Vaksdal

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Vaksdal

Vaksdal ligg ved Sørfjorden. Vaksdal omfattar i dag gardane Vaksdal og Jamne. Vaksdalselva, som renn gjennom tettstaden er grensa mellom Vaksdal og Jamne, kalla ”Jamnesio” og ”Vaksdalsio”. Gardstunet på Vaksdal vart kalla ”Vaksdalgarden”. I 1870 bygde Gerdt Meyer Vaksdal Mølle og ein tettstad vaks fram. I 1883 kom Vossebanen gjennom bygda. Vaksdal utvikla seg til den nest største industristaden i kommunen. I 2007 er Vaksdal den tettstaden i Vaksdal kommune med flest innbyggjarar, ca. 1350.

Ved Vaksdal senter er det dagligvarebutikk, bakeri med utsal, frisør og tannlege, i tillegg til ein kombinert gymnastikksal/kinosal/samfunnshus. E-16 går gjennom Vaksdal.

Mange busette seg på Vaksdal. I bygdeboka er derfor garden delt i tre bolkar, gardssoge, eigarliste og ættesoge.

Gardssoge, opplysningar om garden og dei einskilde gardsbruk.

Eigarliste bnr. 33-250. Liste over utskilde bruk, som hustufter o.l.

Ættesoge for Vaksdal og Jamne, ei oversikt over huslydar som ikkje har direkte tilknyting til garden.



© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy