Simenes

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Simenes.


GNR. 33 SIMENES


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på fastlandet på nordsida av fjorden om lag 1,6 km sørsøraust for Mellesdal, 1,5 km nordnordvest for Kalland. Eit stort nes med ein fjellrygg stikk her ut i fjorden. Tunet med innmarka ligg inst på neset på austsida. Her er ikkje veg til nokon av grannegardane, og ferdsla går over fjorden. Gardsnamnet vart skrive Simmonsnes 1610. Simmensnes 1620. Sæmundnæs 1664. Simensnes og Spaanewig 1667. Simenæs 1723. Simmenæs 1789. Simmenes 1886. Bygdemålsuttalen er si'mmenæs. Mannsnamnet i førelekken er truleg Sigmund. I mellomalderen var genitivforma S i m u n s, og namnet hadde i form falle saman med det framande mannsnamnet Simon.

Simenes grensar mot Mellesdal og Brørvik. Grensene vart skriftfeste ved utskiftningsforretning i 1833. Grensa mot Mellesdal: sjå under Mellesdal. Grensa mot Brørvik tek til på Salsfjellet og går austover over Vestedalen til x i ein stein øvst på Leina i fjellet. Vidare mot aust til x i berg på Leinhamaren. Derifrå i same retning over Sponvikskaret til ein merkestein som er sett opp mot ei myr. Frå denne merkesteinen går grensa sørsøraust til x i berg på Flatneshaugen, vidare mot søraust til Flatneset der det er x i ein bergnakke. Derifrå i same retning ned til sjøen der det er x i ein stein nedanfor Sponavik. I utskiftningsforretninga heiter det til slutt at på sume stader går Mellesdal- og Brørviks-buskapen sume tider «horn mot horn» med Simenesfeet. Der kan ikkje haldast gjerde, og kvar vert pålagd å føra buskapen til sin eigedom når dei skal mjølkast.

1723 heiter det om lægjet åt garden: «ligger ved Søen 4 1/2 Mil fra Bergen, nogenledis til Korn, men tungvunden til Høe». 1663: «Ved Søen og derfra 4 3/4 Miil til Bergen. Menis omtrent 5 Mdr.» Etter namneforma å døma skulk garden vera oppteken i mellomalderen. På 1500-talet låg garden øyde og hadde truleg lege øyde sidan svartedauden. Ved byrjinga av 1600-talet var der kome 1 brukar. Brukartalet har ikkje auka sidan, og garden «einstøkka», som dei seier i Stamnes. Men her har vore husmannsplass. 1701 var her eit husmannssete, men kvar det var er ikkje opplyst. 1667 er Sponavik nemnd i samband med gardsnamnet. Kanskje var det her husmannsplasset Sponavik ligg ved grensa mot Brørvik. 1723 var her ikkje husmannsplass. Det einaste minne dei no har på garden etter mogelege plass er teignamnet Taraldatuptæ. Kven denne Tarald var, har me ikkje opplysningar om. Taraldatuptæ er på innmarka oppom naustet i Vik, på austsida av sjøvegen.

Tunet ligg på austsida av neset. Det er ein sers lun stad. Ved eit skifte 1827 vart det halde skjøn på garden. Husa var då eit sætestove og to mindre stover, flor, løe, 2 naust, ei gamal sengjebu. Sume av husa var i god stand, andre ringare. Dei var alle bygde av vyrke frå skogen og vart verdsette for i alt 60 rdl. Det var ei enkje, Brita Johannesdtr., som skifte med dotra 1827. Enkja gifte seg att året etter med Askjel Knutsson Vik, kalla «Gamle-Askjel». Dei fekk kår frå 1843. Gamle-Askjel budde i ei stove som stod på ein haug nordaust for det noverande stovehuset på garden. Ein eldre brukar, Johannes Knutsson, hadde kår frå 1821. I skiftet etter han 1840 var der mykje lausøyre. Sjå nedanfor. Eit bord med stol og forsete stod i «den mindre stue», og eit anna bord med stol og forsete stod i «den større stue». Husa på garden er no: Stovehus bygt 1904, flor, løe, vedhus, 2 naust og notnaust.

Innmarka ligg mellom tunet og sjøen. I herredsbeskrivelsen 1863 heiter det at garden er lettbrukt, men noko skinlendt. Ein stor del av innmarksområdet er ikkje dyrkande, avdi det er for grunt. 1863 var her knapt 6 mål åker og dyrka eng. 4,8 mål var god åker, 1/3 mål middels god, og resten var ring. Bøen var på 20,3 mål. 10 mål var god bø, 1,5 mål middels god, og resten var ring. I eldre tid spadde dei åkrane med hakar av tre. Bladet på haken (spaden) hadde skoning av jarn. Garden var lenge utan hest. 1939 fekk dei hest, og hadde han ei tid. No har dei ikkje hest, men ein liten traktor. Jordvidda på innmarka er no om lag 25 mål. Jordsmonnet er leirjord og litt myr. Simenes er ein god korngard. I skuronna måtte dei gjerne ha ein del leigefolk. Det var helst plassfolk frå grannegardane.

«Ingen Lunder Vden Brendevedschoug,» skriv landkommisjonen 1661. 1723 er der fureskog til husbruk og til litt brenneved. 1863 var der skog nok til ved, hustømmer og til husbruk, og dei kunne selja ved og tømmer for 12 spd. årleg netto. Dei driv framleis fram ein del ved og tømmer til sal.

1723 er der ikkje sæter. I marka er der to stader som heiter Gamlasætret og Nyasætret, men dei veit ikkje av at der har vore hus på desse stadene. Der er fleire mjølkeplassar kring i marka der dei mjølka kyrne når dei var i beitet. Eitt mjølkeplass er på Furestølen og eitt på Klakken. Denne staden heiter så fordi der er ein stein ser ut som ein smørklakk. Mjølkeplassane var som oftast ved ein stor stein, som dei kunne setja frå seg mjølkekjerald og saltkjerald på. Ved Farstølen hadde dei ein flor der dei batt inn kyrne i ruskever. I seinare tid er der bygt ei hytte på mjølkeplassen der, og der har dei støla eitt år. 1863 heiter det om beitet: «Hjemmehavn af middels Beskaffenhed og tilstrækkelig. NB. Den er beliggende 1/8 Miil borte hvortil Creaturene maa overføres paa Baad.»

Når ein skulle føra krøter til utmarka eller til andre gardar, gjekk det for seg på denne måten: Ein la to færingsbåtar jamsides, la ein god staur tvert over båe båtane rett over baktofta og surra stauren godt nedom bakbekken i båe båtane med tog. Stauren måtte rekka tvert over båtane. Dei tok så eit tog mellom stamnane bak og framme i båtane. Tok så to mindre staurar i kvar båt og feste dei frå bakstamnen og fram på tverrstauren og surra fast. Mellom desse staurane i bakskuten stod kua. Ein førde ei ku i kvar båt og kanskje ein kalv i framskuten. Når ein førde hestar, kledde ein eit lag med god seig grastorv inni båten der hesten skulle stå.

Fisket til garden er ikkje nemnt i nokon av dei eldre kjeldene. I seinare tid har sjøfiske etter laks hatt ikkje så lite å seia. Det vart teke opp av Mons og Magne Kallestad under fyrste verdskrigen.

Ei flaumkvern er nemnd i eksaminasjonsprotokollen 1723. Det var truleg det kvernhuset som stod ved ein liten bekk på innmarka. Der var ikkje serleg mykje vatn, og Knut Haldorson som var brukar 1861-1880 leigde eit kvernstøe under Kallestad. Det var i Sedalselva ved Maskevikjæ. Grunnleiga var 25 øre året. Kvernhuset vart selt av den noverande brukaren til brukaren på Kallestad bnr. 2.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 18 i Hosanger skipreide. Nytt 1838: 19. 1853 matr. nr. 148 i Haus tinglag. 1886 gnr. 44 i Bruvik.

Landskyld 1626: 1/2 laup (36 merker) smør. 1665: Skatteskyld 2 pund smør. 1718 vart skylda redusert til 36 merker smør. I seinare panteregister er skatteskylda 2 pund og landskylda 36 merker smør. 1838: 1 dl. 3 ort 7 sk. 1886: 3,16 skm. Landskyld, leidang, fredtoll 1590-91: 1 kalvskinn. Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1665: 2 mark 9 sk. Kandtiend: 1/2 t. Småtiend: 5 sk. 1 huid. Folketal 1801: 7. 1875: 8. Fødnad 1657: 1 hest, 1 okse, 6 kyr, 1 kvige, 6 geiter, 12 sauer. 1665: 12 storfe, 1 hest. Etter skjønnet 1827 vart det rekna med at garden kunne fø 7-8 klavebundne krøter. Fødnad 1863: 7 kyr, 1 ungfe, 34 småfe. 1875: 1 okse, 6 kyr, 2 ungfe, 17 sauer, 10 geiter, 1 gris. Sånad 1665: 3 t. korn. Avling 5 t. 1863: Sånad 4 t. havre, 3 t. poteter. Avling 17 t. havre, 17 t. poteter, 694 våger høy, 119 våger halm, 120 våger høy frå slåttene. Beit, skav og lyng til 1 ungfe. Eksaminasjonsprotokollen 1723: Mand. Landskyld 1/2 løb Smør. Assessor Hansen tilhørende med bøxel. Jngen Huusmands Pladser. Jntet Sætter, furreskoug til Huusfomødenhed og lit Brendeveed. 1 flomqværn. Jntet fiskerie. Ligger ved Søen 4 1/2 Mil fra Bergen, nogenledis til Korn, men tungvunden til Høe. Saar havre 2 1/2 t. Afler 8 3/4 t. 6 Kiør, 2 Ungnød, 12 Faar, 1 Hest. Lever af Qvægets avling og lit Veed at selge. I 1959 hadde garden 22,5 mål innmark, og fødnaden var 2 kyr, 2 ungfe, 5 sauer, 1 svin.


EIGARAR

Simenes var krungods først på 1600-talet. Første gongen ein finn garden i dei skriftlege kjeldene er i jordeboka 1590-91. Då og var garden krungods, men står i ei gruppe som vart kalla Stigtens gods. Dette skulle tyda at Simenes er gamalt bispegods. Kring 1670 kom garden på private hender. 1676 er enkja etter avlidne Peder Lem eigar. Ho heitte Abel Lem og åtte partar i kring 163 gardar i Nordhordland, mellom anna åtte ho ein part av Hesjedal, Br., og Dale. 1694 var Hans Lillienschiold eigar. 1700 var det viselagmann Lange som åtte garden. 1718 var assessor Willum Hansen eigar. Godset hans vart bortauksjonert på tinget 1733 og brukaren Knut Jakobson hadde det høgste bodet. Han fekk tilslaget for 35 rdl. Om eigarar seinare, sjå under brukarsoga.


BRUKARAR

1611: Knut. Øydejordsmann.


1620-38: Johannes. Kona hans heitte Guri. Ho vart enkje 1645.

Born:

Ivar f. 1614. Brukar her.
Torkjell.
Synnøve.


1645: Ivar Johannesson. Han var ombodsmann for Stamnes kyrkje 1680. 1679 vart han stemnd for retten av grannen Olav Brørvik. I eit bryllaup hadde Ivar kalla Olav for «Buck». Dette førde til slagsmål. Retten dømde båe til å bøta 2 mark sylv kvar. Ivar f. 1614 og kona Anna hadde desse born:

Ivar f. 1650. Sjå nedanfor.
Haldor f. 1651.
Johannes f. 1656. Brukar her.


1692 heitte brukaren også Ivar. Om det er Ivar Johannesson eller sonen Ivar, er uvisst.


1694 bygsla Johannes Ivarson. Både han og kona døydde dette året.

Dei hadde 2 døtre:

Dordi f. 1678 g.m. neste brukar.
Anna.

Anna vart dømd for legermål 1705. Den mannlege parten var soldat Knut Bergeson Grøsvik. Anna skulle betala 12 lodd sylv, men å ho ikkje hadde meir enn 6 lodd vart ho dømd til «å lida fengsel på kroppen».


1695 vart Knut Jakobson Straume g.m. Dordi Johannesdtr. Han fekk fyrst bygsla, men då garden vart selt på auksjon 1733 fekk Knut tilslaget for 35 rdl. og vart sjølveigar. Knut f. 1667 d. 1763 og Dordi f. 1678 d. 1741 hadde 10 born.

Desse vart vaksne:

Johannes f. 1699. Brukar i Mellesdal og her.
Anna f. 1702. G.m. Torbjørn O. Mellesdal.
Ivar f. 1705. Gift og busett på Eknes, Hosanger.
Jakob f. 1710. G. 1734 m. Marta Jakobsdtr. Eidsnes.
Olav f. 1713. G. 1741 m. Karen Gulleiksdtr. Øye, Sandal i Hosanger.
Sjur f. 1716. Brukar på Stamnes bnr. 7, 1751.


Om lag 1735 skøyte til Johannes Knutsson. Han hadde ei tid vore brukar i Mellesdal. Johannes f. 1699 d. 1760 var g.m. Marta Olsdtr. Leiro f. 1706 d. 1767.

Born:

Kari f. 1735 g.m. Johannes Jakobson Vike, Hosanger.
Knut f. 1738. Brukar her.


1759 skøyte til Knut Johannesson for 48 rdl. og kår. Knut f. 1738 d. 1800 vart g.m. Marta Simonsdtr. f. i Grøsvik på bnr. 1 1730 d. 1782. I skiftet etter Marta var jordegodset verdsett til 60 rdl. Nettoen i buet 166 rdl. 2 sk.

Born:

Brita f. 1765 g.m. Lars Ivarson Eide, sjå Eide bnr. 3.
Marta f. 1768 g.m. Ole J. Elvik, sjå Elvik bnr. 1.
Johannes f. 1772. Brukar her.

I skiftet etter Johannes Knutson 1761 var nettoen i buet vel 8 rdl.


1789 skøyte til Johannes Knutson frå far og systrene Brita og Marta, som hadde fått garden utlagt ved skifte 1784. Vilkårsbrev frå Johannes til faren Knut vart tinglyst 1789. Johannes f. 1772 d. 1840 g. 1793 m. Marie Knutsdtr. Myster f. 1772 d. 1846.

Born:

Marta f. 1794 g.m. Nils Knutson Nordås, Skjold skipreide.
Synneva f. 1794 g.m. Daniel Nilsson, sjå Veo bnr. 3.
Anna f. 1795 g.m. Olav Olsson Veo.
Knut f. 1800. Brukar her.
Nils f. 1803. Busett på Myster bnr. 4.
Marie f. 1805 g.m. Rasmus Knutson Lillejord, Hosanger.
Brita f. 1805. Ikkje nemnd i skifte etter faren 1840.
Helga f. 1808 g.m. Jakob Johannesson Eide, sjå Eide bnr. 2.
Knut f. 1810 d. 1858. Sist busett Antun, Haus. Sjå Myster, husfolk.

I skiftet etter Johannes 1840 var nettoen i buet 162 spd. 3 sk. Magne Monsson Veo skulda 100 spd. til buet ifylgje pantobligasjon tinglyst 1835.


1821 skøyte til Knut Johannesson for 100 sylvspd. og kår til foreldra. Knut f. 1800 d. 1827 g. 1826 m. Brita Johannesdtr. Eikefet f. 1807. I skiftet etter Knut vart garden med hus verdsett til 190 spd. Bruttosummen i buet var 235 spd. 1 ort 18 sk., men det gjekk 193 spd. bort, så nettoen var på vel 42 spd.

Knut og Brita hadde eitt barn:

Marie f. 1827. Ho fekk garden utlagd for takstsummen 190 spd.


1828 vart Askjel Knutsson Vik St. bnr. 3 g.m. enkja Brita Johannesdtr. Dei dreiv garden til Brita si dotter frå første ekteskap, Marie, sjølv overtok.

Born:

Brita f. 1831 g.m. Torbjørn K. Mellesdal, sjå Mellesdal brukarar.
Gjertrud f. 1834 g. 1855 m. Eirik Ivarson Gjerstad.
Marta f. 1837 g.m. Knut H. Vik, brukar her.
Torbjørg f. 1840 g.m. Anders J. Kvåstad, sjå Kvåstad bnr. 2.
Knut f. 1843. Lærar og klokkar, busett i Stamneshagen, Stamnes bnr. 18.

Askjel Knutsson var skjønsmann ved utskifting på Kvåstad 1837.


1843 vart Mons Magneson Hesjedal, St., g.m. Marie Knutsdtr. Ho hadde fått garden utlagd ved skifte etter faren 1827. 1843 vart tinglyst vilkårsbrev, der Mons Magneson lova Askjel Knutsson og Brita Johannesdtr. kår når kona Marie Knutsdtr., som no var kårkone, var død. Marie d. 1846. Mons Hesjedal bnr. 3 f. 1815 d. 1846 og Marie hadde ein son, Magne f. 1844 d. 1846. I skiftet etter Mons var bruttosummen i buet vel 611 spd. Jordegodset i Simenes var verdsett til 200 spd. og bnr. 4 på Myster, som Mons hadde fått skøyte på 1843, var verdsett til 325 spd. Både Simenes og bnr. 4 på Myster vart utlagt til enkja Marie etter takstsum. Marie gifte seg 2. g. m. Mons Nilsson Kalland f. 1816 d. 1864. Dei dreiv fyrst garden her, men 1857 flytte dei til bnr. 4 på Myster. Dei var barnlause.


1857 bygsla Eirik Ivarson Gjerstad. Eirik var g.m. Gjertrud Askjelsdtr. f. 1834. Bygsla galdt for levetida, og dersom Gjertrud levde lenger enn mannen og gifte seg oppatt, skulle den andre mannen ha bygselrett. Dessutan skulle dei ha rett til kår når dei let garden frå seg. Dei flytte herfrå alt 1860 til Gjerstad, Haus, og derfrå til Alver, Alversund.


1861 bygsla Knut Haldorson Vik, St. Knut f. 1828 d. 1917 var g. 1. g. m. Marta Askjelsdtr. f. 1837 d. 1877.

Born:

Haldor f. 1862. Brukar her.
Askjel f. 1865 d. 1880.
Brita f. 1868 g.m. Lars O. Stamneshagen, Stamnes bnr. 11.
Johannes f. 1871. Brukar her.
Ragnhild f. 1874 d. 1875.

Den årlege bygselavgifta var 10 spd. I bygselbrevet 1861 var tinglyst visse rettar til ny bygsel og til kår. Knut gifte seg 2. g. m. Marie Eiriksdtr. Mellesdal bnr. 1 f. 1849 d. 1917. 26. juni 1880 vart tinglyst kårbrev til Knut og Marie. Knut Haldorson var kyrkjeverje i Stamnes 1864-68. Han var med i ei nemnd 1867 som var sett ned for å ordna soknedelinga. Han var skattekrevjar og roteforstandar. 1882 var han med i skulestyret.

Born:

Martin f. 1880 d. 1891.
Eirik f. 1881 d. 1891.
Brita f. 1885 g.m. Lars O. Kallestad, sjå Kallestad bnr. 1.
Knut f. 1886 d. 1912, var ei tid i U.S.A.
Ragnhild f. 1886 g.m. Henrik O. Kallestad bnr. 3.
Nils f. 1888. Verkstadarb. Busett på Kallestad bnr. 3.

Martin og Eirik gjekk gjennom isen og drukna rett ut for naustet i 1891.


1880 skøyte til Haldor Knutsson for kr. 2000,— og kår som tidlegare var lagt på garden. Haldor var berre 18 år å han fekk skøyte, og foreldra dreiv garden dei fyrste åra. Haldor f. 1862 d. 1907 var g. 1898 m. Synneva Johannesdtr. Myster bnr. 3 f. 1869. Haldor Knutsson var roteforstandar 1891, skattekrevjar 1900-1903, og var med i fatigstyret 1902. Synneva g. 2. g. 1909 m. Johannes B. Øyo, skomakar på Bolstad i Evanger.


1909 skifteskøyte til Johannes Knutsson for kr. 3000,—. Johannes f. 1871 var husmann ei tid i Heimvik, Hosanger, han fekk garden. Han døydde ved ulukke i skogen 1930. Johannes Knutsson var i skulestyret og fattigstyret. Han var roteforstandar, sat som varamann i skogutvalet og var med i likningsnemnda. Han var g. 1. g. m. Brita Johannesdtr. Kallestad bnr. 2 f. 1877 d. 1909.

Born:

Marta f. 1903 d. 1904.
Knut f. 1904. Brukar her.
Haldor f. 1908. Fiskar. Busett Boge, g.m. Borghild Vaksdal.
Bernhard f. 1909. Vegarb. Busett Stamnessund. G.m. Malena f. Toskheller.

Johannes g. 2. g. m. Barbru Simonsdtr. Toskedal bnr. 1 f. 1881 d. 1958.

Born: .Sigurd f. 1915. Snikkar. Busett på Dale. G.m. Gerd f. Ernstsen.

Marta f. 19** g.m. motorbåtførar Gjermund Klaussen, Straume.
Ingard f. 19** g.m. Hildur Olsdtr. f. Kleiveland, busett Toskedal bnr. 1.


1941 skøyte til Knut Johannesson for kr. 9050,—. Knut f. 1904 er g.m. Borgny Halsteinsdtr. Stamnelesleiro bnr. 1 f. 1906.

Born:

Johannes f. 19**.
Hermund f. og d. 1934.
Hermund f. 19**. Sjømann.
Steinar Bjørnar f. 19**.
Ingvar f. 19**.
Kjell Bjørn f. 19**.
Johannes f. 19** g. 1961 m. Reidun Kari Bjørkheim, Kalland bnr. 4 f. 19**.

Born:

Rolf Jarle f. 19**.


HUSFOLK OG HUSMENN

I manntalet 1664 og 1666 står Anders Johannesson oppførd som husmann. Han var f. om lag 1625.


1701 var Haldor Ivarson husmann. Han var f. om lag 1650.

Born:

Lars f. 1687.
Olav f. 1689.


1828 vart Nils Johannesson Simenes g.m. Kari Knutsdtr. Lillejord. Dei var husfolk her nokre år før dei flytte til Myster der dei bygsla bnr. 4.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy