Straume Mo

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Straume.



Gnr. 83 Straume


Innhaldsliste

Innleiing

Garden Straume ligg 16 km oppe i Modalen, og 120 m yver havet. Heimebøen, med tun og hus ligg ved nedste enden av Storvatnet som strekkjer seg omlag 5 km innetter dalen, like til grannegarden Steinsland. Frå dette vatnet renn fyrst Storestraumen ned til Midvatnet, og frå Midvatnet renn Vetlestraumen ned til Avbåtsvatnet. Det er difor ikkje so underleg at denne garden vart kalla Straume. Namnet hev elles vore skrive på ymse måtar fram gjenom tidi. I 1597 vart det skrive Strømsnæss, i 1603 Strømbe, og i mest heile 1700-talet var skriveformi Øvre Strømme. Dette var gjort for å skilja millom denne garden og garden Mostraumen som ligg omlag 5 km ute ved Mofjorden. Mostraumen hadde óg skriveformi Strømsnæs og Strømmen i eldre tid.

Straume grensar i sør til Farestveit, i vest og nord til Steinsland, og i aust til gardane Nåmdal og Øvre Helland. Dei to siste gardane ligg på andre sida av elvi, so her er det vatn i millom. Grensa millom Straume og Farestveit tek til på Fetæ, der Gaubotselvi renn ut i Storelvi. Derfrå fylgjer grensa Gaubotselvi oppetter lidi til Gaubotn og vidare til ho når høgste fjellryggen. Grensa fylgjer so fjellryggen nordetter mot Steinsland sin eigedom til Greggusbotn og Gavlen. Der vender ho i rett vinkel mot aust, går ned lidi til dalbotnen mot Storelvi, og her er Kleivurdi grensa. Frå austsida av Storelvi fylgjer grensa Leitebekken til fjelltop pen

Seilæ sør for Smørstakken. Ved Seilæ sluttar grensa mot Steinsland, og grensa mot Nåmdal tek til. Ho fylgjer fjellryggen til Kvølven, vender so i rett vinkel mot vest og går ned lidi sør for Merkjeskrånæ til Storvatnet. Deretter er Storvatnet og Midvatnet skilje millom gardane. Vatnet Herlongen er grensa millom Straume og Øvre Helland.

Noko større tvistemål millom naboane om desse grensone, hev ein ikkje høyrt gjete, bortsett frå striden om «Trettestykket» millom Straume og Farestveit. Dette stykket er ein teig som ligg oppe i Gaubotn.

Brukarane på Straume skal ha hevda at grensa fylgjer Gaubotselvi og går i same leid til høgste fjellryggen. Brukarane på Farestveit meinte derimot at grensa skulle fylgja ei elv som kom frå fjellet i nordvest, frå Kvednhusbotn som ligg på Straume sin eigedom. Det er sagt at Straume fekk eigedomsretten til Trettestykket, og det er no sameiga for garden. Det er og sagt at brukarane på Straume hadde hestehage der i eldre tider, og nokre stadnamn tyder og på det, soleis Marasteinen, Øykjafjellet og Gamlestølen.

Sjølve heimebøen med tun og bygningar ligg oppå ei reina på vestsida av vassdraget. Jordlaget er for det meste morene. Berre oppunder lidi er noko myrlendt. Men i markaskapet kringom bøen syner enno merke etter istidi sitt arbeid, korleis vatnet hev kvervla rundt og laga store «jettegrytor» i jordi, slik som Supafatet, Joanshola og Bukkagili. Jordi er for det meste skrinn og hevdhard. Både på austsida og vestsida av garden er høge fjell, og difor er solargonga om dagen heller stutt, og utsyn frå heimane hev ein berre mot sør og nord.

Heimebøen var inngjerd med risgard. 1 sør var Tringagarden, og i nord var det i eldre tid bøgard på Gardbrekka. Utanfor bøgardane var hestehage og kalvehage. I eldre tid var der óg nokre inngjerde træde. Nordanfor bøgarden var Kalvatrædet, Sauatrædet med lamhus, og då bøgarden vart flytta frå Gardbrekka til Bjødnahaugen, vart der fleire inngjerdingar, soleis Nyatrædet, Fagerstølen og Rundhaugen. Utanfor bøgarden i sør var Torkjellstrædet og Musatrædet. I fyrste tidi vart desse trædi nytta til å samla buskapen i om natti, men seinare, då brukarane ikkje fann det turvande lenger, vart trædi dyrka og tekne til anna bruk. Elles var heimebøen oppdelt i små teigar blanda om kvarandre, med merkesteinar i ymse retningar. 1 1764 fekk leiglendingane på Straume kjøpa dei bruki som dei fyrr hadde bygsla. Bruk 1 var då delt i to bruk, bruk 1 og 2. Teigane vart blanda om kvarandre og delt soleis at kvart bruk fekk 16 teigar på heimebøen. Kvart av desse bruki fekk ei skyld på 12 mrk. smør, og kjøpesummen var 22-3-rd. På bruk 3 og 4 var heimebøen oppdelt i 13 teigar på kvart bruk. Desse to bruki hadde kvart ei skyld på 1 pd. smør, og kjøpesummen var 45 rd. Denne teigblandingi og oppmerkingi av alle teigane er å finna på utskiftingskartet frå 1944. Utskiftingi vart ferdig i 1949.

Åkrane var ikkje mindre spreidde kringom heile bøen, frå Tringa garden i sør og til Gardbrekka i nord. Seinare, då bøgarden vart flytta like til Bjødnhaugen, vart det brote opp åkrar lenger nord óg. Stundom låg åkrane tett saman, berre med ei smal reina i millom til merke millom eigarane. Det hende óg at ein av eigarane hadde sin åker midt inne i engteigen til grannen. Til døme på slik teigblanding kan nemnast namn på nokre åkrar og korleis dei låg: På Torkjelltrædet hadde tri av brukarane kvar sin åker. I Tringareina låg ein åker som vart kalla Siriryggen. Heime i Husteigen låg Ækro. Brattåkeren låg i reina nord for Ækro. 1 Kvednhusreina, nord for Brattåkeren, låg Reineåkeren. Knokjen låg på austsida av Gjili, og Oppbrotsåkeren låg på nordsida av Knokjen. Gjilåkeren låg nede i Gjili, og Osphaugåkeren låg på Osphaugen. Strengåkeren låg nett nord for stovehusi på bruk 3 og nådde heilt fram til grunnmuren for stovehuset på bruk 2, so huseigaren kunne ikkje gå rundt husi sine på eigen grunn. Kring 1870 vart det ordna med eit lite jordbyte millom desse grannane. Solkeikåkeren låg innimillom bøteigane på bruk 1 og bruk 4, so eigaren måtte gå yver annan manns eigedom når han skulde fram til åkeren sin. Storåkeren låg tett attmed vegen nordanfor eldhuset til bruk 4, men åkeren høyrde til bruk 3, og dei åtte berre denne åkeren der. Skrevåkeren låg millom to steingardar, og han var delt etter midten med ein steinrinde. Torkjellåkeren låg nord-aust for Skrevåkeren. So var det Sandbrekkeåkrane. Der åtte bruk 3 to åkrar, og millom dei hadde bruk 4 ein åker. Hauåkeren låg nord på Haugen. Lenger nord var det Naustvikåkeren, Fagerstølåkeren. Endå nokre åkrar på bruk 4 kan nemnast. Det var Tringåkeren, Kringlo, Storåkeren og Britåkeren. Den siste åkeren hadde fenge namn etter ei Brita, som i 1875 «affandt sig død på marken 45 år gammel». So var det Nyatræåkeren og Fagerstølen.

Midt i alt dette virvaret av åkrar og engteigar skulle so husi på garden ha plass. Alle husi på garden var bygde tett saman. Teigane var so små og oppdelte at det knapt nok var rom til eit hus berre på ein teig. Fjøs og løebygningar var bygde kvar for seg. Som eit serhende kan nemnast at bruk 2 og 3 hadde løa saman under same tak, berre med orgaved mil-lom høystaden åt eigarane. I 1739 vart bruk 2 utskilt frå bruk 1, og husi på dette nye bruket vart bygde tett inntil husi på bruk 3, og dei vart sette heilt i merket millom naboane. I 1882 vart det storbrann på garden. Det tok til å brenna i eldhuset på bruk 1, og snart spreidde elden seg til dei andre husi. Det tok ikkje lang tid fyrr alle husi på bruk 1, 2 og 3 var nedbrende, berre husi på bruk 4 stod att. Etter storbrannen vart husi på dei tri bruki bygde oppatt frå nyo. På bruk 1 og 2 vart dei nye husi sette oppatt på dei gamle tuftene, men på bruk 3 vart stovehusi flytta lenger sør og sette oppatt eit stykke frå tuftene etter fjøset og løda som høyrde bruket til. Stovehuset på dette bruket var rotstova fyrr brannen.

Alle husi på bruk 4 vart berga frå brannen, og dei vart ståande på det gamle tunet like til utskiftingi var ferdig i 1949. Dei gamle stovehusi står der framleides, men i 1875 vart dei noko ombygde. Der vart bygt ei ny stova i søre enden av huset og nye lemmar yver heile bygningen. Det gamle stovehuset står elles slik det var fyrr, og det ber tydeleg merke etter nedriving og oppattbygging. Alle stokkane i vetlestova hev vore nedmerkte og stova oppattbygd, truleg då ombygd frå ljorestova til lemstova. Bui hev og vorte påbygd med ein ny sperrestokk yver den gamle. På ein bjelke i vetlestova er innskore dette årstalet: MDCCLXXXI = 1781

Etter det som fyrr er fortalt om åkrar og teigblanding på heimebøen, er det lett å skyna at det var tungvint og vanskeleg å dyrka og driva gardsbruket her soleis at det gav full avling. Engslåtten gav vel jamt yver ein tridjepart av den samla formengdi på garden. Rett nok låg det nokre haust-teigar som fetlingar inntil heimebøen, og desse vart rekna som skrapslått. Men det var markaslåttone som gav største formengdi. Desse låg på båe sidor av Storvatnet, både søretter og nordetter, mest nordetter langs vatnet.

Her var det óg teigblanding på same måten som på heimebøen. Det var skift soleis for at kvar brukar skulle få so langt det let seg gjera -like mykje og like god slåttemark, sjølvsagt delt etter skyldi på dei ymse bruk. Kvar teig hadde sitt namn. Å føra opp namni på alle, vil føra for langt. Ein kan berre nemna at her er oppgjeve 68 slåtteteigar på garden. I mest kvar teig var det løa. Men i nokre slåttor som låg lengst borte og mest til fjells, vart høyet sett i stakk. Frå alle markaslåttone vart høyet drege og køyrt heim på vinterføre. Til attåtfor vart det gjenom vinteren brukt mykje rauneskav, mork og beit.

Gode markaslåttor gav brukarane høve til å vinterfora stor buskap, men hamnegangar til desse buskapane var det heller smått med. Fjellvidder som høvde til sumarstølar, hadde dei ikkje, og ein gard utan gode sumarbeite vart i eldre tider ikkje rekna for nokon verdfull gard. Vårstølen låg omlag 4-5 km nord for garden. Der hadde kvar brukar sitt stølshus, men avdråtten vart ført heim til garden. Der kunne vera beitemark fram til 8. - 10. juli. Fyre svartedauden var det ein gard nordanfor Storvatnet. Han er skriven Wadzhelle, og staden er no kalla Øyjordi. Der er merke etter busetnad, og der er stadnamn som Ækra og Ækersteinen. Garden vart ikkje oppattbygd, og høyrer no til hamnehagen deira Straume.

Men sumarstøl hadde ikkje brukarane på Straume. So lånte dei då nokre fjellbeite hjå grannegarden Nåmdal, og tok opp støl i Kvitevassdalen, nord for Nystølen deira Nåmdal. Der finst det enno tufter etter stølshus. Men beiteviddi var heller liti, og buferdsvegen var svært vanskeleg. Stølsvegen gjekk opp Holmanestødna og yver fjellryggen til Kvitevassdalen, og der finst enno merke etter veg, men truleg hev den vegen berre vore nytta av folket, og buferdsvegen hev vore den same som dei Nåmdal brukte til sin Nystøl. Stølsbruket i Kvitevassdalen vart, truleg nedlagt ein gong i 1700-talet. So hev då brukarane på Straume festa augo sine på dei store fjellviddene som grannegarden Steinsland åtte. Dei fekk teke opp støl i ein fjellbotn som ligg omlag 3 km nordaust for Steinslandsgarden. Denne stølen vart kalla Fjellstølen. Kva tid denne stølen vart teken i bruk, og korleis bøndene frå Straume fekk eigedomsrett til stølen, finst det ikkje noko skriftleg om. Truleg hev dei bruka han so lenge utan vederlag at dei på denne måten hev fenge eigedomsrett til han. Men veden som dei brukte på stølen, vart hoggen i Steinsland sin skog, og om det finst det kontrakt i eit forlik millom partane frå 1/11-815. Av dette forliket går det fram at brukarane på Straume skulle få beita geitene sine i Moldbakkelidi på Steinsland mot at Steinsland fekk beita sauene sine «på land» i Straume si beitemark på Øyjordi fjortan dagar om våren. Forliket er skrive slik: «Fjeldstølen som ligger på den nordvestlige side av Steenslandsdallen der skal bejtes af Strømmes vox-enkreaturer som sedvanlig, men Gieder som tilhører Strømmes beboere skal have frihed at bejte i Steenslands mark i Moldbakkelien mod at Steenslands beboere skal have frihed at bejte Deres sauer i Strømmes såkaldte Øijords hage, dog så at intet videre brug deri tilstedes hverken bejting eller skovhugst».

Men denne fjellstølen óg synte seg å verta for trong for buskapen frå Straumegarden, for både geiter og sauer vart mjølka og måtte fylgja den andre buskapen. So leigde dei endå ei beitemark hjå Steinsland i Skålbotn og tok opp stølsbruk der. Denne stølen låg omlag 6 km nordaust for Steinsland, på austsida av elvi, men stølsvegen gjekk på vestsida. Om bruk av denne stølen finst det ei skrivi kontrakt som lyder slik: «Strømmes beboere skal for eftertiden i samme mark have brugsrett både til Skouv og Bejting, imod at Strømmes oppsiddere skal betale til Steenslands beboere aarlig 8 sp. Rigsbank, hvis aarlige avgift skal hwerken forhøies eller formindskes, men skal bestandig stå med samme werd».

Det var lang og mødesam veg brukarane på Straume hadde til desse stølane. Dei måtte bruka stølsvegen deira Steinsland. Det er fortalt at bøndene på Steinsland kravde at bøndene på Straume skulle vera med og byggja bruene og ta sin lut av vedlikehaldet for stølsveg og bruer, elles ville dei stengja vegen for dei. Dette førde til at det «ble reist søksmål af Strømmes opsiddere mot Steenslands beboere», og ved forlik av 1/11-1815 vart det skrive kontrakt millom partane. Dei vart samde om at brukarane på Straume skulle halda dei fleste bjelkane i alle bruer, og dertil vera med og halda vedlike stølsvegen som dei brukte. Buferdsvegen til Skålbotn gjekk om Åsen til heimste stølsvatnet som ligg like nedanfor Instestølen deira Steinsland. Der hadde straumefolket båt, og kyrne vart jaga til sums yver vatnet der det var smalaste, straks innanfor straumen. Gangvegen til Skålbotn gjekk om Rindatødne lenger heime i dalen. I Skålbotn var der vanlege stølshus som folk var tente med i eldre tider, men stølen vart nedlagd kring 1860-70. Desse to stølane vart brukte slik at buskapen beita 3 vekor på kvar støl, fyrst 3 vekor i Skålbotn, og so 3 vekor på Fjellstølen. Om bruk av stølsved til denne stølen var skriftleg avtale at stølsved kunne hoggast i Steinsland sin skog, mot at brukarane på Steinsland kunne få hogga furespik i Straume sin skog til tjørebræding åt båtane sine. Stølsveden vart hoggen nede i lidi, og oftast var det budeione som måtte bera veden det siste stykket opp til stølen. På Fjellstølen var det bra stølsveg. Kvar brukar hadde sitt eige mjølkesel og skot med gruva for koking. Stova var sams eiga. Elles var stølsdrifti den vanlege. Rjomen vart kinna, og smøret lagt i kjørel. Av mjølki laga dei ost og brim. Kvar laurdag gjekk budeione heim med mjølkebøra. Heime måtte dei gjera laurdagsvasket, og vann dei meir, laut dei ut og onna saman med dei andre slåttefolki.

Som fyrr fortalt voks det fureskog på Straume, og han var ofte god å ty til, både til eige bruk og når det skulle gjerast ein bytehandel med brukarane på grannegardane som hadde lite av det slaget. Beste fureskogen hadde dei nord med Storvatnet, og der hadde kvart bruk sine serskilde teigar. Aller mest kom vel denne skogen vel med då dei skulle byggja oppatt husi på garden etter storbrannen 1882. Garden hadde nok fureskog til nye hus, og ved ei elv dei kalla Tverrånæ, sette dei opp ei sams vassdrivi sag og skar alt trevyrket der. Garden hadde og bra med lauvskog. Han var skift teig om teig i remsor yver heile utmarki, men det var vanskeleg å driva fram noko til sal fyrr vegen vart bygd oppetter dalen. Ved fløyting etter elvi kom det so mykje bort at det svara seg ikkje.

Det var smått med gardsvegar på Straume i eldre tider. Det gjekk ein buferdsveg langsmed Storvatnet til vårstølen og beitemarki der. Dessutan gjekk det gardsveg gjennom tuni millom husi, men han enda nede ved nausti og Naustviki ved Storvatnet. Når folk skulle til Mo med hest og klyv, måtte hestane jagast til sums yver vatnet like ovanfor Store-straumen til Smørståi på Nåmdalssida. Klyvi og folki måtte sjølvsagt yver i båt. So klyvja dei hesten i Smørståi og tok i veg den 16 km lange vegen til Mo. Skulle folk på kyrkjeveg, eller dei reiste til Mo utan å ha hest med, rodde dei yver Avbåtsvatnet lenger nede, frå ein stad dei kalla Smogane og til Båtholmen på Nåmdal. Der skulle det stå eit naust i eldre tider. Det vert elles fortalt av eldre folk at det var ein avtale millom brukarane på Straume og Nåmdal, at brukarane på Nåmdal skulle halda båt i Avbåtsvatnet og ha skyssplikt for ferdsla millom gardane. Til vederlag for dette skulle brukarane på Nåmdal ha rett til å hogga spik i fureteigane på Straume, so mykje dei trong til tjørebræding åt båtane sine.

Bygdevegen oppetter dalen vart bygd ved pliktarbeid av brukarane. Dei tok til på Mo kring 1875, og vegen vart ferdig opp til Storvatnet kring 1900. Etter kvart som vegen vart ferdig framom gardane, fall brukarane frå, og på slutten var det ikkje so mange som ville vera med å byggja vegen til endes. Då vegen var komen til elvi på Øvre Helland, måtte der byggjast bru yver. Dette var ikkje so lett å greida for dei som budde på gardane lenger oppe. Dei søkte om stønad frå heradet, men det gjekk trått med å få hjelp. Fyrst etter at brukarane på Straume og Steinsland hadde skrive under på å yta ein pengesum, etter skyldi, vart det vedteke i heradstyret å gjeva stønad. Utanom pengesummen måtte dei yta pliktarbeid som fyrr.


EIGARAR.

1590/91: Jordeboki hev «Strøm som nyligen er opptagen Stigten», som då eig 1 pd. smør 1 k. (1 kalvskinn).

1616/17: Rekneskapen hev same eigar, men då med 1/2 L. smør.

1647: Store kontribusjonsskatten: K. M. eier og bygsler 1 L. smør (Krongods).

1661: Sameleis.

1691: Futereknesk. hev lagm. Lilienskiold som eigar med 1 L. smør. 1700: Futeregnsk. hev same eigar.

1708: Futereknesk. hev assessor Willum Hansen med 1 L. smør. 1713: Tingbøkene viser same jordeigar.

1737: Foged Anders Jesen eig 12 mrk. smør i bruket som Sjur Andersen bygsla, og 12 mrk. smør i bruket som Ole Sjursen då bygsla.

1739: Den 27/12 dette året vart det halde auksjon yver assessor Willum Hansens jordeigedomar i Modalen, og Jean van der Velde fekk tilslaget for 500 rd. På Straume fekk desse brukarane bygsel frå han: Av Askild Sjursen sitt bruk fekk Ole Sjursen, f. 1709, bygsel på 12 mrk. smør, og Ole Sjursen, f. 1713, fekk bygsel på 12 mrk. Knut Jakobsen fekk bygsel på 1 pd. smør som fyrr, og sameleis Mons Johannesson.

1764: Dette året åtte Herm. Jansen alle bruki på Straume, og den 30/11 - 1764 fekk alle brukarane kjøpa jordi og vart sjølveigarar.


Matriklar, skyld og utreidslor.

Den tid skyldi var rekna i smør, hadde Straume gardsnr. 92. Då skyldi vart omgjord til pengeskyld i 1838, vart gardsnr. 50, og dei 4 bruki vart førde med løpenr. 186-189. Og då skyldi vart sett i mark og øre, fekk garden nr. 83.

1591 fører Jordeboki landskyldi med 1 pd. smør og 1 kalvskinn.

1597 er skyldi den same, og leiglendingen som får bygsel då betalar 1/2 dalar i bygslepengar.

1609/10 fører skmtl. 2 pd. sm., og 1/2 dr. 16 skilling i bygslep.

1619 får Niels Johansen 1. bygsel. Då er skyldi auka til 1 Laup sm., eller 3 pund, og han gjev 16 dr. i fyrstebygsel. Sidan er skyldi førd med 1 L. so lenge ho var rekna i smør.

1838 då skyldi vart sett i pengar, fekk dei 4 bruki tilsaman 4 dalar 4 ort og 10 sk. i skyld.

1886 omgjort til 12 mark 14 øre.

1624/25 er «årlig ledningsudgift» for Straume førd med 4 alb. i pengar og 1 kalvsk. I 1644 er «leding og frelse» 4 kalvskinn.

1626 i skmtl. står denne merknaden om Straume: «Ligger noget til fields och findis intet hos dem end noget små Fyrreskof til Hiemmetorft, och ere fattige folch».

1661 i Landkommisjonen: «Kongens gods. Ingen Lunder. Smør 1 Løb». Bygselavg. er då 2 dr. på kvar av dei 2 brukarane.

1723. Matr.: «Ingen husmandspl. Sæter 1/2 mil frå gården. Fyrreskov og brænde til fornødenhed. 3 flomkverner. Ligger 2 mil frå søen. Meget ringe til kornavl og er tungvunden».


Fødnad, sånad og avling.

1657. Kvegskatten: 2 brukarar føder tilsaman 1 hest, 1 ukse, 10 kyr, 2 kvigor, 15 geiter og 17 smalbeist.

1667. Matr.: Fødnad 2 hestar, 27 naut (småfe ikkje med). Sår 4 tunnor korn og avlar 10.

1723. Matr.: 3 brukarar føder 18 kyr, 3 ungnaut, 21 smalb. og 1 hest. Sår 4 tunnor havre og avlar 8.

1803. Jordavgiften: 4 bønder føder tilsaman 38 «kreaturer» og 33 «får». Dei sår 8 tun. og avlar 30 tunnor korn.

1835. I samband med ei «summarisk» folketeljing får me oppgjeve: Fødnaden på garden er 4 hestar, 28 storfe og 40 smalbeist. Sånad: 10 tunnor havre og 6 tun. potetor. Det er fyrste gongen potetor er med i oppgåvone.

1863. Jordbrugsbeskrivelsen: Her får me meir fullstendige oppgåvor. Garden er framleis skift i 4 bruk. Bruk 1 og 2 er jamstore og «halve» bruk, og bnr. 3 og 4 «heile» bruk, dei og jamstore. Kvart av dei halve hev:

Åker og dyrka eng: 2 mål godt, 2 mål medels godt og 1 1/2 mål ringt. Naturl. eng: 4 mål godt, 8 medels og 4 ringt. Sår 4 tun. korn og 4 tun. potetor og avlar 15 tun. korn, 16 tun. potet. Haustar 720 våger høy, av det 400 v. frå markaslåttor, og 110 våger halm. Føder 1 hest, 8 kyr, 2 ungfe, 16 smalbeist og 8 geiter.
For dei «heile» bruki er tali soleis: Åker og dyrka eng: 3 1/2 mål godt, 4 mål medels, 2 1/2 mål ringt. Naturl. eng: 8 mål godt, 16 mål medels og 9 mål ringt. - Sår 5 1/2 tun. korn, 5 tun. potetor, avlar 22 tun. korn og 22 tun. potetor. Haustar 1260 våger høy, av det 750 våger frå markaslåttor, og 154 våger halm. Dessutan samlar dei «surogatfoder» 1 kufor beit og skav. Fødnaden er: 1 hest, 16 kyr, 4 ungfe, 25 smalbeist, 12 geiter.
For heile garden skulde det verta: 31 mål åker og dyrka eng og 98 mål naturl. eng. Fødnaden: 4 hestar, 48 kyr, 12 ungfe, 82 smalbeist og 40 geiter. Sår 19 tun. korn og avlar 74, sår 18 tun. potetor og avlar 76. Høyar 3960 våger, av det 2300 våger markaslått. Får 528 våger halm.
Av skogen får dei i alt 20 kippor næver som er verdsett til 8 spd. -Elles får me vita at garden er «beheftet med mangler» som gjev frådrag i verdet. Millom desse er nemnt «broers vedlikehold» som gjev 10 spd. frådrag på dei heile og 5 spd. på dei halve bruki, og for «sneskred» er rekna 2 spd. på kvart bruk.
Framlegget til skyldsetjing er 2 dalar 1 ort 22 skill. på heilt bruk og 1 dalar 22 sk. på halvt.


1875: Bruk 1: Nils Olsen Strømme: 1 hest, 9 kyr, 3 ungfe, 18 smalar. Nils Nilsen (sønnen): 1 ku, 1 smale.


Bruk 2: Ole Sjursen Strømme: 9 kyr, 3 ungfe, 18 smalar.


Bruk 3: Knut Ivarsen Strømme: 11 kyr, 4 ungfe, 24 smalar. Kårmann Ivar Knudsen: 2 kyr, 8 smalar. Tjener Knut Ivarsen d.y.: 2 kyr, 2 smalar. Tjener Ivar Ivarsen: 1 ku, 1 smale.


Bruk 4: Ole Rasmussen Strømme. 10 kuer, 3 ungfe, 21 smalar.


1959: Etter «Norske Gardsbruk».

Bruk 1, skyldm. 1,98. Bruket var avfolka i 1959, og er ikkje kome med i teljingi.


Bruk 2, skyldm. 1,98. Dyrka jord 25 da. mold og morenejord. Anna jordareal 25 da. Skog 260 da. Bustadhus bygde 1952, etter utskiftingi. Brt. kr. 106.000,-. Fødnad: 1 hest, 4 kyr, 1 ukse, 1 gris, 11 smalar.


Bruk 3, skyldm. 3,97. Dyrka jord 40 da. mold-, morene-, og noko myrjord. Anna jordareal 75 da. Prodt. skog 600 da. Bustadhus bygde

1882, etter brannen på garden. Brt. kr. 78.000,-. Fødnad: 1 hest, 5 kyr, 1 ukse, 4 ungdyr, 1 gris, 18 smalar.


Bruk 4, skyldm. 3,93. Dyrka jord 35 da. morene- og myrjord. Anna jordareal 40 da. Prod. skog 400 da. Bustadhus frå 1882. Nytt bustadhus frå 1957. Fjøs og løebygningar frå 1927. Brt. kr. 100.000,-. Fødnad: 1 hest, 8 kyr, 1 ukse, 3 ungdyr, 20 smaler.


BUSITJARAR

Bruk 1, Oppeluten.

1691: Futeregnsk. fører dette året tri brukarar på Straume, og kvar av dei bygslar 1 pd. smør. På bruk 1 sit no Sjur, og han må vera den Sjur Askjellson som kom frå bruk 1 i Mo og vart gift i 1687 med Siri Knutsdtr. Straume bnr. 3. Sjå Mo bnr. 1 og Straume bnr. 3. Då mor til Siri døydde i 1687, fekk Siri og mannen hennar bygsel på halve bruket etter mori hennar, og det var dette som seinare fekk bruksnr. 1 og vart kalla Oppe-luten, eller «Dei oppe».


1. Sjur Askjellson Straume, f. Mo bnr. 1 1660, d. 1738, g.

1. 1687 m. Siri Knutsdtr. Straume, bnr. 3, f. 1662, d. 1701,

2. 1701 m. Maria Olavsdtr. Otterstad, bnr. 7.

Born:

  1. Siri f. 1702, g. 1739 m. em. Mons Johannesson Straume bnr. 4.
  2. Anders f. 1704, g. 1. g. 1735 m. Magdeli Larsdtr. Ø. Helland bnr. 5, g. 2. g. 1739 m. e. Marta Andersdtr. Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 1.
  3. Askjell f. 1706, g. 1735 m. Ingeborg Knutsdtr. Ø. Helland bnr. 1.
  4. Olav f. 1709, næste brukar her.
  5. Olav f. 1713, fyrste brukar på bnr. 2 her.


1737: Bygselbrev frå fogden Anders Jesen til Olav Sjurson d.e. på halvparten av dette bruket, 12 mrk. smør. I 1739 får han oppattnya bygsel.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Olav Sjurson d.e. på dette bruket for 22 rd. 3 ort.


2. Olav Sjurson Straume, f. 1709, d. 1789, g. 1737 m.

Brita Knutsdtr. Farestveit, f. 1717, d. 1804.

Born:

  1. Kari f. 1738, d. 1783, g. 1760 m. em. Johannes Knutson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 4.
  2. Anna f. 1741.
  3. Knut f. 1746, næste bonde her.
  4. Sjur f. 1746, d. 1837, g. 1. g. 1771 m. Brita Sjursdtr. Rydalnd, f. 1746, g. 2. g. m. Kari Jakobsdtr. Ryland f. 1751, busett Ryland bnr. 2 i Seim.
  5. Anders f. 1752, g. 1782 m. Kari Gulleiksdtr. Øvre Helland bnr. 5.
  6. Nils f. 1752, d. 1819, g. 1799 m. e. Marta Johannesdtr. Farestveit bnr. 1.
  7. Maria f. 1760, g. m. Johannes Olsen Toftegård.


1771: Skøyte frå Olav Sjurson til sonen Knut Olavson på dette bruket.


3. Knut Olavson Straume, f. 1746, d. 1826, g. 1781 m.

Anna Gulleiksdtr. Ø. Helland, bnr. 5 f. 1758, d. 1842.

Born:

  1. Gulleik f. 1782, næste bonde her.
  2. Helga f. 1783.
  3. Maria f. 1784, d. 1809.
  4. Brita f. 1790, d. 1859, g. 1820 m. Knut Olavson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 1.
  5. Olav f. 1793, d. 1793.
  6. Olav f. 1795, g. 1820 m. Kari Olavsdtr. Nåmdal bnr. 2 f. 1794.
  7. Sjur f. 1798, g. 1823 m. Inga Olavsdtr. Tveiten, Manger prgj., busette i Lindås prgj. frå 1824.


1809: Skøyte frå Knut Olavson til sonen Gulleik Knutson for 60 spd. og kår.


4. Gulleik Knutson Straume, f. 1782, d. 1849, g.

1. 1811 m. Anna Ivarsdtr. Høvik, bnr. 4, f. 1780, d. 1823,

2. 1824 m. Gjertrud Johannesdtr. Mostraum, bnr. 1, f. 1791, d. 1859. 5 born.

Born:

  1. Anna f. 1812, g. 1837 m. em. Nils Hansson Almelid, sjå Almelid bnr. 5.
  2. Gjertrud f. 1815, g. 1835 m. Olav Bergeson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 4.
  3. Knut f. 1817, næste bonde her.
  4. Ivar f. 1821, d. 1822.
  5. Marta f. 1822, d. 1822.
  6. Anna f. 1824, g. 1845 m. Hans Nilsson Almelid, sjå Almelid bnr. 5.
  7. Marta f. 1826, g. 1857 m. Olav Olavson Almelid bnr. 1, fl. til Løddingen, Nordland 1852, fl. til Dale, Vik i Sogn 1858. I 1861 for dei til USA.
  8. Ivar f. 1828. Flytta til Bø grg. i Nordland i 1850.
  9. Johannes f. 1831, g. 1850 m. Brita Andersdtr. Myster f. 1832. Dei fl. til Bø prgj. i Nordland i 1850.
  10. Gulleik f. 1838.


1824: Knut Gulleikson får utl. halve bruket, 6 mrk. sm., i skifte etter mori.


1846: Skøyte frå Gulleik Knutson til sonen Knut Gulleikson på resten av bruket.


5. Knut Gulleikson Straume, f. 1817, d. 1883, g. 1838 m.

Agata Bergesdtr. Steinsland, bnr. 4, f. 1811, 7 born f. på Straume.

Born:
  1. Knut f. 1839, busett Finne, Vossestrand.
  2. Anna f. 1841, busett Draugsvoll, Vossestrand.
  3. Brita f. 1844, busett Haga, Vossestrand.
  4. Berge f. 1846, d. 1846.
  5. Gjertrud f. 1847, g. m. Anders Olavson Nesheim, Vossestrand. Dei for til USA.
  6. Gulleik f. 1850, d. 1850.
  7. Kari f. 1851, g. m. Knut Olavson Nesheim, Vossestrand. Dei for og til USA.


I Ættebok for Vossestrand er fortalt at Knut gifte seg att i 1874 med Barbro Kjellsdtr. Draugsvoll, f. 1815. Der er og nemnt at han hadde ei dotter, Marta f. 1850, og at ho for til Amerika. Denne Marta er ikkje med i dåpslista eller flyttemeldingi frå Modalen.


1852: Skøyte frå Knut Gulleikson på dette bruket til Nils Olavson Straume bnr. 4 for 400 spd. Knut flytte då med lyden sin til Finne, Vossestrand.


6. Nils Olavson Straume, f. 1829, d. 1876, g. 1851 m.

Kari Eilevsdtr. Nåmdal, bnr. 1 f. 1826, d. 1876.

Born:

  1. Inga f. 1852, g. 1873 m. Jakob Jakobson N. Helland bnr. 3 f. 1848, busett Flete, Arnafjord, 10 born. Den yngste, Johannes, er gardbr. på Flete. 4 born for til USA.
  2. Kari f. 1853, g. m. Johannes Olavson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.
  3. Nils f. 1857, brukar nr. 7 her.
  4. Anna f. 1859, g. 1882 m. lærar Nils Jonson Otterstad bnr. 1 f. 1859.
  5. Dordei f. 1861, g. 1883 m. Lars Olavson Otterstad bnr. 5. Dei for til USA.
  6. Gjertrud f. 1864, g. 1884 m. Olav Olavson Otterstad bnr. 5. Dei for til USA.
  7. Olav f. 1867, g. 1892 m. Maria Andersdtr. Lavik bnr. 4, busett Flatekvål bnr. 6.
  8. Eline f. 1869, d. 1877.


1857: Hans Nilsen Almelid tek bruket frå Nils Olavson etter odelsretten for takstpris 300 spd. Hans var gift med Anna Gulleiksdotter, nr. 4 f. her på bruket. Hans gjev festebrev på bruket til Nils Olavson på 20 år.


1860: Skøyte frå Hans Nilsson Almelid attende til Nils Olavson Straume for 400 spd.


1876 er halde skifte etter Nils Olavson og kona Kari Eilevsdotter, og eldste sonen, Nils Nilsson får skøyte på bruket for 500 spd.


7. Nils Nilsson Straume, f. 1857, d. 1938, g.

1. 1879 m. Anna Olavsdtr. Otterstad, bnr. 5, f. 1857, d. 1888,

2. 1889 m. e. Marta Hallvardsdtr. Nåmdal, bnr. 1, f. 1852, d. 1937, frå bnr. 1, f. Ø. Helland bnr. 3.

Born:

  1. Eilev f. 1880, d. 1901, ug.
  2. Olav f. 1883, g. 1905 m. Elisa Karolina Hansen Lefdal, jordmor f. 1880 i Nordfjord, busette i Ulvik, Hardanger.
  3. Karl f. 1884, drog til USA, ug.
  4. Andreas f. 1886, drog til USA, ug.
  5. Johannes f. 1888, drog til USA, g. der.
  6. Nils f. 1890, næste bonde her.
  7. Eilev f. 1891, fl. til Hallingdal, g. der. Ikkje born.
  8. Anna f. 1896, d. 1896, tvilling.
  9. Anton f. 1896. d. 1917, tvilling, ug.


1922: Skøyte frå Nils Nilsson til sonen Nils på dette bruket for 1.000 kr. og kår til foreldri. Skyldi på bruket er då 1 mrk. 98 øre.


8. Nils Nilsson Straume, f. 1890, d. 1932, g. 1931 m.

Signe Josefine Ludvigsdtr. Myklebust, Breim i Nordfj. f. 1898.

Born:

  1. Nelly Sigrid Straume.


1933: Skøyte frå enkja Signe Josefine Straume til Olav Andersson Heimdal for 5.000 kr. Sjølv flytte ho attende til Breim saman med dotteri. '


9. Olav Andersson Heimdal, f. 1910, d. 1993, g.

1. 1933 m. Hjørdis Andersdtr. Fjeldvik, f. 1908, d. 1971, frå Trondheim.

2. 1961 m. Ingebjørg Kyrkjeteig, f. 19**. Dei busette seg på Rødland i Bergsdalen.

Born:

  1. Finn Karsten f. 19**, avdelingsingeniør på Kjeller, g. 1955 m. Kari Else Ebbesen, f. 19** i Arendal, 3 born.
  2. Bjørn Steinar f. 19**, g. 1964 m. Berit Sveinallsdtr. f. 19** i Mandal, 3 born.
  3. Gerd Arnhild f. 19**, g. 1955 m. Odd Moe, f. 19** i Trondheim, busett der, 3 born.
  4. Tore f. 19**, g. 1967 m. Elly Johanne Seljevoll, f. 19** i Kvanangsbotn, 2 born. Busett 7080 Heimdal.


10. Bjørn Steinar Olavson Heimdal, f. 19**, g. 1964 m

Berit Sveinallsdtr., f. 19**, frå Mandal.

Born:

  1. Jarle f. 19**.
  2. Even f. 19**.
  3. Tor Olav f. 19**.


Huslyden er flytta frå Modalen.


Bruk 2. Sjura-luten.

1737: Bygselbrev frå fogden Andreas Jesen til Olav Sjurson d. y. på 12 mrk. smør i Straume. Dette er halvparten av det bruket faren, Sjur Askjellson fyrr sat med, og det er denne parten som sidan får bruksnr. 2. Broren, Olav Sjurson d. e. fekk samstundes bygsla andre halvparten som vart bruksnr. 1. Båe brørne fekk oppattnya bygsel frå Wilhelm Hansen i 1739. Olav Sjurson d. y. sat med bygsel her til 1764, då sonen fekk kjøpa bruket.


1. Olav Sjurson Straume, f. 1713, d. 1767, g. 1739 m.

Brita Larsdtr. N. Helland, f. 1720, d. 1776.

Born:

  1. Sjur f. 1744, nærte bonde her.
  2. Gulleik f. 1754, d. 1772.
  3. Anders f. 1760, d. 1818, då kalla «bonde og tjener på Strømme», ug.
  4. Simon f. 1762, g. 1796 m. Kari Knutsdtr. Nese.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Sjur Olavson på 12 mrk. sm. for 22 rd. 3 ort.


2. Sjur Olavson Straume, f. 1744, d. 1824, g. 1766 m.

Anna Jensdtr. Nese, bnr. 1 f. 1740, d. 1824.

Born:

  1. Olav f. 1769, d. 1771.
  2. Olav f. 1773, næste bonde her.
  3. Anna f. 1777, d. 1842, ug.
  4. Kari g. 1813 m. Jon Monsson Kalland, sjå Kalland.


1800: Skøyte frå Sjur Olavson til sonen Olav Sjurson for 80 rd. og kår.


3. Olav Sjurson Straume, f. 1773, d. 1836, g.

1. 1803 m. Randi Olavsdtr. Vetlejord, bnr. 2 f. 1780, d. 1810,

2. 1811 m. Brita Jonsdtr. Myster, bnr. 1-2 f. 1781, d. 1871.

Born:

  1. Anna f. 1804, g. 1. g. m. Ole Baardsen Øvre Tvedt, g. 2. g. m. Sjur Tvedt.
  2. Sjur f. 1805, d. 1805.
  3. Sjur f. 1807, næste bonde her.
  4. Siri f. 1810, g. m. Knud Soeltvedt (i sk. 1843).
  5. Jon f. 1811, d. 1861, g. 1848 m. e. Brita Andersdtr. Farestveit, Myster 1813. Sjå Farestveit bnr. 4.
  6. Randi f. 1814, g. 1842 m. Knut Nilsson Kalland f. 1812, busett Saue, sjå Vossaboki s. 513..
  7. Anna f. 1817.
  8. Simon f. 1820, g. 1854 m. e. Kari Johannesdtr. Mo f. N. Helland bnr. 4. Sjå Mo bnr. 4.


1810: I skifte etter mori får Sjur Olavson utlagt 6 mrk. sm. i morsarv, og i skifte etter faren 1836 får han skøyte frå medarvingane sine på andre halvparten i bruket, og sit då med heile bruket, 12 mrk. sm., seinare omgjort til 2 mark 2 øre.


4. Sjur Olavson Straume, f. 1807, d. 1867, g. 1829 m.

Helga Jonsdtr. Daltveit, f. 1804, d. 1870, frå Hamre prestegj.

Born:

  1. Randi f. 1830, g. 1869 m. em. Jon Nilsson Farestveit bnr. 7, fl. til Rasdalen, Evanger.
  2. Olav f. 1833, næste brukar her.
  3. Brita f. 1838, d. 1864, ug.
  4. Marta f. 1840, g. 1873 m. Knut Jakobson N. Helland bnr. 3, busett Romarheim.
  5. Jon f. 1841, g. 1871 m. Anna Nilsdtr. Almelid bnr. 5 f. 1847, fl. til Bjørgo, Evanger.
  6. Anna f. 1843, d. 1843.
  7. Kari f. 1846, g. 1877 m. Olav Olavson N. Helland, Einbakken, fl. 1879 til Søre Askeland i Haus, 7 born.


1864: Skøyte frå Sjur Olavson til sonen Olav Sjurson.


5. Olav Sjurson Straume, f. 1833, d. 1903, g. 1861 m.

Inga Olavsdtr. Nåmdal, bnr. 2 f. 1835, d. 1901.

Born:

  1. Helga f. 1862, fl. til Arnafjord, Vik, d. ug.
  2. Johannes f. 1863, næste bonde her.
  3. Brita f. 1865, g. 1900 m. em. Rasmus Rasmusson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 1.
  4. Inga f. 1867, g. 1890 m. Nils Olavson Farestveit bnr. 1, busett Nipen bnr. 2.
  5. Olav f. 1870, d. 1946, reiste til USA, g. der, 2 born.
  6. Simon f. 1873, d. 1954, g. 1898 m. Marta Monsdtr. Løen f. 1866, d. 1943, 1 son, Olav, d. 1953, busette Løen, Vossestrand.
  7. Bertines f. 1875, g. m. Maria Rasmusdtr. Nåmdal, Valsvik bnr. 3, 11 born. Han var lærar, busett i Framfjord, Vik i Sogn.
  8. Marta f. 1878, g. 1895 m. Hallvard Olavson Ø. Helland bnr. 3, reiste til USA, 7 born.


1894: Skøyte frå Olav Sjurson til sonen Johannes for 1.400 kr.


6. Johannes Olavson Straume, f. 1863, d. 1897, g. 1891 m.

Maria Jakobsdtr. Nygard, bnr. 3 f. 1863, d. 1949s

Born:

  1. Maria f. 1892, g. m. em. Johannes Guttormson Åse, Vik i Sogn, barnlause. Han hadde fyrr vore g. m. Inga Rasmusdtr. Nåmdal, Valsvik bnr. 3.
  2. Inga f. 1894, d. 1901, fødd i båt på Storvatnet.
  3. Anna f. 1896, g. 1919 m. em. Johannes Olavson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 2.


1897: Skøyte frå enkja Maria Jakobsdtr. til dotteri Maria m. verje Nils Johannesson Farestveit for 1.400 kr.


1901: Enkja Maria Jakobsdtr. gifter seg att med Knut Monsson Steinsland d. y. Dei sat no på bruket og dreiv garden.


1922: Skøyte frå Johannes Guttormson Åse og kona Maria Johannesdtr. til Knut Monsson Steinsland for 2.000 kr.


7. Knut Monsson Straume, f. Steinsland 1870, d. 1974, g. 1901 m. e.

Maria Jakobsdtr. Straume, f. 1863, d. 1949.

Born:

  1. Johannes f. 1901, næste bonde her.
  2. Ingebjørg f. 1903, g. 1926 m. Augustin Olavson Fjellanger, sjå Fjellanger bnr. 2.


1927: Skøyte frå Knut Monsson Straume til sonen Johannes Knutson for 2.500 kr. og kår.


8. Johannes Knutson Straume, f. 1901, g. m.

Anna Olavsdtr. Moe, f. 1893, d. 1959. Anna var dotter til Ole Knutson Moe f. 1858 og kona Marta Olavsdtr. Farestveit f. 1854 bnr. 1.

Born:

  1. Anlaug Nora, g. 1956 m. Eivind Eknes. Busette 5085 Morvik. 4 born.


1949: Skøyte frå Johannes Knutson Straume til Johannes Haldorson Nygard for 5.000 kr.


9. Johannes Haldorson Nygard, f. 1893, d. 1972, g. 1925 m.

Signy Knutsdtr. Farestveit, bnr. 4 f. 1896, d. 1976.

Born:

  1. Åshild f. 1926, d. 1981, g. 1949 m. byggmeistar Kåre Åstveit, f. 19**. 6 born. Busett i Åsane.
  2. Margit f. 1927, d. 1952, ug.
  3. Harald f. 19**, næste bonde her.
  4. Bjørg Kjellaug, f. 1934, d. 1942.
  5. Liv Halldis f. 19**, g. 1964 m. Odd Fauskanger, f. 19**, Askøy. 1 barn.


10. Harald Johannesson Nygard, f. 19**, g. 1959 i Bergen m.

Aud Helga Sørheim, f. 19** i Herdla.

Born:

  1. Anne Hellen f. 19**.
  2. John Sigurd f. 19**.


Bruk 3. Sør-luten.

1590/91: Fyrste gongen me finn noko skriftleg om Straume, er i Jordebok 1590/91. Der heiter det: «Aff Strøm som nyligen er optagen Stigtens landskyld 1 pd. smør 1 k(alvskind)».


1597: Her nemner Jordeboki fyrste brukar på garden.


1. Oluff Strømsnæss aff 1 pd. bygsel 7 sk. Landbautveitsel 1/2 daler. Oluff er åleine på garden, og han er førd i reknesk. fram til 1618. I 1590 er skyldi 1 pd., i 1609 er ho 2 pd., og i 1615 er ho komi opp i 1/2 L. smør. Oluff sit med bygsel fram til 1618 og hev truleg døytt då. Me veit ikkje namn på kona og borni hans, men brukar nr. 3 her, er truleg ein av sønene hans.


1619: Futereknesk. fører no ny brukar.


2. Niels Johansen stedde Strømme och Watzhelle er 1 L. sm. och ligger til fields. Gaff i første Bøxel 12 dr. Nils var truleg gift med enkja etter Oluff, og han sat med bygsel til 1625, og hev truleg døytt då, for i 1626 er enkja brukar.


1628: I Futereknesk. heiter det: «1. bygsel: Mogens Ellefsøn leide udi Strømme och Watzhelle 1 pd. sm. gaff deraff P. 6 dr.». Dermed er garden skift i to bruk. Enkja sit med 2 pd., og Mogens fekk 1 pd. Enkja sin lut er den som sidan fekk bruksnr. 3, og Mogens sin lut vart bruksnr. 4. Enkja sat med bygsel på sin lut til 1630.


1630: I Futereknesk. heiter det: «Knud Oelsøn leide udi Strømme 1/2 L. sm. som hans moder for hannem Oploed gaff i første bøxel P. 12 dr.». Med dette får me vita at Knud er son til enkja, men etterdi han heiter Oelsøn, kan ikkje Nils vera far hans. Det er rimeleg å tru at enkja hev vore gift fyrste gongen med Oluff som var fyrste brukaren her, og at Knud er son deira.


3. Knut Olavson Straume, d. 1663, g. m.

Agata, d. 1687.

Born:

  1. Olav f. 1657.
  2. Johannes f. 1659.
  3. Jakob f. 1661. Næste brukar her.
  4. Siri f. 1662, d. 1701, g. 1687 m Sjur Askjellson Mo bnr. 1. Fyrste brukar på Straume bnr. 1.


1667: Prestemanntalet fører no Johannes på dette bruket med 2 pd. Sm.


4. Johannes Straume, f. 1632, d. 1689, g. 1666 m. enkja etter Knut Olavson,

Agata Straume, d. 1687. Ikkje born i dette ekteskapet.


1691: Dette året hev futereknesk. Jakob på dette bruket, og han sit med bygsel til 1715. Straume er no skift i tri jamstore bruk med 1 pd. sm. på kvart. Sjå bruksnr. 1.


5. Jakob Knutson Straume, f. 1661, d. 1732, g. m.g. m.

Inga (Strømme?) f. 1670, d. 1730.

Born:

  1. Agatha f. 1689, g. 1713 m. Olav Johannesson Husedal eller Hesjedal.
  2. Knut f. 1693, næste brukar her.
  3. Johannes f. 1701.
  4. Jakob f. 1710, d. 1719.


1715: Bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Knut Jakobson på 1 pd. sm.


6. Knut Jakobson Straume f. 1693, d. 1751, g. 1715 m.

Brita Olavsdtr. Otterstad, bnr. 7 f. 1682, d. 1763.

Born:

  1. Johannes f. 1716, g. 1750 m. Helga Bergesdtr. Steinsland bnr. 1.
  2. Brita f. 1719, d. 1784, g. 1. g. 1741 m. Knut Askjellson Mo bnr. 2, g. 2. g. 1767 m. Knut Jakobson Mo bnr. 4. Sjå Mo bnr. 2.
  3. Kari f. 1721, d. 1766, g. 1751 m. Johannes Andersson Nåmdal bnr. 2, bonde nr. 8 her.
  4. Olav f. 1725, næste brukar her.
  5. Knut f. 1728, g. 1752 m. e. Ragnhild Gulleiksdtr. Farestveit, sjå Farestveit bnr. 5.


1740: Bygselbrev frå Jan van der Velde til Ole Knutsen på dette bruket.


7. Olav Knutson Straume, f. 1725, d. 1808, g. 1751 m. gardenkja

Brita Johannesdtr. Nåmdal, bnr. 2, i. 1705, d. 1772.

Born:

Sjå nr. 5 på Nåmdal bnr. 2.


1751: Olav Knutson gifter seg med gardenkja på Nåmdal, og syster hans, Kari som er fire år eldre, gifter seg med son til denne enkja, Johannes Andersson Nåmdal bnr. 2. Olav flytter til Nåmdal og tek yver garden der, og Johannes flytter til Straume og tek yver garden etter Olav her.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Johannes Andersson Nåmdal på dette bruket for 45 rd.


8. Johannes Andersson Straume, f. Nåmdal 1727, d. 1773, g.

1. 1751 m. Kari Knutsdtr. Straume, f. 1721, d. 1766,

2. 1767 m. Anna Rasmusdtr. Ø. Helland, bnr. 1, f. 1744, d. 1798.

Born:

  1. Anna f. 1752, d. 1753.
  2. Anna f. 1754, d. 1757.
  3. Brita f. 1755, d. 1792, ug.
  4. Knut f. 1760, fl. til Bergen, busett Ladegården.
  5. Johannes f. 1762, d. 1762.
  6. Anna f. 1764, g. m. Ole Jensen, Bergen.
  7. Rasmus f. 1773, fl. til Bergen.


1773: Skiftebrev etter Johannes Andersson syner korleis buet vert utlagt. Attåt dette bruket i Straume, 1 pd. sm., er og med 2 mrk. sm. 1/3 k. malt i Nåmdal. Dette må vera ein arvepart Johannes hev der. Bruket her er sett til 46 rd., og parten i Nåmdal til 4 d. 2 ort 10 sk.
Utlagt til Johannes Knutson Steinsland, fordring 10 rd.
Utlagt til Ole Knutsen Ø. Helland, lånte pengar 24 rd.
Utlagt til Nils Andersen Nåmdal, fordring 5 rd.
Utlagt til Mons Knutsen Nygard, fordring 7 rd.


Dei to, Knut og Rasmus Johannessen, i garden Nåmdal 4-2-10.
Etter skiftet gjev kreditorane i buet skøyte på bruket her til enkja Anna Rasmusdtr. for 46 rd.


1774: Anna Rasmusdtr. gifter seg att med Knut Johannesson Steinsland bnr. 1.


9. Knut Johannesson Straume, f. 1755 Steinsland bnr. 1, g. 1774 m. e.

Anna Rasmusdtr. Straume, f. 1744, d. 1798.

Born:

  1. Maria f. 1775, g. 1797 m. Knut Rasmusson Ø. Helland bnr. 1, busett Vetlejord bnr. 1.
  2. Johannes f. 1780, d. 1803, ug.
  3. Helga f. 1783, g. 1809 m. Knut Ivarson Høvik, sjå Høvik bnr. 4.
  4. Johannes f. 1785, næste bonde her.


1798: I skifte etter Anna Rasmusdtr. vert bruket utl. enkjemannen med 1/2 pd. sm., og eldste sonen, Johannes, med 1/2 pd. Johannes døyr ugift i 1803, og hans halvpart i bruket går då attende til faren.


1805: Skøyte frå Knut Johannesson til andre sonen, Johannes, f. 1785.


10. Johannes Knutson Straume, f. 1785, d. 1870, g. 1805 m.

Brita Ivarsdtr. Høvik, bnr. 4 f. 1778, d. 1870.

Born:

  1. Knut f. 1810, d. 1821.


1845: 23/10 Makeskøyte millom Johannes Knutson Straume og Ivar Knutson Høvik, bnr. 4, Straume med skyld 1 d. 3 ort 1 sk., Høvik med skyld 3 ort 7 sk.

Far til Ivar Knutson Høvik skifte bruket sitt millom dei to sønene sine, Ivar og Johannes, so Ivar sat med berre halve farsgarden, og det skulle vera grunnen til at han gjorde dette gardabytet.


11. Ivar Knutson Straume, f. Høvik bnr. 4 1810, d. 1897, g.

1. 1833 m. Anna Knutsdtr. Vetlejord, bnr. 1. f. 1817, d. 1856,

2. 1857 m. Anna Monsdtr. Steinsland, bnr. 1, f. 1827, d. 1867.

Born:

  1. Knut f. 1836, næste bonde her.
  2. Anna f. 1838, g. 1862 m. Johannes Ivarson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 4.
  3. Maria f. 1842, g. 1862 m. Johannes Rasmusson Vetlejord bnr. 1. Bonde Høvik bnr. 4.
  4. Helga f. 1845, g. 1872 m. em. Johannes Ivarson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 4.
  5. Knut f. 1848, g. 1880 m. e. Maria Jonsdtr. Mo, sjå Mo bnr. 1, busett der, seinare Hugnastad.
  6. Maria f. 1850, g. 1876 m. Johannes Hallvardson Grønhaug, Otterstad, sjå Otterstad bnr. 8.
  7. Johannes f. 1852, g. 1. g. 1880 m. Marta Olavsdtr. Mo bnr. 1, g. 2. g. 1884 m. Brita Andersdtr. Nottveit, sjå Nottveit bnr. 1.
  8. Ivar f. 1856, d. 1920, g. 1. g. 1884 m. Ragnhild Johs.dtr. Mostraum bnr. 2 f. 1861, g. 2. g. m. e. Maria Torbjørnsdtr. Otterstad bnr. 7 (enkja etter 12 e her), busette Slettebakken, Salhus.
  9. Anna f. 1860, g. 1882 m. Jakob Hansson N. Helland, sjåNedre Helland bnr. 2.


1868: I skifte etter Anna Monsdtr. vart bruket utl. styksonen Knut Ivarson for takst 400 spd.


12. Knut Ivarson Straume, f. 1836, d. 1912, g.

1. 1858 m. Anna Eilevsdtr. Nåmdal, bnr. 1, f. 1836, d. 1858,

2. 1861 m. Inga Eilevsdtr. Nåmdal bnr. 1, f. 1837, d. 1922.

Born:

  1. Anna f. 1862, d. 1926, g. 1883 m. Olav Andersson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 1.
  2. Ivar f. 1864, næste bonde her.
  3. Anna f. 1865, g. 1889 m. Knut Olavson Ø. Helland bnr. 3. Dei reiste til USA.
  4. Inga f. 1867, g. m. Jakob Johannesson Lavik bnr. 2 f. 1867, busett Borgo i Haus.
  5. Eilev f. 1869, d. 1893, g. 1892 m. Maria Torbjørnsdtr. Otterstad bnr. 7, ei dotter Anna f. og d. 1893. Maria attg. m. nr. 11 h.
  6. Andreas f. 1871, reiste til USA, g. der m. Dordei Herlaugsdtr. Yksendal f. 1872.
  7. Knut f. 1875, d. 1898, lærar.
  8. Johannes f. 1879, reiste til USA, g. og døydde der.
  9. Rasmus f. 1881, reiste til USA, døydde der ug.


1893: Skøyte frå Knut Ivarson til sonen Ivar Knutson for 2.200 kr. og kår til foreldri.


13. Ivar Knutson Straume, f. 1864, d. 1943, g. 1886 m.

Marta Andersdtr. Steinsland, bnr. 1, f. 1863, d. 1949.

Born:

  1. Inga f. 1887, d. 1893.
  2. Brita f. 1889, d. 1890.
  3. Anna f. 1890, d. 1893.
  4. Inga f. 1892, d. 1981, g. 1929 m. Ingvald Ivarson Ø. Helland bnr. 5 f. 1893.
  5. Brita f. 1894, g. 1912 m. Johannes Olavson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 2.
  6. Anna f. 1895, d. 1980, g. 1927 m. Hans Olavson Hellem i 1899, d. 1973, busett Seim i Alversund. 3 born.
  7. Andrina f. 1898, g. 1922 m. Olav Olavson Nåmdal f. 1894. Sjå Nåmdal bnr. 2.
  8. Knut f. 1900, næste bonde her.
  9. Klara f. 1902, d. 1923, ug.


1933: Skøyte frå Ivar Knutson til sonen Knut Ivarson for 1.000 kr. og kår til foreldri.


14. Knut Ivarson Straume, f. 1900, d. 1979.


1967: Skøyte frå Knut Ivarson til Oddmund Andersson Steinsland bnr. 1.


15. Oddmund Andersson Steinsland, f. 19**, g. 1943 m.

Bjarnhild Mathilda Bernhardsdtr. Sandnes, f. 19**, Masforden. Dei har drive dette bruket og Steinsland bnr. 1.


1984: Oddmund Steinsland overdreg bruket til Harald Trygveson Steinsland.


16. Harald Trygveson Steinsland, f. 19**, g. 1977 m.

Iren Norheim, f. 19**.

Born:

  1. Trine f. 19**.
  2. Anders f. 19**.
  3. Anita f. 19**.

Harald Steinsland driv dette bruket saman med Steinsland bnr.nr. 1.


Bruk 4. Nore-luten.

1628: Mogens Ellevsøn får 1. bygsel på 1 pd. smør i Strømme og Watzhelle, og gjev 6 dr. i bygsel. Frå no av er Straume skift i to bruk. Enkja etter Nils Johannesson sit framleis med bruket etter mannen, det som i 1630 er ført med 1/2 L. smør. Sjå meir om dette på bruksnr. 3!

Mogens er førd i skattemanntal og rekneskapar so seint som i 1668, og uvisst kor mykje lenger. Han må vera avliden fyre 1677, for me finn ikkje jordfestingi i kyrkjeboki. I Kopskatten 1645 betalar han for seg og kona Anna. I 1646 er han førd med 1/2 L. smør, so då er skyldi lik på dei to bruki, utan at me veit kva tid Mogens fekk auka sitt bruk.


1. Mons Eilevson Straume, f. 1601, g. m.

Anna.

Born:

  1. Magdeli f. 1640, d. 1688, g. 1679 m. Lars Sjurson Nygard, sjå Nygard bnr. 1.
  2. Johannes f. 1657, næste brukar her.


1691: Futerekneskapen hev no Johannes Mogensen, som bygslar 1 pd. Han sat med bygsel til han døydde i 1701.


2. Johannes Monsson Straume, f. 1657, d. 1701, g. 1680 m.

Anna Andersdtr. Ø. Helland, f. 1647, d. 1731.

Born:

  1. Ein gut f. 1682. Ikkje ført namn då han er døypt.
  2. Maria f. 1684, g. 1705 m. Anders Olavson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 7.
  3. Mons f. 1687, brukar her nr. 4.
  4. Anna f. 1691.
  5. Helga, f. 1681, g. 1700 m. Berge Olavson Steinsland, sjå Steinsland bnr. 1.
  6. Anders f. 1694.


1702: Enkja Anna Andersdotter, gifter seg att med Anders Mathisen Ø. Helland bnr. 3.


3. Anders Mathisen Ø. Helland, f. 1680, g. 1702 m. e.

Anna Andersdtr. Straume, f. 1647, d. 1731, ikkje born i dette ekteskapet.


1713: Bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Mons Johannesson på dette bruket.


4. Mons Johannesson Straume, f. 1687, d. 1759, g.

1. 1713 m. Kari Larsdtr. N. Helland, bnr. 1, f. 1693, d. 1738,

2. 1739 m. Siri Sjursdtr. Straume, bnr. 1, f. 1702, d. 1746.

3. 1747 m. Ragnhild Ivarsdtr. Mo, bnr. 2, f. 1719.

Born:

  1. Maria f. 1714, g. 1737 m. em. Johannes Olavson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.
  2. Brita f. 1718, g. 1746 m. Knut Askjellson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 1.
  3. Johannes f. 1723, d. 1724.
  4. Johannes f. 1725, g. 1754 m. Kari Olavsdtr. Vetlejord, sjå Vetlejord bnr. 2.
  5. Lars f. 1728, g. 1758 m. Anna Olavsdtr. Lavik, sjå Lavik bnr. 2.
  6. Anna f. 1731, g. 1754 m. næste bonde her.
  7. Kari f. 1734, d. 1739.
  8. Kari f. 1736, er med i skifte etter faren.
  9. Sjur f. 1740, d. 1742.


1754: Anna Monsdtr. gifter seg med Johannes Olavson Vetlejord bnr. 2, og dei vert buande her på farsgarden hennar. Broren, Johannes Monsson, gifter seg med Kari Olavsdtr. Vetlejord bnr. 2, flytter dit og buset seg der.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Fröchen til Johannes Olavson Straume, f. Vetlejord, på dette bruket, 1 pd. sm. for 45 rd.


5. Johannes Olavson Straume, f. Vetlejord 1726, d. 1805, g. 1754 m.

Anna Monsdtr. Straume, f. 1731, d. 1801.

Born:

  1. Brita f. 1755, d. 1793, g. 1792 m. Lars Olavson Lavik bnr. 5.
  2. Olav f. 1758, næste bonde her.
  3. Anna f. 1763.
  4. Rasmus f. 1773.


1774: Skøyte frå Johannes Olavson til sonen Olav Johannesson for 45 rd.


6. Olav Johannesson Straume, f. 1758, d. 1800, g. 1780 m.

Agata Olavsdtr. Ø. Helland, bnr. 1 f. 1752, d. 1819.

Born:

  1. Anna f. 1785, g. m. næste bonde her.
  2. Johannes f. 1788, d. 1788.
  3. Johannes f. 1789, d. 1799.
  4. Maria f. 1793, g. 1816 m. em. Olav Larsson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 1.


1803: Olav Rasmusson Øvre Helland gifter seg med Anna Olavsdtr. Straume og får skøyte på dette bruket soleis:
Vermori, Agata Olavsdotter, sel 12 mrk. sm. for 50 spd.
Versysteri, Maria Olavsdotter, sel 6 mrk. sm. for 25 spd.
Med kona si får han 6 mrk. sm. for 20 spd.
I alt får han soleis 1 pd. sm. for 95 spd.


Olav Rasmusson er son til Rasmus Rasmusson Ø. Helland - Nygård - Vetlejord. Sjå Vetlejord bnr. 1!


7. Olav Rasmusson Straume, f. 1781, d. 1839, g.

1. 1803 m. Anna Olavsdtr. Straume, f. 1785, d. 1819.

2. 1821 m. Kari Nilsdtr. Horvei, f. 1786, d. 1842, frå Øyrahjellen ved Bolstad.

Born:

  1. Olav f. 1814, d. 1814.
  2. Dordei f. 1815, g. 1833 m. Ivar Johannesson N. Helland bnr. 4.
  3. Rasmus f. 1818, næste bonde her.
  4. Olav f. 1822, g. 1846 m. Ragnhild Johannesdtr. N. Helland, sjå Nedre Helland Einbakken.
  5. Anna f. 1823, g. 1844 m. Lars Olavson Almelid, sjå Almelid bnr. 1.
  6. Kari f. 1825, g. 1847 m. em. Lars Olavson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 1, g. 2. g. 1872 m. Simon Jakobson Flatekval bnr. 2-3.
  7. Agata f. 1826, g. 1846 m. Nils Simonson Nesheim, busett Nygard, til USA 1870.
  8. Nils f. 1829, kjøpte Straume bnr. 1 i 1852, busett der.


1821: Skøyte frå Olav Rasmusson til sonen Rasmus Olavson.


8. Rasmus Olavson Straume, f. 1818, d, 1845, g.

1. 1839 m. Barbro Monsdtr. Steinsland, bnr. 5, f. 1816, d. 1844,

2. 1844 m. Kari Johannesdtr. Nedre Helland, bnr. 4, f. 1822, d. 1867.

Born:

  1. Olav f. 1841, bonde nr. 10 her.
  2. Mons f. 1843, g. 1893 m. e. Kari Larsdtr. Almelid, sjå Almelid bnr. 1.
  3. Anna f. 1845, g. 1872 m. Nils Larsson Yksendal, sjå Yksendal bnr. 1.


1847: Enkja Kari Johannesdtr. gifter seg att med Nils Nilsson Ø. Helland bnr. 4.


9. Nils Nilsson Straume, f. Ø. Helland 1820, d. 1910, g. 1847 m. e.

Kari Johannesdtr. Straume, f. 1822, d. 1867.

Born:

  1. Barbro f. 1848, g. 1876 m. Mons Monsson Steinsland bnr. 1, busett Instefjord i Sogn.
  2. Brita f. 1850, reiste til USA.
  3. Anna f. 1854, g. m. Anders Langeland, Evanger.
  4. Rasmus f. 1856, g. 1893 m. Ragnhild Monsdtr. Steinsland bnr. 5 f. 1868, busett Bergo, seinare Aldalen i Evanger.
  5. Helga f. 1859, d. 1859.
  6. Helga f. 1860, ug., busett Langeland, Evanger.


1846: 18/4 er halde skifte etter Rasmus Olavson, og då vert bruket her, skyld 1 dalar 3 ort 3 sk., utlagt sonen Olav Rasmusson for takst 245 spd. Det er ikkje nemnt kva tid Olav tok yver, men det er rimeleg at han tok garden då han gifte seg i 1873.


10. Olav Rasmusson Straume, f. 1841, d. 1888, g. 1873 m.

Dordei Ivarsdtr. N. Helland, bnr. 4, f. 1849, d. 1936.

Born:

  1. Ivar f. 1875, bonde nr. 12 her.
  2. Barbro f. 1877, ug., busett Oslo.
  3. Agata f. 1880, g. 1907 m. Olav Monsson Steinsland bnr. 3, busette på Voss.
  4. Kari f. 1883, d. 1910, ug.
  5. Anna f. 1886, g. 1916 m. Anders Rasmusson Vikesund f. 1888, busett Tømmervågen, Åsane. Anna var jordmor.
  6. Olina Dorthea f. 1888, d. 1894.


1889: Enkja Dordei Ivarsdtr. gifter seg att med Olav Hallvardson Ø. Helland bnr. 4. I skifte same året etter Olav Rasmusson, gav enkja skøyte på bruket til den umyndige sonen Ivar Olavson for 1.700 kr. og kår.


11. Olav Hallvardson Ø. Helland, f. 1857, d. 1914, g. 1889 m. enkja.

Dordei Ivarsdtr. Straume, f. 1849, d. 1936.

Born:

  1. Andreas f. 1892, d. 1967, steinarb. i NSB, g. 1919 m. Marta Elida Rasmusdtr. Ramsdal, 3 born, busett Espeland i Haus.


Det er ikkje nemnt kva år Ivar Olavson tok yver bruket, men truleg var det då han gifte seg i 1895.


12. Ivar Olavson Straume, f. 1875, d. 1956, g. 1895 m.

Brita Johannesdtr. Nåmdal, bnr. 2 f. 1873, d. 1959.

Born:

  1. Dortea f. 1895, d. 1895.
  2. Dorthea Olina f. 1897, g. 1926 m. politibetj. Eilef Olavson Steinsland bnr. 1 f. 1891, busett i Bergen, 3 born.
  3. Anna f. 1898, g. 1925 m. Sigurd Olavson Otterstad,sjå Otterstad bnr. 5.
  4. Johannes f. 1900, næste bonde her.
  5. Dagny f. 1903, ug., busett Dalekvam.
  6. Olav f. 1905, d. 1969. Reiste til USA, g. m. Irene f. 1905 av svenske foreldre. Busett International Fals. Minnesota. 4 born.
  7. Inga f. 1907, g. 1930 m. Knut Johannesson Nåmdal bnr. 3, busett Farestveit bnr. 3.
  8. Gunnar f. 1910, d. 1968 g. 2. g. 1952 m. Solveig. Busett Seattle. 2 born.
  9. Agnes f. 1912, d. 1975, g. m. Alf Johannesson Nåmdal, sjå Nåmdal bnr. 3.
  10. Sigurd f. 19**, vaktmeistar Håkonsvern, g. 1944 m. Margit Hansdtr. Neset, Almelid bnr. 3, busett Bjørndalstræet, Laksevåg, 3 born.


1939: Skøyte frå Ivar Olavson til sonen Johannes Ivarson for 3.000 kr. og kår.


13. Johannes Ivarson Straume, f. 1900, g. 1934 m.

Gudrun Olavsdtr. Steinsland, bnr. 1, f. 1898.

Born:

  1. Berit f. 19**, g. m. Olav Oldervik, busett Sekkingstad i Fjell, 2 born.
  2. Ingvard Kåre f. 19**, næste bonde her.
  3. Olav Andreas f. 19**, g. 1964 m. Judit Nikoline Simonsen, f. 19** i Skjervøy, Arnøyhamn, busett i Askøy. 3 born.


1969: Skøyte frå Johannes Ivarson til sonen b.


14. Ingvard Johannesson Straume, f. 19**, g. 1959 m.

Ruth Olavsdtr. Dagsland, f. 19**, frå Skjold i Rogaland.

Born:

  1. Olaug f. 19**.
  2. Heidi f. 19**.
  3. Gunn June f. 19**.
  4. May Britt f. 19**.


Straume. Plassfolk.

1820: 27/9 gjev bøndene på Straume festesetel til Torkjell Brynjelson Lavikhaugen på «nogen udmarkstykker, dels oppryddede og dels uoppryddede, for sig og kone på livstid. Svarer Ole Rasmussen en dags arbeid om våren og en om høsten samt en ort. Til Johannes Knudsen det samme, og til mig, Gullak Knudsen, 1 dagsarbeid om høsten og 12 sk. årlig, og til Ole Sjursen det samme». Det må vera dette plasset som sidan vert kalla Torkjeltræet.


Torkjell Brynjelson Lavikhaugen, f. 1778, d. 1873, g. 1809 m.

Brita Ivarsdtr. Hevik, bnr. 4 f. 1783, d. 1870.

Born:

  1. Johannes f. 1812, på Høvik.
  2. Brynjel f. 1814, på Høvik, g. 1842 m. Kari Olavsdtr. Nese bnr. 4 f. 1817.
  3. Kari f. 1817, på Høvik, g. 1840 m. Simon Olavson Nese bnr. 4 f. 1807, busett Lillebergen.
  4. Knut f. 1823, g. 1849 m. Brita Andersdtr. Steinsland bnr. 5 f. 1827, fl. 1850 til Frekhaug.
  5. Ivar f. 1826, g. 1851 m. Kari Knutsdtr. Høvik bnr. 4 f. 1821, fl. 1852 til Tysfjord i Nordland.


Lærar og kyrkjesongar Knut Olsen Lillejord budde her på Torkjelltræet fyrste åri etter han var gift. I 1887 fekk han kjøpa eit stykke utmark av Mo og bygde og busette seg der. Sjå Mo bnr. 5, Krossdal!


1840: Bøndene på Straume gjev festesetel til Olav Olavson Odderås på utmark og teigar. Det var «et inngjerdet stykke på vestre side av Fagerstølen, et markestykke på nordre side av Giljatræet og et stykke ovenfor Røyrhammeren m.m., for årlig avgift 4 skilling». Olav var gift med Kari Johannesdtr. Lavikhaugen, og dei budde her til 1845. Då fekk dei bygsla bruk 4 på Høvik for 16 år, og der budde dei sidan. Sjå Høvik bnr. 4.


Folketal.

1645. Kopskatten: 5 personar yver 15 år.

1667. Prestemanntalet: 6 mannspersonar.

1701. Manntal: 6 mannspers. yver 1 år, og i enkja med gard. 1711. Skoskatten: 16 i alt.

1801. Folketeljing: 25 i alt, av dei 7 tenarar.

1835. Folketeljing: 49 i alt, av dei 13 tenarar, 1 hustru og i daglønar. 1845. Folketeljing: 46 i alt, av dei 4 kårfolk, 1 husm. og 3 tenarar.

1865. Folketeljing: 48 i alt, av dei 3 kårfolk, 1 husm. utan jord, 5 tenarar. 1875. Folketeljing: 44 i alt, av dei 1 kårmann med 4 born, og 8 tenarar.


Folketeljing 1900.

Bruk 1. Nils Nilson Straume med kona og 8 born.
Helga Olavsdtr. Straume, tenestgjente.


Bruk 2. Maria Jakobsdtr. Straume, enkja, med 2 born.
Knut Monsson Steinsland, dreng. Ragnhild Jakobsdtr. Nygard, tenestgjente. Olav Sjurson Straume, kårmann.


Bruk 3. Ivar Knutson Straume med kona og 5 born.
Gjert Olavson Straume, tenestdreng. Knut Ivarson Straume, kårmann, og kona hans, Inga Eilevsdotter, med 2 søner, Johannes og Rasmus.


Bruk 4. Ivar Olavson Straume med kona og 3 born.
Maria Olavsdtr. Bongo, tenestgjente.


Kårfolk: Olav Hallvardson Straume med kona og 3 born, Andreas, Kari og Anna.
Nils Nilson Straume, enkjemann og kårmann.


I 1882 «gjekk det opp» på garden Straume som dei sa dei gamle. Husi på alle bruk frå 1 til 3 brann opp til grunnen. Berre husi på bruk nr. 4 vart standande att. Ein stovebygning, som hev vore noko påbygd seinare, sto til 1971, og synte kor byggjemåten var fyre branden.

Storstova var bygd ny i 1871. Det andre av bygningen var so gamalt at det ikkje kunne tidfestast. På ein bjelke i vetlestova sto merka: MDCCLXXXI - 1781.


Her er det ei teikning av bustadhus og gamletunet på Straume. Teikninga i boka er ikkje råd å bruka på nettsida. Redaksjonen arbeider med å laga kopi.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy