Vik, Stamnes

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Vik.


GNR. 47 VIK


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg ved Vikafjorden med eigedomar på båe sidene av fjorden, både på nordog sørsida. Den gamle innmarka på garden ligg på nordsida ved ei vik med noko bratt stigning opp frå sjøen. Det er her nokre gamle sandterrasser som truleg er lagde opp av sjøen. Det gamle tunet ligg noko høgt oppe på ein kant, ca. 80 m.o.h. Dei gamle åkrane låg i hallet nedanfor tunet. Vikahagen, som ligg på ein tange der fjorden munnar ut i den nedste BolstadStraumen, er eit flatlendt område som har vore nytta til beite og slått i eldre tid. Elles har det og vore nokre slåtter på sørsida av fjorden i Ulevik. På båe desse stadene har der vore husmannsplass. Utmarka til garden strekkjer seg til fjells både på nordsida og sørsida av fjorden. På nordsida går Viksdalen mot nord og fram til Viksvatnet. På sørsida strekkjer utmarka seg oppover frå Ulevik mot sør langs Ulevikselva opp forbi Vikastølen.

Jordsmonet på innmarka i Vik er om lag halvparten sandblanda jord, og resten leir og myrjord.

Før vegen Stamnes-Straume vart bygd låg Vik nokså isolert frå andre gardar. Ferdsla gjekk då på utmarksstigar til grannegardane. Om desse vegane, sjå under grannegardane Straume, Øyo, Hesjedal og Stamnes. Elles var sjølvsagt fjorden ferdsleveg til og frå garden.

Gardsnamnet vart skrive viik i Bjørgynjar kalfskinn, truleg kring 1360, Wiig 1695 og 1723. Namnet kjem av ordet vik, f., og det er vika ved Vikasto som har gjeve garden namn.

Vik grensar til Kalland, Stamnes, Kvamme, Kvåstad, Straume, Øyo og Hesjedal. Grensa vart fastlagd og delvis stadfest etter tidlegare oppgang ved ei utskifting i 1837, der det var tilstades folk Irå alle dei nemnde gardane. Frå Kalland møtte Nils Jonsson. Skatteskylda var 1/2 l. smør, 1 mæle malt. Fri. Stamnes møtte Johannes Johannesson og Besse Andersson, kvar med ei skatteskyld på 1 bismarpund, 221/2 m. smør, og Velom Velomsson med skatteskyld 1 bismarpund Alle desse nemnde brukarane var sjølveigarar. Frå tridje grannegard Kvamme, som var benifisert til Haus soknekall, møtte brukarane Johannes Styrkson og Johannes Olsson, kvar med skatteskyld på 1 bismarpund smør. Frå fjerde grannegard, Kvåstad, møtte Anders Olsson som var sjølveigar og hadde skatteskyld 1/2 l. smør. Frå femte grannegard Straume møtte Jon Johannesson, Knut Matiasson, Jon Olsson og Johannes Olsson, som alle var sjølveigarar, kvar med skatteskyld på V2 l. smør. Frå sjette grannegard Øyo møtte Haldor Nilsson og Mons Haldorson med ei skatteskyld på 1 bismarpund kvar. Frå sjuande og siste grannegard Hesjedal møtte Magne Monsson og Jon Olsson, kvar med ei skatteskyld på 18 m.

Mot Kalland vart grensa fastlagd såleis: Det vart hogge ein X i ein stein ved Vikavatnet litt søranfor det såkalla Langenes. Merket gjekk mot sørvest til Porsmyrdalen, der det er hogge X i ein stein, derfrå i same lina til X hoggen i skory på nordre Ospeskarrusta, og derifrå mot Or til søre Ospeskarrusta der det er hogge X i ein stein ved sida av ein gamal merkestein. Her tek grensa til mot Stamnes, og går i same leid mot sør til Markesteinhaugen, der det er hogge X i ein stein. Vidare same leid til Nipo, der det er hogge ein X i berg, og i same leid ned til Kulsberget, der det var så bratt at dei ikkje kunne bruka alnemål. Her vart det og hogge X i berg, og vidare gjekk merket mot vest ned til sjøen, der det er hogge X i eit lite skarv i Merkesteingjela eller Merkesteingjellen, og derifrå over Vikafjorden til Ulevikelva, der det er hogge X i ein stein ved sjøen attmed elva. og derfrå fylgjer merket elva mot Or til ein stad dei kallar Moltestigen, der det er hogge X i berg. Her tek grensa til mot Kvamme og går i same leid langs elva til ein X hoggen i stein sør for Grønestadlen, og herfrå går ho mot vest til ein X hoggen i ei fjellnov nordst på Borgafjellet. Her tek grensa til mot Kvåstad. Ho svingar mot sørvest etter vestre Borgafjellkanten til X hoggen i ei bergnov lengst på dette fjellet. Derifrå svingar ho mot søraust etter ein dal som vert kalla Vardadalen til nordre Krokavatnet der det sluttar mot Kvåstad. Så går ho langs nordre stranda av Krokavatnet mot aust til ein X hoggen i berg vestanfor Stemmo. Her tek merket til mot Straume og går nordover til Knutstinova der X er hoggen i berg. Derfrå går det mot nordaust til little Øktarhaugen der det er hogge X i berg, derifrå austover til søre enden av Ore Drivedalstjørna og svingar her mot nord etter Drivedalen til sjøen, der det er hogge X i ein stein. No går det tvert over fjorden til Vårneset der det er X i berget, og derfrå mot nordaust opp til Nedrenova. Vidare i same leid til Storemyra, der X er hoggen i berg ved nedsett merkestein, og i same leid til ein stor stein med X over Skavdalen. Herifrå mot aust til Litlenipo der X er hoggen i ei bergrust, og atter mot nordaust etter eit hamralag til ein X hoggen i ein stor stein ved Ore enden av Skartjørna. Vidare går det i same leid til ein X hoggen i ein hammar austanfor denne tjørna, der merket tek til mot Øyo. Det svingar mot nordvest etter ein bekk i Urdadalen til ein stein med innhoggen X i Urdadalsmunnen. Vidare går det i same leid til Marksteinen, der X er hoggen i berg og derfrå mot nordaust til Bjørneskardhaugen der X er hoggen -i berg, og herfrå mot nordvest til søre Bjørneskardrusta, der X er hoggen i berg. Her tek merket til mot Hesjedal. Det går i same leid til nordre Bjørneskardrusta der X er hoggen i berg, og derfrå mot vest ned til Bleikemyrhaugen der X er hoggen i ein stor stein og vidare ned til austre sida av Vikavatnet i same lina, der X er hoggen i ein hammar, og endeleg til sist mot nordvest tvert over vatnet til fyrste punkt, ein X i ein stein ved vatnet Or for Langeneset.

Busetnaden i Vik er gamal. Av oldfunn kan ein truleg gå ut frå at her var fastbuande jordbrukarar så tidleg som i yngre jarnalder. I området mellom sjøen og gamletunet i Vik er der grave ut 2 gravhaugar. Det er rota i desse haugane fleire gonger. Det eldste funnet som kom inn til Historisk Museum i Bergen frå Vik var ein bronselykel frå yngre jarnalder og ein irsk berering til skrin. Det har og vore graving i 1880-åra og 1890-åra, men den fyrste fagleg forsvarlege graving stod professor Bøe for i 1930. Då grov han ut Leitehaugen, som ligg på ein høg bakkekant, ikkje så langt frå sjøen. Denne haugen var ved utgravinga 17-20 m i tverrmål, og opptil 1,75 m høg, avflata på toppen, og hadde truleg vore høgare. Ved ei tidlegare graving kring 1890 midt i haugen vart det funne ei stor helle med ei oppvitra krukke under. Professor Bøe fann at røysa var ei kjernerøys av store steinar nedst, mindre over og med eit tjukt lag av leir og dernest jord øvst. Det vart ikkje funne fleire oldsaker eller graver i 1930. Ca. 100 m nord og opp frå Leitehaugen ligg ein annan haug som vert kalla for Rudkallen. Fråstanden herifrå og mot nordnordaust opp til Viktunet er 150-200 m. Rudkallen var om lag 14 m i tverrmål, opp til 11/2 m høg i manns minne. Då Wencke Slomann grov ut haugen 1949, synte det seg at her var ei røys med tynn torve på oppå ein liten grusterrasse. Rundt røysa også på kanten av terrassen var eit lite avflate område. Røysa er bygd av store steinar med mindre steinar over og innimellom og med heller på skrå i ytterkantane. Botnen under røysa var grus, øvst svart og kolblanda, derunder grå og brend og så. gul. Fleire stader var små groper med kol og brent gras, opptil 20-30 cm i tverrmål; dette kan kanskje vera stolpehol. På botnen i midten var der restar av ei mannslang kiste av stein, orientert aust-vest, fullstendig øydelagd ved graving i 1880-åra. I nordaustre delen av røysa var eit flak med oldsaker, brende bein og litt kol. Det låg over botnsteinane. Tett nord for kista i sentrum låg eit brannflak med kol, brende bein og oldsaker på røysbotnen. Det vart såleis funne 3 graver i denne røysa, 2 av dei er mannsgraver frå yngre jarnalder.

Av oldsakene frå Vik er det utan tvil den irske bereringen til skrin som er den mest interessante. I arkeologisk litteratur vert han kalla Stamnesringen, og ein meiner at han er heimførd frå ei vikingferd til Irland på 800- talet.

Etter dei arkeologiske funna å døme skulle difor busetnaden i Vik skriva seg frå yngre jarnalder, d.v.s. tida frå om lag 600 e.Kr. og framover. Det er ikkje grunn til å tru at Vik låg øyde etter svartedauden. Alt frå om lag 1360 har me opplysningane i Bjørgynjar Kalfskinn som er nemnd nedanfor og som syner at garden var i bruk på den tid.

Så langt tilbake som me veit, har Vik hatt berre ein brukar, det var truleg tilfelle i mellomalderen og likeeins på 15-, 16- og 1700-talet like til 1786, då garden vart delt mellom 2 brør. I 1846 vart det skilt frå ein part av Vikahagen og seld til eigaren av gnr. 46 Stamnesleiro. I 1866 vart resten av Vikahagen skilt frå som serskilt bruk, og i dette hundreåret har bruksdelinga halde fram. (Sjå brukarsoga).

I 1870-åra var der to bustadhus i Vik, eitt til kvart bruk. Dei stod på den gamle tunstaden og var bygde av ovaltelgt tømmer. Dei var tetta med myramose mellom omfara. Husa var bygde oppe på ein grunnmur og stod gavl i gavl så tett at ein vaksen mann med nauda kunne smetta seg mellom dei. Stovene var nokså like. Kvar av dei hadde i midten ein romsleg gang som var hellelagd. Her var det og grue så stor at der var plass til to tunnekjelar attmed einannan, eller ein tunnekjel og ei bakstehelle til flatbrød- eller potetkakebaking. Frå desse gangane gjekk der trapp opp til lemane, som vart bruka som soverom for born og tenestefolk. Husa hadde ei stove i kvar ende, med dørar frå gangane. Kvar stove hadde kjellar under golvet til poteter o.a., og ein kom ned dit gjennom ei luke i stovegolvet med ein stor jarnring På oppsida av den minste stova, Vetlestovo, var ein svalgang i standarverk. Her hadde dei klede, ved, øksar og annan reidskap. Båe stovene var tekte med never og torv. Gardstunet på oppsida var heller trongt. Her gjekk ein køyreveg, og så var det lagt steinheller fram til dørane, til å stiga på.

Garddelinga Irå 1786 vart regulert ved ein utskiftingsforretning 1837. Innmarka fekk då ei nokså grei to-deling, men på åkerlandet var der ein del krinkelkrokar. Dette har grannane sidan retta inn seg i mellom, så grensa er no om lag bein, men desse private reguleringane finst ikkje oppskrivne i offentlege dokument. Ved utskiftinga på innmarka i 1837 fekk bnr. 3 sin eigedom i ein teig, og bnr. 1 fekk ein hovudteig på innmarka og ein biteig ved Høgstølen. Vikahagen hadde ei serskilt deling der båe fekk sine teigar. Her var det også teigblanding med gnr. 46 Stamnesleiro. Sjå elles under brukarsoga og bruksdelinga. I Ulevik hadde og dei to gamle bruka kvar sine teigar.

I utmarka vart det sett skogamerke i 1837, slik at bruka fekk kvar sine skogteigar. Det seinare bnr. 1 fekk 4 teigar i skogen, og det seinare bnr. 3 fekk 5 teigar. Der er ikkje hopateigar nokon stad i skogen.

Transporttilhøva var ikkje gode i eldre tid, og dette vart og teke omsyn til ved utskiftinga. Når det skulle køyrast tømmer og ved or skogen, nytta dei dels hest og dels måtte dei draga. Der var to dragingar der dei måtte ta strangane med mannemakt. Det var i Skaret og ved Leitet.

På bnr. 1 fekk dei hest kring 1925. Før hadde dei berre forhestar om vintrane, og godtgjersla var kr. 50,- pr. vinter. Hestane skulle leverast til pinse om våren. Hestane dei hadde høyrde til hotelleigar Fleischer på Voss. Same skipnaden hadde dei på bnr. 3. Når hestane skulle fraktast til og frå Vossebanen, bruka dei storebåt til å føra hestane i. 2 båtar vart bundne saman med eit tog mellom stamnane framme og bak. Midt på la dei ein kraftig ås over atterbekken. Mane vart lagde om lag 1 aln frå einannan, og så surra dei åsen godt fast til atterbekken i båe båtane. Hestane hadde dei så ein i kvar storebåt. Der laut vera 4 mann til å føra hestane, 2 mann rodde, 1 mann passa hestane og 1 styrde.

Dei hadde noko vedleveransar til Vaksdal og til fabrikkstaden i Ytre-Arna eller Elvæ som staden vart kalla. Då køyrde dei veden fram til Vikastoæ, kappa han med sag og kløyvde han ferdig der og lødde han opp i naustet. Når han var turr, leigde dei seg ei Ostraskuta på Kallestad, lasta inn og siglde eller rodde ut Straumen og sør gjennom Veafjorden. Mons Vik fortel at ein gong dei hadde ein slik tur, rodde dei ned Straumen om kvelden til Stamnes. Det var stilt og fint ver, så far til Mons fann ut at dei kunne ro om natta ut til Vaksdal. Det var langt, eit par mil, så dei kom ikkje fram før om morgenen i 5-6-tida. Då kvilde dei litt før dei lossa opp veden. Sidan hadde dei bør heimatt så dei kunne sigla til Kallestad. Der samlast ei mengd folk og drog skuta opp i naustet att. Ostraskutene hadde både segl og årar. Seglet var eit råsegl. Ã…rane var 20 alner eller vel det, og den som skulle ro ei år sat i motsett side av den åra verka på.

Beitet i Vik er sams for bruka i utmarka. Vår- og haustbeitet var ovanfor bøgarden, og dei 2 eldste bruka hadde ein vår- og haustflor i lag på Vassbakko. Dei bruka kvar sin ende av floren med ein gang i midten. Frå gangen var der stige opp til båe skukkane. Der hadde dei høy frå utslåttene ikring. Sumarbeite hadde dei på vestsida av Vikafjorden. Stølshuset her hadde dei i lag. Det var innreidd såleis at sjølve selet, der budeiene overnatta, var midt i huset med eldstad ved eine ytterveggen og seng ved den andre. I senga låg budeiene i lag. På veggene inn mot mjølkesætra var der dør midt på, og så hadde då bnr. 1 sitt mjølkesæter i vestre enden og bnr. 3 hadde sitt i den austre enden av huset.

Slåttene i utmarka var for det meste delt med skogamerke, men der var og noko hopaslått. Det var på Høgstølen og på Vassbakko ved Vikavatnet. I desse hopaslåttene delte dei høyet etter skyn på den måten at mannskapet var likt frå kvart bruk og arbeidstida likeeins. Høyet vart aldri vege, men dei var i lag og laga til to og to børar når dei skulle bera det i hus. Dei vog børane på kneet etter tur og var så samde om at dei var like tunge, eller den eine børa litt tyngre enn den andre. Var der litt skilnad, fekk den andre ei ekstra fenge i neste børa. På Vassbakko hadde dei, som før nemnt, høyskukkar oppå florane, men under same tak.

Kvernhus har bnr. 1 og 3 i lag oppe på Øyo eigedom. I vederlag har eit bruk i Øyo ei naustetuft ved sjøen i Vik. Det finst truleg ikkje noko skriftleg om dette, men skipnadcn skriv seg rimelegvis frå den tid Vik var i eitt bruk. Br. 3 i Vik har sidan fenge seg kvernhus som står ved sjøen i Vik.

Naust hadde bnr. 1 og 3 før i lag ved Vikastoæ. Dette hopehavet vart utløyst då far til den noverande brukaren, Haldor Knutsson, sette opp naust til bnr. 3.

Laksefisket har vore sams for dei to hovudbruka, og dei har delt utlegg og innkome likt og gjer det framleis.

På 1800-talet hadde dei to hovudbruka kvar sitt husmannsplass på Lunde og kvar sitt i Ulevik, men der har og vore husmannsplass i Vikahagen. Sjå nedanfor under husmannsplass.

Takningsrota til Vik er Vik, Øyo og Hesjedal, og denne skipnaden stod ved lag så lenge dei nytta nevertak. Knut Haldorson på bnr. 3 var hjå grannen på bnr. 1 i 1954 og ordna eit stovetak der nevra hadde ulaga seg noko. I 1956 skifte grannen til skifertak. Heil take var Knut sist med på leggja under krigen hjå Nils Øyo. Gravarrota er den same som takningsrota. Når det var gravferd, hadde dei den skipnaden at dei betalte gravaren kr. 15,- for gravinga. Dei 15 kronene vart utlikna på alle mannspersonar som var med i gravferda. Knut Haldorson på bnr. 3 var sist med på ein slik skipnad i 1953.


SKYLD, UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 2 i Vassværn tinglag. 1838 matr.nr. 4. 1886 til 1964 matr.nr. 58 i Bruvik. Landskyld på midten av 1600-talet 1 laup smør, og det same på 1700-talet. 1838 omgjort til 4 d. 3 ort 18 sk. 1886 7,21 skm. Skatteskyld 1 l. 1 p. smør. Fredtoll 1591 1 kalvskinn. I 1708 er fredtoll oppgjeve å vera 6 sk. av kvar oppsitjar. Husdyrskatt 1657 10 m. 2 sk. I matrikkelen 1723 er det opplyst: «Wiig Apostels Gods. Opsidderis Tal 1. Skyld 1 l. Sm. Hougs Præsteboel beneficerit, med Bøxell. Huusmands Pladser Jngen. Jngen Sætter. Lidet Furre-Skoug till at wøhle om Huserne med, og Ringe Brendeweed Skoug. Ringe Humble Hage. Qværn og Fischerie Jngen af Deelene. Ligger nær Siøen. Er Middel maadig til Sæed. og Siels Let wunden, Saar 3 1/2 t. Haufre, aufler 12 1/4 t. Føder 8 Kiør 4 ung Nød 15 Faar 1 Hæst. Taxt efter gl. Matricul 1 L. 1 pd. Sm. Har jngen anden Næring eller Brug uden af Gaardens Aufling, ligger 5 Mil fra Byen - - Folketal 1801 20. 1875 29. Fødnad 1657 1 hest, 1 stut, 9 kyr, 4 ungfe, 18 sauer, 12 geiter. 1863 2 hestar, 13 kyr, 6 ungfe, 17 sauer. 1875 1 hest, 11 kyr, 6 ungfe, 58 sauer, 18 geiter. 1959 4 kyr, 4 ungfe, 3 sauer, 6 høns. Sånad 1665 21/2 t. korn. 1863 101/4 t. havre, 71/2 t. poteter. Avling 35 t. havre, 36 t. poteter. 1614 v. høy, 245 v. halm, 48 v. høy i slåttene. Innmark 1959 93,4 mål.


EIGARSOGE.

Som før nemnt er Vik ein gamal gard; oldfunna som er gjorde her, vitnar om det. Det eldste skriftlege vitnemålet om garden finn me i Bjørgynjar Kalvskinn frå 1360-åra. Her er det opplyst at presten på Stamnes eig 1 spann og 4 merker i Vik: Præstr tæker a Stafnesi Imprimis - - - - Jtem j Viik spann oc fiorer - -Om dette gjeld heile garden er uvisst. Truleg er det berre ein part av garden presten har ått. Kven som då har ått resten veit me ikkje noko om. Slik det står i Bjørgynjar Kalvskinn, har garden eller gardparten truleg høyrt til prestebolet ved Stamneskyrkja, som då var ei sjølvstendig kyrkje.

Me finn ikkje noko prov på at Vik har lege øyde etter Svartedauden. Truleg har han ikkje gjort det. På 1600-talet vert brukaren i Vik rekna i lag med halvgardsmenn, såleis i lensrekneskapen 1631 for landsskatt. I Contributionsskattemanntalet 1648 er Vik oppførd som høyrande til Haus prestebol. Det gjeld heile garden. Truleg har garden vorte lagd under Haus prestebol etter reformasjonen i samband med at Stamneskyrkja vart omgjord frå soknekyrkje til annekskyrkje under Haus prestegjeld. og no ser det ut til at prestebolet eig heile garden. Haus prestebol står no som eigar og den som rår for bygsla på garden gjennom heile 16- og 1700-talet. Der er berre 1 brukaren Arne, og 1590/91 Olav Vik. Lensrekneskapene 1603 og 1611 syner delt i 2. 1845 får så brukaren på det seinare bnr. 1 kongeleg skøyte, og 1864 vart det gjeve kongeleg skøyte på det seinare bnr. 3. Frå no av er brukarane sjølveigarar i Vik.


BRUKARSOGA TIL 1786.

I verket Norske Regnskaber og Jordbøger fra det 16. Aarhundrede finn me dei fyrste opplysningane om brukarar i Vik. I 2. bandet finn me nemnt berge i Vik og Johannes i Vik, og i 3. bandet Halstein på Vik. 1563 heitte brukaren Arne, og 1590/91 Olav Vik. Lensrekneskapane 1603 og 1611 syner at brukaren då heitte Rasmus Vik. 1620 og 1626 finn me 2 brukarar. Den eine er Rasmus og den andre er Olav Vik. Om det her er noko slektskap mellom dei mennene som er nemnde, er uvisst. Rasmus er og nemnd i lensrekneskapen 1630/31, og 1638 er også Rasmus og Olav nemnde. I koppskatten 1645 finn me nemnt Olav Sjursson med kona Marita og 1 tenestetaus. Olav Sjursson er vidare nemnd 1648 og 1655.


I husdyrmanntalet 1657 heiter brukaren Jon. Han er og nemnd av Landkommisjonen 1651, og i manntalet 1664 og 1666 er han kalla Jon Knutsson. Jon Knutsson f. om lag 1633 d. 1696, var g.m. Kari Monsdtr.

Born:

Marita f. ukj. år d. 1696.
Mons f. ukj. år d. 1696.
Marita f. ukj. år g.m. Johannes Rasmusson Fylingslid. B. Tysso.

Jon Knutsson finn me og i Futerekneskapen 1692.


1692 er det og nemnt ein annan brukar, Olav. Det er truleg denne Olav me finn att i manntalet 1701, då kalla leiglending Olav Knutsson. Olav Knutsson f. 1633 d. 1712 var g.m. Ingeborg Halsteinsdtr. f. 1639 d. 1721.

Me kjenner berre til desse borna:

Halstein f. 1671. Brukar her.
Berta f. ukj. år g. 1703 m. Lars Nilsson Viko.
Guri f. 1681 g.m. Simon Monsson. Brukar her.

Olav var leiglending i Vik på den tid då sokneprest Nils Hierman styrde Haus soknekall. Hierman vart klaga for å ta for Ng leige av leiglendingane sine, og Olav var vitne i denne saka. I vitneprovet opplyste Olav Knutsson at han og sonen Halstein bruka til saman 1 laup smør. Av det måtte dei gje ei årleg landskyld på 3 rdl. til presten Niels Hierman og dessutan 20 sk. i arbeidspengar. Dertil måtte dei hogga ved og alt presten trong av staur og stenger og anna slikt.


1695 fekk Halstein Olsson, son til Olav Knutsson, bygsla halvparten av garden Vik og måtte betala 13 rdl. til soknepresten i bygselpengar. Halstein Olsson f. 1670 d. 1735 var g.m. Brita Johannesdtr. Blom.

Born:

Knut f. 1704.
Kari f. 1709.

Så lenge Halstein levde har då han og faren, Olav Knutsson, drive kvar sin halvpart av garden. Det er også opplyst i Futerekneskapen 1708. Dei vart seinare brukarfolk på Ytre-Boge bnr. 4.


1709 fekk Simon Monsson Verpelstad bygsla heile garden. Simon Monsson er f. 1676 d. 1717, g.m. Guri Olsdtr. Vik f. 1681.

Born:

Olav f. 1708 d. 1739.
Knut f. 1710. Brukar på Mo i Stamnes.
Ingeborg f. 1716 g.m. Olav Johannesson Straume, sjå Straume bnr. 4.

I Futerekneskapen 1711 er det opplyst at Simon Monsson var soldat: «nu værende udi Kongens Tieneste».


1718 vart Lars Basteson Dyvik g.m. enkja Guri Olsdtr., og han heldt fram som brukar i Vik etter Simon Monsson.

Lars Basteson Dyvik f. 1693 d. 1733 og enkja Guri Olsdtr. d. 1736.

Hadde desse borna:

Maria f. 1719 g.m. Olav Olsson Furnes, sjå Furnes bnr. 2.
Marta f. og d. 1721.
Simon f. 1722 d. 1723.
Dordi f. 1728 d. 1742.

Etter Lars døydde 1733 har truleg enkja Guri drive garden med hjelp av sonen i 1. ekteskap, Olav, til dess ho døydde 1736. Han har då truleg fått sitja på garden saman med syskina sine og halvsyskina.

Olav Simonsson var g.m. Anna Ivarsdtr. f. 1716.

Born:

Guri f. 1738 d. 1756.
Olav f. 1739 d. 1748.

Olav døydde alt i 1739, og enkja har da site med bruket vidare til dess ho gifte seg med neste brukar. Me har ingen opplysningar om bygselbrev for Olav eller kona.


1741 fekk Askjel Knutsson Straume bnr. 6 bygsel på garden hjå sokneprest Gert Geelmeyden. Askjel Knutsson f. 1716 d. 1803 vart g. 1741 m. enkja Anna Ivarsdtr. Vik f. 1716 d. 1789.

Born:

Ivar f. 1742 g. 1774 m. Guri Olsdtr. Straume bnr. 4.
Kari f. 1744 d. 1756.
Olav f. og d. 1754.
Olav f. og d. 1757.
Olav f. 1758. Sjå bnr. 1.
Knut f. og d. 1759.
Knut f. 1760. Sjå bnr. 3.
Lars f. 1764. Sjå Kallestad bnr. 1.
Nils ukj. f. og d.-år.

Askjel Knutsson var 1762 eigar av fjerdeparten i Stamneskyrkja, og 1771 vart han innsett som prestens medhjelpar i Stamnes sokn. I 1786 delte han garden i to like store deler mellom sønene Olav og Knut. For Olavs vedkomande sjå seinare bnr. 1, og for Knuts vedkomande sjå seinare bnr. 3.

BRUK 1.

Gl. l.nr. 6 i Vassværen Thinglag. 1846 l.nr. 6a. Landskyld 1/2 l. smør. Skatteskyld 1/2 l. 12 m. smør. 1838 revidert til 2 dl. 1 ort 21 sk. 1846 2 dl. 1886 3,19 skm. I dette hundreåret redusert ved skyldsetjingar. Sjå nedanfor. Fødnad 1863: 1 hest, 6 kyr, 2 ungfe, 31 sauer. 1863 hadde bruket «antaget» 4 mål god åker. 1 3/4 mål middels og 2 1/5 ring åker. Der var 14 mål god eng, 1 1/6 mål middels og 23 1/2 mål ring eng. Sånaden var 5 t. havre, 3 t. poteter. Avling 17 t. havre, 15 t. poteter. Dei fekk 34 v. høy frå slåttene. Høy frå innmarka er ikkje oppgjeve. Garden hadde lyng og skav for 1 ungfe, og der kunne seljast tømmer for netto 4 spd. årleg. Garden hadde nok skog til brenne, husved og til husbruk. Garden var lettbrukt, men tyngre frå slåttene. Der var litt skinlendt. Beitet låg ved garden og var godt. Sæterhamna 1/4 mil borte, og vart sagd å vera stor nok. 1963 hadde bruket 35 mål innmark og fødnaden var 2 kyr, 2 ungfe, 3 sauer og 6 høns.


1786 fekk Olav Askjelsson bygselsetel av lensmann Johannes Faugstad, som var paktar av Haus prestebolsgods, på V2 laup smør i garden, mot å svara kår til Askjel Knutsson, far sin, på årleg 2 t. korn og for til 1 ku og 3 sauer. Olav Askjelsson Vik f. 1758 d. 1840 vart 1787 g.m. Maria Jonsdtr. Straume bnr. 5 f. 1759 d. 1840.

Born:

Guri f. 1787 g.m. Ingebrigt Monsson Hesjedal, St., bnr. 3. Brukar her.
Anna f. 1789 g.m. Olav Nilsson Nordre Veset. Sjå husfolk.
Anna f. 1794 d. før 1801.
Marta f. 1799 g.m. Mons Knutsson Tysso. Brukar her.

1808 fekk verson til Olav, Ingebrigt Monsson, sjå nedanfor, bygselsetel på halvparten av bnr. 1 medan Olav sjølv hadde den andre halvparten, men Ingebrigt døydde alt året etter, og 1811 fekk Olav bygselbrev på denne helvta av bruket sitt.


1808 fekk Ingebrigt Monsson Hesjedal bygselbrev på halve bnr. 1, som var 18 m. smør, hjå soknepresten i Haus, herr Johan K. Meyer. Ingebrigt Monsson f. 1780 d. 1809 vart 1807 g.m. Guri Olsdtr.

Born:

Mons f. 1809.

Ingebrigt vart send til Austlandet og var med i felttoget mot svenskane, men døydde på eit militærlasarett i Fredrikstad i 1809. Enkja vart oppattgift m. Besse A. Stamnes bnr. 7.


1815 fekk Mons Knutsson Tysso bygselbrev på dette bruket, 1/2 laup mot å svara årleg levekår til Olav Askjelsson og kona. Mons Knutsson f. 1795 d. 1886 vart g. 1818 m. Marta Olsdtr. Vik f. 1799 d. 1865.

Born:

Ragnhild f. 1818 g.m. Knut M. Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 3.
Olav f. 1820. Brukar her.
Maria f. 1822 g.m. Nils A. Myster, sjå Myster husfolk.
Knut f. og d. 1824.
Knut f. 1825 d. 1848 ved ei ulukke. Han fall utfor eit berg.
Ingeborg f. 1828 g.m. Matias Hansson Brørvik, sjå Brørvik.
Brita f. 1831 g.m. Anders Halsteinson Fylingslid, sjå Fylingslid bnr. 3.
Askjel f. 1834.
Einar f. 1835 g.m. Ingeborg Olsdtr. Eide bnr. 1. Sjå Eide, husfolk.
Mons f. 1839 g.m. enkja Ingeborg Jonsdtr. Eide. Brukar på Stamnes bnr. 10.


1845 fekk Mons Knutsson kongeskøyte på dette bruket for 400 spd. og jordavgift 1 t. 1 skjeppe og 2 1/2 fjerdingkar bygg årleg til Haus prestebol. Mons var mykje kjend for sine synske evner, m.a. til å finna att lik etter drukning.


1845 fekk Olav Monsson skøyte på dette bruket hjå far sin for 300 spd. og kår til foreldra. Dette skøytet vart utferda same dagen som faren fekk kongeskøyte på bruket. Olav Monsson f. 1820 d. 1890 vart g.m. Kari Magnesdtr. Hesjedal, St., bnr. 3 f. 1823 d. 1894.

Born:

Mons f. 1844. Brukar her.
Kari f. 1847 g. 1871 m. Askjel Johannesson Straume, sjå Straume bnr. 3.
Knut f. og d. 1849.
Marta f. og d. 1851.
Marta f. og d. 1852.
Marta f. 1853 g. 1880 m. sjømann Nils Johannesson Dalseid bnr. 1.
Magne f. 1856 g. 1887 m. Maria Jonsdtr. Straume. Brukar Straume bnr. 1.
Maria f. 1858 d. 1924 ug.
Ragnhild f. og d. 1861.
Ragnhild f. 1864.

1846 vart det skilt frå. bruket 2 skogstykke, Vikahagen og Drivedalen, og selt til eigaren av Stamnesleiro gnr. 46. Sjå det seinare bnr. 2.


1873 fekk Mons Olsson skøyte på dette bruket hjå far sin for 300 spd. Kårbrevet frå Mons Olsson til foreldra vart tinglese 1882. Dette kåret vart for 5 år verdsett til kr. 700,-. Mons Olsson f. 1844 d. 1881 vart g. 1873 m. Helga Matiasdtr. Straume bnr. 6 f. 1849 d. 1923.

Born:

Olav f. 1880. Sjå Straume bnr. 14.
Mons f. 1881. Sjå Straume bnr. 14.


1882 fekk Nils Monsson Grøsvik bnr. 1 auksjonsskøyte på dette bruket for kr. 1.731,- og kår til enkja Helga Matiasdtr. Nils Monsson f. 1856 d. 1941 vart 1882 g.m. Inga Larsdtr. Kallestad bnr. 1 f. 1859 d. 1946.

Born:

Mons f. 1883 d. 1884.
Helga f. 1884 g. 1911 m. enkjemannen Magne Jakobson Myster bnr. 3. Sjå Eide bnr. 12.
Mons f. 1886 d. 1963. Brukar her.
Guri f. 1888 d. 1923 g.m. Magne Jakobson Myster. Sjå Eide bnr. 12.
Lars f. 1891. Sjå bnr. 9.
Olav f. 1894. Sjå bnr. 10.
Ingvald f. 1896 d. 1920. Møbelsnikkar, ug.
Inga f. og d. 1898.
Einar f. 1902. Lærar, skuleinspektør. B. Larsnes, Sunnmøre. G.m. Aslaug Arset. 3 born.

Nils Monsson Vik frå Grøsvik var smed på Vossebana ei tid, til saman om lag 7 år, og han arbeidde då m.a. ved Trollkono, Hyvingen og Holhovden før han kjøpte gard i Vik. Han arbeidde og m.a. med stikkertar til skjelgraving og forbetra desse reiskapane. Nils og kona Inga var syskinborn, med di far til Nils kom frå Kallestad. Nils var kyrkjeverje i Stamnes frå 1892. Han var og med i skulestyret 1888 og formannskapet 1902, skjøns- og domsmann frå 1904.

Det vart halde skylddelingsforretning i 1917, og då vart bnr. 6 utskilt frå dette bruket. 1920 vart bnr. 7 og 8 utskilt og i 1921 bnr. 9 og 10.


1921 fekk Mons Nllsson skøyte hjå far sin på denne eigedomen for kr. 1.800,- og kår til foreldra. Mons Nilsson f. 1886 d. 1963 vart g. 1913 m. Josefine Pauline Serine Johannesdtr. f. Øksnes f. 1893. Ho er frå Austrheim.

Born:

Inga f. 1914 g.m. Arnvid Dæmring, fartyførar. B. Straume bnr. 8.
Nils f. 19**. Sjå nedanfor.
Selma Pauline f. 19** g.m. Maskinist Charles Grønsdal. B. Risnes, Haus.
Ragna f. 19** g.m. lærar Karl Haukeland. B. Oslo.
Johannes f. 19**. Sjå. bnr. 20.
Aslaug f. 19** g.m. fartymann Asbjørn Jonson Straume. B. Straume bnr. 27.
Georg f. 19**. Fartymann, g.m. Asa Olsdtr. Kaland. B. Vik bnr. 20.
Viktor Øyvind f. 19**. Fartymann, g.m. Jorunn Bernhardsdtr. Simmenes.

Mons Vik var med i jordstyret kring 30 år og har elles vore med i heradstyret, skulestyret og styret i Bruvik sparebank. Han har vore domsmann, skjønsmann ved skyldsetjing og jordskifte m.m.


1951 Overtok sonen Nils f. 1915 eigedomen. Han er g.m. Klara Johansdtr. f. Haugland f. 1918, dotter til gardbr. og snikkar Johan Haugland og k. Rakel, Haugland i Haus. Nils og Klara har desse born:

Tvillingane Jorunn og Rigmor f. 19**.
Tvillingane Mons Johan og Unni f. 19**.

Nils driv og føring med sandfarty attåt gardsbruket.


Festenr. 1 under bnr. 1.

Sjå, plasset Ulevik under bnr. 1.


Festenr. 2 under bnr. 1.

Sjå plasset Lunde under bnr. 1.


BRUK 2

Gl. 1.nr. 6b. Gl. skyld 1 ort og 21 sk. Ny 1886: 41 øre.


1846 fekk Halstein Olsson Stamnesleiro skøyte på denne eigedomen for 115 spd. Det gjeld 2 skogteigar, Vikahagen og Drivdalen, og teigane har fylgt gnr. 46, Stamnesleiro sidan. Sjå Stamnesleiro.

Gl. l.nr. 7. Frå 1866 7a. Gl. landskyld 1/2 laup smør. skatteskyld 2 pund smør. 1838 revidert til 2 dl. 1 ort, 21 sk. 1866 2 dl. 4 sk. 1886 3,19 skm. Seinare redusert ved fleire skylddelingar. Sjå nedanfor. 1863 var det på bruket 4 mål god åker, 13/4 mål middels og 24/5 mål ring åker. Der var 14 mål god eng, 11/6 mål middels og 231/2 mål ring eng. Sånaden var 5 t. havre, 3 t. poteter. Avling 17 t. havre, 15 t. poteter. 753 v. høy, 119 v. halm, 24 v. høy i slåttene. Fødnaden var 1 hest, 6 kyr, 3 ungfe og 36 sauer. Der var lyng og skav for 1 ungfe. Der kan seljast tømmer for årleg netto 4 spd. Der var nok skog til brenne, husved og til husbruk. Garden er sagd å vera lettbrukt og litt skinlendt. 1875 hadde bruket 4 kyr, 3 ungfe, 20 sauer og 3 geiter. Sånaden var 5 t. havre og 4 t, poteter. I 1963 var innmarka rekna til 45,9 mål. Dei hadde 1 hest, 2 kyr, 2 ungfe og 9 sauer.


1786 fekk Knut Askjelsson Vik, sjå ovanfor, bygselsetel på dette bruket hjå lensmann Faugstad, som forvalta Haus prestebolsgods. Skylda var 1/2 laup smør, «Halvdelen af hans Faders Brug mod at svare til denne saa lenge han lever 2 tdr. Korn og Foder til 1 Ko og 3 Smaler.»

Knut Askjelsson f. 1760 d. 1840 vart g. 1. g. 1786 m. Anna Jonsdtr. Straume bnr. 5 f. 1754 d. 1793.

Born:

Kari f. 1787 g.m. Magne Monsson Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 3.
Marta f. 1787 g. 1815 m. Olav Sjursson Bukkstein bnr. 2. B. Nedste Mjelde,Haus.
Anna f. 1791 g.m. Knut T. Mellesdal. Jon f. 1793 d. 1794.

Knut Askjelsson vart g. 2. g. m. Brita Haldorsdtr. Dalseid bnr. 1 f. 1768 d. 1809.

Born:

Haldor f. 1795. Brukar her.
Askjel f. 1797, plassmann her (sjå husmannsplass), seinare g.m. enkja Brita Johannesdtr. Simenes. Sjå Simenes.
Anna f. 1798 g.m. Jon Johannesson Straume d.e., sjå Straume bnr. 1.
Nils f. 1800 g. 1835 m. Gunhild Monsdtr. Stamneshagen. Stamnes bnr. 11. Dei var b. på Vikesund, Hosanger.
Barbru f. 1801 d. 1845 ug.
Ivar f. 1803. Skulehaldar i Stamnes, g.m. Anna Andersdtr. Myster bnr. 1. Sjå Mellesdal.
Maria f. 1804 g.m. Knut Jakobsson Toskhelleren, sjå Gammersvik bnr. 2.
Jon f. og d. 1807.

Knut Askjelsson vart g. 3. g. m. enkja Torbjørg Olsdtr. Øyo bnr. 2. Dei var barnlause. Knut Askjelsson var medhjelpar for presten ved Stamneskyrkja.


1819 fekk Haldor Knutsson bygsla dette bruket, 1/2 laup smør. «Forhen brugt af Knud Askildsen mot at svare Kaar til ham og Hustru.»

Haldor Knutsson f. 1795 d. 1867 vart g. 1. g. 1821 m. Marta Olsdtr. Dyvik bnr. 4 f. 1792 d. 1826.

Born:

Knut f. 1822. Brukar her.
Marta f. 1824.
Olav f. og d. 1826.
Brita f. 1826.

Haldor Knutsson vart g. 2. g. 1827 m. Ragnhild Knutsdtr. Tysso f. 1800 d. 1879.

Born:

Knut f. 1828 g. 1. g. m. Marta Askjelsdtr. Simenes. Brukar Simenes.
Marta f. 1829 d. 1885 ug.
Jon f. 1830 d. 1831.
Jon f. 1832 g. 1865 m. enkja Ragnhild Einarsdtr. Straume bnr. 5.
Ragnhild f. 1833 d. 1834.

.Ragnhild f. 1835 g.m. Anders Haldorson Øyo, sjå Øyo bnr. 1

Anna f. 1838 g.m. Anders Haldorson Øyo bnr. 1. Han har altså vore g.m. 2 systre etter einannan.
Brita f. 1840 g.m. Anders Velomsson Stamnes bnr. 10. Sjå Verpelstad bnr. 1.
Haldor f. og d. 1841.
Ågota f. 1842 d. 1846.
Torbjørn f. 1845 d. 1846.


1846 vart det tinglese kongeleg skøyte på dette bruket til Knut Haldorsson for 750 spd. Samstundes vart det tinglese kårbrev frå Knut Haldorsson til faren og stykmora. Knut Haldorsson f. 1822 d. 1887 vart g. 1856 m. Ingeborg Knutsdtr. Straume bnr. 6 f. 1833 d. 1924.


Born:

Marta f. 1857 g.m. lærar Lars Vassenden. Sjå Straume bnr. 2.
Haldor f. 1860. Brukar her.
Ingeborg f. 1863 g.m. Anders Stamnesfet. Sjå Stamnes bnr. 9.
Knut f. 1866. Sjå. bnr. 5.
Ragnhild f. 1869 g. 1898 m. snikkar Knut B. Verpelstad bnr. 2. Ei tid b. i Vik. Seinare b. Dale, der Knut arbeidde ved Dale Fabrikker. Sjå ættesoge for Dale., ættesoge.
Brita f. 1872 g.m. Helge Helgeson Furnes. Brukar Furnes bnr. 2.
Synneva f. 1875 g.m. enkjemann Helge Hansson Vikehagen. Sjå Vik, St. bnr. 4.

Knut Haldorsson skilde i 1866 frå eit stykke som han selde til Hans Helgeson Furnes, sjå bnr. 4.


1887 fekk Haldor Knutsson skøyte på dette bruket for kr. 800,-. Samstundes gav Haldor kårbrev til mor si, Ingeborg Knutsdtr. Ved sida av dette skulle ho og ha 4 kroner, som var halvparten av den årlege avgift som plassmannen Knut Johannesson Ulevik betalte. Haldor Knutsson f. 1860 d. 1946 vart g. 1888 m. Brita Knutsdtr. Simenes frå Stamneshagen, sjå. Stamnes bnr. 18, f. 1867 d. 1952.

Born:

Knut f. 1889. Brukar her.
Marta f. 1891 g. 1917 m. hellebergsarb. Peder Anderssen Grøneng. B. Nordheim, Voss, seinare Vik, St., festenr. 1 under bnr. 3 (sjå. nedanfor).
Ingeborg f. 1893. Hushjelp. B. på bruket, ug.
Knut f. 1896. Sjå neste brukar.
Askjel f. 1899 d. 1921. Seminarist, ug.
Johannes f. 1902 g.m. Marta Helgesdtr. Hekland. Vegvaktar. Sjå ættesoge for Dale.
Hanna f. 1905. Serveringsdame. B. Bergen, ug.
Harald Bertin f. 1911. Sjå bnr. 24.

I 1906 vart det skilt frå eit stykke som er kalla Lien. Sjå nedanfor bnr. 5. 1917 kjøpte Staten Hesjedalsvassdraget III, mellom anna frå bnr. 3. Sjå nedanfor bnr. 6. I 1920 kjøpte Bruvik skulekommune eit stykke kalla Høgstølen, mellom anna frå bnr. 3. Sjå nedanfor bnr. 7.


1938 fekk Knut Haldorsson skøyte på dette bruket for kr. 1.600,- og kår til foreldra Haldor Knutsson og Brita Knutsdtr. Knut f. 1889 har drive bruket. Han er ug.

1942 vart det skilt frå eit stykke som er kalla Solbakken. Sjå nedanfor bnr. 15. Same året eit stykke kalla Flåten. Sjå. bnr. 16. I 1946 vart det skilt frå eit stykke, Brustølen, sjå. bnr. 18, og i 1951 eit stykke, Rudkallen II, sjå bnr. 23. Same år eit stykke som er kalla Gardatun, sjå bnr. 24. I 1956 vart det skilt frå eit stykke, Skogly, sjå bnr. 27.


Festenr. 1 under bnr. 3

Fest frå. bnr. 3 i året 1929 og leigd til Peder Andersson Grøneng, kona Marta Haldorsdtr. f. Vik, St. bnr. 3, f. 1891, og dotra Klara Grøneng, på hustuft mot årleg leiga.


BRUK 4

Gl. l.nr. 7b. GI. skyld 1 ort, 17 sk. 1886 0,42 skm. som seinare er redusert ved ymse skylddelingar. Sjå. nedanfor. 1875 var fødnaden på bruket 2 kyr, 4 sauer, 4 geiter. Sånaden var 1/2 t. havre, 2 t. poteter. I 1956 hadde dei 6 sailer på bruket.


1866 fekk Hans Helgeson Trettenes skøyte på dette bruket hjå, Knut Haldorson på bnr. 3 for 200 spd. Han kjøpte då dei teigane som bnr. 3 hadde i Vikahagen. Der fylgde ikkje utmark med desse teigane, men Hans fekk beiterettar i utmarka til Vik. I Vikahagen har der vore teigblanding med Vik og med Stamnesleiro. Sæter til bnr. 4 har vore på Vikastølen. Der høyrer ikkje noko skog til dette bruket. Kvernhus hadde Hans i ytste Ulevikelva. Der fylgde vanlege fiskerettar med bruket. Hans Helgeson Trettenes, sjå plasset Teigen under Dalseid, f. 1831 d. 1918 var g. 1855 m. Marta Monsdtr. Furnes bnr. 2 f. 1837 d. 1922.

Born:

Helga f. 1856 g.m. Ola Straume bnr. 6. Farmar, b. U.S.A.
Guri f. 1860 g.m. Knut Rolland. Jarnbanearb., b. U.S.A.
Mons f. 1864. Farmar, Canada.
Helge f. 1868. Brukar her.
Marie f. 1871. G.m. motorbåteigar Kaspar Brøgger, Bergen.
Ingeborg Johanne f. 1873 g.m. Knut K. Vik. Sjå bnr. 5.
Olav f. 1875. Farmar, U.S.A.
Brita f. og d. 1880.
Brita f. og d. 1881.

Hans Helgeson åtte og ei sandgrupa på dette bruket.


1898 fekk Helge Hansson skøyte på dette bruket for kr. 600,- og kår til foreldra. Helge Hansson f. 1868 vart g. 1. g. 1894 m. Marta Jonsdtr. Straume bnr. 1 f. 1873 d. 1915.

Born:

Hans Olai f. 1895. Driv oljestasjon i U.S.A.
Jon f. 1896 d. 1912.
Birgit Maria f. 1898 g.m. Besse Kulshammar. Sjå Stamnes bnr. 21. B. i U.S.A.
Ingeborg f. 1901 g.m. Per Fredriksen. B. i U.S.A.
Margit f. 1904 d. 1940 g.m. organist Håkon Hammer, b. i Bergen.
Harald f. 1906. Brukar her.
Klara Gudrun f. 1908 g.m. Anton Ivarson Mellesdal. Sjå. plasset Ulevikhaugen under Stamnes.
Anna f. 1911 g.m. Håkon Hallsteinson Stamnesleiro bnr. 1. B. i U.S.A.

Borghild f. 1913 g.m. fabrikkarb. Hjalmar Gresdal frå. Bekkjarvik, d. 1964. B. på Eidslandet.

Helge Hansson vart g. 2. g. 1917 m. Synneva Knutsdtr. Vik bnr. 3 f. 1875. Dei hadde ikkje born.


1936 skøyte til Harald Helgesson på dette bruket for kr. 2.000,- og kår til stykkmora Synneva Hagen. Harald f. 1906 er g.m. Ragnhild f. 1909, dotter til gardbr. Anders Vindedal og k. Durdei som er busette i Lærdal, Sogn.

Born:

Helge f. 19**.
Margit Dagmar f. 19** g.m. lærar John Hårvik, busette her.
Atle f. 19**.
Sissel Ragnhild f. 19**.

Ved sida av bruket driv Harald som motormann.


BRUK 5

Skilt frå bnr. 3 i 1906 . Selt frå eigaren Haldor Knutsson til broren Knut Knutsson. Skyld 2 øre. Knut Knutsson f. 1866 d. 1930 var g.m. Ingeborg Johanna Hansdtr. Vik, bnr. 4, f. 1873.

Born:

Ingeborg f. og d. 1893.
Ingeborg f. 1894 g.m. John Hickoy. Flygar. B. Minneapolis U.S.A.
Marta f. 1896 g.m. Jan Rossvoll. Farmar. B. Canada.
Klara f. 1899 g.m. Mikal Langeland. Sjå nedanfor.
Hildur f. 1902 g.m. Ola Nilsson Vik. Sjå bnr. 10.

Knut Knutsson var skomakar. Han var busett i Vik også før han fekk kjøpa bruk 5.


1930 kjøpte Mikal Pederson Langeland og kona Klara Knutsdtr. dette bruket for kr. 1.500,-. Samstundes med tinglysinga vart det og tinglyst ein rett for Knut Knutsson og kona Johanna til fritt husrom og tilsyn m.m.

Mikal Pederson Langeland, son til snikkar Peder Langeland, b. Hosanger, og kona Kaia f. Grimstad, er smed og vegformann. Han var g.m. Klara Knutsdtr. f. 1899.

Born:

Kirsten f. 19** g.m. Roll Gierde. Sjømann. B. Bergen.
Ingeborg f. 19** g.m. Henrik Balestrand. Anl.arb. B. Stamneshella.
Kurt f. 19**. Fartymann, g.m. Edith Sagsveen f. 19** frå Lillestrøm. Dei er b. på bruket.
Paul f. 19**. Ekspeditør, g.m. Anna Kvåle frå Strandvik. B. Bergen.
Hans f. 19**. Vegarb. g.m. Haldis Gudrun Ingvaldsdtr. Farestveit (sjå Stamnes bnr. 55) f. 19**. Sjå Vik bnr. 29.


BRUK 6, HESJEDALSVASSDRAGET III

Skilt frå bnr. 1 og 3 i 1917 og selt til staten i 1920. Skyld 24 øre.


BRUK 7, HØGSTØLEN

Skilt frå bnr. 1 og 3 1920 og selt til Bruvik skulekommune for kr. 2.900,-. Skyld 21 øre.

Ved utskiftinga 1837 fekk bnr. 3 si innmark i ein teig, og bnr. 1 innmarka i 2 teigar, ein hovudteig og ein biteig på Høgstølen. Denne biteigen vart seld til Bruvik kommune til skulegard, og Bruvik kommune kjøpte dessutan noko av bnr. 3 attåt Høgstølen.

1951 vart det skilt frå ca. 1/3 av bnr. 7 ved skyldsetjing. Denne tredjeparten fekk nytt bruksnr. (sjå bnr. 25), og kommunen heldt her på eigedomsretten.


1953 selde kommunen resten av bnr. 7 til Mons N. Vik for kr. 2.550,-og han selde same år til Ingvald M. Johannessen for same sum. Ingvald Johannessen frå Yksnes i Austrheim er stuert og busett i Bergen.

Ingvald, som er bror til Josefine Vik (bnr. 1), har bygt feriebustad på eigedomen. Han er g.m. Anna Eik frå Uskedalen, Kvinnherad.

Born:

Ingrid.
Jenny.
Alfred.
Solveig.
Eli.


BRUK 8, VETLESTØLEN

Skilt frå bnr. 1 1920 og selt til Bruvik skulekommune for kr. 300,-. Skyld 2 øre.


BRUK 9, LEITET

Skilt frå bnr. 1 1921. Skyld 30 øre. 1929 kjøpte Lars Nilsson Vik denne teigen for kr. 500,-.

Lars Nilsson Vik, sjå bnr. 1, f. 1891 er g.m. Anna Karoline Stamnes f. 1896. Foreldre Ragnhild Karoline Knutsdtr. Ulevik (sjå Vik, St. pl. Ulevik under bnr. 3), og Andreas Besseson Stamnes (sjå Stamnes bnr. 7 og 25).

Anna og Lars hadde desse born:

Inga f. 19** g.m. Gjermund Sandberg. Bedriftsøkonom. B. Oslo.
Magna f. 19** g.m. Martin Buvik. Fylkessekretær. B. Tromsø.
Norvald Arve f. 19**. Fartyeigar og førar, g.m. Karen Taule f. 19**. B. på bruket som det er meininga dei skal overta.

Karen og Norvald Arve har desse born:

Anita f. 19**.
Lars Arild f. 19**.

Lars Nilsson Vik var eigar og førar av motorfarty. Frå. 1916 til 1928 vart dette fartyet kvar vinter nytta som lossementa for 2 landnotbruk på stor- og vårsildfiske i stroket Skudenes-Fedje. Notbas var Olai L. Kalvenes frå Bekkjarvik. Elles dreiv Lars med frakting av sand og støypematerialar til Bergen og omland. Han var i ei årrekkje formann i Stamnes Handelslag, i Stamnes Motorverkstad og i Osterfjorden Gjensidige Fartyassuranse til nådd aldersgrense.


BRUK 10, LUNDE.

Skilt frå bnr. 1 1921. Skyld 40 øre.


1927 kjøpte Olav Nilsson Vik bnr. 1 dette bruket for kr. 500,-. Det var då utmark, men Olav dyrka det opp sjølv. Bruket er 9 mål dyrka jord og 3 mål utmark. Olav Nilsson Vik f. 1894 d. 1955 var g.m. Hildur Knutsdtr. Vik bnr. 5 f. 1902. Huslyden på bnr. 10 brukar og etternamnet Lunde. Som fast arbeid attåt småbruket dreiv Olav som motorbåtførar på eige farty. Hildur og Olav hadde sonen Norvald f. 19**, fartyeigar og førar. Han er g.m. Birgit Ingvaldsdtr. As, sjå Stamnes bnr. 38, f. 19**.

Dei har desse borna:

Svanhild f. 19**.
Olaug Helen f. 19**.
Marit Irene f. 19**. Sjå pl. Lunde under bnr. 3.


BRUK 11, BJØRKELUND

Skilt frå bnr. 2 1934. Skyld 1 øre. Dette bruket er skilt frå den luten av Vik som 1846 vart seld til eigaren av gnr. 46, Stamnesleiro.

1944 kjøpte Erling Hallsteinsson Leiren dette bruket hjå. faren, Hallstein Olsson, for kr. 400,-. Erling Leiren f. 1916, fartyeigar, er g.m. Klara f. Tysse frå Hosanger.

Born:

Ann Elise.
Hallstein.
Ingeleiv.
Audny Margreta.
Eli Bjørg f. 19**.


BRUK 12, SANDVOLL

Skilt frå. bnr. 2 1936. Skyld 1 øre. Dette bruket er skilt frå den parten av Vik som vart selt til Stamnesleiro 1846.

1937 kjøpte Hallstein Jonsson Myster dette bruket for kr. 350,-. Hallstein Jonsson Myster f. 1904, fartyeigar, er son til Jon Jakobsson Myster bnr. 3 og Anna Olsdtr. f. Stamnesleiro bnr. 1. Hallstein er g.m. Ida Andersdtr. Hagen, sjå Stamnes bnr. 3, f. 1905. Dei har sonen Age Bjørn f. 1937.


BRUK 13, SAND

Skilt frå bnr. 2 1937. Skyld 1 øre. Bruket er skilt frå den delen av Vik som vart selt til Stamnesleiro 1846.

1938 kjøpte Knut A. Stamnesfet og kona Anna dette bruket for kr. 1.000. Knut Anderson Stamnesfet, Stamnes bnr. 9 er laksefiskar og vegarbeidar. Han er f. 1895 og g.m. Anna Nilsdtr. f. Kleiveland f. 1894. Ho er syster til gardbr. Elias Kleiveland, Elvik bnr. 2, og var i 1. ekteskap g.m. Johannes Vasshelle frå Tysse i Osterfjorden, smed, b. Minneapolis, d. 1932. Ho hadde i 1. ekteskap sonen Normann Tysse, sjå Stamnes bnr. 86.

Anna og Knut har desse born:

Arvid f. 19**. Styrmann i utanriksfart. Ug.
Karsten f. 19**. Maskinist, g.m. Rigmor f. Nyland. B. Bergen.
Agnes Ingeborg f. 19**. Husushjelp. Ug.


BRUK 14, FJELLBORG

Skilt frå. bnr. 1 1939. Skyld 1 øre. Same året selt til Nils Ivarsson Mellesdal for kr. 600,-. Nils Ivarsson Mellesdal (sjå pl. Ulevikshaugen under Stamnes) f. 1902 er maskinist, g.m. Ida Sofie Karlsen ell. Kalland f. 1895. Dei budde ei tid i Ulevik før dei kom hit.

Born:

Kjell f. 1925.
Inger f. 1926.


BRUK 15, SOLBAKKEN

Skilt frå bnr. 3 1942. Skyld 1 øre.

1955 selt til Bjarne Holme ved verje og overformyndar for kr. 200,-. Bjarne Jonsson Holme f. 1941 (sjå pl. Lunde under bnr. 3) er son til Jon Andersson Holme og kona Brita f. Mestad.


BRUK 16, FLÅTEN

Skilt frå. bnr. 3 1942. Skyld 30 øre. Ifylgje grunnboka er det Knut Haldorsson Vik, eigar av bnr. 3, som har heimel til dette bruket.


BRUK 17, SOLBERG

Skilt frå bnr. 1 1944. Skyld 1 øre. Selt til skuleinspektør Einar Vik, Sørbrandal. Eigedomen er nytta som hyttetomt.


BRUK 18, BRUSTØLEN

Skilt frå bnr. 3 1946. Skyld 1 øre.grunnboka er det Knut Haldorsson Vik som har heimel til dette bruket, den same som eig bnr. 3.


BRUK 19

Skilt frå. bnr. 4 1948. Skyld 3 øre. 1950 selt til Ingvald Jonsson Myster for kr. 450,-. Ingvald Jonsson Myster f. 1909 d. 1954 var motormann. Han var son til Jon Jakobsson Myster (sjå. Stamnes bnr. 52). Ingvald var g.m. Inger Olsdtr. Hesjedal bnr. 2 f. 1920.

Born:

Arnljot f. 19**.
Sylvi Olaug f. 19**.
Hildegunn f. 19**.
Britt Olin f. 19**.
Odd Karstein f. 19**.

Ingvald døydde 1954 ved eit ulukkeshende ombord i M/S «Elmina». Enkja g. 2. g. m. Nils Bolstad f. 1904.

Born:

Tvillingane Sonja og Nina f. 19**.


BRUK 20, EGGHEIM

Skilt frå. bnr. 1 1949. Skyld 1 øre. 1951 selt til Johannes M. Vik for kr. 500,-. Johannes Monsson Vik bnr. 1 f. 1920 er motorbåtførar, g.m. Anna Knutsdtr. Stamnes bnr. 58 f. 1919.

Dei har eitt barn:

Jan Agnar f. 19**.


BRUK 21, SKOGLUND

Skilt frå bnr. 10 1950. Skyld 1 øre. Iflg. grunnboka er det eigaren av bnr. 10, Olav Nilsson Vik, som framleis har heimelen til bnr. 21.


BRUK 22. RUDKALLEN I

Skilt frå bnr. 1 1951. Skyld 1 øre. Selt same år til Bruvik herad for kr. 848,64.

Bruk 22 og fylgjande bnr. er slegne saman og er no nytta til tuft for lærarbustad. Det var på bnr. 22 og 23 dei fann oldsaker for nokre år sidan ved ei utgraving under leiing av konservator Wencke Slomann, i samband med at dei bygde vegen til Hesjedal. Sjå innleidinga.


BRUK 23, RUDKALLEN II

Skilt frå bnr. 3 1952. Skyld 1 øre. Same året selt til Bruvik herad for kr. 388,-.

Om bruken av bnr. 23, sjå under bnr. 22.


BRUK 24, GARDATUN

Skilt frå bnr. 3 1951. Skyld 1 øre. Same året selt til Harald H. Vik for kr. 500,-. Harald Haldorson Vik bnr. 3 f. 1911, vegarb., er g.m. Astrid Johannesdtr. Leiren, Kallvik bnr. 2, f. 19**.

Born:

Håkon f. 19**. I utanriksfart.
Berit f. 19**0. Barnepleierske. Busett Alesund. Ugift.
Ingvild f. 19** g.m. maskinist Ansgar Jan Madsøy, Brandasund. Ingvild er busett på bruket, Ansgar reiser i utanriksfart.

Dei har 1 barn.

Arne Kjell f. 19**.

BRUK 25, VOLLEN

Skilt frå. bnr. 7 1951. Skyld 7 øre. Br. 25 vart skilt ut frå bnr. 7, som Bruvik skulekommune kjøpte 1920, og Bruvik skulekommune står framleis som eigar av bnr. 25, medan resten av bnr. 7 vart selt attende til eigaren av bnr. 1.


BRUK 26, FJÆRA

Skilt frå bnr. 2 1955. Skyld 1 øre. Br. 26 er skilt frå den luten av Vik som vart selt til Stamnesleiro 1846.

1955 selt til Kåre Ãs for kr. 2.000,-. Kåre Ingvaldson Ås (sjå Stamnes bnr. 38), f. 19** er kystskipper. Han er g.m. Gunvor Halvorsen f. 19**.

Born:

Anna Mari f. 1945 d. 1946.
Knut Ingvard f. 19**.
Arnold Asle f. 19**.
Gunhild f. 1956.

Kåre eig og Stamnes bnr. 53.


BRUK 27, SKOGLY

Skilt frå bnr. 3 1956. Skyld 1 øre.

1956 selt til Ola Monsson Straume for kr. 250,-. Ola Monsson Straume er kontormann ved heradskontoret og busett Dale. Han er g.m. Ingrid Andersdtr. Bjørkheim. Dei har to born. På eigedomen er det bygt feriehytte.


BRUK 28, NAUSTLEITET

Skilt frå bnr. 1 1957. Skyld 1 øre.

1957 selt til Anders Holme for kr. 400,-. Anders Andreasson Holme (sjå pl. Lunde under Vik bnr. 3) f. 19** er fabr.arb. g.m. Marta Mikalsdtr. Herfindal bnr. 4, dotter til Mikal O. Herfindal og Marta Bertilla Knutsdtr. Ulevik (pl. Ulevik under Vik, St. bnr. 3).


BRUK 29, LITUN

Skilt frå. bnr. 5 i 1960 og selt til Hans Langeland, sjå bnr. 5. Han har bygt hus på eigedomen og er busett her med huslyden sin. Hans Langeland f. 19** er g.m. Haldis Gudrun Farestveit f. 19**.

Dei har desse borna:

Osvald Reidar f. 19**.
Rita f. 19**.
Laila f. 19**.
Sverre Johnny f. 19**.

HUSMANNSPLASS

1666 finn me opplysningar om strandsitjaren Jens Johannesson f. 1624. Me veit ingenting om slekta hans eller huslyden. Han døydde 1693.


1825 fekk Askjel Knutsson Vik bnr. 3 festesetel frå sokneprest Meyer på eit plass under Vik. Det går ikkje fram kva bruk i Vik dette plasset låg under, men det var truleg bnr. 3. Askjel Knutsson Vik f. 1797 har truleg ikkje site lenge med dette plasset. Han gifte seg 1828 m. enkja Brita Johannesdtr. Simenes. Sjå Simenes.


PLASSET VIKAHAGEN


Dette plasset vart truleg teke opp av Johannes Kolbeinsson Stallane kring 1840. Johannes Kolbeinsson var son til Kolbein Hallsteinsson Stamnesleiro, sjå Stamnesleiro bnr. 1. Kolbein Hallsteinsson som vart g.m. Anna Larsdtr. Kallestad, var paktar på Nedste-Mjelde i Haus, seinare husmann på plasset Stallane under same garden. Opplysningane om han og huslyden finn me i Haus bygdebok. Son hans, Johannes Kolbeinsson f. 1816, var g. 1837 m. Anna Johannesdtr. Fossdalen, sjå plasset Fossdalen under Fossmark, f. 1812. Dei fyrste par åra budde Johannes og Anna på Kvamme, og derifrå kom dei til Vikahagen. Det er ikkje tinglyst nokon festesetel på den tid. Johannes har truleg difor site med plasset etter avtale med brukaren på bnr. 1 i Vik. Denne bøteigen vart seinare seld i 1846 til Stamnesleiro, sjå Vik bnr. 2. Johannes var m.a. stotarkonge i bygda, og der er fleire soger om denne verksemda hans.

Johannes Kolbeinsson f. 1816 d. 1880 og Anna Johannesdtr. f. 1812 d. 1885 hadde desse born:

Brita f. og d. 1837.
Kolbein f. 1838. Sjå nedanfor.
Helga f. 1847.
Marie f. 1849.
Kari f. 1851 d. 1852.
Helga f. 1853 g. på Dale m. Klemet Rasmusson Rivedal frå Ytre Holmedal f. 1851. Sjå ættesoge for Dale., ættesoge
Johannes f. 1857. Utvandra til U.S.A. 1884.
Kari f. 1858 g.m. Anders Ingebrigtsson Nordre Hagen, sjå Stamnes bnr. 12.


Kolbein Johannesson f. 1838 budde på plasset hjå foreldra sine fyrste tida. I folketeljinga 1875 er fødnaden i Vikahagen oppgjeven til 1 ku, 6 sauer, 5 geiter, og sånaden var 1 t. poteter.

Då far til Kolbein, Johannes døydde 1880, er det mogeleg at festeavtalen på plasset vart oppsagd. I alle høve flytte Kolbein med huslyden herifrå. Sjå pl. Ulevik.


PLASSET ULEVIK UNDER BR. 1.


1882 fekk Kolbein Johannesson og kona Anna Jonsdtr. festesetel på eit plass i Ulevik under bnr. 1. Ved sida av plasset dreiv Kolbein som gatesteinshoggar, truleg i steinbrotet ved Stamnesfet. Kolbein Johannesson f. 1838 d. 1912 var g.m. Anna Jonsdtr. Straume bnr. 2, f. 1832 d. 1909.

Born:

Anna f. 1870 d. ug. 1915. Ho hadde sonen Andreas f. 1893 m. Johannes Knutsson Ulevik. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne., ættesoge.
Johannes f. 1876. Sjå nedanfor.


Johannes Kolbeinson f. 1876 d. 1927 vart g.m. Berta Matilde Johannesdtr. Ås(sjå Stamnes bnr. 23) f. 1877 d. 1916. Kolbein var steinhoggar, truleg på same stad som faren.

Born:

Anna f. 1898.
Johannes f. 1899 d. 1926.
Konrad f. 1901.
Ingeborg f. 1902.
Andrine Josefine f. 1904.
Johannes f. 1908.
Bjarne f. 1910.
Gjermund Malvin f. 1913.


PLASSET ULEVIK UNDER BR. 3.

==


1876 fekk Knut Johannesson Straume bygsla eit plass i Ulevik under bnr. 3. Bygsla var kr. 15,- pr. år, dessutan 2 dagar om våren i sånaden for ein person og 2 dagar om hausten i skurden for ein person.

Knut Johannesson Straume bnr. 1 f. 1851 d. 1932 vart g.m. Anna Nilsdtr. Øyo bnr. 2 f. 1853. Dei budde fyrst i Vik, sidan på Straume før dei kom til Ulevik. Her vart dei buande sidan. Knut var både jekteskippar, brusteinshoggar, plassmann, og på sine gamle dagar var han og postbod og førde posten mellom Stamnes og Straume.

Born:

Johannes f. 1874. Sjå Herfindalen bnr. 4 og ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Nils f. 1875 d. 1940 g.m. Karoline Langhelle. B. Odda.
Ragnhild Karoline f. 1878. Ho hadde dotra Anna Karoline f. 1896 m. Andreas Besseson Stamnes bnr. 25. Sjå Vik bnr. 9.
Aksel f. 1880. B. U.S.A.
Anna Marie f. 1884 g.m. Ivar E. Mellesdal. Sjå pl. Ulevikshaugen under Stamnes.
Marta Bertilla f. 1886 g. 1907 m. Mikal Olsson Herfindal, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Mons f. 1889. B. U.S.A.
Ola Johan f. 1892. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Styrk Andreas f. 1895. B. U.S.A.
Karl August f. 1897. Sjå nedanfor.


Karl August Knutsson heldt fram å bu i Ulevik og overtok dei rettane som faren hadde hatt. Han fekk og eigedomsretten til det huset faren hadde bygt på plasset.

Karl August f. 1897 og kona Gjertrud Andreasdtr. f. Holme flytte seinare til Stamneshella, og fekk i 1961 skøyte på Stamnes bnr. 23. Karl August er no postbod. Sjå St. bnr. 23.


PLASSET LUNDE UNDER BR. 1.


Gjertrud Haldorsdtr. frå plasset Langenes under Kalland, f. 1855 d. 1921 vart g. 1875 m. Jon Olsson Fylingslid f. 1848. Han vart då kalla Fyle-Jo. Dei budde fyrst på Dalseid, og Jon var då banearbeidar og steinhoggar. Han var og skippar, men drukna på ei ferd på Osterfjorden. Enkja Gjertrud fekk 1897 bygsla plasset Lunde eller Kulskarteigen under Vik, St. bnr. 1. Det fekk festenr. 2.

Gjertrud og Jon hadde desse born:

Brita f. 1876. Sjå nedanfor, pl. Lunde under bnr. 3.
Olav f. 1878.
Karl f. 1880.

Då Gjertrud døydde 1921, gjekk festet ut, og Olav Nilsson, sjå bnr. 1, fekk skøyte på dette stykket (sjå bnr. 10). Han kjøpte samstundes den gamle stova som Gjertrud hadde hatt.


PLASSET LUNDE UNDER BR. 3.


Dette plasset vart truleg teke opp medan Gjertrud Haldorsdtr. levde, men det vart Andreas Nilsson Holme, f. 1872 d. 1923, som bygde hus her og slo seg til. Bygsla på Lunde var sett til kr. 5,- pr. år og eit menneske i 2 dagar om hausten til potetopptaking.

Andreas var g.m. Brita Jonsdtr. Fylingslid f. 1876. Sjå plasset Lunde under Vik bnr. l. Andreas dreiv som steinhoggar og jekteskippar.

Born:

Nils f. 1899 d. 1907.
Oline f. 1900.
Jon f. 1902. Sjå nedanfor.
Knut f. 1904. Sjå Elvik bnr. 1.
Nils f. 1906. Mekanikar g.m. Maria Olsdtr. Hesjedal, St. bnr. 2. B. Hjelmås.
Magnus f. 1908. Fabr.arb. g.m. Astrid Jonsdtr. Kåstad bnr. 2. B. Dale.
Gjertrud f. 1910 g.m. August Ulevik, vegarb., sandarb., postbod. B. Stamneshella. Sjå Stamnes bnr. 23.
Ingeborg f. 1913. Hushjelp, ug. heimeverande.
Anders f. 1915. Fabr.arb. g.m. Marta Mikalsdtr. Herfindal. B. Dale. Ho er dotter til Mikal Olsson Herfindal bnr. 4 og Marta Bertilla Knutsdtr. Ulevik (pl. under Vik, St. bnr. 3).
Olav f. 1919. Vegarb. g.m. Anna Tysse frå Hosanger. B. Krokeid i Fana.


Jon Andersson f. 1902 d. fyrst i 1940-åra var busett her. Han dreiv som motormann. Jon vart g.m. Brita f. Mestad frå Evanger f. 1907.

Born:

Bjarne f. 19**.


1942 vart dette plasset skilt frå bnr. 3. Det fekk bnr.nr. 15. Det vart i 1955 selt til Bjarne Holme for kr. 200,- ved verje og overformyndar. Sjå bnr. 15.


HUSFOLK

Olav Nilsson Nordre Veset, f. 1785 d. 1869 på Nordre Veset vart 1811 g.m. Anna Olsdtr. Vik bnr. 1 f. 1789 d. 1868. Dei busette seg i Vik.

Eit barn til dåpen:

Maria f. 1812 d. 1882.

Olav Nilsson var son til Nils Ingebrigtson Dale bnr. 1 og Anna Torbjørnsdtr. Dale bnr. 19. Nils vart gardbrukar på Nordre Veset. Sjå Haus bygdebok.


Kaspar Hansson Hosteland og kona Maria Hansdtr. budde i Vikahagen. Kaspar var jekteførar.

Eit barn til dåpen:

Harald Martin f. 1898.


Knut Bertilson Verpelstad bnr. 2 f. 1868 vart g.m. Ragnhild Knutsdtr. Vik bnr. 3 f. 1869. Knut var snikkar, og dei budde fyrst i Vik.

Born medan dei budde her:

Bertil f. 1899.

Dei flytte sidan til Dale, der Knut Verpelstad arbeidde ved fabrikkane. Sjå ættesoge for Dale.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy