Frå Vaksdal Historielag
			(Skilnad mellom versjonar)
												
			
			
			
			
			
			
			
				|   |   | 
		| Line 82: | Line 82: | 
|  | *Håpet er at brukarane av siden er med å hjelper oss med rettingar og tillegg. |  | *Håpet er at brukarane av siden er med å hjelper oss med rettingar og tillegg. | 
|  | *Retting og tilføyingar vert ikkje merka. |  | *Retting og tilføyingar vert ikkje merka. | 
| - | *Diskusjonsforum – Eit forum der ein kan leggja inn rettingar, oppdateringa og synspunkt.
 | + |   | 
| - | Brukara i forumet må registrera seg som medlemmar.<br>
 | + |  | 
| - | VIKTIG bruk Diskusjonsforum til å melda endringar og tilføyingar.   
 | + |  | 
| - | </div>
 | + |  | 
|  | <br> |  | <br> | 
|  |  |  |  | 
Versjonen frå 07:49, 6 oktober 2011
| 
 Velkomen til bygdebøker på nett!Velkomen til Vaksdal Historielag sin nettstad for bygdebøker i Vaksdal og Modalen kommune. 
 Ynskje om oppdatering av bygdebøkene var stort. Å få eit nytt opplag eller eit supplerande band vil vera økonomisk vanskeleg.
 Ideen om ei nettutgåve vart sådd, og i 2007 byrja arbeidet.
 I ei nettutgåve vil bygdebøkene kunna oppdaterast kontinuerleg.
 Noværande Vaksdal kommune er dekt av bøken for Evanger-, Modalen-, Bergsdalen- og Vaksdals.
 
 Samla på ein plass vil dette væra ei fin kjelde for historie og slekts interesserte både i og utanfor kommunen. Sidan delar av kommunen historisk har hatt nær tilknyting til Modalen er bygdebok b. I for Modalen også tatt med.
 Vaksdal kommune vart oppretta i 1964. Den vart samansett av delar frå kommunane Bruvik, Evanger og Modalen.
 
 Bruvik var delt i tre sokn, Bruvik sokn, Dale sokn og Stamnes sokn. Ved kommunereguleringa i 1964 vart Bruvik herad delt mellom dei to nyoppretta kommunane Osterøy og Vaksdal.
 Det gamle bygdesenteret Bruvik med Bruvikstranda og Bruvikdalen vart overført til Osterøy kommune. Resten vart Vaksdal kommune.
 I tilegg vart heile Bergsdalen og øvste del av Eksingedalen overført frå Evanger. Resten av Evanger vart del av Voss kommune.
 I Modalen vart midtre del av Eksingedalen overført til Vaksdal og tre gardar i Romarheimsdalen, Nipen, Fosse og Dyrkolbotn til Lindås.
 Bygdebøker tatt med på nettstaden:
 Vaksdal Bygdebok er i tre band.
 Bruvik sokn, 1981.
Dale sokn, 1974
Stamnes sokn, 1965. 
Bergsdalen b. I, 1978. 
Modalen b. I ættesoge, 1984. 
Evangerboka b. I, 1982, øvre del av Eksingedalen. 
 Dei enkelte bygdebok-nemndene har gjeve sitt samtykke til ei slik publisering.
 
 
| 
 Nettutgåva!Nettutgåva er digitalisering av papirutgåva. 
Har brukt tilnærma lik oppsett. Nokre justeringa er gjort for å gjera tekst lettare å lesa.
 Mykje av bileta var innlånt under arbeidet med bygdebøkene, utan at det vart tatt kopi for bygdebokarkivet. Redaksjonen arbeider med å finna bileta som er i papirutgåvene. Oppdatering av bilete kjem etter kvart som dei er klare.
 Nettutgåva er i.h.h.t. Datatilsynet underlagt eit anna regelverk enn papirutgåva. Personvern er strengare for internett. I nettutgåve er fødselsår for alle nolevande personar utelete. Eks. f. 1950 er erstatta med f. 19**. 
I Bergsdalsbok er fødselsår trykt, med samtykke frå kvar enkel gard.
 
 
| 
  Korrektur - rettingar  Digitalisering av bygdebøkene var eit omfattande arbeid. Tekst har gått gjennom fleire prosessar, som krov mykje korrekturlesing. Det har vore eit vanskeleg arbeid og feil finnes framleis i tekst.
 
 
| 
  Oppdatering  Nettutgåva er enkel å oppdatera, nokre få tastetrykk og oppdateringa er gjort. Det er orsaka til at redaksjonen ikkje har brukt mykje tid på å kvalitetssikra alle sidene. Nokre feil er det derfor i tekst.
Håpet er at brukarane av siden er med å hjelper oss med rettingar og tillegg.
Retting og tilføyingar vert ikkje merka.
 
 
  Nyttig  Kategorisering: ein annan måte å finna fram på
 
 |  
 |  |  |