BRUVIK KYRKJE

Prestegjeld:        Osterøy
Sted:                        Indre Bruvik
Namn:                    Bruvik kyrkje
Arkitekt:               Frederik Hannibal Stockfleth
Byggjeår:              13. mars 1867
Materiale:            Tre
Kyrkjetype:        Langkyrkje
Byggmeister:     Ole Vangberg
Sitjeplassar:       500
Altertavle:           Maleri av Jesus som velsigner barna. Tekst «Uden at I omvender eder og bliver som Børn kommer I ingenlunde ind i Himmeriges rige.» Math. 18.3. Signert P.T. Holst 1867 (ble øydelagt av sollys. Lars Osa måla ein kopi i 1933).
Orgel:                       Gunnar F. Husted Orgelbygg. APS, Fredriksberg 1994
Kyrkjeklokke:   2 klokker, ei frå P. Prahl, Bergen. 1850 og ei frå O. Olsen & Sønn klokkestøyperi, Nauen, Tønsberg 1947.

Historie
Kyrkja på Bruvik er fyrste gong nemnd under det store kyrkjemøte i Bergen i 1320. Det er då skrive om Bruvik kyrkja:

Kirkian (a Bruvikum) tæker (vid sik)
Item i Vatzdale (æit) manadamatabol
Item i Olafs nesi (æin) lauper
Item i Ladu tuæit halfr (laup)

Det var ei stavkyrkje. Neste gong ein finn noko nemnd om kyrkja er i skattelister frå 1563. Sidan er ho nemnd fleire gonger fram til 1598. I tida kring 1600 vart stavkyrkjene erstatta av laftebygg. Ei ny kyrkje vart bygd på Bruvik, Bruvik Annexkyrkje.. Kva årstal ho vart bygd er uvist. Topograf J. Kraft (1784-1853) meinte ho vart bygd i 1608.I rekneskap frå 1659 er kyrkja nemn som 51 år gamal og med lite nytt inventar. Prost Heiberg i Haus har i 1833 førd i kallsbok at fyrste Gudstenesta var 1 september 1622. I 1720 kom staten i stor pengeknipe og hadde behov for å skaffa pengar fort. Bruvik kyrkja vart saman med Haus hovudkyrkje, Gjerstad, Mjelde og Stamnes annekskyrkjer seld på auksjon til assistensråd Kristian Krog i Bergen. Kyrkja vart i privat eige fram til 1864. I den perioden vart det dårleg stel av kyrkja og etter lov av 1851 var antal plassar for lite. Bruvik heradstyre vedtok å byggja ny kyrkje. Siste Gudstjeneste i den gamle annekskyrkja var den 22 april 1866. 13 mars 1867 vart den nye kyrkja innvigd.
Haus prestegjeld vart i kongeleg resolusjon av 20. juni 1868 delt, Bruvik og Stamnes vart lagt i det nye Bruvik prestegjeld.Av gamle skattar kan nemnast, kalkfot frå 1690.

17 september 1967 vart 100-årsjubiluemet feira. Samstundes vart det slutten på Bruvikkyrkja som hovudkyrkje. I 1968 vart Bruvik overført til Haus hovudsokn og Bruvik og Bruvikstranda vart ein del av den nye Osterøy kommune.

Kor tid det kom gravplass på Bruvik veit ein ikkje. Gamle rekneskap viser at ein kunne kjøpa seg plass under kyrkja. Dei som sokna til gravplassen var dei gardane som vart ein del av Bruvik kommune, med unntak av Stamnes sokn.
I 1882 vart det sett i stand kyrkjegard på Stanghelle, til den sokna Dale og Vaksdal. Dale fekk eigen kyrkjegard i 1907.

 

Kilde:
Bruvik soknestyre, Bruvik Kyrkjor og Kristenliv.
Jan Kåre Stokke, Bruvik kyrkje, ÅRBOK 2005, Vaksdal Historielag.