Ungdomslaget, av Åsmund Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

(Omdirigert frå Ungdomslaget i Bergsdalen)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Bergsdalen Ungdomslag
Av Åsmund Hatlestad

Når soga om Bergsdalen Ungdomslag skal skrivast, må det òg nemnast at det har vore eit frilyndt ungdomslag i dalen før det noverande. No er det lite me veit om dette laget, me har ikkje funne noko skriftleg om det, og ikkje er her attlevande som var med. Eldre folk meiner at det var Hans S. Tyssen frå Bolstadfjorden som fekk det i gang. Han var lærar her frå 1897 til 1916.

Det fyrste ungdomslaget hadde eit handskrive lagsblad dei kalla "Bergsdølen". Då losje "Fjellfast" kom i gang her i 1915, tok dei dette namnet på lagsbladet sitt, avdi her ikkje var noko ungdomslag då.


Året 1923 vart her skipa nytt ungdomslag i dalen, utan noko tilknyting til det som hadde vore. Det var den dåverande unge læraren i dalen, Lars Bergo frå Eksingedalen, som gjorde opptaket. Skipingsmøte var i Hatlestad skulehus 4. november same året. Møtet valde Lars Bergo til formann, Olav Kaldestad til nestformann og Gulleik Øye til kassastyrar. Lagspengane vart sette til 50 øre året. Gulleik Lid vart vald til å skriva fyrste nummer av lagsbladet, som enno var namnlaust. Bladet fekk sidan namnet "Fjellbekken", etter framlegg frå Olav Kaldestad.

Ungdomslaget hadde skiftevis kvar 14.dag møte i Hatlestad og Øye skulehus, som laget fekk låna mot å vaska etter seg.

På den tid var det mykje ungdom i dalen, og frammøtet var alltid godt. Laget fekk ein frisk og god start, som kom vel med seinare. Lagsbladet vart eit av høgdepunkta både på møte og festar. Bladstyrar og referent vart valde nye for kvart møte. Folkeviseleik og annan songleik fekk ein brei plass og gjorde sitt til samansveising og aktivitet. Stundom såg Arne Hatlestad innom, og vart då den sjølvskrivne leiaren av song og folkeviseleik. På joletre- og 17. maifestar var han jamt med å leia songen med fela si, hendesvis steig han opp og song gamle folkeviser eller noko av Draumkvede.

Då året 1923 var ute, hadde laget 43 lagslemer. Det var halde 4 vanlege lagsmøte og ein joletrefest. "Fjellbekken" var komen ut med 4 nummer. Eit foredrag var halde, av formannen, og han hadde dessutan innleidt til eit ordskifte.


Ved nyttår 1924 reiste Bergo til ny lærar- og klokkarpost i eit anna fylke. (Bergo vart seinare prest og prost). Han stod lenge i samband med laget på den måten at han skreiv i lagsbladet.

Gulleik Øye vart ny formann, og lagsarbeidet heldt fram stort sett som før. Etter kvart vart "Fjellbekken" det store trekkplaster til møta. Mange emne vart tekne opp der, og var gjerne skrivne for å få i gang eit livlegt og levande ordskifte. Og det lukkast vel, lagsbladet hadde ein "vårflaum" i lang tid. Mest alle tok del og bar fram si meining i alvor og skjemt, i poesi og prosa.

Det største saknet i laget var vel eige hus, og det syntes vera reine framtidsdraumen enno. Men alt i 1927 vart det kjent at ei 28 manns barakka til B.K.K, som stod langt oppe i Møyadalen var tilsals og bortflytting for 1000 kroner.

Ungdomslaget hadde berre kring 100 kroner i kassa, men eit par mann gav lovnad til lån, og barakka vart kjøpt til ungdomshus. Byggenemnd vart: Gulleik Lid, Gulleik Øye, Ragnvald Berge og Olav Berge.

Riving og transport av materialane vart gjort på dugnad. Laget hadde no 44 lagslemer (16 kvinner og 28 menn), og alle gjorde sitt beste for at laget skulle få eige hus. Mange utom laget gav òg god hjelp av stort verd, med pengar og arbeid av ymse slag.

Kristbjørg Lid gav sers rimeleg grunn til huset, og Magne Lid stod for grunnmuringa i gråstein. Byggmeister Eirik Skjeldal tok på seg å føra huset opp, og Nils Skjeldal stod for målararbeidet, båe til rimelege prisar. Lagslemene hjelpte til heile tida, kvar etter evne og dugleik.

27. desember 1928 kunne laget for fyrste gong samlast til joietrefest i eige hus. Men ymse arbeid på og ikring huset stod att å gjera. På den tid var Gulleik Lie formann, og var den som fyrste tida ofra mest arbeid og innsats for det nye ungdomshuset. Han var i mange år ein aktiv formann for laget. 7. juli 1929 vart halde vigslehøgtid på ungdomshuset, som Gulleik Lid hadde gjeve navnet "Fjellheim". Lars Eskeland var festtalar.

Det var veldekka festbord med nasjonalkost. Tilly Salberg hadde skrive bordsongen. Gratulasjonar og gode ynske frå lag og enkelpersonar vart bore fram. Ein leikarring frå dalen under leiing av Knut Træn og til musikk av Sigurd Kvåle viste fram turdansar og leik og fekk stor fagning. Ein gild festdag for heile bygda. Huset har vore til gagn og gleda for heile dalen og endå vidare. Lag og samskipnader i dalen fekk nytta huset fritt. Før kyrkja kom, vart "Fjellheim" nytta når presten hadde preik i dalen.

Huset vart òg stundom nytta til gravferder.


Frå 1931 tok ungdomslaget til med skogplanting, på omgang hjå alle gardbrukarar i dalen (2-3000 gran pr. år). Ti! vederlag gav bøndene ved til ungdomshuset i tur og orden.

Ungdomslaget har 6g støtta til med dugnadsarbeid om nokon stod i beit med å få eit arbeid ferdig til rett tid. Laget sytte og for å få reist bautaen over Tor Kyrkjeteig, som fall i Valdres i april 1940. I 1932 vart laget innmeldt i Hordaland Ungdomslag. Frå då av fekk laget vitjing av ferdatalarar som reiste i fylkeslaget.

Gjennom åra har her vore mange ferdatalarar, og godt frammøte har dei fleste hatt, til gleda for alle.

Laget fekk seg eit rimeleg hus i kroner og øre, men hadde få medlemer og svak økonomi. Tidt var det noko vedlikehald og nykostnad. Difor gjaldt det å stella til samkomer som gav inntekt. Det vart stundom halde marknad med utlodding og underhald. Elles var det dansekveldar og festar som var lettast å få til.

Sumtid kom andre ungdomslag på vitjing, ofte med spelestykke, og attvitjing vart det og på same måte.

Huset har òg vorte nytta til kursverksemd, som sløydkurs, vevkurs og leikkurs om vintrane. Ei tid for siste krig vart huset utleigt til Dale Helselag som brukte det til feriekoloni for skuleborn to månader kvar sumar. Seinare har K.F.U.K. leigd huset kvar påskehelg.

Etter kvart tok det til å minka med ungdom i dalen, mange reiste ut, og tilgangen var liten. I 1939 var det berre 21 betalande medlemer, og berre få av desse var aktive. Invasjonsåret 1940 finn me ikkje melding om. I 1941 vart det valt nytt styre, og det var nokre samkomer og ein plantedag.

Då nasistane i 1942 ville ta styring med Noregs Ungdomslag, svara mest alle fylkes- og einskildlag med full passivitet. Soleis ogso i Bergsdalen, den sistvalde formannen ordna opp med alle faste utloger for laget og heldt styring med utleiga av huset til turvande samkomer i dalen.

Fyrst i 1942 fekk Bergsdalen elektrisk kraft. Dette vart feira med ein god ljosfest i "Fjellheim", der heile dalen og nokre frå B.K.K. var med.

Då krigen var slutt i mai I945 var det lite ungdom att i dalen. Fyrst i 1947 vart det gjort tiltak for å få laget i gang på vanleg måte. Nokre eldre hjelpte til so laget kom i gang, men til årsmøtet for 1948 var det so lite frammøte at det vart ikkje val. Det sitjande styre såg det som si plikt å fungera inntil vidare og ta hand om det mest naudsynte. Mellom anna vart det lagt inn permanent straum i "Fjellheim" det året. Dei hadde ikkje fenge materialar til det før, då alt var rasjonert. Om det i ymse bolkar har vore lite liv og driv i ungdomslaget, so har dei alltid halde dei mest tradisjonelle festane, som 17. mai- og joleetrefestar. Og om hausten bygdekveldar der eldre og utflyttarar vart innbedne. Fram gjennom åra har laget og prøvt seg på scenekunsten og ført fram mange spelstykke for amatørar, og kom vel frå det.

På 40 årsfesten for laget i 1963 var skiparen, dåverande sokneprest i Ullensvang, Lars Bergo, festtalar. Då vart òg fire mann utnemnde til heiderslagslemer, det var: Lars Bergo, Olav Kaldestad, Gulleik Lid og Gulleik Øye.

1 1964 vart det skifta glaskarmar og kledning på ungdomshuset. Det var litt av eit skippartak på fleire måtar. Laget hadde for lite midlar, difor vart det satt i gang ei innsamling mellom utflytta bergsdølar. Det kom inn I700 kronar på den måten. Og med noko kommunalt tilskot og godt dugnadsarbeid av lagslemene, kom det heile vel i hamn.

50 års jubileumsfest for laget vart halde 28. juli 1973.

Atter var Lars Bergo på festtalarstolen. I kyrkjekjellaren var dekka til festmåltid. Med nasjonal kost. Dåverande lagsformann, Johannes Berge, opna festen og ba til bords. Det vart bore fram mange helsingar og gåver, mellom anna frå Vaksdal kommune, frå dei ymse lag og samskipnader i dalen og frå private. To nye heiderlagslemer vart då utnemnde, det var Per Hatlestad og Johan Hatlestad.

Spelestykket "Arven" av Oskar Bråten vart framsynt av laget sine eigne krefter, som hausta stor fagning for det.

Eit attersyn over laget sine 50 år var skrive og opplese av Åsmund Hatlestad.

Største vanskane for ungdomslaget i dag er at det er lite tilgang på ungdom. Folketalet i dalen er redusert med 30-35% etter krigen. Maskinalderen har rasjonalisert bort mange arbeidsplassar både innan- og utandørs ogso på gardane, og anna busetnad er det lite av i dalen. Men laget er framleis i live, so det vert teke hand om hus og eiga.

Det er gledeleg å sjå at barnetalet aukar jamnt no. Ein 20-tals barneleikarring er under innøving, og har alt vist sine kunstar for open scene.

Dei som har vore formenn i Bergsdalen Ungdomslag gjennom godt og vel 50 år nemner me her i nokolunde rett rekkjefylgje: Lars Bergo 1 år. Gulleik Øye 1 år, Gulleik Lid 5 år, Ragnvald Berge 1 år. Trygve Hatlestad 1 år. Knut Rødland 1 år. Lars Berge 1 år. Olav Berge 1 år, Sigurd Aksnes 2 år. Haldor Hatlestad 1 år. Per Hatlestad 1 år. Anton Lid 5 år, Johan Hatlestad 7 år, Gustav Pettersen 5 år. Nils Rødland 1 år. Kjell Rødland 6 år, Asbjørn Berge 3 år. Kari Berge 3 år. Herborg Lid 2 år. Johannes Berge 2 år. Magne Sveinung Lid 2 år.

Helge Terje Fosse formann i 1976 og 77.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy