Til Bergsdalen Ungdomslag på vigslefesten 7. juli 1929, av Tilly Salberg Sääv

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Til Bergsdalens Ungdomslag
paa Vigslefesten den 7. juli 1929
Av Tilly Salberg Sääv


Tone: "Norges høitidsstund er kommen" osb.

Bergsdalen av sumar andar
og naturi gjer sitt verk,
med eit gamalt ord me sannar:
om at "samhald gjerer sterk".
Me av draumer hadde nøgdi
og trur enn’ det er ein rus
naar idag paa denne høgdi
ferdig stend vaart ungdomshus.


Aller fyrste takketuren
me idag vil retta til:
Gullak Tormodson paa Muren
for han fekk den tanken gild
om at Møyadals-barakka
kunde bli eit ungdomshus.
Han med hine om det snakka
og vart møtt av jubelbrus.


Alle greip som ein idéen; -
dette var ein sjangse, lel.
Og dei valde komitéen –
enno i den same kveld.
Gullakane Lid og Øie
gjekk med Bergane i pakt; -
dei studera saki nøie
og fekk setja op kontrakt.


Rette sveisen i arbei’e
kom daa det vart vaarleg ver.
Knut og Aldalen var greie,
det var gutar som reiv ner.
Andres Lid og Vetle-Gullak
styrde taugbane-trafikk,
so dei lyt nok faa ei sers takk
for transporten gjekk so kvikk.


So ei takk til alle saman
som var med i Møyadal; -
Der var jamenn mykje gaman
trass alt slit og stræv og bal.
Kaffi’n kokte burt i kanna
med’ dei tok ein liten prat,
og ein sus fraa steikepanna
varsla: flesket var parat.


Og til alle gjæve pøykar
som fekk matrialen hit
dels med bil og dels med øykar
gjev me takk for gasta slit.
Kristbjørg Lid som. gav oss grunnen
skal ei særskilt æra ha,
og til Magne me er bunnen
med ei takk for muringa.


Ja - der er nok mange, mange
som hev havt ei travel tid.
Lars-Nils og hans son, den lange,
Gullak-Lars og Johan Lid.
Og so alle desse gjæve
som me inkje nemner her
maa ha hjartans takk for stræve’,
hjartans takk til kvar især.


Bygningsmennene var svære:
Skjeldalen og Berga-Knut.
Dei fekk huset op i vere’
slik som det no tek seg ut.
Maolarana gjorde resten,
dei fekk le’ten klaar og væn; -
namnet deira er forresten
Nils fraa Skjeldal og Knut Tren.


Slutteleg me vil faa gjeva
kvar ei Bergsdals-jenta staut:
takk for dei idag lyt stræva,
takk for herlig rjommegraut.
Dei fær svintane so travle,
men dei smiler likevel
for dei har so god ein dravle
at ein tunga mesta sve’l.


Sumar andar yver dalen
medan me har vigslefest.
Eskeland med ungdomstalen
spreidde solglytt til kvar gjest.
Naar musikkens væne toner
samklang finn i fager brus
skal den tolka vore voner
om velsigning for vaart hus.


Huset vaart skal alltid ærast
so ein høgtidsdaam der raa’r,
at kvarein som der skal ferast
lyfting i sin tanke faar.
Og om salen stundom toner
av eit trekkspels muntre laat
vil nok mange fagre voner
fullnad faa ei sumarnott.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy