Steinsland

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Steinsland.



Gnr. 84 Steinsland.


Innhaldsliste

Innleiing

Steinsland er øvste garden i Modalen. Han ligg 22 km frå sjøen og 120 m yver havet. Endå garden ikkje ligg serleg høgt, hev han alltid vorte rekna for ein fjellgard. Ein km lenger sør ligg Storvatnet. Det er 5 km langt. Fram til 1965 var det berre ein gongeveg langs vatnet. Den vanlege ferdslevegen til bygdi gjekk alltid yver vatnet, so sant det var farande. Var det uver eller meinis, måtte dei ta seg fram landvegen, og det kunde ofte vera svært slitsamt.

Steinsland ligg i dalbotnen, med høgreiste, ville fjell yver skogkledde lier i aust og vest. 1 vest står Gavlen, millom Gregusskaret og Kvernhusskaret. So kjem Grånovi. Ho heng som ei klåtra på nedste delen av det høgreiste, nakne Eldhusfjellet. Høgaste toppen der er 1207 m, og her er det reist ein varde. Dette fjellet hev alltid vore ein fårleg granne, for der går snøskredor om vinteren. Husi måtte difor flyttast frå det gamle tunet der dei fyrst var bygde. Grånovi, rett opp for husi, er heller ikkje nokon pålitande granne. Der kjem ofte steinsprang, men dei hev ikkje gjort skade på hus eller dyrka jord. På nordsida, ved foten av Eldhusfjellet, er Furefjellet. På toppen av det stod det i lange tider ei einsleg fura. Ho var god sitjeplass for hauk og ørn som spæja etter fangst.

Nordanfor Furefjellet ligg Sylvberget. I ein hengebratt hamar her er det eit stort grønt felt. Folk hev meint at her måtte det vera ei sylvår som gjekk inn i berget. Det er ingen som hev greitt å koma fram til denne staden. Kring 1860 freista nokre anleggsfolk, saman med ein svenske, å koma dit. Dei bruka handbor og minekrut, men fjellhamaren halla sterkt innyver, og då karane var komne halvveges, måtte dei gjeva opp. So freista dei å fira svensken utfor i eit tog, men det nytta ikkje det heller. Han vart hangande i lause lufti, sveiv berre rundt og rundt, og heldt på å øydeleggja både armar og bein fyrr dei endeleg fekk han opp att.

Nordanfor Sylvberget ligg Lambotn, og lenger nord Botnelvsbotn. Millom denne botnen og Vestrebotn er ei fjellnov som er heilt flat på toppen. Ho vert kalla Døralemmen. So kjem Norddalshaugen og stengjer mot nord. På austsida av elvi kjem fyrst Austrebotn, so Yrkestødna, Botnanakken, Storalmen og Bjødnanakken. Her hev bjørnen hatt vegen sin gjenom uminnelege tider, både når han kom frå fjellheimen i nord og når han kom frå Stølsdalen. Når karane på Steinsland laga «rækje», la skyttarane seg på Bjødnanakken. Her la dei og ut åta med sjølvskot.

Sør for Bjødnanakken kjem Månæ. Det er ein fjellkam som liknar måni på ein hest. Fjellet set skilje millom Norddalen og Austedalen, som og er kalla Stølsdalen. Lenger mot aust kjem Bingsetødna. Bjørnebinna heldt ofte til her. Det skulle vera so godt eit beite for grasetande bjørn. So kjem Hytteberget. Det er ei bratt fjellsåta millom Bingsetonæ og Tveråtødna. Innanfor der er Moldbakkaberget og Verkalidfjellet som endar i Åsabotnane. På sør-austre sida av elvi i Stølsdalen møter ein fyrst Skålbotsnovi, so Rindatødna, Furskognovi og Smørstakken som endar i Seilæ. Smørstakken ris ende opp og stengjer for morgonsoli, men langsetter dalen mot sør er det fritt utsyn. Difor er ikkje garden avsola om vinteren.

Namnet på garden hev vore skrive noko ulikt gjenom tidene. I Diplomatarium Norvegicum heiter det Stæins lande - i to ord. Same skriveform finn ein i Bjorgynjar Kalfskind. I Norske rekneskapar og jordebøker 1590/91 heiter garden Steensland. Denne skriveformi heldt seg til kring 1773. Då byrja dei å skriva namnet med ein e. Etter 1890 vart talemålet lagt til grunn for skrivemåten, og namnet vart frå den tid skrive Steinsland.

O. Rygh hev ein teori om kvifor garden hev fenge dette namnet. I Norske Gaardnavne står det millom anna: «. . . . synes her at have navnet efter en stor iøinefaldende sten som ligger på gaarden, medens en mengde andre Stener ligger der» Dette kan høva godt.

Steinsland hev grensa mot Nåmdal i sør-aust, mot Straume i sør og sørvest, og mot Nedre Helland og Matre i Masfjorden i sørvest. I vest og nord hev garden grensa mot Kyrkjebø og i aust mot Vik. Dei to sistnemnde kommunane ligg i Sogn og Fjordane fylke.

Grensa mot Nåmdal tek til i Seilæ, sør for Smørstakken. So fylgjer ho fjellkammen nord til Skålbotsskaret og vidare til Sygnaskaret, vender so mot aust til øvre Sødalsskaret aust for øvre Sødalsvatnet, går yver Sødalsfjellet til Skorvafjellet og til møtes med grensa millom Steinsland og Vik. Derifrå går grensa mot nord-aust på austsida av Sødalsfjellet til toppen på Hodnefjellet, vidare i bein lina yver Bergdalen omlag 500 m aust for Storhaugen til ei tjørn i Dyrebotn og møter der grensa millom Vik og Kyrkjebø.

Grensa millom Steinsland og Vik er ny. Ho vart fastsett ved dom i 1950. Nokre bønder i Vik reiste saki, som kom opp ved Sogn jordskifterett. Grensa hadde alltid fyrr vore rekna frå sørenden av Holskarvatnet, langs Hodnefjellselvi til Berdalen, der det og var sett merkesteinar. Jordskifteretten i Sogn tok ikkje omsyn til dette. No vart grensa dregi lenger vestetter, langt inn på det som folki på Steinsland alltid hev rekna for å vera sine eigedomar. Denne domen kjendest difor mykje urettvis. Både garden Steinsland og Modalen kommune miste gamle, hevdvunne beitemarker og veidemarker, og attått dette store vassrettar.

Grensa millom Steinsland og Kyrkjebø tek til ved ei tjørn i Dyrebotn og fylgjer Vieråen til Solrenningsvatnet, går so til Svartsteinen og vidare til Svartsteinbekken der han renn ut i Solrenningsvatnet. Derifrå går grensa i rett lina til eit skard i Blåfjellet og vidare yver fjellet frå punkt til punkt til nordenden av Store Norddalsvatnet. Deretter går grensa yver høgdi sørvest for Store Vesterbotn, pt. 941, til oppmura varde på ein stor stein sør for Rundevatn, vidare til ein annan varde i fjellskråningi, yver ei tjørn ved Åsdalstrupen og til djupaste Åsdalstrupen. Her endar grensa millom Steinsland og Kyrkjebø. Denne grensa, som og er fylkesgrensa, vart fastsett ved dom i grensesak nr. 5/1954. Saki vart reist av bøndene på Steinsland. Ho kom opp ved Indre Nordhordland Jordskifterett og vart førd til ende 20/10-1961.

Grensa millom Steinsland og Matre tek til ved Åsdalstrupen, går mot sør på vestsida av Langevatn til ei djup vik i sørenden av vatnet og møter der grensa mot Nedre Helland. Derifrå går grensa i rett line mot vest til høgste fjellkjeda. Her møtest eigedomane til Steinsland og Straume. Grensa millom dei fylgjer fjellkjeda mot nord til Gregusskaret og Gavlen, går so rett mot aust, ned lidi til Kleivurdi, tvers yver dalen til Leitebekken der han renn ut i elvi på austsida og fylgjer so bekken opp i Seilæ.

Steinsland var busett i millomalderen. I Bjorgynjar Kalfskind er garden nemnd med «månadamatabol halfen» til kyrkjestaden Krossen i Moir, som då hadde hyrekyr. Men so finn ein ikkje Steinsland nemnd fyrr enn i Norske rekneskap og jordebøker 1590/91, so garden hev truleg vore avfolka ei tid. Svartedauden kan ha vore årsak til dette, men det kan og vera ei naturkatastrofe. Den store fjellskreda som ein gong kom ned frå Gavlen, gjekk tvers yver dalen og laga Kleivurdi. Ho kan ha demt opp for elvi og sett garden under vatn for ei tid, til dess elvi grov seg igjenom. Ein stor del av heimebøen ligg lågare enn Kleivurdi.


Det er godt mogeleg at folki i millomalderen budde på austsida av elvi. Ymse fornfunn kan tyda på det. Sidan kan naturkreftene ha lagt tilhøvi slik til rette at busetnaden vart lagd på vestsida, der han no er. I Foss-holmen vart det funne eit sverd frå vikingtidi. Det låg djupt nede i jordi. Kring 1900 vart det funne fire pilespissar av flintstein. Dei låg i jordi på eit træde like ved det store Myratrædet. Ein gong hev det truleg stade ei smia der. Dette syner at det budde folk her i den tidi pil og boge var jaktvåpen.

Ser ein på dei geografiske tilhøvi, må Steinsland ha hatt store naturherlegdomar, med svære fjellvidder i vest, nord og aust. Der var yverlag gode beite, rike fiskevatn og i eldre tid eit mykje rikt dyreliv. Dette må ha gjeve gode livsvilkår for dei folki som då levde. Dyregravene kringom i fjelli syner at det vart jakta på hjort og rein.

I skriftlege kjeldor frå slutten av 1500-talet er Steinsland atter nemnd. 1 Jordebok 1590/91 heiter det: «Stigtens Frelse et kalfskind». Det var den vanlege øydegardsskatt. Stigten var no eigaren. Garden hev vorte teken oppatt og rudd på nytt i denne tidi. Det vert fortalt at fyrste mannen heitte Mogens. Fyrr han fekk opp hus, budde han under ein stor stein. Steinen ligg der enno og vert kalla Mongssteinen. Dei fyrste husi vart bygde kring eitt tun og lagde lengst nord på bøen. Der var det tryggast for flaum. Åkrane vart oppbrotne nord for husi. Det var ikkje gjerande å ha opi jord kvar som helst. Heimebøen var utsett for snøskredor frå Eldhusfjellet og for flaum. I matrikkelen 1723 heiter det: «Ingen Lunder. Sæther 1/2 mil fra Gaarden. Tre Flomkverner. Ligger 2 1/2 mile fra Søen, 8 1/2 mile fra Bergen. Har taget skade af Fjeldskred. Ringe til kornavling og tungvunden. Lever af Kvægafl och lidet næversalg».

Straks nord for det gamle tunet renn to elvar saman. Det er Norddalselvi og Høselvi, som kjem or Stølsdalen. I flaumtider er desse elvane svært store, og då kan dei gjera mykje skade på åkrar og dyrka mark. Kring joletider 1743 var det ein ofseleg flaum. Då vart mest all dyrka jord på heimebøen utgravi av vatnet. Mykje jord vart førd bort, og store deler av bøen vart laga om til holmar. Det var so ille at bøndene søkte om å få nedsett skatteskyldi. Den 29. juli 1744 vart det halde offentleg skyldskifteforretning, og skyldi vart nedsett frå 20 til 14 mark på kvart bruk.

Sume av desse holmane som elvi laga, var so store at dei vart skifte i teigar millom brukarane. Kvar holme fekk sitt namn, likeeins kvar elv som rann millom holmane. Aust for Kariholmelvi ligg desse holmane: Fossholmen, Kariholmen, Fetæ, Kariholmrunnane, Liholmen, Utløholmen og Storetongane. Millom Kariholmelvi og Storelvi ligg: Krintholmen med Vassstykket, Langholmen, som er fråskild ved Moselvi, Mosatongane, Grasholmen og Kurholmrunnane. Millom Storelvi og Grannelvi ligg desse: Øvste og nedste Bøholmane, Flaskholmen, Olderholmen, Ryggjaskinnet, Fantaholmen, Krabbisholmen, Kattarovo og Storfetholmen.


Nokre av holmane var det vanskeleg å dela i teigar, og desse gjekk på omgang millom brukarane, slik at dei slo og hausta dei kvar sitt år. Desse holmane var: Flaskholmen, Kurholmrunnane, Storetongane, Kariholmrunnane og Mosatongane. Olderskogen som voks i desse holmane var sameiga. Holmane vart ikkje gjødsla. Det var ikkje råd å koma fram til dei om våren når elvane gjekk bakkafulle i snøløysingi. Holmaslåtten kunne ikkje ta til fyrr kring 25. august. Då var elvane minka ned att etter snøløysingi om sumaren. Graset frå desse holmane vart oftast køyrt heim på høge høysledar. Køyrekaren måtte vassa elvi nedanfor lasset og stø i mot so ikkje det skulde koma på rek. Stundom vart graset bore heim. Det vart turka i dei faste hesjane på heimebøen og lagt i eit serskilt stål i løa. Det skulle brukast til vinterfor for øyken.

Steinsland er for det meste flatlendt. Den dyrka jordi fell i to luter. Det er Heimabøen nord for Kvernhuselvi og Søraforbøen sør for elvi. På vestsida av heimebøen er det ein risgard mot kalvehagen. Jordsmonet er morene og elvagrande. Nokre få stader er det myrjord. Nydyrking var det lite høve til fyrr elvalægjet kom under kontroll, og det arbeidet var ferdigt i 1940. Då vart det òg kravt utskifting.

Husi stod kring det gamle tunet fram til 1857. Då kom det ein fokskavl og velte stovehusi, stallen og sauefloren til Anders på bruk 1. Han flytte då husi sine nord på Myratræet, som ligg nordanfor kalvehagen. Der stod dei til 1887. Då vart dei flytte heim att og bygde der dei no står. Seinare flytte dei to andre bøndene husi sine lenger sør på bøen og bygde dei oppatt nær innpå kvarandre. Soleis stod husi til utskiftingi var ferdig i 1949. Då vart husi på bruk 5, Noreluten, flytta til Søraforbøen og bygde oppatt på ein stad som heiter Byrkhaugen.

Kallenamni på kvar av lutane i fyrste tunet var: Dei Nor på bruk 5, Dei Nere på bruk 3, Dei dar Heima på bruk 1. Då bøndene på bruk 3 og 5 flytte husi sine og bygde oppatt lenger sør, «tok dei med seg» dei gamle kallenamni på lutane sine, men bruk 1 hev etter 1887 vorte kalla Myraluten eller Dei Myro. Staden ved nordenden av Storvatnet kallar folk på Steinsland Ned på land, men bygdefolket elles segjer Nord på land.

All dyrka innmark var delt opp i småteigar, og når åkrane var medrekna, hadde kvar bonde 30 - 40 teigar. Dette kom av at skatteskyldi på kvart bruk var like stor. Dermed hadde ogso kvart bruk like stor rett til den beste jordi. So delte dei då kvar liten teig millom seg. I flaumtid tok elvi stundom nye vegar, og det laga seg grandar som det byrja veksa gras på. Desse måtte og skiftast likt. Kvar teig hadde sitt namn, men det er uråd å gjera greie for korleis dei låg i høve til kvarandre. Me vil berre nemna namni på nokre av dei, og me tek til lengst i sør: Kleivabakken, Kjøresteinstykket, Bogen og Bogaskogen. Denne teigen hev truleg fenge namnet fordi han er på skap som ein bog. Nedst på Bogateigen er Flisastykket og Flisaskrædna. Bogamyri ligg ned til Lækje. Lækje var vasssjukt, so der voks det berre storrgras. Millom Boga myri og Sunstafeti ligg Krabbisstykket. Det er kalla so etter ei kvinna som fekk utnamnet Krabbis. Vidare kan ein nemna: Tufeti, Byrkhaugen, Blomholmen, Storfeti og Storfetholmen. Bruk 1 hadde løa på Stokkabrustykket, bruk 3 på Tufeti, og bruk 5 på Bogateigen. Nord for Kvernhuselvi var der og ei mengd teigar: Kvednhushaugen, Midtstykkje, Tysshaugen, Høgabui, Brekko, Brattatræhaugen, Kalvatræåkeren, Myråkerfloti, Mongssteinmyri, Steinarakåkeren, Skreteigen, Liåkeren, Langhesbakken, Nylendo, Tverrbakken, Tongane, Grannateigane, Vodlen, Smibakken, Flekkmyri, Elvateigen, Løtræteigen, Nor i Gjeilæ, Nor i Krokjen, Nor i Bekkjen, Slettebakken, Vetlatræet.

Åkrane låg tett innpå kvarandre og om kvarandre, ofte med berre ei smal reina millom kvar eigar. Dei låg på same staden, mann etter mann. Det var ikkje meining i å bryta opp andre stader på grunn av fåre for flaum. Namni på åkrane fortel ofte om staden og korleis dei vart til: Liåkeren, Nylendo, Eldhusåkeren, Kalvatræåkeren, Skreåkeren, Løtuptæ, Vedskykkjetuptæ, Kjellartuptæ, Stovetuptæ, Tunåkeren, Gjeilåkeren, Kariåkeren, Buåkrane.

I kalvehagen, nord for bøgarden, var det fleire træde. I seinare tider vart dei brukte til åkrar. På austsida av elvi, i hamnehagen, hadde og bøndene kvar sitt træde. Frå fyrst av hev desse trædi vore inngjerdingar der dei kunne samla buskapen om natti. Dette var naudsynt for å verna dei mot rovdyr. Søyene vart mjølka om morgonen, difor måtte lammi skiljast frå om natti. På desse trædi var det lenge merke etter lamhus.

Slåttonni tok til kring syftesok, 2. juli, når never og bork var komne i hus etter lostingi. Garden var kjend for gode markaslåttor, og dei vart vel vyrdsla og utnytta. Meste parten av formengdi kom der ifrå. Kvart bruk hadde kring 14 markaslåttor. Då bruk 2, Heimdal, vart fråskilt i 1888, fekk dette bruket 8 markaslåttor i Norddalen og 3 i Austedalen. Det var lang veg til dei slåttone som låg lengst borte, omlag ein og ein halv times gonga. Som regel var det løa i kvar slåtta. Det hende ofte at slåtten fyrst tok til i marki. Graset på heimebøen var seint vakse på grunn av lite gjødsling, og det måtte ikkje takast for tidleg, for då vart det mindre om det. Vaksnefolket dreiv på med markaslått heile sumaren. Engslåtten var ikkje stort å rekna på i eldre tider. Det var ikkje meir enn at kårfolket og halv-vaksne ungar greidde det. Markaslåttone gav mykje for. Etter oppgåvone frå 1875 var fødnaden på Steinsland den største i bygdi.

Her tek ein med nokre av markaslåttone: Kodlhaugslåtta, løa med 10 byrdar. Furna, høyet vart bore heim om sumaren. I eldre tid var dette plassmannsslåtta. Leiteslåtta med Leitebakkane, her var det sams løa med slåtta i Storløhaugen. Løa tok 30 - 40 byrdar. Haugaslåtta, 15 byrdar. Blåhølslåtta, 10 byrdar. Rumpevaslåtta var den største. Her var det 27 hesjar som vart islegne to gonger og nokre tre gonger. Løa tok millom 50 og 60 byrdar. Espeslåtta, løa med 10 byrdar. Heimre Rindaslåtta, løa med 30 byrdar. I Inste Rindane var det to løor. Raunestølslåtta, løa med 8 byrdar. Til dei tre sistnemnde slåttone var det meir enn ein times gonga. Brekkeløa låg lenger heime i dalen og tok 10 byrdar. Desse slåttone høyrde til bruk 1. Bruk 3 og 4 hadde sine slåttor stort sett på same stadene, og dei fekk omlag same høymengd. Attåt dette hadde desse to bruki kvar sine løor i Norddalen. Det var Heimre og Nordre Botn og Yrkesslåtta. I 1888 vart bruk 2 utskilt frå bruk 1. Då fekk dette bruket alle desse slåttone i Norddalen: Rotaholo, Røtna, Svartesvåi, Nyskredleitet, Botnaleitet, Botnelvslåtta, Storalmslåtta og Tjuvahelleren. Den siste låg lengst nord i dalen. Der låg høyet trygt under ein stor heller. Det vert fortalt at i gamal tid vart helleren nytta til stoggestad for tjuvar og omstreifarar som helst ferdast i fjelli. Her var det gamal fjellyvergang til Ortnevik i Sogn.

Slåttemark og skog var skifte teig om teig på kvart bruk, men det var ikkje alltid at skogteigane og slåttemarki fylgdest. All barskogen var skift frå lauvskogen i serskilde teigar. Olderskogen stod i ei serstoda, og olderteigane fylgde ikkje dei andre skogamerki. Olderi hadde stort verd. Av borken koka dei fargestoff, og veden skulle haldast for seg til sumarsved, når dei ikkje trong verma opp husi. Men det viktigaste med olderveden var at han skulle brukast til kolbrenning. Dei gamle hadde funne ut at kol av older høvde so framifrå godt når dei skulle kvessa tynsleljå. På Steinsland vart det brukt tynsleljå fram til 1850. Kol av bjørkeved gav sterkare varme so ljåen vart yverheta. Då vart han møyrare i eggi, og bitet stod ikkje so godt i han, sa dei.

Fureskog var det lite av på garden, so dei var ikkje sjølvhjelpne med det. Lauvskog var det nok av, serleg raun, og det kom vel med, for skav og mork var ein del av formengdi. Det voks alm og, og almeborken var verdfull både til folkemat og dyrefor. Eik var dei sjølvhjelpne med, både til bjelkar i fjøsi og til material i bruene. Hassel voks det nok av til kjørleband, og hegg til rivetindar.

Løysingstidi var ikkje sett til nokon fast dato. Når det var mat nok i heimehagen, vart dyri slepte ut. Fyrst beitte dei ei veka i heimehagen. Der måtte dei gjætast so dei ikkje kom inn på slåttemarki. So vart buskapen førd til Heimrestølen. Der hadde bøndene kvar sitt mjølkesel. I lang tid var det berre bruk 1 som hadde stova, men ho var til sams bruk for alle. Seinare sette bonden på bruk 5 og opp stova. Budeione gjekk heim kvar dag. Det var ingi ysting og brimkoking på Heimrestølen. Etter at kyrne hadde vore der ei veka, vart det buføring til heimehagen att. Soleis var det skifte med beite fram til 6. juli. Det var den faste datoen for buføring til Instestølen som ligg 547 m.o.h. og er rekna for ein fjellstøll. Der er det svære vidder og gode beite. Ein kan nemna: Tresbeite, Sødalsflatane, Sødalen, Hjedlane, Berdalen, Heim med vatnet, Solrenningsdalen.


I den fyrste tidi var det ringt med stølshus. Kvar bonde hadde sitt vesle mjølkesel, mura av gråstein og med ljore i taket. Budeia hadde eit bol på golvet til å liggja på og eit bord til maten. Bruk 1 og 3 hadde sine sel i rekkja under same tak og med eit skot imillom. Der var det ei eisa for kjesing og brimkoking. Som eit vedheng til dette skotet var det mura opp ei liti smørbu. Seinare vart det bygt ei stova av gråstein. Soleis stod stølshusi til 1894. Då vart det selt jaktrett i traktene kring stølen, og i 1900 vart det bygt nye hus på kvart bruk. Seinare vart det bygt mykje betre hus. Dei var sams eiga og skulle vera til bruk for turfolk. Stølen hev og vorte kalla Steinslandsheimen.

Det var ingen leik på rosor å vera budeia på Instestølen i gamal tid. Dei måtte stå opp grytidleg om morgonen for å greia mjølka 14 kyr og minst like mange sauer til rett tid. Sauene vart mjølka berre om morgonen. Sauemjølki gjekk saman med kumjølki. Ho var feit og gav mykje smør og ost. Det var kirning og koking onnorkvar veka. Den veka det var koking, gjekk budeione heim berre laurdag, elles gjekk dei heim onsdag og laurdag. Det var 3 1/2 times gonga frå garden og inn på stølen. Det var vanleg å buføra heim frå Instestølen i slutten av august. Dei gamle ville alltid ha kyrne heim fyre barsok. Barsoknatti flytte huldrefolki frå fjelli og inn i stølshusi. Var budeione i vegen då, kunne det henda ei ulukke både på folk og fe.

Det var mykje arbeid med å halda stølsvegane vedlike, serleg bruene. Steinslandsfolket ville ikkje vera åleine om dette arbeidet. Garden Straume hadde to stølar i fjelltraktene deira Steinsland, og folki på Straume brukte same vegen til sine stølar. Difor kravde bøndene på Steinsland at dei skulde vera med og halda vedlike både vegar og bruer. Det kom til sak om dette. Retten vart sett den 1/11-1815 på tingstaden Bernestangen, og alle bøndene frå båe gardane møtte fram. Det kom til semja, og rettar og plikter for båe partar vart nøye fastsette i 9 punkt.

Alle stølane i desse fjelli er no nedlagde. Dei feite fjellbeiti på Instestølen ligg der no som fyrr, «og graset er grønt for alle».

I lange tider gjekk folket på Steinsland og vona at dei måtte få veg. Vatnet var ikkje farande alltid, og so var det to km frå øvste bruket og ned til vatnet. Her var det ein gongeveg, men den kunde ikkje køyrast med hjulreidskap. Kring 1920 vart bøndene samde om å arbeida opp denne vegen til køyreveg. Dei sende søknad til heradstyret og bad om 80,- kr. i stønad til reidskap og sprengstoff. Saki vart vyrdeleg handsama i heradstyret, men søknaden vart ikkje stetta. Dette tok motet frå bøndene, og det vart ikkje sett i gang noko arbeid på lang tid. Omsider vart det sendt ein ny søknad, og denne gongen var dei so motige at dei søkte om 150,- kr.. Jau, denne søknaden vart stetta, men berre på det vilkår at bøndene skulle ta til med vegarbeidet nede ved Storvatnet og so arbeida seg oppyver mot garden. Dette tykte bøndene på Steinsland var mykje urettvist, for på denne måten ville det gå fleire år fyrr dei sjølve kunne få noko serleg nytte av vegen. So vart det valår. Det vart brigde i heradstyret og ny ordførar. Bøndene på Steinsland søkte på nytt om 150,- kr. til vegarbeid, og denne søknaden vart no stetta utan atterhald. Pengane vart sette på konto i Mo handelslag, og mot tilvising fekk bøndene reidskap og sprengstoff so lenge pengane varde. Seinare fekk dei ein liten stønad til vegarbeidet frå Vegfondet og.

Arbeidet på vegen var pliktarbeid, og det vart arbeidt nokre dagar millom onnene haust og vår. Mykje av tidi gjekk med til vedlikehald, og det var berre små stubbar med ny veg som vart ferdig kvart år. Det gjekk omlag 30 år frå vegarbeidet tok til i gardstunet og til vegen var ferdigbygd nedtil vatnet.

I 1962 vart det sett i gang med nytt vegarbeid for ålvor. Då tok dei til å byggja veg frå Straume, langs Storvatnet og heilt fram til Steinsland. Denne vegen vart ferdig i 1964, og han gjekk då inn som fylkesveg. No endeleg var det kome veg til Steinsland.

Alle vassrettar i Steinslandsvassdragi vart selde i 1910. Utbyggingsløyve vart gjeve i 1975.


EIGARAR.

1590/91. Jordebok: Stigten er eigar. Sameleis til 1647.

1647. Store kontribusjonsskatten: Kongel. Maj.eier og bygger 1/2 L. sm.

1661. Landkomm.: Kongens Gotz.

1667. Abel Munthe eier og bygsler.

1682. Odelsskøyte frå Abel Munthe til lagm. Lilienschiold.

1708. Assessor Willum Hansen.

1739. Auksjon yver Willum Hansens eigedomar, og fogden Andreas Jesen hadde fullmakt frå Jean van de Velde til å by 500 rd. for gardane W. Hansen åtte i Modalen og Eksingedalen. Han fekk tilslaget.

1756. Skøyte frå dødsbuet etter Jean van de Velde til Monsiur Jan Fröchen.

1764. Auksjonsskøyte på Kgl. Majestets eigedomar til studiosus Herman Jansen Fröchen. Same dagen skøyter Herman Jansen Fröchen Steinsland frå seg til dei 3 brukarane på garden med 12 mrk. sm. til kvar for 33 rd.

Sidan hev brukarane på Steinsland vore sjølveigarar.


Matriklar, skyld og utreidslor.

So lenge garden hadde smørskyld, var gardsnr. 93. Då smørskyldi vart omgjord til pengeskyld, vart det brigda til 49, og dei tri bruki fekk løpenr. frå 183 til 185. Då pengeskyldi vart omgjord til markaskyld, fekk Steinsland gnr. 84 med ei skyld på 2 mark 59 øre på kvart bruk. Då bruki sidan vart meir oppdelte vart skyldi noko ulik på dei ymse bruki.

1590/91 fører Jordeboki: «Stigtens Frelse 1 kalvsk.» som er minste skyldi for ein øydegard. 1610/11 er skyldi 1/2 L. sm.

I matr. 1667 heiter det at garden «kand skatte af 2 1/2 pd. sm., og det vert 20 mrk. på kvart av dei 3 bruki, og soleis er det ført i 1718 og 1723. 1723 får me nøgnare oppg. yver dei ymse utreidslor på garden: «Gml. matr. takst 2 pd. 12 mrk. sm. Gml. leilendingskatt 3 rd. 12 sk. Red. til Hartkorn ny matr. 1 td. 4 skj. 2 fjk. Leilendsk. ny matr. 3 rd. 12 sk. Odelssk. 50 sk. Leding 50 sk. Småtoll 1 rd. 30 sk. Årlig tiende 4 4/5 skj. havre, i penge 48 sk. Småtiende 6 1/4 sk.».

Etter avtaket i 1743 (sjå gardssoga!) skulde skyldi vera nedsett til 14 mrk. på kvart av dei 3 bruki. Då brukarane fekk kjøpa i 1764 er ho førd med 12 mrk. på kvart.

Då det vart pengeskyld, var skyldtali for dei 3 bruki. Br. 1: 1 d. 1 ort 2 sk. Br. 4: 1 d. 1 ort 18 sk. Br. 5: 1 d. 1 ort 1 sk.

Med marka-skyld: (Bruk 2, Heimdal var fråskilt og tillagt noko frå kvart av hine bruki). Bruk 1: 2,22 mark. Bruk 2: 0,80 mark. Bruk 4: 2,33 mark. Bruk 5: 2,37 mark.


Fødnad, sånad og avling.

1657. Kvegskatten: 2 bruk føder tilsaman 2 hestar, 2 uksar, 10 kyr, 2 kvigor, 9 geiter og 21 smalbeist.

1667. Matrikkelen: Føder 2 hestar og 28 naut. Sår 4 tun. havre og avlar 7 1/2 tunna.

1723. Matrikkelen: 3 bruk føder 2 hestar, 13 kyr, 3 ungnaut og 24 smalbeist. Sår 3 tun. havre og avlar 6 tun.

1803. Jordavgiften: 3 bruk som kvart føder 1 hest 9 kyr, 10 smb.

1835. I samb. med folketelj.: Fødnad: 3 hestar, 24 storfe og 30 smalbeist. Sår 7 tun. havre og 5 tun. potetor.

1845. Fødnad: 3 hestar, 39 storfe, 54 smalbeist og 1 gris.

1863. Jordbrugsbeskrivelsen:


Bruk 1: Åker og dyrka eng: 1 mål godt, 4 1/2 medels og 2 1/2 mål ringt. Natureng: 6 mål godt, 11 mål medels og 10 mål ringt. Sår 2 tun. korn og 3 1/2 tun. potetor, avlar 16 t. korn og 20 tun. potetor. Høy frå utslåttor 780 våger. Høy 1150 v. Halm 112 v. Føder 1 hest, 14 kyr, 4 ungfe, 30 smalb. Brukar 1 kufor «surogatfoder» skav og beit. Av skogsprod. 5 kipper never, 2 spd. Til frådrag i gardaverdet er her rekna m.a. «for broers vedlikehold 10 spd., for oversvømmelse 10 spd. og for sne- og sten-skred 7 spd. Framlegg til skyldsetj.: 1 d. 2 ort 20 sk.
For dei andre bruki er ført nett same tali, so nær som for kornsånaden, som der er 4 tun. mot 2 her. Det rette må vel vera 4 tun. her og, dersom avlingi er 16 tunnor.


1875. I samb. med folketeljingi er oppgjeve fødnaden på kvart bruk.

Bruk 1: 1 hest, 17 kyr, 4 ungfe og 55 smalbeist. Av desse hev kårfolket 4 kyr, 1 ungfe og 10 smalbeist, og eldste sonen som er «lausekar» hev 3 av kyrne.


Bruk 3: 1 hest, 14 kyr, 3 ungfe og 43 smalb. Av desse hev dei to eldste sønene kvar sine 2 kyr.


Bruk 5: 1 hest, 14 kyr, 4 ungfe og 40 smalb. Av desse hev kårfolket 4 kyr og 8 smalbeist.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».

Bruk 1: Dyrka jord 35 d. Moldjord. Anna jordbr. areal 85 da. Skog 600 da. Bustadhus bygde 1887, og uthusbygningar same året. Kårhus bygde 1920. Br.takst 47.000 kr. Føder 1 hest, 6 kyr, 1 ukse, 1 gris, 15 smalbeist.


Bruk 3: Dyrka jord 35 da. Moldjord og Morene. Anna jordbr.areal 43 da. Utmark 800 da. Bustadhus bygde 1881, uthus 1898. Brtakst 25.000 kr. Føder 1 hest, 3 kyr, 3 ungdyr, 1 gris og 5 sauer.


Bruk 5: Dyrka jord 40 da. Moldjord. Anna jordareal 60 da. Prod.skog 600 da. Bustadhus bygde 1961 etter utskiftingi. Brandtakst 92.000 kr. Føder 1 hest, 5 kyr, 1 ukse, 3 ungdyr, 1 gris, 12 sauer og 10 høns.


BUSITJARAR.

Bruk 1. Myra-luten.

1590: Jordeboki hev Mogens Steensland som brukar 1 pd smør. Landsk. 1/2 daler. Han bygslar bruket fram til 1614.


1614: Skattemanntalet fører bygslar, men han betalar ikkje skatt. Garden er då førd som øydegard.


1614/15: Futerekneskapen fører no Berg som hev fenge 3. bygsel på 1 pd. smør.


1621: Berg hev fenge ny bygsel «i 3. tage», men då på 1/2 L. smør. Seinare rekneskapar viser at han hev fenge oppattnye bygsel i «3. tage» fram til 1654, heile tidi på 1/2 L. smør.


1645: I kopskattemanntalet heiter han Berg Olsen og hev kona Anna og sdotteri Marite.


1655: Jordeboki hev Oluf, sameleis Landkommisj. av 1661 og prestemanntalet av 1664.


1667: Prestemanntalet fører: «Oluf bruger to partar, og Simen Bergesøn bruger 1/3». Oluf vert dermed fyrste brukaren på bruk 1.


1. Olav Bergeson Steinsland, f. 1622, d. 1683, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Olav f. 1655. Næste busitjar her.
  2. Ivar f. 1657, d. 1687.
  3. Nils f. 1659, d. 1695.
  4. Jakob f. 1661, d. 1706.
  5. Randi f. 1666, d. 1712, g. 1691 m. em. Mons Andersson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.


2. Olav Olavson Steinsland, f. 1655, g. 1678 m.

Anna Salamonsdtr. Haukøy.


Kva tid dei tok yver bruket, og kor lenge dei var brukarar her, veit me ikkje. Me finn berre oppgjeve at dei båe stod skrifte i 1678, og då vart dei trulova etter preiki.


1701: Berge Olavson Steinsland får bygsel på bruket, seinare oppattnying fleire gonger fram til 1739.


3. Berge Olavson Steinsland, f. 1670, d. 1765, g.

1. 1700 m. Helga Johannesdtr. Straume, f. 1681, d. 1717,

2. 1722 m. Anna Knutsdtr. Steinsland, f. 1691, d. 1767.

Born:

  1. Marta f. 1702, g. 1736 m. Johannes Knutson N. Helland bnr. 4.
  2. Johannes f. 1708, g. 1739 m. e. Synneva Johannesdtr. Nese bnr. 3.
  3. Maria f. 1713, d. 1802, g. 1739 m. em. Rasmus Sjurson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 1.
  4. Helga f. 1726, d. 1798, g. 1750 m. Johannes Knutson Straume bnr. 3, f. 1716.
  5. Johannes f. 1728.


1750: Johannes Knutson Straume gifter seg med Helga Bergesdtr. Steinsland og får truleg bygsel på bruket frå same tid.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Johannes Knutson på dette bruket, 12 mrk. smør, for 33 rd.


4. Johannes Knutson Steinsland, f. Straume bnr. 3 1716, d. 1802, g. 1750 m.

Helga Bergesdtr. Steinsland, f. 1726, d. 1798.

Born:

  1. Brita f. 1751, g. 1778 m. Mons Knutson Nygard bruk 3. Han vert næste brukar her.
  2. Knut f. 1755, d. 1809, g. 1774 m. e. Anna Rasmusdtr. Straume, sjå Straume bnr. 3.
  3. Marta f. 1761.


1778: Skøyte frå Johannes Knutson Straume til versonen Mons Knutson Nygard. Same dag får Mons Knutson ogso odelsskøyte frå verbroren Knut, som hadde odelsrett til bruket her, men gifte seg med enkja Anna Rasmusdtr. Straume og flytte dit og tok yver bruket der.


5. Mons Knutson Steinsland, f. Nygård bnr. 3 1740, d. 1835, g. 1778 m.

Brita Johannesdtr. Steinsland, f. 1751.

Born:

  1. Knut f. 1778, næste bonde her.
  2. Inga f. 1779, d. 1863, g. 1809 m. em. Rasmus Eilevson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 1.
  3. Helga f. 1781, g. 1814 m. Johannes Eilefson Nåmdal bnr. 1, f. 1777, d. 1841.
  4. Kari f. 1783, d. 1784.
  5. Johannes f. 1785, d. 1829, ug.
  6. Berge f. 1787, d. 1787.
  7. Kari f. 1789, g. 1822 m. Askjell Ivarson Høvik bnr. 4 f. 1798.
  8. Marta f. 1791, d. 1858, g. 1834 m. plassm. Olav Monsson Steinsland bnr. 5 (Kår-Ola).
  9. Berge f. 1792, g. m. Anna Knutsdtr. Myster.
  10. Brita f. 1794, d. 1848, g. 1822 m. Knut Andersson Straume, plassmannsfolk på Steinsland.


1807: Skøyte frå Mons Knutson til sonen Knut Monsson.


6. Knut Monsson Steinsland, f. 1778, d. 1861, g. 1804 m.

Anna Andersdtr. Romarheim, f. 1778, d. 1844, Hosangerb. s. 221.

Born:

  1. Brita f. 1806, d. 1879, g. 1827 m. Jacob Magneson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 3.
  2. Mons f. 1808, nærte bonde her.
  3. Anna f. 1811, d. 1811, tvill.
  4. Anders f. 1811, d. 1811, tvill.
  5. Anders f. 1814, g. 1845 m. Kari Larsdtr. N. Helland, fl. til Limmesand, Vik i Sogn.
  6. Knut f. 1815, d. 1895, g. 1854 m. e. Brita Ivarsdtr. Mo, sjå Mo bnr. 1.
  7. Anna f. 1817, d. 1817.


1828: Skøyte frå Knut Monsson Steinsland til eldste sonen, Mons.

7. Mons Knutson Steinsland, f. 1808, d. 1892, g. 1827 m.

Siri Andersdtr. Langedal, bnr. 2 f. 1805, d. 1903.

Born:

  1. Anna f. 1828, d. 1867, g. 1857 m. em. Ivar Knutson Straume sjå Straume bnr. 3.
  2. Anders f. 1829. Næste bonde her.
  3. Knut f. 1831, d. 1928, g. 1862 m. Helga Knutsdtr. Steinsland f. 1838, d. 1884, busett Dale, Framfjorden, Vik i Sogn.
  4. Johannes f. 1833. d. 1913, g. 1867 m. Anna Jakobsdtr. N. Helland bnr. 3 f. 1835, d. 1888, busett Flæte, seinare Nummedal, Framfjorden, Vik i Sogn.
  5. Marta f. 1836. d. 1913, g. 1861 m. Jakob Jakobson Mo bnr. 4. Busette på Dale i Framfjorden.
  6. Marta f. 1839, d. 1876, g. 1870 m. Ole Nilsen Lee f. 1850 d. 1919 frå Arnafjord. Reiste til USA i 1870.
  7. Eilev f. 1842, d. 1924, g. 1870 m. m. Marta Jakobsdtr. N. Helland f. 1837, d. 1930. busett Nese Arnafjord, Vik i Sogn.
  8. Mons f. 1845, d. 1893, g. 1876 m. Barbro Nilsdtr. Straume f. 1848, d. 1939, busett Instefjord. Brekke i Sogn.
  9. Magne f. 1849, d. 1932, g. m. Kari Knutsdtr. Steinsland bnr. 5 f. 1859, d. 1936, busett Dale, Arnafjord, Vik i Sogn.


I ettermælet til Mons Knutson Steinsland heiter det: Han var ein myndig og rettvis mann, ein drivande arbeidskar og sjølvhjelpen i alle handverk som vedkom garden. Han var tømmermann og hjelpte ofte folk med husbyggjing. Han var ogso med i «herredsbestyrelsen og skolekommisjonen» som det heitte då, og dessutan presten sin medhjelpar i kyrkja. I dei militære rullar står han oppførd som «skarpskytter». Det er fortalt at han skaut 5 bjørnar med han budde på Steinsland.
Det var ikkje alltid so lett å koma fram til heradstyremøti kring 1830-åri. Møti vart haldne på Holme prestegard i Hosanger. For Mons var det fem mil å reisa kvar veg, to mil å gå og tre mil å ro, eller sigla om vinden var lagleg. Stundom kunne det gå ei veka på eit slikt møte, og den som ikkje møtte fram, skulle bøteleggjast. Dette vart teke opp som eigi sak på næste møtet, og då måtte ein ha gyldig grunn om ein skulle sleppa bot for fråværet.


1833: Dette året var det ny matrikulering for Steinsland, og overgang frå smørskyld til pengeskyld. Gardsnr. 93 Steinsland, skyld 12 mrk smør på kvart bruk, fekk no gardsnr. 49 med skyld 1 dr. 1 ort 2 sk. på kvart bruk.


1865: Skøyte frå Mons Knutson Steinsland til sonen Anders for 180 spd. og kår til foreldri, med husvære og røkt so lenge dei levde. Etter vilkårsbrevet skulde kårfolket ha rett på fri fødnad av 4 kyr og 8 smal-beist. Av avlingi skulde dei ha 4 tunnor potetor og 2 tunnor havre for året. Dessutan skulde dei ha fri hamnegang og fri røkt av dyri på stølen, og avdråtten skulde fraktast fritt heim.


8. Anders Monsson Steinsland, f. 1829, d. 1905, g. 1852 m.

Brita Olavsdtr. Ø. Helland, f. 1823, d. 1916, frå plasset Furneset.

Born:

  1. Siri f. 1853, d. 1944, g. 1880 m. Olav Olavson Steinsland bnr. 3, d. 1894, gravlagd frå garden Berge, Vossestrand.
  2. Olav f. 1855, næste bonde her.
  3. Mons f. 1856, reiste til USA, vart verva i marinen og kom bort.
  4. Anders f. 1859, d. 1942, g. 1889 m. Gjertrud Knutsdtr. Nese f. 1868, d. 1903, busett Heimdal, Steinsland.
  5. Anna f. 1861, g. m. em. Nils Knutson Steinsland bnr. 5, busett Lee, Arnafjord, Vik.
  6. Marta f. 1863, d. 1949, g. 1886 m. Ivar Knutson Straume bnr. 3 f. 1864, d. 1943.
  7. Johannes f. 1869, d. 1950, g. 1897 m. Anna Johannesdtr. N. Helland bnr. 4 f. 1875.


1886: Skøyte frå Anders Monsson Steinsland til sonen Olav for 1.000,-kr. og kår til foreldri. Kårfolki skulde ha fri fødnad for 3 kyr og 8 sauer og dessutan 2 tunnor havre. For krøteri skulde dei ha fri hamnegang og fri frakt av avdråtten heim frå stølen. For seg sjølve skulde dei ha fritt hus, tilsyn og røkt so lenge dei levde. Attåt dette måtte Olav ta på seg ansvaret for kåret til bestemori, Siri Andersdtr.. For henne måtte han vinterfora 2 kyr og 5 sauer. Dessutan skulde ho ha potetor og ei tunna havre for året, fritt hus og stell på livstid, røkt av dyri både sumar og vinter.


9. Olav Andersson Steinsland, f. 1855, d. 1942, g. 1883 m.

Anna Knutsdtr. Straume, bnr. 3 f. 1862, d. 1926.

Born:

  1. Brita f. 1884, g. 1918 m. Johan Arent Mæland f. 1881, d. 1944, busett Bergen.
  2. Knut f. 1885, d. 1951, reiste til USA, var med i 1. verdskrigen, vart såra og leid vondt, kom til Noreg att 1950, gravlagd i Jondal, Hardanger.
  3. Anders f. 1887, næste bonde her.
  4. Inga f. 1889, d. 1917, g. 1916 m. Halvard Johannesson Grønhaug, Otterstad bnr. 2, ei dotter, Maria.
  5. Eilef f. 1891, d. 1976, politibetj. i Bergen, g. 1926 m. Dortea Ivarsdtr. Straume bnr. 4, 3 born: a. Åsa, kontorfullm. v/Veterinærhøgsk. g. 1955 m. Victor Holst, busett Oslo. b. Bjørnhild, sykepleier og helsesyster, g. 1969 m. Nils Magnusson Solsvik, 2 born. s. Olav, lektor v/Idrettshøgskulen, g. 1968 m. Ann-Mari Hvaal, 3 born, busett Hakadalen.
  6. Anna f. 1893, g. m. Ivar Olavson Mo bnr. 6 f. 1891, busett Vinnesleiren, Fusa.
  7. Bertina f. 1895, d. 1967, g. m. Sigurd Arnøy, bustad Rekve, Voss, 1 son.
  8. Gudrun f. 1898, g. 1934 m. Johannes Ivarson Straume, sjå Straume bnr. 4.
  9. Maria f. 1900, g. m. Hjalmar Rasmussen, 2 søner, busett Laksevåg.
  10. Kristina f. 1902, d. 1924, ug.
  11. Einar f. 1904, reiste til USA i 1930, ug.
  12. Knut d.y. f. 1906, reiste til USA i 1930, g. der, 2 adoptivborn.


Olav Andersson var ein sterk og hendig arbeidskar. Serleg var han flink til å sauma «rundsko» og svarva skåler og fat. Han var medlem av skulestyret, og ei tid var han krinsformann i Steinsland skulekrins, som då var eigen krins.


1923: Skøyte frå Olav Andersson Steinsland til sonen Anders for 2.000 kr. og kår til faren, 5 års verdi kr. 800,-. Matr.sk. på bruket var no 2,19 mark.


10. Anders Olavson Steinsland, f. 1887, g. 1913 m.

Inga Olavsdtr. Ø. Helland, bnr. 3 f. 1884, d. 1964.

Born:

  1. Oddmund f. 19**, næste bonde her.
  2. Trygve f. 19**, g. 1951 m. Anna Hallvardsdtr. Grønhaug, Otterstad bnr. 2. 4 born.
  3. Alvhild f. 1918, d. 1983, g. 1948 m. Asbjørn Fyllingsnes, f. 19** i Hamre. 2 born.
  4. Hjalmar f. 19**, g. 1951 m. Aslaug Ivarsdtr. Helland, bnr. 2, busett Ytre Arna.
  5. Bergljot f. 19**, g. 1956 Samson Stana, f. 19**. 2 born, busett Odda.
  6. Klara f. 19**, g. 1957 m. gardb. Andreas Dalland f. 19** i Manger. 6 born.


1948: Skøyte frå Anders Olavson Steinsland til sonen Oddmund mot kårplikt, fritt hus, opphald og tilsyn med foreldri so lenge dei lever.


11. Oddmund Andersson Steinsland, f. 19**, g. 1943 m.

Bjarnhild Matilde Sandnes, f. 19** frå Masfjorden.
Ikkje born.


Bruk 2 Heimdal.

1888: Ved skyldskifteforretning 3/10 1888 vart Heimdal med skyldmark 0,27 fråskilt bruk 1 og selt til Anders Andersson Steinsland, bror til Olav Andersson på bruk 1. Det nye bruket fekk bruksnr. 2. Dette førde til at tidlegare bruk 2 fekk nummeret brigda til bruksnr. 3, og tidlegare bruksnr. 3 vart brigda til nr. 5. Det nye bruket fekk ogso tillagt noko frå dei to andre bruki på garden, so samla skyld på Heimdal vart i alt 0,37 mark.


1. Anders Andersson Heimdal, f. 1859, d. 1942, g. 1889 m.

Gjertrud Knutsdtr. Nese, bnr. 4, f. 1868, d. 1903.

Born:

  1. Brita f. 1889, d. 1903.
  2. Anders f. 1891, d. 1962, ug.
  3. Knut f. 1893, busett Otterstad. d. 1984.
  4. Maria f. 1896, d. 1896.
  5. Olav f. 1897, d. 1917.
  6. Magnus f. 1901. d. 1907.


1898: Skøyte frå Anders Andersson Heimdal til systeri Siri for 2.500 kr.


2. Siri Andersdtr. Steinsland, f. 1853, d. 1944, g. 1880 m.

Olav Olavson Steinsland, bnr. 3, f. 1854, d. 1894, gravlagd Oppheim, Vossestrand.

Born:

  1. Anders f. 1881, næste bonde her på Heimdal.
  2. Ola f. 1883, g. 1922 m. Maria Knutsdtr. Ø. Helland bnr. 4, busett Horvei, Evanger.
  3. Gjert f. 1885, tok namnet Straume, var oppfostra der, reiste til USA, d. der ug.
  4. Brita f. 1887, g. m. Knut Tysse, busett Evanger, d. 1974.
  5. Hans f. 1889, d. 1970 ved vådeskot, busett Straume.


Olav kjøpte gard på Berge i Vossestrand og budde der. Alle borni hans vart fødde der. Ei tid etter han døydde, flytte enkja Siri heimatt til Steinsland og fekk kjøpa Heimdals-bruket hjå broren Anders.

1909: Skøyte frå Siri Andersdtr. til sonen Anders Olavson Heimdal, Steinsland.


3. Anders Olavson Heimdal, f. 1881, d. 1953, g. 1909 m.

Brita Olsdtr. Farestveit, f. 1882, d. 1972.

Born:

  1. Olav f. 1910, d. 1993, g. 1933 Hjørdis Fjeldvik f. 1908 i Trondheim, skild, attgift 1961 m. Ingebjørg Kyrkjeteig, busett Rødland, Bergsdalen.
  2. Signa f. 1912, d. 2000, g. m. Leif Olavson Eikefet, f. 1907, d. 1963, busett Eikefet bnr.4.
  3. Åsmund f. 1914, d. 1947, sjømann, maskinist, ug.
  4. Oliva f. 19**, g. 1946 m. Nils Johan Kleppe, f. 1919, d. 1973. Busett Fotlandsvåg. 3 born.
  5. Borghild f. 19**, g. 1956 m. Alf Fyllingsnes f. 19**. Busett Lindås. 1 barn.


1953: Anders Olavson døydde ved ei drukningsulukka i Storvatnet, og enkja Brita Olavsdtr. skøyter bruket til sdotter si, Borghild, for arvelut i skifte.


1956: Skøyte frå Borghild Andersdtr. Heimdal til Oddmund Andersson Steinsland på bnr. 1 for 4.000,- kr. Dermed går bruket Heimdal attende til hovudbruket som det vart skilt ut frå i 1888.


Bruk 3. Berge-luten.

1667: Prestemanntalet fører Oluf Bergesøn med 2 partar av garden, og Simen Bergesøn med 1/3. Denne Simen vert fyrste brukaren på bruk 3, som då hadde bruk nr. 2.


1. Simon Bergeson Steinsland, f. 1616, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Anders f. 1649, d. 1690.
  2. Olav f. 1654, g. 1677 m. Anna Ivarsdtr. Høvik bnr. 1.
  3. Jakob f. 1657, næste bonde her.
  4. Knut f. 1661, d. 1737.
  5. Brita f. 1662, d. 1706, g. 1682 m. Lars Hansson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 1.
  6. Anna g. m. Ivar Andersson Otterstad bnr. 1.


2. Jakob Simonson Steinsland, f. 1657, d. 1690, g. 1682 m.

Agata Johannesdtr. Vetlejord, f. 1659, d. 1723.

Born:

  1. Tora f. 1683, d. 1683.
  2. Marta f. 1686, d. 1756, g. 1712 m. em. Ivar Eilevson Mo, sjå Mo bnr. 4.
  3. Johannes f. 1688, d. 1704, ug.


1690: Jakob Simonson døyr, og enkja gifter seg året etter med Knut Eilevson Øvre Helland bruk 4.


3. Knut Eilevson Steinsland, f. Ø. Helland 1658, g. 1691 m. e.

Agata Johannesdtr. Steinsland, f. Vetlejord.

Born:

  1. Anna f. 1694.
  2. Ingeborg f. 1698, g. m. næste bonde her.
  3. Jakob f. 1704, g. 1732 m. Anna Knutsdtr. N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 4.


1733: Johannes Knutson N. Helland gifter seg med Ingeborg Knutsdotter, nr. 3 b ovanfor, og får bygsel på bruket etter verfaren.


4. Johannes Knutson Steinsland, f. N. Helland bnr. 4 1710, d. 1771, g.

1. 1733 m. Ingeborg Knutsdtr. Steinsland, f. 1698, d. 1735,

2. 1736 m. Marta Bergesdtr. Steinsland, bnr. 1, f. 1702, d. 1758,

3. 1760 m. Kari Olavsdtr. Straume, bnr. 1, f. 1738, d. 1783.

Born:

  1. Kari f. 1734, d. 1779, ug.
  2. Ingeborg f. 1739, d. 1740.
  3. Helga f. 1740, g. 1768 m. Anders Hemingson Odderås i Seim.
  4. Ingeborg f. 1743, d. 1796, g. 1768 m. Knut Gulleikson Farestveit bnr. 5, busett Nygard bnr. 1.
  5. Maria f. 1746, g. 1787 m. Olav Olavson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 7.
  6. Marita f. 1760, d. 1834, g. 1796 m. em. Olav Olavson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 1.
  7. Knut f. 1762, d. 1781.
  8. Anders f. 1765, g. 1795 m. e. Barbro Knutsdtr. Farestveit bnr. 3.
  9. Anna f. 1768, d. fyre 1783, ikkje m. i skiftet.
  10. Olav f. 1769, d. 1813, ug.
  11. Anna f. 1771, d. 1808, g. 1801 m. Rasmus Eilevson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 1.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Johannes Knutson Steinsland for 33 rdl. Fyrr han vart sjølveigar, sat han på oppattnya bygsel frå Anders Jesen i 1737, og frå Wilhelm Hansen i 1739.


1771: Johannes Knutson døyr, og enkja gifter seg oppatt med Haldor Olavson Lavik, og han vert næste bonde her.


5. em. Haldor Olavson Lavik, bnr. 5, f. 1743, d. 1815, g.

2. 1772 m. e. Kari Olavsdtr. Steinsland, f. Straume bnr. 1 1738, d. 1783,

3. 1794 m. Kari Olavsdtr. Almelid, bnr. 1, f. 1756, d. 1820.

Born:

  1. Olav f. 1774, d. 1787.
  2. Agata f. 1776, d. 1809, ug.
  3. Brita f. 1778, d. 1859, g. m. næste bonde her.
  4. Kari f. 1796, d. 1882, g. 1. g. m. Mons Monsson Steinsland bnr. 3-5, g. 2. g. 1826 m. Anders Gulleikson N. Helland bnr. 5, g. 3. g. 1834 m. Olav Jakobson Mo, sjå Mo bnr. 2.


1810: Bygselbrev frå Haldor Olavson Lavik til versonen Berge Brynjelson Lavikhaugen.


1812: Skøyte frå Haldor Olavson til versonen Berge Brynjelson på dette bruket for 240 rd.


6. Berge Brynjelson Steinsland, f. Lavikhaugen 1774, d. 1857, g. 1810 m.

Brita Haldorsdtr. Steinsland, f. 1778, d. 1859.

Born:

  1. Agata f. 1811, g. 1838 m. Knut Gulleikson Straume bnr. 1, fl. til Finne, seinare Bidne, Vossestrand.
  2. Olav f. 1814, d. 1915, næste bonde her.
  3. Haldor f. 1815, d. 1900, g. 1843 m. Brita Johannesdtr. Gullbrå, fl. til Nevdal, Lindås.
  4. Brynjel f. 1818, d. 1903, busett Nygård bnr. 2.
  5. Kari f. 1820, g. 1842 m. Lars Simonson Nygård bnr. 1, attg. m. Olav Andersson Nygard bnr. 3, sjå Fosse bnr. 2.


1835: Skøyte frå Berge Brynjelson til eldste sonen Olav.


7. Olav Bergeson Steinsland, f. 1814, d. 1915, g.

1. 1835 m. Gjertrud Gulleiksdtr. Straume, f. 1815, d. 1842,

2. 1843 m. Gjertrud Nilsdtr. Almelid, bnr. 5, f. 1819, d. 1910.

Born:

  1. Berge f. 1836, d. 1836.
  2. Anna f. 1837, d. 1915, g. 1859 m. Johannes Olavson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 2.
  3. Brita f. 1841, d. 1845.
  4. Kari f. 1842, d. 1914, g. 1866 m. Knut Olavson Nåmdal bnr. 2. Busett Valsvik, Vik i Sogn.
  5. Berge f. 1844, næste bonde her.
  6. Gjertrud f. 1846, d. 1846.
  7. Marta f. 1847, d. 1847.
  8. Brita f. 1849, g. 1877 m. em. Nils Olavson Lavik bnr. 4, busett Flatekvål bnr. 4.
  9. Siri f. 1851, d. 1939, g. 1878 m. Lars Larsson Nygard bnr. 1, busett Lee bnr. 1, Arnafjord.
  10. Olav f. 1854, d. 1894. Sjå bruk 2.
  11. Nils f. 1856, d. 1920, g. 1882 m. Kari Larsdtr. Ø. Helland bnr. 1, busett Berge, Oppheim, Voss.
  12. Anna f. 1859, ug., gravlagd Flatekvål.
  13. Gjertrud f. 1865, d. 1941, g. 1891 m. Jon Johannesson Lavik, sjå Lavik bnr. 2.


1877: Skøyte frå Olav Bergeson Steinsland til sonen Berge.


8. Berge Olavson Steinsland, f. 1844, d. 1932, g. 1877 m.

Inga Rasmusdtr. Nåmdal, bnr. 1, f. 1853, d. 1915.

Born:

  1. Olav f. 1878, næste bonde her.
  2. Rasmus f. 1879, g. m. Sog. m. Solveig Breistein f. 1901, busett Breistein, Åsane, 2 adoptiv-born.
  3. Gjertrud f. 1881, d. 1942, g. 1908 m. Jakob Andersson Nygård, sjå Nygard bnr. 3.
  4. Marta f. 1882, d. 1976, ug., busett Meland i Evanger.
  5. Nils f. 1884, g., busett Røyrgo, Evanger, d. og gravl. i Haus, 4 born.
  6. Eilev f. 1885, d. 1972, g. 1924 m. Marta Jakobsdtr. Farestveit bnr. 8, busett Tunes, Haus, 3 born.
  7. Anna f. 1887, d. 1910, ug.
  8. Brita f. 1890, d. 1892.
  9. Brita f. 1892, ug., busett Meland, Evanger.
  10. Olav d.y. f. 1894, ug., busett Meland, Evanger.
  11. Ingvald f. 1898, ug., busett Meland, Evanger.


1914: Skøyte frå Berge Olavson Steinsland til eldste sonen Olav.


9. Olav Bergeson Steinsland, f. 1878, d. 1966, g. 1905 m.

Anna Knutsdtr. Farestveit, bnr. 1, f. 1884, d. 1960.

Born:

  1. Gunnar f. 1906, ug., busett Steinsland.
  2. Inga f. 1909, g. 1938 m. Sigurd Alfred Sundstrøm, busett Bergen, 2 born.
  3. Alfred f. 19**, ug., busett heime.
  4. Sigurd f. 19**, ug., busett Almelidneset.
  5. Aslaug f. 19**, g. m. Gunnar Tysse. Dei hev 3 born.
  6. Olga Karina f. 19**, g. 1942 m. Magnus Andersson Steinsland, bnr. 5.


Bruket skal no vera skøytt på Alfred Olavson Steinsland, og vert drive av brørne Gunnar og Alfred.


Bonde nr. 6 på dette bruket, Berge Brynjelson frå Lavikhaugen, bør få nokre ord ekstra i soga om Modalen.
I 1803 vart han «beskikket som Skoleholder i Mo Anex i Hosanger», tilsett av biskop Johan Nordahl Brun. Tilsetjings-dokumentet lyder soleis: «Jeg, Johan Nordahl Brun, Biskop, Stiftsprost, Prost over Nordhordlands og Wosse Provsti, samt Sognepræst til Korskirken i Bergen, beskikker herved den af mig fortrinlig Bequem Befunden velagtede unge Karl, Berge Brynildsøn Ladvighougen, til Skoleholder for Moe Anex i Hosanger Præstegjeld i den forløvde Ole Nielsens sted. - Thi skal bemeldte Berge Brynildsøn i Moe Anex Børnene i den Christne Børnelærdom efter Lutheri Katekismus med al alvaarlighed, Troskap og Sagtmodighed undervise, sin foresate Sognepræst i alt lovlig hørig og lydig være og et Christsømelig levnet føre, paa det Guds og vor Herres Jesu Christi Kundskab ogsaa ved hans Flid maatte utbredes.

Dette til Bekreftelse under min Haand og Signet.
Bergen 5te May 1803.
J. N. Brun».


Løni til ein «skoleholder» var ikkje so stor i den tidi at han kunde leva berre av den. Det hev vore sagt kring sju dalar om året. Difor måtte dei ha noko attåtarbeid. Berge Brynjelson var ein dugande grovsmed. I smia laga han navrar av ymse storleik, sauesokler og grove nåler som dei kalla skinnsøyme, og mangt anna. Det vert fortalt at han sat stundom i skuletimane med ei fil og finpussa slike ting som han hadde laga i smia, medan gutane øvde seg å skriva gotiske bokstavar, eller borni las høgt alle med ein gong i Luthers lille katekisme. Gjenteborni fekk ikkje læra å skriva då.
«Skoleholderen» fekk ikkje eigi stova til å halda skule i. Han måtte halda til i ei vanleg bondestova der huslyden og heldt til med arbeidet sitt. I 1810 vart han so gift med odelsgjenta på bruket, fekk fyrst bygsel, og i 1812 skøyte på bruket. Det var truleg ei bra «attåtnæring».


Bruk 5. Noreluten.

1683: Anna Simonsdtr. Steinsland, bruk 2, seinare bruk 3, gifter seg med Ivar Andersson Otterstad bruk 1, og desse to vert fyrste brukarane på dette nye bruket som no vert utskilt på Steinsland. Etterdi dei tri fyrste bruki her i lang tid var like store, er det truleg bruk 1 som no vert delt i to, for det var dobbelt so stort som bruk 2 den fyrste tidi.


1. Ivar Andersson Steinsland, f. Otterstad bnr. 1 1641, d. 1733, g. 1683 m.

Anna Simonsdtr. Steinsland, bnr. 2 f. 1654, d. 1708.

Born:

  1. Eilev f. 1685, d. 1685.
  2. Simon f. 1686, d. 1686.
  3. Agata f. 1687, d. 1718, g. 1717 m. Mons Nilsson N. Helland bnr. 5.
  4. Tora f. 1690, d. 1786, g. 1727 m. Hallvard Magneson Krossen, sjå Nygard bnr. 1.
  5. Brita f. 1691, g. 1735 m. Olav Olavson N. Helland bnr. 3.
  6. Helga f. 1699, d. 1708.


1711: Fogdereknesk. syner at Ivar Andersson betalar skoskatt for seg, kona og eitt barn, Agata. Brita og Tora må då truleg vera reiste ut frå heimen.


1717: Bygselbrev frå Wilhelm Hansen på dette bruket, 12 mrk. smør, til Mons Nilsson Nedre Helland.


1720: Oppattnya bygsel frå assessor Møinichen til Mons Nilsson N. Helland.


1739: Oppattnya bygsel for 1-1-1/3 rdl. for marken.


2. Mons Nilsson Steinsland, f. N. Helland bnr. 5 1691, d. 1758, g.

1. 1717 m. Agata Ivarsdtr. Steinsland, f. 1687, d. 1718.

2. 1719 m. Barbro Halvardsdtr. Flatekvål, bnr. 4, f. 1692, d. 1757.

Born:

  1. Agata f. 1720, d. 1720.
  2. Nils, næste bonde her.
  3. Agata f. 1724, d. 1781, g. 1749 m. Knut Olavson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 3.
  4. Anna f. 1726. d. 1800, g. 1756 m. em. Peder Larsson Mo, sjå Mo bnr. 3.
  5. Halvard f. 1729, d. 1729.
  6. Anna f. 1731, d. 1733.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Nils Monsson Steinsland på 12 mrk. smør for 33 rdl.


3. Nils Monsson Steinsland, f. 1723, d. 1784, g. 1751 m.

Marta Johannesdtr. Ø. Helland, f. 1728, d. 1793.

Born:

  1. Anna f. 1752, d. 1752.
  2. Johannes f. 1755, d. 1755.
  3. Mons f. 1759, d. 1759.
  4. Barbro f. 1761, d. 1826, g. 1787 m. Mons Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 3.
  5. Mons f. 1763, næste bonde her.
  6. Brita f. 1769, d. 1799, g. 1790 m. Olav Knutson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 3.


1783: Skøyte frå Nils Monsson Steinsland til sonen Mons.


4. Mons Nilsson Steinsland, f. 1763, d. 1788.


1787: Mons Nilsson døyr ugift i 1788, og i skifte etter han året etter, vert bruket utlagt til mori og dei to systrene hans Barbro og Brita.


1790: Skøyte frå Marta Johannesdtr. og døtrene Barbro og Brita til


4. Mons Knutson Steinsland, f. Farestveit bnr. 3 1760, d. 1835, g. 1787 m.

Barbro Nilsdtr. Steinsland, f. 1761, d. 1826.

Born:

  1. Nils f. 1788, d. 1788, f. på Farestveit.
  2. Mons f. 1789, f. på Farestveit, næste bonde her.
  3. Nils f. 1792, d. 1830, g. 1822 m. Kari Andersdtr. Stusdal, Hos. b.s. 207. Far hennar var Anders Knutson Nygård bnr. 3, og mori Gjertrud Knutsdtr. Mo bnr. 2.
  4. Knut f. 1794, g. 1816 m. Agata Hallvardsdtr. Øvre Helland bnr. 3. Plassfolk på Myratræet, Steinsland.
  5. Olav f. 1798, g. 1834 m. Marta Monsdtr. Steinsland bnr. 1.
  6. Magne f. 1802.


1810: Skøyte frå Mons Knutson til sonen Mons på 12 mrk. smør.


5. Mons Monsson Steinsland, f. 1789, d. 1825, g.

1. 1814 m. Marta Helgesdtr. Ø. Helland, bnr. 5, f. 1791, d. 1817,

2. 1820 m. Kari Haldorsdtr. Steinsland, bnr. 3, f. 1796, d. 1882.

Born:

  1. Agata f. 1815, næste bonde her.
  2. Barbro f. 1816, d. 1844, g. 1839 m. Rasmus Olavson Straume, sjå Straume bnr. 4.
  3. Haldor f. 1821, d. 1821.
  4. Marta f. 1823, g. 1850 m. Knut Jakobson Mo bnr. 4.


1825: Skifte etter Mons Monsson Steinsland. Bruket vert utlagt soleis:
Enkja Kari Haldorsdotter, 6 mr. smør for 50 spd.
Dotteri Agata 3 mrk. smør for 25 spd.
Dotteri Barbro 3 mrk. smør for 25 spd. = ialt 100 spd.


1826: Skøyte frå Kari Haldorsdtr. Steinsland til sdotteri Agata på 6 mrk. smør for 50 spd.


1826: Bygselbrev frå Agata Monsdtr. Steinsland ved formyndar Gulleik Knutson Straume til Anders Gulleikson Nedre Helland. Anders var då dreng på bruket, og han skulle få bygsel på desse vilkåri:

1. «At han ekter enken Kari Haldorsdotter, og
2. at han og hans hustru nyder og bruger og beholder bemeldte gaardsbrug
indtil myndlingen indtræder i ekteskab».


6. Anders Gulleikson N. Helland, f. 1792, d. 1832, frå bnr. 5, g. 1826 m. e.

Kari Haldorsdtr. Steinsland, f. 1796, d. 1882.

Born:

  1. Brita f. 1827, d. 1827.
  2. Mons f. 1828, d. 1830, tvill.
  3. Brita f. 1828, g. 1849 m. Knut Torkjellson Straume, fl. til Frekhaug 1850.
  4. Kari f. 1830, g. 1851 m. Jakob Jakobsen Mo bnr. 2.


1834: Skøyte frå Agata Monsdtr. Steinsland til Knut Knutson Høvik.


7. Knut Knutson Steinsland, f. Høvik bnr. 4 1813, d. 1892, g. 1833 m.

Agata Monsdtr. Steinsland, f. 1815, d. 1898.

Born:

  1. Mons f. 1836, næste bonde her.
  2. Helga f. 1838, g. 1862 m. Knut Monsson Steinsland bnr. 1, busett Dale, Framfjorden.
  3. Knut f. 1840, g. 1869 m. Marta Andersdtr. Nygard bnr. 3, reiste til USA.
  4. Mons d.y. f. 1842, rokkedreiar, reiste til USA.
  5. Marta f. 1844, reiste til Amerika.
  6. Barbro f. 1847, d. 1847.
  7. Olav f. 1849, reiste til Amerika.
  8. Johannes f. 1851, reiste til Amerika.
  9. Anders f. 1854, reiste til Amerika.
  10. Kari f. 1856, d. 1856.
  11. Kari f. 1860, d. 1936, g. m. Magne Monsson Steinsland bnr. 1, busett Dale, Framfjord.
  12. Nils f. 1862, d. 1938, g. 1. g. m. Synneva Olsdtr. Åsberge, g. 2. g. m. Ingeborg Svendsbø, g. 3. g. m. Anna Andersdtr. Steinsland bnr. 1, busett Lee, Arnafjord.


1866: Skøyte frå Knut Knutson Steinsland til eldste sonen Mons.

8. Mons Knutson Steinsland, f. 1836, d. på Fosse i Eksingedalen. G. 1860 m.

Synneva Andersdtr. Nygård, bnr. 3, f. 1836, d. 1918.

Born:

  1. Knut f. 1860, d. 1952, næste bonde her.
  2. Agata f. 1862, d. 1928, g. m. Nils Fosse, Eksingedalen, og busett der. Agata gjekk til i ei snøræsing som tok huset deira på Fosse i 1928. Sjå Fosse bnr. 1.
  3. Anders f. 1863, d. 1877, vart teken av ei snøskrida.
  4. Ragnhild f. 1864, d. 1864.
  5. Jakob f. 1866, g. 1891 m. Anna Nilsdtr. Farestveit bnr. 5, busette i Bergen.
  6. Ragnhild f. 1868, g. 1893 m. Rasmus Nilsson Straume bnr. 4, busette Aldalen, Evanger.
  7. Knut d.y. f. 1870, d. 1974, g. 1901 m. e. Maria Jakobsdtr. Straume f. Nygård bnr. 3.
  8. Andreas f. 1873, g. m. Marta Helgesdtr. Ø. Helland, bnr. 5. Marta for utfyre og slo seg i hel. Ho og mannen budde i Yksendalen då, og ho var i marki på slått då ho gjekk seg ufyre. 1 son Håkon f. og d. 1905.
  9. Olav f. 1875, d. 1875.
  10. Anna f. 1876, ug. d. på Fosse, Eksingedalen.
  11. Anders f. 1879, d. 1972, g. 1905 m. Olina Nilsdtr. Flatekvål, busett Mellesdal bnr. 1.
  12. Olav f. 1883, g. 1. g. 1907 m. Agata Olavsdtr. Starume bnr. 4, busett Gilbakken, Voss, 6 born, g. 2. g. m. Brita Gjerdåker, busett Høyland, Reppen, Voss, ikkje born i dette ektesk.


1887: Skøyte frå Mons Knutson Steinsland til eldste sonen, Knut.


9. Knut Monsson Steinsland, f. 1860, d. 1952, g. 1890 m.

Marta Hansdtr. Almelid, f. 1865, d. 1915, frå bnr. 2-5.

Born:

  1. Hans f. 1891, d. 1914, drukna i Stølsvatnet.
  2. Synneva f. 1893, d.. 1969, gravfest på Farestveit, g. m. bonde Bård Norheim, Norheimsund, busett der.
  3. Anna f. 1897, d. 1919, ug.
  4. Andri f. 1899, g. 1934 m. Nils Johan Håvardstun, busett Nesttun, Fana.
  5. Johan f. 1901, d. 1937, g. 1935 m. Aslaug Johannesdtr. Nåmdal bnr. 2. Eitt barn, Bjørg Halldis, g. 1968 m. Rolv Nyhammer, Søreide.
  6. Olav f. 1904, g. 1933 m. Helga Jakobsdtr. Nygard, sjå Nygard bnr. 3.
  7. Marta f. 1905, d. 1905.
  8. Helga f. 1907, g. 1930 m. Knut Johannesson Liland, Nygard, sjå Nygard bnr. 4.
  9. Signy f. 1910, g. 1942 m. Sverre Tvedt, Lindås, busett Nesttun, Fana.
  10. Kari f.1911, g. 1943 m. Bernhard Langedal, busett Dalekvam.


1893: Skøyte frå Knut Monsson Steinsland til verbroren Rasmus Nilsson Straume, - 2,37 mark -, for 4500 kr. og kår til Mons Knutson og kona Synneva Andersdtr.


1893: Den 6/6, eller 6 månader fyrr han selde garden sin på Steinsland, hadde Knut Monsson fenge skøyte på bruk 3 på Øvre Helland.


Det var Knut Olavson Øvre Helland og kona Anna som selde garden sin for 3500 kr. og kår til Olav Hallvardson Øvre Helland og kona Brita. Det var amerikafeberen som hadde gripe Knut Øvre Helland. Både han og kona og borni for til USA, og Knut Monsson Steinsland skulle taka yver bruket på Øvre Helland.


1894: Gleda yver gardabytet vart ikkje lang. Den 25/5 - 1894 måtte Knut Monsson skøyta garden til Hallvard Olavson Øvre Helland, bror til Knut, for odeltakst 4000 kr. Hallvard tok garden att etter odel.


1894: Den 4/5 same året fekk Knut Monsson Steinsland skøyte frå Haldor Johannesson Bergo på garden hans, Bergo i Evanger, skyld 1,58 mark, for 5000 kr.


1898: Den 28/5 vert makeskøyte sett opp millom Knut Monsson Steinsland og verbroren, Rasmus Nilsson Straume:

«Eg, Knut Monsen Steinsland, avstår og makeskøyter til Rasmus Nilsen og arvingar min eigande gard, Bergo, gardsnr. 33 bruksnr. 2 i Evanger tinglag av skyld 1,58 mark. Garden vert yverdregen honom for ein sum av 4500 kr. Derimot avstår eg, Rasmus Nilsen, til Knut Monsen og arvingar, som vederlag min eigedom i garden Steinsland, gardsnr. 84 bruksnr. 5 i Hosanger av skyld 2,37 mark for sum 4000 kr. Rasmus Nilsen betalar 500 kr. til Knut Monsen som millomlegg».
Dermed er Knut Monsen komen attende til odelsgarden.


1937: Skøyte frå Knut Monsson Steinsland til broren Anders, busett i Mellesdal, for 4000 kr. og kår til seljaren.


1943: Skøyte frå Anders Monsson Steinsland, vedteke av kona Olina, til sonen Magnus for 5000 kr. og kår til Knut Monsson.


10. Magnus Andersson Steinsland, f. 19** g. 1942 m.

Olga Karina Olavsdtr. Steinsland, f. 19**.

Born:

  1. Asbjørn Odd f. 19**.
  2. Kjell f. 19**.


Asbjørn Odd Magnusson har ført opp ny bustad på bruket i 1978. Faren Magnus Andersson har skøyte på bruket (1982).


Asbjørn Odd Magnusson, f. 19**, g. 1978 m.

Mary Vedå,Stamneshella, f. 19**.

Born:

  1. Karin Arlen f. 19**.
  2. Terje f. 19**.


Plassmenn og andre.

Myratræet. På dette plasset budde ei stund Knut Monsson Steinsland, nr. 4 d på bruk 5. Me finn ikkje festesetel til han, men han fekk namnet «Myramannen» etter plasset han budde på. Han var ein god veidemann og ein sikker bjørneskyttar.


Knut Monsson Steinsland, f. 1794, g. 1816 m.

Agata Hallvardsdtr. Ø. Helland, bnr. 3, f. 1786.

Born:

  1. Hallvard f. 1816, f. på. Steinsland.
  2. Brita f. 1818, f. på Ø. Helland.


Då Brita var fødd, var foreldri kalla teneste- og plassfolk på Øvre Helland. Sidan veit me ikkje meir om dei.


Bror til Knut Monsson, Olav, vart lagd på garden som det heiter, men han hadde og rett på kår. Han ervde ei stova nord med «Gamlekjelda» etter faren. Han fekk nokre slåttor i utmarki og fødde ei ku og geit. Attmed risgarden fekk han og nokre små potetåkrar. Det vart sagt at han og kona hadde god utkoma. Dei hadde ikkje born.
På garden vart Olav Monsson kalla «Kår-Ola».


Olav Monsson Steinsland, f. 1798, d., 1879, g. 1834 m.

Marta Monsdtr. Steinsland, bnr. 1, f. 1791, d. 1858.


1823: Festesetel frå Mons Monsson Steinsland til broren Nils på skog og markeslåttor. Nils var «inderst», og bror til Knut og Olav Monsson.


Nils Monsson Steinsland, f. 1792, d. 1830, g. 1822 m.

Kari Andersdtr. Stusdal, f. 1787, Hosangerb. Stusdal s. 207.

Born:

  1. Barbro f. 1823.


Brutræhaugen eller Bruaberget.

1835: Festesetel frå Berge Brynjelson og Knut Monsson Steinsland til Knut Andersson Straume på plasset Brutræhaugen med fem slåtte-teigar: Raunestølen, Rindaskavlen, Brattetræhaugen, Furrene og Blombrekka.
Som vederlag for plasset skulle bygslaren millom anna moka snøen av Storabrui om vinteren, og elles halda brui i stand. På garden vart han kalla Brua-Knut.


Knut Andersson Straume, f. 1792, d. 1848, truleg son til 2 e bnr. 1, g. 1822 m.

Brita Monsdtr. Steinsland, bnr. 1 f. 1794, d. 1848.

Born:

  1. Brita f. 1823.
  2. Anders f. 1823. Flytta til Salten, Nordland i 1847, 11 son Knut f. 1847.
  3. Johannes f. 1830, fl. til Løddingen, Nordland 1851.
  4. Guri f. 1833, fl. til Løddingen, Nordland 1852.
  5. Rasmus f. 1838, fl. til Løddingen, Nordland 1852.

Rasmus var då berre 14 år gamal og ikkje konfirmert.


Plasset Bruatræhaugen låg austanfor elvi, der køyrebrui gjekk yver. Korleis Knut og kona kunne livberga seg og sine er ikkje lett å skjøna. Båe døydde same året. Det var ikkje underleg at borni flytte or dalen når høvet baud seg.


Folketal.

1645. Kopskatten: 6 personar yver 15 år.

1667. Prestemtl.: 10 mannspersonar.

1701. Manntal: 6 mannspersonar yver 1 år, av deim 2 tenarar. 1711. Skoskatten: 10 i alt.

1801. Folketelj.: 28 i alt i 3 huslydar. Av deim 5 tenarar.

1835. Folketelj.: 37 i 3 huslydar. Av deim 1 husm. 9 tenarar, 1 dag-lønar og 1 fatiglem.

1845. Folketelj.: 43 i alt. Av deim 5 kårfolk og 10 tenarar.

1865. Folketelj.: 31 i alt. Av deim 3 kårfolk. 1875. Folketelj.: 30 i alt. Av deim 3 kårfolk.


1900 Folketeljing.

Bruk 1: Olav Andersson Steinsland og kona, Anna Knutsdotter, med 9 born. Anders Monsson og kona, Brita Olavsdtr., kårfolk.


Bruk 2: Siri Andersdtr. Steinsland, enkje med 3 born. Marta Andersdtr. Nygard.


Bruk 4: Berge Olavsson Steinsland og kona, Inga Rasmusdotter, med 8 born. Olav Bergeson og Gjertrud Nilsdtr. kårfolk. Anna Olavsdotter, bur heime.


Bruk 5: Knut Monsson Steinsland og kona, Marta Hansdotter, med 4 born. Mons Knutson og Synneva Andersdtr., kårfolk.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy