Vaksdal Gardssoge

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search

Kaare (Talk | bidrag)
(New page: < Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald | Vaksdal '''Gards og ættesoge for Vaksdal.''' [[Fil:Vaksdal 01.gif]...)
Gå til neste skilnaden →

Versjonen frå 11:20, 9 april 2009

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald | Vaksdal


Gards og ættesoge for Vaksdal.

Fil:Vaksdal 01.gif


GNR. 14 Vaksdal

Innhaldsliste

Innleiing

Vaksdal ligg 1,5 km nord for Indre-Boge. Her stikk eit nes ut i fjorden. Dei kallar det Vaksdalsneset, eller berre Neset. Aust for Neset lagar fjorden ein våg. Frå vågen går det ein liten dal opp mot ein stor grusterrasse. Oppe på denne terrassen, 50 m.o.h., ligg det gamle gardstunet.

Dei næraste grannegardane er Indre-Boge, Jamne og Sedalen. Indre-Boge ligg 1,5 km lenger sør ved fjorden. Sedalen ligg i eit dalføre 2 km nordanfor Vaksdal. Jamne er næraste grannegard. Fråstanden mellom gardstuna er 500 m. i luftlinje. Gardane ligg på grusterrassar på kvar si side av elva.

Vaksdal grensar mot Jamne, Sedalen, Herfindalen og Indre-Boge. Grensa mot Jamne vart skriftfest 1833 ved grensegangsforretning. Frå fjorden fylgjer grensa elva oppetter til bøgjerdet på Jamne. Derfrå går grensa i sørvest oppetter til merkesgjerdet, derfrå innetter til Lamhustøene. Her er eit grensemerke innhogge i ein flat stein. Neste grensemerke er ein skarvnakke i Rossegjelæ, deretter kjem eit merke i Fjølhogget. Det siste grensemerket er innhogge i ein stein som dei kalla Kvilesteinen. Neste grensekross er hoggen i ein skarvnakke på Svaæ. Frå Svaæ går grenselinja til Sveo. Her er det også hogge ein kross. Frå Sveo går grenselinja til Raudnovæ, deretter til Furehaugen. Der er det hogge grensekross i ein stein. Neste grensekross ligg under Kustallen. Derfrå går grensa til inste Røvlebrekkgarden. Frå krossen i Røvlebrekkgarden fylgjer grensa merkesgardane til Åkerrindsholtane. Øvst på Åkerrinden er det hogge ein kross. Sidan går grensa innetter Åkerrindsgardane til ein kross i Budalsberget. Her er det hogge ein kross ved enden av merkesgjerdet. Herfrå går grensa på austsida av Budalsskaret til ein kross i øvste og høgaste Skarvet. Frå Skarvet går grensa til ein kross i Grånipa. Derfrå går grensa til høgaste Dylovegga og til tridje Giljeberget. Der sluttar grensa mellom Vaksdal og Jamne.

Grensa mot Indre-Boge tek til ved Karimonsneset attmed fjorden. Grensa fylgjer ein bekk oppetter Stegadalen til Tjovahelleren. Derfrå fylgjer grensa merkesgjerdet til Ardalsskaret. Resten av gardgrensa: Sjå Herfindalen og Sedalen.

Gardsnamnet vart skrive Vaxdall 1372, 1610 og 1667, Vaxdalir 1427, Vaxdaler 1490, Vangsdall 1563, Wogsdall 1567 og Waxdall 1723, Vaksdal 1853, 1886 og 1905. Bygdemålsuttalen er va'ksdal.

Namnegranskaren Oluf Rygh meinte at namnet kom av hankjønnsorda Våg og dal: "Her er en liden Våg Syd for Gaarden." Han fann same uttalen av ordet våg i eit anna stadnamn, Vagsvik i Ørskog, uttala va'ksvik. Granskaren Magnus Olsen går ikkje mot denne tydinga, men han skriv: "Helt udelukket er det dog ikke, at man i 1ste Led kan have et Elvenavn, beslægtet med Veksa i Eidskogen."

Elva som Magnus Olsen meiner kan vera opphav til gardsnamnet, heiter no Vaksdalselva eller berre Elva. To elvar, ei frå Sedalen og ei frå Ardalen, renn saman i utmarka ved grensa mot Sedalen. Elva renn slakt i store bogar ned mot Trollkjelen, ei stor jettegryte nord for Vaksdalsneset. Frå Trollkjelen rann elva i fossar og stryk ut i den brådjupe Sørfjorden nord for Neset. Elva og fossefallet gav vasskraft til Vaksdal MøIle, grunnlagt 1871 av Bergenskjøpmannen Gerdt Meyer. Verksemda vart etter kvart eitt av dei største mylnebruk i landet. Sidan 1919 har Vaksdal Mølle vore statseigedom.

Hamnetilhøva nord for Neset høvde godt for eit mylnebruk, som fekk kornet tilført frå oversjøiske hamner. Men den gamle båtstøa til Vaksdalsgarden låg sør for Neset. Inst i Vågen var det to hamner, Fjæro og Heljestoæ.

Sjoveien gjekk frå tunet gjennom ein liten dal ned til Vågen. Sjogotmyræ låg ved Sjoveien. Sjogota må vera eit eldre namn på Sjoveien. Hamnene i Vågen var svært gode. Dei var brukte både av Vaksdal, Sedalen, Herfindalen og av meir langvegsfarande folk. Sjoveien var ein stubb av ein sideveg til den gamle fjellvegen og driftevegen som gjekk mellom Voss og Bergen. Om denne vegen er det fortalt i boka "Bergsdalen. Ei fjellbygd i Hordaland", s. 34-37 og 271-273.

Frå Vaksdalstunet gjekk vegen nordover til Trodena. Dette vegstykket kalla dei Geilæ. Her var det steingardar på båe sider. Ved Brualeitet var det bru over elva. Vegen fylgde elva innover mot Tvisporkleivæ, Salsenriset og Verkane. Langsmed Verkane låg vegen på murar. Vegen gjekk gjennom Sedalen, over fjellet til Herfindalen og vidare til Herfangen. Der kom han inn på fjellvegen mellom Bergen og Voss.

Vegen til Indre Boge var ein gongeveg gjennom utmarka. Han gjekk over Svaena, Stegadalen og nær oppunder Ljosheldrane. Denne vegen kunne berre brukast i lagleg føre. Elles nytta dei båt. 1908 vart det løyvt pengar til bygdeveg mellom Boge og Vaksdal.

Vegen til Jamne gjekk gjennom Geilæ, over Brualeitet til Storabrunæ. Der tok han av frå Sedalsvegen og gjekk sørover gjennom Krekane og Nethovdane til tunet på Jamne. Dei hadde ein snarveg over elva ved Bykset og Vadet.

Vaksdal Mølle bygde bru over elva mellom mylnebruket og Jamnefjæro. Då jarnbanebrua vart bygd i slutten av 1870-åra, fekk dei tinga seg til ei gangbru ved sida av jarnbanebrua.

Gjennom Vaksdalsneset la dei jarnbana i tunnel. Sør for neset laga dei ei djup skjering som øydela Dalen og Sjovegen. Det eldgamle sambandet mellom gardstunet og Vågen vart ikkje det same etter at Sjovegen vart flytta.

Ved mange gamle ferdslevegar var det gravrøyser eller haugar. Slik var det på Vaksdal og. Ei stor gravrøys låg lett synleg på Flaten, ein framskoten hjell der Sjovegen kom oppåt tunet. Ei onnor grav skal også ha lege på Flaten. Mellom bøgarden og tunet var det ein stad dei kalla Døso. Namnet tyder steinhop. Her kan det ha vore ei gravrøys.

Ingen av gravrøysene eller haugane er synlege lenger. Funn frå Vaksdal og Jamne vart registrerte og tekne vare på ved Bergens Museum i 1880-åra. Men det er ting som tyder på at saker frå fleire haugar kan ha vorte samanblanda. Det synest truleg at dei på Vaksdal fann både ei mannsgrav og ei kvinnegrav fra yngre jarnalder (600-1050 e. Kr.). I kvinnegrava var det vevskei, hakke, fiskesøkke, bronsearmring og glasperler. I mannsgrava var det sverd, øks, pil, kniv, beisl, eldstål og skiferbryne.

Dei som var gravlagde i desse haugane, kan knapt ha vore dei fyrste som budde på Vaksdal. Dei nyaste granskingane syner at det var ein landnåmsperiode i jordbruksbygdene i Hordaland 2400-1800 f. Kr. Både Vaksdal og Jamne kan vera mellom dei gardane som vart busette i denne perioden. Sjå Norges Historie bd I s. 96, Oslo 1976.

Det eldste skriftlege vitnemålet om garden er frå 1372. I eit dokument datert Bergen 20. 10. 1372 vitna 4 menn at garden Gylten i Peters kyrkjesokn hadde skift eigar. Kjøparen Halstein Bårdsson betalte 9 gamle merker sylv til seljaren Olaf Bjørnsson og mor hans Ragna. Arne Vaksdal gjekk god for at Halstein Bårdsson skulle vera skadelaus ved dette gardkjøpet. Det går ikkje fram om det var slektskap mellom Arne Vaksdal og eigarane av garden Gylten i Bergen.

1427, 1463 og 1480-90 finn me Vaksdal i jordeboka åt Munkeliv kloster. Sjå Eigarar nfr.

Den eldste skildringa av garden finst i matrikkelen 1723: "Waxdall ligger strax ved Søen, 4 Mile fra Bergen, maadelig Jordart, men tungvunden. Lever af qvægetz avling, og lit brendeveed at selge, saa og af en liden Aargang Qværn, hvoraf bør gives i Skat 12 skilling."

Sist på 1500-talet var her 2 brukarar. 1648 og 1655 var brukartalet 4. To av bruka var jamstore. Dei utgjorde helvta av garden. Dei to andre bruka var ulike. Det eine var dobbelt så stort som det andre.

På 1700-talet auka brukartalet til 5. I den gamle matrikkelen hadde bruka på Vaksdal løpenr. 61-65. Løpenr. 61, 63 og 64 kalla dei Ovagardane. Dei støla på Tjønnhaugen. Løpenr. 62 og 65 kalla dei Neagardane. Dei støla i Dyrdalen.

Skylda på garden var 216 merker smør. Mellom dei 5 bruka var skylda delt slik: Løpenr. 61 hadde 40 1/2 mork. Løpenr. 62 hadde 36 merker. Løpenr. 63 hadde 54 merker. Løpenr. 64 hadde 54 merker. Løpenr. 65 hadde 31 1/2 mork.

I åra 1849-1855 vart 4 av dei 5 bruka delte. Løpenr. 61 vart delt i bnr. 1 og 2. Løpenr. 62 vart delt i bnr. 5 og 6. Desse to bruka vart samla under same eigar 1876. Løpenr. 63 vart delt i bnr. 16 og 21. Løpenr. 64 vart delt i bnr. 24 og bnr. 25. Løpenr. 65 vart ikkje delt. Sjå bnr. 28.

I daglegtalen heitte bnr. 1 Bakkane, bnr. 2 Ingridane, bnr. 5 Skulane og bnr. 6 Klokkarane. Bnr. 16 kalla dei Andersane eller Madlijoræ. Bnr. 21 kalla dei Nordvikane. Bnr. 24 kalla dei Knutane eller Stor-Ola. Bnr. 25 kalla dei Kvitingane. Bnr. 28 kalla dei Perane.

Eit nytt bruk, Tveitane, vaks fram på slutten av 1800-talet. Tveitane var eit gamalt utmarksområde som var dyrka og skift mellom alle bruka på Vaksdal. Bnr. 16 og 21 hadde bygsla bort sine teigar åt ein husmann. Han fekk kjøpa desse teigane. Seinare kjøpte han fleire teigar som høyrde til andre bruk. Sjå bnr. 7, 10, 17, 22 og 31. Ein stor del av Tveitane vart seinare kjøpt til gravplass. Eit anna bruk, Tolås, vart skilt ut 1900-1901 frå bnr. 16 og 25. Sjå bnr. 48 og 49.

Brukarane på Tveitane og Tolås budde lengst nord på gardsområdet. Dei andre brukarane budde i det gamle tunet. Det låg på den store grusterrassen nede ved sjøen. Ved slutten av 1900-talet var Vaksdals-tunet eit av dei største gardstuna i Sørfjorden.

Fleire av dei bruka som hadde høyrt ihop før 1850 hadde hus i lag. Løene åt bnr. 24 og 25 hekk ihop. Like eins var det med løene åt bnr. 16 og 21. Stovehusa deira, Andershuset og Nordvikahuset, var bygde tett innåt kvarandre. I same rekkja stod Stor-Olahuset. Dei stod så tett at ein kunne stiga frå det eine skytjetaket til det andre. Dei fortel at Siri Nordvik gjekk gjennom loftsglasa og over skytjetaka ein gong ho skulle pynta ei brur i Stor-Olahuset. Det var så mykje folk i tunet at ho kvidde seg med å gå ned i garden.

Stovehusa var ombygde kring 1870. Før var det rotstover med 2-høgda buer innåt. Då dei bygde om husa, la dei lem over rotstovene. Buene vart ofte brukte til vilkårstover. Mellom bu og stove var ein gang med grue og skorstein. Der var det plass til bakstehelle og turkegryte. Under rotstova var det ein nedgraven kjellar med plass til ølet, sildetunna og potetene. Det var kjellarlem i stovegolvet. Kvitingshuset var det fyrste huset med skikkeleg kjellar, så høg at ein kunne stå oppreist. Det gamle huset på Kvitingsbruket var så lågt at karane kunne vippa seg opp på ufsa og setja seg der når dei vile prata.

Florane var mura og låg under løene. Florane var gravne inn i bakken. Det kom inn dagsljos gjennom eit lite ljoshol i døra.

Eldhus hadde dei ikkje. Berre eitt bruk, Stor-Ola, hadde turkehus. Det var eit grindabygt hus med helletak. Huset var ikkje tett. Røyken fekk vandra kvar han ville. Her var 4 smier. Dei låg 50-60 m. frå tunet, på kvar sine kantar. Dei var murte og hadde sperretak med ujamne heller som var henta i liene. Smiene høyrde til bnr. 1, 21, 25 og 28.

Vatn henta dei i fleire brunnar og i bekken som rann gjennom tunet. Rossepytten var felles for alle. I Rosshagen søraust for tunet var det ei kjelde. I Botnen nede ved Vaksdalselva var det ein brunn. Dei bar vatn or elva også. Det vart gjerne knapt om vatn når det var lange frostperiodar.

Den gamle innmarka låg på terrasseflaten og i dei vide bakkane ned mot Vågen sørvest for tunet. Bøgarden gjekk under fjellet tett ovanfor

tunet. Frå tunet til bøgarden gjekk ein veg med steingjerde påbåe sider. Utanfor bøgarden låg Trodena som var ein del av heimehagen.

Bøgarden vart flytt innover i dalen mot Brualeitet ein gong på 1800-talet. Dei kalla det nye gjerdet for Nygarden. Det var mura av store steinar og gjekk frå elva opp til urda under Kalvestallen. Dei dyrka opp fleire utmarkstykke innover i dalen: Tredet, Trodena, Krekane, Tveitane og Kolabakken. Sist på 1800-talet var det fleire gonger teigbyte. Det vart tinglyst semjer om slike teigbyte 1873, 1874 og 1877. 1877 vart det tinglyst semjer om minneleg utskifting på luter av utmarka. Det var truleg nydyrka teigar inne i dalen.

Engvidda 1863 var om lag 190 mål. Knapt 50 mål var god eng. Vel 16 mål var middels god. Resten var ring eng. Akervidda var vel 43 mål. 23 mål var god åker. 16 mål var middels god. 4 mål var ring åker. Storåkrane låg sør for tunet, i bakkane ned mot fjorden. Då dei dyrka opp Trodena, fekk dei åkrar der. Ein åker tett ved tunet kalla dei Døso.

1902 og 1905 vart det tinglyst offentleg utskifting av innmarka. Mylneeigaren Gerdt Meyer hadde då kjøpt bnr. 1, 5 og 6 og fleire mindre teigar (bnr. 3, 4, 8, 9, 14, 27, 29, 30 og 32). Meyer fekk all si innmark på Vaksdalsneset. På Neset let Meyer arbeida opp ein park. Meyer dreiv også gardsbruk. Han hadde kyr, hestar og grisar. Kyrne skulle m.a. yta mjølk til mylnemeisteren. Heilt til 1927 hadde Vaksdal Mølle eit par kyr som skulle halda mylnemeisteren med mjølk. Grisehaldet slutta dei med noko tidlegare. Dei andre gardsbruka som var med i utskiftinga 1901 var bnr. 2 Ingridane, bnr. 16 Andersane, bnr. 21 Nordvikane, bnr. 22 Tveitane, bnr. 24 Stor-Ola, bnr. 25 Kvitingane, bnr. 28 Perane og bnr. 48 og 49 Tolåsen.

Kvitingane og Perane fekk innmarka si lengst sør, mellom tunet, fjorden og bøgarden. Perane flytte ut or tunet, men Kvitingane vart buande på same stad som før. Nord for tunet kom innmarka åt Ingridane. Dei trong heller ikkje flytta husa sine. Tveitane og Tolåsane vart også buande på same stadene som før, inst i dalen. Nordvikane flytte nordover til Trodena. Andersane flytte til Nygarden. Stor-Ola flytte over elva til Krekane. Bruket vart seinare kalla Nygård. Vest for dette bruket, mellom elva og grensa mot Jamne, fekk Gerdt Meyer utlagt ein del av sin eigedom.

7. 6. 1915 vart det tinglyst utskifting på heimeutmarka. Frå grensa mot Ytre-Boge til Salsenriset inne i dalen er heimeutmarka opp mot Trolsanipo og Ardalsdrinden delt i teigar. Teigane ligg i denne rekkjefylgja rekna frå sør: Bnr. 28, bnr. 25, bnr. 2, bnr. 21, bnr. 16, bnr. 24 og bnr. 48/49. Nord for elva, mellom grensa mot Jamne og grensa mot Sedalen, er heimeutmarka også delt i teigar.

Mykje av høyet henta dei i heimeutmarka. Det er mange forteljingar om kor hardt dei arbeidde i utslåttene. Straks dei var ferdige på heimebøen, byrja utmarkslåtten. Somme bruk hadde utløer, andre ikkje. Kvitingsjorda hadde utløer i Botnane, Tolåsen og Øykjarennet. I Liæ hadde Nordvikane, Perane og Ingridane utløer. UtIøene var som regel murte, med taksperrer lagde oppå murane.

I dei slåttene der det ikkje var utløer, kunne dei setja høyet i stakk. I Tødna innanfor Sedalen hadde dei høystakkar som dei henta om vinteren. Dei brukte rodder som dei stappa fulle av høy og sende avstad nedetter mot Sedalen. Derfrå kunne dei køyra høyet heim.

I Liæ ovanfor garden brukte dei ofte rodder når dei slo. Då fekk dei graset nesten heim til tunet. Sist på 1800-talet sette dei opp løypestreng frå Liæ. Strengen var felles for alle bruk. Strengen enda på Hauen ved Skuleløo.

Skogen er lite omtala i dei gamle kjeldene. Landkommisjonen 1661 skriv at garden har småfallen vedskog. Matrikkelen 1723 nemner vedskog. Tømmer finn me ikkje opplysningar om før i Herredsbeskrivelsen av 1863. Der står det at Vaksdal har skog nok til ved og hustømmer. Sist på 1800-talet tok dei til med skogplanting. Gerdt Meyer gjorde opptaket. Han planta skog, m.a. lerketre, på dei teigane han åtte i Krekane. Planteskogen gjorde der serleg uneleg der inne.

Om beitet heiter det 1863: "Ved Gaarden er Havnegangen ganske liden, det øvrige Fjeldhavn af god Beskaffenhed og tilstrækkelig. Noget af samme ligger omtrent 1 Miil borte".

Som før nemnt hadde dei setrar både i Dyrdalen og på Tjønnhaugen. Ovagardane (bnr. 1, 2, 16, 21, 24 og 25) støla på Tjønnhaugen. Neagardane (bnr. 5, 6 og 28) støla i Dyrdalen. Andre beitestrekningar var også delt: Ovagardane hadde beite i Fodnestøllia ovanfor Sedalen. Neagardane hadde fjellbeite på Glyvret.

"Intet Sætter", står det i matrikkelen 1723. Dette kan tyda på at dei ikkje hadde seterhus før etter 1723. Seterhusa var små og enkle. 1906 var det ikkje senger i eit einaste seterhus. Budeiene låg på golvet. Eitt av seterhusa var så lite at dei laut krypa inn.

På Geithusstallen i lia ovanfor garden var det ei rad medgeithus. Det vart slutt med geitehaldet i 1870-åra. Geitene for ille med skogen, vart det sagt.

Til kalvane hadde dei serlege inngjerdingar. Kalvatredet, Kalvastallen og Kalvaliæ var slike inngjerdingar. Dei bruka som hadde høyrt saman frå gamalt hadde gjerne sams kalvatrede. Det galdt t.d. bnr. 24 og 25. På Kolabakken innanfor elva var det eit stort felles kalvatrede.

Sauene hadde vårbeite i Tolåsen. Før dei slepte sauene i fjellet, klipte dei vårulla. Dette kalla dei å rua. Gjetlo var beste sauebeitet på lang lei. Andre fjellbeite for sau var Tjønnhaugen, Såto og Glyvret. Dei heldt sauehaldet for å vera svært viktig. Vaksdal Mølle kjøpte mykje talg til lagersmurning og liknande. Sauetallen gav gjødsel til kornåkrane.

Brukarane på Vaksdal hadde mange arbeid som dei gjorde i fellesskap. Dei gjorde dugnad når husa skulle ha nye tak. Dei arbeidde i lag når gjerde skulle flyttast eller vølast. For å halda feet borte frå slåttene, måtte dei laga gjerde og stengsler mange stader i utmarka. Sauesankinga om hausten var eit felles arbeid. På 1800-talet var her mykje nydyrking i utmarka innover i dalen. Dette kravde samarbeid både med dyrking og teigdeling.

Nausta låg i Vaksdalsfjæro ved Vågen. Nausta var grindabygde med bordkledning og helletak. Langsmed langveggene la dei opp ved. Sume bruk hadde naust åleine. Andre kunne dela naust. Skulane og Nordvikane hadde naust i lag. Kvitingane og Tveitane delte eit naust. Det same gjorde Ingridane og Perane.

Sedalen hadde eit naust i Vaksdalsfjæro. Naustretten har dei den dag i dag. Folket i Herfindalen og dei fleste i Sedalen hadde ikkje eigne båtar. Dei hadde båtafylgje med folket på Vaksdal og Jamne når dei skulle til kyrkja på Bruvik. Dette var ein gamal rett som folket på fjellgardane hadde. Dei arbeidde 1 dag i spoda og 1 dag i skurden til vederlag for båtafylgjet. Dei hadde visse brukarar som dei arbeidde hjå og hadde båtafylgje med. Vaksdalsfolket måtte ha seksæringar og åttringar for å få rom til båtafylgjet.

Kvernstøa var på Brualeitet og i Trollkjelen. Det var 1 kvernhus i Trollkjelen og 3 på Brualeitet. Der var det også ei vadmålstampe. Det var brukaren på bnr. 21 som dreiv vadmålstampa. På gardskvernane dreiv dei noko leigemaling. "1 Quærn hvoraf kand schattis 2 skilling" står det i matrikkelen 1723. Kvernar på andre gardar vart i denne matrikkelen kalla flaumkvernar eller bekkekvernar. Kverna på Vaksdal hadde vatn heile året. Folk som var i beit, kunne ro dit og få kornet sitt male.

Vassrettane vart serleg viktige i 1860-åra. Bergenskjøpmannen Gerdt Meyer sende gesellen sin, Nils Monsen, innetter fjorden for å finna høveleg stad til eit mylnebruk. Gjestgjevaren i Haus rådde han til å dra inn til Vaksdal og sjå på tilhøva der. Her var vasskraft nok, fann Meyer og rådgjevarane ut. Men det var knapt om byggegrunn. Ved arvefestekontrakt i mars 1866 sikra Meyer seg bruksretten til elva og eit samanhangande område frå Vaksdalsneset til Sandviksneset. Vassrettane lenger oppe i elva kjøpte Meyer 1866 hjå brukarane i Herfindalen.

1870-72 vart det fyrste store mylnebruket reist. Tomta var ei smal berghylle som dei gjorde breiare ved å skyta masse ut av fjellet. Massen fylte dei ut i elveosen. Elva fekk nytt utlaup. Før rann elva ut i fjorden mot sør. No rann ho ut mot vest.

Bernt Lorentzen har i boka "Vaksdal Mølle 1866-1966" fortalt soga om Vaksdal Mølle dei fyrste 100 år etter grunnlegginga. Framvoksteren av tettstaden Vaksdal og utviklinga av verksemdene der vil me ta føre oss i band IV av Vaksdal Bygdebok. I gards- og brukarsoga finn ein dei eigedomsoverdragingane som har gått føre seg. Dei syner utviklinga frå ein gard med mange bruk til ein tettstad med litt jordbruksdrift, men der det meste av arealet er teke i bruk til hustomter, forretningar, skular, jarnbane, vegar, kyrkje, gravplass, idrettplass og andre verksemder som høyrer notida til. Den gamle grensa mellom Vaksdal og Jamne er utviska. Heile tettstaden blir kalla Vaksdal, både den delen som ligg sør for elva, og den delen som ligg nord for elva.

Vaksdal og Jamne var ei gravarote. Gravplassen var på Bruvik. 1883 vart det vigsla ein ny kyrkjegard på Stanghelle. Vaksdal og Jamne skulle

nytta denne gravplassen. Men 1899 vart det ordna med ein dispensasjon, slik at dei framleis kunne nytta gravstaden på Bruvik. 1911 fekk dei kyrkjegard på Vaksdal. Kyrkjegarden ligg på Tveitane. 1912 tok ei opp arbeidet med å reisa kyrkje. Kyrkjetomta er utskild frå bnr. 25. Kyrkja vart vigsla 1933. Reisinga av kyrkja kravde langvarige tingingar med styresmaktene, og offervilje og samarbeid mellom folket på Vaksdal. Om dette er det fortalt i "Bruvik kyrkjor og kristenliv" s. 119-143.

Den eldste opplysninga om laksefiske er frå 1647. I skattematrikkelen 1647 står

det at Vaksdal har hatt 1/2 tunne laks i landskyld, i tillegg til 2 laupar smør og 2 huder. "Dend 1/2 tønde lax ehr afftagett" står det som tilleggsopplysning til slutt.

Avtak i skylda på ein gard skjedde oftast i samband med skreder, flaum og andre naturulukker. Ein kjenner ikkje til at noko slikt har skjedd på Vaksdal. Difor er det vanskeleg å seia kva tid avtaket vart gjort. Det som synast vera sikkert, er at laks må ha vore ei av landskyldvarene på Vaksdal i mellomalderen.

1661 skreiv Landkommisjonen at garden hadde ein liten laksevåg. Leiglendingane ytte 1/4 tunne laks årleg til jordeigaren, Herman Garman. Dei fiska med sitjenot ved Laksaneset nede ved Vågen. Dei trong ikkje byggja gilje for å sjå nota. Det var eit bratt brot som dei sat i. Lakseplasset på Vaksdal var ringare enn det dei hadde i Sandvik. Men store fangstar kunne dei få. Sist på 1800-talet fekk dei ein dag 60 laksar, tartar og aurar.

Det var leigefolk som dreiv laksefisket ved hundreårskiftet. I meir enn ein mannsalder var det folk frå Raknes i Hamre. To mann der utefrå kom roande med laksenota i april månad. Gardbrukarane på Vaksdal hjelpte til med å setja opp stenger, kaggar og ile. Fiskarane budde i ei hytte på Laksaneset. Fremste delen av hytta var eit ope skjol. Der sat fiskarane og vakta nota. Resten av hytta var i eitt rom. Der var omn, seng, bord, benk og nokre krakkar.

Etter hundreårskiftet minka det med laks, og talet på fiskedagar vart sett ned til 4 for veka. Ingen ville "sitja på Neset" lenger. Dei fiska nokre år med kilenot. Då Raknesfolket slutta, var det ingen på Vaksdal som kunne overta arbeidet. (Fortalt av Johannes Norvik f. 1885.)

SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING, FOLKETAL

Gamalt matrikkelnr. 21 i Arna skipreide. 1838 nytt matrikkelnr. 22. 1853 matrikkelnr. 125. 1886-1964 gardsnr. 25 i Bruvik herad.

Landskyld 1463 i Munkeliv Klosters jordebok 1 tunne laks, 4 laupar smør av Vaksdal og Revskred tilsaman. Dette svarar til 4 laupar smør. 1626-1676 2 laupar smør, 2 huder. I tillegg til landskyldvarene, smør og huder, er det nemnt laks. I 1626 1/2 tunne, i 1666 1/4 tunne, i 1676 1/8 tunne. Matrikkeltakst 1665 3 laupar smør. Landskyld 1802: 2 laupar, 2 pund, 12 merker smør. Ny skyld 1838: 11 dl. 2 ort,

9 sk. 1886: 15,28 skyldmark. Leidang 1567: 1/2 pund smør, 2 ml. korn, 2 saueskinn, 2 kalveskinn. 1590-91: 1/2 pund smør, 2 ml. korn, 1 geiteskinn, 3 saueskinn, 1 kalveskinn. Fredtoll kvart år vart betalt med 1 geit. 1665: Kandtiend 3 tunner, leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1 rdl. 5 mark, 7 sk. Småtiend 1 mark, 8 sk.

Fødnad 1657: 1 hest, 1 okse, 27 kyr, 4 kviger, 29 geiter, 34 sauer. 1665: 2 hestar, 38 storfe. 1718: 2 hestar, 25 kyr, 9 ungfe, 39 småfe. 1863: 3 hestar, 48 kyr, 11 ungfe, 128 småfe. 1875: 3 hestar, 1 okse, 50 kyr, 12 ungfe, 101 småfe, 6 grisar.

Sånad 1626: 8 tunner havre. 1665: Sånad 8 tunner havre, avling 25 tunner havre. 1718: Sånad 11 1/2 t. havre, avling 41 1/2 t. 1863: Sånad 21 3/4 t. havre, 33 t. poteter, avling 78 1/2 t. havre, 125 t. poteter, 3823 v. høy, 553 v. halm, 1312 v. høy i slåttene.

Åkervidda var 1863 vel 43 mål. 23 mål var god åker, 16 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var om lag 190 mål. Knapt 50 mål var god eng. Vel 16 mål var middels god, resten var ring eng. Innkome av laksefiske 4 1/2 spd. netto årleg.

1875: Sånad 18 1/2 t. havre, 42 1/2 t. poteter.

Folketal 1801: 34. 1865: 73. 1875: 138.

EIGARAR

Munkeliv Kloster i Bergen åtte garden i mellomalderen. Vaksdal er nemnt i jordeboka åt klosteret 1427, 1463 og 1480-90.

Ved reformasjonen vart jordegodset åt klosteret drege inn under kruna, men godssamlinga åt klosteret vart framleis kalla Munkelivsgods, av di det eksisterte som ei eiga forlening. 1661 heiter det i Landkommisjonsprotokollen at Munkeliv eig og bygslar garden, og at det til garden høyrer ein liten laksevåg. Av denne får Herman Garman 1/4 t. laks årleg.

Herman Garman 1612-1674 var president for magistraten i Bergen. Han var busett på Nedste Mjelde i Haus og hadde fleire born. Sjå Haus s. 83. Han kjøpte Vaksdal og mange andre gardar ved det store salet av krungods i 1660-åra.

Stiftsskrivar Herman Garman, 1648-1733, var yngste sonen åt president Garman. Stiftsskrivaren var også busett på Nedste Mjelde. Han var g.m. Alida de la Rosche frå Haag f. 1651, d. 1723. 1676 åtte dei Vaksdal, Jamne, Hana, Bukkstein, Kåstad, Veo, Indre og Ytre Takvam i Arna skipreide, 5 gardar i Mjelde skipreide, 2 gardar i Radøy, 4 i Eikanger, 2 i Herdla, 2 i Lindås og 2 i Gulen skipreide. Alida og Herman Garman var bornlause. Grannen deira, lensmann Johannes Øvste Mjelde, fekk 1717 skøyte på Vaksdal.

Lensmann Johannes Øvste Mjelde dreiv mykje med gardkjøp i fyrste helvta av 1700-talet. Han let etter seg ei stor samling jordegods då han døydde 1732. Mange av desse gardane låg i det området som no høyrer til Vaksdal kommune. Sjå gnr. 8 Hana.

Ved skiftet etter lensmann Johannes Øvste Mjelde vart Vaksdal skift mellom sonen lensmann Johannes Johannesson Askeland og dottera

Magdeli Johannesdtr. Fossmark. Sjå II s. 96-97 og 156, og Haus s. 42 og 131.

Den tredjeparten som Magdeli åtte vart ved skiftet etter andre mannen hennar utlagt til sønene Nils og Johannes. Dei flytte saman med mor si til Helle då ho vart attgift der 1734 med Anders Nilsson Helle bnr. 1. Nils ville heller ha eit bruk på Helle enn eit bruk på Vaksdal. 1744 gjorde han og stykfaren makeskifte. Nils overtok Helle bnr. 7. Mora Magdeli og stykfaren Anders Nilsson overtok 1/6 i Vaksdal. Båe partar var nøgde med dette makeskiftet, og det vart ikkje betalt noko mellomlegg.

Etterkomarane etter president Garman let lysa odelsrett til dei gardane som Garman hadde kjøpt. Det var serleg sorenskrivar Johan Garman, busett på Nedste Mjelde som gjorde odelsretten sin gjeldande ved midten av 1700-talet. 1755 gav han odelsskøyte til Anders Nilsson Helle på vegne av Magdeli Johannesdtr. og til Johannes Nilsson Helle på dei partane dei åtte i Vaksdal. 1768 let eldste sonen åt sorenskrivar Johan Garman, som også heitte Johan, tinglysa eit nytt odelsskøyte på dei same partane. Odelsskøytet vart denne gongen gjeve til Johannes Nilsson Fossmark, ein av ervingane ved skiftet 1833. Sjå ovanfor.

1787 gav Johannes Nilsson Fossmark skøyte på 1/6 i Vaksdal til sonen Olav Johannesson f. 1765. Han vart brukar her. Sjå bnr. 1.

1791 vart det tinglyst skøyte frå Johannes Nilsson Fossmark til sonen Anders Johannesson på 1/6 i Vaksdal. Dette må vera versonen Anders Johannesson Skaftå g.m. Magdeli Johannesdtr. Fossmark. Sjå II s. 98. Denne parten ser ut til å svara til bnr. 28.

Den parten som lensmann Johannes Johannesson Askeland hadde ervt etter faren, 2/3 av heile garden, vart ved skiftet 1749 utlagt til enkja hans, Kari Monsdtr. Ved skiftet etter Kari Monsdtr. 1764 var jordegodset i Vaksdal verdsett til 144 rdl. Det vart delt mellom ervingane på denne måten: Sonen Mons Johannesson Øvste Mjelde fekk utlagt 1/3, dottera Marta Johannesdtr. fekk utlagt 1/12. Ei dotterdotter, Gjertrud Johannesdtr., fekk også 1/12. Dette var tilsaman halvparten av det jordegodset som buet åtte i Vaksdal. Den andre halvparten vart delt mellom borneborna Kari Johannesdtr., Ole Johannesson Søre Hartveit, Mons Johannesson og Brita Johannesdtr.

Garmanslekta let lysa odelsrett til Vaksdal 1768. Ervingane etter Kari Monsdtr. og Johannes Johannesson Askeland laut betala Garmanslekta for odelsretten til dei partane dei hadde ervt. Dei dreiv mykje sal og makeskifte i slekta.

1772 vart det tinglyst odelsskøyte frå Johan Garman og skøyte frå Mons og Olav Johannesson Øvste Mjelde og Kari Johannesdtr. til Anders Sjursson på 2 p. 6 6/7 m. smør. Ved dette skøytet vart fleire mindre arvepartar samla på ei hand. Det same skjedde året etter, 1773, då Olav Johannesson Søre Hartveit m.fl. gav skøyte til Mons Johannesson Øvste Mjelde, slik at han no åtte 1 p. 18 m. smør. Men alt 1775 skøytte Mons frå seg 6 m. smør til Olav Olsson Vatle g.m. Marta Johannesdtr. Nordre

Askeland 1714-1786. Dei vart buande på Nordre Askeland. Helvta av det Marta hadde ervt i Vaksdal, 6 merker smør, vart 1765 makeskift med ein part i Øvste Mjelde som Nils Johannesson Søre Askeland åtte. Nils Johannesson fekk same året skøyte på parten åt Gjertrud Johannesdtr., som var g.m. Olav Nilsson Vevle. I dokumentet som vart oppsett heiter det at Nils Johannesson med kona si, Anna Johannesdtr., hadde ervt 12 merker smør. Ved skiftet etter Nils Johannesson 1778 vart dei 30 merker smør som buet åtte i Vaksdal utlagde til enkja Anna Johannesdtr. Ho hadde ikkje livservingar. Det vart halde skifte etter Anna 1778. Det ser ut til at ho åtte bnr. 24 og 25. Dette jordegodset vart utlagt slik: 2/7 til Gjertrud Johannesdtr. g.m. Olav Nilsson Søre Vevle, 2/7 til Mons Johannesson Garnes, 2/7 til Peder Johannesson Arnetveit og 1/7 til Gjertrud Johannesdtr. g.m. Thomas Seim.

1786 vart det halde skifte etter Marta Johannesdtr. Askeland g.m. Olav Olsson Vatle. Sønene Olav Olsson Rivenes og Johannes Olsson Nordre Askeland delte den parten som buet åtte i Vaksdal. Anders Sjursson Kolldal hadde fått skøyte på ein stor part av garden 1772. Han selde denne parten vidare 1781 til Anders Danielsson Indre-Boge, brukar på Vaksdal bnr. 16. Han vart no sjølveigar. Olav Nilsson Vevle, som ved skiftet 1778 hadde fått utlagt ein part i garden, fekk ved skøyte 1783 frå Mons Jonsson Garnes m.fl. overdrege ein part med 30 m. smør skatteskyld. Denne parten ser ut til å svara til bnr. 24 og 25. Parten skifte snøgt eigar att. Den neste eigaren var brukaren Johannes Andersson Vaksdal. Han fekk skøyte 1783 og vart sjølveigar. Han skøytte frå seg att same året til sonen Anders Johannesson. Sjå bnr. 15.

1789 vart det halde skifte etter Mons Johannesson Øvste Mjelde. Buet åtte 1 p. og 3 m. smør og 3/8 hud i Vaksdal. Enkja Kristi Håvardsdtr. ervde halvparten. Resten vart delt mellom sønene Johannes og Mikkel og døtrene Synneva og Marta. Mikkel Monsson døydde 1792. Parten hans vart då skift mellom mora Kristi, broren Johannes, halvbroren Mons og systrene Synneva og Marta. 1800 vart alt jordegodset som Mons Johannesson Øvste Mjelde hadde ått, samla og skøytt over til brukaren Tørres Johannesson Vaksdal. Sjå bnr. 5 og Haus s. 46, 47 og 49.

1801 gav Anders Johannesson Stanghelle skøyte på bnr. 28 til Jørgen Bergesson Brunborg. Han vart brukar og sjølveigar der. Sjå bnr. 28.

1808 vart det gjort makeskøyte mellom eigaren av Vaksdal bnr.1, Olav Johannesson Dale, og Olav Andersson Steinsland, som åtte Dalseid bnr. 1. Olav Johannesson f. Fossmark bnr. 5, sjå ovanfor, var truleg brukar sjølv her frå han fekk skøyte 1787 og til han bygsla bort bruket 1801. Då flytte han til Dale og vart brukar på bnr. 6. Olav Andersson Steinsland vart brukar her. Sjå bnr. 1 og III s. 434.

1811 vart det halde skifte etter Olav Olsson Rivenes. Buet åtte 9 m. smør og 1/9 kanne malt i Vaksdal. Ervingane var sonen Mons Olsson Rivenes, dottera Kari, dottera Marta g.m. Anders Johannesson Stanghelle

og dottera Anna g.m. Anders Olsson Dyvik. Kari fekk skøyte på parten åt broren Mons 1814. Skøytet var underskrive av verbroren Anders Olsson Dyvik. Olav Andersson Dyvik fekk skøyte 1830 hjå Olav Olsson Rivenes og Johannes Nilsson Ryskeland på ein part som svara til 12 4/5 m. smør og 8/45 hud. 1833 fekk Olav Andersson ogsa skøyte hjå Anders Stanghelle og Anders Dyvik på ein part som svara til 3 1/5 m. smør og 2/45 hud. Partane vart selde til Johannes Andersson Vaksdal 1833.

Dei eigarskifta som gjekk for seg etter at lensmann Johannes Johannesson Øvste Mjelde døydde 1732, førde til at dei fleste brukarane var sjølveigarar kring 1830. Men etter 1830 skjedde det fleire eigarskifte, utan at den nye eigaren ser ut til å ha vorte brukar på garden. Det galdt t.d. bnr. 1 som Anders Olsson Vaksdal overtok etter faren 1831. 1837 gjorde han makeskifte med lensmann Kristian Jensson Bruvik og fekk til vederlag eit bruk i Sedalen.

Lensmann Bruvik budde på Skreianeset fra 1824-1834. Då flytte han med kona og born til Litle-Bergen. Sjå Skreiæ bnr. 3. Han var altsa busett utanbygds da han kjøpte Vaksdal bnr. 1. Han selde bruket vidare 1838 til Haldor Johannesson Fossmark. Haldor sat med bruket til 1844. Da skøytte han bnr. 1 vidare til Tomas Johannesson Skaftå. Deretter fylgde eit makeskifte mellom Tomas Johannesson Skaftå og Nils Knutsson Indre-Boge. 1846 selde Nils Knutsson bruket vidare til Haldor Johannesson Indre-Boge. Han var eigar til 1848. Då skøytte han bruket over til sonen Johannes. Bruket vart så delt i 2 jamstore partar. Den eine parten vart seld 1849 til Anders Knutsson Grønsdal. Han gav skøyte 1850 til Johannes Tomasson Stavenes. Sjå bnr. 2. Kona åt Haldor Johannesson på bnr. 1, Helga Olsdtr., døydde 1850. Ved skiftet etter henne vart bnr. 1 verdsett til 400 spd. og utlagt til Anders Olsson Faugstad, Thomas Andersson Faugstad, Olav Olsson Reigstad og Knut Larsson Kallestad. Dei gav skøyte på bruket same året til Peder Johannesson Kobbeltveit. Kona hans, Brita Eliasdtr. Sedalen, gav på vegne av mannen, som då var fråverande, skøyte vidare 1856 til Nils Olsson Vaksdal. Han vart brukar på bnr. 1.

BRUKARAR FØR 1750

1372 var Arne brukar på Vaksdal. Me finn namnet hans i eit mellomalderdokument som var sett opp i Bergen 20.10.1372. Det var eit skøyte frå Olav Bjørnsson og mor hans, Ragna, til Halstein Bårdsson på eigedomen Gylten i Peters kyrkjesokn. I dette dokumentet står det mellom anna: ". . . borghade ok Arne i Vaxdall optnefndan Halstein skadalausan urn fyrnefndan gard. . ." Halstein Bårdsson betalte 9 gamle merker for eigedomen. Arne Vaksdal var mellom dei som gjekk god for at Halstein skulle bli halden skadeslaus for dette utlegget.

Tidleg på 1500-talet var Jon og Torkjell brukarar her.

1593 heitte brukarane Gudmund og Nils.

Nils og Olav var brukarar her på slutten av 1500-talet og byrjinga av 1600-talet. Nils hadde ein son Mons. Han vart brukar etter faren. Sjå nedanfor.

Om lag 1610 kom her ein tredje brukar, Jon. 1616 vart han stemd for retten fordi han ikkje hadde betalt leidang til rett tid.

1630 er Johannes Vaksdal nemnd i skattelista mellom dei leiglendingar som betalar full skatt, d.v.s. 2 rdl. Anders Vaksdal finn me same året i lista over halvgardsmenn og øydejordsmenn som betalar 1 rdl. i skatt. Dette tyder på at bruket åt Johannes var dobbelt så stort som bruket åt Anders.

1638 er Haldor Vaksdal nemnd i landskattelista mellom dei som betalar halv skatt. Rekkjefylgja på lista tyder på at Haldor var brukar i Vassdal på Osterøy, ikkje på Vaksdal.

1638 var Guttorm Aslaksson brukar her. Han var mellom dei som betalte halv skatt, så han hadde truleg eit av dei minste bruka. I koppskattemanntalet 1645 finn me Guttorm, kona Marta og ei dotter som det ikkje er nemnt namnet på.

Brynjulv Vaksdal er ein annan brukar som betalar halv skatt 1638.

1638 var Mons Nilsson mellom dei brukarane som betalte full skatt. Mons f. om lag 1580 var son åt ein av dei tidlegare brukarane her. Sjå ovanfor. Mons, kona Synneva og dottera Kari finn me i koppskattemanntalet 1645. Husdyrmanntalet 1657 viser at bruket åt Mons fødde 7 kyr, 5 geiter og 7 sauer. Mons var kyrkjeverje for Bruvik kyrkje. Han var fleire gonger lagrettemann i Arna skipreide. Han døydde for 1666.

Born:

  1. Kari f. om lag 1625.
  2. Nils 1634, brukar her.
  3. Guri d. 1696.

Tørres Bessesson f. ca. 1584, d. ca. 1670 var brukar her 1638 og 1645. I manntalet 1666 er han kalla husmann. Det tyder på at han då hadde late bruket frå seg og teke kår. 1657 fødde han 1 okse, 6 kyr, 2 kviger, 12 geiter og 18 sauer. Tørres var fleire gonger lagrettemann i Arna skipreide. Han var også legdsmann og skulle kassera inn dei ytingane som soldatane skulle ha frå brukarane i legda. Tørres og kona Anna hadde desse borna:

  1. Besse 1624-, brukar i Skreiæ og Fossmark. Sjå II s. 96.
  2. Lars 1640-, sjå nedanfor.

Olav, busett på Øvsthus i Hosanger.

1666 var Lars Tørressen brukar her. Bruket hans var 1/4 av garden. Det er truleg den same Lars som seinare vart brukar i Skreiæ.

Olav Monsson f. ca. 1611 var brukar her ca. 1640-1670. 1666 var bruket hans 1/3 av garden. Fødnaden 1657 var 7 kyr, 2 kviger, 5 geiter og 9 sauer.

Olav og kona Marta hadde desse borna:

  1. Anders 1644-.
  2. Mons 1661-, brukar her.
  3. Synneva g. 1695 m. Knut Monsson Romslo.
  4. Bodhild.
  5. Brita 1635-1719, b. her.
  6. Ingebjørg 1668-1734, b. her.

1645 er Lars husmann og kona Brita nemnde i koppskattemanntalet. Det kan vera gamle brukarfolk som hadde teke kår. Brukaren Mons kan vera sonen deira.

1657 er Sjur Vaksdal nemnd i husdyrmanntalet. Fødnaden var 1 hest, 7 kyr, 7 geiter. Namnet hans er ikkje å finna i andre kjelder. Han må truleg berre ha vore brukar her ei kort tid.

1666 var Olav Nilsson brukar her. Han var f. 1632 og var son åt ein tidlegare brukar. Sjå ovanfor. Bruket hans svara til 1/4 av garden.

Born:

  1. Dortea 1663-1754, g. 1716 m. Rasmus Torsteinsson Tunes. Sjå Haus s. 438.
  2. Mons 1664-.
  3. Ingebjørg 1680-1716, ug., b. her.

1666 var Nils Monsson brukar her. Han var da 34 år gamal. Bruket hans var 1/4 av garden.

Born:

  1. Mons 1656-.
  2. Nils 1659-, brukar her.
  3. Dortea d. 1712, g.m. Ørjan Mikkelsson, brukar her. Sjå nedanfor.
  4. Torstein 1665-1692, ug.
  5. Anders, g. 1714 m. Marta Larsdtr. Havrå.
  6. Marta 1672-1739, g. 1696 m. Mikkel Andersson Stamnes bnr. 10. Sjå III s. 317.

1692 var Daniel Persson Gares brukar her. Sjå Arna s. 3. Daniel 1653-1736 var g.1.g.m. Anna Jensdtr. d. 1696.

Born:

  1. Anna g.m. Johannes Knutsson Herfindalen bnr. 5.
  2. Jens 1689-, brukar på Indre
  3. Brita 1691-, g.m. Nils M. Fyllingslid. Sjå III s. 284.
  4. Dortea 1695-1703.

Daniel g.2.g. 1699 m. Kari Monsdtr. Vaksdal, dtr. åt brukaren Mons Larsson. Sjå nedanfor.

Born:

  1. Magdeli 1700-, g.m. Olav Eiriksson Jamne, brukar her. Sjå nedanfor.

1692 var Mons Larsson Vaksdal brukar her. Han var truleg son åt ein tidlegare brukar Lars. Mons 1645-1723 var g.1.g.m. Marta Olsdtr. død 1696.

Born:

  1. Kari, g. 1699 m. Daniel Persson Gares, brukar her. Sjå ovanfor.
  2. Synneva 1683 g.m. Mons N. Langhelle bnr. 6.
  3. Marta g. 1738 m. Mons Jonsson. Sjå Ytre-Bruvik.
  4. Olav 1690-.
  5. Lars 1695-, sjå ættesoga nfr.

Mons g.2.g. 1696 m. Ingebjørg Andersdtr. Kvamme d. 1705. Sjå III

s. 263. Det ser ikkje ut til a ha vore born i dette ekteskapet.

Mons g.3.g. 1707 m. Synneva Mikkelsdtr. Indre-Boge 1670-1741.

Born:

  1. Nils f. og d. 1709.
  2. Nils f. og d. 1712.

1692 var Mons Olsson ein av brukarane her. Mons Larsson og Mons Olsson hadde jamstore bruk. Kvart bruk var på 40 1/2 m. smør. Mons Olsson 1664-1733 var gift, men ein kjenner ikkje namnet at kona.

Born:

  1. Mons d. 1705, g.m. enkja Kari Johannesdtr. Vik, busette her. Kari g. 2.g. 1706 m. Knut Tørresson Søre Myking.
  2. Agate g. 1709 m. Mons Ivarsson Romslo.
  3. Lars 1694-, sjå ættesoga.

1694 var Mons Johannesson brukar her. Han hadde då det minste bruket med ei skyld på 27 m. smør. 1701 er han ikkje nemnd mellom brukarane. Han var då truleg flytta herfrå.

Born:

  1. Anna f. og d. 1693.
  2. Agate f. 1699.

1709 bygsla Ørjan Mikkelsson Indre-Boge eit bruk med skyld 28 m. smør. og 1/4 hud. Ørjan g.1.g.m. Dortea Nilsdtr. Vaksdal d. 1712.

Born:

  1. Mikkel 1709-, g.m. Marta Monsdtr. busette i Herfindalen og i Fyllingslid. Sjå III s. 289.
  2. Jon 1710-.
  3. Sjur 1711-1719.
  4. Ørjan g.2.g. 1713 m. Brita Monsdtr. 1674-1744.
  5. Mons 1713 g.m. Marta Jonsdtr. Hesjedal, b. Lindås. Sjå III s. 242. Olav f. og d. 1715.
  6. Sjur 1718-, brukar her. Sjå nfr.
  7. Olav 1719-1741, g.m. Kari Johannesdtr. Olsnes. Enkja Kari g.2.g. på
  8. Ytre-Bruvik bnr. 10.

Marta 1720-, g. 1761 m. Nils Einarsson Vikno b. Tveiterås. Sjå Gjerstad s. 364.

1694 var Nils Nilsson brukar her. Bruket hans var eit av dei største på garden, med ei skyld på 54 m. smør. Nils var son åt brukaren Nils Monsson. Nils 1659-1722 var g.1.g.m. Anna Jonsdtr. d. 1709. Anna

hadde ein son før ho gifte seg, Anders Olsson eller Nilsson 1685-1737, g. 1714 m. enkja Marta Larsdtr. Havrå. Sjå Haus s. 263.

Born:

  1. Synneva, g. 1736 m. Jakob Jonsson Midt-Bruvik. Sjå Ytre Bruvik, brukarar før 1750.

Ved skiftet etter Anna Jonsdtr. 1709 var bruttosummen i buet vel 43 rdl., nettoen vel 19 rdl. Enkjemannen ervde helvta. Resten vart delt likt mellom dottera Synneva og sonen Anders, som Anna hadde før ho gifte seg. Sjå ovanfor.

Nils g.2.g.m. Kristi Nilsdtr. Jamne bnr. 1 1683-1718.

Born:

  1. Nils f. og d. 1710.
  2. Nils f. og d. 1711.
  3. Lars f. og d. 1712.
  4. Lars 1713-.
  5. Brita 1714-.
  6. Elin f. og d. 1717.

Nils g.3.g. 1719 m. Marta Monsdtr. Bernes.

Born:

  1. Kristi 1719-, g. 1742 m. Anders Jensson Takvam. Sjå Arna s. 104.

Enkja Marta Monsdtr. g.2.g.m. Olav Bastesson Bruvik, brukar i Sedalen.

1700 vart Mons Monsson Hekland brukar på Vaksdal. Mons f. 1700 var g.1.g.m. Kari Sjursdtr. Jamne bnr. 12 1699-1760. Det var halde skifte etter Kari. Bruttoen i buet var vel 68 rdl. Nettoen vel 20 rdl. Berre 4 av borna levde då skiftet var halde. To av dei var gifte, Sjur og Guri. To var ugifte, Eirik og Johannes. Dei fekk i buet utlagt "bryllupsgiær og hjemmegifte", som dei to gifte syskena før hadde fått. Eirik fekk utlagt 21 1/2 rdl., Johannes 19 1/2 rdl., tilsaman 48 rdl., som var heile frådraget i buet. Buet var elles utan gjeld.

Born:

  1. Mons 1722-, d. bornlaus før 1760.
  2. Guri 1723-, g.m. Johannes Andersson Kyrkje
  3. Ingebjørg 1725-, g.m. Olav Simonsson Langhelle bnr. 5.
  4. Sjur 1726-, sjå Herfindalen bnr. 8.
  5. Mons 1729-1753, ug.
  6. Dorthea 1730-, d. ug. for 1760.
  7. Anna 1732-1737.
  8. Anna f. og d. 1737.
  9. Eirik f. og d. 1738.
  10. Eirik 1739-, sjå Sedalen bnr. 9.
  11. Johannes 1742-, b. Sedalen og Herfindalen bnr. 8. Seinare b. Kallekleiv i Gjerstad. Sjå Gjerstad s. 208.

Mons g.2.g. 1761 m. enkja Marta Nilsdtr. Skreiæ f. Kvamme 1691-1775. Sjå Arna s. 548.

1730 bygsla Olav Eiriksson Jamne eit bruk på 1/2 laup smør og 1/2 hud. Olav 1694-1771 var g.m. Magdeli Danielsdtr. Vaksdal 1700-1777. Sjå ovanfor.

Born:

  1. Eirik 1723-1736.
  2. Marta f. og d. 1724.
  3. Marta ca. 1725, sjå brukaren Mons Eiriksson nfr.
  4. Olav 1728-.
  5. Kari f. og d. 1729.
  6. Kari f. og d. 1731.
  7. Synneva 1733-, g.m. Hans M. Dale bnr. 9. Sjå II s. 249.
  8. Kari 1734-1736.
  9. Kari 1737-.

1742 bygsla Sjur Ørjansson Vaksdal eit bruk med landskyld 18 m. smør og 1/4 hud. Sjur 1718-1790 var g.1.g.m. Magdeli Johannesdtr. 1719-1785. Sjå Herfindalen, brukarar før 1750.

Det vart halde skifte etter Magdeli 1785. Bruttoen i buet var vel 63 rdl. Gjelda var vel 58 rdl. Nettosummen 4 rdl., 4 ort og 1 sk. fekk enkjemannen til å dekkja gravferdsutgiftene med.

Born:

  1. Jon 1744-, brukar i Toskedal. Sjå III s. 85.
  2. Nils 1746-1774, sjå Sedalen, leigebuarar.
  3. Ørjans 1749-, g.m. enkja Brita Andersdtr. Tunes f. Havrå. Sjå Haus s. 439.
  4. Johannes 1752-, sjå Sedalen, leigebuarar.
  5. Mikkel 1755-, b. på Nepstad.
  6. Olav 1760-, b. på Jamne. Sjå plasset Jamnebrekka.
  7. Kristi 1766.
  8. Marta 1768-1823, ug.

Sjur g.2.g. 1785 m. Anna Gitlesdtr. Mele 1756. Sjå Gjerstad s. 386.

Born:

  1. Anders 1786-.

Enkja Anna g.2.g. 1793 m. em. Berge Bergesson Bleken.

1747 bygsla Knut Larsson Vaksdal eit bruk hjå Anders Nilsson Helle på 1 p. 16 1/2 m. smør skyld. Knut 1726-1820 var son åt Lars Monsson Vaksdal og kona Brita Nilsdtr. f. Herfindal. Sjå ættesoga nfr.

Ved arv hadde Knut vorte medeigar i eit bruk i Herfindalen. Dette bygsla han bort 1772 til Johannes Monsson Vaksdal. Han åtte også part i eit bruk i Sedalen. Det selde han 1750 til Nils Olsson Reistad.

Knut g.1.g. 1747 m. Anna, dtr. åt Tomas Nilsson Langeland frå Samnanger og kona Anna Bessesdtr. Skreiæ. Dei var brukarfolk i Sedalen.

Born:

  1. Mons 1748-, sjå Sedalen bnr. 9.
  2. Anna f. og d. 1751.
  3. Lars 1752-.
  4. Brita 1753-, g.m. Nils B. Skreiæ bnr. 2.
  5. Anna f. og d. 1758.
  6. Nils f. og d. 1759.
  7. Lars 1762-.
  8. Sjur 1767-, sjå bnr. 28.

Knut g.2.g. 1772 m. enkja Brita Knutsdtr. 1730-1815. Brita var g.1. g.m. Sjur Monsson Vaksdal. Sjå Herfindalen bnr. 8.

Born:

  1. Anna 1773-, g. 1798 m. Eirik Knutsson Herfindal. Sjå Sedalen, leigebuarar.
  2. Brita 1781-1803, ug.

Ca. 1750 vart Mons Andersson Kyrkje-Bruvik brukar her. Mons 1723-1788 var frå Kyrkje-Bruvik bnr. 10, g. 1750 m. Marta Olsdtr. Vaksdal d. 1794, 71 år gamal. Ho var truleg dotter åt brukaren Olav Eiriksson, sjå ofr.

Det vart halde skifte etter Mons 1788. Midlane i buet var vel 20 rdl. Nettoen var 3 rdl. 1 ort 2 sk. som enkja fekk til å dekkja gravferdsutlegga med.

Born:

  1. Kari 1751-1806, ug.
  2. Marta 1753-.
  3. Anders 1754-, b. i Store Sandviken i Bergen.
  4. Ma deli-, g.m. Anders Danielsson Vaksdal.
  5. Marta 1758-.
  6. Anders 1760-.
  7. Olav 1764-, var soldat 1788.
  8. Eirik 1768-1775, død ved drukning i Vaksdalselva.

Dei borna som er nemnde i skiftet etter Mons er Anders, Olav, Kari og Magdeli. Dei andre var då truleg døde før 1788.

BNR. 1

Gamalt løpenummer 61 i Arna skipreide. Landsskyld 27 merker smør, 3/8 hud eller 40 1/2 mork smør. Ny skyld 1838 2 dl. 18 sk. Ved skylddeling 1849 fekk bruket løpenummer 61 a, og skylda vart halvert til 20 1/4 mork smør. eller 1 dl. 9 sk. Nytt løpenummer 1853 491. Ny skyld 1886 1,29 skyldmark. 1905: 1,10 skyldmark, 1956: 0,93 skyldmark.

1863 var her, etter at bruket ved frådeling av bnr. 2 var minka ned til det halve, ei åkervidd på 3 1/5 mål. 1 4/5 mål var god åker 3/5 mål var middels god, 4/5 mål var ring åker. Engvidda var 14 mål. 4 4/5 mål var god eng, 1 1/2 mål var middels god, resten var ring.

Sånad: 4 1/2 t. havre, 3 t. poteter. Avling: 8 t. havre, 14 t. poteter,459 v. høy, 56 v. halm. I slåttene hausta dei 150 v. høy.

Fødnad: 5 kyr, 1 ungfe, 6 sauer, 1 hest.

1787 skøyte til Olav Johannesson Fossmark, bnr. 5, frå faren Johannes Fossmark. Sjå bolken eigarar framanfor. Olav og kona, Kari Johannesdtr., dreiv dette bruket til 1801. Då flytte dei til Dale bnr. 6. Sjå II s. 235.

1801 bygsla Johannes Johannesson Dale f. 1766. Johannes og kona Kari Olsdtr. dreiv dette bruket til 1807. Då flytte dei til Indre-Boge bnr. 6. Seinare budde dei i Sedalen og Skreiæ. Sjå II s. 235, Sedalen bnr. 6 og Skreiæ bnr. 1.

1808 makeskifteskøyte til Olav Andersson Steinsland. Han gjorde makeskifte med den tidlegare eigaren her, Olav Johannesson. Olav Johannesson fekk i vederlag Dalseid bnr. 1. Sjå III s. 434. Olav 1780-1853, son åt Malene og Anders Nilsson Steinsland, Os skipreide, var g.m. Anna Hansdtr. Nordvik 1780-1837.

Born:

  1. Anders 1803-, brukar her.
  2. Malene 1808-.
  3. Magdeli 1811-, g.m. Johannes Eiriksson Skreien. Sjå Ytre Arna s. 3.
  4. Sigrid 1814-.
  5. Hans 1816-, sjå bnr. 22.
  6. Nils 1819-, brukar her frå 1856.
  7. Siri 1822-.

1831 skøyte til Anders Olsson Vaksdal f. 1803 d. 1880, son åt den førre brukaren, g. 1832 m. Anna Nilsdtr. Ytre-Boge bnr. 1 f. 1812 død 1854. Dei var brukarfolk her til 1837. Då bytte dei dette bruket mot Sedalen bnr. 9. Der budde dei til 1840. Seinare budde dei på Ytre-Boge.

Born:

  1. Olav 1832-, g.m. Synneva Olsdtr. Blomdal, b. Blomdal bnr. 4
  2. Marta 1834-.
  3. Nils 1836-, skomakar, b. Vaksdal. Sjå Nils Olsnes, ættesoga Vaksdal.
  4. Erik 1839-1848.
  5. Hans 1839-1845.
  6. Anna 1842-.
  7. Tomas 1844-45.
  8. Erik 1849-, b. Australia, g.m. ei engelsk kvinne.
  9. Tomas, g. og b. på Grimsøy i Lofoten.

1837 makeskøyte til lensmann Kristian Jensson Bruvik mot vederlag i Sedalen bnr. 9.

Kristian Bruvik budde ei tid i Skreiæ. Sjå Skreiæ bnr. 3. 1830 vart han lensmann i Herdla skipreide. Han var busett i Litle-Bergen då han fekk skøyte på Vaksdal bnr. 1. Han skøytte bruket vidare året etter.

1838 skøyte til Haldor Johannesson Fossmark for 800 spd. Haldor var fødd 1808 på plasset Fossdalen, g. 1842 m. Helga Olsdtr. Kallestad bnr. 1 1822-1850. Sjå II s. 104 og III s. 62. Dei kom i økonomiske vanskar og måtte selja bruket 1844. Dei kjøpte det att 1846. 1848 gav Haldor skøyte til sonen Johannes. Han tok unna kår til seg og kona Helga. 1849 selde Haldor halve bruket til Anders Knutsson Grønsdal. Det var halde skifte etter Helga 1850. Bnr. 1 vart rekna med i buet, sidan sonen Johannes Haldorssen ikkje hadde betalt noko av kjøpesummen ved skøyte 1848.

Bruket var verdsett til 400 spd. Bruttosummen i buet var vel 465 spd. Gjelda var knapt 460 spd. Nettsummen 5 spd. og 16 sk. fekk enkjemannen. Jordegodset i buet vart utlagt til kreditorane Anders Olsson Faugstad, Thomas Andersson Faugstad, Olav Olsson Reigstad og Knut Larsson Kallestad. Dei gav skøyte 1850 til neste brukar.

Haldor Johannesson og Helga Olsdtr. hadde desse borna:

  1. Johannes 1843-.
  2. Olav 1846-.
  3. Brita 1844-.
  4. Olav 1849-.

1844 skøyte til Tomas Johannesson Skaftå for 1000 spd. Tomas f. på Skaftå bnr. 1 1824 var g.m. Brita Knutsdtr. Stokke bnr. 5 f. 1822. Dei bytte dette bruket same året mot eit bruk i Indre-Boge. Sjå Indre-Boge bnr. 4.

1844 makeskifteskøyte til Nils Knutsson Indre-Boge mot vederlag i Indre-Boge bnr. 4. Han sat med dette bruket 2 år. 1846 selde han det til den tidlegare brukaren Haldor Johannesson. Sjå ovanfor. Huslydopplysningar for Nils Knutsson og kona Jorunn Nilsdtr.: Sjå Indre-Boge bnr. 4.

1850 skøyte til Peder Johannesson Kobbeltveit for 400 spd. frå dei som hadde fått bruket utlagt i skiftet etter Helga Olsdtr. 1850. Sjå ovanfor. Peder Johannesson skulle vera busett i Sedalen. Han var ikkje heime 1856, då skøyte var gjeve til neste brukar.

1856 skøyte til Nils Olsson Vaksdal frå Brita Eliasdtr. Sedalen på vegne av mannen hennar, Peder Johannesson Kobbeltveit. Kjøpesum 350 spd.

Nils f. 1819 var son åt ein tidlegare brukar på dette bruket, Olav Andersson Steinsland, sjå ovanfor, g. 1851 m. Brita Olsdtr. Børslien f. 1824. Sjå II s. 22.

Born:

  1. Olav 1852-.
  2. Olav 1855-, sjå Sedalen bnr. 2 og Vaksdal bnr. 27.
  3. Anna 1858-.
  4. Johannes 1862-1864.
  5. Hans 1862-1864.
  6. Johannes 1865-.

1866 skøyte til Olav Nilsson f. 1855 for 350 spd. og kår til foreldra, verdsett til 150 spd. for 5 år. Same året vart det halde delings- og skyldsetjingsforretning. Bruket vart delt i løpenummer 491 a med ny skyld 1 dl. 6 sk. og 491 b med skyld 3 sk. Det siste bnr. var overdrege ved arvefestebrev til Gerdt Meyer.

1869 skøyte til Olav Knutsson Vaksdal for 600 spd. mot at kjøparen forpliktar seg til om 3 år å gje skøyte på bnr. 27 til Olav Nilsson. Det var faren Nils Olsson som fødd verje for sonen Olav Nilsson, som gav dette skøytet.

1870 skøyte til Mons Nilsson for 820 spd.

1871 skøyte til Gerdt Meyer for 820 spd. 1874 gav Gerdt Meyer festesetel til den tidlegare brukaren Nils Olsson på Tveitåkeren.

1915 skøyte til A/S Gerdt Meyer på dette m.fl. bnr. for 1 mill. kr.

1919 skøyte til Den Norske Stat for bnr. 1 m.fl. for 5,6 mill. kr.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle for bnr. 1 m.fl. bnr. Kjøpesummen

var kr. 9.087.854,29.

BNR. 2

Daglegnamn: Ingridane.

Skilt frå bnr. 1 1849. Gamalt løpenummer 61 b. 1853 nytt løpenummer 492. Gamal landsskyld 13 1/2 mork smør, 3/16 hud eller 20 1/4 mork smør. Ny skyld1 dl. 9 sk. 1886: 1,28 skyldmark. 1905: 1,25 skyldmark. 1956: 0,03 skyldmark.

Etter Herredsbeskrivelsen 1863 var åkervidda 3 1/5 mål. 1 4/5 mål var god åker, 3/5 mål middels god, 4/5 mål ring åker. Engvidda var 14 mål. Av det var 4 4/5 mål god eng, 1 1/2 mål middels god, resten var ring. Sånad: 2 t. havre, 3 t. poteter. Avling: 7-8 t. havre, 14 t. poteter, 415 v. høy, 56 v. halm. I slåttene 150 v. høy. Fødnad: 5 storfe, 1 ungfe, 12 sauer.

1875: Sånad: 1 1/2 t. havre, 5 t. poteter. Fødnad: 7 kyr, 2 ungfe, 7 sauer.

1845 skøyte til Anders Knutsson Grønsdal frå Johannes Haldorsson ved verja Haldor Johannesson Vaksdal. Sjå bnr. 1. Anders f. 1799 var g.m. Malena Steinsdtr. Haug. Sjå Samnanger I s. 568. Bruket vart selt året etter. Dei har truleg ikkje vore busette her.

1850 skøyte for 300 spd. til Johannes Tomasson Stavenes bnr. 1 1813-1899, g.m. Ingrid Vikingsdtr. Tunes 1816-1888. Dei var bornlause. 1865 selde dei bruket og tok kår.

1865 skøyte til Mikkel Nilsson Ytre-Boge for 200 spd. og kår verdsett til 142 spd. 60 sk. for 5 år. Det vart halde skylddelingsforretning 1866. Da vart det fråskilt ein part som vart overdregen ved arvefestebrev til Gerdt Meyer. Sjå bnr. 4.

Mikkel 1865-1898 var frå Ytre-Boge bnr. 1, g.m. Magdeli Olsdtr. Rødberg 1837-1918.

Born:

  1. Johannes 1866-.
  2. Berta 1870-, g.m. Abraham Olsen, b. Vaksdal. Sjå ættesoga nfr.
  3. Nils f. og d. 1871.
  4. Ingeborg 1872-1873.
  5. Olina 1873-, b. Odda, g.m. Nils Peder Eilertsen.
  6. Ingeborg 1875-, g.m. Arne Samuelsen, Vaksdal. Sjå ættesoga. Johanna
  7. Nils 1878-, brukar her.

1899 skøyte på bnr. 2 og 12 til Nils Mikkelsson Vaksdal 1878-1963, g.m. Berta 1877-1949, dtr. åt Olav Ingebrigtsson Indre-Bruvik og kona Synneva Tomasdtr. Sjå Ytre Arna s. 43.

1916 vart det tinglyst handgjeving mellom Nils Vaksdal og A/S Gerdt Meyer på part i Vaksdalselva, med visse vilkår, mellom anna om grunn m.m. Størsteparten av bnr. 2 og 12 vart etter kvart frådelt og overteke

av A/S Vaksdal Mølle. Nils og Berta kjøpte seinare gard i Ramnes ved Tønsberg og flytte dit med huslyden sin.

Born:

  1. Madli 1899-, b. Tønsberg g.m. Kristoffer Olsen.
  2. Mikael 1901-, gardbrukar i Ramnes ved Tønsberg.
  3. Olav 1904-, styrmann, b. Sem, g.m. Margit.
  4. Sigurd 1906-, b. Ramnes, g.m. Karen.
  5. Monrad 1909-, b. Ramnes, g.m. Ester.
  6. Nils 1911-1913.
  7. Nolevande 1911-, b. Ramnes, g.m. Olav Stokke.
  8. Nolevande 1913-, arbeidar, busett Rakkås i Sem, g.m. Johanne.
  9. Johanna f. og d. 1917.

I den nye grunnboka er bnr. 2 oppført med ei skyld på 0,03 skyldmark, og fylgjande heimelsinnehavarar: Heimel til 1/3 hadde Ole J. Fossdal 1878-1954 og kona Kari Anna f. 1885. Ho sit i uskift bu, og er heimelsinnehaver frå 1954. Sjå Jamne bnr. 7. Heimel til 1/3 hadde Jacob Andreas Olsnes 1880-1938 og kona Selma 1888-1967. Ho sat i uskift bu frå 1938. Sjå ættesoga.

Heimel til 1/3 hadde Ingolf Faugstad og kona Astrid, Johan Hanevik og kona Ingeborg, Arthur J. Vaksdal og kona Myrtle. Sjå ættesoga.


BNR. 3

Vaksdal Møllebruk. Utskilt 1867 frå bnr. 2, 5, 6, 12, 16, 21, 24, 25 og 28 med gamal skyld 6 sk. Ny skyld 0,07 skyldmark.

1877 skøyte til Gerdt Meyer frå Tomas Tomasson Vaksdal, Olav Knutsson Vaksdal, Tomas Pedersson Vaksdal og brukarane på dei andre bruka som bnr. 3 var skilt ut frå.

1915 skøyte til A/S Gerdt Meyer på bnr. 3 m.fl. bnr.

1919 skøyte til Den Norske Stat.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle på bnr. 3 m.fl. bnr. Sjå bnr. 1 ovanfor.


BNR. 4

Skilt frå bnr. 2 1881. Løpenummer 492 b. Skyld 1 sk. Ny skyld 1886 0,01 skyldmark.

1881 skøyte til Gerdt Meyer for kr. 329.

1915 skøyte til A/S Gerdt Meyer på bnr. 4 m.fl. bnr.

1919 skøyte til Den Norske Stat på bnr. 4 m.fl. bnr.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle på bnr. 4 m.fl. bnr. Kjøpesummar: Sjå bnr. 1.

BNR. 5

Daglegnamn: Skuletomas eller Skulane.

Gamalt løpenummer 62. 1849 då bnr. 6 vart frådelt, fekk bnr. 5 løpenummer 62 a. 1853 nytt løpenummer 493.

Gamal landskyld 27 m. smør, 3/8 hud. Skatteskyld 36 m. smør. Ny skyld 1838: 1 d. 4 ort 14 sk. 1853 gamal skyld 30 6/7 m. smør. ny skyld 1 dl. 3 ort 6 sk. 1855

ny skylddeling mellom løpenummer 494, slik at båe vart jamstore. Dette bruket fekk då ny skyld 4 ort 19 sk., gamal skyld 18 m. smør. 1886: 1,06 skyldmark.

1863 var det på bruket 5 1/2 mål åker. 1 2/3 mål var god åker, 3 mål middels god, resten var ring. Engvidda var 13 1/5 mål. 3 3/5 mål var god eng, 1 4/5 mål middels god, resten var ring. Sånad: 2 t. havre, 4 t. poteter. Avling: 8 t. havre, 16 t. poteter, 387 v. høy, 56 v. halm. Frå slåttene fekk dei 150 v. høy. Fødnad: 4 kyr, 1 ungfe, 16 sauer. Desse tala er frå ei tid då bruket berre var helvta så stort som det hadde vore fram til 1849.

1755 bygsla Johannes Tørresson Skreiæ 1733-1790 g.m. Ingeborg Johannesdtr. Helle bnr. 7 1736-1807. Ingeborg g.2.g.m. Olav Ivarson Dale bnr. 8. Sjå II s. 165 og 239.

Ved skiftet etter Johannes 1791 var bruttosummen i buet vel 98 rdl.,

nettoen vel 79 rdl. Enkja ervde halvparten. Resten vart delt likt mellom sønene Tørres og Johannes. Dei var dei einaste av borna som levde då.

Born:

  1. Anna 1756-, d. før 1790.
  2. Tørres 1758-, d. før 1790.
  3. Tørres 1759-, d. før 1790.
  4. Brita 1761-, d. før 1790.
  5. Johannes 1763-, d. før 1790.
  6. Tørres 1768-, brukar her.
  7. Johannes 1777-, var med i skiftet etter faren 1791.

Omframt desse borna hadde Johannes Tørresson ein son Olav, f. 1781. Mor hans var Torbjørg Olsdtr. Langhelle.

1800 skøyte til Tørres Johannesson Vaksdal frå Olav Monsson Øvste Mjelde m.fl. eigarar. Sjå eigarsoga ovanfor. Tørres hadde bygsla bruket åt faren 1791. No vart han sjølveigar. Kjøpesummen 498 rdl., fekk han låna hjå Olav Sjursson Mo og Mikkel Danielsson Boge. Dei fekk båe 1. prioritetspant i kvar si helvt av bruket. Pantobligasjonane vart avlyste 1807 og 1810. Da Tørres overtok bruket, var fødnaden 6 kyr og 8 sauer.

Tørres 1768-1837 var g.m. Anna Tomasdtr. Herfindalen bnr. 8 1767-1831.

Born:

  1. Ingeborg 1792-, g.m. Tomas Nilsson. Sjå Sedalen bnr. 3.
  2. Johannes 1794-, brukar her.
  3. Tomas 1797-.
  4. Synneva 1800-1820, ug. b. her.

1812 skøyte til Johannes Tørresson for 400 rdl. og kår til foreldra, verdt 60 rdl. årleg. Johannes f.1794 var g. 1812 m. Marta Nilsdtr. f. 1780. Sjå Sedalen bnr. 1.

Born:

  1. Synneva 1815-.
  2. Tørres f. og d. 1816.
  3. Tørres 1817-, brukar her.
  4. Nils 1820-.
  5. Haldor 1822-.
  6. Tomas 1824-, reiste 1850 til U.S.A.
  7. Synneva 1828-.

1839 skøyte for 700 spd. til Johannes Andersson 1807-1882, g.m. Marta Knutsdtr. Indre-Boge bnr. 1 1812-1876. Dei var brukarfolk i Skreiæ 1829-1836. Då dei kom hit, kom dei frå Sedalen. Sjå Skreiæ bnr. 1 og Sedalen bnr. 6. Johannes og Marta hadde ikkje born. Dei selde bruket vidare til bror åt Johannes. Johannes og Marta var brukarfolk her til 1844. Då fekk dei kår hjå den nye eigaren.

1839 skøyte til Sjur Andersson for 200 spd. og kår til seljaren og kona. I kårbrevet 1839 og 1844 er kona kalla Magdeli Knutsdtr. Dei fekk nytt kårbrev under den nye eigaren 1844. Sjur Andersson f. 1816 var frå Skreiæ bnr. 1, g. 1841 m. Marta Johannesdtr. Sedalen bnr. 1 f. 1819.

Born:

  1. Gunhild 1842-.
  2. Anders 1843-.

1844 skøyte til Tørres Johannesson Vaksdal f. 1817 for 500 spd. Far hans hadde vore eigar av dette bruket. Sjå ovanfor.

1846 skøyte til Olav Johannesson Bruvik på halve bruket for 400 spd.

1846 skøyte til Tomas Tomasson Skaftå frå Olav Johannesson Bruvik og Tørres Johannesson Vaksdal på kvar si helvt av dette bruket. Den nye eigaren vart sitjande med heile bruket til 1849. Då skilde han frå ein del. Sjå bnr. 6.

Tomas 1818-1883 var frå Skaftå bnr. 2, g.m. Ingebjørg Johannesdtr. Skjerping f. 1819. Sjå Gjerstad s. 345. Tomas var lærar og vart difor kalla Skuletomas.

Born:

  1. Tomas 1847-, brukar her.
  2. Brita 1850-, g. 1880 m. Johannes Sjursson Risnes frå Hyllestad.
  3. Agate 1855-, g.m. Anders D. Tveiterås, Tysse. Sjå Samnanger II s. 196.

1876 skøyte på bnr. 5 og 6 til Tomas Tomasson for 250 spd. og kår

verdsett til 125 spd.

Tomas 1847, gardbrukar og handelsbetjent, var g.m. Ingeborg Nilsdtr. Jamne bnr. 1, 1846. Då Tomas selde bruket 1899, flytte han til Ølen. Der dreiv han gard til 1909. Seinare budde han 2 år i Sandeid.

Born:

  1. Ingeborg 1870-, g.m. Andreas Skulstad, b. Bergen. Sjå Haus s. 290.
  2. Tomas 1873-, visstnok b. USA, g. 1894 m. Inga Gjertine Hansdtr. Rønhovde
  3. 1873. Sjå Ytre Arna s. 49.
  4. Nils 1875-1876.
  5. Nils 1878-1945, b. U.S.A., g.m. Karina Johannesdtr. Hustveit frå Ølen i Sunnhordland f. 1872.
  6. Karoline 1880-, b. Samnanger.
  7. Anna 1882-1886.
  8. Alfred 1886-, ingeniør, b. USA.

1899 skøyte til Gerdt Meyer. Seinare eigarskifte: Sjå bnr. 1.

BNR. 6

Daglegnamn: Klokkarane.

Gamalt løpenummer 62 d. Nytt løpenummer 494.

Då dette bruket vart skilt frå bnr. 5, vart det halde 2 skylddelingar. Den fyrste vart halden 1849. Då vart det skilt frå 1/7 av det gamle bnr. 5. Det nye bruket fekk løpenummer 494, gamalt løpenummer 62 b, gamal skyld 5 1/7 mork smør, ny skyld 1 ort 8 sk. 1855 kjøpte brukaren på bnr. 5 dette bruket attende. Same året heldt han ny skylddeling på dei to bruka sine, løpenummer 493 og 494, og delte dei i to like store delar. Løpenummer 494 fekk då ny skyld 4 ort 19 sk., gamal skyld 18 merker smør. 1886: Gamal skyld 2 ort, ny skyld 0,53 skyldmark.

1863 var åkervidda 5 1/2 mål, 1 2/3 mål var god åker, 3 mål middels god, resten var ring. Engvidda var 13 1/5 mål. 3 3/5 mål var god eng, 1 4/5 mål middels god, resten var ring. Sånad: 2 t. havre, 4 t. poteter. Avling: 8 t. havre, 16 t. poteter, 578 v. høy, 56 v. halm. Frå slåttene fekk dei 150 v. høy. Fødnad: 4 kyr, 1 ungfe, 16 sauer.

1849 skøyte til Tomas Ingebrigtsson Dale for 200 spd. Tomas f. 1825 var frå Dale bnr. 1, g.m. Sigrid Johannesdtr. Fossdal. Sjå II s. 104 og 230.

Born:

  1. Ingebrigt 1847-.
  2. Johannes 1849-.
  3. Brita 1850-1854.

1855 skøyte til Tomas Tomasson for 200 spd. Sjå bnr. 5.

1855 skøyte til Jon Magnesson Løtveit for 250 spd. Jon var fødd på

Ytre-Bruvik bnr. 1 1822, g. 1852 m. Ingeborg Johannesdtr. Ytre-Bruvik bnr. 6 f. 1821. 1853 kjøpte dei Løtveit bnr. 5. Dette bruket selde dei då dei flytte til Vaksdal. 1861 gjorde dei makeskifte med neste eigar. Dei overtok då Herfindalen bnr. 1.

1861 makeskøyte til Anders Olsson Herfindal f. 1829, g.m. Anna Olsdtr. Langhelle f. 1831. Anders var lærar i Bruvik sokn. Han var ordførar i Bruvik ein periode. Han dreiv også som koppevaksinatør. 1876 flytte han med huslyden til Vik. Der var dei berre ei kort tid. Deretter flytte dei til Borge i Arna sokn. Sjå Arna s. 431. Seinare skal dei ha busett seg i Ølen.

Born:

  1. Olav 1854-, tømmermann, g. 1880 m. Kari Jensdtr. Espeland 1859
  2. Magdeli 1860-, g.m. Jakob K. Vik bnr. 5.
  3. Olav 1864-.
  4. Anders 1864-.
  5. Sivert 1867-.
  6. Dortea 1870-.
  7. Johannes f. og d. 1872.

1876 skøyte til Tomas Tomasson Vaksdal for 400 spd. Han åtte også bnr. 5. Sjå ovanfor.

1899 skøyte til Gerdt Meyer på bnr. 5 og 6 for kr. 10 000.

1915 skøyte til A/S Gerdt Meyer. Seinare overdragingar til Den Norske Stat og A/S Vaksdal Mølle: Sjå bnr. 1.

BNR. 7

Daglegnamn: Tveitane.

Skilt frå bnr. 5 1885, løpenr. 493 a a 1, skyld 12 sk. 1886 ny skyld 0,14 skm. 1939 samanføyd med bnr. 10, 17, 22 og 31 under felles bnr. 22.

1885 skøyte til Jakob Hansson Vaksdal. Sjå bnr. 22.

1921 skøyte til Mons Arnesson Bernes. Sjå bnr. 22.


BNR. 8

Skilt frå bnr. 5 og 6 1872. Løpenr. 493 a b og 494 a b. Gamal skyld 2 sk. 1886 ny skyld 0,02 skm.

1873 skøyte til Gerdt Meyer, seinare eigarskifte sjå bnr. 1.


BNR. 9

Skilt frå bnr. 5 1878. Løpenr. 493 a c. Gamal skyld 1 sk. 1886 ny skyld 0,01 skm.

1878 skøyte til Gerdt Meyer, seinare eigarskifte sjå bnr. 1.


BNR. 10

Daglegnamn: Tveitane.

Skilt frå bnr. 6 1885 med løpenr. 494 a a 1. Gamal skyld 6 sk. Ny skyld 0,06 skm. 1939 samanføyd med bnr. 7, 17, 22 og 31 til felles bnr. 22.

1885 skøyte til Jakob Hansson Vaksdal. Sjå bnr. 22.

1921 skøyte til Mons Arnesson Bernes. Sjå bnr. 22.


BNR. 11

Skilt frå bnr. 6 1889. Løpenummer 494 a a 2. Gamal skyld 1 sk., ny skyld 0,01 skm.

1889 skøyte til Sjur Andersson Bruvik 1849-. Sjå ættesoga.

1883 skøyte til Karl Steffensson Åstveit 1856-. Sjå ættesoga. 1918 skøyte til Lars Nilsson Eide 1874-. Sjå ættesoga.

1967 skøyte til Nolevande 1937-, sonedotter åt den førre eigaren. Liv f. Eide er g.m. Lars Fauske. Sjå ættesoga.


BNR. 12

Skilt frå bnr. 5 1876. Løpenummer 494 a a 1. Gamal skyld 2 ort 8 sk. 1886 gamal skyld 2 ort 6 sk. Ny skyld 0,58 skyldmark.

1876 skøyte til Mikkel Nilsson Vaksdal, sjå bnr. 2. Kona Madli Olsdtr. sat i uskift bu frå 1898.

1899 skøyte til Nils Mikkelsson Vaksdal, sjå bnr. 2. Bnr. 12 er no stroke av matrikkelen etter samanføyning med bnr. 2.


BNR. 13

Skilt frå bnr. 12 1881. Gamal skyld 1 sk. 1886 ny skyld 0,01 skyldmark.

1881 skøyte til Anders Padøen f. 1848. Sjå ættesoga.

1908 skøyte til Ingvald Johan Andersson Padøen 1891-1960, b. U.S.A.

1924 skøyte til Ole O. Sæterdal f. 1880. Sjå ættesoga.

1929 skøyte til Sigfred Olsson Sæterdal f. 1906. Sjå ættesoga.

1937 skøyte til Bernhard Kristoffer Knutsen f. 1896. Sjå ættesoga.


BNR. 14

Skilt frå bnr. 56 1878. Løpenummer 494 a d, gamal skyld 1 sk., ny skyld 0,01 skyldmark.

1878 skøyte på bnr. 14 og bnr. 9 til Gerdt Meyer. Seinare eigarskifte, sjå bnr. 1.


BNR. 15

Fredheim. Skilt frå bnr. 12 1879. Løpenummer 494 a e, gamal skyld 1 sk., ny skyld 0,01 skyldmark. 1950: Samanføyning av bnr. 15, 44 og 76, under felles bnr. 15.

1879 skøyte til Eilef Olsson Hesjedal f. 1850. Sjå ættesoga.

1899 skøyte til Ole Eilefsen f. 1871. Sjå ættesoga.

1921 skøyte på bnr. 15, 44 og 76 til Lars Eriksen f. 1850, sjå ættesoga.

1923 skøyte til Edvard Larsson Vaksdal 1877-1950, ug. kafevert, b. Bergen, son åt Lars Eriksen. Sjå ofr. og ættesoga.

1950 skøyte til Vaksdal Kooperative Handelslag på bnr. 15 og 154 frå arvingane etter Edvard Larsson Vaksdal.

BNR. 16

Daglegnamn: Andersane, seinare Madlijorda.

Gamalt løpenr. 63, nytt løpenr. 495. Frå 1855 løpenr. 495 a. Gamal skyld 2 pund, 6 6/7 merker smør, eller 1 pund, 12 merker smør og 1/2 hud. 1838:1 dl. 4 ort 8 sk. 1855:1 dl. 2 ort 4 sk. 1886: Gamal skyld 1 dl. 21 sk., ny skyld 1,55 skm. 1956: 1,23 skm.

1863 var åkervidda på bruket 4 2/3 mål. 3 1/3 mål var god åker, resten var middels god. Engvidda var 25 4/5 mål. 6 4 /5 mål var god eng, 2 mål var middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånad 2 1/2 t. havre, 3 1/2 t. poteter. Avling: 10-11 t. havre, 14-15 t. poteter, 540 v. høy, 77 v. halm. Frå slåttene fekk dei 180 v. høy. Fødnad: 1 hest, 5 kyr, 2 ungfe, 12 sauer.


1781 skøyte til Anders Danielsson Indre-Boge frå Anders Sjursson Kolldal, Fusa. Anders 1757-1824 var frå Indre-Boge bnr. 1, g.m. Magdeli Monsdtr. Vaksdal 1755-1815. Sjå brukarar før 1750. Ved skiftet etter Magdeli 1815 var nettosummen i buet vel 549 rdl. Av dette var det 168 rdl. i kontantar. Sylvet var verdsett til 90 rdl. 4 ort 8 sk. Det mest verdfulle var eit forgylt sylvbelte med 19 store og 4 små stølar, og med sprotte og sylje. Det var verdsett til 50 rdl. Kjørel og anna innbu som var laga av kopar var verdsett til 151 rdl. Det var ikkje jordegods i buet. Magdeli og Anders hadde late garden frå seg 1799. Arven vart delt likt mellom enkjemannen og dei 2 døtrene Anna og Marta.

1824 vart det halde skifte etter Anders. Han var då kårmann. Nettosummen i buet var vel 941 spd. Mykje av desse pengane var ute på lån. Ein 1. prioritets pantobligasjon i eit bruk i Herfindalen, tinglyst 1792, lydde på 45 spd. Ein annan pantobligasjon, tinglyst 1820, i garden Lid, lydde på 130 spd. To brukarar på garden Brekke hadde 1822 fått tinglyst pantobligasjonar på tilsaman 190 spd.

Born:

  1. Daniel f. og d. 1782.
  2. Anders 1782 d. før 1815.
  3. Anna 1783-, g.m. neste brukar.
  4. Marta 1785-, g.m. Nils Eiriksson Ytre

1799 skøyte til Knut Nilsson Ytre-Boge 1772-1861, g. 1801 m. Anna Andersdtr. Vaksdal 1783-1831. Foreldra hennar, som hadde hatt bruket før, fekk tinglyst kår. Knut var frå Ytre-Boge bnr. 1. 1810 fekk han skøyte på Indre-Boge bnr. 6. Han selde dette bruket vidare same året til verfaren Anders Danielsson Vaksdal. Anders gav Knut bygselsetel på Indre-Boge bnr. 6, men det ser ikkje ut til at Knut Nilsson vart brukar der. Bruket på Boge gjekk 1812 attende til den gamle eigaren, Johannes Johannesson Vaksdal.

Born:

  1. Magdeli 1804-, g.m. Johannes J. Jamne bnr. 12.
  2. Nils 1806-, g.m. Synneva Nilsdtr. Jamne, b. Indre
  3. Anders 1807-, brukar her.
  4. Brita 1809-, g.m. Olav Tomasson Stavenes bnr. 1.
  5. Kari f. og d. 1812.
  6. Kari 1813-, g.m. Mons Johannesson Jamne. Sjå plasset Nethovden, Jamne.
  7. Nils 1817-, sjå bnr. 21.
  8. Marta f. og d. 1822.
  9. Peder f. og d. 1826.
  10. Nils 1836-1839.

1828 skøyte til Anders Knutsson for 95 spd. og kår til foreldra. Anders 1807-1845 var g. 1831 m. Maria Einarsdtr. Indre Songstad 1807-1844. Sjå Haus s. 373. Ved skiftet etter Maria var dette bruket verdsett til 350 spd. Nettosummen i buet var 301 spd. 2 mark 10 sk. Ved skiftet etter Anders 1845 var bruket verdsett til 370 spd. Bruttosummen i buet var 605 spd. Nettoen var 241 spd.

Born:

  1. Knut 1832-, brukar her.
  2. Anna f. og d. 1834.
  3. Anna 1835-.
  4. Anders 1837-, tekstilarbeidar, Dale, g.m. Maria Mikkelsdtr. Langhelle bnr. 6. Sjå bnr. 26.
  5. Nils 1838-, d. for 1840.
  6. Nils 1841-, sjå bnr. 25.
  7. Johannes f. og d. 1843.

1845 skifteskøyte til Knut Andersson 1832-1913, g. 1853 m. Magdeli Johannesdtr. Ytre-Boge bnr. 4 1833-1907.

1855 var bruket delt i 2 jamstore partar. Den eine, bnr. 21, selde Knut til farbroren Nils. 1857 selde han den andre helvta til Anders Knutsson Herfindal. Knut og huslyden flytte til Breistein. Der kjøpte Knut eit

fraktefartøy og dreiv det nokre år. Seinare kom han hit att og tok til i arbeid ved Vaksdal Mølle. Han bygde seg hus nede ved sjøen. Alfred Knutsen eig dette huset no.

Born:

  1. Anders f. og d. 1854.
  2. Maria 1855-1856.
  3. Anders 1857-, sjå bnr. 19 og Ytre
  4. Johannes 1862-, sjå ættesoga.
  5. Knut 1875-1965, sjømann, b. Bergen til 1940. Seinare budde han på Vaksdal hjå broren Johannes.

1857 skøyte for 700 spd. til Anders Knutsson Herfindal 1832-1892, g. 1856 m. Magdeli Nilsdtr. Ytre-Boge bnr. 1 1833-1916. Sjå Herfindalen bnr. 8.

Born:

  1. Nils 1857-1927, ug., dreiv dette bruket ei tid, hadde føderåd her frå 1897.
  2. Knut 1858-, sjå ættesoga.
  3. Anna 1861-1943, b. Wisconsin, U.S.A. frå 1883, g.m. Ole Husdal.
  4. Johannes 1863-1864.
  5. Brita 1865-, g.m. neste brukar.
  6. Andreas 1870-, b. i U.S.A. frå 1897, farmar i Mantoreb, Wisconsin, g. 2.g. m. Anna Berge frå Bergsdalen.
  7. Johanna 1871-, b. Mantoreb, Wisconsin, U.S.A. g.m. farmar Judd. Johannes 1873
  8. Andrina 1876-1877.
  9. Andrina 1879-, b. Mantoreb, Wisconsin, U.S.A. g.m. Sivert Engen.

1886 skøyte til Erik Eriksson Sæterdal 1861-1917, g.m. Brita Andersdtr. Vaksdal bnr. 16 1865-1938. Sjå ovanfor og Sedalen bnr. 7. 1897 flytte dei til Herfindal bnr. 8, og dreiv det bruket nokre år. Seinare budde dei i Hermundsdal i Evanger. Dei kom attende til Vaksdal. Erik arbeidde seinare ved Vaksdal Mølle

Born:

  1. Enevald Herfindal 1884-, b. Vaksdal. Sjå ættesoga.
  2. Anders Hermundsdal 1887-, b. Jamne. Sjå ættesoga.
  3. Elisabeth 1889-.
  4. Albert Johan Eriksen 1891-. Sjå ættesoga.
  5. Martin Hermundsdal 1895-1961, b. Vaksdal, ug.
  6. Knut Hermundsdal 1899-, b. Vaksdal. Sjå ættesoga.
  7. Elida 1902-1955, ug.
  8. Anna Maria 1906-1971, g.m. Mikael Bruvik, Indre

1897 skøyte til Anton Vaksdal f. 1894 d. ug. i U.S.A. ca. 1914. Anton

var son åt Andreas Andersson Vaksdal f. på bnr. 16 1870, b. U.S.A. frå

1897. Sjå ofr.

1900 skøyte til Nils Nilsson Vaksdal 1875-1912, g.m. Marta Johannesdtr. Hovden 1879-1947. Nils var frå Vaksdal bnr. 25.

Born:

  1. Sverre Johan 1902-, brukar her.
  2. Kristina f. og d. 1904.
  3. Nolevande 1910-. Sjå bnr. 54 og 55.

1948 skøyte til Sverre Johan Nilsen f. 1902, sjå ovanfor, g.m. Hanna f. 1909, dtr. åt Johannes Birkeland og kona Anna f. Fotland.

Born:

  1. Nolevande 1940-, b. Espeland, g.m. Kjell Nybø.
  2. Nolevande 1947-, brukar her.

1972 skøyte til Nolevande f. 1947, g.m. Nolevande f. 1948. Sjå II s. 240.

Born:

  1. Nolevande 1971-.
  2. Nolevande 1975-.

BNR. 17

Daglegnamn: Tveitane.

Skilt frå bnr. 16 1881. Løpenr. 495 a a 1. Gamal skyld 1 ort, ny skyld 0,26 skm. 1939 samanføyd med bnr. 7, 10, 31 og 22 under felles bnr.

1881 skøyte til Jakob Hansson Vaksdal. Sjå bnr. 22.

1921 skøyte til Mons A. Bernes. Seinare eigarskifte: Sjå bnr. 22.


BNR. 18

Skilt frå bnr. 16 1882. Løpenr. 495 a a 2. Gamal skyld 1 sk., ny skyld 0,01 skm. Areal 516 m2. Eigedomen er nytta til hustomt.

1882 skøyte til Johannes Johannesson Kvitingen f. 1856. Sjå ættesoga.

1925 skøyte til Sten Johan Nyheim f. 1872. Sjå ættesoga.

1949 skøyte til Marta Karoline Nyheim f. 1903, enkja etter Sten Johan

Nyheim.

BNR. 19

Skilt frå bnr. 16 1882. Areal 155 m2. Løpenr. 495 a a 3. Gamal skyld 1 sk., 1886 ny skyld 0,01 skm.


1882 skøyte til Anders Knutsson Vaksdal 1857-1915. Far hans, Knut Andersson, hadde vore brukar på bnr. 16 til 1857. Då budde dei på Breistein nokre år. Anders Knutsson brukte Breistein som familienamn ei tid. Men 1886 fekk han skøyte på Ytre-Boge bnr. 5 og flytte dit. Huslydopplysningar: Sjå Ytre-Boge bnr. 5.

1920 skøyte til sonen Johannes Andersson Boge f. 1894. Sjå ættesoga.

1943 skøyte til systerson Nolevande f. 1924. Sjå ættesoga.


BNR. 20

Skilt frå bnr. 16 1882. Løpenr. 495 a a 4. Gamal skyld 1 sk. 1886 ny skyld 0,01 skm. Hustomt på Brualeitet.


1882 skøyte til Ole Kalleklev f. 1848. Sjå ættesoga.

1908 skøyte til Bard Knutsen f. 1872. Sjå ættesoga.

1938 skøyte til Leofred Knutsen på bnr. 20 og 95. Sjå ættesoga.

BNR. 21

Daglegnamn: Nordvikane.

Skilt frå bnr. 16 1855. Løpenr. 495 b, skyld 1 dl. 1 ort 4 sk. Gamal skyld 27 mrk. smør. 1886 ny skyld 1,54 skm.

1863 var åkervidda 4 2/3 mål. 3 1/3 mål var god åker, 1 1/3 mål middels god. Engvidda var 25 4/5 mål, 6 4/5 mål var god eng, 2 mål middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånad: 2 1/2 t. havre, 3 1/2 t. poteter. Avling: 10-11 t. havre, 15-16 t. poteter, 540 v. høy, 77 v. halm. I slåttene hausta dei 180 v. høy. Fødnad: 4 kyr, 1 ungfe, 15 sauer.

1875 fødnad: 1 hest, 5 kyr, 3 ungfe, 6 sauer. Sånad: 2 1/2 t. havre, 4 t. poteter.


1855 skøyte til Nils Knutsson Vaksdal frå brorsonen Knut Andersson, brukar på bnr. 16. Knut delte bruket sitt i to like deler. Han gav skøyte til farbroren på helvta av den gamle farsgarden for 400 spd. Nils Knutsson 1817-1889 var g. 1844 m. Synneva Nilsdtr. Jamne bnr. 1 1823-1908. Dei budde ei tid i Ytre Arna. Seinare dreiv dei garden Nordvik i Samnanger. Sjå Ytre Arna s. 5 og Samnanger I s. 365.

Born:

  1. Anna 1844-1862, ug.
  2. Kari 1845-, g. i Sedalen?
  3. Knut 1849-, brukar her.
  4. Anna 1856-.
  5. Nils 1858-, g. 1887 m. Anna Margrete Nilsdtr. Sæterdal. Sjå Ytre Arna s. 86.
  6. Kari 1856-, g. 1878 m. Haldor Olsson Sæterdal, Vaksdal. Sjå ættesoga.

1880 skøyte til Knut Nilsson Vaksdal 1849-1925, gardbrukar, g.m. Sigrid Olsdtr. 1858-1923. Sjå Sedalen bnr. 7.

Born:

  1. Nils 1881-1966, g.m. Sofia Bertina 1881, dtr. åt Anna og Andreas Ekanger, Dale bnr. 16. Sjå II s. 249.
  2. Ole 1882-1952, b. U.S.A. Gift.
  3. Alfred 1884-1908, ug.
  4. Johannes Norvik 1885-, lektor og skuledirektør i Oslo. G.m. Erna Genoveva 1902
  5. Sofie 1887-1919, ug.
  6. Gjertine 1889-1929, ug.
  7. Ingeborg 1891-1956, ug.
  8. Askild 1896-, brukar her. Sjå nedanfor.

1926 skøyte til Askild Knutsson Nordvik, son åt den førre brukaren. Askild 1896-1974, gardbrukar og mylnearbeidar, var g.m. Ellen Sofie 1896-1970, dtr. åt Jørgnilla og Gabriel Ruskedal, Hyllestad.

Born:

  1. Solveig Johanna 1927-1930.
  2. Nolevande 1929-, b. Vaksdal, g.m. Bjarne Olsen. Sjå ættesoga.
  3. Nolevande 1931-, b. Lillehammer, gift.
  4. Nolevande 1933-, b. Brevik, g.m. Bjarne Bergstø.
  5. Nolevande 1936-.
  6. Nolevande 1938-, b. Vaksdal, g.m.Kåre Rørbakken. Sjå ættesoga.

BNR. 22

Daglegnamn: Tveitane.

Skilt frå bnr. 21 1881. Løpenr. 495 b a 1. Gamal skyld 1 ort 3 sk. Ny skyld 0,29 skm.

1939 samanføyd med bnr. 7, 10, 17 og 31, med bnr. 22 som felles bnr. Samla skyld 0,82 skm.

Tveitane var fyrst eit husmannsplass under bnr. 16 og 21. 1863 var det 3/4 mål middels god åker og knapt 2 mål eng på plasset. 1 1/3 mål var middels god eng, resten var ring. Sånad: 1/4 t. havre, avling 1 1/2 t. Fødnad: 1 ku, 3 sauer. I slåttene hausta dei 22 v. høy. Bygselavgifta på plasset var 30 spd. Den årlege avgifta var 1/2 spd. og 2 dagsverk. Bnr. 16 fekk helvta av den årlege avgifta og nr. 21 den andre helvta.


Hans Olsson Vaksdal var den fyrste brukaren her. Kva tid han fekk festesetel er ikkje kjent. Hans 1816-1902 var frå Vaksdal bnr. 1, g.m. Andrina Jakobsdtr. f. ca. 1822 d. 1912. Ho var truleg frå Meland.

Born:

  1. Jakob 1847-, brukar her.
  2. Ole f. ca. 1850-, skreddar, b. Nesttun.
  3. Hans 1855-, mylnearbeidar, Vaksdal. Sjå ættesoga, (Hans Hansen).

1881 skøyte til Jakob Hansson Vaksdal 1847-1930, g.m. Gjertrud Olsdtr. 1846-1927. Ho var frå Sedalen bnr. 7.

Born:

  1. Anna 1876-, g.m. Mons Bernes, brukar her. Sjå nfr.
  2. Gjertrud 1878-, g.m. Sivert Knutsen. Sjå ættesoga.
  3. Ingeborg f. og d. 1879.
  4. Hans 1881-1894.
  5. Ingeborg 1884-, g.1 .g.m. Lars O. Tangen, g.2.g.m. Rasmus Andreas Kalleklev, Vaksdal. Sjå ættesoga.
  6. Olina Jakobina 1886-, g.m. Georg Johan Petersen, Vaksdal. Sjå ættesoga.

1921 skøyte på bnr. 7, 10, 17, 22 og 31 til Mons A. Bernes 1877-1946, gardbrukar og mylnearbeidar, son åt Marta og Arne Bernes, Vaksdal, g.m. Anna 1876-1952, dtr. åt den førre brukaren her.

Born:

  1. Marta 1899-, g.m. Albert Eriksen, Vaksdal. Sjå ættesoga.
  2. Jakob f. og d. 1901.
  3. Gjertina 1903-, ug. b. her.
  4. Ingeborg 1904-, g.m. Johan Stanghelle. Sjå II s. 142.
  5. Anna Marie 1906-, b. Vaksdal, g.m. Bernt Olai Faugstad. Sjå ættesoga.
  6. Johan Henrik 1907-, brukar her. Sjå nfr.
  7. Nolevande 1910-, b. Bergen, g.m. mekanikar Birger Bergesen.
  8. Nolevande 1912-, b. Vaksdal. Sjå ættesoga.
  9. Nolevande 1914-, g.m. Knut Herfindal, Vaksdal. Sjå ættesoga.
  10. Olav f. og d. 1916.
  11. Nolevande 1918-, ug. vegarbeidar, b. her.
  12. Nolevande 1920-, sveisar, b. Valdres.

1943 skøyte til Johan Henrik Monsson Bernes f. 1907-, mylnearbeidar og gardbrukar, g.m. Anna Josefine 1909-, dtr. åt Gjertine og Nils S. Olsnes, Vaksdal. Sjå ættesoga.

Born:

  1. Nolevande 1933-, mylnearbeidar, b. Vaksdal.
  2. Nolevande 1938-, tekstilarbeidar. Sjå II s. 292 og Vaksdal bnr. 231.
  3. Nolevande 1943-, b. Arendal, g.m. Signe Igland.
  4. Nolevande 1948-, kontorassistent, Bergen.

BNR. 23

Skilt frå bnr. 21 1879. Løpenr. 495 b a c. Gamal skyld 1 sk. Ny skyld 0,01 skm. Areal 383 m2.


1879 skøyte til Haldor Olsson Sæterdal f. 1855. Sjå ættesoga.

1889 skøyte til Lars Eriksen f. 1850. Sjå ættesoga. og bnr. 15.

1898 skøyte til Konrad Bernhard Andersson Padøen. Konrad Bernhard 1889-1961 busette seg i U.S.A. Der vart han g.m. Leonora Thompson. Han gav fullmakt til faren Anders Padøen. Han ordna med overdraging til neste eigar. Sjå ættesoga.

1916 skøyte til Ole Larsen f. 1875. Sjå ættesoga.

1921 skøyte til brørne Johannes og Ole Johan Herfindal. Sjå ættesoga. 1950 skøyte på bnr. 23 og 94 til Sigvald Johannesson Herfindal. Sjå ættesoga.


BNR. 24

Daglegnamn: Nygård, Stor-Ola eller Krekane.

Skilt frå bnr. 25 1849. Gamalt løpenr. 64 a. Nytt løpenr. 496. Skyld 1 dl. 2 ort 4 sk. Gamal skyld 1 p. 3 mrk. smør. 1886: Gamal skyld 1 dl. 1 ort 23 sk. Ny skyld 0,71 skm. 1911: Samanføyning med bnr. 61, som var skilt ut frå bnr. 1 i 1905. 1956: 1,82 skm.

1863 var åkervidda 4 2/3 mål. 3 1/3 mål var god åker, resten var middels god. Engvidda var 27 2/5 mål. 6 4/5 mål var god eng, 2 mål middels god, resten var ring. Sånad: 2 1/2 t. havre, 4 t. poteter. Avling: 12 t. havre, 20 t. poteter, 468 v. høy, 84 v. halm. I slåttene hausta dei 210 v. høy. Fødnad: 8 kyr, 1 ungfe, 13 sauer.


1849 skøyte for 500 spd. til Johannes Knutsson Herfindal 1824-1915, g. 1849 m. Brita Jonsdtr. Sedalen bnr. 1 1827-1894. Foreldra åt Johannes, Anna Andersdtr. og Knut Johannesson, fekk kår av dette bruket 1849. Sjå Herfindalen bnr. 8.

1863 fekk Johannes skøyte på bnr. 27. Han selde båe bruka og flytte til Hundhamar på Osterøy. Sjå Haus s. 242.

Born:

  1. Anna 1850-, b. Gravdal ved Bergen, g.m. Knut K. Blom.
  2. Knut 1853-1858.
  3. Kari f. ca. 1855 d. 1856.
  4. Johannes f. ca. 1855 d. 1857.
  5. Jon 1857-, brukar på Hundhamar.
  6. Malena f. og d. 1859.
  7. Johanna 1851-, b. Hundhamar, g.m. Matias Hafstad.
  8. Knut 1866-, skreddar, b. U.S.A. Sjå Haus s. 246.
  9. Ingebjørg 1868-, g.m.gardbrukar Johannes H. Gaupås. Sjå Arna s. 609.

1869 skøyte for 500 spd. til Ole Knutsson 1840-1933, bror åt den førre eigaren. Sjå Herfindalen bnr. 8. Etter utskiftinga 1901 fekk Ole tunet inst i dalen. Han kalla staden Nygård. Huslyden tok også namnet Nygård til etternamn.

Ole g.1.g. 1870 m. Ingebjørg 1845-1876, dtr. åt Peder Tomasson Stavenes. Sjå Vaksdal bnr. 28.

Born:

  1. Anna 1872-, b. Bergsdalen.
  2. Knut f. og d. 1873.
  3. Knut f. og d. 1875.
  4. Ingebrigt f. og d. 1876.

Ole g.2.g. 1880 m. Magdeli 1847-1932, dtr. åt Anders og Synneva Andersdtr. Sjå Sedalen bnr. 9.

Born:

  1. Knut 1881-, brukar her.
  2. Ingeborg 1883-, g.m. Karl Johan Karlsen. Sjå ættesoga.
  3. Anders 1885-, b. U.S.A.
  4. Olina Sofia 1891-, b. Vaksdal, g.m. Andreas Magnussen. Sjå åttesoga.

1915 skøyte til Knut Olsson Nygård 1881-1970, gardbrukar, g.m. Gunhild Bertina 1876-1919, dtr. åt Mons Larsson Indre Arna f. Fossmark og kona Brita Sjursdtr. f. Audland. Sjå II s. 93 og Arna s. 118.

Born:

  1. Maria 1909-, ug. b. her.
  2. Nolevande 1911-, mylnearbeidar, b. her.
  3. Nolevande 1912-, g.m. Leofred Knutsen. Sjå ættesoga.
  4. Nolevande 1914-, ug. b. her.
  5. Nolevande 1917-, sjå Gerhard Kristian Karlsen, ættesoga.

1970 skøyte til Maria, Ole og Malvin Sverre Nygård, Borghild Knutsen og Gerhard Kristian Karlsen.

BNR. 25

Daglegnamn: Vaksdal. Etter utskiftinga var dette det einaste bruket som vart liggjande i det gamle tunet. Gamalt bruksnamn Kvitingane.

Gamalt løpenr. 64, seinare 64 b. Nytt løpenr. 497. Gamal skyld 2 p. 6 mrk. smør. 1838 ny skyld 2 dl. 4 ort 8 sk. 1849 vart bruket delt i to jamstore deler, bnr. 24 og 25. Skyld på bnr. 25 var då 1 dl. 2 ort 4 sk. Gamal skyld 1 p. 3 m. smør. 1886 ny skyld 1,71 skm. 1956 1,24 skm.

1863 var det på bruket 4 2/3 mål åker, 3 1/3 mål var god åker, resten var middels god. Engvidda var 23 4/5 mål. 6 4/5 mål var god eng, 2 mål var middels god, resten var ring. Sånad: 2 1/2 t. havre, 4 t. poteter. Avling: 11 t. havre, 18 t. poteter, 486 v. høy, 77 v. halm. I slåttene hausta dei 150 v. høy. Fødnad: 6 kyr, 1 ungfe, 15 småfe.


1783 skøyte til Johannes Andersson frå Olav Nilsson Vevle. Han hadde vorte eineeigar av dette bruket same året. Sjå eigarsoga ovanfor. Johannes

Andersson hadde vore leiglending på dette bruket sidan 1750-åra. Han vart no sjølveigar. Stutt tid etterpå skøytte han bruket over til sonen. Sjå nedanfor.

Johannes Andersson 1733-1807 var frå Kyrkje-Bruvik bnr. 10, gift 1754 m. Guri Monsdtr. Vaksdal f. 1723. Sjå avsnittet brukarar før 1750. Johannes var lagrettemann 1770. Guri levde til ho var over 80 år, men dødsåret er ikkje kjent.

Born:

  1. Mons 1755-, g. 1776 m. enkja Barbro Bastesdtr. Heggebø. Sjå Gjerstad s. 250.
  2. Anders 1760-, brukar her.
  3. Johannes 1765-.

1783 skøyte til Anders Johannesson 1760-1832 på halve bruket. 1789 fekk Anders odelsskøyte frå Johannes Olsson Vevle.

Anders g. 1788 i Hamre kyrkje m. Kari Eriksdtr. f. 1772. Foreldra hennar var frå Sedalen bnr. 9. Dei budde ei tid på Myrdal i Åsane. Kari brukte Myrdal som slektsnamn då ho gifte seg. Det vart halde skifte etter Anders 1832. Han hadde då late garden frå seg. Midlane i buet var for det meste lausøyre som vart selt på auksjon. Bruttoen i buet etter auksjonen var vel 92 spd. Gjelda var 157 spd.

Born:

  1. Guri 1790-, g.m. Olav Andersson. Sjå Indre
  2. Erik 1793-, brukar her.
  3. Johannes 1797-, sjå Sedalen bnr. 6 og Indre
  4. Anna 1802-, g.m. Mons H. Nordvik, brukar her.

1814 skøyte til Erik Andersson frå faren Anders Johannesson på 20 m. smør. 5/18 hud. Same året fekk Erik bygselsetel hjå Olav Olsson Rivenes m.fl. på 11 1/5 m. smør. 7/45 hud. Det vart tinglyst kårbrev 1814 til foreldra Anders Johannesson og Kari Eriksdtr.

1829 gav Erik skøyte til svogeren Mons Hansson Nordvik på den parten han åtte for 150 spd. Men alt året etter fekk han kjøpa parten attende. 1836 fekk han skøyte på 16 m. smør. 2/9 hud. Han hadde samla heile bruket 1838. Då gjorde han makeskifte med Mikkel Knutsson Indre-Boge. Sjå Indre-Boge bnr. 1.

1829 skøyte til Mons Hansson Nordvik på halve bruket for 150 spd. Han overlet eigedomen 1830 til svogeren Erik Andersson.

Mons Hansson f. 1796 var frå Samnanger, g. 1829 m. ei dotter på dette bruket, Anna Andersdtr. f. 1802. Sjå Samnanger I s. 372.

Born:

  1. Kari f. og d. 1829.
  2. Hans f. 1830.

1838 makeskøyte til Mikkel Knutsson Indre-Boge mot vederlag i Indre-Boge bnr. 1. 1839 vart det tinglyst ei fledføringskontrakt mellom Mikkel

og mormor hans, Anna Bessesdtr. Almås. Anna hadde ikkje andre ervingar enn dottersonen Mikkel. Kontrakta gjekk ut på at ho overlet Mikkel alt ho åtte og kom til å eiga av pengar, obligasjonar, lausøyre og faste eigedomar, mot å få kår på dette bruket. Kåret skulle gje henne eit "anstendigt udkomme", slik som mat, drikke, klede, hus, vask og det ho elles trong. Kontrakta omfatta også gravferdskostnader.

1849 tok Mikkel skylddeling og dette bruket i to like store partar, bnr. 24 og bnr. 25. Han selde bruka kvar for seg og flytte til Bjørgås i Evanger. Seinare budde han på Arnatveit og i Hausvik. Sjå Arna s. 176 og Indre-Boge bnr. 1.

1849 skøyte for 500 spd. til Ivar Jonsson Sæterdal f. 1814, g. 1845 m. Anna Øye, dtr. åt Filip Larsson Øye og kona Kari f. Brekke, Bergsdalen. Ivar og Anna dreiv eit tid Løtveit bnr. 1. Dei var seinare busette på Dale. Sjå Sedalen bnr. 1 og Bergsdalen s. 192.

Born:

  1. Jon 1845-.

1852 skøyte for 500 spd. til Ole Olsson Lauvskard f. 1826, g. 1850 m. enkja Cecelia Andersdtr. Kvitingen f. Grønsdal 1812-1868. Sjå Samnanger I s. 422 og 579.

Cecelia Andersdtr. g.1.g.m. Nils Nilsson Kvitingen 1803-1845. Ole og Cecelia hadde ikkje born. Cecelia hadde desse døtrene i det 1. ekteskapet:

Kristianne 1842-, g.m. Nils Andersson Vaksdal, brukar her. Nilsina 1845-, ug.

Ved skiftet etter Cecelia Andersdtr. vart bruket utlagt til enkjemannen Ole Olsson. Han gay skøyte 1870 til versonen.

Ole Olsson g.2.g. 1869 m. Anna Eriksdtr. f. 1835. Dei busette seg i Bergen då dei hadde late garden frå seg til neste brukar.

Born:

  1. Cecelia 1869-.

1870 skøyte til Nils Andersson Vaksdal 1841-1930, g.m. Kristianne 1842-1934, stykdtr. åt den førre eigaren. Nils var frå Vaksdal bnr. 16. Sjå ovanfor.

Born:

  1. Anna Maria 1863-, b. Vaksdal, g.m. Anders Tolås. Sjå ættesoga.
  2. Anders 1868-, brukar her.
  3. Cecelia 1873-, b. Vaksdal, g.m. Einar Hausvik. Sjå ættesoga.
  4. Nils 1875-. Sjå bnr. 16.

Fosterdotter:

  1. Sofie Margrete 1880-, g.m. Ole Faugstad. Sjå ættesoga.

1931 skøyte til Anders Nilsson Vaksdal 1868-1962, bonde, emissær og likningssjef, g.m. Angelique Cathrine 1869-1916, dtr. åt ingeniør Henrik Ege og kona Albertine f. Hambro. Angelique Cathrine g.1.g. 1891 m. folkehøgskulestyrar Hans Christian Hambro, Garnes. Sjå Ytre Arna s. 45 og Arna s. 17.

[[Image:]]

Fig. 45.

Nils Andersson Vaksdal og kona Kristianne.Amatørfoto av ukjend fotograf.

Born:

  1. Johan 1892-, agent, b. Bergen, g.m. Anna Rosenberg.
  2. Christian Hambro 1903-1976, mylnearbeidar, b. her.
  3. Angelique Kristianne Ege 1905-1918.
  4. Gunvor Alberthine Ege 1907-, b. Vaksdal, g.m. Lars Bjørsvik. Sjå ættesoga.
  5. Karen Alvhild Ege 1909-, b. Vaksdal, g.m. Albert Faugstad. Sjå ættesoga.
  6. Nolevande 1912-, b. Vaksdal, g.m. Olav Faugstad. Sjå ættesoga. Normann 1914

BNR. 26

Skilt frå bnr. 25 1884. Løpenr. 497 a a 1. Gamal skyld 1 sk. Ny skyld 1886 0,01 skm. Eigedomen er ei hustomt ved Brualeitet.

1884 skøyte til Anders Andersson Vaksdal 1837-. Sjå ættesoga.

1900 skøyte til Mikal AnderssonVaksdal 1873-. Sjå Ytre-Boge bnr. 7.

1917 skøyte til Enevald Eriksson Herfindal f. 1884. Sja ættesoga.

1957 skøyte til Johannes Olsson Bruvik 1906-. Sjå ættesoga.

BNR. 27

Utskilt frå bnr. 25 1863. Løpenr. 497 b. Gamal skyld 3 m. smør, ny skyld 19 sk. 1886: 0,20 skm. Då bruket vart utskilt 1863, omfatta det utslåttene Tveitane, Tådna og Ardal. Det vart gjeve lensmannsattest for at eigedomen grensa til det bruket som kjøparen åtte frå før, slik at dei kunne samlast til eit bruk. Bnr. 24 og 27 vart deretter samanføyd. Samanføyninga vart oppheva av di dei to bruka seinare vart selde kvar for seg.


1863 skøyte for 100 spd. til Johannes Knutsson. Sjå Vaksdal bnr. 24.

1872 skøyte for 120 spd. til Olav Nilsson f. på Vaksdal bnr. 1.

1877 makeskifteskøyte til Gerdt Meyer. Dette bruket var verdsett til 1480 kr. Til vederlag overtok Ole Nilsson den parten som Gerdt Meyer åtte i Sedalen. Sjå Sedalen bnr. 2, 4 og 8.

1915 skøyte til A/S Gerdt Meyer m.fl. bnr. Sjå bnr. 1.

1919 skøyte til Den Norske Stat på bnr. 27 m.fl. bnr.

1956 skøyte til A/S Vaksdal Mølle på bnr. 27 m. fl. bnr. Sjå bnr. 1.


BNR. 28

Daglegnamn: Perajorda.

Gamalt løpenr. 65, nytt løpenr. 498. 1866: Løpenr. 498 a. Gamal skyld 1 p. 7 1/2 m. smør. 1838 ny skyld 1 dl. 3 ort 9 sk. 1866: 1 dl. 3 ort 4 sk. 1886: Gamal skyld 1 dl. 2 ort 9 sk. Ny skyld 1,99 skm. 1956: 1,83 skm.

1863 var det på bruket 5 7/15 mål åker. 2 2/3 mål var god åker, 2 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 32 3/4 mål. 5 1/2 mål var god eng, 3 1/2 mål middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Sånad: 3 t. havre, 4 t. poteter. Avling: 13-14 t. havre, 16-18 t. poteter, 618 v. høy, 98 v. halm. I slåttene hausta dei 180 v. høy. Fødnad: 6 kyr, 2 ungfe, 20 småfe.


1801 skøyte til Jørgen Bergesson Brunborg frå eigaren Anders Johannesson Stanghelle. Sjå eigarsoga ovanfor. Jørgen Bergesson d. 1813 og kona Brita Larsdtr. var frå Evanger. Dei selde dette bruket 1811, men kjøpte det att 1812. I skiftet etter Jørgen 1813 var bruttosummen i buet 323 rdl., 3 mark, 6 sk. Jordegodset var verdsett til 165 rdl. Gjelda var knapt 210 rdl. Største kreditor var Mikkel Danielsson Boge. Han hadde lånt buet 175 rdl. Han fekk difor utlagt dette bruket ved skiftet. Nettosummen i buet, 113 rdl., vart delt mellom dei 3 døtrene Brita, Synneva og Marta.

Born:

  1. Brita 1802-, sjå nedanfor.
  2. Synneva 1805-, g.m. Jon Sjursson Vaksdal, brukar her. Sjå nfr.
  3. Marta 1806-, b. Øvre Eide i Hamre frå 1837.
  4. Berge 1809-1810.
  5. Agate 1810- d. for 1813.
  6. Lars f. og d. 1811.

1811 skøyte til Johannes Olsson Steintveit. Han åtte bruket berre 1 år og var truleg ikkje busett her. Sjå Samnanger I s. 381 og 391.

1812 skøyte til Jørgen Bergesson Brunborg. Sjå ovanfor.

1814 skifteskøyte til Mikkel Danielsson Boge for 175 rdl.

1815 skøyte til Brita Jørgensdtr. Brunborg f. 1802.

1815 makeskifte til Sjur Knutsson Bjørndal frå Gulleik Larsson Bjørndal på vegne av den umyndige eigaren, Brita Jørgensdtr. Brunborg. Ho og mora flytte no til Bjørndal i Evanger.

Sjur 1767-1831 var son åt Anna Tomasdtr. og Knut Larsson Vaksdal. Sjå brukarar før 1750. Kona åt Sjur, Marta Sjursdtr. 1767-1823, var enkje då dei gifte seg. Fyrste mannen hennar heitte Jon. Dei hadde 2 døtre, Brita f. 1794 og Gjertrud f. 1796.

Sjur og Marta hadde desse borna:

  1. Jon 1801-, brukar her.
  2. Anna 1803-.
  3. Knut 1804-.
  4. Sjur 1809-.
  5. Brita 1815-, g.m. Peder Tomasson Stavenes, brukar her.

1819 skøyte for 300 spd. til Jon Sjursson f. 1801, g. 1824 m. Synneva Jørgensdtr. 1805-1834. Far hennar hadde vore brukar her frå 1801. Sjå ovanfor. Far åt Jon fekk kår av bruket frå 1823.

Ved skiftet etter Synneva 1834 var dette bruket verdsett til 280 spd. Bruttosummen i buet var vel 328 spd. Gjelda var mest 300 spd. Nettoen vart 29 spd. 4 ort. Bruket vart utlagt til enkjemannen.

Born:

  1. Sjur 1825-.
  2. Jørgen 1827-.
  3. Marta 1829-.
  4. Brita 1833-.

Jon g.2.g. 1835 m. Maria Knutsdtr. Aldal frå Voss. Dei selde bruket 1839 og kjøpte Bjørgås i Evanger. 1849 emigrerte dei til Amerika. Sjå Rene s. 382.

Born:

  1. Knut 1836-.
  2. Synneva 1838-.
  3. Brita ?
  4. Sjur 1840-.
  5. Lars 1842-.
  6. Jorunn 1844-.
  7. Anna 1847-.

1839 skøyte for 600 spd. til Peder Tomasson Stavenes bnr. 1 1810-881, g.m. Brita Sjursdtr. Vaksdal bnr. 28 f. 1815. Sjå ovanfor.

Born:

  1. Tomas 1838-, brukar her.
  2. Sjur 1840-1841.
  3. Marta 1842-.
  4. Sjur 1844-1845.
  5. Ingebjørg 1845-, g. 1870 m. Ole Knutsson Vaksdal bnr. 24.
  6. Sjur 1847-, sjå ættesoga.
  7. Nils 1850-.
  8. Jon f. og d. 1852.
  9. Brita 1853-, g. 1878 m. Knut Eriksson Ytre
  10. Jon f. ca. 1855, d. 1857.
  11. Anna 1859-, b. Dale, g.m. lærar Johannes Brudvik. Sjå II s. 300.

1870 skøyte til Thomas Pedersson for 300 spd. og kår, verdsett til 150 spd. Thomas 1838-1915 var g.m. Brita f. 1845, dtr. at Nils Johannesson Romslo og 2. kona Anna Nilsdtr. Sjå Haus s. 353.

Born:

  1. Peder 1867-, snikkar, b. Bergen, g.m. Anna Pedersdtr.
  2. Nils 1869-.
  3. Sjur 1871-, brukar her.
  4. Anders f. og d. 1873.
  5. Anders 1875-, b. Vaksdal. Sjå Anders Thomassen, ættesoga. Ingeborg 1877
  6. Brita 1880-, b. m. Anders Synsvold. Sjå Sedalen bnr. 9.
  7. Alfred Johan 1883-, b. U.S.A., g.m. Berta Nilsdtr. Jamne bnr. 1 f. 1883.
  8. Thomas f. og d. 1886.
  9. Brita f. og d. 1886.
  10. Nils 1888-, mylnearbeidar, b. Vaksdal. Sjå Nils Tomassen, ættesoga.
  11. Anna 1890-1942, syerske, ug.

1910 skøyte til Sjur Thomasson 1871-1942, mylnearbeidar og gardbrukar, g.m. Kristina Larsdtr. Stokke bnr. 2 1870-1957.

Born:

  1. Thomas 1901-, brukar her.
  2. Olivia 1904-.
  3. Betsy 1907-, b. Kalvåg, g.m. Nils M. Liseth.
  4. Lars 1909-, b. Vaksdal, sjå Lars Thomassen, ættesoga.

1942 skøyte til Thomas Sjursson. Der var tinglyst kårbrev til mora Kristine Larsdtr. og rett til systra Olivia til fritt hus m.m. Thomas 1901-1962, bonde og mylnearbeidar, var g.m. Laila 1906-, sjukepleiar, dtr. åt bokhaldar Fredrik Joacimsen og kona Marie Hansdtr., Bergen.

Born:

  1. Nolevande 1939-, dyrlækjar, b. Oslo, g.m. Lise Nordal.
  2. Nolevande 1941-, tannlækjar, b. Horten, g.m. Eve Lotte Schubert.
  3. Nolevande 1943-, lækjar, b. Bergen, g.m. Reidun Bolstad.
  4. Inger 1946-1948.
  5. Nolevande 1949-, sjukepleiar, b. Bergen, g.m. Svein Holvik.

1972 skøyte frå Laila Thomassen til borna Nolevande f. 1939, Nolevande f. 1941, Nolevande f. 1943 og Nolevande f. 1949.


BNR. 29

Skilt frå bnr. 28 1876. Løpenr. 498 c, skyld 1 sk. 1886: 0,01 skm.


1876 skøyte for 60 spd. til Hans Andreas Johannesson Rønhovde. Sjå Ytre Arna s. 49 og II s. 361. Hans Rønhovde sette opp bustadhus

og bakeri på eigedomen. I ei kontrakt tinglesen 1877 forplikta han seg til å levera brød frå bakeriet så lenge arbeidet med Vossebana heldt på. Brødet skulle leverast til bakar Conrad Brown. Han fekk panterett i eigedomen for 300 spd. 1877 fekk Conrad Brown og A. Gunstensen leigekontrakt på huset. Kontrakta skulle vara så lenge som arbeidet på Vossebana heldt på.

1877 skøyte til Gerdt Meyer på eigedomen med bygningar og 1 naust og 1 bu ved sjøen for 4600 kr. Leigekontrakta til Conrad Brown og A. Gunstensen vart avlyst same året.

1915 skøyte til A/S Gerdt Meyer på bnr. 29 m.fl. bnr. Sjå bnr. 1.

1919 skøyte til Den Norske Stat.

1956 skøyte til Vaksdal MøIle A/S. Sjå bnr. 1.


BNR. 30

Skilt frå bnr. 28 1878. Løpenr. 498 e. Skyld 1 sk. 1886: Ny skyld 0,01 skm.


1878 skøyte til Gerdt Meyer. Eigedomen har seinare hatt same eigarar som bnr. 1, 3, 29 m.fl.


BNR. 31

Skilt frå bnr. 28 om lag 1880. Løpenr. 498 f. Skyld 13 sk. 1886: Skyld 0,14 skm.


1881 skøyte til Jakob Hansson Vaksdal, sjå bnr. 22. Eigedomen har seinare hatt same eigar som bnr. 22. Ved samanføyning 1939 vart bnr. 31 sletta av matrikkelen. Sjå bnr. 22.

BNR. 32

Skilt ut ved skylddelingsforretning 1866 frå Vaksdal bnr. 1, 2, 5, 6, 16, 21, 24, 26 og 28 og frå Jamne bnr. 1, 7 og 12. Skyld 2 ort 11 sk. 1886 0,71 skm. 1956 0,69 skm. Eigedomen, som etter utskiljinga hadde 13 ulike løpenr., fekk i matrikkelen 1886 nytt matr.nr. 162, nytt løpenr. 592.


1866 arvefestekontrakt til Gerdt Meyer frå brukarane på Vaksdal og Jamne. Gerdt Meyer skulle ha rett til å bruka eit større samanhangande område langs sjøen frå elvemunningen til nordre Vaksdals-neset innanfor Vaksdals eigedom, og frå elva til Sandviksneset på Jamnes eigedom. Trollkjelsfossen og Mylnedammen var grensa på landsida. Den årlege avgifta var 50 spd., 25 spd. til kvar av gardane. Kontrakta gav Gerdt Meyer rett til å kjøpa grunn til hustomter og vegar til ein pris av 6 sk. pr. kvadratalen i utmarka, og 9 sk. pr. kvadratalen i innmarka. Som godtgjerdsle for kvernhusa skulle brukarane ha rett til å mala inntil 80 t. korn for året for 12 sk. tunna, frå den tida mylna kom i gang. I tillegg skulle dei ha rett til å mala gratis bygg og havre til husbruk. Nausta måtte flyttast. For det skulle Gerdt Meyer betala 100 spd. Bruksretten til Vaksdalselva fylgde med i overdraginga. Ein særskild klausul om sal og skjenking av alkoholhaldige drikkar vart teken inn. Korkje festaren

[[Image:]]

Fig. 46.

Kvinner frå Vaksdal, Boge, Jamne og Sedalen samla til møte i Vaksdal Kvinneforeining, stifta 1882 av Marta Flugum, kona åt styraren på Ulvsnesøy Skolehjem. Sitjande frå venstre Gjertrud Sæterdal, Synneva Sæterdal, Marta Flugum med bornet Sofia Borge, Olina Boge, Karen Steffensen. Ståande frå venstre Ingeborg Boge, Maria Boge, Anna Faugstad, Brita Jamne, Maria Vaksdal (fremst), attom henne Marta, kona åt Eilef O. Hesjedal, Helga Fossdal, Andrina Andersen, Brita Herfindal, Oleanna Eriksen.

Foto ca. 1890 av ukjend fotograf. Namneliste i Bruvik kyrkjor og kristenliv s. 178.

eller nokon eigar eller brukar på gardane Vaksdal og Jamne skulle oppretta eller gje løyve til å oppretta utsal eller utskjenking av brennevin, vin, øl o.l på desse gardane.

Denne arvefestekontrakta førde seinare til eit skøyte som vart tinglese kring år 1900.

1915 skøyte til A/S Gerdt Meyer på bnr. 32 m.fl. bnr.

1919 skøyte til Den Norske Stat på bnr. 32 m.fl. bnr.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy