Verpelstad

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Verpelstad.


GNR. 52 VERPELSTAD


Innhaldsliste

INNLEIINGA

Verpelstad ligg på sørsida av Bolstadfjorden ved grensa mot det nye Voss herad. Den gamle innmarka ligg nokså høgt oppe frå fjorden på ei hylle i lendet. Tuna på garden ligg vel 300 m.o.h. Innmarka er etter måten flatlendt med små kollar mellom og hallar slakt mot nordvest. Bak innmarka stig så utmarka opp til høgaste fjellet, og nedanfor innmarka er det bratte liar mot sjøen ved Furnestreet. Aust for innmarka i den austlege delen av utmarka er eit dalstrok der det renn ei elv dei kallar Austlibekken. Han renn ut i sjøen innanfor Trollkono på den staden der jernbaneplattforma Verpelstad no ligg. I vest er utmarka og innmarka avgrensa av ei djup gjel som går frå sjøen ved Furnestreet og heilt til fjells. Denne gjela skal me koma attende til seinare, under omtale av grensene for garden. Garden strekkjer seg og utover Trollkono, men den ytste delen av dette neset høyrer til Tysso i Evanger sokn.

Ferdsla til og frå garden gjekk i gamle dagar over fjorden. Den gamle sjoarvegen fører ned til Furnestreet på Furnes eigedom, der Verpelstad hadde naust. Etter at jarnvegsplattforma kom, tok dei til å nytta vegen dit, men dei har framleis båt og naust i Furnestreet. I 1951 fekk dei ei togbane på garden. Ho fører frå plattforma og opp til innmarka og vert driven med bensinmotor. Telefon kom til gards i 1955 og elektrisk kraft i 1960. Frå Stadlaslåtto har dei løypestreng som er ca. 500 m. lang. Før strengen kom sloa dei høyet ned på vetraføret herifrå. Det kunne vera opp til 10-12 høybører. Løypestrengen vart sett opp ikring 1930.

Gardsnamnet vart skrive Werpelstad 1695 og 1723. Om tydinga finn me i Norske Gaardsnavne: «Verpilstabir» vel af Verpill m., (Terning) snarest som Mandstilnavn» (Oluf Rygh). Som saadant findes dette Ord brugt baade i Norge og paa Island, i et Tilfælde bæres Tilnavnet af en Person, som var «liden og tyk». Samme Forled kan man have i Verpesdalen i Norddalen.» Her er for det meste djup og god jord på garden, delvis fastmark og noko myr, som gjev gode og årvisse avlingar av dei vokstrane som vert dyrka no.

Grensene mot andre gardar er berre delvis fastsette ved utskiftingsforretning. Det gjeld grensa mot grannegarden Furnes, som vart fastsett i 1847. Sjå under Furnes. Grensa mot sør og aust var heradsgrense mot det gamle Evanger herad til 1/1 1964. Austgrensa er no grense mot Voss. Sørgrensa mot gardane Øyo og Fosse i Bergsdalen er frå same tidspunkt redusert til vanleg gardsgrense og soknegrense mellom Stamnes og Dale sokner. Grensa mot Foss-skaret frå dalen mellom Flatafjellet og Morkafjell og frå same punkt mot nord til sjøen er skildra i brev til Bruvik bygdeboknemnd frå Norges geografiske oppmåling 1939. Det heiter her m.a. at major Per Tang ved grenseoppgang 1933 har gjeve denne skildring av ovannemnde grense:

«På Bergsdalens nordside blev foretatt grenseopgang. I denne deltok fra bygdene grensekjentmann, grunneier Helge Fosse fra Evanger og grensekjentmann Samuel 0. Dale fra Bruvik. Grensekjentmann og grunneier Nils Verpelstad fra Bruvik var budsendt og sendte sin sønn, Helge Verpelstad. Grensedokumenter eksisterte ikke, og merker kunne ikke påvises oppe på høifjellet. Man blev enig om at grensen skulde gå slik: Fra salen mellem Morkafjellet og Flatafjellet n.v. for Giljavatnet efter en utpreget vannskillerygg sydvestover til punkt 908 på Flatafjellet, hvor vi bygget en varde. Derfra rettlinjet mot s.v. til salen i Fosskaret - Efter grenseoppgangen fant vi et grensemerke like n.ø. for Fosskaret.»

Salen mellom Morkafjell og Flatafjell er truleg det punkt som vidare vert kalla «høide 882». I alle høve er det like ved. Det heiter vidare hjå major Tang om grensa herfrå nordover til sjøen: «Fra høide 882 følger grensen vannskillet mellem Austlibekken og Skånsvikelva over Storhaugen (sten) og Kluftafjell til Bolstadfjorden.»

Lenger ute i brevet heiter det om denne delen av grensa:

«Om herredsgrensen Bruvik-Evanger fra Morkafjell over Storhaugen og Kluftafjell er ikke opnådd full enighet. Der hevdes på Verpilstad at grensen skal gå helt ned i skråningen mot Skånsvikelva slik at hele Fribotn hører til Bruvik. På Bolstad hevdes med like stor sikkerhet at grensen skal følge vannskillet over Storhaugen. Av vedlagte grensedokumenter vil imedlertid fremgå at Bruvik herredstyre tidligere har anerkjent grensen over Storhaugen (grensen på det gamle kart) uten at dette har foranlediget nogen protest fra Verpilstads side. Eieren av Verpilstad medgir også at hans krav juridisk sett står meget svakt og finner det rimelig at grensen over Storhaugen avlegges på kartet slik som saken står nu. - Det er særlig Fribotn som interesserer -den ligger nær op til Verpilstadseter og har verdi som beite- og slåtteland. Verpilstads beiterett i Fribotn bestrides forøvrig ikke engang på Bolstad.»

Grensa over Trollkono er skildra slik (frå Skånsvika): «Følger fjorden til gloppe ved vannlinjen øst Trollkono - på skrå opover lien mot vest til gloppe i en skrent ca. 200 m øst høieste punkt på Trollkono - svinger over en skoghaug på den vestligste del av Trollkono og rett i sjøen (gloppe ved vannlinjen) -. Grensa over Trollkono er gardsgrense mot Tysso, austgrensa er mot Bolstad og sørgrensa mot Øyo og Fosse. Som før nemnt,

I Landkommisjonen 1661 er Verpelstad kalla øydegard. Me kan vel då gå ut frå at garden skriv seg frå mellomalderen og har hatt ein øyde periode i seinmellomalderen. Så vidt me veit er der ikkje gjort arkeologiske funn på Verpelstad som seier noko om alderen på garden, og det finst heller ikkje noko skriftleg vitnemål frå gamal tid.

Kjeldene syner at Verpelstad har hatt berre ein brukar frå 1600-talet og fram til 1851 då garden vart delt. Sidan har det vore 2 bruk som er jamstore.

Den gamle tunstaden på garden, som bnr. 1 framleis nyttar, ligg om lag 330 m.o.h., høgt og fritt med vidt utsyn ut over Bolstadfjorden mot nordvest. Dei noverande husa på garden er ikkje så gamle. Det var brukaren Anders Velomsson Stamnes som bygde uthus og bustadhus på bnr. 1 frå kring 1873 og utover. Uthuset her vart då det fyrste i Bolstadfjorden med løa, flor og stall under eitt tak. På bnr. 2, som har tunet sitt lenger vest og litt lågare enn bnr. 1, vart stova bygd 1886 og løa fyrst i 1890-åra. Staden der tunet til bnr. 2 vart lagt ved delinga 1851, heitte frå gamalt Treet.

Ved garddelinga 1851 vart det og tinglese ein delingsforretning mellom dei 2 bruka på garden. Ved denne delinga vart innmarka delt i 2 teigar, ein til kvart bruk. I utmarka er der sams beite, men skogen er skilt i teigar for det meste. Der finst likevel døme på sams skogteig. Det er ovanfor bøen der det er ein hopateig som skal nyttast til stølshus, gjerdefang o.l. Slåtten i utmarka er og skift for det meste, men der er fleire døme på at eit bruk eig skogen, det andre bruket slåtten i same teigen. Eit par slåtter, Stadlane og Hatletonæ, var felles, men no er slåtta i Stadlane delt i teigar. På Verpelstad har dei slege i slåttene like til kring 1960. Når det gjeld beite har dei kyrehage eller vårbeite i Smådalane ovanfor bøen. Vår- og hausthamn har dei frå bøen og ned mot sjøen ved plattforma. Sumarbeite er oppe på fjellet ovanfor kyrahagen. På Verpelstad har jakt vore ei god attåtinnkome. Dei jaktar helst etter fugl, men og etter rev, mårkatt o.l. Dei skaut hjort på garden i slutten av førre hundreåret. Sidan vart hjorten freda, men i 1963 vart det for fyrste gong gjeve løyve til å fella hjort.

Det er drive noko laksefiske på garden, men fiskerettane har for det meste vore leigde bort til andre. Det er både sitjenot- og kilenotfiske som har vore drive. Dei viktigaste lakseplassane er i Djupevikjæ og bort mot Trollkono på vestsida. Der er og lakseplass på innsida av Trollkono. Br. 2 har fiska noko med kilenot dei siste åra.


Kvernhusa på garden står i ei bekk som renn over bøen og som har eit fall nedanfor bøgarden. Kvernhuset til bnr. 2 var i bruk under krigen og er framleis i bra stand. På Verpelstad er der ein del tømmerdrift og vedhogging for sal. 1920 vart det sett opp kontrakt mellom brukarane på Verpelstad og Mathias K. Strømme og Knut L. Vassenden om rett til å ta ut sand og singel og ha transportvegar, laste- og opplagsplass m.m. Samstundes sette Mathias Strømme og Knut Vassenden opp kontrakt der dei overdrog 1/3 av rettane sine her til L. Thomassen , Laksevåg, for kr. 2000,-. Dette sandtaket ligg ved grensa mellom Furnes og Verpelstad ved Furnestreet, om lag 150 meter frå sjøen.

Så, vidt me veit har der ikkje vore husmenn på Verpelstad, men i 1834 vart det tinglese ei kontrakt mellom brukaren Eirik Knutson og den tidlegare brukaren Anders Johannesson om bruk av utmarksteigen Treet og slåtta Liæ. Anders Johannesson dreiv då desse teigane som kårteigar. Sjå nedanfor i brukarsoga.


SKYLD, UTREIDSLER m.m.

Gml. matr.nr. 87 i Vatsværn Thinglag. 1838 nytt matr.nr. 8. 1886 til 1964 gnr. 63 i Bruvik. Matrikkelen 1723: 85. «Werpelstad Apostels Gods (Opsidderis Tal) 1. 1 pd. Sm. Opsidderen er Self Eyer med Bøxell. (Huusmands Pladser) Jngen. Jngen Sætter, Brendeveed Skoug till eget Brug og lidt till Huse-Reparation, ey widere. 1 flom-qværn. Ligger nær Siøen paa 1/2 fiering Mill, noget till fields temmelig viss till Korn, dog Kaald og tungdreven. Saar 1 tde Haufre Aufler 2 t. føder 7 Kiør 2 ungNød 15 faar 1 Hest (Taxt efter gl. Matricul) 1 pd. Sm. (Forhøyet) 12 mark Sm. Har ingen anden Næring eller Brug uden af Gaardens Aufling, ligger 6 Mil fra Byen -» Landskyld 1644 1/2 spann Sm. Det same i 1655, men 1648 er det oppgjeve til 1/2 pd. I Amtrekneskapen 1661 1 pd. Sm., men i Landkommisjonen 1 spann. I manntalet 1664 og 1666 1 pd. Sm. I Futrekneskapen 1692 1 pd. Sm., og sameleis i 1700, og i matriklane 1718 og 1723. 1838 revidert til 1 Dl. 1 ort og 11 sk. 1886 3,77 skm. Skatteskylda 1774 1 pd. Sm. Husdyrskatt 1657 8 mark 1/2 sk. Leidang 1626 1 kalvskinn. 1774 4 m. Sm., som i pengar var 12 sk. Folketalet 1801: 10. 1875: 17. Fødnad 1657: 1 hest, 1 stut, 7 kyr, 3 ungfe, 18 sauer, 12 geiter. 1723: Sjå ovanfor. 1863: 17 kyr. 6 ungfe, 59 sauer. 1963: 1 hest, 7 kyr, 8 ungfe, 58 sauer. Sånad 1723: Sjå ovanfor. 1863: 3. t. havre, 6 t. poteter. Avling 18 t. havre, 32 t. poteter. Det var 1311 v. høy. 126 v. halm. 600 v. høy frå slåttene. Lyng, skav og beit for 2 kyr. Om heimehamna heiter det at ho er god, men lita. Resten av sæterhamna vert rekna for å vera stor nok. Garden er ikkje serleg frostlendt, men sein og grøn haust. Der er nok skog til brenne og husved, og tømmer til husbruk. Frå skogen kan dei selja for 14 spd. netto årleg i famnved. Garden har 1/4 mil bratt og vanskeleg veg til sjøen, og derifrå 6 3/4 mil til Bergen.


EIGAR- OG BRUKARSOGA

Det kan henda Verpelstad høyrde til Apostelgods i mellomalderen. Han er av Landkommisjonen 1661 førd opp mellom øydegardar. Truleg rydda i mellomalderen og nedlagd ei tid etter Svartedauden. Den fyrste verdslege eigaren me høyrer om etter reformasjonen er Askjel Askvik. Han er oppførd som eigar i 1648 og 1655. I Landkommisjonens notatar frå 1661 er Askjel Askvik førd opp som einaste eigar, men i Amtrekneskapen same året finn me Askjel Askvik og Magne Eiknes som eigarar. I 1676 er det Askjel Askvik og Rasmus Eiknes som er eigarar, kvar med sin halvpart. Ar 1700 er Askjel Askviks born eigarar. I matrikkelen 1718 finn me Anders Totland og Nils Holme som eigarar med kvar sin halvpart i garden. Askvik og Eiknes er grannegardar i Hosanger på fastlandsida. Totland ligg og som grannegard til desse 2 gardane. Holme er derimot truleg ein gard i Alversund. Sidan Verpelstad var så tidleg i bondeeige, og sidan Apostelgodset vart selt ut i tida omkring 1670, er det ikkje rimeleg at Verpelstad har høyrt til Apostelgodset. 1723 fekk brukaren på Verpelstad skøyte, og sidan har brukarane på garden vore sjølveigarar.


BRUKARSOGA FRAM TIL CA. 1850.

1645 finn me i Koppskattmanntalet opplyst at på Verpelstad bur «festemannen» Olav og hans «festemø» Kari.


1648 Opplyser Contributionsskattemanntalet at brukaren på garden heiter Nils Olsson. Han er og brukar i 1655.


1657 finn me i husdyrmanntalet at brukaren på garden heiter Mons, men i Landkommisjonens notater 1661 er det Nils som er oppgjeven som brukar.


1664 og 1666 opplyser manntalet at brukaren på garden heiter Mons Rasmusson f. 1631. Han hadde ein tenar, Johannes Ivarson f. 1641. Der var og ein husmann på garden i 1666, Olav Olsson, truleg fødd kring 1600. Me veit ikkje kva kona til Mons Rasmusson heitte, men me har opplysningar om desse borna:

Sigrid f. 1675 g. 1701 m. Anders Johannesson Veo, sjå Veo brukarar.
Samson f. 1676 g. 1707 m. Guri Olsdtr. Vik, Stamnes.


1692 Opplyser Futrekneskapane at brukaren på Verpelstad heiter Olav, og i manntalet 1701 er han nemnd Olav Olsson f. 1656. Han døydde før 1708. Me veit ikkje kvar han var ifrå og heller ikkje noko om huslyden hans.


1709 vart Knut Johannesson Øyo bnr. 1 g.m. Sigrid Ivarsdtr. Røyrgo f. 1680. Dei var brukarar her.

Born:

Johannes f. 1710. Brukar i Eikemo.
Berta f. og d. 1712.
Askjel f. 1715. Sjå husfolk.

Knut døydde 1718 og det vart skift mellom enkja og dei 2 sønene hennar.


1718 gifte ho seg med Lars Halsteinson Tone, som same år fekk bygsel på garden.


1723 fekk han skøyte på eigedomen for 40 rdl. og vart den fyrste sjølveigaren på Verpelstad. Lars Halsteinson f. 1684 og Sigrid Ivarsdtr.

Born:

Knut f. og d. 1720.
Barbro f. 1721 g. 1744 m. Nils Andersson Myster bnr. 1 og 2. B. i Grøtå.

Sigrid døydde 1723, og 1724 gifte enkjemannen seg med Dordi Bastesdtr. Dyvik. Ho døydde på barselseng med tvillingar same året. Knut gifte seg att 1726 med Brita Halvardsdtr. Øvstedalen f. 1703, men Lars døydde seinare same året, og sonen Lars f. 1727 kom såleis til verda farlaus. Lars vart seinare brukar på garden.


1727 vart Nils Basteson Dyvik g.m. enkja Brita Haldorsdtr. Om dette giftarmålet skreiv presten i kyrkjeboka: «Denne Mand fik sin afdøde Søsters afdøde Mands Ænke efter Biskopens Tilladelse og Skrivelse fra mig.» Nils Basteson f. 1695 d. 1781 og Brita Halvardsdtr. f. 1703 d. 1758.

Born:

Lars f. 1728 d. 1749.
Mons f. 1730 d. 1749.
Baste f. og d. 1731.
Helge f. og d. 1731.
Mario f. og d. 1732.
Baste f. 1734.
Lars f. 1746 d. ug. 1820.

Nils Basteson fekk skøyte på 12 m. smør i Verpelstad i 1727. Dette utgjer halve garden, og det er då mogeleg at den andre halvparten kan ha kome til kona hans, Brita, ved skifte etter hennar fyrste mann, Lars Halsteinson.


1758 fekk Lars Larsson Verpelstad skøyte på heile garden. Lars f. 1727 d. 1775 var g. 1760 m. Ågota Knutsdtr. Fosse.

Born:

Knut f. og d. 1761.
Knut f. 1762. Brukar her.
Lars f. 1764 g. 1791 m. Ragnhild Larsdtr. Tysso.
Mons f. 1766 d. 1767.
Mons f. 1768 g. 1805 m. enkja Inga Jonsdtr. Straume. Brukar på Straume bnr. 5.
Nils f. 1770.
Brita f. 1773 g. 1809 m. Olav Halsteinson Stamnesleiro. Brukar og gjestgjevar i Stamnesleiro bnr. 1.

Då Lars Larsson døydde 1775, skifte enkja med borna og gifte seg att i 1776 med Mons Andersson Furnes bnr. 2 f. 1751. Ved skifte etter hennar fyrste mann hadde enkja fått utlagt halvparten av garden, og borna den andre halvparten, og ho og Mons Andersson dreiv då garden i lag.

Dei hadde ei dotter:

Kari, f. 1779 g. 1804 m. Anders Haldorson Øyo. Sjå Øyo, husfolk. Seinare busette dei seg på plasset Langnes. Sjå Kalland.

Ågota Knutsdtr. døydde 1788. Enkjemannen skifte då med borna den halvparten av garden som den avlidne hadde ått. Denne helvta, 12 m. smør, var verdsett til 30 rdl. Nettoen i buet var 110 rdl. 3 m. 4 sk. Mons gifte seg oppatt 1789 med Brita Larsdtr. Takvam. Såvidt ein veit, var dei barnlause.


1789 fekk Knut Larsson Verpelstad skøyte hjå stykfar sin og syskena sine på halve Verpelstad, som mor han hadde ått. Den andre helvta av garden hadde Knut fått skøyte på i 1781, og det vart samstundes tinglese ei odelslysing på den helvta som han fekk i 1789. Knut Larsson f. 1762 d. 1810 vart 1792 g.m. Ingeborg Einarsdtr. Dyvik f. 1771 d. 1849.

Born:

Ågota f. 1793 g.m. Olav J. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 2.
Marta f. 1794 d. 1870.
Anna f. 1796 g.m. Jon Olsson Straume bnr. 4, sjå Straume, husfolk.
Lars f. 1798 d.1814.
Einar f. 1800 d. 1817.
Ragnhild f. 1802 d. ug. 1872. Ho fekk 1828 ei dotter,
Kari, med Mons Johannesson Eikefet.
Ingeborg f. 1804 g. 1832 m. Jon Jonson Trettenes, sjå Dalseid bnr. 3.
Brita f. og d. 1806.
Eirik f. 1808. Brukar her.

Då Knut Larsson døydde 1810 vart det skift etter han, og nettoen i buet var då 325 rdl. 6 sk., av dette utgjorde buskapen 121 rdl. 4 mark. Halve garden vart verdsett til 120 rdl. og utlagt til enkja Ingeborg. Den andre helvta av garden vart utlagt til borna.


1811 vart enkja Ingeborg Einarsdtr. g. 2. g. m. Anders Johannesson bnr. 1, f. 1783 d. 1860.

Born:

Knut f. 1811 g.m. enkja Brita Johannesdtr. Dalseid. Brukar på Dalseid bnr. 2.
Johannes f. 1815 g. 1849 m. Maria Monsdtr. Fumes bnr. 2. Brukar i Toskedal bnr. 2.

Ingeborg åtte halve Verpelstad. Den andre halvparten fekk Anders bygsla for 6 år hjå borna til Ingeborg frå fyrste ekteskap.


1815 gav Anders Johannesson på vegne av kona og dei andre ervingane skøyte på heile garden til Einar Knutsson, stykson sin. Heile garden var verdsett til 100 rdl. Samstundes vart det skrive ut vilkårsbrev frå Mons Larsson Straume, som var verje for Einar Knutsson, til stykfaren Anders Johannesson og Ingeborg Einarsdtr. Verdsummen på garden i 1815, 100 rdl., har i panteregisteret bokstavane S W som markering etter seg. Dette var etter frigjeringa i 1814, men før pengereformen i 1816, og det kan henda det her er meint riksbankdalar.

Einar Knutsson Verpelstad døydde 17 år gamal i 1817, og i 1818 vart det halde skifte etter han. Garden vart då taksert til 90 spd. Anders Johannesson Verpelstad skøytte då på vegne av kona og andre ervingar garden til Eirik Knutsson Verpelstad for kjøpesummen 74 spd. 10 sk. reide sylv. Det som her vantar på 90 spd. er brorluten som Eirik sjølv hadde ervt i garden. Kårkontrakten som vart sett opp i 1815 for Anders Johannesson og kona Ingeborg Einarsdtr. vart overførd på Eiriks namn.


1819 fekk Eirik Knutsson Verpelstad skøyte på garden, som nemnt ovanfor. Eirik f. 1808 vart g. 1827 m. Marta Olsdtr. Straume bnr. 5 f. 1801.

Born:

Knut f. og d. 1828.
Knut f. 1829.
Olav f. og d. 1831.
Olav f. 1832. Han hadde skøyte på garden frå 1847, sjå nedanfor.
Ingeborg f. 1834 g.m. Jon Johannesson Straume, sjå Straume bnr. 1.
Anders f. 1837.
Lars f. 1840. Skreddar og telefonstyrar på Dale.
Inga f. 1842 g.m. Jon Olson Straume, sjå Straume bnr. 5.

1834 sette Eirik Knutsson opp kontrakt med stykfaren, Anders Johannesson. Etter denne kontrakten fekk Anders bruka eit stykke utmark som heitte Treet og eit slåttestykke som dei kalla Lia, mot at Eirik vart friteken for å svara halvparten av det kåret som han plikta å yta Anders.

Eirik selde 1844 garden til halvbror sin, Knut Andersson, for 950 spd. Han flytte då til Voss og kjøpte garden Vetlasaue bnr. 2 same året for 1500 spd. I 1849 bytte han med brukaren på Utkvitno, men kjøpte att bnr. 2 på Vetlasaue i 1854. Sjå Vossaboki b. II s.505.


1846 fekk Nils Bertilson Eide bnr. 2 bygselsetel på Verpelstad hjå Knut Andersson for si og kona si levetid.


1847 skøytte Knut Andersson Verpelstad til sonen åt halvbror sin, Olav Eiriksson, som då kalla seg Saue, for 800 spd. Olav var då ikkje myndig, og faren Eirik Knutsson Saue skreiv ut forpaktningskontrakt til Nils Bertilson Eide for 3 år, og samstundes festesetel ifrå dei same til Nils Bertilson på plasset Treet som Anders Johannesson hadde hatt som kårteig. Leigevilkåra var 60 sk. årleg i avgift for plasset Treet og det som høyrde til det. Vilkåra for resten av eigedomen var at Nils Bertilson skulle betala alle skattar og avgifter til statskassa av garden, og dessutan betala ei årleg festeavgift på 30 spd. Paktaren skulle i paktingstida ha rett til å hogga i skogen 10 famner bjørkeved årleg, 2 tylfter planktømmer, 1 tylft langkubbar og 1 tylft sperr, alt av middels storleik.


1851 fekk Nils Bertilson Eide skøyte på halve Verpelstad for 320 spd. Dette vart det seinare bnr. 2. 1851 vart det og halde skylddelingsforretning på garden som fastsette grensene mellom dei 2 bruka. Olav Saue sat framleis med eigedomsretten til den andre halvparten av garden, men det er rimeleg å tru at Nils Bertilson har pakta denne andre halvparten og, utan at det er tinglese noko kontrakt om dette.


1857 gav Olav Eiriksson Saue skøyte på den siste halvparten av garden til Jakob Olsson Øvstedal for 600 spd. Det vart det seinare bnr. 1. Om huslydane til Nils Bertilson og Jakob Olsson, sjå nedanfor under dei einskilde bruk.


BRUK 1.

Gamalt 1.nr. 18a. Gml. skyld 12 m. smør, revidert 3 ort og 6 sk. som i 1886 vart omgjort til 1 mark 87 øre. 1863 var det bruket 4 3/4 mål åker. Av det var 3 mål god, 1/2 mål middels og 1 1/4mål dårleg. Der var 29 1/5 mål eng. 8 mål var god, 9 mål middels og 12 1/5 mål ring. Bruket hadde eitt til to mål dyrkande jord. Sånaden var 1 ½ t. havre, 3 t. poteter. og avlinga 9 t. havre og 16 t. poteter. Bruket hadde 534 v. høy, 63 v. halm, 300 v. høy frå slåttene. Der var lyng, skav og beit for 1 ku. Der var brenneved og husved og tømmer til husbruk, og dessutan kunne det seljast famneved for 7 spd. netto årleg. Garden hadde ikkje noko fiske. Han var lettdriven heime, men tung frå slåttene. Bruket var ikkje serleg frostlendt, men det var sein og stundom grøn haust. Fødnaden var 5 kyr, 3 ungfe og 28 sauer. 1875 sånad 2 t. havre og 4 t. poteter, og fødnaden var 6 kyr, 3 ungfe, 20 sauer og 12 geiter. 1963 hadde bruket 27 1/2 mål innmark. Fødnaden var 1 hest. 5 kyr. 5 ungfe, 35 sauer.


1857 fekk Jakob Olsson Øvstedal, f. 1816, skøyte på dette bruket for 600 spd. og kår til Anders Johannesson. Jakob Olsson var gift 1850 med Marta Nilsdtr. Øvstedal, f. 1825. Jakob selde bruket i 1873 til Anders Velomsson Stamnes og flytte til Øvre Foss, Leirvik i Sogn.

Born:

Kari f. 1858.
Jakob f. 1859.
Brita f. 1862 d. 1864.
Brita f. 1865.
Anna f. 1869.


1873 skøytte Jakob Olsson dette bruket til Anders Velomsson Stamnes bnr. 10 for 700 spd. Anders, kona Brita og huslyden kom hit frå Toskedal der dei dreiv bnr. 4 ei stutt tid.

Ragnhild Andersdtr. f. 1871 fortel at då far hennar, Anders, kom til Verpelstad 1873, var der berre ei lita låg stove. Det var ikkje råd for dei å bu der, så dei flytte inn i smia på garden. Der fødde Brita eit barn om sumaren. Før dei vart ferdige med den nye stova, leid det på hausten, og dei måtte leggja tak på veggene som hadde to omfar for lite. Slik vart stova så låglofta. Alt innbu tok dei med frå Toskedal, slikt som trekjerald, gilsåar o.s.b. Til og med smalajøtene bar dei over Grånovæ til Kalvik, rodde dei inn fjorden og bar dei vidare opp til Verpelstad.

Anders Velomsson f. 1831 d. 1887 var g.m. Brita Haldorsdtr. Vik, St. bnr. 3, f. 1840 d. 1899.

Born:

Guri f. 1869 g.m. Bertin Høyland, truleg frå Hamre herad. Sjømann, b. Dale.
Guri d. kring 1957.
Ragnhild f. 1871 ug. arb. v/Dale Fabr. No b. Dale gamleheim.
Veline f. 1872 d. ca. 1954 g.m. Oskar Danielson som var svensk. Han var jarnbanearb. Dei var b. på Voss.
Haldor f. 1874. Brukar her, d. 1960. Ug.
Brita f. 1876. Ug., arb. v/Dale Fabr. D. 1945.
Anders f. 1879 g. 1908 m. Guri Jørnevik, Evanger, f. 1884. Konduktør ved Rjukanbanen og arbeidar ved Norsk Hydro. B. Rjukan.
Marta f. 1883 g.m. Olav Olsson Aldal f. 1880 d. 1963. Sjå nedanfor.

Då Anders Velomsson kom til Verpelstad i 1873 tok han til med å reisa nye hus på bnr. 1 i gamletunet. Uthuset som då vart bygt, vart det fyrste i Bolstadfjorden der løe, flor og stall var under eitt tak. I skiftet etter Anders då han døydde 1887 var der til deling kr. 1370,-.

Då Anders døydde var eldste sonen Haldor 13 år gamal og kunne difor ikkje overta det fulle ansvaret med gardsdrifta. Dette fall difor på enkja etter Anders, Brita Haldorsdtr. Me har ikkje opplysningar førebels om når Haldor Andersson fekk skøyte på garden, men etter tradisjonen på Verpelstad løyste han ut systrene sine partar i bruket i 1894, då han var 20 år gamal, og det er rimeleg at dette heng saman med at garden vart skøytt på han. Haldor var ug. og dreiv garden åleine til 1918 da verbroren Olav Olsson Aldal kom til Verpelstad og dreiv garden saman med Haldor. Olav Olsson f. 1880 d. 1953 var g. 1. g. m. Guro Matiasdtr. Dolve bnr. 9 på Voss f. 1877 d. 1912.

Born:

Gudrun f. 1910 ug. tekstilarb. B. Dale.
Marta f. 1911 g.m. Karl Larsson Øye, tekstilarb. B. Dale.

Olav Aldal var på denne tida busett på Voss og arbeidde som anleggsarbeidar ved jarnbana.

Olav Aldal vart g. 2. g. 1916 m. Marta Andersdtr. Verpelstad bnr. 1 f. 1883. Dei flytte, som før nemnt, til Verpelstad frå Voss i 1918.

Born:

Anders f. 19**. Brukar her.
Olav f. 19**. Banevaktar g.m. Brita Godskalksdtr. Dolve frå Tørvikbygd. B. Dalseid.
Harald Bjarne f 1921 d. 1941. Han lauga seg i Daleelva og drukna.
Oskar Malvin f. 19**. Tekstilarb. g.m. Sigfrid Nilsdtr. Eik. Sjå ættesoge for Dale.

Olav Olsson Aldal d. 1953.

Haldor A. Verpelstad d. 1960 på Dale gamleheim, der han hadde budd sidan 1956.


1945 gav Haldor Andersson Verpelstad skøyte på dette bruket til systersonen Anders Olsson Aldal for kr. 2.000,- og kår som for 5 år vart verdsett til kr. 700,-. Anders Olsson Aldal f. 1917 i Aldal er g.m. Marta Dortea Knutsdtr. Tyssen f. 1923.

Born:

Margit Brita f. 19**.
Kåre Olav f. 19**.
Harald f. 19**.
Gjermund f. 19**.


BRUK 2.

Gamalt 1.nr. 18b. Gamal skyld 12 m. smør, omgjort til 3 ort 5 sk., revidert 1 dl. 1 ort 1 sk. Ny skyld 1886 1 mark 90 øre. I 1863 hadde bruket 3 mål god åker, 1/2 mål middels og l 1/4 mål ring åker. Der var 8 mål god eng, 9 mål middels og 12 1/5 mål ring eng. Sånaden var 1 1/2 t. havre og 3 t. poteter. Avling 9 t. havre, 16 t. poteter. 777 v. høy, 63 v. halm. I slåttene 300 v. høy. Der var 1-2 mål dyrkande jord. Bruket var godt dyrka. Lyng, skav og beit for ei ku. Der er heimehamn ved garden som er god men lita. Stølshamna er stor nok. Der er ved nok til brensel og husved og tømmer til husbruk. Der kan seljast favneved for 7 spd. netto årleg. Om gardsvegen heiter det at han er 1/4 mil, bratt og vanskeleg ned til sjøen, og derifrå 6 3/4 mil til Bergen. I 1963 hadde bruket 37 1/2 mål innmark. 1863 var fødnaden på bruket 9 kyr, 3 ungfe og 31 sauer. 1875 sånad 2 t. havre og 3 t. poteter. Fødnaden var 8 kyr, 1 okse, 2 ungfe, 27 sauer og 14 geiter. I 1963 2 kyr, 3 ungfe og 23 sauer.


1851 gav Olav Eirikson skøyte til Nils Bertelson på dette bruket for 320 spd. Som tidlegare nemnt kom Nils Bertelson Eide hit som paktar eller bygselmann i 1846.

Nils Bertelson Eide bnr. 2 f. 1815 d. 1902 var g.m. Dordi Simonsdtr. Toskedal bnr. 1 f. 1804 d. 1886.

Born:

Johannes f. 1840. Treskjerar. B. her. Ug.
Bertil f. 1842. Brukar her.
Simon f. 1845. Sjå Toskedal bnr. 1.

Syster til kona på garden, Marta Simonsdtr. Toskedal bnr. 1 f. 1793 døydde på Verpelstad i 1873. Ho må då ha butt hjå syster si og hennar mann. Marta var ug.


1880 fekk Bertil Nilsson skøyte på dette bruket hjå far sin for kr. 600,-og kår. Bertil Nilsson f. 1842 d. 1886 vart 1860 g.m. Brita Larsdtr. Stamneshagen, Stamnes bnr. 11 f. 1830 d. 1901.

Born:

Dordi 1860-1923. G.1880 m. Petter Johan Johanson 1854-1930. For det meste busette på Kyte, Voss. Båe arbeide på hedleberget.
Marta f. 1863 d. 1925. Ug.
Nils f. 1866. Brukar her.
Knut f. 1868 g. 1898 m. Ragnhild Knutsdtr. Vik bnr. 3. Snikkar. Sjå ættesoge for Dale..
Lars f. 1872 g. 1909 m. Brita Helgesdtr. Helland.


Bertil og Brita budde fyrst som husfolk på bruket før dei overtok det. Bertil var svært interessert m.a. i jakt. Då han var ca. 20 år var han ute for ei ulukke. Han fekk ein kniv gjennom ei pulsår i låret og heldt på å forblø seg. Dei fekk til slutt stogga blødinga og reiste med han den lange vegen til Bergen. På sjukehuset måtte der stillast kausjon før han fekk koma inn. Dei gjekk då til handelsmann Blaauw som dei pla handla med eit par gonger for året, t.d. ved som dei sende til byen på Ostraskuter i byte for korn, mjøl m.m. Han gjekk god for dei, og Bertil kom inn på sjukehuset og vart god att, men han var så veik då han vart innskriven at han ikkje kunne laugast, slik det var vanleg når folk kom inn der.

Den noverande stova på bruket var ferdig i 1886 og vart såleis bygd i Bertil si tid.


Nils Bertelsson var neste brukar. Me har ikkje beinveges opplysning om når han fekk skøyte, men då mor hans, Brita Larsdtr. døydde 1901, vart det ordna med kår for syster til Nils, Marta Bertelsdtr. Det vart tinglese 1902, og det er då rimeleg at det også vart ordna med dei andre papira på garden. Nils Bertelson f. 1866 d. 1928 vart 1894 g.m. Guri Helgesdtr. Fumes bnr. 2, f. 1871 d. 1929.

Born:

Brita f. 1894 d. 1911.
Sigrid f. 1895 g. 1918 m. Johannes Kristoffer Samuelsson. Sjå ættesoge for Dale..
Bertel f. 1897 d. 1903.
Hildborg f. 1901 g.m. Ola Johannesson Dalseid,sjå Dalseid bnr. 2.
Helge f. 1902 d. 1903.
Bertel f. 1905 d. 1909 ved ei ulukka. Han fall utfor og slo seg i hel.
Helge f. 1908. Brukar her.
Brita f. 1912 g.m. Sigvald Farestveit. Banevaktar. B. Stavenes bnr. 10.


1929 fekk Helge Nilsson skøyte på dette bruket for kr. 1.200,-. Han er ug.

HUSFOLK

Det syner seg at det er svært få menneske som har butt på Verpelstad utanom dei som har vore brukarar og deira huslydar. Me har ikkje opplysningar om husmannsplass på garden og så å seia ikkje opplysningar om husfolk på garden.


1739 vart Askjel Knutsson Verpelstad g.m. enkja Andri Evanger. Dei budde som husfolk på Straume. Som enkjemann vart Askjel g.m. Anna Andersdtr. Furnes, og då flytte dei til Verpelstad der dei var nokre år.

Born:

Knut f. 1768.
Kari f. 1770.
Knut f. 1771.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy