Skreiæ

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 09:11, 7 november 2012 by Rolferik (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Skreiæ.


GNR. 18 SKREIÆ


Innhaldsliste

INNLEIING

Skreiæ ligg ved Sørfjorden 2 km. nord for Vaksdal. "Ligger lit fra Søen og 5 1/4 Miil fra Bergen. Uvis til Korn, tungvunden. Ingen Huusmandspladser. Intet Sæter. Brendeveed skoug. I flomqvern. Intet fiskerie. Lever af Qvægetz avling og at selge lit Brendeved."

Denne skildringa finn me i matrikkelen 1723. Dette er den eldste kjelda som gjev litt utførlege opplysningar om garden. Men fleire eldre kjelder nemner garden.

Munkeliv kloster kjøpte 1303 garden Kallestad i Stamnes. "Hauardir a Refskridu " var tilstades som vitne ved handelen. Sjå Kallestad.

Munkeliv kloster åtte Skreiæ. I jordeboka åt klosteret er gardsnamnet skrive slik: Refskridha i Straumhuarue 1427, Rafskridha 1463, Refkrida 1480 -90. Andre former: Reffskre 1567, Reffskredt 1611, Reffschre 1620, Reffschree 1667, Refschre 1723, Refskre 1886 og 1905. Målføreforma er skrei'æ, stundom også skreien. Den siste forma kan vera ei dativform. I dette gardsnamnet må fyrste samansetjingslekken ha falle vekk. Siste lekk, skrea, gamalnorsk skrida, må ha vorte ombytt med eit nærslekta ord, skrei. Båe orda er hokjønnsord. Magnus Olsen meiner at Refskrida tyder ein jord- eller grusbakke, laga av snøskred eller jordskred, kjend som tilhaldsted for rev. Enno er det mange revehi i dette stroket. Dei som har gardsnamnet som etternamn no, brukar helst forma Skreien.

"Udsat for Snee og Jord skreed" står det i Herredsbeskrivelsen 1863. På garden er det mange forteljingar om skreder: "Bestemor fortalde om ein gong det kom ei skrede. Ei gamal kone sprang bortunder ein heller og gøymde seg. 'De må lova, de må lova! Eg ska lova skjorto mi!' Dei trudde at lovnaden skulle hindra at skredene gjorde stor skade. Stundom fekk dei varsel i førevegen. Johannes Jamne, bror åt bestemor, skyssa lesingaborn til Bruvik. Då såg han ei skrede som losna i fjellet ovanfor Skreiæ. Då han var heimkomen, tok han i veg innover og ville høyra korleis det hadde gått. I Skreiæ visste dei ikkje av nokon ting. Men 8 dagar seinare kom skreda." (Oppskrive 1959 etter Nils J. Skreien bnr. 2 1881- 1961.)

Jordsmonnet er skredjord. Jorda er god, men det er grunt mange stader. "I høieste Grad skindlændt. Let hjemme men tunet og farlig til Slaatterne", står det i Herredsbeskrivelsen 1863.


Skreiæ grensar til Jamne og Fossmark. Grensa mot Jamne vart tinglesen 1833. Då var det minneleg utskifting på Jamne. Grensa tek til ved sjøen ved ein bekk som dei kallar Merkesbekken. Midt i eit flatt skarv på innsida av bekken er det hogge ein kross. Grensa går austover mot Skreihelleren. 4 krossar er innhogne på denne strekninga. Den siste krossen står litt utanfor og nedanfor Skreihelleren. Frå dette punktet går grensa vidare oppetter bekken til Stongkjerstallen. Der er det kross i ein stor firkanta stein som ligg midt ute i bekken. Grensa fylgjer bekken vidare opp til Stongfjelltonæ. Der er det kross i ein stein. Merkesbekken er grensa vidare til ein skarvnakke utanfor ytste Hesjestallane. Her er det kross med ring. Vidare går grensa i bein linje i eit lite skar. I skaret er det kross i ein stein midt i bekken. Frå denne krossen går merket mot nordaust til kross i Våtejershaugen, vidare i same retning til krossar i to skarvnakkar i Surtelibrunæ. Den siste krossen er det ring rundt. Merket går vidare rett mot nord innetter til eit renneberg på vestsida av Budalen. Di lenger ein kjem innetter di meir bognar grenselinja nordvestover til nedre Budalskaret. På denne bogne linja er det hogge 5 krossar. Den siste krossen har ring. Her sluttar grensa mot Jamne.

Grensa mellom Skreiæ og Fossmark tek til i Budalskaret og går til Uredalsberget der det er hogge ein kross. Herfrå går grensa mot vest til Furehaugen. Der er det kross med ring og ein merkestein med to vitne og kol lagt under. Frå Furehaugen går grensa til Fossdalen der det er kross i ein bergnakke. Deretter fylgjer grensa det gamle elvefaret åt Fossdalselva ned til sjøen. Om denne grensa var det tvist 1816. Plassmannen i Fossdalen hadde fått bygselsetel hjå brukarane i Skreiæ. Saka var oppe i forlikskommisjonen. Etter synfaring kom saka opp på nytt. Det vart fastslege at Fossdalen høyrde til Fossmark. Grensa mellom Fossmark og Skreiæ vart tinglesen 1837. Då var det minneleg utskifting i Fossmark. Grensa går heile vegen gjennom utmark.


Fråstanden mellom tuna i Fossmark og Skreiæ er 4 km. Til tunet på Jamne er det 2 km. Mellom Jamne og Skreiæ var det ein gamal gangstig. Den brukte dei heile året. Men varetransporten gjekk med båt på fjorden. Båtstøa ligg i ei vik nedanfor tunet. Både Skreianeset og dei to hovudbruka hadde eigne naust.

Skreiæ kom med på planen for bygdevegar 1909. Brukarane hadde mykje pliktarbeid på denne vegen. Vegen Jamne - Skreiæ vart knytt til riksvegnettet i 1960-åra, då vegen nordover langs fjorden til Stanghelle vart ferdig. I 1970-åra har det vore arbeid i gang med ny riksvegparsell. Store strekningar blir lagde i tunnel. Vegen går gjennom innmarka i Skreiæ ovanfor tunet, med djupe skjeringar og høge fyllingar. Langs med fjorden går Bergensbana gjennom gardsområdet i ein strekning på 3 km.

Her er ikkje fornfunn eller andre opplysningar som gjer det mogeleg å fastslå kva tid Skreiæ var busett. Garden er i alle fall eldre enn 1303, då brukaren møtte som vitne ved ein gardhandel. Det synest mest rimeleg å rekna med at garden vart rudd i det fyrste 1000-året etter Kristi fødsel. Garden låg truleg øyde ei tid etter Svartedauden.


Den fyrste kjende brukaren etter 1350 finn me i ei skatteliste 1590. Skreiæ hadde berre ein brukar til 1774. Då delte Besse Tørresson garden likt mellom dei to sønene sine. Sjå bnr. 1 og 2. 1845 vart det skilt ut eit lite bruk frå bnr. 2, Neset eller Skreianeset. Det var eit gamalt husmannsplass, truleg eitt av dei eldste i bygda. Folketeljingar og andre kjelder tyder på at det vart teke opp på slutten av 1600-talet. Sjå bnr. 3. Etter 1948 har det vorte skilt frå ein del hus- og hyttetomter. Sjå bnr. 5 19.

Brukarane på bnr. 1 og 2 bur framleis i det gamle tunet. Tunet ligg på ein haug øvst på innmarka, 40 m.o.h. Bnr. 1 bur lengst nord. Bnr. 2 bur lengst sør. Stovehusa står jamsides. Bnr. 2 har eit kårhus som står framfor hovudhuset. Dette huset vart flytta hit frå Stamnessokna ved midten av 1800-talet. I kårhuset er det stove, kjøken og lem. Før var det grue i kjøkenet. Stovehuset på bnr. 2 vart ombygt i 1880-åra. Halve huset vart då bygt nytt. Hi helvta er eldre.


Stovehuset på bnr. 1 har vore ombygt fleire gonger. Før 1885 var det rotstove med halvlem i den eine enden, bu i den andre og gang i midten. 1886 bygde dei ny lemstove der bua hadde stått. Gangen i midten vart delt i to rom, slik at dei fekk eit kjøken. Dei la lem over den gamle rotstova og brukte den til bu. 1907 var det ombygging att. Nystova var som før, men gamlestova vart delt i to rom, matbu og stove. 1950 vart matbua delt i to rom, sengkammers og spiskammers. 1959 bygde dei eit tilbygg på oppsida slik at kjøkenet vart større. I spiskammerset laga dei baderom. Det kom ny inngang med bislag på oppsida. Dei laga ny skorstein i kjøkenet, nye vindaugo i båe stovene og la inn vatn. Bnr. 1 hadde serskilt kårhus før. Det var i bruk til om lag 1900.


1924 var det utskifting på innmark og utmark. Då flytte bnr. 2 løa si. Løa var nesten ny. Den gamle løa stod lenger nord i tunet. Både i den gamle og den nye løa var det murt flor under sjølve løa. I den nye var floren delt i to rom. Kyrne var i det eine romet og smalen i det andre.

På bnr. 1 bygde Nils Larsson Hole ny flor og løe i si brukartid 1872-1920.

Ved utskiftinga 1924 vart det trekt ei grenselinje mellom husa i tunet. Linja gjekk mot aust opp til bøgarden og mot vest ned til sjøen. Før utskiftinga var her mykje teigblanding. Dette går m.a. fram av Herredsbeskrivelsen 1863. Då var åkervidda vel 8 1/2 mål. 2 mål var god åker. 3 mål var middels god. Resten var ring. Dei skifte med korn og poteter i åkrane. Storåkeren var delt mellom båe bruka. Langåkeren, Brekko, Nyåkeren og Brygtåkeren var ikkje delte.

Engvidda 1863 var knapt 45 mål. 9 1/2 mål var god eng. 14 mål var middels god. Resten var ring. Dei hadde mange slåtter som dei slo annakvart år. Ofte fekk dei meir høy frå slåttene enn frå heimebøen. Bøen var ofte raudsvidd før. Det kom noko av at dei hadde for lite hevd. Høyavlingane i utslåttene var i 1860-åra 525 våger. Herredsbeskrivelsen nemner serskilt slåtta Øvrefloten. Den gav 160 våger høy. Slåtta var delt mellom båe bruka. Slåtta var bygsla bort mot ei årleg avgift på 2 ort. 1815 vart det tinglyst festesetel frå brukarane i Skreiæ til Johannes Nilsson Myster på Floten og Fossdalen. Floten var truleg denne slåtta som 1863 vart kalla Øvrefloten. Fossdalen låg nordanfor gardgrensa mot Fossmark. Sjå ovanfor og Fossmark.

"Ingen Herlighet uden Ringe Brende schouff til Husbehoff" skreiv Landkommisjonen 1661. Matriklane 1865 og 1723 nemner vedskogen. 1723 kunne dei selja litt ved. 1863 hadde hovudbruka nok ved, men det var knapt om ved på Skreianeset. Hustømmer vanta dei på alle bruk.

1836 vart det tinglyst utskifting av fjellmarka. Herredsbeskrivelsen 1863 fortel dette om beitet:

"Havnegangen liggende oven Gaarden og stiger brat tilfjelds. Fuldt tilstrækkelig. NB! Hjemmehavnen er i høieste Grad brat og farlig." 1824 vart det tinglyst forlik om beitet mellom brukarane i Fossmark og Skreiæ.

1959 vart dette skrive ned etter folket på garden: "Smalen gjekk på bøen haust og vår. Frå juni til september beita dei i fjellet. Me slepte dei oppom garden. Sidan tok dei seg til fjells sjølve. Dei gjekk ofte heilt innover mot Bergsdalen. Det hende at me laut heilt til Bergsdalselva for å finna dei.

Kyrne gjekk fyrst i heimehagen nordom innmarka. Då tok me dei heim om kvelden. Dei på Skreianeset hadde vårflor til sine kyr. Om sumaren gjekk kyrne på fjellet. Då gjekk me opp og mjølka kveld og morgon.

Ei gamal segn fortel at Jamne fekk ha beist gåande i Skreiabotnen mot at folket i Skreiæ fekk mala kornet sitt på Jamne. Då Jamne hadde hatt denne beiteretten lenge, gjekk Skreiabotnen over til Jamne."

Noko skriftleg stadfesting på denne segna har ein ikkje funne.

1723 var det kvern i Skreiæ. Kvernstøet var nede ved sjøen, i ein bekk som dei ikkje hadde noko serskilt namn på. Båe hovudbruka åtte kverna i lag. Dei kjøpte ny kvern 1902. No er kvernhuset borte.

1874 vart det tinglyst eit dokument som gav eigarane på Fossmark løyve til å leia Fossmarkfossen inn på Fossmark sin grunn. Vassrettane i Fossdalselva vart selde same året. Sjå Fossmark. 1876 vart det halde underekspropriasjonstakst med grunnavståing til jarnbaneanlegget Bergen - Voss. Fossmarkfossen vart leidd nordover då jarnbana vart bygd. Staten sette opp ein mur til stengje for det gamle elvefaret.

Eit gråsteinsbrot var i drift ei tid på 1900-talet. Dei tok steinen på jarnbanevogner og førde han til Bergen. Murmeister Nilsen var visstnok den som dreiv steinbrotet. I bygningane åt Bergens Sparebank, Vestlandske Kunstindustrimuseum (Permanenten) og Bergen jarnbanestasjon er det brukt stein frå Skreiæ.

Fiskeretten ved Ladberget og Skreiatunnelen leigde dei bort ei tid til folk frå Stamnessokna. Stamnesingane fiska laks med kilenøter. Men fangsten var ikke serleg stor.

Jamne og Skreiæ er ei gravrote. Dei bed enno gardbrukarane i gravferd. Men i bryllaup bed dei heist slekta.

Jamne og Skreiæ er ei gravarote. Dei bed enno gardbrukarane i grahelst når dei la nye tak på husa at dei samlast til dugnad.

Attåtarbeid utanfor garden tok til å verta vanleg for 100 år sidan. Fleire av brukarane har drive med steinarbeid og lossearbeid. Etter 1945 har gardsdrifta gått over frå hovudnæring til attåtnæring. Det heng saman med det ålmenne skiftet i driftsmåtane. Det var vanskeleg å bruka moderne jordbruksreiskapar i Skreiæ. Jarnbana, bygdevegen og det nye riksveganlegget har teke mykje av innmarka. Dei fleste åkrane og bøane er borte. Vegskjeringar og fyllingar har kome i staden.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matr. nr. 17 i Arna skipreide. 1838 nytt matr. nr. 18. 1853 matr. nr. 129. 1886 Gnr. 29 i Bruvik Herad.

Gamal landskyld og skatteskyld 1/2 laup smør = 36 merker. Ny skyld 1838: 1 dl. 4 ort 14 sk. 1886: 3,33 skm.

Leidang 1567: 1 album. 1590- 91: Leidang 1 saueskinn, fredtoll kvart 8. år. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1 mark 15 sk. Kandtiend: 1 1/2 mele. Småtiend: 4 sk.

Fødnad 1657: 5 kyr, 2 kviger, 12 geiter, 18 sauer. 1665: 8 storfe. 1723: 7 kyr, 2 ungfe, 9 småfe. 1863: 22 kyr, 4 ungfe, 32 sauer, 20 geiter. 1865: 22 storfe, 42 sauer, 40 geiter, 1 gris.

1875: 18 kyr, 8 ungfe, 54 småfe.

Sånad 1665: 1 1/2 tunne korn, avling 3 1/2 tunne. 1723: Sånad 1 1/2 tunne havre, avling 5 1/4 tunne. 1863: Sånad 4 1/2 tunne havre, 5 tunner poteter, avling 25 tunner havre, 18 tunner poteter, 1743 våger høy, 175 våger halm. I slåttene hausta dei 525 våger høy.

1865: Sånad 6 tunner havre, 6 1/2 tunne poteter.

1875: Sånad 5 tunner havre, 11 tunner poteter.

1863 var det på garden vel 8 1/2 mål åker. 2 mål var god åker, 3 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 44 3/4 mål. 9 1/2 mål var god eng, 14 mål var middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord.

Folketal 1801:13. 1865:34. 1875:21.


EIGARAR

Munkeliv kloster i Bergen åtte garden i mellomalderen. Garden er nemnd i jordeboka åt klosteret 1427, 1463 og 1480- 90.

Etter reformasjonen vart jordegodset åt klosteret drege inn under kruna. I 1660-åra var den dansk/norske staten i økonomiske vanskar. Mykje krungods vart selt på auksjonar, mellom anna det gamle Munkelivs-godset. President for magistraten i Bergen, Herman Garman 1612-1674, kjøpte mange gardar som hadde høyrt til det gamle Munkelivsgodset. Skreiæ var ein av desse gardane. Sonen, stiftskrivar Herman Garman, ervde ein del av dei gardane som låg i Bruvik-sokna. Sjå Hana og Haus s. 83. 11. desember 1693 gav Herman Garman skøyte til brukaren i Skreiæ, Lars Tørresson. Etter den tid har brukarane vore sjølveigarar.


BRUKARAR FØR 1774

Den fyrste kjende brukaren heitte Håvard. Han var vitne ved ein gardhandel i 1303. Munkeliv kloster i Bjørgvin kjøpte då garden Kallestad i Stamnes. Ragnhild, dotter åt Håvard, hadde ervt denne jorda etter barnet sitt. Sjå Kallestad. Ragnhild Håvardsdtr. var truleg gift 2 gonger, siste gongen med Torkel Ogmundsson. Torkel handla på Ragnhilds vegne då Kallestad vart selt til Munkeliv kloster. Om Håvard hadde fleire born enn Ragnhild kjenner ein ikkje til. Det går nesten 200 år før me finn namn på brukarar i Skreiæ. Nokon ættesamanheng mellom Håvard og dei seinare brukarane let seg difor ikkje påvisa. 1590- 91 var Mons brukar her. Neste brukar heitte Sjur. Han er nemnd i landskattelistene 1611 og 1620.


1645 var Per Mortensson og kona Lukkris brukarfolk her. Per er nemnd som brukar 1648, 1657 og 1661. 1655 fekk han bot for å ha halde brudlaup lengre enn det var tillate. Bota var 8 ørtugar og 13 merker sylv.

Born:

  1. Morten f. om lag 1636, brukar her.
  2. Oluf 1642-.
  3. Jakob 1645-, flytte ut or bygda 1665.


Morten Persson vart brukar etter faren. 1673 vart han stemnd til tings av Herman Garman for skuldig landskyld, 3 rdl. 4 mark. Elles inneheld kjeldene få opplysningar om Morten. Det går ikkje fram om han var gift, eller om han hadde etterkomarar.


Besse Tørresson Vaksdal vart brukar her kring 1680. Han kom frå Fossmark. Der hadde han vore brukar på bnr. 5. Sjå Fossmark bnr 5.

Besse 1624- 1693 var g.m. Barbro Olsdtr. d. 1693.

Born:

  1. Marta g.m. Jens Nilsson Fossmark bnr. 5. Sjå Fossmark bnr. 5.
  2. Ingebjørg g.m. Johannes N. Fossmark bnr. 1. Sjå Fossmark bnr. 1
  3. Anna g.m. Tomas Nilsson Langeland, brukar i Sedalen.
  4. Tørres 1691-, brukar her.


1693 skøyte til Lars Tørresson Vaksdal 1640- 1732. Han var brukar på Vaksdal 1666. Bruket hans var då 1/4 av garden. Då broren Besse Tørresson døydde, fekk Lars skøyte på Skreiæ og flytte hit.

Lars Tørresson var g.m. Cecelia Eriksdtr. 1634- 1719.

Born:

  1. Tørres f. om lag 1665, g.1.g. 1694 m. Anna Ellingsdtr. Ytre Arna. G.2.g.m. enkja Gjertrud Andersdtr. Kvamme. Sjå Arna s. 525.
  2. Ei dotter d. 1693.
  3. Erik d. 1698.


1728 skøyte til Tørres Bessesson Skreien 1691- 1749. Tørres fekk skøyte hjå Gjertrud Andersdtr. Arna og Johannes Monsson Instedal. Gjertrud var 2. kona åt syskenbarnet hans, Tørres Larsson. Sjå ofr. Tørres Besseson 1691- 1749 var g. 1713 m. Marta Nilsdtr. Kvamme 1691- 1775. Sjå Arna s. 548.

Born:

  1. Lars 1714- 1737.
  2. Besse 1715-, brukar her.
  3. Barbro 1718-.
  4. Cecelia f. og d. 1721.
  5. Gjertrud 1722-, g.m. Mons N. Helle bnr. 3. Sjå Helle bnr. 3.
  6. Nils f. og d. 1725.
  7. Tørres 1726-, brukar på Ytre-Bruvik bnr. 1.
  8. Nils f. og d. 1729.
  9. Johannes 1733-, brukar på Vaksdal bnr. 5.

Enkja Marta Nilsdtr. g.2.g. 1771 m. Mons Monsson Vaksdal, brukar på Vaksdal.


1755 skøyte til Besse Tørresson 1715- 1787. Besse var den fyrste skulehaldaren som vart tilsett etter skulelova 1744. Han var omgangsskulelærar i Bruvik og Stamnes og budde på Stokke bnr. 3 frå 1744. Kring 1750 flytte han heimatt til Skreiæ og overtok farsgarden. Besse var einaste brukar på garden i si brukartid. Då han let garden frå seg, delte han jorda mellom sønene Lars og Nils. Sjå bnr. 1 og 2.

Besse Tørresson 1715 - 1787 var g.m. Marta Nilsdtr. f. om lag 1710 d. 1790.

Born:

  1. Lars 1742-, sjå bnr. 1.
  2. Nils 1743-, sjå bnr. 2.
  3. Kari 1745-, g.m. Johannes Monsson Jamne, sjå Jamne bnr. 12.
  4. Brita 1747-, g.m. Mons Knutsson Vaksdal, sjå Sedalen bnr. 9.
  5. Tørres f. og d. 1750.
  6. Marta 1751-, g.m. Mikkel Persson Langhelle, sjå Langhelle bnr. 3.
  7. Gjertrud 1754-, g.m. Nils Sjursson, Herfindalen bnr. 8.

Ved skiftet etter Besse Tørresson 1788 var bruttoen i buet vel 75 rdl. Nettoen var vel 52 rdl.

Ved skiftet etter enkja Marta Nilsdtr. 1790 var bruttoen i buet vel 24 rdl. Nettoen vel 15 rdl.


BNR. 1


Gamalt løpenr. 49. Nytt løpenr. 512. Gamal landskyld og skatteskyld 18 merker smør. Ny skyld 1838: 4 ort 19 sk. 1886: 3,33 skm. 1863 var det på dette bruket 3 7/20 mål åker. 3/4 mål var god åker, 1 mål var middels god, resten var ring. Bøen var 20 3/4 mål. 3 mål var god bø, 5 3/4 mål middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånad: 1 1/2 tunne havre, 1 1/2 tunne poteter. Avling: 10 tunner havre, 6 tunner poteter, 648 våger høy, 70 våger halm. I slåttene hauste dei 260 våger høy. Fødnad: 8 kyr, 2 ungfe, 12 sauer, 8 geiter. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me desse tala: Sånad 2 tunner havre, 3 tunner poteter, Fødnad: 10 storfe, 17 sauer, 15 geiter, 1 gris.


1774 skøyte til Lars Bessesson 1742- 1779. Lars var g.m. Kari Johannesdtr. Dale bnr. 6 1739- 1806. Sjå Dale bnr. 6.

Born:

  1. Besse 1766- 1787.
  2. Marta f. og d. 1768.
  3. Johannes 1769- 1806.
  4. Tørres 1773-, spedalsk, b. på St. Jørgens Hospital i Bergen.
  5. Marta 1776-, b. på Midt-Mjelde, g.m. Jon Torbjørnsson. Sjå Skreiæ bnr. 3.

Ved skiftet etter Lars Bessesson 1780 var dette bruket verdsett til 50 rdl. Bruttosummen i buet var 131 rdl. Nettoen vel 97 rdl. Jordegodset 18 merker smør var delt mellom enkja Kari, som ervde halvparten, dottera Marta, som fekk ein part på 1 2/7 merker smør, og dei 3 sønene Besse, Johannes og Tørres, som fekk kvar sine partar på 2 4/7 merker mør.

Besse Larsson, som døydde 1787, berre 21 år gamal, let lysa odelsretten sin til bnr. 2 1780. Det var formyndaren hans, Haldor Ingebrigtsson Dale, som fremja søksmålet. Då Besse Larsson døydde, opplyste Haldor at han hadde ført denne saka for Besse og hatt utlegg på 11 rdl. som han ville ha godtgjort i buet. Mora Kari Johannesdtr. kravde godtgjerdsle for gravferdsutlegg. Ho fekk utlagt den parten som Besse åtte i farsgarden, 2 4/20 merker smør. Midlane i buet etter Besse var elles lausøyre for vel 9 rdl. Arven vart delt mellom mora og dei 3 syskena som då levde.

1790 skøyte til Anders Johannesson Indre-Boge bnr. 6. Han hadde same året gift seg med enkja etter den førre brukaren, Kari Johannesdtr. Skøytet åt Johannes lydde på 18 merker smør. Det omfatta partane som Kari og borna hennar frå 1. ekteskap hadde fått utlagt ved skifta 1780 og 1787.

Anders Johannesson 1756- 1825 og Kari Johannesdtr. hadde ikkje born. Ved skiftet etter Kari Johannesdtr. 1806 vart dette bruket verdsett til 60 rdl. og utlagt til enkjemannen. Bruttosummen i buet var 170 rdl. Nettoen vel 104 rdl. Enkjemannen ervde halvparten. Resten vart delt mellom borna åt Kari frå 1. ekteskap, Jens og Marta. Båe var spedalske og budde i St. Jørgens Hospital i Bergen. Hospitalet fekk arvelutane deira.

Anders g.2.g. 1807 m. Gunhild Arnesdtr., Herfindalen bnr. 8, f. 1785.

Born:

  1. Anna 1804-, g.m. Knut Johannesson, Herfindalen, sjå Herfindalen bnr. 8.
  2. Johannes 1807-, brukar her.
  3. Arne 1811-, sjå bnr. 3.
  4. Erik 1813-, sjå Sedalen bnr. 7.
  5. Sjur 1816-, sjå Vaksdal bnr. 5.
  6. Anders 1819-, brukar på Skulstad, g.m. Brita Johannesdtr. Skulstad. Sjå Haus s. 290.
  7. Brita 1822-, g.m. Per Olsson, Herfindalen, sjå Herfindalen bnr. 7.
  8. Mikkel 1825-, g. 1851 m. Synneva Steffensdtr. Hefte, Voss.
  9. Kari 1825- 1828.

Ved skiftet etter Anders Johannesson 1827 vart dette bruket verdsett til 140 spd. Bruttosummen i buet var 237 spd. Nettoen vel 136 spd. Jordegodset vart delt likt mellom enkja Gunhild og sonen Johannes.


1829 skøyte til Johannes Andersson frå mora Gunhild Arnesdtr. på 9 merker smør. Resten av bruket hadde Johannes ervt ved skiftet etter faren. Sjå ofr.

Johannes 1807- 1882 var g.m. Marta Knutsdtr. Indre-Boge bnr. 1 1812- 1876. 1836 gjorde Johannes makeskifte med Johannes Johannesson Dale. Johannes og Marta, som var barnlause, vart sidan buande i Sedalen på bnr. 6.


1836 makeskøyte til Johannes Johannesson Dale mot vederlag i Sedalen bnr. 6.

Johannes Johannesson 1766- 1838 var frå Dale bnr. 6, g.m. Kari Olsdtr. Dale bnr. 8 1778- 1847. Dei bygsla Vaksdal bnr. 1 1801-1807. Då fekk dei skøyte på Indre-Boge bnr. 6. 1820 flytte dei til Sedalen bnr. 6.

Born:

  1. Johannes 1807-.
  2. Ingebjørg 1809-, g.m. Arne Johannesson, Herfindalen, sjå Herfindalen bnr. 6.
  3. Kari 1811-.
  4. Ingebjørg 1813-.
  5. Brita 1814-, g.m. Arne Andersson. Sjå Skreiæ bnr. 3, Herfindalen bnr. 8 og Sedalen bnr. 6.
  6. Olav 1817- 1821.
  7. Johannes 1819-, sjå nfr.
  8. Kari 1822-, g.m. Arne Andersson. Sjå Skreiæ bnr. 3, Herfindalen bnr. 8 og Sedalen bnr. 6.
  9. Tomas 1825 -, b. U.S.A. g. 1850 m. Ingebjørg Olsdtr. Børsli. Sjå Børsli.

Ved skiftet etter Johannes 1838 vart dette bruket verdsett til 150 spd. Bruttosummen i buet var vel 292 spd. Nettoen var 150 spd. Til frådrag kom mellom anna 100 spd. som vart kravt i "hjemmegifte" for av borna, Johannes og Kari. Dei var ugifte då skiftet var halde. Ved skiftet etter Kari Olsdtr. 1847 var bruttosummen i buet 109 spd. Nettoen var 80 spd.


1838 skifteskøyte til Johannes Johannesson. Johannes f. 1819 g. 1840 m. Ingebjørg Nilsdtr. Jamne bnr. 1 f. 1821. Dei selde dette bruket 1847, og flytte til Fotland i Osterfjorden.

Born:

  1. Nils 1840-.
  2. Johannes 1841-.
  3. Kari 1844- 1845.
  4. Ingebjørg f. og d. 1845.
  5. Nils 1846-.


1847 skøyte til Olav Andersson for 500 spd.

Olav Andersson 1803- 1854 var frå Sedalen bnr. 9. Han dreiv farsgarden 1821- 1834. Frå 1836 dreiv han eit bruk på Reigstad. Frå 1840 dreiv han Indre-Boge bnr. 6.

Born:

  1. Marta f. og d. 1822.
  2. Kari f. og d. 1823.
  3. Anders f. og d. 1824.
  4. Anders 1826-.
  5. Erik 1829-, sjå nfr.
  6. Anders f. og d. 1831.
  7. Mons f. og d. 1834.


1848 skøyte til Erik Olsson for 400 spd. og kår til foreldra.

Erik 1829- 1893 var g.1.g.m. Siri Olsdtr. Langhelle bnr. 1 1818-1875.

Born:

  1. Guri f. og d. 1848.
  2. Siri 1850-, g.m. Nils Larsson Hole, brukar her.
  3. Guri 1852- 1933, ug., tenar på Fokstad mange år.
  4. Anna 1854- 1912, tekstilarbeidar, Dale.
  5. Olav f. og d. 1856.
  6. Marta 1858- 1927, b. her.
  7. Kari 1859- 1907, tekstilarbeidar, Dale.
  8. Olina 1862-, b. Flekkefjord, g.m. Torjus Egeland frå Sirdal.

Erik g.2.g. 1877 m. Magdeli Olsdtr. Hole 1841-1918. Ho var g.1 .g.m. Jon Jonsson Daltveit. Sjå Haus s. 399 og 401. Magdeli hadde ikkje born i sitt 1. ekteskap.

Barn i 2. ekteskap:

  1. Sivert Johan 1878-, jarnbanearbeidar, b. Bergen, g m. Berta Takvam.


1872 skøyte til Nils Larsson Hole for 250 spd. og kår verdsett til 150 spd. for 5 år. Kårytinga gjaldt verforeldra Erik Olsson og Siri Olsdtr., eventuelt også dottera Marta, etter at foreldra var døde. Nils Larsson 1843-1935 var son åt Lars Andersson Blom og kona Helga Nilsdtr., g.m. Sigrid Eriksdtr. Skreiæ bnr. 1 1850-1939. Sjå Haus s, 399.

Born:

  1. Ole 1872-1942, brukar her.
  2. Lars 1877- 1959, ug. b. her.
  3. Helga 1878- 1969, ug. b. her.
  4. Erik 1880- 1958, b. U.S.A., g.m. Signe Trondsen frå Såheim i Tinn.
  5. Olai 1882- 1915, anleggs- og mylnearbeidar, g.m. Karoline Jamne. Sjå ættesoge for Dale.
  6. Nils 1885- 1936, gardbrukar på Kvisti, Osterøy, g.m. Marta Andersdtr. Mjelde. Sjå Haus. 235.
  7. Sigrid 1888- 1973, ug. b. her.
  8. Sivert 1891-1982, sjå bnr. 5.
  9. Anna 1892-1985, ug. tekstilarbeidar, b. Dale.
  10. Anders 1895-1980, industriarbeidar, Odda. g.m. Kristi Larsdtr. Mo frå Steinsdalen i Kvam.


Om lag 1920 skøyte til Ole Nilsson Skreien 1872- 1947, g. 1907 m. Madli Nilsdtr. Stanghelle 1881- 1963. Dei var barnlause. Sjå Stanghelle bnr. 4.


1948 skøyte til Johannes O. Blomdal. Etter skøytet hadde Madli, Lars, Helga og Sigrid Skreien rett til hus, brenne m.m.

Johannes Birger 1907- 1973 ug. vegvaktar og gardbrukar, var son åt Ole O. Blomdal og kona Marta f. Jamne. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1974 skøyte til Olav O. Blomdal, Borghild Rønhovde og Anna Hvidsten med 1/3 til kvar. Dei er sysken åt den førre brukaren.


1975 skøyte til Olav O. Blomdal og Anna Hvidsten med 1/2 til kvar.


BNR. 2


Gamalt løpenr. 50. Frå 1845 løpenr. 50 a. 1853 nytt løpenr. 513. Gamal landskyld og skatteskyld 18 merker smør. Ny skyld 1838: 4 ort 19 sk. Etter 1845, då bnr. 3 vart skilt frå, vart skylda 14 merker smør eller 3 ort 17 sk. 1886. 1,33 skm.

1863 var det på bruket 3 1/2 mål åker. 3/4 mål var god, 1 mål middels god, resten var ring. Bøen var 14 7/20 mål. 3 mål var god bø, 5 3/4 mål var middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Såndad 1 1/2 tunne havre, 1 1/2 tunne poteter. Avling 10 tunner havre, 6 tunner poteter, 600 våger høy, 70 våger halm. I slåttene hausta de 165 våger høy. Fødnad: 7 kyr, 1 ungfe, 10 sauer, 6 geiter. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me desse tala: Sånad 2 1/2 tunne havre, 2 tunner poteter, Fødnad 7 storfe, 17 sauer, 16 geiter. 1875: Sånad 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter. Fødnad: 7 kyr, 1 ungfe, 7 småfe.


1774 skøyte til Nils Bessesson frå faren Besse Tørresson. Han skifte garden mellom sønene Lars og Nils. Lars var eldst og hadde best odelsrett. 1780 let verja for Besse Larsson på bnr. 1 lysa odelsretten hans i bnr. 2. Men Besse Larsson døydde før han vart fullvaksen, og det vart ikkje noko av odelsinnløysinga. Nils Bessesson 1743- 1820 var g.m. Brita 1753- 1819, dtr. åt Knut Larsson Vaksdal og kona Anna Tomasdtr. Sjå Vaksdal, brukarar før 1750.

Born:

  1. Marta 1777-.
  2. Anna 1780-.
  3. Lars f. og d. 1781.
  4. Anna 1782- 1792.
  5. Kari 1786- 1823.
  6. Brita 1790-, g.m. Johannes Olsson Fokstad, b. Øvste Mjelde. Sjå Fokstad/Faugstad, brukarar før 1836 og Haus s. 49.
  7. Anna 1792-, b. Austad, g.m. Ole Nilsson Sæterdal. Sjå Haus s. 378 og Sedalen bnr. 1.
  8. Besse 1795-, brukar her.
  9. Gjertrud 1799-, g.m. Knut E. Skreien. Sjå Olsnes bnr. 2 og Skreiæ bnr. 3.


1814 skøyte til Besse Nilsson for 66 rdl. og kår til foreldra, verdsett til 20 rdl.

Besse Nilsson f. 1795-, var g.1.g. 1816 m. Kari Monsdtr., Sedalen bnr. 9 1789- 1858.

Born:

  1. Nils 1818-, brukar her.
  2. Mons 1821-, sjå Ytre-Boge, plasset Kjenes.
  3. Brita 1824-.
  4. Lars 1829- 1860.
  5. Kari 1832-, sjå Halvard Skreien, ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1842 skøyte til Nils Bessesson for 150 spd. og kår til foreldra Besse Nilsson og Kari Monsdtr. Sjå vilkårsbrev nfr.

Nils 1818- 1898 var g. 1842 m. Kari Johannesdtr. Jamne bnr. 12 1818- 1903.

Born:

  1. Besse 1843-, brukar her.
  2. Anna 1846-, g.m. Johannes Hansson Langhelle, sjå Langhelle bnr. 6.
  3. Johannes 1849-, brukar her.
  4. Kari 1852- 1860.
  5. Erik 1855-, tekstilarbeidar, g. 1877 m. enkja Ingeborg Nilsdtr. Rønhovde f. Myster. Sjå Ytre Arna s. 22.
  6. Brita 1 58. -, b. Vaksdal, g.m. Jon Josefsson Løtveit. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


WILKAARSBREV

Jeg underskrevne Niel Bessesen Reffskre forpligter mig herved til at præstere mine Forældre Besse Nielsen Reffskre og Kari Monsdatter for deres Levetid følgende aarlige Vilkår, nemlig: 1, skal de have frit Huus, Lys og Brænde samt fornødent Tilsyn og Opvartning i Alderdoms og Sygdoms Tilfælde. 2, skal jeg føde for dem Vinter og Sommer 2 /:to:/Kuer og 6/:sex./ Faar, der for dem skal rygtes og tilsees paa bedste Maade og Afdrotten frit tilleveres dem. 3, skal jeg levere dem aarligen 1/: en:/ Tønde Korn af bedste Sort som avles paa Gaarden. 4, Skal de have til Afbenyttelse en Ager kaldt inderste Udgjerdsageren og naar de ophøre at bruge denne Ager skal de istedet derfor afholde nok 1/: en:/ Tønde Korn. 5, skal de have til Afbenyttelse en Bøeteig kaldt Udgjerdet samt Slaatteteigene Gofarteigen, Sorte hammeren, Skarperinden, og Blombrækketoen. 6, skal de have fornødent Huusrum til deres Høe og Kreature. Naar en af mine Forældre døer bortfalder Foster til tre Faar. Dette Vilkaar som vi have anseet at være af Værdie for 5 Aar 195 Spd. skal herefter hefte paa den mig ved Skjøde af Dags Dato hjemlede Anpart af Gaarden Reffskre matr. N. 17 i Arne Skibrede af Skyld 18 m. Smør saalænge mine Forældre lever.


Mjelde den 21. Novbr. 1842.

Niels Bessesen Reffskremed
ført Pen


Merknad i panteregistret: " Paategn: thl. 4 Febr. 1874, hvor det er indrømmet den Opholdstagende brugen af en Husebygning." Samstundes tinglyst fråfall av panterett for 300 spd. til Nordhordland Overformynderi. 1845 tinglyst fråfall av kår for dei teigane som vart fråskilde og selde 1844. Sjå bnr. 3.


1875 skøyte til Besse Nilsson for 200 spd. og kår til foreldra, verdsett 150 spd. for 5 år.

Besse f. 1843-, d. omlag 1883, var g.m. Sigrid Hansdtr. Langhelle bnr. 6 f. 1853. Ein kjenner ikkje til at dei hadde born. Sigrid g.2.g.m. Jon Larsson Myking. Sjå Gjerstad s. 197.


1883 skøyte til Johannes Nilsson for 640 kr. frå enkja etter broren, Sigrid Hansdtr. Huset som Nils Bessesen budde fylgde ikkje med i salet.

Johannes 1849- 1927, gardbrukar og mylnearbeidar, var g.1 .g.m. Guri Josefsdtr. Løtveit frå Hosanger, 1853- 1891. Sjå Hosanger I del 1 s. 570.

Born:

  1. Josef f. og d. 1880.
  2. Nils 1881-, brukar her.
  3. Josef Martin 1883-, b. her.
  4. Karolina 886 - 1923, ug.
  5. Gustav Johan 1888- 1889.
  6. Gustav Johan 1889- 1959, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

Johannes g.2.g. 1893 m. Kari Monsdtr. Jamne 1846- 1927 frå plasset Nethovdane. Dette ekteskapet var barnlaust.


1907 skøyte til Nils Johannesson 1881- 1961, gardbrukar og mylnearbeidar, g.m. Kaia 1883- 1959, dtr. åt Synneva og Anders Monsson Jamne. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

Born:

  1. Johannes 1905-, brukar her.
  2. Arthur 19**, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1946 skøyte til Johannes Nilsson 1905- 1969, jarnbanearbeidar og gardbrukar, g.m. Johanna Amanda 1907-, dtr. åt gardbrukar på Skulstad, Karl L. Kleppe frå Askøy og kona Marta Margreta Olsdtr. Sjå Haus s. 294.

Barn:

  1. Astrid 19**-, sjå nfr.


1974 skøyte til Astrid Johansen f. 19**, sjå ofr., b. Steinkjer, g.m. forretningsstyrar Odd Johansen.


BNR. 3

Daglegnamn: Skreianeset eller Neset.

Utskilt frå bnr. 2 1845. Gamalt løpenr. 50 b, nytt løpenr. 514. Gamal landskyld 4 merker smør, ny skyld 1 ort 2 sk. 1886: 0,64 skm. Neset er eit gamalt husmannsplass. Det var truleg teke opp på 1600- talet eller byrjinga av 1700- talet. Sjå nfr. 1863 var her 1 4/5 mål åker. 1/2 mål var god åker, 1 mål var middels god, resten var ring. Bøen var 9 3/5 mål. 3 1/2 mål var god bø, 2 1/2 mål middels god, 4 mål var ring bø. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånad 1 1/2 tunne havre, 2 tunner poteter. Avling 5 tunner havre, 6 tunner poteter, 495 våger høy, 35 våger halm. I slåttene hausta dei 100 våger høy. Dei hausta lyng svarande til 1 kufor. Her var knapt med ved, og dei vanta hustømmer. Fødnad: 6 kyr, 1 ungfe, 10 sauer, 6 geiter. Desse tala er frå Herredsbeskrivelsen. I folketeljinga 1865 finn me denne oppgåva: Sånad 1 1/2 tunne havre, 1 1/2 tunne poteter. Fødnad 5 kyr, 8 sauer, 9 geiter.


1701 finn me i folketeljinga husmannen Johannes Monsson Bruvik. Han budde då i Sedalen. 1704 var han husmann i Skreiæ, truleg på Neset. Johannes Monsson Bruvik 1675- 1732 var g.m. Synneva Henriksdtr. Jamne.

Born:

  1. Mons 1698-.
  2. Eirik 1704-, brukar på Ytre-Bruvik, g.1.g.m. enkja Marta Markusdtr. Ytre-Bruvik.
  3. Henrik 1708-.
  4. Cecelia 1713-, g.m. Mons Johannesson Skulstad. Sjå Haus s. 286.

Den neste kjende brukaren på Skreianeset var Torbjørn Johannesson Tysso frå Evanger 1715- 1800, g.1.g. 1745 m. Kari Knutsdtr. Fosse frå Bergsdalen 1715- 1747. Sjå Fosse, husmenn, Bergsdalen.

Barn:

  1. Kari 1746-, ug. b. her.

Torbjørn g.2.g. 1748 m. Kristbjørg Magnesdtr. Aldal 1721- 1776. Dei busette seg på Skreianeset kring 1750.

Born:

  1. Marta 1754- 1782.
  2. Anna 1760- 1771.
  3. Helga f. og d. 1766.

Torbjørn g.3.g.m. Dortea Larsdtr. Vik 1728- 1818.

Born:

  1. Lars 1772-, b. i Grøtå. Sjå Grøtå, strandstjara.
  2. Jon 1776-, g.m. Marta Larsdtr. Skreiæ bnr. 1, b. på Midt-Mjelde


Eirik Knutsson, Herfindalen bnr. 6, 1775- 1822 var neste brukar her. Eirik var g.m. Anna Knutsdtr. Vaksdal f. 1773. Dei var leigebuarar i Sedalen før dei kom hit.

Born:

  1. Knut 1798-, brukar på Olsnes bnr. 2.
  2. Nils 1799-.
  3. Olav 1801-.
  4. Brita.
  5. Sjur 1805-.
  6. Anna 1806-, g.m. Sjur Nilsson Skulstad. Sjå leigebuarar.
  7. Sjur 1810-, g. 1843 m. Anna Johannesdtr. Fossdal. Sjå Fossmark, Fossdalen.
  8. Johannes 1813-, g.m. Madli Olsdtr. Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  9. Eirik 1816-, g. 1843 m. enkja Anna Einarsdtr. Søre Veseth. Sjå Haus s. 33.

Skifteretten vart sett i Skreiæ 1824 for å halda skifte etter Eirik Knutsson. Enkja møtte og opplyste at mannen hadde fått fattighjelp dei siste åra han levde, og at der ikkje ein gong var pengar nok til å betale gravferdsutgiftene. Ho bad om at skiftet måtte haldast som fattigskifte. Johannes Johannesson Sæterdal og Thomas Nilsson Sæterdal vitna at dei opplysningane enkja gav var rette.

Enkja Anna Knutsdtr. g.2.g.m. Olav Sjursson Vaksdal, husmann i Jamnebrekka.


1824 festesetel til Kristian Jensson Ytre-Bruvik f. 1796, lærar i Bruvik, g. 1821 m. Ingebjørg Larsdtr. Hekland bnr. 2, f. 1799. Dei budde på Hekland før dei kom hit. Kristian Bruvik var ein dugande lærar. Etter ein visitas i Haus Kyrkja 1828 skreiv biskop Neumann at Kristian Bruvik merkte seg ut mellom lærarane. Medan han budde på Skreianeset, var han stotarkonge. Stotarkonge var offentleg tenestemann. Han skulle ha tilsyn med omstreifarane. Kristian Bruvik dreiv ein del med gardhandel. Han åtte ein part i Nordre Reigstad i Mjelde skipreide. Denne parten bytte han bort mot Sedalen bnr. 9 i 1834. 1837 gjorde han på nytt makeskifte og bytte til seg Vaksdal bnr. 1. Han skøytte dette bruket vidare året etter.

1830 vart Kristian Bruvik utnemnd til lensmann i Herdla skipreide. Han budde visstnok på Skreianeset til 1834. Då flytte han med kona og dottera til Alverstraumen. Der kjøpte han seg gard og vart verande. Ivar Åsen var ven med Kristian Bruvik. Sjå Reiseerindringer s. 171.


1836 festesetel til Arne Andersson Skreiæ bnr. 1, g.1.g.m. Brita Johannesdtr. Skreiæ bnr. 1, g.2.g.m. Kari Johannesdtr. Skreiæ bnr. 1.

Arne Andersson budde på Skreianeset til 1839. Då flytte han til Sedalen bnr. 6. Seinare overtok han Herfindalen bnr. 8. Huslydopplysningar : sjå Herfindalen bnr. 8.

1845 skøyte til Besse Olsson Langhelle for 200 spd. Eigedomen som han fekk kjøpa var skild ut frå bnr. 2 same året. Her var 6 teigar: Plasset Skreianeset, Smalestallteigen, Fortelia, Blombrekka, Urdalsteigen og Leirholeteigen.

Besse 1813- 1878 var son åt Olav Andersson Minde og Marta Mikkelsdtr. Langhelle bnr. 3, g. 1840 m. Kari Tomasdtr. Sedalen bnr. 3 1818- 1895. Sjå Arna s. 252 og 253.

Born:

  1. Olav 1841-, brukar her.
  2. Ingebjørg 1844-, g.m. Johannes Thomasson Indre-Boge, sjå Indre-Boge bnr. 5.
  3. Tomas 1846-.
  4. Peder 1849-, mylnearbeidar. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  5. Marta 1853-, g.m. banevaktar Ole O. Bryn. Sjå Langhelle bnr. 2.
  6. Synneva 1856-, g. 1879 m. banearbeidar August Karlsson Lang frå Sverige.
  7. Anna 1859-, b. U.S.A. g.m. anleggsarbeidar Per Erik Gustavsson frå Sverige. Sjå Dalseid, husfolk
  8. Ingebjørg 1862-, b. Bergen.


1874 skøyte til Olav Besseson for 150 spd. og kår til foreldra, verdsett til 125 spd. Olav 1841 var g. 1864 m. Marta Olsdtr. Herfindalen bnr. 1, f. 1842. Då den store mylna på Vaksdal kom i drift, tok Olav arbeid der. Han budde på Skreianeset og dreiv bruket til 1898. Då utvandra han til U.S.A. saman med huslyden.

Born:

  1. Kari 1864-.
  2. Magdeli 1872-.
  3. Karolina 1877-.


1898 skøyte til baneformann Johan August Johnsen 1846- 1941, f. i Sverige, g.m. Johanna 1854- 1912, dtr. åt gardbrukar Lars Olsson Haugen og kona Anne. Sjå Orkdalsboka IV s. 275.

Born:

  1. Anna 1887- 1945, ug.
  2. Johanne, g.m. Ludvig Haugen.
  3. Julius, overkonduktør, b. Voss.
  4. Lars 1895-, b. Kristiansand, g.m. Olga 1898


BNR. 4

Uradal. Skilt frå bnr. 1 1939. 0,01 skm.

1939 skøyte til Norges Statsbaner.


BNR. 5

Sjøtun. 0,02 skm. Skilt frå bnr. 1 1948.

1948 skøyte til Sivert Skreien og kona Klara og Olav Skreien og kona Marta, mot plikt til å overta all transport av turvande brensel til Madli, Helga, Lars og Sigrid Skreien til hovudtunet.

Sivert Skreien f. 1891 på bnr. 1, verksmeister i N.S.B., b. Voss, g.m. Klara 1893-, dtr. åt Knut K. Solberg og kona Anna Margreta Olsdtr. f. Dale. Sjå Arna s. 506 og 509. Knut K. Solberg var smed av yrke og sjølvstendig næringsdrivande med eiga smie. Småbruket dreiv han berre som ei attåtnæring.

Barn:

  1. Norvall 19**-, journalist.


BNR. 6

Solvang, 0,06 skm. Skilt frå bnr. 1 1952.

1952 skøyte til Ole Andreas Magnussen 19**-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

1975 skøyte til Halvor Hammersvik og Magny Hammersvik.


BNR. 7

Halleland. 0,02 skm. Skilt frå bnr. 2 1954.


1954 skøyte til Minni Halleland 19**-, dtr. åt Anna Marie og Adolf Steen, g.m. frisør Sigvald Halleland 1903- 1973.

Born:

  1. Sigurd Steen 19**-, sjå nfr.
  2. Minni Evelyn 19**-.
  3. Anna Jorunn 19**-.
  4. Gunnar Steen 19**-.
  5. John Arild 19**-.


1970 skøyte til Sigurd Steen Halleland 19**-, drosjesjåfør, g.m. Lillian 19**-, dtr. åt Hilmar Larsson Tunes og kona Maria Eiriksdtr. Stavenes bnr. 2. Sjå Haus s. 462.

Born:

  1. Lise Helen 19**-.
  2. Anne Marie 19**-.
  3. Vibeke Kristin 19**-.
  4. Sølvi Karin 19**-.


BNR. 8

Avfallsplass. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1957.

1957 skøyte til Vaksdal Bygningskommune.


BNR. 9

Rasvarsel 0,01 skm. Skilt frå bnr. 2 1958.

1958 skøyte til Norges Statsbaner.


BNR. 10

Solbakken 0,02 skm. Skilt frå bnr. 1 1959.

1959 skøyte til Ingvald O. Larsen. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 11

Knausen 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1959.

1959 skøyte til Sivert Skreien. Sjå bnr. 5.


BNR. 12

Sjøtun 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1959.

1959 skøyte til Nils M. Takvam 1928- 1975. Sjå ættesoge for Dale.

1975 skifteskøyte til Bjarte Takvam 19**-, og Steinar Magne Takvam 19**-.


BNR. 13

Nordum 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1961.

1961 skøyte til Anne Irene Nordum.


BNR. 14

Solbakken I 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1961.

1961 skøyte til Ingvald Larsen. Sjå bnr. 10.


BNR. 15

Fjordglimt 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1962.

1962 skøyte til Richard Stürtzel 19**-. Sjå ættesoge for Dale.


BNR. 16


Sjøbu 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1967.

1967 skøyte til Jan Bjørn Reigstad.


BNR. 17

Skreien vaktarbustad 0,01 skm. Skilt frå bnr. 10 1971.

1971 skøyte til N.S.B. mot vederlag i gnr. 17 bnr. 215.


BNR. 18

Skreiatun 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1974. Heimel har eigaren på bnr. 1.


BNR. 19

Nybrot. 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1975.

1975 skøyte til Knut Egil Namdal.


LEIGEBUARAR

1831 vart Sjur Nilsson Jamne bnr. 1 1808-, g.m. Anna Eiriksdtr. Skreiæ bnr. 3 1806-. Dei budde til leige her ei tid. Seinare budde dei på Skulstad i Haus og Soltveit i Gjerstad sokn.

Barn:

  1. Guri 1832-, g. 1855 m. Lars Kristiansson Arnestad, Alversund.


1835 vart Mons Larsson Indre-Boge bnr. 2 1806-, g.m. Synneva Mikkelsdtr. Langhelle 1817-. Dei budde i Skreiæ. Dei var truleg tenarar hjå ein av gardbrukarane her.

Barn:

  1. Lars 1835-.

Synneva Mikkelsdtr. g.2.g. 1848 m. Peder Fredrik Ellingsson Solberg 1825-. Sjå leigebuarar Langhelle og Haus s. 90 og 104.


1875 døydde leigebuaren Ingebrigt Skreien, 63 år gamal.


1870 budde Jakob Johannesson og kona Sigrid Olsdtr. her.

Barn:

  1. Olav 1869- 1870.


1880 budde Jan Erik Finne, svensk banearbeidar, g.m. Ragnhild Torsteinsdtr.

Barn:

  1. Albert Emanuel 1880 -.


Jan Petter Olsen 1851- 1921, jarnbanearbeidar, seinare banevaktar, f. i Värmland, Sverige, g.m. Kari f. 1859, dtr. åt Erik Knutsson Øvsthus frå Voss og kona Ingebjørg Monsdtr. Helle, sjå Helle bnr. 3.

Born:

  1. Elen Maria 1881- 1903, g.m. gardbrukar Sjur J. Olsnes, sjå Olsnes bnr. 1.
  2. Mina, g. og b. i U.S.A.
  3. Oskar 1884- 1929, baneformann, b. her.
  4. Ingvald 1885-, b. U.S.A.
  5. Ingebjørg 1887-.
  6. Anna 1888-, b. Vaksdal, g.m. Nils Thomassen. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  7. Johanna 1889
  8. Klara 1893-, g. og b. i U.S.A.
  9. Marta Gurina 1895-, b. Vaksdal, g.m. Anders Hermundsdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

Senneseth Olav 1910-2000, baneformann, son åt Andreas Senneseth og kona Augusta f. Hernes, g.m. Nina 19**-, husmor, dtr. åt Amund Hisdal og kona Sofia Ananiasdtr. Marøy.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy