Stanghelle - Gardssoge,

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
(<center>'''BRUK 3'''</center>)
Line 403: Line 403:
Born:
Born:
:Marta 1827.
:Marta 1827.
-
:Dorthea 1829-, emigrerte til USA 1850,
+
:Dorthea 1829-, emigrerte til USA 1850. G. 1850 i USA m. Nils J. Dale 1825-1871, [[Gardssoge for bnr. 1-21|Dale]] bnr. 6, Han emigrerte i 1846. Dei hadde 3 born.
:Anders 1832-, brukar her.
:Anders 1832-, brukar her.
:Maria 1834-, skal ha vore g. og b. i Fossmark.
:Maria 1834-, skal ha vore g. og b. i Fossmark.
Line 454: Line 454:
'''1949 '''skøyte til '''Karstein Nilsson Stanghelle. '''Karstein 19**- er tekstilarbeidar i DF.
'''1949 '''skøyte til '''Karstein Nilsson Stanghelle. '''Karstein 19**- er tekstilarbeidar i DF.
- 
===<center>'''BRUK 4.'''</center>===
===<center>'''BRUK 4.'''</center>===

Versjonen frå 16:52, 9 mai 2013

<Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II | Gnr. 20 Stanghelle


Gardssoge for Stanghelle.


GNR. 20 STANGHELLE


Innhaldsliste

INNLEIING

Stanghelle ligg ved ei vik i Sørfjorden, omlag 3,5 km nord for Fossmark. Inst i vika skjer ein djup dal seg innover mot nordaust. I botnen på dalføret ligg Dalevågen. Gardsområdet ligg på båe sider av vågen. På vestsida er det meste utmark. Innmarka med tunet og det meste av utmarka ligg på austsida.

Gardsnamnet vart skrive Stannghelle 1590, Stanndhelle 1610. 1620, 1667, 1723 og seinare er det skrive Stanghelle. Denne skrivemåten er også nytta når gardsnamnet vert brukt som etternamn.

Tydinga av gardsnamnet er noko uviss. Stadnamngranskaren. Oluf Rygh meiner at ein må sjå ein samanheng mellom gardsnamnet og det 640 m høge Stongfjellet aust for tunet. At fyrstelekken i namnet er hokjønnsordet stong synest å vera nokså visst. Dette ordet vert brukt i mange samanhengar, m.a. i samband med fiske. Ein kan vel ikkje heilt sjå bort frå at det kan vera ein samanheng mellom gardsnamnet og det rike fisket i straumen ved innlaupet til Dalevågen.

Fleire fornfunn provar at busetnaden er gamal. Under ein heller ved stranda 75 m sør for Stanghelle jarnbanestasjon er det ein gamal buplass, truleg nytta av fangstfolk som dreiv fiske i straumen. Konservator Egil Bakka ved Historisk Museum i Bergen tok prøvestikk og målte opp helleren 1956. Hellergolvet var 25 m langt og låg 10,5 m over havflata. Helleren var 7 m djup frå dropefallet inn til hellerveggen. Det var sparsamt med funn, så det var vanskeleg å avgjera kva tid helleren hadde vore i bruk.

På Tetteneset vest for Dalevågen vart det 1956 registrert 4 gravrøysar. Røysane ligg i ein turr bakke vel 100 m frå sjøen på nordsida av neset. Dei er mest ikkje synlege frå sjøen. Dette tyder på at røysane har vore mykje høgare før. Gravrøysar vart som oftast lagde slik at dei skulle vera synlege for folk som for framom.

Ei segn fortel at det stod eit slag på Tetteneset i gamal tid. Ein hær innanfrå fjorden møttest med ein hær som kom utanfrå. Ein nesjakonge fall i slaget og vart gravlagd på Tetteneset. Gravrøysane på Tetteneset har ikkje vore utgravne i seinare tid. Ein kjenner ikkje til at det er gjort funn som kan tidfesta røysane.

Ei onnor segn fortel at Stanghelle er yngre enn den næraste grannegarden i nord. Stanghelle var frå gamalt kalvahage under Helle. Helle åtte då til merkes med Fossmark og Jamne.

Grensa mellom Stanghelle og Fossmark går gjennom utmark. Grensa vart skriftfest 1837, då det var utskifting i Fossmark. Det vart hogge eit grensemerke ved sjøen på den staden dei kallar Merkingsflena eller Brurasessen. Derfrå går grensa i sudaust oppetter fjellet Hetta til ein stad dei kallar Purke-skaret. Her er det sett ein merkestein. Frå Purkeskaret går grensa mot sud-sudaust til Eldhusskaret. Der er det hogge ein kross med ring ikring. Frå Eldhusskaret går grensa til Rommesdalsskaret og Rommesdalshaugen. Sidan går grensa mot sudaust ned gjennom Rommesdalslia til bekken ved Fossdalsvatnet. Derfrå går grensa mot aust-nordaust over Fossdalsvatnet til inste Fossdalselva, derfrå i nordaust til Tverrelva. Herfrå går grensa i sud-sudaust langs Tverrelva og opp i fjellbruna, der det er ein vinkel i grensa. Grensa går innetter fjellbruna til Øykemyrskaret, der grensene mellom Fossmark, Stanghelle, Helle og Jamne møtest.

Brurasessen er ei lita berghylle nedst nede i Hettefjellet. Ein må på sjøen for å koma dit ut. Ei segn fortel korleis Brurasessen fekk namnet sitt. Det var to gutar som fridde til den same gjenta. Dei vart samde om å kappro rundt Osterøya. Den som vann, skulle få gjenta. Dei la ut frå Brurasessen og rodde kvar sin veg. Gjenta sat att og venta på dei. Då dei nærma seg målet, hadde han som kom sørover Veafjorden fått eitt forsprang på den andre. Guten som kom roande nordover ute ved Olsnes, såg at han kom til å tapa. Då stupte han i sjøen og drukna seg.

Det eldste skriftlege vitnemålet om garden finst i ei leidangsliste frå 1590-91. Det var berre ein brukar på Stanghelle på den tid. I skattelistene vart brukaren nemnd øydejordsmann. Det kan tyda på at garden låg øyde ei tid etter svartedauden. Øydejordsmenn vart skattlagde etter same takst som brukarar med etter måten lita innkome. Det førde etter kvart til at heile denne gruppa var kalla øydejordsmenn i skattelistene.

Kring 1620 vart garden delt i 2 jamstore bruk. Denne todelinga stod ved lag til 1859. Då vart det eine bruket delt på nytt i to jamstore partar. Sjå bnr. 3 «Knutane» og bnr. 4 «Litle-Nils». Desse to bruka budde i same tun til 1912. Då vart det halde offentleg utskifting. Bnr. 4 flytte då til den nordlegaste delen av innmarka. Området kalla dei Lågaskaret, og det vart seinare brukshamn på bnr. 4.

Det største bruket, bnr. 1, vart i daglegtale kalla Haldorane. Dette bruket hadde tunet sitt noko lenger sør enn dei andre. Her er sola borte frå 1. oktober til 12. februar. Denne tunstaden vart truleg teken opp etter den store brannen 1726. Då vart huslydane på båe bruka brannlidne. Dei har då truleg butt i same tun.

Før utskiftinga var det mykje teigblanding på innmarka. Husateigen med Storåkrane låg nedanfor tunet. Åkervidda vart i 1860-åra rekna til 16 2/3 mål. 11 mål var god åker og 4 mål var middels god. Berre 1 2/3 mål var ring åker. Kornslaga var havre og bygg. Bøen var på 93 2/3 mål. 31 mål var god bø, 38 2/3 mål var middels god. Resten var ring bø. Dyrkingsjorda var 5-6 mål.

Matrikuleringskommisjonen som sette opp desse tala i det me kallar «Herredsbeskrivelsen av 1863», heldt garden for å vera sers lettbrukt. Men det meinte ikkje dei kommisjonane som verdsette gardane 1661 og 1723. Den fyrste kommisjonen gav denne karakteristikken av garden: «Ingen Herligheed uden Ringe Brende Schoug». 1723 heiter det m.a.: «ligger ved Søen 5 Mile fra Bergen noget tungvunden og maadelig til Korn. . . Lever af Qvægetz avling og at selge Brendeveed.»

Skogen vart også nemnd i Herredsbeskrivelsen av 1863. Her var nok til ved og hustømmer, og dei kunne dessutan selja ved for 16 spd. netto kvart år. Skav, lyng og beit gav så mykje for at det svara til 60 våger høy for året. 1874 vart det tinglyst eit overdragingsdokument frå eigarane på Stanghelle til eigarane i Fossmark på ein bjørkeskog for 80 spdl. Denne bjørkeskogen stod på Fossmarks grunn.

Om beitet heiter det i Herredsbeskrivelsen: «Hjemmehavn ved Gaarden av god Beskaffenhed. Forøvrigt Sæterhavn, begge tilsammen tilstrækkelig.»

Seterhusa ligg på Hellestølen, på grunnen åt grannegarden Helle. Setra var i bruk til slutten av 1940-åra. Garden hadde 2 seterhus. Det eine seterhuset høyrde til bnr. 1. Det andre huset åtte bnr. 3 og 4. Huset var delt med ein gang i midten. I kvar ende av huset var det eit opphaldsrom.

Sjølve seterbeitet ligg ein halv times veg unna. Segna fortel at seterhusa vart flytta frå Kraksåmyrane, der dei stod frå gamalt. Det var ei kone i Fossmark som kravde dette. Ho likte ikkje at Stanghellekyrne beita så nær ved Fossmarksetra. Denne kona var så mektig at ho fekk viljen sin, og seterhusa vart flytta til Hellestølen. Men så vart Fossmarkkona gift til Helle, og så vart det like gale som før. Den kona som segna fortel om, må vera lensmannsdottera Magdeli Johannesdtr. Øvste Mjelde. Sjå Fossmark bnr. 5 og Helle bnr. 1.

Ei onnor segn fortel at eit stykke fjellbeite vart gjeve i faddergåve frå Helle til Stanghelle. Det er ei bratt nordvend li der kyrne skulle kunna søkja livd i sunnan- og vestanver. Etter at denne gåva vart gjeven går grensa ned til kvilet på Vatnestølen og derfrå til ein stor stein i Fossdalsleitet.

Kyrne var på setra frå 1. juli til slutten av august. Haust og vår beitte dei i heimehagen og på vestsida åt Dalevågen. Kyrne sumde over vågen når dei skulle bortom. Sauene gjekk på innmarka om våren til det var mat nok i heimehagen. Då vart dei sleppte utom bøgarden. Sidan fann dei vegen til fjells av seg sjølve.

Geiter hadde dei på alle bruka til 1906. Ein smittsam sjukdom gjorde slutt på geitehaldet. 2 geithus var i bruk den siste tida det var geiter på garden. På Geithusteigen var det restar etter geithusgrunnar.

Utslåttene gav ei avling på 50 våger høy, heiter det i Herredsbeskrivelsen. Etter 1920 vart det slutt med å slå i utslåttene. Den siste tida frakta dei høyet heim på løypestrenger. 1930 vart det bygt løypestreng til setra.

Kvernhus er det opplysningar om så tidleg som 1618. Brukaren på Stanghelle hadde brukt Kongens allmenning og ville setja opp kvernhus der. Sjå brukarar før 1700. 1723 hadde garden 2 flaumkvernar. Dei stod truleg i Kraksåa, der kvernhuset åt bnr. 1 stod til siste hundreårsskifte.

Fisket var ei av dei inntektskjeldene som det vart teke omsyn til når skylda på gardane skulle fastsetjast. I Herredsbeskrivelsen av 1863 står det at dei av og til kasta etter sumarsild. Det vart kasta mykje brisling kring århundreskiftet. Elles har det vore drive vanleg fiske til husbruk i fjorden, og nokre strandsitjarar på 1800-talet dreiv også med salting og sal av fisk. Dei mest vanlege fiskeslaga er torsk og flyndre.

Laksefisket var det fisket som matrikuleringsnemndene la mest vekt på. Laksen som gjekk inn i Dalevågen og opp i Bergsdalselva, vart rekna med ved skyldlegginga på Dale, men ikkje på Stanghelle og Helle. Dei gamle norske lovene sette forbod mot fiske som hindra laksen i å gå opp i elvane.

I 1740-åra sette brukarane på Stanghelle ut ei laksenot i Sundet ved innlaupet åt Dalevågen. Nokre av eigarane på Dale meinte at dette var i strid med gjeldande lov. Saka kom opp for lagmannsretten. Saksøkjarar var Olav Johannesson, eigar og brukar på Dale bnr. 9, og justisråd Hans Christian Gartner, eigar av Dale bnr. 18, 19 og 21. Saksøkte var sorenskrivar Johan Garman og Johannes og Anders Stanghelle.

Lagmannsretten gav ikkje saksøkjarane medhald, og dei anka saka inn for overhoffretten. Dette var ein domstol som vart skipa 1666 og stod ved lag til 1797. Overhoffretten hadde sete på Akershus og stod under høgsterett, som hadde sete i København. Overhoffretten stadfeste 1751 domen som hadde falle i lagmannsretten. Det vart serleg lagt vekt på at laksenota stod eit stykke frå land, at den breiaste delen av sundet stod open, og at det var djupare på den andre sida enn det var på den sida der nota stod:

«... er det at erfare det Laxewerpen allenne indstaar et stykke fra Landet, og at det bredeste af Sundet Ligger aabent, og befindes at være dybere paa den Anden Siide, end på den Siiden, hvor Stanghelles Fiske Nod er udsatt, saa at Fiskens opgang til Dahle Elven aldeeles ikke derved kand hindres Saasom Laxen søger den striedeste Strøm og det dybeste Vand, som er Erfunden at være imellem Laxe werpetz yderste Ende til den anden Siide af Landet, hvor der skal være een Distance af 107 1/4 al: Thi efter saadanne omstendigheder haver Citanterne vaaren ubeføyede til denne Sags anleg imod Stanghelles opsiddere, der for Dahle Gaards Eieres og opsidderes tiltale i denne Sag bør aldeleeles Frie at være; Prosessens omkostninger imellom Parterne ophæves. Saaledes Stadfæstes den ergangne Lougtings Dom.»

Men Høgsterett i København såg annleis på tilhøvet. 1782 fall det ein dom som gjekk ut på at lakseverp ikkje kunne setjast opp ved Stanghelle-landet. Det vert vist til denne domen i ein klage frå brukarane på Dale 1785:

«... Hvorved det ved Kongelig Allernaadigst Høyeste Rættes Dom datr. 7. Febr: 1782 skal være afgiort og Decideret af opsidderne paa Gaarden Stanghelle i bemelte Skibrede og Fogderi, intet Laxe Værp på deres gaardes Grund til fangst enten bør eller kan have, ligesom det af Stanghellens forrige oppsiddere, den tid opsatte, og paaankede Laxe værp som noget hvorved Dahle-Gaarders Eiere Laxe fiskerie, Paaførtes Skade og Fornærmelse, samt aldeles blev betaget vad bemelte Høyeste Rettesdom er kienst at borttaget og opryddes».

Pålegget om å fjerna fiskereiskapen vart fylgt av Stanghellemennene 1782, men 1785 vart det klaga over at «de nuværende opsiddere» Nils Johannesson og Knut Olsson, som nyst hadde overteke bruka, «for Kort Tid siden ater Have Dristet sig at opsætte et nyt Laxe værp paa Gaardens Grund, til Laxe fiske, lidt inden for det Trangeste Sund. . .» Klagarane viste til at brukarane på Stanghelle aldri tidlegare hadde hatt eller fått løyve til å ha ein slik fiskereiskap, og at høgsterettsdomen av 1782 stadfeste dette. Dalemennene la ned forbod mot bruk av det nye lakseverpet. Dette forbodet vart forkynt av futen den 3. juni, men den eine av Stanghellemennene svara då at han ville halda fram med fisket, og at han var i sin fulle rett til å gjera det, avdi det nye lakseverpet låg på ein annan stad enn det gamle. Fisket heldt fram til 8. juni. Då vart nota teken opp, men på spørsmål om dei no ville halda opp med fisket for alltid, «gav de et trodsigt svar, sagde at de ville udsette det igien, samt Disputere og søge Process saa længe de kunde». Dalemennene var og innstilte på å gå rettens veg for å få ei avgjerd i saka. Stanghellemennene vart innstemnde til åstadssak som skulle haldast på Dale 12. juli. Men jonsokaftan, vel ei veke etter at stemninga var kunngjord, vart det gjort forlik. Forliket hadde denne ordlyden:

«Vii undertegnede opsidere på Gaarden Stanghelde tilstaar herved, at mellum Os og Samtlige Opsiddere paa Gaarden Dahle er sluttet indbyrdes Forlig og Forening paa saadant Vilkaar at vi ey allene gandske ophæver det i Sommer begyndte Laxe Fiskerie, men lover ogsaa for Fremtiiden, at vi aldrig hverken skal optage noget saa-dant Laxe Fiskerie eller udsette Laxe Nod, Brygge-Garen eller noget Saadant, som til Laxe verp bruges paa at den omtvistede Strekning indenfor Helderen og Holmen, hverken paa den Ene eller paa den anden Side af Sundet og Vaagen, og ikke heller skal vi udsette og oprette noget saadant Laxe Verp paa Holmen selv, men i Følge dette Forlig og den førhen ergangne Høyeste Rettes Dom gandske afholde Os fra ald saadant Slags Fiskerie; som kunde hindre Laxens Opløb til Dahle Elven eller paa nogen maade være Opsideme paa Gaarden Dahle til Fornærmelse, Hvilket alt sammen vi med vores underskrift og boemerker hermed Stadfæster. »


Dale d. 23de Junii 1785.

Nils Johannessen Stanghelle :::Knud Olsen Stanghelle med paaholden Pen (L.S.)  :::med paaholden Pen (L.S.)

Til vitterlighed efter begier underskriver J. Fougstad (L.S) ::::Johannes Iversen Brudvig (L.S.)»


Det neste tinglyste dokumentet om laksefiske er eit forlik 1851. Der vert det vist til ein heimetingsdom som fall 1796. Ordlyden i denne domen er ikkje kjend, men omtalen tyder på at avgjerda gjekk i same lei som høgsterettsdomen 1782. Ved forliket 1851 vart det semje om at Helle- og Stanghellemennene kunne driva garnfiske på visse stader. Sjå Helle.

Husmannsplass med jordveg til ser det ikkje ut til å ha vore på garden. Kring 1850 busette det seg nokre huslydar nede ved sjøen. Dei hadde grunn til bustadhus, naust og andre turvande uthus. Ein av dei, Olav Knutsson Ardal, dreiv fiske og handel. Ein anna, smed Jakob Olsson Stanghelle, hadde smie og skyssbåt. Sjå bnr. 11, eigarliste Stanghelle.

Skyssing, serleg av post, var ei viktig attåtnæring så lenge posten vart send sjøvegen frå Garnes til Dalebryggja. Fleire av brukarane var registrerte som postbønder på 1600- og 1700-talet.

Både samferdsle, handel og handverk fekk eit stort oppsving i 1870-åra då anleggsarbeida tok til på Vossebana og Dale Fabrikker. Stanghelle vart mykje nytta som hamn for vyrke til desse verksemdene. Dale Fabrikker hadde kollager her. Kolskipa kom frå England og lossa på Stanghelle. I smidja ved sjøen fekk dei mykje arbeid med å laga og setja i stand reiskap åt jarnbanearbeidarane. Dette arbeidet heldt fram etter at Vossebana var ferdig og jarnbaneanlegget over høgfjellet vart sett i gang.

Då Vossebana vart sett i drift 1883 kom her jarnbanestasjon, postkontor og telegrafstasjon. Same året vart hjelpegravstaden på Stanghelle vigsla. Hausten 1893 vart det fyrste skulehuset teke i bruk. Det var eit gamalt skulehus som vart flytta frå Bruvik til Stanghelle. Fleire av dei som vart knytte til jarnbana som vaktarar og vedlikehaldsarbeidarar, busette seg på Stanghelle. Fråskiljing av tomter tok til kring 1925 og skaut fart for alvor etter 1949. Ein del av tomtene, serleg på vestsida av vågen, er hyttetomter, men dei aller fleste er hustomter. Ved utgangen av 1972 er omlag all innmark og ein stor del av den sentrale utmarka utlagd til tomter. Sjå bnr. 8-275, eigarliste Stanghelle. Mange av dei som har busett seg på Stanghelle i seinare år, budde tidlegare på Dale og har framleis arbeidsplassane sine der.


SKYLD, UTREIDSLER, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matr. nr. 15 i Arna skipreide. 1838 matr. nr. 16. 1853 mart. nr. 131. 1886-1964 gnr. 31 i Bruvik kommune. Landskyld 1626: 2 pd. smør. 1648 og 1655: 2 pd. smør, 1/2 t. korn. 1661: 2 pd. smør 1/2 t. malt. Matrikkeltakst 1661: 1 1. smør. 1723 vart taksten sett opp til 1 l. 12 m. smør. Ny matrikkel 1838: 4 dl. 3 ort 22 sk. 1886: 8.06 skm. Leidang 1590: 1 kalvskinn. 1665: leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1/2 rd. 13 sk., småtiend 8 sk. Husdyrskatt 1657: 7 m. 13 sk.

Fødnad 1657: 2 hestar, 16 kyr, 4 kviger, 21 geiter, 35 sauer. 1661: 18 storfe. 1723: 1 hest, 11 kyr, 4 ungfe, 24 småfe. Frå 1860-åra er det to ulike oppgåver. I folketeljinga 1865: 1 hest, 29 storfe, 70 sauer, 22 geiter, 1 gris. Herredsbeskrivelsen av 1863: 1 hest, 18 storfe, 9 ungfe, 70 småfe.

1665: Sånad 3 t. korn, avling 10 t. 1723: Sånad 3 1/2 t. havre. Avling 13 t. 1865: Sånad 9 t. havre, 10 t. poteter. Herredsbeskrivelsen gjev opp desse tala: Sånad 8 t. havre, 10 t. poteter. Avling 36 t. havre, 51 t. poteter. 1785 v. høy, 252 v. halm, 50 v. høy i slåttene. Skav, lyng og beit svarar til 60 v. høy.

Folketal 1801: 20. 1865: 34. 1875: 31. 1967: 319.


EIGARAR

I mellomalderen høyrde Stanghelle til jordegodset åt Munkeliv kloster. Ved reformasjonen vart kyrkje- og klostergodset drege inn under kruna.

I 1660-åra vart mykje krungods selt på auksjonar. Ein av dei som samla seg mykje jordegods i denne tida, var stiftsskrivar Hermann Garman 1648-1733. Han var eigar av Stanghelle og Helle 1694. Garman budde på Nedste Mjelde i Haus. Ein av grannane hans, lensmann Johannes øvste Mjelde, dreiv også med gardkjøp. Det var truleg ein handel mellom desse to som førde til at lensmann øvste Mjelde vart eigar av Stanghelle fyrst på 1700-talet.

1712 let lensmann øvste Mjelde fredlysa skogen på gardane Veo, Bukstein, Kvåstad, Dyvik, Helle og Stanghelle. Sonen lensmann Johannes Nordre Askeland ervde Stanghelle ved skiftet etter faren 1732. Men 1735 let Johan Garman, ein slektning åt den barnlause Hermann Garman, lysa odelsrett til Stanghelle og fleire andre gardar som hadde vore i Garmansslekta før. Dette førde til tingingar mellom Johan Garman og etterkomarane etter lensmann Askeland. Det er gjort nærare greie for semja i eigarsoga for Helle. Semja førde m.a. til at Johan Garman fekk skøyte på heile Stanghelle 1744.

Leiglendingen Johannes Monsson fekk skøyte på bnr. 1 1744. Ein av grunnane til at han vart sjølveigar, var at han åtte ein part i Hana, og at han og medeigaren hans, Anders Nilsson Helle, gav skøyte på denne parten til Johan Garman.

Resten av garden selde Johan Garman 1761 til Einar Monsson Helle bnr. 3 g.m. Sigrid Johannesdtr. Stanghelle. Dei var brukarfolk på Rivenes i Haus. Sjå Haus s. 167. Av borna deira var det berre to døtre som vart vaksne, Dordi g.m. Mikkel Johannesson Kyrkje-Bruvik og Anna g.m. Olav Olsson Rivenes. I skiftet etter Einar Monsson Rivenes 1772 vart parten som buet åtte i Stanghelle delt mellom ervingane, med 1/2 på enkja Sigrid og 1/4 på kvar av døtrene. Då Anna døydde 1774 gjekk parten hennar over til dottera Marta Olsdtr. Rivenes.

Ved skiftet 1781 etter Sigrid Johannesdtr. Rivenes vart parten som buet åtte i Stanghelle skift mellom dottera Dordi Kyrkje-Bruvik og dotterdottera Marta Rivenes. Marta fekk skøyte på parten åt morsystra 1782, og var no eigar av halve Stanghelle. Marta gifte seg 1794 med Anders Johannesson Fossmark bnr. 5. Dei sette seg ned som brukarfolk på den parten som Marta åtte. Sjå bnr. 3.


BRUKARAR FØR ÅR 1700

1611 finn me Svein Stanghelle i landsskattelista. Svein og 9 andre leiglendingar betalte til saman 10 dalar i skatt.

1618 vart Svein saksøkt fordi han utan lov hadde brukt Kongens grunn i Allmenningen og ville setja opp eit kvernhus der. Det er truleg i Mjelde Skipsreides Allmenning på andre sida av fjorden Svein har teke seg til rette, kvernstaden han hadde funne seg var truleg i Grøtå. Ervingane åt Svein måtte betala 5 daler i bot for dette.


1620 finn me i landsskattelista brukaren Peder. Han er ikkje nemnd seinare. Brukaren Nils som me finn same år er truleg den same Nils Nilsson som er nemnd nedanfor.


1630 var her også to brukarar - Torstein og Nils. Dei sat med kvar si helvt av garden, Torstein truleg den parten som er det noverande bnr. 1 og Nils den parten som seinare vart bnr. 3 og 4. Me vil fylgja desse to brukarættene kvar for seg fram til år 1700.


Torstein Knutsson var brukar her frå omlag 1630 til 1660. 1657 hadde han ein fødnad på 1 hest, 8 kyr, 2 kviger, 9 geiter og 12 sauer, og han betalte ein husdyrskatt på 7 m. og 6 sk.

Kona åt Torstein heitte Marta.

Born:

Agate -1699.
Nils 1638-, brukar her.


1661 hadde Nils Torsteinsson 1638-1693 vorte brukar etter faren.

Borna:

Torstein f. og d. 1664,
Agate 1669-1719.

Johannes 1670-1722, g.m. Marta Johannesdtr. Toskedal. Dei bygsla ei tid Langhelle bnr. 6. Seinare var dei husfolk på Stamnes.


1620 var Nils brukar på den andre helvta av garden. Nils er nemnd også 1630 og 1638. 1645 er enkjemannen Nils Nilsson oppførd i kopskattemanntalet. Om det var den same Nils som var brukar 1620, eller om det var far og son, let seg ikkje slå fast på grunn av dei sparsame kjeldene.

Kjende born:

Anders 1629-, sjå nfr.
Johannes 1652-.
Agate 1669-1719.
Nils g. 1692 m. Maria Olsdtr. Dale.


Anders Nilsson 1629-1698, sjå ofr., var brukar etter faren. 1657 fødde han 1 hest, 8 kyr, 2 ungfe, 12 geiter og 23 sauer. Anders var postbonde med kongeleg approbasjon. Han var lagrettemann 1671, 1677 og 1687.

Born:

Nils 1656-, sjå bnr. 3.
Halvard 1661.


BRUK 1

Daglegnamn: Haldorane.

Gamalt løpenr. 45, nytt løpenr. 515. Gamal landsskyld 1/2 laup smør. Ny skyld 1838 2 dl. 1 ort, 23 skill. 1886 4.03 skm. 1956 3.24 skm. I 1860-åra var åkervidda på bruket 8 mål. Av det var 5 2/3 mål god åker, 1 mål middels god, resten var ring. Bøen var på 47 mål. Av det var 15 2/3 god bø, 19 1/3 mål middels god, 12 mål ring bø. Matrikuleringskommisjonen som sette opp desse tala rekna dyrkingsvidda på bruket til 2 å 3 mål. Sånaden var 4 t. havre, 5. t. poteter og dei hausta 18 t. havre, 25 t. poteter, 861 v. høy, 126 v. halm. I slåttene fekk dei 30 v. høy. Dessutan hausta dei skav, lyng og beit tilsvarande 30 v. høy. Bruket var sers lettbrukt. Skogen gav nok ved og tømmer til husbruk og dei kunne dessutan selja ved for 8 spdl. netto årleg. Ved folketeljinga 1865 budde der 8 personar på bruket. Sånad 4 t. havre, 4 t. poteter. Fødnad 1 hest, 13 storfe, 26 sauer, 5 geiter og 1 gris. 1875 var sånaden den same som 1865. Fødnad 1 hest, 9 kyr, 1 ungfe, 20 sauer og 20 geiter. 1958 fødnad 2 kyr, 1 hest, 14 vaksne sauer, 7 fjorlam.


1701 var Mons Henriksson brukar her. Mons 1650-1741 var g.m. Marta Nilsdtr. 1669-1735. Mons var truleg komen frå Jamne. Han er nemnd i militærmanntalet 1711, men han hadde ikkje gjort teneste.

Born:

Henrik 1684-, sjå Fylingslid, brukarar.
Nils 1692-, sjå Fylingslid, brukarar.
Mons 1698, g.m. Marta Monsdtr. Sæterdal, b. i Sedalen. (Ei dotter Brita g.m. Johs .N. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 2 og ei dotter Agate g.m. Anders J. Kåstad, brukar i Fylingslid.)
Torstein 1702-, brukar her.


1735 bygsla Torstein Monsson f. 1702, g.1.g. 1722 m. Anna Knutsdtr. Fausdal, 1696-1732.

Born:

Brita 1722-1742,
Marta 1724-1742,
Nils 1728-1742,
Anna 1730.

Torstein g.2.g. m. Maria Nilsdtr.

Born:

Agate f. 1733.


1743 bygsla Johannes Monsson Seim frå Arna sokn, 1719-1804. Han var g.m. Helga Nilsdtr. Fossmark bnr. 5, 1720-1782.

1744 fekk dei skøyte og vart sjølveigarar. Omframt dette bruket åtte dei jordegods i øvste-Mjelde i Haus. Denne parten som var på 10 m. smør, 2 2/9 k. malt og 5/7 skill. i pengar var i skiftet etter Helga Nilsdtr. verdsett til 33 rdl. og 2 m. Bruttosummen i buet var då 274 rdl. 3 m. og 4 skill. og frådraget var på berre 12 rdl., slik at nettoen vart vel 262 rdl. Enkjemannen ervde halvparten og hadde då han døydde 1804 auka buet sitt til 168 rdl.

Born:

Magdeli 1743-.
Anna 1745-, g.m. Nils Monsson Helle, sjå Helle br. nr. 1.
Brita 1746-, g.m. Olav Tomasson Stavenes, sjå Stavenes bnr. 1.
Mons 1748-.
Nils 1751-.
Magdeli 1753-, g.m. Nils Nilsson Helle, sjå Helle bnr. 7.
Nils 1756-, brukar her,
Johannes 1758-, brukar i Vik, Bruvik sokn, bnr. 1.


1779 skøyte til Nils Johannesson frå faren som frå 1782 hadde tinglyst vilkår på dette bruket. Nils 1756-1836 var g.m. Magdeli Monsdtr. Helle bnr. 3 1762-1827. Nils var postmann.

Born:

Johannes f. 1782 d. 4 mndr. gamal,
Johannes 1784-1810.
Helga f. 1786, d. 3 veker gamal,
Mons 1787-1790,
Helga 1789-, g.m. Anders Nilsson Helle, Indre-Bruvik bnr. 3.
Mons f. 1791 d. 1/2 år gamal,
Mons 1792, brukar her.
Nils f. og d. 1795,
Gjertrud 1796-1814,
Nils 1798-1848.
Olav 1801-, g.m. Brita Torsteinsdtr. b. på Øvste Mjelde i Haus.
Magdeli 1807, g.m. Lars J. Fossmark, sjå Fossmark bnr. 1.

I skiftet etter Magdeli 1827 var nettosummen i buet vel 11 spd.


1813 skøyte til Mons Nilsson for 72 rdl. og kår til foreldra, verdsett til 16 rdl. årleg. Når foreldra var døde, skulle to av syskene åt Mons, Nils og Gjertrud, ha kår på bruket.

Mons 1792-1841 var g.1.g. 1819 med Marta Johannesdtr. Helle bnr. 3 1792-1837. Ved skiftet etter Marta i 1837 var dette bruket verdsett til 400 spd. Nettosummen i buet var på vel 715 spd. Marta og Mons ser ut til å ha vore velståande folk som kunne hjelpa sambygdingar med lån. Mons Johannesson Helle skulda vel 66 spd. til buet og Daniel Nilsson Langhelle like mykje.

Born:

Nils f. og d. 1819.
Nils 1820-1821.
Magdeli 1822-, g.m. Erik J. Fossmark, brn. 1, b. på Morland i Fjell.
Kari 1824-, emigrerte til USA 1850,
Nils 1826-, brukar her,
Helga f. 1828, d. 1/2 år gamal,
Johannes 1830-, emigrerte til USA 1858.
Helga f. 1832, d. 12 veker gamal.

Mons g.2.g. 1837 m. Dordi Andersdtr. Stanghelle bnr. 3, 1812-1890. Dei fekk sonen Anders f. og d. 1839. Ved skiftet etter Mons 1841 var dette bruket verdsett til 400 spd. Det vart halde auksjon over lausøyret og det kom inn 500 spd. Nettosummen i buet var på vel 826 spd.

Enkja Dordi Andersdtr. g.2.g. 1843 m. Olav Johannesson Fossmark bnr. 1 1816-1890.

Born:

Marta 1844.


1841 skifteskøyte til Nils Monsson for takstsummen 400 spd. Nils 1826-1895 var g. m. Dordi Andersdtr. Kåstad f. 1826.

Born:

Marta 1847, g.m. Eirik Johannesson Bruvik, b. i USA,
Mons 1848-1851,
Mons 1850-1851.
Sigrid 1851-, g.m. Nils J. Stanghelle bnr. 4,
Anna 1854, g.m. Johannes J. Fossmark bnr. 3, b. i USA,
Magdeli 1857-, g.m. Nils J. Helle, sjå Helle bnr. 7,
Mons 1860-, g.m. Marta Nilsdtr. Øye, Bergsdalen, b. i USA,
Helga f. og d. 1863,
Brita 1863-1864,
Brita 1864-1873,
Marta 1867-, g.m. Nils N. Helle, sjå Helle bnr. 2.


1892 skøyte til Haldor Johannesson Helle for kr. 4000,- og kår til seljaren Nils Monsson. Det vart teke atterhald om at dersom kjøparen selde bruket skulle kr. 2000,- av kjøpesummen gå til seljaren eller hans livsarvingar. Haldor 1867-1933 var frå Helle bnr. 7, g.m. Borgny Nilsdtr. Stanghelle bnr. 4 1872-1951. Borgny var dotterdotter åt seljaren Nils Monsson.

Born:

Madli 1893-1900.
Sigrid f .og d. 1895.
Sigrid 1896-, b. her.
Dorthea 1898-1900.
Madli 1900-1947.
Johannes 1902-1963, b. her.
Anna 1904-, b. her.
Marta 1906-1946.
Maria 1908-1969, hushjelp og fabrikkarbeider.
Borghild 1910-, g.m. banevaktar Hermann Rolvsvåg, sjå ættesoge for Stanghelle.
Nils 1910-, brukar her.
Håkon 1913-1935.
Solveig 1915-1916.
John 1917-1947, snikkar og gardsarbeidar, sjå eigarliste Stanghelle, bnr. 18.


1952 skøyte til Nils Haldorsson for kr. 6000,- og kår til broren Johannes. Nils 1910- er telefonstyrar og har drive daglegvareforretning på Stanghelle sidan 1935, g.m. Johanne Johansdtr. Kalvik 1918-, frå Kristiansund.

Born:

Harald 19**-.
John 19**-.
Kjell f. og d. 1958.
Unni 1959-.


BRUK 2

Skilt frå bnr. 1 1883 med skyld 1 skill. Ny skyld 1886 0.01 skm.


1879 skøyte til Johannes Jonsson Vatle for kr. 200,-. Johannes f. 1850 var son åt Jon Johannesson Fossmark bnr. 1 og kona Kari Johannesdtr. Helle, g.m. Anna Andersdtr. Midt-Bruvik f. 1852.

1883 skøyte til Anders Andersson Tveit for kr. 200,-.

1888 skøyte til Mons Johannesson for kr. 800,-.

1894 skøyte til Peter Jebsen for kr. 200,-.

1906 auksjonsskøyte til A/S Dale Fabrikker på dette bnr. og fleire andre bnr. for kr. 50.500,-.

1922 skøyte til Norges Statsbaner for kr. 2000,-.


BRUK 3

Daglegnamn: Knutane.

Gamal løpenr. 46, nytt løpenr. 518. Gamal landsskyld 1 bismarpund 12 m. smør. Ny skyld 1838 2 dl. 1 ort 23 skill. 1859, etter at bnr. 4 var skilt frå, var skylda 1 dl. 23 skill. 1886 2.01 skm. 1956 0.76 skm. I 1860-åra var det på dette bruket 4 1/3 mål åker. Omlag 2 2/3mål var god åker, 1/2 mål var middels god, resten ring. Bøen var på 23 1/3 mål. 6 mål var ring bø. 9 2/3 mål middels god og resten var god bø. Matrikuleringskommisjonen som sette opp desse tala rekna dyrkingsjorda på dette bruket til å vera 1 1/2 mål. Sånad 2 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Avling 9 t. havre, 13 t. poteter, 462 v. høy, 63 v. halm. Frå slåttene fekk dei 10 v. høy. Skav, lyng og beit tilsvara 15 v. høy. Fødnad 5 storfe, 3 ungfe, 20 småfe. Bruket hadde nok skog til ved og hustømmer og kunne dessutan selja ved for 4 spd. årleg.


Anders Nilsson var den første brukaren ein med nokonlunde visse kan seia sat med dette bruket. Anders 1629-1698 vart truleg brukar kring 1650. 1657 fødde han 1 hest, 8 kyr, 2 ungfe, 12 geiter og 23 sauer. Kona hans kjenner me ikkje namnet på.

Kjende born:

Nils 1656-, brukar her,
Hallvard 1661-.


Nils Andersson 1656-1702 vart brukar etter faren. Nils var lagrettemann 1689.

Born:

Dorthea 1679-, g.m. neste brukar,
Mons 1706-, b. på Vevle, Gjerstad sokn.
Johannes 1687, brukar på Rivenes, sjå Haus s. 166.
Agate 1689-, g. 1712 med Mons Johannesson Midt-Bruvik.
Anders 1694-.
Nils 1719-.


1704 vart Johannes Johannesson g.m. Dorthea Nilsdtr. 1679-1747, dtr. åt den førre brukaren. Johannes 1680-1733 var frå Fossmark. Han var også leiglending på Langhelle bnr. 5. Kvar han budde til ulike tider er noko uklårt, men 1706 budde han i alle fall på Stanghelle. Johannes var postbonde og hadde for dette ei løn på 2 rdl. og 4 m. årleg. I tillegg til dette hadde han munderingspengar 1 m. 8 skill.

Åtte dagar før kyndelsmesse 1726 brann husa på bruket hans.

Born:

Nils 1704-1705. Nils 1705-, g. 1731 m. Ingeborg Sjursdtr. Frovik.
Sigrid 1707 g.m. Einar Monsson Helle.
Johannes 1710-, g.m. Anna Simonsdtr. Dale.
Marta 1712-, g. 1731 med Peder Nilsson Hana.
Anders 1714-, brukar her.
Anna 1717-, g.m. Johannes Johannesson Stamnes, brukar på Stokke bnr. 5.
Brita 1726-, g. 1750 med Nils Olsson Øykås.


1743 bygsla Anders Johannesson 1714-1782. Anders var postbonde, g. 1740 med Maria Olsdtr. Bukkestein 1717-1768, sjå Bukkestein bnr. 1.

Born:

Johannes 1742-, brukar på Kvåstad, sjå Kvåstad, brukarar.
Nils f. og d. 1744.
Olav 1745-, skulehaldar i Stamnes sokn, seinare b. Takvam, sjå Haus s. 417.
Maria 1748-, g. 1797 med Elias Johannesson Neset, sjå Arna s. 321.
David 1750-, g.1.g. m. Gjertrud Monsdtr. Helle bnr. 3, og 2.g. m Kristi Olsdtr. Veo. Sjå Arna s. 576.
Dortea 1753-, g.m. neste brukar,
Ingeborg 1756.
Nils 1759-, g. 1787 med Ingeborg Bessesdtr. Thunestveit, b. Åsheim, sjå Arna s. 47.
Anders 1763, skulehaldar, b. på Kallekleiv, sjå Gjerstad s. 208.

I skiftet etter mora Maria Olsdtr. 1768 ervde sønene Olav, David, Nils og Anders vel 5 rdl. kvar og døtrene Maria, Dortea og Ingeborg vel 2 1/2 rdl. kvar. Johannes f. 1742 er ikkje nemnd i dette skiftet.


1779 bygsla Knut Olsson Olsnes 1751-1835. Han gav kår til den gamle brukaren Anders Johannesson, som vart verfaren hans då Knut gifte seg med Dortea Andersdtr. f. 1753. Knut og Dortea var brukarfolk her til 1794 då dei flytte til Hesjedal. Sjå Hesjedal, Dale sokn, brukarar før 1820.


1794 vart Anders Johannesson Fossmark, bnr. 5 1768-1831 g.m. Marta Olsdtr. Rivenes, Haus, 1772-1861. Marta hadde ved arv og kjøp vorte eigar av dette bruket. Anders fekk 1791 skøyte hjå far sin på Vaksdal bnr. 28. Dette bruket selde han 1801 til Jørgen Bergesson Brunborg frå Evanger. I skiftet etter Anders 1832 var bruttosummen i buet vel 63 spd. og nettosummen vel 36 spd. Han hadde då nokre år tidlegare skøytt garden frå seg til eldste sonen.

Born:

Anna 1795 g.m. Johannes J. Hesjedal, sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 4.
Marta 1797-1819.
Marta 1799 g.m. Olav O. Hesjedal bnr. 3.
Johannes 1801, brukar her.
Sigrid f. 1804, d. før 1832.
Kari 1806-, g.m. Olav O. Blomdal, sjå Blomdal bnr. 2.
Magdeli 1809-, g.m. Johannes J. Blødal.
Dorthea 1812-, g.m. Mons N. Stanghelle, bnr. 1.
Olav f. 1814 d. før 1832.
Olav 1816-, sjå bnr. 7.
Johannes 1817-, brukar på Olsnes bnr. 1.


1825 skøyte til Johannes Andersson for 120 spd. og kår verdsett til 105 spd. i 5 år. Johannes 1801- var g. 1826 med Maria Nilsdtr. Helle bnr. 2 1807-1897.

Born:

Marta 1827.
Dorthea 1829-, emigrerte til USA 1850. G. 1850 i USA m. Nils J. Dale 1825-1871, Dale bnr. 6, Han emigrerte i 1846. Dei hadde 3 born.
Anders 1832-, brukar her.
Maria 1834-, skal ha vore g. og b. i Fossmark.
Nils 1835-1843.
Marta 1839, emigrerte til USA 1858.
Johannes 1841-1843.
Nils 1844-, sjå bnr. 4.
Johannes 1847-.
Dorthea 1851-1895, ug.


1856 vart Anders Johannesson 1832-1857 g.m. Anna Tomasdtr. Hekland bnr. 1. 1835-1877.

Born:

Johannes 1856-, sjå nedanfor.
Maria 1858-, sjå bnr. 5.

Enkja Anna Tomasdtr. g.2.g. 1859 m. Johannes Nilsson Jamne bnr. 1. Johannes g.2.g. 1880 m. Marta Johannesdtr. Midt-Bruvik. Dei flytte til Fossmark 1886. Sjå Fossmark bnr. 3, der også borna til Johannes og Anna er å finna.


1859 skøyte til Johannes Andersson f. 1856 for 180 spd. og kår. Det var farfaren, Johannes Andersson f. 1801, som gav skøyte. Han hadde då delt bruket i to jamstore partar, og gav samstundes skøyte på den andre parten til sonen Nils. Sjå bnr. 4. Kårytinga skulle delast mellom bnr. 3 og 4. Dei som skulle ha kår, var seljaren, kona Maria og dottera Dorthea.

1883 vart det tinglyst kårbrev til Johannes Nilsson Jamne, sjå ovanfor. Han hadde drive bruket for styksonen, som berre var 3 år gamal då han fekk skøyte.


1883 skøyte til Knut Olsson Faugstad for kr. 3600 og tidlegare tinglyste kårytingar. Knut 1850- var frå Fokstad bnr. 3, g. 1876 m. Synneva Nilsdtr. Helle bnr. 7 1856 -.

Born:

Olav 1877-1884.
Madli 1879-, g.m. Mikal J. Kyrkje-Bruvik. Sjå Fokstad/Faugstad bnr. 4 og Samnanger II s. 48.
Nils 1882-1888.
Mons Olai 1884-1910.
Anders 1888-, vognvisitør i NSB, b. Bergen, g.m. Stina Sjursdtr. Stanghelle bnr. 7.
Nils 1890-, brukar her.
Åsa Dorthea 1892-, g.m. Nils N. Faugstad, b. USA. Sjå Fokstad/Faugstad bnr. 5.
Johannes ca. 1895-, b. USA.
Konrad 1897-1920.


1924 skøyte til Nils Knutsson på bnr. 3 og 5 med hus for kr. 4500,- og kår til seljaren og kona verdsett til kr. 1000,- for 5 år. Nils Knutsson 1890-1944 var g.m. Brita Jakobsdtr. Stanghelle bnr. 11 1892-1933.

Born:

Signy 19**-, hushaldar her.
Johannes 19**-, elektrikar.
Konrad 19**-, maskinreparatør.
Adele 19**-, g.m. Sigurd Reinholdtsen, sjå ættesoge for Stanghelle.
Karstein 19**-, brukar her.
Johanna 19**-, tekstilarbeidar i DF.


1949 skøyte til Karstein Nilsson Stanghelle. Karstein 19**- er tekstilarbeidar i DF.

BRUK 4.

Daglegnamn: Litle-Nils.

Etter utskiftinga 1912 helst kalla Lågaskaret. Skilt frå br. 3 1859 med løpenr. 518. Ny skyld 1 dl. 23 sk. Gamal skyld 18 m. smør. 1886 2.01 skm. 1956 1.70 skm.

Bnr. 3 og 4 var jamnstore og Matrikuleringskommisjonen i slutten av 1860-åra sette jordvidda på dette bruket lik med jordvidda på bnr. 3: 4 1/3 mål åker. Av det var 2 2/3 mål god åker, 1/2 mål middels god, resten ring. Bøen var på 23 1/3 mål. 6 mål var ring bø, 7 2/3 mål god bø, resten middels god. Dyrkingsjorda vart sett til 1 1/2 mål. Sånad 2 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Avling 9 t. havre 13 t. poteter 462 v. høy, 63 v. halm. Frå slåttene fekk dei 10 v. høy. Skav, lyng og beit tilsvara 15 v. høy. Her var skog til ved og hustømmer og dei kunne selja ved for 4 spd. netto årleg. Fødnad 5 storfe, 3 ungfe, 20 småfe.


1859 skøyte til Nils Johannesson for 150 spd. og kår til foreldra og lystra Dorthea Johannesdtr. Kårytinga var delt mellom bnr. 3 og 4.

Nils Johannesson f. på bnr. 3 1844 var g.1.g.m. Borgny Danielsdtr. Helle bnr. 4 1833-1870. Dei hadde ei dotter, Maria f. og d. 1870.

Nils g.2.g.m. Sigrid Nilsdtr. Stanghelle bnr. 1 1851-.

Born:

Borgny 1872-, g.m. Haldor Johannesson Helle bnr. 7.
Maria 1873-, g.m. Andreas J. Dale, sjå Dale bnr. 3.
Dordi 1874-, g.m. Anders Nilsson Helle.
Johannes 1877-, brukar her.
Nils 1880-1896.
Madli 1881-, g.m. Ole Skreien.
Brita 1883-, ug.
Marta 1885-1886.
Andreas 1887-, g.m. Malena Blom.
Marta 1889-, g.m. Edvard Njåstad.
Anna 1892-, g.m. Nils J. Helle, sjå Helle bnr. 3.
Johanna 1894-, g. m. Anders M. Helle, sjå ættesoge for Stanghelle.


1906 skøyte til Johannes Nilsson 1877-1958, g.m. Brita 1886-1950, dtr. åt Madli og Anders Bruvik, Ytre Bruvik bnr. 10.

Born:

Nils 1909-1969.
Margit 1911-, g.m. Johan Fyllingslid, sjå ættesoge for Stanghelle.
Anders 1914-1937.
Sigrid 19**-, kjøkenassistent ved Dale Gamleheim.
Birger 1920-, driv snikkarverkstad i Kvalvik ved Kristiansund, g.m. Ingrid Johansdtr. Kvalvik.
Arvid 19**-, sjå nfr.


1947 skøyte til Arvid Johannesson Stanghelle 19**-, elektromontør ved Norges Landbrukshøgskole, Ås, g.m. Emma 1924-, dtr. åt Johan Kvalvik, Kristiansund.

Born:

Turid 1955-.
Berit 1958-.
Gunn Kari 1965-.


BRUK 5

Skilt frå bnr. 3 1881. Skyld 1 skill., løpenr. 518c. 1886 0.01 skm.


1881 skøyte til Johannes Andersson Åsheim for kr. 120. Johannes 1857-1930 var frå Åsheim i Haus, g. 1879 m. jordmor Maria Andersdtr. Stanghelle bnr. 3 1858-1940. Medan dei budde her, var Johannes smed. Dei utvandra seinare til USA, der Johannes var smed, farmar og forretningsmann. Sjå Haus s. 209 og Haus Bygdeblad 1952 nr. 12.

Born:

Alfred August 1880-.
Anders 1882-.


1884 skøyte til Knut Olsson Faugstad for kr. 50. Sjå bnr. 3 ofr.

1924 skøyte på bnr. 5 og 3 til Nils Knutsson. Sjå bnr. 3.


BRUK 6 TETTENES

Skyld 1.01 skm. Skilt frå bnr. 1, 3 og 4 1897.


1897 kjøpekontrakt til Dale Fabrikker på dette utmarkstykket for kr. 10.000. Etter kjøpekontrakta måtte ikkje seljarane overlata andre tomter til fabrikkanlegg. Dei skulle gje fri grunn i utmarka til vassleidningar. Båe dei dåverande transportlaupa skulle haldast opne. Det var også teke andre atterhald frå kjøparane si side. I skøytet som var tinglese 1903 var dei same atterhalda tekne med. Kjøparen skulle t.d. ikkje ha rett til beiting i utmarka.


1906 auksjonsskøyte til A/S Dale Fabrikker på dette bnr. m. fl. for kr. 50.500.


1918 skøyte frå A/S Dale Fabrikker til Bergen Kommune for kr. 950.000. Skøytet lydde på dei eigedomar og rettar A/S Dale Fabrikker hadde i Hamlagrøvatnet og Bergsdalsvassdraget, dette bnr. m. fl. Skøytet inneheldt ei rekkje nærare spesifiserte rettar og plikter for kjøpar og seljar.


1919 grunnleigekontrakt mellom Bergen Kommune og Fyrvesenet, der Fyrvesenet får rett til å setja opp og halda ved like eit lyktehus og eit oljeskur med adkomstrett til bygningen mot årleg avgift kr. 5.


1935 skøyte til Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap. Omframt dette bnr. galdt skøytet Bergen Kommunes rettar i Bergsdalsvassdraget, Teigdalsvassdraget og Torfinnsvassdraget.


BRUK 7 SOLHAUG

Skilt frå bnr. 1 1908. Skyld 0.01 skm.


Dette bnr. er ein del av den gamle bustaden som dei kalla «me' sjødn». Den fyrste ein kjenner til som budde her, var Olav Andersson 1816- frå Stanghelle bnr. 1, g.m. Sigrid Jakobsdtr. Olsnes bnr. 1 1826-1900.

Born:

Anders 1853-, sjå ættesoge for Dale.
Jakob 1855-, døydde som barn.
Jakob 1857-, sjå ættesoge for Stanghelle.
Marta 1860-, g. 1879 m. banearbeidar August Jonsson Fernebo frå Vårmland, Sverike.
Brita 1863-, g. m. banearbeidar Anders Andersson Frøski frå Elvsborg lån, Sverige. Sjå Dale bnr. 13.
Sjur 1866-, sjå nfr.


1908 skøyte til Sjur Olsson Stanghelle 1866-, sjå ofr., banevaktar, g.m. enkja Brita Hansdtr. f. Trettenes 1860-1945, g.1.g.m. Johan Nikolai Gjeldvik, sjå ættesoge for Dale.

Born:

Johanna 1891-, g.m. Knut Jakobsen.
Ole 1893-, sjå nfr. Stina 1895-, g.m. Anders Stanghelle, sjå bnr. 3.
Brita 1897-, g.m. Ole Takvam, Nesttun. Sjå Johannes Takvam, ættesoge for Dale.
Marta 1900-, sjå Albert Fotland, ættesoge for Dale.
Hilda 1901-, g.m. Gustav Åsheim.


1946 skøyte til Ole Sjursson Stanghelle 1893-, sjå ofr., g.m. Borghild f. Torsheim.

1959 skøyte til Svend Leon Christensen.

1969 er Anna Christensen eineeigar.

1969 skøyte til John Stanghelle, Bergen.



© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy