldor dreiv som bureisar, budde han under ein heller som dei kalla Larsahjellen. Det var steinmur på tre sider inn mot helleren, jordgolv og åre midt på golvet.

Sonesonen Ole Kjøndal har i manuskriptet "Historien om gården Kjøndal" fortalt mykje om dei 60 åra då slekta budde her. Noko av manuskriptet er sitert i innleiingsbolken. Sjå framanfor. Her fylgjer eit samandrag av det som gjeld hus og jord.

Haldor fekk kjøpa ei stove i Solaråsen i Samnanger. Ein mann frå Nordvik hadde tømra seg ei stove der. Men det var så verhardt at stova vart kasta av murane av storm. Denne stova, som var 7 x 8 alen, fekk Haldor kjøpa for 2 spd. Han bar stokkane over fjellet til Kjøndalen og sette stova opp der. Innåt sørveggen på stova bygde han mura fjøs med låve oppå. 1877 bygde han attåt ei ny stove av tømmer som han kjøpte på rot i Nordvikmarka og bar heim. Mellom den gamle og den nye stova

var det gang med grue og skorstein. Til å byrja med leigde Haldor 1 ku og 2 sauer hjå ein brukar på Langhelle. Han arbeidde 5 dagar vår og haust til krøtera var betalte.

1851 gifte Haldor seg med Anna Johannesdtr. Mæle 1822-1896. Sjå Gjerstad s. 389 og Stavenes bnr. 3. Anna tente i Stavenes før dei gifte seg. Både Anna og Haldor var kjende for å vera arbeidsame og dugande folk. Kjøndalen var lettbrukt, men utsett for frost, står det i Herredsbeskrivelsen 1863. Då var åkervidda 420 kvadratalen. Bøen var 32 mål. 1 mål var god bø. 1 mål var middels god. Resten var ring. Åkeren var ring. Dei sådde 1 tunne poteter og hausta 3 tunner poteter og 102 våger høy. Her var rikeleg hamnegang i fjellet. Beitet var middels godt. Dei fødde 2 kyr og 6 sauer. Til sjøen var det 1/2 mil ring gongeveg.

Born:

  1. Mikkel 1853-1856.
  2. Mikkel 1856-, sjå Stavenes bnr. 4.
  3. Johannes 1859-, brukar her.
  4. Ingeborg 1862-1874.
  5. Ragnhild f. og d. 1864.
  6. Mons 1866-, sjå Langhelle bnr. 5 og Sandvik bnr. 1.

1890 skøyte til Johannes Haldorsson Kjøndal 1859-1943, g.m. Anna Olsdtr. Stavenes bnr. 4.

Johannes var tenar på hovudbruket i Sandvik 11 år før han overtok farsgarden i Kjøndalen. Det vart skrive kårbrev til dei gamle brukarfolka, men kårbrevet vart ikkje brukt. Kårfolk og ungfolk gjekk saman i arbeidet og åt ved same bord. Johannes var ein del ute på arbeid, mest på jarnbana der det var ein del etterarbeid etter anlegget. Elles heldt han fram med å dyrka opp jorda i Kjøndalen. Våren 1891 bygde han ny låve og fjøs med plass til 6 kyr, 15-16 sauer og nokre kalvar. Låven er tekt med steinheller, henta frå Raudnipa og Vindskaret.

Johannes og Anna dreiv Kjøndalen til 1910. Då flytte dei til Stavenes, der dei fekk kjøpa eit bruk og nokre slåtteteigar. Sjå Stavenes bnr. 4.

Born:

  1. Andrina 1880-, b. Bergen, g.m. pakkhusformann Amund Andreasson Hordvik. Sjå leigebuarar, Stavenes.
  2. Haldor 1889-, sjå Stavenes bnr. 4.
  3. Ingeborg Andrea 1891-, g.m. Mikael Stavenes bnr. 3.
  4. Magdeli t. og d. 1893.
  5. Magdeli 1894-1954, ug. hushaldar på Lone, Arna sokn.
  6. Ole 1896-, sjå Stavenes bnr. 4.
  7. Johannes Mikael 1899-, gardbrukar på Tysnes, g.m. Sofie Andrea Sjursdtr. Drange.
  8. Mons Andreas 1904-1969, ug.

Innmarka i Kjøndalen vart utskild som eige bruk og seld 1915, sjå

bnr. 7. hamnegang og vassrett høyrer framleis til bnr. 3. Sandvik bnr. 3 og Stavenes bnr. 4 har frå 1910 hatt same eigar. Opplysningar om eigarane og huslydane deira: Sjå Stavenes bnr. 4.

1925 skøyte til Ole Johannesson Kjøndal f. 1896.

1946 skifteskøyte til Haldor Johannesson Kjøndal f. 1889.

1964 skøyte til Johannes Haldorsson Kjøndal f. 1926 og kona Kristina f. 1929.


BNR. 4

Skuletuft. Skild frå bnr. 1 1899. Skyld 0,01 skyldmark.

1900 skøyte til Bruvik skulekommune for kr. 320. Tomta ligg tett ved jarnbanelina i Sandvik. Her er skulehus til Sandvik krins, med eit klasserom nede og eit lite husvære ovanpå.

BNR. 5

Birkelund. Skilt frå bnr. 1 og 2 1913. Skyld 0,01 skyldmark.

1913 skøyte til Ole Johannesson Haugen 1841-1926, banevaktar, f. i

Gudbrandsdalen, g.1. gong m. Randi el. Rønnaug Olsdtr. 1850-1897.

Born:

  1. Elisa Marie 1872 g.m. Lars A. Trengereid. Sjå Haus s. 314.
  2. Olav Robert 1887-1892.
  3. Amalie Konstanse 1889-.
  4. Ingvald Johan 1891-1917.

Ole g.2.g.m. Borgny Pedersdtr. Langhelle bnr. 3 f. 1859.

Born:

  1. Karolina 1882-1970, g.m. Nils Ulevik. Sjå ættesoga Vaksdal. Randi Johanna 1902

1937 skøyte til Peder Nilsson Langhelle, jarnbanearbeidar, f. 1895 på Langhelle bnr. 3, g.m. Sigrid Olsdtr. Langhelle bnr. 1, 1904-1965.

Born:

  1. Nolevande 1941-, g.m. Johannes Farestveit. Sjå nfr.
  2. Elin 1945-1948.

1968 skøyte til Nelly Anlaug Farestveit f. 1941 dtr. åt Sigrid og Peder Langhelle, g.m. Johannes Farestveit. Sjå Langhelle bnr. 16.

1973 skøyte til Ruth og Leif Petersen. (Ruths sereige ved ektepakt 1974.)


BNR. 6

Helgelandssæter. Skilt frå bnr. 1 og 2 1915. 0,03 skyldmark.

1915 skøyte til J. Andr. Eek, Bergen. Sjå bnr. 7.

1935 skøyte til Harald Madsen, Bergen. Sjå bnr. 7.

1958 skøyte til Erna og Aksel Eide. Sjå bnr. 7.


BNR. 7

Kjøndal. Skilt frå bnr. 3 1915. Skyld 0,12 skyldmark. Eigedomen omfattar hus og innmark i Kjøndalen.1915 skøyte til J. Andr. Eek, Bergen. Han kjøpte samstundes bnr. 6 Helgelandssæter som var utskilt frå hovudbruka. Eek dreiv med saueavl. Han nytta Kjøndalen til sumarbeite. Sauene var på ein gard i Åsane om vinteren.

1935 skøyte på bnr. 6 og 7 til kjøpmann Harald Madsen, Bergen, d. 1958, g.m. Sandy Marie. Dei og etterkomarane deira har brukt Kjøndalen til feriestad og har lagt mykje arbeid på å halda husa i god stand.

Born:

  1. Erna 1904-, g.m. Aksel Eide. Sjå nfr.

1958 skøyte til Erna Eide f. Madsen og Aksel Eide f. 1905, son åt Anne og Andreas Eide, Bergen.

Born:

  1. Nolevande 1933-, b. Bergen, g.m. sjukehussjef Audun Lien.
  2. Nolevande 1936-, overingeniør, b. Oslo, g.m. Unni Klokkerengen.
  3. Nolevande 1940-, lektor, b. Bergen, g.m. lektor Toril Eikås.

1974 skøyte til Solveig Lien, Arne Eide og Øyvind Eide.

BNR. 8

Vonheim. Skilt frå bnr. 1 1926. Skyld 0,02 skyldmark.

Ole Monsson Langhelle har heimel.

BNR. 9

Nausthaugen. Skilt frå bnr. 1 og 2 1933. Skyld 0,01 skm.

1933 skøyte til smed Lars E. Langhelle 1900-1943, son åt Anna og Elling Langhelle, Stavenes bnr. 14, g.m. Sigrid Berentine 1905-1976, dtr. åt Herik Nilsson Kalhovde og kona Kari Arnesdtr. f. Kringlen. Masfjordboka s. 908.

Born:

  1. Henrik f. og d. 1925.
  2. Nolevande 1926-, sjå nfr.
  3. Nolevande 1928-, gardbrukar, Masfjorden, g.m. Dorthea Sandnes.
  4. Nolevande 1930-, g.m. Odd Strand, Sandefjord.
  5. Nolevande 1932-, b. Bergen, g.m. Aud Irene Bø.
  6. Nolevande 1933-, g.m. Anne Marie Langhelle. Sjå Sandvik bnr. 12
  7. Nolevande 1936-, b. Indre Arna, g.m. Anne Grete Hilland. Sjå Ytre

1975 skøyte til Nolevande f. 1926, mylnearbeidar, g.m. Nolevande f. 1926. Sjå bnr. 26.

Born:

  1. Nolevande 1953-, g.m. Alf Blomdal. Sjå II s. 34.
  2. Nolevande 1956-.

BNR. 10

Lynghaug. Skilt frå bnr. 1 og 2 1942. Skyld 0,01 skyldmark.

1942 skøyte til Ole Johannesson Kjøndal f. 1896, baneformann, g.m. Johanna Mathilde Borge 1893-1937, dtr. åt Lars Olsson Stavenes bnr. 4


og kona Brita Johannesdtr. Sedalen bnr. 7, busette på Borge. Sjå Arna sokn s. 434 og bnr. 3 ovanfor.

1963 skøyte til Nolevande, f. 1937, son åt Haldor Johannesson Kjøndal og kona Unni Andrea Skulstad. Sjå Stavenes bnr. 4 og II s. 337.


BNR. 11


Skansen. Skilt frå bnr. 1 1954. Skyld 0,01 skm.

1954 skøyte til Ole O. Langhelle 1908-1977, anleggsleiar, g.m. Anna Andersdtr. Vaksdal 1913-1971. Sjå Langhelle bnr. 1 og Stavenes bnr. 11.


Born:

  1. Berit 1944-1945.
  2. Nolevande 1948-. Sjå bnr. 2
  3. Randi 1950-1952.

BNR. 12

Leitet. Skilt frå bnr. 2 1960, Skyld 0,01 skm.

1960 skøyte til Nolevande 1929-, anleggsarbeidar, g.m. Nolevande f. 1936, dtr. åt Maria og Mons P. Langhelle. Sjå Sandvik bnr. 1 og Stavenes bnr. 18.

Born:

  1. Nolevande 1958-, g.m. Jarle Henning Kleiveland. Sjå Haus s. 377.
  2. Nolevande 1961-.
  3. Nolevande 1968-.

BNR. 13

Ospehaugen. Skilt frå bnr. 2 1960. Skyld 0,01 skm.

1960 skøyte til Nolevande f. 1933, g.m. Nolevande f. 1937. Sjå bnr. 1 og 9 ofr.

Born:

  1. Nolevande 1957-.
  2. Nolevande 1966-.

BNR. 14

Neset. Skilt frå bnr. 2 1960. Skyld 0,01 øre.

1960 skøyte til Nolevande f. 1931.


BNR. 15

Øyra. Skilt frå bnr. 1 1961. Skyld 0,01 skyldmark.

1961 skøyte til Nolevande f. 1931.


BNR. 16

Kvernhushaugen. Skilt frå bnr. 1 1961. Skyld 0,01 skyldmark.

1961 skøyte til Nolevande f. 1928.

1965 skøyte til Nolevande f. 1912.

1969 skøyte til Ragnar Gjessing.

1973 skøyte til Nolevande f. 1926.

BNR. 17

Hjellen. Skilt frå bnr. 2 1962. Skyld 0,01 skm.

1962 skøyte til Ole O. Langhelle f. 1908. Sjå bnr. 11.

BNR. 18, 19 OG 20

Bnr. 18, Bjørkely. Skilt frå bnr. 1 1963. Skyld 0,02 skyldmark.

Bnr. 19, Bjørkely, tillegg. Skilt frå bnr. 1 1963. 0,01 skyldmark.

Bnr. 20, Nyhavn. Skilt frå bnr. 1 1963.

1963 skøyte til Rudolf Rognaldsen f. 1903 og kona Mary 1909-1971.

Born:

  1. Nolevande 1945-, sjå nfr.
  2. Nolevande 1946-, sjå nfr.

1973 skøyte til Terje Rudolf Rognaldsen og Besse Lennart Rognaldsen på bnr. 18, 19 og 20.

BNR. 21

Utsikten. Skilt frå bnr. 2 1964. Skyld 0,01 skyldmark.

1964 skøyte til Nolevande f. 1929.

1976 skøyte til Sigrid M. Hjertmoen.

1975 skøyte til Anne Marie M. Døsvik og Rune L. Døsvik. Nolevande 1945-, sekretær, er dtr. åt Albertina og Martin Sørensen, Norheimsund, g.m. Rune 1945-, oppsynsmann, son åt Eivor og Torleif Døsvik, Ørlandet, Sør-Trøndelag.

Born:

  1. Nolevande 1962-.
  2. Nolevande 1965-.
  3. Nolevande 1970-.

BNR. 22

Bjørkhaug. Skilt frå bnr. 2 1964. Skyld 0,01 skm.

1964 skøyte til Nolevande 1938-, son åt Maria og Mons P. Langhelle Stavenes bnr. 18, g.m. Nolevande 1942-, dtr. åt Otto Bekkeli, Bergen, og kona Petra f, Hestdal.

Born:

  1. Nolevande 1967-.
  2. Nolevande 1970-.

BNR. 23

Bekketun. Skilt frå bnr. 1 og 2 1965. Skyld 0,01 skm.

1965 skøyte til Nolevande 1924-.

BNR. 24

Løbakken. Skilt frå bnr. 1 1968. Skyld 0,01 skm.

1968 skøyte til Nolevande 1934-, dtr. åt Emma Andrea og Ole Martin Langhelle, g.m. Nolevande 1930-, son åt Klara og Aksel Ovesen, Bergen. Sjå bnr. 1 og 28.

Born:

  1. Nolevande 1962-.
  2. Nolevande 1964-.
  3. Nolevande 1968-.

BNR. 25

Bekkebu. Skilt frå bnr. 2 1969. Skyld 0,01 skm.

1969 skøyte til Nolevande f. 1921.

1973 skøyte til Nolevande f. 1926.


BNR. 26

Knausen. Skilt frå bnr. 2 1970. Skyld 0,01 skyldmark.

1970 skøyte til Nolevande f. 1926. Sjå bnr. 9.

BNR. 27

Bilbo. Skilt frå bnr. 2 1974. Skyld 0,01 skyldmark.

1974 skøyte til Nolevande f. 1948 son åt Anna og Ole 0. Langhelle, g.m. Kari Margrete Hope. Sjå Sandvik bnr. 11 og 17.

Born:

  1. Nolevande 1978-.


BNR. 28

Løbakken tillegg. Skilt frå bnr. 1 1974. Skyld 0,01 skyldmark.

1974 skøyte til Nolevande f. 1934. Sjå bnr. 24.

FESTENR. 1

Soltun. Leigekontrakt tinglyst 1964. 1 mål hyttetomt.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy