Småbrekke

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gards og ættesoge for Småbrekke.


Gnr. 71 Småbrekke

Tidlegare gnr. 70 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 550 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

1675 -1691 Claus Henrikson Miltzow 1/2 pd. smør
1692 - Claus Henrikson Miltzows arvingar.
1696 -1698 Lauritz Miltzow, son til Claus, borgar i Bergen.
1699 -1720 Kirsten Miltzow
1720 - Nils Jensen Haug, Samnanger.


Bumerke.

Fil:Bumerke Jakob Smaabrekke 1.gif Jakob Smaabrekke 1722, 1726, 1729 Fil:Bumerke Jakob Smaabrekke 2.gif, 1732, Fil:Bumerke Jakob Smaabrekke 3.gif 1749, som i 1722 seinare i 1749, 50, 51 og 63.
Fil:Bumerke Sjurd Smaabrekke.gif Sjurd Smaabrekke 1770
Fil:Bumerke Jon Smaabrekke.gif Jon Smaabrekke 1779


BRUKARAR.

Bnr. 1.

Gl.matr.nr. 77, nytt 79. L.nr. 162. Skatte- og landskyld 12 mk. smør. 1838: 3 ort 15 skill. 1886: Mk. 1.25, 1977: Mk. 1.00.


1664 er første gong ein finn garden nemnd. Prestemanntalet fører Torkild Oddson som brukar, og garden som halv Øydegard.

Born:

  1. Brita, g. omkr. 1690 Mikkel Jonson Kvitingen, f. , Samnanger.
  2. Synneva. Ho har eit barn til dåpen 1699 «hvis Faders Nafn ingen faae vide kunde».
  3. Anders, f. 1670, g. 1706 Ingeborg Nilsdtr. Øvre Rasdal, f. , b. Brekke bnr. 1.
  4. Marita, f. 1711.


1665 er garden «formedelst Vandfloe aff Fieldskree udtagen», og Torkild var friteken for å betala skatt i åra 1665-1669. I 1670-95 var Torkild truleg brukar av ein part i Kvitingen i Samnanger. Han var gift to gonger, men namnet til første kona hans veit ein ikkje. I 1711 var han til hus på Berge, han var då 70 år gamal, gift og hadde fire born, Marita er fødd der. Andre kona hans heitte Lisbet Dagsdtr., og var truleg dotter til Dag Olson Fadnes.


1691-92 var Lars Pederson leiglending, 54 år gamal i 1701. Lars Mikkelson Kaldestad, 9 år gamal, var dreng i 1701, han var frå Skjerveggen. 1702 får Lars Pederson skøyte frå Lauritz Miltzow på 1 pd. smør i Li og 1 laup smør i Brekke.


1702 er Jørgen Sjurson brukar. Han var f. 1664, g. omkr. 1690.

Born:

  1. Sjur, f. 1694.
  2. Ole, f. 1697
  3. Dordei, f., g. 1746 Anders Johanson Våle, f. 1698. Han var frå Løne, Voss.


1721 får Jørgen Sjurson bygselsetel frå Nils Jensen Haug i Samnanger på 1/2 laup «udj i hans Gaard Smaabrække. Bygselen efter den gamle Bygselsseddels Indhold som er datert Bergen 21.4.-1702 til forrige Eier Kirsten Miltzow».


1722 får Jakob Sjurson Bolstad skøyte på 1/2 pd. smør gamal landskyld. Han var f. 1694, g. 1715 Kari Andersdtr. Horvei, f. 1685, d. 1763.

Born:

  1. Barbrå, f. 1716, g. 1746 Nils Nilsson Nakka, f. 1695, b. Nakka. Evangerbokboka b. II.
  2. Marita, f. 1718, g. 1755 Peder Nilsson Øye, f. 1724, b. Øyene/Øye bnr. 1.
  3. Mons, f. 1723, d. 1754.
  4. Jon, f. 1726, d. 1744.
  5. Helge, f. 1727, d. 1754.
  6. Ingeborg, f. 1731, d. 1754.
  7. Anna, f. 1732, d. 1733.
  8. Anna, f. 1734, g. 1756 Sjur Nilsson Øye, f. 1727, sjå nedanfor.
  9. Kari, f. 1736,g. 1764 em. Simon Magneson Aldal, f. 1738, b. Aldal. Evangerbokboka b. I.

Jakob gifter seg oppatt 1764 med Marita Andersdtr. Rasdal, f. 1732. Jakob d. på Nakka 1777.


Matrikkelen 1723 seier om bruket: 76 Smaabrecke Apostels Gods Opsidderis Tal 1 Properietair og Bøxelraadig Opsidderen self Eyere Huusmandspladser Ingen Ingen Sætter har lidet brendeved Skoug ey widere Quærn og Fischerie Ingen af deelene Ligger 2 mil fra Siøen ligesom forige field Jord Saar 1/4 td haufre aufler 1/2 td føder 7 Kiør 5 ung Nød 6 faar 1 hæst Taxt efter gl Matricul 12 mk Sm Forhøyet 12 mk Sm. Har ingen anden næring eller brug uden af gaardens aufling, ligger 8 mil fra byen.


1758. Skøyte frå Jakob Sjurson til verbroren Ivar Sjurson Nakka for 40 rdl. Ivar Sjurson, f. 1730, g. 1755 ek. Barbrå Jakobsdtr. Nakka, f. 1716, d. 1792. Ivar d. på Nakka? 1824.

Born:

  1. Ingebjørg, f. 1756, g. 1779 Helge Ivarson Nedre Skjerven, f. 1752.
  2. Nils, f. 1758, d. 1758.

Ivar Sjurson var lagrettemann 1759 og 1766.


1758 er det tinglyst bygselbrev frå Ivar Sjurson Nakka til Sjur Nilsson Øye. Sjur var f. 1727, d. 1789, g. 1756 Anna Jakobsdtr. Småbrekke, f. 1734, d. 1792.

Born:

  1. Helge, f. 1755. Grenader i H. M. Kongens teneste 1789.
  2. Anders, f. 1757. Husmann i Sedalen i 1789.
  3. Nils, f. 1759, g. 1787 ek. Kari Jonsdtr. Steine, f. 1741. b. Steine. Evangerbokboka b. II.
  4. Jakob, f. 1765, d. 1765.
  5. Kari, f. 1766, g. 1795 Peder Andersson N. Skjerven.
  6. Jakob, f. 1769, g. 1803 Anna Knutsdtr. Hjørnevik, f. 1774, lensmann, b. Nakka, seinare paktar n. Mjelde i Haus. Fekk skøyte på Evanger kyrkja 1802, men vart frådømd eigedomsretten 1813 p.g.a. dårleg vedlikehald m.v.
  7. Marta, f. 1772, g. 1811 Lars Kvarekvål, Voss, f. 1769, bonde Kjeldmo i Målselv. Haugianar, landskjend lekpreikar.
  8. Anna, f. 1774.
  9. Lars, f. 1777, g. 1814 Brita Nilsdtr. Kvitingen, Samnanger, f. 1786, husmann Kvitingen, Samnanger.
  10. Sæbjørn, f. 1780, d. før 1789.

Sjur Nilsson var lagrettemann 1761 og 1767. I 1777 og 1780 var han husmann på Øye, og han og kona døydde der.


1772. Skøyte frå Ivar Sjurson til Jon Nilsson Nakka. Jon Nilsson, f. 1751, g. 1773 Magdeli Jonsdtr. Akselberg, f. 1745.

Born:

  1. Barbrå, f. 1775, d. 1778.
  2. Ingeborg, f. 1778, g. 1813 Sjur Andersson Øvre Skjerven, f. 1787, b. Øvre Skjerven. Evangerbokboka b. II.
  3. Jon, f. 1780, g. 1810 Brita Håkonsdtr. Mestad, f. 1792, b. Mestad. Evangerbokboka b. I.
  4. Nils, f. 1782.
  5. Barbrå, f. 1784, g. 1815 Tormod Knutson Mestad, f. 1782. Reiste 1822 til Lindås, paktar.
  6. Jakob, f. 1787, d. på legd 1856.

Jon Nilsson var lagrettemann 1785 og 1786.


1800 sel Jon Nilsson garden til Mons Ellingson, og flyttar til Akslebjørg. Mons var f. på Gjerme, Voss, 1753, og var enkjemann då han i 1791 gifte seg med Anna Andersdtr. Gjerme, f. 1764. Mons var gift første gong i 1788 med Ingebjørg Amundsdtr. Bø, Voss. Ho døydde på Småbrekke 1789, 29 år gamal.

Born:

  1. Elling, f. 1792, g. 1813 Marta Sjursdtr. Kaldestad, f. 1786, b. Småbrekke.
  2. Knut, f. 1793, inderst, vart funnen død på Flatabø i Kvam 1839.
  3. Ingeborg, f. 1796, g. 1820 Lars Anderson Solberg, f. 1793, b. Solberg/Solbjørg bnr. 1.
  4. Herborg, f. 1798 d. 1889, g. 1834 Botolv Gjerstad, Voss, f. 1803, b. Vete.
  5. Steffen, f. 1802. Levde i 1839.
  6. Marita, f. 1804, g. 1843 Ole Larsson Rekve, f. 1796, b. Vekahagen.
  7. Brita, f. 1807, d. 1903, g. 1833 Sjur Nilsson Bø, f. 1805, plassmannsfolk Bø, sjå Vossaboki , s. 196.

Mons Ellingson d. 1833, Anna Andersdtr. d.

Etter jordavgiftsboka 1802 var Mons Ellingson brukar av 6 mk. smør, fødde 5 krøter og 6 sauer. Sådde 1/2 td. og avla 2 td. korn. Brukets verds. 50 rdl.


1800 sel Mons Ellingson halve garden til Knut Sjurson Rødland. Knut Sjurson, f. 1765, g. 1798 Marta Olsdtr. Fadnes, f. 1762, d. 1839.

Born:

  1. Gjertrud, f. 1798.
  2. Sjur, f. 1801.
  3. Guri, f. 1802, d. 1802.
  4. Sjur, f. 1804.

Etter jordavgiftsboka 1802 var Knut Sjurson brukar av 6 mk. smør, fødde 5 kyr og 6 sauer. Sådde 1/2 td. korn og avla 2 td. Bruket verds. 50 rdl.


1811 sel Knut Sjurson sin part i garden til Elling Monsson Småbrekke, og same året sel Mons Ellingson den andre parten til sonen Elling.

Elling Monsson, f. 1792, g. 1813 Marta Sjursdtr. Kaldestad, f. 1786, d. 9/5 1862. Elling d. 1858.

Born:

  1. Ranveig, f. 1813, g. 1841 Amund Davidson Hatlestad, f. 1813, sjå husm. Hatlestad.
  2. Mons, f. 1815. Utv. til USA 1854.
  3. Anna, f. 1816, d. 1817.
  4. Anna, f. 1819, g. 1847 Nils Arveson Rødland, f. 1788, b. Røydland, bnr. 1.
  5. Sjur, f. 1822, g. 1854 Brita Ivarsdtr. Skjerpe, Voss, f. 1826, b. Dolve, Vossaboki , s. 173.
  6. Ingebjørg, f. 1823, d. 1902, inderst.
  7. Anna, f. 1826, d. i Storevik 1901.
  8. Gjertrud, f. 1830, g. 1872 Lars Larsson Mestad, f. 1828, b. Mestad. Evangerbokboka b. I.
  9. f. Ingebjørg har ei dotter, Margreta Holme, Voss.


1835 vert garden seld på auksjon til Erik Torgerson Røte for 222 spd. Erik Røte selde same året til Anders Matiasson Lunde for 250 spd., og Anders Lunde selde att i 1836 til Brynjulv Sjurson Århus for 300 spd. Brynjulv Århus, f. 1796, g. 1827 Anna Knutsdtr. Ro, f.

Born:

  1. Brytteva, f. 1830.
  2. Knut, f. 1832.
  3. Sjur, f. 1835, d. 1835.
  4. Ranveig, f. 1836, d. 1836.
  5. Ranveig, f. 1838.
  6. Sjur, f. 1840.
  7. Lars, f. 1843.
  8. Helge, f. 1845.
  9. Mons, f. 1848.
  10. Marta, f. 1851.


1846 sel Brynjulv Sjurson garden til Jon Torsteinson Hereid, for 450 spd. og kjøper att eit bruk på Lunde, Voss, men reiste seinare med huslyden til Amerika. Jon Torsteinson var g. 1843 med Katrina Asbjørnsdtr. Maurset, f. 1820. Dei kom frå Eidfjord i 1845.

Born:

  1. Torstein, f. 1844 i Eidfjord.
  2. Sogni, f. 1846.
  3. Asbjørn, f. 1847.
  4. John, f. 1849.
  5. Ole, f. 1850.
  6. Brita, f. 1851.

Jon Torstein var reingjetar for Hardanger og Voss reinsdyrlag, «Jo-jæter». Huslyden reiste i mai 1852 til Nordland.


1851 vart garden seld på auksjon til Nils Larsson Bolstad (f. 1824) for 200 spd. Han selde 1852 til Peder Pederson Øye, f. 1819, d. 1905, g. 1850 Ingebjørg Jørgensdtr. Brekke, f. 1824, d. 1905. Kjøpesummen var 300 spd.

Born:

  1. Jørgen, f. 1850, d. 1851.
  2. Elisabeth, f. 1852, g. 1881 Knut Jakobson Kaldestad, f. 1839, b. Kaldestad bnr. 1.
  3. Marjo, f. 1854, d. 1876.
  4. Jørgen. Neste brukar.
  5. Peder, f. 1856, g.m. Brita Kittelsdtr. Norheim, Kvam, f. 1860, b. Narheim, Voss. God ljåsmed.
  6. Helge, f. 1858, g. 1880 Torbjørg Jonsdtr. Fyre, f. 1867, b. Fyre. Evangerbokboka b. I.
  7. Ingeborg, f. 1860, g. 1905 Lars Pederson Lydvo, Voss, f. 1865, b. Lidsheim. Sjå Vossaboki , s. 61.
  8. Nils, f. 1862, g. 1889 Torbjørg Johannesdtr. Rasdal, f. 1854. Utv. til Amerika.
  9. Sjur, f. 1866, g. 1891 Anna Larsdtr. Tveiten, Tørvikbygd, f. 1870, b. Voss. Dyktig rosemålar.

Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det har 1 1/2 mål åker, 1 1/4 mål dyrka eng, 12 1/2 mål god, 9 mål middels og 20 mål naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 430 våger høy. Det var ikkje jord skikka til oppdyrking. Sådde 1/2 td. korn, 3 td. poteter, avla 2 td. korn, 16 td. poteter og 697 våger høy. Fødnaden var 7 kyr, 11 ungfe, 16 sauer og 1 hest. God og meir enn nok hamn. Det var skog til brendsel, men ikkje til sal, og ikkje forsurrogater. 2 mil vanskeleg klyvjeveg til sjøen, låg 6 mil frå Bergen. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. Garden var elles middels lett, og alminneleg godt driven. For bortleigd hamn 8 spd. årleg.

I 1875 var fødnaden 1 hest, 6 kyr, 2 ungfe, 15 sauer, og (etter teljingslista) Tyre, Oxer og Stude (2 år og derover) 12 (!). Sånad ikkje korn, men 4 1/2 td. poteter.


1883. Skøyte til Jørgen Pederson for kr. 1.150 og kår. Jørgen Pederson, f. 1855, d. 1936, g. 1883 Marta Andersdtr. Lid, f. 1859, d. 1940,

Born:

  1. Ingeborg, f. 1884, g. 1907 Halvar Kornelius Nilsson Fortun, f. 1887 i Lærdal i Sogn. Vegarbeidar, b. Bolstadøyri.
  2. Peder, f. 1885, d. 1932. Neste brukar.
  3. Anders, f. 1888, g. 1917 Brita Olsdtr. Mo, Modalen, f. 1895, b. Fyre. d. 1963. Evangerbokboka b. I.
  4. Guri, f. 1890, d. 1931, ug.
  5. Anna, f. 1891, g. 1921 em. Johan Kristofferson Skår, Hosanger, f. 1892, steinarbeidar, seinare mylnar, b. Bjørsvik. d. 1952.
  6. Maria, f. 1894, tenar hjå broren Nils på Lidsheim , Voss. D. ug. 1969.
  7. Nils, f. 1896, g. 1941 Ingeborg Tørvik, Tørvikbygd, f. 1907, b. Lissheim. Sjå Vossaboki , s. 61.
  8. Marta, f. 1898, d. 1919.

Jørgen Småbrekke var smed og sagfilar, og var den folk i dalen tydde til når dei stod i beit med slikt arbeid.


1921 får Peder Jørgenson skøyte for kr. 3.000 og kår. Peder Jørgenson, f. 1885, d. 1952, g. 1919 Ingebjørg Eiriksdtr. Seim, Voss. f. 1883.

Born:

  1. Eirik, f. 1920, d. 1920.
  2. Eirik hadde ei tvillingsyster som var dødfødd.

Ingebjørg Eiriksdtr. døydde 1920, og Peder gifte seg oppatt 1921 med Kari Eiriksdtr., tvillingsyster til første kona, f. 1883, d. 1972.

Born:

  1. Eirik, f. 1922. Neste brukar.
  2. Ingebjørg, f. 1926, g. 1959 Sigmund Adolf Røyset, f. 1925, b. Selje.

Peder Jørgenson var flink murar, og var mykje med i misjons- og fråhaldsarbeid.


1952 fekk Eirik Pederson skøyte på garden frå far sin for kr. 10.000 og kår.

Eirik Pederson f. 1922, g. 1949 med Borghild Knutsdtr. Meland, Voss, f. 1923.

Born:

  1. Karin, f. 1950, g. 1971 Arvid Nilssen, f. 1951, b. Håkonshella.
  2. Per, f. 1953.

Eirik Pederson var medlem av Evanger skulestyre fleire bolkar, formann i edruskapsnemnda, medlem av skogreisingsnemnda, formann i Hatlestad innkvarteringsnemnd og med i misjons- og fråhaldsarbeid. Formann i Vaksdal Kristelege Folkeparti og første formann i Bergsdalen sokneråd.


Jord, skog og driftsopplegg:

Den gamle kulturjorda på bruket er brattlendt morenejord. Seinare oppdyrka areal er heller flat myr. Dette er knapt helvta. Dyrka jord: 50 dekar. Natureng, kulturbeite: 23 dekar. Jordbruksareal i alt: 73 dekar. Omlag helvta av det dyrka arealet er lettdrive og kan haustast med forhaustar. Sidan 1950 er det nydyrka 23 dekar. I sameige med bnr. 3 har bruket omlag 50 dekar lagleg dyrkingsjord sør for vassdraget. Skogsarealet vert i alt rekna til 550 dekar. Frå 1928 til no er det planta 20 dekar gran. Driftsopplegget byggjer på mest einsidig grasdyrking men med litt poteter og rotfrukt i tillegg. Fødnaden: 6 mjølkekyr, 8 ungdyr av storfe og 36 vinterfora sauer.


Bygningar:

Stovehuset er bygd i 1923, påbygd i 1940. Driftsbygningen er truleg oppførd i 1910, påbygd i 1948, og seinare fleire gonger. Eldhus er bygd i 1951. Vårflor like etter 1910 og Moastølen (sel) i 1885.


Fjell og utmark:

Bruket har i felles fjellstrekning gode beite til eigne dyr og til hamnesau. I seinare år er det planlagd mindre felt for bortbygsling av hyttegrunn.


Bnr. 2. Vassrett.

Sk.mk. 0.16. Utskr. frå bnr. 1 i 1899.

1899. Skøyte frå Jørgen Pederson til brukseigar Konow for kr. 125.

1908. Skøyte frå Konow til A/S Dale Fabrikker for kr. 125.

1918. Skøyte frå A/S Dale Fabrikker til Bergen kommune.

1935. Skøyte frå Bergen kommune til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap på dette m.fl. bruk. Bruket er slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 3. Torvneset.

Støl. Sk.mk. 0.42.

Stølen skal vera skyldsett saman med Eide i Voss, og er ved skyldskifte tgl. 1903 frådelt og overført til matrikkelen for Evanger. 1811. Skøyte frå Elling Monsson Småbrekke på andel i stølen med felles hamnegang for så mange krøter som blir fødde på Eide til Godskalk Knutson Eide for 800 rdl. Det skal førast opp hus på stølen, ein mindre steinflor og ei mindre slåtte er med i salet. 1839 er det tinglyst skøyte frå Godskalk Knutson til sonen Knut, og i 1864 skøyter Knut Godskalkson til dotteri Margreta og mann Ivar Ivarson Eide. 1904 er det tinglyst kjøpekontrakt frå Ivar Ivarson til Godskalk Steffenson Eide og Ivar Ivarson Eide d.y., og i 1923 er det tinglyst skøyte frå skifteretten i Ivar Ivarson sitt bu til medeigaren Ingeborg God-skalksdtr.

1947. Skøyte til Ivar Godskalkson, f. 1909, og Godskalk Godskalkson,f. 1910.


Bnr. 4. Heimtun.

Skyld 1 øre. Utskr. frå bnr. 1.

1954. Skøyte frå Kari Småbrekke til Ingebjørg Småbrekke utan vederlag.


Bnr. 1, tomt nr. 1.

1964. Leigekontrakt til Dale Fabrikkers Funksjonærlag mot årleg avgift kr. 52.


Bnr. 1, tomt nr. 2.

Moatun. (tomt av bnr. 1 og bnr. 3).

1965. Leigekontrakt til Odin Lid og Aagot Lid Lerheim i 25 år mot vederlag kr. 1.000 og med rett til lengjing.


Bnr. 1, tomt nr. 3.

1974. Leigekontrakt til Johannes Stanghelle for 25 år, ev. lenger, mot avgift kr. 2.500 for dei første 25 år.


Offentlege forretningar o.l.:

1889. Kontrakt om veg gjennom Bergsdalen.

1896. Kontrakt med Konow om Bergsdalselva. Avtale om bruk av pengane for Bergsdalselva.

1897. Kontrakt om veganlegget gjennom dalen.

1928. Ekspropriasjonsskjøn vedk. Hamlagrøvatn m.m. Konsesjon vedk. regulering av Hamlagrøvatn og Torfinnsvatn.

1937. Grenseregulering med Berge i Kvam.

1944. Avløysingsforretning vedk. stølen Torvneset mellom bnr. 1 og 3.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy