Solberg

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gards og ættesoge for Solbjørg.


Gnr. 75 Solbjørg

Tidlegare gnr. 74 i Evanger kommune.

Høgd over havet er 585 meter.


Innhaldsliste

EIGARAR.

Bnr. 1.

Matr. nr. 83. L.nr. 167. GI. skyld 6 mk. smør. 1838: 2 ort 1 skill. 1886: Mk. 1.35. 1977: Mk. 1.14.


1795. Skøyte frå Sjur Magneson Berge på 4 mk. smør landskyld av Berge til verbroren Anders Larsson Nedre Li. Han er første brukaren av Solbjørg.

Anders Larsson, f. 1747, d. 1829, g. 1790 Marjo Magnesdtr. Berge, f. 1764, d. 1817.

Born:

  1. Brita, f. 1790, g. 1811 Mons Sjurson Kaldestad, f. 1782, b. Kaldestad, bnr. 2.
  2. Lars, f. 1793. Neste brukar.
  3. Ingebjørg, f. 1795, d. 1881.
  4. Magne, f. 1798, d. 1819.
  5. Sjur, f. 1800, g. 1831 Marita Godvinsdtr. Rognehaugen, Voss,
  6. 1797.


1814. Skøyte til Lars Andersson for 98 riksbankdaler 8 skill. sølvverdi, eller 183 riksbankdaler 4 mark 8 skill. navneverdi, og kår.

Lars Andersson, f. 1793, g. 1820 Ingeborg Monsdtr. Småbrekke, f. 1796, d. 1827.

Born:

  1. Marjo, f. 1821, g. 1844 Lars Philipson Øye, f. 1822, b. Mala, Sjå Vossaboki , s. 41.
  2. Anna, f. 1822, d. 1837.
  3. Anders, f. 1824, g. 1851 ek. Anna Nilsdtr. Bolstad, f. 1820, b. Bolstad. Evangerboka band II.

  4. 1828 er det skifte etter Ingeborg Monsdtr. og buet er verds. 167 spd. 3 ort 10 skill., av det er bruket verds. til 75 spd.

    1831 gifter Lars Andersson seg oppatt med Brita Nilsdtr. Bolstad, f. 1798. Brita døyr på barnseng 1831, og bruket vart utlagt enkjemannen. Bruket er då verds. til 60 spd.

    Lars Andersson gifter seg tredje gong 1834 med Ingebjørg Arvesdtr. Rødland, f. 1800, d. 1895. Lars døyr 1877.

    Born:

  5. Ingeborg, f. 1836, g. 1868 David Arneson Hatlestad, f. 1842, b. Hatlestad bnr. 1.
  6. Arve, f. 1841. Neste brukar.


1863. Skøyte frå Lars Andersson til sonen Arve for 100 spd. Foreldra får kår i 1866. Anders Larsson fråfell odelsretten til garden til føremon for Arve.

Arve Larsson, f. 1841, d. 1870, g. 1866 Torbjørg Arnesdtr. Hatlestad, f. 1839.

Born:

  1. Lars, f. 1867, d. 1877.
  2. Arve, f. 1868, d. 1871.


Jordbruksbeskrivelsen 1863 seier om bruket at det er 2 mål aker, 19 mål god, 20 mål middels og 29 mål dårleg naturleg eng. Av utslåtter og fjellslåtter 288 våger høy. Det var ikkje jord skikka til oppdyrking. Sådde ltd. korn og 1 1/2 td. poteter, avla 4 1/2 td. korn og 8 td. poteter, 802 våger høy. Fødnaden var 8 kyr, 2 ungfe, 18 sauer og 1 hest. Det var god og meir enn tilstrekkeleg hamn. Meir enn tilstrekkeleg skog til brendsel og never. Kornet fraus ofte og vart sjeldan moge. Garden var alminneleg godt dyrka. For bortleigd hamn 1/2 spd. årleg. Framlegg til ny skyld 1 spd.

På skifte etter Arve Larsson i 1837 vart bruket for takst 260 spd. utl. til enkja Torbjørg Arnesdtr.

Torbjørg Arnesdtr. gifter seg oppatt 1873 med Johannes Rasmusson Lillejord, Modalen, f. 1844. d. 1877.

Born:

  1. Arne, f. 1874. Neste brukar.
  2. Maria, f. 1875, d. 1876.
  3. Johannes, f. 1877, fabrikkarbeidar, d. ug. på Horvei 1959.

I 1875 var fødnaden 1 hest, 6 kyr, 3 ungfe og 11 sauer. Kårfolka hadde 2 kyr og 4 sauer. Marta Arvesdtr. og Randvei Larsdtr. hadde kvar sin sau. Sådde 1/2 td. blandkorn og 3 td. poteter.

1879 er det halde skifte etter Johannes Rasmussen og bruket vart for takst kr. 1.600 utlagt til enkja.

Torbjørg Arnesdtr. giftar seg oppatt tredje gong 1878 med Johannes Bertilson Øye, f. 1850, d. 1880. Torbjørg døydde 1913.

Born:

  1. Sigrid, f. 1878, fabrikkarbeidar. Døydde på gamleheimen på Dale 1956, ugift.

1898 får Arne Johannesson skøyte på bruket for kr. 1.200 og kår.

Arne Johannesson, f. 1874, d. 1907, g. 1899 Olina Andersdtr. Li, f. 1868, d. 1952.

Born:

  1. Johannes, f. 1901, arb. i NSB sitt sandtak på Bolstad, huseigar på Bolstad. Ugift
  2. Torbjørg, f. 1902, butikkhjelp/huspost, b. hjå broren Johannes. Ug.
  3. Anders, f. 1903, fabrikkarbeidar i Odda.
  4. Guri, f. 1905, gardsarbeidar, b. hjå broren Johannes på Bolstad. Ug.
  5. David f. 1906, d. 1977, g. 1933 Gudrun Ivarsdtr. Horvei, f. 1914, b. Horvei.
  6. Arne Olai, f. 1908, brende seg i hel av kokande vatn i 1911.


1907 vart bruket seld på auksjon til Guttorm M. Lid, bankkasserar i Fana, og instituttstyrar Jakob Sætre for kr. 1.800.

Jakob Sætre døydde 1921 og kona hans i 1929. Arvingane deira var Ragnhild Bø, Petra Sætre, Signy Harlem, Wilhelm, Dagfinn, Håkon og Halfdan Sætre, Gudrun Solberg og Svanhild Skarstein.


1932 er det tinglyst uskifteløyve for Guttorm M. Lid si enkja, Marta Lid, og i 1942 skøyter ho sin part i bruket til I/S Tveiteraas for kr. 3.000. Frå 1942 vart Halvdan Sætre eigar av Solbjørg, gnr. 75 bnr. 1. Halvdan Sætre, f. 1895, d. 1977. Gift m. Laura Kjelsberg Sætre, f. 1894.

Born:

  1. Tor, f. 1920, d. 1963.
  2. Jakob, f. 1924, busett i Fana.
  3. Betsy Alexandra, f. 1929, busett i England.


Jord, skog og driftsopplegg:

Den gamle kulturjorda ligg i bakkane ikring husa og er brattlendt morene. Natureng, slåttemark: 25 dekar. Innåt naturenga på Solbjørg har bruket omlag 20 dekar dyrkingsjord. I tillegg har bruket sør for Bergsvatnet omlag 20 dekar lagleg dyrkingsjord. Til bruket ligg 200 dekar lauvskog. I seinare år er det planta ein del gran. Gardsdrifta vart nedlagt i 1915 og eigedomen har seinare vore fråflytt. Arealet vert nytta som beite for sau.


Bygningar:

Gamalt stovehus vert nytta til fritid.


Fjell og utmark:

Utmarka har til no vorte nytta som sumarbeite for hamnesau.


Bnr. 2.

Vassrett, skyld 7 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1899,

1899. Skøyte frå Arne Johannesson til brukseigar Konow for kr. 125.

Vidare som gnr. 70 bnr. 3. Bruket er slått saman med gnr. 80 bnr. 3.


Bnr. 3.

Bjørgaøyane, skyld 13 øre. Utsk. frå bnr. 1. i 1942.

1942. Skøyte frå Marta Lid (og I/S Tveiterås gård) til Mikal Lid for kr. 1.000.

1952. Skøyte frå Halfdan Lid og Synneva Sem som arvingar etter Mikal Lid til Reidar Lid for kr. 3.332.


Bnr. 4.

Gamlestølen, skyld 1 øre. Utsk. frå bnr. 1 i 1942.

1942. Skøyte frå Marta Lid (og I/S Tveiterås gård) til Guttorm Lid for kr. 200.

1970. Skifteskøyte frå Guttorm Lids arvingar til avl.sin bror Hans Lid for kr. 4.500.

1973. Heimelsdok. til einearving Marta Nordvik, f. 1921.


Offentlege forretningar o.l.:

1841. Minneleg utskiftning med Berge.

1864. Avtale om bortleige av hamn til oppsitjarane på Nedre Vik og Øvre Vik og Mo i Kvam på aust- og sørsida av Amundsdalen under Løkjefjellet.

1889. Kontrakt om veg gjennom Bergsdalen.

1896. Do. med Konow om Hamlagrøvatn.

1897. Do. om veganlegget gjennom dalen.

1975. Grensegangsforretning mellom Voss og eigedomane i Bergsdalsområdet.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy