Nesheim kyrkje

NESHEIM KYRKJE

Prestegjeld:         Vaksdal
Sted:                         Eksingedalen
Namn:                     Nesheim kyrkje
Arkitekt:                Adolf Schirmer, statens bygningsinspektør
Byggjeår:               17 september 1908
Materiale:             Tre
Kyrkjetype:         Langkyrjke
Sitjeplassar:        120
Altertavle:            Den fyrste tavla vart måla av Sjur P. Småbrekke.
Ny altertavle i 1958, måleri av Jesus oppstanding, signert Ant. Gunnrosen.
Orgel:                        Norsk Orgel og Harmoniumfabrikk A/S, Snertingdal 1986
Kyrkjeklokke:    1 klokke frå Olsen & Søn, Nauen, Tønsberg 1907. Innskrifta er MESTEREN ER HER OG KALDER PAA DIG.

Historie
Den øvre delen av Eksingedalen høyrde til Evanger kommune. Nesheim kapelldistrikt, hørde til Voss fram til 1892. Då vart Evanger eige pretesegjeld. Etter 1964 vart heile Eksingedalen overførd til Bruvik og frå 1968 til Vaksdal prestegjeld.
Det har ikkje vore noko kyrkje tidlegar på Nesheim, men den gamle kyrkjegarden som ligg ca. 50 m frå kyrkja, er frå 1700 talet.
Gulleik Larsson Trefall f. 1832 på husmannsplassen Røyrdalen på Trefall utvandra i 1860 til Amerika. I 1897 var han heime på besøk og gav ei gåve på kr. 2000,- til ei kyrkje i Øvre Eksingedalen. Etter at han kom tilbake til Amerika samla han inn pengar der.
Gåva frå Gulleik vart starten på arbeidet med Nesheim kyrkje. Den 4. juli 1897 var det eit møte om å få ei kyrkje, og ei nemnd vart vald. Det er ikkje nemnd i referat at Gulleik var med på møte, men i.h.h.t. emigrantprotokoll returnerte han i september 1897.
Arbeidet med kyrkja tok til i 1897. Øvre Eksingedalen hadde lite skog, så dei laut nedover i dalen for å finna det tømmeret dei trong. Dei fekk kjøpa skog på rot hjå Rasmus Eikemo.
Bygdefolket gjorde det meste av arbeidet med kyrkja på dugnad og i 1908 stod den ferdig.
I 1958 vart kyrkja restaurert. Kyrkja fekk straum i 1972, ljosekruna var ei gåve frå BKK.

I 1917 skulle sokneprest Christian Fredrik Broch til Nesheim. Han gjekk på ski frå Teigdalen, men då dei kom i Fribotnen seig han om og døydde. Det er reist ein minnestein på staden.

Gravplass har det truleg vore på Nesheim sidan 1700-talet. Det fyrste ein finn nemnd er om gjenta Torbjør Nielsdatter Exe som døydde i 1819. Presten har ført i kyrkjeboka at barnet er gravlagt på ”Næsseim Kirkegaard”.
Den gamle kyrkjegarden ligg ca. 50 m. frå kyrkja. Ny gravplass vart teken i bruk i 1920.

 

Kilde:
Evanger kyrkje 1851-2001.
Kalsbok, Vaksdal kyrkjekontor.
Kirkeregister, Riksarkivaren.
Frå fjell til fjord, Nesheimkyrkja av Helge Bergo 2007.
Foto:
Anne Marta Hoff (NIKU)