Dale kyrkje

DALE KYRKJE

Prestegjeld:       Vaksdal
Sted:                        Dale
Namn:                    Dale kyrkje
Arkitekt:               Arnstein Arneberg
Byggjeår:              Vigsla 16 desember 1956
Materiale:            Betong
Kyrkjetype:        Langkyrkje
Sitjeplassar:       500
Altertavle:           Måleri av nattverden og himmelfarten. Sign. Hugo Louis Mohr 1958.
Orgel:                       Norsk Orgel og Harmoniumfabrikk, Snertingdal 1956.
Kyrkjeklokke:   2 klokke frå Olsen Søn, Nauen, Tønsberg 1955. Innskrift på den store er LOVA GUD I HANS HEILAGDOM, LOVA HAN I HANS STERKE KVELV. På den minste KALLA PÅ GAMAL OG UNG,. MEST DÅ PÅ SJELI TRØYTT OG TUNG, SJUK FOR DEN EVIGE KVILA.

Historie
Dale vart i 1911 eige sokn i Bruvik prestegjeld. I tida før Dale fekk eiga kyrkje var staden sokna til Bruvik kyrkje.

I 1935 vart den fyrste arbeidsnemnda nedsett for å få ei ny kyrkje på Dale. Arbeidet stoppa opp i krigsåra, men på heradsstyremøte 2 mai 1946 vart saka tatt opp att. Heradsstyre valde fyljande byggjenemnd: A. Nygard formann, Steinar Salhus nestformann, Bjarne Thaule, Nils O. Faugstad, Olav S. Langhelle, Kristoffer Vedaa og Nils Hesjedal. I 1952 tilrådde byggjenemnda at det skulle byggjast i to byggjesteg. Fyrst med sjølve kyrkjebygget og sidan med eit kyrkjelyhus. Prisoverslaget på kyrkja var kr. 660.000.

I 1954 la biskop Indrebø ned grunnsteinen og to år seinare var ho ferdig.

I 1882 vart det sett i stand kyrkjegard på Stanghelle, til den sokna Dale og Vaksdal. Dale fekk eigen kyrkjegard i 1907.

Dale sokneråd gav i 1996 ut jubileumsskrifta ”Kyrkjestaden Dale 100 år”.

 

Kilde:
Bruvik Kyrkjestaden Dale 100år
Foto:
Anne Marta Hoff (NIKU)