VK_AA_1171 BERGSDALEN KYRKJE

Prestegjeld:        Vaksdal
Sted:                         Lid
Namn:                    Bergsdalen kyrkje
Arkitekt:               Leiv Tvilde
Byggjeår:              1944-1955. Vigsla 3 juli 1955.
Materiale:             Gråstein frå Bergsfossen på Berge.
Kyrkjetype:         Langkyrkje
Sitjeplassar:        108
Altertavle:           Tredelt med Kristusfigur i midtpartiet, profeten Elia på eine sida og døyparen Johannes på andre. Måla av Ole Gabriel Dahl. Avduka 15 mai 1968.
Orgel:                       Vestlandske Orgelbygger, 1976.
Kyrkjeklokke:   1 klokke frå Olsen & Søn klokkestøperi Nauen. Tønsberg, 1953. Innskrifta er LANGE TIDER BERGSDALSFOLKET VONA HØYRE KLOKKA GJENNOM DALEN TONA. NO SKAL ALLTID KLOKKEKLANGEN KALLE, HELG OG HØGTID, HIT TIL KYRKJA ALLE!

Historie
Bergsdalen høyrde tidlegare Voss. Evanger sokn fekk fyrst på 1300 talet ei annekskyrkje som Bergsdalen sokna til. Evanger vart i 1877 eige prestegjeld.
I den tida var det ein strevsam tur over fjellet til Evanger.
Bergsdalen fekk eigen kyrkjegard i 1902. Utvida i 1945.
Etter at vegen til Dale vart ferdig i 1909, vart turen til kyrkjes lettare. Bøndene i Bergsdalen ynskte i 1899 å få Dale kapellkyrkje inn i Evanger prestegjeld. Utan å lukkast.
Opptakten til kyrkja i Bergsdalen kom i 1918 med nokre dollar frå Alaska. Dei kom frå Brytteva, som var frå Rødland, og Jon Kannikkeberg.
I mai 1944 starta 4-6 mann med å ta ut stein i Bergsfossen, grava ut kjellar og mura.
Bergsdalsfolket stod sjølve som byggherra, og mykje av arbeidet med kyrkja vart gjort på dugnad.

Bergsdalen sokneråd gav i 2005 ut jubileumsskrifta ”Dei bygde draumen”.

Kilde:
Våre kirker, Norsk kirkeleksikon.
Bergsdalen, Ei fjellbygd i Hordaland 1978.
”Dei bygde draumen”
Per Småbrekke