Vetlejord

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 13:33, 11 desember 2008 by Rolferik (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka


Gards og ættesoge for Vetlejord.

Fil:Vetlejord 01.gif


VETLEJORD
GARDSNR. 87 I HOSANGER, NO NR. 55 I VAKSDAL HERAD


Innhaldsliste

Innleiing

Fyrste gongen me finn garden nemnd, er i Lensregnsk. 1603/04. Der heiter det: «Lidtleiord ligger øde». Seinare finn me namneformene Lillejord 1610/11. Lille Jord 1616 og 1723, Lillejorden i 1723 og stundom i dei eldste kyrkjebøkene. Vanlegaste formi er Lillejord heile tidi fram til 1900. Då tok talemålsforma til å koma inn i skrift òg. I bygdemålet er den bundne formi mest vanleg: Vetlejoræ. på Vetlejor'ne. Det er segn om eit eldre namn på garden fyre svartedauden, og i ei gardaregla er han kalla Svatun og i ei onnor Skjolborg. Det finst ikkje noko prov for dette, og det er vel helst «dikting» frå seinare tid. Johan Litle-skare, som både granska dei skriftlege kjeldone og såg på tilhøvi her og spurde ut om stadnamni, trudde helst at det gamle namnet hadde enda på land. Det høver godt med lendet, og enno heiter dei ytste teigane på bøen Landsenden og Landsendbrekko.
Vetlejord er næraste grannegarden til Høvik og ligg 1,5 km lenger oppe i dalen. Ein ås sting fram i dalen og stengjer, so du kan ikkje sjå frå gard til gard, men fylgjer du vegen oppetter og kjem i Fossleitet, ser du heile Vetlejordi framfor deg, fyrst eit lite hall opp frå elvi, so flatlende med nokre små haugar, til du kjem bort under lidi der bøen sluttar. Ovanfor bøen er det fyrst sva og hamrar: Kjeberget og Kjebergssvaena, Skorvestølen og Storatræet. Sidan er det skogkledde lier oppetter og innetter mot Nesmarkene. Der ris Joskarnovi høgast opp, med Skredfjellet og Skredberget innanfor der att. På sørsida av elvi ser du i Høvikmarki Storseilsvåi, og i Vetlejord-marki Middagssvåi, Mjølkesvåi, Svåi, Tjødnaberget, og so Orraspelrustna til merkes med Nese. Det er noko meir botnar her enn på nordsida, og bra med skog er her òg. Herifrå hev du yversyn yver det meste av legemålet som høyrer Vetlejord til, og du vil lett skyna at garden kan heita Vetlejord, for det er ikkje so stort område. Eit namn som Svatun ville òg høva godt, for nakne svaberg er det på båe sidor, på heimesida heilt inntil bøen, og på bortanforsida lenger undan.
Mot sør og vest hev Vetlejord grensa mot Høvik. Merkelina går yver elvi nett ovanfor Gunnhildafossen, fyrst rett opp lii på sørsida, sidan noko meir krokut etter lendet, og endar i fjellkanten ved Gavleberget, der både Vetlejord og Høvik får grensa mot Nese. På nordsida av elvi går grensa mot nordvest opp i åskanten, fylgjer so kanten av Åsen mot nord, sidan i same leid opp Svegili, so meir mot vest att til Nipestølnovi, og sidan mot nord yver Halsen til Joskarfjellet, der både Høvik og Vetlejord får grensa mot Almelid i Modalen. Herfrå går merket mot Almelid nordetter til Joskaret. Derfrå får Vetlejord grensa mot Nese, og merket fylgjer Joskarbekken ned lii til Jubotnen, går yver elvi ved Jubotsfossen og so i søraust til kanten yver Merkeshjellen, går so meir sørleg mot Orraspelrustna og til høgste Almkrårusti, sa mot nordaust til Vetlehaugen, mot sør til Daurmålshaugen, og sidan på lag same leid mot Gavleberget der grensa mot Høvik tek til. Vetlejord hev ingi fjellvidd. berre linene på båe sidor av dalen og opp i fjellkanten. Det einaste er Joskarfjellet på grensa mot Almelid, men det er ingi vidd, berre ein rygg å kalla. Du kan gå etter høgdi og sjå ned i båe dalane, både Modalen og Eksingedalen.
Den dyrka jordi på garden var fyrst næraste området kring husi. Gjenom bøen renn Bøbekken frå nord mot sør og skil millom to slag jord. Det er morene med stein, grus og aur ned mot elvi, og på andre sida mest myrlende til bort under lii, berre eit par stader noko turrare lende med moldjord og raudmilda. På moreneflata ligg alle husi, enno nokso nær saman. Her var åkerjordi frå gamalt. Ovanfor elvebakken låg Landsenden, Ækra, Åråkeren og Strengen. Noko lenger innpå flaten låg Storåkeren og Idnåkeren. Bortanfor bekken var Åkerstykket, Flåti med Reset, og sa Midtstykket og Nordastykket. Dei fyrste, som låg på morenen, var dei største og truleg dei eldste åkrane, og dei gav kornavlingi på garden i mannsalder etter mannsalder. So langt attende som folk veit om, hadde dei vore i åker, og var so heilt fram mot 1920-åri. Då vart dei etter kvart attlagde, og gamal bø vart teken opp til åker i staden.
Noko fyre 1900 tok båe gardamennene til å leggja ny bø til bruki sine. Det største tillegget fekk innmarki då Nyeteigen vart teken inn frå beistehagen.
Der fekk båe bruki kvar sine to teigar med noko bra dyrkingsjord, om det enn var mykje skrotmark og grunnlende med. Monsane fekk vel ei tid halvparten av engi si der. Etter utskiftingi 1968 er heile innmarki skift i to med ei einaste grenselina, so kvart bruk hev sin lut i samanheng so best som råd er. Men endå er Vetlejord ingen lettbrukt gard. for bøteigane er spreidde yver eit stort område.
Fram til 1920-åri gav nok markaslåtten likso mykje fòr som engslåtten. Var veret lagleg, kunne dei få engi i hus på tri vekor, men markaslåtten varde heile sumaren, gjerne fram mot mikjelsmess. Utslåttor var det frå elvi og heilt opp i fjellkanten på båe sidor av dalen. Kring 1900 hadde Rasmus-bruket 14 markaløor. På heimesida hadde dei Jubotnen, Træet, Midtløa, Grønabrekko, Storasvåi, Rustna, heimste og inste Nyeteigen. Bortanfor elvi hadde dei Fetløa, Vetleløa, Søre Jubotnen, lnsteløa, Svåi og Tødna. Monsabruket hadde 10 markaløor. Det var Jubotnen, Træet, Kulten, Joskaret, Rustna og inste Nyeteigen hitanfor elvi. Bortanfor elvi var det Nerebortanfor, Giljane, Svåi og Vetlebotnen. Størst var Træsloone. Den på Monsabruket hadde 33 hesjar, og dei skulle fyllast 3 gonger om sumaren, og attåt var det slege «flatteigar», so når løa og skotet var stappa, var det minst 120 byrdar høy. Omfram løone hadde dei so stakkstøe, so sume år kunne det vera 4-5 stakkar på garden. Attåt denne markaslåtten kom so haust-teigane, tynkeslåtten utanom bøen. Graset frå desse teigane bar dei oftast heim og hesja det i bøhesjene.
Landkommisjonen 1661 segjer om Vetlejord: «Ingen Lunder till uden noget Solverks Tømmer langt fra Sjøen». I matrikkelen 1723 heiter det:
»Ingen Husmandsplads. Ingen Seter. Litt furu og Brendeved Skog. 1 Flomsag. Gandske aarvant til Korn og meget besværligt at samle sit Høe. Lever bare af Kvegavling». Etter utskiftingi er heile utmarki, med skog og slåtte- og beitemark, skift soleis at kvart bruk hev ein teig bortanfor elvi, og heimanfor hev Rasmusbruket sitt i ein teig og Monsabruket sitt i to. Fyrr var skogen skift i mange telgar, og då var ein liten fureteig nærast bøen «hopaskog», som vart nytta når det galdt sams tiltak, slikt som grindar i sams gjerde, vedlikehald av kvernbruket og meir slikt. Eit tilhøve som fortel noko om husdyrstellet frå gamalt, er at Rasmusbruket åtte raunen på eit stykke inne i ein skogteig på hitt bruket. Skavskogen var verdfull den tid. På lag alle markaløor var timbra, og alle hus hadde nevertak, so det trongst skog til å halda dei vedlike, Losting var ei årleg onn fyre slåtten, og kvart år vart det selt noko bork, og stundom nokre kippor never.
Når det i matrikkelen 1723 er sagt at garden hadde «flomsag», må det visst vera feilskriving for «flomkvern». Det er ikkje segn om at det fanst sag som gjekk med vatn korkje her eller andre stader i bygdi på den tid. Men kvern hadde dei nok her som på andre gardar. Me veit om tri kvernstøe på Vetlejord. Eitt var i Kalvadalen, eit stykke nord for bøgarden. Der er ingen stor bekk, og lite fall er der òg, men det var laga ei veit eit stykke innetter lidi for å leida meir vatn til. Likevel måtte det nok vera bra flaum om kverni skulle sviva der. Mur-restar etter kvernhuset hev synt fram til våre dagar, men me veit ikkje no kva tid det var oppsett. So var det kvernstøe bortanfor elvi, under Kleivi, der bekken fra Mylletjørni lagar ein foss. Her var bra fall, og ved utlaupet fra tjørni hadde dei demma, so her fekk dei kvernavatn om det ikkje var flaum. Der hadde dei slipestein og, og han var i bruk til kring 1900. Sist i fyrre hundreåret sette dei opp kvern i Stavleifossen i Storelvi, og der var både vatn og fall nok. Noko seinare skaut dei djupare ned i inntaket til glipen, so det vart vatn nok jamvel når elvi var på det minste. Her sette dei og opp slipestein. Straks fyrr fyrste heimskrigen kjøpte dei ny kvern, bygde nytt hus, la nytt slok, hadde smed til å laga kvernkall av stål og heisegreidor til å lyfta kvernsteinen med, so det aldri hadde vore likare kvern i dalen. Huset var av finaste timber, med høvla vegger og golv, og med stort vindauga, so det var ei fin liti stova. I fyrste krigsåri mol både vetlejordane og hevikane kornet sitt der. Då krigen var slutt og det vart nogdi mjøl å få, vart det etter kvart slutt både med korndyrking og kvernbruk. I siste heimskrigen hende det vel at kverni knurra og gjekk ei og onnor natti, men sidan hev ho visst ikkje svive.
I krigsåri etter 1940 gjekk Vetlejord og Høvik saman om å byggja elektrisitetsverk i Stavleifossen. Det var ferdigt i 1946 og gav på lag 25 kw, se båe gardane hadde straum nok til ljos og koking. Det var i bruk til 1974, då B.K.K, hadde bygt ut leidingsnettet so gardane fekk straum derifrå.
I matrikkelen 1723 heiter det at garden «har ingen seter». Vetlejordstølen må difor vera bygd seinare, men me veit ikkje nøgnare kvar tid. Stolen ligg oppe i lii nord for garden, ein halv times gonga heimanfrå. Bruki hev kvar sitt sel med stova, mjølkerom og ein liten gang. Men husi ligg i heimehagen. Stølsgarden går litt lenger oppe, so når kyrne var i stølshagen, kom dei aldri ned til stølen. Stølshagen er både bratt og trong, og heitet er nok heller ikkje av dei beste. Fyre hundreårsskiftet hadde dei kyrne på Joskarfjellet i 14 dagar høgste sumaren, og då var det stridt å vera budeia. Fyrst var det ein dryg times veg i bratt lende frå stølen og opp, og so nedsatt med fullt kvartelsbytte og stundom meir. Når dei mjølka inst på fjellet, gjekk dei helst nedatt Joskargili, og dei fekk ikkje vera knemøyre som skulle gjera den turen to gonger dagleg med tung byrda. — Vanleg beiteruta var den tid: Løysingatid 3 vekor fyre jonsok. Fyrst beita dei 2 vekor i heimehagen, so 2 vekor bortanfor elvi, der det og var hamnehage, so åtte vekor på stølen, av dei 2 vekor på Joskarfjellet, so 2 vekor bortanfor att, og til slutt i heimehagen til kyrne måtte setjast inn mikjelsmess-tider. I januar 1928, det store ræseåret, ræste ein liten bekk attmed stølen og braut ned selet på Monsabruket og sopa det med seg, noko heilt ned i elvi. Rasmus-selet vart flytta litt, men ikkje sundbrote. Det vart nedrive og oppattsett våren etter, øg båe bruki nytta det til Monsane bygde nytt sel eit par år etter. Det gjekk ikkje so mange år etter dette fyrr det vart slutt på stølsdrifti, og husi vart ståande tome. Seinare hev Rasmus-bruket hatt kyrne sine skiftesvie i heimehagen og i markaslåttone bortanfor elvi. Monsa-bruket hev hatt mjølkekyrne på kulturbeite i inste Nyeteigen og Nere-bortanfor.
Same natti som stølshusi vart øydelagde, tok ræsingane to markaløor på Monsa-bruket. Det var Træsløa og Giljaløa. Båe vart sette oppatt, men no av standarverk og bordkledning.
Om heimehusi på garden får me vita noko i «Tingsvidne 20/4 — 1729 angående ildebrand på gården Lillejord i Hosanger skibrede. Brugerne er Lars Toriesen og Ole Iversen. 20. juni brændte alt ned undtagen «Flor», lade og et lide fårehus samt alle deres eiendele. Det som brændte op var 2 timmer boestuer, 2 timmer bisir, 2 timmer ildhus, et lidet timmerildhus med shyche, en timmer smale «Flor» samt tømmer «kleffe» til «bure». De to mænd med kone og born er i stor armod. De betinger skattefrihed for 2 år».
Etter dette må dei to bruki alt då ha hatt kvar sine bunadshus og uthus. Me veit ikkje heilt nøgje kvar husi stod, men bunadshusi på Monsabruket skulde stå litt lenger nord enn dei som vart rivne i 1974. Der var ein vinkel på merkelina, og det skulde vera for at merket ikkje kunde gå gjenom huset. Floren stod nedanfor hovudvegen som no er, der som det gamle merket vende av frå søraust til sørvest. Husi vart visst då sette oppatt på same tuftene.


I 1846 brann bunadshusi på Monsa-bruket på nytt. Det var om sumaren då òg, og husbønden, Olav Monsson, var nygift for andre gongen. Nyekona, Brita Knutsdtr. Høvik, var flytta heim om våren. Det var ein preikesundag det brann, og ho var åleine i huset. Alle hine var til Mo-kyrkja. Dei som var heime på hitt bruket, var so opptekne med å berga ut or sine hus, for dei ottast elden skulde slå yver dit, og dermed måtte Brita greida seg åleine. I bunadshuset var det lite ho vann berga, men i floren stod kalvane inne enno, og dei greidde ho å berga ut. Same våren hadde det gjenge ei skreda og øydelagt det meste av Jubots-slåtta på dette bruket. Då kyrkjefolket kom heimatt og fekk sjå kva som hadde hendt. trøysta han Gamle-Mons den nye sonekona si soleis: «Ulukko, da ska 'kje sta korkje hus elle jord sia du kom på garen!» Nye bunadshus vart sette opp same sumaren, og dei stod til 1974. På andre bruket og brann bunadshuset straks etter nyekona der, Synneva Rasmusdotter, kom til gards i 1861. Då g vart dei andre husi berga, og nye stovehus bygde oppatt med det same. Desse husi er framleis i bruk der. Etter denne hendingi går eit herme etter gardakonone på Nese: «Da æ nokke te kjerringa dei få seg, vetlejordane, dei brenna opp husæ so dei sku få seg nye».
Ved hundreårsskiftet hadde bruk 1 desse husi: bunadshus, ei lang lån med stor stova i nordre enden, stor gang gjenom heile husbreiddi i midten, med hellelagt golv, opi gruva og skorstein mura av gråstein, vetlestova i sørenden, lemstropp opp frå gangen til «døralemmen», der kornkista, mjølkista og brødskåp stod, og under sperrone var kjøtrotet. På vetlestovelemmen var kledekistor og stenger under sperrone til å hengja klede på. Lemmen yver storestova var soverom, men sjølvefolket hadde sengi si i storestova, som skikken var alle stader. Under vetlestova var potetkjellar med nedgang gjenom ei luka under lemstroppi. I sørenden av huset var ei halvtekkja til vedaskytja. So var det serskilt kårhus med stova i nordre enden, atti der ein liten gang med gruva og skorstein og inngang frå sida, og atti der ei skytja av standarverk og bordkledning. Frå gangen var tropp opp til «døralemmen» og derifrå inngang til stovelemmen og til vetlelemmen yver skytja.
Uthusbygnaden var ei svært lang lån, oppmurd av gråstein. På søraustre sida var fyllt grus og jord innåt muren. I sørvestre enden var smalhus med inngang gjenom eit «skot» som var nytta til vedaskytja. I smalhusdøri var ei liti glasruta, og meir ljosopning fanst ikkje til det romet. Atti smalhuset kom florsskotet, som gjekk tvers gjenom heile bygningen, og so kom floren. Han var låg og myrk, med 2 små glas i søraustsida. Atti floren kom so skuret eller mykaromet på lag i same høgd som florsgolvet, so myki måtte dei kasta ut gjenom ei døropning frå floren. I nordaustenden av denne lange låni var so bygt ei halvtekkja som dei kalla svoli, med rom til gardsreidskapar og anna. Yver skuret, floren og smalhuset var rom til høy og korn, og so låve. Inngangen til floren var på nordvestsida, og attmed der var ei tropp opp til løedøri. På andre sida av inngangen var hestestall med skråtak, og skukk under taket med rom for hesjastaur og slikt. På søraustre sida var og mura opp tropp med inngang til låven. Både låvedør og løedør var delte i to høgder. I 1929 bygde dei nye florshus på andre sida av vegen, og då vart heile denne gamle bygningen riven.
So var det smia. Ho står eit stykke nord for stovehusi, på eit skarv som heiter Geitaskarvet. Ho er mura av gråstein og stor å sjå til, men murane er tjukke, sa arbeidsromet er ikkje serleg stort.
På bruk 2 var hovudbygningen svært lik den på hitt bruket. Det var storestova og vetlestova med stor gang imillom og lemmar yver. Kring 1900 reiv dei ned skorsteinen i den store gangen, sette opp skiljevegg og tok halve gangen til kjøken. Der mura dei loddpipa av murstein og sette inn komfyr. Her og var serskilt kårhus bygt i 1871. I sørenden var stova med lem, og so ein ørliten gang med tropp opp til ein «døralem», og derifrå dør inn til stovelemmen. Innanfor gangen var eit lite kammers med plass for mjølk og slikt som høyrde mjølkestellet til. Vegg i vegg med gangen og kammerset kom so eit rom av standarverk med bordkledning. Her var hellegolv og stor gruva med skorstein, og dette romet gjorde teneste som eldhus. Her hadde dei vassheting, vaska kjørli, baka flatbrød, røykte kjøtet i skorsteinen, og i gruva turka dei kornet i ei diger turkegryta når dei skulde mala. Atti dette romet var bygt ei timbra bu som var nytta til verkstad. Her var høvlebenk og snikkarverkty. På «døralemmen» yver vaskeromet var kornkistor, mjølkistor og brødkistor, og på bualemmen var kledekistor. Atti bui kom ei stor vedaskytja, og under bui var kjellar som var nytta til smia. Alle desse romi vart ei lang lån under eitt tak, men det var berre sørenden med stova, gang og kammers som høyrde kårfolket til.
Litt nord for denne bygningen stod florshusi. Her var timbra flor i sørenden og «skur» under floren. Atti floren kom løa med høystad og med dør inn til floren. På dette bruket var ei løa til, Vetlaløo. Ho stod på andre sida av vegen, tvert yver frå kårstova. Der var mura smalhus med jordfylling på lag i høgd med muren, og løa yver var bygd med standarverk og kledning. På sidone var det store steinhellor til kledning nedst nede, og so to-tre bord øvst. I denne løa hadde dei smalahøyet og øykjahøyet. Dessutan var her rom for neverlad og ymse reidskapar og emnevyrke. So hadde dette bruket hestestall i serskild bygning. Han var timbra og stod aust for hovudbygningen og på andre sida av vegen. Det var berre eitt rom med god plass for ein øyk. Både stallen og Vetlalødo vart rivne då dei bygde ny uthusbygning i 1911.


Eigarar.

1610/11: Stigten. Landskyld 1 spann smør.

1647: Kongelig Maj. eier og bygger 1/2 L. smør.

Sameleis i 1660 og i Landkommisjonen 1661.

1663: Abell Munthe eier og bygsler.

1673: Odelsmanntalet fører Abell Munthe Peder Lembs.

1682: Lagmann Lilienschiold.

1691: Hans Lilienschiold eier hele gården.

1700: Fru Sidsele Kaas.

1708: Willum Hansen.

1756: Skøyte fra Jaen van de Veldes dødsbu til Monsiur Jaen Frøchen.

1764: Auksjonsskøyte på Kgl. maj. eiend. til Studiosus Herman Jansen Froehen. Same dag, 30/11, skøyte frå Herman Jansen Frøchen til dei to brukarane, Johannes Monsen 18 mrk. sm. for 33 rd., og Iver Torchieldsen 18 mrk. sm. for 33 rd.

Sidan hev bøndene på garden vore sjølveigarar.


Skyld og utreidslor.

1603/04: «Lidtleiord ligger øde».

1610/11: Jordeb.: «Aff Lillejord landskyld 1 sp. smør».

1621: Futeregnsk.: 1/2 L. smør.

1624/25: Jordeb. fører: «Leding og frelse 2 kalvskinn. Sameleis 1644/45. 1838: Smørskyldi vert no omgjord til pengeskyld, og garden får ei skyld på 8 ort 28 sk., revidert til 3 dalar 2 ort 1 sk.

1886: Skyldi vert omgjord til mark og øre. Garden får 5 mark 80 øre, skift likt på dei to bruki med 2 mark 90 øre på kvart.


Fødnad.

1657: Kvegskatten: Ein brukar, og han føder 1 hest, 1 ukse, 6 kyr, 1 kviga, 18 smalbeist og 16 geiter.

1667: Matrikkelen: 1 hest og 10 naut. Småfe er ikkje talde med. 1723: To brukarar hev tils. 6 kyr, 4 ungnaut og 12 sauer.

1803: Jordavg.: 18 «kreaturer» og 24 får.

1865: I samb. med folketelj.: 2 hestar, 29 storfe og 55 smalbeist.

1875: I samb. med folketelj.: 1 hest, 1 fyl, 20 kyr, 5 ungnaut, 36 smalb., 1 gris.


Sånad og avling.

1667: Matrikkelen: Sår 3 tunnor, avlar 5 tunnor (havre).

1723: Matrikkelen: Sår 3 tunnor, avlar 6 tunnor (havre).

1803: Jordavgift: Sår 2 tunnor, avlar 8 tunnor (havre).

1865: Folketelj.: Sår 4 tunnor havre og 4 tunnor potetor.

1875: Folketelj.: Sår 7 1/2 tunnor havre og 9 tunnor potetor.

1863: I «jordbrugsbeskrivelsen» finn me desse opplysningane:

Dei to bruki hev tilsaman: Åker og dyrka eng: 4 da. god, 5 1/3 da. medels god og 5 da. ring. — Naturleg eng: 10 da. god, 12 da. medels, og 15 da. ring. Dei haustar 1700 våger høy, av det 850 våger markahøy. Dei får 272 våger halm og sankar 1 kufør med beit og skav. Dei sår 8 tunnor korn, 8 tunnor potetor og haustar 36 tunnor korn, 36 tunnor potetor.

Fødnaden er tilsaman 20 kyr, 6 ungnaut, 2 hestar, 48 smalbeist. Dei hev skog nok til brensel og kan årleg selja furematerialar for 8 spd., og 8 kipper never for 4 spd., ialt 12 spd. innk. av skøgen. For alle desse tali gjeld at dei er like for dei to bruki, so for kvart bruk vert det halvparten.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».

Bruk 1. Dyrka jord 25 da. (mold og sandjord), anna jordbr. areal 60 da., prod. skog 400 da., onnor utmark 400 da. Bustadhus bygt 1861, driftsbygn. 1929, smia gamal. Stølshus bygt 1885, flytt av ræsing og oppattbygt i 1928. Brt. 162.000 kr. Fødnad: 1 hest, 6 kyr, 2 ungnaut, 6 sauer.


Bruk 2. Dyrka jord 30 da. (mold og morenejord), anna jordbruksareal 7 da., prod. skog 500 da., onnor utmark 500 da. Bustadhus bygt 1846, driftsbygn. 1911, stølshus ombygt 1928. Brt. 113.000 kr. Fødnad: 6 kyr, 6 ungdyr, 11 sauer, 2 griser.


BUSITJARAR

Garden i eitt bruk og bruk 1.

1603/04 er fyrste gongen me finn garden nemnd. Då heiter det i Lensreknesk.: «Lidtleiord ligger øde».

1610/11: Jordeboki hev «Aff Lillejord, landskyld 1 sp. smør». (1 sp. er 18 mrk.).

1611/12: Skattemanntalet fører garden under «ødegårde», og brukaren heiter Anders. 1 1615 får han 3. bygsel på 1 spann smør.


1. Anders Vetlejord.

1616/17: Futeregnsk. hev no ny brukar: «1. bygsel. Oluff som tilforne bodde på Veffueltvedt stædde Lille Jord som er 1 spannds leje gaff deraff 8 dr.» Dette er alt me får vita om Olav. 1 1620 er det kome ny mann. I Ættebok for Haus I s. 49 er ein Olav nemnd på Vevletveit i 1590, 1620 og 1624. Etter årstali er det mogeleg at det kan vera han som hev bygsla Vetlejord ein triårsbolk og so fare attende.


2. Olav Vetlejord.

1620: Futeregnsk. hev ny brukar: «Halduor Oelsen Lillejord i første bøgsell aff forte Lillejord gaff P. 6 dr.» I 1621 svarar han i 3. tage skatt av 1/2 L. smør, so då er skyldi dubla frå 1611/12. Halvor er førd i skattemanntalet fram til 1659. Me veit ikkje om han er son til Olav, nr. 2 her, men det synest ikkje urimeleg.


3. Halvor Olavson Vetlejord, g. m.

Magdalena. (1 kopskatten 1645).

Born:

  1. Anna g. 1685 m. Olav Jonson Raange.


1655: Jordeboki fører no Nils, og han er førd i kvegskatten 1657, se det er nok han, og ikkje Halvor, som sit med bygsel frå 1655. Her er nok eit døme på at skattemanntalet ikkje er heilt påliteleg alltid.


4. Nils Vetlejord. Om han finn me ingi opplysningar.

1661: Landkommisjonen hev Johannes, som «bruger all gården». Han sit med bygsel til han døyr i 1688, og sidan enkja, til sonen tek yver.


5. Johannes Vetlejord, f. 1636. d. 1688. g. m.

Anna. d. 1693.

Born:

  1. Agata f. 1659. g. 1682 in. Jakob Simonson Steinsland br. 4. attg. 1691 m. Knut Eilevson Ø. Helland br. 4.
  2. Ivar f. 1662, næste brukar her.
  3. Anders f. 1665, g. 1691 m. Anna Larsdtr. Nese hr. 3, og busett der.
  4. Knut f. 1671, d. 1694. ug.
  5. Olav f. 1673. d. 1696. ug.
  6. Namnlaus f. 1677. (døbt Johannes Lillejords barn».}
  7. Marta f. 1682, d. 1691.
  8. Johannes f. 1682, d. 1704. ug.
  9. Kari f. 1684. d. 1704, ug.
  10. Ingeborg f. 1685, d. 1696.

Enkja, Anna, sit med bruket i 1691 og 1692.


1694: Futereknesk. fører Ivar Johannesson, og han sit med bygsel til han døyr i 1721.


6. Ivar Johunnesson Vetlejord, f. 1662, d. 1721, g. 1693 m.

Kari Olavsdtr. N. Helland, br. 3, 1. 1664, d. 1733.

Born:

  1. Anna f. 1694, g. m. næste brukar her.
  2. Ingeborg f. 1696, g. 1735 m. Eilev Larsson Ø. Helland br. 5.
  3. Johannes f. 1699.
  4. Olav f. 1703, fyrste brukar på br. 2 her.
  5. Lars f. 1706, d. 1736, g. m. Sigrid Johannesdtr. Dale br. 11, busett der. 4 born: Helga, Ivar, Olav og Nils erver farsysteri Ingeborg på Ø. Helland i 1761. Helga g. 1752 m. Nils Nilsson Ø. Helland br. 4 og bur der. Nils g. 1761 m. Brita Fabiansdtr. Votlo i Haus og bur der. (Vaksd. B. II s. 244 og Æb. for Haus II s. 142).
  6. Torkjell f. 1709, brukar her nr. 8.


Ivar Johannesson sat med bygsel på heile garden, men i matr. 1723 er ført 2 brukarar som kvar bygslar 18 mrk. smør.


1722: Eldste sdotteri til Ivar, Anna gifter seg med Lars Tørresen, og dei må ha fenge bygsel på den parten som sidan fekk bruksnr. 1. Dei sat med dette bruket til 1731. Lars Tørresen var son til Tørres Larsen Flåm frå Aurland og kona Brita Johannesdtr. Lavik br. 4. Tørres og Brita var vigde på Mo 6/10 — 1695. Me veit ikkje visst om dette paret budde her i bygdi, men truleg er det Tørres som er fadder i ein barnedåp på Mo noko seinare. Då er han skriven Tørres Krossen. Derimot er det ikkje tvil om at det er same karen me finn i Ættebok for Hosanger på garden Svenheim, og som der gjekk under namnet Tørres «Skiødesløs». Der er han kalla Tørres Nilsen, og det må no vera grov skøyteløysa dersom han nyttar to farsnamn. Han er i alle fall skriven Larsen då han gifte seg på Mo i 1695.


7. Lars Tørresson Vetlejord, f. 1701, g.

1. 1722 m. Anna Ivarsdtr. Vetlejord, f. 1694, d. fyre 1765.

2. 1765 m. Ragnhild Johannesdtr. Veland, f. 1721, d. 1784, frå Myking.

Born:

  1. Anna f. 1723, må ha døytt barn.
  2. Ivar f. 1725, må ha døytt barn.
  3. Ingebrigt f. 1728, g. 1756 m. Eli Ivarsdtr. Litle Matre, busett Kringlebotn br. 2.
  4. Ivar f. 1730, d. 1797, g. m. Ingeborg Gullaksdtr. Søgnestrand, Lavik i Sogn, busett Fosse br. 2 i Masfjorden.
  5. Anna f. 1731, d. 1731.
  6. Anders d. 1787 f., g. 1763 m. Ingeborg Nilsdtr. Romarheim. f. 1734, d. 1816. Bror hennar, Olav, fekk skøyte på Dyrkolbotn i 1753. Då han døydde, fekk Anders skøyte på Dyrkolbotn, og var busett der til 1776, seinare busett Kringlebotn til han døydde.
  7. Anna g. m. Steffen Monsson Store Matre. busett Furebotn br. 3.
  8. Hallvard f. 1740, g. 1760 m. Marta Gullaksdtr. Søgnestrand, Lavik i Sogn, busett Fosse br. 1 i Masfjorden.
  9. Anna f. 1767, d. 1767.
  10. Anna f. 1769, g. m. Nils Andersson Furebotn i Masfjorden.


Om Lars Tørresson finn ein fleire opplysningar i Masfjordboki frå s. 1072 og utetter. Det var han som fyrst busette seg i Kringlebotn og bygde og rudde gard der. Han hadde ei vidgreina ætt etter seg i Masfjorden.


1731: Bygselbrev frå Welde de Fine Hansen til Torkjell Ivarson på dette bruket, 18 mrk. smør,


8. Torkjell Ivarson Vetlejord, f. 1709, d. 1761, g.

1. 1731 m. Kari Olavsdtr. Lavik, br. 2, f. 1712, d. 1736.

2. 1736 m. Brita Jakobsdtr. Leiro, f. 1717, d. 1767.

Born:

  1. Maria f. 1733, d. 1789, visst ug.
  2. Anna f. 1736, d. 1736.
  3. Ivar f. 1738, d. 1738.
  4. Kari f. 1740, g. 1784 m. em. Lars Monsson Lavik br. 2, busett der.
  5. Ivar f. 1743, næste brukar her.
  6. Jakob f. 1746, g. 1782 m. Agata Askjellsdtr. Farestveit, busett Blom i Haus, sidan Tertnes i Åsane. Ei sdotter, Brita, vart g. 1811 m. Mons Olavson Vetlejord.
  7. Lars f. 1749, d. 1751.
  8. Inga f. 1751, d. 1770, ug.
  9. Olav f. 1755, d. 1756.
  10. Lars f. 1757, d. 1841, g. 1788 m. Brita Knutsdtr. Mo br. 2 f. 1762, d. 1848, busett Fosse i Masfjorden, 11 born.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Ivar Torkjellson på dette bruket, 18 mrk. smør, for 33 rd.


9. Ivar Torkjellson Vetlejord f. 1743, d. 1817 på Nygard, g. 1763 m. Marta Eilevsdtr. Høvik, br. 1 f. 1740, d. 1809.

Born:

  1. Torkjell f. 1764, d. 1764.
  2. Torkjell f. 1766, d. 1767.
  3. Eilev f. 1768, g. 1793 m. Sisselm. Sissela Andersdtr. Odderås, Seim f. 1764, busett Nygard br. 3. Sjå der!
  4. Brita f. 1770, d. 1771.
  5. Olav f. 1774, bonde på Nygard br. 3.
  6. Brita f. 1775, g. m. Johannes Knutson Nygard br. 1.
  7. Torbjørg f. 1779, g. ni. em. Johannes Knutson Nygard br. 1.


1779: Ivar Torkjellson lyser på odelen til bruk 1 i Høvik, der ei yngre syster til kona hans og mannen hennar fekk skøyte frå far hennar i 1772. Ivar kom ingen veg med det.

1790: Makeskøyte millom Rasmus Rasmusson Nygard og Ivar Torkjellson Vetlejord. Bruket på Nygard, 6 mrk. smør, vert verdsett til 40 rd., og bruket på Vetlejord, 18 mrk. smør, vert verdsett til 100 rd. Rasmus flytter no til Vetlejord med sin huslyd, og Ivar Torkjellson flytter til Nygard br. 3 med sin.


10. Rasmus Rasmusson Vetlejord, f. Øvre Helland br. 1 1747, d. 1822.

Om giftarmål og born: Sjå Nygard br. 3!


1794 Skøyte frå Rasmus Rasmusson til sonen Knut på dette bruket for 80 rd. og vilkår. — Same året får Rasmus Rasmusson bygselbrev for 16 år frå Lars Olavson Almelid på bruk 1 i Øvre Helland, flytter dit og buset seg der, men kjem att til Vetlejord og lever sine siste år her. Rasmus gjev oss eitt av dei beste døme på namnebruk den tidi. Han er fødd Øvre Helland og nytta det namnet då han gifte seg i 1775. So heiter han Nygard til 1790, deretter Rasmus Lillejord til 1794, so Øvre Helland til han flytter attende til Vetlejord, og då han døyr, heiter han atter Rasmus Lillejord.


11. Knut Rasmusson Vetlejord, f. 1777, d. 1831, g. 1797 m. Maria Knutsdtr. Straume, br. 3 f. 1775, d. 1843.

Born:

  1. Dordi f. 1798, g. 1820 m. Anders Johannesson Lavik br. 1, busett der.
  2. Rasmus f. 1800, næste bonde her.
  3. Anna f. 1803, g. 1826 m. Jon Johannesson Straume br. 2, Stamnes, busett der.
  4. Kari f. 1806, g. 1828 m. Nils Johannesson Simenes, busett Myster br. 4.
  5. Maria f. 1809, d. 1810.
  6. Maria f. 1812, g. 1830 m. Johannes Olavson Leiro, busett der.
  7. Anna f. 1817, g. 1833 m. Ivar Knutson Høvik br. 4, busett der, sidan Straume br. 3.
  8. Marta f. 1822, d. 1822.


1824: Skøyte frå Knut Rasmusson til sonen Rasmus for 100 spd.


12. Rasmus Knutson Vetlejord, f. 1800, d. 1859, g. 1825 m.

Maria Johannesdtr. Simenes, f. 1804, d. 1879.

Born:

  1. Marta f. 1826, g. 1851 m. Rasmus Eilevson Nåmdal br. 1, busett der.
  2. Maria f. 1828, g. 1854 m. Magne Jakobsen N. Helland br. 3, busett der.
  3. Brita f. 1831, g. 1858 m. Olav Jakobson Nese br. 3, busett der.
  4. Maria f. 1834, d. 1834.
  5. Maria f. 1835, g. 1860 m. Johannes Olavson Lavik br. 4, busett Lid i Bergsdalen, 4 born.
  6. Knut f. 1837, næste bonde her.
  7. Maria f. 1838, d. 1838.
  8. Johannes f. 1839, g. 1862 m. Maria Ivarsdtr. Straume br. 3, busett Høvik br. 4.
  9. Knut f. 1842, til USA, g. og d. der. Kona var frå Sogn.
  10. Johannes f. 1844, g. m. Torbjørg Arnesdtr. Solberg, busett Solberg, Bergsdalen. Hadde 2 born, Arne og Johannes.


1859: Skøyte frå enkja Maria Johannesdtr. ved fullmekt. Olav Nilsson Høvik, til son hennar, Knut Rasmusson, for 200 spd. og kår til mori.


13. Knut Rasmusson Vetlejord, f. 1837, d. 1905, g. 1861 m.

Synneva Rasmusdtr. Eikemo, f. 1834, d. 1918.

Born:

  1. Maria f. 1862, g. m. Olav Holmås, Lindås, busett der, 2 born: Erik og Synneva.
  2. Gunnbjørg f. 1864, d. 1962, g. 1899 m. Johannes Brynjelson Nygard br. 2, busett Nygard br. 4.
  3. Rasmus f. 1866, d. 1946, næste bonde her.
  4. Brita f. 1871, d. 1952, g. 1902 m. Knut Bergeson Langedal br. 2, busett der.
  5. Anna f. 1873, d. 1876.
  6. Marta f. 1875, g. m. Andreas Johannesson Flatekvål br. 1 f. 1871, farmar i N. Dakota, 2 søner.
  7. Anna f. 1878, d. 1966, g. 1898 m. Johannes Johannesson Flatekvål br. 1, busett der.


1903: Skøyte frå Knut Rasmusson til sonen Rasmus for 1200 kr. og kår verdsett til 1000 kr.


14. Rasmus Knutson Vetlejord, f. 1866, d. 1946, g. 1896 m.

Brita Gudmundsdtr. Eide, br. 3, f. 1876, d. 1956.

Born:

  1. Synneva f. 1897, d. 1904.
  2. Inga f. 1897, Førde i Sunnfjord, d. 1928. busett Odda, 2 born. Attg. 1935 m. Leonard Nolevande f. 1912, Askøy, 1 son.
  3. Sigurd f. 1907, næste bonde her.
  4. Nolevande f. 1911. bonde her saman med broren.


1940: Leigekontrakt frå Rasmus Knutson til sonen Sigurd på teigane Fossteigen og Kyratræet. Sigurd brukte desse teigane og eit par utslåttor fyrr han tok yver garden. Han fødde då ei ku og nokre sauer.


1943: Skøyte frå Rasmus Knutson til sonen Sigurd for 1200 kr. og kår til foreldri.


15. Sigurd Rasmusson Vetlejord, f. 1907.


Ivar, bror til Sigurd, gjekk handelsskule og vart styrar i Hjelmås Handelslag i Osterfjorden. Då mori vart sjuk, og broren vart utan hjelp heime, kom Ivar heim, og sidan hev dei to brørne drive garden i lag. Båe er ugifte.


Bruk 2. Monsa-luten.

1723: Dette året fører matrikkelen for fyrste gong to brukarar på Vetlejord. Det er Lars og Olav. Kvar av dei brukar 1 spann, eller 18, mrk., smør. Etter den tid hev garden vore skift i to jamstore bruk. På bruk 1 sat no Lars Tørresson som var gift med eldste sdotteri til fyrre brukaren. Ho heitte Anna Ivarsdtr. På bruk 2 sat bror hennar, Olav Ivarson.


1. Olav Ivarson Vetlejord, f. 1703, d. 1754, g. 1723 m.

Maria Knutsdtr. Dale, f. 1695, d. 1765.

Born:

  1. Kari f. 1724, g. m. næste brukar her.
  2. Johannes f. 1726, d. 1805, g. 1754 m. Anna Monsdtr. Straume br. 4, og busett der.
  3. Olav f. 1729, d. 1750, ug.
  4. Knut f. 1732, d. 1736.
  5. Ivar f. 1736, d. 1736.


1753: Kari Olavsdtr. gifter seg med Johannes Monsson Straume br. 4, og året etter vart syster hans, Anna, gift med bror hennar, Johannes Olavson Vetlejord. Båe konone vert sitjande kvar på sin heimegard, og mennene flytter «heim» kvar til si kona.


2. Johannes Monsson Vetlejord, f. Straume br. 4 1725, d. 1805, g. 1753 m.

Kari Olavsdtr. Vetlejord, f. 1724.

Born:

  1. Anna f. 1756, d. 1756.
  2. Olav f. 1757, næste bonde her.
  3. Mons f. 1760, d. 1761.
  4. Kari f. 1762, d. 1762.
  5. Maria f. 1765, d. 1765.


1764: Den 30/11 skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Johannes Monsson på dette bruket, 18 mrk. smør, for 33 rd.


1777: Skøyte frå Johannes Monsson til sonen Olav for 33 rd.


3. Olav Johannesson Vetlejord, f. 1757, d. 1828, g. 1779 m.

Siri Nilsdtr. Leiro, f. 1751, d. 1832, (frå Myster-Leiro).

Born:

  1. Randi f. 1780, g. 1803 m. Olav Sjurson Straume br. 2, og busett der.
  2. Mons f. 1782, næste bonde her.
  3. Nils f. 1786, g. 1816 m. Brita Monsdtr. Furnes br. 2. Vaksdal Bygdeb. III s. 469. Nils er d. fyre 1828, hev då 3 born som deler hans arvepart etter faren. Enkja Brita attg. 1829 m. Gudmund Ivarson Mo br. 4.
  4. Inga f. 1789, g. 1812 m. Knut Olavson Bergstadneset f. 1790 i Evanger.
  5. Johannes f. 1792, d. 1792.


Om 3 d, Inga og Knut, er elles å fortelja: Knut var son til Olav Andersson Brekkhus og kona Eli Nilsdtr. Bergstad. Dei var husmannsfolk på Bergstadneset, som var plass undert Bergstad.
I 1816 var Knut og Inga paktarfolk på Nedre Mjelde i Haus. I 1828 pakta dei Klemmetshaug under garden Hop. I skiftet etter mori 1832 er Inga død. Hø let då etter seg 7 born som skulle dela hennar arvepart, men i dette skiftet var «intet at arve».


1806: Skøyte frå Olav Johannesson til sonen Mons for 70 spd.


4. Mons Olavson Vetlejord, f. 1782, d. 1854, g.

1. 1811 m. Brita Jakobsdtr. Tertnes, f. 1792, d. 1815.

2. 1816 m. Gjertrud Knutsdtr. Nese, br. 3, f. 1778, d. 1856, Lavikhaugen br. 1, nr. 4 e.

Born:

  1. Randi f. 1812, d. 1826.
  2. Agata f. 1815, d. 1816.
  3. Brita f. 1817, g. 1851 m. Amund Olavson Flatekvål br. 4. Sjå nr. 10 der!
  4. Olav f. 1820, næste bonde her.
  5. Knut f. 1821, d. 1860, g. 1847 m. Anna Nilsdtr. Almelid br. 5, f. 1822.


Nr. 4 e, Knut og Anna, budde fyrst på Veland i Myking, men då verbroren til Knut, Amund Flatekvål, kjøpte Bindingsbø i 1854, hev dei flytt dit, for i 1855 hev dei sonen Mons til dåpen frå Bindingsbø. I 1859 fekk Knut skøyte frå Amund på bruket i Bindingsbø for 300 spd., men selde det att i 1860 til Ivar Nilsson Almelid for 200 spd.
Då Knut døydde, vart enkja attgift med Anders Nilsson Farestveit br. 7. Dei for til Amerika, og borni frå 1. ekteskapet til Anna var med.


1843: Olav Monsson gjev vilkårsbrev til foreldri, og hev vel då fenge heimel til bruket, men skøyte hev me ikkje funne.


5. Olav Monsson Vetlejord, f. 1820, d. 1851, g.

1. 1843 m. Siri Magnesdtr. Eide, br. 1, f. 1817, d. 1843.

2. 1846 m. Brita Knutsdtr. Høvik, br. 4, f. 1827, d. 1922.

Born:

  1. Mons f. 1847, bonde her nr. 7.
  2. Knut f. 1851, d. 1899, g. 1875 m. Kari Larsdtr. Ø. Helland br. 1 f. 1853, busett Krossdal, Mo br. 5.


1852: Enkja Brita Knutsdtr. gifter seg att med Hans Pederson Høvik frå plasset Perbøen i Høvik.


6. Hans Pederson Høvik, f. 1823, d. 1883, g. 1852 m. e.

Brita Knutsdtr. Vetlejord, f. 1827, d. 1922.

Born:

  1. Olav f. 1853, d. 1886, ug., skomakar, budde heime.
  2. Gjert f. 1860, d. 1928, lærar, g. 1886 m. Ingebjørg Olavsdtr. Høvik br. 1 f. 1861, busett Eksingedalen, Kinn i Sunnfjord, Spydeberg i Austfold. I Spydeberg kjøpte han gardsbruk på Glende og budde der, 6 born.
  3. Peter f. 1863, d. 1938, lærar, g. 1888 m. Anna Knutsdtr. Nese br. 4 f. 1866, d. 1939, busett Enes i Kvinnherad, sidan Øyestad ved Arendal, kjøpte gardsbruk i Skarpnes der, dreiv det attåt læraryrket, 11 born.
  4. Andreas f. 1867, d. 1954, g. 1893 m. Gurina Andersdtr. Myster ell. Mostraum f. på plasset Bøfeten Mostraum 1870, oppfostra på Myster. 9 born. Andreas var handelsmann og postopnar på Eidsland.
  5. Knut f. 1901, d. 1924. Ado Nolevande f. 1925, g. m. lærar Rolleiv Utne, Tysnes.


1851: Skifte etter Olav Monsson, Bruket utlagt sonen Mons, som då var 4 år.


1873: Mons Olavson gjev kårbrev til mori og stykfaren Hans Pederson. men han og stykfaren brukar kvar sin halvpart av garden fram til 1883 då Hans døydde.


7. Mons Olavson Vetlejord, f. 1847, d. 1940, g.

1. 1869 m. Gjertrud Knutsdtr. Lavik, br. 5, f. 1844, d. 1888.

2. 1891 m. Maria Larsdtr. øvre Helland, br. 1. f. 1860, d. 1965.

Born:

  1. Olav f. 1870, næste bonde her.
  2. Hans f. 1875, d. 1915, g. 2. g. m. g. m. Aagot Friele., Bergen, f. 1875. 3 born i fyrste ektesk., 1 i siste. Hans var kjemiingeniør frå Bergen tekn. skole, og lærar der, sidan kjemikar i A/S Sydvaranger, Kirkenes, sist lærar ved Tekniske Mellomskole, Trondheim.
  3. Knut f. 1873, d. 1957, g. 1900 m. Ingebjørg Endresdtr. LillegLillegraven ell. Seim, Granvin f. 1879, d. 1974, 7 born. Knut var snikkar, busett Fjellskålnes, Hosanger.
  4. Brita f. 1874, d. 1967, g. 1895 m. Olem. Ole Einarson Eide, Stamnes f. 1866, d. 1954, busett Yksendalen br. 2.
  5. Johannes f. 1876, d. 1951, g. 1926 m. Mary Emma Burfield, f. 1890 i Cumberland, England, d. 1929. Ikkje born. Kona døydde på fyrste barnseng. Johannes var farmar i Canada.
  6. Nils f. 1878, d. 1933, g. 1901 m. Maren Sofie Kristensen f. 1881, d. 1931, 5 born. Nils var fabr. arb. og arbeidsform., fyrst i Oslo, sist på Rjukan.
  7. Anna f. 1879, d. 1963, g. 1915 m. Ivar Johannesson Grønhaug, Otterstad br. 2, f. 1886. Ikkje born. Båe var i Amerika, kom att 1914, budde då på Grønhaug, fl. so til Fetstigane ved Eidsland, bygde seg hus og sette opp ei stampa der, men han arb. mest på møbelfabrikken på Eidsøyri.
  8. Helga f. 1881, d. 1973, g. 1900 m. bonde Erik Jakobson Myster br, 3 f. 1870, d. 1948, busett der, 11 born.
  9. Ågot f. 1884, d. 1954, g. 1917 m. John E. Mitchel f. 1885, busett i Canada, 2 søner.
  10. Gjert f. 1892, d. 1981, møbelsn., g. 1918 m. Barbrom. Barbro Hansdtr. Brørvik, Stamnes f. 1889, d. 1967. I 1928 bygde dei seg hus på Raknes, kjøpte eit stykke utmark der som dei rydja og dyrka, 6 born.
  11. Håkon f. 1894, d. 1940, g. 1920 m. Anna Kristendtr. Rud, Darbu, 5 born. Håkon var heradsgartnar i Fiskum, kjøpte eit jordstykke, bygde hus og dreiv planteskule attåt arbeidet i posten sin. Eldste sonen, Magne, tok yver eigedomen etter faren.
  12. Sigmund f. 1896. ug. lærar, lengste tidi i Manger Fylkesskule, no busett på Raknes, Osterøy.
  13. Trygve f. 1898, g. 1933 m. Iva Gunvor Iversen f. 1904 i Bærum, d. 1980, 2 born. Trygve var lækjar i Bærum, Skien, Sulitjelma, sist yverlækjar ved Vest-Agder Fylkessjukehus, Flekkefjord til han nådde pensjonsalderen, sidan 2 år på Svalbard. Busett i Flekkefjord.
  14. Gunnar f. 1898, tvill. med Tryggve, g. m. Randi Andersdtr. Kvamme, Sande Nolevande f. 1912. Ikkje born. Ho er sjukesyster. Han er bygningsingeniør frå N.T.H., var fyrst i Brasil, vart sjuk og kom heimatt etter knapt 2 år. Sidan arbeidde han lengste tidi i firmaet Tor Furuholmen, Oslo. Busett i Oslo.
  15. Magnus f. 1901, d. 1981, g. 1933 m. Anna Andersdtr. Lavik br. 4 f. 1899, d. 1979. Magnus gjekk handelss., var handelsdreng, so handelsstyrar i Eksingedalen, Ytre Arna, Lærdal, Valestrandsfossen og sist kontormann i Osterøy elektrisitetsforsyning, busett Reigstad, Osterøy.
  16. Kari f. 1904, ug., diakonissa frå Bergens Diakonissehjem, var sjukesyster der, so menighetssyster i Fridalen, sidan styrarinna på aldersheimar i Bergen. Frå 1954 var ho heime og stelte mor si til ho døydde i 1965. Kari bur no på Raknes saman med broren Sigmund.


1903: Ved skylddeling på dette bruket vert det skilt frå eit stykke med skyld 32 øre og namnet Skjoldborg. Det fekk bruksnr. 3 og skulde ha eigedomsrett i alle hamnegabgar på garden etter skyldi si. Dette var «heimste Nyeteigen», som høyrde til bruk 2 den gongen. Bruk 3 vart aldri drive som serskilt bruk, men saman med bruk 2.


1904: Skøyte frå Mons Olavson til eldste sonen, Olav, for 1500 kr. Same året gjev Olav kårbrev til faren og stykmori, Maria Larsdtr. Etter den tid dreiv Mons og Olav Kvar sin halvpart av garden i mange år. Dei hadde kvar sine bøteigar og markaslåttor, men åkeren hadde dei saman og arbeidde i lag, og so skifte dei avlingi. Det same galdt skogen. Dei veda i lag, og so bruka kvar det han trong av veden. Då Mons let frå seg sin halvpart, tok han «arbeidskår» og fødde då vanleg 2 kyr og 2-3 sauer. Det var berre dei siste åri Mons levde at Olav «svara» kår med mjølk, smør og potetor.


8. Olav Monsson Vetlejord, f. 1870, d. 1936, g. 1907 m.

Berta Jakobsdtr. Nese, br. 3, f. 1883, d. 1928.

Born:

  1. Gudrun f. 1908, g. 1934 m. Oddmund Johanson Otterstad br. 1 og busett der.
  2. Nolevande f. 1911, næste bonde her.
  3. Nolevande f. 1913, d. 1974, g. 1943 m. Kristi Gunnarsdtr. Meland, Utne i Hardanger. Hjalmar var sløydlærer (formingslærar) i skulane i Kinsarvik, busett Utne, 2 born.
  4. Nolevande f. 1914, d. 1965, g. m. em. Jakob Victor Næss f. 1897. 2 born. Jakob var møbelsnikkar i Eidsfjord møbelfabr., g. 1. g. m. Maria Eiriksdtr. Myster br. 3, 2 born. Busett Myster br. 32.
  5. Nolevande f. 1955, læregut i elektr. faget, g. Nolevande f. 1961. Dei er busette Krokeide.
  6. Nolevande f. 1928, g. 1956 m. Nolevande f. 1931 i Kviteseid. Han er tannlækjar, amanuensis ved Odontologisk institutt, Oslo, busett Gjettum ved Oslo. Bjarne hev teke namnet Svatun til etternamn. 3 bøm.


1935: Skøyte frå Olav Monsson til sonen Nolevade for 1400 kr.


9. Nolevande Vetlejord, f. 1911, g. 1943 m.

Nolevande, br. 1, f. 1917.

Born:

  1. Nolevande f. og d. Nolevande f. 1973.
  2. Nolevande f. 1947, ug.


Husfolk og andre.

I matrikkelen 1723 heiter det: «Ingen husmandsplads». Me finn ikkje seinare heller at det var husmenn som hadde festesetel på jord her på garden. Derimot ser det ut til at her ofte budde andre husfolk eller «inderstar».


Erik Tommessen Træfald, f. 1676, d. 1737, g. 1733 m.

Brithe Larsdtr. N. Helland, br. 1, f. 1696, d. 1739.

Born:

  1. Lars, f. 1735, d. 1735 knapt 3 vekor gamal.


Faren er då kalla husmann på Lillejord. Kva tid han kom her, veit me ikkje. Då Erik døydde, vart enkja altgift i 1739 med em. Simon Brynjelson Høvik br. 4, og der døydde ho straks etter.


Brynjel Andersson Lavikhaugen, f. 1703, d. 1772, då skriven Lillejord, g. 1736 m.

Anna Ivarsdtr. Mo, br. 2, f. 1715.

Born:

  1. Marta, f. i Lavikhaugen 1737, d. 1764, gravf. frå Vetlejord.
  2. Simon f. 1738, d. 1802. I folketelj. 1801 er han «logerende» på Straume og «lever av sin ku».
  3. Brita f. 1744, d. 1830 på Vetlejord, då kalla «lægdslem», og er 86 år.
  4. Kari tvill. f. 1751, d. 1751.
  5. Anna tvill. f. 1751, d. 1751.
  6. Jon f. 1752, d. 1806, g. 1789 m. e. Marta Larsdtr. Langedal br. 1.


Brynjel og Anna budde vel i Lavihaugen då fyrste barnet vart født, og på Vetlejord då dei 3 siste vart fødde. Simon og Brita hev me ikkje funne i dåpslista, men gravfestingane er førde på Vetlejord, og alle hev etternamnet Lillejord. Det synest då rimeleg at lyden hev butt her, i alle fall frå 1750 til Brynjel døyr i 1772.


I 1849 er ført dette giftarmålet i Almelid:


«Anders Olsen, født på Lillejord, bor Almeli, 22 år, ungk. Marie Johannesdtr. N. Helland, 19 år, pige».


Anders er son til Olav Andersson og kona Marta Pedersdtr. på Skarva-plasset i Almelid, og det var denne Anders som i 1857 fekk festesetel på plasset Sekkeneset under Mo og vart buande der. Me finn han ikkje i dåpslista på Vetlejord, men foreldri hans må vel ha butt der då han var fødd, og han hev nytta namnet Lillejord. Sjå elles Sekkeneset under Mo.


I 1836 er til dåpen frå Vetlejord Anders Johannessen, f. 6/1 — 1836. Foreldri hans er Johannes Monsen Egefeten i Hosanger og kona Brita Andersdotter, og dei er «tjenestefolk på Lillejord». I Ættebok for Hosanger finn me dei på Austre Kleppe nr. 46, dei er plassfolk på Røberget. Der hev dei 5 born, og Anders er den eldste. Han kjem att på Austre Kleppe nr, 53. Han heiter då Lillejord, er skomakar, og er gift i 1866 med Maria Johannesdtr. Geitevik frå Stamnes og hev tri born.
Her hev me eit godt døme på korleis folk kunne få seg eit etternamn den tidi. Anders Johannessen hadde ikkje onnor tilknyting til Vetlejord enn at foreldri hans var tenestefolk der då guten var fødd. Det var greitt og lettvint for dei, men ikkje fullt so greitt for den som balar med ættesoga.

Folketal.

1645: Kopskatten: 2 yver 15 år.
1667: Prestemannt.: 3 mannspersonar. 1701: Manntalet: 3 mannspersonar.
1801: Folketelj.: 10 personar i alt.
1865: Folketelj.: 17 personar i alt.


1875. Bruk 1. Knut Rasmusson og kona med 6 born, og mor hans, som er kårenkja.


Bruk 2. Hans Pederson med kona og 5 born. I eige hushald Mons Olavson med kona og 4 born. Dessutan Maria Monsdtr. f. 1819 frå Stamnes sokn. Ho er «tyende» og barnepike, og Synneva Monsdtr. f. 1814 er ug. og lægdelem og «har vært sindsyg før».


1900. Bruk 1. Rasmus Knutson og Kona med 2 born og 1 tenestgj. som er syster hans. I kårtstova foreldri hans, som no er kårfolk.


Bruk 2. Mons Olavson og andre kona hans og 6 born. Av deim er Ågot frå 1. ektesk. tenestegj. og 16 år. I eige hushald Olav Monsson, ug. og hev 1 tenestgj. I kårstova enkja Brita Knutsdotter, mor til Mons.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy