Yksendal

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Yksendal.



Gnr. 61 Yksendal


Gnr. 93 i Hosanger


Innhaldsliste

Innleiing

I Eksingedalen var der i alt åtte gardar som høyrde til Modalen herad. Yksendal var den øvste av desse. Ei tid høyrde denne garden til Evanger og høyrde til «Vangs prestebord», som det heiter. I matrikkelen 1665-1667 står det: «Denne gaard ligger i Efvanger sogn i Waasse præstegield och gifuer der sin tiende». I manntalet 1701 er det ført soleis: «Øxendal, Waase fougderie och præstegield. Saavit henhører til Nordhords fougderie».

Om namnet heiter det i Norske Gaardnavne: «Øxilldardalr. (Bjørgvinjar Kalvskinn) 73. - Øxendal 1667, 1723. - Yxnudalr? Mulig sammensat med det almindelige elvenavn Yxna, som her må have betegnet en ilden tværelv fra nord til Exingedalens vasdrag».

Me finn desse skriftformene: 1608/09 Øxedall, 1645 Øxendall, 1661 Øxledall og 1664 Øxeldall. Seinare er det vanleg Øxendal eller Øksendal. I bygdemålet heiter garden Yksendalen, og namnet er alltid brukt i bundi form: Han skal i Yksendalen. Han bur i Yksendalæ. Offisiell namneform no er Øksendal.

Yksendalen hev alt sitt område på nordsida av Eksingedalselvi. Mot vest er Fagerdalselvi grensa mot Lavik. Sidan vert det grensa mot Fjellanger i vest og nordvest heile vegen frå Diket og opp i høgfjellet. I aust går grensa mot Fosse litt nedanfor Storeglupen, fyrst mest mot aust, men sidan nordaust i nokolunde bein lina yver Nesheimsnipa, til ho vender mot nordvest eit stykke nedanfor Blåvatnet. Langs denne lina, som og var grensa millom Modalen og Evanger herad, kjem Yksendalen til merkes med Bindingsbø, Berga og Nesheim oppe i fjellet.

Der Fagerdalselvi renn ut i Storelvi, bøyer Eksingedalen av frå nordaust til søraust. På nordsida av dalen stig Kulten breid og bratt til vers, og nedanfor Yksendalsbotnen kjem han heilt fram mot elvi og stengjer, so der var ikkje farande veg fyrr køyrevegen vart bygd frå Lavik til Fosse kring 1905 - 1907. Her heiter det Stigane, og her var mura opp verkar og vølt til so mykje at folk kunne gå på ei vis, men skulde dei taka seg fram med øyk eller nautbeist, måtte dei fara innetter Fagerdalen mot Diket og om Steingardsbrekka til Yksendalen.

Fer me no vegen om Stigane, kjem me til Yksendalsbotnen, og der går ein liten sidedal mot nord, og på lag 1 km oppi der ligg Yksendalen. No er det hjelpeleg køyreveg heim til garden. Fyrst er det bratt stiging, og ved sida av vegen fossar den vesle elvi i stryk og små stup, so det kan vel høva at ho vart kalla Yksna. Når du kjem opp til Vårstølen, vert dalen flatare, og då ligg garden i hallet framfor deg. Nedanfor bøen går gamal steingard, og mykje av garden ligg i nokso bratt hall, og mesta øvst på bøen står husi. Ovanfor der att er små hamrar og lauvskog lidi oppetter. Garden ligg einsleg og avstengd, inneringa av Kulten og Utleberget og nokre åsrygger, so du ser ikkje bort til Fjellanger, endå det er ikkje lang vegen dit.

Husi på garden står eit stykke frå kvarandre, dei på Torbjørnsluten litt lenger aust enn dei på Herlaugluten, og innmarki er skift soleis at kvart bruk hev meste bøen nedanfor sitt eige tun. Bruk 1 hev to teigar, men bruk 2 hev alt i ein samanhangande teig. Åkrane hadde dei helst i bakkane nærast husi. Her i hallet er djuplendt og god moldjord, so dei kunne få bra avling i gode år. Men i «Jordbeskrivelsen 1863» er merknad om at «kornet fryser undertiden». 1 fyrste tidi me finn opplysningar, var det lite korn dei sådde og. 1 matrikkelen 1723 er sagt at dei sår 1 tunna havre og avlar «de flest år 1 1/2 td.» Men i 1875 er sånaden 6 1/2 t. havre og 8 t. potetor, so då må åkerviddi ha auka munaleg. Men so var det og mange munnar å metta då, tilsaman 20 menneske på garden. Likevel må me nok segja at det høver tolleg godt det som er sagt i matrikkelen 1723: «Lever allene af quægets næring». Yksendalen hev alltid vore halden for ein god «fo-gard». Mesteparten av bøen gav godt for, og markaslåttor var det med dei vann å hausta, og godt gras i dei fleste. Garden hadde og gode beite, både i heimehagen og på stølen. 1 1863 heiter det: «God og tilstrekkelig havnegang». Heimahagen var området på austsida av Fagerdalselvi opp til grensa mot Fjellanger, og i hovuddalføret aust til grensa mot Fosse oppmed Storeglupen. Her, under fjellet og i Botnabrekkena kom groren so tidleg at Yksendalen var fyrste garden i sokni som løyste kyrne ut om våren. Her er skredjord, og lendet låg fint mot soli, so snøen rann tidleg bort. Stølsbeiti er og gode med rikeleg vidd, og det hende ikkje sjeldan at Yksendalen tok hyrekyr om sumaren frå gardar som stod opprådde for budeia. I seinare tid var det ofte geitasti i Yksendalen. Då hadde dei fyrst geitene i heimehagen med mjølkeplass på Vårstølen, og so på stølen om sumaren. Ei tid leigde eigarane bort geitahage til andre, og då var det vanleg dobbelt sti med 160 - 170 geiter. Sidan dreiv Ingvald Eide med geiter sjølv, og han hadde berre «enkelt» sti med ei budeia. Stølen ligg 1/2 times veg heimanfrå, og det er tolleg god reitleveg dit.

Garden hev mange utslåttor, og i dei fleste er det godt for. Den tid markaslåttone var utnytta, gav dei meir høy enn bøslåtten. På Torbjørnsluten var desse slåttone med løa og hesjar: Gamleløa, Skred-løa, Stuttebotn, Utleberget, Oksli, Vårstølen, Lidi, Høgaberget, Geita-botnen, Hestahjellen, Brunane, Skogalidi, Svedna (Svaena). So var det nokre småteigar med hesjar, men ikkje løa: Joans-slåtto, Bjødnaskaret, Stølsteigen og under Høgaberget. Stakkstøe hadde dei og: Kulten, Brunane, Skogalidi og under Kyratoni. Haust-teigar som dei slo annakvart år, var Brekkena og Hamrane. På Herlaug-luten var desse slåttone med løa: På Stølen, stor løa med skot, rom til 60 hyrdar. Lenger heime var Treppena. So var det Slåttet og Hestahjellen. I Geitabotnen var løa frå gamalt, men sidan tok dei høyet på løypestreng til løa heime. I Skreda var løa, men ikkje hesjar. Stundom slo dei i Elvatødno, og då tok dei graset heim og hesja det. So var det Utleberget, Lidi og Sauatræet. I Botnen var løa fyrr hovudvegen var bygd, sidan tok dei høyet i vognhuset der. I Stigane var løa. Ovanfor Treppane og i Grisatoni var stakkstøe. Frå gamalt er det fortalt at dei hadde grisane i beite i Grisatoni om sumaren når kyrne var på stølen. Derifrå kunne ikkje grisane koma med eigi hjelp, so der hadde dei dei vise når dei skulle gjeva dei mat. Strakkstøe hadde dei og under Nesheimsnipo og på Nyatræet. Haust-teigar, som dei slo annakvart år, hadde dei rundt bøen på Skjora-hamaren, i Ospebrekka, Skogatoni, Kultabrekkena, Gomorslåtta og på øvste og nedste Stadlane.

Fram til 1920-åri sådde dei årleg litt havre på garden, og i gode år fekk dei bra avling. Men slik kornvidd som i 1860-åri hadde dei ikkje på langt nær den siste tidi dei dyrka korn. Kverni hadde dei i elvi nedmed bøgarden. Der mol dei havren dei dyrka, og bygg som dei kjøpte og turka, til mastingsmjøl. Der med kverni hadde dei slipestein og.

I Yksendalen voks ikkje barskog, men siste mannsalderen hev dei planta litt gran, og ho veks bra. Lauvskogen gav brensel nok til eige bruk, og til vanleg fann dei den taknever som trongst til husi, og vyrke til markaløor og hesjaved. Det skulle noko til med alle dei utslåttor dei hadde.

Siste mannsalderen var det gjort noko dyrkingsarbeid på garden, serleg på bruk 2 som hadde lagleg dyrkingsjord på Nordebøen, nordvest for den gamle bøen. På slutten Ingvald Eide budde bruket, dyrka han ein stor teig der, og bruket hans hadde vel aldri vore i betre stand enn då han flytte frå.


EIGARAR.

1610/11: Stigtens.

1647: Store kontribusjonsskatt. Wangs prestebord eier alt 1/2 L. smør. Sidan er det Voss prestebord som eig, og soknepresten til Voss bygslar bort garden til brukarane til 1839. Då får Anders Herlaugson skøyte på sitt bruk, og i 1845 får Torbjørn Johannesson skøyte på sitt.

Sidan hev båe bruki vore sjølveigarbruk.


Skyld og utreidslor.

1610/11: I Jordeb. er Stigtens Frelse 1 kalvskinn.

1644/45: I Jordeb. er ført Leding og Frelse 2 kalvskinn.

1627: I skattemanntalet er skyldi 1/2 L. smør, og det står ho med til 1838.

1838: Skyldi vert omgjord til pengar, 7 ort 8 skilling. 1886: Skyldi vert omgjord til 4 mark 64 øre.

Då brukarane fekk kjøpa eigedomane, vart kvart bruk pålagt ei avgift til «prestebordet» som det heiter, på 5 skj. 2 fjerdingkar bygg årleg.


Fødnad, sånad og avling.

1657: Kvægskatten: Fødnad: 1 hest, 1 ukse, 1 kviga, 6 kyr, 2 geiter, 22 smalbeist.

1667: Matrikkelen: Fødnad: 12 nøed. Småfe er ikkje teke med. 1723: Matrikkelen: Fødnad: 1 hest, 9 kyr, 2 ungfe, 21 smalbeist.

1803: i jordavg. er fødnaden oppgjeven til 14 kreaturer og 20 får.

1875: I samband med folketeljingi er fødnaden oppgjeven slik: 1 hest, 1 fyl, 1 ukse, 17 kyr, 6 ungnaut og 35 smalbeist.


Sånad og avling.

1667: Sår 1 tunna, avlar 1 1/2 tunna.

1723: Sår 1 tunna havre, avlar dei fleste år 1 1/2 tunna.

1803: Sår 1/2 tunna, avlar 2 tunnor.

1875: Sår 6 1/2 tunna havre, 8 tunnor potetor. Avling er ikkje nemnd.


«Jordbrugsbeskrivelse».

1863: Heile garden hev 14 1/2 mål åker og dyrka eng. Naturleg eng er tilsaman 59 mål, av det er 19 mål god eng, 18 mål medels og 22 mål ring eng. Høyavlingi er i alt 3414 våger, av det 1230 våger markahøy. Dei sår 5 tunnor korn, 5 1/2 tunna potetar, avlar 26 tunnor korn og 28 tunnor potetor. Fødnaden er tils. 23 kyr, 8 ungfe, 2 hestar, 44 smal-beist. Det er gjort merknad om at garden hev 1 spd. i årleg innkome for «bortleiet havn», og om at «kornet fryser undertiden».


1959. Etter «Norske Gardsbruk».


Bruk 1. Dyrka jord 16 da. (mold og myrjord), anna jordbr.areal 40 da., produktiv skog 400 da., onnor utmark 150 da. Bustadhus bygt 1879, vølt 1946. Driftsbygningar bygde 1899. Øksendalsstølen. Fødnad: 1 hest, 6 kyr, 3 ungdyr, 20 sauer, 1 gris.


Bruk 2. Dyrka jord 22 da. (mold og myrjord), anna jordbr.areal 30 da., prod skog 300 da., onnor utmark 150 da. Bustadhus bygt 1869, ombygt 1946, driftsbygningar bygde 1850 og 1939. Brt. 80.000 kr. Fødnad: 1 hest, 5 kyr, 4 ungdyr, 15 sauer, 2 griser. Kraftverk.


I matriklane finn me ymse andre opplysningar og:

1661: Landkomm.: «Wangs prestebols gotz. Ingen hinder». 1667: «Brendeschoug til».


1723: «Ingen husmandspl. Brendeved. Ingen seter. 1 flomkvern. Ligger 2 3/4 miil fra søen og 8 miil fra Bergen. Ganske uvis til korn og tungvunden. Lever allene af quægets næring».


BUSITJARAR

1609/10: I skattemanntalet for dette året finn me Yksendalen nemnd for fyrste gong. Under «ødegaarde og husmend» er då Knut Øxedall førd brukar. Han er ogso førd i jordebok 1610/11, og sidan i skattemanntalet fram til kring 1643. I eit sakefall 1636/37 er Knut dømd til å bøta ein halv dalar i «stefnefald», so då hev han vore stemd for retten utan å møta. Året etter heiter det: «Knud Øxendall en fattig mand til fields boende med ringe formue mange smaa børn ved venners hielp udgaff for hand belaa en pige i sitt egteschaff Penge 16 daler».
I Ættebok for Hosanger bd. I, 2. del står på side 2 ein merknad som viser at denne Knud Øxendall og broren Nils på Nese og «Quindfolket» Ragnille vart halshogde og brende på Valestrand i 1643.


1. Knut Yksendal, d. 1643. Me veit ikkje kven kona var, og me veit heller ikkje namn på nokon av dei «mange små børn».


1644: Er det rett det som er referert ovanfor frå Ættebok for Hosanger, må det ha kome ny brukar her kring 1644, og i kopskatten 1645 får me oppgjeve at den nye brukaren heiter Knud Mogensen.


2. a. Knut Monsson Yksendal, g. m.

Brita (Berete).

Born:

  1. Ei dotter, med i kopskatten 1645 utan namn.


Knut Monsson er førd i skattemanntalet fram til 1654.


2. b. Enchen er førd i jordebok 1655, i kvegskatten 1657, i Landkomm. 1661 og sida i skattemanntalet fram til 1668.


So er det tomrom i rekneskapane til 1691. Då heiter brukaren Joen, og han er i 1722 skriven Joen Christensen. Det kan ikkje vera tvil om at far til Joen, Cristen, hev vore brukar i Yksendalen ei tid, truleg frå 1670-åri til fram mot 1690, for 5 av borni til Cristen er gravfeste frå Yksendalen, og for 3 andre er ført giftarmål her ifrå. Me får likevel ikkje vita kven kona til Cristen var.


3. Christen Yksendal, g. m.

Ukjend.

Born:

  1. Jon f. 1665, næste brukar her.
  2. Dordi f. 1671, d. 1727, truleg ug.
  3. Namnlaus f. 1671, d. 1677.
  4. Johannes g. 1702 m. e. Brita Sjursdtr. Langedal, sjå Langedal br. 2.
  5. Simen f. 1678, d. 1696.
  6. Jakob f. 1681, g. 1. g. 1707 m. Maria Hemingsdtr. Mællingsdal, attgift 1715 m. Ingeborg Mikkelsdtr. Bindingsbø. Til hus på Bergo i 1719.
  7. Eric f. 1688, d. 1696.
  8. Hiertrud f. 1689, d. 1691.


1691: Futerekneskapen hev Joen, og han brukar 1/2 L. smør, som er heile garden. Han er førd i skattemanntalet fram til 1729 og sat truleg med bruket til han døydde i 1731.


4. Jon Christenson Yksendal, f. 1665, d. 1731, g.

1. m. Anna, f. 1652, d. 1696, då sagd 44 år.

2. 1726 m. Tora Olavsdtr. Flatekvål, frå Voss.

Born:

  1. Marta f. 1685.
  2. Brita f. 1693, g. 1716 m. Knut Sjurson Sevaldstad og busett br. 2 her.


Anna, fyrste kona til Jon, må ha vore enkja då Jon vart gift med henne, for i 1705 er gravfest «Jon Øksendals stifsøn, Magne Magnesen Haugland (i ei avskrift står Langeland), 18 år. Her må vel anten alder eller årstal vera gale, for elles måtte Magne vera fødd etter Anna var gift med Jon. Me finn ikkje at Jon hadde born i 2. ekteskapet.


1716: Brita Jonsdtr. gifter seg med Knut Sjurson Sevaldstad, og han fekk same året bygselbrev frå hr. Nils Weinvik på 18 mrk. smør i Yksendalen. Med det er garden skift i to jamstore bruk, kvart på 18 mrk. smør, og denne bruksdelingi hev halde seg sidan.


Bruk 1.

Det er noko uklårt kven som sat med bygsel her frå 1731 då Jon døydde og til 1744. Me finn ikkje nytt bygselbrev for den tidi, og me veit heller ikkje kva tid Tora Olavsdtr. døydde. Det synest rimeleg at ho sat med bruket etter at mannen døydde.


1744: Magister Jørgen Harboe gjev bygselbrev til Torbjørn Jørgenson Helgeland på 18 mrk. smør, og det gjeld dette bruket.


5. Torbjørn Jørgenson Yksendal, f. Helgeland 1703, g.

1. 1732 m. Ingeborg Kolbeinsdtr. Store Hirt, f. 1713, d. 1747.

2. 1748 m. Marta Andersdtr. Almelid, br. 5, f. 1723, d. 1763.

Born:

  1. Brita f. 1733, d. 1756.
  2. Lars f. 1735, d. 1808, g. 1769 m. e. Anna Jonsdtr. Mo br. 1, f. Høvik br. 4 i 1740.
  3. Mikkel f. 1737, d. 1806, g. 1767 m. e. Agata Olavsdtr. Fjellanger, sjå Fjellanger.
  4. Brytteva f. 1738, d. 1803, g. 1758 m. Mathis Torgeirson Hommedal, Vossestrand, busett Fjelle i Hosanger.
  5. Ragnhild f. 1741, d. 1783, g. 1765 m. Johannes Jensson Nese, sjå Nese br. 1.
  6. Tora f. 1744, d. fyre 1779.
  7. Brita f. 1747, d. 1798, g. 1777 m. Anders Herlaugson Yksendal br. 2, og busett der.
  8. Ingeborg f. 1749, d. 1750.
  9. Anders f. 1750, d. 1771, ug.
  10. Ingeborg f. 1753, levde 1779.
  11. Lars f. 1753, d. fyrr 1779.
  12. Kari f., 1755, d. 1755.
  13. Johannes f. 1756, næste brukar her.
  14. Jørgen f. 1758, levde 1779.
  15. Kari f. 1760, d. 1847, g. 1788 m. Viking Matiasson Yksendal f. Lekve, Voss. Sjå Husfolk!
  16. Brita f. 1762, d. 1762.
  17. Ivar f. 1763, levde 1779.


1777: Bygselbrev frå hr. Meldal, Voss, prestebol, til Johannes Torbjørnson.

6. Johannes Torbjørnson Yksendal, f. 1756, d. 1801, g. 1778 m.

Borghild Brynjelsdtr. Edal, f. 1756, frå Evanger.

Born:

  1. Torbjørn f. 1779, næste brukar her.
  2. Gitlaug f. 1781, d. 1871, g. 1816 m. Knut Monsson Brekkhus f. 1788, d. 1849, paktar på Votlo, Haus, 3 born. (Æb. Haus II s. 145).
  3. Anders f. 1784, levde 1801.
  4. Marta f. 1786, d. 1787.
  5. Brynjel f. 1788, g. 1811 m. Anna Ingebrigtsdtr. Bindingsbø, f. 1776, budde i Yksendalen i 1811.
  6. Ivar f. 1790, levde 1801.
  7. Marta f. 1793, d. 1794.
  8. Brita f. 1794, g. 1827 m. Knut Nilsson Trefall f. 1800, busett Nesheim 1827, til Borgo i Arna 1828, plassmann og paktar i Borgatræet. (Æb. Haus III s. 429).
  9. Johannes f. 1797, g. 3 gonger. Ved 2. giftarmålet i Bergen er han skriven enkem. og vægter.
  10. Marta f. 1800, d. 1800.


1802: Enkja Borghild Brynjelsdtr. gifter seg att med ungkar Haldor Nilsson Lavik br. 4, f. 1759, d. 1842. Dei hadde ikkje born saman.


1802: Sokneprest Jersin, Voss, gjev bygselbrev på dette bruket til Torbjørn Johannesson, som gjev vilkår til mori, Borghild Brynjelsdtr.


1845: Kongeleg skøyte på bruket til Torbjørn Johannesson for 200 spd. og jordavgift 5 skj. 2 fjerdingk. bygg. Skøytet er tinglyst 1849.


7. Torbjørn Johannesson Yksendal, f. 1779, d. 1861, g. 1807 m.

Kari Knutsdtr. Trefall, f. 1780.

Born:

  1. Johannes f. 1810, døydde barn.
  2. Johannes f. 1811, g. 1838 m. Magli Jonsdtr. Mestad, Evanger, plassfolk her på bruket.
  3. Kari f. 1814, d. 1838.
  4. Brita f. 1816, g. 1839 m. Lars Nilsson Brekkhus, Evanger, bonde på Knapskog i Fjell.
  5. Ivar f. 1818, d. 1818.
  6. Borghild f. 1819, g. m. næste bonde her.
  7. Haldor f. 1821, d. 1921, g. 1839 m. e. Brita Davidsdtr. Bindingsbø, sjå Bindingbø bnr. 3. Han budde i Lavik br. 4, hjå systersdotteri Kari, siste leveåri.
  8. Marta f. 1824, g. 1845 m Olav Knutson Torshelle, Skarpenes, 9 born.


1849: Skøyte frå Torbjørn Johannesson til versonen Lars Nilsson Øvre Helland for 200 spd. og kår.


8. Lars Nilsson Yksendal f. Øvre Helland br. 4 1815, d. 1891, g. 1846 m.

Borghild Torbjørnsdtr. Yksendal, f. 1819, d. 1890.

Born:

  1. Nils f. 1846, f. på Ø. Helland, næste bonde her.
  2. Haldor f. 1845, g. 2. g. m. Ingebjørg Herlaugsdtr. Yksendal br. 2 f. 1860.
  3. Torbjørn f. 1850, g. 1876 m. Kristbjørg Olavsdtr. Lavik br. 6, busett Fosse, Bergsdalen.
  4. Lars f. 1852, reiste til USA i 1875.
  5. Brita f. 1854, g. 1883 m. Olav Andersson Lavik br. 4. Sjå Husfolk i Lavik.
  6. Kari f. 1856, d. 1916, g. 1882 m. Anders Andersson Lavik, sjå Lavik br. 4.
  7. Marta f. 1858, d. 1897, g. 1893 m. Knut Hallvardson Flatekvål, sjå Flatekval br. 5.
  8. Ivar f. 1861, reiste til USA, vart prest der.


Om 8 b ovanfor, Haldor, er elles å fortelja: Han busette seg fyrst i Vetle-Dale, seinare i Finnabotn i Vik i Sogn. Han hadde 4 born: Lars, Helena, Lars og Knut. Haldor kjøpte Vetle-Dale i 1886. I 1899 kjøpte han eine bruket i Finnabotn, og noko seinare det andre bruket og. Eldste sonen, Lars, og den yngste, Knut, fekk kvar sitt av bruki etter faren.
- Haldor heldt sundagsskule på Skostadlen om sumrane for alle borni som vilde koma. Han hadde so fin songrøyst og lærde borni mange salmar. Om vinteren fekk han i gang kvinneforeningar som arbeidde for misjonen. Då var han med og karda når kvinnfolka spann. (Etter Johs. A. Lavik).


1880: Skøyte frå Lars Nilsson til sonen Nils for 2000 kr. og kår til foreldri.


9. Nils Larsson Yksendal, f. 1846, d. 1914, g. 1872 m.

Anna Rasmusdtr. Straume, br. 4 f. 1845, d. 1912.

Born:

  1. Lars f. 1875, farmar i USA, døydde der.
  2. Kari f. 1877, d. 1948, ug., kjøpte dette bruket i 1934
  3. Nils f. 1878, reiste til USA, døydde der.
  4. Borghild f. 1880, d. 1882.
  5. Borghild f., tvill. f. 1882, reiste til USA, g. der m. Andreas Johannesson Eide, frå plasset Brotet.
  6. Rasmus, tvill. f. 1882, d. 1882.
  7. Rasmus f. 1884, næste bonde her.
  8. Anna f. 1886, d. 1958, g. 1910 m. lærar Lars Knutson Brakestad f. 1877, busett Bergo, lærar i Øvre Eksingedalen. Born: Knut, lærar i Bømlo, Nils, bonde på Raknes, Osterøy, Ragnar busett Høyanger.
  9. Ivar f. 1887, bonde her nr. 12.


1913: Skøyte frå Nils Larsson til sonen Rasmus for 2600 kr. og kår, verd 700 kr.


10. Rasmus Nilsson Yksendal, f. 1884, d. 1969 i USA, g. 1913 m.

Kari Nilsdtr. Trefall, f. 1893.

Born:

  1. Alise.
  2. Anna.
  3. Berta.
  4. Gladys.
  5. Norvald.
  6. Edvard.


Rasmus for til Amerika og var farmar der ei tid. Truleg var det broren Ivar som dreiv bruket her medan Rasmus var i Amerika. Då han kom heimatt, pakta han bort bruket til verbroren sin, Jon Nilsson Trefall. Dette var i 1920. Same året kjøpte Ivar Nilsson gard i Smedsdal i Seim og budde der til 1925. Då måtte han gå frå garden sin.


1920: Rasmus Nilsson paktar bort bruket til Jon Nilsson Trefall, og han sat med bruket til 1930. Pakteavgifti var 300 kr. året.


11. Jon Nilsson Trefall, f. 1890, g. 1914 m.

Ragnhild Herlaugsdtr. Gullbrå, f. 1893.

Born:

  1. Anna, g. 1946 m. Nils Andreasson Flatekvål, sjå Flatekval br. 4.
  2. Nils, g. 1951 m. Mary Tangstad, Verran. Han er bygningsm., busett Indre Arna, 3 born.
  3. Håkon, bonde på Trefall, g. 1950 m. Gerda Larsdtr. Flatekvål br. 6, sjå Trefall bnr. 3 born.
  4. Ingvar, løytnant i flyvåpenet, g. 1964 m. Jorunn Grøndal, ikkje born.


1934: Skøyte frå Rasmus Nilsson og kona til Kari Nilsdtr. Yksendal for 4000 kr. Kari var syster til Rasmus. Ho var ugift.


1941: Skøyte frå Kari Nilsdtr. Yksendal til broren, Ivar Nilsson, for kr. 3.452,20. - Kari Nilsdtr. budde i Yksendalen og hadde ei liti stova her på bruket, men det var ikkje ho som dreiv garden. Ho var jamt budeia og tok elles ymse leigearbeid etter som det høvde. Broren Ivar var mykje på vegarbeid dei åri Jon Trefall pakta bruket, men då Jon flytte frå, var det Ivar som stod for gardsdrifti.


12. Ivar Nilsson Yksendal, f. 1887, d. 1970, g. 1908 m.

Marta Styrksdtr. Træn, frå Evanger f. 1885, d. 1967.

Born:

  1. Nils, teglsteinarb., g. 1938 m. Sigrid Malena Sigvardsdtr. Hopland, Seim, busett Søreidgrend, Fana, 2 born.
  2. Torgeir, skomakar, busett Dolvik, Søreidgrend. G. og hev born.
  3. Anna, g. 1934 m. hamnearb. Trygve Johannesson Lavik br. 1, busett Grimstadneset, Fana, 4 born.
  4. Agnes, g. 1937 m. Anton Nikolaisen Lavikhaugen, sjå Lavikhaugen br. 2.
  5. Borghild, g. 1942 m. Lars Matiasson Dagestad, busett Drammen, 3 born.
  6. Solveig, kaptein i Frelsesarmeen, vevlærar ved Lier Asyl.
  7. Ingvald Martin, g. m. Kjellaug Larsdtr. Nesheim. Han er buss-sjåfør, busett Søreide, Fana.


1955: Skøyte frå Ivar Nilsson til Torbjørn Andersson Brørvik på dette bruket. Torbjørn er son til Anders Hansson Brørvik og kona Magda Torbjørnsdtr. Fosse, og soleis sdotterson til Torbjørn Larsson, nr. 8 c her på bruket.


13. Torbjørn Andersson Brørvik, g. 1955 m.

Aslaug Maria Konradsdtr. Haugsdal frå Masfjorden, f. 1926, d. 2000.

Born:

  1. Anders, lastebilsjåfør i Oslo, g. 1976 m. Torunn Eide.
  2. Malena Arnhild, næste bonde her.
  3. Torleiv Kåre, mobilkranførar.
  4. Kari.

1980: Skøyte frå Torbjørn Andersson Brørvik til dotteri Malena Arnhild.


14. Malena Arnhild Torbjørnsdtr. Brørvik Eriksen, g, 1981 m.

Bent Eriksen frå Voss.

Born:

  1. Lind Tove.


Bruk 2. Herlaugluten.

1716: Bygselbrev frå Voss prestebol, ved Nils Weinvik, på 18 mrk. smør til Knut Sjurson Sevaldstad. Dette er halve garden i Yksendalen. Knut Sjurson var same året gift med Brita, dotter til Jon Christenson på bruk 1, og frå no av er Yksendalen skift i to jamstore bruk, kvart på 18 mrk. smør.


1. Knut Sjurson Yksendal, f. Sevaldstad 1690, g. 1716 m.

Brita Jonsdtr. Yksendal, f. 1693, d. 1770.

Born:

  1. Anna f. 1718, g. 1. g. 1748 m. Botolv Pederson Holo, Vossestrand, g. 2. g. m. Eirik Sylvfestson Saue, 1 son Botolv f. 1756.


Då Knut døydde, gifte enkja seg att med Johannes Brynjelson Lavikhaugen, og dei må ha site med bruket her, men uvisst kor lenge. Me finn ikkje nytt bygselbrev fyrr 1777.


2. Johannes Brynjelson Yksendal, f. Lavikhaugen 1680, d. 1766, g. 1723 m. enkja

Brita Jonsdtr. Yksendal, f. 1693, d. 1770.

Born:

  1. Brita f. 1727.
  2. Namnlaus f. 1734, d. 1734.
  3. Jon konfirmert 1758, 1766 lyst til giftarmål med Anna Jakobsdtr. Bindingsbø, men ho døydde fyrr dei vart gifte.


1777: Bygselbrev frå hr. Meldale, Voss prestebol, til Anders Herlogsen på 18 mrk. smør. Anders var frå Gavle, Vossestrand.


3. Anders Herlaugson Yksendal, f. 1736, g.

1. 1777 m. Brita Torbjørnsdtr. Yksendal, br. 1, f. 1747, d. 1788.

2. 1791 m. Maria Jensdtr. Nese, br. 1, f. 1739.

Born:

  1. Johanna f. 1777, d. ug.
  2. Herlaug f. 1780, næste brukar her.
  3. Ingeborg f. 1785.


Alle borni var med i skifte etter mori 1788. Der er då nemnt at enkjemannen hev ein obligasjon frå Sjur Olsen på 99 rd. i garden Teidten eller Bjørndalen i Vatsværn skipreida.


1797: Bygselbrev frå sokneprest Christian Jersin, Voss, til Herlaug Andersson på 18 mrk. smør. «Han svarer kongelige skatter og avgifter, 3 skjepper årlig, samt kår til forældrene».


4. Herlaug Andersson Yksendal, f. 1780, d. 1851, g. 1803 m.

Guri Ingebriktsdtr. Bindingbø, f. 1772, d. 1846.

Born:

  1. Anders f. 1804, næste bonde her.
  2. Ingebrigt f. 1805, g. 1835 m. Ragnhild Dagsdtr. Langeland, busett Steine, Evanger.
  3. Nils f. 1807, g. m. Brytteva Johannesdtr. Brekkhus, busett Steine, Evanger.
  4. Lars f. 1808, g. m. Brita Jonsdtr. Mestad, inderstfolk på på Mestad.
  5. Brita f. 1812, g. m. Johannes Davidson Gullbrå, sjå Gullbrå husmenn.


1839: Kongeleg skøyte på dette bruket, 18 mrk. smør, ny skyld 3 ort 16 sk., til Anders Herlaugson. Kjøpesum 150 spd. + årleg avgift til Voss prestebord 5 skj. 2 fjerdingkar bygg.


5. Anders Herlaugson Yksendal, f. 1804, d. 1868, g. m.

Guri Dagsdtr. Århus, f. 1800, d. 1869, f. Århus el. Langeland (Kvasshaugen).

Born:

  1. Herlaug f. 1827, d. 1827.
  2. Guri f. 1828, d. 1828.
  3. Guri f. 1829, g. 1858 m. Anders Jakobson Fjellanger br. 1, sjå Li nedre, tun 2 bnr. 3, Bergsdalen.
  4. Herlaug f. 1832, næste bonde her.
  5. Ragnhild f. 1836, d. 1923, g. m. Anders Gullbrå, til USA.
  6. Dordei f. 1840, d. 1923, g. 1867 m. Johannes Hallvardson Flatekvål, sjå Flatekvål br. 1.
  7. Dag f. 1845, d. 1933, g. 1870 m. Magdeli Knutsdtr. Lavik br. 5, busett Øvstedal, Evanger.


Anders budde på garden her til 1849. Då selde han bruket sitt og tenkte å fara til Amerika. Sjå Fjellanger, jolagilde og gardahandel 1848! Det vart ikkje noko av ferdi til Amerika. I staden kjøpte han eit bruk på Flaktveit i Åsane og budde der i 3 år. Då brann husi hans der. Han selde garden, flytta til Vindalen og pakta gard saman med Ivar Vindalen i 2 år. Då sonen Herlaug tok att Yksendalen etter odelsretten, flytte Anders heimatt og budde resten av tidi si i Yksendalen. Han fekk ikkje kår hjå sonen, men han fekk bruka eit markastykke av garden.


1849: Skøyte frå Anders Herlaugson til Jakob Helgeson Helleland for 600 spd. I 1852 gjev Jakob Helgeson obl. på 50 spd. til Jakob Nilsson Almelid. Jakob Helgeson var busett på Haga, Vossestrand, og me veit ikkje visst om han nokon gong hev butt i Yksendalen, men sidan han åtte bruket, tek me han likevel me her og fører borni hans etter Ættebok for Vossestrand.


6. Jakob Helgeson Øvre Helland, br. 5, f. 1818, g. 1848 m.

Brita Jakobsdtr. Fjellanger, br. 1, f. 1819.

Born:

  1. Synneva f. 1848, d. ug.
  2. Jakob f. 1850, d. ug.
  3. Marta f. 1853, d. ug.
  4. Kari f. 1854, d. ug.
  5. Helge f. 1858, d. 1864.
  6. Ola f. 1860, d. 1862.


1855: Skøyte frå Jakob Helgeson til Herlaug Andersson Yksendal for 630 spd. Herlaug Andersson tok garden att etter odel. Han gav obligasjon på 400 spd. til Voss Sparebank til å greida kjøpet.


7. Herlaug Andersson Yksendal, f. 1832, d. 1903, g.

1. 1856 m. Ingebjørg Torbjørnsdtr. Fjellanger, br. 1, f. 1830, d. 1879.

2. 1880 m. Sigrid Knutsdtr. Trefall, f. 1847, d. 1931.

Born:

  1. Anders f. 1857, næste bonde her.
  2. Guri f. 1858, d. 1899, g. 1883 m. Lars Knutson Trefall, sjå Trefall bnr. 3.
  3. Ingebjørg f. 1860, d. 1932, g. m. em. Haldor Larsson Yksendal br. 1, busett Finnabotn, Vik, Sogn.
  4. Torbjørn f. 1862, til USA, g. 1. g. 1897 m. Julia Miller, d. 1902, attg. 1909 m. Kirsti Jakobsdtr. Skjærven, Evanger, 9 born i alt.
  5. Andreas f. 1865, g. 1901 m. Sophie Gustavson frå Värmland i Sverige.
  6. Johan Karl f. 1867, ug., drepen på Cuba.
  7. Herlaug f. 1869, d. 1920, ug., lærar i Finsland, Mandal.
  8. Dordei f. 1872, til USA, g. der med Andrew Strømme (Andreas Knutson Straume br. 3).
  9. Kari f. 1874, d. 1898 i Bjørsvik, ug.
  10. Ingebjørg f. 1880, til USA, g. der m. Luis Lerås.
  11. Knut f. 1883, til USA.
  12. Nils f. 1886, til USA.
  13. Lars f. 1888, til USA.
  14. Johannes f. 1890, d. 1901, drukna i Fjellangerelvi.
  15. Karl f. 1892, d. 1907, datt utfor og slo seg i hel oppmed Bergavatnet.


Dei fleste av dei syskini som for til Amerika, busette seg i Rugby i Nord Dakota.


1904: Skøyte frå Herlaug Andersson til sonen Anders for 2800 kr. og kår.


8. Anders Herlaugson Yksendal, f. 1857, d. 1945, g. 1881 m.

Anna Nilsdtr. Straume, br. 4, f. 1854, d. 1938.

Dei var barnlause.


Då Anders vart gift, budde han ei tid på Hauga-plasset i Yksendalen. Det var eit plass under dette bruket. I 1893 kjøpte han eit bruk i Langeland i Teigdalen og budde siden der. Han kom soleis ikkje til å driva farsgarden, men selde han då han hadde fenge skøyte.

1904: Skøyte frå Anders Herlaugson til Ole Einarson Eide for 3500 kr. og kår til enkja Sigrid Knutsdtr. - Ole var son til Einar Monsson Vik, Stamnes og kona Ingebjørg Olavsdtr. Eide br. 1. Einar og Ingebjørg var husfolk på Eide ei tid, men kjøpte sidan gard i Espedal, Sunnfjord. Ole Einarson tok Eide til etternamn.


9. Ole Einarson Eide, f. 1866, d. 1954, g. 1895 m.

Brita Monsdtr. Vetlejord, br. 2 f. 1874, d. 1967.

Born:

  1. Eivind f. 1896, d. 1969, g. 1922 m. Dagheid Johanne Mensdtr. Klyve-Lavik, f. 1900, d. 1965, 8 born.
  2. Magnus f. 1897, d. 1954, g. 1938 m. Kari Andreasdtr. Fjellanger, Bergo, f. 1912, i son f. og d. 1949. Magnus var vegarb., seinare matros i Indre Nordhordl. Dampbåtlag, sist busett Mjelde i Haus.
  3. Gunnar f. 1902, d. 1931, ug., gjekk gymnas, var student då han døydde.
  4. Ingvald f. 1904, næste bonde her.
  5. Ingebjørg f. 1906, g. 1932 m. Alv Anderson Rivenes, Haus,
  6. 1906, busett Rivenes. Alv hadde verkstad, laga ull-labbar, men er no salsmann. 1 adoptivdtr,
  7. Gjertrud f. 1908, g. 1930 m. møbelsnikkar Augustin Olavson Nese br. 4 f. 1897, 4 born.
  8. Olav f. 1910, d. 1927.
  9. Knut f. 1912, d. 1973, bygningsarb., g. 1949 m. Seselja Gudbjørg Arnoldsdottir frå Eskifirdi, Island f. 1914, busett Garnes i Haus, 4 born.
  10. Aslaug f. 1915, fabr. arb., g. 1938 m. fabr. arb. Ole Martin Bastianson Haugland f. 1914, d. 1960, busett Ytre Arna, 6 born.
  11. Maria, g. 1937 Harald Andersson Stamnes f. 1911, d. 1970, sandarbeidar og fartyførar, busett Hjellvik, Osterøy, 4 born.


1937: Skøyte frå Ole Einarson til sonen Ingvald for 3600 kr. og litt kår.


10. Ingvald Olavson Eide, f. 1904, g. 1934 m.

Brynhild Johannesdtr. Solhaug, frå Kallvik, Stamnes.

Born:

  1. Gunnar f. 1934, d. 1934.
  2. Gunnar, sjåfør, g. 1960 m. Liv Kari Jakobsdtr. Næss, busett Myster, 4 born.
  3. Sveinung, lektor, gymnaset i Tingvoll, g. 1964 m. Elen Kåresdtr. Hostvedt, Vestre Bærum, 2 born.
  4. Jon, sjåfør, g. 1964 m. Gerda Bjarnesdtr. Andersen, Elverum.
  5. Britt Ingeborg, sjukesyster, busett Bergen.


1967: Skøyte frå Ingvald Olavson til brorsonen Olav Eivindson for 30.000 kr.


11. Olav Eivindson Eide, f. 1923, ug.

Olav bur no på bruket og føder nokre sauer.


Då Ingvald selde bruket, flytte han til Eide og bygde seg hus der. Han og kona hev butt der sidan. So lenge han var arbeidsfør, var han på ymse daglønsarbeid. Kona hev arbeid på gamleheimen på Dale.

Plassfolk og husfolk.

1788: Kari Torbjørnsdtr. Yksendal br. 1 gifter seg med Viking Matiasson Lekve frå. Voss. Han er då skriven Øksendal, so han må vel ha butt her då, men me finn ikkje at han hev hatt bygsel eller festesetel på jord her, so dei var vel husfolk hjå Johannes, bror til Kari.


Viking Matiasson Lekve Yksendal, g. 1788 m.

Kari Torbjørnsdtr. Yksendal, f. 1760, d. 1847 på. Farestveit, er då enkja.

Born:

  1. Anna f. 1786, g. 1814 m. Johannes Andersson Lavik br. 1. Ho er då skrivi Almelid, truleg oppfostra hjå morsfolket sitt der.
  2. Marta f. 1789, d. 1853, g. 1813 m. Knut Olavson Farestveit br. 4. Ho er då skrivi Fjellanger, truleg oppfostra hjå morbroren der.


1840: Anders Herlaugson på bruk 2 gjev festesetel til Knut Johannesson Flatekvål på «plasset Grovehaushaugen med Skoglien, Elvetoen, Ysteskreen og Kultejelen samt en skogteig. Jordavg. 1 spd. årlig». Sjølve plasset låg attmed den gamle vegen eit stykke nedanfor husi på bruk 2. Kor mykje innmark det var, veit ikkje nokon no, men i 1875 er det oppgjeve at «Knut på Haugo» fødde 1 ku, 2 sauer og 1 geit.


Knut Johannesson Flatekvål, br. 1, f. 1803, d. 1884, g. 1829 m. Ingeborg Dagsdtr. Langeland, f. 1797.

Me veit ikkje om at dei hadde born.


Anders Herlaugson, nr. 7 på br. 2, budde her nokre ar fyrr han kjøpte gard på Langeland i 1893.
På bruk 1 var og eit plass. Det låg nord med garden der vegen gjekk yver til Fjellanger. Me finn ikkje festesetel eller anna dokument som syner kva tid det vart bortfest, men det må truleg ha vore på den tid plassmannen Johannes Torbjørnson gifte seg, eller helst då Lars Nilsson Øvre-Helland fekk skøyte på bruket i 1849. Johannes Torbjørnson var odelsgut på bruket, og ein kan undrast på at ikkje han fekk det etter faren. Det er knapt rimelegare forklåring på. det enn den som Maria Vetlejord, f. Ø. Helland 1860, gav: «Dei må 'kje ha lite garden på han Joans». Ho kjende til eit liknande tilfelle frå Øvre Helland bruk 5, der odelsguten fekk berre ein liten part av garden på bygsel, og ein yngre bror fekk skøyte og sat med størsteparten.
Bonden kjende ansvar for garden sin.


Johannes Torbjørnson Yksendal, f. 1811, g. 1838 m.

Magdeli Jonsdtr. Mestad, f. 1811, d. fyre 1875.

Born:

  1. Torbjørn f. 1840, g. 1868 m. Anna m. Anna Rasmusdtr. Eikemo, Stamnes f. 1829, busett Sandbakken, Vik i Sogn, 2 born, som døydde unge.
  2. Jon f. 1841, g. 1866 m. Berta Olavsdtr. Nesset (Nese), Vik, Sogn. Sjå Fosse bnr. 3.
  3. Knut f. 1842.
  4. Karen f. 1844, g. 1871 m. Jon Jonson Mestad.
  5. Brita f. 1847, til Minnesota USA i 1875.
  6. Anna f. 1847, til Minnesota USA i 1875.


Folketal.

1645: Kopskatten: 3 personar yver 15 år.

1664: Prestemanntalet: 2 personar, ei enkja og ein dreng.

1701: Manntalet: Berre 1 mann, leiglending, på garden. Kvinnor ikkje med.

1711: Skoskatten: Enkja med 2 born.


1875. Folketeljing.

Bruk 1. Lars Nilsson med kona og 2 born. I eige hushald Nils Larsson med kona og 1 barn, og dei brukar noko av garden. Kari Larsdtr. tenestg,j. hjå broren Nils. Torbjørn Larsson er lausekar og skreddar.

På plasset under dette bruket: Johannes Torbjørnson, enkem., husmann med jord, og snikkar.


Bruk 2. Herlaug Andersson med kona Ingebjørg og 10 born. På plasset (haugaplasset): Knut Johannesson, lausekar, em. og husmann med jord. Og i eige hushald Haldor Larsson med kona og 1 dotter. Han er kalla forpakter og er son til Lars Nilsson på bruk 1.


1900. Folketeljing.

Bruk 1. Nils Larsson med 6 born, dei 2 eldste er «fraværende på Voss». Kona hans, Anna Rasmusdotter, er ikkje med. Ho var veikhelsa og i sjukehus den tid.


Bruk 2. Herlaug Andersson med 2. kona, Sigrid Knutsdotter og 6 born. Av deim er Dordei frå 1. ekteskap hushjelp hjå faren og stykmori.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy