Vaksdal kyrkje

VAKSDAL KYRKJE

Prestegjeld:          Vaksdal
Sted:                          Vaksdal
Namn:                      Vaksdal kyrkje
Arkitekt:                 Ole Landmark
Byggjeår:                Vigd 7 april 1933
Materiale:              Stein
Kyrkjetype:          Langkyrkje
Sitjeplassar:         300
Altertavle:             Maleri Alterskap frå 1933, sign. Sigurd Lunde, Bergen. Viser Getsemane, Golgata, Jesus vert gravlagt og påskemorgon.
Orgel:                        Vestres orgelfabrikk, Hamarøy, Sunnmøre.
Kyrkjeklokke:    2 klokke frå Olsen & Søn, Nauen, Tønsberg 1933.

Historie
Vaksdal sokna til Bruvik kyrkja fram til det vart bygd kyrkje på Vaksdal.

I 1914 vart det tatt opp i Bruvik soknestyre eit forslag frå Vaksdal kyrkjenemnd om bygging av kyrkje. Arkitekt Tryti hadde kome med eit forslag på utforming av kyrkja. Alle trudde at kyrkja snart skulle komma. 17. mai programmet i 1914 var pryda med arkitekt Tryti si teikning av kyrkja. Så kom fyrste verdskrig og alle planar vart lagt på is.
Å få kyrkje på Vaksdal vart ikkje noko enkel sak. Saka gjekk mellom kyrkjenemnd, soknestyre og heradstyret i mange år. Kvar kyrkja skulle ligga var det vanskeleg å einast om. Det var to tufter på garden Jamne og ei på garden Vaksdal som var aktuelle. I 1929 vart det bestemt at kyrkja skulle ligga på Vaksdal og at det skulle haldas ein arkitektkonkurranse. Arkitekt Ole Landmark sitt forslag vart godkjent av departementet i 1932, då som Vaksdal kapell.
Kyrkja har form som ein katedral, derfor vart daglegtalen Vaksdal kyrkje.

Vaksdal fekk eigen kyrkjegard på Tveitane i 1911.

Kilde:
Bruvik soknestyre, Bruvik Kyrkjor og Kristenliv.
Foto:
Anne Marta Hoff (NIKU)