Stamnes

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
('''BRUK 10.''')
('''BRUK 24, SUNDET'''.)
Line 1 367: Line 1 367:
'''1909''' vart Sundet skilt frå bnr. 7, fekk skyld 9 øre og vart selt til '''Jon Bessesson Stamnes''' bnr. 7 f. 1876 d. 1957. Han var jekteførar, g.m. Brita Andersdtr. Kvåstad bnr. 2 f. 1875 d. 1963. Dei fekk skøyte på farsgarden hennar og dreiv den ei tid, men busette seg sidan i Sundet. Det stod nokre gamle hus att etter dei som hadde butt her før.
'''1909''' vart Sundet skilt frå bnr. 7, fekk skyld 9 øre og vart selt til '''Jon Bessesson Stamnes''' bnr. 7 f. 1876 d. 1957. Han var jekteførar, g.m. Brita Andersdtr. Kvåstad bnr. 2 f. 1875 d. 1963. Dei fekk skøyte på farsgarden hennar og dreiv den ei tid, men busette seg sidan i Sundet. Det stod nokre gamle hus att etter dei som hadde butt her før.
-
1911 fekk dei kjøpt den parten som bnr. 7 åtte i Klypekleiv for kr. 150,-
+
1903 fekk Jon kjøpa eit jordstykke under bnr. 7. Stykket låg mellom Stamnesleiro og Kulshamar. Stykke, som vart kalla Klypeteigen, var ikkje skylddelt. Det vart seinare noko uvisse on kvar grensene gjekk. Ved ei minneleg ordning vart stykket overgrege til eigar av bnr. 7 i 1966 mot ei rimeleg godtgjerdsle.
Born: Sjå [[Kvåstad]] bnr. 2.
Born: Sjå [[Kvåstad]] bnr. 2.
Line 1 379: Line 1 379:
<center>
<center>
 +
==='''BRUK 25, SVEENA'''. ===
==='''BRUK 25, SVEENA'''. ===
</center>
</center>

Versjonen frå 20:45, 21 januar 2011

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Stamnes.


GNR. 45 STAMNES


Innhaldsliste

INNLEIING

Denne garden ligg lengst vest på fastlandet der 3 fjordar møtest, Veafjorden frå sør, Bolstadfjorden frå aust og Indre Osterfjorden frå nord. Innlaupet til Bolstadfjorden heiter Sundet. Indre Osterfjorden går også gjennom eit sund, Kallestadsundet, men der fjordane møtest utanfor Stamnes, er der eit breitt og romsleg fjordstykke. Fastlandet på nordsida av Bolstadfjorden endar i nokre nes med bergkollar. Det sørlegaste neset, som ligg der Sundet skjer seg inn, kallast Hallehaugen. Det nordlegaste neset er det truleg som har gjeve garden namn. Mellom desse to nesa er der ei brei vik med gamle lendingsplassar for dei som kom nord- og vestfrå, Hårahedlo og Stamneshedlo. Austanfor Hallehaugen stikk Naustneset fram, og der bøyer Sundet mot nord. Her inne i Stamnesleiro er det også gamle lendingsplassar, då serleg for dei som kom austanfrå.

Mellom Stamnesleiro og Stamneshedlo ligg innmarka på ein stor morene av sand, grus og leire.

Gardsnamnet vart skrive a Stafnæsi 1360-70, Staffnes 1567, Stapnes 1611, Stamnes 1695 og 1723. Fyrste lekken i namnet kan vera gn. stafr m., stav. Men meir truleg er det vel at det er stafn m., stamn, som i stadnamn ofte vert bruka om høgder eller oddar som stikk fram og som liknar ein skipsstamn.

Garden er truleg ein av dei eldste i sokna. Her er gjort fleire oldfunn. På ein bergknatt like ovanfor Stamneshella låg det før ei eller fleire samanborne steinrøysar. Lenger oppe på innmarka, like i nærleiken av der kyrkja no står, var der fleire gravhaugar. Den største låg 30-50 m vest-nordvest for kyrkja, var 12-13 m i tverrmål og vel 3 m høg. Før 1890 var det i haugen funne ei leirurne fylt med oske og brende bein og med ei glasperle i. Haugen var bygd av jord, grus og stein med to lag av oske og kol i. Midt i haugen var ei røys av store steinar ytst og mindre steinar i midten. Der var og nokre heller som kunne vera av eit samanrasa gravkammer. Haugen vart bortrudd i 1890-åra, då Hjelmås teglverk tok ut leir her. Då vart det funne ei mannsgrav med rikt utstyr, m.a. ein ring av sylv, som sidan er bortkomen, og ymse gravgods som vart sendt til Bergens Museum. Der var sverd, munnbit av hestebeitle, bryne o.a. Aust for kyrkja låg der og ein haug, men han vart utbroten då dei sette opp steingjerde kring kyrkjegarden. Då nytta dei steinen som var i haugen. På kvar av desse haugane vaks det ei stor eik. Den som stod på den vestre og største haugen kalla dei Håreikjæ. Den som stod på den austlegaste haugen kalla dei Kolleikjæ. (Tradisjonen om desse eikene er litt motstridande. I soga om Stamneskyrkja skreiv Litleskare: «Sume meiner at Håreikjæ og Kolleikjæ var den same. Det får vera som det vil med det. Det er sikkert at det var fleire gravhaugar og fleire eiker, og at der var to eikenamn, Håreikjæ og Kolleikjæ.» I Bergens Museums registrering 1956 av fornminne i Stamnes står det at Kolleik-haugen låg vest-nordvest for kyrkja.)

Stamnes eigedom er delt i tre. Hovudteigen med innmark, vårbeite, slåtter og skog ligg i midten, på sørsida av Stamnessundet ligg beite, slåtter og skog, og nord og aust for Gavatnet i fjellet ligg sumarbeitet. Stamnes grensar til Vik, Kvamme, Kalland, Straume, Hesjedal, Myster og Øyo. Fjellbeitet grensar og til heradsgrensa i aust mot Voss; stølsbeita på andre sida høyrer dels til gardar i Eksingedalen, dels til Øvstedal og Meland. Grensene mot nokre av desse gardane vart skriftfeste 1686, då det vart halde merkesgonge i samband med ei sak som var reist av Lyder von der Lippe. Han hadde då nyleg vorte eigar av Stamnes. Han kravde av grannane at dei skulle leggja fram skriftleg prov for kva dei åtte. Han hevda at både Kvamme, Vik og Øyo ville leggja under seg teigar som frå gamalt høyrde under Stamnes. Då retten var sett, opna prokurator Rasmus Møller, som representerte Lyder von der Lippe, med desse påstandane:

«1. Begjerer at der maatte gaaes en rett Markegang efter Loven bemelte Gaarder min Gaard Stafnes, og det saaledes, at hvor der ikke Markesteene eller andre Mærke findes, at der da maatte blive nedsatt, paa det enhver kan vide hvad hannem med Rette tilkommer, Trætte og Mishandling imellem Naboer derved at forekomme;
2. Det er enhver nok som vitterligt, ja ogsaa er beviislig at Viig og Øye er optagen af Stafnes Udmarker og siden derfra kommen paa hvad Maader vides ikke, hvorfore samme Gaarders Eiere og Ombudsmænd ere stefnet, at fremvise deres Adkomst dertil, at deraf kan fornemmes, hvem som deres Hiemmelsmand er, og paa hvad Maader og Conditioner der er solgt; Item hvorvidt og hvor meget der er tagen fra Hoved-Jordens Eiendeler og lagt under samme tvende Pladser, nu Gaarde; Eftersom det synes, som jeg og formeener, de samme tvende Gaarde nu vil gribe noget forvit om dennem, ja der som de med Raison kunde komme saa nær, gik de vel ind paa Bøen og sagde den kommer dennem ogsaa til; Af Aarsag Stafnes Opsiddere som med Billighed kan kaldes Leie-Svende, i stedenfor Leilendinger, og derfor er af den Natur, der ei videre haver deres Henseende eller Tanker end som lader Dagen gaa og Anden komme, ja mener deres Tid er kort, og derfor lader det saa henslibre, saa der over Gaarden, saa vel som de selv, er ruinerede; Mens saadant at forekomme, da refererer jeg mig til Lougen, som forklarer, at et ulovlig Brug, eller Tilegnelse, er ingen Hæfd, tilmed skal fornemmes hvad Stafnes Mark er for sin Landskyld imod Viig og Øie's Marker, som er kommen fra Stafnes Eiendeler og dog staar hun for sin fulde Landskyld, alligevel vil de tage mere derfra og handle som dem selv lyster, saa dersom deres Forsætt skulle faa videre Luft, var Staffnes ei boende, men maatte legges under Fæfod, saa det er Ret efter Ordsproget, Kyllingen fordriver Moderen, hvor fra han er kommen.»

Deretter gjorde han greie for kva striden med dei einskilde gardane gjaldt.

Mellom Stamnes og Kvamme var det tvist om ein teig dei kalla Kvernhusteigen. Det vart i retten lagt fram skriftleg utsegn frå den gamle bondelensmannen i Hosanger skipreide, Mogens Mjeldstad, og lagrettemann Eirik Birkeland. Dei hadde om lag 1675 vore på Kvamme og skift skogteigane som høyrde til denne garden mellom dei to brukarane der. Det vart då ikkje nemnt noko om at Kvamme åtte Kvernhusteigen, det dei kunne minnast. No var dei gamle og veike, og kunne ikkje møta i retten. Difor vart denne skriftlege fråsegna lagt fram. Soknepresten i Haus, Mogens Hammer, som møtte for Kvamme, avdi denne garden høyrde under Haus prestebol, hevda at Lyder von der Lippe burde fyrst lovleg prova at Kvernhusteigen høyrde under Stamnes. Til dette vart det frå saksøkjaren si side synt til stemninga, der det vart kravt at herr Mogens måtte prova at prestebolet åtte den teigen det var tale om.

Brukarane på Stamnes møtte som vitne, og skulle fortelja det dei visste om Kvernhusteigen. Gamle Anders hevda at han aldri hadde høyrt eller visst at Kvernhusteigen høyrde til Stamnes, men brukaren Nils hevda at grannane alltid hadde sagt at Kvernhusteigen høyrde Stamnes til. Han hadde og vore vitne til at Anders hadde synt Lyder von der Lippe grensa om våren då dei var på båten saman, og fortalt at grensa gjekk frå det fyrste neset utanfor Kvernhusteigen og opp til høgaste nolten. Då retten drog over Sundet på synfaring og for å setja merke der merke ikkje fanst, vart grensa mot Kvamme fastsett såleis: I ein hamar ved sjøen vart hogge ei gloppe som synte opp til ein stor stein som låg midt uti elva ved Kvernhusteigen. Derfrå går grensa etter elva mot sør til ein stor stein som står tett ovanfor den vesle elva som kjem frå Stordalen. I denne steinen står det ei gloppe. Derfrå går merket til Svartesvaet, derfrå til Grånova, der det og står ei gloppe. Derfrå går merket like ut i Ulevikselva. Ulevikselva, som renn mot nord og ut i Vikafjorden, skulle vera merke mellom Vik og Stamnes på sørsida av fjorden. På nordsida av fjorden var det tvist om merket mellom Stamnes og Vik frå Lundehaugen og til sjøen. Rasmus Møller hevda at grensa burde gå ut i sjøen ved det høge berget, men retten hadde ei onnor meining: «Men vi siuntis retteste Merche at være fra Lundeshougen och udi Kuldz-Berget, derfra lige neder udi dypeste Grøfft, som gamelt har været, och udi Siøn.» Frå Lundehaugen går grensa den andre vegen til Espehaugen, derfrå til ein stor stein på ein haug ved ei lita myr, der det er gloppe, over den vesle myra og til ein stor stein i ein furehaug. Derfrå mot nord til ei strek-gloppe som markerer endepunktet på grensa mellom Stamnes og Vik.

Grensa mot Kalland tek til ved sjøen ved Svarteberget der det er ei gloppe som viser like opp i aust på Middagshaugen, der det også er ei gloppe. Derfrå går grensa til ein stor stein nede i bakken, der det også er gloppe, og derfrå ut i Verkedalstjørna, «derfra igjen mit ben. Watlen, thill en liden Wur thatt med samme Wand, hvor en Gloppe er hugen udi en stoer Steen». (Dette skal vel tyda at grensa går midt etter vatnet til ei lita urd tett ved vatnet, der ei gloppe er hoggen i ein stor stein.) Derfrå går merket aust gjennom dalen til ei lita urd, der og ei gloppe er hoggen, over ei lita myr og opp i Raundalskleiva, der ei gloppe er hoggen i fast berg. Ho peikar beint opp i Raundalsnipa. og derfrå går merket etter Fjellbruna og like ned i hovudsteinen, der det vart hogge ei strek-gloppe. Den eine streken peikar i sør og nord, og ein strek peikar attende til Raundalsnipa. Her møtest grensene for Stamnes, Kalland og. Vik.

Striden mellom Stamnes og Øyo galdt beitet i Øyadalen. Den striden var gamal, og det hadde vore gjort freistnad på semje ein gong tidlegare. Knut Straume og Jakob Bolstad vitna og fortalde at dei for 36 år sidan, altså kring 1650, hadde vore med på synfaring i Øyadalen, som svorne menn (lagrettemenn?). Abraham Einch, hospitalsforstandar i Bergen og ombodsmann for Øyo, møtte på den eine sida, og Peder Nilsson Giermund møtte på vegne av ombodsmannen for Stamnes. Dei kunne ikkje verta samde. Peder Nilsson sette seg på hesten sin og reid derifrå, og det vart ikkje noko meir gjort. Sidan den gongen hadde alle brukt stølen slik som før, men Jakob Bolstad hadde høyrt fortalt at Stamnes-mennene på den tid gav Øyamennene ei våg korn i vederlag for hagebeitet om sumaren. Under saka 1686 møtte Peder Olssen som fullmekt for hospitalforstandaren i Bergen. Han hevda at Stamnes burde ikkje ha beite på vårstølen sin i Øyadalen, avdi det var ein trong dal til garden Øyo, som knapt hadde 3 vekers grasbeite på sin fjellstø, medan Stamnes hadde slike vidder på fjellstølen at dei ikkje kunne beita dei ut. Rasmus Møller meinte derimot at Stamnes-mennene burde ha same stølsrett som dei hadde frå gamal tid, og rett til neverskog til husbruk. Han kravde og at Olav Øyo skulle riva ned ei løe som han 4 år tidlegare hadde sett opp øvst i dalen. Retten kom til det at ettersom Stamnes frå gamal tid hadde hatt og enno hadde stølshus ståande på vårstølen i Øyadalen, så måtte dei heretter og ha lov til å beita der til dess dei kunne få beite på fjellstølen. Men dei måtte ikkje beita nedanfor den store steinen der stølshusa åt Øya-mennene stod. Stamnes-mennene skulle ha rett til å flekkja den never dei trong til å tekkja husa sine, og dei vart pålagde halvt vedlikehald av dei bruene som dei for over med krøtera. Ola Øyo skulle få ha løa si ståande, og det var Stamnes-mennene fritt for å setja seg opp ei løe ein annen stad der det var like god mark.

Til slutt vart det sagt dom i saka mot ei enkje, Haldis Nilsdotter, som hadde sett seg opp hus, sanka høy i marka og tok krøter i foster. Det vart lagt ned påstand om at huset burde rivast ned, og at ho fekk forbod mot å vera der lenger, dersom ho ikkje kunna syna lovleg heimel: «Angaaende den Quinde ved Nafn, Haldis Nielsdatter, som hafr opsæt it Huss udi Stafnes Hagebeid och felles March, efter hindes Søns och Grandernes Forlof, men eftersom Lyder von der Lippe, befrøgted sig at hun kunde sætte uforvarende Ild i Schoug och Loug, och iche allene gjøre hanem men angrendsende Naboer, ulidelig Schade, thorde hand iche thilstede hinde længer der Bolig och begjerede Dom, Huorfore blef aflagt, at hun strax schall fahre fra denne hendis boende Plads, Eller hindis Huusse at Nedr-Rifues.»

Til slutt kravde Lyder von der Lippe at Stamnesskogen skulle fredlysast og at brukarane skulle straffast dersom dei hogde noko meir enn det dei hadde rett til etter lova. Dette vart så kunngjort medan brukarane høyrde på.

Semja mellom Stamnes og Øyo om stølsbeite i Øyadalen vart teke med i utskiftingsforretninga for Øyo 1832 tingleser 1917. Grensa mot Vik, sjå Vik. Grensa mot Hesjedal tek til på Geitafjellet og går nordover mot Middagsskaret, der grensa mot Myster tek til ved Flatefossane (sjå Myster).

Det eldste skriftlege vitnemålet om garden finst i Bjørgvinjar Kalvskinn 1360-70. Det gjeld dei gardpartane som prestebordet på Stamnes hadde innkome av. Mellom desse partane var det 4 månadsmatbol i Nedre Stamnes. Nemninga Nedre-Stamnes skulle tyda på at garden alt i mellomalderen var delt i to bruk, eit øvre og eit nedre tun. Etter svartedauden vart ikkje garden liggjande øyde, men det ser ut til at han då ei tid berre har hatt ein brukar. 1645 finn me for fyrste gong etter svartedauden nemnt 2 brukarar, som kvar sit med ei helvt av garden. 1666 har talet på brukarane auka til 4. Dei har kvar sin fjerdepart av garden. Sist på 1600-talet og fyrst på 1700-talet er talet på brukarar og storleiken på bruka deira nokså skiftande, men frå om lag 1750 får me ei tredeling som heldt seg fram til 1860. To av dei, Joansane (bnr. 1), og Bessane (bnr. 7), var jamstore. Det tredje, Velomane (bnr. 10), var noko mindre. 1776 vart halde skylddeling, og plasset Stamnesleiro med skyld 3 m. smør, vart skilt frå og fekk eige gardsnr. Sjå gnr. 46. 1815 vart halve Joansbruket bygsla bort til bror åt brukaren. Ved matrikuleringa fekk difor dette bruket 1. nr. 1 og 2, men det vart seinare drive som eitt bruk. 1860 vart skilt frå eit småbruk, Leirehaugen, bnr. 2.

Frå Velomsparten vart 1862 skilt frå to småbruk, bnr. 11 Berget og bnr. 12 Nordre Hagen. Det som vart att av Velomsparten vart 1875 skift i to jamstore bruk, bnr. 10 og bnr. 13.

Fleire av dei fråskilde bruka er gamle husmannsplass. Eitt av dei eldste er Leiro, som vart fråskilt 1776. Sjå gnr. 46. I nordvestre delen av utmarka ved Kallestadsundet var der fleire husmannsplassar. Br. 1 hadde plasset Nordre Hagen, som vart fråskilt 1879. Sjå bnr. 3. Br. 8 Hagen låg under bnr. 7 og vart fråskilt 1879. 1881 vart plasset Feta skilt frå bnr. 7. Sjå bnr. 9. Eitt av dei eldste plass i Hagen var bnr. 11 Berget, som vart skilt frå bnr. 10 1862. Same året vart bnr. 12 Nordre Hagen skilt frå bnr. 10, men om dette var gamalt husmannsplass er ikkje visst. Br. 14 Svartberget var og gamalt husmannsplass. I austre luten av heimeinnmarka, Inste Hagen, vart det teke opp eit husmannsplass, truleg før 1840. Det låg under bnr. 7. 1907 vart det skilt ut som eige bruk, sjå bnr. 21 Kulshamar. I sundet mellom Stamneshella og Naustneset var der også eit plass. Det låg under bnr. 7 og vart utskilt 1909, sjå bnr. 24. Ovanfor Hella låg plasset Hesjebakken, oppteke kring 1885. Det vart eige bruk 1933, sjå bnr. 33. På sørsida av Vikafjorden ved grensa mot Vik ligg plasset Ulevikshaugen. Det høyrer til bnr. 7 og er ikkje utskilt som eige bruk. I Sanden var det og eit husmannsplass. Sjå bnr. 70 Solstrand.

Andre småbruk er bnr. 17 Stamnesfeta og bnr. 18 Nordre Hagen, båe skilde frå bnr. 1 1903.

Gardstunet låg oppe på den øvste terrassen med utsyn vestover mot Hedlo og austover mot Leiro og Nedste Straumen. Husa åt bnr. 1, 7 og 10 står enno på denne staden. Dei 3 stovehusa åt dei gamle brukarane stod i ei rekkje. Dei stod så tett i hop at det ikkje var kledning mellom dei. Av dei gamle husa står no stovehuset på bnr.1 att. Løene stod som dei no står. Florane låg inne i løene. Den gamle floren åt bnr. 7 vert no nytta til møkhus. Tidlegare hadde dei ikkje slike hus, men heiv møka i ein dunge utanfor florsdøra.

Her har ikkje vore offentleg utskifting, og det er heller ikkje tinglyst nokor minneleg utskifting av innmarka. Br. 1 har 2 innmarksteigar, bnr. 7 og 10 har 3 teigar kvar. I tillegg til dette kjem Feta på sørsida av Nedste Straumen. Der hadde bruk 7 to teigar, dei andre ein teig kvar. Teigane åt bnr. 7 vart fråskilde 1881. Sjå bnr. 9. Teigen åt bnr. 1 vart fråskild 1903. Sjå bnr. 17. 1932 vart det halde offentleg utskifting i Stamnesfeta. Dei bruka som var med i denne utskiftinga var bnr. 9, 10, 13 og 17.

Teigblandinga på innmarka var nok større i eldre tid då dei tre gamle hovudbruka rådde over heile innmarksområdet. Dette tilhøvet var nokså uskipla 1863. Då var her sers sterk teigblanding. Då dei så tok til å skilja frå nye bruk, må dei mykje godt ha fylgt dei gamle teiggrensene. Her vart fleire brukarar og færre teigar på kvar brukar.

Bøen var 1863 om lag 156 1/2 mål. 26 mål var god bø, 36 1/2 mål middels god, resten var ring bø. Åkeren var vel 35 mål. God åker var det mest berre dei gamle hovudbruka som hadde, ialt 14 1/2 mål. 12 1/3 mål var middels god åker, resten var ring. Det var og berre dei som hadde dyrkingsjord, 4-7 mål.

Mesteparten av åkrane låg på vestre delen av innmarka. Størst var Stor-åkrane som låg vestanfor tunet. Fram til om lag 1880 spadde dei åkrane ferde for ferde. Då tok dei til å bruka plog. På eine kanten var ferden lik breidda på åkeren. På den andre kanten var ferden 7 steg, som husbonden mælte opp. Når dei hadde spadd og milda, kom husmora og sådde. Dei sådde skiftevis korn og poteter i ferdane. Der åkrane åt fleire bruk låg innåt kvarandre, var det reinar mellom til skilje. Då dei tok til å pløya, fall ferdane vekk, men reinane vart liggjande som dei før hadde gjort. I spoda om våren kom husmennene og hjelpte til nokre dagar, etter så stor bygsel dei hadde. Dei kom oftast to frå kvart plass. Det var vanleg at husmennene gjorde arbeidsplikta si om våren i spoda, og i skurden om hausten. I desse onnene hende det og at brukarane hadde leigefolk.

Bøgarden skilde mellom innmark og heimehage. Kvart bruk hadde sitt stykke av garden å halda i stand. 1723 var her nok vedskog til eige bruk. 1863 hadde dei ved og hustømmer nok til eige bruk. Joansluten og Besseluten hadde dessutan noko tømmer til sal. Nettoinnkoma vart rekna til 17 spd. årleg for desse to bruka. Når dei skulle ha mykje tømmer heim frå skogen, var det vanleg at brukarane gjorde bytesarbeid. Dei måtte streka tømmeret med tog i stokkane, og til dette arbeidet laut dei vera fleire mann.

Det meste av skogen er teigdelt, men ein skogteig er sams for alle bruk. Br. 10 og 13 eig to skogteigar i lag. Desse bruka høyrde ihop til 1875. Markaslått var her mykje av i eldre tid, og utløer fanst kring i marka alle stader. Beitet var 1863 ikkje fullnøyande: «Hjemmehavn ved Gaarden af ringe Beskaffenhed, det øvrige Sæterhavn omtr. 1 Mill borte og meget vanskelig adkomst til samme, samt tilsammen knapt tilstrækkelig.» Det ser ut til at det var serleg vårbeitet som var knapt. Dette kjem fram i saka frå 1686 (sjå framanfor).

Sist på 1800-talet var her 4 hovudbruk. Skipnaden med beitet var då slik: Kyrne beitte fyrst i heimehagen og på heimefjellet. I marka på sørsida av fjorden i Ulevikjæ og Kvernhusdalen var der og vårbeite, men der kunne ikkje alle beita på ein gong. Br. 7 og 10 hadde kyrne sine der det eine året, det andre året var det bnr. 1 og 13 som beitte der. Dei jaga då kyrne heim frå fjellet til Vikastoæ, og førde dei over fjorden i store båtar, 2 krøter om gongen. Dei bruka som ikkje beitte på sørsida av fjorden, hadde denne tida krøtera gåande i heimefjellet. Sidan bar det til Gavasstølen, som er fjellstølen. Han ligg ved Gavatnet om lag 550 m.o.h. Frå Gavasstølen tok dei kyrne til haustbeite i Øyadalen, så i heimehagen, og til slutt på bøen. Sauene beitte på bøen om våren, og seinare vart dei førde over fjorden. Hestane gjekk i eldre tid på fjellbeite heile sumaren, til dei skulle køyra inn kornet om hausten. Då var hestane «stokkande feite», fortel ein av dei gamle brukarane.

Her vart sanka ikkje så lite attåtfor. Herredsbeskrivelsen 1863 nemner: «Lyng for 1 Koe» på Joansluten og «Lyng for 1 Ungfæ» på Velomsbruket. Tradisjonen fortel også om lyngsanking på Besseluten. Dei måtte ha eit stort lyngstål. Det stod ute og var både til kyr og sauer. Dei nytta mykje skav, og om våren skar dei tang. Tangen skulle helst skjerast på eigen grunn, men straumen førde tang heile vinteren, så dei tok tang kvar som helst. Likevel nytta dei ikkje rekartang. Dei skar tang laus av berg og stein. Det var eit godt for. Dei lauva lite grann. Det var helst raun. Her var helst lite ask på garden og sers lite bjørk. Dette gjev nok forklåringa på den semja dei hadde med Øyo, at dei skulle ha rett på never til husbruk på Øyadalen.

I vårbeitet på sørsida av fjorden, der kyrne ikkje kom att om hausten, var der slått om hausten. Dei slo på 3 stader der. I Hago hadde dei utslåtte i Hagastrandæ.

Kvernhus hadde dei på fleire stader. Bessane hadde kvernhus i Ulevik. Dette kvernhuset vart seinare kjøpt av brukarar i Vik og sett opp i Vikastoæ. Stamnesleiro hadde kvernhus i Kvernhusdalen. Br. 13 hadde kvernhus i Ulevik.

Kvernhusdalen, ein skogteig, er nemnd fleire gonger i rettsdokumenta frå 1686. Det må difor ha vore kvernhus her før den tid, og det er vel ikkje urimeleg at dette er eitt av dei eldste kvernstøe på garden.

Fiske er ikkje nemnt i offentlege dokument før 1863 då me finn dette: «Her kastes af og til Smaasild». Dei har kasta ikkje lite brisling den tid folk minnest. Brislingen vart helst salta i tunner og nytta som spekebrisling. Det var svært velsmakande mat. Noko av brislingen selde dei både innan-og utanbygds. Besse B. Stamnes på bnr. 7 f. 1873 fortalde at dei reiste til Voss og selde fisk og sild. Der var folk lite vane med slik mat, men når dei fekk smak på spekebrislingen, vart det god avsetnad på han.


I seinare tid er det laksefisket som har hatt mest å seia. Mons Monsson, brukar på bnr. 10 frå 1875, var den fyrste i Stamnessokna som tok til å fiska laks med kilenot. Han sette nota ut ved innlaupet til Kvernhusdalen, men denne fiskeplassen var ikkje av dei beste, så det vart heller skralt med fangsten der. I 1880-åra tok dei til å bruka sitjenot. Skiljaneset på Stamnes var ein av dei fyrste stadene der det vart sett opp gilje og fiska med sitjenot. Dette er ein god fiskeplass som er i bruk enno. Skolmæ er ein annen gamal lakseplass. Her fiska bnr. 7, 10 og 13 i lag ei tid. Seinare har bnr. 7 fiska her åleine.

Vatn fekk dei før frå fleire brunnar. Bessane hadde brunn attom løa. Monsane hadde kjelde mellom løa og stovehuset. Joansane henta vatn ved bøgarden. Når det hadde vore lang turke eller sterk kulde, henta alle vatn i Pariset. Det var eit godt vassbol ikkje langt frå kyrkja. Om denne kjelda vert det fortalt: «I gilet millom Stamneskyrkja sin korgavl og Hallahaughammaren kjem der ut ei alltid rennande uppkoma med det friskaste vatn som nokon veit. (Soleis tok sokneprest Lampe «Paradisvatn» med seg heim til prestegarden i Bruvik.) Staden heiter «Par(ad)iset». Det er tenkjelegt at denne uppkoma hev havt litt å segja naar kyrkjestad skulde veljast. Med vissa kan me segja, at i vatnet or «Par(ad)iset» er borni i Stamneskyrkja vorte døypte i namnet aat Faderen og Sonen og Den Heilage Ande - fraa den fyrste daapshandlinga for mange hundrad aar sidan og til idag.» (Soga um Stamneskyrkja s. 97.)

(Namnet «Pariset» finst også andre stader. I Tvildeåsen på Voss er det eit trede som dei kallar «Paristredet». Tydinga åt namnet er uviss.)

No får heile garden vatn frå Tjørnane, nokre små vatn i utmarka nord for tunet.

Stamnes har gjeve namn åt kyrkjesokna og har truleg vore kyrkjestad sidan den fyrste soknekyrkja vart bygd her ein gong i mellomalderen. Frå Soga om Stamneskyrkja, prenta i Bergen 1936, tek me her med ein del tilfang som gjev eit bilete av kva kyrkjestaden har hatt å seia for garden og gardsfolket. Ei segn, som enno lever på folkemunne, fortel at det var usemje om kvar kyrkja skulle byggjast. Valet stod mellom Stamnes og Kalland. Ein variant åt segna fortel at dei hadde hogge tømmer til kyrkja og flòta det til Kalland, men ei natt hadde det reke derifrå og til Stamnes. Ein annan variant har nokre fleire detaljar: Dei hadde fått tømmeret fram til Kalland og bygningsmennene hadde krøkt svillene, men ei natt var alt flytta til Stamnes, og der vart kyrkja bygd. Dette er ei vandresegn som er knytt til svært mange kyrkjer.

Bjørgvinjar Kalvskinn frå 1360-70 er den eldste skriftlege kjelda der Stamneskyrkja er nemnd. Me finn der opprekna dei gardar som Stamnes-kyrkja og prestebolet der åtte part i. (Sjå eigarsoga.) Av dette går det fram at kyrkja den tid hadde sin eigen prest som budde på garden. Seinare vart kyrkja lagd inn under Haus prestegjeld og vart kapellkyrkje. 1868 vart Bruvik og Stamnes kyrkjesokner skilde frå Haus og skipa til eit eige prestegjeld.

Den fyrste kyrkja på Stamnes var truleg ei stavkyrkje. I byrjinga av 1600-talet vart det bygt ei lita tømmerkyrkje som hadde plass til 141 mennesker, 106 sitjeplassar og 35 ståplassar. Denne kyrkja vart 1724 seld på auksjon saman med Haus hovudkyrkje og Gjerstad, Mjelde og Bruvik annekskyrkjer. Med Stamneskyrkja fylgde garden Hermundsdalen i Evanger, som høyrde til det gamle jordegodset åt kyrkja. Sidan kom kyrkja på sal fleire gonger. Dette vert det gjort nærare greie for nedanfor under eigarsoga. Dei siste eigarane var brukaren i Hermundsdalen. 1857 gav Knut Olsson Hermundsdalen skøyte på kyrkja utan vederlag til «Stamnes Sogn Almue». Kyrkja var no mykje til nedfalls og var dessutan for liten etter folketalet i sokna. Det vart difor teke opp arbeid med å få reist ei ny kyrkje, og 1861 vart den trekyrkja som no står på garden vigsla og teken i bruk.

Bøndene hadde plikt til å skyssa presten når han skulle preika i annekskyrkjene. Dei som budde i hovudsokna måtte og yta sitt til denne skyssen. 1745 vart det kunngjort ein resolusjon frå bispen og stiftsskrivaren der det m.a. heiter: «Det medfører ingen Ret eller Billighed, at Almuen udi Stamnæs Annex, der ikkun bestaar af nogle og femti bosiddende Mænd, skal alene og uden tilhjælp af Haus Hovedsogns Almue, der er i Talet over 170 jordbrugende Bønder, skydse Sognepræsten baade til og fra Kirkerne; betragtende at Præstegjældets hele Almue bør i saa Maade være lodtagne og dend ene med dend andre bære lige Byrde. Hvorfor det ansees for billigt og Ret, at Hovedsognets Almue efter Fogdens Forslag, bør skydse Sognepræsten til og fra Stamnæs Annex-Kirke en gang, og derimod Stamnæs Annexes Almue en anden Gang, saa at enhver for sig forretter og anskaffer dend halve Skyds Aaret omkring, og derved saaledes Aar efter andet continuerer såfremt ikke ellers derom sker saadan Forening, at Almuen udi Stamnæs Annex betaler deres Andel med Penge og Haus Hovedsogns Almue ligeledes deres Andel til den som kan blive leyet for bemeldte Kirkeskyds i deres Stæd at forrette - - -.»

også etter at Bruvik og Stamnes sokner vart skilde frå Haus heldt denne skipnaden seg. I Bruvik kallsbok er notert 1881: «Til Annekset ydes Skyds in natura, saaledes at Hoved- og Annekssogn vekselvis skydser med 4 Mand efter Tur for hver Gaardbruger i Sognet. Skydsbaad eies af Kommunen.» (Soga om Stamneskyrkja s. 112 f.)

Ei levande skildring av presteskyssen og kyrkjegonga på Stamnes har Einar K. Dyvik gjeve oss: «Naar klokkaren hadde lese utgongsbøni kom medhjelparen (Anders Øie den fyrste gongen eg hugsar) med ein setel fraa presten, som klokkaren las: «De mænd som skal skydse presten næste gang her holdes Gudstjeneste ere: Gaardbrugerne N.N. N.N. N.N. samt pladsmændene N.N. og N.N. De to sidstnævnte gjør hver halv skyds.»

Daa det leid til neste preikesundag, var det for dei utnemnde skysskarane aa fara utetter naar fredagen kom. Dei rodde paa færing eller seksring etter som aarstidi var. Kom til Haus fredagskvelden, og drog baaten upp, i Hausviki. Tok natteherbyrge hjaa presten sin paktar, eller hjaa kjenningar i Hausviki. Eg hev sjølv som ungdom vore med i presteskyssen og losert hjaa paktaren.

Laurdagsmorgon var det aa melda seg i prestegarden, faa naustlyklen, taka imot presten sit «pargas», setja ut or naustet den store vengbaaten, finna tilrettes tilfar og aarar, master og segl - aa venta ved prestegardsbryggja til presten kom. Det var eit «ærefullt hverv» aa faa hjelpa presten i baaten, lata upp vengdøri - og presten gjekk inn i vengen. Der var benkjer, og i prestepargaset var puter og paabreidsla, so no kann sokneprest og stortingsmann Hammer sitja eller liggja turt og varmt, antan det er regn eller austavind. Men skysskarane laut draga i dei store aarane, mot vind og utberstraum, Sø'fjoren og Ve'afjoren innigjenom - 3 stora mil - til Stamnes. Komne til Stamnes, var det aa ro inn Leirsundet aa lenda ved Leirenaustet aa fylgja presten med reisetyet upp i Stamnesleiro, der sokni hadde leigt «nattehold» aat presten hjaa Halstein Olsen. Deretter vart vengbaaten rodd utatt til Stamneshella aa dregen paa land i den gamle prestebaatstødi - til det vart tid aa taka paa utferd att. Naustet aat Stamnes-skyssbaaten stend enno i «Kreklaa». Eit stort naust, 1. 7,80 m. bnr. 3,50 m. Naustet aat Bruvikbaaten syner murane etter i Hausviki.

Seinare vart der bygd ny prestestova atti den gamle borstova ved kyrkja, og daa vart alltid lendingstaden på Stamneshella.

og skysskarane gjekk i borstova, for paa borstovelemmen var der sengebol der dei kunde faa kvila seg, tæra paa nista og styrkja seg til roren utattigjenom den longe Sø'fjoren; eller um dei hadde kjentfolk i nærleiken, tok dei inn hjaa desse, der det alltid var likare aa vera enn på borstovelemmen......

Gamlekyrkja hev eg berre nokre spreidde minne um, for eg var berre so ein 9 aar gamal daa ho vart nedrivi, og, kann ein segja - burttynt; daa den eine tok noko og den andre tok noko som dei best saag seg nytte i. Tilhøvi i heimen var ikkje slik at me smaa alltid var kyrkjebere. Men dei nokre gonger eg kom so langt hugsar eg godt. Ja det var høgtid! Best minnest eg den gongen eg fekk vera med farsyster. Det gjekk fort aa koma seg til sjøen. Eg fekk sitja i framrongi, der eg saag utom baatsbordet kor det skavla aa skvampa daa me for ned den stride Bolstadstraumen, og daa me for nedyver grynnerne, skvatt smaafisken tilsides, og so var me komne til Stamnesleira. Der lende kyrkjebaatane fra Verpelstad, Furnes, Dalseid, Trettenes, Dyvik, Straume, Vik, Øyo og Hesjedal - og kyrkjebaatane fra Evangersokni, lenger inne i Bolstadfjorden.

Ved «Leirebrotet» dei kalla - der som Ole Hanssen bygde handels- og gjestgjevarhusi som enno stend der - samlast kvinnfolket for aa hæma seg - og hjelptest aat - før dei gjekk utum, til kyrkja. Karfolket rusla upp i Leiretunet og venta der. Der var ølsal ei stutt tid; brennevin og. Um dei selde øl til kyrkjefolket før preiki veit eg ikkje Sume rusla vegen uppetter Leirebrekka til Stamneshusi der dei venta til presten kom. I ventetidi skoda dei paa kyrkjebaatane som kom roande fraa Nordregarane, Eidsfjorden og Veafjorden og lende paa Stamneshella eller Haarhella. Dei hadde hæmingsplassen sin der samlingane aat Fanejunkar Dyvik no er. Utsoknara fraa Hosong og Mo hadde hæmingsplassen sin under den store Haareikjæ. Der var livd i regnver. Stundom heldt og Eidfjordingane til der.

Presten var komen fraa Haus laurdagen, før 1867. Han hadde herbyrge i Leiraa. Naar det leid so longt, kom presten ut or herbyrget sitt, i kjole og krage og med bok i hand, kallane letta paa hatten, og med presten fyre, fylgde dei i rekkja «utum til kyrkja». og daa fylgjet kom nedetter Stamnesbrekka sette kyrkjeklokkone i med ljom og klong.(Fortel ei gamal kona i Leiro etter mor si.) Men eg vil fylgja farsyster Ingeborg, den vakre sundagen eg nemnde.

Eg var med henne paa Leirebraatet der kvinnfolki hjelpte kvarandre med flettone. Eg vart tyst, og farsyster tok vatn or bekken i hælkappen paa eine pampusen sin, og eg drakk godt av det friske vatnet, og so gjekk me i fylgjet, til kyrkja.

Eg ser enno den tjørebrædde kyrkja med raudt pannetak og med ein hane paa taarnet, lik hanen i a b c-boki.

Eg saag alle mann letta paa hatten daa kyrkjeklokkone tok til aa ljoda. Eg minnest dei raudmaala rosutte veggjerne, den smaa altartavla, den kvite daapsengelen og det stolte seglskipet, men um dette er det fortald lenger framme i dette skriftet. Eg lyt og nemna kva ei kona fraa Eidfjorden, Marta Brørvik, fortalde um kva moro ho totte det var naar ho som smaagjenta fekk fingra nedi stoleryggstødet der dei sette lauvduskar nedi ... Naar kyrkjeklokkone ljoma til samrynging tok alle mann til hatten, letta paa hatten. Deretter rakte dei inn i kyrkja og tok sæte kvar i sin kyrkjestol, for stolestadane var numra og tiletla kvar gard etter matrikulskyldi. Mannfolket til høgre og kvinnfolket til vinstre. Karane bøygde hovudet, heldt hatten for andletet og las (eller skulle lesa): «Vend ditt aasyn til mig, Herre. Lad din munds tale behage mig, og mit hjertes tanker behage dig...» So hengde dei hatten paa hengjaren burte paa veggen. Kvinnfolket bøygde hovudet, heldt den avlange Gulbergs salmeboki med det kvite «handaplagget» uppføre augo. Det var age og vyrdnad for Guds hus og heilagdom.

Naar inngongsalmen var sungen, og der var meldt innleiding (kyrkjegongskona) so vart salmen «Til dit hus med takkesang, kommer jeg, min Gud tilbage». Presten og medhjelparen gjekk mot storadøri, medhjelparen let upp døri for presten. Ute i kyrkjeskotet venta kyrkjegongskonor med fylgje. Kona reiste seg aa helsa, presten heldt ei tale til kona, utifraa eit bibelord, medhjelparen opna kyrkjedøri og presten tok kona i handi, leidde ho inn i kyrkja med desse ordi: «Din livsfrugt og din indgang i Guds hus være velsignet.»( 3. Mosebok 12. J.L.) Etter preiki gjekk so kyrkjegongskona med fylgje rundt alteret, og lagde offer til presten paa altarbordet - seks - otte - eller tolv skilling, og var det ei grus kona laut ho hava stort fylgje. Klokkaren fekk ein koparskilling uppi handi med offerfylgjet for nedatt i skipet.

Haust og vaar var det altargong fleire preikesundagar. Kvart vakse heiderlegt menneskje gjekk tvo gongar til altars um aaret...

Gudstenesta var ende. Folket strøymde ut or kyrkja. Dei so ikkje hadde fenge helsa på kjenningar og skyldfolk før dei gjekk inn, nytta no høvet. Kyrkjegongskonor med fylgje, og barselfylgje um der var, for til borstova, der dei nørde seg, og trakterte andre av dravleambaren dei hadde med seg. og var det riktig gruse folk vanka der og ein dram. Men storfjølden samla seg paa kyrkjebakken der klokkaren med paperbunke i handi song ut «Bekjendtgjørelse» og las so upp kunngjeringer fraa ordførar og lensmann, um haust- og skatteting, rundskrivelsar, øyremerke paa framande beist som var funne, og dødsbuauksjoner. (Tvangsauksjonar var ukjende.)

Før folket for heimatt var dei burte paa kyrkjeskarvet, der ein handlar stod med ei kringletunna, aa kjøpte kringler. Eller um hausten til eplehandlarane, eller der kunde vera ein reisande sukkerbakar som selde «kutenn». Eit par gonger minnest eg og at der var seld - krusøl. So vel er, er det for lenge sidan slutt med denne uskikken.

No skal forteljast um ei kyrkjeleg handling som ikkje gjekk fyre seg preikesundagane: Brurvigsla.

Denne vart halden ein viss dag - Bruramaandagen. Dagen hadde ingen fast dato, og var vorten grunna paa den gamle bondesed, at alle brudlaup skulde vera ved jonsokbil, og for skuld den longe reisi som presten hadde til Stamnes. Difyre var der lagd ein preikesundag til Stamneskyrkja ved jonsokleite - helst sundagen fyre jonsok. Presten kom gjerne til Stamnes fredagskvelden, las med konfirmantane laurdagen, heldt gudstenesta med dei andre kyrkjelege forretningar sundagen, hadde gjerne «sognebud» seinare paa dagen - og maandagen var der brurvigsla.

Bruramaandagen hadde alle tenarane fridag. Bruramaandagen var halden for ein festdag, ein høgtidsdag og ein stordag, ikkje minst for prest og klokkar. Dei «hausta storaåkeren sin» ein slik dag. Dei tok daa inn mykje av den «uvisse» løni si. Presten hadde 5 dalar for kvar brurvigsla og klokkaren hadde 2 dalar. Ettersom all kyrkjeferdsla fraa heile sokni var til baats (Stamnesgarden undanteke), so kom og alle brurefylgje den vegen. Ei «Vossaskuta» vart utreidd som brurebaat. «Leisveinane» pynta - «maaga» - skuta med bjørkegrønt uppetter vant og stag, ratt til topps. Yver tofta der brureparet sat, var tvo bjørker uppreiste og «maaga» til som ein kvelving eller æresport.

I mastetoppen var «kransetreet» med «brurakransen» uppheist. Dei sprekaste karane drog godt ut med dei 9 alner lange aarane. Ein av dei gjevaste gamlingane styrde. I «vengen» - bak i skuta - stelte kjellarsveinen med ølkaggen og kjengja. I framstamnen var skyttaren og spelemannen. Eg minnest ein bruramaandag der lende 6 bruraskutor ved Stamneshella, der det den gongen ikkje var hus, berre nakne skarvet. Brura-skuta lagde til lands medan fela ljoma og byrsor og flintlaaspikstolar small.


So skreid brurfylgjet upp til kyrja, med spelemannen fyre, og kjø'meistaren med «bruraplagget» paa armen. Det var umaagjera at ingen var for kaate, for det fyrste.

Utatkomne or kyrkja tok brulaupslivnaden til. Vestanfyre kyrkjegardsporten var «bruratuvena» fem eller sju i talet - upplagde av grastorv, i sessahøgd. Paa bruratuvene vart lagd «bruraplagget» - eit aaklæde eller «sparlaken». Her sette brurena seg. No vart der helsing og tillukkaynskjing, druge drammar vart skjenkte og drukne. Brudkonor baud rundt av dravlambarane - «brurambarane». Snart ljoma fela og dansen gjekk spretten - paa kyrkjebakken og i borstova.

Presten hadde gjerne heile huslyden med seg ein slik dag. Dei sette seg i prestestova. Kvart brudlaupslag hadde med seg ein fin «presteambar» med dravle, ei «presteflaska» med skjenk og ein «nøring»: lefsekling, søtost og spikjekjøt. Alt vart av brudgom og kjø’meistar bore til prestestova etter tur - og vel motteke.» (Soga um Stamneskyrkja s. 96 ff.)

Borstova, som det her vert fortalt om, stod frå gamalt sør for kyrkja frampå kyrkjeskarvet. Slike borstover var der før ved svært mange kyrkjer. Dei skulle vera samlingsrom åt kyrkjefolket. Den eldste borstova ein veit om ved Stamneskyrkja var ei rundtømra rotstove, 8-9 alner i kvar kant. På den eine langveggen var der tillaga 3 senger åt presteskyssen. Denne stova stod til 1862, då ho vart seld eller gjeven til båtbyggjaren Haldor Kallvik, som hadde bygsla eit plass under Kalland. Sjå Kalland bnr. 2. Han budde dei fyrste åra her i borstova, til dess han fekk sett seg opp hus på Svarteberget. Ei ny borstove vart oppsett 1862 av det gamle kyrkjetømmeret. Det var ei lemstove med eit lite rom åt presten i den eine enden. På lemmen var der senger åt presteskyssen. I stova var det bord og benker og ein gamal portomn frå 1700-talet som hadde stått i den eldste borstova. I skotet for nordre gavlen var der oppmura ein skorstein av gråstein. «Her i borstova sat klokkaren, før han gjekk i kyrkja, og skreiv inn dei kyrkjelege handlingar for dagen: Innleiding, daap, natverd og lysingar. Her sat godmørna og stelte skirslingaborni og her sat presten etter preika (um hausten) og tok imot natteholdpengar og tiend hjaa bønderne. Her bar det inn med brudfolket, kjø’meistar og lei’sveinar - bruremaandagen -med skjenk og nøring til presten.» (Stamneskyrkja s. 94.)

1871 vart borstova innreidd til samlingsrom. Lemen vart teken vekk, eit galleri bygt, og det kom meir vindaugo i stova. Ho vart lenge nytta til møte og samlingar. 1914 vart det gjort opptak til nytt vølingsarbeid. Stova vart no ombygd på nytt og kunne nyttast til forsamlingshus og møtelokale på Stamnes. Her var m.a. rom for Stamnes folkeboksamling.

Ombygginga kring 1914 vart m.a. kosta av leirpengane, ei skadebot som soknekassen hadde fått av Hjelmås Teglverk. Kring 1950 trongst det på nytt ei omvøling. Borstova, eller prestestova, som ho gjerne vart kalla, vart med grunn overteken av Stamnes Indremisjon. Stova vart så riven 1958, og 1960 vart eit nytt samlingshus bygt. Det er eit godt og tidhøveleg hus som har kosta kring 160.000 kr. Kommunen skaut til kr. 12.000 mot at der vart innreidt eit rom åt presten som han kunne bruka når han var på Stamnes.

Hjelmås Teglverk hadde 1884 fått løyve frå bnr. 7 til å ta ut leir eller leirsand or ein stor leirbanke vest for kyrkja. 1890 vart Stamnes kyrkjegard utvida, men ei tid etter rasa resten av leirbanken ut og tok med seg noko av kyrkjegardsmuren og fleire graver. Eit stort arbeid laut til for å setja kyrkjegarden i stand att og hindra meir utrasing. Hjelmås Teglverk betalte då ei skadebot som dekte noko av kostnaden med dette arbeidet. 1890 vart det tinglyst kontrakt mellom brukaren på bnr. 2 og Hjelmås Teglverk, med løyve m.a. til å ta ut leir og sand.

Sandgravinga vart den verksemda som fekk størst omfang. Besse Ingebrigtson på bnr. 7 skal ha vore den fyrste i Osterfjorden som tok til å levera sand til byen. Den fyrste tida var det berre muresand og pussesand det var spørsmål etter. Etter kvart kom det sandtak fleire stader på garden. Det eldste sandtaket var i Trædet. Der er det drift enno. Osterfjorden fartøylag driv det i dag. Bergen Kommune kjøpte eit sandtak på bnr. 7 1917. Det ligg i hallet mellom gardshusa og Hedlo og vert kalla «Kommunegrupa».

Dei eldste sandfartya var Ostraskuter. Dei var nok i minste laget. Besse Ingebrigtson kjøpte eit seglfarty til å føra sand på. Snart tok dei til å få skøyter med dekk. Nokre av dei fyrste i bygda som fekk seg slike skøyter var Knut J. Ulevik og Ingebrigt Stamneshagen. 1913 fekk Jon B. Kåstad det fyrste sandfartyet med motor. Det varde ikkje lenge før alle farty hadde motor, og dei fekk også motor på dekk til å hiva sanden på land med. Sandføringa har gjeve arbeid til mange fram gjennom åra. Farty frå Stamnessokna fører sand til Bergen, ikkje berre frå Nordhordland, men og frå Hardanger og Sunnhordland. 1953 var her kring 30 registrerte sand-farty i sokna.

Eit gatesteinbrot vart sett i gang av Bergen Kommune, som 1871 fekk kontrakt med brukaren på bnr. 1 om rett til å ta ut stein i ein fjellnakke som dette bruket åtte på Eidet ved Kvernhusdalen. Bergen Kommune sette opp ei stor bu der og sende heim arbeidsfolk. Det var helst svenskar, men etter kvart fekk også bygdefolket arbeid i steinbrotet, og det minka på dei svenske arbeidsfolka. Bergen Kommune heldt steinbrotet i gong til kring 1915. Då tok dei til å kjøpa stein frå Fredrikstad. Brulegging med stein frå Stamnes finst det ved Nykyrkja og Nordnes i Bergen. Steinen der er ikkje så jamn, og større enn nyare gatestein.

Ferdsla i Nedste-Straumen har frå gamalt ført med seg ymse plikter og attåtarbeid for brukarane på garden. Gamle folk hugsar enno dei store tømmerflåtane som kom innanfrå Bolstadfjorden. Det var hus på flòtane, og store årar, 12-13 alnar lange, som dei styrde flåten med. Det faste mannskapet var gjerne 5 mann på kvar flòte, men når dei kom ned straumane måtte dei ha hjelp. I Øvste-Straumen var det folket på Straume som hjelpte til, og i Nedste-Straumen var det Stamnesfolket. Dei sette tog på flòtane og bægde dei fram. Dei måtte passa på nett når straumen vende. Det var mykje stort tømmer på desse flòtane. Noko av det vart nytta til bygningstømmer. Kring 1880 vart mykje tømmer levert til en kistefabrikk i nordre Osterfjorden.

I Soga um Stamneskyrkja vert det fortalt om ei gåve som kyrkja fekk 1720 frå Anders Andersson Askeland i Haus, bror åt lensmann Johannes Øvste-Mjelde, som åtte fleire gardar her i sokna. Anders Askeland tente mykje pengar på skoghandel. Han kjøpte skog i Bolstadfjorden og flòta tømmer til byen. 1720 gav han 20 rdl. som skulle nyttast til nytt tak på kyrkja.

Før Vosse-bana vart opna 1883, hadde folket frå Voss og Evanger byvegen sin ut fjorden frå Bolstad gjennom straumane og framom Stamnes.

1880 tok 0. K. Dyvik til å handla på Stamneshella. Før den tid hadde der og vore ein handel som Dyvik overtok. Kring 1890 flytte Ola Hansson Dyvik sin handel frå Brotet i Stamnesleiro og til Stamneshella. Dette hekk saman med båtferdsla. Rutebåtane gjekk før til kai ved Stamnesleiro, men då dei slutta med det og berre nytta kaien på Stamneshella, laut han flytta.

All privat handelsverksemnd på Stamneshella er no nedlagd. Det er Stamnes handelslag som har all omsetnaden no. Om handelslaget, sjå bnr. 28.

Eit viktig punkt er utbygging av kaianlegga på Stamneshella. Under bnr. 4 vart det 1912 tinglyst ei semje mellom Stamnes soknestyre og 0. K. Dyvik med plikt for sistnemnde til ikkje å byggja eller hindra ålmugen åtkome til strandlina, og at ålmugen skal ha rett til å føra opp båtbryggje og ha åtkome til dampskipsbryggja. Samstundes vart det tinglyst ei semje mellom dei same med full rådvelderett for 0. K. Dyvik til grunn for den gamle bakeritufta mot at han gjev fri grunn til kaibygg. Der var kai frå før, men 1912 vart denne kaien påbygd.


SKYLD, UTREIDSLER m.m.

Matrikkelnr. 1 i Vatsværn tinglag. 1886 til 1964 gnr. 56 i Bruvik herad. Matrikkelen 1723: «Stamnes, Apostels Gods Leedingen følger samme, till dend Kiøbendes Arvinger efter Sahl. Commisarius Risbrek. Opsidderis Tal 3. 1 Lispd. 12 m. Sm. Hougs Præsteboel beneficeret 1 1/2 L. Thomas Giære Eyer 1 Løb og bøxler ald Gaarden. Huusmands Pladser Jngen. Sætter 1 1/2 Mill fra Gaarden har fornøden Brendeveed Skoug till eget Brug, og widere. 1 flomqværn Jndtet fiskerie Ligger nær Siøen Er noget Uviss till Korn Skarplendet og tungvunden noged, Saar 6 t. Haufre aufler 21 t. føder 15 Kiør 6 ungNød 18 faar 1 Hæst. (Taxt efter gl. Matricul.) 1 L. 2 pd. 6 m. Har ingen anden Næring eller Brug uden af Gaardens Aufling, ligger 5 Mil fra Byen.» Landskyld 1648-1666 11/2 l. smør. Matrikkeltakst 1665 1 l. 2 pund 6 m. 1774 skatteskyld 1 1. 2 pund 6 m., landskyld 1 1/2 laup. 1838 ny skyld 6 dl. 4 ort 10 sk. 1886 10,23 skyldmark. Fredtoll 1590-91 1 kalvskinn. Leidang 1626 1 bukkeskinn, 1774 leidangvarer 3 m. smør, i bukkeskinn, «redusert til penger 57 sk.». Husdyrskatt 1657 19 1/2 mark 10 1/2 sk. Folketal 1801: 37. 1875 94. Fødnad 1657: 2 hestar, 2 oksar, 21 kyr, 7 ungfe, 16 sauer, 26 geiter. 1723: 1 hest, 15 kyr, 6 ungfe, 18 småfe. 1863: 2 hestar, 30 kyr, 8 ungfe, 115 småfe. 1875: 1 hest, 36 kyr, 8 ungfe, 141 sauer, 67 geiter. 1959: 1 hest, 12 kyr, 8 ungfe, 68 sauer, 2 griser, 5 høns. Sånad 1723: 6 t. havre, avling 21 t. 1863: Sånad 18 3/4 t. havre, 17 1/2 t. poteter. Avling 73 1/2 t. havre, 95 t. poteter, 2955 v. høy, 497 v. halm, 220 v. høy i slåttene. 1959 var der 189,7 mål innmark på garden.


EIGARAR

I mellomalderen høyrde ein part av garden på 4 månadsmatbol til Stamnes prestebord eller prestebol. Denne parten er nemnd i Bjørgyngjar Kalvskinn frå 1360-åra. Då Stamneskyrkja seinare vart lagd inn under Haus prestegjeld, vart Haus prestebol eigar av denne parten. 1648 åtte prestebolet 1/3 av garden. Resten av garden hadde høyrt til godset åt Apostelkyrkja i Bergen. Det vart under reformasjonen drege inn under kruna, men er på 1600-talet framleis kalla Apostelkyrkjegods avdi det eksisterte som ei eiga forlening. Kring 1670 vart parten åt Apostelkyrkja seld til private samstundes med mykje anna krungods. 1676 er det ervingane etter borgarmeister Ove Jenssen som eig denne parten. Dei har truleg selt han til Lyder von der Lippe. Han er eigar 1686, og legg då sak mot grannane for å få greie merke. Sjå framanfor. Etter han kom kaptein Henrik Nilsson som eigar år 1700. 1718 er Tomas Anderson (Tomasson) Gjerde eigar av Apostelkyrkjeparten. Han budde på Gjerde gnr. 24 i Samnanger og ser ut til å ha vore svært velståande. Ervingane hans gav skøyte 1765 til brukarane på Joansbruket og Bessejorda. Sjå bnr. 1 og 7. Det tredje bruket, Velomsparten (bnr. 10 og 13), åtte framleis ervingane etter Tomas Gjerde. 1786 var Nils Monsson Våge og kona Borgny Velomsdtr. i Os skipreide eigarar. Ved skiftet etter Borgny 1789 vart bruket skøytt åt sonen Velom Nilsson Haugen. 1812 gav han skøyte til sonen Anders. Anders bygsla bort bruket 1813 til broren Velom, som vart brukar her 1828. 1862 fekk Anders Larsson Frøland, Samnanger, skøyte på Velomsparten for 633 spd. Han selde unnan nokre mindre partar og gav skøyte på hovudbruket til dotra Guro for 420 spd. Ho var g.m. Lars Velomsson som var brukar på Velomsparten. Parten åt Haus prestebol, 36 merker smør, var såkalla laus landskyld. Denne landskylda var kring 1850 fordelt med 9 m. smør i Joansbruket, 9 m. i Bessejorda og 18 m. i Velomsparten.

BRUKARAR FØR 1750.

Dei fyrste namn på brukarar finn me i inntektsrekneskapen for Bergens Kongsgard 1518 (N.R.J. I s 125). Det er Tore, med sonen Sjur og dottera Gudrun.


1563 er Knut brukar. Knut er også nemnd 1590-91.


1603-1620 Johannes.


1620-31 Mons. 1645 finn me for fyrste gong 2 brukarar, Peder Arneson og Olav Magneson. Dei har jamstore bruk. Peder er også nemnd 1638. 1657 har Peder ein fødnad på 1 hest, 1 okse, 9 kyr, 2 kviger, 12 geiter, 6 sauer. Mons har ein fødnad på 4 kyr, 1 kvige, 6 geiter, 6 sauer.


Ein tredje brukar, Olav, før 1 hest, 1 okse, 8 kyr, 4 kviger, 8 geiter og 4 sauer.


1666 finn me 4 brukarhuslydar, som kvar bygslar 1/4 av garden. Den eine av desse huslydane er Peder Arneson f. om lag 1604, og kona Marta.

Born:

Johannes.
Anna.
Knut f. 1664 b. på Dale.
Lars f. og d. 1665.
Brita f.1669 g. 1721 m. Lars L. Olsnes, Midt-Bruvik.


Olav Magneson f. om lag 1608 og kona Anbjørg var også brukarar her 1657 og 1666. Det er ikkje nemnt noko om at dei hadde born etter seg.


Den tredje brukaren var Anders Knutson f. om lag 1630 d. om lag 1675. 1676 vart det halde synsforretning på bruket hans. Husa var mykje til nedfalls og enkja fekk pålegg om å setja dei i stand. 1679 var det ikkje gjort noko med dette, og enkja vart stemnd til tings for skuldig landskyld og for di ho hadde late jord og hus forfalla.

Born:

Knut f. 1661.
Mons f. og d. 1665.

Den fjerde brukaren var Anders Mikkjelson f. 1643. Kona d. 1692.

Born:

Lars f. 1666, brukar her.
Mons f. 1668, brukar på Veo bnr. 2.
Olav d. 1696.
Kari g. 1726 m. Lars Haldorson Høvik.
Anna g.m. Jens Nilsson Kallvik, brukar her. Sjå bnr. 10.


Nils Nilsson var brukar her sist på 1600-talet og først på 1700-talet. Far hans, Nils Johannesson, er nemnd i koppskattemanntalet 1645 som husmann. Han var då enkjemann, men vart seinare attgift. Andre kona må truleg vera den Haldis Nilsdtr. som er nemnd i saka på Stamnes 1686 og som hadde sett seg opp hus i Stamnes sin hamnehage, med løyve frå sonen og grannane. Son hennar må vera Nils Nilsson f. 1655, nemnd som brukar siste gong 1708.

Born:

Gjertrud f. 1681 g.m. Johannes Olsson Toskedal.
Nils f. 1683 b. på Eikefet, Hosanger.
Kari f. 1685 g.m. neste brukar.
Johannes f. 1689.


1701 er Lars Andersson brukar. Lars f. her 1666 var g. 1. g. m. Gjertrud Olsdtr. Eide d. 1696.

Dei hadde sonen.

Olav f. 1693, brukar i Blomdal.

Lars g. 2. g. 1697 m. Brita Johannesdtr. Fossmark, bnr. 1 f. 1679.

Dei var brukarfolk her til 1705 då dei flytte til Fossmark og overtok farsgarden hennar. Verbror åt Brita var Tomas Andersson Gjerde, Samnanger, som åtte i Stamnes 1718.

Born:

Besse f. 1698 g.m. Brita Nilsdtr. Helle, b. i Eikanger.
Brita f. 1700 g. 1726 m. Anders A. Tunes.
Anders f. 1703 d. 1704.
Gjertrud f. og d. 1705.
Anders f. 1706 g. 1734 m. Kari Mikkjelsdtr. Indre-Songstad.
Sigrid f. 1710 g. 1728 m. enkjemann Johannes J. Tunes.
Fabian f. 1713 d. 1751 b. på Tunestveit.
Ingeborg f. 1717 g. 1747 m. enkjemann Lars Ivarson Tunes.


1707 vart Olav Sjursson Kallestad f. 1680 d. 1750 g.m. Kari Nilsdtr. Stamnes f. 1685 d. 1743. 1718 var bruket deira 23 5/8 m. smør.

Born:

Johannes g. 1734 m. enkja Brita P. Hillmann.
Anna g. 1737 m. Jon J. Kvåstad.
Ingeborg g.m. Ingvald Hågøy.
Knut f. 1710 d. 1711.
Knut f. 1711.
Fabian f. 1714 d. 1753.
Kari f. 1717 g.m. Lars Nilsson Stamnes bnr. 7.
Kari f. 1718 g.m. Johannes J. Kvåstad.
Ingeborg f. og d. 1721.
Ingebrigt f. 1722 g. 1753 m. Barbro Bastesdtr. Bernes.
Marta f. 1726.


1711 er Sjur Johannesson nemnd som brukar fyrste gong. Bruket hans var 1718 23 5/8 merker smør. Sjur var g. 1. g. m. Kari Knutsdtr. f. 1654 d. 1716.

Barn:

Magdeli g. 1717 m. Olav Torkjelsson Birkeland, Hamre.

Sjur g. 2. g. 1718 m. Ragnhild Monsdtr. Eknes. Han busette seg då på Eknes, der han døydde 1725.


1711 var Johannes Olsson Toskedal brukar her. Johannes f. 1687 d. 1763 var g.m. Gjertrud Nilsdtr. Stamnes f. 1681 d. 1763. Bruket deira var 1718 på 47 1/4 m. smør, og var då det største bruket på garden. Seinare må dei ha late bruket frå seg. Det ser ut til at det var dei som tok opp eit plass i Stamnesleiro. Sjå gnr. 46.

Born:

Johannes f. og d. 1712.
Johannes f. 1713. Brukar på Stokke, bnr. 5.
Dordi f. 1715 d. 1734.
Kari f. 1716 d. 1718.
Kari f. 1719. Sjå bnr. 1.
Olav f. 1722.
Unna f. 1725.
Marta f. og d. 1727.
Anna f. 1728 g.m. Magne J. Kallestad, sjå Kallestad bnr. 2.
Anna f. 1730.
Marta f. 1738. Sjå Veo bnr. 4.


BRUK 1.

Daglegnamn Joansene. L.nr. 1 (og 2) i Vassværen tinglag. Gamal landskyld 1 p. 16 1/2 m. smør. 1838 2 dl. 1 ort 21 sk. 1886 gamal skyld for la og 2a: 2 dl. 12 sk., ny skyld 3,39 skm. 1956: 2,19 skm. 1863: 11 mål åker og dyrka eng. 6 mål god åker, 3 mål middels, 2 mål ring. 9 mål god bø, 10 mål middels, 22 1/2 mål ring. I alt 41 1/2 mål bø. 1-2 mål dyrkingsjord. Sånad 5 1/2 t. havre, 5 1/2 t. poteter. Avling 25 t. havre, 30 t. poteter, 966 v. høy, 175 v. halm. I slåttene 90 v. høy. Fødnad 1 hest, 9 kyr, 4 ungfe, 36 småfe («for meget paasat»). Skog nok til hustømmer og ved. Kan selja tømmer for 8 spd. netto årleg. Lyng til 1 kufor. Lettbrukt, vanleg godt dyrka. 1865 folketal 13, fødnad 1 hest, 14 storfe, 28 sauer, 2 geiter, 1 gris, sånad 5 1/2 t. havre, 4 t. poteter. 1875 sånad 1/4 t. bygg, 5 1/2 t. havre, 6 t. poteter, fødnad 10 kyr, 1 ungfe, 23 sauer, 12 geiter, 2 griser. 1963 42 mål innmark, fødnad 1 hest, 3 kyr, 1 ungfe, 7 sauer.


1749 vart Johannes Hansson g.m. Kari Johannesdtr. Stamnes f. 1719 d. 1801. Johannes skulle vera komen frå Kvamme. Han døydde 1785. Han var medhjelpar for presten i Stamnes, og 1762 kjøpte han 1/4 av Stamnes kyrkje. Han bygsla fyrst dette bruket, men 1765 fekk han skøyte på 22 1/2 m. smør med bygsel og overbygsel til 18 m. smør prestebolsgods i garden Stamnes for 125 rdl. Han var den fyrste sjølveigaren som me kjenner til på garden.

Born:

Johannes f. 1753, brukar her.
Anna f. 1754. Sjå bnr. 10.
Hans f. 1755 d. 1756.
Hans f. og d. 1757.
Hans f. 1758. Brukar på Dalseid bnr. 2.
Johannes f. og d. 1761.


1783 skøyte til Johannes Johannesson på 11 1/4 m. smør med overbygsel til 9 m. smør. Den andre helvta av bruket sat faren med til han døydde, og i skiftet etter han 1786 vart denne parten utlagt til enkja Kari. Ho gav skøyte til sonen Johannes på sin part 1788, slik at han no åtte heile bruket. Same året vart det tinglyst kår til Kari. Johannes og kona Ingeborg Andersdtr. Fylingslid f. 1755 d. 1842

Born:

Johannes f. 1780, brukar her.
Mons f. 1787. Sjå nedanfor.
Kari f. 1791 d. ug. 1885.
Ågota f. 1797 g.m. Jon O. Straume bnr. 4, b. Heimvik, Hosanger.
Helga f. 1800, hadde kår her, d. 1887.

Ved skiftet etter mor åt Mons, Ingeborg Andersdtr., 1842, var nettoen 3 spd. 4 ort 16 sk., og ervingane var Johannes og Mons, Kari og Helga.


1815 skøyte til Johannes Johannesson for 375 rdl. og kår til foreldra og systera Helga. Same året bygsla han bort halve bruket til broren Mons. 1809 hadde Johannes berga 4 menn frå å drukna utanfor Dyvik. Hendinga gjekk for seg 3 dagar før Kyndelsmess.

Johannes f. 1780 d. 1849 var g.m. Anna Hansdtr. Kallvik f. 1775 d. 1841.

Born:

Ingeborg f. 1803. Sjå husfolk.
Johannes f. og d. 1806.
Brita f. 1807 d. 1808.
Johannes f. 1809, brukar her.
Anders.
Ingebrigt.
Brita f. 1813 d. 1814.  :Jon f. 1814. Sjå Fylingslid bnr. 3.
Marta.
Hans f. 1818 d. 1872 i Bergen.
Anna.
Anna.


Johannes g. 2. g. 1846 m. Brita Olsdtr. Veo (pl. Holo) f. 1807. Brita g. 2. g. 1860 m. enkjemannen Jon Johannesson Straume bnr. 1.


1815 bygsla Mons Johannesson av broren Johannes 11 1/4 m. smør med bygsel, og overbygsel til andre 9 m. smør. Dette var halve bruket. Ved matrikuleringa 1838 fekk denne helvta l.nr. 2.

Mons f. 1787 var g. 1818 m. Anna Eiriksdtr. Eide bnr. 1 f. 1797 d. 1892.

Born:

Ingeborg f. 1818 g.m. Olav O. Grøsvik, sjå plasset Tohellerhaugen under Mellesdal.
Johannes f. 1819 d. 1836.
Ingeborg f. 1822 g.m. Nils Olsson Leiro. Sjå Leiro, husfolk der.
Ågota f. 1827.
Eirik f. 1828 d. 1869.
Gulleik f. 1831 d. 1911. Handelskar. Sjå Elvik, husfolk.
Ågota f. 1834.
Johannes f. 1836, b. i Ytre Arna.
Johannes f. 1841 g. 1862 m. Anna Larsdtr. Eide bnr. 3. Eide, husfolk.
Gjertrud b. i Ytre Arna.
Johanna b. Storholmen, Kleiveland, Hosanger.

Ved skiftet etter Mons 1848 var nettoen i buet 4 spd. 4 ort 8 sk., som enkja fekk til gravferdskostnader.


1834 skøyte til Johannes Johannesson på 22 1/2 m. smør for 150 spd. og kår til foreldra. Johannes f. 1809 døydde 1851 ved eit ulukkestilfelle. Han fall ned frå eit hus. Han var g.m. Marta Andersdtr. Kvåstad f. 1814 d. 1899.

Born:

Dortea f. 1833.
Anders f. 1838. Sjå bnr. 3.
Ingebrigt f. 1840 d. 1844.
Johannes f. 1841, brukar her.
Anna f. 1843 g.m. smed Magne E. Eikefet, pl. Fethagen.
Marta f. 1843 b. Tysse, Hosanger.
Ingebrigt f. 1846 g. 1873 m. Brita Johannesdtr. Hesjedal.
Anna f. 1849 g.m. Johannes Magneson Veo, sjå Veo bnr. 4.
Johannes f. og d. 1852.

Marta g. 2. g. m. Anders Hansson Dyvik bnr. 1 f. 1826 d. 1916. Dei dreiv dette bruket til 1874, då dei tok kår.

Dei hadde ei dotter:

Marta f. 1856, g.m. røyrleggjar Johannes Grevstad, b. Bergen.


1852 skifteskøyte til Johannes Johannesson for 300 spd., som var taksten for dei 22 1/2 m. smør i bruket som vart med i buet etter faren. Johannes f. 1841 d. 1903 vart g.m. Ingeborg Knutsdtr. Hermundsdal f. 1836 d. 1902. Johannes dreiv også som båtbyggjar.

Born:

Johannes f. 1858, brukar her.
Kari f. 1862.
Marta f. 1864 g.m. Ivar Ytre-Arna.
Oline f. 1867 g.m. Knut A. Straume, sjå Straume bnr. 4.
Knut f. 1870 d. 1872.
Knut f. 1873 g.m. Brita Stamnes bnr. 2 f. 1882. Busett U.S.A.
Anna f. 1875 g.m. Jon S. Bindingbø. Sjå bnr. 18 og Kallvik, bnr. 1.
Olav f. 1878, d., busett U.S.A.


1903 skøyte til Johannes Johannesson for kr. 600,-. Johannes f. 1858 d. 1945 var g. 1886 m. Marta Stamnes f. 1863 d. 1931, dotter åt Nils Velomsson Stamnes bnr. 10 og kona Dortea Johannesdtr. Sjå husfolk.

Born:

Ingeborg f. 1886. Strikkerske. B. Stamnes d. 1951.
Dortea f. 1888 g.m. Anders Drangevåg. Sjå bnr. 43.
Johannes f. 1889, brukar her.
Karoline f. 1890. Husmor her.
Karina Marie f. 1892 g.m. Jakob Johannesson Kallestad, sjå Kallestad bnr. 4.
Gjertina f. 1894 d. 1933. Fabrikkarb. Arna.
Nils f. 1895. Fiskar og gardsarb. B. Stamnes.
Marta f. 1897 d. 1963 g.m. jernbanearb. Georg Endresen, Trengereid.
Karl f. 1899. Gardsarb. B. Stamnes.
Johanna f. 1901. Hushjelp. B. Stamnes.
Knut f. 1904, brukar her.
Margit f. 1905. B. her.


1931 skøyte til Johannes Johannesson og Knut Johannesson for kr. 1500,-. Knut har no overteke heile bruket. Han har sett seg opp hus på Stølen eller Plassen. Knut er g.m. Gurine Knappen, dotter åt Malena og Steffen Knappen i Fana.

Born:

Jan Magnar f. 19** g.m. Aud Jakobsen Høyland frå Rogaland f. 19**. Dei har ei dotter Anita f. 19**.


BRUK 2. LEIREHAUGEN.

Brotet, skilt frå bnr. 1 1860. Fekk då l.nr. ib og 2b og skyld 19 sk. (gamal skyld 3 1/12 m. smør). 1886: 0,25 skin. 1956: 0,24 skm. 1863: 900 kvadratalner åker, 4 mål middels god bø, ikkje dyrkingsjord. Sånad 1/2 t. poteter. Avling 3 t. poteter. 80 v. høy. Fødnad 1 ku, 2 sauer. Skog nok til ved men ikkje til hustømmer. Skinlendt, vanleg godt dyrka. 1875: 3 kyr, 2 ungfe, 1 gris, sånad 1 t. havre, 3 t. poteter (bnr. 13 er truleg rekna med her).


1860 skøyte til Olav Hansson Dyvik for 250 spd. 1875 fekk han skøyte på bnr. 13 for 762 spd. Olav f. 1835 d. 1922 kom frå Dyvik bnr. 1. Han vart g. 1859 m. enkja Elsebø Trondsdtr. Meland frå Evanger f. 1806 eller 1808. Ho hadde før vore g.m. skreppekaren Tormod Nakka frå Evanger, og etter han skulle ho ha fått mykje pengar. Ho hadde ein son som også var skreppekar, Helge M. Berge f. 1828 d. 1923. Han vart ofte kalla «Elsebø-Helge». På sine gamle dagar budde han på plasset Tohellerhaugen under Mellesdal.

Olav Hansson, også kalla «Gamlebroten», kjøpte gjestgjevarretten i Stamnesleiro. På Dankerhaugen bygde han seg eit tohøgda hus, der han tok til med gjestgjevarstad. Han dreiv også landhandel i Leiro. Landhandelen flytte han seinare over til Stamneshella. Han kjøpte også Dyvik bnr. 1.


1890 auksjonsskøyte til Olav Andersson på bnr. 2 og 13 for kr. 4.500,-. Han var fosterson åt den førre brukaren. Olav Andersson var f. på Stamnes bnr. 21 1851 g. 1877 m. Anna Halsteinsdtr. Stamnesleiro f. 1855 d. 1954.

Born:

Ole f. 1878, brukar her.

.Anders f. 1880. Sjå Straume, sjå Straume bnr. 19.

Brita f. 1882. B. i U.S.A.
Halstein f. 1886. B. i U.S.A.
Mons f. 1888, brukar her.
Knut f. 1891. Sjå bnr. 58.
Ida Karin f. 1893 d. 1915.

.Anna f. 1896 g.m. Ola L. Dyvik, sjå Dyvik bnr. 1 og 3.

Olav Andersson dreiv med steinarbeid i gatesteinbrotet, sandfrakting m.m.


1917 skifteskøyte til Ole Olsson på bnr. 2 og 13 med hus for kr. 3.000,-og kår til mora. 1924 fekk han skifteskøyte på bustadhuset etter Olav Hansson for kr. 693,-. Ole f. 1878 d. 1934 var g.m. Guri Monsdtr. Stamnes bnr. 10 f. 1879 d. 1931. Dei var barnlause. Ole tok underoffiserseksamen i Bergen 1899. Medan han var busett her dreiv han landhandel på Stamneshella. Han dreiv og bnr. 1 i Dyvik.

Ole O. Stamnes var med i heradstyret i fleire periodar frå 1906, varaordførar frå 1923. Han var medlem i forstandarskapet for Bruvik sparebank, var mykje nytta som skjøns- og domsmann, takst- og utskiftingsmann.


1935 skøyte på bnr. 2 og 13 til Mons Olsson Stamnes for kr. 9.000,-. Han og den førre brukaren var brør. Mons f. 1888 d. 1960 var skreddar, g.m. Herborg Olsdtr. Toskedal f. 1888 d. 1952. Sjå nedanfor bnr. 33.

Born:

Olav f. 19**. (Sjå bnr. 82.) Er no brukar her, og fabrikkarbeidar.
Oven f. 19**. Sjå bnr. 33.
Ivar f. 19**. Motorbåtførar. B. Stamnes.
Åsmund f. 19**. Sjå bnr. 66.
Ingeborg f. 19** g.m. fiskar Einar Bolstad. B. Tepstad.
Anny f. 19** g.m. styrmann Just Jahren. B. Stamnes.
Herlaug f. 19**. Motorbåtførar. B. Stamnes.


Festenr. 1 under bnr. 2 Leirehaugen.

1913 tinglyst festesetel til gardsarbeidar Størk Stamnesleiren. Same år fekk han skøyte på bustadhus frå Martin J. Ås for kr. 800,-. Størk var f. 1877 d. 1960 og var son åt Eli Halsteinsdtr. Stamnesleiro bnr. 1 f. 1847 d. 1920 og Styrk Olsson Manger f. 1850 d. 1906 i Amerika der han var farmar. Styrk Manger var son åt Olav O. Bukkstein bnr. 1 og kona Dordi f. Kvamme bnr. 2. Størk Stamnesleiren var tilsynsmann for Stamnes soknestove og skattekrevjar i mange år.


BRUK 3. NORDRE HAGEN.

Skilt frå bnr. 1 1879 med urevidert skyld 11 sk. revidert 12 sk. L.nr. 1c og 2c. 1886: 0,15 skm.

Her var frå fyrst av eit husmannsplass. 1863 var her på plasset 1/2 mål ring åker og 7 3/5 mål bø. Dei avla 1/2 t. havre, 4 t. poteter og fødde 4 sauer. Bygselsummen var 20 spd. og den årlege avgifta 4 dagsverk. 1875 var fødnaden 2 kyr, 1 ungfe, 11 sauer, 6 geiter, og sånaden var 3/4 t. havre og 2 t. poteter.


Den eldste kjende festesetelen vart tinglyst 1859 frå brukaren på bnr. 1 til broren Anders Johannesson f. 1838 og Ingeborg Einarsdtr. Dyvik bnr. 4 f. 1823 d. 1919.


1879 skøyte til Anders Johannesson for kr. 400,- med rett til beite for kyr og sauer og rett til å hogge ved til husbruk etter tilvising frå seljaren så lenge kjøparen og kona levde. 1883 fekk dei kjøpa husa som Kornelius Ivarson hadde ått for kr. 250,-. Etter panteregisteret ser det ut til at desse husa har stått på bnr. 2, der det er tinglyst nokre panteobligasjonar i dei.

Born:

Marta f. 1858 d. 1861.
Johannes f. 1862.
Marta f. 1862 d. 1898 g.m. steinarb. Lars Andreas Andersson Gjerde f. 1867. Dei hadde borna Andreas f. 1893 og Ingeborg f. 1896 g. 1918 m. røyrleggjar Laurits Mikal Danielsen frå Askøy f. 1891.
Einar f. 1865. Fabrikkarb., busett Dale.
Anders f. 1867, brukar her.
Marta f. 1870 g.m. Olai D. Kalland bnr. 1.
Dortea f. 1873 g.m. Mathias Monsen, vegarb., d. 1959. Ikkje born.

Anders sette opp ei sirkelsag i Hesjedalsfossen kring 1870. Han fekk bygselbrev på Hesjedalsfossen og grunn til sagbruk frå brukarane på Kalland bnr. 1 og 2, tinglyst 1895. 1914 vart dette bygselbrevet overført til sonen Anders, som også dreiv sagbruk. Sjå Kalland.


1915 skøyte til Anders Andersson for kr. 1.000,-. Anders f. 1867 d. 1918 var g.m. Sofie Andersdtr. Sæterdal bnr. 9, f. 1882.

Born:

Anton f. 1901. Fartyførar b. her.
Alfred f. og d. 1904.
Ida f. 1905 g.m. fartymann Hallstein Myster. Sjå Vik, Stamnes bnr. 12.
Klara f. 1907 g.m. mylnearb. Ole Knutsen. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Marta f. 1910 g.m. snikkarformann Birger Fosse, Dale. Sjå ættesoge for Dale.
Arthur f. 1912. Snikkar på Dale.
Albert f. 19**. Gardsarb. B. her.
Jon Hagbart f. 19**. Fartymann, g.m. Nelly f. Ypstebø, Radøy. B. her.

1956 var innmarka om lag 10 mål. Fødnaden var 8 sauer.


BRUK 4.

Skilt frå bnr. 1 1883 med skyld 1 sk. og gamalt l.nr. 1d og 2d. 1886 skyld 1 øre. Bruksnamn: Stamneshella. I daglegtale berre kalla «Hedlo». Det gamle namnet skulle vera Kårhella eller Kårahedlo. (Sjå innleiinga.)


1883 skøyte til Olav Knutsson Dyvik for kr. 200,-. Seinare fekk han skøyte på bnr. 6 og 15.

Olav Knutsson eller O. K. Dyvik, som han helst kalla seg, var f. i Dyvik bnr. 4 1853 d. 1936 g. 1. g. m. Marta Mathiasdtr. Brørvik f. 1862 d. 1911.

Born:

Barbro f. 1883 g.m. Andreas B. Stamnes bnr. 25.
Knut f. 1885. Sjå nedanfor.
Ingeborg f. 1887 d. 1905.
Mathias f. 1890 d. 1896.

Olav Knutsson eller O. K. Dyvik var utdana underoffiser og avanserte til fanejunker. Han var fyrst ei tid styrar for Stamnes forbruksforening. Då forbruksforeninga gjorde buslit, kjøpte 0. K. Dyvik buet og dreiv seinare handel her. Han var også postopnar og dampskipsekspeditør. Posten henta han med robåt på Stanghelle ein gong i veka. Betalinga var kr. 0,50 kvar gong. Han var kjend for å vera ein dugande offiser, og var mykje nytta i styre og stell. I heradstyret var han med frå 1886. Han var varaordførar 1896 til 1897 og fleire periodar var han med i formannskapet. Elles var han med i ei mengd faste nemnder, og ymse nemnder for nye tiltak, m.a. for elektrisitetsforsyning, betre kommunikasjonar m.m. Han hadde sterke kulturhistoriske interesser og skipa ei privat samling, kjend under namnet 0. K. Dyviks samlinger. (Sjå innleiingskap.)

Olav g. 2. g. m. Dorte Olsdtr. Stamnesleiro bnr. 1 f. 1869 d. 1927.


1922 skøyte til Knut Olsson på bnr. 4, 6 og 15 for kr. 25.000,-. Han overtok også forretningen som faren hadde hatt, og dreiv denne til 1947, då forretningen vart leigd bort til Johannes Sæve.

Knut Olsson f. 1885 er g.m. Johanna f. 1882, dotter åt Jakob Østrem og kona Marta f. Bjoland, Skjold i Rogaland.

Born:

Olav f. 19**. Sjå nedanfor.
Jakob Østrem f. 19**, sjå bnr. 48.
Markvard f. 19**. Sjå bnr. 64 og 65.
Marta f. 19** g.m. bussførar Alfred Melbø, Bergen.

Ved sida av handelen hadde Knut Olsson postopneriet. Han har vore med i ymse kommunale nemnder, i handels- og samferdslesamskipnader.


1954 skøyte til Olav Knutsson på bnr. 4, 6, 15 og 74 for kr. 32.000,- og kår til foreldra. Olav er motorbåtførar f. 1917 g.m. Gudrun f. Onarheim.

Born:

Ove Gunnar f. 19**.
Liv Johanne f. 19**.
Tove Karin f. 19**.
Åse f. 19**.


BRUK 5.

Skilt frå bnr. 1 1883 med l.nr. 1e og 2e, skyld 1 sk. 1886 skyld 1 øre.


1906 var Olav Andersson eigar, han åtte og bnr. 2 og 13.


1917 skifteskøyte i buet etter Olav Andersson og attlevande kona til sonen Olav Olsson på bnr. 2, 5 og 13 for kr. 3.000,- og kår til enkja Hanna Halsteinsdtr.


1935 skøyte til Stamnes Handelslag for kr. 9.000,- og kår til Anna Halsteinsdtr. Stamnes Handelslag eig også bnr. 28, 39, 83 og 84. Sjå bnr. 28.


BRUK 6.

Skilt frå bnr. 1 1888, skyld 2 øre.

1888 skøyte til 0. K. Dyvik for kr. 500,- Før salet vart det sett opp kjøpekontrakt tinglyst 1889 med rett for Anders H. Stamnes til fri tuft for sjøbu, naust og hus i hans levetid. Plasset Stamnesleiro og bnr. 3 har hamnerett etter skyldskifte. Om seinare overdragingar, sjå under bnr. 2.


BRUK 7.

Daglegnamn Bessane el. Bessestovo. L.nr. 3 i Vatsværn tinglag. Gamal landskyld 1 p. 22 1/4 m. smør. 1838: 2 dl. 1 ort, 21 sk. 1853: 2 ort 2 sk. 1886: 3,05 skm. 1956: 1.72 skm. 1863: 7 2/3 mål åker, av det var 4 1/2 mål god, 1 1/2 mål middels, 1 1/2 mål ring. 46 1/2 mål bø. 7 1/2 mål var god, 9 mål middels, resten ring. 2-3 mål dyrkingsjord. Sånad 5 t. havre, 4 t. poteter. Avling 20 t. havre, 20 t. poteter, 936 våger høy, 140 v. halm, 90 v. høy i slåttene. Fødnad 1 hest, 9 kyr, 32 småfe. I tillegg til dette kjem fødnad og avling på plasset Hagen. Kan selja ved for 9 spd. netto kvart år, og har skog nok til ved, hustømmer og vedlikehald. Lyng til 1 kufor. Skinlendt, vanleg godt dyrka. 1865: folketal 8, sånad 5 t. havre, 4 t. poteter, fødnad 1 hest, 12 storfe, 33 sauer, 9 geiter, 1 gris. 1875: Sånad 1/4 t. blandkorn, 1/16 t. kveite, 6 t. havre, 7 t. poteter. Fødnad 1 hest, 8 kyr, 2 ungfe, 33 sauer, 6 geiter, 1 gris. 1959: 40 mål innmark, 2 kyr, 3 ungfe, 13 sauer.


1743 vart Lars Nilsson Øyo d. 1750 (truleg frå Bergsdalen) g.m. Kari Olsdtr. Stamnes f. 1717 d. 1792. Dei var brukarfolk her.

Lars og Kari hadde desse born:

Anna f. 1743 d. før 1751.
Sjur f. 1744 d. 1745.
Sjur f. 1746 g. 1792 m. Anna Tørresdtr. Ytre-Bernes.
Kari f. 1748 d. 1751.
Eli f. 1749 g.m. Anders B. Sæterdal, brukar her.


1751 vart Sjur Knutsson Simenes g.m. enkja Kari Olsdtr. 1765 fekk han skøyte på 22 1/2 m. smør med bygsel, og overbygsel til andre 18 m. smør prestebolsgods i Stamnes, for 125 rdl.

Sjur f. 1716 d. 1794 og Kari hadde 2 søner: Lars f. og d. 1753. Lars f. 1754 d. 1769.


1778 skøyte til Anders Besseson Sæterdal på 22 1/2 m. smør og med bygselrett til 18 m. smør prestebolsgods for 150 rdl. og kår til seljaren Sjur Knutsson og kona. Anders f. 1740 d. 1803 var g.m. Eli Larsdtr. Stamnes bnr. 7 f. 1749 d. 1833.

Dei hadde sonen:

Besse f. 1780, brukar her.

Ved skiftet etter Sjur Knutsson 1795 var midlane i buet 18 rdl. 5 ort, frådraget var like stort, så det vart ikkje noko å dela for ervingane som var hans sysken og halvsysken.


1799 skøyte til Besse Andersson på 22 1/2 m. smør med overbygsel til 18 m. smør prestebolsgods for 140 rdl. 1804 vart tinglyst vilkårsbrev til mora, Eli Larsdtr. Besse f. 1780 d. 1859 var medhjelpar for presten i Stamnes. Han vart g. 1809 m. enkja Guri Olsdtr. Vik bnr. 1 f. 1787.

Born:

Eli f. 1811 g.m. Hallstein Olsson Stamnesleiro bnr. 1.
Marie f. 1814.
Ingebrigt f. 1816, brukar her.
Anders f. 1819. Sjå bnr. 21.
Marie f. 1821 g.m. Johannes Straume bnr. 1.
Kari f. og d. 1825.
Kari f. 1826. Sjå Straume, plasset Spraketeigen.


1843 skøyte til Ingebrigt Besseson for 200 spd. og kår. Ingebrigt f. 1816 d. 1874 var g.m. Anna Jonsdtr. Straume bnr. 1 f. 1819 d. 1905.

Born:

Besse f. 1846, brukar her.
Jon f. 1852. Sjå bnr. 8.
Guri f. og d. 1856.

Ingebrigt var med i heradstyret, formannskapet, skulestyret og overlikningskommisjonen i Bruvik.


1879 skøyte til Besse Ingebrigtson for kr. 1400,- og kår verdsett til kr. 600,-. I salet fylgde ikkje med eit 2 høgders bustadhus som stod på bruket. Besse f. 1846 d. 1913 var g.m. Marie Knutsdtr. Hesjedal bnr. 3 f. 1847 d. 1902. Besse åtte ei sag i Markånæ på Dalseid. Denne saga selde han 1881 til Johannes Stamnes bnr. 9.

Born:

Ingebrigt f. 1870. B. i U.S.A.
Knut f. 1872.
Besse f. 1873, brukar her.
Anna f. 1875.
Jon f. 1876. Sjå Kvåstad bnr. 2.
Andreas f. 1879. Sjå bnr. 25.


1913 skøyte til Besse Besseson for kr. 3.000,- og kår. Besse f. 1873 var g.m. Maria Olsdtr. Stamnesleiro bnr. 1 f. 1877 d. 1917.

Born:

Besse f. 1900 g.m. Amanda Fløysand. B. i U.S.A.
Marie f. 1902 g.m. Hans Berglund. B. i Vadheim.
Margit f. 1903 g.m. Sigurd Jakobson Sandal.
Inga Andrea f. 1906 g.m. Ivar Olson Solheim.
Ella f. 1907 d. 1920.
Olav f. 1909 d. 1918.
Ragna f. 1912 g.m. Magnus Hisdal. B. i Bergen.
Magnhild f. 1915 d. 1916.
Magnhild f. 19** g.m. Ingolf Gammersvik, brukar her.


1953 skøyte til Magnhild Gammersvik og mannen Ingolf Gammersvik for kr. 15.000,- og kår. Ingolf f. 1913 og Magnhild f. 19**.

Born:

Ågot f. 19**.
Bjørg f. 19**.
Ingebrigt f. 19**.


BRUK 8. HAGEN.

Her var frå fyrst av plass under bnr. 7. 1863 hadde plasset 1 1/2 mål medels åker og 1/3 mål ring. Bøen var 4 1/2 mål, 1 mål var god, 1 1/3 mål medels og 2 mål ring. Sånaden 3/4 t. havre, 1 t. poteter, avling 2 t. havre, 5 . poteter. Fødnad 1 ku, 3 sauer. Det vart ikkje svara bygselpengar, men det var 6 dagar pliktarbeid. Skilt frå bnr. 7 1879 og fekk då l.nr. 3b. Skyld urevidert 1 ort 11 sk. revidert 1 ort 12 sk. 1886: 0,44 skm. 1956: 0,41 skm. 1959: 18 mål innmark, fødnad 3 kyr, 1 ungdyr, 3 sauer, 1 gris, 5 høns.


1879 skøyte til Jon Ingebrigtsson for kr. 200,- med rett til hamnegang for krøtera i utmarka åt hovudbruket. Jon f. 1852 på bnr. 7 var g.m. Anna Nilsdtr. Dalseid bnr. 1 f. 1854. Dei hadde bruket ei tid, og tok til å setja opp hus, men selde 1882 og emigrerte til U.S.A.

Born:

Ingebrigt f. 1876.
Anna f. 1876 d. 1881.
Nils f. 1878 d. 1881.
Anna f. og d. 1881.


1882 skøyte til Nils Eirikson Myster for kr. 2.850,-. Nils var f. på Myster bnr. 3 1854 d. 1936. Han hadde gått i smedlære på Tysse i Osterfjorden og arbeidde ei tid som smed på Vossebana. Han dreiv som smed etter at han kom hit og arbeidde m.a. stikkertar til skjeljagraving. Desse reidskapane forbetra han mykje. Han var kyrkjeverje i Stamnes, med i skulestyret og heradstyret. Nils var g.m. Ragnhild Knutsdtr. Hesjedal bnr. 3 f. 1855 d. 1894.

Born:

Gjertrud f. 1883. B. her.
Eirik f. 1884. Fiskar. B. her.
Knut f. 1885. Farmar, U.S.A.
Ragnhild f. 1887 g.m. mylnearb. Bertin Andersson Hagen, Stamnes bnr. 12, busett Boge.
Johannes f. 1890. Snikkar. B. Myster bnr. 20.
Ragnvald f. 1894, brukar her.


1923 skøyte til Ragnvald Nilsson for kr. 2000,- og kår til Nils Eirikson og til Eirik Nilsson. Ragnvald f. 1894 er fiskar, småbrukar og vegarbeidar, g.m. Magdeli Davidsdtr. Bukkstein bnr. 2 f. 1896.

Born:

Gunnar f. 19**. Fartyførar, b. her, g.m. Ruth Olsdtr. Vik, Straume bnr. 14 f. 19**.
Ruth f. 19** g.m. maskinsjef Trygve Mostraum f. 19**. Busett her.

Ragnvald er mykje nytta som religiøs talar. Han har gjort teneste mange år som medhjelpar og ei tid som klokkar i Stamneskyrkja. Han var mange år formann i Stamnes sokneråd, med i heradstyret og har hatt andre tillitsyrke.


BRUK 9. FETA.

Skilt frå bnr. 7 1881 med l.nr. 3c. Skyld 8 sk. 1886: 0,10 skm. 1956: 0,10 skm. Bruket ligg på sørsida av innlaupet til Bolstadfjorden og låg, då det var frådelt, i 2 teigar. Med i salet fylgde beiterett til dei krøtera som kunne vinterfødast på bruket.


1881 skøyte til Johannes Andersson for kr. 1000,-. Johannes var f. i Hesjedal på Osterøy bnr. 2 1831 d. 1897 g. 1862 m. Kari Olsdtr. Fylingslid f. 1840 d. 1910. Dei budde fyrst i Fylingslid, men 1868 fekk dei bygsla ein teig i Stamnesfet som låg under bnr. 10. Festekontrakta på plasset i Stamnesfet er skriven 17/1-1868 medan Knut Larsson var brukar på bnr. 10 og lyder slik:

«Jeg undertegnede Knud Larsen Stamnæs har bortbygslet et jordstykke som kaldes for Stamnesfeden og tillige med den eiendel som tilhører mig fra eiet eller Fetohanbrækkene og tillige med havnegang for de kreaturer som fødes af pladset, paa han og hans kones livstid. Uden undtagelse af konen for ikke at tage nogen anden mand paa pladset, til Johannes Andersen Hesjedal og Kari Olsdatter Fyllingslid, og jeg Johannes Hesjedal skal betale i bygsel 65 Spdlr. skriver 65 Speciedaler og jeg forpligter mig i aareudgift at svare 12 arbeidsdage efter forlangende og af bygselsummen skal jeg betale i dag 10 daler og 40 daler skal jeg betale om 3 uger. Betalt 40 Speciedaler og resten den 15 daler forpligter jeg mig at betale til førstkommende St. Hansdag. Udbetalt efter dato 15 Speciedaler.

Til vitterlighed

B. J. Stamnes. Anders Hansen Stamnes.
Dette bekræftes af min haand
Knud Larsen Stamnæs


Til vitterlighed:

Ole J. Kvamme. Nils J. J. Kvamme. - Hvilke af partene forbryder skal betale 5 Speciedaler i forlig.»


1875 fødde dei 1 ku, 9 sauer, 6 geiter, og sånaden var 1/4 t. havre og 1 t. poteter. Johannes var steinhoggar. 1881 kjøpte han eit sagbruk av Besse Ingebrigtsson på bnr. 7.

Born:

Ingeborg f. 1862. Sjå husfolk.
Brita f. 1864 g.m. Nils Jakobsson Ekse, sjå Ekse bnr. 2..
Anders f. 1865, brukar her.
Oline f. 1867 g.m. kjøpmann Paul Johnsen Fløholm, Bergen.
Kari f. 1869 g. 1. g. m. Lars Gammersvik.
Johan f. 1871 d. 1874.
Johan f. 1874. B. i U.S.A.
Mons f. 1875. Farmar i U.S.A.
Karl Johan f. 1877. Sjømann. B. i U.S.A.
Brita f. 1880, busett U.S.A., g.m. tysk farmar.


Anders Johannesson f. 1865 d. 1956 var neste brukar her. Han var steinarbeidar og anleggsarbeidar g.m. Ingeborg Knutsdtr. Vik bnr. 3 f. 1863 d. 1952.

Born:

Johannes f. 1893, brukar her.
Knut f. 1895 g.m. Anna Nilsdtr. Kleiveland. Sjå bnr. 86.
Bernhard f. 1897. Sjå bnr. 35.
Haldor f. 1899. Sjå bnr. 44.
Karl f. 1904 d. 1954. Sjå bnr. 44.


1935 skøyte til Johannes Andersson for kr. 2000,-. Ved sida av bruket har han drive fiske og sandføring. Johannes f. 1893 er g.m. Malene Johannesdtr. Vedå bnr. 4 f. 1890.

Born:

Anders f. 1927. Fartyførar. D. 1960 då fartyet «Kveldsol» som høyrde heime her, forliste utanfor Krossneset sør for Bergen.
Jenny f. 19** g.m. motormann og sjåfør Odd Andreas Berntsen.

Dei har borna:

Jon Magne f. 19**.
Aud Marit f. 19**.
Rune f. 19**.
Ove Einar f. 19**.
Allis f. 19**.
Tone Venke f. 19**.

Johannes og broren Knut åtte også jakta «Kristine», som dei kjøpte kring 1913 og selde om lag 1918 til Nordland.

Ved Stamnesfet var det i åra 1930-1960 eit godt lakseplass med sitjenot. I det siste har fisket minka mykje her.

Johannes Stamnesfet konstruerte og bygde eit stamfiskbasseng på sin eigedom i 1960. Bassenget høyrer til Voss fiskeristyre.


BRUK 10.

Daglegnamn Velomsparten, seinare Monsane. L.nr. 4 i Vatsværn tinglag. Gamal landskyld 1 p. 6 1/2 m. smør. 1838: 2 dl. 16 sk. 1875 (då bnr. 13 var skilt frå) 3 ort 19 sk. 1886: 1,04 skm. 1956: 1,02 skm. 1863: 8 mål åker. 3 mål var god åker, 4 mål middels, i mål ring. 21 1/2 mål bø. 8 mål var god bø, 7 mål middels, resten ring. 1-2 mål dyrkingsjord. Sånad 4 t. havre, 3 t. poteter. Avling 16 t. havre, 16 t. poteter («formentlig mere»), 591 v. høy, 112 v. halm. 10 v. høy i slåttene. Fødnad: 6 kyr, 3 ungfe, 24 småfe. Lyng til 1 kufor. Skog nok til ved og hustømmer, men ikkje til sal. Lettbrukt, vanleg godt dyrka. 1875: Folketal 11. Sånad 4 1/2 t. havre, 3 t. poteter. Fødnad 11 storfe, 14 sauer, 8 geiter. 1959: 21 mål innmark, fødnad 1 ku, 5 sauer.


1694 vart Mikkjel Andersson g.m. Abelone Henningsdtr. Mellesdal. Abelone og dottera Synneva døydde 1694. Mikkjel g. 2. g. 1696 m. Marta Nilsdtr. Vaksdal d. 1739. Mikkjel f. 1659 d. 1739 er nemnd som brukar frå 1701-1718.

Born:

Anders f. 1698 d. 1700.
Anders f. 1701. Brukar her.


1724 vart Anders Mikkjelsson g.m. Anna Andersdtr. Dale, bnr. 8 f. 1700. Dei var brukarfolk her til Anders døydde 1726.

Dei hadde borna:

Anna f. 1725.
Anders f. 1727, g. 1759 m. Marta Johannesdtr. Mo.


1727 vart Knut Gulleikson Øyo g.m. enkja Anna Andersdtr. Dei fekk bygsla bruket som Anna sin fyrste mann, Anders Mikkjelsson, hadde hatt, og Knut var brukar her til han døydde 1738.


1739 vart Anna g. 3. g. m. Magne Knutsson Straume. Magne døydde alt 1740. Han vart funnen drukna i sjøen i nærleiken av kvernhuset på Straume. Det vart sett i gang etterrøkjing, men dei kom til at det måtte vera ei hendeleg ulukke. Magne skulle mala korn på Straume, og medan han var i kvernhuset må båten ha glide frå land. Medan han streva med å få tak i båten må han ha falle i sjøen.

Anna og Magne hadde ein son:

Knut f. 1739. Sjå bnr. 11.


1741 vart Jens Nilsson Kallvik g.m. Anna Andersdtr. Stamnes. Dette kan vera enkja etter Magne Knutsson. Dei var truleg brukarar her. Jens f. 1710 d. 1759 og Anna d. 1746 hadde ikkje born.

Jens g. 2. g. 1748 m. Gjertrud Haldorsdtr. Kalland f. 1714 d. 1759. Dei var også barnlause. Det vart halde skifte etter Jens 1759. Dokumentet som ikkje er tinglese finst i Grøsvik bnr. 4. Nettosummen i buet var 21 rdl. 6 sk. som mora og syskena hans ervde.

1760 bygsla Johannes Johannesson Dale og kona Brita Eiriksdtr. Fokstad 1733-.

Born:

Anna f. 1761 g.m. neste brukar.
Jon f. 1762 g.m. Synneva Monsdtr. Furnes bnr. 2. Skulehaldar på Stamnes frå 1785, seinare paktar på Indre Bruvik bnr. 1.
Ingeborg f. 1763.
Sigrid f. 1767.
Synneva f. 1771 g.m. Anders J. Kvåstad, sjå Kvåstad Stølane.
Marta f. 1775.

Brita døydde 1777 46 år gamal, og Johannes vart g. 2. g. 1779 m.. enkja Synneva Knutsdtr. Bjørndalen (truleg frå Evanger.) Johannes døydde før 1786.


1786 bygsla Johannes Johannesson Hesjedal bruket etter verfaren. Kårbrev til vermora Synneva Knutsdtr. vart tinglyst samstundes med bygselbrevet. Johannes f. på bnr. 1 i Hesjedal 1757 d. 1792 vart g. 1785 m. Anna Johannesdtr. Stamnes bnr. 10 f. 1761.

Born:

Johannes f. 1785.
Brita f. 1789 g.m. Olav Einarson Dale bnr. 14, b. på Nordre Veset, Haus.
Johannes f. og d. 1790.


1793 vart Nils Monsson Øyo g.m. enkja Anna Johannesdtr. Same året fekk han bygsla bruket som ho og fyrste mannen hadde drive. Nils Øyo bnr. 2 f. 1768 d. 1848 og Anna f. 1761 d. 1827.

Born:

Johannes f. 1794.
Brita f. 1797 g.m. Mons H. Øyo, sjå Øyo bnr. 2.
Mons f. 1797 d. 1824 ved drukningsulukke.


1813 bygsla Velom Velomsson dette bruket hjå broren Anders Velomsson Haugen, som hadde fått skøyte på det hjå faren året før. (Sjå Eigarsoga.) Velom skulle overta bruket når den førre brukaren, Nils Monsson, var viljug til å gje det frå seg.


1828 overtok Velom bruket, og Nils Monsson fekk kår. Han budde seinare i ei lita stove som stod på dette bruket, og leigeavgifta var 12 sk. årleg. Når Nils var død, skulle etterkomarane hans straks flytta stova. Velom f. 1789 d. 1853 og kona Guri Larsdtr. f. 1790 d. 1864.

Born:

Borgny f. 1814 d. ug. 1888.
Seselie f. 1817 g.m. Johannes B. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 3.
Velom f. 1819 d. 1850 ved drukningsulukke.
Guri f. 1823 d. 1866.
Lars f. 1826, brukar her.
Nils f. 1828. Sjå husfolk.
Anders f. 1831. Brukar på Verpelstad bnr. 2.


1853 bygsla Lars Velomsson f. 1826 d. 1863. Mora og systera Guri fekk kår. Lars var g.m. Guro Andersdtr. Frøland f. 1834 d. 1871. 1862 fekk ho skøyte hjå far sin på dette bruket for 420 spd.

Born:

Velom f. 1857 d. 1933, bakar på Tysse i Samnanger, seinare industriarbeidar i Odda. G.m. Marta Andersdtr. Fylingslid bnr. 3, f. 1855.
Guri f. og d. 1860.
Agathe Gurine f. 1861 d. 1863.

Guro Andersdtr. g. 2. g. m. Knut Larsson Bolstad, son åt strandsitjar Lars Andersson Bolstad.

Born:

Lars f. 1869.


1871 skøyte til Knut Larsson i skiftet etter kona Guro Andersdtr. Taksten på bruket var 425 spd. Lars g. 2. g. m. Anna Jensdtr. Rivenes, Haus, f. 1837. Dei selde bruket og busette seg på Voss.

Born:

Jens f. 1873.


1875 skøyte til Mons Monsson Vik frå Knut Larsson for 762 spd. 60 sk. Mons Vik bnr. 1 f. 1839 d. 1915 var g.m. Ingeborg Jonsdtr. Eide f. 1846 i Grøsvik bnr. 1. Ho var enkje etter Ivar Larsson Eide bnr. 3.

Dei hadde dottera:

Ingeborg f. 1868 g.m. Ola Jonsson Straume, sjå Straume bnr. 5.

Mons og Ingeborg hadde desse born:

Ivar. B. i U.S.A. g. 1897 m. Inga Olsdtr. Lien. 8 born. Hennar foreldre emigrerte frå Hallingdal.
Martin f. 1876, brukar her.
Guri f. 1879 g.m. Ole O. Stamnes bnr. 2.
Jon f. 1882. B. i U.S.A.
Mons f. 1884 d. 1899.
Inga f. 1888 g.m. Knut O. Stamnes bnr. 58.

Mons var den fyrste i Stamnessokna som fiska laks med kilenot. Han var kyrkjeverje i Stamnes og var med i fatigkommisjonen.


1916 skifteskøyte til Martin Monsson for kr. 2000,- og kår til enkja Ingeborg Jonsdtr. Martin f. 1876 d. 1946 var g.m. Nilsina Maria Isdal f. 1877 d. 1947, dotter åt gardbr. Nils Isdal og kona Inga, Isdalstø. Martin vart mykje nytta i offentleg styre og stell. Han var med i heradstyre og formannskap, i forstandarskap og tilsynsnemnd for Bruvik Sparebank, og elles ei rekkje offentlege nemnder og utval. Han var styrar for Stamnes folkeboksamling.

Born:

Aslaug f. 1905 g.m. gardbr. Arne Bergo, Hylkje i Åsane.
Ingeborg f. 1909 g.m. Egil Aasvang, Straume, sjå Straume bnr. 20.
Ingrid f. 19** g.m. verkstadformann Sigurd Mo, Ålvik.
Monrad f. 19**. Tollar i Oslo, g.m. Solveig Høviskeland.
Mons f. 19**, brukar her.


1947 skøyte til Mons Martinsson for kr. 4000,-. Han var g.m. Kari Almås f. 1914, dotter åt gardbr. Bertil Almås, Hylkje i Åsane og kona Brita f. Tuft.

Born:

Bjørn Martin f. 19**.


BRUK 11.

Daglegnamn Berget el. Stamneshagen. Skilt frå bnr. 10 1862 og fekk då l.nr. 4b. Gamal skyld 5 1/12 m. smør. Ny skyld 1 ort, 19 sk. 1886: 0,31 skm.

Her var frå gamalt eit husmannsplass. I Herredsbeskrivelsen 1863 finn me dette: Bruket hadde 1 mål god åker, 1 mål medels og 1 mål ring. Bøen var 1/2 mål god, 3 1/2 mål medels og 12 mål ring. Sånaden var 2 t. havre, 1 t. poteter, avling 7 t. havre, 5 t. poteter, 220 v. høy, 49 v. halm, 20 v. høy frå slåttene. Fødnad 2 kyr, 1 ungfe, 8 sauer. Der var ikkje dyrkingsjord eller hamnegang, men skog til litt brensel. Der var ikkje tømmerskog eller annan herlegdom. Bruket var litt skinlendt, det var lettbrukt og vanleg godt dyrka. 1875: 1 ku, 1 ungfe, 9 sauer, 5 geiter. Sånad 2 t. havre, 2 t. poteter. 1959: 10 mål innmark, fødnad 8 sauer.


Knut Magneson Stamnes f. 1739 d. 1801 var det som rydde dette plasset. Han var lærar og var g.m. Ingeborg Haldorsdtr. Eikefet f. 1734 d. 1808.


1775 vart det opplyst at Knut hadde rudt eit plass på garden Stamnes, og i tingboka 1780 finn me dette: «Knut Magnesen Stamnes Husmand af Hougs Prestegield for Aaret 1779 opbygte Fæe- og Faarehuus af Steen - 16 Alen langt, 5 Alen bredt - forsvarlig høye og tykke (Mure) samt optaget 550 Alen Veyter gives et Premium af 15 Rd.»

Born:

Haldor f. og d. 1765.
Anna f. 1771.
Anna f. 1772 g.m. neste brukar.
Kari f. 1775.

Den munnlege tradisjonen på bnr. 11 fortel at Knut, som tok opp plasset her i Stamneshagen, var tå Velomsparten (bnr. 10). Han skulle vera eldste sonen i fyrste ekteskapet. Far til Knut laut lova eldste sonen i sitt andre ekteskap odelsretten til bruket på Stamnes, og då ordna han det slik at Knut fekk bygsel i Berget. Såleis kom Knut hit, seiest det, og slekta har butt her sidan. Knut skulle ha to sysken, den eine skulle vera vektar i Bergen, og han laga eit skrin som han gav til Knut. Dette skrinet finst på bruket framleis. Eit vers er skore inn på skrinet, og ved sida er det skore inn ein hellebard. På framsida finn me bokstavane HKSS. Han som vart vektar skulle heita Haldor.

Dette er ikkje i samsvar med dei opplysningane kjeldene gjev. Knut var einaste barn i det 3. ekteskapet til mora (sjå fremst i brukarsoga til bnr. 10). Bokstavane HKSS tyder på at far til han som åtte skrinet, hadde døypenamn som tok til med K (kanhenda Knut), medan far til Knut Stamneshagen heitte Magne. Då Knut var 21 år, kom der nye bygselfolk til bnr. 10. Dei var truleg ikkje i slekt med Knut, men sidan han hadde så nær tilknyting til bruket, kan dette vera grunnen til at han fekk rett til å slå seg ned på Berget og rydja seg eit bruk der.


1798 bygsla Mons Larsson Gammersvik dette plasset. Mons f. 1768 d. 1825 var g.m. Anna Knutsdtr. f. her 1772.

Ho gifte seg 2. g. m. Lars O. Grøsvik bnr. 1 og flytte dit.

Born:

Kari f. 1798. B. i Hosanger 1828.
Lars f. og d. 1799.
Lars f. 1800, brukar her.

.Knut f. 1803 d. 1824 då han gjekk gjennom isen og drukna.

Kari f. 1805.
Ingeborg f. 1809.
Gunhild f. 1813 g.m. Nils Knutsson Vik, St. bnr. 3. B. på Vikesund, Hosanger.
Ingeborg f. og d. 1818.


1824 bygsla Lars Monsson og same året vart det tinglyst vilkårsbrev til foreldra. Lars f. 1800 d. 1862 var g.m. Marta Simonsdtr. Toskedal bnr. 1 f. 1798.

Born:

Marta f. 1826.
Anna, f. 1827. Bygsla dette plasset 1858.
Brita f. 1828 d. 1829.
Brita f. 1830 g.m. Bertil N. Verpelstad, sjå Verpelstad bnr. 2.
Knut f. 1831 d. 1832.
Simon f. 1832 d. 1837.
Kari f. 1833.
Knut f. 1836, brukar her.
Simon f. 1837.
Marie f. 1838.
Marta f. 1844.


1857 bygsla Knut Larsson og gav kår til foreldra. Han døydde alt året etter, og systera fekk bygsla plasset etter han.


1858 bygsla Anna Larsdtr. f. 1827 d. 1908 g. 1862 m. Olav Johannesson Veo bnr. 2 f. 1835 d. 1920.


1869 fekk dei skøyte for 100 spd. og kår til Marta Simonsdtr.

Born:

Lars f. 1864, brukar her.
Johannes f. 1866. Bygsla pl. Langeneset under Kalland.


1893 skøyte til Lars Olsson for kr. 600,- og kår til foreldra. Lars f. 1864 d. 1950 var g.m. Brita Knutsdtr. Simenes f. 1868 d. 1936.

Born:

Marta f. 1893 g.m. farmar Brynjulf Johnsen frå Setesdal, b. i U.S.A.
Anna f. 1894 g.m. Ole J. Bukkstein, sjå Bukkstein bnr. 1.
Oline f. 1896 g.m. Ingvald Kallestad, sjå Kallestad bnr. 12.
Klara f. 1898. B. Skjold i Fana.
Marie f. 1900. Sjå bnr. 31.
Johannes f. 1904, brukar her.
Ragnvald f. 1906 d. 1908.
Harald f. 1908 g.m. Ingeborg Johanne Bukkstein bnr. 1 f. 1901.
Ragna f. 1911 d. 1920.


1937 skøyte til Johannes Larsson for kr. 1300,- og kår til faren. Johannes f. 1904 er fiskar og småbrukar.


BRUK 12. NORDRE HAGEN.

Skilt frå bnr. 10 1862 med l.nr. 4c. Gamal skyld 3 13/16 merker smør. Ny skyld 1 ort 8 sk. 1886: 0,41 skm. 1956: 0,39 skm. 1863 hadde bruket 1 1/3 mål medels åker, 1 1/2 mål ring. Der var 1 1/2 mål medels eng og 13 2/3 mål ring. Sånaden var 1 1/2 t. havre, 2 1/2 t. poteter, avling 3 t. havre, 12 t. poteter, 162 v. høy, 21 v. halm, 10 v. høy i slåttene. Fødnaden var 2 kyr, 6 sauer. Der var ikkje dyrkingsjord, men beite som var litt knapt. Bruket hadde skog til litt brensel, men ikkje tømmerskog. Bruket var lettbrukt og vanleg godt dyrka. 1865: Fødnad 2 kyr, 9 sauer, 1 geit, 1 gris. Sånad 1/2 t. havre, 1 t. poteter. 1875: Fødnad 2 kyr, 1 ungfe, 10 sauer, 7 geiter, 1 gris. Sånad 1/2 t. havre og 6 t. poteter. 1959: 27,5 mål innmark. Fødnad 2 kyr, 2 ungfe.


1862 skøyte til Ingebrigt Johannesson Kallvik for 160 spd. Ingebrigt f. 1826 på plasset Geitevik under Kallvik d. 1896 var g.m. Brita Andersdtr. Kalland f. 1826 d. 1885. Dei hadde vore husfolk i Kallvik før dei kom hit. Ingebrigt dreiv som jekteførar, og han var ein av dei fyrste her som hadde skøyte med dekk til sandføring.


Born:

Brita f. 1849. B. i U.S.A.
Ingeborg f. 1850 g.m. Olav E. Mellesdal, sjå Mellesdal bnr. 1.
Johannes f. 1852. Sjå husfolk.
Anders f. 1854, brukar her.
Brita f. 1856 g.m. Askjell A. Brekke, sjå Ytre Arna s. 54.
Maria f. 1859 g.m. Johannes Ås. Sjå bnr. 23.
Inga f. 1861.
Nils f. 1862. B. i U.S.A.
Inga f. 1864. Sjå plasset Ulevik nedanfor.
Olav f. 1866. Farmar i U.S.A.


1891 skøyte til Anders Ingebrigtson for kr. 2000,- og kår. Anders f. 1854 d. 1938 var g. 1881 m. Kari Johannesdtr. Stamnesleiro (sjå Vik, St., plasset Vikahagen) f. 1858 d. 1937. Anders dreiv som fehandlar.

Born:

Ingebrigt f. 1882. Sjå bnr. 56.
Anna f. 1883 g. 1905 m. mylnearb. Johan Johannesson Boge, Vaksdal, f. 1879.
Bertin f. 1885 g.m. Ragnhild Nilsdtr. Stamnes bnr. 8. B. på Boge.
Ingeborg f. 1887 d. 1888.
Ingeborg f. 1889 d. 1949.
Brita f. 1891 d. 1918. Hadde m. Mons Magneson Hesjedal (bnr. 3) dottera Jenny Alvhilda f. 1914, g.m. gardbr. Nils Nese, Eksingedalen.
Johannes f. 1894, brukar her.
Karoline f. 1896 g.m. vegarb. Knut Neset, Flatekvål, Eksingedalen.
Andreas f. 1899 d. 1918,
Bergitta f. 1902 g.m. Johannes N. Toskedal. Sjå Stamnes bnr. 69.


1931 skøyte til Johannes Andersson for kr. 4000,-. Han var ei tid i Canada. Johannes er fartyeigar og småbrukar f. 1894 g.m. Jenny Nilsdtr. Toskheller f. 1902.

Born:

Johan f. 19**. Sjå nedanfor.
Agnes f. 1923 d. 1946.
Milly f. 19** g.m. smed Bjarne Laupsa, Øystese.
Norma Irene f. 19**, g.m. Håkon Eide, busett Leirvik, Stord.
Johan Johannesson f. 19** er g.m. Solfrid Ingebrigtsdtr., Eikefet bnr. 1 f. 19**.

Born:

Bente Helen f. 19**.
Henning f. 19**.


BRUK 13, BROTET.

Skilt frå bnr. 10 1875 og fekk l.nr. 4d og skyld 3 ort 18 sk. 1886: 1,04 skm. 1956: 1,02 skm.

1875 skøyte til Olav Hansson Dyvik for 762 spd. 60 sk. Han åtte også bnr. 2. Om seinare overdragingar, sjå under bnr. 2.


BRUK 14, SVARTEBERGET.

Skilt frå bnr. 11 1879 og fekk l.nr. 4e og skyld 1 sk. 1886: skyld 1 øre.

1879 skøyte til Johannes Monsson Eikefet for kr. 400,-. Han åtte også Kalland bnr. 2. Desse to bruka har sidan vore drivne i lag og har skift eigar samstundes. Sjå Kalland bnr. 2.


BRUK 15.

Skyld 0,10 skm. Skilt frå bnr. 1 1897 og selt til Ole Knutsson Dyvik. Han åtte også bnr. 4 og 6. Sjå ovanfor under bnr. 4.


BRUK 16, SKULETOMT.

Skyld 3 øre, skilt frå bnr. 8 1899 og selt til Bruvik kommune. Det vart bygt skulehus på denne staden kring 1870. 1923 kjøpte Stamnes Indremisjon skulehuset og nytta det til bedehus. Huset vart seinare selt til bortflytting.

1923 skøyte til Ragnvald Nilsson Hagen for kr. 3000,-. Han eig også bnr. 8.


BRUK 17. STAMNESFET.

Skyld 0,41 skm. Skilt frå bnr. 1 1903 og selt til Olav Johannesson bnr. 1 f. 1878.

1951 skøyte til Johannes Ivarson Ytre-Arne for kr. 4000,-. Sjå nedanfor under bnr. 19.


BRUK 18, NORDRE HAGEN.

Skilt frå bnr. 1 1903 med skyld 0,26 skm.


1903 skøyte til Jon Simonson Bindingbø f. 1876 g. 1896 m. Anna Johannesdtr. Stamnes bnr. 1 f. 1875. 1906 fekk dei skøyte på Kallvik bnr. 1 og flytte dit. Sjå Kalland bnr. 1.


Knut Askjelsson Simenes fekk så leiga stykket ein del år attåt plasset som er nemnt nedanfor. Han var skulemeister og klokkar f. 1843 d. 1917 g. 1. m. Marta Johannesdtr. Kvåstad bnr. 2 f. 1840 på plasset Gjelet under Elvik d. 1895.


1869 fekk dei festesetel på plasset Stamneshagen under bnr. 1. 1875 fødde dei 3 kyr, 10 sauer, 6 geiter, og sånaden var 1/2 t. havre og 2 t. poteter.

Born:

Askjell f. 1866 d. 1880.
Brita f. 1867 g.m. Haldor K. Vik bnr. 3.
Askjell f. 1869 d. som spebarn.
Johannes Andreas f. 1872. Møbelsnikkar i København.
Jakob f. 1874. Farmar og jernbanearb. i U.S.A.
Askjell f. 1881 d. 1895.
Kari f. 1884 g.m. Anders Bjørkheim, Kalland bnr. 4.

Knut A. Simenes vart g. 2. g. 1899 m. Anna Nilsdtr. Kvamme bnr. 2 f. 1854.

Knut Askjelsson Simenes var med i forstandarskapet for Bruvik Sparebank, i styret for Bruvik folkeboksamling der han var formann for Stamnes sokn, var med i likningsnemnda og overlikningsnemnda, i fatigstyret og i fatiglikningskommisjonen og var med i verjerådet. Han var ofte nytta i bygda som religiøs talar og fråhaldstalar.


1936 skøyte til Bruvik herad på dette bruket og Kallvik bnr. 1 for kr. 6.300,-.


1936 flytte Johannes Jonsson Kalvik bnr. 1 hit og busette seg med huslyden sin. Johannes f. 1898 er tekstilarb. g.m. Magnhild Flatekval f. 1904.

Born:

Olav f. 19**. Tekstilarb. g.m. Edith Toskhelder.
Anny f. 19** g.m. steinarb. Oddmund Nese.
Alf f. 19**. Tekstilarb. g.m. Solveig Engjom (sjå bnr. 94).
Sigmund f. 19**. Møbelsnikkar, Haukeland g.m. Aud Hartveit.
Sylvi f. 19**.


BRUK 19 og 20, KYRKJEHAUGEN.

Skyld 4 øre og 5 øre, skilde frå bnr. 1 1903.


1903 skøyte til Marta Johannesdtr. og Ivar Johannesson Ytre Arne. Ivar f. 1862 d. 1930 var son åt Johannes Monsson Stamnes bnr. 1 f. 1841 og kona Anna Larsdtr. Eide bnr. 3 f. 1842. Dei var ei tid husfolk på Eide, men busette seg seinare i Ytre Arna. Ivar var skomakar og sette seg opp hus på dette bruket. Han var g.m. Marta Johannesdtr. Stamnes bnr. 1 f. 1864. 1916 fekk dei også kjøpa bnr. 26 Spelerinden.

Born:

Johannes f. 1892. B. her.
Mons f. 1898.
Anna f. 1899.
Ida Marie f. 1902.
Ingeborg f. 1904. Sjå bnr. 41.


1937 skøyte til Johannes Ivarson Ytre Arne på bnr. 19, 20 og 26 for kr. 1880,- og kår til mora. Johannes f. 1892 er skomakar g.m. Ragna Jakobsdtr. Nese frå Eksingedalen f. 1889.

Born:

Margrete f. 19** g.m. handelsstyrar ved Stamnes Handelslag, Olav Nese, busett Stamnes.
Ruth f. 19** g.m. snikkar Terje Arseth, Bergen.
Ivar f. 19** g.m. Bjørg Tvedt, Bergen, busett her.
Ester f. 19** g.m. røyrleggjar Malvin Standal, Dale.


BRUK 21. KULSHAMAR.

Skyld 38 øre. Skilt frå bnr. 7 1907. Her var før eit husmannsplass Instehagen, truleg oppteke kring 1840. 1865 var fødnaden 4 kyr, 9 sauer, 3 geiter, 1 gris, og sånaden var 1/2 t. havre, 1 1/2 t. poteter. 1875: fødnad 3 kyr, 16 sauer, 2 geiter, 1 gris. Sånad 1 t. havre, 3 t. poteter. 1959: 10 mål innmark. Fødnad 4 sauer.


1844 bygsla Anders Besseson Stamnes plasset Indrehagen og 1/4 av markestykket Treet, hjå broren Anders Besseson på bnr. 7. Anders f. 1819 d. 1892 var g. 1. g. 1849 m. Brita Olsdtr. Straume bnr. 4 f. 1825 d. 1863.

Born:

Olav f. 1851. Brukar på bnr. 2 og 13.
Besse f. 1853 d. 1872. Mons f. 1855.
Guri f. 1857 g.m. Magne E. Kallestad, sjå Kallestad bnr. 5.
Styrk f. 1860. B. i U.S.A.
Johannes f. 1861.
Marie f. 1863. Sjå Stamnesleiro, husfolk.

Anders g. 2. g. 1864 m. Ingeborg Olsdtr. Toskedal bnr. 1 f. 1828. Ved skifte etter Anders fekk ho utlagt dei husa som dei åtte, bustadhus, fjøs, løe og ei lita stove, naust og 1/3 av ei kvern.

Born:

Brita f. 1866.
Agathe f. 1869 g.m. neste brukar.


1895 vart Knut Besseson Stamnes bnr. 7 f. 1872 d. 1945 g.m. Agathe Andersdtr. Stamnes f. her 1869.

1907 fekk dei skøyte på dette bruket. Knut var jekteførar.

Born:

Anders f. 1896 d. 1914.
Besse f. 1897, brukar her.
Maria f. 1900. Sjå bnr. 38.
Olav f. 1902. B. på Kallestad bnr. 6.
Ingeborg Bertine f. 1904 g.m. Nils Kallestad, sjå Kallestad bnr. 7.
Anna f. 1906 g.m. handelsmann Alfred Børhaug, Fedje.
Margit Sofie f. 1906 d. 1913.
Anna Oliva f. 1911. Sjukepleiar, Bergen.
Johannes f. 1914. Motormann. Busett her, d. 1932.


1941 skøyte til Besse Knutsson for kr. 5.000,- og kår til foreldra. Etter skøytet skulle Brita A. Stamnes ha rett til fritt hus. (Dette er truleg Brita Andersdtr. f. 1866. Sjå ovanfor.) Besse f. 1897 er motorbåtførar g.m. Birgit Maria Helgesdtr. Vik bnr. 4 f. 1898.

Born:

Karsten f. 19**, brukar her.
Margot f. 19** g.m. målar Johannes Berhaug, Fedje. B. California U.S.A.
Aud f. 19**.
Hagny f. 19** g.m. ekspeditør Knut Farestveit frå Mostraumen. B. California U.S.A. Er no komne heim att.


Karsten Besseson f. 19** er brukar her no. Han er motormann g.m. Lilly Stien frå Stamnes bnr. 31 f. 19**.

Born:

Bjørn f. 19**.
Margaret f. 19**.
Per Arild f. 19**.
Knut Helge f. 19**.


BRUK 22, FAGERVOLL.

Skilt frå bnr. 7 1909. Skyld 2 øre.

1909 skøyte til Marie Tjønnegård. Ho var jordmor og sette seg opp hus her. Ho styrde telefonsentralen for Stamnes 1913-29.


1916 skøyte til røyrleggjar Alfred K. Grevstad, Bergen, for kr. 6.500,-. Mor hans var tå Johansbruket bnr. 1. Ho heitte Marta Andersdtr. f. 1856. Foreldra var Marta Andersdtr. f. 1814 og hennar 2. mann Anders Hansson Dyvik f. 1826. Marta f. 1856 vart g.m. røyrleggjar Johs. Grevstad, Bergen.


1920 skøyte til Andreas B. Stamnes for kr. 6.500,-. Heimel no har barbro Stamnes. Sjå bnr. 25.


BRUK 23. LEIRVIK.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 7 1909.


1877 vart Johannes Mortensson Ås, eller Asøen f. i Sand i Ryfylke f. 1847 d. 1928 g.m. Marie Ingebrigtsdtr. Stamnes bnr. 12 f. 1859. Johannes var jekteskippar og dei budde fyrst i Stamneshagen, der dei 1878 fekk festesetel hjå far hennar på ein åker som vart kalla Nauståkeren.

Born:

Berta Mathilde f. 1877 g.m. Johannes Ulevik, plasset Ulevik under Vik, Stamnes.
Martin f. 1878. Sjå nedanfor.
Ingvald f. 1880 d. 1901. Sjømann. Sjå bnr. 38.
Rasmus f. og d. 1882.
Rasmus f. 1883. Farmar i U.S.A.
Oline Berentine f. 1885 g.m. Olav J. Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 2.
Marie f. 1888 g.m. Jakob J. Kallestad, sjå Kallestad bnr. 4.
Johanna f. 1891 d. 1908.
Lars f. 1894 d. 1904 ved drukningsulukke.
Oliver f. 1896. Jekteskippar, Ytre Arna.
Inger Martine f. 1901 d. 1918.


1902 vart Martin Johannesson Ås f. 1878 d. 1940 g.m. Anna Serine Sjursdtr. Kvalvik f. 1875 d. 1960. 1905 fekk han skøyte på bustadhuset åt Ivar Johannesson Ytrearna på ei tomt under bnr. 2 for kr. 650,-. Han selde dette huset 1910 til Styrk Leiren.


1909 fekk Martin Ås skøyte på dette bruket. Martin var jekteførar.

Born:

Sofie Amanda f. 1903 g.m. gardbr. Magnus J. Eide, sjå Eide bnr. 2.
Julie Marie f. 1905 d. 1909.
Martin Adolf f. 1906.
Otto Bernhard f. 1908, brukar her.
Julie Marie f. 1909 g. 1. g. m. Magnus J. Kaland bnr. 8, g. 2. g. m. Magne Elvik bnr. 1.
Lindy Johanna f. 1911. B. i Lindås.
Mandius Mikael f. 1912 g.m. Josefine Toskhelder. B. Smørdal i Lindås.
Oskar Mathias f. 1914, brukar her.
Gerda Malene f. 19**. B. i Bergen.
Martin Adolf f. 1916 d. 1918.
Casper f. og d. 1918.


1940 skøyte på bnr. 23 og 27 til Otto Bernhard Ås f. 1908. Han er g.m. Johanna Olsdtr. Veo bnr. 1 f. 1916.

Born:

Nilsina f. 19**.
Harald f. 19**.


1954 skøyte på bnr. 23 og 27 for kr. 5.000,- til Oskar Mathias Ås f. 1914. Han er g.m. Inga Johannesdtr. Fenne frå Ytre Arna f. 19**.

Born:

Martin f. 19**.


1961 skøyte til Karl August Knutson Ulevik. Han er postbod, f. på pl. Ulevik under Vik St. 1897, g.m. Gjertrud Andreasdtr. Holme f. 1910 på pl. Lunde under Vik St.

Born:

Knut f. 19**. Sjåfør, b. Jæren, g.m. Tordis Smith f. 19**.
Andreas f. 19**, sjå nedanfor.

Andreas f. 19** er bakar, busett her, g.m. Bjarnhild Ulevik f. 19**.

Born:

Jan Kåre f. 19**.
Bent Arild f. 19**.
Gro Irene f. 19**.
Rolf Tore f. 19**.


BRUK 24, SUNDET.


Her har før vore husmannsplass. Den fyrste festesetelen var tinglyst 1824. Det var Besse Andreasson på bnr. 7 som feste bort plasset til Olav Davidsson Haugland f. 1789 d. 1854 g. 1820 m. Marta Magnesdtr. Veo bnr. 4 f. 1798 d. 1876. Dei budde nokre år på Veo før dei kom hit. Plasset er ikkje nemnt i herredsbeskrivelsen 1863. I folketeljinga 1865 finn me berre Marta Magnesdtr. nemnd av denne huslyden, og ho var då «logerende» på bnr. 7, der ho hjelpte til med gardsarbeidet. Truleg har ho måtta flytta frå plasset etter at mannen døydde og borna flytte heimanfrå.

Born:

Simon f. 1820, sjå pl. Mikkjelshaugen, Hesjedal, Stamnes St.
Anna f. 1822 d. ug. som legdslem 1877.
Kristi f. 1824 g.m. Olav N. Veo, sjå Veo bnr. 1.
David f. 1825 g.m. enkja Kari D. Veo, sjå Veo bnr. 2.
Gjertrud f. 1827 g.m. Askjel D. Fylingslid,sjå Fylingslid, husfolk.
Brita f. 1829 g. 1858 m. Simon Simonsson Bindingbø. Sjå bnr. 18 og Kallvik bnr. 1.
Ingeborg f. 1831 d. ug. 1900.
Magne f. og d. 1833.
Marta f. 1834 d. ug. 1898.
Dorte f. 1836.
Anders f. 1839 d. 1861 ved ulukke. Fall utfor eit fjell.
Magne f. 1841 b. U.S.A. Hadde kår på Dalseid bnr. 3 frå 1907.
Olav f. 1843.


1909 vart Sundet skilt frå bnr. 7, fekk skyld 9 øre og vart selt til Jon Bessesson Stamnes bnr. 7 f. 1876 d. 1957. Han var jekteførar, g.m. Brita Andersdtr. Kvåstad bnr. 2 f. 1875 d. 1963. Dei fekk skøyte på farsgarden hennar og dreiv den ei tid, men busette seg sidan i Sundet. Det stod nokre gamle hus att etter dei som hadde butt her før.

1903 fekk Jon kjøpa eit jordstykke under bnr. 7. Stykket låg mellom Stamnesleiro og Kulshamar. Stykke, som vart kalla Klypeteigen, var ikkje skylddelt. Det vart seinare noko uvisse on kvar grensene gjekk. Ved ei minneleg ordning vart stykket overgrege til eigar av bnr. 7 i 1966 mot ei rimeleg godtgjerdsle.

Born: Sjå Kvåstad bnr. 2.


1936 skøyte til son Anders J. Kåstad f. 1902. Han er småbrukar og fartyeigar, g.m. Margreta Hallsteinsdtr. Stamnesleiro bnr. 1 f. 1905.

Born:

Terje f. 19**.


BRUK 25, SVEENA.

Skyld 0,73 skm. skilt frå bnr. 7 1909.

Dette bruket skulle ha bruks- og eigedomsrett i sambeite etter skylda, og bruksrett til skogen i Kvernhusteigen. All rett til landslut og laksefiske skulle delast likt mellom parsellen og hovudbruket. Kring 1930 hadde bruket 3 kyr, 1 stut, 4 sauer. 1959 var her på bruket 10 mål innmark og fødnaden var 11 sauer. Det var Besse Ingebrigtson, som då var brukar på bnr. 7, som tok unna denne teigen til kårteig åt seg. Sveena er ein part av innmarka, men var før helst tynkeslått. Besse dyrka opp og bygde flor og løe. 1911 sette Besse opp kjøpekontrakt med sonen Andreas som då var heime frå Amerika, om at han skulle få overta dette bruket etter han.


1919 skifteskøyte til Andreas Besseson for kr. 4.000,-. 1920 fekk han skøyte på bnr. 22. Andreas f. på bnr. 7 1879 d. 1933 var g.m. Barbro Olsdtr. Dyvik, Stamnes bnr. 4 f. 1883.

Born:

Besse f. 19**, brukar her.
Marta f. 19** g.m. Sigmund Vik, Straume bnr. 14. B. på Vaksdal.

Andreas dreiv ei sandgrupe på bnr. 7 ei tid. Han hadde ei rekkje kommunale tillitsverv, i likningsnemnda, fatigstyret, fiskerinemnda m.fl.


1955 skøyte til Besse Andreasson for kr. 4.000,- og kår til mora. Besse f. 19** er parteigar og fartyførar, g.m. Agnes Knutsdtr. Hesjedal bnr. 3 f. 19**.


Born:

Elfrid f. 19**.
Torild f. 19**.
Andreas f. 19**.


BRUK 26, SPELERINDEN.

Skyld 3 øre. Skilt frå bnr. 1 1916 og selt til Ivar Johannesson Ytre Arne på bnr. 19-20.

1937 skøyte til Johannes Ivarson Ytre Arne på bnr. 19, 20 og 26 for kr. 1880,-.


BRUK 27, LEIRVIK.

Skilt frå bnr. 25 1917 og selt til Martin Johannesson Ås på bnr. 23. Om seinare overdragingar sjå bnr. 23.


BRUK 28, VONHEIM.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 25 1921 og selt 1922 til Stamnes Handelslag for kr. 8.000,-. Same eigar har også bnr. 5, bnr. 39, bnr. 83 og bnr. 84.


I 1921 starta Stamnes handelslag i ei gamal sjøbu. I 1924 vart det bygt handelshus med styrarbustad. I 1935 kjøpte laget eigedomen til O. O. Stamnes (bnr. 5). I 1954 vart det reist filial på Gammersvik med styrar-bustad (Gammersvik bnr. 4). I 1963 bygde handelslaget nytt handelshus her på Stamneshella til ca. kr. 1.5 millionar. Omsetnaden dei siste åra har vore om lag kr. 2 millionar for året. Handelslaget har teke mot bondevarer og laks frå 1928. Det vert omsett ca. 14.000 kg. laks for året. Styrar frå 1921 til 1963 var Lars Vassenden. Frå 1963 er det Olav Neset. Formenn i styret har vore N. Fyllingslid, E. Mellesdal, O. M. Strømme, L. Vik og no Fritjof Dæmring.


BRUK 29, OTTERSTADNESET.

Skyld 10 øre. Skilt ut i sams utmark 1921 frå bnr. 1, 7, 10, 13, 17, 18, 21 og 25.


1927 skøyte til Bruvik skulekommune. Det vart bygt ny skule og lærarbustad på eigedomen. Anton Nilsson Salhus var lærar og klokkar i Stamnes og var busett her. Han var son åt Nils Olsson Kallestad bnr. 1 f. 1836 g. 1861 m. Helga Olsdtr. Kallvik bnr. 1 f. 1840. Dei kjøpte eit bruk av garden Salhus og busette seg der. Nils dreiv også smedverkstad.

Anton f. 1884 d. 1957 var g. 1. g. m. Josefine Sælen frå Fana. G. 2. g. m. Olga Fredheim frå Askøy.

Born i 1. ekteskap:

Nils, busett Salhus. Håvard, styrmann, b. Eidsvåg i Åsane.
Steinar f. 1911. Lektor. Var styrar for realskulen på Dale og ordførar i Bruvik 1958/59. No skuleinspektør Il i Fana.
Dagfinn, sjømann.

Born i 2. ekteskap:

Agnar Oddvin f. 19**.
Sigmund Johan f. 19**.


BRUK 30, STRAND.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 27 1921.

1923 skøyte til Johannes Mortensson Ås for kr. 500,-. Sjå bnr. 23 ovanfor. Johannes Ås flytte husa frå Stamneshagen bnr. 23 og busette seg her.


1941 skøyte til Oliver Johannesson Ås for kr. 2.000,-. Oliver f. 1896 var jekteskippar g.m. Margit Nilsdtr. Asheim frå Ytre Arna. Dei flytte seinare til Ytre Arna og busette seg der.

Born:

Johan f. 19**.
Agnes f. 19**.
Osvald Malvin f. 19**.


1951 skøyte til bjarne Ulevik for kr. 15.000,-. Bjarne f. 1910 er motorbåtførar, son åt Johannes Ulevik og kona Mathilde f. Ås. Sjå plasset Ulevik under Vik. Kona Aslaug f. 1911 er dotter åt Hans Olai Engelson Åsvang og Ingeborg Karine Stensdtr. f. Kleppe, Baldersheim.

Born:

Bjarnhild f. 19**.
Aslak f. 19**.


BRUK 31, HAUGEN.

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 11 1930.

Selt til Ole Elias Karlsson Stien f. 1890 og kona Maria Larsdtr. Stamneshagen bnr. 11 f. 1900.

Born:

Lilly f. 19** g.m. Karsten Kulshamar, Stamnes bnr. 21.
Else f. 19** g.m. Jakob Dyvik. Sjå Stamnes bnr. 48.
Oddbjørg f. 19** g.m. Einar Solhaug, 1. maskinist. Sjå Stamnes bnr. 93.
Karsten f. 19**, snikkar, b. Indre Arna, g.m. Gudrun Eikefet bnr. 1.
Erna f. 19**, fabr.arb., b. Dale, g.m. Håkon Stamnes.


BRUK 32, SKORVENA.

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 1, 2. 5, 7 m.fl. 1933 og selt til disponent Nils 0. Leiren (bnr. 1 Stamnesleiro) f. 1883 d. 1945 og kona Brita Hansdtr. Brørvik f. 1887. Etter mannen døydde sat enkja med eigedomen.


Håvard Knut Bergeson Tøsse f. 19** har no skøyte på eigedomen. Han er g.m. Marit Vassenden (sjå Stamnes bnr. 81), f. 19**.

Born:

Nils Berge f. 19**.
Ivar f. 19**.


BRUK 33, SJØTUN.

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 25 1933 og selt til Herborg 0. Stamnes for kr. 1.100,-. Her hadde før vore eit plass, Hesjebakken, som hennar foreldre hadde bygsla.


1885 bygsla Ola Olsson og kona dette plasset. Ola var smed, f. i Toskedal bnr. 2 1844 d. 1932 g. 1876 m. Agathe Olsdtr. Kallvik bnr. 1 f. 1848. Dei hadde butt 8-10 år på plasset Kuvikneset under Kvamme, men der hadde dei ikkje bygselsetel. 1887 bygsla dei plasset Rossevikneset under Bukkstein, men der budde dei ikkje, dei berre onna der. Born:

Olav f. 1877. B. i U.S.A.
Olav f. 1880.
Knut f. 1882 d. 1961. Sjå Veo bnr. 4.
Ingeborg f. 1884.
Oluf f. 1886 drukna 1943.
Herborg f. 1888 g.m. Mons Olsson Stamnes bnr. 2.


Mons Olsson Stamnes, bnr. 2 og 13, vart g.m. Herborg Olsdtr. f. her 1888 d. 1952. Ho fekk skøyte på dette bruket 1933, og etter ho døydde sat mannen i uskift bu nokre år.


1954 skøyte til Oven Monsson Stamnes bnr. 2 for kr. 2.000,-. Oven f. 19** er motorbåtførar g.m. Margit Olaidtr. Kvingedal frå Masfjorden f. 19**.

Born:

Harry f. 19**.
Stein f. 19**.
Lillian f. 19**.

Dette bruket er no selt til Stamnes handelslag. Oven Stamnes har kjøpt bnr. 81.


BRUK 34, BAKKE.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 25 1934 og selt til Bruvik Sparebank for kr. 1.262,50. Her vart same året sett opp hus med lokale for banken sin filial på Stamnes.


BRUK 35, MALTVIKI.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1 1934 og selt til Bernhard Stamnesfet og kona Brita Larsdtr. for kr. 850,-. Bernhard f. på bnr. 9 1897 d. v/ulukke 1942, var steinarbeidar. Kona Brita Larsdtr. som no sit med eigedomen er f. i Dyvik bnr. 1-3 1897.

Born:

Ingeborg f. 19** g.m. kaptein Ole Løvberg, Kongsberg.
Martin f. 19**. Mekanikar. B. her, g.m. Eli Myhra frå Urdland, Voss.

Born:

Bjørn f. 19**.


BRUK 36, STRØMSNES (tidl. GRANLI).

Skilt frå bnr. 18 1935. 1936 skøyte til Sigurd Jakobson Sandal for kr. 600,-. Han er son åt Jakob Eirikson Sandal, Kallestad bnr. 5 f. 1850 og kona Anna Hansdtr. Trettenes, Dalseid bnr. 3 f. 1864. Dei budde fyrst i Vik og busette seg sidan på Stamnes, der dei fekk bygsla ei hustomt på Naustneset.

Born:

Erik f. 1895. Møbelsnikkar, Lillehammer.
Brita f. 1897. Strikkerske.
Hans f. 1899 d. 1940. Sjå bnr. 37.
Sigurd f. 1902.
Johannes f. 1905. Sjå bnr. 37.
Ingvald f. 1910. Tekstilarb. Dale, g.m. Margit Dale.
Anna f. og d. 1912.


1936 fekk Sigurd Jakobsson skøyte på dette bruket. Han er fordelingsmann i Osterfjorden fartylag, g.m. Margit Bessedtr. Stamnes bnr. 7 f. 1903.

Born:

Marit f. 19**, sjukesyster, b. i Oslo.
Annlaug f. 19**, misjonær, b. Madagaskar.
Sveinung f. 19**, lærar, g.m. Lilla Edel Simonsen f. 19**. B. på Voss.


BRUK 37, LYNGÅS.

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 18 1935. 1936.

Skøyte til Hans Jakobsson Sandal f. 1899 d. 1940. Sjå bnr. 36.


1941 skøyte til Johannes Jakobsson Sandal for kr. 5.000,-. Han er kontormann g.m. Borghild Alfredsdtr. Vaksdal f. 1903.

Born:

Jon f. 19**. Målar, g.m. Ranveig Thorsen, b. på Stamnes.
Karsten f. 19**. Møbelsnikkar, Stockholm.

Jon og Ranveig har born:

Inger Berit f. 19**.
Jan Eirik f. 19**.


BRUK 38, FRISTAD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 10 og 13 1935.

Selt til Ingvald Ås for kr. 500,-. Ingvald f. 1898 er motormann, son åt Ingvald Johannesson Ås, Stamnes, bnr. 23 f. 1881 d. 1901 og Brita Knutsdtr. Elvik bnr. 1 f. 1879, busett i U.S.A.

Ingvald er g.m. Maria Knutsdtr. Stamnes bnr. 21 f. 1900.

Born:

Kåre f. 19**, sjå Vik, Stamnes bnr. 26 og Stamnes bnr. 53.
Ingolf f. 19**, sjå bnr. 87.
Marie f. 19**.
Bergit f. 19**.
Agnar f. 19**, sjå bnr. 87.


BRUK 39, FJÆRO.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 4 1936 og selt til Stamnes Handelslag for kr. 240,-. Sjå bnr. 28.


BRUK 40, HYRNAVIK.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1 1936.

1938 skøyte til Oster-fjordens Gjensidige Fartøyassuranse for kr. 6.000,-. Eigedomen er no bortleigd til Stamnes Motorverkstad A.s.

Styrar for verkstaden er Knut Johannesson Kaland bnr. 8 f. 1902. Han er g.m. Solveig Einarsdtr. Jonsen, Stamnes bnr. 70 f. 1907.

Born:

Gunvor f. 19** g.m. maskinsjef Rolf Simonsen f. 19**. B. i Bergen.
Johannes f. 19**.
Einar f. 19**.

Bustadhuset åt Knut Kaland står på festenr. lb under bnr. 1 Klendalsvik.


Arne Steinsland og kona Margit bygsla dette festenr. 1934 og hadde det til 1936. Dei er no busette på Dale.


BRUK 41, HAUGEN.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 19 1937.

Skøytt til Ingeborg Ivarsdtr. Ytre Arne, Stamnes bnr. 19 f. 1904. Ho er g.m. Ragnvald Flatekvål f. 1907. Hans bestefar var Magne M. Kallestad bnr. 2 f. 1840 g.m. Brita Olsdtr. Myster bnr. 1 f. 1845. Dei pakta Myster bnr. 1 i ei tid.

Deira son:

Anders Myster kjøpte gard på Flatekvål og gifte seg med Olina Jakobsdtr. Flatekvål. Ingeborg og Ragnvald er styrarar for telefonsentralen på Stamneshella som har lokale i deira bustadhus på dette bruk.


BRUK 42, TRONSTAD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 24 1937 og selt til Stamnes Indremisjon for kr. 100,-. Indremisjonen har selt eigedomen til Kåre Fjellanger, Eksingedalen.


BRUK 43, BERGHEIM.

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 1 1937

Selt til Anders Bertin Monsson Drangevåg frå Hosanger f. 1890 d. 1940. Han var fyrst skippar, sidan vegarbeidar, stein- og sandarbeidar, g.m. Dortea Johannesdtr. Stamnes bnr. 1 f. 1887. Ho fekk heimel til bruket etter mannen døydde.

Born:

Johan Malvin f. 1912. Vegarb.
Konstanse Marie f. 1914. B. Stockholm.
Bjarne Dortin f. 19**. Vegarb. Askøy g.m. Ingvarda Jensen.
Magnus f. 19**. Tekstilarb. B. her, g.m. Karen Bakken, Hellesøy. Dei har borna: Kurt Magne f. 19**. Aud Dagmar f. 19**.
Borghild f. 19** g.m. Alv Unneland, Haukeland.


Johan Malvin f. 1912 har no fått skøyte på eigedomen.


BRUK 44, SOLBERG.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 19 1938.

Selt til Haldor A. Stamnesfet og kona Anny og Karl A. Stamnesfet og kona Kari for kr. 1.500. Haldor Andersson f. på Stamnes bnr. 9 1899 er steinarbeidar g.m. Anny f. 1917, dotter åt smed Martin Magnusson Bogo og Anna Olsdtr. f. Tyssebotten. Martin var f. på Tysso i Hosanger 1881 og var son åt Magne Askjelsson f. på plasset Fethagen under Eikefet 1839, men oppvaksen i Hesjedal på bnr. 1, der mora vart attgift. Magne var smed og busett i Tysse i Hosanger g.m. Anna Johannesdtr. Stamnes bnr. 1 f. 1843.

Haldor og Anny har desse born:

Aida Margrete f. 19**.
Marit f. 19**.
Harald f. 19**.
Torbjørg f. 19**.
Ingolf f. 19**.


Karl Andersson f. 1904 på bnr. 9 d. 1954. Han var motorførar, g.m. Kari Larsdtr. Sæbø, dotter til Lars E. Sæbø, Sæbø, og kona Magli Nilsdtr. Veo bnr. 1 f. 1879.

Born til Karl og Kari:

Arne f. 19**.
Lars Mikal f. 19**.

Karl var med i heradstyret og i forstandarskapet i Bruvik sparebank.


BRUK 45, STAMNES KYRKJEGARD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1 1938 og selt til Stamnes soknekommune for kr. 1.500,-. Nytta til utviding på kyrkjegarden.


BRUK 46, STAMNES KYRKJEGARD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 25 1938 og selt til Stamnes soknekommune for kr. 695,-. Nytta til utviding på kyrkjegarden.


BRUK 47, FRILUND.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1, 7, 10, 13, 18 og 25 1939 og skøytt utan vederlag til Stamnes Ungdomslag. Dei har bygt ungdomshus her. Det vart ferdig 1954.


BRUK 48, HORDATUN.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 15 1939.

Selt til Jakob Østrem Dyvik for kr. 2.000,-. Han er sjåfør f. på Stamnes bnr. 4 1919 g.m. Else Olsdtr. Stien, Stamnes bnr. 31 f. 1924. Else er postopnar på Stamneshella.

Born:

Kjell Jostein f. 19**.
Odd Magne f. 19**.
Jan Egil f. 19**.
Rolf f. 19**.
Rune f. 19**.


BRUK 49, SOLSTAD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 24 1939.

Selt til Magnus A. Holme for kr. 100,-. Magnus Andreasson Holme (sjå pl. Lunde, Vik, St.) f. 1908, er fabrikkarbeidar, g.m. Astrid Karoline Jonsdtr. Stamnes (Kvåstad bnr. 2 og Stamnes bnr. 24) f. 1911.

Born:

Marit Anne f. 19**.


BRUK 50, BERGTUN.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1 1940.

Selt til Stamnes soknekommune for kr. 3.600,-. Noko av denne eigedomen er sidan seld til Klaus Mellesdal og til Oven Stamnes.


BRUK 51. SOLLUND.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1 1942.


1943 skøyte til Johs. Sæve for kr. 600,-. Johannes Sæve f. 1906 kom til Stamnes 1928. Han dreiv handelen etter K.O. Dyvik i mange år, men overlet så forretningen til Johs. Nesse, Eidslandet, og flytte til Seimsmark der han no driv forretning i eige hus. Han er g.m. Aslaug Haugen f. 1902. Ho var distriktsjordmor.

Born:

Aud Sæve f. 19** g.m. Nils Skedstad f. 19*’.
Jarl Sæve f. 19** g.m. Randi Pedersen f. 19**.
Annbjørg Sæve f. 19**.


BRUK 52, LEIRTUN (VESLETUN).

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 7 1942.

Selt til Ingvald Jonsson Myster for kr. 2.000,-.


Jon Jakobsson Myster bnr. 3 f. 1866 vart 1892 g.m. Anna Olsdtr. Stamnesleiro bnr. 1 f. 1864 d. 1921. Jon dreiv som steinhoggar, og dei budde i Stamnesleiro. Ved skifte etter kona fekk Jon utlagt eit hus i Stamnesleiro, verdsett til kr. 200,-.

Born:

Jenny Dortilla f. 1893 d. 1915.
Ola f. 1895, busett i U.S.A.
Marie Elene f. 1896 g.m. vegarb. Ingvald Ramsdal, b. Øvre Eidfjord.
Klara Andrea f. 1898 d. 1921.
Anna Johanna f. 1900 d. 1921.
Jon f. 1902 d. 1933 ug., sandarb.
Halstein f. 1904, sjå nedanfor.
Ingebjørg f. 1906 d. 1907.
Ingvald f. 1909, sjå nedanfor, og Vik, Stamnes, bnr. 19.


1942 fekk Ingvald Jonsson Myster kjøpa denne eigedomen (sjå ovanfor). Ingvald, sjå Vik, St. bnr. 19.


1943 skøyte til Nils 0. Leiren for kr. 2.000,-. Han åtte og Stamnes bnr. 32 (sjå bnr. 32). Eigedomen fekk ved overdraginga 1943 namnet Vesletun.


1953 skøytte Mathias Halsteinsson Leiren eigedomen for kr. 700,-. Han eig og Stamnesleiro bnr. 4 og bnr. 5. Mathias Leiren bnr. 1 f. 1908 er motorbåtførar, g.m. Ingebjørg Olsdtr. Neset frå Eksingedal f. 1908.

Born:

Roald Halstein f. 19**, sjå nedanfor.
Margot Ingunn f. 19** g.m. Oddbjørn Johannesson Hesjedal bnr. 2 f. 19**.
Dagny f. 19** g.m. Per Skogen f. 19**.
Kjell Odd f. 19**.
Svanhild Bjørg f. 19**.


Roald Mathiasson Leiren f. 19** har no skøyte på eigedomen. Han er g.m. Reidun Fredheim f. 19**.

Born:

Ingunn Rita f. 19**.
Magne f. 19**.
Ellen f. 19**.


BRUK 53, HEIMLY.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 10 og 13 1942.

Selt til Oliver Johannesson Ås for kr. 500,-. Han er jekteskipper f. 1896. Sjå bnr. 23. G.m. Margit Nilsdtr. Åsheim frå Ytre-Arna. Ho fekk 1952 eigedomen som sereige.

Born:

Johan f. 19**.
Agnes f. 19**.
Osvald Malvin f. 19**.
Norvald f. 19**.


1953 skøyte til Kåre I. Ås for kr. 2.000,-. Kåre Ingvaldsson Ås (Stamnes bnr. 38) f. 19** er g.m. Gunnvor Halvorsen f. 19**.


Born:

Anne Mari f. 1945 d. 1946.
Knut f. 19**.
Arnold f. 19**.
Gunnhild f. 19**.


Kåre Ås eig og Vik, St., bnr. 26.


BRUK 54, GJERDE.

Skyld ? øre. Skilt frå bnr. 24 1942.

Selt til Bernhard Johannesson Simmenes bnr. 1 f. 1909. Han er anleggsarbeidar g.m. Malena Nilsdtr. Heller f. 1910. Sjå Gammersvik bnr. 2.

Born:

Idar Bernt Johny f. 19**. Motormann g.m. Aud Ragna Alfsdtr. Lilletvedt. Sjå Kalland bnr. 10.
Jorunn f. 19** g.m. motormann Victor Vik, Straume.
Berit f. 19**.
Liv f. 19**.


BRUK 55, FJELLHEIM.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 7 1942.

Selt til Ingvald Johannesson Farestveit f. 1902 i Modalen for kr. 600,-. Han er anleggsarbeidar g.m. Borghild Nilsdtr. Heller, Gammersvik bnr. 2 f. 1906.

Born:

Borgny Gladys f. 19** g.m. Ragnar Hesjedal, Stamnes bnr. 72.
Norvald Johannes f. 19**. Jernbanearb. Nesttun, g.m. Ingrid Dahl, Målselv I Troms.
Haldis Gudrun f. 19** g.m. vegarb. Hans Langeland (sjå Vik, St. bnr. 5). B. her.
Øyvind Sverre f. 19**.
Willy Toralv f. 19**.
Liv Vigdis f. 19**.


BRUK 56, BREKKE.

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 12 1943.

1960 skøyte til Konrad Ingebrigtson Stamneshagen for kr. 250,-. Han var frå Stamneshagen, Stamnes bnr. 12, f. 1882 d. 1918, g. 1908 m. Helga Olsdtr. Kallestad bnr. 1 f. 1881.

Born:

Anders f. 1909 d. 1918.
Olav f. 1911 d. 1918.
Alfred f. 1913 d. 1918.
Konrad f. 19**.


Konrad Konradsson f. 19** er motormann g.m. Ruth Olsdtr. Hesjedal bnr. 2 f. 19**.

Born:

Ingebrigt f. 19**.
Håkon f. 19**.
Olaug f. 19**.


BRUK 57, BÅSTÅ.

Skyld ? øre. Skilt frå bnr. 36 1943. Har ikkje skift eigar, så vidt me kan sjå etter dei opplysningar me har.


BRUK 58, SJOKLEIV.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 7 1943.

Selt til Knut Olsson Stamnes for kr. 1.000,-. Han er motormann f. på bnr. 2 1891 g.m. Inga Monsdtr. Stamnes bnr. 10 f. 1888.

Born:

Anna f. 19** g.m. motorbåtførar Johs. Vik bnr. 20.
Målfrid f. 19** g.m. smed Johan Gaupås, Ytre Arna.
Odd f. 19**. Motorbåtførar. B. her, g.m. Margit Olsdtr. Bjørsvik f. 19**. Dei har borna: Oddgeir Malvin f. 19** og Knut Arild f. 19**.
Guri Jorunn f. 19** g.m. Bjarne Rivenes. B. Arna.


BRUK 59, BERGSTAD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 24 1944. Heimel til bruket har Anders J. Kåstad. Sjå bnr. 24.


BRUK 60, GRANHEIM.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 24 1944.

1947 skøyte til Jon Jonsson Kåstad bnr. 2 f. 1914. Sjå bnr. 24. Jon er motormann g.m. Anna Alfredsdtr. Vaksdal, Dale f. 1912.

Born:

Else f. 19** g.m. Oddvar Bjordal, teknikar, b. Matre.
Turid f. 19** g.m. Erling Torsvik, mekanikar, b. Torsvik i Herdla.


BRUK 61, NAUSTNESET.

Skyld 3 Øre. Skilt frå bnr. 18 1945. Har ikkje skift eigar etter dei opplysningar me sit inne med.


BRUK 62, FJELLSTAD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 11 1946.

Selt til vegarb. Olaf Bertin Karlsson Stien f. 1895 d. 1963, g.m. Maria Monsdtr. Kallestad bnr. 2 f. 1911.

Born:

Maud g.m. Ståle Beck-Hansen, b. Mosjøen.
Osvald f. 19** g.m. Inghild Hansdtr. Solhaug f. 19**.


BRUK 63, LYNGSTAD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1 1948.

Selt for kr. 600,- til Sigurd Nilsson Kallestad bnr. 2 f. 1898. Han er vegarbeidar og fiskar g.m. Emma Julie Olaidtr. Kalland bnr. 1 f. 1908.

Born:

Trygve f. 19**.
Oddlaug f. 19**.
Marti f. 19**.


BRUK 64 og 65, FREDHEIM I, II.

Kvart på skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 6 1948.

Skøyte til Markvard Knutsson Dyvik f. 19**. Han er bakar og sjåfør, g.m. Marta Justinsdtr. Eide, Straume bnr. 22, f. 19**.

Born:

Grete Jorunn f. 19**.
Knut Just f. 19**.


BRUK 66, BROTET.

Skyld ? øre. Skilt frå bnr. 2 1949.

Selt til Åsmund Monsson Stamnes bnr. 2 f. 19** for kr. 200,-. Han er skipstømmermann, g.m. Edith Olavsdtr. Bjørsvik f. 19**.

Born:

Herdis f. 19**.
Ellen Karin f. 19**.
Erling f. 19**.


BRUK 67, BERGSTAD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1 1950.

Selt for kr. 1.000,- til bygningssnikkar Berge Knutsson Langedal. Foreldre er Knut Langedal, Modalen, og kona Brita Vetlejord frå Eksingedalen.


BRUK 68, OLDERSTAD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 10 og 13 1950.


BRUK 69, SOLTVEIT.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 12 1950.

1952 skøyte for kr. kr. 250,- til Johannes Nilsson Toskheller, gammersvik bnr. 2 f. 1898, fartymann, g.m. Bergitta Andersdtr. Stamneshagen, Stamnes bnr. 12, f. 1902.

Born:

Jonny Toralv f. 19**, g.m. Jorunn Eileraas f. 19**.


BRUK 70, SOLSTRAND.


Her var før eit lite plass som dei kalla Sanden. Dei fyrste som budde her, var Jon Askjelson Øyo f. 1821, son åt Askjel Jonson Hesjedal bnr. 1 og kona Marta Johannesdtr. Furnes bnr. 1. Sjå Øyo, husfolk. Jon var g. 1. g. m. Ragnhild Einarsdtr. Dyvik f. 1822 d. 1849. Jon g. 2. g. m. Anna Monsdtr. Hesjedal bnr. 2 f. 1829 d. 1926. Dei budde ymse stader før dei kom hit, i Dyvik, Leiro og Hesjedal. Medan dei budde i Sanden, rasa grunnen ut under huset. Dei fekk seg då husrom på Kvamme medan Jon fekk sett opp nytt hus på Stokkabakken. Sjå neste bruk. Jon arbeidde auser og kjenger. På Stamnes arbeidde han med gatesteinhogging.

Born:

Askjel f. 1856.
Mons f. 1859 g.m. Kari Johannesdtr. Mo, b. i U.S.A.
Marta f. 1861.
Ragnhild f.år ukjent.
Magdeli f. 1864.
Johannes f. 1867.
Einar f. 1871. Sjå nedanfor.


1911 tinglyst festesetel til Einar Jonsen f. 1871 d. 1942 og kona Gurine Bertine, dotter åt Karen og Wilhelm Bakke, Naustdal i Sunnfjord. Einar selde huset som faren hadde sett opp, kjøpte att eit hus på Straume og sette det opp her.

Born:

Alvhild f. 1904 g.m. seglmakar Olav Hellesø, Bergen.
Øystein f. 1906. Sjå nedanfor.
Solveig f. 1907 g.m. Knut J . Kalland, Stamnes bnr. 40.
Halfdan f. 1909 d. 1946 g.m. Maria Kvåstad bnr. 2.
Fredrik f. 1911 g.m. Alfrida Johannesson, b. Erdal, Askøy.
Wilhelm f. 1914 d. 1918.
Målfrid f. og d. 1918.
Valborg f. 19**, ekspeditrise, b. Søreide i Fana.


1951 vart Solstrand skilt frå bnr. 1, fekk skyld 2 øre og vart selt for kr. 500,- til fartymann Øystein Jonsen f. 1906. Han er g.m. Agnes Olsdtr. Kalland frå Stokko bnr. 6 f. 1914.

Born:

Lilly Haldis f. 19** g.m. Bertrand Nesse, Tysse i Osterfjorden.
Erna Bjørg f. 19** g.m. Ingvald Vedå, motormann, Stamnes.
Oddny Ingeborg g.m. Paul Fotland, Dale. Sjå ættesoge for Dale., ættesoge.
Sven Tore f. 19**.
Richard Audun f. 19**.


BRUK 71, STOKKABAKKEN.

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 1 1951 og selt til Øystein Jonsen for kr. 500,-. Sjå bnr. 70.


BRUK 72, BERGLUND.

Skilt frå bnr. 1 1952.

Selt til Ragnar Hesjedal bnr. 3 f. 19** for kr. 300,-. Han er g.m. Borgny I. Farestveit, Stamnes bnr. 55 f. 19**.

Born:

Arnfinn f. 19**.
Else f. 19**.
Mary f. 1948 d. 1949.


BRUK 73, APALTUN.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 2 1952 og selt for kr. 200,- til Herlaug Monsson Stamnes bnr. 2 f. 19**.


BRUK 74, SVEHEIM.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 15 1952. 1954 skøyte til Olav Knutson Dyvik, Stamnes bnr. 4, 6, 15 og 74. Sjå bnr. 4.


BRUK 75, SOLBORG.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 7 1953. Ser ut til å ha same eigar som bnr. 7.


BRUK 76, LYNGÅSTEIGEN.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 36 1953.og selt for kr. 50.- til Johannes J. Sandal. Sjå Stamnes bnr. 37.


BRUK 77, HEIMSTAD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 4, 6 og 15 1954. Ser ut til å ha same eigar som desse bruk.


BRUK 78. VELOMSHAGEN.

Skilt frå bnr. 13 1954.

Selt utan vederlag til Knut Andersson Stamnes. Han hadde eigedomen til 1955, då han gjorde makeskifte med Magnhild og Ingolf Gammersvik på bnr. 7. Sjå neste bruk.


BRUK 79, BAKKETUN.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 7 1954.

Skøytt til Knut Andersson Stamnes som makeskifte mot bnr. 78. Grunnen til makeskiftet var at bruk 78, som var halvparten av den gamle hagen på Velomsbruket, låg mellom husa åt bnr. 7 og bnr. 10.

Knut f. 1910 er son åt Anders Stamnes og kona Ingeborg Straume. Sjå Straume bnr. 19. Han er motorbåtførar, g.m. Jenny Larsdtr. Dyvik bnr. 3 f. 1910.

Born:

Arnljot Leonard f. 19** g.m. Sara Vestervik frå Eidsbotn. B. i Sverige.
Laura f. 19**.


BRUK 80, FJELLTUN.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 50 1955.

Selt for kr. 1.098, til skipstømmermann Klaus Ivarson Mellesdal f. 19**. Sjå plasset Ulevik nedanfor. Klaus er g.m. Solveig Torgeirsdtr. Norland frå Masfjorden.

Born:

Tore f. 19**.
Inge.


BRUK 81, SOLVANG.

Skyld ? øre. Skilt frå bnr. 50 1955.

Selt for kr. 1.225,- til Lars Larsson Vassenden, Straume bnr. 2 f. 1895. Han var styrar for Stamnes Handelslag 1921-1963, og vart g. 1921 m. Dagny Jakobsdtr. Neset, Eksingedalen f. 1895.

Born:

Lasse f. 19**, lærar, g.m. Klara Dale. B. på Dale. Sjå ættesoge for Dale.
Jakob f. 19**, disponent, g.m. Margit Låstad. B. Smørås i Fana.
Daghild f. 19**, g.m. Albert Mæland. B. Årbakka.
Marit f. 19** g.m. Håvard Tøsse (sjå Stamnes bnr. 32).
Solfrid f. 19** g.m. Bjørn Nese. B. i Oslo.
Dagmund f. 19**, lærar, g.m. Kari. B. i Ålesund.


Oven Stamnes har no skøyte på dette bruket. Sjå Stamnes bnr. 33.


BRUK 82, KJELDEBAKKEN.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 13 1955.

Same år skøyte til Olav Monsson Stamnes bnr. 2 f. 19**. Olav eig og bnr. 2 og 13. Han er motorbåtførar g.m. Signy Jonsdtr. Kvåstad bnr. 2 f. 19**.

Born:

Helga Berit f. 19**.
Mons f. 1946 drukna 1952.
Mons f. 19**.
Torill f. 19**.


BRUK 83, SENTRUM.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 25 1956 og selt til Stamnes Handelslag for kr. 5.942,-. Sjå bnr. 39.


BRUK 84, SENTRUM.

Skyld i Øre. Skilt frå bnr. 25 1956.

1957 skøyte til Stamnes Handelslag for kr. 10.000,-. Sjå bnr. 39.


BRUK 85, GARDLI.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 29 1957. Heimel har Bruvik skulekommune.


BRUK 86, FJELLTUN.

Skyld i øre. Skilt frå bnr. 29 1957.

Selt for kr. 1.405,- til Normann Tysse f. 19**. Han er motorførar, ugift. Foreldre, sjå Vik, St. bnr. 13.


BRUK 87, NORDSTAD.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 29 1957.

Selt for kr. 1.080,- til Agnar og Ingolf Ås. Agnar og Ingolf Ås er sønene til Ingvald Ås, Stamnes bnr. 38. Ingolf f. 19** er g.m. Sonja Ludvigsen f. 19**.

Born:

Torill f. 19**.
Ingunn f. 19**.
Wenche Karin f. 19**.

Agnar f. 19** er g.m. Lillian Knutsdtr. Kallestad bnr. 9 f. 19**.

Born:

Frank Robert f. 19*’.
Svein Kåre f. 19**.


BRUK 88, KYRKJETUNET.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1 1957.

Selt til Stamnes Indremisjon for kr. 300,-.


BRUK 89. KYRKJETUNET.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 19 og 20 1957.

Selt til Stamnes Indremisjon for kr. 300,-. På bnr. 88 og 89 har Stamnes Indremisjon bygt eit stort og tidhøveleg bedehus. Det vart ferdig og innvigt 1960 og kosta kring kr. 150.000.


BRUK 90, BRATTEN.

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 26 1957.

Selt for kr. 100,- til Olav Hansson Neset. Han er handelsbetjent på Stamnes Handelslag, f. i Modalen, g.m. Margrete Johannesdtr. Iversen el. Ytre Arne, Stamnes bnr. 19 f. 19**.

Born:

Hallgeir f. 19**.


BRUK 93, FURELID.

Skilt frå bnr. 1.

Eigar Einar Solhaug, maskinsjef, f. 19** g.m. Oddbjørg Stien f. 19**.

Born:

Magne f. 19**.
Ivar f. 19**.
Per f. 19**.


BRUK 94, SOLTUN.

Skilt frå bnr. 18.

Eigar Alf Kalvik f. 19** g.m. Solveig Engjom f. 19**, dotter til ordførar Reidar Engjom og kona Synnøve, Gausdal.

Born:

Kjell Vidar f. 19**.
Rigmor f. 19**.
Solfrid f. 19*’.
Jorund Margrete f. 19**.


HUSMANNSPLASS

PLASSET ULEVIKSHAUGEN

Dette plasset ligg på sørsida av Vikafjorden ved grensa mot Vik som også har eit plass liggjande her. Den fyrste kjende feste-setelen for Ulevikshaugen er frå 1889 og lyder på «et markestykke». Dette skulle tyda på at plasset ikkje var rudt før. Plasset høyrer til bnr. 7.


1889 festesetel til Ivar Eirikson Mellesdal f. 1862 og kona Inga Ingebrigtsdtr. Stamnes bnr. 12 f. 1864 d. 1909. Dei bygde hus her. Stovehuset vart øydelagt av brann kring 1920. Det vart etterpå bygt ny stove same staden. Kring 1958 reiv Klaus Mellesdal f. 1916 (sjå nedanfor) husa ned og flytte dei til Stamnes bnr. 80. Ivar E. Mellesdal var los gjennom BolstadStraumen, dreiv sandgruve og var sandarbeidar.

Born:

Edvard f. 1885.
Ingebrigt f. 1886.
Knut f. 1887. Sjå Grøsvik, husfolk.
Andreas f. 1888.
Brita f. 1888 d. 1904.
Andreas f. 1889 d. 1915 ved drukningsulukke i Osterfjorden.
Knut f. 1891 d. 1897.
Anna f. 1892 d. 1910.
Johannes f. 1894 d. 1908.
Ingvald f. 1896 d. 1915.
Knut f. 1897 g.m. Anna Jonsdtr. Grøsvik bnr. 1 f. 1898 d. oml. 1922.
Ingolf f. 1899. Dalseid bnr. 3.
Inger f. 1901 d. 1923.
Nils f. 1902. Sjå Vik bnr. 14.
Anton f. 1903 d. 1904.
Anton f. 1906 g.m. Klara Gudrun Helgesdtr. Hagen, Vik, St. bnr. 4.

Ivar g. 2. g. m. Anna Marie Knutsdtr. Ulevik, sjå pl. Ulevik under Vik, St., bnr. 3 f. 1884.

Born:

Birger f. 1911.
Inga f. 1912 d. 1923.
Anna f. 1914.
Klaus f. 19**. Sjå Stamnes bnr. 80.
Else Julie f. 1918 d. 1919.
Eivind f. 19**.
Astrid f. 19**.


PLASSET Stamnessund, sjå bnr. 24.


HUSFOLK

1722 døydde Johannes Nilsson Stanghelle her 51 år gamal. Han og kona Marta el. Maria Johannesdtr. Toskedal kom hit frå Langhelle bnr. 6, som dei hadde fått tinglyst bygselsetel på 1721. Dei var barnlause.


1774 vart Olav Andersson Stanghelle bnr. 3 f. 1745 g.m. Helga Johannesdtr. Kvåstad f. 1751. Olav var skulehaldar. Dei busette seg sidan på Takvam. Sjå Ættarbok for Haus sokn s. 417.


1785 vart Jon Johannesson Stamnes bnr. 10 f. 1762 d. 1809 innsett til skulehaldar i Stamnes sokn. 1792 gifte han seg m. Synneva Monsdtr. Furenes bnr. 2 f. 1771. Dei vart seinare paktarfolk på Indre Bruvik. Synneva vart g. 2. g. m. Hans Johannesson Stamnes bnr. 1, brukar på Dalseid bnr. 2.


1833 vart Lars Askjelsson f. 1789 g.m. Ingeborg Johannesdtr. Stamnes bnr. 1 f. 1803. Lars kalla seg Fylingslid då dei vart gifte, men det kunne koma av at han hadde tent der lenge. 1801 budde han på Dalseid saman med mora, som var enkje. 1836 flytte Lars og Ingeborg til Natland i Fana.

Jon Askjelsson f. på LitleBergen 1821 d. 1902 og kona Anna Monsdtr. vart «husfolk med jord» og budde i Stamneshagen. Dei sådde 1/2 t. poteter årleg, men fødde ikkje krøter.

Born:

Marta f. 1861.
Johannes d. 1867.
Einar f. 1871.


Nils Velomsson Stamnes bnr. 10 f. 1828 vart g. 1858 m. Dordi Johannesdtr. Kvåstad f. 1835 d. 1922. Dei skulle vera paktarfolk på eit av bruka her.

Born:

Guri f. 1857 g.m. Lars Johannesson Kleiveland, Hosanger.
Marta f. 1863 g.m. Johannes J. Stamnes bnr. 1.
Kari.
Dordi.


1877 vart jekteskippar Johannes Ingebrigtsson Stamnes bnr. 12 f. 1852 d. 1882 g.m. Synneva Olsdtr. Straume bnr. 5 f. 1858.

Born:

Brita f. 1877.
Brita f. 1878.
Olav f. 1879.
Ragnhild f. 1881 d. 1882.

Synneva g. 2. g. m. Johan Jonsson Falkanger.

1884 vart daglønsarbeidar Johannes Eiriksson Kallestad bnr. 5 f. 1855 d. 1884 g.m. Ingeborg Johannesdtr. Stamnes bnr. 9 f. 1862. Dei budde i Stamneshagen.

Barn:

Eirik f. 1885.

Johannes drukna ved Skreia saman med Olav og Hans Kvamme.

Ingeborg g. 2. g. m. gardbr. Johan Gledesnes, Laksevåg.


Lærar og kyrkjesongar i Stamnes sokn Nils Stafsnes og kona Berta Dortea f. Nordeid.

To søner til dåpen medan dei budde her:

Kåre f. 1912
Herfinn f. 1914.


Lærar og kyrkjesongar i Stamnes sokn, Vilhelm Sunnanå og kona Ceselie f. Omdal

Born medan dei budde her:

Olav f. 19**
Endre Omdal f. 19**.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy