Voss Brandtrygdelag i Bergsdalen, av S. Himle

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Voss Brandtrygdelag
Av S. Himle


Soga åt Voss Brandtrygdelag i Bergsdalen starta i 1869 etter det me kan finna ut av gamle protokollar.

Den 10. juli det året vart den fyrste trygdingstaksten halden hjå David Arneson Hatlestad, og som ein kuriositet kan nemnast at verdien av husbunaden på det bruket då vart sett til 362 1/2 rdl. Trygdesummen vart sett til 290 rdl. og ein kan vel ta det som eit teikn på at dei var svært varsame med å verdsetja huseigedomane i starten, for alt i 1877 var trygdesummen på bruket auka til 480 rdl. kr. 1.920,-. I dag er trygdesummen på dette bruket komen opp i ca. 0,6 millioner kroner.

Fram gjennom åra vart fleire og fleire av bruka i dalen trygda i Voss Brandtrygdelag, og so vidt me veit var alle med til skredulukka på Fosse i 1969. Den førde til at desse bruka gjekk over til anna trygdelag. På den tid omfata ikkje trygdeordninga åt Voss Brandtrygdelag naturskadar, men no dekkjer branntrygdingar naturskadar og. Frå starten av var Voss Brandtrygdelag organisert med valde tillitsmenn rundt i bygdelaga, og i Bergsdalen var fylgjande tillitsmenn fram til hundreårsskiftet:

David A.Hatlestad/td 1871-1873 David A. Hatlestad 1887-1889
Lars A. Lie 1873-1875 David N. Hatlestad 1889-1891
Gulleik N. Lie 1875-1877 Lars A. Berge 1891-1893
Johannes 0. Lie 1877-1879 Tormod G. Lie 1893-1895
Anders J. Lie 1879-1881 Anders H. Fosse 1895-1897
Gulleik N. Lie 1881-1883 Nils J. Lie 1897-1899
Anders H. Brekke 1883-1885 Johannes N. Øye 1899-1901
Nils A. Rødland 1885-1887

Me skal hugsa at dette var uløna tillitsombod, som i tur og orden vart fordelt på flest mogeleg, og me kan mykje takka innsatsen åt desse tillitsmennene for at branntrygdelaga har vakse til det dei er i dag rundt i heile landet.

Folket i Bergsdalen har vore uvanleg flinke til å passa på elden. I heile den tida Voss Brandtrygdelag har arbeidt i dalen, har det berre vore ein brann, og det var eit eldhus på Kaldestad som brann ned i 1968.

Skaden vart taksert til kr. 4.000,-, og fordelt på åri 1869-1978, vert den gjennomsnitlege skaden so liten at det må reknast i promille. Knut Rødland fortel at ein etter segna må heilt attende til 1600-talet for å finna nokon brann å snakka om, og det må vel seiast å vera eineståande.

Rødland fortel elles annan stad i denne boki om kor vanskeleg det var å byggja hus i Bergsdalen før vegen kom.

Timberet måtte fraktast over fjellet frå Bulken eller Evanger, og dette kan vera noko av forklaringa på at dei lærde seg til å vera på vakt mot eldfåren.

Voss Brandtrygdelag, som vart skipa i 1864, gjekk i 1923 saman med dei andre branntrygdelaga i landet og skipa Samtrygd. Dermed fekk laga samla ein sterkare økonomisk ryggrad og kunne ta på seg større trygdeansvar. I 1958 vart det gjort ein samarbeidsavtale mellom Norges Bondelag og Samtrygd, og etter denne tid har Bondelaget vore med på å utforma trygdingane for landbruket.

I 1974 overtok Samtrygd biltrygdelaget Norsk Bilforsikring Gjensidige, og gjorde samstundes samarbeidsavtale med Norges Automobilforbund. (N.A.F.). Dermed vart Samtrygd det leiande biltrygdeselskapet i landet, og er det framleis.

Neste steg i utviklingen var samarbeidsavtale som vart gjort med Norsk Livsforsikringsselskap Gjensidige i 1974, og no skjedde og eit namnebyte som førde til at Samtrygd fekk namnet Gjensidige Norsk Skadeforsikring. Samlingsmerket for alle trygdelagi vart vektaren åt Gjensidige som vist nedanfor.

Utviklinga som har skjedd fram til i dag, har ført til at trygdetakarane no kan få dekka alle vanlege trygdingar gjennom Voss Brandtrygdelag.

Laget gratulerer bergsdølene med bygdeboka, og står som før til teneste med alle former for trygding.


GJENSIDIGE Forsikring


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy