BYGDEBØKER.

Vaksdal kommune vart oppretta i 1964. Den vart samansett av delar frå kommunane Bruvik, Evanger og Modalen.

Bruvik var delt i tre sokn, Bruvik sokn, Dale sokn og Stamnes sokn.
Ved kommunereguleringa i 1964 vart Bruvik herad delt mellom dei to nyoppretta kommunane Osterøy og Vaksdal.
Det gamle bygdesenteret Bruvik med Bruvikstranda og Bruvikdalen vart overført til Osterøy kommune. Resten vart Vaksdal kommune.
I tilegg vart heile Bergsdalen og øvste del av Eksingedalen overført frå Evanger. Resten av Evanger vart del av Voss kommune.
I Modalen vart midtre del av Eksingedalen overført til Vaksdal.

 

Comments are closed.