VELKOMEN TIL VAKSDAL HISTORIELAG SINE HEIMESIDER

brudlaup på Straume

Historielaget har i lengre tid hatt planar om å oppretta ei heimeside, og no er endeleg tida inne. Me vonar at dette vert ei side som brukarane kan ha både glede og nytte av.

På heimesidene vil ein m.a. finna oversikt over årbøkene til historielaget. For dei som likar å få innsyn i slektene i kommunen, vil det om litt bli lagt ut tilgang til dei ulike bygdebøkene i Vaksdal. I tillegg vil ein vonleg finna anna stoff som vil fremja historieinteressa til lesarane.

Fotoarkiv

Fotoarkivet er eit samarbeid med Hordaland fylke, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. SFj Fylkesarkiv har lang erfaring i databasedrift, og har brukt mange år på å byggje opp ulik type informasjon i databasane. Vaksdal Historielag, Vassvøri sogelag og Modalen kommune starta i 2009 eit prosjektarbeid med å leggja ut bilete frå dei tre kommunane.

Arbeidet går kontinuerleg og nye bilete vert publisert etter kvart som dei er kvalitetssikra.

Kvalitet og informasjon på bileta er varierande. Bileta vert digitalisert frå tilgjengelege originalar eller kopi, men i liten grad behandla.

Informasjon om bileta kan variera, HER KAN DU HJELPA TIL.

Har Du informasjon om bilete, bruk felt : Legg inn dine kommentarar.

Sjå Fotoarkiv Hordaland

Årbøkene våre

kaffekopp

Vaksdal historielag gav ut si første årbok hausten 1995. Sidan dette har det kvart år kome ei ny årbok på marknaden, noko som er blitt godt motteke av innbyggjarane i Vaksdal. Det er meininga at årbøkene skal gjevast ut med same layout til ein har like mange bøker som bokstavar i Vaksdal Historielag. Reknar ein med mellomrommet mellom orda Vaksdal og Historielag, vert dette 18 bokstavar og eitt mellomrom, altså 19 bøker. Reknar ein frå 1995, vil siste årbok i serien koma ut i 2013. Det er meininga at me skal leggja ut artiklar frå dei bøkene som er utselde frå lager. Som de vil sjå, er det alt lagt ut nokre artiklar frå årbøkene i perioden 2003 til 2008.

 

 

 

historielaget sin logo