Ungdomsår, giftarmål og bryllaup, av Kristina Fosse

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Ungdomsår, giftarmål og bryllaup
Av Kristina Fosse


Det var som oftast mange born på kvar gard, og der dei fekk veksa opp, vart det mange ungdomar òg.

Om vinterkveldane i måneskin vart det gjerne at ungdomane samlast og skrei på treskor. Kanskje ein hadde kjelke eller krubba, og då var det fint å få sitja på, so mange som det var plass til. Når det vårast, hadde dei gjerne andre samlingsplassar. Ein flate attved elva der dei leika, og dei som var danselystne fekk gjerne ordna med ein låve, eller dei bruka tunet. Då var det best dei var danselystne frå fleire tun, elles vart det gjerne misnøye.

Nokre jenter samlast gjerne laurdagskveldane og sat og sauma. Det er fortalt at mange var flinke til å syngja. Det var gamle folkeviser og viser frå "Den lille Sions Harpe" som mellom anna vart bruka.

Skulle ei jenta vera giftandes, måtte ho kunne spinna, veva, baka og elles fylla dei krav tida då sette. Her i dalen var ikkje storgardar og stor velstand. So noko strev med å få borna rikt gifte innan dalen hadde dei truleg ikkje.

Det var skikken at foreldre måtte gjeva sitt samtykke til giftarmål. Ungfolket reiste over fjellet til Evanger og tok ut lysing. Og same vegen måtte dei ta når dei skulle viast.

Det er fortalt om eit par frå Øye som gjekk på ski til Evanger og skulle ta ut lysing for seg. Då dei kom attende og såg ned til garden, var husa nedbrende. Berre ein rykande haug var att.
For dei vart det ekstra tungt å starta oppatt.
Då vegen var ferdig frå Dale, vart brurevigsla halde i kyrkja der. Men dei måtte reisa til Evanger-presten og få lysing.

Det fyrste brureparet frå Bergsdalen som vart vigd på Dale, var truleg frå Fosse. Det var i 1901, so vegen var ikkje ferdig lenger. Det var berre brurfolka som køyrde med hest og stolkjerra, heile brurfylgjet gjekk til fots. Dette var sjeldsynt, og fabrikkeigar Jebsen gav arbeidarane lov å gå ut for å sjå brurefylgjet. Hornmusikken møtte opp på "Tippen" og gjekk føre fylgjet og spela både til og frå kyrkja.

Dette var 6. mai, ein tidleg vår med grøn bjørk like til Storefossen. Då vegen var ferdig, vart det lettare å feira bryllaup. Då køyrde både brurfolk og gjester til Dale med hest og stolkjerra.

Stundom vart brura pynta ferdig heima med kruna og stas, eller det hende at dei sette kruna på når dei kom til Dale. Det var fast kona der som sytte for dette. Som oftast leigde dei "Hornmusikken" på Dale. Den gjekk føre fylgjet og spela dei til kyrkje.

Førebuing til bryllaup måtte byrja i god tid føreåt. Sjølvsagt var det husavask og reingjering, brygging og baking.

Dalen var delt i to belag. Nidalen frå Fosse til Lid, og Oppedalen frå Solbjørg til Rødland. Det var vanleg å gå rundt i grenda og låna dukar, skåler og skaffety og elles det dei trong.

Kvar gard gav eit mål mjølk til dravle. Middag var for det meste kjøt, helst sosakjøt og so plommegraut. Den andre dagen var det lutafisk og rjomegraut. Det hende lutafisken vart skift ut med lettsalta fisk. Det var mange skikkar eller uskikkar: Ein av uskikkane var å stela skorne til brurfolk og gjester om natta, og so selja dei andre dagen. Ein flink auksjonarius kunne laga mykje moro med dette. Jamt vart dravlekjelen gjerne stolen, og andre heilt turvande ting. So var det då å by heimebrygg eller kling i byte, alt etter som smaken var hjå dei som fann på fantestykke. Der var spelemann med fela, seinare vart det trekkspelet som overtok. Ut på ettermiddagen andre dagen reiste gjestene heim att.

Sume reiste til Bergen og vart vigde der, utan ståk med bryllaup og gjester. Bilen overtok etter hestane ogso med bryllaupskøyring, til Dale.

Den fyrste brurevigsla i vår eiga kyrkje var i 1957. Det er og høve å ha bryllaupsmiddag i kyrkjesalen.
Det er ikkje lenger fast skikk å be grenda. Kvar bed dei gjester dei ynskjer å ha. Vil dei ha fråhaldsbryllaup, so er det i sin beste orden. Tidlegare tyktest dei ha plikt å bryggja til eit bryllaup.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy