Sedalen

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Sedalen.


GNR. 16 SEDALEN


Innhaldsliste

INNLEIING

"En Field Jord Ringe til Koren, liger en Ringe Brendeschoug til".

Slik skildrar Landkommisjonen 1661 denne garden. Sedalen ligg 2,5 km. frå sjøen. Innmarka ligg i ein dalbotn ca. 100 m.o.h. Sedalen grenser til Herfindalen, Jamne og Vaksdal. Grensene gar alle stader i fjell og utmark. Ein høg fjellrygg stengjer mot Herfindalen, som ligg 2 km. mot søraust. Dette er fråstanden malt i luftlinje. Veglengda mellom dei to gardane er ca. 7 km.

Den næraste grannegarden er Vaksdal, 2 km. lenger sør i dalføret som gar ned til sjøen.

Grensa mot Vaksdal vart tinglyst 1915, då heimeutmarka på Vaksdal vart utskift. Grensa byrjar oppe i fjellet nordvest for tunet, fylgjer fjellryggen sørover, og kjem ned i dalen der elvane frå Sedalen og Ardalen renn i hop. Elva frå Ardalen er grense mellom Vaksdal og Sedalen oppover mot sjølve Ardalen. Her sluttar grensa mot Vaksdal, og grensa mot Herfindalen tek til. Denne grensa gar rett i nord frå dalbotnen opp mot eit punkt 310 m.o.h. Derfrå gar grensa meir i nordaust langs fjellryggen mot Bjørnsnipa. Frå toppen av Bjørnsnipa gar grensa meir nordleg og nedover mot Steinsedalen, der Sedalen har seter. Resten av grensa mot Herfindalen og heile grensa mot Jamne gar oppe i høgfjellet nord og aust for dalføret der Sedalen ligg.

Sjøvegen var tung og vanskeleg. Det vart tidleg sett i gang vegarbeid for a fa køyreveg til gards. Herredsbeskrivelsen 1863 fortel at sjøvegen er "1/4 Miil ganske daarlig Kjørevei".

Vegen gjekk på vestsida av elva nedover mot Bruabakken på Vaksdal. Eit vegstykke kalla dei Verkane. Her lag vegen på murar langsmed dei bratte berga i elvekanten.

Gardsnamnet var skrive Setterdall 1610 og 1620. Seterdal 1667. Sætterdal 1723, Sædahlen 1748. I bygdemålet heiter garden sæ'dalen. Tydinga er klår: dalen der setra ligg. Her har vore seter før det vart gard. Dei som har dette namnet til etternamn, nyttar heist skrivemåten Sæterdal.

Segna fortel at Sedalen var seterhagen at Vaksdal i gamal tid. Søner at brukarane på Vaksdal rudde seg gardar i Sedalen. Denne segna er nedskriven i 1930- åra saman med anna som dei gamle i Sedalen fortalde. På Vaksdal fortalde dei at det skulle finnast ein gravhaug i Sedalen. Det var ein flat haug som det hadde vore ein steinkant ikring. Haugen låg ved husa i Myra. Dei kalla haugen Kjempehaugen. Denne haugen er ikkje kjend eller granska av arkeologar. Heller ikkje er det registrert andre fornminne.

Når ein skal gjera seg opp ei meining om kor gamal denne garden er, lyt ein sjå han i høve til grannegardane. At Sedalen er yngre enn Vaksdal og Jamne er nokså visst. Segna som fortel at garden var seter under Vaksdal, har me grunn til å festa lit til. Det synest ikkje urimeleg å tru at garden var rudd så tidleg som i vikingtida 800 - 1050 e.Kr.

Den eldste skriftlege kjelda er ei leidangsliste frå 1567. Garden kan ha lege øyde ei tid etter Svartedauden. Endå om garden ligg berre vel 100 m. o.h., vert han rekna som fjellgard av landkommisjonen 1661. I matrikkelen 1723 finn me denne skildringa:

" 4 Mænd. Ingen Huusmandspladser. Intet Sæter. Birkebrende. 1 flomqværn. Intet fiskerie. Ligger 1/4 Mil fra Søen, stor fare for Elvebrud, tungvunden, ligger fra Bergen 4 1/2 Mil. Lever allene af gaardens avling."

Herredsbeskrivelsen 1863 nemner også fåren for flaumskade: " Det bemærkes at Gaarden er tildeels udsat for Oversvømmelse."

1747 var flaumskaden så stor at landskylda og skatteskylda vart sett ned med 3 merker smør. Dette skjedde ved ein tinglyst avtaksforretning. På tinget 1748 var det spørsmål om skadane var utbetra. Men ålmugen svara at det ikkje hadde vorte betre, heller verre. 1749 var det framleis like ille, og skylda kunne ikkje setjast oppatt.

Sedalen var tidleg oppdelt i fleire bruk. I fyrste helvta av 1600-talet var her 3 brukarar. Kring 1650 var garden delt i 4 jamstore bruk. Dei fire bruka hadde løpenr. 53, 54, 55 og 56 i Arna skipreide. 1784-1807 hadde to av bruka same eigar og brukar. Men elles heldt 4-delinga seg til 1840.

Det er oppskrive segner om bruksdelinga etter fleire heimelsmenn pi garden: " Her var 4 bruk frå fyrst av. Men så kjøpte Nils Tomasson eit bruk til, Nilsajorda, og la til sitt. Så vart det 3 bruk att. Dette varde til sønene At Nils vart så store at dei overtok garden. Jon og Tomas fekk kvar sitt bruk av farsgarden. Ein annan son, Anders, fekk kjøpa jorda åt ein barnlaus granne. Såleis var dei 3 brør som budde her samstundes." Sjå bnr. 1, 3 og 9.

1840 vart løpenr. 55 delt i 2 jamstore bruk, Tørresane og Gjertrudbruket. Sjå bnr. 6 og 7.

1844 vart det skilt ut eit lite bruk frå bnr. 7. Dette bruket hadde vore husmannsplass. Dei kalla det Plasset eller Nyplasset.

1860 vart eit lite bruk, Tredet, skilt ut frå løpenr. 53 og 56. Sjå bnr. 2 1869 vart det skilt ut ein liten part, Plasset, frå løpenr. 54. Sjå bnr.4.

1879 vart løpenr. 56 delt i to jamstore bruk, Kleppane og Teigen. Sjå bnr. 9 og 10.

Løpenr. 54 kalla dei Nilsane. Dette bruket vart delt 1880. 1884 fekk båe bruka same eigar. Bruksdelinga 1884 fekk difor lite å seia. Sjå bnr. 3 og 5.

Men i 1903 vart det halde nye skyldelingar på Nilsajorda. Nilsane eller Nyastykket vart frådelt og selt til Tørresane. Sjå bnr. 13. Det som Nilsajorda åtte utom elva vart frådelt og selt til brukaren på Synsvoll. Sjå bnr. 12. Ved desse frådelingane minka skylda på bnr. 3 og 5 frå 2,52 skm. til 0,97 skm. Etter eigarskiftet 1910 har Nilsajorda fått nytt daglegnamn, Sjurane.

Løpenr. 53 vart ikkje delt. Dette bruket kallar dei Olane eller Olagarden. Sjå bnr. 1.

1900 fekk dei tre små partane bnr. 2, 4 og 8 same eigar. Seinare har dei vore drivne som eitt bruk. Bruket heiter no Oppset. Dei gamle namna var Tredet, Plasset og Nyplasset. Dei var gamle husmannsplass som låg lengst oppe i dalen på vestsida av elva.

3 av dei gamle hovudbruka, løpenr. 53, 54 og 56, budde i same tun. Det låg innom Haukaneset og Langabrotet fremst i dalen. Her var 3 stovehus og 1 vilkårshus. Det var Nilsane som hadde vilkårshuset. Det vart seinare selt til Vaksdal Mølle. Nørdste delen av tunet kallar dei Olagarden, bnr. 1. Stovehuset i Olagarden vart teke ned og ombygt kring 1905. Nokre år etter bygde dei ny løe. Den gamle løa hadde smalflor under høytufta. Kyrafloren låg i flukt med løa. Det var ein tømra flor med møkhus under. Sør for Olagarden rann ein bekk gjennom tunet. Det var to bruer over denne bekken. På hi sida låg Utigarden. Der budde Nilsane (bnr. 3 og 5). Kleppane (bnr. 2) og Teigen (bnr. 10) budde i same hus ei tid. Dei var eitt bruk til 1879. Dei hadde kvar sin ende av huset. Midt i huset var det ein gang med ei svær grue. Etter nokre år flytte bnr. 10 bortom bekken, til Utigarden. Då saga dei det gamle huset i to, slik at Teigen og Kleppane fekk kvar sin ende. Den helvta av huset som stod att på den gamle tomta stod utan gavlvegg i gangen den sumaren. Men då hausten kom, kledde dei attføre.

Løpenr. 55 hadde tun for seg sjølv oppunder bøgarden. Dei flytte ned i Myræ før 1856. Då løpenr. 55 vart delt i bnr. 6 og 7 vart dei på bnr. 7, Gjertrudane, buande i Myræ.

Bnr. 6, Tørresane, bygde austom elva inst i dalen. Dei kallar tunet Nygård. Dette bruket kjøpte 1903 ein part av bnr. 3 og 5. Sjå bnr. 13. 1900-1901 var det offentleg utskifting på innmarka. Bnr. 10 flytte til Teigen nord for gamletunet. Bnr. 9 fekk tun og innmark lengst sør i dalen på austsida av elva. Bruket fekk tillagt ein part av bnr. 3 og 5 1903. Sjå bnr. 12. Bnr. 9 og 12 heiter no Synsvoll.

1863 hadde garden 28 1/4 mål åker. 16 mål var god åker. 7 1/2 mål var middels god. Knapt 5 mål var ring åker. Engvidda var 373 mål. 56 1/2 mål var god eng. 50 mål var middels god eng. 266 1/2 mål var ring eng. Kommisjonen som førebudde ny matrikkel i 1860- åra meinte at her ikkje var jord som var skikka til nydyrking. Innmarka var lettbrukt, men utsett for frost.

Innmarka ligg på båe sider av dalen. Elva renn i store bogar gjennom den flate dalbotnen. Her var fleire bruer over elva: Ytsta Kjørebrunæ. Hedlebrunæ, Geitabrunæ, Stølabrunæ. Litlebrunæ. fremst i dalen var den eldste brua. Stølabrunæ var hengjebru, bygd i 1890- åra. Det hende at dei gjekk på stylter over elva der det ikkje var bru.

Kring heile innmarka var det bøgard. Bøgarden var steingard for det meste. Kvar brukar heldt bøgard ved sin eigedom. Det var mange leg i garden. Alle hadde namn: Nærast tunet låg Nyaledet. Sida kom Britaledet, Huldaledet, Stampeledet og Støaledet. Ved Filhoggarledet nede ved Kolfitæ budde Filhoggaren, ein utanbygds smed, på slutten av 1800talet. Innmarka var mykje teigdelt før 1900. Utskiftinga omfata både innmark og utslåtter. 1929 var det utskifting i heimeutmarka.

Slåttene var tunge å onna, meinte kommisjonen som var her i 1860- åra. Høymengda frå slåttene var 660 våger. Dei hadde utløer i lia. Kring 1900 sette dei opp løpestreng frå slåttene heim til tunet.

Her var skog nok til ved og hustømmer på dei fleste bruka i 1860- åra. Landkommisjonen meinte at skogen berre var " en Ringe Brendeschoug."

Dei brukte ein god del beit og lyng til krøterfor. I 1860- åra svara dette foret til 20 våger høy.

Heimehagen låg ovanfor bøgjerdet. Mellom tunet og Nyaledet gjekk ein veg der dei jaga beista. Geilæ gjekk på vestsida av bekken. Det var gjerde av heller på båe sider. Dei passa vel på at gjerdet var tett, slik at beista ikkje kunne smyga gjennom. Det hende at hellene datt ned om vinteren. Nyaledet var ei grind med vidjeband.

Om beitet står det i Herredsbeskrivelsen 1863:

" Ved Gaarden ganske liden men af god Beskaffenhed: det øvrige Sæterhavn 1/2 Miil borte og tilsammen tilstrækkelig. NB! Til Sæterhavnen er en meget vanskelig vei."

Ovanfor heimehagen gjekk det eit gjerde, Snevegarden. Dei gjekk mann av huse når Snevegarden skulle vølast. Noko av gjerdet var risgard, noko var steingard. Det var utskifting i heimehagen 1929.

Garden har to setrar, Nyvegen og Steinsedalen. Setra i Steinsedalen skal vera den eldste. På Nyvegen setra Tørresane (bnr. 6), Gjertrudane (bnr. 7), Plassane (bnr. 2, 4 og 8), Kleppane (bnr. 9) og Teigane (bnr. 10). Kleppane og Teigane hadde seterhus i lag. Det var tømra av plank. Gjertrudane hadde seterhus av stein. Tørresane og Plassane hadde seterhus i lag. Dei hadde ikkje florar til kyrne. Dei hadde heller ikkje mjølkebuer. Dei kjølte mjølka i elva og bar henne heim.

På Steinsedalen setra Olane (bnr.1) og Nilsane (bnr. 3 og 5). Dei hadde kvar sitt seterhus med eit smette imellom. Sengene i seterhusa var ikkje vanlege senger. Det var murar under dei.

Kvernane låg ved elva inst i dalen, i Kvernhusfossen. Olane og Tørresane hadde kvar si kvern.

I eldre tid var det kvern i Fodnestølbekken. Der syner det tufter etter kvernhus. Bekken kjem frå Fodnestølliæ ovanfor garden.

I 1874 vart det tinglyst ei kontrakt som gav Gerdt Meyer og hans etterkomarar rett til å demma opp Urfaldevatnet og Langebotn inntil 8 - 9 alen. 1884 vart det tinglyst semje om at mogeleg erstatning som galdt avlaup frå Flatevatn og Klenevatn skulle avgjerast ved skjønn. 1887 vart det tinglyst ei semje om avlaup frå Buhellervatnet og fleire andre vatn.

Brukaren på bnr. 1 kjøpte ny kvern og bygde kvernhus i bekken i 1920- åra. Seinare flytte han kverna inn på låven og dreiv henne med motor. Grannane gjekk dit og fekk mala. Dei kjøpte korn frå båtar på Vaksdal. Det var billige kornprøvar frå, kontrollørar. Dei kunne også få kjøpt korn som var litt skjemt. Noko kunne brukast til folkemat og noko til krøterfor.

I manntalet 1701 er det opplyst at her var eit husmannsplass. 1723 var her ingen husmenn. 1787 vart det tinglyst bygselsetel på plasset Kolfitberget. På 1800- talet vart det tinglyst fleire bygselsetlar. Sjå bnr. 2, 4, 8 og Husmannsplass nfr.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING, FOLKETAL.

Gamalt matr. nr. 19 i Arna skipreide. 1838: nytt matr. nr. 22.

1853: matr. nr. 127. 1886- 1964: gnr. 27 i Bruvik herad.

Landskyld 1648- 1747: 1 laup = 72 merker smør. 1747 avtak i landskylda til 69 merker smør. Skatteskyld 1665- 1747: 1 laup 9 merker smør. 1747 avtak med 3 merker til 1 laup 6 merker smør. I leidangslista 1567 er nemnt ein gard Dal med leidand 1/2 pund smør, 1 mele korn, 2 saueskinn. Dette kan vera Sedalen. Leidang 1590-91: 1 kalveskinn. 1665 leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1 mark, 5 sk., kandtiend 2 1/2 mele, småtiend 9 sk. Ny skyld 1838: 7 dl. 8 sk. 1886: 10,39 skm.

Fødnad 1665: 4 hestar, 14 storfe. 1723: 2 hestar, 13 kyr, 2 ungfe, 24 småfe. 1863: 3 hestar, 40 kyr, 6 ungfe, 102 sauer, 36 geiter. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me denne husdyroppgåva: 3 hestar, 51 storfe, 44 sauer, 87 geiter, 7 griser.

1665 sånad: 3 tunner havre, avling 6 1/2 tunne. Avling 1665: 5 tunner havre. 1863 sånad: 16 tunner havre, 18 1/2 tunne poteter, avling 64 tunner havre, 82 tunner poteter. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 er sånaden 15 1/2 tunner havre, 19 tunner poteter.

1863 var åkervidda 28 1/4 mål. 16 mål var god åker, 7 1/2 mål middels god. Resten var ring. Engvidda var 373 mål. 56 1/2 mål var god eng, 50 mål middels god, resten var ring. Høyavlinga var 3791 våger: I tillegg kom 448 våger halm. I slåttene hausta dei 660 våger høy. Beit og lyng svara til 20 våger høy. Her var ikkje dyrkingsjord.

Folketal 1865: 56.</font>


EIGARAR

Munkeliv kloster åtte garden før reformasjonen. Då vart garden krungods, og var i kongens eige til 1660- åra. Då vart mykje krungods selt, avdi den dansk/norske staten var i økonomiske vanskar. Sedalen kom då på private hender, men ein kjenner ikkje til kva tid eigarskiftet gjekk føre seg, og kven den fyrste eigaren var.

1673 var to brukarar, Morten og Anders Sæterdal, saksøkte av Herman Garman for skuldig landskyld. 1692 er Stamnes Kyrkje oppført som eigar i futerekneskapen. Men i futerekneskapen 1694 står ervingane etter Isak Wessel som eigarar. 1700 er Abraham Wessel oppført som eigar. Han var formyndar for borna åt Isak Wessel, som truleg var ein nær slektning.

1703 gav Abraham Wessel skøyte på vegne av sine myndlingar, Henrik Isaksson og Trine Isaksdtr. Wessel, til to menn frå Samnanger. Tomas Tomasson Gjerde og Tomas Nilsson Langeland. Sjå Samnanger I s. 442 og 543. Dei står oppførde som eigarar av kvar si helvt av garden i matrikkelen 1718.

Tomas Nilsson Langeland 1680- 1717 var g. 1706 m. Anna Bessesdtr. Skreiæ. Kring 1710 busette dei seg i Sedalen, og var brukarar på det eine bruket her. Sjå brukarsoga nfr. Tomas Nilsson Langeland var den fyrste sjølveigaren i Sedalen etter leiglendingstida.

Ved skiftet etter Tomas Nilsson 1717 vart jordegodset hans i Sedalen skift mellom enkja Anna Bessesdtr. og borna Besse, Borgny, Barbro, Marta og Anna. Enkja Anna Bessesdtr. gifte seg 2.g. 1718 m. Nils Knutsson Kvitingen. 1720 gav ho Nils skøyte på jordegodset sitt i Sedalen. Sjå bnr. 3. Borna etter Tomas Nilsson Langeland fekk ved skøytet etter faren utlagt 1/4 i garden. Sonen Besse fekk 1749 skøyte på partane åt systrene sine. Sjå bnr. 9.

Tomas Tomasson Gjerde var eigar av bnr. 1 og bnr. 6 til han døydde barnlaus 1732. Både han og ervingane hans bygsla bort desse 2 bruka. Ole Reigstad og sonen Nils Olsson Reigstad var mellom eigarane. Nils Johannesson Våge vart eigar av bnr. 1 1773, då han fekk skøyte på 15 3/4 merker smør frå Nils Olsson Reigstad m.fl. Kona åt Nils Johannesson Våge, Brita Nilsdtr., hadde ervt ein part i bnr. 1 på 2 1/4 mork smør. 1784 gav Nils Johannesson Våge skøyte på bnr. 1 til Mons Johanneson. Mons Johannesson skøytte bruket vidare same året til brukaren Nils Tomasson, som no vart sjølveigar.

Bnr. 6 var bygsla bort til 1765. Då fekk Eirik Monsson Vaksdal skøyte hjå svogeren Johannes Bessesson Grønsdal. Far hans, Besse Tomasson Sæterdal, var brukar på bnr. 9 Han hadde vorte eigar av bnr. 6, som han 1763 skøytte over til sonen. Etter at Eirik Monsson Vaksdal vart eigar av bnr. 6, har også brukarane på dette bruket vore sjølveigarar.

Det var ein god del slektskap mellom dei Samnangerættene som åtte Sedalen og dei brukarættene som etterkvart kom hit. Dette går fram av brukarsoga Sjå nfr.


BRUKARAR FOR 1750

Den fyrste kjende brukaren heitte Olav. Han var brukar her på slutten av 1500- talet. I lensrekneskapen 1601-02 finn me Olav nemnd i samband med ei sak. Olav hadde fått barn med jenta Gjertrud Olsdtr., som var syster åt kona hans. Dette var ei straffbar handling på dei tider, og Olav strauk sin veg for å koma unna saka. Då saka kom for retten var Olav fråverande. Det ser ut til at heile eiga hans vart inndregen. 3 takstmenn sette denne eiga til 5 rdl., etter at lovleg skuld og gjeld var betalt.


1611 finn me 3 brukarar i landskattelista, Kari, Mons og Knut. Kari var kan henda kona åt Olav, som er nemnd ofr. Knut er nemnd som brukar 1620 og 1630- 31. Sebjørn og Nils, som er nemnde 1645, var kanskje sønene hans.


1620 var Lars Olsson og kona Magdalena brukarfolk her. Lars er nemnd i skattelister fram til 1655. Han er den fyrste brukaren som me veit noko særleg om. Skattematrikkelen 1648 syner at han var brukar av halve garden, medan dei to andre brukarane hadde kvar sin 1/4.

Born:

  1. Olav f. om lag 1611-, brukar i Stavenes.
  2. Mikkel 1618-, brukar på Jamne.
  3. Jon 1627-, g. og b. på Holdhus, Samnanger. Etterlet seg ein son, Jakob.
  4. Morten 1634-, brukar her. Sjå nfr.
  5. Synneva, g. på Vaksdal, etterlet seg borneborna Magdeli, Synneva og Anna.
  6. Anna, g. i Fossmark, etterlet seg døtrene Ingebjørg og Gunhild. Anna, g.m. Mons Nilsson, brukar her. Sjå nfr.
  7. Ingebjørg d. om lag 1720, g. og b. på garden Sande i Nordfjord.


1645 var Sebjørn Knutsson og kona Agate brukarfolk her. Siste gongen ein finn Sebjørn nemnd som brukar er 1655. Det ser ikkje ut til at Agate og Sebjørn hadde born som vart buande her.


1645 var Nils Knutsson og kona Guri brukarar på 1/4 av garden. Nils f. om lag 1610 er nemnd som brukar fleire gonger i 1650 og 1660- åra. 1675 kom Nils for retten. Han hadde lånt ein hest hjå Olav Vaksdal og kjørte denne hesten så hardt at hesten døydde. Nils vart dømd til å erstatta hesten med halvparten av det han var verd, 1 rdl.


1661 var Erik ein av dei fire brukarane i Sedalen. Erik er nemnd berre denne eine gongen, og det let seg ikkje gjera å finna noko slektskap mellom han og dei andre brukarhuslydane.


1666 var Anders Olsson brukar på 1/4 av garden. Han var a 25 år gamal. Namnet åt kona hans er ikkje kjent. Ho var enkje då Anders gifte seg med henne. Fyrste mannen hennar heitte Lars. To av borna i det fyrste ekteskapet hennar er kjende, Lars f. 1858 og dottera Kari, som truleg var fødd noko tidlegare. Kari reiste legermålsak mot stykfaren 1670. Då saka vart teken opp til doms vart Anders dømt til å betala 3 rdl. og 8 sk. i bot, men det vart opplyst at han hadde reist sin veg og ikkje late etter seg noko.


1666 var Morten Larsson brukar på 1/4 av garden. Morten f. om lag 1634 var son åt brukar Lars Olsson ofr., g.m. Marta f. om lag 1634, d. 1710. 1671 var Morten stemnd til tings for skuldig landskyld 2 rdl. 4 mark og 2 sk.

Born:

  1. Nils 1660-, husmann på Skulstad. Sjå Haus s. 285.
  2. Lars 1662-, d. etter 1711.
  3. Olav 1665-.
  4. Arne 1666-, g.m. Anna Johannesdtr. Reistad. Sjå Haus s. 285.
  5. Johannes g. 1704 m. Brita Persdtr. eller Brita Pålsdtr. Tambur ved Garnisonen i Bergen og gardbrukar på Rødland. Sjå Haus s. 10.
  6. Kari g. 1694 m. Johannes Olsson Vevle. Sjå Gjerstad s. 431.
  7. Mikkel g. 1706 m. Kari Monsdtr. frå Sedalen, b. Indre Arna. Sjå nfr.
  8. Synneva -.
  9. Mons g. 1700 m. Inga Monsdtr. Løtveit, skysskaffar i Mjelde skipreide og gardbrukar på Nordre Veset. Sjå Haus s. 23.
  10. Malena b. i Sele sokn i Stadt skipreide.


Knut Nilsson var ein av dei 4 brukarane her i 1666. Knut var f. om lag 1638. Knut og sonen Nils f. 1665 er nemnde i manntalet 1666. I seinare kjelder er dei ikkje å finna.


Mons Nilsson Herfindal f. om lag 1650 d. 1737 vart brukar i Sedalen om lag 1770. Han var g.1.g.m. Anna, dtr. åt brukaren Lars Olsson. Sjå ofr.

1681 var Mons stemnd til tings fordi han ikkje hadde møtt opp for å skyssa futen til tinget, endå han var tilsagd. Han slapp å betala bot av di han var fattig, men han vart formana til lydnad.

Born:

  1. Johannes 1671-, brukar her, sjå nfr.
  2. Askjell g. 1703 m. Ingebjørg Johannesdtr. Kallekleiv. Sjå Gjerstad s. 205.
  3. Kari, b. Indre Arna, g. 1706 m. Mikkel Mortensson frå Sedalen. Sjå ofr.
  4. Lars 1685-, sjå Langhelle bnr. 3.
  5. Anna -.
  6. Maria 1692-.
  7. Nils f. og d. 1694.
  8. Morten 1695-.
  9. Nils 1697- 1698.
  10. Brita 1698-.
  11. Marta 1699-, g.m. Mons Monsson Stanghelle, sjå leigebuarar.
  12. Brita 1700-.
  13. Nils 1709-.

Mons g.2.g.m. Brita Nilsdtr. Årstalet for det siste ekteskapet er ukjent, og det er difor vanskeleg å slå fast om nokon av borna var frå 2. ekteskap.


1694 var Olav Mikkelsson Jamne brukar her. Far hans, Mikkel Larsson, var fødd i Sedalen 1618. Sjå ofr.

Olav Mikkelsson 1657- 1734, var g.1.g.m. Kari Sjursdtr. 1640-1708.

Barn:

  1. Guri f. og d. 1693.

Ved skiftet etter Kari Sjursdtr. 1708 var bruttosummen i buet vel 19 rdl., nettoen var 7 rdl. 5 ort 8 sk. I skiftet er teke med krøtertalet på bruket, som var 1 hest, 2 kyr, 6 geiter og 3 sauer.

Ervingane etter Kari var enkjemannen og 2 døtre frå 1. ekteskap, Kari Monsdtr. og Ingrid Monsdtr. Det kan henda at fyrste mannen åt Kari også var brukar her. I 1692 er det nemnt 3 brukarar i Sedalen med namnet Mons.

Olav Mikkelsson g.2.g.m. Synneva Torkjellsdtr. Kvittingen 1677-1732. Sjå Samnanger I s. 575 og 576.

Born:

  1. Kari 1708-.
  2. Kari 1709-, sjå Haus s. 310.
  3. Anna 1711-, g.m. Per M. Hekland.
  4. Olav 1713-.
  5. Mikkel 1713-, brukar her, sjå nfr.
  6. Marta 1719-, g.m. Olav Eriksson Stavenes, brukar på Skulstad i Haus frå 1756, barnlause.


Nils Nilsson Herfindal 1665- 1703 bygsla eit bruk her nokre få år. Før han kom hit, hadde han vore brukar på Langhelle. Sjå Langhelle bnr. 6, der ein finn huslydopplysningar.

I skiftet etter Nils 1703 var buskapen på bruket teken med og verdsett slik: 1 hest verdt 1 rdl., 3 kyr verdt 9 rdl., 1 okse verdt 2 1/2 rdl., 1 kalv verdt 1 rdl. 3 sk. Der var også 12 geiter og 1 kje, men verdsetjinga av dei er ikkje teken med i utskrifta. Enkja Guri Monsdtr. gifte seg 2.g. 1704 m. Olav Bastesson Midt-Bruvik, brukar her, sjå nfr.


1711 er Mons Nilsson ein av brukarane i Sedalen. Det er uvisst om det er den same som i Major Storms rulle år 1700 er oppført med ein alder på 30 år, og som 1712 vart utnemnd til korporal. Det ser ut til å ha vore 3 brukarar som heitte Mons i Sedalen på slutten av 1600talet, og fleire av dei kan ha hatt ein son som heitte Mons. Opplysningane i dette avsnittet kan difor gjelda fleire personar.


Johannes Monsson var g.m. Asa Monsdtr. d. 1737, 72 år gamal. Johannes Monsson er oppførd som brukar 1720 og lagrettmann 1735.

Born:

  1. Mons 1694-.
  2. Marta f. og d. 1696.
  3. Marta 1697-.
  4. Mons 1698-.
  5. Mons 1699-, brukar her, sjå nfr.
  6. Henrik f. og d. 1700.


1694 var Olav Nilsson brukar her. Han er også nemnd 1718, men ikkje 1711. Olav Nilsson f. om lag 1650 var gift, men hadde ikkje born.


1704 vart Olav Bastesson Midt-Bruvik g.m. enkja etter Nils Nilsson, Guri Monsdtr., sjå ofr. Same året fekk han bygsla eit bruk her hjå Tomas Gjerde. Olav var f. på Ytre-Bruvik 1674.

Born:

  1. Cecelia 1706- 1733, ug.
  2. Kari 1709 d. før 1758, g. og b. i Skuteviken v/Bergen.
  3. Nils 1713-, g. 1748 m. enkja Inga Monsdtr. Dale, brukar på Dale bnr. 18.
  4. Brita 1718- 1752.
  5. Johannes 1718- 1752.
  6. Johannes 1723-.


1710 vart Tomas Nilsson Langeland frå Samnanger brukar her. Han hadde fått skøyte på Sedalen 1703 saman med Tomas Tommasson Gjerde. Sjå eigarsoga ofr. Tomas Nilsson 1680- 1717 var g. 1706 m. Anna Bessesdtr. Skreiæ. Dei budde på Langeland i Samnanger før dei kom hit.

Born:

  1. Borgny 1707-, g.m. Sjur Johannesson, Herfindalen, sjå Herfindalen bnr. 8.
  2. Besse 1709-, sjå bnr. 9.
  3. Barbro 1712-, g. 1744 m. Nils Olsson Reistad, sjå Samnanger I s. 337.
  4. Marta 1714-, g.m. Erik Nilsson, Sedalen, sjå bnr. 1.
  5. Hanna g. 1747 m. Knut Larsson Vaksdal.

Ved skiftet etter Tomas vart jordegodset hans i Sedalen delt i to halvpartar. Enkja Anna fekk den eine. Ho gifte seg att og gav skøyte på bruket sitt til den nye mannen, Nils Knutsson. Sjå bnr. 3. Resten av jordegodset, som svara til 1 bruk på garden, vart delt mellom borna. Det var samla og skøytt til sonen Besse 1750. Sjå bnr. 9.


1733 bygsla Mons Johannesson eitt av bruka her. Mons 1699- 1774 var g.m. Inga Sjursdtr. Jamne. 1738 fekk dei skøyte på farsgarden hennar og flytte dit. Sjå Jamne bnr. 12.


1722 vart Mons Monsson Stanghelle g.m. Marta Monsdtr. frå Sedalen 1699- 1751. Dei budde her, og det var meininga at dei skulle overta eitt av bruka. Men Mons døydde ung, om lag 1730.

Born

  1. Brita 1723-, g.m. Johannes N. Toskedal bnr. 2, sjå Toskedal bnr. 2.
  2. Brita f. og d. 1724.
  3. Agate -, g.m. Anders J. Kvåstad, brukar i Fyllingslid, sjå Fylingslid, brukarar.

Enkja Marta Monsdtr. gifte seg 2.g.m. Knut Johannesson Hesjedal. Sjå nfr.


1734 bygsla Knut Johannesson Hesjedal eit bruk hjå Ole Reigstad. Knut var enkjemann. Han var g.1.g.m. Helga Jonsdtr. Hesjedal og hadde med henne sønene Jakob 1730- 1752 og Gulleik 1733. Sjå [[[Hesjedal, Stamnes sokn]], husfolk. Knut g.2.g.m. enkja Marta Monsdtr. Sjå ofr.

Born:

  1. Mons 1735-.
  2. Johannes 1739-.
  3. Marjo 1740- 1749.

Knut g.3.g.m. Cecelia Jensdtr. Indre-Boge bnr. 1 1726- 1796.

Born:

  1. Marta 1753- 1771.
  2. Jens f. og d. 1761.


1735 bygsla Mikkel Olsson eit bruk hjå Besse Tomasson, som då var brukar i Børdal. Mikkel 1713- 1741 var son åt brukaren Olav Mikkelsson, g.m. Anna Andersdtr. Børdal. Før han gifte seg, tente Mikkel som legdsoldat. Han var då busett på Veo.

Born:

  1. Synneva 1735-.
  2. Cecelia f. og d. 1737.
  3. Anders 1739-, g. 1761 m. Ingebjørg Olsdtr. Brekke.
  4. Marta 1741- 1745.


BRUKARAR

BNR. 1

Daglegnamn: Olane.

Gamalt løpenummer 53, nytt løpenr. 504.

Gamal landskyld 18 merker smør, skatteskyld 20 1/4 mork smør. 1744 avtak i landskylda til 16 27/32 mork Skatteskyld 19 1/4 mork smør. Ny skyld 1838: 1 dl. 2 ort 18 sk., revidert 1853 til 1 dl. 3 ort 18 sk. 1886: 2,54 skm.

1742 hadde bruket ei årleg kornavling på 6 -7 tunner. Fødnad: 1 hest, 5 kyr, 6 småfe. Fødnad 1858: 1 hest, 6 kyr, 2 kviger, 2 kalvar, 10 vinterfødde sauer. 1863: Sånad 4 tunner havre, 4 tunner poteter. Avling: 16 tunner havre, 18 tunner poteter, 800 våger høy, 112 våger halm. Dei hausta 150 våger høy i slåttene, og henta beit og lyng svarande til 10 våger høy. Her var 6 1/5 mål åker. 4 mål var god åker, 1 1/5 mål middels god, resten var ring. Engvidda var 68 mål. 14 3/4 mål var god eng, 7 mål middels god, resten var ring. Fødnad: 1 hest, 8 kyr, 1 ungfe, 22 sauer, 8 geiter. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn ein denne oppgåva for bnr. 1: Sånad 3 tunner havre, 3 tunner poteter. Fødnad 1 hest, 8 storfe, 8 sauer, 6 geiter, 1 gris. 1875 hadde bruket ein fødnad på 1 hest, 8 kyr, 4 ungfe, 27 småfe. Sånad: 4 tunner havre og 4 tunner poteter.


1742 bygsla Erik Nilsson dette bruket. Erik d. 1798 var g.1.g.m. Marta Thomasdtr. Sæterdal 1714- 1769. Sjå ofr.

Born:

  1. Marta 1741-, b. Bergen, g.m. Hartvig Pedersen.
  2. Anna 1743-, g.m. Knut Olsson Herfindal bnr. 6.
  3. Brita 1745-, g.m. Johannes Monsson Vaksdal bnr. 8. Sjå Gjerstad s. 208.
  4. Borgny f. og d. 1748.
  5. Borgny 1751- 1776.
  6. Nils 1753- 1754.
  7. Barbro 1756-, g.m. Anders Sjursson Sæterdal. Sjå plasset Kolfitberget nfr.

Erik g.2.g. 1770 m. Gjertrud Andersdtr. Toskedal bnr. 2 1736-1772.

Barn:

  1. Nils 1771- 1774.

Erik g.3.g. 1773 m. enkja Helga Knutsdtr. Bolstad.

Erik g.4.g. 1781 m. Brita Olsdtr. Kvitingen, d. 1796. Erik og Brita fekk kår av dette bruket 1784.

Barn:

  1. Kari 1783-, d. etter 1797.

Det vart halde skifte både etter Brita Olsdtr. og Erik Nilsson. Ved skiftet etter Brita 1796 var bruttosummen i buet vel 51 rdl. Nettoen vel 5 rdl. Ved skiftet etter Erik 1798 var bruttosummen i buet vel 38 rdl., men gjelda var like stor, så det vart ikkje nokon arv åt borna.


1784 skøyte til Nils Thomasson Sæterdal frå Mons Johannesson. Mons Johannesson hadde fått skøyte same året frå Nils Johannesson Våge. Han hadde ått dette bruket frå 1773, då han fekk skøyte hjå Nils Olsson Reigstad på 15 3/4 mork Smør Resten av bruket 2 1/4 mork smør, hadde Brita Nilsdtr., kona åt Nils Johannesson Våge, fått utlagt i eit arveskifte. Ingen av eigarane i perioden 1773- 1784 ser ut til å ha vore brukarar her, men Nils Thomasson gav 1784 kår til den gamle brukaren Erik Nilsson og kona. Dette tyder på at Nils Thomasson då tok til å driva bruket sjølv.

Nils Thomasson 1750- 1831 hadde også fån skøyte på farsgarden bnr. 3 1776. Han dreiv truleg båe bruka til 1807, då han skøytte frå seg til sønene Jon og Tomas. Huslydopplysningar: Sjå bnr. 3.


1807 skøyte til Jon Nilsson 1782- 1855, g. 1809 m. Anna Nilsdtr. Jamne bnr. 1 1787- 1874. I skiftet etter Jon var netto eiga 118 spd.

Born:

  1. Synneva 1810-, g.m. Nils Monsson Helle bnr. 1. Sjå Helle bnr. 1.
  2. Nils 1811-, brukar her.
  3. Ingebjørg 1812-, g.m. Anders Johannesson Sandvik, sjå Sandvik bnr. 1.
  4. Ivar 1814-, brukar på Løtveit, sjå Løtveit bnr. 1.
  5. Anna 1815-, g.m. Olav Johannesson Herfindal bnr. 9.
  6. Kari 1817-, b. U.S.A.
  7. Marta 1819-, g.m. Sjur Andersson Skreien. Sjå Vaksdal bnr. 5.
  8. Nils 1821-, sjå leigebuarar.
  9. Johannes 1822-, b. U.S.A.
  10. Thomas 1825-, b. U.S.A. g. 1850 m. Ingeborg O. Børsli 1819-. Sjå Børsli.
  11. Brita 1827 g.m. Johannes Knutsson Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 24.
  12. Olav f. og d. 1828.
  13. Olav f. og d. 1831.
  14. Olav 1832-, sjå bnr. 2 nfr.


1841 skøyte til Nils Jonsson for 200 spd. og kår til foreldra. Nils gifte seg 1842 m. Ingebjørg Olsdtr. Fossmark. Dei dreiv dette bruket til 1849. Då kjøpte dei Dale bnr. 8 og flytte dit. Sjå Dale bnr. 8.


1849 skøyte til Nils Persson Minne for 800 spd. Nils Persson og kona Brita Olsdtr. budde her til 1852. Ei dotter, Anna, var fødd her 1851.


1852 skøyte for 600 spd. til Olav Sjursson Høyseter 1824- 1893, g. 1851 m. Brita Jansdtr. Høyseter 1826- 1899. Sjå Samnanger I s. 596 og 609.

Born:

  1. Sjur 1853- 1921 (1923) ug., hadde kår her. Sjå nfr.
  2. Brita 1857-, g.m. neste brukar.
  3. Jan 1860 d. om lag 1870.
  4. Sigrid 1864-, g.m. Askjel Olsson Sæterdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  5. Nils 1866 el. 1868-1937, smed og maskinarbeidar, b. Laksevåg, g.m. Berta Brekkeflaten. Dei hadde 8 el. 9 born.


1883 skøyte til Anders Olsson for kr. 4000 og kår til Olav Sjursson, kona Brita Jansdtr. og til Sjur Sjursson f. 1853.

Anders Olsson 1852- 1935 var frå Sedalen bnr. 7, g. 1878 m. dotter åt den førre brukaren her, Brita f. 1857 d. om lag 1920. Dei var barnlause. Då Sigrid, den yngste syster åt Brita, vart enkje 1895, flytte ho og borna hit att og budde på bnr. 1.

Anders Olsson Sæterdal var mykje med i offentleg styre og stell. Han var mellom anna mykje brukt som skjøns- og takstmann.


1924 skøyte til Ole Askjelsson Sæterdal. Anders Olsson skulle ha kår av bruket. Etter han var død, skulle Sigrid, mor åt den nye brukaren, ha kår her.

Ole Askjelsson 1890- 1972, mylnearbeidar og gardbrukar, son åt Askjel Olsson Sæterdal, Vaksdal, og kona Sigrid, var g.m. Larsina 1889- 1952, dtr. åt Berta og Jakob Lone. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne. Dei var barnlause og overlet garden til ein yngre slektning.


1955 skøyte til Arthur Amundsen 1913-1985, fabrikkeigar og gardbrukar, son åt Oskar Amundsen, Laksevåg, og kona Margit f. Sæterdal. Margit var dotter åt Nils Olsson Sæterdal, f. på dette bruket 1866 el. 1868. Sjå ofr. Arthur Amundsen er g.m. Benny 1915-1998, dtr. åt Johan Salomonsen, Bergen, og kona Berentina f. Hilt.

Born:

  1. Oskar Johan 19**-, sjå bnr. 19
  2. Einar 19**-, sjå bnr. 18.
  3. Gunnar 19**-, sjå bnr. 20.


BNR. 2

Gamalt daglegnamn. Tredet, nytt namn. Oppset.

Løpenr. 504 b og 509 b, skilt frå bnr. 1 og 9 1860.

Gamal skyld: 5 67/224 merker smør. Ny skyld: 2 ort 8 sk. 1886: 0,32 skm. 1863 var det på dette bruket 1 1/2 mål middels god åker og 9 1/2 mål middels god eng. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånad: 1/4 tunne havre, 1 1/2 tunne poteter. Avling: 1 tunne havre, 6 tunner poteter, 270 våger høy, 7 våger halm. I slåttene hausta dei 900 våger høy. Fødnad: 3 kyr, 12 sauer. Bruket mangla ein del hustømmer. Vedskogen rakk berre til 2/3 av forbruket.


Nils Andersson Sæterdal og kona Ingebjørg var dei fyrste som budde i Tredet, det ein kjenner til. Nils f. om lag 1835, var truleg frå bnr. 9. Ingebjørg Andersdtr. eller Olsdtr. 1824- 1896, skulle vera frå Holsenøy. Ho fekk kår av dette bruket 1872. Sjå nfr.

Born:

  1. Anders 1861-, sjå Anders Tolås, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Nils 1864-, sjå Nils Nilsson Sæterdal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Jon, sjå nfr.


1860 skøyte til Olav Jonsson for 50 spd. frå brukaren på bnr. 1. Samstundes vart det tinglyst lensmannsattest for at det som var skilt ut frå bnr. 1 og det som var skilt ut frå bnr. 9 kunne sameinast til eitt bruk. Skøyte på løpenr. 509 b for 100 spd. frå Anders Olsson til Olav Jonsson, vart tinglese 20.11 1860.

Olav Jonsson 1832- 1869 var frå Sedalen bnr. 1, g.m. Kari Arnesdtr. Herfindalen bnr. 6, 1835- 1906. Dei budde til leige i Sedalen før dei fekk kjøpa dette bruket. Dei flytte seinare til Romslo. Sjå Haus s. 356.

Born:

  1. Brita 1858- 1860.
  2. Jon 1859- 1915, b. Romslo.
  3. Ådne 1861-, b. U.S.A.
  4. Johannes f. om lag 1865-, baneformann, Stavanger.


1868 skøyte til Jon Nilsson for 200 spd. Kårbrev frå Jon Nilsson til Ingebjørg Andersdtr. vart tinglese 1872. Ingebjørg vart kalla TræInjeber. Ho var enkje etter Nils Andersson, den fyrste brukaren i Tredet. Sjå ofr. Jon Nilsson var truleg son deira. Han selde bruket 1873. Då flytte han visstnok til Ytre Arna.


1873 skøyte til Karl Johan Isaksson Lundgren 1830- 1889, gardbrukar, f. i Sverige, g.m. Brita Nilsdtr. Høyseter frå Samnanger.

Born:

  1. Anders 1867-, sjå nfr.
  2. Nils f. om lag 1872-, mylnearbeidar, seinare industriarbeidar i Odda, g.m. Asa Nilsdtr. Elde.


1899 skøyte til Sjur Olsson Olsnes. Sjå Sedalen bnr. 3 og 5.


1905 skøyte til Anders Sæterdal f. 1867, son åt Karl Johan Isaksson Lundgren og kona Brita, sjå ofr., g.m. Anna Berentina Johannesdtr. Grimelid f. 1870. Dei hadde drive dette bruket ei tid. Anders arbeidde samstundes i Vaksdal Male. Dei flytte til Lone. Huslydopplysningar: Sjå Arna s. 371 - 372.


1905 skøyte til Ole Nilsson Sæterdal. Han åtte frå før bnr. 4 og 8, og desse bruka vart no drivne under eitt. Ole var fødd på Vaksdal bnr. 1 1852, d. 1930. Ole fekk skøyte på Vaksdal bnr. 1 1866, men stod som eigar berre til 1869. 1872 fekk han skøyte på Vaksdal bnr. 27. 1877 gjorde han makeskifte med Gerdt Meyer, og fekk da til vederlag Sedalen bnr. 8. Ole Nilsson var også eigar av Sedalen bnr. 4. Ole var g.m. Johanna 1864- 1957, dtr. åt Synneva og Anders Sæterdal bnr. 9.

Born:

  1. Nils 1884-, smed, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  2. Anders 1886-, brukar her, sjå nfr.
  3. Bernt Olai 1888-1956, farmar, Minnesota, U.S.A., g.m. Alma Isidora (Dora) Johnsen 1888-1964. Dora var dtr. åt Martha Oline D. Gullbrå og Iver Johnson (Øvstedal) 1864-1949. Dora si syster, Ragnhild var gift med Anders Olsson Sæterdal. Sjå nfr. og Øvstedal
  4. Sofia 1890-, b. Dale, g.m. Bernhard Solberg, sjå ættesoge for Dale.
  5. Ole Johan 1892- 1918, anleggsarbeidar, Sedalen.
  6. Anna 1894-, b. Odda, g.m. Bernt Rønhovde.
  7. Johan 1896-, brukar her, sjå nfr.
  8. Karl Andreas 1899-, gruvearbeidar og forretningsmann, b. Anchorage, Alaska.
  9. Amanda 1901-, tekstilarbeidar, Dale.
  10. Ingeborg 1903-, husmor, Dale, g.m. Oskar Birkeland. Sjå ættesoge for Dale.
  11. Borghild 1905- 1974, tekstilarbeidar, Dale.
  12. Gunhild 1905-, husmor, Dale, g.m. Evald Mikkelsen, sjå ættesoge for Dale.


Anders Olsson Sæterdal 1886-1925 var neste brukar. Han arbeidde fyrst i U.S.A., men kom heim 1920, og dreiv dette bruket til han døydde. Anders g.m. Ragnhild 1897- 1942, f. i U.S.A., dtr. dtr. åt Martha Oline D. Gullbrå og Iver Johnson (Øvstedal) 1864-1949. Ragnhild si syter, Dora var gift med Bernt Olai Sæterdal. Sjå ovf.

Born:

  1. Irving 19**-, b. Vaksdal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Myrtle 19**-, b. Vaksdal, g.m. Arthur Vaksdal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Arnold 19**-, brukar her, sjå nfr.
  4. Ruth 19**-, ug., b. Glenwill, Minnesota, U.S.A.


1929 skøyte til Johan Olsson Sæterdal på bnr. 2, 4 og 8. Foreldra, Johanna Andersdtr. og Ole Nilsson, fekk kår. Johan 1896- 1977, gifte seg med Ragnhild, enkja etter den eldre broren Anders.

Johan Olsson arbeidde i U.S.A. til 1927. Då kom han heim og overtok garden. Han var smed og dreiv med vegarbeid og anleggsarbeid ved sida av gardsdrifta.

Born:

  1. Johanna 19**-, b. Vaksdal, g.m. Alfred Eide, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Ragnhild 19**-, g.m. Johannes Fossmark bnr. 14. Sjå Fossmark bnr. 14.
  3. Solveig 19**-, g.m. Normann Torkilsen, Fossmark, bnr. 7. Sjå Fossmark bnr. 7.
  4. Ole 19**-, b. U.S.A., g.m. Solveig Lokøy.
  5. Carl 19**-, b. Anchorage, Alaska, U.S.A.
  6. Borghild Gunnlaug 19**-, b. Trøgstad, Østfold, g.m. gardbrukar Odd Lunde.
  7. Arlett Lillian 19**-.
  8. Svanhild Bernett 19**-.


1962 skøyte på bnr. 2,4 og 8 til Arnold Andersson Sæterdal 19**-, sjå ofr., gardbrukar, g.m. Randi 19**-, dtr. åt Maria og Karl Lund.

Born.

  1. Arild 19**-.
  2. Ragnhild 19**-.
  3. Karin Marie 19**-, g.m. Arne Skage. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 3


Daglegnamn: Sjurane. Eit eldre namn er Nilsane.

Gamalt løpenr. 54. Nytt løpenr. 505.

Gamal skyld 14 1/4 mork smør. Ny skyld 1838: 1 dl. 3 ort 20 sk.

1869 vart bruket delt i løpenr. 505 a med gamal skyld 18 43/96 merker smør og løpenr. 505 b med ny skyld 8 sk., gamal skyld 77/96 merker smør. Om løpenr. 505 b sjå bnr. 4 nfr. 1886:1,27 skm. 1956: 0,48 skin. 1863 var det på dette bruket 6 1/5 mål åker. 4 mål var god åker, 1 1/5 mål middels god, resten var ring. Engvidda var 72 1/2 mål.. 14 3/4 mål var god eng, 9 mål var middels god, resten var ring. Sånad: 4 tunner havre, 4 tunner poteter, Avling 16 tunner havre, 18 tunner poteter. 900 våger høy, 112 våger halm. I slåttene hausta dei 150 våger høy. Beit og lyng svara til 10 våger høy. Fødnad: 1 hest, 8 kyr, 1 ungfe, 38 småfe. Her var ikkje dyrkingsjord. Bruket hadde skog nok til ved og hustømmer. Desse oppgåvene er frå Herredsbeskrivelsen.

I folketeljinga 1865 var sånaden oppgjeven til 4 tunner korn og 4 tunner poteter. Fødnad: 1 hest, 9 storfe, 12 sauer, 14 geiter, 1 gris. I folketeljinga 1875 var sånaden 4 tunner havre, 4. tunner poteter, og fødnaden 1 hest, 7 kyr, 4 ungfe, 14 småfe.

Kring 1750 avla dei på dette bruket 6 - 7 tunner korn, og fødnaden var 1 hest 5 kyr, 6 småfe.


1720 skøyte til Nils Knutsson Kvitingen frå Samnanger, f. 1688 d. 1756. Sjå Samnanger I s. 576. Nils gifte seg 1718 m. enkja Anna Bessesdtr. Sæterdal. Anna var g.1.g.m. Tomas Nilsson Langeland, som var brukar her og fekk skøyte på halve garden kring 1700, sjå ofr. Ved skiftet etter Tomas hadde Anna fått utlagt 18 merker smør, og det var denne jordparten Nils Knutsson no fekk skøyte på Ved skiftet etter Nils 1756 vart dette bruket verdsett til 15 rdl. Enkja Anna fekk utlagt halvparten, resten vart delt mellom dottera Kari og dei 3 sønene, Tomas, Nils og Knut.

Born:

  1. Kari 1719-, g.m. Nils Nilsson Jamne, sjå Jamne bnr. 1.
  2. Tomas 1722-, brukar her.
  3. Cecelia 1725-, d. for 1756.
  4. Nils 1728-, brukar her.
  5. Mons 1730- 1754, gravlagd i Stamnes.
  6. Knut 1732-, b.. på Mele, Greve og Kleppe i Gjerstad Sokn, Osterøy.


1756 skøyte til Tomas Nilsson frå mor og sysken på dei jordpartane dei hadde ervt ved skiftet 1756, i alt 17 merker smør verdsett til 18 rdl. Tomas hadde 1745 fått bygsla eit bruk i Sedalen hjå Besse Tomasson Børdal. Det var truleg bnr. 9. Sjå nfr.

Tomas 1722- 1805 var g.1.g.m. Marta Andersdtr. 1710- 1778. Ved skiftet etter Marta var bruttosummen i buet 38 rdl. 2 mark 14 sk. Nettoen var 23 rdl. 4 mark 2 sk. Det var ikkje jordegods i skiftet av di Tomas hadde gjeve skøyte 1776 på bruket til sonen Nils.

Born:

  1. Cecelia 1744-, sjå leigebuarar nfr.
  2. Anna 1748-, g. 1782 m. Johan Knutsson Eide, Valvatne i Manger.
  3. Nils 1750-, sjå bnr. 1.
  4. Anders f. og d. 1759.
  5. Brita g.m. Lars Sæterdal, b. her 1783.


1756 bygsla Nils Nilsson Sæterdal eit bruk hjå broren Tomas. Om det var bnr. 3 el. 1 er det ikkje så godt a avgjera, for Tomas åtte båe desse bruka.

Nils Nilsson f. 1728 gifte seg 1754 m. Kari Larsdtr. Grønsdal 1720- 1792. Dei var brukarfolk her til om lag 1777. Da flytte dei til Indre Hisdal. Sjå Samnanger s. 262 og 563.

Born:

  1. Nils 1755-, b. Møhlenpris Bergen, g.m. Ingeborg Tomasdtr. Reistad.
  2. Lars 1758-, brukar på Indre Hisdal, sjå Samnanger s. 262. Anna og Ingeborg, tvillingar, f. og d. 1760.
  3. Villum 1764-, brukar på Skard, g.m. Marta Jonsdtr. Skard. Samnanger s. 267 og 268.


1776 skøyte til Nils Tomasson for 60 rdl. og kår til foreldra, Tomas Nilsson og Marta Andersdtr. Marta Andersdtr. døydde 1779, og i skiftet etter henne bad Nils om at systrene hans, Cecelia og Anna, skulle få like stor arvelut som han sjølv. Han hadde etter arvelova krav på " brorparten", dvs. dobbel så stor arvelut som kvar av systrene hadde. 1854 vart arvelova forandra slik at døtrene hadde krav på like stor part som sønene. Ein kan såleis seia at Nils Tomasson var før si tid, då han hevda at systrene skulle ha like stor morsarv som han sjølv. Arven som dei 3 syskena fekk til delings var 11 rdl. 5 mark 1 sk.

Nils 1750- 1831 gifte seg 1779 m. Synneva Olsdtr. Myster f. 1741. 1784 fekk Nils også skøyte på eit anna bruk i Sedalen. Han sat såleis som eigar og brukar på halve garden til han overlet dei 2 bruka 1807 til sønene Tomas og Jon.

Ved skiftet etter Nils 1831 vart bruttosummen i buet 125 spd. 4 ort 16 sk. Nettosummen var 97 spd.

Born:

  1. Marta 1780-, g.m. Johannes Tørresson Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 5.
  2. Jon 1782-, sjå bnr. 1.
  3. Kari 1784- 1789.
  4. Tomas f. og d. 1787.
  5. Tomas 1788-, brukar her, sjå nfr.
  6. Olav 1791-, brukar på Austad, Osterøy, g.m. Anna Nilsdtr, Skreiæ bnr. 2. Sjå Gjerstad s. 378.
  7. Anders 1793-, sjå bnr. 9.
  8. Johannes 1795-, gardbrukar på Nonås i Hosanger, g.m. Brita Haldorsdtr. Havre. Sjå Hosanger I del 1 s. 110
  9. Nils 1798-, brukar på Langhelle, sjå Langhelle bnr. 6.
  10. Kari f. og d. 1800.
  11. Kari 1802-, g.m. Nils Nilsson Jamne, sjå Jamne bnr. 1.


1807 skøyte til Tomas Nilsson 1788- 1857. Faren Nils Tomasson og mora Synneva Olsdtr. skulle ha kår bade av bnr. 3 og bnr. 1.

Tomas gifte seg 1812 m. Ingebjørg Tørresdtr. Vaksdal bnr. 5 1792-1874.

Born:

  1. Synneva 1813-, g.m. Sjur Sjursson, sjå leigebuarar.
  2. Anna 1815-, g.m. Olav Larsson Strømme.
  3. Kari f. og d. 1817.
  4. Kari 1818-, g.m. Besse Olsson Langhelle. Sjå Skreiæ bnr. 3.
  5. Nils 1820
  6. Tørres 1824-, sjå bnr. 6.
  7. Synneva 1827-, g. 1851 m. Mikkel Monsson. Sjå leigebuarar, Herfindalen.
  8. Ingebjørg 1831-, b. U.S.A., g. 1857 m. Johannes M. Stanghelle.
  9. Tomas f. og d. 1834.
  10. Marta 1835-.
  11. Tomas 1839-, utvandra til U.S.A. 1858.


1845 skøyte til Nils Tomasson for 200 spd. og kår til foreldra. 1869 vart det halde skylddeling, og løpenr. 505 b vart skilt i frå. Sjå bnr. 4 nfr.

Nils 1820- 1894 gifte seg 1846 m. Brita Nilsdtr. Jamne bnr. 1 1824- 1899.

Born:

  1. Ingeborg 1846-1901, 1. g. gift 1872 med Knut Monsen Jamne 1840-1872. Dei fekk ei dotter, Brita 1872-1873. Knut hadde ei dottera Kniutine, f. 1866 med Borgny O. Herfindal f. 1848. Knutine emigrerte i 1882. Ingeborg gift 2.g. 1879 m. mylnearbeidar Olai Nilsson Eidsvåg, Herdla f. 1856, brukar her, sjå nfr.
  2. Anna 1848- 1849.
  3. Kari f. og d. 1851.
  4. Kari 1853- 1854.
  5. Tomas 1845-, brukar her.
  6. Kari 1858-, g.m. Jens Nilsson Øye.
  7. Olav 1860-.
  8. Olav 1863-.


1882 skøyte til Tomas Nilsson for kr. 400 og kår til foreldra. Tomas f. 1856 g. 1882 m. Brita Johannesdtr. Vik, Bruvik, f. om lag 1852. Tomas dreiv som mylnar og steinarbeidar etter at han hadde late dette bruket frå seg. Han og huslyden busette seg seinare på Voss.

Born:

  1. Nils f. og d. 1882.
  2. Nils 1883-.
  3. Brita 1885-.
  4. Johanna Bergitta 1886-.
  5. Ole 1888- 1889.
  6. Ole 1890-.


1884 skøyte til Olai Nilsson Eidsvåg for kr. 2.760 og kår. 1889 gav Olai skøyte til verfaren Nils Tomasson på det bustadhuset som han budde i for kr. 300. Olai var fødd på Nordre Abedisso, Herdla.

Olai 1856-, g. 1879 med Ingeborg Nilsdtr. Sæterdal bnr. 3, f. 1846. Sjå ofr. Olai emigrerte til USA 1891. Ingeborg sel bruket og emigrerer i 1892 med borna. Ho hadde også med seg sin uekte son Ole Johannesen, f. 1873. I kyrkjeboka er faren skriven Johannes Eriksson, f. 1852.


Born:

  1. Knut Bertin 1880-.
  2. Berta 1882-.
  3. Kari Nilsina 1884-.
  4. Nils 1886-.
  5. Brita 1888- 1889.


1892 skøyte på bnr. 3 og 5 til Anders Tomasson Ytre-Bruvik for kr. 5.500. Anders 1816- 1912 var frå Stavenes bnr. 1, g. 1853 m. Ingebjørg Olsdtr. Rødberg bnr. 1 1835- 1919. Dei var brukarar på Ytre-Bruvik bnr. 5 for dei kom hit.

Born:

  1. Ingebjørg 1853-, g.m. Johannes Tørresson Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 3.
  2. Olina 1860-, g.m. Hans Hushaugen, brukar her.
  3. Brita 1863-.
  4. Madli 1869-.
  5. Tomas 1871-, sjå Ytre-Boge bnr. 16.
  6. Anna 1876-, b. Askøy.
  7. Ole Johan 1878-, brukar her.


1899 skøyte til Ole Johan Andersson 1878-. Han hadde dette bruket kring 5 år. Så selde han det til systra og hennar mann. Ole Johan dreiv seinare som steinarbeidar. Han var gift med ei jente frå Osterfjorden.


1903 skøyte til Hans Johannesson Hushaugen frå Askøy, g.m. Olina Andersdtr. f. på dette bruket 1860. Olina og Hans hadde visstnok eit par år i førevegen kjøpt seg kår av dette bruket hjå bror hennar.

1904 skøyte på bnr. 3 og 5 til Sjur Olsson Olsnes 1866- 1945, gardbrukar og mylnearbeidar, son åt Andrea og Olav J. Olsnes, Jamne bnr. 9, g.m. Malena Nilsdtr. Tunes 1863- 1929. Sjå Haus s. 447 -448.

Born:

  1. Nils Olai 1885-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Alfred Kristoffer 1887-, brukar her, sjå nfr.
  3. Bernhard Martin 1889-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  4. Amanda Marie 1891-, g.m. Nils Sæterdal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  5. Hilda Sofia 1893
  6. Olav 1896-, b. Washington, U.S.A.
  7. Margit 1898-, b. Stavanger, g.m. mylnearbeidar Olav Larsen frå Vaksdal.
  8. Jon 1899- 1921, ug.
  9. Magnus 1901- 1944, ug., vegarbeidar.
  10. Sigvald 1901-, brukar her.
  11. Henrik Oliver 1904-, sjå bnr. 16.
  12. Anton 1906-, b. Eidsvåg.
  13. Bertina Julianna 1910, brukar her, sjå nfr.


1931 skøyte på bnr. 3 og 5 til Sigvald Sjursson Olsnes f. 1901, g.m. Maria Johannesdtr. Berge frå Øystese. Dei busette seg seinare i Øystese.

Born:

  1. Sjur 19**-, lækjar og forskar, b. Oslo.
  2. Gjertrud 19**-.


1958 skøyte på bnr. 3 og 5 til Alfred Kristoffer Sjursson Olsnes 1887- 1967. Han hadde arbeidt i U.S.A. for han overtok dette bruket.


1966 skøyte på bnr. 3 og 5 til Bertina Julianna Sjursdtr. Olsnes f. 1910, d. 2002. Ho var hushaldar på dette bruket medan bror hennar, Alfred, dreiv det.


1972 skøyte på bnr. 3 og 5 til Jon Sigvald Larsen f. 19** og Anker Larsen f. 19**. Dei er søner åt Olav Larsen, Stavanger, og kona Margit Sjursdtr. Olsnes f. 1898, sjå ofr.


BNR. 4

Skilt frå bnr. 3 1869. Løpenr. 505 b. Gamal skyld 77/96 merker smør. Ny skyld 8 sk. 1886: 0,10 skm.


1869 skøyte for 50 spd. til Mons Olsson Herfindal. Han hadde 1863 fått skøyte på bnr. 8.


1875 skøyte på bnr. 4 og 8 til Gerdt Meyer frå Mons Olsson Herfindal ved fullmektig.


1877 makeskifteskøyte til Ole Nilsson Vaksdal på bnr. 4 og 8. Til vederlag skulle Gerdt Meyer bli eigar av Ole Nilssons bruk i Vaksdal. Sjå Vaksdal bnr. 27. Gerdt Meyer tok atterhald om elveretten og rett til å ekspropriera til fabrikkanlegg, vegar o.s.b.

Ole Nilsson fekk skøyte på bnr. 2 om lag 1900. Bnr. 2, 4 og 8 har seinare hatt same eigar. Huslydopplysningar: Sjå bnr. 2.


BNR. 5

Skilt frå bnr. 3 1880. Gamal skyld 9 5/8 merker smør. Ny skyld 4 ort 6 sk. 1886: 1,25 skm. 1956: 0,47 skm.

1880 skøyte til Olai Nilsson Eidsvåg for kr. 1.200 og kår verdsett til kr. 400 i 5 år. Kårbrev til verforeldra Nils Tomasson og Brita Nilsdtr. brukarfolk på bnr. 3, vart tinglyst same år. Olai Nilsson var g.m. eldste dotter deira, Ingebjørg f. 1846.

1884 fekk Olai skøyte på den andre helvta av farsgarden at kona frå bror hennar. Tomas Nilsson. Bnr. 3 og 5 har seinare hatt same eigar. Huslydopplysningar og seinare eigarskifte: Sjå bnr. 3.


BNR. 6

Daglegnamn: Tørresane. No Nygård.

Gamalt løpenr. 55, nytt løpenr. 506.

Gamal landskyld 18 merker smør. skatteskyld 20 1/4 mork smør. 1747 vart bade landskyld og skatteskyld sett ned med 1 mork smør. 1837 ny skyld: 1 dl. 3 ort 20 sk. 1839 vart bruket delt i to halvpartar, og landskylda vart då 8 1/2 mork smør. Skatteskyld 9 5/8 merker smør. Ny skyld: 4 ort 10 sk. 1886: 1,33 skm.

1863 var det på dette bruket 4 mål åker. 2 mål var god åker, 1 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 35 1/2 mål 7 mål var god bø, 4 1/2 mål middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånad: 2 tunner havre, 2 tunner poteter. Avling: 8 tunner havre, 9 tunner poteter, 489 våger høy, 56 våger halm. I slåttene hausta dei 90 våger høy. Fødnad: 7 storfe, 1 ungfe, 11 småfe. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn ein denne oppgåva: Sånad 2 tunner havre, 2 tunner poteter. Fødnad: 8 storfe, 8 småfe, 1 gris. 1875: Sånad 2 tunner havre, 3 tunner poteter, Fødnad: 1 hest, 7 kyr, 2 ungfe, 15 sauer.


1763 skøyte til Johannes Bessesson frå faren Besse Tomasson, brukar på bnr. 9.

Johannes 1737-, g. 1763 m. Cecelia Knutsdtr. Tysse. Same året fekk han skøyte på garden Grønsdal i Samnanger hjå verfaren Knut Pedersson Tysse. Johannes og Cecelia vart da brukarfolk i Grønsdal. Sjå Samnanger I s. 564.


1765 skøyte til Erik Monsson Vaksdal frå svogeren Johannes Bessesson. Erik Monsson 1739- 1795 var g.m. Anna Bessesdtr. Sæterdal 1747-, sjå bnr. 9. Dei flytte til Myrdal i Åsane 1786.

Born:

  1. Marta f. om lag 1756-, g. 1785 m. Hartvig Pedersen, Bergen.
  2. Mons 1767-.
  3. Guri 1769-.
  4. Kari 1772-, g.m. Anders J. Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 25.
  5. Cecelia 1775-.
  6. Besse 1778-.
  7. Sjur 1781-.
  8. Anders 1785-.


1786 skøyte til Knut Sjursson for 300 rdl. 1800 vart det tinglese odelsskøyte til Knut Sjursson frå Mons Eriksson Myrdal, son at den førre brukaren her.

Knut 1764- 1830 var son åt Sjur Monsson Vaksdal og kona Brita Knutsdtr. Dei hadde ei tid gard i Kvitingen i Samnanger. Seinare overtok dei Herfindalen bnr. 5.

Knut var g. 1786 m. Marta Nilsdtr. Havrå 1746- 1837. Knut og Marta var barnlause. Då det vart halde skifte etter dei 1837, var bruttosummen i buet vel 827 spd. Nettoen vel 786 spd. Av fast eigedom hadde buet ein part i garden Takvam, som dei hadde fått skøyte på 1826. Denne parten var verdsett til 150 spd. 493 spd. var ute på lån. Mellom dei største låntakarane var to av brorsønene at Marta, Johannes Haldorsson Blom og Nils Haldorsson Havrå. Dei skulda kvar 100 spd. til buet. Ein annan låntakar var Olav Andersson Sedalen b. på Reistad i Mjelde. Han skulda 140 spd. til buet. Pantobligasjonane til desse 3 låntakarane var tinglyste 1824, 1826 og 1835, altså etter at Knut og Marta hadde selt dette bruket. Haus prestegjeld fekk eigen sparebank 1867. For den tid var det ein del velståande folk i bygda som tente som bankar. Skiftet etter Marta og Knut viser at buet deira var ein av desse " bankane".


1817 skøyte til Johannes Andersson Vaksdal for 400 spd. og kår til Knut Sjursson og Marta Nilsdtr.

Johannes Andersson 1797- 1836 var frå Vaksdal bnr. 24. 1820 gjorde han makeskifte og bytte til seg eit bruk i Indre-Boge. Huslydopplysningar: Sjå Indre-Boge bnr. 6.


1820 makeskøyte til Johannes Johannesson Vaksdal, brukar på Indre-Boge bnr. 6. Han og kona Kari Olsdtr. dreiv dette bruket til 1836. Då overtok dei Skreiæ bnr. 1 og flytte dit. Huslydopplysningar: Sjå Indre-Boge bnr. 6 og Skreiæ bnr. 1.


1836 makeskøyte til Johannes Andersson Skreiæ bnr. 1, 1807-1882, g.m. Marta Knutsdtr. Indre-Boge bnr. 1, 1812- 1876. Dei var barnlause. 1839 delte Johannes bruket sitt i to halvpartar, bnr. 6 og bnr. 7, som han selde til brørne Arne og Erik. Mor deira, Gunhild Arnesdtr., fekk kår av båe bruka ved tinglyst kårbrev 1839.


1839 skøyte til Arne Andersson på 8 1/2 mark smør. for 200 spd. og kår til mora Gunhild. Sjå ofr.

Arne f. 1811-, hadde for vore brukar i Skreiæ på bnr. 3. 1853 kjøpte han Herfindalen bnr. 8 og flytte dit.

Arne Andersson g.1.g.m. Brita Johannesdtr., Sedalen bnr. 6, 1809-1845. Ved skiftet etter Brita Johannesdtr. 1846 vart dette bruket verdsett til 305 spd. og utlagt til enkjemannen.

Arne g.2.g. 1846 m. Kari Johannesdtr., Sedalen bnr. 6, 1822-.

Born i 1. og 2. ekteskap: Sjå Herfindalen bnr. 8.


1853 skøyte for 400 spd. til Halvard Larsson Heggernes b. på Hennø i Fana frå 1861. Sjå Hosanger I del II s. 630.

1858 skøyte til Tørres Tomasson Vaksdal for 700 spd. Torres var fødd på bnr. 3 1827 d. 1874, g.1.g.m. Kristi Jonsdtr. d. 1866. Ved skiftet etter Kristi vart dette bruket utlagt til enkjemannen.

Barn:

  1. Tomas 1857- 1872.

Tørres g.2.g.m. Kari Persdtr. Sandvik 1843- 1920. Sjå Samnanger s. 797.

Born:

  1. Kristian 1868-, brukar her.
  2. Peder 1871- 1879.
  3. Ingeborg Helgina 1874-, b. Wisconsin, U.S.A.


1876 skifteskøyte til Kristian Tørresson for takstsummen 325 spd. Kristian reiste til Amerika i ungdomen, og kom hit att kring 1889. Då overtok han bruket og gav kår til mora Kari Pedersdtr. og 2. mannen hennar, Anders Andersson. Sjå nfr. Kristian reiste til Amerika att, der han var farmar i Wisconsin. Han døydde 1944.


1898 skøyte til Anders Andersson Sæterdal f. på bnr. 9 1852-1937, g.m. enkja Kari Pedersdtr. 1843- 1929, sjå ofr. Dei dreiv dette bruket frå dei gifte seg 1876. 1889, a. Kristian, son at Kari i hennar 1. ekteskap, overtok bruket, fekk dei tinglyst kårbrev verdsett til kr. 100 årleg. Det gav dei rett på foster til 2 kyr og 4 sauer. Dei skulle ha 2 tunner havre og 2 tunner poteter, fritt hus, ljos og brenne, og det tilsynet dei trong. Dei skulle dessutan kunne onna bøteigen Slåttelia med ein åker som låg i teigen. Kårbrevet vart formelt sletta 1924.

Born:

  1. Synneva 1876- 1879.
  2. Peder 1880- 1881.
  3. Sofia Andrina 1882-, g.m. Anders A. Stamneshagen.
  4. Anna Margreta 1886, d. 1981, g.m. Andreas O. Sæterdal, brukar her.


1924 skøyte til Andreas Olsson Sæterdal på bnr. 6 og 13. Kårbrev til Kari og Anders A. Sæterdal, som var verforeldra til den nye brukaren, vart tinglyst samstundes med skøytet.

Andreas f. på bnr. 9 1884, d. 1988, g. 1908 m. Anna Margreta Andersdtr. f. 1886 d. 1981, på dette bruket 1886.

Born:

  1. Alvilda 1911-, b. Skittesvik, Askøy, g.m. Leonard Nyheim. Sjå bnr. 17.
  2. Ovald 1912-, brukar her, sjå nfr.


1960 skøyte til Ovald Andreasson Sæterdal på bnr. 6 og 13. Kår brev til foreldra vart tinglyst saman med skøytet.

Ovald er gardbrukar og damvaktar i Vaksdal Mølle, g.m. Pernilla 1915-2008, dtr. at Anna og Anton Knutsen, Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

Born:

  1. Arne 19**-, sjå bnr. 22.
  2. Steinar 19**-, sjå bnr. 21.


BNR. 7

Daglegnamn: Gjertrudbruket. Skilt frå bnr. 6 1840.

Gamalt løpenr. 55 b, nytt løpenr. 507.

Gamal skyld 8 1/2 mork smør. Ny skyld 4 ort 10 sk. 1844, etter at bnr. 8 var skilt frå gjekk skylda ned til 3 ort 7 sk. 1886: 1,04 skm.

1863 var det på dette bruket 4 mål åker. 3 mil var god åker, 1 mål var ring. Engvidda var 22 1/2 mål. 8 mål var god bø, 5 mil middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord.

Sånad: 2 tunner havre, 2 tunner poteter. Avling: 8 tunner havre, 9 tunner poteter, 414 våger høy, 56 våger halm. I slåttene hausta dei 90 våger høy. Fødnad: 4 kyr, 2 ungfe, 16 geiter. Desse tala er fra Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn ein desse opplysningane: Sånad 2 tunner havre, 2 tunner poteter. Fødnad: 7 storfe, 1 sau, 8 geiter, 1 gris. 1875: Sånad 2 tunner havre, 3 tunner poteter. Fødnad: 7 kyr, 3 ungfe, 9 småfe.


1840 skøyte til Erik Andersson for 200 spd. frå broren Johannes, som hadde vore brukar på bnr. 6. Han delte no dette bruket sitt mellom brørne Arne og Erik. Sjå bnr. 6 ofr. og Skreiæ bnr. 1.

Erik 1813-, g. 1844 m. Lisbet Olsdtr. Austre Kleppe 1818-. Sjå Hosanger band I del I s. 616 og 617.

Born:

  1. Anders 1844- 1845.
  2. Anders 1846-, gardbrukar på Nordre Veset, g.m. Brita Johannesdtr. Veset. Sjå Haus s. 26.
  3. Olav 1848-, sjå Jamne bnr. 7.
  4. Anders 1850-, g. 1875 m. Marta Nilsdtr. Jamne.
  5. Johannes 1853-, brukar på Dalseid bnr. 1, sjå Dalseid bnr. 1
  6. Rasmus f. og d. 1856.
  7. Rasmus 1857-, mylnearbeidar, g.m. Kari Tomasdtr. Jamne, sjå Jamne bnr. 7.
  8. Erik 1861-. Sjå Herfindalen bnr. 8.


1855 skøyte for 575 spd. til Olav Johannesson Eikefet. Han kom hit frå Eikefet i Stamnes, der han hadde drive plasset Fethagen. Sjå Eikefet, brukarar.

Olav Johannesson 1820- 1897 og kona Gjertrud Andersdtr. 1823-1908, hadde 5 born da dei kom hit. Gjertrud var kjend for å vera kløktig. Det fortel noko om henne at det var henne bruket fekk namn etter.

Born:

  1. Gjertrud 1846-, g.m. Jakob Hansson Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 22.
  2. Ingebjørg 1848-, g.m. Olav Andersson Kleppe, sjå Sedalen bnr.9.
  3. Johannes 1850
  4. Anders 1852-, g.m. Brita Olsdtr., brukar i Sedalen på bnr. 1.
  5. Haldor 1855-, mylnearbeidar, sjå Jamne bnr. 6 og ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  6. Sigrid 1858-, g.m. Knut Nordvik, Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 21.
  7. Askjell 1860- 1863.
  8. Askjell 1867-, smed, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1878 skøyte til Johannes Olsson for kr. 1.600 og kår til foreldra, verdsett til kr. 600 for 5 år.

Johannes 1850- 1941 var g.1.g.m. Anna Nilsdtr. Jamne bnr. 1 1855- 1893.

Born:

  1. Ole 1877-, brukar her.
  2. Gjertina 1887-, g.m. Nils Olai Olsnes, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Nils Olai 1888-, smed, b. Dale, seinare Odda. Sjå ættesoge for Dale.
  4. Berta Karina 1890- 1958, husmor her.

Johannes g.2.g.m. Helga Knutsdtr. Vik 1856- 1915. Sjå Vik bnr. 5.

Barn:

  1. Andreas f. om lag 1896-, d. 1970, industriarbeidar i Odda, b. på Vidnes i Kinsarvik, gift.


1937 skøyte til Ole Johannesson. Kårbrev til faren og til systra Berta Karina vart tinglyst samstundes med skøytet.

Ole 1877- 1960 var g.m. Kari Andreasdtr. Ekanger 1879-. Sjå Dale bnr. 16.

Born:

  1. Anna 1902- 1919, ug.
  2. Andreas Ekanger 1905-, sjå nfr.


Andreas Olsson Ekanger Sæterdal 1905- 1962 vart neste brukar. Andreas var g.m. Frida Mathilda 1907-, dtr. at Edvard O. Sæterdal, Sjå bnr. 15 nfr. 1972 fekk ho som enkje tinglyst heimel til dette bruket, av di mannen Andreas var einearving etter Kari og Ole J. Sæterdal.

Born:

  1. Karsten 1938-, brukar her, sjå nfr.
  2. Finn 19**-, sjå bnr. 23.
  3. Ester 19**-, b. Valestrand, g.m. Omar Eldvik.


1974 skøyte til Karsten E. Sæterdal f. 1938 d. 1999.


BNR. 8

Daglegnamn: Plasset eller Nyplasset.

Skilt frå bnr. 7 1844.

Gamal løpenr. 55 c, nytt løpenr. 508. Gamal landskyld 2 1/8 mork smør. ny skyld 1 ort 3 sk. 1886: 0,32 skm. 1863 var det på dette bruket 1 1/3 mål middels god åker og 9 1/2 mål middels god bø. Der var ikkje dyrkingsjord. Sånad: 1/4 tunne havre, 2 tunner poteter. Avling: 1 tunne havre, 8 tunner poteter, 240 eller 270 våger høy. 7 våger halm. I slåttene hausta dei 30 våger høy. Fødnad: 3 kyr, 11 sauer. Bruket vanta hustømmer, og her var heller ikkje nok skog til ved. Skogen gav berre 3/4 av den veden som trongst. Desse tala er fra Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn ein denne oppgåva: Sånad 1/4 tunne havre, 2 tunner poteter. Fødnad: 4 storfe, 11 geiter, 1 gris.

Som namnet syner var dette bruket eit husmannsplass frå fyrst av. Kva tid det var oppteke veit ein ikkje heilt visst.


1826 var det tinglyst festesetel til Mikkel Arnesson på eit stykke innangjerdes mark. Det kan ha vore dette plasset. Mikkel Arnesson f. i Herfindalen på bnr. 8 1793, vart g. 1818 m. Marta Johannesdtr. Holmøy.

Born:

  1. Arne f. og d. 1818.
  2. Arne 1819-.
  3. Johannes 1822-.
  4. Anna 1823-.
  5. Erik f. og d. 1827.
  6. Mikkel g.2.g. 1847 m. Marta Johannesdtr. Haukeland.
  7. Mikkel g.3.g. 1854 m. Ågot Olsdtr. Audland. Sjå Arna s. 270.


1844 skøyte til Johannes Olsson for 190 spd.

Johannes f. på bnr. 8 i Herfindalen 1812 d. 1904, var g.m. Brita Olsdtr. Minne 1815- 1889. Dei selde bruket 1863 og flytte til Audlandsneset. Seinare vart dei brukarfolk på Borge. Sjå Arna s. 430 og 253.

Born:

  1. Borgny 1844- 1845.
  2. Malene f. og d. 1845.
  3. Olav f. og d. 1846.
  4. Olav f. og d. 1849.
  5. Olaf f. og d. 1851.
  6. Brita 1854-, b. Borge, g.m. Lars Olsson Stavenes bnr. 4. Sjå Arna s. 433.
  7. Anders 1859-.


1863 skøyte til Mons Olsson for 300 spd.

Mons f. på plasset Ardalen 1839-, var g.m. Marta f. 1836-, dtr. åt Synneva og Sjur Sjursson frå Sedalen. Sjå leigebuarar nfr. og Herfindalen bnr. 2.

Born:

  1. Ole 1864-.
  2. Sjur 1866-.
  3. Brita 1869-.
  4. Ingebrigt 1871-.


1875 skøyte til Gerdt Meyer på bnr. 2 og 8 for 490 spd.

1877 makeskiftebrev til Ole Nilsson Vaksdal. Han bytte bort bruket sitt i Vaksdal mot bnr. 2 og 8. Seinare fekk han skøyte på bnr. 4. Desse 3 bnr. har seinare hatt same eigar. Sjå bnr. 2 ofr.


BNR. 9

Daglegnamn: Synsvoll. For Kleppane.

Gamalt løpenr. 56, nytt løpenr. 509. Gamal landskyld 18 merker smør. Det vart ikkje avtak i skylda 1747, slik som for dei andre bruka. Ny skyld 1838: 1 dl. 3 ort. 20 sk. 1860, då løpenr. 509 vart delt frå gjekk skylda ned til 1 dl. 2 ort 14 sk.

1879, då bnr. 10 vart delt frå gjekk skylda ned til 3 ort 19 sk. 1886: Ny skyld 1,11 skm.

1863 var det på dette bruket 5 mål åker, 3 mål var god åker, 1 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 66 mål 2 mil var god bø, 6 mål var middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord.

Sånad: 3 1/2 tunner havre, 3 tunner poteter. Avling: 14 tunner havre, 14 tunner poteter, 648 våger høy. 98 våger halm. I slåttene hausta dei 60 våger høy. Fødnad: 1 hest, 7 kyr, 1 ungfe, 8 sauer, 12 geiter. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 er sånaden 3 tunner havre, 3 tunner poteter. Fødnad: 1 hest, 8 kyr, 8 sauer, 6 geiter, 1 gris.

1875 sånad: 4 tunner havre, 4 tunner poteter. Fødnad: 9 kyr, 3 ungfe, 22 småfe.


Besse Tomasson f. 1709 vart brukar her 1764. Han var g. 1734 m. Guro Andersdtr. Børdal. Dei dreiv eit bruk i Børdal for dei kom hit. Sjå Samnanger s. 645 og 646. Besse hadde truleg fått utlagt ein part i garden ved skiftet etter faren, Tomas Nilsson Langeland. Sjå brukarar for 1750. 1749 fekk Besse skøyte på 14 merker smør. i Sedalen frå Sjur Johannesson Herfindal, Nils Olsson Reigstad og Eirik Sæterdal m. fl.

Born:

  1. Borgny 1735-, g.m. Torgils L. Gaupholm.
  2. Johannes 1737-, brukar i Grønsdal. Sjå Samnanger I s. 564.
  3. Tomas 1739-, g.m. enkja Magdalena Monsdtr. Haug.
  4. Anders 1740-, brukar på Stamnes bnr. 7. Sjå Stamnes bnr. 7.
  5. Anna 1747-, g.m. Erik Monsson Vaksdal, Sjå bnr. 6 ofr.


1778 bygsla Mons Knutsson Vaksdal dette bruket av Johannes Bessesson Grønsdal. Johannes hadde truleg vorte eigar av dette bruket 1761, men han var ikkje brukar her sjølv. 1778 vart det tinglyst vilkårsbrev til far hans, Besse Tomasson. Sjå ofr. 1785 fekk Mons Knutsson skøyte på bruket.

Mons f. på Vaksdal 1748 var g.1 .g.m. Brita Bessesdtr. Skreiæ 1747- 1806.

Born:

  1. Anna 1776- 1798.
  2. Marta 1780- 1782.
  3. Anna 1780- 1782.
  4. Marta 1783-, g. 1800 m. Anders Olsson, brukar her, sjå nfr.
  5. Brita 1786-.
  6. Kari 1789-, g.m. Besse Nilsson Skreiæ, sjå Skreiæ bnr. 2.

Mons g.2.g. 1812 m. Kari Steffensdtr. Nordre Valestrand.

Kari g.2.g. 1838 m. Mons monsson Øvste Mjelde, Indre-Boge bnr. 1.


1789 skøyte til Olav Sjursson Herfindalen bnr. 1. Han hadde vore brukar på Dale bnr. 6 for han kom hit. Sjå Dale bnr. 6.

Olav 1745- 1814 var g.1.g.m. Gunhild Andersdtr. Øyo 1735-1796. Ved skiftet 1796 etter Gunhild Andersdtr. var bruttosummen i buet 31 rdl. 1 ort 6 sk. Nettoen 5 rdl. 2 ort 6 sk. Enkjemannen Olav Sjursson ervde helvta. Resten vart delt mellom sonen Anders og døtrene Borgny og Anna.

Born:

  1. Anders 1771-, brukar her.
  2. Borgny 1773-, g. 1805 m. Johannes Knutsson Valevatne, Manger.
  3. Johannes f. og d. 1775.
  4. Anna 1778-, g.m. Olav Knutsson Herfindalen, sjå Herfindalen bnr. 6.

Olav g.2.g.m. Ingebjørg Jonsdtr. Straume bnr. 5, f. 1755.

Ved skiftet 1813 etter Olav Sjursson var bruttoen i buet 318 rdl. 4 ort 6 sk. Av dette var husa i buet verdsette til 100 rdl. Nettoen var 288, rdl. 4 ort 6 sk. Enkja Ingebjørg Jonsdtr. ervde halvparten. Den andre helvta vart delt mellom sonen Anders og døtrene Borgny og Anna.

Ingebjørg g.2.g.m. Lars Andersson Straume bnr. 2. Sjå Straume bnr. 2 og 5.


1796 skøyte til Anders Olsson. Foreldra fekk kår. Da mora døydde og faren gifte seg att, vart det tinglyst nytt kårbrev til den nye kona Ingebjørg Jonsdtr. Både skøyte åt faren og kårbrev nemner ei skyld på 9 merker smør. 1800 fekk Anders Olsson skøyte frå Mons Knutsson på 9 merker smør. Mons Knutsson hadde altså halde att halve bruket då han selde det til Olav Sjursson Dale 1789. Anders Olsson skulle også svara kår til Mons Knutsson og kona.

Anders f. 1771-, var g.1.g.m. Maria Johannesdtr. Dale bnr. 6 1755- 1796. Maria døydde på barnseng saman med den nyfødde sonen.

Anders g.2.g. 1800 m. Marta Monsdtr. Sæterdal 1783- 1805. Ved skiftet 1805 etter Maria Monsdtr. var midlane i buet 214 rdl., men gjelda i buet vart utlagt til kreditoren Knut Sjursson Sæterdal. Han gav skøyte 1807 til Anders Olsson.

Born:

  1. Olav f. og d. 1802.
  2. Olav 1803-, brukar her.
  3. Mons f. og d. 1805.

Anders g.3.g.m. Anna Johannesdtr. Veset 1767- 1825. Sjå Haus s. 31.

Born:

  1. Mons 1808-.
  2. Haldor 1812g. 1840 m. Synneva Nilsdtr. Hole. Sjå Gjerstad s. 282.
  3. Eirik 1813-, sjå bnr. 7.
  4. Synneva 1822-.
  5. Ingebjørg 1824-.

Anders g.4.g. 1826 m. Kari Nilsdtr. Øvste Mjelde 1793-. Sjå Haus s.

Born:

  1. Nils 1827-, g.m. Maria Johannesdtr. Litun.
  2. Marta 1832-.
  3. Brita 1835-, sjå Gjerstad s. 155.


1821 skøyte til Olav Andersson for 250 spd. og kår til foreldra. Olav f. 1803 g. 1822 m. Guri Andersdtr. Vaksdal bnr. 24 1790-. Han bygsla bort dette bruket 1830, og selde det 1834. 1836 flytte han til Reistad. Han kom attende til Bruvik 1840, då han overtok Indre-Boge bnr. 6. Huslydopplysningar: Sjå Indre-Boge bnr. 6


1830 bygselbrev til Knut Johannesson Dale på dette bruket i 16 år. Bygselsetelen vart avlyst alt 1831, då Knut Johannesson fekk festesetel på plasset Tuftebrotet, sjå nfr.


1834 makeskifteskøyte til Christian Jensson Bruvik mot eit bruk i Nordre Reigstad i Mjelde skipreide. Den nye eigaren var lensmann, og dreiv truleg ikkje dette bruket sjølv. Sjå Skreiæ bnr. 3.


1837 makeskifteskøyte til Anders Olsson Vaksdal bnr. 1. Anders Olsson flytte til Ytre-Boge 1840. Huslydopplysningar: Sjå Vaksdal bnr. 1.


1840 skøyte til Anders Nilsson f. i Sedalen på bnr. 3 1793 d. 1851, g. 1820 m. Magdeli Nilsdtr. Jamne bnr. 1 1793-1875. Dei hadde butt i Hamre prestegjeld frå 1827. Då Anders fekk skøyte på dette bruket, kalla han seg Anders Nilsson Fosse.

Born:

  1. Synneva 1821-, g.m. neste brukar,
  2. Ingebjørg 1823-,
  3. Brita 1825-, g.m. Tomas N. Sæterdal, sjå leigebuarar.
  4. Nils 1828-, sjå bnr. 2.


1845 skøyte til Anders Olsson Kleppe for 300 spd. og kår til verforeldra Anders Nilsson og Magdeli Nilsdtr.

Anders 1822- 1880 var son åt Anna Nilsdtr. og Olav Magnesson Austre Kleppe, g. 1844 m. Synneva Andersdtr. Sæterdal bnr. 9, f. 1821. Sjå Hosanger I del 1 s. 616-617.

Born:

  1. Johannes f. og d. 1846,
  2. Magdeli 1847-, g.m. Ole Knutsson Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 24.
  3. Olav 1849-, brukar her, sjå nfr.
  4. Anders 1852-, sjå bnr. 6,
  5. Nils 1856-, sjå bnr. 10,
  6. Anna 1858-, b. U.S.A., g. 1879 m. Olav Andersson Austre Kleppe. Sjå Hosanger I del 1 s. 626
  7. Johanna 1864-, g.m. Ole N. Sæterdal bnr. 2.


1852 skøyte til Per Sjursson Høyseter for 400 spd.

Per 1823-, var son til Sjur Monsson Høyseter og kona Sigrid Pedersdtr., g. 1847 m. Kristi Johannesdtr. Børdal. 1856 kjøpte dei eit bruk i Børdal. Sjå Samnanger s. 608 - 609 og 642 - 643.


1856 skøyte for 500 spd. til Anders Olsson, som hadde ått dette bruket frå 1845- 1852. Sjå ofr.

1860 vart ein part skilt frå dette bruket. Den nye parten fekk løpenr. 509b, ny skyld 1 ort 6 sk., gamal skyld 2 25/28 merker smør. Denne parten vart slegen saman med ein part som vart skilt frå bnr. 1. Sjå bnr. 2 ofr.

1879 delte Anders bruket sitt mellom sønene Olav og Nils. Sjå nfr. og bnr. 10.

1877 fekk Anders skøyte på det gamle plasset Ardalen. Denne eigedomen har sidan fylgt dette bruket. Sjå Herfindalen bnr. 2.


1879 skøyte til Olav Andersson på bnr. 9 og Herfindalen bnr. 2 for kr. 600 og kår verdsett til kr. 300 i 5 år. Kårfolket Anders Olsson og Synneva Andersdtr. skulle også ha kår av bnr. 10.

Olav Andersson 1849- 1932 var g.m. Ingebjørg Olsdtr., Sedalen bnr. 7, 1848- 1916.

Born:

  1. Synneva 1870-, b. U.S.A., tok der førenamnet Sofia, g.1.g.m. Mathiesen, g.2.g.m. Langfald.
  2. Anders 1872-, brukar her.
  3. Gjertrud 1875-, b. Vaksdal, g.m. Ole Larsen, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  4. Malena 1877-, b. Vaksdal, g.m. Ole A. Faugstad, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  5. Ole 1880-, b. Vaksdal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  6. Edvard 1882-, sjå bnr. 15.
  7. Andreas 1884-, sjå bnr. 6.
  8. Ingebjørg 1887-, b. Wisconsin, U.S.A.
  9. Nils 1889-, b. Vaksdal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  10. Bernt Olai 1891-, d. som barn.


1913 skøyte til Anders O. Synsvoll, damvaktar og gardbrukar, son at den førre brukaren her, Sjå ofr.

Anders 1872- 1964 var g.m. Brita Tomasdtr. Vaksdal bnr. 28, 1880- 1973.

Born:

  1. Ingeborg 1899-, b. Vaksdal, g.m. Odin Thom, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Olaf 1902
  3. Thomas 1904- 1972, b. i U.S.A.
  4. Borger 1906-, kaiarbeidar i Odda.
  5. Arthur 1909-, damvaktar i Vaksdal Mølle, b. her.
  6. Nansy 1912, b. Bergen, g.m. Peter Larsen.
  7. Selma 19**-, b. Vaksdal, g.m. Kåre Njøstad, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  8. Ester Kirsten 19**-, b. Vaksdal, g.m. Leiv Kalleklev, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  9. Finn 19**-, musikar, b. Bergen.
  10. Rigmor 19**-, Bergen, g.m. Tor Ellingsen.


1961 skøyte på bnr. 9 og 12 til Olaf A. Synsvoll 1902-, sjå ofr.


BNR. 10

Daglegnamn: Teigen.

Gamalt løpenr. 509 c, gamal skyld 8 19/28 merker smør. Ny skyld 3 ort 9 sk. 1886: 1,11 skm.


1879 skøyte til Nils Andersson Sæterdal for kr. 600 og kår verdsett til kr. 300 for 5 år. Kårytinga galdt foreldra at Nils, Anders Olsson og Synneva Andersdtr. Dei hadde vore brukarfolk på bnr. 9. Dei delte dette bruket mellom sønene Olav og Nils.

Nils Andersson 1856- 1892 var g. 1878 m. Brita Persdtr. Herfindal bnr. 7 1849- 1925.

Born:

  1. Synneva 1879-, b. Vaksdal, g.m. Gudmund Stamneshagen, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Anders 1883-, brukar her, sjå nfr.
  3. Brita f. og d. 1888.

Ved skiftet etter Nils Andersson 1892 vart dette bruket verdsett til kr. 1500, og utlagt til sonen Anders 1883-. Det vart teke atterhald om bruksrett og eventuelt kår for enkja Brita Persdtr. og hennar mann.

Brita g.2.g.m. Sten Johan Nyheim 1872- 1940, son at Johannes Steinsson Høyseter og kona Margreta Nilsdtr. Sjå Samnanger I s. 615.


1892 skifteskøyte til Anders Nilsson f. 1883 i skiftet etter faren. Anders var da berre 9 år gamal, og mora Brita og stykfaren Sten Johan Nyheim hadde bruksrett til bruket, som dei dreiv truleg til 1903. Sidan budde dei på Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1902 skøyte til Anders Andersson Sæterdal.


1903 skøyte til Anders Nilsson sjå ofr., f. på dette bruket 1883 d. 1939, g.m. Magdeli Johannesdtr. 1877- 1960. Sjå Herfindalen bnr. 5.

Born:

  1. Nils Bertin 1908-, b. Dale, sjå ættesoge for Dale.
  2. Borghild, g.m. Olav Tolås, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Johannes 1911-, brukar her.
  4. Marta.
  5. Anna Marie 19**-, g.m. Erling Sæterdal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  6. Magnus Teigen 1915-1986.
  7. Klara 19**-, b. Arnatveit, g.m. Olav Nord.
  8. Ole 1917- 1978 mylnearbeidar.
  9. Malvin 19**-, mylnearbeidar.
  10. Margot 19**-, g.m. Ingvald P. Samuelsen, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1962 skøyte til Johannes Andersson Teigen 1911-1980. Sjå ofr.


BNR. 11

Skilt frå bnr. 9 og 10 1900. Skyld 0,06 skm. Heimel har Olav Anderson og Anders Nilsson, brukarar på bnr. 9 og 10 da bnr. 11 vart skilt ut.


BNR. 12

1,24 skm. Skilt frå bnr. 3 og 5 1903.

1903 skøyte til Olav Andersson bnr. 9. ofr.

1913 skøyte til Anders Olsson.

1961 skøyte på bnr. 9 og 12 til Olaf Synsvoll f. 1902.


BNR. 13

Nyastykket. Skyld 0,31 skm. Skilt frå bnr. 3 og 5 1903.

1903 skøyte til Rasmus Eiriksson Jamne (Vaksdal).

1904 skøyte til Anders Andersson. Sjå bnr. 6.

1924 skøyte til Anders Olsson på bnr. 6 og 13.

1960 skøyte til Osvald Andreasson på bnr. 6 og 13.


BNR. 14

Skyld 0,05 skm. Skilt frå bnr. 1, 9, 10 og 12 1913.

1916 skøyte til A/S Gerdt Meyer. Kjøparen har rett til å ta grunn på seljarane sine eigedomar til røyrledningar, kraftstasjonar, bygningar og brakker m.m. Dette skulle det betalast særskilt vederlag for. Ei kontrakt om desse tilhøva vart tinglyst 1917.

1919 skøyte til Den Norske Stat.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle. Sjå Vaksdal bnr. 1.


BNR. 15

Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 12 1918.


1925 skøyte til Edvard 0. Sæterdal 1882- 1977, mylnearbeidar, son at Ingebjørg og Olav Andersson, Sedalen bnr. 9, g.m. Emilie Marie 1881- 1976, dtr. at gardbrukar Fredrik Sivertsson Åmot og kona Anne Fredrikke frå Sokndal i Dalene, b. på Ødegård i Bamle.

Born:

  1. Frida Mathilda 1907-, g.m. Andreas Ekanger, sjå Sedalen bnr. 7.
  2. Oliver 1908-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Erling, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  4. Anton 1912-, sjå nfr.
  5. Leif 19**-, gardsarbeidar i Trøgstad, g.m. Marit.
  6. Malvin Johan 19**-, forretningsførar, b. Vestby, Akershus, g.m. Marta Rongved.
  7. Hildur Solveig 19**-, g.m. Gerhard Karlsen, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  8. Edith 19**-, b. Ulvik, g.m. Sjur P. Rondestveit.
  9. Ingeborg Anny 19**-, b. Ytre Arna, g.m. Erling Sigurdsen.


1949 skøyte til Anton E. Sæterdal og kona Laura. Seljaren Edvard O. Sæterdal og kona Emelia fekk fritt rådvelde over 2. høgda i bustadhuset, som dei hadde bygt her 1918. Huset hadde då 1 1/2 høgd. Den nye eigaren bygde på huset, slik at det vart breidare, og fekk 2 fulle høgder.

Anton 1912- 1976 mylnearbeidar, gards- og tunnelarbeidar, g.m. Laura 19**-, dtr. at Ingeborg og Martin Vestlund, Holter i Nannestad, Romerike.

Born:

  1. Elsa 19**-, b. Vaksdal, g.m. Torstein Knutsen, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Liv Anny 19**-, b. Oslo, g.m. Kjell Andresen.
  3. Irma 19**-, postassistent, b. Oslo.


BNR. 16

Kolfit. Skilt frå bnr. 3 1958. Skyld 0,06 skm.

1966 skøyte til Henrik Oliver Olsnes 1904-, sjå bnr. 3 ofr., g.m. Astrid Johanna Frølandsdal.


BNR. 17

Kveldsro. Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 6 1960.

1960 skøyte til Alvilda Nyheim 19**-, dtr. at Anna O. Sæterdal bnr. 6, b. Askøy, g.m. Leonard Nyheim, Skiftesvik.


BNR. 18

Solbakken. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1964.


1964 skøyte til Einar Amundsen 19**-, fabrikkarbeidar, son at Benny Ågot og Arthur Amundsen, g.m. Nelly Petra 19**-, dtr. at Nils Andreas Paulsen, Follnes i Fjell, og kona Petra Pedersen. Sjå bnr. 1 ofr.

Born:

  1. Nils Arthur 19**-.
  2. Tormod 19**-.
  3. Nina Elisabeth 19**-.
  4. Bjarne 19**-.
  5. Ann Catrine 19**-.


BNR. 19

Bjørketun. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1964.


1964 skøyte til Oskar Johan Amundsen 19**-, son åt Benny og Arthur Amundsen, g.m. Astrid Johanne 19**-, dtr. at Sofie og Ole Johnsen. Sjå bnr. 1 ofr. og ættesoge for Vaksdal og Jamne.

Born:

  1. Jan 19**-.
  2. Ove 19**-.
  3. Tove Mette 19**-.
  4. Gro 19**-.


BNR. 20

Lynghaug. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1969.

1969 skøyte til Gunnar Amundsen 19**-, fabrikkarbeidar, son åt Benny og Arthur Amundsen, g.m. Rita 19**-, dtr. åt Anna og Johannes Alvin Bruvik, Dale. Sjå bnr. 1 og ættesoge for Dale.


BNR. 21

Høgtun. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 6 og 13 1970.

1970 skøyte til Steinar O. Sæterdal 19**-, reparatør, b. Førde, son åt Pernille og Ovald A. Sæterdal bnr. 6, g.m. Marit Solheimsli.


BNR. 22

Kvammsæter. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 6 og 13 1970.

1970 skøyte til Arne O. Sæterdal 19**-, fabrikkarbeidar, son åt Pernille og Ovald Sæterdal, g.m. Aud Karin 19**-, dtr. åt Kornelia og Adolf Martin Kvamme, Dale. Sjå bnr. 1 ofr. og ættesoge for Dale.


BNR. 23

Steintun. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 7 1972.


1972 skøyte til Finn Arvid Sæterdal 19**-, fabrikkarbeidar (?) son åt Frida og Andreas Ekanger, Sedalen bnr. 7, g.m. Torild Karin 19**-, dtr. at Solveig Hildur og Arnt Bernhard Eldvik, sjå nfr.

Barn :

  1. Siv 19**-.


På bnr. 23 bur også denne huslyden:

Arnt Bernhard Eldvik 1903-, son åt gardbrukar Ola Hansson Eldvik og kona Karolina, Valestrandsfossen, g.m. Solveig Hildur 19**-, dtr. åt Laura og Ole Edvardsen, Valestrandsfossen.

Born:

  1. Omar 19**-, matros, b. Valestrand, g.m. Ester Ekanger. Sjå Sedalen bnr. 7.
  2. Atle 19**-, fabrikkarbeidar, Valestrand.
  3. Liv 19**-, b. Kalland, Stamnes.
  4. Torild Karin 19**-, g.m. Finn Arvid Sæterdal, sjå ofr.


BNR. 24

Lyngtun. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 12 1975.

1975 skøyte til Kjell Bertin Larsen 19**-, mylnearbeidar, son åt Klara og Edvard Larsen, g.m. Wenche Vågenes 19**-, dtr. åt Bjørg og Egil Vågenes. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

Barn:

  1. Sture 19**-.


BNR. 25

Lyngtun tillegg. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 19 1975.

1975 skøyte til Kjell Bertin Larsen 19**-, sjå bnr. 24 ofr.


HUSMANNSPLASS

1701 er Johannes Monsson nemnd mellom husmenn med husmannsplass. Han har ein son Mons f. 1698. Johannes kan vera den same Johannes Monsson som er oppført som brukar 1720. Sjå brukarar for 1750.

Kolfitberget er det eldste kjende husmannsplasset i Sedalen. Den fyrste tinglyste bygselsetelen er frå 1787. Då bygsla brukaren på bnr. 3, Nils Tomasson, dette plasset bort til Anders Sjursson Småbrekke frå Bergsdalen f. 1757, g. 1776 m. Barbro Eriksdtr., Sedalen bnr. 1, f. 1756. Dei hadde butt til leige i dei fyrste 10 åra dei var gifte. Dei skulle betala 4 rdl. i bygselpengar då dei overtok plasset. Den årlege avgifta skulle vera 1 rdl. og 4 arbeidsdagar. I folketeljinga 1808 er Anders og Barbro oppførde som husfolk med jord. Anders er også kalla "dagleyer". Sjå Småbrekke bnr. 1, Bergsdalen.

Born:

  1. Helga 1776- 1777.
  2. Marta 1779-, sjå leigebuarar.
  3. Anna 1781-, g.m. Olav Nilsson Helle, sjå ættesoge for Indre-Boge..
  4. Helga 1785-, g.m. Besse Nilsson, leigebuarar i Sedalen.
  5. Olav 1788-.
  6. Sjur 1789-, gardbrukar på Grimstad i Fana.
  7. Olav f. og d. 1792.
  8. Borgny 1794-.
  9. Brita 1797-.
  10. Olav 1801-.


I husa på Kolfitæ budde sist på 1800-talet filhoggaren Karl Fredrik Lundgren, svensk banearbeidar, g.m. Marta Johannesdtr. Sæbu. Dei flytte til Sverige kring hundreårsskiftet.

Born:

  1. Karolina 1874- 1883.
  2. Bertina Maria 1875-.
  3. Maria 1878-.
  4. Lars Martin 1882- 1883.
  5. Karolina 1884-.


1826 vart det tinglyst festesetel frå brukaren på bnr. 6, Johannes Johannesson, på eit stykke innangjerdes mark til Mikkel Arnesson f. 1793. Han var frå Herfindalen bnr. 8, g. 1818 m. Marta Johannesdtr. Holmøy.

Born:

  1. Arne f. og d. 1818.
  2. Arne 1819-.
  3. Johannes 1822-.
  4. Anna 1823-.
  5. Erik f. og d. 1827.


1831 vart det tinglyst festesetel på plasset Tuftebrotet frå brukaren på bnr. 9 til Knut Johannesson Dale. Knut hadde 1830 fatt tinglyst bygselbrev i 16 år på bnr. 9. Dette vart avlyst 1831. Han fekk i staden festesetel på husmannsplasset Tuftebrotet.


Festesetelen hadde denne ordlyden:

"Jeg underskrivne Ole Anderson Sæterdal gjør vitterligt at have bygslet og fæstet, ligesom jeg herved faster og steder til Knud Johannesson Sæterdal, mindreaarig og under Kuratel af Hrr. Proprietær Berg, for hans og Hustruds Levetid et Plads under min ifølge Skjøde dateret 28de November 1821, thinglæst den følgende Dag eiende Anpart i Gaarden Sæterdahl, Matr. Nr. 19 i Arna Skiprede af Landskyld 18 m. smør, kaldet Tuftebraaddet, tilligemed 3de Slaatteteiger. Sc: øverste Gangelien, Tykkekjærret og Rennelien, samt en Skovteig kaldet Fadnesstoelteigen, paa Vilkaar af:

  1. At han istedenfor aarlig Pengeavgift, svarer mig eller efterkommende Eier 4 Dages arbeide på min Kost 1 (en) om Foraaret, 2 (to) om Sommeren i Slaatten og 1 (en) om Høsten.
  2. Selv ma Fæsteren bekoste sig de fornødne Hus og sette paa Pladsen og forbliver disse hans Eiendom.
  3. Af Gaardens Skov maa han ei benytte mere end den anførte Skowteig, samt den i Rennlieteigen opvoxende Older.
  4. Han maa ei om Sommeren lade flere Kreature græsse i Gaardens Udmark, end som han om Vinteren kan føde pa Pladsen.

Om alt Foranstaaende haver han med Kuraror at meddele mig sin Reversalforpligtelse paa Duplikatet heraf.

Sluttelig aninærkes at dersom Fæsteren ved Døden afgaar og hans nulevende Kone om hun igjen skulle intrede i andet og nyt Egteskab, da skal det desuagtet være hende og Man tilladt at bruge Pladset saalenge hun lever, og skulde Fæsteren forinden hans Død vilde afstaa Brugsretten til dette Plads, saa forpligter jeg mig til i saa Henseende at tilbagebetale ham Halvdelen af den nu erlagte bygsel med 20 (tyve) Speciedaler."


Knut Johannesson f. på Dale bnr. 19 1810-, var g.m. Kari Johannesdtr. Dale. Sjå Dale bnr. 19.

Born:

  1. Anna 1829-.
  2. Anna 1831-.
  3. Johannes f. og d. 1834.
  4. Johannes 1835-.
  5. Ingebjørg 1839-.


Tomas Nilsson 1830- ca. 1895, f. på Langhelle bnr. 6, bygde seg hus tett ved bøgarden i Teigen. Huset vart sidan flytta til Jamne bnr. 24. Tomas var g.m. Brita Andersdtr. 1825- 1895. Han var frå Sedalen bnr. 6.

Barn:

  1. Nils 1862- 1864.

LEIGEBUARAR

Nils Monsson budde her kring 1700. Han var anten leigebuar eller tenar.

Desse borna er nemnde i kyrkjeboka:

  1. Nils 1698- 1703.
  2. Nils 1708-.


1730 budde Knut Johannesson og kona Margreta Haldorsdtr. i Sedalen.

Dei hadde desse borna til dåpen medan dei var busette her:

  1. Anders 1735-.
  2. Helga f. og d. 1739.


1761 hadde Nils Johannesson og kona Marta ein son til dåpen:

  1. Lars f. 1761.


Nils Sjursson Vaksdal 1746- 1774 var trulova med Cecelia Tomasdtr., Sedalen bnr. 3, f. 1744. Nils døydde før dei vart gifte. Etter at Nils var død, fødde Cecelia ein son. Etter søknad fekk Cecelia kongebrev på at ho skulle reknast som enkje etter Nils, og at buet hans skulle skiftast mellom henne og sonen. Bruttosummen i buet var vel 20 rdl. Nettosummen, vel 7 rdl., vart delt likt mellom Cecelia og sonen. Cecelia vart buande på bnr. 3. Ho var hushaldar for far sin til han døydde.

Barn:

  1. Nils 1774-.


Johannes Sjursson Vaksdal 1752-, d. før 1792, var g. 1784 m. Guri Olsdtr. Langhelle. Dei hadde 2 born til dåpen medan dei budde i Sedalen.

  1. Nils 1785-.
  2. Eli ca. 1796- 1829.


1783 hadde Lars Sæterdal og kona Brita Tomasdtr. ei dotter til dåpen. Ho fekk namnet Maria. Brita var truleg frå bnr. 3. Elles er det lite opplysningar om denne huslyden.


Eirik Knutsson, Herfindalen bnr. 6, f. 1775, vart g. 1798 m. Anna Knutsdtr. Vaksdal f. 1773. Eirik dreiv med ymse slag leigearbeid. Dei budde i Sedalen, seinare i Skreiæ 1831 budde Eirik i Jamnebrekka.

Born:

  1. Nils 1798-d. før 1801.
  2. Knut 1799-.
  3. Olav 1801-.
  4. Sjur 1805-.
  5. Anna 1805-, g.m. Sjur Nilsson Jamne, leigebuarar i Skreiæ.


Sjur Arnesson, Herfindalen bnr. 8, 1781- 1808 døydde da han var soldat ved garnisonen i Bergen. Etter at Sjur var død, fødde jenta hans Marta Andersdtr. frå plasset Kolfitberget i Sedalen, ein son, Sjur 18 -, sjå nfr. Året etter fekk Marta ei dotter med Mons Johannesson Helle: Kari 1809-.


Olav Nilsson og kona Borgny Johannesdtr. var paktarfolk i Sedalen kring 1820. Dei hadde ein son til dåpen medan dei budde her: Nils 1819.


Besse Nilsson, Herfindalen bnr. 8, f. om lag 1785 g. 1808 m. Helga Andersdtr. frå plasset Kolfitberget f. 1785. Dei var leigebuarar i Herfindalen og Sedalen.

Born:

  1. Nils f. og d. 1808.
  2. Gjertrud 1810 -.
  3. Barbro 1814


Sjur Sjursson 1808-, son åt Sjur Arnesson og Marta Andersdtr. Sjå ofr., g. 1836 m. Synneva Tomasdtr., Sedalen bnr. 3, f. 1813.

Born:

  1. Marta 1836-, g.m. Mons Olsson. Sjå bnr. 8 ofr.
  2. Ingebjørg 1838-.
  3. Sjur 1845-. Emigrerte til USA 1876.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy