MODALEN KYRKJE

Prestegjeld:         Osterfjorden
Sted:                         Mo
Namn:                     Mo kyrkje
Arkitekt:               Johannes Øvsthus, Hosanger
Byggjeår:              1883
Materiale:            Tre
Kyrkjetype:        Langkyrkje
Sitjeplassar:       220
Altertavle:           Maleri av Jesus som går på vatnet og reddar den søkjande    Peter. Signert Lars Osa 1893.
Orgel:                       Norsk Orgel og Harmoniumfabrikk A/S, Snertingdal 1980
Kyrkjeklokke:   1 klokke fra Ingebriktsen, Bergen 1883

Historie
Mo kyrkjesokn omfatta Modalen og midtre delen av Eksingedalen.
Mo var 1638 – 1749 kapellsokn i Hamre, frå 1750 – 1880 annekssokn i Hosanger Prestegjeld. I 1881 vert Modalen og Eksingedalen eigne sokner i Hosanger. Frå 1967 vert Mo sokn ein del av det nyskipa Osterfjorden prestegjeld.
I 1964 var Mo sokn delt, Eksingedalen vart overførd til Bruvik prestegjeld som i 1968 vart endra til Vaksdal prestegjeld.
Gardane Dyrkolbotn, Nipo og Eiterdalen vart overførd til Lindås.

Kyrkja på Mo er nemnd fyrste gong i Bjørgynjar Kalfskinn og seinare i eit mellomalderbrev frå 1382. Det var truleg ei stavkyrkje. På slutten av 1500 talet var kyrkja so til nedfall at lensherren på Bergenhus, Knud Urne sytte for midlar til ny kyrkje. Ein av hovudgrunnane var den nye kyrkjeskikken som var innførd.
I 1593 stod kyrkja ferdig, ho var 16 alner lang og 11 alner breidd. Bygd i tømmer. Altertavla kom på plass i 1612, og skal vera den eldste i Nordhordaland. Restaurert fleire gonger på 1600 og 1700-tallet.

Ny kyrkje på Mo stod ferdig i 1883. Siste preika i gamlekyrkja heldt sokneprest Schøning pinsedag 13. mai 1883. Ikkje mange dagar etter var kyrkja reven. Alterkalk frå 1653, Altardisk frå 1665, ljosestakar, døypefat av messing og tinnkanne til døypevatn vart tatt med til nykyrkja. Likeeins nokre bøker frå eldre tid, mellom anna bibel frå 1738, Brochmands huspostel trykt i 1760 og portretter av kong Frederik IV og dronning Louise frå 1808. Altertavla frå 1612 fekk plass i sakristiet.
Kyrkja vert restaurert i 1976-77.

 

Kilde:
Olav og Åsmund Farestveit, Kyrkje og kristenliv i Modalen og Eksingedalen.
Bygdebok for Modalen, Allmenn Bygdesoge.